2 Fornyings- og administrasjons-departementets merknader til Data-tilsynets årsmelding for 2005
Arbeidet til Datatilsynet
Datatilsynet har i eit kvart hundreår arbeidd for å vareta ditt og mitt personvern. Personopplysningar skal behandlast i samsvar med grunnleggjande personvernomsyn som behovet for vern av personleg integritet og privatlivets fred. Lovgrunnlaget for Datatilsynets arbeid er i hovudsak personopplysningsloven og helseregisterloven. Datatilsynet er ei relativt lita verksemd med i overkant av 30 personar, men er godt synleg i den offentlege debatten. I befolkningsundersøkinga omtalt ovanfor seier fleirtalet av dei spurde at dei kjenner til at det finst ei uavhengig myndigheit som passar på at personvernlovgivinga vert følgd, og éin av tre kjenner til at dette er Datatilsynet. Men kjennskapen til Datatilsynet blant verksemdene er ikkje like oppløftande. Berre 16 prosent av dei spurde seier dei har god kjennskap til Datatilsynets rolle og ansvar, 29 prosent har liten kunnskap og 55 prosent verken/eller.
Datatilsynet har ei rekkje ulike verkemiddel for å fremje personvernet. Dei viktigaste er førehandskontroll gjennom konsesjonsbehandling, etterkontroll gjennom tilsynsverksemd og ikkje minst å gi råd og rettleiing i spørsmål om personvern – til dette høyrer innspel i høyringssaker. I tillegg kjem naturlegvis Datatilsynets oppgåve med å informere om den generelle utviklinga når det gjeld behandlinga av personopplysningar, og dei utfordringar dette skaper. I verksemdsundersøkinga svarte heile 90 prosent at dei er heilt eller delvis einige i at vi treng eit sterkt Datatilsyn. 59 prosent av dei spurde i befolkningsundersøkinga svarer det same. Berre seks prosent er ueinige.
I 2005 har Datatilsynet hatt særleg fokus på opprettinga av personvernombod – særleg i kommunane. Dette er eit viktig satsingsområde fordi kommunane behandlar svært mange personopplysningar, irekna ei rekkje sensitive opplysningar. Oppretting av personvernombod er med på å ansvarleggjere behandlarar av personopplysningar. Datatilsynet rapporterer om at det ved utgangen av 2005 var oppnemnt 19 personvernombod. Dette er nesten ei firedobling frå første halvdel 2004 då det var oppretta fem personvernombod. Det er likevel eit stykke att til Sverige der det på same tidspunkt var oppnemnt 3200 personvernombod for til saman 5406 verksemder. Departementet meiner at det bør arbeidast vidare med personvernombodsordninga også i 2006 for å føre den positive trenden vidare.
Undersøkinga stadfestar departementets oppfatning av at Datatilsynet nyt brei respekt og har støtte og velvilje i befolkninga. Datatilsynet er relativt godt synleg i samfunnsdebatten, og svært mange er klare over Datatilsynets viktige rolle og har tillit til at tilsynet er personvernets vaktarar på vegne av oss alle. På den andre sida har bl.a. Datatilsynet ein viktig jobb å gjere framover med å skape både betre kjennskap til og etterleving av personvernregelverket. Dette vil vere nødvendig for at befolkninga skal ha tillit både til styresmakter og private verksemder framover. Departementet har tiltru til at Datatilsynet, gjennom å bruke sitt spekter av verkemiddel, vil klare dette. Vi treng eit synleg og aktivt Datatilsyn også framover!
Utvikling av regelverket
Personopplysningsloven og -forskrifta er under utvikling. I fjor blei personopplysningsforskrifta endra slik at fleire forskingsprosjekt no er fritekne for konsesjonsplikta. Vidare vil avgjerder frå Datatilsynet, Personvernnemnda og domstolane skape presedensar og dermed presiseringar av det eksisterande lovverket.
I 2005 starta eit større arbeid med etterkontroll av personopplysningsloven og -forskrifta. Som del av etterkontrollen blei det gitt eit oppdrag til professor dr. juris Dag Wiese Schartum og førsteamanuensis dr. juris Lee A. Bygrave ved Universitetet i Oslo om å sjå på delar av loven – irekna konsesjons- og meldeplikta. Ytterlegare arbeid blir gjort internt i Justisdepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Datatilsynet. Utarbeiding av føresegner for arbeidsgivars innsyn i arbeidstakars e-post mv. har blitt forsert i forhold til revisjonen elles pga behovet for klårare reglar på dette området.
Personvernundersøkinga blei gjord bl.a. med tanke på å skaffe faktagrunnlag til lovrevisjonen. Undersøkinga avdekkjer liten faktisk kjennskap til personopplysningsloven blant representantane for verksemdene. Heile 70 prosent seier seg likevel einige i at loven er nødvendig for å oppnå eit godt hegn om personvernet, og berre åtte prosent er einige i at dagens lovar og regler som tek vare på personvernet er for strenge. Til samanlikning viste ei undersøking i EU, der regelverket byggjer på det same direktivet, at 37 prosent sa seg einige i at personvernlovgivinga var for streng på visse område. Svara gir eit inntrykk av at verksemdene totalt sett har eit relativt positivt forhold til personvernlovgivinga – samtidig som mange av verksemdene har dårleg innsikt i loven og at få følgjer krava. Desse og andre resultat vil bli tekne med i det vidare arbeidet med revisjon av loven.
