Del 1
Innleiande del
1 Oversikt over budsjettforslaget for programområde 15 Landbruk og mat
Landbruksdepartementet har ansvar for matpolitikk og landbrukspolitikken.
Matpolitikken skal sikre forbrukarane trygg mat av riktig kvalitet gjennom ein sunn matproduksjon, og leggje til rette for eit ernæringsmessig fullgodt kosthald. Landbruksdepartementet har i samarbeid med Fiskeridepartementet og Sosial- og helsedepartementet ansvaret for utforminga av matpolitikken og forvaltninga av matvaresystemet frå primærproduksjon fram til forbrukarane. Regjeringa har starta eit omfattande arbeid for å forenkle og forbetre lovverket og tilsynet. Samstundes vil ansvarsfordelinga mellom dei tre departementa bli klårare.
Landbrukspolitikken omfattar arealforvaltning, jord- og skogbruk, husdyrhald, reindrift og utvikling av nye næringar med utgangspunkt i landbruket. Landbrukspolitikken skal sikre ressursgrunnlaget for landbruksproduksjon, utvikle kunnskapsgrunnlaget i landbruket og medverke til verdiskaping og sysselsetjing i heile landet med utgangspunkt i landbruket og landbruksbaserte produkt.
Sentrale rammevilkår for mat- og landbrukspolitikken er den generelle økonomiske politikken, marknaden, handelspolitikken som følgje av WTO-avtalen og EØS-avtalen, og Stortinget si behandling av dokumenta St.meld. nr. 40 (1996-97), St.meld. nr. 17 (1998-99), St.meld. nr. 19 (1999-2000), St.prp. nr. 1 (2000-2001), St.prp. nr. 70 (2000-2001) og St.prp. nr. 92 (2000-2001).
Mat- og landbrukspolitikken baserer seg på to grunnleggjande forhold:
Ein forbrukarorientering av all verksemd innanfor dei områda der Landbruksdepartementet har forvaltningsansvar.
Ein effektiv og framtidsretta næringspolitikk som ser samfunns- og næringsomsyn i samanheng.
Dette ligg til grunn for dei måla som er fastsette for mat- og landbrukspolitikken, jf. pkt. 1.3 nedanfor.
1.1 Hovudpunkt i budsjettforslaget for 2002
Regjeringa gjer framlegg om eit budsjett under Landbruksdepartementet med vekt på å sikre forbrukarane trygge matvarer og tiltak for å sikre eit meir forbrukarretta landbruk. Budsjettforslaget følgjer opp dei retningslinjene som er trekte opp for mat- og landbrukspolitikken ved Stortinget si behandling av St.meld. nr. 19 (1999-2000).
Budsjettforslaget har ei samla ramme på 14 425 mill. kr. Dette er ein auke i høve til saldert budsjett for 2001 på 0,7 pst. Auken er i hovudsak knytt til tiltak for å sikre forbrukarane trygge matvarer av god kvalitet og tiltak for å auke verdiskapinga i matproduksjonen og knytt til skog og trevirke. Hovudprioriteringane i budsjettforslaget er:
at forbrukarane får trygge matvarer av riktig kvalitet
landbruket som basisnæring i distrikta og som utgangspunkt for utvikling av andre næringar
eit meir forbrukarretta og konkurransedyktig jordbruk som kan gi grunnlag for lågare råvare- og matvareprisar
auka verdiskaping i jord- og skogbruk, i foredlingsledda og i reindriftsnæringa
økologisk landbruk
miljø og arealforvaltning
forsking og utvikling
internasjonalt arbeid
fornying av offentleg sektor
Landbruksdepartementet gjer framlegg om å løyve 780 mill. kr til tiltak for å sikre at forbrukarane får trygge matvarer av god kvalitet. Dette skal skje gjennom eit systematisk kvalitetsarbeid og kontroll i alle ledd i matkjeda. Arbeidet byggjer på eit oppdatert regelverk, internkontrollsystem og offentleg tilsyn med praktisk verksemd, uttak og analyse av prøver, rådgjeving og vedtak med heimel i lov når det er nødvendig. Det blir lagt stor vekt på å ha kunnskap om kva som skjer i dei ulike ledda i kjeda. Plantevernmiddelkontroll, overvakings- og kontrollprogram for planter, dyr og mat, zoonosearbeidet og forbrukaromsyn vil ha spesiell prioritet.
Landbruksdepartementet vil auke innsatsen knytt til særskilde tiltak på matområdet med 107 mill. kr. Av dette vil 16,5 mill. kr bli nytta til tiltak for å auke forbrukarorienteringa av verksemda på matområdet. Det er såleis sett av midlar til m.a. arbeid for å kartleggje og overvake smittestoff og framandstoff i mat og fôr og til å utvikle og etablere ein internettbasert matportal. Innanfor satsinga er det vidare sett av 61 mill. kr til tiltak mot kugalskap og skrapesjuke. Dette gjeld i hovudsak testing av risikodyr og friske dyr i tillegg til kontroll- og tilsynstiltak. Omfanget av kugalskap-tiltak er redusert med om lag 46 mill. kr i høve til omfanget det ble lagt opp til i St.prp. nr. 84 (2000-2001). Det er òg sett av 8,5 mill. kr til auka satsing på fiskehelse, 3 mill. kr til tiltak for å heve standarden på norsk plantehelse og 5 mill. kr til å etablere ei merkeordning for landbruksprodukt basert på særpreg, geografisk opphav, tradisjon og eigenart. Det er òg sett av midlar til å styrkje veterinærberedskapen og starte opp arbeidet med å omorganisere tilsynsarbeidet på matområdet.
Det er i budsjettframlegget lagt opp til at den auka satsinga på matkontroll med 107 mill. kr i hovudsak blir finansiert med auka avgifter. Dette må sjåast i samanheng med at det over statsbudsjettet blir nytta 780 mill. kr for å sikre forbrukarane trygge matvarer og at berre om lag halvparten av desse utgiftene blir dekt inn gjennom avgifter. I tillegg blei meirverdiavgiftssatsen på matvarer halvert frå 1.7.01 og dette ga ei avgiftslette på 6,65 mrd. kr på årsbasis. Ein viser til programkategori 15.10 for ei nærare omtale av satsinga og finansieringa av ho.
Regjeringa meiner det er nødvendig å auke verdiskapinga i jordbruket og i foredlingsindustrien. Det blei i 2000 derfor etablert eit verdiskapingsprogram for norsk matproduksjon. Det er sett av 150 mill. kr til programmet i budsjettforslaget når ein reknar med midlane under Konkurransestrategiar for norsk mat.
Regjeringa vil prioritere verdiskapingstiltak innanfor skogsektoren. Ein gjer derfor framlegg om at løyvinga til Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke blir auka med 7,5 mill. kr til 32,5 mill. kr. Hovudmålet med programmet er høgare foredling og auka marknadsorientering i heile verdikjeda for med det å auke lønnsemda i skogbruket. Det stramme budsjettopplegget gjer at departementet må redusere løyvingane til skogkultur med 20 mill. kr. Dette vil føre med seg lågare tilskottssatsar og truleg redusert aktivitet i skogbruket. Grunneigarane må derfor ta eit større ansvar for investeringane i eigen skog. Hovudpunkta i miljøarbeidet i skogbruket blir knytt til kompetansetiltak og vidare satsing på miljøregistreringsprosjektet.
Regjeringa vil for jordbruksoppgjeret i 2002 legge opp til å føre vidare hovudprinsippa i jordbruksavtalen i 2001, m.a. ved å prioritere bruk der jordbruket gir eit viktig bidrag til sysselsetjing og inntekt samt tiltak som kan bidra til kostnadsreduksjonar, omstillingar i heile matvarekjeda og forenklingar i verkemiddelbruken.
Landbruksdepartementet legg vekt på landbruket si rolle i distriktspolitikken. Landbruket sitt bidrag til busetjing og sysselsetjing i distrikta føreset livskraftige driftseiningar og attraktive arbeidsplassar i næringa. Dette inneber at ein vil styrkje driftsgrunnlaget på dei einingane som driv aktiv landbruksproduksjon. For at landbruket i størst mogleg grad skal gi grunnlag for busetjing i distrikta, langsiktig mattryggleik og eit levande kulturlandskap i alle delar av landet, vil det framleis vere ein geografisk arbeidsdeling i landbruket slik vi har i dag.
Landbruksdepartementet har i tråd med St.meld. nr. 58 (1996-97) utarbeidd ein miljøhandlingsplan for landbruket. Planen gir ein heilskapleg oversikt over status og tiltak for landbruket i høve til dei miljøpolitiske resultatområda. I tråd med St.meld. nr. 19 (1999-2000) er departementet saman med landbruksnæringa i gang med å prøve ut eit opplegg for miljøprogram og miljøplanar på den einskilde driftseining. Departementet tar sikte på at opplegget vil vere operativt frå 2003.
