St.prp. nr. 1 (2001-2002)

FOR BUDSJETTERMINEN 2002 — Utgiftskapitla: 200-297 og 2410 Inntektskapitla: 3200-3297, 5310 og 5617

Til innholdsfortegnelse

Del 2
Nærmare om budsjettforslaget

Programkategori 07.10 Administrasjon

Kategori 07.10 omfattar:

  • Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

  • Læringssenteret

  • statens utdanningskontor

  • Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG)

  • Samisk utdanningsadministrasjon

  • løyving til trudomssamfunn m.m. og privatåtte skole- og kyrkjebygg

Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

0200

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 3200)

166 904

150 362

157 133

4,5

0202

Læringssenteret (jf. kap. 3202)

46 191

109 609

109 015

-0,5

0203

Statens utdanningskontor (jf. kap. 3203)

142 417

109 601

106 127

-3,2

0204

Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 3204)

5 060

5 169

5 395

4,4

0206

Samisk utdanningsadministrasjon

24 593

25 954

25 687

-1,0

0210

Tilskott til trudomssamfunn m.m. og privatåtte skole- og kyrkjebygg

91 414

115 567

96 359

-16,6

Sum kategori 07.10

476 579

516 262

499 716

-3,2

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Budsjettramma er oppjustert med om lag 2,5 mill. kroner i samband med kompensasjon til statleg forvaltning for innføring av meirverdiavgift på tenester, omlegging til direkte refusjon av sjukepengar i statlege verksemder og innsparing ved effektivisering av statlege innkjøp, sjå Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

3200

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 200)

7 017

721

2 500

246,7

3202

Læringssenteret (jf. kap. 202)

10 708

18 935

19 503

3,0

3203

Statens utdanningskontor (jf. kap. 203)

27 631

11 351

11 655

2,7

3204

Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 204)

219

206

212

2,9

Sum kategori 07.10

45 575

31 213

33 870

8,5

Budsjettforslag for 2002 – prioriteringar

I høve til 2001 inneber budsjettforslaget ein reduksjon i løyvinga for Samisk utdanningsadministrasjon, statens utdanningskontor og Læringssenteret. Tilskottet til trudomssamfunn m.m. er ei regelstyrt løyving, og forslaget om redusert løyving skuldast nedgang i aktiviteten. Tilskottet til privatåtte skole- og kyrkjebygg, som er ei av ordningane under kap. 210, blir foreslått avvikla.

Det overordna målet for administrasjonen av kyrkje-, utdannings- og forskingssektoren er:

  • å arbeide for eit godt utdanningssystem på høgt fagleg nivå med brei rekruttering og produktive og kvalitativt gode forskingsmiljø. Den norske kyrkja skal framstå som synleg og levande i samfunnslivet, med brei kontaktflate og deltaking.

Delmål:

  • Departementet skal sikre at politikken til Regjeringa blir gjennomført i sektorane.

  • Institusjonar og andre aktørar i utdanningssektoren, i forsking og innanfor kyrkja skal møte ei open og effektiv forvaltning som er tilgjengeleg og lett å kommunisere med.

  • Styringa av sektorar og underliggjande verksemder skal vere målretta og heilskapleg slik at dei kan løyse oppgåvene sine på ein god og effektiv måte.

Delmål 1: Departementet skal sikre at politikken til Regjeringa blir gjennomført i sektorane

Tilstandsvurdering

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har det overordna ansvaret for gjennomføringa av den nasjonale politikken innanfor kunnskapssektoren. Departementet har òg forvaltningsansvar for store delar av tenesteytinga i sektoren. Læringssenteret arbeider for å fremje eit meir heilskapleg perspektiv på læring, forsøks- og ut­viklingsarbeid, forsking og vurdering, sjå nærmare omtale under kap. 202. Statens utdanningskontor er bindeleddet mellom departementet og utdanningssektoren i kommunar og fylkeskommunar, sjå nærare omtale under kap. 203. Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) er eit rådgivande organ for departementet og skal arbeide for å styrkje engasjementet til foreldra i grunnskolen gjennom informasjon, skolering og rettleiing, sjå nærmare omtale under kap. 204. Sametinget har ansvaret for ei rekkje tidlegare statlege oppgåver på det samiske utdanningsområdet, mellom anna læremiddelproduksjonen, sjå kap. 206.

Den statlege utdanningsadministrasjonen har gått gjennom store organisatoriske endringar i dei siste ti åra. Samstundes har rammevilkåra og dei politiske utfordringane endra seg i takt med den generelle samfunnsutviklinga. Som ledd i oppfølginga av Kompetansereforma blei tre statsinstitusjonar slått saman til ein institusjon, VOX –Vaksenopplæringsinstituttet, 1. januar 2001, sjå kap. 256. Den nye institusjonen skal mellom anna arbeide med forsking, kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling, utviklingsprogram og nettverksbygging mellom ulike aktørar innanfor vaksenopplæringa. På fleire område vil VOX samarbeide med Læringssenteret.

Frå 1. januar 2001 vart det oppretta eit forvaltningsorgan for Opplysningsvesenets fond med eit eige styre som har ansvaret for eigedoms- og kapitalforvaltninga. 31 årsverk vart førte over frå departementet til det nye forvaltningsorganet.

Departementet tek aktivt del i utdanningssamarbeidet i Norden, EU/EØS, OECD, Europarådet og UNESCO. Det er etablert eit nært samarbeid med Utanriksdepartementet både på desse områda og på område som Barentssamarbeidet, Russland og land i Sentral-Europa. Departementet er også engasjert i utdanningstiltak i Malawi, Etiopia og Bangladesh, og det er inngått samarbeid med utdanningsdepartementa i Nepal og Zambia.

Strategiar og tiltak

Departementet og verksemdene i kyrkje-, utdannings- og forskingssektoren står framfor store oppgåver med tanke på oppfølginga av dei måla Regjeringa og Stortinget har for sektoren.

Departementet vil arbeide for å fremje likestilling mellom kjønna i kyrkje, grunnskole, vidaregåande opplæring, høgre utdanning og forsking. Ei vurdering om, og i kor stor grad, tiltak vil gi ulik effekt for kvinner og menn, er ein viktig reiskap i dette arbeidet. Ei integrering av kjønnsperspektivet i alt sektorarbeidet vil gjere det enklare å skape ein betre og meir rettferdig politikk.

Departementet er uroleg for det låge talet på kvinner i leiande stillingar i universitets- og høgskolesektoren og vil som eit tiltak for å betre denne situasjonen frå hausten 2002 opprette ti nye professorat som skal vere øyremerkte kvinner.

Departementet vil utvikle nye arbeidsformer i departementet som er tilpassa samfunnsutviklinga. Ulike former for utval, grupper og nettverk, ved sida av den ordinære organiseringa av arbeidsoppgåver, vil bli tekne i bruk. Departementet vil arbeide vidare med å utvikle strategiar og rutinar som sikrar kvalitet og effektiv sakshandsaming. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi er ein viktig reiskap i dette arbeidet.

Departementet manglar framleis styringsdata på viktige område. I samarbeid med Statistisk sentralbyrå er det utarbeid ein strategi for det vidare arbeidet med styringsdata. Den største utfordringa er å samordne og styrkje kompetansen til å kunne analysere dei data departementet sit på, slik at dei kan nyttast som grunnlag for politikkutforminga. Departementet vil òg delta aktivt i arbeidet med å utvikle internasjonale indikatorar for utdanningssektoren. Dette arbeidet foregår i EU/EØS og OECD.

Til å følgje opp St.meld. nr. 31 (2000-01) Kommune, fylke, stat - en bedre oppgavefordeling er det sett i gang eit planarbeid for innlemming av dei statlege utdanningskontora i fylkesmannsembetet frå 1. januar 2003. Integreringa av dei statlege utdanningskontora saman med fylkeslegane i fylkesmannsembeta inneber at statleg regional verksemd retta mot kommunesektoren i hovudsak blir samla i eitt organ. Dette vil mellom anna medverke til å samordne den statlege styringa av kommunesektoren.

Departementet vil halde fram med arbeidet for å oppnå eit betre avtaleverk mellom arbeidsgivarpartane og lærarorganisasjonane. Avtaleverket skal gi rom for dynamikk og fleksibilitet og kunnne møte krava frå ein moderne skole.

I 2002 skal Noreg ha formannskapet i Nordisk Ministerråd. Dette fører også med seg leiing av dei nordiske komiteane som handsamar utdannings- og forskingssaker. I tråd med målet om auka satsing på helse og utdanning i norsk bistand blir rammeavtalen med NORAD bygd vidare ut. Innsatsen frå departementet i utdanningsbistand må sjåast i samanheng med anna internasjonalt arbeid, særleg i UNESCO.

Delmål 2: Institusjonar og andre aktørar i utdanningssektoren, i forsking og innanfor kyrkja skal møte ei open og effektiv forvaltning som er tilgjengeleg og lett å kommunisere med

Tilstandsvurdering

Regjeringa har som mål for fornyinga av offentleg sektor at organisasjon og tenesteproduksjon skal vere baserte på behova til brukarane. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet ser det som viktig å sørgje for å etablere ei open og effektiv forvaltning som folk opplever at dei når fram til.

Institusjonane i den statlege utdanningsadministrasjonen har alle utvikla nettsider. Norgesuniversitetet har gjennom sin database på Internett vidareutvikla tenestetilbodet for yrkesretta etter- og vidareutdanning. Læringssenteret har under arbeid ein kommunikasjonsstrategi, der ein mellom anna legg opp ein plan for utvikling av nye nettbaserte tenester. VOX - Vaksenopplæringsinstituttet har eit stort ansvar for informasjon om vaksenopplæring med utgangspunkt i departementet sin informasjons- og kommunikasjonsplan for Kompetansereforma. ODIN, netttenesta til departementa, vart i juni 2000 lagd om til ein meir brukarvennleg profil. Sidan nylanseringa har talet på oppslag auka med 50 pst.

Da internettbransjen hadde si årlege kåring av beste nettstader utvikla siste år, tok ODIN andreplassen i kategorien «samfunnsinformasjon». Førsteplassen – den såkalla «Gulltaggen» – gjekk til Læringssenteret for «Skolenettet». ODIN fekk mellom anna positiv omtale for at informasjonen er lagd til rette på ein brukarvennleg måte som når fleire målgrupper samstundes.

Den nye ODIN-tenesta gir også betre høve til å kommunisere direkte med departementet. I samband med framlegginga av St.meld. nr. 27 (2000-01) Gjør din plikt – Krev din rett Kvalitetsreform av høyere utdanning blei det oppretta ei interaktiv nettside der publikum får høve til å formidle synspunkt om den planlagde reforma.

Departementet har i 2001 gått gjennom regelverket sitt for å avdekkje om det finst unødige rettslege hindringar for kommunikasjon mellom privatpersonar, institusjonar eller private rettssubjekt og den offentlege forvaltninga eller kyrkja. Gjennomgangen har ført til at ein har fjerna ei rekkje forskrifter som ikkje lenger er aktuelle. Departementet har dessutan i samband med det såkalla «eRegelprosjektet» slått fast at det i departementet sitt regelverk ikkje er lovreglar som hindrar elektronisk kommunikasjon. Dette inneber at dei som ønskjer det, kvar tid på døgnet kan ta elektronisk kontakt med forvaltninga både for å utveksle informasjon og for å foreta rettslege disposisjonar.

Som ledd i arbeidet med å effektivisere sakshandsaminga i forvaltninga har Samordna opptak (SO), som koordinerer opptak til høgre utdanning, etablert ei fullstendig elektronisk teneste på Internett. Samlinga av elektroniske vitnemål for avgangselevar i vidaregåande skole i ein nasjonale vitnemålsdatabase dekkjer nå alle studieretningar som gir generell studiekompetanse. Det ligg no 60 000 vitnemål som gir studiekompetanse i vitnemålsdatabasen.

Tiltak og strategiar

God sektor- og samfunnskontakt vil framleis liggje til grunn for arbeidet i kyrkje-, utdannings- og forsk­ings­sektoren. Departementet satsar vidare på ei aktiv og open presseteneste og publikumsinformasjon, mellom anna med korte, lesarvennlege versjonar av stortingsmeldingar (Faktablad). Departementet vil vere tilgjengeleg med høg profil på Internett. Målet er å gi oppdatert informasjon og leggje forholda til rette for kommunikasjon. Tenesta skal vere differensiert og tilpassa ulike målgrupper. På lengre sikt skal nettenesta vere ein portal for sektorane kyrkje, utdanning og forsking.

Samordna opptak (SO) er førebels avhengig av at søkjarane, i tillegg til å levere vitnemål og attestar elektronisk, også leverer dei med underskrifter. Ein planlegg no for at søkjarane kan sende dokumenta med elektroniske signaturar. Departementet vil og føre vidare arbeidet med å ta inn i basen andre kompetansebevis frå vidaregåande opplæring.

Departementet vil i 2002 arbeide for at dei elektroniske tenestene i Statens lånekasse for utdanning blir tilgjengelege heile døgnet.

Delmål 3: Styringa av sektorar og underliggjande verksemder skal vere målretta og heilskapleg slik at dei kan løyse oppgåvene sine på ein god og effektiv måte

Tilstandsvurdering

Sektorstyring av grunnskole og vidaregåande opplæring er ein del av oppgåvene for departementet. Denne styringa er nærmare omtalt under kategori 07.20. Det er om lag 110 verksemder som er direkte underlagde Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Departementet er oppteke av ei god styring av og ein god dialog med dei underliggjande verksemdene, med regelbundne møte og ei kontinuerleg utvikling av styringsdialogen.

Departementet legg vekt på ein god dialog med kommunesektoren som har ansvaret for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Denne dialogen skjer i hovudsak gjennom dei statlege utdanningskontora. På bakgrunn av rapportar frå utdanningskontora utarbeider Læringssenteret kvart år ei nasjonal tilstandsvurdering for grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring. Denne tilstandsvurderinga dannar grunnlag for departementet si sektorstyring.

Dei høgre utdanningsinstitusjonane er dei største institusjonane i utdanningssektoren. Mellom anna med utgangspunkt i krava i økonomireglementet for staten har departementet utvikla etatsstyringa på området. Styringsdialogen er evaluert av sektoren. Tilbakemeldingane har stort sett vore gode og viser at institusjonane meiner dialogen med departementet er blitt betra.

På det kyrkjelege området har rapportering og resultatoppfølging stått i fokus for vidareutviklinga av etatsstyringa. Arbeidet med å utvikle ny forvaltningsordning for Opplysningsvesenets fond har òg stått sentralt.

Innanfor forskingsfeltet har departementet lagt vekt på å utvikle ei etatsstyring som tek omsyn til at institusjonane er forvaltningsorgan med særskilde fullmakter.

Som oppfølging av økonomiregelverket for staten har departementet utvikla ein eigen evalueringsstrategi. Som oppfølging av denne vil departementet jamleg gjennomføre evalueringar både av underliggjande verksemder og av tilskottsordningar.

Tiltak og strategiar

Ei kontinuerleg satsing på utvikling av etatsstyringa er eit sentralt verkemiddel for å få gjennomført politikken til Regjeringa i sektorane.

Ei vidare utvikling av etatsstyringa av universiteta vil mellom anna bli sett i samanheng med at universiteta er blitt nettobudsjetterte og oppfølginga av St.meld. nr. 27 (2000-01) Gjør din plikt – Krev din rett Kvalitetsreform av høyere utdanning. Det blir no foreslått at tre vitskaplege høgskolar og fire statlege høgskolar blir nettobudsjetterte institusjonar frå 1. januar 2002. Gjennom ein innføringsorganisasjon vil departementet arbeide med overgang til nettobudsjettering for fleire institusjonar i kommande år.

Frå 2002 blir det innført nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar, med unntak for kunsthøgskolane. Med det nye finansieringssystemet skal tildelingane i større grad enn før vere avhengige av i kva grad institusjonane har nådd resultatkrava innanfor utdanning og forsking, sjå nærmare omtale under kategori 07.60.

Departementet arbeider no med å følgje opp stortingsvedtaket om oppretting av eit uavhengig akkrediterings- og evalueringsorgan for institusjonane i universitets- og høgskolesektoren. Det nye organet vil venteleg bli oppretta frå 1. juli 2002. Regjeringa tek ikkje sikte på å oppretthalde rådsfunksjonane i Noregsnettrådet. Vidareføring av oppgåvene til sekretariatet vil bli vurdert i samband med opprettinga av det nye organet for evaluering og akkreditering.

Endringar nasjonalt og internasjonalt fører til nye behov med omsyn til organisering og fordeling av oppgåver i utdanningsadministrasjonen. Departementet må sørgje for at den statlege utdanningsadministrasjonen tilpassar seg samfunnsendringane, arbeider effektivt og fangar opp behova til brukarane. I prosjektet «Fornying av den statlege utdanningsadministrasjonen» vurderer ein korleis den statlege utdanningsadministrasjonen skal bli betre i stand til å møte forventningar og framtidige utfordringar. I første fase blir særleg tilhøva mellom departementet, statens utdanningskontor, Læringssenteret, VOX - Vaksenopplæringsinstituttet og det statlege spesialpedagogiske støttesystemet vurderte. Dette arbeidet vil vere fullført i 2001.

Evalueringa av Noregs forskingsråd skal vere sluttført innan utgangen av 2001, og departementet vil i 2002 vurdere korleis ho skal følgjast opp.

Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gruppe

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

01-29

Driftsutgifter

344 173

339 533

341 465

0,6

30-49

Nybygg, anlegg o.a.

2 255

2 380

2 392

0,5

50-59

Overføringar til andre ­statsrekneskapar

24 593

25 954

25 687

-1,0

70-89

Overføring til private

105 558

148 395

130 172

-12,3

Sum kategori 07.10

476 579

516 262

499 716

-3,2

Sjå omtale av tekniske endringar under tabellane til kategori 07.10 og under dei einskilde kapitla.

Kap. 200 Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 3200)

 

(i 1 000 kr)

Postgruppe

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

155 516

146 185

152 676

21

Særskilde driftsutgifter

7 233

1 797

2 065

22

Folkegåve til Island , kan overførast

1 900

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

2 255

2 380

2 392

Sum kap. 200

166 904

150 362

157 133

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Post 01 er auka med 0,2 mill. kroner i samband med at midlar til ei halv stilling ved praktisk teologisk seminar er overført frå kap. 295 post 01.

Resultatrapport for 2000-01

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet er av dei departementa som har flest underliggjande verksemder. I tillegg har kommunesektoren ei sentral rolle innanfor området til departementet. Departe­mentet forvaltar også om lag 100 tilskottsordningar. Det er sett i gang ein gjennomgang av tilskottsforvaltninga med sikte på ei forenkling.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet handsamar mange saker frå underliggjande verksemder, organisasjonar, private og offentlege institusjonar og privatpersonar. I tillegg kjem arbeidsoppgåvene som er knytte til fastsetjing av lønns- og arbeidsvilkår for store grupper arbeidstakarar i staten, fylkeskommunane og kommunane.

Ved omorganiseringa av departementet 1. september 2000 og opprettinga av Læringsenteret, vart 27 medarbeidarar flytta ut av departementet. 1. januar 2001 var 273 stillingar lønna over budsjettet til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Vel 60 prosent av dei tilsette var kvinner. Talet på kvinner på leiarnivå ligg på vel 44 prosent. Departementet har hatt som mål å auke talet på kvinnelege leiarar i sektoren samla sett til 30 prosent innan 2001. Talet på kvinnelege leiarar i departementet er dermed godt over måltalet for sektoren.

Departementet har i tillegg til dei faste budsjettproposisjonane utarbeidd følgjande meldingar og proposisjonar som er lagde fram for Stortinget:

  • St.meld. nr. 14 (2000-01) Børs og katedral - om økonomien i kyrkja

  • St.meld. nr. 20 (2000-01) Om korte yrkesrettede utdanninger etter videregående opplæring

  • St.meld. nr. 21 (2000-01) Styrt val i 4. studieåret i almenlærarutdanninga

  • St.meld. nr. 27 (2000-01) Gjør din plikt – Krev din rett Kvalitetsreform av høyere utdanning

  • St.meld. nr. 32 (2000-01) Evaluering av faget Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering

  • Ot.prp. nr. 23 (2000-01) Om lov om endring i lov 26. april 1995 nr. 21 om utdanningsstøtte til elever og studenter

  • Ot.prp. nr. 90 (2000-01) Om lov om endringer i kirkeloven, gravferdsloven og lov om Opplysningsvesenets fond

Tre regjeringsoppnemnde utval har hatt ein brei gjennomgang av høgre utdanning og forsking. Dette gjeld NOU 2000: 14 Frihet med ansvar, NOU 1999: 33 Nyttige lærepenger og NOU 2000: 5 Mellom barken og veden – om fagskoleutdanninger. Regjeringa har følgt opp utgreiingane i St.meld. nr. 20 (2000-01) Om korte yrkesrettede utdanninger etter videregående opplæring og St.meld. nr. 27 (2000-01) Gjør din plikt - Krev din rett Kvalitetsreform av høyere utdanning. Departementet sende i september 2001 eit utkast til ny lov om universitet og høgskolar på høring.

I februar 2001 arrangerte departementet ein idédugnad om kvinner i Kyrkja. Utgangspunktet var at ein ønska å fremje tiltak for å auke talet på kvinner i leiande stillingar. Forslaga i rapporten frå dugnaden vil bli følgt opp i departementet.

Hausten 2001 oppnemnde departementet eit offentleg utval som har fått i oppdrag å sjå på strukturen og innhaldet i det 13-årige opplæringsløpet. Utvalet skal skissere ein ønska situasjon for den framtidige grunnopplæringa og komme med forslag til strategiar og tiltak for utvikling, sjå St.meld. nr. 30 (2000-01) Langtidsprogrammet 2002-2005.

Departementet ønskjer at arbeid med likestilling skal ha ein viktig plass i opplæringa. I 2001 vart det derfor sendt ut ei rettleiing i arbeidet med likestilling, »Kjekk og pen», til alle grunnskolar, vidaregåande skolar og vaksenopplæringsinstitusjonar.

Departementet og lærerorganisasjonane har forhandla fram ein ny arbeidstidsavtale for undervisningspersonalet med verknad frå 1. august 2000. I samband med avtalen fekk lærarar og skoleleiarar to trinn i lønnsauke, i tillegg til det dei fekk i hovedtariffoppgjeret. Til saman fekk lærarane i gjennomsnitt 30 000 kroner i lønstillegg i 2000. Den nye arbeidstidsavtalen blir evaluert av ei partssamansett gruppe. Gruppa skal leggje fram ein rapport 1. november 2001. Lærarorganisasjonane og departementet har gitt ei intensjonserklæring om å samarbeide for å utvikle meir fleksible arbeidstidsordningar i skoleverket.

I mars 2001 avtalte Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og lærarorganisasjonane at det skal setjast i gang forsøk med ulike modellar for organisering av arbeidstida for lærarane (sentralt initierte forsøk). Departementet har handsama 463 søknader om slike forsøk og 389 søknader blei godkjende. Forsøka blei sett i gang hausten 2001, og dei fleste vil gå over to år. Etter at søknadsfristen for dei sentralt initierte forsøka gjekk ut 1. juni, har departementet motteke om lag 100 nye søknader om slike forsøk. Desse søknadene blir behandla i departementet etter kvart som dei kjem inn.

Frå og med tariffoppgjeret 2000 er det gjennomført lokale førebels lønnsforhandlingar for tilsette i skoleverket i kommunar og fylkeskommunar. Av 453 innkomne referat frå desse forhandlingane viste 78 at det ikkje var oppnådd semje mellom partane. Dette gjaldt for 70 kommunar og åtte fylkeskommunar. Ved usemje blei forhandlingane sluttførte av lærarorganisasjonane sentralt og departementet. I dei tilfella at lokal semje er oppnådd, skal resultatet godkjennast av lærarorganisasjonane sentralt og av departementet. Ordninga har ført med seg ein god del meirarbeid for departementet.

Arbeidet med å få fleire menn i skolen er ei oppgåve som departementet vil fokusere på. Sommaren 2001 blei det halde ein idédugnad om emnet. Forslag til tiltak for å auke talet på mannlege lærarar er samla i rapporten »La menn være menn». Denne rapporten vil mellom anna bli følgt opp i ei kampanje for å rekruttere studentar til lærarutdanninga.

KUF-skolen er eit internt opplæringsprogram for tilsette i departementet. Eit nytt managementprogram om styring av utdanningssektoren er også sett i gang og vil bli avslutta våren 2002. Programmet har deltakarar frå heile utdanningssektoren.

Likestilt er eit nytt blad som erstattar departementets tidlegare likestillingsblad Camilla. Likestilt vil komme ut fire gongar i året og bli distribuert til heile kyrkje-, utdannings- og forskingssektoren, til media og andre interesserte.

Resultatmål for 2002

Arbeidet i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil bli ført vidare i tråd med politikken til Regjeringa slik han er uttrykt i hovudinnleiinga og under kategoriane 07.20–07.90. Til grunn for arbeidet i departementet ligg ein administrativ strategiplan, verksemdsplan, strategiplanar og policydokument for einskilde tverrgåande område.

Departementet vil følgje St.meld. nr. 27 (2000-01), jf. Innst. S. nr. 337 (2000-01) vidare opp. Det vil bli lagt fram eigne saker for Stortinget knytte til gradsstruktur og profesjonsutdanningar, lærarutdanningar, samisk høgre utdanning og forsking, rekruttering av vitskapleg personale og om etablering av akkrediterings- og evalueringsorgan. Departementet vil leggje vekt på ekstern deltaking frå universitets- og høgskolesektoren og frå studentorganisasjonane i den vidare utforming av reforminnhaldet. Andre arbeidslivs- og brukarorganisasjonar vil også bli trekte inn.

Departementet vil følgje opp St.meld. nr. 20 (2000-01) Om korte yrkesrettede utdanninger etter videregående opplæring, jf. Innst. S. nr. 177 (2000-01). Det ligg føre planar om å leggje fram ein lovproposisjon om fagskoleutdanningar i 2002.

Eit offentleg utval har drøfta dåpsopplæringa i kyrkja, jf. NOU 2000: 26 «...til et åpent liv i tro og tillit». Saka vil bli handsama av Kyrkjemøtet 2001.

Fokus på likestilling skal ligge til grunn for alt arbeid i departementet og underliggjande organ. Det vil mellom anna bli gjennomført ein landsomfattande rekrutteringskampanje til læraryrket der menn vil få ein særleg fokus, sjå kategori 07.60. Departementet vil halde fram med å arbeide for auka rekruttering av kvinner til leiarstillingar i akademia og i Den norske kyrkja. Departementet vil framleis drive ei omfattande informasjonsverksemd når det gjeld likestilling. Det vil mellom anna bli publisert kunnskap om likestilling gjennom bladet Likestilt og på nettenesta ODIN. «Kjekk og Pen – rettleiing i arbeid med likestilling for grunnskolen, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring (Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 2001)» – vil krevje oppfølging. Departementet vil framleis ta del i ulike tverrdepartementale grupper og i nordisk og internasjonalt samarbeid for å fremje likestilling innanfor sektorane til departementet.

Departementet legg vekt på å følgje opp intensjonserklæringa om meir fleksible arbeidstidsordningar for lærarar. Departementet vil spesielt følgje dei sentralt initierte forsøka. Ei ekstern forskarevaluering av forsøka vil vere klar 31. desember 2002.

For å sikre dyktige medarbeidarar til dei omfattande arbeidsoppgåvene som departementet har framover, vil departementet mellom anna utvikle personalpolitikken vidare, herunder leggje til rette for mellom anna jobbrotasjon, fleksible arbeidsformer og fjernarbeidsplassar. Satsinga på KUF-skolen for å styrkje kompetansen til dei tilsette vil bli ført vidare i 2002. Slik håper ein både å sikre at dyktige medarbeidarar blir i departementet, og å rekruttere nye.

Departementet legg vekt på å utnytte informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) for å effektivisere og modernisere forvaltninga. IKT er ein viktig reiskap for å leggje til rette for nye og fleksible arbeidsformer. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet tek saman med fleire departement del i eit felles prosjekt som er organisert gjenom Statens forvaltingsteneste. Målet med prosjektet er å innføre IKT-støtte til organisering og gjennomføring av sakshandsamingsprosessar og overgang til eit fullt elektronisk arkiv som oppfyller krava frå Riksarkivet. Som ein del av arbeidet med å betre informasjonsflyten internt i departementet er eit nytt intranett teke i bruk hausten 2001. Intranettet skal vere ei støtte for sakshandsaminga i departementet og støtte opp om team- og prosjektbaserte arbeidsformer. Høg datatryggleik og tenestekvalitet er ein føresetnad for å bruke IKT på ein god måte.

Budsjettforslag for 2002

Løyvinga under post 01 skal å dekkje lønn og drift i departementet. Budsjettforslaget inneber at aktivitetsnivået i 2001 blir ført vidare i 2002. Dette er ein naudsynt føresetnad for å kunne halde oppe kvalitet og framdrift med både forvaltningsoppgåver og reformarbeid. Løyvinga under post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3200 post 02, sjå framlegg til vedtak II nr. 1.

Løyvinga under post 21 dekkjer utgifter knytte til arbeidet i Regjeringa med forskingspolitikken.

Løyvinga under post 45 gjeld kjøp av datautstyr og programvare som blir nytta til utvikling av IKT-systemmet i departementet.

Kap. 3200 Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 200)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

02

Salsinntekter o.a.

1 549

04

Husleigeinntekter o.a.

822

05

Refusjon utdanningsbistand NORAD o.a.

793

721

2 500

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

1 838

17

Refusjon for lærlingar

20

18

Refusjon av sjukepengar

1 995

Sum kap. 3200

7 017

721

2 500

I høve til 2001 er det gjort denne tekniske endringa:

  • Post 05 Refusjon utdanningsbistand NORAD o.a. er auka med 1,8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 3238, post 05.

Løyvinga under post 05 gjeld vederlag frå NORAD for konsulenttenester i samsvar med rammeavtale om utdanningsbistand.

Kap. 202 Læringssenteret (jf. kap. 3202)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

21 505

70 236

68 151

21

Særskilde driftsutgifter , kan nyttast under post 70

10 542

6 545

7 051

70

Tilskott til læremiddel o.a. , kan overførast, kan nyttast under post 21

14 144

32 828

33 813

Sum kap. 202

46 191

109 609

109 015

Kapitlet omfattar drift av Læringssenteret, som inneber m.a.:

  • utvikling av læreplanar og elev- og lærlingvurdering

  • kompetanseutvikling, utviklingsarbeid og forsøk

  • dokumentasjon og analyse som grunnlag for systemvurdering

  • utvikling, produksjon og distribusjon av læremiddel

  • lærings- og oppvekstmiljø

  • internasjonalt arbeid

  • oppfølging av handlingsplanen for IKT i norsk utdanning

  • likestilling

  • andre oppgåver

Læringssenteret vart oppretta 1. september 2000. Hovudmålet med Læringssenteret er å vere eit nasjonalt kompetansesenter for utdanningssektoren, med hovudoppgåver innanfor ramma av opplæringslova, og med hovudvekt på evaluerings- og utviklingsfunksjonar. Senteret skal ivareta sentrale informasjons- og utviklingsoppgåver. Etter oppdrag frå departementet skal senteret gjennomføre utviklingsprosjekt og tiltak og sette i verk støtte- og informasjonstiltak som kan fremme det lokale utviklingsarbeidet i kommunar og fylkeskommunar, mellom anna i samarbeid med statens utdanningskontor og Sametinget. Senteret skal òg ha forvaltningsmynde for visse oppgåver. Eit sentralt mål for senteret er å fremme eit samordna arbeid med kompetanseutvikling, utviklingsarbeid, forsøk, forsking og vurdering. Fleire av oppgåvene som Læringssenteret har ansvar for vert finansiert over kap. 224, 226, 243 og 248. Ein må av den grunn sjå omtalen her i sammanheng med desse kapitla og omtalen av kategori 07.20. Tilskottspost 70 blir gitt eiga omtale nedanfor.

Resultatrapport for 2000-01

Utvikling av læreplanar og elev- og lærlingvurdering

Læringssenteret har starta arbeidet med å kartleggje samanhengen mellom læreplan og læringsutbytte i grunnskolen og vidaregående opplæring. Læringssenteret har arbeidd med utvikling av ulike læreplanar og utarbeidd mellom anna framlegg til læreplanar for dei nye studieretningane Sal og service og Medier og kommunikasjon i vidaregåande opplæring på VKI-nivå. Vidare er det sett i gang arbeid med å revidere læreplanar for VKII-nivå i dei same studieretningane. Arbeidet med å revidere læreplan og lærarrettleiing for KRL-faget er starta opp. Alle nye læreplanar er lagde ut på Skolenettet, og databasen vert utvikla vidare.

Det pågår kontinuerleg arbeid med å vurdere læreplanar i samband med søknader om godkjenning av privatskolar.

Læringssenteret har elles gjennomført høringar som gjeld struktur for allmenne, økonomiske og administrative fag i vidaregåande opplæring.

Læringssenteret har lagt til rette for ei betre avvikling av sentral eksamen, sensur og klagesensur i vidaregåande opplæring, inklusive prøver for praksiskandidatar, skriftleg avgangsprøve og eiga avgangsprøve for vaksne, gjennom:

  • utforming av nye retningslinjer for den praktiske gjennomføringa av prøver og sensur/klagesensur

  • administrasjon av utvikling og utarbeiding av prøver, prøvemateriell, rettleiingsmateriale samt kvalifisering av sensorar, oppgåvenemnder og fagnemder

  • utarbeiding av retningslinjer for dokumentasjon

  • koordinering av utdanningskontora si deltaking i avvikling av eksamen, avgangsprøve og sensur

  • innhenting og bearbeiding av aktuelle data knytte til gjennomføring av eksamen, fag- og sveineprøve og avgangsprøve

Læringssenteret har lagt til rette for utvikling av eksamen, fag- og sveineprøve og avgangsprøve ved forsøk med bruk av IKT og med alternative vurderingsformer i fagopplæringa. Læringssenteret har også lagt til rette for lokalt vurderingsarbeid, både for sluttvurdering og for vurdering undervegs, mellom anna gjennom utvikling av prøver, prøvemateriell, idésamlingar og rettleiingsmateriell. Det har òg vore arbeidd med vidareutvikling av ulike kartleggingsprøver

For nærmare omtale, sjå kap. 224 og 226.

Kompetanseutvikling, utviklingsarbeid og forsøk

I samarbeid med dei statlege utdanningskontora og skoleeigarane har Læringssenteret arbeidd aktivt for å sikre at dei store prosjekta Kvalitetsutvikling i grunnskolen og Differensiering og tilrettelegging i vidaregåande opplæring får innverknad på kvalitetsutviklingsarbeidet i heile landet.

Læringssenteret har medverka til å gjennomføre nasjonale tiltak innanfor kompetanseutvikling, mellom anna for lærarar, skoleleiarar og instruktørar, samt utviklingsarbeid og forsøk. Dette er omtalt nærmare under kap. 226. Programmet for leiarutvikling i skolen (LUIS) er avslutta og evaluert i 2000. Kompetanseutviklingsprogrammet for pedagogisk-psykologisk teneste og skoleleiarar (Samtak) blir ført vidare ut året 2002, jf. kap. 243. Planlegging og gjennomføring av kompetanseutvikling knytt til dei nye studieretningane i vidaregåande opplæring er starta opp. Ei rekkje andre prosjekt er førte vidare eller sette i verk, jf. kap. 226 og 248. Læringssenteret følgjer opp satsinga på kvalitetsutvikling i grunnskole og vidaregåande opplæring gjennom evaluering og forsking og arbeider for spreiing av erfaringar til heile sektoren.

Dokumentasjon og analyse som grunnlag for systemvurdering

Som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 28 (1998-99) Mot rikare mål har Læringssenteret arbeidd med utviklingstiltak i høve til skole- og bedriftsbasert vurdering. Blant desse er prosjekta «Elevinspektørene - elevenes skolevurdering» og «Ekstern deltaking i lokalt utviklingsarbeid». Senteret har utvikla ein elektronisk ressursbank for skole- og bedriftsbasert vurdering. Vidare har Læringssenteret sett i gang arbeid med evaluering av skolefritidsordninga og andre evalueringsprosjekt.

Utvikling, produksjon og distribusjon av læremiddel

I 2000 vart dei siste lærebøkene i samband med L97 ferdigstilte. Det ligg nå føre lærebøker innanfor dei fleste fagområda i vidaregåande opplæring, men det er eit etterslep særleg innanfor dei minste fagområda. Læringssenteret har stått sentralt i arbeidet med å få utvikla digitale læremiddel i samfunnslære for vidaregåande opplæring og har utarbeidd utkast til handlingsplan for digitale læremiddel for dei kommande åra. Det er elles ei utfordring å følgje opp satsinga på digitale læremiddel i forhold til Plan for digitale læremidler 2001-03.

Når det gjeld spesialpedagogiske læremiddel, har Læringssenteret, i samarbeid med departementet, utarbeidd ein ny handlingsplan for særskilt tilrettelagde læremiddel for barn, unge og vaksne med særskilde behov for perioden 2001-04. Ein viser i den samanhengen til Innst. O. nr. 89 (1999-2000) og Ot.prp. nr. 44 (1999-2000). Når det gjeld læremiddelsituasjonen for blinde og svaksynte elevar, ba Stortinget om at Regjeringa snarast mogleg skulle treffe tiltak som førte til at læremiddelsituasjonen for blinde og svaksynte elevar var fullt ut tilfredsstillande frå og med skolestart hausten 2001, jf. Innst. S. nr. 251 (2000-01). Departementet reknar no at læremiddelsituasjonen for blinde og svaksynte er tilfredsstillande. For nærmare omtale av det spesialpedagogiske støttesystemet, sjå kap. 243.

Lærings- og oppvekstmiljø

Læringssenteret har arbeidd med fleire sider ved lærings- og oppvekstmiljøet, med særleg vekt på førebygging av problemåtferd, mobbing, vald og rasisme. Dette skjer gjennom ulike tiltak, prosjekt og deltaking i fleire handlingsplanar. Skolemeklingsprogrammet for grunnskolen er ferdig utvikla og klart til å ta i bruk i skolane, mens programmet for vidaregåande opplæring er ført vidare. Læringssenteret har også arbeidd på feltet samarbeid heim-skole og i høve til Skolebyggprisen. Jf. nærmare omtale under kap. 226.

Internasjonalt arbeid

Læringssenteret tek del i ei rekkje nordiske og internasjonale samarbeidsprosjekt, mellom anna knytte til kartlegging av elevane sitt læringsutbytte i ulike fag og haldningar til skole og samfunn. Læringssenteret har mellom anne hatt det nasjonale koordineringsansvaret for Det europeiske språkåret 2001, og har følgt gjennomføringa av skolesamarbeidet under EU-programmet SOKRATES (Comenius), sjå nærmare omtale under kap. 226 og kap. 248.

Oppfølging av handlingsplanen for IKT i norsk utdanning

Læringssenteret har vore ein viktig aktør i gjennomføringa av handlingsplanen IKT i norsk utdanning - Plan for 2000-2003. Dette skjer mellom anna gjennom Skolenettet, utvikling av digitale læremiddel, rettleiing og forhandlingar av rammeavtalar for utstyr og programvare for skoleverket. Resultatrapport for Læringssenterets oppgåver knytte til IKT finn ein under kap. 248.

Likestilling

Læringssenteret har arbeidd med ulike prosjekt knytt til val av utdanning og yrke for å redusere kjønnstradisjonelle val i skole og yrke, jf. kap. 226.

Andre oppgåver

Læringssenteret har mellom anna ført arbeidet med handlingsplanen for miljø og prosjektet entreprenørskap vidare. Vidare har Læringssenteret hatt ansvar for gjennomføringa av Operasjon dagsverk i samarbeid med Elevorganisasjonen.

Resultatmål for 2002

Læringssenteret skal i hovudsak ha sentrale oppgåver i tilknyting til kvalitetsutvikling i grunnskole og vidaregåande opplæring.

Ein viktig del av arbeidet til Læringssenteret er å utvikle og styrkje relasjonar mellom ulike samarbeidspartnarar på opplæringsfeltet. I 2002 skal Læringssenteret på oppdrag frå departementet gjennomføre oppgåver, utviklingsprosjekt og andre tiltak knytte til dette kapittel og til kap. 224, 226, 243 og 248. Det er eit viktig siktemål å sørgje for at det blir god fagleg og pedagogisk samanheng i det 13-årige opplæringsløpet.

