4 Verksemda hos allmennkringkastarane
4.1 Allmennkringkastingsrådet
Ved behandlinga av St. meld. nr 42 for 1993-94, Kringkasting og dagspresse 1993 m.v., slutta Stortinget seg til departementet sitt framlegg om å opprette eit eige råd for allmennkringkasting, jf. Innst. S. nr 190 for 1994-95. I samsvar med dette oppnemnde departementet 19. mars 1996 eit allmennkringkastingsråd. Rådet har sju medlemer og er samansett av representantar frå programråda for TV2 og P4, Kringkastingsrådet og representantar frå kulturlivet og medieforskarmiljøa.
Departementet gav rådet følgjande mandat;
«Rådet skal vurdere om programvirksomheten i NRK, TV2 og P4 Radio Hele Norge er i samsvar med prinsippene for allmennkringkasting slik disse fremkommer i TV2s og P4s konsesjonsvilkår og i de overordnede målsettinger som Stortinget har lagt til grunn for NRKs virksomhet. Som grunnlag for vurderingen utarbeider Kulturdepartementet i samråd med Kringkasterne og rådet kriterier for evaluering av allmennkringkasting.
Rådet skal ikke vurdere enkeltprogram, men ta stilling til hvorvidt den samlede programprofil er i samsvar med prinsippene for allmennkringkasting. Som ledd i denne vurderingen kan likevel aspekter ved enkeltprogram trekkes inn til belysning av mer generelle forhold. I den forbindelse kan rådet overfor departementet peke på hvilke programkategorier som bør styrkes.
Rådets vurderinger skal legges frem for Kulturdepartementet i form av en årlig rapport innen 15. februar det påfølgende år.»
Den første rapporten frå Allmennkringkastingsrådet ligg no føre. Rapporten følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg. Følgjande kriterium er lagde til grunn av rådet for å evaluere verksemdene hjå allmennkringkastarane:
Sendingane skal nå ut til heile befolkninga
Variert programmeny for breie og smale publikumsgrupper
Daglege nyheitssendingar og solid, oppfølgjande orientering om viktige samfunns- og kulturspørsmål, nasjonalt og internasjonalt
Styrkje norsk språk, identitet og kultur
Redaksjonelt sjølvstende
Departementet viser til Allmennkringkastingsrådet sine vurderingar i den følgjande omtalen av allmennkringkastarane.
Styra i Norsk rikskringkasting AS, TV 2 AS og P4 Radio Hele Norge AS har lagt fram meldingar for verksemdene for 1996 for departementet. Desse følgjer som utrykte vedlegg.
Departementet viser til desse dokumenta og rapporten frå Allmennkringkastingsrådet når det gjeld detaljar om verksemdene.
4.2 Andre rådsorgan
Vi har i dag fire råd som gjeld riksdekkjande kringkastingsverksemd; Allmennkringkastingsrådet, Kringkastingsrådet - som er lovfesta og gir råd til NRK, Programrådet for TV 2 og Programrådet for P 4. Allmennkringkastingsrådet gir råd til departementet om allmennkringkastarane følgjer prinsippa som gjeld for allmennkringkasting. Dei tre andre råda er rådgivande organ for kringkastarane, og har ikkje nokon funksjon i høve til departementet. Medlemmene i Kringkastingsrådet blir dels oppnemnde av Kongen dels valde av Stortinget. Allmennkringkastingsrådet og programråda for TV 2 og P 4 blir oppnemnde av departementet.
Departementet meiner at det no er naturleg å vurdere rådsstrukturen på kringkastingsområdet på ny. Mellom anna av di programråda berre gir råd til kringkastarane, og ikkje har nokon funksjon i høve til styresmaktene, kan departementet ikkje sjå at det er naudsynt at alle slike råd blir oppnemnde av styresmaktene. Departementet legg vidare til grunn at kringkastarane får korrektiv til programverksemnda si m.a. gjennom omfattande debatt i andre medium. Departementet gjer på grunnlag av dette framlegg om at programråda for P4 og TV2 blir lagde ned. Ein vil samstundes peike på at dersom P4 og TV2 sjølve finn det tenleg å ha programråd med representantar frå ålmenta som gir korrektiv i programspørsmål, bør kringkastarane sjølve nemne opp slike råd.