Det er ei målsetjing at 10 pst. av det totale jordbruksarealet skal vere økologisk innan 2010 under føresetnad av at det finst ein marknad for avsetjing av produkta. For å nå målsetjinga er det behov for ei monaleg styrking av satsinga på økologisk landbruk og regjeringa vil derfor auke satsinga til 125 mill. kr. Dette er ein auke på 50 mill. kr i høve til året før. Satsinga framover vil ta utgangspunkt i heile verdikjeda frå primærledd til forbrukar. Ein vil særleg arbeide for å auke den økologiske produksjonen til eit nivå som gjer det mogleg for aktørane i marknaden å omsette økologiske produkt på ein kostnadseffektiv måte. Ein vil òg leggje vekt på å styrkje forskings-, rettleiings- og informasjonsarbeidet innan økologisk landbruk og arbeidet som er sett i gang med marknadstiltak.
Landbruksdepartementet vil prioritere arbeidet med samfunnsplanlegging og arealforvaltning, og eit sterkt jordvern for å sikre ressursgrunnlaget for landbruksproduksjon. Det er sett av 5 mill. kr. til investeringar i GPS-utstyr i Jordskifterettane og 4 mill. kr. til auka satsing på arealressurskartlegging og formidling av ressursdata.
Landbruksdepartementet vil styrkje arbeidet for å få til ein betre balanse mellom reintal og ressursgrunnlaget. Landbruksdepartementet vil òg arbeide for auka verdiskaping i reindriftsnæringa. Det er etablert eit verdiskapingsprogram med ei ramme første året på 7 mill. kr. Løyvingane over reindriftsavtalen er auka med 20 mill. kr i høve til 2000.
Landbruksdepartementet vil prioritere forsking og utviklingstiltak. Departementet har i samarbeid med Forskingsrådet vurdert utfordringane som spring ut frå nyleg framlagde styringsdokument som gjeld både forskingspolitikk generelt og utforming av mat- og landbrukspolitikken. Med bakgrunn i dette har ein kome fram til sju prioriterte innsatsområde for mat- og landbruksforskinga i åra 2002 og framover. I tillegg vil ein legge til grunn Langtidsplanen for landbruksforsking og dei utfordringane som blei utforma i budsjettforslaget for 2001. Landbruksdepartementet vil aktivt følgje opp evalueringa av forsking på mat- og landbruksområdet, jf. omtale under programkategori 15.20.
Forhandlingar i WTO, avtaler med EU og andre internasjonale prosessar påverkar rammevilkåra for den nasjonale mat- og landbrukspolitikken. Regjeringa vil arbeide aktivt for å påverke desse prosessane. Målet for landbruksforhandlingane i WTO er å sikre handlefridom for utforming av ein aktiv norsk landbrukspolitikk som inkluderer dei verkemidla som er nødvendige for å nå viktige samfunnsmål og som gjer det mogleg å ha ein aktiv landbruksproduksjon i heile landet i tråd med Stortinget si behandling av St.meld. nr. 19 (1999-2000).
Nordisk Ministerråd har gjort vedtak om ein strategi for ein berekraftig utvikling i Norden. Strategien femner om fleire område som er viktig i oppfølginga av mat- og landbrukspolitikken, m.a. biologisk mangfald og genetiske ressursar, matvaretryggleik, jordbruk, skogbruk og akvakultur, jf. nærare omtale under pkt. 1.4.4 og 1.4.5 nedanfor. Regjeringa har peikt ut berekraftig utvikling som eitt av tre satsingsområde når Noreg tek over formannskapet i det nordiske samarbeidet i 2002.
Landbruksdepartementet følgjer opp regjeringa sitt program for fornying av offentleg sektor. Ein vil mellom anna samordne dei tre mattilsyna under Landbruksdepartementet og dei kommunale næringsmiddeltilsyna i eitt, statleg tilsyn. Ein vil òg overføre ansvaret for den regionale landbruksforvaltninga frå Fylkesmannen til fylkeskommunane. Desse tiltaka og andre tiltak er nærare omtalt i pkt. 1.2 nedanfor.
1.2 Fornying av offentleg sektor
For å nå ei rekkje av regjeringas mål er det avgjerande å ha ein offentleg sektor som fungerer godt og som har sterk legitimitet i befolkninga. Regjeringa starta derfor opp eit program for å fornye, omstille og effektivisere forvaltninga slik at ho fungerer betre i høve til samfunnsøkonomien og forventningar i befolkninga.
Landbruksdepartementet har dei siste åra gjennomført fleire store omorganiseringar gjennom etableringa av Statens landbruksforvaltning og avviklinga av Statens Landbruksbank med overføring av oppgåver til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond. I tillegg er ein i gang med å gjennomføre dei endringane som er vedtekne for Jordskifterettane. Departementet vil følgje opp arbeidet slik at ein får god effekt av desse omstillingane. Landbruksdepartementet vil vidare som ledd i regjeringa sitt fornyingsprogram aktivt halde fram arbeidet med å forbetre forvaltninga. Dei viktigaste tiltaka vil vere å:
samordne verksemda i Statens dyrehelsetilsyn Statens landbrukstilsyn og Statens næringsmiddeltilsyn og næringsmiddeltilsynet som i dag blir utført av dei kommunale næringsmiddeltilsyna i eitt, statleg tilsyn
auke handlingsrommet til kommunane og fylkeskommunane i landbrukspolitikken, mellom anna gjennom å overføre ansvaret for den regionale landbruksforvaltninga frå Fylkesmannen til fylkeskommunane. Landbruksdepartementet vil prioritere arbeidet med å etablere dialog og samhandling med fylkeskommunane, jf. omtale under kap. 1102.
vere ein pådrivar for utforming av nettbasert informasjon og elektronisk saksbehandling (døgnopen forvaltning)
forenkle dei økonomiske verkemidla over Jordbruksavtalen
Tiltaka er omtalt nærare i programkategori 15.00 og 15.10 og under dei aktuelle kapitla.
1.3 Overordna mål for mat- og landbrukspolitikken
Landbruksdepartementet har eit breitt, allmennretta forvaltningsansvar som er delt inn i følgjande 5 område:
Matvaretryggleik, matvarekvalitet, dyrehelse og plantehelse
arealforvaltning
næringsutvikling og miljø
forsking og utvikling
landbruksadministrasjon
Innanfor desse områda arbeider Landbruksdepartementet etter målsetjingane som er refererte i tabell 1.1.