I 2002 skal Læringssenteret mellom anna

  • arbeide med revisjon av læreplanar og/eller utvikling av nye læreplanar etter oppdrag frå departementet

  • koordinere og kvalitetssikre det nasjonale arbeidet med elev- og lærlingvurdering

  • føre vidare arbeidet med kartleggingsprøver

  • sørgje for utvikling, produksjon og distribusjon av læremiddel for ulike opplæringsgrupper, herunder digitale læremiddel, og prioritere udekte område

  • delta i arbeidet med gjennomføringa av handlingsplanen IKT i norsk utdanning - Plan for 2000-2003. Hovudoppgåvene på dette området er knytte til Skolenettet, digitale læremiddel for grunnskolen og vidaregåande opplæring, utviklingsarbeid ved bruk av IKT i opplæringa og arbeid med eksamen og ulike former for vurdering basert på bruk av IKT

  • føre vidare nasjonale kompetanseutviklingstiltak mellom anna kompetanseutvikling for lærarar

  • føre vidare utviklingsarbeid etter oppdrag frå departementet og gi støtte og rettleiing i lokalt utviklingsarbeid

  • medvirke til at arbeidet med kvalitetsutvikling på det samiske området blir ført vidare

  • føre vidare evaluering og forsking med relevans for skoleverket etter oppdrag frå departementet, og informere om resultat

  • setje i verk ein heilskapleg strategi for eit godt lærings- og oppvekstmiljø

  • levere relevant informasjon og dokumentasjon som kan gi ei samla oversikt over tilstanden i skolesektoren, som grunnlag for planlegging og gjennomføring av utdanningspolitiske tiltak lokalt og sentralt

  • utføre utgreiingsoppgåver og gi råd, etter oppdrag frå departementet, innanfor dei ulike fagområda senteret har ansvar for

  • arbeide med å integrere likestillingsperspektivet på alle saksområde

Læringssenteret har forvaltningsansvaret for

  • å gjennomføre avgangsprøver i grunnskolen og sentralt gitte prøver i vidaregåande opplæring

  • å fordele statstilskott til læremiddelutvikling og -produksjon

  • å sikre grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring eit breitt tilbod av læremiddel

  • å utarbeide rettleiingar og anna pedagogisk støttemateriell til grunnskolen og vidaregåande opplæring

  • å drive Skolenettet med ulike tilbod som læringsressurs for grunnskole og vidaregåande opplæring

Budsjettforslag for 2002

Fagleg eining for pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) blei etablert i 1993 i samband med omstrukturering av spesialundervisninga, og i budsjettproposisjonen for 2001 varsla departementet at ein ville vurdere spørsmålet om framtidig organisering og lokalisering av eininga. Etter ein høringsrunde foreslår departementet ei organisatorisk overføring av Fagleg eining for PPT frå utdanningskontoret i Hedmark til Læringssenteret frå 1. januar 2002. Utgiftene vil bli dekte over kap. 243 i 2002.

Forslaget under post 01 skal dekkje driftsutgiftene ved Læringssenteret. Av omsyn til det samla budsjettopplegget er løyvingsnivået under post 01 redusert med 4,4 mill. kroner i høve til budsjettet for 2001. Løyvinga under post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3202 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Forslaget under post 21 gjeld verksemd som Læringssenteret gjer som oppdrag, i hovudsak frå andre statlege institusjonar. Løyvinga under post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, jf. forslag til vedtak II nr. 2. I tillegg kan løyvinga under post 21 nyttast under post 70.

Post 70 Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

Det er to tilskottsordningar under denne posten: tilskott til utvikling og produksjon av læremiddel for små elevgrupper og smale fagområde og tilskott til utvikling og produksjon av særskild tilrettelagde læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar. Ordningane blir forvalta av Læringssenteret.

Målsetjing

Tilskottsordningane skal bidra til å sikre læremiddel til alle elevgrupper, også dei som er så små at det ikkje er grunnlag for kommersiell utvikling.

Tildelingskriterium

Tilskottet kan gå til skolebokforlag, private institusjonar og andre miljø som utviklar og produserer trykte, digitale og kombinerte læremiddel. Læremidla må tilfredsstille dei faglege, pedagogiske og tekniske krava departementet sett for tildelinga. Tilskottsmottakaren må rapportere om framdrifta i arbeidet og levere Læringssenteret så mange eksemplar av det ferdige læremiddelet som tildelingsbrevet seier.

Oppfølging og kontroll

Læringssenteret skal kontrollere at dei utbetalte tilskotta blir brukte i samsvar med føresetnadene for tildelinga. Innsendte søknader, rapportar og skjema for sluttoppgjer blir kontrollerte ut frå formalia- og skjønnsemdsvurderingar. Læringssenteret skal også sjå til at kvaliteten på læremidla er i samsvar med dei krava som er stilte i kunngjeringa og i tilsegna.

Rapport for 2000-01

I 2000 blei det utbetalt i overkant 14 mill. kroner til utvikling av læremiddel over post 70. Læringssenteret har inngått avtalar med forlaga om produksjon av læremiddel som ikkje enno er ferdigstilte, sjå avsnittet Utvikling, produksjon og distribusjon av læremiddel i kapittelomtalen over.

Budsjettforslag for 2002

Løyvinga under denne posten blir ført vidare på same nivået som i 2001. Løyvinga må i hovudsak brukast til å dekkje opp for kontraktar som alt er inngåtte med forlaga. Løyvinga kan nyttast under post 21. Tilsegnsfullmakta på 20 mill. kroner, som Læringssenteret har hatt i 2001, blir ført vidare på det same nivået i 2002, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Kap. 3202 Læringssenteret (jf. kap. 202)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Inntekter frå oppdrag

7 274

6 545

6 741

02

Salsinntekter o.a.

3 080

12 390

12 762

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

226

18

Refusjon av sjukepengar

128

Sum kap. 3202

10 708

18 935

19 503

Post 01 gjeld oppdragsinntekter. Post 02 gjeld inntekter frå sal av hefte, bøker, video og CD-ar knytte til grunnskolen og vidaregåande opplæring.

Kap. 203 Statens utdanningskontor (jf. kap. 3203)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

133 751

108 401

104 927

21

Særskilde driftsutgifter

8 666

1 200

1 200

Sum kap. 203

142 417

109 601

106 127

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Post 01 er auka med 300 000 kroner i samband med at midlar til ei stilling er overført frå Høgskolen i Vestfold til Statens utdanningskontor i Vestfold og ei stilling (50 pst.) er overført frå Statens utdanningskontor i Nord-Trøndelag til Høgskolen i Nord-Trøndelag, jf. kap. 274

Kapitlet omfattar drift av 18 utdanningskontor.

Utdanningskontora er bindeledd mellom departementet og utdanningssektoren i kommunar og fylkeskommunar. Hovudoppgåva er å utføre statlege oppgåver regionalt. Arbeidsoppgåvene er m.a.:

  • tilsyn, lovlegkontroll og klagebehandling

  • informasjon og rettleiing

  • kvalitetsutvikling

  • vurdering, resultatoppfølging og rappo

  • løpande forvaltningsoppgåver

Utdanningskontora er delegerte ansvar for fleire statlege ordningar for tilskott. Kontora har tilsynsoppgåver og fører lovlegkontroll etter opplæringslova og kommunelova med at kommunar og fylkeskommunar overheld regelverk som gjeld utdanning. Kontora har også tilsynsoppgåver knytte til private skolar, særleg med faglege og økonomiske forhold. Utdanningskontora er klageinstans for ei rekkje saker som gjeld rettane for elevar, lærlingar og lærekandidatar. Kontora skal hjelpe kommunane i arbeidet med kvalitetsutvikling.

Resultatrapport for 2000-01

Statens utdanningskontor har utarbeidd tilstandsrapportar for budsjettåret 2000 som omhandlar tilstanden i grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring i høve til dei måla som er sette, jf. kap. 202.

Utdanningskontora har medverka til at den forsterka innsatsen på området kvalitetsutvikling i grunnskolen («skolepakka») er ført vidare i kommunane. Kontora har vidare medverka til at planen til departementet for kompetanseutvikling av det pedagogiske personalet er følgt opp.

Utdanningskontora har medverka til å føre vidare prosjektet «Differensiering og tilrettelegging i vidaregåande opplæring». Kontora har assistert departementet i vurderinga av prosjektsøknadene frå fylkeskommunane, og har stått for tildelinga av midlar.

Utdanningskontora har teke del i arbeidet med gjennomføringa av «IKT i norsk utdanning. Plan for 2000-2003», mellom anna gjennom ulike informasjonstiltak, lokalt utviklingsarbeid og prosjektet PILOT, som er retta mot bruk av IKT i skolen. Sjå kap. 248 for nærmare omtale av det arbeidet utdanningskontora gjer på IKT-området.

Eksamensavviklinga innanfor grunnskolen og vidaregåande opplæring våren 2001 er omtalt under programkategori 07.20 og kap. 224.

For vidare omtale, jf. programkategoriane 07.20 Grunnskolen og vidaregåande opplæring og 07.50 Vaksenopplæring.

Resultatmål for 2002

Dei statlege utdanningskontora skal innlemmast i fylkesmannsembetet i det respektive fylket, jf. Innst. S. nr. 307 (2000-01) og St.meld. nr. 31 (2000-01) Kommune, fylke, stat – en bedre oppgavefordeling. Planarbeidet er starta opp med sikte på overføring frå 1. januar 2003. Samordning av statleg tilsyn overfor kommunar og fylkeskommunar og forenkla rapporteringsrutinar gir grunnlag for lågare budsjettnivå for 2002 i høve til 2001. Samarbeidet med Læringssenteret og VOX – Vaksenopplæringsinstituttet skal utviklast vidare.

I samband med vidareutvikling av rolla til fylkemannen som instans for rettstryggleik ønskjer departementet å konsentrere aktiviteten til dei statlege utdanningskontora om tilsyn, klagebehandling og einskilde forvaltningsoppgåver. Dette gir rom for ytterlegare reduksjon i aktivitetsnivået m.o.t. bemanning og budsjettnivå. Departementet vil komme attende til dette i budsjettforslaget for 2003. Oppgåvene til utdanningskontora må ein og sjå i samanheng med oppgåve- og ansvarsdelinga i den statlege utdannings­administrasjonen som ein no greier ut. Jf. kategoriomtale under 07.10.

I 2002 skal utdanningskontora m.a.:

  • føre vidare arbeidet med rettleiing til kommunane, tilsyn og kontroll og klagebehandling gjennom utvikling og oppfølging lokalt

  • følgje opp strategien til departementet for kvalitetsutvikling i grunnskolen i perioden 2000-03

  • følgje opp arbeidet med prosjekta Samtak og «Differensiering og tilrettelegging i vidaregåande opplæring»

  • medverke til evaluering av arbeidet med kvalitetsutvikling i grunnskolen

  • ta aktiv del i arbeidet med gjennomføringa av handlingsplanen «IKT i norsk utdanning. Plan for 2000-2003», medrekna arbeidet med prosjektet PILOT, jf. kap. 248

  • følgje opp arbeidet med Kompetansereforma lokalt og regionalt

  • føre vidare arbeidet med å følgje opp kommunar og fylkeskommunar når det gjeld styrkinga av PP-tenesta, jf. Innst. S. nr. 228 og St.meld. nr. 23 (1997-98) Om opplæring for barn, unge og vaksne med særskilde behov, samt kap. 243

  • følgje opp gjennomføringa av dei sentralt initierte utviklingsprosjekta i vidaregåande opplæring

  • følgje opp miljøhandlingsplanen til departementet

  • informere, rettleie og medverke til at skoleeigar kan oppfylle dei nasjonale måla med omsyn til verdiprofilering og haldningsmål i opplæringa, m.a. gjennom å følgje opp det lokale arbeidet med nasjonale planar og lokale handlingsplanar/satsingsområde

  • følgje opp departementets likestillingspolitiske satsingsområde innanfor utdanningssektoren

I tillegg er resultatmåla for dei einskilde utdanningsområda nærmare omtalte under programkategori 07.20 og under dei respektive fagkapitla.

Budsjettforslag for 2002

Av omsyn til det samla budsjettopplegget og redusert omfang i nokre arbeidsoppgåver er nivået på løyvinga under post 01 redusert med 6,7 mill. kroner i høve til budsjettet for 2001. Løyvinga under post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3203 postane 02 og 11, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Løyvinga under post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, jf. forslag til vedtak II nr. 2.

Kap. 3203 Statens utdanningskontor (jf. kap. 203)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Inntekter frå oppdrag

8 321

1 200

1 200

02

Salsinntekter o.a.

4 155

3 581

3 688

11

Kursavgifter

11 496

6 570

6 767

15

Refusjon for arbeidsmarknadstiltak

387

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

772

17

Refusjon for lærlinger

95

18

Refusjon av sjukepengar

2 405

Sum kap. 3203

27 631

11 351

11 655

Post 01 gjeld oppdragsinntekter, og post 02 gjeld salsinntekter o.a. ved statens utdanningskontor. Post 11 gjeld inntekter i samband med at utdanningskontora står som teknisk arrangør av kurs og konferansar.

Kap. 204 Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 3204)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

5 060

5 169

5 395

Sum kap. 204

5 060

5 169

5 395

Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) er eit rådgivande organ for departementet og skal arbeide for å styrkje engasjementet til foreldra i grunnskolen gjennom informasjon, skolering og rettleiing.

Nytt FUG vart oppnemnt i januar 2000, med sju medlemmer og to varamedlemmer. Funksjonstida for noverande utval går ut 31. desember 2003.

Resultatrapport for 2000-01

Mellom dei viktigaste tiltaka i skoleåret 2000-01 var «Grunnskolen si veke», seminar for medlemmer av kommunale foreldreutval, Foreldreaksjonen 2001, eit prosjekt om samarbeid mellom heim og skole i Oppland og Nordland, arbeid for barn med særskilde behov og arbeid for språklege minoritetar samt kontakt med nasjonale og internasjonale organisasjonar, styre og råd.

Resultatmål for 2002

FUG vil også i 2002 arbeide vidare etter dei retningslinjene som er trekte opp i St.meld. nr. 14 (1997-98), jf. Innst. S. nr. 117 (1997-98). I samsvar med formålsparagrafen i grunnskolen skal FUG medverke til eit godt samarbeid mellom heim og skole, og ta hand om interessene til foreldra og dei føresette i samband med skoleverksemda. Arbeidet med «Grunnskolen si veke» vil bli ført vidare. For å styrkje arbeidet med informasjon og rettleiing til foreldra i grunnskolen vil det bli utvikla eit elektronisk foreldrenettverk.

Budsjettforslag for 2002

Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2001. Løyvinga under post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3204 post 02, sjå framlegg til vedtak II nr. 1.

Kap. 3204 Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 204)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

02

Salsinntekter o.a.

194

206

212

18

Refusjon av sjukepengar

25

Sum kap. 3204

219

206

212

Inntektene kjem frå sal av informasjons- og rettleiingsmateriell til foreldre, skolar o.a.

Kap. 206 Samisk utdanningsadministrasjon

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

50

Tilskott til Sametinget

24 593

25 954

25 687

Sum kap. 206

24 593

25 954

25 687

Kapitlet finansierer:

  • driftsutgifter knytte til administrering av opplæringsavdelinga til Sametinget

  • utgifter til produksjon og utvikling av læremiddel for samiske elevar, medrekna produksjon av spesialpedagogiske læremiddel i samsvar med godkjend handlingsplan

  • råd og rettleiing til lærarar som gir opplæring til samiske elevar i barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring

Resultatrapport for 2000-01

Som oppfølging av St.meld. nr. 18 (1997-98) Tillegg til St.meld. nr. 41 (1996-97) Om norsk samepolitikk vart rådsfunksjonen ved Samisk utdanningsråd lagd ned og sekretariatet overført til Sametinget med verknad frå 1. januar 2000. Frå same dato er sekretariatet omorganisert til ei eiga opplæringsavdeling i Sametingets administrasjon. Dei statlege utdanningskontora har framleis tilsyns- og rettleiingsoppgåver overfor kommunar og fylkeskommunar, men Sametinget har vore med på møte departementet har hatt med utdanningskontora og skoleeigarane. Statens utdanningskontor i Finnmark har utarbeidd eit opplegg for å sikre Sametinget deltaking ved tilsynsbesøk i kommunar innanfor det samiske forvaltningsområdet.

Sametinget har ført vidare arbeidet med informasjon, kompetanseutvikling, rettleiings- og utviklingstiltak i samband med iverksetjinga av L97 Samisk, mellom anna prosjekta «Samisk begynneropplæring», «Kvalitet i matematikk-opplæringen» og «Revitalisering av samisk språket EU-prosjekt». Utvikling og produksjon av samiske læremiddel tilpassa nye læreplanar i grunnskolen og i vidaregåande opplæring, samt rettleiing i vaksenopplæring, har vore høgt prioriterte oppgåver i denne terminen. Det er også utvikla elektroniske læremiddel, tilgjengelege på nettet. Likeins er det utarbeidd ein plan for spesialpedagogisk kompetanseheving i det samiske området, medrekna ein handlingsplan for utvikling av spesialpedagogiske læremiddel. Sametinget har òg evaluert samisk bokproduksjon og foreslått forbetringstiltak.

Resultatmål for 2002

I budsjettet for 2001 vart det sagt at samarbeidet mellom Sametinget og Læringssenteret måtte styrkjast og vurderast nærmare etter ein periode på to år. Regjeringa ønskjer å styrkje stillinga til Sametinget ved å føre ein open dialog som skal gi Sametinget større innverknad i generelle prosessar i samfunnet. Som eit ledd i dette legg departementet vekt på å føre vidare kommunikasjonen med Sametinget i saker som gjeld opplæring generelt og opplæring i høve til den samiske befolkninga spesielt. Sametinget deltar i fellesmøte i statleg utdanningsadministrasjon og også ved behov når departementet har møter med andre statlege institusjonar som arbeider med opplæringsspørsmål som har samanheng med samisk skole.

Sametinget skal mellom anna føre vidare arbeidet med:

  • informasjon, kompetanseutvikling, rettleiing og utviklingstiltak i samanheng med iverksetjinga av L97 Samisk

  • utvikling, kvalitetssikring og produksjon av samiske læremiddel tilpassa nye læreplanar for grunnskolen og vidaregåande opplæring

  • faglege råd og støtte til lærarar som underviser samiske elevar i barnehage, i grunnskolen og i vidaregåande opplæring i og utanfor det samiske kjerneområdet

  • utvikling av handlingsplanar for spesialpedagogiske læremiddel, samisk del, i samarbeid med Læringssenteret

  • samarbeid med kommunane og fylkeskommunane om informasjonsverksemda retta mot vaksne med samisk som morsmål om retten til grunnskole og vidaregåande opplæring for vaksne

Budsjettforslag for 2002

Løyvinga er noko redusert i høve til budsjettet for 2001. Løyvinga skal dekkje driftsutgifter, utviklingsarbeid og midlar til produksjon av læremiddel. Jf. elles omtalen av løyvingane under kap. 224, 226 og 248 til samiske føremål.

Kap. 210 Tilskott til trudomssamfunn m.m. og privatåtte skole- og kyrkjebygg

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

70

Tilskott til trudomssamfunn og livssynssamfunn , overslagsløyving

56 000

106 796

94 535

71

Tilskott til uregistrerte trudomssamfun n ­overslagsløyving

6 988

72

Tilskott til livssynssamfunn , overslagsløyving

14 881

73

Tilskott til Norges frikirkeråd

685

74

Tilskott til Samarbeidsrådet for tros- og ­livssynssamfunn

257

75

Tilskott til privatåtte skole- og kyrkjebygg

12 603

7 000

76

Tilskott til råd for tru og livssyn

971

1 824

77

Norges kristne råd

800

Sum kap. 210

91 414

115 567

96 359

I høve til 2001 er det gjort følgjande teknisk endring:

  • Kap. 210 post 77 er innlemma i kap 210 post 76.

Kapitlet omfattar tilskott til:

  • trudomssamfunn etter lov av 13. juni 1969 nr. 25 Om trudomssamfunn og ymist anna

  • livssynssamfunn etter lov av 12. juni 1981 nr. 64 Om tilskott til livssynssamfunn

  • Norges frikirkeråd (NFR)

  • Norges kristne råd (NKR)

  • Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL)

  • oppføring av privatåtte skole- og kyrkjebygg

Post 70 Tilskott til trudomssamfunn og livssynssamfunn, overslagsløyving

Målsetjing

Tilskottsordninga skal sikre økonomisk lik handsaming mellom Den norske kyrkja og trudoms- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja, ved at desse får ei tilsvarande løyving per medlem som statskyrkja. Tilskottsordninga har heimel i lov, jf. lov av 13. juni 1969 nr. 25 Om trudomssamfunn og ymist anna, og lov av 12. juni 1981 nr. 64 Om tilskott til livssynssamfunn.

Tildelingskriterium

Det blir gitt tilskott per medlem. Tilskottssatsen blir rekna ut på grunnlag av medlemstalet og utgifter i Den norske kyrkja.

Oppfølging og kontroll

Samfunna skal innan 1. mars kvart år sende årsrapport og årsrekneskap til fylkesmannen, som sender rapport til departementet.

Rapport for 2000

I 2000 vart det utbetalt tilskott til om lag 355 000 medlemmer. Dette er om lag 15 000 fleire enn i 1999. Innstillinga frå den arbeidsgruppa som har gjennomgått lover og forskrifter på området, har vore på høring, og høringsfråsegnene er stort sett positive. Departementet vil følgje opp rapporten.

Budsjettforslag for 2002

Forslaget vidarefører tilskottet i samsvar med gjeldande lov. Det er teke omsyn til forventa auke i medlemstala.

Post 75 Tilskott til privatåtte skole- og kyrkjebygg

Målsetjing

Formålet med tilskottsordninga er å gi trudomssamfunn utanfor Den norske kyrkja, og frivillige organisasjonar innanfor Den norske kyrkja, høve til å byggje kyrkjebygg med lågare eigenfinansiering. Vidare skal ordninga medverke til å finansiere bygg for godkjende private grunnskolar og private vidaregåande skolar.

Tildelingskriterium

Det blir gitt tilskott per kvadratmeter til kjøp eller nybygg. Det er reglar for største og minste tilskottsareal.

Oppfølging og kontroll

Tilskottet blir ikkje utbetalt før det ligg føre tinglyst skøyte eller mellombels bruksløyve. Tilskottsmottakarane må leggje fram rekneskap og rapport om korleis tilskottsarealet blir brukt.

Rapport for 2000

I 2000 vart det gitt tilskott til å byggje eller kjøpe 23 privatåtte kyrkjebygg og tre privatåtte skolebygg.

Budsjettforslag for 2002

Regjeringa foreslår å avvikle tilskottsordninga frå 2002.

I høve til lov om trudomssamfunn og ymist anna og lov om tilskott til livssynssamfunn skal kommunane gi eit tilskott per medlem som svarer til dei utgiftene kommunane har per medlem i Den norske kyrkja som er busett i kommunen. Mellom anna skal kapitalutgiftene til kommunane for Den norske kyrkja takast med i reknegrunnlaget. I periodar med kommunal kyrkjebygging vil derfor det kommunale tilskottet ble vesentleg høgare enn vanleg. Samfunna får, sett over tid den same kompensasjon, for å byggje/kjøpe som Den norske kyrkja. Likestillinga er dermed teken vare på. Av omsyn til det totale budsjettopplegget finn derfor Regjeringa ikkje grunnlag for å halde oppe dette tilskottet.

Post 76 Tilskott til råd for trudomssamfunn og livssynssamfunn

Målsetjing

Tilskottsordningane skal medverke til at Norges frikirkeråd (NFR), Norges kristne råd (NKR) og Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) kan ta hand om samordningsoppgåver for medlemssamfunna sine.

Tildelingskriterieum

Tilskottet blir gitt til råda på grunnlag av revidert rekneskap, årsrapport og dei årlege budsjetthandsamingane.

Oppfølging og kontroll

Tilskottsmottakarane skal kvart år sende inn årsrapport og revidert rekneskap.

Rapport for 2000

NFR har gjennom konsultasjonar med medlemssamfunna, høringsfråsegn og rettleiingsmateriell teke vare på interessene til medlemmene sine. STL engasjerte seg i prosjektet Nasjonal dialog for tros- og livssynssamfunn og arbeid med KRL-faget. NKR har både nasjonalt og internasjonalt gjennom publikasjonar, rettleiingsmateriell, utviklingsprogram, arrangement og utsegner arbeidd for å fremje økumenisk arbeid. I 2000 stod det felleskyrkjelege prosjektet «Jubileum 2000» sentralt.

NFR, STL og NKR er samlokaliserte og samarbeider både med kvarandre og med andre organisasjonar.

Budsjettforslag for 2002

Budsjettforslaget inneber at løyvingsnivået blir ført vidare.

Programkategori 07.20 Grunnskolen og vidaregåande ­opplæring

Grunnskolen blir i hovudsak finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane (dvs. rammetilskott og skatteinntekter), mens den vidaregåande opplæringa i hovudsak blir finansiert gjennom dei frie inntektene til fylkeskommunane. Dei midlane som blir løyvde over kategori 07.20, går til særskilde tiltak i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa og kjem i tillegg til overføringane gjennom inntektssystemet til kommunesektoren. Dette gjeld mellom anna

  • tilskott til verkemiddeltiltak i Nord-Noreg, skolefritidsordninga, opplæring for språklege minoritetar, leirskoleopplæring, kommunale musikk- og kulturskolar og kompensasjon for investeringskostnader i samband med Reform 97

  • driftsløyvingar og tilskott til statens grunnskolar og grunnskoleinternat

  • tilskott til læremiddel, internasjonale utdanningsprogram, Røde Kors Nordisk United World College

  • tilskott til utgifter til sentrale prøver i grunnskolen og eksamen i vidaregåande opplæring, opplæring innanfor kriminalomsorga, opplæring i finsk og det samiske utdanningsområdet

  • tilskott til kvalitetsutvikling i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa, mellom anna kompetanseutvikling for det pedagogiske personalet, utviklingsarbeid og forsøk

  • driftsløyvingar og tilskott til statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå, under dette statens samiske vidaregåande skolar og statlege skolar i landbruksfag og naturbruk

Frå budsjettåret 2002 er tidlegare programkategori 07.20 Grunnskolen og programkategori 07.30 Vidaregåande opplæring slått saman til ein ny kategori 07.20. Dette er gjort for at det skal bli enklare å sjå heilskapen i det 13-årige opplæringsløpet. Samanslåinga fører også til at strukturen i kategoriomtala og kapitla er noko endra i forhold til tidlegare år.

Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel:

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

Pst. endr.

01/02

0221

Grunnskolen (jf. kap. 3221)

1 305 699

1 334 956

1 899 923

42,3

0222

Statens grunnskolar og grunn­skoleinternat (jf. kap. 3222)

49 316

48 979

41 767

-14,7

0223

Vidaregåande opplæring

214 122

0224

Fellestiltak i grunnskolen og vidaregåande opplæring

238 906

0226

Kvalitetsutvikling i grunnskolen og vidaregåande opplæring

355 268

0228

Kvalitetsutvikling i grunnskolen

238 405

316 373

-100,0

0229

Andre formål i grunnskolen

534 069

578 842

-100,0

0232

Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 3232)

103 121

Sum kategori 07.20

2 127 489

2 279 150

2 853 107

25,2

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Budsjettramma på kapitla 221-232 er oppjustert med 21 501 000 kroner i samband med kompensasjon til statleg forvaltning for innføring av meirverdiavgift på tenester, omlegging til direkte refusjon av sjukepengar i statlege verksemder og innsparing ved effektivisering av statlege innkjøp, jf. Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

  • Det er oppretta nytt kap. 223 Vidaregåande opplæring. Kapitlet er finansiert gjennom overføring av midlar og oppgåver frå kap. 231, 234 og 239.

  • Det er oppretta nytt kap. 224 Fellestiltak i grunnskolen og vidaregåande opplæring. Kapitlet er finansiert gjennom overføring av oppgåver og midlar frå kap. 221, 229, 231og 239.

  • Det er oppretta nytt kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnskolen og vidaregåande opplæring. Kapitlet er finansiert gjennom overføring av oppgåver og midlar frå kap. 228 og 238.

  • Kap. 232 Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå er overført frå kategori 07.30 til kategori 07.20.

  • Tilskott til lærebedrifter er foreslått innlemma i rammetilskottet til kommunane. Skoletilskottet under kapittel 221 er foreslått slått saman med integreringstilskottet. Kategori 07.20 er derfor redusert med 290,8 mill. kroner mot ei tilsvarande auke på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.

Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

3221

Grunnskolen (jf. kap. 221)

48 114

24 395

46 388

90,2

3222

Statens grunnskolar og grunn­skoleinternat (jf. kap. 222)

2 401

340

350

2,9

3232

Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 232)

5 951

Sum kategori 07.20

50 515

24 735

52 689

113,0

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Kap. 3232 er overført frå kategori 07.30 til kategori 07.20.

Budsjettforslag 2002 – prioriteringar

Regjeringa vil fremje forslag til ein lovfesta rett til godt arbeidsmiljø for alle elevar. I tillegg foreslår Regjeringa at staten skal bidra til ei ekstra satsing for å ruste opp skoleanlegg, gjennom etablering av ei statleg finansieringsordning, kombinert med ei auke i dei frie inntektene til kommunesektoren, jf. omtale under delmål tre.

Som eit viktig element i arbeidet med å fjerne eigendelar i skolen, foreslår departementet å leggje inn 25 mill. kroner i rammetilskottet til kommunane slik at opphald på leirskole blir gratis frå og med skoleåret 2002-03.

Departementet fører vidare tilskottet til læremiddel i den vidaregåande opplæringa med 103 mill. kroner. Også i 2002 vil det bli utvikla digitale læremiddel som vil bli gjort fritt tilgjengelege på Internett. Regjeringa tek sikte på at læremiddel til elevane i den vidaregåande opplæringa skal vere gratis til skolestart hausten 2003.

Departementet vil føre vidare dei øyremerkte tilskotta til mellom anna skolefritidsordningar, opplæring for språklege minoritetar, musikk- og kulturskolar, opplæring innanfor kriminalomsorga, det samiske utdanningsområdet og internasjonale utdanningsprogram.

Satsinga på kvalitetsutvikling i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa vil utgjere 355 mill. kroner i 2002. Den auka satsinga på informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i skolen blir ført vidare i 2002 budsjettet.

Departementet foreslår å gjere reglane for tilskott til lærebedrifter enklare. Dette inneber at talet på tilskott blir færre og at fylkeskommunane får heile det finansielle ansvaret for tilskott til lærebedrifter. Av omsyn til det samla budsjettopplegget er det foreslått ein mindre reduksjon i satsane til bedrifter som tek inn lærlingar.

Å sikre det behovet arbeidslivet og samfunnet har for kompetanse innafor dei mange små faga i vidaregåande opplæring, krev heilskapleg planlegging og forpliktande samarbeid mellom fylkeskommunane. Fylkeskommunane bør ha ansvar for alle tilboda i den vidaregåande opplæringa. Departementet foreslår å avvikle tilskottet til landslinjer. Drygt halvparten av elevane ved landslinjene er elever frå vertsfylkeskommunen. Dei fylkeskommunane som har mange landlinjer vil bli vurdert særskild i samband med tildeling av skjønnsmidlar over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.

Regjeringa foreslår å leggje om ordninga med avgangsprøve i grunnskolen. Løyvinga til eksamensavvikling er derfor foreslått redusert med 12 mill. kroner.

Mål for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa

  • Alle elevar og lærlingar skal få ei god 13-årig opplæring. I samsvar med lov og læreplanverk skal opplæringa i fellesskolen gi alle elevar gode vilkår for læring og utvikling tilpassa sine evner og føresetnader. Opplæringa skal vere tilrettelagd for alle.

Delmål:

  • Elevar og lærlingar skal få likeverdig og god opplæring tilpassa behova til den enkelte, samfunnet og arbeidslivet.

  • Elevar og lærlingar skal få opplæring av leiarar, lærarar og instruktørar med høg kompetanse for opplæring.

  • Elevar og lærlingar skal ha eit godt lærings- og oppvekstmiljø, og det skal vere eit positivt samarbeid mellom heim og skole.

Delmål 1: Elevar og lærlingar skal få likeverdig og god opplæring tilpassa behova til den enkelte, samfunnet og arbeidslivet

Tilstandsvurdering

Dei grunnleggjande strukturane i norsk grunnutdanning er på plass etter Reform 94 og Reform 97. Det 13-årige opplæringsløpet skal gjere eleven og lærlingen kvalifisert til anten vidare studiar eller utøving av eit yrke, og motivere for vidare læring gjennom heile livet. Løpet består av 10-årig grunnskole og 3-årig vidaregåande opplæring.

Skoleåret 2000-01 var det registrert 590 471 elevar i grunnskolen, ein vekst på 1,8 pst. frå året før. Av desse var 1,7 pst. elevar ved private grunnskolar. For skoleåret 2000-01 var det registrert 164 033 elevar og 30 099 lærlingar i vidaregåande opplæring. Av desse var 4,5 pst. elevar ved private vidaregåande skolar.

Offentlege og private grunnskolar og vidaregåande skolar. Tal på elevar og lærlingar, klassar og skolar 1997/98–2000/01

1997/98

1998/99

1999/2000

2000/01

Grunnskole:

Elevar

558 247

568 666

580 261

590 471

Klassar

28 136

28 628

29 073

29 437

Skolar

3 273

3 277

3 272

3 260

Elevar per klasse

19,8

19,9

20,0

20,1

Vidaregåande opplæring:

Elevar

168 956

168 069

168 934

164 0331

Lærlingar

31 893

32 350

31 446

30 0991

Klassar

10 177

9 837

9 541

9 261

Skolar

577

560

537

520

Elevar per klasse

16,6

17,1

17,7

17,7

1 Førebels tal

Kilde: GSI og SSB

Talet på elevar i grunnskolen har stige dei siste åra. Til tross for stigning i elevtal i grunnskolen held gjennomsnittleg elevtal per klasse seg stabilt.

Skoleåret 2000-01 var det 462 offentlege vidaregåande skolar og 57 private vidaregåande skolar i Noreg. Mens talet på elevar i vidaregåande opplæring har halde seg stabilt fram til 2000, har talet på klassar gått litt ned. Det er forventa ein vekst i talet på elevar i vidaregåande opplæring på om lag 15 pst. dei næraste åra.

Frå skoleåret 1999-2000 til 2000-01 var det registrert 44 nedlagde grunnskolar. Tilstandsrapportane frå statens utdanningskontor viser at det for 13 av dei nedlagde skolane dreier seg om samanslåingar, oppdelingar og namneendringar. Kommunane har derfor reelt lagt ned 31 skolar.

Elevar per lærarårsverk og assistentårsverk i kommunale og fylkeskommunale skolar

1997-98

1998-99

1999-2000

2000-01

Grunnskole:

Elevar per lærarårsverk

11,37

11,34

11,47

11,53

Elevar per assistentårsverk

212

155

143

132

Vidaregåande opplæring:

Elevar per lærarårsverk

7,37

7,51

7,66

7,401

1Førebels tal

Kilde: GSI og SSB

Årstimar til undervisning i grunnskolen 1997-98–2000-01 (i 1000 timar)

Skoleår

1997-98

2000-01

Minstetimetall

26 382 759

27 594 493

Delingstimar

7 045 582

6 859 812

Spesialundervisning

5 731 128

6 002 999

Anna1

7 379 461

8 371 413

Sum årstimar

46 538 930

48 828 717

Delingstimar per elev

12,62

11,62

Spesialundervisning per elev

10,27

10,17

1 Omfattar mellom anna timar til særskild norskopplæring og morsmålsopplæring for elevar med anna morsmål enn norsk og samisk, timar til finsk, samisk og avtalebaserte årstimar.

Kilde: GSI

Samla årstimetal i grunnskolen har stige noko frå 1997-98 til 2000-01. Dette har samanheng med at talet på klassar har auka i perioden. Talet på timar til spesialundervisning har vist ein svak auke i perioden 1997-98 til 2000-01. Talet på delingstimar gjekk noko ned i den same perioden. Prosentdelen elevar i ordinære grunnskolar som får spesialundervisning, har gått ned frå 6,1 pst. til 5,8 pst. Til gjengjeld har talet på timar spesialundervisning per elev med enkeltvedtak gått opp frå 170 til 176.

Skoleåret 2000-01 gjekk vel 94 pst. av dei som gjekk ut frå grunnskolen, rett over i vidaregåande opplæring. Om lag 85 pst. av 18-åringane var i ferd med å fullføre vidaregåande opplæring.

Fråfallet i løpet av skoleåret i vidaregåande opplæring har gått ned frå skoleåret 1996-97 til skoleåret 1999-2000. Av kullet som starta i vidaregåande opplæring hausten 1994, var om lag 75 pst. i mål eller i rute mot kompetanseoppnåing våren 1999. Dei fleste av dei som ikkje var i rute, var framleis i systemet, men seinka. Blant elevane med rett til vidaregåande opplæring var om lag 85 pst. i mål eller i rute, medan berre 45 pst. av elevane utan rett var i mål eller i rute. Departementet har liten kunnskap om årsaka til at så få vaksne elevar er i rute. Når det gjeld elevar frå språklege minoritetar, er fråfallet høgare enn for dei med norsk språkbakgrunn, og nyare forsking viser at desse elevane har svakare skoleprestasjonar og dårlegare progresjon enn gjennomsnittet i vidaregåande opplæring. Forskinga viser at elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn framleis har vanskelegare for å bli formidla til læreplassar enn majoritetselevane, sjølv om dei har gode karakterar. For å styrkje arbeidet med opplæring av språklege minoritetar er det oppretta eit Senter for utvikling av den fleirkulturelle skolen (SEFS) ved Høgskolen i Oslo. Departementet meiner at gjennomstrøyminga blant ungdom med rett til vidaregåande opplæring viser ei positiv utvikling, men er uroa over tala for språklege minoritetar.

Oppfølgingstenesta gjer eit godt arbeid med oppfølging av ungdom som bryt opplæringsløpet, og gir hjelp til rettselevar som ikkje vel å starte på vidaregåande opplæring. Undersøkingar viser at ungdom tilknytta oppfølginstenesta som får tilbod om skoleplass i kombinasjon med arbeid, lukkast i større grad enn andre.

Det er to hovudretningar innanfor vidaregåande opplæring: studieretningar som fører til studiekompetanse, og studieretningane som fører til yrkeskompetanse. Dei fleste yrkesfaglege studieretningar avsluttar opplæringa i bedrift. Berre 644 av elevane som skulle hatt læreplass, hadde fagopplæring i skole per 1. oktober 2000.

I dag ønskjer 47 pst. av søkjarane frå grunnskolen studieretningar som fører til studiekompetanse, mens 53 pst. søkjer yrkesfaglege studieretningar. Rekrutteringa til yrkesfaglege studieretningar har halde seg stabil i dei siste åra. Det er likevel ei forskyving mellom yrkesfaga, som gjer seg utslag i rekrutteringssvikt innanfor enkelte av faga. Til dømes slit enkelte av helsefaga med svak rekruttering. Denne problemstillinga blir vurdert i samanheng med arbeidet med å gjere strukturen i vidaregåande opplæring enklare. Evalueringa av Reform 94 viste at det er for mange og for spesialiserte VK-I kurs innanfor yrkesfaga. Arbeidet med å utgreie ein forenkla VKI-struktur er prioritert, i nært samarbeid med partane i arbeidslivet.

Tabellen under viser at det er stor skilnad mellom jenter og gutar når det gjeld val av studieretning i vidaregåande opplæring. Det er mange av dei yrkesfaglege studieretningane slik som byggfag og helse- og sosialfag som har ein svært ujamn kjønnsfordeling. Studieretning for allmenne-, økonomiske og administrative fag har ei relativt jamn kjønnsfordeling.

Elevar og lærlingar fordelte på studieretningar i vidaregåande opplæring og prosentdel jenter. Skoleåret 2000/01.

Studieretning

Tal på elevar og lærlingar

Prosentdel ­jenter

Allmenne, økonomiske og administrative fag

85 153

55

Musikk, dans og drama

4 445

73

Idrettsfag

6 195

38

Helse- og sosialfag

19 809

92

Naturbruk

4 440

43

Formgivingsfag

15 663

84

Hotell- og næringsmiddelfag

9 038

53

Byggfag

9 108

2

Tekniske byggfag

3 254

9

Elektrofag

14 544

4

Mekaniske fag

16 303

5

Kjemi- og prosessfag

1 164

37

Trearbeidsfag

1 494

21

Media- og kommunikasjonsfag

296

57

Sal- og servicefag

566

55

Teknisk fagskole

3 092

4

Ikkje oppgitt studieretning

212

72

Sum

194 776

48

Ei hovudutfordring knytt til rekruttering gjeld realfaga. Arbeidet med å styrkje rekruttering til realfaglege studieretningar i høgare utdanning er ført vidare, mellom anna gjennom Nasjonalt senter for rekruttering til naturvitskaplege og teknologiske fag (RENATE). For å fremje elevane si interesse for realfaga er det mellom anna gitt stønad til den nasjonale tevlinga KappAbel, til norsk deltaking i ulike internasjonale konkurransar i matematikk, fysikk, kjemi og informatikk og ei rekkje mindre prosjekt innanfor matematikk og teknologi i skolen. I NORDLAB-prosjektet, i regi av Nordisk Ministerråd, er Noreg med i prosjektet «Elevsentrert matematikkundervisning med fokus på eigenvurdering». Det blir òg gitt ekstrapoeng til dei som ved fordjuping i desse faga.

