St.meld. nr. 6 (2007-2008)

NRK-plakaten— «Noe for alle. Alltid»

Til innhaldsliste

2 Lisensfinansiert allmennkringkasting i nokre andre land

2.1 Innleiing

Lisensfinansiert allmennkringkasting har lang tradisjon i fleire europeiske land. Fleire land har òg kommersielle kringkastarar med allmennkringkastarstatus, slik tilfellet til dømes har vore for TV 2 AS i Noreg. Desse kringkastarane har ikkje inntekter frå kringkastingsavgift, men tek på seg allmennkringkastingsplikter mot at dei får marknadsfordelar i form av til dømes betre distribusjon enn sine kommersielle konkurrentar. I denne oversikta fokuserer departementet berre på ordninga for dei lisensfinansierte allmennkringkastarane i våre naboland, sidan det er desse kringkastarane det er mest naturleg å sjå på andsynes NRK. Oversikta under viser kva for allmennkringkastingstilbod dei har og korleis allmennkringkastingsoppdraget deira er regulert.

2.2 Sverige

2.2.1 Lisensfinansierte allmennkringkastarar

Sverige har tre lisensfinansierte, statlege kringkastarar; Sveriges Television (SVT), Sveriges Radio (SR) og Utbildningsradion (UR). Desse tre programselskapa er sjølvstendige aksjeselskap, og eigarskapet ligg hos ein felles stiftelse.

Dagens kjernetilbod frå SR består av fire radiokanalar: P1, P2, P3 og P4. SR har ved sida av dette også kanalar som berre er tilgjengelege via Internett og DAB.

Tilbodet til SVT består av hovudkanalane SVT1 og SVT2. SVT tilbyr også nisjekanalar som nyheitskanalen 24, Barnkanalen, Kunskapskanalen og SVT Europa. SVT har i tillegg SVT Extra og SVT HD, som ikkje sender regelmessig. UR sine program blir sende på SVT1 og SVT2, samt i SR sine fire radiokanalar. I tillegg sender UR i samarbeid med SVT i Kunskapskanalen.

2.2.2 Styring av allmennkringkastingsoppdraget

Allmennkringkastingsoppdraget er nedfelt i sendeløyva, i radio- og tv-lova og «yttrandefrihetsgrundlagen», samt i dei årlege «anslagsvillkor» som blir vedtekne av regjeringa.

Desse dokumenta regulerer kringkastarane si samfunnsrolle, redaksjonelle standardar og programkrav. Allmennkringkastingsselskapa har kontraktar med regjeringa – sendeløyve («sändingstillstånd») – som vanlegvis gjeld i tre til fire år om gongen. Dei noverande sendeløyva gjeld for tre år (1. januar 2007 til 31. desember 2009). Dei årlege «anslagsvillkor» – eitt dokument for kvart av dei tre selskapa – blir tildelte i samanheng med statsbudsjettet, og fastset kva for økonomiske føresetnader styresmaktene set til bruken av lisensmidla for det gjeldande året, og kva for krav som blir stilte til dei lisensfinansierte allmennkringkastarane når det gjeld programverksemd og organisasjon. Dei såkalla anslagsvillkora blir utforma i tråd med dei gjeldande sendeløyva.

Det blir gjort ei utgreiing og ein revisjon av oppdraget for kvar ny periode. I løpet av den noverande treårige perioden vil den svenske regjeringa leggje fram eit breitt utgreiingsgrunnlag for den kommande perioden, der mellom anna utviklingsmoglegheiter for allmennkringkasting i radio og tv og spørsmål om meir effektiv ressursutnytting inngår. Den nye utgreiinga skal vere klar 31. mai 2008.

2.2.3 Allmennkringkastingsoppdragets krav til innhald

Krava til innhaldet i sendingane går fram av sendeløyva. Desse programvilkåra er meir eller mindre likelydande for dei tre selskapa og omfattar mellom anna krav om:

  • program for breie og smale grupper

  • høg kvalitet, og nyskaping når det gjeld form og innhald

  • programtilbod som speglar forholda i heile landet og har eit mangfald av meiningar og ytringar

  • svenskspråklege program

  • nyheiter

  • mangfaldig kulturtilbod

  • program av høg kvalitet for og med barn og unge

  • program for språklege og etniske minoritetar

  • tilgjengeleggjering av program for funksjonshemma

SVT har i tillegg eit særskild ansvar for utviklinga av svensk filmproduksjon. 1 UR har eit særskild ansvar for kunnskapsformidling og undervisningsprogram.