Tabell 1.1 Mål for mat- og landbrukspolitikken
Matvaretryggleik, matvarekvalitet, dyrehelse og plantehelse (programkategori 15.10) | |
Hovudmål: | |
– | sikre forbrukarane trygge matvarer av riktig kvalitet gjennom ein sunn matproduksjon |
Delmål: | |
– | ein effektiv og miljøvenleg bioproduksjon |
– | god plantehelse |
– | eit etisk forsvarleg dyrehald ut frå åtferdsbehova til dyra |
– | god dyrehelse |
– | trygg mat og drikke |
– | reieleg frambod av mat og drikke med riktig kvalitet |
– | forbrukarane skal sikrast innverknad for å imøtekomme deira preferansar på matområdet |
Næringsutvikling og miljø (programkategori 15.30) | |
Hovudmål: | |
– | eit berekraftig landbruk som gir grunnlag for verdiskaping og sysselsetjing i alle delar av landet, både i primærproduksjonen og foredlingsindustrien |
Delmål: | |
Jordbruk: | |
– | medverke til rimelege matvareprisar, konkurransedyktige råvareprisar, lågare kostnadsnivå og ein produksjon som er tilpassa etterspurnaden |
– | sikre næringsutøvarane moglegheit for inntekt og levekår på linje med befolkninga elles |
– | sikre miljøvenleg produksjon der òg omsynet til kulturlandskapet, kulturminne og biologisk mangfald står sentralt |
– | verdiskapinga frå jordbruksbaserte næringar skal aukast |
– | styrkje rekrutteringa til og likestillinga i næringa |
Skogbruk: | |
– | verdiskapinga frå skogbaserte næringar skal aukast |
– | skogsektoren skal medverke til å løyse viktige miljøoppgåver |
– | ei aktiv og langsiktig ressursforvaltning som legg til rette for verdiskapinga og miljøsatsinga |
Reindrift: | |
– | ei reindriftsnæring i balanse med beiteressursane og som medverkar til å halde oppe samisk eigenart |
– | medverke til kvalitetsproduksjon av reinsdyrkjøtt som sikrar inntektsgrunnlaget for reindriftsfolk |
Nye næringar: | |
– | medverke til nye lønnsame arbeidsplassar og ny verdiskaping i og knytt til landbruket |
– | fremme berekraftig produksjon, og bruk av natur og utmark |
Arealforvaltning (programkategori 15.30) | |
Hovudmål: | |
– | sikre areal som grunnlag for varig landbruksproduksjon, og bidra til at arealressursane blir forvalta for å fremme verdiskaping, busetjing og sysselsetjing |
Delmål: | |
– | utvikle ein arealpolitikk som byggjer opp under ei langsiktig og berekraftig ressursforvaltning med eit sterkt jordvern, som blir praktisert strengast for dei mest produktive areala |
– | ivareta landbruket sine interesser og verdiar gjennom ei aktiv deltaking i samfunnsplanlegginga |
– | medverke til ein rasjonell eigedoms- og driftseiningsstruktur |
– | medverke til at arealressursane blir forvalta slik at busetjinga og sysselsetjinga i distrikta blir oppretthalde |
– | ha ein velfungerande jordskifterett bygd på alminnelege domstolprinsipp |
– | medverke til å utvikle data om landbruket sine arealressursar og gjere dei tilgjengelege for ålmenta, næringslivet og forvaltninga |
Forsking og utvikling (programkategori 15.20) | |
Hovudmål: | |
– | mat- og landbruksforskinga skal, innanfor ei etisk forsvarleg ramme og i brei næringspolitisk samanheng, vere leverandør av kunnskap med vekt på forbrukarkrav, verdiskaping, nyskaping, omstilling, miljø og helse- og livskvalitet |
Delmål: | |
– | fremme langsiktig og berekraftig utvikling i landbruket og i landbruksbasert verksemd til bevaring av naturgrunnlag og miljø, og til fremme av helse og livskvalitet hos menneske og dyr |
– | utvikle marknadsorienterte produkt basert på norske råvarer og foredlingssystem |
– | høyne nivået på kompetansen og graden av produktforedling med sikte på verdiskaping og sysselsetjing i landbruket og verksemd basert på landbruk |
– | utvikle nye produkt, næringar og kombinasjonar av næringar innanfor eit heilskapleg nærings- og distriktsperspektiv |
– | gi grunnlag for utforming av politikk, bruk av offentlege verkemiddel og forvaltning |
Mat- og landbruksforvaltning m.m. (programkategori 15.00) | |
Hovudmål: | |
– | gjennomføre og utvikle mat- og landbrukspolitikken på ein måte som gir størst mogleg grad av måloppnåing og tillit hos dei ulike samfunnsaktørane |
Delmål: | |
– | lokal fridom og betre oppgåvefordeling |
– | brukaren i fokus |
– | meir effektiv forvaltning og forvaltningssystem |
– | motiverte og kompetente leiarar og tilsette |
1.4 Utfordringar i mat- og landbrukspolitikken
1.4.1 Trygg mat, kvalitet og forbrukaromsyn
Matpolitikken må byggjast på ei brei plattform. FN-konvensjonen om økonomisk, sosial og kulturell rett som er nedfelt i norsk lov (jf. lov av 21. mai 1999) er viktig i så måte. I samsvar med denne har Regjeringa ei plikt å syte for at alle innbyggjarane har fysisk og økonomisk tilgang til nok og trygg mat for eit fullgodt kosthald som møter ernæringsbehov og preferansar og som gir grunnlag for eit aktivt liv med god helse. I tillegg kjem omsynet til miljøet og til forbrukarane som har krav knytt til utval, tilgjenge, pris, kvalitet med vidare.
Mat- og landbrukspolitikken må vidare utformast i samsvar med internasjonale plikter nedfelt i mellom anna WTO-, SPS- og EØS-avtalane. Globalisering generelt og handel med matvarer over landegrensene spesielt, er òg ei utfordring som har fått stor merksemd. Ein ser at debatten om mat, både nasjonalt og internasjonalt, meir og meir vert ein verdidebatt. Forbrukarane er framleis interesserte i kunnskap om farlege smittestoff og restar av kjemikaliar, men viser i tillegg stadig større interesse for korleis maten blir produsert, foredla og omsett. Slike omsyn må liggje i botnen når politikken blir forma.
Av tabell 1.1 går det fram at regjeringa har klare mål når det gjeld matvaretryggleik, matvarekvalitet, dyrehelse og plantehelse. Maten er sluttproduktet i ei lang produksjonskjede der kvaliteten på sluttprodukta avheng av tilhøva i kvart ledd.
Tilsynsetatane fører tilsyn langs heile matkjeda frå jord til bord, medan forskingsinstitutta gir tilsynsorgana fagleg støtte. Det ytre fag- og forvaltningsapparatet melder gjennomgåande om at tilstanden langs matkjeda, inkludert sluttprodukta, er tilfredsstillande.
Skal dei offentlege kontrollorgana vere truverdige, må status med omsyn til helse, smittestoff, reststoff m.m. vere godt dokumenterte. Samanlikna med tidlegare, skjer det i dag ei omfattande overvaking både på plante- og fôrsektoren, når det gjeld dyrehelsa og av ei lang rekke matvarer. Slike program er kostbare, men nødvendige av fleire grunnar. For det første er funn og resultat som kjem fram grunnlag for tiltak. Vidare er dokumentasjonen viktig for forbrukarpolitikken på matsektoren og dessutan viktig som grunnlag for å sette vilkår når det gjeld internasjonal handel. Både i samband med EØS-avtalen og WTO-avtalen ser ein på dei nasjonale kontroll- og overvakingsprogramma som avgjerande for å ta vare på dei føremoner som gode standarder gir. Ein god dokumentasjon av helse og kvalitet styrker òg dei norske produkta i marknaden, både nasjonalt og internasjonalt.
Det er ei prioritert oppgåve for departementet å involvere forbrukarane i utforminga og forvaltninga av matpolitikken. I tråd med Landbruksmeldinga har departementet utarbeidd ein handlingsplan for forbrukarorientering av mat- og landbrukspolitikken. Handlingsplanen konkretiserer og utdjupar forbrukarorienteringa og det er vidare foreslått ulike tiltak som skal gjere politikken om til konkret handling. Målet med planen er å angi ulike retningar for korleis brukarorienteringa bør setjast i verk, og dei fleste av tiltaka som er omtala handlar om å betre kommunikasjonen med forbrukarane. Departementet har så langt prioritert følgjande fire tiltak:
kartleggje forbrukarane sine preferansar, m.a. gjennom å etablere forbrukarpanel
omverdsanalyse, jf. omtale i programkategori 15.00
styrking av Noreg sin forbrukarrepresentasjon i nasjonale og internasjonale fora
føre vidare forbrukarretting av etatane
Framdrifta i desse prosjekta blir sikra gjennom samarbeid mellom Landbruksdepartementet og underliggjande verksemder og gjennom dialog med dei frivillige organisasjonane.
Departementet har etablert ordningar for opphavsmerking, og ordningar som mellom anna dokumenterer produksjonstilhøva. Opphavsmerking skal gjere det enklare for forbrukarane å gjere val ut i frå eigne preferansar. Opplysningar om kor matvarene kjem frå er viktige for mange forbrukarar. Mange ønskjer å kunne velje produkt som kjem frå spesielle regionar eller som er særeigne tradisjonsprodukt. For å oppfylle slike ønskje vil det offentlege leggje til rette for bruk av merkeordningar som definerer ein regional kvalitetsproduksjon av mat basert på tradisjon og matkultur. Landbruksdepartementet gjer framlegg om å etablere ei slik merkeordning i 2002, jf. omtale under programkategori 15.10 og 15.30.
I tillegg til overvakinga av produksjonskjeda og forbrukerrettinga av matpolitikken har departementet i gang fleire handlingsplanar og program for å førebyggje uheldige tilstandar på viktige område i framtida, t.d. Handlingsplan for redusert bruk av plantevernmiddel, plantehelseplanen, tiltak for å motverke antibiotikaresistens i tillegg til dei vel 30 overvakings- og kontrollprogramma på dyr og mat som nemnd ovanfor, jf. òg programkategori 15.10. Regjeringa ser det som særs viktig å halde oppe den gode folke- og dyrehelsa i Noreg. kugalskap har fått særleg stor merksemd i mange land, også i Noreg. Dette har ført til forbod mot bruk av kjøtt- og beinmjøl som fôr til produksjonsdyr, og utvida overvaking og testing, jf. omtale under programkategori 15.10.
Arbeidet ved Zoonosesenteret gir betre grunnlag for å kontrollere sjukdommar og smitteemne som går frå dyr til menneske. For å få ei betre samhandling mellom Zoonosesenteret og dei institusjonane som leverer data til senteret, vil Landbruksdepartementet og Sosial- og helsedepartementet sjå nærare på styringsmodellen for senteret.