Utdannings- og yrkesrettleiinga i skolen spelar ei heilt sentral rolle i arbeidet med å rekruttere ungdom til arbeidslivet og vidare utdanning. Det er gjennomført utviklingsarbeid for å styrkje utdannings- og yrkesrettleiinga i skolen. Denne nasjonale satsinga er kanalisert gjennom prosjekta «Bevisste utdanningsval», «Delt rådgivingsteneste» og vidareutvikling av elektronisk informasjon om yrkes- og utdanningsval (you.ls.no). Det blir mellom anna arbeidd med å gi jentene og gutane betre kunnskap om kva dei kan vente seg i utdanning og yrkesliv. Ein evalueringsrapport frå SINTEF Teknologileiing IFIM konkluderer med at det er viktig at det blir arbeidd langsiktig med haldningane til elevane. Kjønnsperspektivet må vere ein bevisst og eksplisitt del av arbeidet med utdannings- og yrkesrettleiing i skolen.

Statistikk som viser resultat for sentral eksamen i vidaregåande opplæring og avgangskarakterar i grunnskolen, viser berre mindre endringar i forhold til tidlegare år. Men karakterane i faga gir ikkje eit godt nok bilete av det utbyttet elevane har av opplæringa i grunnskolen og vidaregåande opplæring. Derfor har departementet sett i gang arbeid med å analysere læringsresultat slik dei er dokumenterte i elevsvar ved sentrale prøver. Det er også sett i gang arbeid med å utvikle ulike måtar å vurdere elevane, lærlingane og skolane på, når det gjeld både utbytte av opplæringa, haldningar og dugleik. Ein stor del av dei forsøka som er sette i gang i grunnskolen, er knytte til vurdering utan karakter på ungdomstrinnet. I vidaregåande opplæring er det starta ei rekkje forsøk for å styrkje grunnlaget for standpunktvurdering og forsøk med alternative presentasjons­former til tradisjonell eksamen. I fagopplæringa er det sett i gang arbeid med å prøve ut alternative vurderingsformer og presentasjons­måtar. Talet på tverrfaglege prøver i lærefag for praksis­kandidatar i vidaregåande opplæring er auka. Det har ført til at praksis­kandidatane får ei meir relevant prøving i høve til yrkeserfaringa si.

Arbeidet med å utvikle kvaliteten i elev- og lærlingvurderinga ved bruk av IKT er ført vidare, mellom anna ved forsøk med IKT i den skriftlege avgangsprøva i grunnskolen og i utvalde eksamensfag i vidaregåande opplæring. Resultata har stort set vore positive og har medverka til at prøvene har blitt meir i samsvar med læreplanverket. Erfaringar viser at slike prøver også har hatt positiv verknad på opplæringa mellom anna ved betre tilrettelegging ut frå føresetnadene og behova hos den einskilde eleven.

Noreg har saman med 27 andre land delteke i ei IEA-initiert undersøking av den kjennskapen skoleelevar har til verdien av lover, politiske rettar og demokratiske institusjonar. Civic Education Study, som undersøkinga er kalla, viste at norske 14-åringar har betre kunnskap om demokrati og om demokratiske prosessar og institusjonar enn det internasjonale gjennomsnittet. Men det kom òg fram at interessa blant norsk ungdom for å engasjere seg i politikk er låg og under gjennomsnittet. Noreg tek òg del i undersøkingar om lesing, naturfag og matematikk, der resultata enno ikkje er klare. Gjennom deltaking i internasjonale samanliknande studiar får departementet informasjon om norske elevar sitt læringsutbytte sett i eit internasjonalt perspektiv. Deltaking i internasjonalt samarbeid om utvikling av indikatorar og samanliknande undersøkingar skjer innanfor OECD, EU, Nordisk Ministerråd og IEA (International Association for the Evaluation of Educational Achievement).

I 1997 vart det i heile landet gjennomført undersøkingar om lesedugleik på 2. og 7. klassetrinn som vart følgde opp i 1999. Kartlegginga omfattar alle elevar ved dei skolane som tok del i undersøkinga, også elevar med særskilde behov. Resultata viser at lesedugleiken er tilfredsstillande hos om lag 80 pst. av elevane. Mellom 15 og 20 pst. har lesedugleik som i enkelte samanhengar kan vere mangelfulle. Det vil alltid vere ei lita gruppe med svak dugleik i lesing, men departementet legg vekt på å få denne gruppa så lita som mogleg. For å følgje utviklinga i lesedugleik hos elevane, er det utvikla kartleggingsprøver for 2., 3., 5., 7., og 9. steg i grunnskolen og for grunnkurs i vidaregåande opplæring. Prøvene blir omarbeidde til bruk for samiske elevar og elevar frå språklege minoritetar. Dei blir òg tilpassa til døve og sterkt hørselshemma. Frå og med skoleåret 2000-01 er det sett i verk utprøving med obligatorisk bruk av kartleggingsprøver i lesedugleik for alle elevar på 2. og 7. klassetrinn. Deltaking i internasjonale undersøkingar vil gi meir kunnskap om lesedugleik til norske elevar. Det er òg sett i verk tiltak for å betre opplæringa. Mellom anna er ei rettleiing i lese- og skriveopplæring send alle skolar, og lese- og skriveopplæring er eit satsingsområde i kompetanseutviklingsprogrammet SAMTAK (1999-2002). Høgskolane er tilførte ekstra middlar for å styrkje kompetansen til lærarstudentane på den første opplæringa i lesing og skriving. Nasjonal statistikk, internasjonale komparative undersøkingar og nasjonale kartleggingsprøver gir samla sett brei informasjon om læringsutbytte i sentrale fag, men det er framleis behov for meir informasjon på ein del område.

Det er utarbeidd ei rettleiing om spesialundervisning i grunnskole og vidaregåande opplæring.

Fellesskolen skal gi alle elevar ei god og likeverdig opplæring. Dette inneber blant anna at opplæringa skal vere gratis. I ein rapport som Opinion AS har utarbeidd for departementet (februar 2001), oppgir 74 pst. av lærarane at foreldrebetaling skjer i deira klasse. Gjennomsnittleg dreier det seg om kr 494 per elev per år i klassar med foreldrebetaling, totalt 207 mill. kroner på landsbasis. Mest utbreidd er foreldrebetaling i samband med klasseturar. 2 pst. av foreldra med barn i skolar der foreldrebetaling finn stad, oppgir at dei ikkje har hatt råd til å la barna delta i aktivitetar i regi av skolen. Dette svarer til om lag 10 000 elevar. Departementet ser med uro på at det framleis er elevar som ikkje tek del i aktivitetar i skolen som følgje av krav om eigenbetaling, til tross for at opplæringslova slår fast at grunnskolen skal vere gratis.

Løyvingane til læremiddel i vidaregåande skole har ført til at dei utgiftene elevane har til innkjøp av læremiddel, er reduserte. Løyvinga til læremiddel vart første gong gitt over statsbudsjettet for 2000 med 100 mill. kroner. I statsbudsjettet for 2001 vart det løyvd nye 100 mill. kroner. Løyvinga det første året omfatta elevar i VKI og VKII og vart utvida til alle elevar i vidaregåande opplæring i 2001. For å gi elevane eit godt tilbod om læremidlar og for å auke deira kompetanse når det gjeld IKT, vart det i 2001 sett i verk eit prosjekt for utvikling av digitale læremiddel (læremiddel på nett). Arbeidet skjer i samarbeid med forlag og andre aktørar. Skoleåret 2001-02 er slike læremiddel tekne i bruk i samfunnslære på VKI.

På bakgrunn av handlingsplan for særskilt tilrettelagde læremiddel for barn, unge og vaksne 2001-04 er det utarbeidd ein samla årsplan for arbeid på seks prioriterte område for utvikling og produksjon, jf. kap. 202.

Bruken av IKT i opplæringa aukar både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring, men det trengst framleis ei sterk satsing på dette området. Det nasjonale utviklingsprosjektet for bruk av IKT i opplæringa (PILOT) som blir gjennomført i om lag halvparten av fylka, er ført vidare. Det er òg sett i gang eit prosjekt i fleirkulturelle skolar i Oslo indre øst, jf. kap. 248. I tillegg er ei rekkje lokale utviklingsprosjekt førte vidare og nye sette i verk.

Med utgangspunkt i ein nasjonal miljøhandlingsplan er det arbeidd med å utvikle elevane sine kunnskapar om og haldningar til miljøvern. Det er utvikla eit nettverk for miljølære der skolen blir sett i direkte kontakt med forskingsinstitusjonar og forvaltninga innanfor miljø. Nettverket gir tilbod om aktivitetar som kan brukast i den faglege og tverrfaglege opplæringa.

Skolane må bli meir opne mot lokalsamfunnet. Det er derfor sett i gang arbeid for å skipe tettare band mellom skole og arbeidsliv og det lokale kulturlivet. Rapportane frå prosjektet «Entreprenørskap på timeplanen» viser at entreprenørskap og nyskaping kan vere ein strategi for skoleutvikling, men da må skolane arbeide for at det gjennomsyrer pedagogikken, ikkje berre knytt til enkelte prosjekt. Statens utdannings­kontor informerer og rettleier og tek aktivt del i spreiingsarbeidet.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Kulturdepartementet har eit samarbeid om ei nasjonal satsing på kultur i skolen under nemninga «Den kulturelle skolesekken». Målet er å gi barn og unge i grunnskolen tilgang til ulike kulturuttrykk og til sjølve å ta del i kulturelle aktivitetar. Før skolestart hausten 2001 fekk alle skolar og kultur­institusjonar tilgang til ein idekatalog eller eksempelsamling på nettet (www.denkulturelleskolesekken.no). Den kulturelle skolesekken skal vere med på å realisere læreplanverket for grunnskolen. 431 av 435 kommunar hadde etablert eit musikk- og kulturskoletilbod i skoleåret 2000-01. I overkant av 70 500 barn i grunnskolealder tok del i dette tilbodet. I tillegg deltok i underkant av 6 900 førskolebarn og 8 700 barn over grunnskolealder. I overkant av 300 kommunar har lagt inn andre kulturuttrykk i tillegg til musikk.

Ei god opplæring må opne for internasjonalt samarbeid. Internasjonalt samarbeid finn stad gjennom bilaterale skolekontaktar og nordiske og europeiske mobilitetsprogram. Frå 1. august 2001 er Noreg med i EUROPASS, ei ordning for dokumentasjon av læreopphald i EØS-området. Ordninga vil venteleg bidra til å styrkje mobilitet i fagopplæringa.

Strategiar og tiltak

Den grunnleggjande utforminga av norsk grunnutdanning er på plass etter Reform 94 og Reform 97. Den største innsatsen i dei næraste åra vil dreie seg om å utvikle kvaliteten i opplæringa. Dette arbeidet omfattar skolen internt, tilhøvet mellom skolen og samfunnet omkring og opplæringa for lærlingar i bedrift.

Departementet ønskjer å følgje gjennomstrøyminga i vidaregåande opplæring vidare, med spesiell vekt på vaksne med rett til vidaregåande opplæring og elevar med språkleg minoritetsbakgrunn. Departementet vil i samarbeid med partane i arbeidslivet vurdere å setje i verk tiltak som sikrar lik tilgang til læreplassar for alle elevgrupper, også dei minoritetsspråklege.

Departementet vil i løpet av 2002 legge fram ei sak om grendeskolar og skolenedlegging, jf. vedtak i Stortinget nr. 560, 2000. Arbeidet vil bli sett i samanheng med Regjeringa si satsing på småsamfunn, som er ei oppfølging av St.meld. nr 34 (2000-01) om distrikts- og regionalpolitikken.

Tilbodsstrukturen i vidaregåande opplæring vil bli vurdert. Arbeidet vil i hovudsak bli retta mot VKI-tilbodet. Dette arbeidet vil òg få konsekvensar for revisjon av eksisterande fag og utvikling av nye fag i nye bransjar. Arbeidet tek sikte på å auke statusen til yrkesfaga blant unge, og med det betre rekrutteringa og redusere fråfallet.

Departementet oppnemnde hausten 2001 eit offentleg utval som fekk i oppdrag å sjå på strukturen og innhaldet i det 13-årige opplæringsløpet. Utvalet skal skissere ein ønskt situasjon for den framtidige grunnopplæringa og komme med forslag til strategiar og tiltak for utvikling, sjå St.meld. nr. 30 (2000-01) Langtidsprogrammet 2002-05.

Evalueringa av grunnskolereforma som blir sluttført i 2003, vil gi viktige innspel til departementet og Sametinget si vurdering av behov for revisjon av læreplanverket for den 10-årige grunnskolen (L97 og L97 Samisk). For vidaregåande opplæring vil det fortløpande bli vurdert om det er behov for revisjon av læreplanar, eventuelt utvikling av nye læreplanar ved endringar i tilbodsstruktur. Det vil bli lagt vekt på at den einskilde skole og lærar skal ha fridom til å tilpasse opplæringa til lokale og individuelle føresetnader og behov. Gjennom sentralt initiert utviklingsarbeid vil det bli sett eit særleg fokus på arbeidet med dei særskilde læreplanane for opplæring av elevar frå språklege minoritetar.

For å betre samanhengen mellom grunnskole og vidaregåande opplæring er det mellom anna starta eit arbeid med å revidere struktur og innhald i studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag. Arbeidet med rammeplan for språklege minoritetar innanfor vidaregåande opplæring er starta opp. Rettleiing om arbeid med elevar frå språklege minoritetar vil vere ferdig våren 2002.

I samarbeid med mellom anna Nasjonalt senter for rekruttering til naturvitskaplege og teknologiske fag (RENATE) vil det i tida som kjem, bli lagt vekt på å få utvikla nye og betre arbeidsmåtar og læremiddel i matematikk i både grunnskole og vidaregåande opplæring. Det gjeld ikkje minst å følgje opp og halde fram med tiltak der jenter blir stimulerte til å velje realfag. For å skape forståing og positive haldningar til realfag hos elevane er det nødvendig med ei større satsing på å sette lærarar i stand til å skape interesse for realfaga. Tiltak som er sette i verk for å styrkje opplæringa i realfag i grunnskolen og vidaregåande opplæring, vil bli førte vidare. I arbeidet med å styrkje utdannings- og yrkesrettleiinga vil det bli lagt vekt på at elevane får relevant rettleiing som grunnlag for val av realfag i vidaregåande opplæring og i høgre utdanning.

Departementet vil følgje opp erfaringane med prosjektet «Delt rettleiings­teneste og bevisste utdanningsval», og vurdere eventuelle andre tiltak for å styrkje utdannings- og yrkesrettleiing på ungdomstrinnet i vidaregåande opplæring. Arbeidet for å redusere kjønnstradisjonelle val i vidaregåande opplæring vil ha høg prioritet. Det vil bli lagt vekt på samarbeid om utplassering av elevar som eit ledd i arbeidet med bevisste utdanningsval. Utvikling av ein gjensidig utvekslingsordning mellom skole og arbeidsliv vil bli prioritert. Nettstaden «you.ls.no» blir utvikla vidare.

Formålet med arbeidet med vurdering er i første rekkje å medverke til å fremme læring og å auke kvaliteten på opplæringa. For å utvikle eit heilskapleg system for individvurdering i den 13-årige grunnopplæringa og å styrkje vurdering som grunnlag for læring og utvikling, vil departementet leggje til rette for ei vidareutvikling av dokumentasjons­måtar og vurderingsordningar i grunnskolen og vidaregåande opplæring. Det vil bli lagt vekt på å utvikle presentasjons­former der elevane får vist ein breiare, meir relevant og meiningsfylt kompetanse. Det vil også bli lagt vekt på å utvikle alternative måtar å gi vurdering på, ulike former for eigenvurdering og læringsstøttande materiell. Som ledd i arbeidet med å utvikle betre dokumentasjonsmåtar og vurderingsordningar vil det bli gjennomført ei systematisk evaluering av dei lokale forsøka som gjeld elev- og lærlingvurdering.

Kartlegginga av lesedugleik gjennom obligatorisk bruk av kartleggings­prøver på 2. og 7. trinn blir ført vidare. I samarbeid med Barne- og familiedepartementet og Sosial- og helsedepartementet vil det bli teke initiativ til bruk av leseførebuande aktivitetar for barn i førskolealder og til å auke deira språklege medvit. For å auke lærarane sin kompetanse i lese- og skriveopplæring blir det mellom anna utvikla nettbasert etterutdanning. Samtidig vil det bli sett i verk tiltak for å auke barns og unges lyst til å lese, mellom anna gjennom samarbeid med Foreldreutvalet i grunnskolen (FUG) og biblioteka. Tiltaka vil også bli utvikla for elevar frå språklege minoritetar. I stortingsmeldinga om lærarutdanning, jf. kategori 07.60, vil behovet for å styrke lærarane sin kompetanse for opplæring i lesing og skriving bli vurdert.

Departementet vil, i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet og Arbeids- og administrasjonsdepartementet, medverke til å etablere ei ordning med yrkesprøving av fagutdanning frå utlandet i alle fylkeskommunar. Ei utgreiing pågår med sikte på ei samordning med prøving av realkompetanse som alt er i gang.

Departementet vil føre vidare arbeidet med å utvikle gode indikatorar knytte til måla i opplæringa. Dette skjer mellom anna gjennom medverknad i internasjonale prosjekt.

Effektiv bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i utdanninga blir ei viktig utfordring i tida framover. Departementet meiner det er viktig at det ikkje oppstår nye skilje mellom folk som følgje av at ny teknologi blir nytta stadig meir i skole, samfunn og arbeidsliv. Læreplanen for grunnskolen har ein føresetnad om gradvis gjennomføring av IKT-måla i faga. Departementet meiner at tida no er inne for å fjerne denne føresetnaden i 2002, slik at alle elevar i grunnskolen skal bli i stand til å bruke IKT i alle fag der det er eit mål. Ein vil rette søkjelyset mot den plikta skoleeigaren har til å leggje til rette for bruk av IKT i opplæringa.

Opplæringslova pålegg kommunane å dekkje alle kostnader knytte til grunnskoleopplæringa, også utgifter til ekskursjonar. Departementet vil sjå til at kommunane retter seg etter lova, slik at opplæringa i skolen blir ubunden av økonomien til foreldra. Som eit viktig element i arbeidet med å fjerne eigendelar i skolen vil Regjeringa leggje midlar inn i rammetilskottet til kommunane slik at leirskoleopphald skal vere gratis frå og med hausten 2002. I samband med dette vil det bli lagt fram ei endring av opplæringslova.

Prosjektet knytt til utvikling av læremiddel på nett vil fortsette i 2002 og 2003. Regjeringa vil arbeide for at alle læremiddel i vidaregåande opplæring skal vere gratis innan skolestart hausten 2003. Dette målet vil ein nå både ved å føre vidare det øyremerkte tilskottet til ei ordning for utlån av læremiddel og ved å satse meir på utvikling av digitale læremiddel, jf. kap. 248. Departementet vil i det vidare arbeidet følgje fylkeskommunane si disponering av midlar til utlån av læremiddel og sørgje for at løyvingane blir brukt i tråd med føresetnadene.

Revisjon av læreplan og lærarrettleiing for KRL-faget er sett i gang, og ny læreplan og rettleiing skal takast i bruk frå skoleåret 2002-03.

I PILOT-prosjektet vil ein fokusere på fleksibel organisering og ulike arbeidsmåtar knytte til bruk av IKT i opplæringa. Departementet vil utarbeide ein strategi for satsinga på breiband i grunnskolen og vidaregåande skolar. Satsinga vil skje i nært samarbeid med andre departement, og skal særleg ta sikte på å leggje tilhøva til rette for at skolar i distrikt som ikkje er attraktive for utbygging, òg skal få slikt tilbod, jf. kap. 248. Infomateriell om Internett-etikk vil bli sendt skolane hausten 2001.

Miljøhandlingsplanen skal følgjast opp, mellom anna ved å setje miljøopplæring i samanheng med lokalt miljøvernarbeid, jf. lokal Agenda 21. Oppgåvene i Nettverk for miljølære vil dekkje fleire miljøvern­politiske område. Dei skal også vere relaterte til faglege mål i læreplanane. Nettverk for miljølære vil bidra til arbeidet med innsamling av data til ein artsdatabase, jf. kategori 07.60.

Arbeidet for auka internasjonalisering og internasjonal solidaritet i skolen skal halde fram. Det er eit viktig mål å stimulere alle skolar til å gjennom­føre internasjonal veke og ta del i Operasjon dagsverk. Mobilitets­ordninga innanfor EU-programma skal bli betre, særleg gjeld dette yrkesopplæring som del av LEONARDO DA VINCI-programmet og bruk av EUROPASS i Noreg. Dei første erfaringane med EUROPASS-ordninga blir vurderte hausten 2002. Det blir viktig å få utvikla samarbeid med nye kandidatland til EU i samband med dette, samtidig som det blir lagt til rette for meir systematiske bilaterale kontaktar mellom skolar og bedrifter. Som ledd i nordisk samarbeid er det lagt opp til å utvide Nordplus til også å gjelde grunnskolen. Bistandssamarbeidet skal bli utvida på skole­sektoren. For å styrkje kvaliteten i norsk utdanning vil det bli lagt vekt på deltaking i internasjonale samanlikningar og internasjonalt indikator­arbeid. Arbeidet med og tiltak som er sette i verk under det europeiske språkåret vil bli førte vidare.

Prosjektet «Entreprenørskap på timeplanen» vil bli avslutta med ein erfaringskonferanse i 2002, der det blir arbeidd med ulike strategiar for spreiing. Målet er at ein skal arbeide med entreprenørskap i alle skolar og klassar. Utdanning, næringsliv og lokalsamfunn må spele på lag for å utvikle ein kultur for nyskaping og omstilling. Det vil difor bli lagt vekt på å styrkje samanhengen mellom lærarutdanninga og praksisfeltet, for å fremme ein nyskapande skole og fornye lærarutdanninga. Vidare vil arbeidet med entreprenørskap og elevbedrift bli styrkt, spesielt på ungdomstrinnet. Det vil bli lagt vekt på å stimulere til bruk av hospiteringsordningar for lærarar, og skolar vil bli oppfordra til å ta i bruk undervisningsopplegg som viser moglegheitene for entreprenørskap innanfor alle fagområde.

Kommunane må ha stor handlingsfridom når det gjeld utforminga av tilboda i musikk- og kulturskolane, og for utforminga av dei lokale konkretiseringane av Den kulturelle skolesekken. På kommunalt nivå bør det leggjast til rette for å knytte ulike kulturtilbod til skolen – også tilbodet som blir gitt i musikk- og kulturskolane. Ein del av arbeidet med Den kulturelle skolesekken er å etablere eit samarbeid mellom skole- og kultursektoren på alle forvaltningsnivå. Utgreiinga til Eikemo-utvalet, som vurderte innhaldet i musikk- og kulturskolen, er ei støtte for det vidare arbeidet både lokalt og sentralt. Departementet vil sørgje for at utgreiinga blir teke med både når det gjeld utviklinga av «Den kulturelle skolesekken» og når det gjeld vidareutviklinga av musikk- og kulturskolen.

Delmål 2: Elevar og lærlingar skal få opplæring av leiarar, lærarar og instruktørar med høg kompetanse for opplæring

Tilstandsvurdering

Skoleåret 2000-01 var det om lag 51 200 lærarårsverk i grunnskolen. Tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) viser at 96 pst. av lærarane som underviser i grunnskolen, har godkjend utdanning. Statistisk sentralbyrå har gjennomført ei undersøking på oppdrag frå departementet om kompetansen til lærarane i grunnskolen. Undersøkinga viser at det er dei lærarane som underviser på småskoletrinnet, som har minst utdanning i dei faga dei underviser i.

Statens tenestemannsregister viser at det var om lag 20 300 lærarårsverk i vidaregåande opplæring i skoleåret 2000-01, og at om lag 99 pst. av desse lærarane hadde godkjend utdanning.

I skoleåret 2000-01 var 70 pst. av lærarane i grunnskolen kvinner. I vidaregåande opplæring var talet 44 pst.

Tilstandsrapportane frå utdanningskontora viser at kommunar og fylkeskommunar arbeider godt med kompetanseutvikling, og at det er stor aktivitet med omsyn til utviklingsarbeid.

Lærarar på ungdomstrinnet kan få permisjon for fagleg fordjuping og hospitering i nærings- og arbeidslivet. For å styrkje den kompetansen lærarane har for undervisning i faga, er det i samarbeid med universitet og høgskolar lagt vekt på å utvikle og gjennomføre brukartilpassa og fleksible tilbod om etter- og vidareutdanning. Departementet vurderer det som positivt når tilstandsrapportane frå statens utdanningskontor viser at alle skoleeigarar og lærarar i grunnskolen har teke del i kompetanse­utvikling. Dei fleste skoleleiarar og om lag halvparten av lærarane har arbeidd med fleksibel organisering og variert bruk av arbeidsmåtar. Det gir likevel grunn til uro når rapportane viser at talet på lærarar som har teke fagleg fordjuping i dei prioriterte faga, er gått tilbake i høve til tidlegare år, og at svært få lærarar har hatt permisjon for å heve sin faglege kompetanse eller delta i hospiteringsordningar.

Frå innføringa av Reform 94 og Reform 97 har det vore satsa på kompetanseutvikling for lærarar også når det gjeld bruk av IKT i opplæringa. Satsinga vart styrkt både i 2000 og i 2001, og mange lærarar har delteke på eitt eller fleire opplegg for kompetanseutvikling. Frå 2001 er det starta ei nasjonal satsing på å styrkje tilboda om etter- og vidareutdanning i å bruke IKT.

Hausten 2001 er det sett i verk forsøk med avvik frå reglane om klasseorganisering i opplæringslova §§ 8-2 og 8-3. Departementet vil vurdere om forsøka bør danne grunnlag for regelendringar.

Både i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa pågår det ei rekkje forsøk med avvik frå lov, læreplanar og andre forskrifter og avtaleverket. Mange av forsøka har som mål å utvikle ei meir fleksibel og tilpassa opplæring, og å betre samhandlinga mellom lærarar og elevar.

I mars 2001 vart det inngått ei intensjonsavtale med lærarorganisasjonane om å prøve ut nye arbeidstidsordningar i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Mål for forsøka er å få meir kontakt mellom lærar og elev, leggje til rette for arbeidsmåtar der elevane tek større ansvar for si eiga læring, betre kvaliteten i undervisninga, rette merksemda mot den einskilde eleven sine føresetnader, og få moglegheiter for ei meir fleksibel arbeidsbelastning for lærarane. I alt har departementet fått 463 søknader om forsøk. 389 søknader er godkjende, av dei 363 frå grunnskolar og 26 frå vidaregåande skolar. Dei sentralinitierte forsøka vil bli avslutta og evaluerte i 2002. Ei eventuell vidareføring av eit utval av forsøka vil bli vurdert.

Departementet har medverka til at læringsarbeidet i større grad blir vurdert undervegs i skoleåret i ein prosess der elevane deltek aktivt. Samtidig skal den kjennskapen elevane har til organiseringa og gjennomføringa av læringsarbeidet ved den enkelte skolen, bli brukt i evalueringa av skolen og lærarane. Hausten 2001 starta ordninga «Elevinspektørene – elevenes skolevurdering». Ordninga er meint å vere ein reiskap i det lokale arbeidet med kvalitetsutvikling i skolane. Elevar på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring kan gi si vurdering ved anonymt å fylle ut eit elektronisk spørjeskjema. Ordninga er ein del av «Ressursbanken.ls.no», som også starta hausten 2001. Dette er ei nettbasert teneste for skolane sitt arbeid med vurdering og kvalitetsutvikling. Opplegget er under utvikling, og vil gradvis bli utvida til å omfatte fleire elevar, fleire grupper av valfrie spørsmål og aukande moglegheiter for lokale tilpasningar.

Det er sett i gang eit arbeid for å hente inn oversikt over fylkeskommunar og kommunar som har utvikla gode ordningar for å følgje opp nyutdanna lærarar. Eit utval av desse skal få i oppdrag å omtale sin eigen praksis som grunnlag for å vurdere deltaking i utviklingsarbeid og ulike former for spreiing av erfaringar.

Strategiar og tiltak

Departementet meiner det er viktig at lærarane i det 13-årige opplæringsløpet har solid fagleg og pedagogisk kompetanse. I samband med dette blir det lagt fram ei eiga melding om lærarutdanninga våren 2002, jf. kategori 07.60.

Det vil bli etablert eit nasjonalt nettverk for mannlege lærarstudentar og mannlege lærarar gjennom å opprette ein eigen nettstad. Føremålet med denne nettstaden er å sikre mannlege lærarar og lærarstudentar eit forum for kontakt, diskusjon, erfaringsutveksling og spreiing av effektive tiltak knytte til rekruttering av menn til skolen.

Kompetanseutvikling for lærarane i grunnskole og vidaregåande opplæring vil framleis vere eit satsingsområde. Særskilde statlege midlar til føremålet blir delte ut til skoleeigarane for bruk ved den einskilde skolen og lærebedrifta.

Det blir lagt særleg vekt på etter- og vidareutdanning av lærarar i KRL-faget, jf. Innst. S. nr. 240 (2000-01), i matematikk, natur- og miljøfag, engelsk og samisk. Det vil også bli lagt vekt på å styrkje lærarane sin kompetanse på opplæring i lesing og skriving. Departementet vil føre vidare støtta til permisjonsordningar, stipend og anna slik at lærarar kan ta etter- og vidareutdanning i prioriterte fag og hospitere i det lokale arbeids- og næringslivet.

Det er eit mål at alle lærarar skal bli IKT-brukarar, og at denne kompetansen i sterkare grad skal føre til at IKT blir aktivt brukt i læringsarbeidet i det einskilde faget. I samarbeid med universitet og høgskolar vil det på nasjonalt nivå bli utvikla og gitt tilbod om grunnleggjande opplæring i å bruke IKT og meir utfyllande opplæring i å bruke IKT i prioriterte fag.

Vidareutvikling av lærarane sin kompetanse i tverrgåande tema som til dømes vurdering vil bli koordinert med kompetanseutvikling i fag og arbeid på tvers av fag.

Ved strukturendringar, innføring av nye eller reviderte læreplanar for små fag og tiltak for særskilde målgrupper som rådgivingstenesta og utdannings- og yrkesrettleiinga, vil arbeidet med sentralt initierte kompetanseutviklingstiltak for lærarar og instruktørar bli førte vidare. Samtidig vil kommunar, fylkeskommunar og skolar bli inviterte til å vidareutvikle lærarrolla gjennom å bruke andre yrkesgrupper i skolen. I delar av landet der det er naturleg, vil det vere aktuelt å integrere grunnskolen i ulike typar nærmiljøsenter.

Kompetanseutvikling knytt til tilpassa opplæring vil framleis vere eit satsingsområde i prosjektet «Differensiering og tilrettelegging i vidaregåande opplæring».

I arbeidet med kvalitetsutvikling og kompetanseutvikling vil departementet føre vidare og styrkje utviklingsarbeidet på området skole- og bedriftsbasert vurdering. Ordninga «Elevinspektørene – elevenes skolevurdering», knytt til «Ressursbanken.ls.no», vil bli ført vidare og utvida til å omfatte lærlingar. For å gjere ordninga meir skreddarsydd for den enkelte skole, kommune og fylkeskommune, vil skoleeigarane etter kvart kunne leggje inn spørsmål i ein spørsmålsbank. Det vil bli vurdert å utvide ordninga til å gjelde foreldre.

Delmål 3: Elevane og lærlingane skal ha eit godt lærings- og oppvekstmiljø, og det skal vere eit positivt samarbeid mellom heim og skole

Tilstandsvurdering

Departementet har hatt til høring eit forslag til lovendring der reglar om elevane sitt arbeidsmiljø blir tekne inn i opplæringslova og privatskolelova. Forslaget tek utgangspunkt i dei skjønnsmessige standardane som i dag er fastsette i forskrift 1. desember 1995 nr. 928 om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar m.v.

Skolebyggprisen vart i 1998 oppretta for å stimulere arbeidet med å utvikle gode skoleanlegg for grunnskolen og den vidaregåande opplæring. På grunn av auken i elevtalet og fordi mange skoleanlegg er bygde i 70-åra, er behovet for utvikling av skoleanlegga stor både i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa.

Rapportane frå utdanningskontora viser at det i ein del skolar er problem knytte til rasisme og etnisk diskriminering, mobbing, vald og rusmisbruk. Mange kommunar og fylkeskommunar har sett i verk ei rekkje tiltak som rettar seg mot desse problema. Rapportane viser at det er nødvendig å arbeide kontinuerleg med haldningane i heile skolen.

Departementet har samarbeidd med andre departement og etatar om ulike handlingsplanar og tiltak for å styrkje læringsmiljøet og å fremje trivselen i skolen, mellom anna gjennom utviklingsprogram for styrking av oppvekstmiljøet og «Prosjekt skolemekling». Skolemeklingsprosjektet for grunnskolen vart avslutta sommaren 2001, mens prosjektet for vidaregåande opplæring går fram til 2002. Departementet samarbeider med Barne- og familiedepartementet og Justisdepartementet om oppfølging av St.meld. nr. 17 (1999-2000) Handlingsplan mot barne- og ungdomskriminalitet. Som eit av fleire tiltak mot problemåtferd får enkelte grunnskolar tilbod om å ta i bruk HEMIL-senterets tiltaksprogram mot mobbing og antisosial åtferd. I tillegg er det under utarbeiding eit rettleiingshefte om sosial kompetanse. Eit senter for studiar av problemåtferd og innovativ praksis ved Universitetet i Oslo er under planlegging. Det blir arbeidd med tiltak for å hindre seksuelle overgrep og seksuell utnytting. Det er sendt ut ei ressursbok om undervisning i samliv og seksualitet til alle grunnskolar og vidaregåande skolar hausten 2001.

Departementet har gjennom Senter for åtferdsforsking (SAF) ved Høgskolen i Stavanger delteke i EU-prosjektet «Connect: Tackling Violence in Schools», der det norske bidraget blei kåra til eit av tre vinnarprosjekt.

Arbeid med likestilling er også ei viktig oppgåve for skolen. Ei rettleiing i likestilling vart sendt ut til alle grunnskolar og vidaregåande skolar våren 2001

Arbeidet med å styrkje samarbeidet mellom heim og skole er ført vidare. Det er under utarbeiding ei brosjyre om rettane til elevar og foreldre i samarbeid med Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG).

Skolefritidsordninga (SFO) er ein sentral del av oppvekstmiljøet for mange barn i 1.-4. klasse. Hausten 2000 var det registrert om lag 121 000 barn i SFO. Den delen av elevane som går i SFO, er lågare dess høgare klassetrinn dei er i. I første klasse går 63 pst. av elevane i SFO. Delen elevar som går i SFO, auka frå skoleåret 1999-2000 til 2000-01. Det er store skilnader mellom kommunane og skolane når det gjeld foreldre­betaling, opningstid og organisering i SFO. Departementet ser med uro på at foreldrebetalinga er høg i fleire kommunar. Ei forskingsbasert evaluering for å sjå nærmare på organiseringa av og innhaldet i skolefritidsordninga vil etter planen vere ferdig i 2002.

Samarbeidet med andre etatar om trafikkopplæring og trafikktryggleik på skolevegen er ført vidare. Merksemda er retta mot trafikktryggleik for dei yngste elevane.

Strategiar og tiltak

Alle elevar skal sikrast eit godt arbeidsmiljø. Departementet vil derfor fremme forslag til ein lovfesta rett til godt arbeidsmiljø for alle elevar.

Regjeringa foreslår at staten skal medverke til ei ekstra satsing for å ruste opp skoleanlegg, gjennom etablering av ei statleg finansieringsordning. Finansieringsordninga skal setja kommunesektoren i stand til å ta opp rentefrie lån på til saman 15 mrd. kroner, med 5 års avdragsfridom, og ei samla løpetid for kvart lån på 20 år. Det vil bli fastsett ei ramme for samla lånetilsegn til kvar kommune og fylkeskommune. Tilsegna om støtte vil bli fordelt ut over ein periode på 8 år, etter søknad. I 2002 vil utlånsramma vere på 2 mrd. kroner. Staten dekkjer rentekostnadene i heile løpetida for lånet, berekna med utgangspunkt i eit motsvarande lån med flytande rente i Husbanken. Finansieringsordninga må sjåast i samanheng med veksten i dei frie inntektene til kommunesektoren.

Dei som tek del i ordninga kan sjølve velja låneinstitusjon, og faktisk låneopptak vil ikkje vera naudsynt for å kunne få rentekompensasjon.

Med denne ordninga vil Regjeringa leggje til rette for at kommunesektoren kan oppfylle Forskrift om miljøretta helsevern i skoler og barnehagar m.v., og dermed medverke til å sikre alle elevar i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa eit godt arbeidsmiljø og gode læringsvilkår. Finansieringsordninga kan dekke kostnader ved breibandstilknyting til skolane, dersom dette inngår i eit aktuelt byggeprosjekt. Samstundes med at finansieringsordninga vert oppretta, vil Regjeringa etablere ei rådgivingsteneste for utvikling av skoleanlegg. Tenesta vil formidle råd om mellom anna arealplanlegging, inneklima, miljøvennlege bygg, energiøkonomisering, arkitektur/estetikk og pedagogiske løysingar. Det vil bli knytt eit Fagråd for inneklima og læringsmiljø til rådgivingstenesta. Kommunesektoren skal framleis ha det fulle ansvaret for både vedlikehald, opprusting og utbygging av skoleanlegg. Finansieringsordninga skal være avgrensa i tid og omfang. Løyvinga skjer over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett.

Arbeidet med å motverke problemåtferd, rasistiske og diskriminerande haldningar må vere ein del av den ordinære verksemda i skolen og lærebedrifta. Skolemeklingsprogrammet i vidaregåande opplæring og HEMIL-senteret sitt tiltaksprogram mot mobbing og antisosial åtferd vil bli ført vidare. Samtidig vil det bli etablert kontakt med statlege spesialpedagogiske kompetansesenter og andre aktuelle fagmiljø, med sikte på ei samla statleg satsing på lærings- og oppvekstmiljøet i skolen. Ein vil leggje auka vekt på å sjå dei ulike tiltaka og handlingsplanane innanfor feltet problemåtferd og læringsmiljø i samanheng. Dette gjeld også SAMTAK og EU-prosjektet «Connect: Tackling Violence in Schools», sjå kap. 243. Det vil bli lagt vekt på å støtte og å følgje opp skolar og lærebedrifter i arbeidet, og å leggje til rette for spreiing av positive erfaringar, med mellom anna etablering av nettbaserte tenester på Skolenettet på området lærings- og oppvekstmiljø.

I samarbeid med Barne- og familiedepartementet, Justisdepartementet og Sosial- og helsedepartementet og Universitetet i Oslo vil departementet medverke til å etablere eit senter for problemåtferd og innovativ praksis ved Universitetet i Oslo. Senteret skal medverke til å styrkje kunnskapen om og heve kompetansen for arbeid med åtferdsproblem blant barn og unge i heim, fritid og skole. Ved etableringa av senteret vil det bli lagt opp til eit forpliktande nettverkssamarbeid med andre forskingsmiljø, som aktuelle kompetansesenter, universitet og høgskolar, som arbeider med åtferdsproblematikk blant barn og unge.

Ei rettleiing for arbeid med dopingproblem og ei rettleiing om sosial kompetanse i grunnskolen og vidaregåande opplæring vil vere ferdig våren 2002.

Skolen bør samarbeide med foreldra for å leggje til rette for gode lærings- og oppvekstvilkår for barna, og foreldra vil derfor vere ein sentral samarbeidspart i arbeidet med kvalitetsutvikling i skolen. Skolebasert vurdering inngår i dette arbeidet. Bruk av elevvurdering som reiskap for å hjelpe den enkelte eleven til god læring, vil – når det gjeld dei yngre barna – krevje dialog der foreldra tek del. Samarbeidet mellom heim og skole i vidaregåande opplæring vil bli vurdert, og det vil bli lagt fram ei tilråding om korleis dette samarbeidet bør fungere i heile det 13-årige opplæringsløpet.