2.3 Danmark

2.3.1 Lisensfinansiert allmennkringkastar

Danmark har eitt lisensfinansiert, statleg kringkastingsselskap; Danmarks Radio (DR). DR er ein sjølvstendig offentleg institusjon, jf. den danske radio- og fjernsynslova, noko som inneber at DR er statseigd, men ikkje er eit statleg aksjeselskap.

DR sitt kjernetilbod i fjernsyn består av to kanalar: DR1 og DR2. I radio sender DR på fire riksdekkjande FM-kanalar: P1, P2, P3 og P4. DR har òg 14 DAB-kanalar og distribuerer program via Internett.

2.3.2 Styring av allmennkringkastingsoppdraget

I Danmark er dei overordna måla for allmennkringkasting nedfelte i radio- og fjernsynslova § 10, som stadfestar at allmennkringkastingsinnhald skal sikte mot kvalitet, mangfald og pluralisme. Lova har eitt kapittel som omtalar allmennkringkasting generelt, og deretter eit eige kapittel om DRs spesifikke allmennkringkastarkrav.

Allmennkringkastingspliktene til DR er konkretiserte i ein allmennkringkastingskontrakt («public service-kontrakt») mellom DR og den danske kulturministeren, samt at oppdraget er nedfelt i selskapets vedtekter. Den noverande kontrakten gjeld for perioden 2007–2010. Føremålet med kontrakten er å sikre DRs rolle som skapar og formidlar av dansk kunst og kultur, samt demokratisk debatt.

DR er pålagt å kome med ein årleg rapport til kulturministeren om etterlevinga av allmennkringkastingskontrakten. Kontrakten gjeld berre allmennkringkastingsverksemda til DR.

2.3.3 Allmennkringkastingsoppdragets krav til innhald

Det blir i radio- og fjernsynslova stilt krav om at allmennkringkastaren via tv, radio og Internett skal tilby eit breitt utval av program og tenester; nyheitsdekning, generell informasjon, undervisning, kunst, kultur og underhaldning. Programma skal vere av høg kvalitet, allsidige og varierte. Programma skal sikre at allmennheita har tilgang til viktig informasjon om samfunnet og aktuelle samfunnsspørsmål. I tillegg skal det leggjast særskild vekt på dansk språk og kultur. Programma skal dekkje alle sjangrar av kulturelle uttrykk og DR skal tilby program som reflekterer mangfaldet av kulturelle interesser i det danske samfunnet.

Ifølgje allmennkringkastingskontrakten skal DR mellom anna medverke til bevaring og utvikling av det danske språket, fremje dansk kunst og kultur, fremje integrering, sikre at innhaldet ikkje er skadeleg for mindreårige, og skape dialog med den danske befolkninga om allmennkringkastingsaktivitetar. Kontrakten omfattar mellom anna følgjande underpunkt:

  1. Public service-føremål

    DR skal i sitt samla tilbod av program og tenester:

    • styrkje borgarane si handleevne i eit demokratisk samfunn

    • spegle Danmark og danskane

    • stimulere kreativitet og kultur

    • fremje vitskap og forståing

  2. Innhald

    DR har spesifikke allmennkringkastingsplikter på følgjande område:

    • nyheiter (på dansk og på dei mest utbreidde språka; engelsk, somalisk, tyrkisk, urdu osb.)

    • undervisningsprogram og -tenester

    • barn og unge

    • dansk drama

    • dansk musikk

    • danskspråklege program (DR skal leggje vekt på tv-program med dansk språk eller eit anna nordisk språk som originalspråk)

    • kultur- og idrettsprogram

    • regional radioprogramverksemd

    • tenester for danskar i utlandet

Kontrakten inneheld mellom anna også føresegner om regulering av kvoter, vern av mindreårige, allmennkringkastingsverksemd på Internett, tilgjengeleggjering av allmennkringkastingsinnhald, verditest av nye allmennkringkastingstenester, styrking av dansk filmproduksjon og bruk av uavhengige produksjonsselskap.