På mat-, fôr- og plantesektoren er genmodifisering av organismar (GMO) ei viktig problemstilling både ut frå helse og miljø. Det er streng regulering av GMO på levende plantedelar med heimel i Genteknologilova. Regjeringa er budd på å praktisere ein restriktiv politikk med krav om godkjenning og merking av mat og fôr. GMO- analysar krev svært høg kompetanse ved laboratoria. Denne kompetansen er under oppbygging. Sjølv med spisskompetanse og god utrustning, vil påvising av GMO i produkt vere ei stor utfordring. Dette fordi genmodifiseringa kan skje på mange ulike vis og gi seg høgst ulike utslag i produkta. Analysar ved laboratoria må bygge på opplysningar frå produsenten og arbeidet krev såleis ein open og tillitsfull kommunikasjon mellom industri og offentlege styresmakter. Departementet vil vurdere kva krav som skal stillast til produsentane med omsyn til produktdokumentasjon. Vurderingane av kva slags risiko som er knytt til GMO-produkt i høve til miljø og helse er og svært krevjande.
Oppgåvene knytt til tilsyn langs matkjeda har til no vore delt på fleire verksemder. Regjeringa har i lengre tid vurdert endringar i ansvarstilhøva og organiseringa av mattilsynet. Det er no sett i gang ein omfattande gjennomgang av både lovverk og tilsyn med sikte på forenkling, effektivisering og klårare ansvarstilhøve. Dei fem viktigaste lovene knytt til siste del av matkjeda vil bli gjort om til ei lov der den nye matforordninga til EU òg vil bli innpassa. Eit utkast til ny matlov vil bli utarbeidd av Sosial- og helsedepartementet i samarbeid med Fiskeridepartementet og Landbruksdepartementet. Ein tek sikte på å sende eit lovframlegg på høyring hausten 2002. Sosial- og helsedepartementet vil ha ansvaret for den nye lova.
Det vil vidare bli etablert eit klårare skilje mellom ansvar for risikovurdering og ansvar for risikohandtering. Sosial- og helsedepartementet vil ha det overordna ansvaret for risikovurdering. Det vil bli sett ned ein vitskapskomité som skal gi uavhengige, faglege vurderingar og råd om spørsmål langs heile matkjeda. Sosial- og helsedepartementet vil i samarbeid med Fiskeridepartementet og Landbruksdepartementet førebu opprettinga av ein ny vitskapskomité i 2002. Landbruksdepartementet og Fiskeridepartementet vil ha ansvaret for risikohandtering gjennom tilsyn med høvesvis landbasert og marin produksjon. Grensesnittet mot miljøretta helsevern og spørsmålet om forvaltning av sjukdomar hos akvatiske dyr vil bli vurdert nærare.
Landbruksdepartementet vil samordne tilsynsarbeidet med landbasert matproduksjon i eitt, statleg tilsyn. Opplegget for omorganiseringa, som er utforma i nært samarbeid med dei to andre departementa, er drøfta med Statens næringsmiddeltilsyn, Statens dyrehelsetilsyn, Statens landbrukstilsyn, Kommunenes Sentralforbund, KNT-forum og arbeidstakarorganisasjonane. Vidare har departementet orientert dei interesseorganisasjonane som blir berørt av omorganiseringa om opplegget. Arbeidet med omorganiseringa er starta opp. Dette er ein omfattande fornying som ein tek sikte på å gjennomføre i 2003, jf. nærare omtale under pkt. 1.2 ovanfor og i programkategori 15.00 og 15.10 der òg siktemålet om ein meir effektiv ressursutnytting er konkretisert.
1.4.2 Næringsutvikling og verdiskaping
Regjeringa viser til St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon som blei behandla i Stortinget 9. mai 2000. I Innst. S. nr. 167 (1999-2000) slutta fleirtalet i Næringskomiteen seg til hovudpunkta i meldinga. St.meld. nr. 19 (1999-2000) tar utgangspunkt i hovudmålsetjingane for landbruket i St.prp. nr. 8 (1992-93) Landbruk i utvikling, St.meld. nr. 40 (1996-97) Matkvalitet og forbrukertrygghet, St.meld. nr. 17 (1998-99) Verdiskaping og miljø - muligheter i skogsektoren, og behandlinga av desse dokumenta i Stortinget.
St.meld. nr. 19 (1999-2000) legg vekt på landbruket sine samla bidrag til samfunnsnytte på kort og lang sikt. I Næringskomiteen sine merknader heiter det:
Komiteen mener landbruket i tråd med samfunnets behov skal:
produsere helsemessig trygg mat av høy kvalitet med bakgrunn i forbrukernes preferanser
produsere andre varer og tjenester med utgangspunkt i næringens samlede ressurser
produsere fellesgoder som livskraftige bygder, et bredt spekter av miljø- og kulturgoder, og sikre en langsiktig matforsyning.
Komiteen vil understreke at sumvirkningen av landbrukets ulike funksjoner representerer næringens totale samfunnsnytte, og legger til grunn at en attraktiv landbruksnæring og aktiv matproduksjon over hele landet er et viktig grunnlag for å få løst sentrale samfunnsoppgaver på en god måte.
Det er lagt vekt på at landbrukspolitikken skal gi; sterkare forbrukerretting av landbruket, opnare bygder, eit aktivt landbruk i heile landet, eit attraktivt landbruk med gode inntektsmoglegheiter og rekruttering, synleggjering av landbruket sine samfunnsoppgåver og samordning av miljøvernpolitikken.
I ei auka forbrukarretting i landbruket og landbruksbasert matproduksjon er det behov for å sjå heile matvarekjeda i samanheng. Dei ulike matrelaterte omsyna i kjeda, frå primærleddet gjennom foredlingsleddet og handelsleddet fram til forbrukar bør derfor integrerast i landbrukspolitikken. Det offentlege må ha klare strategier for utviklinga av matvaremarknaden. Dette er ein føresetnad for å nå måla for politikken samla sett.
Landbruksdepartementet legg vekt på å følgje utviklinga i matvaremarknaden. Dette er mellom anna viktig for å sikre at den reduserte matmomsen kjem forbrukarane til gode. Det er no blitt etablert eit dokumentasjonsopplegg med månadleg dokumentasjon av prisar på produsent-, engros- og forbrukarnivå. Undersøkinga er i dei siste åra blitt utvikla etter oppdrag frå Landbruksdepartementet og blir gjennomført i samarbeid mellom Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) og Statistisk sentralbyrå (SSB). Ho blir publisert på NILF sine heimesider månadleg. Det er òg gjennomført ein analyse av marginar på ulike ledd. Analysen blir gjennomført i samarbeid mellom NILF og ECON Senter for økonomisk analyse. NILF, SSB og ECON har gjort ulike type prissamanlikningar med nabolanda. Departementet vil løpande følgje med i utviklinga på dette området og aktivt nytte resultata frå undersøkingane slik at sterke og svake sider kjem klårt fram. Departementet ser på desse undersøkingane som eit viktig reiskap for å effektivisere heile matvaresektoren og for å medverke til at dei ulike ledda i matvarekjeda får sin rimelege del av verdiskapinga.
Regjeringa legg til grunn at ei attraktiv landbruksnæring og aktiv matproduksjon over heile landet er eit viktig grunnlag for å få løyst sentrale samfunnsoppgåver på ein god måte. Det er understreka at næringa skal ha inntektsmoglegheiter og sosiale vilkår på linje med andre. Det må leggjast til rette for at ungdom finn det attraktivt å gå inn i næringa, og at kvinner og menn får like reelle moglegheiter til å eige og drive. Regjeringa legg vekt på at yrkesutøvarane i landbruket er sjølvstendige næringsdrivande. God utnytting av marknadsmoglegheitene, auka mangfald, ein balansert marknad, strukturelle endringar og fornuftige kostnadstilpassingar vil i aukande grad avgjera om måla for inntektsutviklinga kan bli nådde.
For å auke dynamikken i denne utviklinga har regjeringa starta opp eit verdiskapingsprogram for norsk matproduksjon. Programmet legg til rette for verdiskaping på matområdet med utgangspunkt i utvikling av nye og særeigne produkt som ofte krev ein endra innfallsvinkel til produksjon og omsetning m.m. i heile verdikjeda. Programmet skal òg ta opp bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologien knytt til nyskaping i mat- og landbruksnæringa. SND har ansvaret for gjennomføringa.
Arbeidet med etablering av Nordnorsk kompetansesenter blir ført vidare, jf. omtale under programkategori 15.10 og kap. 1112 post 51.