Skolefritidsordninga skal vere eit meiningsfylt velferdstilbod for både barn og foreldre, og som alle har råd til å nytte. Når kartlegginga av organiseringa og innhaldet i skolefritidsordninga er avslutta, vil det bli vurdert om det bør bli sett i verk nye tiltak. Regjeringa vil i løpet av neste stortingsperiode foreslå å doble gjennomsnittssatsane for det statlege øyremerkte tilskottet til skolefritidsordninga, slik at foreldrebetalinga kan bli redusert.

Det vil bli sett i gang forsking om situasjonen for lesbisk og homofil ungdom i skolen og i utdanningsinstitusjonane.

Departementet vil leggje til rette for å utvikle nettverk og mobilitets­ordningar på skole- og opplæringsnivå, særleg som del av EØS-avtalen og dels gjennom nordiske mobilitetsordningar som Nordplus Junior. Den største satsinga har gjeldt deltaking i utdanningsprogram i EU som LEONARDO DA VINCI og SOKRATES, som frå 2000 starta fase II (2000-06). SOKRATES har m.a. eit særskilt delprogram, COMENIUS, for skolesektoren, jf. kap. 281.

Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post­gruppe

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

01-29

Driftsutgifter

319 711

399 706

611 553

53,0

30-49

Nybygg, anlegg o.a.

3 812

60-69

Overføring til kommunesektoren

1 797 310

1 867 831

2 143 782

14,8

70-89

Overføring til private

10 468

11 613

93 960

709,1

Sum kategori 07.20

2 127 489

2 279 150

2 853 107

25,2

Kap. 221 Grunnskolen (jf. kap. 3221)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

6 741

9 882

10 046

60

Tilskott til verkemiddeltiltak i Nord-Noreg , kan overførast

23 978

19 058

17 982

61

Tilskott til institusjonar

32 494

32 734

33 798

62

Tilskott til Fjellheimen leirskole

3 403

3 682

3 802

63

Tilskott til skolefritidsordningar , kan overførast

404 453

398 619

434 915

64

Tilskott til undervisning i finsk

6 662

6 699

65

Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i grunnskolen

688 655

717 554

727 409

66

Tilskott til leirskoleopplæring

20 859

29 000

29 790

67

Tilskott til kommunale musikk- og kulturskolar , overslagsløyving

84 605

83 500

88 009

68

Det samiske utdanningsområdet , kan overførast

26 981

27 133

69

Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma

546 864

70

Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane

6 868

7 095

7 308

Sum kap. 221

1 305 699

1 334 956

1 899 923

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Post 63 er auka med kr 541 000 kroner som er overført frå Kommunal- og regionaldepartementet i samband med forsøket med å tildele øyremerkte tilskott som rammetilskott.

  • Post 65 er redusert med 55 mill. kroner i samband med at midlar til ekstra skoletilskott til integrering av flyktningar i kommunane er overført til kap. 571 post 60.

  • Post 65 er redusert med 6,4 mill. kroner som er overført Kommunal- og regionaldepartementet i samband med forsøket med å tildele øyremerkte tilskott som rammetilskott.

  • Post 64 og post 68 er innlemma i kap. 224 postane 64 og 68.

  • Post 67 er redusert med kr 421 000 som er overført Kommunal- og regionaldepartementet i samband med forsøket med å tildele øyremerkte tilskott som rammetilskott.

  • Forslag til løyving under post 69 er overført frå kap. 229 post 60.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal medverke til å utvikle grunnskolen i utsette område i Nord-Noreg, og er ein del av verkemiddelordninga, jf. post 60. Løyvinga har i 2000 gått til 44 tiltak i Nordland, Troms og Finnmark. På grunn av at løyvinga går til andre enn kommunar, er løyvinga over post 01. Forslaget for 2002 er ei vidareføring av aktiviteten for 2001.

Post 60 Tilskott til verkemiddeltiltak i Nord-Noreg, kan overførast

Den noverande verkemiddelordninga gjeld frå 1. august 1998 til 31. juli 2003.

Målsetjing

Målet med tilskottet er å medverke til at elevar i Nord-Noreg får eit godt opplæringstilbod ved at så mange skolar som mogleg har lærarar med godkjend utdanning, og at skolen i utsette område blir styrkt. Tilskottet skal finansiere kommunane sine kostnader ved å ta i bruk dei verkemidla ordninga gir rom for.

Tildelingskriterium

Staten refunderer utbetalte lønnstillegg til lærarar med godkjend utdanning ved verkemiddelskolar. Verkemiddelskolar er statlege og kommunale grunnskolar i Nordland, Troms og Finnmark der lærarårsverk utførte av lærarar utan godkjend utdanning i gjennomsnitt for dei fire føregåande skoleåra har utgjort 20 pst. eller meir av alle lærarårsverka. Vidare blir det refundert utgifter til flyttegodtgjersle i samsvar med staten sitt regulativ for lærarar som flytter til eller frå verkemiddelskolar eller skolar nord for Bodø og Fauske i Nordland og i Troms og Finnmark.

Oppfølging og kontroll

Dei viktigaste kontrollane blir gjorde som ein del av saksbehandlinga ved utdanningskontora. Utdanningskontora skal også gjere stikkprøvekontroll for å sjå til at grunnlaget for utrekning og utbetaling av tilskott er i samsvar med reglane.

Verkemiddelordninga vil bli evaluert i løpet av 2002.

Rapport for 2000-01

Delen av lærarar utan godkjend utdanning var i 2000 på 7,4 pst. i Nordland, 8,3 pst. i Troms og 9,9 pst. i Finnmark. For landet totalt var delen 5,5 pst. Delen i Nordland er redusert med 0,2 prosentpoeng mens Troms og Finnmark har ein auke på 0,4 og 1,4 prosentpoeng. I 2000-01 var det 89 verkemiddelskolar. Dette er ein auke på 13 skolar samanlikna med fjoråret.

Budsjettforslag for 2002

Departementet foreslår at tilskottet på posten blir sett noko ned i 2002.

Post 61 Tilskott til institusjonar

Målsetjing

Målet er at elevar i helse- og sosialinstitusjonar med heile landet som opptaksområde får grunnskoleopplæring utan at dette fører til arbeidskrevjande oppgjer for gjesteelevane. Institusjonar som omfattar av tilskottsordninga, er sjukehus, helsesportsenter, behandlingsheimar for unge med atferdsproblem og rehabiliteringssenter for narkomane.

Tildelingskriterium

Mottakarar av tilskott er kommunar eller fylkeskommunar med ansvar for grunnskoleopplæring ved institusjonar som har heile landet som opptaksområde. Det skal vere inngått driftsavtale e.l. om grunnskoleopplæringa mellom kommunen/fylkeskommunen og institusjonen. Det skal lagast budsjett for grunnskoleopplæringa og overslag over forventa/planlagd undervisningsaktivitet for det året som det blir søkt om tilskott for.

Oppfølging og kontroll

Tilskottsmottakaren sender årsrekneskap til statens utdanningskontor så snart rekneskapen er revidert av revisor. Kontrollen av tilskottsordninga er knytt til sakshandsaminga og til rapportane som blir sende statens utdanningskontor frå tilskottsmottakarane. Utdanningskontoret må når revidert rekneskap for institusjonen ligg føre, kontrollere om det er samsvar mellom utbetalt tilskott og forbruk.

Rapport for 2000-01

I skoleåret 2000-01 vart det gitt tilskott til opplæring ved åtte institusjonar fordelte på fem fylke. Statens utdanningskontor rapporterer at det dette skoleåret var 937 heilårselevar, 10 halvårselevar og 301 korttidselevar ved institusjonane.

Budsjettforslag for 2002

For 2002 vil ordninga bli ført vidare på same nivå som for 2001.

Post 62 Tilskott til Fjellheimen leirskole

Fjellheimen leirskole er ein leirskole for barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller lærevanskar. Leirskolen finansierer drifta ved statstilskott, eigenbetaling frå deltakarane og eit bidrag frå Engerdal kommune. Kommunen sender søknad om tilskott til Statens utdanningskontor i Hedmark.

Målsetjing

Målet med ordninga er å medverke til at barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller med lærevanskar kan få eit opphald ved Fjellheimen leirskole.

Tildelingskriterium

Før tilskottet kan bli utbetalt, må Engerdal kommune sende inn søknad, basert på leirskolen sitt budsjett for det året det blir søkt statstilskott for. Tilskottet består av grunntilskott og eit tilskott per deltakar, avgrensa til maksimum 1 000 deltakarar per år. Grunntilskottet svarer til kapitalutgiftene og 35 pst. av dei andre driftsutgiftene i samsvar med budsjett.

Oppfølging og kontroll

Kommunen sender årsrekneskap til Statens utdanningskontor i Hedmark etter at rekneskapen er revidert av kommunerevisor. Som vedlegg til årsrekneskapen skal det følgje ein oversikt som m.a. viser talet på deltakarar i rekneskapsåret. Dette dannar grunnlag for utdanningskontoret sin årsrapport på dette området.

Utdanningskontoret må, når revidert rekneskap frå leirskolen ligg føre, kontrollere om det er samsvar mellom utbetalt tilskott og rekneskap. Faktisk aktivitet i rekneskapsåret, i form av tal på deltakarar, skal bli kontrollert i forhold til føresetnadene i budsjettet.

Rapport for 2000-01

Elevtalet ved leirskolen har vore relativt stabilt frå 958 i 1999 til 940 i 2000.

Budsjettforslag for 2002

Budsjettforslaget for 2002 er basert på eit uendra aktivitetsnivå.

Post 63 Tilskott til skolefritidsordningar, kan overførast

Målsetjing

Tilskottsordninga skal medverke til drift av skolefritidsordningar, slik at barn kan få eit tilbod om omsorg og aktivitet før og etter skoletid i alle kommunar.

Tildelingskriterium

Statens utdanningskontor har ansvar for utbetaling av tilskott til kommunane. Statstilskott blir frå og med skoleåret 2002-03 rekna ut ein gong per skoleår (mot tidlegare to) ut frå talet på barn som er fast innmeldte i skolefritidsordninga (SFO) kvar haust. Denne forenklinga er eit ledd i Regjeringa sitt arbeid med å redusere rapporteringa frå kommunane til staten.

Det er eit vilkår for å få tilskott at det som er fastsett i lov og forskrift om SFO, er oppfylt. Dette føreset m.a. at SFO har vedtekter, at rektor skal være administrativ og fagleg leiar dersom SFO er knytt til ein skole, og at SFO er finansiert gjennom statleg og kommunalt tilskott og foreldrebetaling. For private SFO gjeld dei samme vilkåra for tilskott, men ikkje kravet om kommunal medfinansiering.

I samband med lovfestinga av SFO er det òg vedteke at 15 pst. av det statlege tilskottet som blir utbetalt til den enkelte kommunen, skal gå til tiltak for barn med særskilde behov.

Oppfølging og kontroll

Statens utdanningskontor skal føre kontroll med at krava for tildeling er oppfylte. I samband med søknad om statstilskott skal dei opplysningane som ligg til grunn for søknaden, kontrollerast både av kommunen sjølv og av statens utdanningskontor. Opplysningar frå kommunane om SFO blir registrert i Grunnskolens informasjonssystem (GSI) kvar haust.

Rapport for 2000-01

Hausten 2000 hadde om lag 121 000 småskolebarn plass i SFO. Om lag 4 pst. av dei (4 900) var barn med særskilde behov, og 5 pst. (5 600) var frå språklege minoritetar. Oslo og Akershus hadde den høgste deltakinga i SFO, med om lag 65 pst. av alle elevane i 1.-4. klasse. Lågast oppslutning er det i Nord-Trøndelag, der 35 pst. av alle elevane i 1.-4. klasse hadde plass i SFO hausten 2000. Oppslutninga om våren er gjennomgåande 4-5 pst. lågare enn om hausten.

Den gjennomsnittlege foreldrebetalinga for korttidstilbod (6-14 timar per veke) og langtidstilbod (over 14 timar per veke) var på 757 kroner og 1 314 kroner per månad, men foreldrebetalinga varierer frå kommune til kommune, jf. også kategoriomtala.

Budsjettforslag for 2002

Budsjettforslaget gir rom for 116 800 barn i skolefritidsordninga våren 2002 og 121 700 barn i skolefritidsordninga hausten 2002. Tilskottsatsen er justert for den generelle prisauken. Omlegginga av rapporteringa frå kommunane frå to til ein gong per år vil ikkje ha budsjettmessige konsekvensar for tilskottsordninga.

SFO skal vere eit velferdstilbod for både barn og foreldre. Regjeringa tar i løpet av neste stortingsperiode sikte på å doble gjennomsnittssatsane for det statlege øyremerkte tilskottet til SFO, slik at foreldrebetalinga reduserast.

20 kommunar er med i eit forsøk med rammefinansiering av øyremerkte tilskott. Dette er eit av dei tilskotta som er omfatta av forsøket, så det blir løyvd midlar til denne ordninga over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet, jf. omtale under kap. 571 post 68.

Post 65 Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i grunnskolen

Ordninga omfattar tilskott til tre tiltak:

  • særskild norskopplæring

  • morsmålsopplæring

  • opplæring for barn i statlege asylmottak

Målsetjing

Målet med tilskottet til særskild norskopplæring og morsmålsopplæring er å medverke til at elevar frå språklege minoritetar får opplæring i samsvar med sine evner og føresetnader.

Målet med tilskottet til opplæring av barn i statlege asylmottak er å medverke til at desse barna kan få starte på skolen så snart som mogleg etter at dei er komne til landet.

Tildelingskriterium

Kommunar som gir særskild norskopplæring og morsmålsopplæring, kan søkje statens utdanningskontor i fylket om å få utbetalt tilskott. Dette gjeld òg for kommunar som har utgifter til opplæring av grunnskoleelevar som bor i statlege asylmottak. Det blir gitt tilskott til undervisningstimar og tilskott per barn i asylmottak i samsvar med regler gitte i rundskriv frå departementet. Tilskotta til særskild norskopplæring og morsmålsopplæring blir utbetalte per undervisningstime, medan tilskottet til opplæring av barn i statlege asylmottak blir utbetalt per barn per månad.

Oppfølging og kontroll

Kommunane rapporterer om omfanget av særskild norskopplæring og morsmålsopplæring i Grunnskolens informasjonssystem (GSI). Her blir tal på elevar som får denne opplæringa, og kor mange timar dei får, registrerte kvar haust. På grunnlag av dette blir tilskottet til kvar kommune utrekna automatisk i GSI-programmet. Det er knytt enkeltvedtak til denne opplæringa.

Statens utdanningskontor skal føre kontroll med at talet på elevar og undervisningstimar stemmer med det som ligg til grunn for søknad om tilskott. Kontrollen tek utgangspunkt i ei vurdering om dei innsende opplysningane verker realistiske ut frå den kjennskapen utdanningskontoret har til området. Utdanningskontoret skal òg gjennomføre stikkprøvekontrollar av opplysningane frå kommunane.

Rapport for 2000-01

Talet på elevar i grunnskolen som får særskild norskopplæring og morsmålsopplæring, har stige i dei seinare åra. Flest elevar er det i dei store byane, og det er også her desse elevane utgjer den største prosentdelen av den samla elevmassen. Talet på barn i statlege asylmottak varierer mykje frå år til år og frå månad til månad av di det er påverka av omfanget av innvandring av flyktningar. Løyvinga på posten er vanskeleg å rekne ut på førehand. Dette skuldast at det ikkje er kjent i kommunane kor mange elevar som kjem frå statlege asylmottak, og kor mykje ekstra opplæring elevane frå språklege minoritetar faktisk vil trengje. Løyvinga på posten avheng av internasjonale forhold som varierer frå år til år.

Budsjettforslag for 2002

Budsjettforslaget for 2002 dekkjer tilskott for skoleåret 2001-02. Timesatsen for tilskottet til særskild norskopplæring og morsmåls­opplæring for språklege minoritetar er justert for den generelle prisauka og utgjer for skoleåret 2001-02 kr 234 per undervisningstime. Tilskottet som blir gitt til opplæring av barn i statlege asylmottak, er justert for den generelle prisauka og utgjer for skoleåret 2001-02 kr 51 857 per barn. Tilskottet dekkjer all grunnskoleopplæring, også særskild norskopplæring og morsmålsopplæring for språklege minoritetar. Det er i 2002 behov for å gi tilsegn om utbetaling av tilskott for skoleåret 2002-03, jf. forslag til vedtak III nr. 2.

Skoletilskottet som blir gitt som støtte til kommunane for grunnskoleopplæring under integrering, er foreslått overført med 55 mill. kroner til Kommunal- og regionaldepartementets budsjett. Årsaka til dette er at denne utbetalinga skjer frå Utlendingsdirektoratet (UDI) på grunnlag av lister over personar under integrering.

20 kommunar er med i eit forsøk med rammefinansiering av øyremerkte tilskott. Dette er eit av dei tilskotta som er omfatta av forsøket, så det blir løyvt midlar til denne ordninga over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett, jf. omtale under kap. 571 post 68.

Post 66 Tilskott til leirskoleopplæring

Målsetjing

Målet med tilskottet er å stimulere kommunane til å gi alle elevar eit leirskoleopphald i løpet av grunnskolen.

Tildelingskriterium

Det statlege tilskottet blir utbetalt til kommunar som sender klassar i den offentlege grunnskolen på leirskole, der opphaldet strekkjer seg over minst tre overnattingar. Det blir ikkje gitt tilskott til meir enn 1/10 av grunnskoleklassane i ein kommune per år.

Oppfølging og kontroll

Statens utdanningskontor skal føre kontroll med at krava for tildeling er oppfylte. I samband med søknad om statstilskott skal dei opplysningane som ligg til grunn for søknaden, kontrollerast både av kommunen sjølv og av statens utdanningskontor. Opplysningar frå kommunane om leirskoleaktivitet blir registrert i Grunnskolens informasjonssystem (GSI) kvar haust.

Rapport for 2000-01

Tal frå GSI viser at 2 937 klassar og i alt 57 760 elevar hadde planlagt å reise på leirskole i skoleåret 2000-01. Dette utgjer om lag 10 prosent av alle klassane i grunnskolen. I 2001 blei det løyvd 29 mill. kroner til leirskoleopplæring over statsbudsjettet.

Budsjettforslag 2002

For 2002 vil ordninga blir ført vidare på same nivå som i 2001. Tilskottsatsen er justert for den generelle prisauken. For at kommunane frå hausten 2002 skal bli i stand til å dekkje alle kostnadene ved leirskoleopphald, er dei frie inntektene til kommunane auka med 25 mill. kroner, sjå omtale under budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.

20 kommunar er med i eit forsøk med rammefinansiering av øyremerkte tilskott. Dette er eit av dei tilskotta som er omfatta av forsøket, så det blir løyvt midlar til denne ordninga over Kommunal- og regionaldepartementet sit budsjett, jf. omtale under kap. 571 post 68.

Post 67 Tilskott til kommunale musikk- og kulturskolar, overslagsløyving

Alle kommunar skal aleine eller i samband med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i samband med til skoleverket og kulturlivet i kommunen, jf. opplæringslova § 13-6.

Målsetjing

Målet med tilskottet er å stimulere kommunane til å få fleire elevar til å gå i kommunale musikk- og kulturskolar.

Tildelingskriterium

Tilskottet blir utbetalt til kommunar som gir eit musikk- og kulturskoletilbod. Musikk- og kulturskolen skal vere eigd og drive av kommunen. Tilskottet blir utbetalt etterskottsvis, dvs. at løyvingsforslaget for 2002 dekkjer tilskott for hausten 2001 og våren 2002.

Oppfølging og kontroll

I samband med søknad om statstilskott skal opplysningane som ligg til grunn for søknaden, kontrollerast av både kommunane og statens utdanningskontor. Kommunen har ansvar for å kontrollere om opplysningane i søknadene frå skolen er i samsvar med den aktiviteten som er gjennomførd. Statens utdanningskontor gjennomfører ein formalia- og rimelegheitskontroll av søknadene og kontrollreknar beløpa og ser til at søknaden er i samsvar med reglane.

Rapport for 2000-01

Våren 2001 var det berre fire kommunar som ikkje hadde søkt om tilskott til musikk- og kulturskoleaktivitetar. Drygt 70 500 barn i grunnskolealder tok del i dette tilbodet, i tillegg til i underkant av 6 900 førskolebarn og 8 700 over grunnskolealder. Det har vore ein auke i talet på elevar som får tilbod i dans, drama, bilete og/eller andre kulturaktivitetar. Våren 2001 fekk over 27 000 barn desse tilboda.

Budsjettforslag for 2002

For 2002 vil ordninga blir ført vidare på same nivå som i 2001. Tilskottsatsen er justert for den generelle prisauken.

Det er i 2002 behov for å gi tilsegn om utbetaling av tilskott for skoleåret 2002-03, jf. forslag til vedtak III nr. 3. 20 kommunar er med i eit forsøk med rammefinansiering av øyremerkte tilskott. Dette er eit av dei tilskotta som er omfatta av forsøket, så det blir løyvd midlar til denne ordninga over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett, jf. omtale under kap. 571 post 68.

Post 69 Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma

Målsetjing

Tilskottet skal kompensere for meirutgifter kommunane har til investeringar i skolebygg i samband med skolestart for seksåringane. Investeringsramma for den enkelte kommunen vart første gong presentert i St.prp. nr. 39 (1995-96) Om investeringskostnadene ved grunnskolereforma, og er sidan vorte justert fleire gonger. Den samla investeringsramma er fastsett til 5 247,7 mill. kroner.

Tildelingskriterium

Tilskottet blir betalt ut til dei kommunane som gjorde investeringar i skolebygg og inventar i samanheng med skolestart for seksåringane. Tilskottet blir fastsett ut frå ei investeringsramme som er utrekna for den einskilde kommune. Investeringsramma, trekt frå utbetalt investeringstilskott og stimuleringstilskott, blir betalen ut til den einskilde kommunen med ei avdragstid på ti år for inventar og 20 år for bygg med ei rente som blir fastsett kvart år. Tilskottet over denne posten utgjer den årlege kompensasjonen til kommunane.

Oppfølging og kontroll

I St.prp. nr. 1 (1998-99) fekk kommunane siste frist til 31. desember 2000 med å erstatte mellombels lokale med permanente. Oslo kommune og Nord-Aurdal kommune har fått denne fristen særskilt forlenga til høvesvis 31. desember 2003 og 1. august 2002. I St.prp. nr 1 (2000-01) vart det opplyst at dersom dei mellombels lokala ikkje er erstatta med ferdiggjorde, permanente lokale innan fristen, vil investeringsramma til kommunane bli redusert med den delen av ramma som skulle dekkje dei investeringane som ikkje er blitt gjennomførte. Departementet har gjennomført ei spørjeundersøking til desse kommunane for å sjekke om dei mellombels lokala er erstatta med permanente. Når dei endelege tala ligg føre vil det bli sett i verk ei justering av ramma til dei kommunane som ikkje har gjennomført dei investeringane som dei er kompenserte for.

Rapport for 2000-01

Departementet sende spørjeskjema til 223 kommunar som hadde rapportert at dei hadde mellombels lokale. Departementet vil komme attende med justeringar som følgje av desse svara, etter at dei er gjennomgåtte, sjå ovanfor.

Budsjettforslag for 2002

Løyvingsforslaget for 2002 er 546,9 mill. kroner. Forslaget er basert på ei investeringsramme på 5 247,7 mill. kroner, eit investerings- og stimuleringstilskott på til saman 465,3 mill. kroner og avdragstider på bygg og inventar på 20 og ti år.

Investeringskompensasjonen for 2002 er basert på ei rente på 7,84 pst. I tråd med tidlegare praksis er kupongrenta på 9-12 månaders statskassevekslar per 1. juli, tillagt ein margin på 0,5 prosentpoeng, lagd til grunn.

Post 70 Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane

Målsetjing

Målet med tilskottet er å bidra til å utvikle musikk- og kulturskoletilbodet i kommunane ved å stimulere til aktivitet og utvikling av gode modellar for innhald, organisering og samarbeid med grunnskolane og det lokale kulturlivet.

Tildelingskriterium

Tilskottet blir fordelt etter søknad til prosjekt i samsvar med målet for tilskottsordninga. Fordelinga av tilskottet blir gjennomført etter skjønn basert på ei vurdering av søknadene.

Oppfølging og kontroll

Tilskottsmottakaren må sende inn rapport med tilhørande prosjektrekneskap etter at prosjektet er avslutta, til Statens utdanningskontor i Sør-Trøndelag, som har ansvar for å forvalte ordninga. Rapporten må synleggjere formålet med prosjektet og kva for resultat som er oppnådde. Rapportane vil danne grunnlaget for vurderinga om gjennomføringa av prosjekta svarer til vilkåra for tildeling av tilskott.

Rapport for 2001

I 2001 er det gitt tilskott til prosjektet «Positivt skolemiljø» i seks fylke. Prosjektet vart gjennomført i regi av Norsk kulturskoleråd. Midlane har også gått til andre prosjekt, mellom anna lokale og regionale utviklingstiltak, informasjonsarbeid, leiing og kvalitetsutvikling, etterutdanning og utviklingsarbeid, samt norsk musikkskoleorkester.

Budsjettforslag for 2002

Budsjettforslaget er ei vidareføring av det beløpet som vart brukt i 2001 til å gjennomføre utviklingsprosjekt i regi av Norsk kulturskoleråd og andre som medverkar til å utvikle musikk- og kulturskoletilbodet i kommunane.

Kap. 3221 Grunnskolen (jf. kap. 221)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

48 114

24 395

46 388

Sum kap. 3221

48 114

24 395

46 388

Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan i høve til statistikkdirektiva til OECD definerast som offentleg utviklingshjelp. Ein legg til grunn at ein del av løyvinga på kap. 221 post 65 blir innrapportert som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir foreslått løyvd på 3221 post 04.

Kap. 222 Statens grunnskolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 3222)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

49 316

48 979

41 767

Sum kap. 222

49 316

48 979

41 767

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Kap. 222 post 01 er redusert med 6,2 mill. kroner i samband med at midlar til internata i Karasjok og Kautokeino er overført til kap. 571 post 60.

  • Kap. 222 post 01 er auka med kr 20 000 i samband med at midlar til fotokopiering er overført frå kap. 249 post 71.

Løyvinga under dette kapitlet skal dekkje utgiftene til

  • ventelønn for personale ved avvikla statsinternat

  • drift av skolen og internatet ved Sameskolen i Midt-Noreg, Hattfjelldal

  • drift av Longyearbyen skole, Svalbard

  • kjøp av undervisnings- og internattenester frå Snåsa og Målselv kommunar

Resultatrapport for 2000-01

Statens grunnskoleinternat i Finnmark

Etter forhandlingar med kommunane Kautokeino og Karasjok er dei tidlegare statlege grunnskoleinternata overførte til kommunane - internatet i Kautokeino frå hausten 1998 og internatet i Karasjok frå hausten 1999. Staten betaler kommunane eit øyremerkt tilskott, som skal dekkje 100 pst. av utgiftene til drift av internata i perioden 1998-2001. Frå og med 2002 er dette tilskottet lagt inn i rammetilskottet til kommunane.

Grunnskolar for samiske elevar

I tillegg til dei seks fast internerte elevane gir skolen i Hattfjelldal fjernundervisningstilbod til elevar som hører til heimeskolane. Skolen samarbeider med og gir undervisning til elevar frå i alt 13 kommunar.

Kostnadene per elev, inkludert internatutgiftene, varierer noko mellom skolane. Gjennomsnittskostnader per elev i skoleåret 2000-01 var om lag kr 300 000.

Elevtal ved skolar for samiske elevar

1998-99

1999-00

2000-01

Sameskolen i Midt-Noreg, Hattfjelldal

15

15

6

Sameskolen i Målselv

25

25

27

Sameskolen i Snåsa

29

29

27

Longyearbyen skole, Svalbard

I skoleåret 2000-01 hadde skolen 182 elevar, i det føregåande året 175. Tala inkluderer elevar i vidaregåande opplæring. Kostnadene per elev i perioden 1998 til 2000 har stige frå om lag 64 000 kroner til om lag 88 000 kroner; dette har samanheng med mellom anna større utgifter til spesialpedagogiske tiltak. Skolen tok frå 1. januar 1999 over den lokale kulturskolen.

Resultatmål for 2002

Dei sørsamiske grunnskolane med internat samlar elevar frå område med spreidd sørsamisk folkesetnad.

Målsetjinga med tilskottet er å gi desse elevane opplæringstilhøve som kan vere med og styrkje samisk språk og identitet. Planlegginga av ombygginga ved Sameskolen i Snåsa har teke lengre tid enn føresett. Utbygginga av sjølve skoledelen var ferdig på nyåret 2001, utbygginga av internatdelen hausten 2001. Ombygginga gir rom for elevane i 8.-10. klasse.

Departementet vil i perioden ta opp arbeidet med å følgje opp Innst. S. nr. 196 (1999-2000) og St.meld. nr. 9 (1999-2000) om kommunalt sjølvstyre på Svalbard når det gjeld skolesektoren. Dei nye planane for å byggje ut vidaregåande opplæring på Svalbard vil bli vurderte i denne samanhengen.

Budsjettforslag for 2002

Av omsyn til det samla budsjettopplegget er nivået på løyvinga redusert med 2 mill. kroner i høve til budsjettet for 2001. Forslaget til løyving skal dekkje ventelønn for tidlegare tilsette ved nedlagde internat. Forslaget skal også dekkje driftsutgiftene ved dei samiske grunnskolane og Longyearbyen skole. Ordninga med tilskott til fotokopiering i statlege skolar, jf. kap. 249 post 71, er innarbeidd i dei generelle tilskotta under post 01. Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3222 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3222 Statens grunnskolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 222)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

02

Salsinntekter o.a.

1 624

340

350

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

146

18

Refusjon av sjukepengar

631

Sum kap. 3222

2 401

340

350

Post 02 gjeld inntekter frå utleige av hyblar til elevar i vidaregåande skole og utleige til skolefritidsordningar.

Kap. 223 Vidaregåande opplæring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

6 925

62

Læremiddel

103 250

65

Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring

25 244

70

Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar med særskilde behov

6 700

71

Tilskott til drift av opplæringsråd

8 039

72

Tilskott til internasjonale utdanningsprogram

37 400

73

Tilskott til studieopphald i utlandet

7 044

74

Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

19 520

Sum kap. 223

214 122

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Forslag til løyving under post 01 er overført frå kap. 234 post 01 og er i forslaget redusert med 0,4 mill. kroner i samband med at midlar til lærlingar i støyperifag er overførte til kap. 572 post 60.

  • Forslag til løyving under post 62 er overført frå kap. 239 post 60.

  • Forslag til løyving under post 65 er overført frå kap. 231 post 65

  • Post 65 er redusert med 2,9 mill. kroner i samband med at midlar til opplæring i samisk for elevar i vidaregåande skole er overført til kap. 224 post 68 og redusert med 0,2 mill. kroner i samband med at midlar til opplæring i finsk for elevar i vidaregåande skole er overført til kap. 224 post 64.

  • Forslag til løyving under post 70 er overført frå kap. 234 post 70.

  • Post 70 er redusert med 235,9 mill. kroner i samband med at midlar til bedrifter som tek inn lærlingar er overført til kap. 572 post 60.

  • Forslag til løyving under post 71 er overført frå kap. 234 post 71.

  • Forslag til løyving under post 72 er overført frå kap. 239 post 72.

  • Forslag til løyving under post 73 er overført frå kap. 239 post 71.

  • Forslag til løyving under post 74 er overført frå kap. 239 post 73.

Post 01 Driftsutgifter

Frå denne posten blir blant anna drifta av Sekretariatet for små og verneverdige fag, møter i opplæringsråda og Rådet for fagopplæring i arbeidslivet finansiert. Andre særlege tiltak knytte til fagopplæringa kan òg finansierast frå denne posten.

Resultatrapport for 2000

Departementet har ein avtale med Håndverksregisteret ved De Sandvigske Samlinger om drift av Sekretariatet for små og verneverdige fag. Sekretariatet for små og verneverdige fag har arbeidd aktivt i samsvar med intensjonane frå Stortinget. Det er utarbeidd ein database over det samla utdanningstilbodet for små fag nasjonalt og i Norden. Sekretariatet har arbeidd med å utvikle fagmiljøa, lærebedrifter på fagområda og arbeider aktivt med informasjon til elevar i grunnskole og vidaregåande opplæring.

I løpet av 2001 har Håndverksregisteret og Sekretariatet for små og verneverdige fag fusjonert. Det nye namnet er Norsk handverkutvikling.

For å sikre at dei nasjonale interessene på området blir tekne vare på, har departementet teke del i prosessen med å utvikle det fylkeskommunale administrative systemet »VIGO».

Opplæringsråda er rådgivande for departementet i saker som er knytte til fagopplæring. I 2001 vart midlar til dekning av utgifter til Rådet for fagopplæring i arbeidslivet og aktivitetstilskott til 20 opplæringsråd overførte frå kap. 200 post 21 til denne posten. Til aktivitetstilskott til opplæringsråda er det i 2001 løyvd 5 mill. kroner.

Resultatmål for 2002

Aktiviteten vil bli ført vidare på om lag same nivå som i 2001. Råda vil leggje særleg vekt på arbeidet med tilbodsstrukturen innanfor yrkesfaglege studieretningar. Ei evaluering av sekretariatet for små og verneverdige fag vil bli starta hausten 2001.

Budsjettforslag for 2002

Frå og med 1. januar 2002 får fylkeskommunane ansvar for å dekkje utgiftene ved teoriopplæring for lærlingar i støperifaget dersom fylkeskommunane saman med lærebedrifta finn at dette er naudsynt for å gi tilfredsstillande opplæring. Som ei følgje av dette er kr 400 000 ført over til rammetilskottet til fylkeskommunane, jamfør Stortinget si behandling av Kommuneøkonomiproposisjonen for 2002, jf. Innst. S. nr. 326 (2000-01). Departementet foreslår elles at løyvinga på posten blir ført vidare på om lag same nivå som i 2001.

Post 62 Læremiddel

Ordninga vart innført frå skoleåret 2000-01.

Målsetjing

Målet med ordninga er å redusere kostnadene til læremiddel for elevar i den vidaregåande opplæringa. Ordninga skal òg gjere lærarar og elevar medvitne om tilhøvet mellom lærebok og måla i læreplanen, og hjelpe til med å fremme pedagogisk nytenking og kreativitet i tråd med generell del av læreplanen.

Tildelingskriterium

Ordninga skal omfatte alle elevar på grunnkurs, VK I og VK II ved alle fylkeskommunale, statlege og private vidaregåande skolar. Midlane blir fordelte til fylkeskommunane og dei statlege og private vidaregåande skolane etter talet på elevar. Ordninga skal gjennomførast slik at midlane for eit år kommer fleire årskull til gode.

Oppfølging og kontroll

Departementet har i brev til fylkeskommunane og dei private og statlege vidaregåande skolane gitt retningslinjer for gjennomføringa av ordninga. Det er den enkelte fylkeskommunen og dei statlege og private vidaregåande skolane som har ansvar for å gjennomføre utlånsordninga i tråd med retningslinjene.

Departementet har motteke og handsama rapportar frå tilskottsmottakarane om bruken av midlane.

Rapport for 2000-01

Rapporteringa per 1. januar 2001 frå fylkeskommunane viste at ein del pengar ikkje var brukte i samsvar med føresetnaden. Fire fylkeskommunar oppfylte krava til rapportering, mens 15 fylkeskommunar vart bedne om ei vidare utgreiing for planlagte bruk av ikkje disponerte midlar og om tilskottet var brukt i samsvar med føresetnaden.

Av totalt 69 statlege og private vidaregåande skolar oppfylte 36 krava til rapportering. 33 skolar vart bedne om ei vidare utgreiing for planlagte bruk av ikkje disponerte midlar og om tilskottet var brukt i samsvar med føresetnaden. Skolene kan ikkje pårekna tilskott for 2001 før det er rapportert at heile tilskottsbeløpet er brukt i samsvar med formålet, eller planleggjast brukt i samsvar med formålet.

Budsjettforslag 2002

Departementet vil for 2002 forslå å løyve 103,25 mill. kroner til dette formålet. Med dette er det totalt løyvd over 300 mill. kroner til læremiddel i vidaregåande opplæring. Regjeringa vil byggja vidare ut ordninga med gratis læremidlar med sikte på å gjere alle læremiddel i den vidaregåande opplæringa gratis innan skolestart hausten 2003.

Post 65 Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring

Målsetjing

Målsetjinga med tilskottsordninga er å stimulere skoleeigarane til å gi ekstra språkopplæring til språklege minoritetar i vidaregåande opplæring.

Tildelingskriterium

Tilskottsordninga er lagd om frå 1. januar 2000. Kriteria for utbetaling av tilskott for dei minoritetsspråklege er endra for å nå målgruppa betre.

Oppfølging og kontroll

Statens utdanningskontor kontrollerer at elevlistene som skolane sender inn, er korrekte, og at elevane på desse listene har rett til tilskott. Elevlistene blir også sendte inn til departementet.

Rapport for 2000

Departementet har gjennomført ei evaluering av denne tilskottsordninga. Evalueringa viser at 4 938 elevar/lærlingar utløyste tilskott frå denne tilskottsordninga hausten 2000. Av desse var 4 592 elevar ved fylkeskommunale og 80 ved private vidaregåande skolar. I tillegg var det 266 elevar ved Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter. Det vart utbetalt tilskott for 225 samiske og 25 kvenske elevar. Dette er meir enn ei dobling i elevtal frå hausten 1999. Auken skuldast at fleire minoritetsspråklege oppfylde kriteria for å utløyse tilskott som følgje av omlegginga av tilskottsordninga.

Budsjettforslag for 2002

Midlar som tidlegare vart utbetalte til tiltak for samar og kvener er nå flytta til kap. 224 post 68 og post 64. Løyvinga på posten blir etter dette 25,2 mill. kroner.

Post 70 Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar med særskilde behov

Målsetjing

Formålet med tilskottsordninga er å kompensere for ekstra arbeid og utgifter som bedrifter får i samband med tilrettelegging for lærlingar med særskilde behov.

Tildelingskriterium

Tilskottsforma gjeld berre lærlingar og ikkje lærekandidatar. Lærekandidatar har etter opplæringslova § 4-2 rett til spesialundervisning i samsvar med kapittel 5 i opplæringslova. Fylkeskommunane kan søkje om ekstra tilskott dersom bedrifta kan dokumentere at ho ved ein lærling har særlege utgifter til ekstra personellressursar, forbruk av materiale utover det vanlege, eller tilrettelegging av fag- og sveineprøver.

Oppfølging og kontroll

Det er eit vilkår for tildeling av tilskott at bedrifta oppfyller krava i opplæringslova med forskrifter. Ein lærekontrakt må vere godkjend av yrkesopplæringsnemnda i den fylkeskommunen der opplæringa blir gitt, for å gi rett til tilskott. Fylkeskommunane og yrkesopplæringsnemnda skal føre tilsyn med lærebedrifter, opplæringskontor og opplæringsringa, jf. opplæringslova §12-4 første ledd og forskrift til opplæringslova §11-5.

Rapport for 2000

Det er fleire typar tilskott som inngår i det som i tabellen under blir kalla lærlingtilskott (inkl. ekstra tilskott). Dette er tilskott for vaksne lærlingar, ekstra tilskott for lærlingar i små og verneverdige fag, ekstra tilskott for lærlingar med behov for særskilt tilrettelagt opplæring og etterbetalingar til fylkeskommunane. Rekneskapstala for 2000 viser at utbetalingane av desse tilskotta har gått ned samanlikna med 1999, medan utbetaling av kvalitetssikringstilskottet har stige.

Post 70 Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar (i 1000 kr)

Tilskott

1998

1999

2000

Lærlingtilskott – enkelt (inkl. ekstra tilskott)

131 400

116 500

92 930

Driftstilskott til opplæringsringar og opplæringskontor

9 200

8 800

7 699

Etableringstilskott til opplæringsringar og opplæringskontor

13 600

7 300

3 497

Tilskott til fag- og sveineprøver

16 100

9 000

5 093

Instruktørtilskott

18 900

11 000

8 465

Stimuleringstilskott

110 500

0

0

Kvalitetssikringstilskott

25 100

130 100

155 700

Tilskott til verksemder som tek inn elevar med stort ­fråvær og svake karakterar

10 000

14 900

9 550

Etterbetaling av stimuleringstilskott til fylkeskommunane

8 000

149

Sum post 70

334 800

305 600

283 083

Budsjettforslag 2002

Lærebedrifter får tilskott etter satsar gitt av Kyrkje-, utdanning- og forskningsdepartementet, med heimel i forskrift til opplæringslova § 11-1 og 11-6. Reglane for tilskott er ressurskrevjande å administrere og det kan vere vanskeleg for bedriftene å få oversyn over dei ulike tilskotta i ordninga. Departementet foreslår derfor å gjere tilskottsordninga til bedrifter som tek inn lærlingar enklare, slik at talet på tilskott blir færre. Samstundes er det foreslått å innlemme det øyremerkte tilskottet til lærebedrifter på Kyrkje-, utdanning og forskningsdepartementet sitt budsjett i rammetilskottet til fylkeskommunane. Med dette får fylkeskommunane heile det finansielle ansvaret for lærlingeordninga.

