2 Oppgåve frå departementa pr. 30. juni 2004 over konstitueringar i embete og over mellombels og oppretta stillingar
b. Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Ein departementsråd er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
d. Finansdepartementet
To underdirektørar er konstituerte i embetet fordi dei faste stillingsinnehavarane har permisjon.
f. Forsvarsdepartementet
Ein underdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
h. Justis- og politidepartementet
Ein lovrådgjevar er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren er konstituert i eit anna embete.
Ein tingrettsdommar er framleis konstituert i påvente av kunngjøring av fast embete.
Ein sorenskrivar er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
Ein justitiarius er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
Ein visepolitimeister er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren er mellombels fritatt frå stillinga på grunn av sjukdom.
Ein generaladvokat er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
Ein førstestatsadvokat er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
Fire statsadvokatar er konstituerte i embetet fordi dei faste stillingsinnehavarane har permisjon.
Ein politimeister er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
Ein statsadvokat er konstituert i embetet fordi to stillingsinnehavarar arbeider ca. 50% med rådet for å samordna kampen mot organisert kriminalitet og prosjektet Catch. har permisjon.
Sjef for politiets tryggingsteneste er konstituert grunna manglande søkjarar etter utlysing av stillinga.
i. Kommunal- og regionaldepartementet
Ein underdirektør er gitt forlenga konstitusjon i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
Ein underdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
Ein underdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren er departementskonstituert som avdelingsdirektør.
j. Kultur- og kyrkjedepartementet
Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
k. Landbruksdepartementet
Ein ekspedisjonssjef er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
n. Olje- og energidepartementet
Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
Ein underdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
Ein underdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren er konstituert som avdelingsdirektør
o. Samferdselsdepartementet
To underdirektørar er konstituerte i embetet fordi dei faste stillingsinnehavarane har permisjon.
p. Sosialdepartementet
Ein medisinsk kyndig rettsmedlem i Trygderetten er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.
Ein juridisk kyndig rettsmedlem i Trygderetten er gitt forlenga konstitusjon i embetet, grunna sterk auke i saksinngangen.
Ein medisinsk kyndig rettsmedlem er konstituert i embetet grunna mellombels oppretta stilling for 2 år.
q. Utdannings- og forskingsdepartementet
Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren er tilsett i ei stilling som prosjektleiar.
Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren er tilsett i ei anna stilling.