Samtidig som ein skal sikre levedyktige bestandar av dei store rovdyra i Noreg skal forvaltninga av bestandane skje på ein slik måte at det kan drivast forsvarleg jordbruksdrift og reindriftsnæring innanfor akseptable økonomiske rammevilkår. Desse spørsmåla vil bli følgd opp i samarbeid med Miljøverndepartementet som har forvaltningsansvaret.
For ei heilskapleg rapportering til Stortinget om utviklinga i primærproduksjonen, foredlinga og distribusjonsledda viser ein til kap. 3 og 4 i St.prp. nr. 92 (2000-2001).
Behandlinga av St.meld. nr. 17 (1998-99) Verdiskaping og miljø - muligheter i skogsektoren i Stortinget viser at det er brei semje om skogpolitikken. Skogmeldinga dreg opp politikken for ei rasjonell og berekraftig utnytting av skogressursane framover, og siktar mot å auke verdiskapinga frå skogsektoren. Meldinga slår fast at det er knytt store verdiar til skogen i Noreg, og at skogbruk gir gode moglegheiter for eit variert næringsliv i landet.
Skogsektoren arbeider i ein internasjonal marknad med raske endringar. Utviklinga, både internasjonalt og nasjonalt, har dei siste åra endra rammevilkåra for skognæringa og ført med seg ei stadig fallande lønnsemd.
Regjeringa vil føre ein nasjonal skogpolitikk for å styrkje skogen sitt bidrag til velferd for befolkninga, til meir berekraftige produksjons- og forbruksmønstre og levande bygder. I slike samanhenger blir det viktig å sikre kvinnene si aktive deltaking i skogbruket. Regjeringa vil arbeide for at
verdiskapinga frå skogbaserte næringar skal aukast. Det femårige verdiskapingsprogrammet som blei starta opp i 2000 har som mål å auke skogsektoren sitt bidrag til verdiskapinga og meir berekraftig produksjon og forbruk. Programmet skal fokusere på auka bruk av trevirke og betre koplingar mellom skogbruk og marknad.
skogsektoren skal bidra til å løyse viktige miljøoppgåver. Ei framtidsretta skognæring må ha ein god miljøprofil. Hovudstrategien i miljøarbeidet framover vil bli å bygge opp god kunnskap innan alle ledd i sektoren og å delta aktivt i arbeidet med å følgje opp internasjonale avtaler og prosessar.
Reindrifta skal vere berekraftig økologisk, økonomisk og kulturelt, jf. St.meld. nr. 28 (1991-92) og St.prp. nr. 70 (2000-2001). Næringsgrunnlaget for den samiske reindriften skal sikrast, m.a. ved å tilpasse reintalet til beiteressursane. Regjeringa legg til grunn at reindrifta er ein sentral berar av samisk kultur. Reindriftspolitikken skal òg bidra til utvikling av tilleggs- og kombinasjonsnæringar i reindrifta med utgangspunkt i samisk tradisjon og kultur. Dette er særleg viktig for kvinnene og for å ta vare på heilskapen i reindriftskulturen. I reindriftsavtalen i 2001 blei partane samde om å starte opp eit verdiskapingsprogram for reindrifta. Formålet med programmet er å leggje til rette for auka verdiskaping for reindriftsnæringa. Verdiskapingsprogrammet skal byggje på dei same prinsippa som verdiskapingsprogrammet for norsk mat, men skal femne om alle delar av reindrifta.
Misforholdet mellom reintal og ressursgrunnlag har framleis høgste prioritet sett frå styresmaktene si side. Arbeidet med oppfølging av stortingsvedtaket om fastsetjing av øvre reintal per distrikt, jf. Innst. S. nr. 216 (1999-2000), er sett i gang, og utgreiinga om øvre reintal for Vest-Finnmark var ferdig våren 2001 og har seinare vore på høyring. Det ligg etter dette til rette for at øvre reintal for Vest-Finnmark kan bli fastsett i løpet av inneverande år. Utgreiinga om øvre reintal i Aust-Finnmark er starte opp og vil vere ferdig våren 2002.
Det er ei viktig målsetjing for Regjeringa å sikre hovudtrekka i busetjingsmønsteret. For at landbruket skal kunne medverke til å oppfylle viktige samfunnsmål knytt til busetjing og verdiskaping, er det ein sentral strategi å leggje til rette for heilskapleg næringsutvikling på bygdene. Det er derfor eit mål å fremme lønnsam næringsutvikling i bygdene i og i tilknyting til landbruket. Den samla næringspolitikken for bygdene må styrkje og utvide næringsgrunnlaget for å utvikle eit allsidig næringsliv og eit breiare grunnlag for busetjingsmønsteret. Bygdeutviklingsmidlane er ein integrert del av distriktspolitikken og Regjeringa sin politikk i høve til primærnæringane. Ein legg særleg vekt på å fremme samarbeidstiltak og tiltak som gir fleire arbeidsplassar for kvinner og ungdom.
For å få betre kunnskap om effekten av verkemidla i eit likestillingsperspektiv, vil departementet gjennomføre ein kjønnsvurdering av utvalde deler av budsjettet. I 2002 vil ein vurdere dei tre verdiskapingsprogramma som er starta opp innanfor høvesvis matproduksjon, skogbruk og reindrift.
1.4.3 Samfunnsplanlegging og arealforvaltning
Landbruket har eit ansvar for å sikre areal for mat-, fôr-, og virkeproduksjon på lang sikt. Av det samla landarealet er berre om lag 3 pst. dyrka jord, og av klimatiske årsaker er det berre mogleg å dyrke matkorn på ein tredel av desse areala. Regjeringa legg ut frå nasjonale beredskapsomsyn og globale fordelingspolitiske omsyn stor vekt på at landet har ei god sjølvforsyning av mat, m.a. ut frå retningslinjene frå toppmøtet om verdas matvaretryggleik i 1996. Eit sterkt jordvern er grunnlag for ei økologisk langsiktig ressursforvaltning og vår nasjonale matvaretryggleik. Regjeringa har gjennom St.meld. nr. 24 (2000-2001) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand integrert jordvern som ein del av den nasjonale miljøvernpolitikken.
Dei fleste byane og tettstadene i Sør-Noreg er omkransa av landbruksareal med høg produksjonsevne, og areala er mange stader truga av nedbygging. Kvart år vert det bygd ned om lag 20 000 daa dyrka og dyrkbar jord, mykje av dette er god kornjord i område med godt klima. Landbruksdepartementet meiner det er behov for betre arealdokumentasjon og vil innanfor ei ramme på 4 mill. kr prioritere arealressurskartlegging og formidling av ressursdata. Departementet har starta arbeidet med å skaffe fram betre dokumentasjon av kvaliteten på landbruksareala i form av jordressurskart. Dette skal mellom anna nyttast for å dokumentere landbruket sine interesser i høve til arealplanlegging og for ein meir presis registrering av avgang av landbruksareal. God dokumentasjon gjer betre grunnlag for å sikre verdifulle landbruksareal. Landbruksdepartementet legg stor vekt på at landbruksstyresmaktene på kommune- og fylkesnivå tar aktivt del i planprosessar i dei høva dette vedkjem landbruket. Dei har viktige oppgåver med å leggje til rette for næringsutvikling, bidra til høg utnytting av areal tatt til utbyggingsformål og styre ny utbygging mot mindre produktive areal.
Landbruksdepartementet har laga ein rettleiar for utarbeiding av kommunevise landbruksplanar. Slike planar kan medverke til å sette landbruket på dagsorden i kommunane. Gjennom gode planprosessar kan kommunane skaffe seg meir heilskapleg innsikt i den nasjonale landbrukspolitikken og gjennom det finne handlingsrom for utforming av ein lokal landbrukspolitikk innafor rammene av den nasjonale politikken.
God eigedomsutforming og klåre eigar- og rettstilhøve er viktig for auka verdiskaping. For å få til dette kan det vere nødvendig å omforme eigedommar eller gjere andre endringar i eigartilhøva og med det sikre god ressursutnytting og omsyn til miljø. Det er òg ofte behov for at grunneigarar set i gang fellestiltak. For eigaren eller leigetakaren er det viktig at ikkje eigedomstilhøva stenger for god arealutnytting og eit godt inntektsgrunnlag. For samfunnet er det viktig å få ned kostnadene i landbruket. Det kan medverke til auka verdiskaping, noko som igjen tener sysselsetjinga i næringa og busetjing i distrikta. Grunneigarane kan bruke jordskifterettane for å få løyst slike problem, og landbruksstyresmaktene kan nytte lovverket elles.
Lover og reglar for landbruket er ein viktig del av den samla landbrukspolitikken. Det er viktig å ha kunnskap om korleis lover og regler verker. Landbruksdepartementet arbeider med å få fram meir forskingsbasert kunnskap om dette.