Det ekstraordinære tilskottet til lærlingar med særskild behov vil framleis bli løyva over departementet sitt budsjett. Dette fordi lærlingar ikkje har rett til spesialundervisning etter opplæringslova på same måte som elevar og lærekandidatar.

Av omsyn til det samla budsjettopplegget er det foreslått ein mindre reduksjon i satsane for tilskott til bedrifter som tar inn lærlingar. Satsane til lærlingar og lærekandidatar i små verneverdige fag vil bli auka.

Post 71 Tilskott til drift av opplæringsråd

Målsetjing

Målsetjinga med tilskottsordninga er å bidra til drift av opplæringsråda. Opplæringsråda skal gi departementet råd i spørsmål knytt til fagopplæring. Opplæringsråda er òg klageinstans for fagleg fatta vedtak i yrkesopplæringsnemndene. I tillegg medverkar opplæringsråda kontinuerleg i det arbeidet departementet gjer med tilbodsstruktur og læreplanar.

Tildelingskriterium

Tilskottet blir fordelt mellom råda etter tal på fag, og det blir gitt ein fast sum på kr 15 000 per år. Arbeidsgivaren/arbeidstakarpartane skal dekkje 50 pst. av driftsbudsjettet for opplæringsråda.

Oppfølging og kontroll

Opplæringsråda skal sende årsmelding og årsrekneskap, stadfesta av revisor, til departementet.

Rapport for 2001

For 2001 er det gitt tilskott til drift av opplæringsråda med 7 608 306 kroner.

Budsjettforslag for 2002

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2001.

Post 72 Tilskott til internasjonale utdanningsprogram

Løyvinga til internasjonale utdanningsprogram omfattar m.a. kontingent til norsk deltaking i internasjonale organisasjonar. Posten kan òg nyttast til andre internasjonale prosjekt som departementet tek del i.

Etter EØS-avtalen tek Noreg del i alle EU-program og aktivitetar på området utdanning og opplæring, mellom anna SOKRATES, LEONARDO DA VINCI, EUROPASS og aktivitetar som er underlagde CEDEFOP. For nærmare omtale av SOKRATES-programmet, sjå kap. 281 post 72. LEONARDO DA VINCI-programmet er EUs handlingsprogram for yrkes- og profesjonsutdanning på alle nivå.

Målsetjing

Tilskottet skal gå til deltaking i program og aktivitetar med sikte på å styrkje den internasjonale orienteringa i fagmiljø som gir yrkes- og profesjonsutdanning, stimulere til ein auke i utplassering og fremme mobilitet og utveksling av lærlingar, unge arbeidstakarar med fleire, bidra til betre dokumentasjon av og kvalitet i opphalda og utvikle ny kunnskap.

EUROPASS er ei ordning tilknytt LEONARDO-programmet som gir dokumentasjon av praksis i utlandet som del av yrkesutdanninga og er eit nytt tiltak for å fremme mobilitet innanfor yrkesopplæring mellom land i Europa. Noreg kom formelt med i ordninga i 2000, og og ho vart sett i verk i 2001. CEDEFOP er EUs utviklings- og informasjonssenter for yrkesopplæring.

Tildelingskriterium

Utbetalingane til EUs utdanningsprogram har tre utgiftselement:

  • Kontingent til dei ulike programma under EU som del av EØA-budsjettet (fastsett ut frå BNP).

  • Tilskott til administrasjon. Eit tillegg til EUs programbudsjett som gjeld reiser og sakshandsaming, og som blir vedteke av EØS-komiteen.

  • Utgifter til administrasjon i Noreg. Det gjeld under denne posten i hovudsak utgifter til den nasjonale operatøren for LEONARDO DA VINCI-programmet i Noreg, Teknologisk institutt.

Oppfølging og kontroll

Informasjon om utviklinga av deltakinga i LEONARDO DA VINCI får departementet gjennom rapporteringer frå Teknologisk institutt. Slik rapportering er fastsett gjennom ein særskild avtale mellom instituttet og departementet. Teknologisk institutt har òg plikt til å rapportere regelmessig til EU-kommisjonen. Departementet får med anna rapport om norske søknader og kva for institusjonar som har inngått samarbeidsprosjekt, kor mange som får støtte frå EU, og omfanget av midlar i støtte. Prosjekt som får støtte frå EU, blir underlagde Kommisjonens regelverk og revisjonsordningar.

Rapport for 2000-01

Andre fase av LEONARDO DA VINCI-programmet starta 1. januar 2000 og held fram til 2006. Tiltaka i LEONARDO DA VINCI-programmet er i tråd med norske interesser for å utvikle den internasjonale dimensjonen i yrkes- og profesjonsutdanninga. Den norske deltakinga i LEONARDO DA VINCI har vore god. Den har stimulert til internasjonal aktivitet mellom eit breitt spekter av yrkesopplæringsmiljø og til betre kunnskap i framandspråk.

I 2000 fekk seks prosjekt med norsk koordinator om lag 12,5 mill. kroner i støtte under LEONARDO DA VINCI-programmet. Noreg tek òg del i prosjekta til andre land. Noreg mottok i tillegg om lag 7,5 mill. kroner frå EU-kommisjonen til utplasserings- og utvekslingsprosjekt. Meir enn 500 personar (unge som tek grunnleggjande utdanning, unge arbeidstakarar, instruktørar, planleggjarar og administratorar) fekk dermed støtte til opphald frå to veker til tolv månader. Det er ein nedgang i talet på deltakarar samanlikna med 1999, men i tråd med opplegget til EU er prosjekta blitt meir omfattande økonomisk, og det er samla sett ein auke i støtta frå EU til norske miljø i denne perioden. Potensialet for å trekkje med fleire, særleg lærlingar og verksemder, er framleis stort, særleg med tanke på behov for nærmare kontakt mellom opplæringsmiljø i Noreg og i dei nye søkjarlanda til EU.

Noreg tek del i EUROPASS og i CEDEFOP på linje med EU-landa. Det er førebels for tidleg å rapportere om deltakinga i EUROPASS.

Budsjettforslag for 2002

Den økonomiske ramma for programma blir vedteke av dei styrande organa i EU. Budsjettframlegget for 2002 blir førebels ført vidare på nivå med 2001.

Post 73 Tilskott til studieopphald i utlandet

Ordninga omfattar:

  • United World Colleges

  • Franske lycée - eittårig tilbod

  • Franske lycée - treårig tilbod

  • Franske hotellfagskolar – toårig tilbod

  • Trollmidlar (skal gi elevar og lærarar moglegheit til å få kunnskap om Frankrikes kultur og språk ved å leggje til rette for korte studieopphald i landet)

  • Tyske stipend

Det første av dei ni United World Colleges, Atlantic College i Wales, vart opna i 1962. Norske ungdommar har vore elevar ved skolane sidan starten.

Det første av dei treårige lycéea har teke imot norske elevar sidan 1918, dei to siste skolane sidan 1979 og 1989. Kulturavtalen med Frankrike blei underteikna i 1953, og Trollavtalen i 1986. Statens utdanningskontor i Vest-Agder handsamar tilskottsordninga for departementet. Når det gjeld dei eittårige og toårige tilboda, har utdanningskontoret eit nært samarbeid med Centre Culturel et de Coopération Linguistique ved den franske ambassaden.

Målsetjing

Målsetjinga med tilskottet er å leggje til rette for skolegang/studieopphald i utlandet for at ungdom skal få betre kunnskapar om kultur og språk i andre land, og auka forståing for sin eigen og andres identitet.

Tildelingskriterium

Midlane blir tildelte lærarar og elevar i den vidaregåande opplæringa og på ungdomstrinnet i grunnskolen til studieopphald i utlandet. Det er fastsett målgruppe og kriterium for dei einskilde programma. Utdanningskontoret har ansvaret for handsaming av søknader og utbetaling av tilskott. Eksterne komitear hjelper Statens utdanningskontor i Vest-Agder i innstillinga til elevplassar og stipend. Centre Culturel har ansvaret for uttak av elevar til eittårige og toårige tilbod.

Oppfølging og kontroll

Dei ni United World Colleges skal sende rapportar om elevane to gonger i året til Statens utdanningskontor i Vest-Agder. Dei franske lycéea med norske seksjonar skal via seksjonsleiar sende rapportar om elevane tre gonger i året. Dei som får Trollmidlar, skal sende rapport innan ein månad etter at dei er komne heim. Utdanningskontoret skal sende disposisjonsplan med kommentarar og årsmelding til departementet.

Rapport for 2000-01

I 2000 søkte 100 jenter og 40 gutar til dei 36 plassane ved UWC, og i 2001 kom det inn søknader frå 113 jenter og 25 gutar.

Til dei treårige franske lycéea var det i 2000 75 søknader, 58 jenter og 17 gutar. I 2001 søkte 89, av desse var 76 jenter og 13 gutar.

Tilbakemeldingane frå skolane vitnar om at det norske innslaget er verdefullt, og at elevane er takksame for ei krevjande utdanning, som likevel gir dei mykje i eit internasjonalt miljø.

I 2000 blei individuelle Trollstipend gitt til 41 lærarar, og 380 elevar frå grunnskolen og vidaregåande skolar reiste saman med 34 lærarar på studietur med støtte frå Trollmidlar. I 2001 har 410 elevar og 40 lærarar fått tilskott til studieopphald og skoleutveksling, og 33 lærarar har fått individuelle stipend. Stipenda har stort verde for å motivere til studium av land og språk.

Budsjettforslag for 2002

Løyvinga blir ført vidare på samme nivå som i 2001.

Post 74 Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

Målsetjing

Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at Røde Kors Nordisk United World College (RKNUWC) i Fjaler kan gi eit tilbod om International Baccalaureate-eksamen (IB-eksamen).

Tildelingskriterium

Det blir gitt tilskott etter søknad frå skolen til gjennomføring av 2-årig IB-program ved RKNUWC. Tilskottet er basert på at skolen tek opp 100 elevar kvart år, slik at drifta totalt omfattar 200 elevar. Dersom elevtalet er vesentleg mindre enn det som er føresett, kan driftstilskottet reduserast.

Oppfølging og kontroll

Statens utdanningskontor i Sogn og Fjordane har delansvar for administreringa av tilskottsordninga. Skolen skal sende inn rapport om drifta og revidert årsrekneskap til utdanningskontoret. Utdanningskontoret skal gi ei vurdering av informasjon frå skolen i ein årleg rapport til departementet.

Rapport for 2000

I 2000 hadde RKNUWC 198 elevar frå 79 land. 27 pst. av elevane kom frå nordiske land, 24 pst. frå andre europeiske land, 11 pst. frå Midtausten og Balkan, 13 pst. frå Amerika, 14 pst. frå Asia og 11 pst. frå Afrika. Dei andre nordiske landa finansierte i 2000 rundt 22 pst. av drifta ved skolen.

Budsjettforslag for 2002

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på same nivå som saldert budsjett for 2001.

Kap. 224 Fellestiltak i grunnskolen og vidaregåande opplæring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

98 238

61

Tilskott til opplæring innanfor kriminalomsorga

94 702

64

Tilskott til opplæring i finsk

7 079

68

Det samiske utdanningsområdet , kan overførast

30 938

70

Tilskott

7 949

Sum kap. 224

238 906

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Forslag til løyving under post 01 er overført frå kap. 229 post 01 og kap. 239 post 01.

  • Forslag til løyving under post 61 er overført frå kap. 231 post 61.

  • Forslag til løyving under post 64 er overført frå kap. 221 post 64 og kap. 231 post 65.

  • Forslag til løyving under post 68 er overført frå kap. 221 post 68 og kap. 231 post 65.

  • Forslag til løyving under post 70 er overført frå kap. 229 post 70 og kap. 239 post 75. Posten er redusert med 400 000 kroner i samband med at midlar til lærlingar i støyperifag er overført til kap. 572 post 60 og med 1 mill. kroner i samband med at midlar til Moskvaskolen er overført til kap. 249 post 62.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten gjeld utgifter til sentrale prøver i grunnskolen og eksamen i vidaregåande opplæring. Tilskottet er meint å dekkje utgifter ved utarbeiding av eksamensoppgåver og ved sensur av eksamen i den vidaregåande opplæringa, samt utarbeiding av sentrale prøver i grunnskolen. Løyvinga dekker òg utgifter til Skolefilmutvalet.

Resultatrapport for 2001

Våren 2001 hadde 51 000 elevar i grunnskolen avgangsprøve i eit fag. Det vart utarbeidd avgangsprøver i åtte skriftlege fag inklusive samisk som første og andrespråk og norsk som andrespråk, morsmålsprøver i 37 ulike språk og nye prøver i teiknspråk som førstespråk og i engelsk for døve. I tillegg er det laga og gjennomført karakter- og læringsstøttande prøver for dei skriftlege faga.

I vidaregåande opplæring vart det i 2000 avlagt 173 000 prøvar med sentral sensur. Det vart laga 824 eksamensoppgåver. Det er motteke 5 100 klager på sensur.

Det vart avlagt 974 skriftlege avgangsprøver for vaksne på grunnskoleområdet våren 2001.

I tillegg er det arbeidd med å utvikle og utarbeide karakter- og læringsstøttande materiell for det lokale vurderingsarbeidet og med å innhente og arbeide vidare med ulike former for informasjon knytte til vurderingsformer og -ordningar og med læringsresultatet til elevar og lærlingar, mellom anna karakterstatistikk. Det er sett i gang arbeid med endringar i tverrfaglege prøver for praksiskandidatar i enkelte fag innan vidaregåande opplæring med utgangspunkt i sluttkompetansen for det enkelte faget. Arbeidet med alternative vurderings- og prøveformer i fagopplæringa er ført vidare, og evalueringa av dette arbeidet er starta opp.

Resultatmål for 2002

Departementet vil:

  • utarbeide sentrale eksamensoppgåver og sentrale prøver/sentralt prøvemateriell med vurderingsrettleiingar og skolere fagutval og oppgåvenemnder

  • gjennomføre sentral sensur og klagebehandling og skolere fagnemder

  • gjennomføre informasjonstiltak overfor statens utdanningskontor, kommunar og fylkeskommunar

  • gjennomføre arbeid med utvikling av og forsøk med nye dokumentasjons- og vurderingsformer og alternative vurderingsuttrykk

  • utvikle støttemateriell for lokalt vurderingsarbeid inklusive karakter- og læringsstøttande prøver

  • gjennomføre analysar av læringsresultat på systemnivå inklusive utarbeiding av statistikkar

Ordninga med skriftleg avgangsprøve i grunnskolen blir lagd om, slik at sentralt utarbeidde prøver (saman med rettleiingsmateriell) blir evalueringsstøttande for skolen.

Budsjettforslag for 2002

Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 12 mill. kroner i 2002 som følgje av omlegginga. Prøveavgifta for privatistar som melder seg til eksamen, og for kandidatar som melder seg til fag-/sveineprøve etter opplæringslova § 3-5, ønskjer ein å føra vidare, jf. forslag til vedtak IV nr. 1.

Post 61 Tilskott til opplæring innanfor kriminalomsorga

Målsetjing

Formålet med tilskottsordninga er å gi undervisning på grunnskolenivå til innsette/frigitte som ikkje har fullført grunnskolen, og vidaregåande opplæring til dei som har rett til/ønskjer det. På grunn av at mange har kort soningstid, eller sit i varetekt, er ofte formalkompetansegivande kurs i høve til læreplanar ikkje eit reelt tilbod. For å motivere flest mogleg til å ta opplæring, og for at slike fangegrupper skal ha eit reelt opplæringstilbod, er det også eit mål å gi kurs som ikkje er formelt kompetansegivande.

Tildelingskriterium

Hovudkriteriet for fordeling av løyvinga mellom fylkeskommunane skjer på grunnlag av talet på elevplassar. I tillegg skjer det ei skjønnsmessig fordeling basert på mellom anna type tilbod som blir gitt, soningslengde til dei innsette, tilbodet i opne anstaltar, etablering av nye anstaltar og opplæringsavdelingar.

Oppfølging og kontroll

Kvart år blir det utarbeidd rapportar som gjer det mogleg å vurdere utviklinga i aktiviteten og resultata over tid. Statens utdanningskontor i Hordaland er delegert den statlege administrasjonen av opplæringa innanfor kriminalomsorga. Utdanningskontoret mottek reviderte rekneskapar frå fylkeskommunane.

Rapport for 2000-01

Det blir gitt opplæring i 35 av 42 anstaltar i Noreg, og det er etablert oppfølgingsklassar elleve stader i landet. I 2000 var talet på elevplassar 810, om lag det same som året før. Stavanger kretsfengsel var stengd i 2000 pga. av ombygging/nybygging, og avdelingar i nokre fengsel var delvis stengde, slik at elevtalet vart noko redusert. To tredelar (65 pst.) av undervisningstilboda innanfor vidaregåande opplæring er i studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag. Talet på elevar som har fått grunnskoleopplæring, viser ein nedgang også i 2000. Det er færre som teiknar lærekontraktar og som tek teoriundervisning for å få fagbrev som praksiskandidatar enn året før. Kapasitetsutnyttinga var om lag 77 pst., dvs. noko betre enn i føregåande år. Det vart avlagt fleire eksamenar i 2000 enn året før (830 i 2000 mot 765 i 1999). Det var også langt fleire elevar i 2000 som tok ikkje-kompetansegivande kurs samanlikna med i 1999. Som før er nesten tre firedelar av elevane i alderen 23–40 år. Eldre innsette er i større grad enn tidlegare interesserte i opplæring. I aldersgruppa 41–50 år har talet på elevar dobla seg sidan 1996. Gjennomsnittskostnaden per elevplass er 136 000 kroner, men det er stor variasjon frå skole til skole. I 2000 var 271 lærarar på heil- og deltid engasjert i dette feltet.

Budsjettforslag for 2002

Regjeringa foreslår ei løyving på 94,7 mill. kroner for 2002. Det vil seie at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2001.

Post 64 Tilskott til opplæring i finsk

Frå og med budsjettet i 2002 er tilskott til opplæring i finsk for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa samla på ein post. Midlane er overført frå kap. 221 post 64 og kap. 231 post 65. I 2002 er det behov for å gi tilsegn om utbetaling av tilskott for skoleåret 2002-03, sjå forslag til vedtak III nr. 4 og 5.

Målsetjing

Målet med tilskottet er å bidra til at kommunar i Troms og Finnmark gir grunnskoleelevane med kvensk-finsk bakgrunn opplæring i finsk som andrespråk, og å medverke til å styrkje lærarane sin kompetanse i finsk. Formålet med tilskottet er og å stimulere fylkeskommunen til ekstra opplæring i finsk i vidaregåande opplæring.

Tildelingskriterium

Elevar i grunnskolen i Nord-Troms og Finnmark har etter opplæringslova rett til opplæring i finsk. Opplæringa blir gitt i samsvar med læreplanverket for den tiårige grunnskolen. Kommunar i Troms og Finnmark som gir opplæring i finsk som andrespråk i samsvar med læreplanverket for den tiårige grunnskolen, kan søkje utdanningskontoret i fylket om å få utbetalt tilskott.

Tilskottet til opplæring blir fastsett ut frå talet på undervisningstimar og ein sats per time. Tilskottet til vidareutdanning blir gitt i form av studiepermisjonar. I dei tilfella der utdanningskontora finn det tenleg, kan ein studiepermisjon delast på fleire personar. Tilskottet til vidareutdanning i finsk dekkjer grunnlønna til læraren.

I vidaregåande opplæring vart tilskottet nytta til undervisning i finsk som andrespråk. For elevar/lærlingar som får opplæring i finsk som andrespråk, blir det gitt tilskott for 67 timar per elev/lærling for dei første 20 elevane/lærlingane. Eit elevtall på meir enn 20 gir tilskott for 33 timar per elev/lærling.

Oppfølging og kontroll

Kommunane rapporterer om undervisningstimar i finsk som andrespråk i Grunnskolens informasjonssystem (GSI). Statens utdanningskontor rapporterer i årsrapporten om talet på elevar som har motteke opplæring i finsk som andrespråk, og om gjennomført vidareutdanning i finsk. Statens utdanningskontor gjennomfører ein formalia- og rimelegheitskontroll av oppgåver over talet på undervisningstimar det kan søkjast statstilskott for, personar som mottek tilskott til vidareutdanning, og om plikttenesta blir gjennomført etter permisjonen. Utdanningskontora kan også gjennomføre stikkprøvekontrollar av kommunane sine opplysningar.

På vidaregåande nivå søkjer statens utdanningskontor om tilskott for talet på elevar som utløyser tilskott i den aktuelle perioden. Departementet gjer ein formalia- og rimelegheitskontroll av søknadene og elevlistene frå statens utdanningskontor.

Rapport frå 2000-01

Omfanget av opplæringa i grunnskolen har auka samanlikna med fjoråret. I skoleåret 2000-01 fekk 1 019 elevar i grunnskolen opplæring i finsk. Dette er ein auke på nesten 18 pst. frå skoleåret 1999-2000. Det er gitt to studieheimlar for å studere finsk i 2000. Desse er fordelte med ein halv studieheimel i Troms og ein og ein halv i Finnmark.

I vidaregåande opplæring vart det våren 2001 gitt opplæring i finsk til åtte elevar. I 2000 fekk ni elevar opplæring i finsk.

Budsjettforslag for 2002

Budsjettforslaget for 2002 dekkjer tilskott for skoleåret 2001-02. Det er lagt til grunn ein sats på 246 kroner per undervisningstime i grunnskolen og 295 kroner per time i vidaregåande opplæring. Framlegget baserer seg på at kravet for tilskott i og på samisk held seg på same nivå som for skoleåret 2000-01.

Post 68 Det samiske utdanningsområdet

Frå og med budsjettet for 2002 er tilskottet til opplæring i og på samisk i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa samla på ein post. Midlane er overført frå kap. 221 post 68 og 231 post 65.

Målsetjing

Målet med tilskottsordninga er å styrkje den økonomiske evna i kommunane til å gi opplæring i og på samisk, i samsvar med dei rettane som går fram av § 6-2 i opplæringslova. Tilskottet går òg til å styrkje kompetansen til lærarane i samisk språk og kultur. Formålet med tilskottet er òg å stimulere fylkeskommunen til ekstra opplæring i samisk i vidaregåande opplæring.

Tildelingskriterium

Tilskottet blir utbetalt til kommunar som underviser etter L97 Samisk, som har eigne skolar eller klassar for opplæring i og på samisk, eller som gir undervisning i samisk som andrespråk etter L97.

For elevar i vidaregåande skole og lærlingar som får undervisning i samisk, blir det gitt tilskott for 67 timar per elev/lærling. For elevtall over 20 blir det gitt tilskott til 33 timar per elev/lærling.

Oppfølging og kontroll

Kommunane rapporterer om talet på elevar som får opplæring i og på samisk i samband med søknad om tilskott. Data som blir henta inn i samband med kommunane sine søknader om tilskott, dannar grunnlaget for årsrapportane frå utdanningskontora. Statens utdanningskontor utfører ein rimelegheits- og formaliakontroll av rapportering om talet på undervisningstimar det blir søkt om statstilskott for, personar som mottek tilskott til vidareutdanning, og om plikttenesta blir gjennomført etter enda permisjon. Utdanningskontora kan også gjennomføre stikkprøvekontroll av kommunane sine opplysningar.

På vidaregåande nivå søkjer statens utdanningskontor om tilskott for talet på elevar som utløyser tilskott i den aktuelle perioden. Departementet gjer ein formalia- og rimelegheitskontroll av søknadene og elevlistene frå statens utdanningskontor.

Rapport for 2000-01

Omfanget av opplæringa i og på samisk i grunnskolen har auken noko det siste skoleåret. Dei siste åra har auka vore om lag 3-4 pst. per år. Talet på studieheimlar har vore om lag på same nivå som i 1999. Skoleåret 1998-99 blei kriterium for fordeling av tilskottet endra. Departementet har på bakgrunn av dette bedt Statens utdanningskontor i Finnmark gjennomføre ei evaluering av ordninga. Denne evalueringa ligg no i departementet til handsaming.

Våren 2001 fekk totalt 203 elevar opplæring i samisk i vidaregåande opplæring. 197 av desse fekk opplæringa i fylkeskommunale skolar. Dette er på nivå med talet på elevar som fekk opplæring i fjor.

Budsjettforslag for 2002

Framlegget baserer seg på at tilskottet i 2002 held seg på same nivå som for skoleåret 2000-01. Tilskottet til å styrkje kompetansen blir, innanfor gjeldande budsjettramme, utvida til å gjelde heile det sørsamiske området frå 2002.

Post 70 Tilskott

Målsetjing

Formålet med tilskottsordninga er å fremme ny kunnskap og nye haldningar i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa ved å gi tilskott til landsomfattande tiltak i regi av dei offentlege og frivillige organisasjonane som på ulike måtar medverkar til å nå dei måla som er sette i lova, budsjettet og i læreplanverket.

Tildelingskriterium

Vilkåret for å få utbetalt tilskott er at organisasjonen har som føremål å arbeide for å fremme ny kunnskap og haldningar i skolen og i vidaregåande opplæring i samsvar med målet for ordninga.

Storleiken på tilskottet blir fastsett etter skjønn ut ifrå tiltaket sitt omfang og formål og ut ifrå nemnde vilkår. Tilskottet må òg bli fastsett i samsvar med den totale løyvingsramma og i samsvar med føringar gitt av Stortinget.

Oppfølging og kontroll

Organisasjonar og andre tilskottsmottakarar må sende inn rapport med rekneskap. Det skal framgå korleis det er arbeidd med å fremme ny kunnskap og nye haldningar i skolen.

Rapport for 2001

I 2001 er det gitt tilskott til Norsk kulturskoleråd, Det norske hageselskap, Landslaget for udelte og fådelte skolar, Noregs Mållag, Kristent pedagogisk forbund, Dissimilis, Rådet for folkemusikk og folkedans, Stiftelsen Arkivet, International Baccalaureat, skoleval, Yrkes-OL, Fysikk-, Matematikk- og Kjemi-OL, Håndverksregisteret på Maihaugen, stipendiatordning på Maihaugen og Skandinaviska Gjuteriskolan og ulike andre tiltak.

Budsjettforslag for 2002

Budsjettposten er ei samanslåing av dei tidlegare kap. 229 post 70 og kap. 239 post 75. Budsjettforslaget for 2002 vil mellom anna dekkje tilskott til Norsk kulturskoleråd, Det norske hageselskap, Landslaget for udelte og fådelte skolar, Noregs Mållag, Kristent pedagogisk forbund, Dissimilis, Rådet for folkemusikk og folkedans, Stiftelsen Arkivet, International Baccalaureat, Yrkes-OL, Fysikk-, Matematikk- og Kjemi-OL, Norsk handverksutvikling og stipendiatordning på Maihaugen. Stortinget har i samband med handsaminga av Kommuneøkonomiproposisjonen for 2002, jf. Innst. S. nr. 326 (2000-01), vedteke at fylkeskommunane frå og med 1. januar 2002 får ansvaret for å dekkje utgiftene ved teoriopplæring for lærlingar i støperifaget, dersom fylkeskommunane saman med lærebedrifta finn at dette er naudsynt for å gi tilfredsstillande opplæring i forhold til mål i læreplanen. Kr 400 000 er derfor ført over til rammetilskottet til fylkeskommunane.

Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnskolen og vidaregåande opplæring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast

355 268

Sum kap. 226

355 268

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Forslag til løyving under post 21 er overført frå kap. 228 post 21 og kap. 238 post 01.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Kapitlet finansierer tiltak på følgjande område:

  • utvikling av læreplanar og elev- og lærlingvurdering

  • kompetanseutvikling, utviklingsarbeid

  • dokumentasjon og analyse som grunnlag for systemvurdering

  • lærings- og oppvekstmiljø

  • internasjonalt arbeid og internasjonale undersøkingar

  • likestilling

  • andre oppgåver

Ansvaret for kvalitetsutvikling i grunnskolen og i videregående opplæring ligg i kommunar og fylkeskommunar. Som støtte for dette arbeidet blir det også satsa betydelege midlar frå staten på ulike tiltak i tilknyting til kvalitetsutvikling. Sentrale verkemiddel i dette arbeidet er mellom anna kompetanseutvikling, utviklingsarbeid, forsøk og vurdering, som skal medverke til:

  • å tilpasse innhald, arbeidsformer og vurdering i opplæringa betre til behovet til den enkelte og til utviklinga i arbeids- og samfunnsliv

  • å fremme nyskapings- og utviklingsarbeid, mangfald og fleksibilitet i opplæringa

  • å flytte meir av merksemda frå sentrale til lokale arenaer

  • å styrkje samvirket mellom skole, arbeidsliv og samfunnet ellers

Omtalen nedanfor må sjåast i samanheng med kategoriomtalen og omtalen under kapitla 202, 243, 244, 248.

Resultatrapport for 2000-01

Løyvingane på kap. 226 (tidlegare kap. 228 og 238) er nytta til å finansiere tiltak som er nemnde under tilstandsvurderinga av dei ulike delmåla i kategoriomtala (07.20). Sjå også omtale under kap. 202 Læringssenteret. Fleire av oppgåvene som er finansiert over kap. 226 blir utført i Læringssenteret.

Resultatmål for 2002

Utvikling av læreplanar og elev- og lærlingvurdering

Departementet vil mellom anna:

  • føre vidare arbeidet med strukturendringar innanfor vidaregåande opplæring

  • føre vidare arbeidet med utvikling av nye læreplanar og revisjon av eksisterande planar, samt utvikle rettleiingsmateriell

  • utvikle vidare kartleggingsprøver og diagnostiske prøver

  • medverke til betre opplæring og læremiddel i matematikk i det 13-årige opplæringsløpet.

  • Medverke til å etablere ei ordning med yrkesprøving av fagutdanning frå utlandet i samarbeid med KRD og AAD, jf. St.meld. nr. 17 (2000-01)

  • utvikle vidare vurderingsordningane i grunnskole og vidaregåande opplæring med sikte på eit heilskapleg system

Kompetanseutvikling, utviklingsarbeid og forsøk

Departementet vil mellom anna:

  • medverke til lokalt utviklingsarbeid i grunnskolen

  • medverke til kompetanseutvikling av lærarar, skoleleiarar og instruktørar

  • sørgje for at utviklinga av bruk av IKT og elevvurdering blir koordinerte med etter- og vidareutdanning i fag og arbeid på tvers av fag, og medverke til utvikling av pedagogisk bruk av IKT, bl.a. gjennom PILOT-prosjektet, jf. kap. 248

  • føre vidare prosjektet «Differensiering og tilrettelegging i vidaregåande opplæring»

  • medverke til at lærarar kan få permisjon med lønn for å ta etter- og vidareutdanning i prioriterte fag og for å hospitere i det lokale arbeids- og næringslivet

  • prioritere etter- og vidareutdanning for lærarar i KRL, matematikk, natur- og miljøfag, engelsk og samisk. Sentralorganet for fleksibel læring i høgre utdanning skal koordinere utviklinga av fleksible vidareutdanningstilbod i matematikk og engelsk

  • samarbeide med høgskolar med lærarutdanning for å styrkje lærarane sin kompetanse for opplæring i lesing og skriving

  • føre vidare prosjektet «Delt rådgivingsteneste» og vurdere erfaringane med sikte på å styrkje utdannings- og yrkesrettleiinga generelt, og særskilt i høve til ungdom med minoritetsspråkleg bakgrunn

  • følgje opp opplæringa for språklege minoritetar blant anna gjennom vidareføring av Senter for utvikling av den fleirkulturelle skolen (SEFS) ved Høgskolen i Oslo, og sentralt initiert utviklingsarbeid i samarbeid med Foreldreutvalet for grunnskolen

  • medverke til at kommunar, fylkeskommunar og skolar utviklar vidare lærarrolla gjennom bruk av andre yrkesgrupper i skolen

  • føre vidare kvalitetsutvikling på det samiske området

Dokumentasjon og analyse som grunnlag for systemvurdering

Departementet vil mellom anna:

  • medverke til å styrkje utviklingsarbeidet på området skole- og bedriftsbasert vurdering og føre vidare prosjekta «Elevinspektørene - elevenes skolevurdering» og «Ekstern deltaking i lokalt vurderingsarbeid»

  • føre vidare evalueringa av den ekstra satsinga på kvalitetsutvikling og forsøksverksemda i grunnskolen og vidaregåande opplæring

  • føre vidare den forskingsbaserte evalueringa av Reform 97 gjennom Noregs forskingsråd

  • føre vidare evalueringa av organisering og innhald i SFO

  • setje i verk forskingsbasert evaluering av ulike modellar for arbeidstidsordninga til lærerane

  • setje i verk analyse av gjennomstrøyminga i vidaregåande opplæring, med særleg vekt på vaksne med rett til vidaregåande opplæring og elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn

Lærings- og oppvekstmiljø

Departementet vil:

  • arbeide for å førebyggje og hindre vald, mobbing, rusmisbruk, rasisme og etnisk diskriminering, mellom anna som ledd i oppfølginga av handlingsplanen mot barne- og ungdomskriminalitet

  • støtte kommunar og fylkeskommunar i arbeidet for å førebyggje og hindre problemåtferd i skolen og å styrkje elevane sin sosiale kompetanse gjennom utviklingstiltak og spreiing av erfaring

  • delta i tverrdepartementalt samarbeid for å følgje opp ulike handlingsplanar knytte til barn og unge

  • medverke til at det blir etablert samarbeid mellom skole- og kultursektor på alle forvaltningsnivå for å utvikle Den kulturelle skolesekken

Internasjonalt arbeid

Departementet vil:

  • føre vidare deltakinga i internasjonale undersøkingar om læringsutbytte (m.a. PIRLS, PISA, TIMSS)

  • føre vidare arbeidet i dei internasjonale samarbeidsorgana og med Operasjon dagsverk

Likestilling

Departementet vil:

  • følgje opp erfaringane frå prosjektet Bevisste utdanningsval og bidra til at rådgivingstenesta i skolen kan fremme medvitne val av utdanning og yrke

Andre oppgåver

Departementet vil:

  • føre vidare prosjekt for utvikling av digitale læremiddel, blant anna med sikte på å redusere utgifter til læremiddel til elevane

  • følgje opp ulike handlingsplanar i samarbeid med andre departement, herunder Miljøhandlingsplanen

  • vurdere samarbeidet mellom foreldre og skole i vidaregåande opplæring og leggje fram ei tilråding om samarbeid mellom skole og heim i det 13-årige opplæringsløpet

  • føre vidare arbeidet med Skolebyggprisen og etablere ei rådgivingsteneste for skoleanlegg

  • arbeide for å styrkje rekrutteringa til læraryrket

Budsjettforslag for 2002

Av omsyn til det samla budsjettopplegget er aktivitetsnivået på posten redusert med 53 mill. kroner. Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 100 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Kap. 228 Kvalitetsutvikling i grunnskolen

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast

238 405

316 373

Sum kap. 228

238 405

316 373

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Post 21 er innlemma i kap. 226 post 21.

Kap. 229 Andre formål i grunnskolen

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter , kan nyttast under kap. 239 post 01

25 249

24 472

60

Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma

501 383

534 852

62

Kompensasjon for meirutgifter i samband med mellom­bels lokale , kan overførast

3 837

15 000

70

Tilskott

3 600

4 518

Sum kap. 229

534 069

578 842

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Post 01 er innlemma i kap. 224 post 01.

  • Post 60 er innlemma i kap. 221 post 69.

  • Post 62 er avvikla frå 2002.

  • Post 70 er innlemma i kap. 224 post 70.

Post 62 Kompensasjon for meirutgifter i samband med mellombels lokale, kan overførast

Ein del kommunar måtte ved skolestart ta i bruk mellombels lokale i samband med Reform 97. I behandlinga av St.meld. nr. 21 (1996-97) vedtok Stortinget at kommunar som fekk ei meirutgift utover investeringsramma, kunne søkje om dekning for desse meirutgiftene.

Målsetjing

Målet med tilskottet er å gi ovannemnde kommunar kompensasjon for meirutgifter til mellombels skolelokale, og å stimulere kommunane til å erstatte dei mellombels lokala med permanente.

Tildelingskriterium

Kommunar som har hatt meirutgifter til mellombels lokale i samband med Reform 97, blir omfatta av dette tilskottet. Det er ein føresetnad at kommunane sørgjer for å erstatte dei mellombels lokala med permanente innan 31. desember 2001 før dei får utbetalt tilskottet. Tilskottet har derfor blitt betalt ut etterskottsvis. Kommunane må dokumentere at bruk av mellombels lokale har ført til ekstra kostnader. Tilskottet dekkjer ikkje kjøp av inventar som kan nyttast etter at dei permanente lokala er ferdigstilte. Utgifter til mellombels lokale må dokumenterast av revisor.

Oppfølging og kontroll

Departementet har motteke informasjon om ferdigstilling og godkjenning av permanente lokale gjennom søknad om tilskott. Desse søknadene har blitt gjennomgått av statens utdanningskontor i kvart fylke.

Rapport for 2001-02

Statens utdanningskontor har behandla søknadene frå kommunane fortløpande og betalt ut 50 pst av tilskottsbeløpet til kommunane. Resterande 50 pst. vart utbetalt etter at den endelege søknadsfristen gjekk ut 15. februar 2001. Det vart rekna med renter på dei siste 50 pst. frå skolebygga var ferdigstilte til tidspunktet for utbetaling.

Budsjettforslag for 2002

I og med at siste frist for ferdigstilling av mellombels lokale var 31. desember 2001 er dette tilskottet foreslått avvikla i 2002.

Kap. 232 Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. 3232)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter , kan nyttast under post 60

99 309

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

3 812

Sum kap. 232

103 121

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Kap. 232 er overført frå kategori 07.30. For rekneskapstal for 2000 og løyving for 2001, sjå kap. 232 under kategori 07.30.

  • Post 01 er auka med 0,3 mill. kroner i samband med at post 75 er innlemma i denne.

  • Post 01 er auka med 0,2 mill. kroner i samband med at midlar til fotokopiering er overført frå kap. 249 post 71.

  • Post 01 er redusert med 37,2 mill. kroner i samband med at Noregs brannskole er overført til Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

  • Post 45 er redusert med 1 mill. kroner i samband med at Noregs brannskole er overført til Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

Kapitlet omfattar driftsløyvingar og tilskott til:

  • Statens dykkarskole, Bergen

  • Statens trafikklærarskole, Stjørdal

  • Samisk vidaregåande skole, Karasjok

  • Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole, Kautokeino

  • Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole Vea, Moelv

  • Ørland meieriskole, Brekstad

Dessutan har kapitlet omfatta tilskott til fylkeskommunar som har teke over drifta av tidlegare statlege landbruksskolar, i ein 2-4-årsperiode etter overtakinga, jf. omtale under post 60. Dei to førstnemnde tiltaka er utanfor lov om vidaregåande opplæring.

Resultatrapport for 2000-01

Felles for skolane under dette kapitlet er at dei har eit nasjonalt og landsdekkjande ansvar for å gi opplæring på sitt område. I skoleåret 2000-01 har skolane gjennomført den kurs- og opplæringsverksemda som var føresett i planane. På nokre av kursa har det likevel ikkje vore full kapasitetsutnytting i denne perioden.

Noregs brannskole

Talet på elevar på dei kvalifiserande kursa som vert gjennomførde ved Noregs brannskole, har stige med 93 pst. frå 520 elevar i 1994 til 1 003 elevar i 2000.

Aktiviteten ved Brannskolen omfattar ei rekkje kurs av varierande lengd, frå eivekes kurs til nivekers kurs og brevkurs. I 2000 omfatta verksemda i alt 2 912 deltakarar fordelte på nærmare 100 kurs, inkludert brevkursa. Skolen har i perioden komme godt i gang med planlegginga av grunnopplæringa for deltids brannpersonell. Utviklinga av det nødvendige læremateriellet er inne i avslutningsfasen, og det er lagt opp til gjennomføring av eit pilotprosjekt hausten 2001.

Sentret i Borre vart våren 2000 overført frå staten til Vestfold fylkeskommune, som driv kursverksemd innanfor tryggingsopplæring ved sentret. Tryggingssentret i Haugesund er nedlagt som statleg verksemd, men det er etablert eitt privat selskap som vil søkje å føre drifta videre, jf. omtale under kap. 274.

Den framtidige departementstilknytinga for Noregs brannskole er blitt vurdert. Bakgrunnen for utgreiinga er omtalt i St.meld. nr. 20 (2000-01), jf. Innst. S. nr. 177 (2000-01), og i St.meld. nr. 41 (2000-20001), jf. Innst. S. nr. 341 (2000-01).