Departementet legg samstundes til grunn at Kringkastingsrådet vert vidareført. Departementet har gjort greie for bakgrunnen for Kringkastingsrådet m.v. i St.meld. nr. 32 (1992-93), Media i tida; jf. meldinga s. 135 - 137 og s. 139. Departementet la då til grunn at Kringkastingsrådet som eit korrektiv i programspørsmål burde oppretthaldast; m.a. av omsyn til at Norsk rikskringkasting er ein lisensfinansiert kringkastar. Det vart òg lagt til grunn at styresmaktene framleis burde oppnemne rådet. Etter departementet si oppfatning inneber NRK si særstilling som lisensfinansiert, offentleg eigd programselskap at det framleis er tenleg med eit programråd oppnemnt av styresmaktene.
Allmennkringkastingsrådet bør haldast oppe som rådgjevande organ for departementet i spørsmål som gjeld allmennkringkasting. Samansetjing av rådet bør skje på fritt grunnlag, slik at det ikkje er naudsynt at det sit medlemar i rådet som samstundes sit som medlemar av Kringkastingsrådet eller av programråda som dei andre allmennkringkastarane eventuelt oppnemner.
4.3 Verksemda i Norsk rikskringkasting AS
4.3.1 Allment
I samsvar med vedtak i Stortinget vart aksjeselskapet NRK oppretta i konstituerande generalforsamling 30. april 1996. All eigedom og alle rettar og plikter som høyrde til stiftinga NRK vart overførte til aksjeselskapet NRK mot at staten fekk alle aksjane i selskapet. Omlegginga har medført at NRK no har er ei organisasjonsform som er betre tilpassa konkurransesituasjonen på mediemarknaden og dei mogelegheitene og utfordringane den teknologiske utviklinga gir. Som aksjeselskap vil NRK enklare og raskare kunne inngå forretningsmessige alliansar og styrkje konkurranseevna som allmennkringkastar.
Hovudmåla for programverksemda i NRK tek utgangspunkt i allmennkringkastaroppdraget slik det er utforma i formålsparagrafen og vedtektene til NRK AS. Desse la grunnlaget for verksemda også i 1996.
4.3.2 Programverksemda
I 1996 auka det samla programtilbodet i NRK. Først og fremst skjedde det som ein følgje av at NRK2 starta sendingar frå 30. august. Samstundes utvida NRK det regionale fjernsynstilbodet i fire regionar. Dermed har ikkje berre radioen, men også fjernsynet fått ein tydelegare distriktsprofil. Departementet er nøgd med at NRK følgjer opp behovet for å byggje ut distriktsfjernsynstilbodet og gir eit lokalt allmennkringkastingstilbod i ein situasjon der ein har fått auka konkurranse frå private kommersielle lokalfjernsynsstasjonar.
Auka satsing på distriktsfjernsyn har ført til at stadig fleire innslag i riksfjernsynet er produserte av distriktskontora. Til saman produserte distriktskontora og Sàmi radio 13 prosent av eigenproduksjonen i NRKFjernsynet. Samstundes var ein stor del av dei NRK-programma som, gjennom samarbeidet i Nordvisjonen vart synte i dei andre nordiske landa, produserte av distriktskontora.
Den totale eigenproduksjonen i fjernsynet var i 1996 på 52 prosent. Dette var ein auke frå 1649 timar i 1995 til 2053 timar i 1996. Fem prosent av programma var innkjøpte frå nordiske produsentar og 38 prosent frå andre utanlandske produksjonsselskap. Fem prosent av programma i NRK var i 1996 kjøpte frå uavhengige norske produsentar. Dette var ein auke frå 88 timar i 1995 til 211 timar i 1996. NRK har som mål å auke innkjøpet frå norske produksjonsselskap til 10 prosent av førstegangssendingane innan år 2000.