I saker der ein nyttar reglane for å gjere inngrep i den private eigedomsretten er det særleg viktig at omsynet til rettstryggleiken blir tatt omsyn til på ein god måte.
I St.meld. nr. 19 (1999-2000) er mange sider ved arealforvaltning tatt opp. Fleire av forslaga i stortingsmeldinga blei gjennomført våren 2001, jf. Stortinget si behandling av Ot.pr. nr. 33 (2000-2001) Om lov om endringer i konsesjonsloven og odelsloven m.v., jf. Innst.O. nr. 61 (2000-2001). Lovendringa blei sanksjonert i statsråd 4. mai 2001. Endringane gjaldt m.a. oppheving av forkjøpsretten og heving av arealgrensene i konsesjonslova § 5 første ledd nr. 2 og odelslova § 2. Det er oppnemnt eit utval som skal greie ut verknadene av odelslova og fremme forslag til lovendringar. Dei andre forslaga som er nemnt i stortingsmeldinga, vil bli følgt opp seinare i samband med ein generell gjennomgang av konsesjonslova. Ei nærare omtale av lovendringane og dei andre forslaga er gitt under programkategori 15.30.
1.4.4 Berekraftig utvikling
For å møte utfordringane og målsetjingane om eit berekraftig landbruk, må landbrukspolitikken ha eit heilskapleg perspektiv der miljøomsyna er integrerte i alle delar av politikken. Departementet legg opp til auka bruk av økologiske driftsmetodar i landbruket, og å sikre ein kostnadseffektiv produksjon av miljøgode. Vidare legg departementet vekt på å utnytte skogsektoren sine moglegheiter for å løyse viktige miljøoppgåver. Skogen er ein fornybar ressurs som kan medverke til utvikling av meir berekraftig produksjon og forbruk.
I tilknyting til budsjettet for 2001, la departementet fram ein handlingsplan om miljø. Dette inngår som ein del av oppfølginga av St.meld. nr. 58 (1996-97) Miljøpolitikk for ein bærekraftig utvikling. Miljøhandlingsplanen er eit bindeledd mellom regjeringa sin landbrukspolitikk og miljøvernpolitikk og skal medverke til å gjere landbruket sitt sektoransvar for miljø tydelegare. Miljøhandlingsplanen gir ei samla framstilling og konkretisering av miljøtiltak i landbrukspolitikken mellom anna med utgangspunkt i meldingar til Stortinget, jordbruksoppgjeret 2000 og statsbudsjettet for 2001. Planen har ein fireårig tidshorisont.
Landbruksdepartementet er komme godt i gang med oppfølginga av miljøhandlingsplanen. Ein har starta opp arbeidet på dei fleste tiltaka i planen. Det er likevel gått for kort tid til at tiltaka er ferdigstilte. Departementet vil med jamne mellomrom gjennomføre ein fullstendig oppdatering av status for tiltaka i planen, slik at ein sikrar fokus på oppfølginga. Det er også nær kontakt med Miljøverndepartement i samband med oppfølginga. For nærmare omtale av den faglege oppfølginga, sjå programkategori 15.10 og 15.30.
Genetisk materiale er grunnlaget for all matproduksjon. Som del av mat- og landbrukspolitikken og arbeidet med biologisk mangfald legg departementet derfor stor vekt på bevaring av genressursar. Landbruksdepartementet har laga ein plan for forvaltning av genetiske ressursar som omhandlar både husdyr, kulturplanter og skog. I tillegg er det nordiske samarbeidet styrkt på området. For å sikre oppfølging av norske og nordiske prioriteringar er det oppretta eit nasjonalt råd for genressursar, og genressursutval innanfor kvart av områda husdyr kulturplanter og skogstre. Noreg deltar aktivt i Nordisk genressursråd.
Noreg tek over formannskapet i det nordiske samarbeidet i 2002. Regjeringa har prioritert tre satsingsområde, mellom anna arbeidet for berekraftig utvikling. Regjeringa vil i formannskapsperioden legge vekt på arbeidet med eit meir miljøvennleg landbruk og vil forsterke innsatsen innan økologisk jordbruk. Ein visar til nærare omtale under pkt. 1.4.5 Internasjonale tilhøve.
1.4.5 Internasjonale tilhøve
Landbruksdepartementets virkeområde er nær knytt opp til ei rekkje internasjonale prosessar og avtalar. Dette legg føringar og rammer for utforminga av mål og verkemiddel på alle dei ulike politikkområda; både jordbruk, skogbruk, mat og forsking. Det er ei målsetting å arbeide aktivt internasjonalt for å ta vare på nasjonale interesser og samtidig bidra til framgang i dei internasjonale prosessane.
På landbruksområdet vil WTO-forhandlingane stå sentralt i åra som kjem. Forhandlingane pågår no i samsvar med artikkel 20 i Landbruksavtalen. Frå norsk side er målsettinga for forhandlingane å sikre eit nasjonalt handlingsrom for å føre ein aktiv landbrukspolitikk som gir grunnlag for jordbruksdrift over heile landet i tråd med målsetjingane om eit fleirfunksjonelt landbruk. Landbruksavtalen i WTO må derfor òg framover gi rom for eit breitt spekter av verkemiddel. Frå norsk side skal det førast ei aktiv linje i forhandlingane om jordbruk, m.a. gjennom eit aktivt samarbeid med dei aktørane som Noreg har heilt eller delvis samanfallande interesser med.
Forhandlingane på jordbruksområdet pågår i WTO Landbrukskomiteen, Spesialsesjonen. I februar 2001 blei det norske forhandlingsforslaget lagt fram. Forslaget legg vekt på at ein i forhandlingane må ta nok omsyn til dei såkalla ikkje-handelsmessige tilhøve. Det norske forslaget viser til at det i dei fleste tilfelle er ei klar kopling mellom eit aktivt jordbruk og dei samfunnsgoda som jordbruket bidreg med. Forhandlingane må derfor mellom anna få fram at det er stor variasjon i vilkåra for jordbruksproduksjon mellom dei ulike medlemslanda og sikre stor nok fleksibilitet i den nasjonale politikkutforminga. Forhandlingsforslaget inneheld ei rekkje konkrete forslag på forhandlingsområda marknadstilgang, intern støtte, eksportstøtte og spesialbehandling av utviklingsland. Det er laga ein arbeidsplan for forhandlingane fram til mars 2002, men det er ikkje fastsett tidspunkt for når forhandlingane skal vere avslutta.
Protokoll 3 til EØS-avtalen omfattar handel med foredla jordbruksvarer (RÅK) og tek sikte på å jamne ut forskjellar i råvareprisar mellom EU og EFTA (EØS) landa. EU og EFTA (EØS) kom fram til ei skisse til avtale i juli 1999, men denne blei ikkje godkjend av medlemslanda i EU. Noreg og EU-kommisjonen har seinare lagt fram nye forslag med sikte på å bli samde om å iverksetje avtala som skal erstatte Protokoll 2 etter frihandelsavtalen med EU frå 1973. Når forhandlingane om protokoll 3 er avslutta, tek ein frå norsk side sikte på å fortsetje forhandlingane etter artikkel 19 i EØS-avtalen der formålet er utvida handel med jordbruksvarer. Målsetjinga for forhandlingane er å nå fram til ei gjensidig balansert løysing.
Innanfor ramma av EFTA er det inngått frihandelsavtale med Mexico, Jordan og Kroatia. Det pågår forhandlingar med Canada, Chile, Egypt, Kypros, Tunisia og Singapore. I løpet av kort tid vil forhandlingar med Jugoslavia og Sør-Afrika starte opp.
Importvernet er ein berebjelke i norsk landbrukspolitikk, m.a. for å sikre at funksjonane til landbruket, utover matproduksjon, blir sikra. Det er difor avgjerande framleis å ha eit importvern som gir preferanse for norsk produksjon. Ut frå ei samla vurdering der ein særleg legg vekt på norske interesser i forhandlingane i WTO, ser ikkje regjeringa det som aktuelt å setje i verk generelle tollreduksjonar utan at dette inngår i ei forhandlingsløysing med EU eller i samband med dei pågåande forhandlingane i WTO.