2.4 Finland

2.4.1 Lisensfinansiert allmennkringkastar

Yleisradio (YLE) er Finlands lisensfinansierte 2 allmennkringkastar. Lova om Yleisradio Oy fastset eigarskapen i kringkastingsselskapet YLE. YLE er eit aksjeselskap under det finske Kommunikasjonsdepartementet, og staten eig 99,98 pst. av selskapet. YLEs kjernetilbod består av to riksdekkjande hovudfjernsynskanalar: YLE TV1 og YLE TV2, samt YLE Extra 3 , YLE Teema og den digitale svenskspråklege kanalen FST (Finlands Svenska Television). 4

YLE har fem riksdekkjande allmennkringkastingstilbod i radio i tillegg til eit breitt regionalt radiotilbod. YLE har tre nasjonale finskspråklege kanalar der den eine har vindauge for sendingar frå tjue regionkontor, to svenskspråklege kanalar, eit regionalt nettverk i Nord-Finland for program på samisk, ein lokalkanal for Helsinki-regionen og fem 5 digitale kanalar i YLE sitt multipleks i det digitale bakkenettet.

2.4.2 Styring av allmennkringkastingsoppdraget

Verksemda til den lisensfinansierte allmennkringkastaren YLE har sidan 1994 vore regulert av lova om Yleisradio Oy. YLE treng ikkje konsesjon korkje for analog eller digital kringkasting. Selskapet treng heller ikkje sendeløyve for dei frekvensane det har fått frå styresmaktene. Regjeringa skal sjå til at YLE har nok kapasitet i sendenettet for verksemda si, og at YLE er i stand til å bruke denne kapasiteten på høveleg måte.

2.4.3 Allmennkringkastingsoppdragets krav til innhald

Allmennkringkastingsoppdraget er nedfelt i kapittel 3 i lova om Yleisradio Oy. Her går det fram at allmennkringkastingsprogram særleg skal:

  • støtte demokrati og gi alle høve til å delta ved å tilby brei og variert informasjon, meiningsytringar og debattar, så vel som høve til interaksjon

  • produsere, skape og utvikle finsk kultur, kunst og inspirasjon for underhaldning

  • ta omsyn til utdannings- og likskapsaspekt i programtilbodet, tilby moglegheiter til å lære og å studere, fokusere på program for barn, og tilby program med religiøst innhald

  • behandle sitt finskspråklege og svenskspråklege publikum likt og produsere tenester på samisk, romansk og teiknspråk, i tillegg til andre språkgrupper i landet, der det er mogleg

  • byggje opp under toleranse og det multikulturelle og tilby program for minoritetar og særskilde grupper

  • fremje kulturell utveksling og tilby program retta mot utlandet

  • kringkaste offisielle kunngjeringar og leggje til rette for radio- og tv-kringkasting under eksepsjonelle tilhøve

2.5 Island

2.5.1 Lisensfinansiert allmennkringkastar

Island har ein statleg allmennkringkastar; Ríkisútvarpiđ (RÚV). Den islandske staten eig alle aksjane i selskapet. RÚV er i hovudsak finansiert gjennom kringkastingsavgift og gjennom inntekter frå reklame og sponsing. Selskapet kan ikkje selje annonseplassar på sine nettsider.

Kjernetilbodet til RÚV består av ein riksdekkjande fjernsynskanal, Sjónvarpiđ, og to riksdekkjande radiokanalar; Rás 1 (Kanal 1) og Rás 2 (Kanal 2). RÚV har også nisjeradiokanalen Rondó, som sender klassisk musikk og jazz. I tillegg har RÚV regionale sendingar frå Ísafjörđur (Vest-Island), Akureyri (Nord-Island), Egilsstađir (Aust-Island) og Selfoss (Sør-Island).

2.5.2 Styring av allmennkringkastingsoppdraget

Verksemda til RÚV er styrt gjennom lova om RÚV (Ríkisútvarpiđ ohf). Det overordna allmennkringkastingsoppdraget er nedfelt i lovas artikkel 3. Ifølgje lova er hovudføremålet til RÚV å fremje det islandske språket, samt Islands historie og kulturarv.