Målgruppa for skolens verksemd har tilknyting til lokale brannvesen, slik at det her er tale om rein etatsopplæring. Regjeringa meiner at eit opplæringsopplegg ved ein slik etatsskole bør ha organisatorisk tilknyting til det departementet som har det overordna ansvaret for brannberedskap. Departementsansvaret for Noregs brannskole blir derfor overført frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet med verknad frå 1. januar 2002. Ein viser til nærmare omtale av kap. 1577 og kap. 4577 under Arbeids- og administrasjonsdepartementets budsjettområde.

Statens dykkarskole

I 2000 omfatta verksemda ved Statens dykkarskole grunnkurs, inspeksjonskurs samt diverse kortare kurs - i alt 17 ulike kurs. Kurs for anleggsdykkarar vart ikkje sett i gang i 2000 på grunn av dårleg søking. Kurs for klokkedykkarar vart heller ikkje halde i 2000. Det har vore ein liten nedgang i kursaktiviteten ved skolen i 2000. Talet på elevdagar var 4 299 i 1999 mot 4 063 elevdagar i 2000. I alt var det 166 deltakarar ved de ulike kursa.

Ei arbeidsgruppe har vurdert framtidige oppgåver og tilknytingsform for skolen. Forslaga frå arbeidsgruppa har vore på høring i vårhalvåret 2000. Som oppfølging av arbeidsgruppas arbeid vart det hausten 2000 gjennomført eit pilotprosjekt for å prøve ut den nye utdanningsmodellen for anleggsdykkarar som arbeidsgruppa hadde gjort framlegg om. Føremålet med prosjektet var å få erfaring med utplassering av elevar i industrien. Prosjektet gav viktige erfaringar i det vidare arbeidet med den nye utdanningsmodellen.

Statens trafikklærarskole

Ved skolen er det desse tre hovudkategoriane av kurs:

  • eittårig grunnutdanning for trafikklærarar – kapasitet: 72 elevplassar, utnytta: 72 elevplassar

  • femtenvekers kurs for kjørelærarar for tungtransport – kapasitet: 30 elevplassar, utnytta: 15 elevplassar

  • seksvekers kurs for fagleg leiar – kapasitet 120 elevplassar, utnytta: 87 elevplassar

I 2000 var det i alt 350 elevar ved skolens kurs totalt, mot 394 elevar i 1999.

Ei arbeidsgruppe har vurdert framtidige oppgåver og tilknytingsform for skolen. Framlegga frå arbeidsgruppa vart sende til høring hausten 2000. Som lekk i oppfølginga av dette arbeidet har departementet i St.meld. nr. 20 (2000-01) tilrådd at Statens trafikklærarskole blir utvida og gradvis bygd opp til høgskolenivå, jf. Innst. S. nr 177 (2000-01).

Statens samiske vidaregåande skolar

Det ordinære omstillingsprogrammet for reindriftsnæringa i indre Finnmark vart avslutta i 1998, men skolane vil framleis spele ei aktiv rolle som ressurssenter overfor sjølve reindriftsnæringa og i utviklinga og styrkinga av det lokale samfunns- og næringslivet elles.

Dei to skolane for samisk ungdom har i dei seinare åra merkt nedgangen i elevtalet. Det er sett i gang tiltak for å betre rekrutteringa, særleg til dei yrkesfaglege studietilboda ved skolane. I skoleåret 2000-01 hadde Samisk vidaregåande skole i Karasjok 103 ordinære elevar og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i alt 93 ordinære elevar. Det er sett i gang tiltak for å betre gjennomstrøyminga av elevar ved dei to skolane.

Departementet har tidlegare gjennomført ei evaluering av samisk vidaregåande opplæring under Reform 94. Evalueringa vart avslutta våren 2000. Evalueringa er todelt og har omfatta læreplanverket, tilbodsstrukturen og arbeidsformene på den eine sida og dimensjonering av tilboda og organisering og samarbeid i samisk vidaregåande opplæring på den andre. Den vidare oppfølginga av evalueringa vil departementet gjere i samarbeid med Sametinget.

Som lekk i dette arbeidet har departementet nedsett ei arbeidsgruppe som skal vurdere tilknytingsforma for dei to samiske vidaregåande skolane.

Det er framleis behov for ei betre rekruttering av kvalifiserte lærarar til dei to skolane, særleg i samisk språk og kulturfag. Dei ekstra økonomiske tiltaka for lærarane blir førte vidare i 2002.

Statens vidaregåande skolar i landbruksfag og naturbruk

Talet på heilårselevar ved dei gjenverande to statlege skolane fordeler seg slik på dei ulike skolane og fylka per 1. april 2001:

Talet på heilårselevar fordelt på skolar og fylke

Skole

Fylke

Totalt i 2001

Frå heimfylket i 2001

Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole Vea

Hedmark

80

42

Ørlandet meieriskole

Sør-Trøndelag

8

1

For skoleåret 2000-01 har det på grunn av dårleg søknad vore meir enn ei halvering av talet på elevar ved Ørland meieriskole.

For begge dei to skolane er dei framtidige oppgåvene og tilknytingsformene blitt vurderte av arbeidsgrupper. Forslaga frå arbeidsgruppene har i vårhalvåret 2000 vore på høring og er no til vidare behandling i departementet. Som lekk i oppfølginga av utgreiingsarbeidet har det vore ført forhandlingar med Sør-Trøndelag fylkeskommune om overtaking av skolen. Forhandlingane er ikkje sluttførde enno.

Resultatmål for 2002

Tilknytingsforma for dei gjenverande skolane på dette kapitlet vil bli nærmare vurdert. Retningslinjene for dette arbeidet er gitt med Stortingets behandling av St.meld. nr. 20 (2000-01) Om korte yrkesretta utdanningar etter vidaregåande opplæring, jfr. Innst. S. nr. 177 (2000-01).

Noregs brannskole

Noregs brannskole er overførd frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet til Arbeids- og administrasjonsdepartementets ansvarsområde frå 1. januar 2002, jf. omtalen under kap. 1577/4577 i St.prp. nr. 1 for Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

Statens dykkarskole

Statens dykkarskole vil gjennomføre kurs etter det same opplegget som tidlegare år, når det gjeld både grunnutdanning og spesialkurs. Kurs for klokkedykkarutdanning vil bli sett i gang om det er behov for det. Skolen vil i inneverande termin ta opp samtalar med Høgskolen i Bergen om eit nærmare fagleg samarbeid.

Statens trafikklærarskole

Statens trafikklærarskole har som hovudoppgåve å gi landsdekkjande tilbod til kjøreskolane, Statens vegvesen og det offentlege skoleverket om lærar- og sensorutdanning. Skolen vil i 2002 føre vidare kursverksemda innanfor skolens hovudområde. Samstundes er det frå hausten 2001 sett i gang eit todelt prosjekt, som tek sikte på dels å utvikle eit nærmare samarbeid med høgskolemiljøet i regionen og dels å byggje opp ei kursverksemd som set skolen i stand til å kunne tilby meir spesialiserte tenester til private, organisasjonar og kommunar. Som lekk i ei gradvis oppbygging av Trafikklærarskolen til høgskolenivå vil inntakskrava frå hausten 2002 bli endra, frå fullført grunnskole til generell studiekompetanse i einskilde allmennfag.

Statens samiske vidaregåande skolar

Dei samiske vidaregåande skolane står framleis overfor store oppgåver og utfordringar i samband med omstilling og rasjonalisering av reindriftsnæringa. Skal skolane vere i stand til å løyse desse oppgåvene, er det naudsynt med eit nært samarbeid mellom dei to skolane slik at ein kan gi tenlege opplæringstilbod, så vel til dei unge som til den vaksne delen av befolkninga. For å oppnå ei betre og meir effektiv organisering av verksemda ved dei to skolane vil skolane i inneverande periode få tilført nytt IKT-utstyr. Som oppfølging av evalueringa av samisk vidaregåande opplæring under Reform 94 vil departementet i samarbeid med Sametinget vurdere ulike tiltak for styrking av innhaldet i samisk vidaregåande opplæring. Departementet vil i inneverande termin ta stilling til den framtidige tilknytingsforma for dei to samiske vidaregåande skolane i nær kontakt med bl.a. Sametinget og regionale utdanningsinstansar i området.

Statens vidaregåande skolar i landbruksfag og naturbruk

Departementet vil i samråd med bransjen og fylkeskommunen der skolane ligg, sjå nærmare på alternative løysingar for vidare drift av desse skolane, eller om det er grunnlag for vidare statleg drift. For Ørland meieriskole vil departementet i inneverande termin ta sikte på å sluttføre forhandlingane med Sør-Trøndelag fylkeskommune om eventuell overtaking av skolen.

Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole på Vea vil i aukande grad nytte ressursane sine til å gi spesialiserte etter- og vidareutdanningskurs som bransjen etterspør.

Budsjettforslag for 2002

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 60

Løyvinga blir ført vidare på om lag same nivå som i 2001. Ordninga med tilskott til fotokopiering i statlege skolar, jf. kap. 249 post 71, er innarbeidd i dei generelle tilskotta under post 01. Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3232 post 02 og post 61, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 45 Større nyinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal gå til innkjøp av nødvendig utstyr til skolane på dette kapitlet.

Post 60 Tilskott til fylkeskommunar

Tilskottet gjeld øyremerkte midlar som følgje av fylkeskommunal overtaking av statlege skolar, jf. kategori 07.30, kap. 232/3232 for rekneskapstal. Midlane er overførde frå post 01, og vert løyvde over post 60 i ein overgangsfase på 2–4 år, før dei vert lagde inn i rammetilskottet til fylkeskommunane. Tilskottsordninga skal medverke til å gi fylkeskommunal vidaregåande opplæring ved dei tidlegare statlege skolane i landbruksfag og naturbruk, innanfor nærmare definerte område og innanfor eit nærmare avgrensa tidsrom. Kven som skal motta tilskottet og kor lenge, er regulert i avtale mellom staten og den einskilde fylkeskommunen som har teke over ansvaret for vidare drift av tidlegare statleg vidaregåande skole. Storleiken på tilskottet, tidspunkt for utbetaling og krav til rapportering av tilskottet går fram av den einskilde avtalen.

Tidlegare post 75 Tilskott til stipend og kurs for tilsette, jf. post 01

Denne posten er frå og med budsjettåret 2002 innlemma i post 01, jf. ovanfor. Midlar til tiltaket er på same nivå som i 2001. Formålet med dette tiltaket er å medverke til ajourføring og fagleg utvikling for tilsette ved statlege vidaregåande skolar. Tilskottet blir gitt til rektorar, lærarar og andre tilsette ved statlege vidaregåande skolar. Tilskott skal øyremerkast til opplæringstiltak og kursverksemd som medverker til ajourføring og fagleg utvikling i høve til dei bransjane skolane er sikta inn mot. Tilskott blir tildelt etter søknad og på grunnlag av skolens plan for etterutdanning i samband med omstillingsarbeidet ved skolane, jf. omtalen ovanfor og kategori 07.30, kap. 232 for rekneskapstal. Skolen skal med utgangspunkt i tilskotta omtale kurs som er gjennomførte, i sin årlege rapport til departementet om verksemda.

Kap. 3232 Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 232)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

02

Salsinntekter o.a.

5 209

61

Refusjon frå fylkeskommunar

742

Sum kap. 3232

5 951

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Kap. 3232 er overført frå kategori 07.30. For rekneskapstal for 2000 og løyving for 2001, sjå kap. 3232 under kategori 07.30.

  • Post 02 er redusert med 7,2 mill. kroner i samband med at Noregs brannskole er overført til Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

  • Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole Vea.

Programkategori 07.30 Vidaregåande opplæring

Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert ­budsjett 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

0231

Tilskott til vidaregåande opplæring

293 573

279 526

-100,0

0232

Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 3232)

158 231

153 154

-100,0

0234

Tilskott til lærebedrifter m.m.

302 555

325 522

-100,0

0238

Kvalitetsutvikling i vidaregåande opplæring (jf. kap. 3238)

82 381

84 163

-100,0

0239

Andre formål i vidaregåande opplæring

251 451

261 100

-100,0

Sum kategori 07.30

1 088 191

1 103 465

-100,0

I høve til år 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Kap. 231 er innlemma i kap. 223 og 224.

  • Kap. 232 er flytta til kategori 07.20.

  • Kap. 234 er innlemma i kap. 223.

  • Kap. 238 er innlemma i kap. 226.

  • Kap. 239 er innlemma i kap. 223, 224 og 249.

Inntekter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

3232

Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 232)

17 089

12 721

-100,0

3238

Kvalitetsutvikling i vidaregåande opplæring (jf. kap. 238)

924

2 060

-100,0

Sum kategori 07.30

18 013

14 781

-100,0

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Kap. 3232 er flytta til kategori 07.20.

  • Kap. 3238 er innarbeida i kap. 3200.

Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

01-29

Driftsutgifter

319 716

321 240

-100,0

30-49

Nybygg, anlegg o.a.

5 323

4 789

-100,0

60-69

Overføring til kommunesektoren

403 873

379 526

-100,0

70-89

Overføring til private

359 279

397 910

-100,0

Sum kategori 07.30

1 088 191

1 103 465

-100,0

Kap. 231 Tilskott til vidaregåande opplæring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

60

Tilskott til landslinjer

139 177

139 177

61

Tilskott til opplæring innanfor kriminalomsorga

85 996

90 921

65

Tilskott til ekstra opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring

38 400

29 428

66

Tilskott til teknisk undervisningsutstyr og tilpassing av lokale

30 000

20 000

Sum kap. 231

293 573

279 526

I forhold til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Post 61 er overført til kap. 224 post 61.

  • Post 65 er overført til kap. 223 post 65, kap. 224 postane 64 og 68.

Post 60 Tilskott til landslinjer

Målet med tilskottet har vore å sikre elevar eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs.

Rapport for 2000-01

Talet på elevplassar for skoleåret 2000-01 var 1 414. Kapasitetsutnyttinga samla for alle landslinjene var om lag 78 pst. våren 2001, 78,5 pst. våren 2000 og 75 pst. våren 1999.

I løpet av skoleåret 2000-01 var det 370 vaksne som tok halvårig kurs i yrkessjåførfaget, og 175 lærlingar som tok -års opplæring i skole. Ingen elevar måtte dette skoleåret ta vidaregåande kurs II i skole fordi dei mangla læreplass. Elevlistene for dette skoleåret viser at i overkant av 66 pst. av elevane/lærlingane ved landslinjetilbodet innanfor yrkessjåførfaget kjem frå vertsfylkeskommunen.

Våren 2001 gjekk det 854 elevar ved dei andre landslinjetilboda, dvs. anleggsmaskinførar, anleggsmaskinreparatør, flyfag, avionikk, flytekniske fag, romteknologi, folkemusikk, langrenn, alpint, telemark, kombinert, hopp og økologisk landbruk. Av desse kom 367 elevar frå vertsfylkeskommunen og 487 elevar frå andre fylkeskommunar.

Budsjettforslag for 2002

Å sikre det behovet arbeidslivet og samfunnet har for kompetanse innanfor dei mange små faga i vidaregåande opplæring, krev heilskapleg planlegging og forpliktande samarbeid mellom fylkeskommunane. Fylkeskommunane bør ha eit heilskapleg ansvar for tilboda i vidaregåande opplæring. Departementet foreslår å avvikle tilskottet til landslinjer. Drygt halvparten av elevane ved landslinjene er elevar frå vertsfylkeskommunen. Dei fylkeskommunane som har mange landslinjer vil bli vurdert særskild i samband med tildeling av skjønnsmidlar over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.

Post 66 Tilskott til teknisk undervisningsutstyr og tilpassing av lokale

Målsetjinga med tilskottet har vore å bidra til at fylkeskommunane kunne gi et så godt tilbod som mogleg i studieretningane for Media- og kommunikasjonsfag og Sal- og servicefag Tilskottet skulle gå til innkjøp av nødvendig teknisk undervisningsutstyr og tilpassing av lokale i samband med oppstarten av dei nye studieretningane.

Rapport for 2000-01

Skoleåret 2000-01 var det 12 fylkeskommunar som starta opp ein eller begge studieretningane. Skoleåret 2001-02 tilbyr fylkeskommunane ein eller begge studieretningane.

Budsjettforslag for 2002

Tilskottet til teknisk undervisningsutstyr og tilpassinga av lokale skulle bidra til å setje i gang dei to nye studieretningane. Studieretningane er no etablerte og tilskottet blir foreslått avvikla i 2002.

Kap. 232 Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 3232)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter , kan nyttast under post 60

136 503

133 058

21

Tryggleiksopplæring for fiskarar

14 621

14 999

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

5 323

4 789

60

Tilskott til fylkeskommunar

1 700

75

Tilskott til stipend og kurs for tilsette

84

308

Sum kap. 232

158 231

153 154

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Kap. 232 er flytta til kategori 07.20.

Kap. 3232 Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 232)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

02

Salsinntekter o.a.

13 249

12 002

15

Refusjon for arbeidsmarknadstiltak

354

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

1 443

18

Refusjon av sjukepengar

1 317

61

Refusjon frå fylkeskommunar

726

719

Sum kap. 3232

17 089

12 721

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Kap. 3232 er flytta til kategori 07.20.

Kap. 234 Tilskott til lærebedrifter m.m.

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

3 518

7 217

60

Tilskott til formidling av reformlærlingar

8 600

70

Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar

283 334

310 500

71

Tilskott til drift av opplæringsråd

7 103

7 805

Sum kap. 234

302 555

325 522

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Post 01 er overført til kap. 223 post 01.

  • Post 70 er overført til kap. 223 post 70.

  • Post 71 er overført til kap. 223 post 71.

Kap. 238 Kvalitetsutvikling i vidaregåande opplæring (jf. kap. 3238)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

82 381

84 163

Sum kap. 238

82 381

84 163

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Post 01 er overført til kap. 226 post 21.

Kap. 3238 Kvalitetsutvikling i vidaregåande opplæring (jf. kap. 238)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

05

Refusjon frå NORAD

924

2 060

Sum kap. 3238

924

2 060

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Post 05 er innarbeida i kap. 3200 post 05.

Kap. 239 Andre formål i vidaregåande opplæring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert ­budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter , kan nyttast under kap. 229 post 01

82 693

81 803

60

Utlånsordning for skolebøker i vidaregåande skole

100 000

100 000

70

Tilskott til internatdrifta ved Krokeide yrkesskole

14 489

15 924

71

Tilskott til studieopphald i utlandet

6 550

6 839

72

Tilskott til internasjonale utdanningsprogram (LEONARDO mfl.)

17 155

33 510

73

Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

19 399

18 951

75

Tilskott

11 165

4 073

Sum kap. 239

251 451

261 100

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Post 01 er overført til kap. 224 post 01.

  • Post 60 er overført til kap. 223 post 62.

  • Post 70 er overført til kap. 249 post 73.

  • Post 71 er overført til kap. 223 post 73.

  • Post 72 er overført til kap. 223 post 72.

  • Post 73 er overført til kap. 223 post 74.

  • Post 75 er overført til kap. 224 post 70.

Programkategori 07.40 Andre tiltak i utdanninga

Kategori 07.40 omfattar:

  • tilskott til private skolar

  • kompetansesentra for spesialundervisning

  • IKT i utdanninga

  • diverse andre tilskott

Utgifter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

0240

Private skolar mv.

1 098 571

1 199 129

1 316 313

9,8

0243

Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 3243)

792 370

782 556

803 150

2,6

0244

Nasjonalt læremiddelsenter (jf. kap. 3244)

63 170

0248

Særskilde IKT-tiltak i utdanninga

196 604

0249

Andre tiltak i utdanninga

121 949

183 926

52 349

-71,5

Sum kategori 07.40

2 076 060

2 165 611

2 368 416

9,4

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Budsjettramma på kapitla 240-249 er redusert med 1,4 mill. kroner i samband med kompensasjon til statleg forvaltning for innføring av meirverdiavgift på tenester, omlegging til direkte refusjon av sjukepengar i statlege verksemder og innsparing ved effektivisering av statlege innkjøp, sjå Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

  • Det er oppretta nytt kapittel 248 Særskilde IKT-tiltak i utdanninga. Kapitlet er finansiert gjennom overføring av oppgåver og midlar frå kap. 249.

Inntekter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert ­budsjett 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

3243

Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 243)

63 960

47 083

48 505

3,0

3244

Nasjonalt læremiddelsenter (jf. kap. 244)

13 183

Sum kategori 07.40

77 143

47 083

48 505

3,0

Utgifter under programkategori 07.40 fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post­gruppe

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

Pst. endr . 01/02

01-29

Driftsutgifter

796 639

858 182

921 678

7,4

30-49

Nybygg, anlegg o.a.

8 999

6 347

6 379

0,5

60-69

Overføring til kommunesektoren

125 045

82 000

85 665

4,5

70-89

Overføring til private

1 145 377

1 219 082

1 354 694

11,1

Sum kategori 07.40

2 076 060

2 165 611

2 368 416

9,4

Kap. 240 Private skolar mv.

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

70

Tilskott , overslagsløyving

1 098 129

1 198 674

1 315 844

75

Tilskott til privatskoleorganisasjonar

442

455

469

Sum kap. 240

1 098 571

1 199 129

1 316 313

Kapitlet dekkjer tilskott til:

  • private grunnskolar i Noreg og utlandet

  • private vidaregåande skolar i Noreg og utlandet

  • elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar og vidaregåande skolar i Noreg eller utlandet

  • private skoleorganisasjonar

I forhold til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Post 70 er auka med 1,4 mill. kroner i samband med at midlar til fotokopiering er overført frå kap. 249 post 71 Tilskott til fotokopiering.

Post 70 Tilskott, overslagsløyving

Det går fram av menneskerettslova § 2 at blant anna FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar skal gjelde norsk lov. Denne konvensjonen har som føresetnad at foreldra skal kunne sikre barna sine undervisning i eiga tru eller eige livssyn, noko som blant anna må kunne skje gjennom å opprette private skolar. Konvensjonen gir likevel statlege styresmakter rett til å stille minstekrav til opplæringa, særleg når det gjeld kvalitet. Opplæring skal mellom anna fremme respekt for menneskerettane og setje barn i stand til å ta del i samfunnet. Dette går fram av FNs barnekonvensjon artikkel 29. Privatskolelova skal medverke til at det kan bli oppretta og drive privatskolar i Noreg, jf. privatskolelova § 1.

Målsetjing

Målet med tilskottet er å bidra til drift av godkjende privatskolar.

Tildelingskriterium

Private skolar som er godkjende etter privatskolelova, kan motta tilskott. Skolane må bruke tilskottet til dei formåla som er fastsette i privatskolelova og i tilsegnsbrev, og dei skal rapportere om verksemda til departementet og statens utdanningskontor. Tilskottet blir rekna ut i samsvar med reglane i privatskolelova § 26 og «Forskrift om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for private skular som får statstilskot etter privatskolelova».

Rapport for 2000-01

Tabellen viser korleis elevtal og talet på private skolar har endra seg frå skoleåret 1998-99 til skoleåret 2000-01:

Fordeling av elevar i private skolar med rett til tilskott (etter tilskottsregel)

   

Tal på skolar

Tal på elevar

Til­skotts- regel1

Skoletype

1998- 1999

1999-2000

2000- 2001

1998- 1999

1999-2000

2000- 2001

1 og 2

Skolar for funksjonshemma

10

10

10

384

403

400

3 og 6

Andre private skolar

51

54

55

2 664

2 626

2 639

4

Vidaregåande skolar i Noreg

52

56

57

7 106

7 325

7 958

7

Grunnskolar i Noreg

72

83

90

8 975

9 435

9 845

8

Grunnskolar i utlandet

21

19

20

725

779

818

9

Vidaregåande opplæring i utlandet

3

3

3

96

98

105

Sum

209

225

235

19 950

20 666

21 765

1Tilskottsregel 5 vart oppheva med verknad frå 1. januar 1999.

Skoleåret 2000-01 gikk 1,7 pst. av grunnskoleelevane i private skolar. Det har vore ein svak, men jamn auke i talet på elevar som går i private skolar. I skoleåret 1990-91 utgjorde talet til samanlikning 1,3 pst. Tala viser at privat skoleverksemd har lite omfang i Noreg, og at offentleg skole har god oppslutning. Tilskottsordninga har likevel medverka til at grupper som ønskjer eit alternativ til den offentlege skolen, anten på religiøst grunnlag eller som eit fagleg/pedagogisk alternativ, har hatt sjanse til å velje skolar med tilbod om alternativ undervisning.

Departementet har som mål at sakshandsaming ved godkjenning av nye skolar ikkje skal ta særleg lengre tid enn eitt år når søknaden oppfyller dei fastsette krava om kvalitet og inneheld alle naudsynte opplysningar. Saker som gjeld endring i eller utviding av gjeldande opplæringstilbod, skal i dei fleste tilfella ta kortare tid.

I perioden 1. juli 2000 til 1. juli 2001 handsama departementet 50 søknader om godkjenning av nye skolar og søknader om utvidingar (auking av elevtall eller nye tilbod). Gjennomsnittleg handsamingstid for godkjenning av nye skolar var på om lag 12 månader. Saker om endring i eller utviding av eksisterande tilbod hadde ei gjennomsnittleg handsamingstid på 8,5 månader.

Privatskolane står under tilsyn av statens utdanningskontor. Tilsynet omfattar fagleg, juridisk og økonomisk tilsyn.

Dei private skolane som er parallelle tilbod til offentleg skole, skal gi ein likeverdig kompetanse med dei offentlege skolane. I forarbeidet til privatskolelova er det lagt til grunn at dei private skolane skal halde same standard på undervisninga, omfang og nivå som det offentlege skoleverket. Innføringa av Reform 97 inneber at skolane skal følgje Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen (L97) med justeringar til det religiøse/etiske grunnlaget skolane har, eller som følgje av det fagleg/pedagogiske alternativet skolane har. I dei faga der skolen ønskjer å avvike frå L97, må dei søkje om ny godkjenning. Statens utdanningskontor har hatt ansvar for godkjenninga. Dei fleste skolane har fått nye godkjende læreplanar og har innført reforma på alle klassetrinn. Unntaket er steinerskolane, som er ein del av eit internasjonalt forbund, og derfor treng meir tid til gjennomarbeiding av sin eigen læreplan.

Budsjettforslag for 2002

Departementet følgjer den praksisen at godkjende skolar får tilskott frå det påfølgjande skoleåret, så sant det er dekning på budsjettet under tilskottsposten. Regjeringa vil om nødvendig foreslå tilleggsløyving i samband med revidert nasjonalbudsjett.

Satsane for tilskottet til skolane er, med unntak av tilskottsordning 3, baserte på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen. Utrekninga av satsane tek utgangspunkt i rekneskapstall frå 1999. Satsane for 2002 er deretter justerte for den faktiske pris- og lønnsauken frå 1999 til 2000 og frå 2000 til 2001, samt for ein venta pris- og lønnsauke frå 2001 til 2002.

Nye privatskolar med rett til tilskott frå hausten 2001

Skole

Tilskotts­regel

Maksimalt elevtal 1

Justøy skole

7

50

Steinerskolen på Rotvoll

4 + 7

260

Hamar Montessoriskole

7

70

Hamnvåg Montessoriskole

7

35

Steinerskolen på Jæren

7

70

Stiftelsen Lyngør Montessoriskole

7

30

Steinerskolen på Øvre Romerike

7

200

Oslo by Steinerskole

7

360

Øvergård Montessoriskole

7

40

Sveio Kristne Barneskole

7

50

Sunnmøre Ungdomsskule

7

90

Eidsfossen Steinerskole

7

30

1 Maksimalt elevtal gjeld når skolen er fullt utbygd. Det kan vere sett eit lågare maksimalt elevtal for oppstartsåret.

Tilskotta blir rekna ut etter følgjande satsar:

Skolar for funksjonshemma elevar (tilskottsregel 1 og 2)

Satsar for tilskottsregel 1 og 2 (i kroner per elev)

2001

2002

Særleg ressurskrevjande elevar

297 900

315 500

Noko ressurskrevjande elevar

184 490

195 380

Skolar for funksjonshemma elevar mottek 100 pst. statstilskott etter eit fastlagt tilskottsgrunnlag. I tillegg kan skolane etter søknad få tilskott til husleige.

Andre private skolar (tilskottsregel 3 og 6)

Satsar for tilskottsregel 6 (i kroner per elev)

2001

2002

Bibelstudium m.m.

50 020

52 663

Studietilbod utover vidaregåande opplæringsnivå

50 020

52 663

Reklameutdanning

15 til 75 elevar

56 510

59 280

Over 75 elevar

50 020

52 663

Kunst-, medie- og musikkutdanning

15 til 30 elevar

71 040

74 936

Over 30 elevar

56 510

59 280

Private sjøaspirantskolar og Noregs Byggskole (tilskottsregel 3) får dekt 85 pst. av tilskottsgrunnlaget i samsvar med godkjende budsjett. Vidaregåande skolar utan parallellar i det offentlege skoleverket (tilskottsregel 6) får 75 pst. av følgjande satsar gitt i tabell.

Satsane for tilskottsregel 6 er knytte til satsane for tilskottsregel 4. Under tilskottsregel 6 gjeld minimumstilskott, slik at skolar under satsen for bibelstudium m.m. med færre enn 20 elevar får tilskott som for 20 elevar. Same minimumstilskott gjeld for studietilbod utover vidaregåande opplæringsnivå. Skolar med reklameutdanning og kunst,- medie- og musikkutdanning med færre enn 15 elevar får tilskott som for 15 elevar. Skolar under tilskottsregel 6 som over ein periode på tre år har eit gjennomsnittleg elevtal på mindre enn ti, mister statstilskottet. Denne regelen gjelder frå og med skoleåret 2000-01. Godkjenninga av skolen blir likevel ikkje inndratt. Skolen kan derfor på nytt få rett til tilskott dersom skolen seinare har fleire enn ti elevar.

Vidaregåande skolar i Noreg (tilskottsregel 4)

Satsar for tilskottsregel 4 (i kroner per elev)

2001

2002

Allmenne, økonomiske og administrative fag

50 020

52 663

Idrettsfag

56 510

59 280

Musikk, dans, drama

71 040

74 936

Naturbruksfag

115 330

123 119

Yrkesfaglege studieretningar

87 910

92 720

Steinerskolar

58 400

60 746

Skolar med parallellar i den offentlege vidaregåande skolen får eit tilskott som svarar til 85 pst. Tilskottet blit rekna ut frå ein normalsats per elev, basert på dei gjennomsnittlege utgiftane i tilsvarande offentleg vidaregåande opplæring.

Satsane for tilskott er fastsette på grunnlag av ei undersøking av kostnadene i offentlege vidaregåande skolar. I kostnadsundersøkinga inngår opplysningar frå rekneskapa til fylkeskommunane, vidaregåande skoles informasjonssystem (VSI) og Sentralt tenestemannsregister for skoleverket (STS). Kostnadsundersøkinga er basert på tal frå 1999.

Grunnskolar i Noreg (tilskottsregel 7)

Tilskottet blir rekna ut etter ein regel som har grunnlag i ein statistisk utrekna samanheng mellom kostnader og elevtal i offentlege skolar. Det blir fastsett eit maksimalt tilskott per elev som er lik det gjennomsnittlege tilskottet for 20 elevar på barnetrinnet og 50 elevar på ungdomstrinnet. Tilskottsgrunnlaget blir rekna ut slik:

a + b x elevtal + c x elevtal x elevtal + d x elevtal x elevtal x elevtal

Modellen fangar det som er faste kostnader ved grunnskoledrifta. I den matematiske formelen er a eit fast grunnbeløp og b ein løpande kostnad per elev. Andre- og tredjegradsledda c og d tek omsyn til ein redusert kostnad i samband med ein stordriftsfordel, slik at den løpande kostnaden per elev blir lågare ved veksande elevtall. Faktorane er fastsette på grunnlag av ei undersøking av kostnadene i offentlege grunnskolar. I kostnadsundersøkinga inngår opplysningar frå kommunerekneskapa, Grunnskolens informasjonssystem (GSI) og Sentralt tjenestemannsregister for skoleverket (STS). Kostnadsundersøkinga er basert på tal frå 1999. Departementet vil i løpet av året starte arbeidet med å lage ein ny måte å rekne ut satsane på.

For 2002 gjeld følgjande faktorar:

a

b

c

d

Barnetrinnet

572 064

42 014

-24,63

0,029

Ungdomstrinnet

577 853

52 052

-38,38

0,040

Regelen for å rekne ut tilskott gir høgre tilskott per elev til små skolar enn til større skolar. Større skolar drar nytte av ein stordriftsfordel ved at kostnaden per elev blir lågare ved veksande elevtall. Til dømes blir satsen til ein skole med 20 elevar på barnetrinnet kr 70 140 per elev, og satsen for ein skole med 150 elevar blir kr 42 780. Ein ungdomsskole med 50 elevar får ein sats på kr 61 790 per elev, medan satsen for ein ungdomsskole med 150 elevar blir kr 51 060. Alle tilskott blir gitt med 85 pst. av satsen.

Grunnskolar i utlandet (tilskottsregel 8)

Grunnskolar i utlandet får tilskott etter same metode for utrekning som for private grunnskolar i Noreg. Noreg har samarbeidsavtale med Sverige og Finland om dekning av utgifter for barn som får opplæring i skolar i utlandet som er drivne av dei andre landa.

Vidaregåande opplæring i utlandet (tilskottsregel 9)

Private vidaregåande skolar i utlandet får 85 pst. statstilskott etter dei same satsane per elev som gjeld for tilskottsregel 4.

Tilskott til kompletterande undervisning og til delvis dekking av skolepengar (tilskottsregel 10)

Norske statsborgarar som er elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar, kan få tilskott til kompletterande undervisning i norsk, kunnskap om det norske samfunnet og kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Same tilskottet kan i visse tilfelle også bli gitt til EØS-borgarar. Statstilskott blir gitt med 85 pst. av satsen.

Norske statsborgarar som er elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar, og som har rett til støtte frå Statens lånekasse for utdanning, kan få tilskott til delvis dekking av utgifter til skolepengar. Same tilskottet kan i visse tilfelle også bli gitt til EØS-borgarar. Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus forvaltar tilskottsordninga.

Post 75 Tilskott til privatskoleorganisasjonar

Målsetjing

Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at privatskoleorganisasjonane kan utføre samordningsoppgåver på privatskolefeltet.

Tildelingskriterium

Tilskott blir gitt til Steinerskolane i Noreg, Norske Privatskolers Landsforbund, Kristne Friskolers Forbund, Private handelsskolers landsforbund og Norsk Montessori Forbund. Fordelinga på organisasjonane baserer seg på prosentdelen godkjende skolar tilslutta den enkelte organisasjon. Bare medlemsskolar godkjent etter privatskolelova regnes med, og ein skole kan bare reknast med som medlem hos ein organisasjon.

Oppfølging og kontroll

Organisasjonane skal sende inn attesterte rekneskap som viser korleis tilskottet er brukt. Departementet fører kontroll med at det oppgitte grunnlaget for utrekning av tilskottet er korrekt.

Rapport for 2001

I 2000 fekk dei fem privatskoleorganisasjonane tildelt tilskott ut frå at dei tilsaman hadde 183 godkjende skolar. I 2001 var talet på skolar auka til 188.

Budsjettforslag for 2002

Løyvinga blir foreslått ført vidare på same nivå som i 2001.

Kap. 243 Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 3243)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter , kan nyttast under postane 21 og 60

642 426

656 179

672 940

21

Særskilde driftsutgifter

36 803

37 284

38 403

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

8 999

6 347

6 379

60

Tilskott til kommunar og fylkeskommunar , kan overførast

101 203

80 000

82 600

75

Til disposisjon for departementet

2 939

2 746

2 828

Sum kap. 243

792 370

782 556

803 150

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Kap. 243 post 01 er auka med 0,8 mill. kroner i samband med at midlar til «Prosjekt teiknordbok» i Handlingsplan for funksjonshemma er overført frå kap. 674 post 21.

Kapitlet finansierer m.a.:

  • 15 statlege spesialpedagogiske kompetansesenter og to private senter, under dette den statlege syns- og audiopedagogtenesta på fylkesplanet

  • opplæring og kompetansesenterfunksjonar for seks sosiale og medisinske institusjonar med landsdekkjande oppgåver

  • tilskott til ulike spesialpedagogiske tiltak i Nord-Noreg

  • forsking og utvikling

  • øyremerkt tilskott til kommunar og fylkeskommunar til styrking av PP-tenesta (300 fagårsverk)

  • diverse andre spesialpedagogiske tiltak som læremiddelproduksjon og utvikling, internasjonalt samarbeid, nasjonalt opplæringsprogram i teiknspråk for foreldre mv.

  • kompetansesystem for særskilde grupper funksjonshemma: Autismeprogrammet og Nasjonal kompetanseeining for ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi (i samarbeid med Sosial- og helsedepartementet)

I St.meld. nr. 23 (1997-98) Om opplæring for barn, unge og vaksne med særskilde behov var det gitt brei omtale og analyse av spesialpedagogiske tiltak og tenester på statleg og kommunalt nivå. Det vart understreka at ansvaret for å gi elevane ei tilpassa opplæring ligg hos kommunar og fylkeskommunar. Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet har som mål å gi rettleiing og støtte til dei opplæringsansvarlege instansane lokalt, slik at kvaliteten på tilbodet for dei med særskilde opplæringsbehov blir sikra. Støttesystemet skal m.a.:

  • utvikle vidare spesialpedagogisk kompetanse som skal komme elevar med store og særskilde behov, føresette, lærarar og andre fagfolk i skoleverket til nytte

  • gi støtte på individ- og systemnivå gjennom avtalefesta samarbeid med oppdragsgivarar i kommunar/fylkeskommunar

  • spreie kompetanse gjennom rådgiving, rettleiing og andre tiltak

  • sikre heiltids skole- og miljøtilbod for teiknspråklege elevar i grunnskole og vidaregåande opplæring etter avtale med oppdragsgivar

  • leggje til rette for sosiale møteplassar for små grupper funksjonshemma med særskilde opplæringsbehov

Resultatrapport for 2000-01

Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet er endra frå 1999/2000, med m.a. nedbygging av kompetansesentra for samansette lærevanskar og overføring av ressursar til styrking av kommunal/fylkeskommunal PP-teneste. Dei spesialpedagogiske tiltaka i Nord-Noreg har vorte sterkare integrerte i det samla statlege støttesystemet. Rammene for endringane går fram av Innst. S. nr. 228 (1997-98), jf. St.meld. nr. 23 (1997-98), St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 10 (1998-99) og St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 6 (1999-2000).

Rekrutteringa til dei 300 fagårsverka i kommunal/fylkeskommunal PP-teneste, som blir finansiert med øyremerkt statstilskott, har gjennomgåande vore god.

Fagleg er det lagt vekt på å få til meir einsarta informasjon til og kommunikasjon med oppdragsgivarar (kommunar og fylkeskommunar), brukarar og samarbeidspartnarar. Styret for det statlege spesialpedagogiske støttesystemet har satsa betydelege midlar på utvikling av eit felles IKT-opplegg for heile verksemda. Målet er betre ressursutnytting og betre tenesteyting, og å redusere administrasjonskostnadene til fordel for meir direkte brukarretta tenesteproduksjon. Det har også vore arbeidd for å styrkje medverknaden frå brukarane og med å klargjere ansvars- og oppgåvefordelinga mot andre instansar og forvaltningsnivå. Ved fleire kompetansesenter har det også skjedd ei omstrukturering og samlokalisering av bygningsmassen.

Senter for åtferdsforsking og Senter for leseforsking ligg under Høgskolen i Stavanger (kap. 274) og arbeider nært mot støttesystemet. I samarbeid med Sosial- og helsedepartementet er dei fire regionsentra for døvblinde førde vidare under modellen frå 1999.

Under Styret for statleg spesialpedagogisk støttesystem er Sektorstyret for hørsel vidareført, og det er etablert eit eige rådgivande organ for Nord-Noreg.

For å sikre betre tilknyting mellom kompetansesentra og universitets-/høgskolesektoren er det inngått intensjonsavtalar om samarbeid mellom dei fleste kompetansesentra og høgskolane/universiteta om m.a. forsking og utviklingsarbeid. Målet er å bringe ny kunnskap frå høgskolar/universitet til sentra, og å knyte høgskolar/universitet nærmare til praksisfeltet.

Støttesystemet samarbeider med Læringssenteret om utvikling og produksjon av spesialpedagogiske læremiddel, jf. nærmare omtale under kap. 202.