Stortinget slutta seg til forslaga i St.prp. nr. 6 (1998-99) (EØS-avtalen sitt vedlegg I – Veterinær og plantesanitære forhold). Når det gjelde spørsmål knytt til mattryggleik, er det meste av regelverket på matsektoren, og det gjeld for heile kjeda, felles for heile EØS-området. Oppfølginga av avtalen krev store ressursar. Overvakingsorganet til EFTA (ESA) følgjer opp norske tilsynsorgan både når det gjeld det norske regelverket og med hyppige besøk for å sjå korleis regelverket blir etterlevd. Dei har peikt på manglar og gitt fristar for forbetringar. På den måten er den veterinære grensekontrollen mot tredjeland blitt betre. Det er òg peikt på manglar ved slakteria og i nedskjæringsverksemder. Manglane blir retta på. Det er grunn til å tru at ESA i framtida vil styrkje oppfølginga av norske styresmakter både med ettersyn av korleis EØS-regelverket blir tatt inn i norsk rett og korleis regelverket blir etterlevd. Ein kan rekna med at ESA framover m.a. vil fokusere på medisinbruken i matproduksjonen, avfallsproblematikken, meierisektoren og fjørfeproduksjonen.
Å innarbeide nye rettsakter på veterinærområdet er krevjande både m.o.t. omfang og kompleksitet. Samstundes er det nødvendig å justere dei prinsipielle samarbeidsrutinane. Dette kan vere politisk vanskeleg både for Noreg og EU. Mellom anna har ein ennå ikkje blitt einige om behandlingsmåten for godkjenning av såkalla tilleggsgarantiar. Slike problem gjer at rettsakter som blir vurdert å vere uproblematiske, heller ikkje blir vedtekne og implementert i norsk rett, eller dei blir sterkt forseinka i forhold til EU-landa. For å lette arbeidet i EØS-komiteen har EFTA og EU derfor blitt samde om forenklingar i behandlinga av nye rettsakter for import frå land utanfor EØS. Det same gjeld prosedyrar for godkjenning av nye grensekontrollstasjonar i Island og Noreg. Forhandlingsløysinga har enda ikkje blitt behandla i Det europeiske råd, og ein må derfor inntil vidare behandle vedtak og implementering av desse rettsaktene som tidlegare.
EFTAs overvakingsorgan ESA kjem jamleg ut med ein samanliknande oversikt (»scoreboard») over implementeringa av EØS-regelverket i alle EØS-landa. Siste års oversikt viste for dårleg resultat og at det er behov for å skjerpe inn rutinane og etablere nye rutinar for ein rask implementering av EØS-regelverket. Samarbeidet og koordineringa med departement med overlappande ansvar må òg forbetrast. Arbeidet vil bli krevjande på fleire vis, og Landbruksdepartementet gjer i budsjettet framlegg om å auke ressursbruken på området.
EU har sett i gang ein omfattande revisjon av alt regelverket som gjeld mat og helse. Gjennomgåande vil dette innebere ei innskjerping av regelverket på dei fleste områda innanfor omgrepet trygg mat. Det er framleis ei målsetjing å halde seg mest mogleg i framkant av utviklinga på sentrale område. Ein må derfor vere godt oppdatert på utviklinga og syte for å setje i verk nye tiltak for å halde oppe tiltrua til norsk regelverk, eksisterande kontrollordningar og maten generelt sett.
Ved behandlinga av St.prp. nr. 6 (1998-99) blei det føresett at Regjeringa innan utgangen av 2001 skulle leggje fram ei totalvurdering av det nye regelverket og smittesituasjonen. Ei internasjonal evalueringsgruppe har vurdert spørsmåla og leverte si innstilling, jf. utrykt vedlegg. Hovudkonklusjonen er at det ikkje har vore nokon klår endring av smittestatus til no. Den gode statusen ein hadde frå før er derfor halden oppe. Det blir peikt på at vurderinga berre byggjer på åra 1999 og 2000. Evalueringsgruppa tilrår derfor ei ny evaluering etter tre til fem nye år. Dei ulike praktiske tiltaka og samspelet mellom private og offentlege aktørar ser ut til verke bra. Regelverket er komplisert og bør forenklast der det er mogeleg. I programkategori 15.10 og dei aktuelle kapitla er oppfølgingstiltak omtala.
På næringsmiddelområdet er arbeidet innan FN-organet Codex Alimentarius nært knytt opp til arbeidet som gjerast nasjonalt. Norsk deltaking i dei viktigaste komiteane i Codex-systemet sikrar ein kontinuerleg oversikt og innspel til globale prinsipp, retningslinjer og standardar som blir nytta av WTO i internasjonale tvistar. Likeins er SPS-komiteen i WTO eit sentralt forum for internasjonal regelverksutvikling på næringsmiddelområdet. Arbeidet i desse komiteane har etter at SPS-avtalen trådde i kraft i 1995, blitt meir politisert. Mange andre land og internasjonale organisasjonar har matvaretryggleik på sin agenda, ikkje minst EU, men òg FAO, OECD og WHO. Det er derfor eit krevjande arbeid å koordinere aktivitetane, utvikle norske posisjonar og påverke regelverket innanfor det internasjonale arbeidet.
OIE (Verdas dyrehelseorganisasjon) er eit viktig forvaltningsfagleg forum for å arbeide fram internasjonale standardar for handel med dyr og dyreprodukt. Noreg har dei siste åra særleg arbeidd for å få fokus på sammenhengen mellom god dyrehelse og god folkehelse.
Det internasjonale skogpolitiske arbeidet er ei viktig drivkraft for å sikre ei berekraftig skogforvaltning. Dette arbeidet har direkte verknad for skogbruket og skogindustrien i Noreg og for utforminga av den nasjonale skogpolitikken. Regjeringa legg opp til at Noreg skal bidra aktivt i internasjonal skogpolitikk og bidra konstruktivt til utvikling av berekraftig skogbruk globalt. Det er i tillegg viktig å sikre at internasjonale avtaler tek omsyn til norske interesser. Ein aktiv internasjonal innsats frå styresmaktene si side kan også styrke norske interesser og verksemder i utlandet, og samstundes oppmuntre til opparbeiding av internasjonal skogkompetanse som kan vere nyttig nasjonalt. Dei viktigaste prosessane for Noreg er Skogforumet i FN (United Nations Forum on Forests) som blei vedtatt oppretta i 2001, FNs klimakonvensjon og Kyotoprotokollen, FN-konvensjonen om biologisk mangfald og Ministerkonferansane om trygging av skogane i Europa. Noreg tek aktivt del i arbeidet internasjonalt og spelar mellom anna saman med dei andre nordiske landa ei viktig rolle i utviklinga av arbeidet på europeisk og globalt plan.
Regjeringa ønskjer å ta del i det internasjonale arbeidet under FAO sin kommisjon for genetiske ressursar, og mellom anna gjennomføre FN sin konvensjon om biologisk mangfald gjennom å sikre at det blir etablert ein internasjonal avtale om plantegenetiske ressursar.
Noreg tek over formannskapet i Nordisk Ministerråd i 2002 og regjeringa har prioritert følgjande satsingsområde for formannskapsperioden:
Matvaretryggleik – frå hav og jord til bord. Utarbeiding av ein handlingsplan for auka matvaretryggleik i Norden.
Berekraftig utvikling – ny kurs for Norden og nærområda. Oppfølging av den nordiske handlingsplanen for berekraftig utvikling.
Barn og ungdom
Regjeringa vil i formannskapsperioden legge vekt på arbeidet med eit meir miljøvennleg landbruk (bruk av sprøytemidlar/tap av næringsstoff i jordbruket) samt forsterke innsatsen på økologisk jordbruk. Ein vil vidare arbeide med å utvikle natur- og miljøvennleg skogforvaltning i tråd med prioriteringane som ligg i den nordiske strategien for berekraft. Noreg vil bruke den nordiske kontaktgruppa for internasjonal skogpolitikk aktivt i arbeidet knytt til oppfølging av ministerkonferansen for trygging av Europas skogar, Konvensjonen om biologisk mangfald, skog i FN sin klimakonvensjon og i Kyotoprotokollen samt FN sitt Skogforum. Under det norske formannskapet vil ein vidare ta initiativ til ein gjennomgang av det nordiske samarbeidet innan utdanning, forsking og utvikling i landbrukssektoren med sikte på samordning og større nytte av innsatsen. Vidare vil Noreg under formannskapsperioden arbeide for at Nordisk genbank kan starte arbeidet med å utvide mandatartene til òg å omfatte krydder- medisinal-, pryd- og landskapsvekster og til at genbanken kan bidra sterkare i planteforedlinga i dei nordlege områda i Norden. Vidare vil ein ta initiativ til at Nordisk genbank for husdyr etablerer eit nordisk samarbeid om internasjonal konkurransedyktig husdyrforedling med spesiell vekt på mjølkekyr.
Gjennom Nordisk genressursråd vil regjeringa delta aktivt for å styrkje det nordiske arbeidet med genressursar og mellom anna leggje vekt på å regulere rettar knytte til dei genetiske ressursane som det nordiske samarbeidet femner om.