Allmennkringkastingsoppdraget til RÚV er konkretisert i ein allmennkringkastingskontrakt mellom RÚV og den islandske kulturministeren. Føremålet med kontrakten er å leggje vekt på islandsk kultur, og at RÚV skal vere eit forum for demokratisk debatt. Den noverande kontrakten gjeld frå 1. april 2007 til 31. mars 2012.

2.5.3 Allmennkringkastingsoppdragets krav til innhald

Lova om RÚV slår fast at oppdraget til RÚV er å drive allmennkringkasting av alle slag, t.d. gjennom radio- og tv-tenester. I kap. 3 i lova er det stadfesta at allmennkringkastaren mellom anna skal:

  • ha særskild fokus på å fremje det islandske språket, samt Islands historie og kulturarv

  • ha riksdekkjande sendingar

  • tilby innhald i kategoriane nyheiter, kunnskapsformidling, kunst og underhaldning. Tilbodet skal oppfylle dei jamne krava frå publikum når det gjeld kvalitet og variasjon

  • tilby innhald med spesiell fokus på Island, og sørgje for nøytral informasjon om det islandske samfunnet

  • sikre demokratiske prinsipp, menneskerettar og ytringsfridom

  • ha eit variert programtilbod med innhald for alle aldersgrupper

  • ha ei brei, påliteleg og objektiv nyheitsteneste

  • tilby program om kunst og kunstformer, vitskapar, historie, sport og andre fritidsaktivitetar

  • ha eit tilbod som speglar det mangfaldige islandske samfunnet, inkludert program for minoritetar

  • sørgje for programproduksjon og kringkasting utanfor Reykjavik-området

Allmennkringkastingskontrakten til RÚV tek opp att føringane i lova, som at RÚV skal medverke til bevaring og utvikling av det islandske språket, fremje islandsk kunst og kultur, fremje integrering, sikre at innhaldet ikkje er skadeleg for mindreårige, osb. Kontrakten omfattar i tillegg mellom anna desse føringane:

  • RÚV skal gi funksjonshemma tilgang til allmennkringkastingsmateriale ved å nytte tilgjengeleg teknologi. I den noverande kontrakten er det mellom anna krav om at RÚV skal auke talet på sendetimar med teksting med minst 100 pst. i løpet av kontraktperioden.

  • RÚV skal ta initiativ til å nytte ny teknologi for å gjere tilbodet sitt lett tilgjengeleg for publikum.

  • RÚV skal utarbeide sin eigen programpolitikk som skal innehalde RÚVs prioriteringar når det gjeld program og tenester til sine brukarar.

Dei kvantitative programkrava i kontrakten er retta særskild mot islandsk innhald, tilbodet til barn og unge, og islandsk kulturarv.

2.6 Storbritannia

2.6.1 Lisensfinansiert allmennkringkastar

Storbritannia har eitt lisensfinansiert, statleg kringkastingsselskap; BBC. Selskapet er oppretta ved «Royal Charter», eit formelt dokument som etablerer BBC. Kjernetilbodet til BBC består av fjernsynskanalane BBC One, BBC Two, BBC Three og BBC Four. I tillegg har BBC ei rekkje nisjekanalar i fjernsyn som BBC News24, BBC Parliament, og barnekanalane CBBC og CBeebies. 6

BBC tilbyr også ei rekkje radiokanalar, som BBC Radio 1, BBC Radio 2, BBC Radio 3 og BBC Radio 4 og fleire nisjekanalar, samt BBC World Services. BBC World Services er ein internasjonal nyheits- og informasjonskanal som sender radioprogram på 33 språk. I motsetning til fjernsynskanalen BBC World, blir radiokanalen BBC World Services finansiert av lisensmiddel.