Nasjonalt opplæringsprogram i teiknspråk for lærarar, hovudsakleg i vidaregåande opplæring, vart avslutta i 2000. Foreldreopplæring i teiknspråk vert gjennomført etter planen. Nordisk samarbeid på området cochleaimplantat held fram for å sikre fagleg kompetanseutvikling og betre pedagogisk oppfølging. Støttesystemet tek også del i andre utviklingsprosjekt for døve.

Fagleg eining for PP-tenesta har gjort utgreiingar og analysearbeid for departementet (ventetidsanalyse for PP-tenesta, deltaking i SAMTAK m.v.), og gir råd til utdanningskontora og kommunal/fylkeskommunal PP-teneste.

Noreg er med i eit nettverksprosjekt for små grupper funksjonshemma og eit prosjekt om lærarutdanning i dei baltiske landa («A school for all») i regi av Nordisk Ministerråd, eit prosjekt om integrering i regi av OECD og i European Agency on Special Education.

Det treårige kompetanseutviklingsprogrammet for PP-tenesta og skoleleiarar (SAMTAK) starta opp i 2000. Programmet legg særleg vekt på åtferdsproblematikk, lese- og skrivevanskar og samansette lærevanskar, og på systemretta arbeid. Senter for åtferdsforsking har samordningsansvaret, med støtte frå Fagleg eining for PP-tenesta, Senter for leseforsking og fleire kompetansesenter. Dei statlege utdanningskontora har oppretta fylkesvise fagteam som hjelper til med å gjennomføre programmet på fylkesnivå. Evalueringsrapport om SAMTAK og om styrkinga av PP-tenesta skal etter planen liggje føre i 2003.

Ei arbeidsgruppe (Sunnanå-utvalet) la ved årsskiftet 2000-01 fram ei utgreiing om framtidig organisering, ansvars- og arbeidsdeling og dimensjonering for kompetansesentra for hørsel, sett i samanheng med opplæringstiltak for døve og hørselshemma i kommunal/fylkeskommunal regi. Ei anna arbeidsgruppe la i mai 2001 fram ei utgreiing om tilboda til personar med språk- og talevanskar. Utgreiinga omfattar etterspurnad etter og rett til tenester, og ansvarsforhold, organisering og struktur i hjelpeapparatet på dette feltet.

Resultatmål for 2002

Mange av brukarane av dei spesialpedagogiske tenestene får også tenester frå andre sektorar, og ofte frå fleire forvaltningsnivå. Tenestenettverket er til dels uoversiktleg og fragmentert. Som lekk i arbeidet med å skape eit enklare og meir koordinert tenesteapparat vil det vere naudsynt å sjå nærmare på organiseringa og dimensjoneringa av tenestetilboda.

Sunnanå-utvalet og utvalet for språk- og talevanskar har foreslått omfattande strukturendringar i delar av støttesystemet og dels i trygdesystemet (logopedhjelp). Departementet ønskjer å sjå forslaga frå desse utvala og dei innkomne høringsfråsegnene i samanheng med habiliteringstenesta, som blir statleg organisert frå 1. januar 2002, og andre tilgrensande tenester. Departementet vil komme tilbake til desse spørsmåla seinare. Det same gjeld spørsmålet om styringsordning for det statlege spesialpedagogiske støttesystemet og samling og lokalisering av sekretariatet, som også må vurderast i samanheng med utgreiinga av den statlege utdanningsadministrasjonen. Når det gjeld sektorstyret for hørsel, vil departementet prolongere funksjonstida for inntil to år, slik at funksjonstida for dei to styra fell saman.

Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet har som mål å gi rettleiing og støtte til dei ansvarlege instansane lokalt, slik at kvaliteten på tilbodet for dei med særskilde opplæringsbehov blir best mogleg. Arbeidet skal byggje på dei rammene og retningslinjene som er gitte i dei styringsdokumenta som er nemnde.

Den utoverretta og systemretta verksemda skal førast vidare, med fleksibel ressursbruk og tenestedekning sentra imellom, og med god geografisk og aldersmessig fordeling av tenestetilbodet. Styret skal syte for å oppnå tenleg balanse i ressursbruken mellom sektorane. Det er viktig å redusere ressursomfanget til administrative funksjonar, og rasjonaliseringsgevinstar må komme brukarane direkte til gode.

Dei individretta tilboda frå støttesystemet må prioritere brukarar med dei største og mest samansette vanskane, der det ikkje er rimeleg å vente at lokalsamfunnet skal ha kompetanse. Arbeidet for å klargjere og avgrense ansvar og oppgåver i høve til andre tenesteleverandørar i og utanfor utdanningssystemet skal førast vidare, t.d. overfor habiliteringstenesta. Kompetansesentra skal i samarbeid med lokale etatar og brukarorganisasjonar leggje til rette for tiltak som gir rom for sosiale nettverk, kulturmedverknad og samlingar, særleg for små grupper funksjonshemma.

Samarbeidet mellom det einskilde kompetansesenteret og høgskole/universitet skal halde fram, og aktuelle senter skal framleis ta aktivt del i gjennomføring av SAMTAK. På bakgrunn av evaluering av SAMTAK vil ein vurdere å føre vidare dei element som gir dokumentert effekt.

Utvikling og produksjon av spesialpedagogiske læremiddel ved kompetansesentra skal skje i samsvar med godkjent handlingsplan for 2001-04, og i samarbeid med Læringssenteret, som har eit overordna koordineringsansvar på feltet, jf. kap. 202.

Hørselshemma teiknspråkbrukarar som ønskjer det, skal framleis få heilårstilbod i skoleavdelingane ved aktuelle senter. For dei som ønskjer lokal skolegang, skal det leggjast til rette for tilbod om korttidsopphald ved senter. Foreldreopplæring i teiknspråk skal førast vidare etter fastsett plan. Særskilde utviklingsprosjekt for døve held fram. Arbeidet med pedagogisk oppfølging av barn og unge med cochleaimplantat skal førast vidare, i nært samarbeid med Rikshospitalet.

Felles nasjonalt kompetansesystem for døvblindfødde og døvblindblitte frå 1999 vert ført vidare i samarbeid med Sosial- og helsedepartementet, jf. kap. 673. Sosial- og helsedepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil i 2002 setje i gang eit prosjekt over 2-3 år med oppfølging av døvblitte/sterkt tunghørtblitte. I utprøvingsperioden vil prosjektet vere forankra i Statleg spesialpedagogisk støttesystem. Prosjektet blir foreslått finansiert med 3 mill. kroner kvart år over budsjettet til Sosial- og helsedepartementet, sjå omtale under kap. 674.

Skolane ved dei seks sosiale og medisinske institusjonane skal føre vidare samarbeid med lokalmiljøa og heimeskolane i oppfølginga etter institusjonsopphald. Opplæringsansvaret ved desse og andre helseinstitusjonar vil bli nærmare vurdert som følgje av statleg overtaking av spesialisthelsetenesta.

Statens utdanningskontor skal følgje opp det spesialpedagogiske tilbodet i grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring. Det er eit mål å inkludere alle elevar med særskilde behov. Det er vidare eit mål å vri ressursbruken frå spesialundervisning etter einskildvedtak over til større vekt på generell tilrettelegging og differensiering av opplæringa. Dette er omtala nærmare under kat. 07.20.

Fagleg eining for PP-tenesta vert ført vidare på dagens nivå, og med same oppgåver. Fagleg eining skal m.a. hjelpe utdanningskontora med rettleiinga overfor kommunar/fylkeskommunar i utviklinga av PP-tenesta. For å styrkje Læringssenterets spesialpedagogiske kompetanse og sikre kvalitetsutviklinga i det 13-årige utdanningsløpet, blir eininga frå 2002 knytt til Læringssenteret, jf. kap. 202.

Arbeidet i samarbeidsfora vert ført vidare. Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) vil framleis ha sekretariatsansvar for Sentralt brukerforum, men departementet vil arbeide for sterkare tilknyting til Læringssenteret og støttesystemet. Støttesystemet skal framleis leggje til rette for brukarmedverknad i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak.

Autismeprogrammet, Nasjonal kompetanseeining for ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi, og det internasjonale samarbeidet vert ført vidare. Senter for åtferdsforsking vil delta i EU-prosjektet «Connect: Tackling violence in schools», og sjå dette arbeidet i samanheng med andre tiltak som verkar inn på læringsmiljøet, jf. kap. 226.

Budsjettforslag for 2002

Forslag til løyving på post 01 skal hovudsakleg dekkje lønns- og driftsutgifter ved kompetansesentra og kjøp av tenester ved spesial­pedagogiske tyngdepunkt og ved sosiale og medisinske institusjonar. Løyvinga gir høve til vidareføring av aktivitetsnivået frå 2001. Sidan funksjonstida for sekretariatsstillingane i Alta går ut 31. desember 2001, vil departementet forlengje denne ordninga til spørsmålet om samling og lokalisering av sekretariatet er avgjort.

Målet med «Prosjekt teiknordbok» er å byggje opp eit «teiknarkiv» i form av ein elektronisk database innanfor ulike fag- og bruksområde. På bakgrunn av m.a. nye rettar til opplæring i og på teiknspråk i grunnskolen og vidaregåande opplæring foreslår Regjeringa å overføre tilskottsdelen på 0,8 mill. kroner frå Handlingsplan for funksjonshemma (kap. 674) til kap. 243.

Departementet foreslår at inntekter frå sal av leilegheit i Barlindveien 15c i Holmestrand kan nyttast til kjøp av ny leilighet lagt til rette for fysisk funksjonshemma, jf. forslag til vedtak II nr. 3.

Post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3243 postane 02, 11 og 60, sjå forslag til vedtak II nr. 1.

Forslaget på post 21 gjeld midlar til lønn og drift knytte til oppdrag av ulik art ved sentra. Post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, sjå forslag til vedtak II nr. 2.

Forslaget på post 45 gjeld midlar til kjøp av utstyr.

Post 60 Tilskott til kommunar og fylkeskommunar, kan overførast

Stortinget vedtok i Innst. S. nr. 228 (1997-98) tidsavgrensa øyremerkte tilskott til kommunar/fylkeskommunar for å styrkje PP-tenesta tilsvarande 300 årsverk.

Målsetjing

Formålet med tilskottsordninga er ei styrking av spisskompetansen i den samla PP-tenesta i det einskilde fylket, særleg innanfor områda samansette lærevanskar, sosiale og emosjonelle vanskar, lese- og skrivevanskar og systemretta arbeid. Også andre vanskeområde kan bli styrkte, avhengig av lokale føresetnader og behov.

Tildelingskriterium

Kvart fylke vert tildelt ressursar svarande til talet på årsverk som vart fastsett i St.meld. nr. 23 (1997-98). Tilskottet vert utbetalt av dei statlege utdanningskontora som eit fast beløp per årsverk (kr 426 000 i 2001).

Oppfølging og kontroll

Kontrollen som er knytt til utbetaling av tilskottet, er todelt. Før utbetaling av tilskott gir kommunane/fylkes­kommunane ei kvantitativ rapportering om bemanninga ved dei aktuelle PP-kontora. For at tilskottet skal bli utbetalt, må det skje ei reell styrking av tenesta.

Rapport for 2000-01

I samband med den generelle tilstandsrapporteringa om skoleverket gir dei statlege utdanningskontora ei noko meir omfattande rapportering om og vurdering av PP-tenesta, jf. omtale under resultatrapport for 2000-01 for kap. 243.

Budsjettforslag 2002

Løyvinga er ført vidare på same nivå som for 2001.

Departementet reknar førebels med at det vil vere grunnlag for å innlemme det øyremerka tilskottet til den utvida PP-tenesta i det ordinære rammetilskottet frå budsjettåret 2004. Tilskotsordninga har då verka i 4,5 år i Sør-Noreg og 3,5 år i Nord-Noreg.

Post 75 Til disposisjon for departementet

Målsetjing

Tilskottsordninga skal fremje ny kunnskap og haldningar på det spesialpedagogiske området, i ein skole for alle.

Tildelingskriterium

Tilskott blir i hovudsak gitt organisasjonar for funksjonshemma og Sentralt brukerforum sine medlemsorganisasjonar, etter nærare gitte kriterium. Storleiken på tilskottet blir fastsett etter skjønn ut frå omfang og føremål.

Oppfølging og kontroll

Tilskottsmottakarane pliktar å sende rekneskap og prosjektrapport.

Rapport for 2000-01

Det er oppretta eiga nettstad for verksemda til Sentralt brukerforum. Her finn ein informasjon om møta, prosjektstøtte til organisasjonene og bladet «Læring for alle» i elektronisk form.

Budsjettforslag 2002

Løyvinga er ført vidare på same nivå som for 2001.

Kap. 3243 Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 243)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Inntekter frå oppdrag

36 054

37 129

38 243

02

Salsinntekter o.a.

3 828

4 356

4 487

11

Kursavgift ved vaksenopplæring og etterutdanning

2 669

2 055

2 117

15

Refusjon for arbeidsmarknadstiltak

1 202

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

4 122

17

Refusjon for lærlingar

274

18

Refusjon av sjukepengar

13 094

60

Betaling frå kommunar og fylkeskommunar

2 717

3 543

3 658

Sum kap. 3243

63 960

47 083

48 505

Post 01 gjeld oppdrag som kompetansesentra utfører for kommunar, fylkeskommunar og andre.

Post 02 gjeld sal av læremiddel, sal av elevprodukt, sal frå kantine, utleige av lokale og inntekter frå hjelpemiddeltilpassing.

Post 11 gjeld kursavgifter, sal av kursmateriell til kursa, sal frå kantine og opphaldsutgifter i samband med kurs.

Post 60 gjeld betaling frå kommunar og fylkeskommunar for tenester som ikkje fell inn under post 01.

Kap. 244 Nasjonalt læremiddelsenter (jf. kap. 3244)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

22 847

21

Særskilde driftsutgifter , kan nyttast under post 70

12 648

70

Tilskott til lærebøker o.a. , kan overførast, kan nyttast under post 21

27 675

Sum kap. 244

63 170

Jf. kap. 202.

Kap. 3244 Nasjonalt læremiddelsenter (jf. kap. 244)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Inntekter frå oppdrag

8 282

02

Salsinntekter o.a.

4 561

15

Refusjon for arbeidsmarknadstiltak

45

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

295

Sum kap. 3244

13 183

Jf. kap. 3202.

Kap. 248 Særskilde IKT-tiltak i utdanninga

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 70

193 709

70

Tilskott til IKT-tiltak , kan nyttast under post 21

2 895

Sum kap. 248

196 604

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endring:

  • Post 21 er auka med 169,7 mill. i samband med at midlar til IKT-tiltak er overført frå kap. 249 post 21.

  • Post 70 er auka med 2,9 mill. kroner i samband med at midlar til IKT-tiltak er overført frå kap 249 post 70.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Hovudmålet for IKT i utdanninga er å ta i bruk og nytte dei moglegheitene informasjons- og kommunikasjonsteknologi gir i undervisning og læring slik at kompetansebehova til den einskilde og samfunnet blir tekne i vare. Ei viktig målsetjing er at IKT skal medverke til nye formar for læring, vurdering, organisering, samarbeid, elev- og lærarrollar.

Departementet la i januar 2000 fram planen «IKT i norsk utdanning. Plan for 2000-2003». Læringssenteret, dei statlege utdanningskontora og Forskings- og kompetansenettverk for IT i utdanning (ITU) er saman med andre aktørar sentrale i arbeidet med å gjennomføre planen. IKT-planen inneheld følgjande innsatsområde:

  • digitale læremiddel og nettinnhald

  • kompetanseutvikling til lærarane

  • forsking og utvikling

  • infrastruktur

Resultat og mål på desse områda blir nærmare omtalte nedanfor. Tiltak som gjeld IKT i utdanninga, blir òg omtalte under programkategoriane 07.20 og 07.60.

Resultatrapport for 2000-01

Dei to siste åra har det vore ein auke i løyvingane til IKT i utdanninga. Det har vore ei brei satsing på ei rad område som heng saman: kompetanseutvikling for lærarane, IKT i lærarutdanninga, forsking og utvikling, nettinnhald og digitale læremiddel, internasjonalt samarbeid og infrastruktur. Departementet vurderer det som positivt når tilstandsrapportane frå statens utdanningskontor, rapportar frå prosjekt og undersøkingar viser at det på fleire av desse områda har vore ei positiv utvikling. Fleire lærarar har etter kvart fått kompetanse og erfaring i å bruke IKT i klasserommet. Elevar har i aukande grad nytta e-post til å kommunisere med elevar i andre land. Små skolar har klart å halde oppe eit fullverdig tilbod til elevar ved å samarbeide om felles undervisning via e-post og Internett. Elevar og lærarar har ved hjelp av IKT vorte produsentar av læremiddel. Tilbodet av fleksible og desentraliserte studieløp basert på bruk av IKT har auka, og stadig fleire utdanningsinstitusjonar nyttar Internett og intranett som kanal for samarbeid og kommunikasjon internt og mot omverda. I tillegg arbeider ei rad skolar med IKT knytt til nye formar for organisering av undervisninga og meir elevstyrt undervisning.

Digitale læremiddel, nettinnhald og læringsformar

Utvikling av digitale læremiddel er sentralt for å skape nye arbeidsmåtar og nye former for undervisning. Marknaden for digitale læremiddel har vore liten, men fleire aktørar har engasjert seg dei siste åra. Høgskolar og universitet arbeider i aukande grad på feltet. For å støtte utviklinga, slik at elevane kan få gode tilbod, vart det i 2001 sett i verk eit større prosjekt for utvikling av digitale læremiddel. Dette har ført til at alle elevar i vidaregåande opplæring frå hausten 2001 har fått tilbod om gratis læremiddel på nett i samfunnslære på VK1. Tilboda er utvikla på både nynorsk og bokmål.

Skolenettet er ein portal inn mot Internett for grunnskole og vidaregåande opplæring. Tilbodet vart etablert i 1996 og har i 2000-01 vorte relansert med auka omfang og nye tenester. Skolenettet vann i 2001 prisen for beste nettstad for offentleg informasjon, «Gulltaggen».

Bruk av Internett i læringsarbeidet inneber imidlertid også møte med uønskt og uheldig informasjon. Elevar må derfor utvikle kritiske og analyserande haldningar i møte med Internett. Ei arbeidsgruppe nedsett av departementet har utarbeidd ein rapport om Internett-etikk og kontroversielt innhald på Internett, mellom anna er det etablert ei ressursside om etisk bruk av Internett på Skolenettet.

For å leggje betre til rette for elevar med særskilde behov er det sett i verk tiltak for å prøve ut nyare språkteknologi (taletenester m.m.) i utvikling av læremiddel og tilbod om opplæring. I tillegg har Sentralorganet for fleksibel læring i høgre utdanning (SOFF) fått i oppdrag å medverke til fleksible og tilpassa studietilbod for funksjonshemma studentar.

Forsøk med IKT i den skriftlege avgangsprøva i grunnskolen og i utvalde eksamensfag i vidaregåande opplæring er gjennomførte. Samstundes er arbeidet med å utvikle kvaliteten i elev- og lærlingvurderinga, mellom anna ved bruk av IKT, ført vidare, jf. programkategori 07.20. Rapport frå skolar som har vore med på forsøk, viser gode resultat. I lærarutdanninga er ein i gang med forsøk knytte til mellom anna mappevurdering, jf. Kap. 281.

Prosjekta Nettbasert opplæring i sørsamisk og Nettbasert opplæring i lulesamisk er førte vidare.

Kjønn og IKT er eit sentralt satsingsområde for likestillingspolitikken. Tiltak knytte til rekruttering av jenter til IKT-fag er førte vidare, mellom anna prosjekt i regi av NTNU og nasjonalt prosjekt i matematikk retta mot jenter i 22 grunnskolar og vidaregåande skoler (Operasjon Minerva).

Kompetanseutvikling til lærarane

For å nå målet om at elevane skal lære og nytte IKT, er lærarane sentrale. Det har vore satsa på både IKT i lærarutdanninga og etter- og vidareutdanningstilbod som skal medverke til at lærarare kan bruke IKT både i si eiga kompetanseutvikling og overfor elevane i pedagogisk og fagleg samanheng.

Kommunane har dei siste åra fått tilskott til å gjennomføre etter- og vidareutdanning, jf. programkategori 07.20. For å styrkje satsinga når det gjeld utviklinga av tilbod, har Høgskolen i Agder fått i oppdrag å samarbeide med universitet og høgskolar om å lage eit nasjonalt etterutdanningstilbod pedagogisk bruk av IKT. Mange lærarar har fått opplæring i bruk av IKT. Likevel er det mykje som tyder på at behova for opplæring framleis er store.

I lærarutdanninga er det i gang fleire større IKT-prosjekt. Alle institusjonane har kartlagt status på IKT-området og laga utviklingsplanar for 2000-03, jf. Kap. 281. Prosjekta skal føre til ei betre lærarutdanning og sørgje for at studentane lærer å bruke IKT i studiearbeid og praksis.

Forsking og utvikling

For at ein skal få meir kunnskap om bruk av IKT i fag og opplæring, har det vore satsa på forsking og utvikling. Forskings- og kompetansenettverk for IT i utdanning (ITU) har utvida verksemda si. ITU tek initiativ til og deltek i ei rekkje nasjonale og internasjonale prosjekt. ITU er i ferd med å byggja opp ein solid kompetanse innanfor IKT i utdanninga, mellom anna når det gjeld innføring av og pedagogisk bruk av IKT i skolen.

Dei statlege utdanningskontora har saman med Læringssenteret vore sentrale pådrivarar i lokalt utviklingsarbeid og har på ein god måte medverka til at det blir samanheng mellom IKT-prosjekt og anna utviklingsarbeid.

PILOT (Prosjekt Innovasjon i Læring, Organisasjon og Teknologi) er ført vidare. Dette er eit nasjonalt prosjekt knytt til pedagogisk bruk av IKT i grunnskole og vidaregåande opplæring. Prosjektet tek sikte på å utvikle og vinne erfaring med IKT og nye former for læring og organisering og fokuserer særleg på endringar i elev- og lærarrolla. Fire høgskolar er saman med ITU ansvarleg for følgjeforskinga. Førebels resultat frå prosjektet viser at det tek tid å få til endringar i pedagogisk praksis. Fleire av skolane som er med i prosjektet er likevel i ferd med å få til meir tilpassa opplæring og endra timeplanlegging med større elevmedverknad (prosjektbolkar, fleksitid m.m.).

I tillegg er det i Oslo sett i verk IKT-prosjekt i skolar med særlege sosiale og fleirkulturelle utfordringar.

Infrastruktur

Norsk Gallup har utført ei undersøking for å skaffe norske komparative data av situasjonen i skolane når det gjeld tilgang til PC-ar og Internett. Undersøkinga viser at situasjonen over tid har blitt kraftig forbetra, men at det òg er rom for store forbetringar, mellom anna når det gjeld drift og tilgang til Internett. Mangel på utstyr, stabil og god infrastruktur med tilstrekkeleg kapasitet og fart på koplinga til Internett, gjer at skolar ikkje får utnytta fullt ut dei pedagogiske og faglege moglegheitene nyare teknologi gir. Eit anna trekk som pregar utviklinga, er regionale variasjonar mellom skolar i maskintilgang og infrastruktur. Dette fører til at elevane ikkje får likeverdige tilbod.

For å støtte opp om det ansvaret skoleeigar har når det gjeld utstyr og infrastruktur, vart det i 2000 etablert ei ordning for overføring av brukt utstyr frå næringsliv til skole. Denne ordninga er ført vidare. I 2001 har målet vore å overføre 8000 PC-ar. Dette blir nådd. I tillegg er Læringssenteret og Forvaltningsnettet ansvarlege for å forhandle fram avtalar om programvare og utstyr for skoleverket.

Departementet har teke del i arbeid om utgreiing av breiband. Tre kommunar er med på å utvikle modellar og retningslinjer for utbygging av breiband i skolar i samarbeid med ein statleg høgskole. Uninett er ansvarleg for prosjektet. I tillegg har Bergen kommune gjennomført forsøk med og greidd ut driftsløysingar for skoleverket. Erfaringar frå prosjekta skal komme andre kommunar til nytte. I høgre utdanning har Uninett arbeidd med eit nytt forskingsnett, jf. programkategori kap. 281.

Departementet har arrangert møte med forlag og aktørar innanfor e-læringsbransjen. Formålet har vore å etablere møteplassar der representantar frå ulike sektorar kan møtast og drøfte utfordringar som IKT gir utdanninga. Departementet, Læringssenteret og ITU har vore med på fleire internasjonale prosjekt, mellom anna Second Information Technology in Education Study (SITES), European Schoolnet, eLearning Summit og Netd@ys 2000.

Resultatmål for 2002

IKT og internett er sentrale element for å gjere morgondagens skole betre. Regjeringa vil styrkje denne utviklinga ytterligare i 2002, og meinar det er viktig å leggje vekt på ei rad tiltak som heng saman: utvikling av innhald, til dømes digitale læremiddel, lærarane sin kompetanse i fagleg og pedagogisk bruk av IKT, forsking og utvikling og infrastruktur. Det finst ikkje noko einskilt grep som løyser alle IKT-utfordringane.

Digitale læremiddel, nettinnhald og læringsformer

Regjeringa vil arbeide for at alle elevar skal få tilbod om å utvikle IKT-kunnskapar og IKT-dugleik. Det å meistre IKT blir etter kvart grunnleggjande på linje med lesing og skriving, og det blir derfor noko elevar må utvikle gjennom heile utdanningsløpet. Til no har læreplanen for grunnskolen hatt føresetnad om gradvis gjennomføring av IKT-måla i faga ut frå det som er økonomisk mogleg for kommunane. Dette er med på å skape skilnader i tilbodet elevane får om bruk av PC og Internett i opplæringa. For å sikre meir likeverdige tilbod går departementet inn for å fjerne føresetnaden i 2002. Kommunane er varsla om dette.

Prosjekt om utvikling av digitale læremiddel blir ført vidare. Regjeringa tek sikte på at elevane i vidaregåande opplæring skal få gratis læremiddel frå hausten 2003. Dette målet vil ein nå både ved å føre vidare det øyremerkte tilskottet til gratis ordning for utlån og ved å satse meir på utvikling av digitale læremiddel, jf. programkategori 07.20. Prosjektet vil omfatte fag i vidaregåande opplæring og etter kvart grunnskolen. En vil òg setje i verk tiltak for samiske elevar. Departementet vil samarbeide med Læringssenteret og Sametinget om auka støtte til IKT i samisk utdanning.

Arbeidet med Skolenettet vil bli ført vidare. I tillegg vil departementet arbeide for eit nasjonalt læringsnett for heile utdanningssektoren. Målet er å samordne og auke tilbodet av ressursar på nettet slik at elevar, lærarar og andre aktørar innanfor utdanning får eit betre og meir variert læringstilbod. Læringsnettet vil vere ein møteplass der ulike aktørar kan samarbeide og utvikle nasjonale løysingar, tilbod og tenester til beste for utdanningssektoren.

Tiltak retta mot elevar og studentar med særskilde behov blir førte vidare. Det same gjeld arbeid som er i gang knytt til uønskt innhald på Internett, mellom anna haldningsskapande arbeid i skolen. I tillegg vil Noreg delta i EU sin handlingsplan for sikker bruk av Internett.

VOX–Vaksenopplæringsinstituttet skal utvikle tilbod om opplæring for vaksne som manglar kjennskap til IKT, og som ønskjer å lære korleis dei kan bruke PC og Internett. Statens utdanningskontor i Møre og Romsdal administrerer «Grunnskoleprosjektet» der ein mellom anna ved hjelp av IKT skal kartleggje behov og organisering av tilbod om grunnskoleopplæring for vaksne.

Kompetanseutvikling til lærarane

Alle lærarar skal få tilbod om etterutdanning i IKT slik at dei i større grad kan bruke IKT i opplæringa. Høgskolen i Agder skal i samarbeid med universitet, høgskolar og andre gi lærarar tilbod om grunnleggjande innføring og sertifisering i pedagogisk bruk av IKT. Tilbodet skal omfatte pedagogisk bruk av IKT med fordjupning i lese - og skriveopplæring og matematikk. Innanfor dette tilbodet vil ein fokusere på retten vaksne har til grunnskole og vidaragåande opplæring. I tillegg skal universitet og høgskolar få i oppdrag å utvikle faglege modular retta mot bruk av IKT i ulike fag. Kommunar vil framleis få statlege midlar til å gjennomføre etterutdanning, jf. programkategori 07.20.

Arbeidet med å integrere IKT i lærarutdanninga blir ført vidare, jf. programkategori 07.60.

Forsking og utvikling

Det er framleis behov for systematisk og omfattande forsking om korleis IKT kan nyttast i utviklinga av framtidas utdanning. Forskings- og kompetansenettverk for IT i utdanning (ITU), lokalt utviklingsarbeid, dei nasjonale prosjekta PILOT og Oslo Indre Øst er sentrale verkemiddel som blir førte vidare.

Nye tiltak retta inn mot kjønn og IKT blir vurderte, mellom anna på bakgrunn av ei undersøking om jenter og gutar sin IKT-kompetanse. Undersøkinga omfattar i tillegg IKT-kompetansen hos lærarar. Departementet er i gang med undersøkinga.

Infrastruktur

Ordninga med overføring av brukt utstyr frå næringsliv til skole vil bli vurdert før det eventuelt blir inngått ny avtale om å føre ordninga vidare.

Regjeringa vil styrkje arbeidet med utbygging av breiband. Tiltak vil bli sett i verk for å støtte innsatsen i kommunane med å gi grunnskolar og vidaregåande skolar tilgang til breiband og stimulere etterspørsel etter breiband. Ekstra tilskott skal i første omgang gå til skolar som på grunn av plassering, storleik eller andre grunnar ikkje er attraktive for marknadsaktørane. Arbeidet skal mellom anna byggje på det arbeidet som alt er i gang i regi av Uninett med utvikling av modellar og retningslinjer for utbygging.

Det vil bli lagt vekt på å skape møteplassar og fora for samarbeid og utveksling av erfaringar på alle nivå i utdanningssektoren. IKT er eit internasjonalt utviklingsområde, og for eit lite land som Noreg er det viktig med samarbeid og internasjonale kontaktar. Departementet vil utarbeide ein strategi for internasjonalt arbeid og samarbeid på IKT-området. I tillegg vil ein følgje opp eNorge-planen på aktuelle område for utdanninga.

Budsjettforslag for 2002

Løyvinga er foreslått auka med 24 mill. kroner i forhold til 2001 som ledd i Regjeringa si styrkte satsing på breiband. Det foreslås å gi tilsagn om å betale ut inntil 15 mill. kroner i 2003 for avtaler om støtte til utvikling, utprøving og produksjon av digitale læremiddel inngått i 2002, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Post 70 Tilskott til IKT-tiltak, kan nyttast under post 21

Ramma for ordninga er «IKT i norsk utdanning. Plan for 2000-03» med årlege oppfølgingsplanar, sjå omtale foran.

Målsetjing

Målet med tilskottsordninga er å stimulere private aktørar til å utvikle IKT-baserte tilbod og tenester til beste for utdanninga.

Tildelingskriterium

Tilskott blir gitt til private aktørar etter søknad. Søknaden må vise korleis omsøkt tiltak eller prosjekt kan medverke til å realisere måla i «IKT-planen». Departementet gir tilskott på grunnlag av søknad og budsjett. Tilskottet er på inntil 50 pst. av budsjetterte kostnader.

Oppfølging og kontroll

Tilskottsmottakaren sender årsrekneskapen til departementet etter at han er revidert av revisor. Som vedlegg til årsrekneskapen skal det følgje ein kort rapport om resultata frå prosjektet. Departementet kontrollerer at det er samsvar mellom det utbetalte tilskottet og rekneskapen.

Rapport for 2000-01

I 2000 og 2001 er det gitt tilskott til internasjonale prosjekt som SITES og European Schoolnet og ei rad tilbod på nett, til dømes Kidlink, nynorsktilbodet Magasinett og Viking Network. Prosjekta er i stor grad knytte til vidaregåande opplæring og grunnskolen og har medverka til å auke tilbodet på nett. Skolane får informasjon om prosjekta gjennom mellom anna Skolenettet. I tillegg er det i 2001 gitt tilskott til å utvikle digitale læremiddel i samfunnslære. Frå hausten 2001 får alle elevar i vidaregåande opplæring tilbod om gratis læremiddel på nett i samfunnslære på VKI.

Budsjettforslag for 2002

Løyvinga for 2002 er forslått ført vidare på same nivå som i 2001.

Kap. 249 Andre tiltak i utdanninga

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

21

Særskilde driftsutgifter

81 915

164 719

16 626

60

Tilskott til IKT-tiltak , kan nyttast under post 21

21 842

61

Tilskott til Nordland kunst- og filmskole

2 000

2 000

2 065

62

Moskvaskolen

1 000

70

Tilskott til IKT-tiltak , kan nyttast under post 21

2 715

2 811

71

Tilskott til fotokopiering

3 367

3 468

72

Tilskott til den franske og den tyske skolen i Oslo

5 000

73

Tilskott til internatdrifta ved Krokeide yrkesskole

16 402

75

Særskilt tilskott til toppidrettsgymnas

10 110

10 928

11 256

Sum kap. 249

121 949

183 926

52 349

I høve til 2001 er det gjort følgjande endringar:

  • Post 21 er redusert med 169,7 mill. kroner i samband med at midlar til IKT-tiltak er overført til kap. 248 post 21.

  • Post 21 er auka med 16,6 mill. kroner i samband med at midlar til tryggleiksopplæring for fiskarar er overført frå kap. 232 post 21.

  • Forslag til løyving under post 62 er overført frå kap. 239 post 75.

  • Post 70 er redusert med 2,9 mill. kroner i samband med at midlar til IKT-tiltak er overført til kap. 248 post 70.

  • Post 71 er redusert med 3,6 mill. kroner i samband med at tilskott til fotokopiering blir innlemma i dei ordinære tilskotta/løyvingane, jf. tekniske endringar under kapitla 222, 232, 240, 253, 254 og 256.

  • Forslag til løyving under post 72 er overført frå kap. 229 post 72.

  • Forslag til løyving under post 73 er overført frå kap. 239 post 70.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Sjøfartsdirektoratet har i forskrift av 10. februar 1989 gitt forskrifter om obligatorisk tryggleiksopplæring for fiskarar. Tryggleiksopplæringa omfattar eit grunnleggjande tryggleikskurs og repetisjonskurs. Repetisjonskursa skal gjennomførast mellom fem og åtte år etter grunn- eller repetisjonskurs. Tryggleiksopplæringa blir administrert av Tromsø maritime skole og blir driven på bakgrunn av avtale mellom departementet og Troms fylkeskommune.

Målsetjing

Målet med ordninga er at alle fiskarar skal få grunnkurs og vidaregåande tryggleikskurs.

Oppfølging og kontroll

Troms fylkeskommune sender inn budsjettforslag og rekneskap til departementet, som gjennomgår og godkjenner dette.

Resultater for 2000

I samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2000 vedtok Stortinget å innføre eigendel for deltakarar på repetisjonskurs. Vedtaket er gjennomført, og eigendelen er kr 2 200. Grunnleggjande tryggleikskurs er normalt gratis for fiskarane. I 2000 gjennomførte i alt 1 370 fiskarar grunnleggjande tryggleiksopplæring. Dette er ein auke på om lag 40 fiskarar samanlikna med året før. Av deltakarane var 668 personar på det kursfartøyet som tryggleiksopplæringa disponerer, resten fikk opplæringa på land. For repetisjonskursa var det budsjettert med 3 300 kursdeltakarar. Det var 750 personar som gjennomførte kursa, noko som er ein reduksjon på 1 070 deltakarar. Det inneber at 23 pst. av kapasiteten på repetisjonskursa vart nytta. Vel halvparten av deltakarane fekk opplæring på kursfartøyet.

Tryggleiksopplæringa reknar med at trenden vil halde seg i tida framover, slik at talet på fiskarar som treng grunnkurs i dei nærmaste åra, vil auke, medan talet på fiskarar som treng repetisjonskurs, vil gå ned. Dette heng saman med at utskiftinga i yrkesgruppa er stor.

Budsjettforslag 2002

Departementet foreslår at løyvinga for 2002 blir ført vidare på same nivå som for 2001.

Post 61 Nordland kunst- og filmskole

Målsetjing

Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at det blir gitt eit tilbod om kunst- og filmutdanning i Nord-Noreg. Nordland kunst- og filmskole er toårig, og er det einaste tilbodet i sitt slag i Nord-Noreg.

Tildelingskriterium

Skolen får tilskott for inntil 24 elevar per årskull. Tilskottet blir rekna ut etter dei reglane som gjeld for private skolar med kunst-, medie- og musikkutdanning, og som får tilskott etter privatskolelova § 26 tilskottsregel nr. 6. For å få utbetalt tilskott må skolen sende inn revisorstadfesta oppgåver over elevtall per 1. oktober og 1. april.

Oppfølging og kontroll

Tilskottsordninga blir forvalta av Statens utdanningskontor i Nordland, som mellom anna gjennomgår skolens årsrekneskap. Statens utdanningskontor må i en årleg tilstandsrapport til departementet gi ein omtale av drifta ved skolen.

Rapport for 2000

Skolen hadde 42 heilårselevar per 1. april 2000, fordelte på tre linjer: biletkunst, kunsthandverk og film.

Budsjettforslag for 2002

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på same nivå som i 2001.

Post 62 Moskvaskolen

Målsetjing

Målet med tilskottsordninga er å gi norske elevar med kompetanse i russisk moglegheit å ta vidaregåande kurs II på den norsk-russiske vidaregåande skolen i Moskva. Den norsk-russiske vidaregåande skolen i Moskva er unik fordi den gir både norske og russiske elevar godkjent vitnemål etter norske og russiske reglar.

Tildelingskriterium

Tilskottet går til Akershus fylkeskommune.

Oppfølging og kontroll

Akershus fylkeskommune skal ved utgangen av kvart skoleår rapportere til departementet om kor mange elevar som kvart år nyttar tilbodet, og kva for fylkeskommune desse elevane kjem frå.

Før skoleåret 2007-08 tek til, skal ordninga evaluerast som eit nasjonalt tilbod. Dersom tilbodet skal fortsette etter seks år, skal fylkeskommunane overta finansieringa av dette tilbodet.

Rapport for 2000-01

Våren 2001 gjekk tre norske elevar ved den norsk-russiske skolen i Moskva.

Budsjettforslag for 2002

Regjeringa foreslår ei løyving for skoleåret 2001-02 på 1 mill. kroner.

Post 71 Tilskott til fotokopiering

Tilskottsordninga har hatt som formål å redusere utgifter til kopiering for private skolar, private folkehøgskolar, i vaksenopplæringa og for nokre statlege skolar.

Det er inngått ein avtale med Kopinor i 2001 om bruk og vederlag for fotokopiering o.l. av opphavsrettsleg verna materiale. Alle private og offentlege verksemder er forplikta til å betale for kopiering av opphavsrettsleg verna materiale som nyttast i verksemda.

Utviklinga syner at tilskott dei seinare åra har dekt berre ein mindre del av kostnadene til fotokopiering. Tilskottsmottakarane mottek generelle tilskott/tildelingar over andre kapittel som også kan nyttast til fotokopiering. Budsjettframlegget for 2002 inneber at tilskotta over kap. 249 post 71 vert innarbeidd i den ordinære løyvinga til desse skolane og verksemdene innanfor vaksenopplæring, etter ein brøk som samsvarer med fordelinga for 2001. Framlegget inneber vidare ei administrativ forenkling, men ingen tap av inntekter for mottakarane, jf. omtale under kap. 222 post 01, kap. 232 post 01, kap. 240 post 70, kap. 253 post 70, kap. 254 post 71 og kap. 256 post 01.

Endringa er i tråd med det vedtaket Stortinget gjorde ved handsaminga av St.prp. nr. 60 (1997-98), der tilskott til fotokopiering i kommunale og fylkeskommunale skolar vart innlemma i det ordinære inntektssystemet, jf. Innst. S. nr. 250 (1997-98).

Post 72 Tilskott til den franske og den tyske skolen i Oslo

Målsetjing

Målet med tilskottet er å støtte drifta av den franske og tyske skolen i Oslo. Regjeringa ønskjer å styrkje samarbeid med Tyskland og Frankrike ytterlegare samt å styrke det tyske og det franske språket sin stilling i Noreg. Noreg har starta drøftingar med Tyskland og Frankrike om bilaterale avtalar om utdanningssamarbeid. Dei bilaterale avtalane skal innehalde:

  • Moglegheit for lærlingar innanfor spesielle fagområde til å ta delar av læretida i Tyskland eller Frankrike.

  • Tilskott frå Noreg til den tyske og den franske skolen i Oslo på til saman 5 mill. kroner per år.

Tildelingskriterium

Vilkår for løyve av tilskott til den tyske og den franske skolen er at det blir inngått bilaterale avtalar om utdanningssamarbeid mellom Noreg og henholdsvis Tyskland og Frankrike.