I høve til kringkastingslova og forskrift av 28. februar 1997 nr 153 om kringkasting skal fjernsynsselskap setje av minst ti prosent av sendetida til sending av europeiske verk frå produsentar som er uavhengige av fjernsynsselskapet. Dei ti prosentane skal reknast av den sendetida som ikkje er sending av nyhende, sport og underhaldningsprogram med konkurranseinnslag, reklame og tekstfjernsyn. Desse programkrava følgjer av EUs direktiv om fjernsynssendingar, Rådsdirektiv 89/552/EØF, som er ein del av EØS-avtalen. Departementet ser i denne samanhengen positivt på at NRK tek sikte på å auke programinnkjøpet frå uavhengige norske produsentar fram mot år 2000.
Sjølv om det var ein svak auke i nynorskprosenten i alle kanalar, nådde NRK heller ikkje i 1996 målet om 25 prosent nynorsk i verbalsendingane. I radioen var nynorskprosenten 21 i P1, noko som er ein auke frå 19,4 prosent frå året før. P2 hadde ein nynorskprosent på 17, noko som er ein svak auke frå 16,5 prosent frå året før. I P3 var det 23 prosent nynorsk. Det var ein auke frå 16,6 prosent frå året før. I fjernsynet var nynorskprosenten på 15 i NRK1 og 12 i NRK2. Departementet strekar under at arbeidet med å styrkje nynorskbruken i alle kanalar må halde fram, slik at dei vedtektsfesta måla kan nåast.
Innvandrarsendingane på radio vart lagde om i 1996 ved at programma vart flytta frå P1 til P2 samstundes som tilbodet vart redusert til korte nyheitssendingar. Dette vart gjort for å starte førebuingar for eit nytt fjernsynstilbod for innvandrarar i 1997.
Departementet vil peike på at NRK som allmennkringkastar har eit særskilt ansvar for å gje eit programtilbod til minoritetar og innvandrarar. Omlegginga til tre radiokanalar i 1993 var m.a. grunngjeve med at NRK ville satse meir på landsdekkjande sendingar på samisk og innvandrarspråk, jf. St. meld. nr. 39 (1990-91), Virksomheten i NRK mv. Etter departementets syn er NRK sitt programtilbod i radio til innvandrarar i dag noko snautt. Departementet ser likevel positivt på at NRK frå midten av september 1997 skal starte opp med eit magasinprogram for innvandrarar i fjernsyn.
Allmennkringkastingsrådet vurderte i rapporten allmennkringkastingskrava i høve til dei einskilde NRK-kanalane og ikkje berre i forhold til selskapet sitt samla tilbod. Departementet tek dette til etteretning. Det kan i denne samanheng nemnast at departementet ved fleire høve, seinast i brev av 16. mai 1997 til Allmennkringkastingsrådet, har gjeve uttrykk for at departementet vil leggje det samla programtilbod i NRK til grunn for slike vurderingar. Dette er etter departementet si vurdering i tråd med Stortinget sitt syn, slik dette vart formulert i Innst. S. nr. 163 (1990-91). Departementet vil samstundes peike på at dette ikkje må innebere at dei tre kanalane vert reindyrka som nisjekanalar.
4.3.3 Økonomi, organisering m.m.
Departementet vil i kommande meldingar av denne typen avgrense omtalen av økonomiske spørsmål, og i staden leggje desse fram i budsjettsamanheng. Dette vil gi betre høve til ei samla vurdering i samband med fastsetjinga av nivået på kringkastingsavgifta.
Ved omlegging til aksjeselskap vart eigenkapitalen sett til kr 1 497 669 000. Disposisjonsfondet er kr 297 669 000, reservefondet kr 200 000 000 og aksjekapitalen 1 milliard kroner. Dei siste åra har NRK sine inntekter utanom lisensinntektene auka som ein følgje av auka kommersiell verksemd og inntekter frå utleige av produksjonsressursar, sal av eigedom, arkivstoff og sekundærprodukt frå programma. Salet av fjernsynsprogram vart dobla i 1996 i høve til 1995.