2.6.2 Styring av allmennkringkastingsoppdraget

Den lisensfinansierte allmennkringkastaren BBC er som nemnt oppretta ved «Royal Charter». Charteret er oppretta av dronninga og definerer BBCs hovudføremål og -funksjonar. Dei overordna retningslinjene for allmennkringkastingsoppdraget til BBC er også nedfelte i dette charteret. Det noverande charteret tok til å gjelde i januar 2007. Programkrava til BBC er presiserte i ein rammeavtale («the Agreement») mellom BBC og den britiske kulturministeren. Begge er lange og detaljerte dokument. Charteret stadfestar at BBC er oppretta for å tene allmennheitas interesse, og at hovudmålet er å fremje selskapets offentlege føremål. Desse er definerte slik:

  • støtte opp om statsborgarforhold og samfunn

  • fremje utdanning og læring

  • stimulere til kreativitet og kulturell dugleik

  • spegle Storbritannia, landets nasjonalitetar, regionar og lokalsamfunn

  • bringe Storbritannia ut i verda og verda inn i Storbritannia

  • ved å fremje sine andre oppgåver, hjelpe til med å gi publikum fordelane med nye kommunikasjonsteknologiar og tenester, og i tillegg ta på seg ei leiande rolle ved overgangen til digitalt fjernsyn

2.6.3 Allmennkringkastingsoppdragets krav til innhald

I rammeavtalen er dei overordna krava frå charteret gjentekne, og allmennkringkastingsoppdraget og korleis BBCs allmennoppgåver skal nåast er skildra meir i detalj. Her går det fram at BBC mellom anna skal:

  • gi informasjon om, og auke forståinga av verda gjennom upartiske nyheiter og aktualitetsprogram

  • medverke til forståing av det politiske systemet i Storbritannia, mellom anna gjennom fyldig dekning av parlamentsakar

  • fremje mediekompetanse

  • ha breidde i programtilbodet som kan oppmode til både formell og uformell læring, og tilby særskilde undervisningsprogram

  • tilby program som fremjer britisk kulturliv, og kreativitet og talent

  • ha ein filmstrategi

  • dekkje sport, inkludert smale sportsgreiner, på ein høveleg måte

  • styrkje britisk kultur og identitet gjennom originalt innhald på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå

  • fremje kjennskap til ulike kulturar og alternative synspunkt

  • reflektere ulike religionar og livssyn

  • ha høvelege vilkår for minoritetsspråk

  • gjere folk i Storbritannia merksame på internasjonale forhold og kulturar i andre land gjennom nyheiter, drama, komedie, dokumentarar, undervisningsprogram og sport

  • tilby internasjonale nyheiter av høg kvalitet til internasjonale publikum

Avtalen inneheld også detaljerte reguleringsplikter om dette oppdraget. Det gjeld mellom anna eigne reglar for innføring av nye allmenntenester. Desse må gjennom ein verditest – ein «Public Value Test» 7 – som blir utført av verksemdas øvste organ; BBC Trust.

Fotnotar

1.

SVT bidreg mellom anna til filmavtalen frå 2006, som gjeld ut 31. desember 2010. Her går det fram at SVT kvar månad skal gi eit bidrag til Svenska filminstitutet som motsvarar minst 34 mill. svenske kroner per kalenderår. Ut over dette garanterer selskapet å bruke i snitt minst 36 mill. svenske kroner kvart år på samproduksjon, medfinansiering og kjøp av visningsrettar for nye svenske spelefilmar og nye svenske kortfilmar og dokumentarfilmar.

2.

YLE si verksemd er i tillegg til kringkastingsavgifta finansiert ved at dei kommersielle kanalane i Finland betalar konsesjonsvederlag.

3.

YLE Extra viser direktesende hendingar, populærkultur og sport.

4.

Svenskspråklege program har òg vore sende på TV1 og TV2, men vindauga for FTS-program i desse kanalane vart avvikla i slutten av august 2007.

5.

To av dei digitale kanalane blir berre sende i det digitale bakkenettet, to blir også sende analogt (regionalt) og ein sender lokalt (Helsinki).

6.

BBC har også internasjonale fjernsynskanalar som er tilgjengelege via kabel og satellitt. BBC World er ein internasjonal 24-timars nyheits- og informasjonskanal som er eigd og drive av eit av BBC sine kommersielle dotterselskap; BBC World Ltd. Kanalen blir ikkje drive med lisensmiddel, men blir finansiert av reklame- og abonnementsinntekter. BBC Worldwide er eit anna kommersielt dotterselskap som har 18 heileigde- og joint venture-kanalar. Dei heileigde kanalane er BBC Prime, BBC America og BBC Food. Også desse er kommersielt finansierte.

7.

Public Value-testen skal vurdere den nye tenesta ut frå den offentlege verdien/verdien for publikum og påverknaden den vil ha på marknaden.

Til forsida