Personvern er ikkje berre regulert i personopplysningsloven med forskrift. Datatilsynet er tilsynsmyndigheit også etter helseregisterloven. På helseområdet har det vore fleire forslag til lovendringar det siste året. Vidare går det føre seg lovregulering med innverknad på personvernet på ei rekkje andre politikkområde. Ei viktig oppgåve for Datatilsynet er å delta i ulike råd og utval slik at personvern kjem med på eit tidleg tidspunkt i utgreiingsprosessen. Frå departementets side har det vore nyttig med innspel til prosjektet «Mi(n) side». Datatilsynet har både hatt høve til å vere proaktivt, og blitt invitert til og hatt moglegheit til å kome med innspel under heile prosessen. Som Datatilsynet viser til har det diverre vore nødvendig å setje korte fristar i enkelte høve slik at Datatilsynet har måtte ta stilling til dei ulike kravspesifikasjonane i etterkant, etter kvart som dei vart ferdigstilte.
Store delar av premissane for personvernregelverket blir lagde internasjonalt. Personopplysningsloven byggjer på EUs personverndirektiv 95/46 EF. Også på personvernområdet er det viktig å følgje med slik at regelverket er oppdatert i forhold til rettsutviklinga i Europa. Det er derfor viktig at Datatilsynet følgjer med på utviklinga – og Datatilsynet deltek òg i ei rekkje forum internasjonalt. I tillegg er sjølvsagt internasjonalt samarbeid ein viktig arena for meiningsutveksling. Gjennomgangen av typen forum i årsmeldinga viser at vi ofte er opptekne av dei same problemstillingane.
Datatilsynets tilsynsverksemd
Datatilsynet gjennomførte 130 tilsyn i 2005. Gjennom tilsynsverksemda vert etterlevinga av regelverket kontrollert, og Datatilsynet kan gjennom dialog og eventuelt pålegg korrigere verksemdas behandling. I tillegg er tilsyna ei viktig kjelde til informasjon generelt om utfordringar. Eitt av funna i 2005 er at mange verksemder ikkje er klare over at det finst plikter i personopplysningsloven som gjeld dei. Dette har dessverre vore tilfellet også for tidlegare år – og inntrykket vert stadfesta også i personvernundersøkinga. Dei fleste verksemdene som vert kontrollerte får merknad frå Datatilsynet for manglande internkontroll. Mange verksemder har dessutan problem med å oppfylle krava til informasjonstryggleik i regelverket. Datatilsynet viser til at mangel på systematikk i arbeidet med informasjonstryggleik er det mest framtredande i 2005.
Særleg om kommunikasjon som verkemiddel
Etter departementet si oppfatning er manglande kunnskap om personvernutfordringar ein av dei største truslane mot personvernet. Dette inntrykket blir stadfesta av resultata frå Datatilsynets tilsynsverksemd og personvernundersøkinga: Manglande kunnskap om utfordringar og truslar, manglande kunnskap om regelverket og manglande kunnskap om eige ansvar.
For å betre kunnskapen har Datatilsynet utarbeidd tiltak for målretta informasjon om plikter og rettar på området. Departementet har overført 2 mill. kroner til Datatilsynet til oppfølging av tiltak mot målgruppene verksemder og ungdom. Førstnemnde målgruppe er bl.a. vald på bakgrunn av den dårlege etterlevinga av krava i personopplysningsloven - sistnemnde gruppe fordi det er viktig å starte tidleg med å informere om personvern og dei farane som knyter seg til å ikkje tenkje seg om. Det har blitt sett fokus på at ungdom kommuniserer stadig meir ved hjelp av mobiltelefon, e-post og internettkanalar som MSN og javabaserte chattetenester. Personvernundersøkinga viser også at den yngste aldersgruppa (15-29 år) er minst bekymra over for eksempel betalingstryggleiken på nett, for at personopplysningar blir samla opp over tid, for at personopplysningar blir overførte til andre og synest det er minst problematisk at arbeidsgivar/lærestad les e-posten deira. Det er òg i denne aldersgruppa at det er desidert flest som meiner at personvernet er så godt vareteke i Noreg at ein trygt kan gi frå seg personopplysningar. Årsaka til at den yngste aldersgruppa skil seg ut kan vere at bruken av nye kommunikasjonsmedium kan ha ført til ei haldningsendring mellom dei unge om kva for vekt personvernomsyn bær ha. Årsaka kan òg vere at den yngste aldersgruppa har mindre kjennskap til personvernutfordringar, eventuelt i kombinasjon med ei handlingsendring. Departementet har stor tru på at det vidare arbeidet med målgruppa vil gi svar på dette.
I tillegg held Datatilsynet fram med sitt arbeid med å vere godt tilgjengelege og yte god service overfor dei enkeltpersonar eller verksemder som av eige initiativ søkjer råd og rettleiing om personvernlovgivinga. Datatilsynets førstelinjeteneste blei styrkt i 2005 for å sikre at publikum raskt og enkelt skal få god fagleg rådgiving. Datatilsynets årsmelding inneheld ei oversikt over typar førespurnader. Spørsmål om informasjonstryggleik, arbeidsliv, melding/konsesjon og kameraovervaking skil seg ut som emna med flest førespurnader. I jubileumsåret lanserte dessutan Datatilsynet ei ny og forbetra heimeside, http://www.datatilsynet.no. Nettstaden har ei rekkje temasider, bl.a. om tema nemnde ovanfor. Det er grunn til å tru at dei gode og informative temasidene reduserer talet på førespurnader til Datatilsynet. Ved annan type kontakt kan dessutan Datatilsynet vise til utdjupande informasjon her.