NRK hadde i 1996 eit overskot på vel 73 millionar kronar. Dette er meir enn 82 millionar betre enn resultatet for 1995. Den positive utviklinga skyldast i første rekkje salet av NRK sitt analoge sendarnett til Norkring A/S.
Tabellen 4.1 syner NRK sine inntekter frå sponsing i 1996 fordelt etter inntektskjelder.
Tabell 4.1 Sponseinntekter - NRK 1996 (1000 kr)
Næringsliv - pengar | 13 676 | |
Næringsliv - indirekte tenester | 3 370 | |
Offentleg/Ikkje kommersiell verksemd - pengar | 5 090 | |
Offentleg/Ikkje-kommersiell verksemd - indirekte tjenester | 3 850 | |
Totalsum - sponsorinntekter 1996 | 25 986 |
Kilde: Kjelde: NRK
NRK sine samla inntekter frå sponsing var på 26 millionar kroner. Det utgjer 0,97 prosent av dei totale inntektene i 1996. Inntektene frå sponsing for 1996 var noko høgare enn tidlegare. NRK opplyser at dette kjem av at NRK sende tre store evenement i 1996; Eurosong, Sommar-OL og Fotball-EM, som til saman brakte inn omlag 15,5 millionar kroner i inntekter frå sponsing.
I Innst. S. nr. 190 (1994-95) føresette fleirtalet i Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen at næringslivet ikkje kan stå for meir enn halvparten av sponsemidlane. Tabell 4.1 syner at den direkte pengestøtta frå næringslivet utgjer om lag halvparten av sponseinntektene. Samla inntekter frå næringslivskjelder ligg noko høgare enn det som er føresett av Stortinget. Etter det departementet er kjend med heng dette saman med ekstraordinære hendingar i 1996, særleg at NRK var vertskap for Eurosong-evenementet. Departementet legg til grunn at NRK i komande år maktar å følgje opp Stortinget sine føresetnader.
Statens medieforvaltning skal føre tilsyn med at NRK rettar seg etter regelverket om sponsing av kringkastingsprogram. Det er ved fire høve teke opp saker med NRK i 1996. To av sakene galdt barneprogram, som etter forskrifta om sponsing § 4 ikkje kan sponsast av ei verksemd som har til formål å drive næringsverksemd. I det eine tilfellet var programmet sponsa av ei miljøstifting med formål å drive informasjon og haldningsskapande arbeid om returordningar. Statens medieforvaltning la avgjerande vekt på at verksemdene som stod bak stiftinga måtte reknast som næringsverksemder, og at stiftinga derfor ikkje kunne sponse programmet. Dei andre sakene galdt overskriding av tillaten tid for sponsoridentifisering, og eit tilfelle der sponsor berre var identifisert ved slutten av programmet. Etter forskrifta skal sponsor identifiserast både ved inn- og utannonsering av programmet.
Kulturdepartementet har bede Statens medieforvaltning om å vurdere regelverket for sponsing av kringkastingsprogram og foreslå endringar. Kringkastingsselskapa har ved fleire høve teke opp forskrifta og praktiseringa av henne. Mellom anna blir det hevda at forskrifta femner for vidt, til dømes ved at ho ikkje skil mellom store og små bidrag til produksjonen. Særleg NRK har i tillegg hevda at reglane er uklare, ettersom det til dømes kan oppstå tvil om eit program skal utstyrast med sponsoridentifikasjon eller ikkje.
For å kunne gi fullgode opplysningar om sponsorinntektene, vart NRK i St. meld nr 12 (1996-97) oppmoda om å lage kriterium som kunne syne omfanget av eksterne tilskot og ytingar. Siktemålet er å sikre at praksis samsvarar med Stortinget sine føresetnader og å avgjere på førehand kva som skal reknast som sponsing. NRK har i eit brev til departementet oversendt kriterium for kva som skal reknast som indirekte sponsorinntekter, og meiner at desse kriteria i stor grad er i samsvar med dei prinsipielle definisjonane departementet ha lagt til grunn for indirekte sponsing i St. meld nr 42 (1993-94). Brevet følgjer som utrykt vedlegg.