Innan internasjonalt forskingssamarbeid har EU sitt rammeprogram for forsking og utvikling og nordisk forskingssamarbeid hovudprioritet. Oppfølginga av EU sitt femte rammeprogram og førebuingar til det sjette rammeprogrammet blir viktige oppgåver framover.
Ein komité med medlemmar frå Danmark, Finland, Sverige og Noreg har evaluert forskinga og den høgre utdanninga på landbruksområdet i Noreg. Komiteen fremmer m.a. ei rekkje forslag for utvida og nye former for samarbeid og arbeidsdeling i sektoren både nasjonalt og internasjonalt. Komiteen gir òg råd om institusjonane si organisasjonsform og peiker på utfordringar og moglegheiter innan einskilde område. Framlegga til komiteen og Regjeringa si oppfølging er omtalt i programkategori 15.20.
Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2000 | Saldert budsjett 2001 | Forslag 2002 | Pst. endr. 01/02 |
Mat- og landbruksforvaltning m.m. | |||||
1100 | Landbruksdepartementet (jf. kap. 4100) | 123 195 | 113 380 | 112 773 | -0,5 |
1102 | Fylkesmannens landbruksavdeling (jf. kap. 4102) | 298 392 | |||
Sum kategori 15.00 | 421 587 | 113 380 | 112 773 | -0,5 | |
Matvarekvalitet, dyrehelse og plantehelse | |||||
1107 | Statens dyrehelsetilsyn (jf. kap. 4107) | 203 516 | 232 788 | 248 483 | 6,7 |
1110 | Statens landbrukstilsyn (jf. kap. 4110) | 110 133 | 91 401 | 116 430 | 27,4 |
1112 | Forvaltningsstøtte, utviklingsoppgåver og kunnskapsutvikling m.m. | 143 011 | 145 590 | 168 776 | 15,9 |
1114 | Statens næringsmiddeltilsyn (jf. kap. 4114) | 170 081 | 174 470 | 245 644 | 40,8 |
Sum kategori 15.10 | 626 742 | 644 249 | 779 333 | 21,0 | |
Forsking og utvikling | |||||
1137 | Forsking og utvikling | 255 516 | 266 351 | 281 737 | 5,8 |
Sum kategori 15.20 | 255 516 | 266 351 | 281 737 | 5,8 | |
Næringsutvikling, miljø og arealforvaltning | |||||
1140 | Miljø- og næringstiltak i jordbruket | 50 979 | 54 147 | 54 914 | 1,4 |
1142 | Miljø- og næringstiltak i skogbruket | 156 460 | 153 067 | 139 975 | -8,6 |
1143 | Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 4143) | 158 647 | 164 900 | 161 918 | -1,8 |
1145 | Jordskifterettane (jf. kap. 4145) | 135 737 | 132 536 | 135 811 | 2,5 |
1146 | Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 4146) | 70 091 | 57 895 | 63 167 | 9,1 |
1147 | Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 4147) | 40 582 | 37 504 | 33 831 | -9,8 |
1148 | Naturskade - erstatningar og sikring | 61 562 | 60 083 | 61 497 | 2,4 |
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. (jf. kap. 4150) | 13 061 952 | 12 522 008 | 12 470 289 | -0,4 |
1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen | 93 577 | 83 000 | 103 000 | 24,1 |
1161 | Statskog SF - forvaltningsdrift | 23 554 | 23 180 | 26 255 | 13,3 |
1163 | Avslutning av Statens Kornforretning (jf. kap. 4163) | 124 819 | |||
2411 | Statens nærings- og distrikts- utviklingsfond (jf. kap. 5311) | 324 892 | 6 500 | -100,0 | |
Sum kategori 15.30 | 14 302 852 | 13 294 820 | 13 250 657 | -0,3 | |
Forretningsdrift | |||||
1170 | Statkorn Holding ASA | 1 205 186 | |||
Sum kategori 15.40 | 1 205 186 | ||||
Sum programområde 15 | 16 811 884 | 14 318 800 | 14 424 500 | 0,7 | |
Sum utgifter | 16 811 884 | 14 318 800 | 14 424 500 | 0,7 |
Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2000 | Saldert budsjett 2001 | Forslag 2002 | Pst. endr. 01/02 |
Mat- og landbruksforvaltning m.m. | |||||
4100 | Landbruksdepartementet (jf. kap. 1100) | 4 083 | 375 | 386 | 2,9 |
4102 | Fylkesmannens landbruksavdeling (jf. kap. 1102) | 54 421 | |||
Sum kategori 15.00 | 58 504 | 375 | 386 | 2,9 | |
Matvarekvalitet, dyrehelse og plantehelse | |||||
4107 | Statens dyrehelsetilsyn (jf. kap. 1107) | 12 958 | 19 303 | 38 302 | 98,4 |
4110 | Statens landbrukstilsyn (jf. kap. 1110) | 73 597 | 78 946 | 88 114 | 11,6 |
4114 | Statens næringsmiddeltilsyn (jf. kap. 1114) | 155 763 | 174 942 | 256 413 | 46,6 |
Sum kategori 15.10 | 242 318 | 273 191 | 382 829 | 40,1 | |
Næringsutvikling, miljø og arealforvaltning | |||||
4143 | Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 1143) | 26 709 | 24 088 | 22 999 | -4,5 |
4145 | Jordskifterettane (jf. kap. 1145) | 9 144 | 15 247 | 12 687 | -16,8 |
4146 | Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 1146) | 25 444 | 16 261 | 16 749 | 3,0 |
4147 | Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 1147) | 4 058 | 1 586 | 1 500 | -5,4 |
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen (jf. kap. 1150) | 121 811 | 121 000 | 122 000 | 0,8 |
4163 | Avslutning av Statens Kornforretning (jf. kap. 1163) | 124 819 | |||
5311 | Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, lån til landbruksformål (jf. kap. 2411) | 369 881 | |||
5545 | Miljøavgifter i landbruket | 54 870 | 60 000 | 40 000 | -33,3 |
5571 | Totalisatoravgift | 88 175 | 98 000 | 98 000 | 0,0 |
Sum kategori 15.30 | 824 911 | 336 182 | 313 935 | -6,6 | |
Forretningsdrift | |||||
4162 | Sal av Drevsjø Trelast AS (jf. kap. 1162) | 550 | |||
5614 | Renter av lån til landbruksformål | 275 360 | |||
5651 | Aksjar i selskap under Landbruks- departementet | 1 762 | 21 500 | 750 | -96,5 |
5652 | Innskottskapital i Statskog SF | 10 000 | 8 500 | 8 500 | 0,0 |
Sum kategori 15.40 | 287 673 | 30 000 | 9 250 | -69,2 | |
Sum programområde 15 | 1 413 405 | 639 748 | 706 400 | 10,4 | |
Sum inntekter | 1 413 405 | 639 748 | 706 400 | 10,4 |
1.5 Oversikt over bruk av stikkordet »kan overførast»
Under Landbruksdepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30-49
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2001 | Forslag 2002 |
1140 | 77 | Miljøretta prosjektarbeid m.m. | 3 382 | 36 281 |
1142 | 71 | Tilskott til langsiktige investeringar og næringstiltak i skogbruket | 7 244 | 100 439 |
1142 | 76 | Ressurs- og miljøtiltak i skogbruket | 8 098 | 23 415 |
1143 | 70 | Tilskott til beredskap i kornsektoren | 13 045 | |
1143 | 71 | Omstillingsstøtte til slakteri | 12 213 | 9 100 |
1147 | 71 | Omstillingstiltak i Indre Finnmark | 426 | 2 109 |
1148 | 70 | Tilskott til sikringstiltak m.m. | 4 136 | 20 016 |
1150 | 70 | Marknadsregulering | 35 083 | 222 500 |
1150 | 74 | Direkte tilskott | 3 476 | 6 873 558 |
1150 | 77 | Utviklingstiltak | 37 851 | 359 000 |
1150 | 78 | Velferdsordningar | 4 816 | 1 773 854 |
1151 | 75 | Kostnadssenkande og direkte tilskott | 2 760 | 46 200 |
1170 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 4 814 |
Løyvingane under kap. 1140 post 77, kap. 1142 post 76 og kap. 1147 post 71 er støtte til prosjekt som kan strekke seg over fleire år. Kap. 1142 post 71 og kap. 1148 post 70 gjeld tilskott til investeringar med treårig arbeidsfrist. Kap. 1143 post 70 og 71 gjeld utbetalingar som kan falle i to budsjettår. Når det gjeld postane under kap. 1150 og 1151, er dette avtalte beløp mellom staten og næringsorganisasjonane der utbetalingane av ymse grunnar fell i to kalenderår. Avtalane gjeld frå 1.7. eit år til 30.6. året etter.