Departementet meiner at NRK sine definisjonar i nemnte brev i store trekk samsvarar med dei tolkingar departementet legg til grunn for indirekte sponsing og ein vil gå vidare med den detaljerte avklåringa.
NRK oppretta i mars 1997 NRK Aktivum A/S som eit heileigd dotterselskap. Selskapet tok over den kommersielle verksemda som tidlegare vart driven av dei einskilde divisjonar og avdelingar i NRK. Organiseringa skal sikre eit klårare skilje mellom lisensfinansiert og kommersiell aktivitet i NRK.
Etter omlegging til aksjeselskap har NRK inngått ei rekkje nye samarbeid og alliansar. Sendeselskapet Norkring A/S vart oppretta i samarbeid med Telenor for å reindyrke NRK som produksjonsbedrift for radio- og fjernsynsprogram. NRK eig 60 prosent av det nye sendeselskapet. Fordi det riksdekkjande jordbaserte distribusjonsnettet for kringkasting og sendeteknisk utstyr vart selt til Norkring, vart det frigjort større økonomiske ressursar. Delvis har desse gått til å finansiere NRK2 og delvis til investeringar i samband med overgangen til digital produksjon- og distribusjonssystem.
NRK og TV2 har saman forhandla fram samarbeidsavtalar om rettar til sportssendingar. Fordi dei dreg til seg seg mange sjåarar har sportssendingar synt seg å bli stadig meir viktige for fjernsynskanalane. Dette har ført til konkurranse mellom allmennkringkastarane og kommersielle selskap som er ute etter program som kan gi mest mogleg avkasting. Departementet er nøgd med at dei to største allmennkringkastingsselskapa samarbeider om overføring av sportssendingar slik at norske fjernsynssjåarar er sikra det beste tilbodet og ikkje blir skadelidne i konkurransesituasjonen.
Saman med Nasjonalbiblioteket har NRK sett ned ei samarbeidsgruppe som skal greie ut om eit eventuelt framtidig samarbeid om digitalisering og drift av radioprogramma til NRK. Samarbeidet vil kunne komme til å omfatte både driftsarkiv, historisk arkiv og dokumentasjonsarkiv/pliktavlevering. Det vil bli arbeidd vidare med prosjektet med sikte på å inngå ein slik samarbeidsavtale.
I tillegg til forsøksverksemda for digital radio gjennom musikkanalen «Alltid Klassisk» frå 1995, har NRK i 1997 starta opp ein ny digital radiokanal med namnet «Alltid Nyheter». Også denne kanalen er tilgjengeleg via FM-sendarar i Oslo-området og over nokre få andre FM-sendarar andre stader i landet. Det blir arbeidd vidare med å tilretteleggje DAB-systemet, jf omtalen under kap. 3.
4.4 Verksemda i TV2 AS
4.4.1 Programverksemda
Konsesjonsvilkåra til TV2 krev at programprofilen byggjer på prinsippa for allmennkringkasting og at sendingane over tid skal innehalde ein variert programmeny med program for både breie og smale sjåargrupper, mellom anna den samiske folkegruppa og minoritetar.
Vidare stiller konsesjonsvilkåra krav om at minst 50 prosent av programproduksjonen innan 8-9 år skal vere produsert i Noreg og at resten av programverksemda skal baserast på innkjøpte program frå andre norske og utanlandske produsentar. I 1995 var 54 prosent av dei totale sendetimane norskproduserte program. I 1996 var dette minka til 52 prosent. TV2 opplyser at nedgangen kjem av at TV2 i 1996 produserte fleire timar fjernsyn enn dei gjorde i 1995. Totalt sende TV2 5.200 timar fjernsyn i 1996. Det er 413 timar meir enn året før. Sjølv om den relative del av norskproduserte program fall frå 1995 til 1996, auka likevel talet på timar med slike program fra 2609 til 2704 timar i same periode.
TV2 forklarar auken i amerikanske program frå 32 prosent i 1995 til 34 prosent i 1996 med at tøffare konkurranse om innkjøp av dei beste programma fører til at TV2 er nøydd til å kjøpe inn eit større volum, og at selskapet har fått auka sendeflate både på dag- og natterstid.
I rapporten frå Allmennkringkastingsrådet blir det peika på at det er problematisk ut frå allmennkringkastarkriteria at norsk kulturliv er lite dekka i TV2 sine sendingar, at musikktilbodet er einsidig og at innslaget av seriøs dramatikk er avgrensa til eit fåtal spelefilmar.
Rådet peikar vidare på at programtilbodet i TV2 ikkje er variert nok på kveldstid for ein allmennkringkastarkanal. Det blir vist til at drama (seriar og filmar) utgjer 49,5 prosent av den totale sendetida. Dette meiner rådet er for mykje i høve til andre programsjangrar, og etterlyser eit programtilbod for «breie og smale sjåargrupper», jf konsesjonsvilkåra og allmennkringkastingskriteria. Rådet peikar på at slike program ofte inneber større økonomisk belastning for kringkastaren, men at ein ikkje ser grunn til at TV2 ikkje skulle kunne sende program på samisk, tekste program for hørselshemma og gi eit tilbod til barn også på vekedagar.
Departementet sluttar seg til rådets vurderingar på desse punkta og føreset at TV2 følgjer dette opp.
4.4.2 Økonomi, organisering m.m.
Driftsresultatet for 1996 var på 122 mill. kroner før skatt. 1996 var selskapet sitt beste år til no. Det tilsvarande talet for 1995 var 107 mill. kr.
Pr. 31. desember 1996 var dei største eigarane i TV2 Schibsted ASA (33 %), Egmont Holding A/S (32 %), A-pressen ASA (23 %) og Norsk Aller (9 %).
Ved årsskiftet var det 375 fast tilsette og engasjerte i kanalen. Det er ein auke på 20 prosent samanlikna med året før.
Utbygginga av det jordbundne sendarnettet er avslutta. Auken i distribusjonen skjedde i 1996 gjennom parabol- og kabeltilknyting. Ved årsskiftet fekk 95 prosent av innbyggjarane i Noreg inn TV2 sine sendingar. Minst dekking har TV2 i Sogn og Fjordane og i Agderfylka.
I 1996 har talet på sjåarar auka noko i høve til året før, men auken har ikkje vore like stor som for tidlegare år. Det er framleis dei yngre sjåarane som ser mest på TV2.
TV2 kjøpte i juni 1997 1/3 av aksjane i TVNorge. TV2 og TVNorge inngjekk samstundes ein samarbeidsavtale som gjev TV2 ansvar for TVNorge sitt sendeskjema. Avtalen inneber og at TV2 påtek seg økonomisk ansvar for drifta i TVNorge. I samband med oppkjøpet fatta Stortinget vedtak om å be Regjeringa om å oppheva distribusjonsgrensa på 75 % for TV-kanalar som samarbeider med lokalfjernsyn om lokale sendingar. TV2 sitt oppkjøp vil kunne bli handsama av det nye Eigarskapstilsynet når dette vert operativt, jf Innst. O. nr 97 (1996-97).
4.5 Verksemda i P4
4.5.1 Allment
P4 fekk 15. januar 1993 konsesjon til å drive riksdekkjande reklamefinansiert radio. I tråd med konsesjonsvilkåra vart hovudkontoret og den sentrale nyheitsredaksjonen lagt til Lillehammer, medan sals- og marknadsavdelinga held til i Oslo. Verksemda har eigne lokalkontor i Tromsø, Bergen og Trondheim.
4.5.2 Programverksemda
Etter konsesjonsvilkåra skal programverksemda til P4 følgje prinsippa for allmennkringkasting. I dette ligg at sendingane over tid skal innehalde ein variert programmeny med program for både breie og smale grupper, mellom anna barn og unge, den samiske folkegruppa og minoritetar. Det skal vere daglege nyheitssendingar og programma skal medverke til å styrkje norsk språk, identitet og kultur.
Målt i lyttaroppslutnad er P4 den nest største radiokanalen i Noreg etter NRK P1. P4 melder at programprofilen er breie programflatar med mykje musikk. Departementet har i St. meld nr 18 for 1995-96 Kringkasting og dagspresse 1994 m.v. kommentert at P4 ikkje har hatt eit system for registrering av programtilbodet. Dette har P4 teke til følgje. I 1996 inngjekk P4 ein avtale med eit medieovervakingsbyrå som har sett på programinnhaldet i tida mellom kl 0600 og 2400 i periodar på seks tilfeldige veker gjennom heile året. Allmennkringkastingsrådet har lagt denne programstatistikken til grunn for sine vurderingar.
I rapporten frå rådet blir det mellom anna peika på at breidda i programma og innslaga er noko avgrensa. Rådet har i si undersøking heller ikkje registrert såkalla «nisjeprogram» eller program som er retta mot såkalla «smale» lyttargrupper.
I St. meld nr 12 (1996-97) Kringkasting og dagspresse 1995 m.v. seier departementet at konsesjonsvilkåra ligg fast når det gjeld kravet om sendingar for den samiske folkegruppa. I Innst.S. nr 138 (1996-97) vert dette understreka av fleirtalet i komiteen, som ventar at P4 innan rimeleg kort tid finn ei løysing på dette, til dømes gjennom teknisk eller økonomisk samarbeid, og/eller kjøp av samisk programstoff frå NRK Sàmi Radio, samiske nærradioar eller frå andre produksjonsmiljø.
Departementet ser alvorleg på at P4 enno ikkje har greidd å etablere et tilfredsstillande programtilbod for den samiske befolkninga og for«smale» lyttargrupper. Departementet konstaterer at P4 framleis ikkje oppfyller konsesjonsvilkåra på desse punkt og vil ta dette særskilt opp med P4.
Eitt anna av vilkåra i konsesjonen er at P4 skal samarbeide med nærrradioar for å sende program med innhald frå ulike delar av landet. P4 opplyser i årsmeldinga at det er oppretta eigne samarbeidsavtalar med ulike nærradioar. I tillegg har andre nærradioar enn dei som har faste avtalar også levert innslag til P4.
Kravet i konsesjonen om meir enn 90 prosent dekking vart nådd i 1995. I 1996 har P4 gjennomført utvidingar av sendarnettet fleire stader, m.a. for å få betre kvalitet ved mobil mottaking. I dag dekkjer P4 93 prosent av landet. I tillegg blir P4 formidla over TV2 og TVNorge når desse kanalane ikkje har sendingar. P4 er også lagt ut på Internett med tekst og lyd slik at nordmenn i inn- og utlandet kan få inn oppdaterte nyheiter frå Noreg heile dagen. P4 kan også takast direkte ned frå satellitt i Europa. Det vil bli oppretta ein sendar i Longyearbyen på Svalbard.
4.5.3 Økonomi, organisering m.m.
I 1996 vart P4 AS notert på Oslo Børs. Målsetjinga var å få inn 2-3000 nye aksjonærar og på den måten å oppnå breiare eigarskap slik at selskapet i større grad blir forankra i samfunnet. Ved årsskiftet var dei tre største aksjonærane i selskapet Kinnevik med 33,3 prosent, Endre Røsjø med 18,1 prosent og Tharald Brøvig med 17,8 prosent. Tilsette og tillitsvalde eigde til saman 4 prosent av aksjane.
Med ei omsetting på 166,6 mill. kroner bokførte P4 eit positivt resultat før skatt på 40,3 mill. kroner i 1996. Dette var ein reduksjon på 8,4 % frå året før.
I 1996 var 95 personar tilsette i konsernet.
P4 sitt heileigde dotterselskap P4 Radio International og samarbeidspartneren Makana Trust har fått konsesjon til å drive kommersiell regional radio i Cape Town i Sør-Afrika. Konsesjonen gjeld for fem år og P4 reknar med å starte opp sendingar i siste halvdelen av 1997.