Budsjettforslag for 2002

Regjeringa foreslår ei løyving på 5 mill. kroner for 2002.

Post 73 Tilskott til internatdrifta ved Krokeide yrkesskole

Krokeide yrkesskole gir tilbod om attføring og yrkesutdanning til elevar som på grunn av funksjonshemming og høg alder har behov for tilrettelagd opplæring. Eigar av skolen er Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke.

Målsetjing

Formålet med tilskottsordninga er å medverke til drift av internatet ved Krokeide yrkesskole og til å oppretthalde det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skolen.

Tildelingskriterium

Storleiken på tilskottet blir fastsett på grunnlag av revidert rekneskap, årsrapport og den årlege budsjetthandsaminga. Statens utdanningskontor i Hordaland har ansvar for forvaltninga av tilskottsordninga.

Oppfølging og kontroll

Krokeide yrkesskole skal innan 15. april kvart år sende ein rapport om verksemda for inneverande skoleår, og innan 1. juli sende årsrekneskap til statens utdanningskontor i Hordaland.

Rapport for 2000 –01

1. oktober 2000 var det 143 elevar, av dette 40 jenter og 103 gutar. 1. april 2001 var det til saman 130 elevar ved Krokeide yrkesskole.

Budsjettforslag for 2002

Regjeringa foreslår å føre vidare løyvinga på same nivå som i 2001.

Post 75 Særskilt tilskott til toppidrettsgymnas

Målsetjing

Formålet med tilskottsordninga er å leggje til rette for at mottakarane kan gi tilbod om toppidrett ut over læreplanane for studieretning for idrettsfag.

Tildelingskriterium

Ordninga gjeld skolar som er godkjende etter privatskolelova, og som dessutan har særskild godkjenning for å drive med toppidrettstilbod. Departementet gir tilskott for maksimalt 810 elevar til saman ved dei skolane som får tilskott. Det maksimale elevtalet som kan utløyse toppidrettstilskott, er ikkje til hinder for at skolane kan få eit høgare elevtal over kap. 240 post 70 etter ordinær sats for idrettsfag.

Oppfølging og kontroll

Skolane står under tilsyn av statens utdanningskontor. Rapportering av elevtal med rett til tilskott følgjer dei retningslinjene som er fastsett for tilskott etter privatskolelova.

Rapport for 2000-01

Skoleåret 2000-01 vart det gitt tilskott for 759 elevar ved to skolar.

Budsjettforslag for 2002

Regjeringa foreslår å føre vidare løyvinga på same nivå som i 2001.

Programkategori 07.50 Vaksenopplæring

Programkategori 07.50 omfattar mellom anna:

  • tilskott til opplæring i norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

  • tilskott til grunnskoleopplæring for innvandrarar i alderen 16-20 år

  • tilskott til studiearbeid i regi av studieforbunda

  • tilskott til opplæring for særlege målgrupper (personar med ulike opplæringshindringar)

  • tilskott til fjernundervisning i regi av frittståande fjernundervisningsinstitusjonar

  • tilskott til kurs i folkehøgskolen

  • tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

  • midlar til drift av VOX – Vaksenopplæringsinstituttet

  • midlar til forsking, utviklingsarbeid og ulike fellestiltak i vaksenopplæringa

  • midlar til kompetanseutviklingsprogrammet

Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

0253

Folkehøgskolar

373 502

405 950

408 993

0,7

0254

Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 3254)

818 105

719 700

903 707

25,6

0256

VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 3256)

70 242

65 028

65 260

0,4

0258

Forsking, utviklingsarbeid og felles- tiltak i vaksenopplæringa

87 484

86 646

80 063

-7,6

0259

Kompetanseutviklingsprogrammet

6 191

100 000

100 718

0,7

Sum kategori 07.50

1 355 524

1 377 324

1 558 741

13,2

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endring:

  • Budsjettramma på kapitla 253-259 er oppjustert med 1,8 mill. kroner i samband med kompensasjon til statleg forvaltning for innføring av meirverdiavgift på tenester, omlegging til direkte refusjon av sjukepengar i statlege verksemder og innsparing ved effektivisering av statlege innkjøp, sjå Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

    Kap. 254 er redusert med 34,5 mill. kroner i samband med at tilskott til grunnskoleopplæring for innvandarar 16-20 år blir innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. august 2002.

Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

3254

Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 254)

99 286

57 112

20 074

-64,9

3256

VOX – Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 256)

22 694

17 658

18 188

3,0

Sum kategori 07.50

121 980

74 770

38 262

-48,8

Vaksenopplæring blir òg dekt innanfor dei andre programkategoriane under Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, med unntak av kategori 07.70 Forsking og 07.90 Den norske kyrkja, og under programområde 19 Arbeidsmarknaden i Arbeids- og administrasjonsdepartementets budsjettproposisjon.

Kommunale og fylkeskommunale tilbod blir dekte av midlar som kommunane og fylkeskommunane sjølve disponerer.

Budsjettforslag for 2002 – prioriteringar

Kompetansereforma står sentralt i arbeidet med å styrkje vaksenopplæringa og realisere livslang læring for alle. Reforma skal medverke til at alle vaksne får høve til kompetanseutvikling, og til at samfunnet og arbeidslivet får den kompetansetilførselen som er nødvendig for å sikre verdiskaping og tenesteyting. Reforma byggjer på samhandling mellom fleire aktørar. Regjeringa er oppteken av at både arbeidsgivarar, arbeidstakarar, utdanningstilbydarar, frivillige organisasjonar og det offentlege må samarbeide for å nå måla for reforma.

Regjeringa vil føre vidare arbeidet med Kompetansereforma i 2002. Kompetanseutviklingsprogrammet blir følgt opp med ei løyving på 100 mill. kroner. Arbeid med dokumentasjon og verd­setjing av realkompetanse samt utvikling av fleksible undervisningsmodeller tilpassa vaksne, held fram.

Stortinget har vedteke å innføre rett til grunnskoleopplæring for vaksne. Retten trer i kraft frå skoleåret 2002-03 og gjeld vaksne som treng slik opplæring, jf. Innst. S. nr. 78 (1997-98). Kommunane har ansvar for tilboda, men dei kan nytte studieforbund, fjernundervisningsinstitusjonar og andre utdanningstilbydarar til å gjennomføre opplæringa. Regjeringa vil følgje opp og vurdere utviklinga, m.a. med omsyn til kor mange vaksne som nyttar seg av retten.

Av omsyn til det samla budsjettopplegget er løyvinga til FoU i vaksenopplæringa og tilskott til studieforbunda noka redusert i høve til 2001.

Dei overordna måla for politikken i sektoren er:

  • å leggje til rette for gjennomføring av Kompetansereforma for å møte behova for oppdatert kunnskap og ny kompetanse i samfunnet, i arbeidslivet og hos den einskilde

  • utvikle tilrettelagde og fleksible tilbod av god kvalitet for vaksne på alle utdanningsnivå

  • vidareutvikle vaksenopplæringa gjennom forsking og utviklingsarbeid

Mål 1: Møte behova for oppdatert kunnskap og ny kompetanse

Tilstandsvurdering

Utgreiingsfasen for Kompetansereforma er no over, og reforma er inne i ein implementerings-, utprøvings- og evalueringsfase.

Frå hausten 2000 er det innført rett til vidaregåande opplæring for personar som ikkje har fullført slik opplæring, og som ikkje vart omfatta av Reform 94. Frå hausten 2002 blir det gitt individuell rett til grunnskoleopplæring for vaksne som treng slik opplæring.

For å lette tilgangen for dei som skal ta utdanning, er det frå 1. januar 2001 gitt rett til utdanningspermisjon, og det er gjort endringar i reglane for utdanningsfinansiering gjennom Statens lånekasse for utdanning for å tilpasse desse betre til behova som vaksne har for kompetanseutvikling. Vidare er skattelova endra slik at ein i hovudsak ikkje lenger skal betale skatt av utdanning som er finansiert av arbeidsgivar.

VOX – Vaksenopplæringsinstituttet er eit nasjonalt utviklingssenter for vaksenopplæring som vart oppretta 1. januar 2001 ved ei samanslåing av vaksenopplæringsinstitusjonane Norsk fjern-undervisning, Norsk vaksenpedagogisk forskingsinstitutt og Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter. Instituttet skal mellom anna drive med forsking, utvikling og analyse i samsvar med nasjonale oppgåver innanfor vaksenopplæringsfeltet. Sjå nærmare omtale under kap. 256.

Kompetanseutviklingsprogrammet vart etablert i 2000 og har som formål å medverke til nyskaping i og vidareutvikling av marknaden for etter- og vidareutdanning. Målgruppa for programmet er heile arbeidslivet, det vil seie små og store private og offentlege verksemder, einmannsforetak og sjølvstendige næringsdrivande, på både sentralt og lokalt nivå. I 2001 har programmet motteke 551 søknader, og av desse har 228 fått støtte. Prosjekta har god spreiing når det gjeld både sektor, utdanningsnivå og geografi. Sjå nærmare omtale under kap. 259.

Figur 7.1 Kompetanseutviklingsprogrammet – innvilga søknader
 fordelte etter hovudsøkjar 2001

Figur 7.1 Kompetanseutviklingsprogrammet – innvilga søknader fordelte etter hovudsøkjar 2001

Arbeidet med å utvikle modellar for dokumentasjon, vurdering og verdsetjing av realkompetanse knytt til vidaregåande opplæring er organisert som eit prosjekt over tre år, og skal etter planen avsluttast i 2002. Partane i arbeidslivet, fylkeskommunar og andre offentlege og private utdanningstilbydarar medverkar i gjennomføring av prosjektet. Totalt har meir enn 7 000 vaksne fått dokumentert og verdsett realkompetansen sin i høve til vidaregåande opplæring, og 4 500 har fått dokumentert realkompetansen i høve til arbeidslivet.

Ved handsaming av Ot.prp. nr. 58 (1999-2000) vart det gjort vedtak om at dei høgre utdanningsinstitusjonane frå studieåret 2001-02 kan gi søkjarar som er 25 år eller eldre, opptak til einskilde studium dersom dei på grunnlag av realkompetanse har dei nødvendige kvalifikasjonane for vedkommande studium, jf. omtale under kategori 07.60 Høgre utdanning.

Eit offentleg utval som har vurdert rolla til folkehøgskolen i høve til det øvrige utdanningssystemet, leverte utgreiinga si våren 2001 i NOU 2001: 16 Frihet til mangfold – om folkehøgskolens rammevilkår. Utgreiinga er send på høring.

Som oppfølging av NOU 2000: 5 Mellom barken og veden vart St.meld. nr. 20 (2000-01) Om kortare yrkesretta utdanningar etter vidaregåande opplæring lagd fram hausten 2000. Ved handsaming av meldinga fatta Stortinget vedtak om at det skal leggjast fram forslag til lov om fagskoleutdanning som også inkluderer lovreglar om teknisk fagskole, jf. Innst. S. nr. 177 (2000-01).

For å leggje til rette og følgje opp dei tiltaka som går inn i Kompetansereforma, er det utarbeidd ein Handlingsplan for Kompetansereforma 2000-03. Planen omfattar alle satsingsområda i reforma og blir rullert kvart år. Når planperioden er gjennomført, vil det bli gjort ein samla gjennomgang av i kva grad ein har nådd måla under kvart satsingsområde. Det er òg utarbeidd ein informasjonsplan for reforma som omhandlar tiltak retta inn mot behova i de ulike gruppene.

Figur 7.2 Dei ulike elementa i Kompetansereforma

Figur 7.2 Dei ulike elementa i Kompetansereforma

Strategiar og tiltak

Regjeringa vil føre vidare satsinga på kompetanseutviklingsprogrammet og realkompetanseprosjektet. I 2002 vil ein særleg leggje vekt på å analysere dei resultata som kjem fram gjennom prosjekta.

Det er eit mål at det frå skoleåret 2002-03 skal vere etablert ei nasjonal ordning for dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse.

Departementet legg opp til forenkling og revidering av lov- og regelverket for folkehøgskolen, m.a. på bakgrunn av NOU 2001: 16 Frihet til mangfold.

Departementet vil leggje fram forslag til lov om fagskoleutdanning våren 2002, jf. Innst. S. nr. 177 (2000-01).

Mål 2: Utvikle tilrettelagde tilbod for vaksne

Tilstandsvurdering

I samband med innføringa av retten til vidaregåande opplæring for vaksne som er fødde før 1978, er det behov for å utvikle fleksible og tilrettelagde undervisningsmodellar slik at vaksne kan få betre høve til å nytte retten. Det blir mellom anna lagt vekt på at opplæringstilboda skal tilpassast dei som har arbeid og familie, og at fleire læringsarenaer skal kunne kombinerast.

SIALS-undersøkinga (Second International Adult Literacy Survey) i regi av OECD om lesedugleik hos vaksne vart gjennomført i Noreg i 1998-2000. Undersøkinga viste at deler av befolkninga har kunnskapar på så lågt nivå at dei vil kunne ha vanskeleg for å fungere i arbeids- og samfunnsliv. Både for å imøtekomme dei behova som vart avdekte i undersøkinga, og som ei oppfølging av Kompetansereforma har det vore i gang prosjekt særleg retta mot vaksne med lese- og skrivevanskar og mot opplæring til demokratisk medverknad. Gjennom prosjekta tek ein mellom anna sikte på å auke kompetansen om dysleksi.

I samband med vedtaket om rett til grunnskoleopplæring for vaksne vart det sett i gang prosjekt i 37 kommunar. Målsetjinga for prosjektet har mellom anna vore å kartleggje kor mange som vil nytte retten, og kva for fag dei ønskjer å ta. Første del av prosjektet vart avslutta hausten 2000, og det kom fram at om lag 1 800 personar i prosjektkommunane ønskte grunnskoleopplæring. Av desse var nesten 70 pst. kvinner.

Eit elektronisk nettverk for lærarar i innvandraropplæringa er oppretta under namnet MIGRANETT. Nettet skal gi informasjons- og erfaringsspreiing blant lærarar som underviser vaksne innvandrarar. VOX har ansvaret for å drive og oppdatere nettet.

Ved innføring av nivåbasert opplæring for vaksne innvandrarar omfatta ikkje ordninga dei som tidlegare hadde fått opplæring i norsk med samfunnskunnskap innanfor faste timerammer. I 2000 gjennomførte Oslo kommune ei kartlegging av innvandrarkvinner som ønskte meir opplæring. Som oppfølging av kartlegginga vart det starta eit prosjekt for å gi desse kvinnene opplæring utover timeramma. Departementet har delfinansiert prosjektet, og rapport frå tiltaket skal liggje føre i mai 2002.

Strategiar og tiltak

Grunnskoleprosjektet vil bli ført vidare i 2002. Det vil bli lagt vekt på å utvikle og utprøve modellar for opplæring for vaksne. Også prosjekt som er retta mot vaksne med lese- og skrivevanskar vil bli prioriterte.

Frå hausten 2002 tek departementet sikte på å følgje dei som nyttar retten til både grunnskole- og vidaregåande opplæring. Ein ønskjer m.a. å kartleggje om tilboda er i samsvar med behova hos vaksne og med deira realkompetanse.

Regjeringa foreslår å følgje opp forslaget frå Johnsen-utvalet om at vaksne som har rett til grunnskole og vidaregåande opplæring får rett til støtte frå Lånekassen på linje med studentar i høgre utdanning, jf. omtale under kategori 07.80 Utdanningsfinansiering.

Realkompetanseprosjektet vil bli evaluert under leiing av Noregs forskingsråd. Etter planen skal evalueringa avsluttast i januar 2003.

Mål 3: Vidareutvikle vaksenopplæringa gjennom forsking og utviklingsarbeid

Tilstandsvurdering

I 2000-01 har Noreg saman med ni andre OECD-land vore med i ein gjennomgang av vaksenopplæring (Thematic Review on Adult Learning). Det er utarbeidd ein bakgrunnsrapport og ein landrapport frå ei ekspertgruppe som har besøkt Noreg. I rapporten får Noreg positiv omtale for arbeidet med Kompetansereforma. Samstundes meiner gruppa at det er behov for meir einsarta politikk og tettare samarbeid på tvers av fleire departement, og at finansieringa ikkje er god nok. Gruppa peiker på behovet for betre statistikk, informasjonstenester, rådgiving og rettleiing og legg vekt på behovet for forsking og evaluering av reforma. OECD vil utarbeide ein rapport som samanliknar og vurderer vaksenopplæring i dei landa som er med i undersøkinga.

OECD har òg gjennomført ei evaluering av det norske utdanningssystemet i eit livslang læring - perspektiv. Denne evalueringa vil bli offentleg hausten 2001. Sjå også omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning.

I 2001 tek Noreg del i ei kartlegging av informasjon, rådgiving og rettleiing i OECD-landa, med sikte på å samordne og betre desse tenestene.

Noreg deltar i pilotundersøkinga i OECD-prosjektet Adult Literacy and Lifeskills Survey (ALL), som er ei oppfølging og utviding av SIALS. I tillegg til å kartleggje lesedugleik omfattar ALL også talforståing og problemløysing. Prosjektet kan sjåast i samanheng med dei tiltaka som er sette i gang når det gjeld lese- og skriveopplæring, jf. kap. 258.

Gjennom styringsgruppa for nordisk folkeopplysning og vaksenopplæring (FOVU), under Nordisk Ministerråd, tek Noreg del i arbeidet med å stimulere og utvikle forståing for vaksenopplæring i Norden. I 2001 har ein m.a. gjennom forsking og erfaringsutveksling vurdert dei nordiske resultata frå SIALS og sett arbeidet med realkompetanse inn i nordisk samanheng.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet starta i 2000 prosjektet «Motivasjon, rettleiing og informasjon». Prosjektet har omfatta ti utviklingsprosjekt i perioden 2000-01, der ein mellom anna har lagt vekt på å finne fram til nye og utradisjonelle metodar for å nå fram til dei gruppene som er minst motiverte for opplæring.

Våren 2001 utarbeidde Statskonsult rapporten «Språkprøven for voksne innvandrere – styring og organisering av bevilgningen til utvikling og gjennomføring av Språkprøven». Departementet vil vurdere dei foreslåtte tiltaka i rapporten i samanheng med oppfølginga av St.meld. nr. 17 (2000-01) Asyl- og flyktningpolitikken i Noreg.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet finansierer store delar av forskingsprogrammet «Kompetanse, utvikling og verdiskaping» (KUV) under Noregs forskingsråd. Det overordna målet i programmet er å framskaffe kunnskap som kastar lys over tilhøvet mellom utdanning og samfunn, med særleg vekt på samanhengen mellom utdanning/opplæring og verdiskaping i arbeidslivet. Det er også eit sentralt mål å styrkje norsk utdanningsforsking. Programmet omfattar 27 hovudprosjekt, og det er mellom anna 17 doktorgradar under arbeid fordelte på ulike fagområde.

Strategiar og tiltak

Innanfor dei midlane departementet disponerer til forsking og utviklingstiltak, vil prosjekt som støttar opp under satsingsområda i Kompetansereforma, bli prioriterte.

Departementet tek sikte på å styrkje arbeidet med å motivere og informere grupper med svak utdanningsbakgrunn. Arbeidet skal m.a. gi informasjon om rett til opplæring og leggje vekt på kvifor vaksne bør nytte retten til grunnleggjande opplæring, og kvifor det blir stadig viktigare å auke og fornye kompetansen sin. Dei tiltaka som blir sette i gang, skal òg ta sikte på å gi kommunar/fylkeskommunar betre grunnlag for å setje i verk tilbod for vaksne. Prosjektet «Motivasjon, rettleiing og informasjon» skal avsluttast i 2002 og evaluerast av VOX.

Noreg tek sikte på å delta i OECD-prosjektet ALL i prosjektperioden 2002-03. Hovudundersøkinga skal gå føre seg frå hausten 2002 til våren 2003. Den internasjonale rapporten frå prosjektet skal vere klar hausten 2004.

Satsinga på forskingsprogrammet «Kompetanse, utdanning og verdiskaping» vil halde fram i 2002. Departementet vil sjå relevante prosjekt innanfor programmet i samanheng med utvikling og evaluering av Kompetansereforma. Forskingsprogrammet er berekna avslutta i 2003.

Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

01-29

Driftsutgifter

166 126

253 956

248 431

-2,2

60-69

Overføring til kommunesektoren

610 451

505 100

692 565

37,1

70-89

Overføring til private

578 947

618 268

617 745

-0,1

Sum kategori 07.50

1 355 524

1 377 324

1 558 741

13,2

Kap. 253 Folkehøgskolar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

21

Særskilde driftsutgifter

2 209

2 282

2 390

60

Tilskott til fylkeskommunale folkehøgskolar , kan nyttast under post 70

40 460

41 138

42 475

70

Tilskott til andre folkehøgskolar , kan nyttast under post 60

330 833

362 530

364 128

Sum kap. 253

373 502

405 950

408 993

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endring:

  • Post 70 er auka med kr 457 000 i samband med at midlar til fotokopiering er overført frå kap. 249 post 71.

Kapitlet omfattar tilskott til:

  • fylkeskommunale og andre folkehøgskolar

  • tre folkehøgskoleliknande tiltak

  • meirutgifter til fire folkehøgskolar med høg del av funksjonshemma elevar

  • felles pedagogiske utviklingstiltak og prosjekt

  • nordiske samarbeidstiltak

  • Folkehøgskolerådet og to folkehøgskoleorganisasjonar

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten omfattar midlar til felles pedagogiske utviklingstiltak, forsøksverksemd, prosjekt, kurs, seminar, utgreiingar, reisestipend og ulike einskildtiltak. Folkehøgskolerådet fordeler ein del av desse midlane etter retningslinjer frå departementet. Ein del av reiseverksemda til tilsynsmannen blir dekt over posten.

Post 60 Tilskott til fylkeskommunale folkehøgskolar, kan nyttast under post 70, og post 70 Tilskott til andre folkehøgskolar, kan nyttast under post 60

Tilskottsordningane omfattar

  • tilskott til ordinær drift, postane 60 og 70

  • tilskott til folkehøgskolar med stor del funksjonshemma elevar, post 70

  • tilskott til folkehøgskoleorganisasjonar og felles nordiske folkehøgskoletiltak utanom Noreg, post 70

Målsetjing

Formålet med tilskottsordninga er å leggje til rette for at folkehøgskolen kan oppfylle målsetjinga om å fremje allmenndanning på ulike alders- og utdanningssteg, jf. § 2 i lov om folkehøgskolar.

I høve til Kompetansereforma er det eit mål at den erfaringa og kompetansen folkehøgskolen har når det gjeld opplæring av vaksne, kjem til uttrykk i kurstilboda.

Tildelingskriterium

Gjennom tilskottsordninga gir departementet eit driftstilskott som i gjennomsnitt dekkjer om lag halvparten av dei totale driftsutgiftene til skolane. Tilskottet blir dekt med 5/6 frå staten og 1/6 frå det fylket skolen ligg i. Departementet handsamar søknader om godkjenning for tilskott, og det er berre skolar som er godkjende for tilskott, som har rett til å bruke folkehøgskolenamnet.

For at ein skole skal få og oppretthalde tilskott, må mellom anna følgjande vilkår vere oppfylte:

  • alle kurs må vere allmenndannande.

  • skolen må vere eksamensfri og ubunden av pensum frå andre skolar eller instansar.

  • skolen må ha hatt minst 35 elevar i gjennomsnitt i dei siste fire åra.

Driftstilskottet er sett saman av tre delar: kapitaltilskott (om lag 10 pst.), basistilskott (om lag 20 pst.) og tilskott på grunnlag av elevtal (om lag 70 pst.). Kapitaltilskottet omfattar nødvendige anlegg for skoledrifta og blir rekna ut som prosent av den kostnadsramma som er fastsett for kvar skole. Basistilskottet er eit likt kronebeløp for alle skolar, og gjeld utgifter som i prinsippet er uavhengige av storleik. Tilskott på grunnlag av elevtal omfattar kostnader som varierer etter storleik på skolen, til dømes lærarlønn og energiutgifter. Det blir rekna ut på grunnlag av godkjent elevtal, omrekna i årselevar. Talet på tilskottselevar som blir brukt i utrekninga, er gjennomsnittstalet for dei tre åra før siste året (for 2002 gjennomsnittet for 1998, 1999 og 2000).

Oppfølging og kontroll

Samla oversikt for årsverksemda ved folkehøgskolane vert send til Statistisk sentralbyrå (SSB). Departementet bereknar på grunnlag av desse opplysningane det godkjende tilskottselevtalet, som er hovudkriteriet for utrekning av tilskott på grunnlag av elevtal.

Tilsynsmannen for folkehøgskolen skal på vegner av departementet gi råd til og føre tilsyn med skolane. Dette skjer mellom anna ved skolebesøk der rapportar blir gjennomgått og verksemda vurdert.

Årsmelding og rekneskap blir sende til statens utdanningskontor i dei respektive fylka, som har ettersyn og økonomikontroll med skolane.

Rapport for 2000-2001

Hausten 2001 er 78 folkehøgskolar i drift. Det er fire skolar som har lagt ned drifta i løpet av det siste året: Den samiske, Fredheim, Ryfylke og Heimly folkehøgskole. Østerdal folkehøgskole, som vart godkjend for tilskott frå 1. august 2001, har utsett oppstarten til 2002. Det samla elevtalet har vore tilnærma det same i dei siste åra, sjølv om nokre skolar legg ned drifta. Det er til dels store skilnader i rekrutteringa mellom ulike delar av landet og mellom einskildskolar.

Elevtal i folkehøgskolane

År

1995

1996

1997

1998

1999

2000

Elevar hovudkurs (vår og haust)

11 808

10 914

12 259

13 494

12 907

12 302

Elevar kortkurs

19 153

16 964

17 215

14 830

16 685

16 844

Sum elevar

30 961

27 878

29 474

28 324

29 592

29 146

Årselevar hovudkurs

6 248

5 726

6 354

6 966

6 608

6 358

Årselevar kortkurs

827

750

743

611

693

758

Sum årselevar

7 075

6 476

7 097

7 577

7 301

7 116

Sum godkjende årselevar

7 037

6 421

7 089

7 507

7 247

7 061

Tilskottselevar

7 835

7 753

7 383

7 022

6 969

7 117

Kilde: Departementets informasjonssystem for folkehøgskolen (DIFF).

Kurstilboda femner over eit vidt spekter av emne-, fag- og interesseområde. Med unntak av dei to pensjonistskolane har alle skolane eit hovudkurs (langkurs) på 33 veker. Kortkursa er på frå 3 dagar til 16 veker, og utgjer om lag 10 pst. av den samla verksemda. Frå 1. august 2000 vart det gjort endringar i forskriftene som gjer det lettare for skolane å tilby korte kurs.

Dei fleste elevane på hovudkursa er 19- og 20-åringar som kjem direkte frå vidaregåande opplæring. Om lag 2/3 av elevane er jenter. Tendensen med stigande gjennomsnittsalder held fram, og aldersgruppa 16–18 år har vorte redusert med vel 40 pst. frå 1997 til 2000. På kortkursa utgjer aldersgruppa over 45 år 60 pst.

På bakgrunn av m.a. tilrådingar i NOU 2001: 16 Frihet til mangfold, har departementet starta ein gjennomgang av tilskottsordninga for folkehøgskolen, med sikte på å gjennomføre forenklingar.

Budsjettforslag for 2002

Budsjettforslaget for 2002 inneber at løyvingsnivået blir ført vidare.

Ordninga med tilskott til fotokopiering er innarbeidd i dei generelle tilskotta til folkehøgskolane, jf. omtale under kap. 249 post 71 Tilskott til fotokopiering.

Postane 60 og 70 må sjåast i samanheng. Dei dekkjer mellom anna staten sin del av det offentlege driftstilskottet etter §§ 3 og 17 i lov om folkehøgskolar. Forslaget til løyving på post 70 er justert med tanke på oppstart ved Østerdal folkehøgskole 1. august 2002.

19-åringar som kjem direkte frå vidaregåande opplæring, og som tek folkehøgskolen som siste året i eit fireårig løp, får ekstra stipend i Lånekassen. Det blir foreslått at denne særskilde stipendordninga fell bort frå hausten 2002, jf. omtale under kategori 07.80 Utdanningsfinansiering. Forslaget må sjåast i samband med auken i kostnadsnormen som også gjeld for elevar i folkehøgskolane.

Kap. 254 Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 3254)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

60

Tilskott til norskopplæring for innvandrarar

499 279

405 314

601 835

62

Tilskott til grunnskoleopplæring for innvandrarar 16–20 år

70 712

58 648

48 255

70

Tilskott til studieforbund

206 609

212 988

210 485

71

Tilskott til fjernundervisning

26 877

27 683

28 513

72

Tilskott til kvinneuniversiteta, Norsk fredssenter og Studiesenteret Finnsnes

6 394

6 586

5 884

73

Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

8 234

8 481

8 735

Sum kap. 254

818 105

719 700

903 707

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Post 60 er redusert med 2,9 mill. kroner i samband med forsøk med å gi øyremerkte tilskott som rammetilskott.

  • Post 62 er redusert med 34,5 mill. kroner i samband med at posten blir innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. august 2002.

  • Post 70 er auka med 1,4 mill. kroner i samband med at midlar til fotokopiering er overført frå kap. 249 post 71.

Kapitlet omfattar tilskott til:

  • norskopplæring for vaksne innvandrarar

  • grunnskoleopplæring for innvandrarar i alderen 16–20 år

  • studieforbund

  • frittståande fjernundervisningsinstitusjonar

  • vaksenopplæringsorganisasjonar og -institusjonar

Post 60 Tilskott til norskopplæring for innvandrarar

Kommunane har ansvar for å gi vaksne innvandrarar inkludert flyktningar og asylsøkjarar tilbod om opplæring i norsk med samfunnskunnskap så snart som mogleg etter at dei er komne til landet. Variasjonane i budsjettet kjem både av at deltakarane blir verande lenger i undervisninga enn tidlegare fordi dei kan få opptil 3 000 timar, og av at tilstrøyminga av asylsøkjarar varierer frå år til år som følgje av krig og uro ulike stader i verda.

Målsetjing

Formålet med tilskottet er å medverke til at kommunane tilbyr vaksne innvandrarar opplæring i norsk med samfunnskunnskap til eit nivå som gir tilstrekkelege kunnskapar til vidare utdanning, yrkes- og samfunnsdeltaking.

Tildelingskriterium

Dei som skal få opplæring, må ha gyldig opphald eller vere asylsøkjarar. Personar som har utdanning tilsvarande norsk grunnskole eller meir frå heimlandet kan få inntil 850 timar opplæring i norsk med samfunnskunnskap, medan dei med svak utdanning kan få inntil 3 000 timar.

Tilskottet blir gitt for kvar undervisningstime og for kvar deltakartime og skal nyttast til å dekkje lærarlønn med sosiale utgifter, administrasjon og læremiddel, og i rimeleg grad skyss og barnepass. Satsane blir m.a. fastsette med utgangspunkt i dei årlege resultata frå «Beregningsutvalget for kartlegging av kommunale utgifter til bosetting og integrering av flyktninger og personer med opphold på humanitært grunnlag».

Oppfølging og kontroll

Gjennom «Statistikk over framandspråklege vaksne» (FRES) rapporterer kommunane/kursarrangørane til statens utdanningskontor i fylka om kor mange deltakarar, undervisnings- og deltakartimar undervisninga omfatta siste året. Rapportane gir grunnlag for utbetaling av tilskott. Utdanningskontora skal årleg kontrollere minst 20 pst. av refusjonskrava i høve til deltakar- og fråverslister.

Rapport for 2000-2001

Norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar 1997-2000

Opplæring

1997

1998

1999

2000

Undervisningstimar

556 776

673 653

916 120

1 074 187

Deltakarar (gjennom året)

22 040

28 957

37 574

28 101

Deltakarar (per 01.12.)

11 252

17 345

22 796

21 856

Kilde: FRES

Fram til utgangen av 1997 fekk innvandrarar 500 timar opplæring i norsk med samfunnskunnskap, medan flyktningar og andre med særlege behov fekk opptil 750 timar. For mange var desse timerammene for små til at dei kunne få tilstrekkelege norskkunnskapar for å komme i arbeid eller ta vidare utdanning. Frå 1998 vart det derfor innført nivåbasert opplæring. Sjølv om det også for denne ordninga er sett visse timegrenser – 850 timar for dei med tilnærma norsk grunnskole og inntil 3 000 timar for dei med liten eller ingen skolebakgrunn, har det ført til stor auke i talet på undervisningstimar. Talet på deltakarar med svak skolebakgrunn steig frå 35 pst. i 1999 til 43 pst. i 2000. Av dei nesten 22 000 deltakarane som var i undervisning per 1. desember 2000, var meir enn 6 000 asylsøkjarar.

Totalt sett er det om lag like mange menn og kvinner som tek del i norskopplæringa. I den opplæringa som er lagd til rette for dei med svak skolebakgrunn, var det om lag 12 000 deltakarar, og meir enn halvparten av desse var kvinner.

I St.meld. nr. 17 (2000-01) Asyl- og flyktningpolitikken i Noreg er det lagt vekt på å styrkje kvalifiseringstilbodet for nykommarar. I dette arbeidet er det behov for koordinering og samarbeid mellom fleire etatar og forvaltningsnivå. Meldinga varslar og at ein vil vurdere å slå saman tilskottet til norskopplæring med integreringstilskottet og innføre lovfesta rett til norsk med samfunnskunnskap.

Budsjettforslag for 2002

Tilskottssatsane for særtilskottet er justert for den generelle prisauka, men forslaget inneber elles inga endring i tilskottsordninga for norsk med samfunnskunnskap.

Det er og løyvd 29,1 mill. kroner til tiltaket over kap. 571 post 68 Forsøk med rammefinansiering over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.

Post 62 Tilskott til grunnskoleopplæring for innvandrarar 16–20 år

Målsetjing

Tilskottet til grunnskoleopplæring for innvandrarar i alderen 16–20 år vart innført 1. januar 1998. Tilskottet skal medverke til at kommunane gir grunnskoleopplæring til innvandrarar i alderen 16–20 år som ikkje har kunnskapar tilsvarande norsk grunnskole, slik at dei kan få høve til å ta grunnskoleeksamen og dermed nytte retten til vidaregåande opplæring.

Tildelingskriterium

Ungdom som får tilbod om grunnskoleopplæring, må vere i aldersgruppa 16–20 år når dei begynner opplæringa. Dei må ha gyldig opphaldsløyve, men asylsøkjarar i alderen 16–18 år kan få opplæring medan dei ventar på avklaring av status.

Midlane til grunnskoleopplæring for 16–20-årige innvandrarar blir tildelte til kommunane på grunnlag av søknad frå kommunane til dei respektive utdanningskontora. Tilskottet blir berekna etter satsar for tilskott per gruppe og tilskott per elev. Utdanningskontora må godkjenne alle grupper kommunane skal få tilskott for.

Tilskottet skal nyttast til å dekkje lærarlønn med sosiale utgifter, administrasjon og læremiddel. Det er ein føresetnad at deltakarane skal ha gratis læremiddel.

Oppfølging og kontroll

Utdanningskontora skal kontrollere at krava om tilskott er i samsvar med tal på grupper/timar som er godkjende, og deltakartalet på teljingstidspunktet. Det kan gjennomførast stikkprøver for å kontrollere at deltakartalet på teljingstidspunktet er i samsvar med klasselister.

Rapport for 2000

I 2000 gav over 90 kommunar i alle fylke tilbod om grunnskoleopplæring til innvandrarar i alderen 16–20 år. Dei fleste fekk heiltidstilbod på 30 timar i veka. Om lag 1 700 personar tok del i opplæringa i 2000, og om lag 40 pst. av deltakarane var kvinner.

Budsjettforslag 2002

Frå 1. august 2002 får vaksne rett til grunnskoleopplæring, jf. kategoriomtalen. Denne ordninga omfattar også dei innvandrarane mellom 16 og 20 år som no får grunnskoleopplæring med øyremerkte tilskott. Det blir derfor foreslått å leggje dette tilskottet inn i rammetilskottet til kommunane frå 1. august 2002.

Post 70 Tilskott til studieforbund

Studieforbunda tilbyr vaksenopplæring som er ubunden av pensum og eksamen og gir tilbod i dei fleste emneområde og fag. Dei kan òg gi formell kompetansegivande utdanning som eit supplement og alternativ til det offentlege utdanningssystemet. Studieforbunda står fritt i val av innhald og nivå på tilboda.

Posten omfattar tilskott til studieforbund, tiltak for særskilde målgrupper og tilskott til studieringar på høgre nivå.

Målsetjing

Formålet med tilskottet til studieforbund er å medverke til at studieforbunda og medlemsorganisasjonane deira kan tilby opplæring for vaksne. Studieforbunda kan med si erfaring og organisasjonsform utvikle fleksible og brukartilpassa opplæringstilbod.

Formålet med tilskottet til studieringar på høgre nivå er å medverke til at studieforbunda kan gi opplæring på universitets- og høgskolenivå gjennom studieringar.

Tildelingskriterium

Eit studieforbund omfattar to eller fleire organisasjonar. For å bli godkjent som studieforbund med rett til statstilskott må studieforbundet vere ein ideell organisasjon med demokratisk organisasjonsform og vaksenopplæring som hovudformål og ha landsomfattande verksemd og organisasjonsledd i minst ti fylke.

For å få tilskott må studieforbunda ha ein gjennomsnittleg minimumsaktivitet av studietimar i dei siste tre åra. Dette gjeld ikkje for studieforbunda til dei politiske partia.

Grunnlaget for tilskott til studiearbeid og administrasjon er dei studietimane som studieforbunda rapporterer årleg til Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er sett vilkår for kva for timar som går inn i grunnlaget for berekninga. Gjennomsnittet av dei gjennomførte timane i dei tre åra før det siste året blir lagt til grunn når ein skal rekne ut tilskottet til det einskilde forbundet. Tilskottet blir fordelt ut frå ei fastlagd ramme.

Tilskottet til studieringar på høgre nivå blir gitt til godkjende studieforbund etter søknad. Det blir kravd fagleg godkjenning frå universitet eller statleg høgskole. Det skal leggjast vekt på å tilby opplæring som ikkje blir gitt av statlege utdanningsinstitusjonar i regionen.

Oppfølging og kontroll

Studieforbunda gir kvart år SSB rapport om aktiviteten og sender årsmelding og revidert årsrekneskap til departementet. Departementet har utarbeidd rutinar for årlege stikkprøvekontrollar som tek utgangspunkt i den rapporteringa studieforbunda sender inn.

Rapport for 2000

Per 1. januar 2001 var det 22 studieforbund som etter lov om vaksenopplæring var godkjende med rett til statstilskott. Studieforbunda famnar eit vidt spekter av interesser og ideologiar.

I 2000 var det 666 700 deltakarar på kurs i regi av studieforbunda. Dette er ein nedgang på 15 000 samanlikna med 1999. Størst deltaking var det i hovudemnet estetiske fag og handverksfag med nesten 270 000 deltakarar. I snitt var 55 pst. av deltakarane kvinner. Medan menn var i klart fleirtal med 76 pst. på kurs i realfag, industrifag og tekniske fag, utgjorde kvinner om lag 70 pst. av deltakarane på kurs i tenesteyting og service og i kurs i helse-, sosial- og idrettsfag.

Det vart avvikla 60 300 kurs, som er noko færre enn året før. Studieforbunda rapporterte om vel 1,8 mill. studietimar i 2000. Dei største forbunda er Arbeidernes Opplysningsorganisasjon, Studieforbundet Folkeuniversitetet og Norsk Musikkråd.

Studieforbund. Deltakarar etter alder 1996-2000

I alt

29 år og yngre

30–49 år

50 år og eldre

Uoppgitt

1996

743 808

194 056

194 783

111 810

243 159

1997

711 531

206 587

233 957

139 766

131 221

1998

681 359

187 893

234 112

147 823

111 531

1999

681 845

187 626

240 783

158 793

94 643

2000

666 729

175 534

226 748

166 260

98 187

Kilde: SSB

Ein del av opplæringa er parallellar til skoleverket og har tilbod om offentleg eksamen. Det vart gjennomført kurs med slike tilbod for om lag 34 000 deltakarar. Av om lag 21 000 vaksne som deltok på kurs med parallellar i vidaregåande opplæring, deltok om lag 7 100 i kurs som førte fram til fagprøva etter § 3-5 i opplæringslova. Av desse var det om lag 1 800 menn og 5 300 kvinner. Vel 10 000 deltakarar gjekk i studieringar på høgre nivå som førte fram til eksamen. Av desse var halvparten kvinner.

Studieforbunda driv òg opplæring for funksjonshemma, personar med særleg svak førstegangsutdanning og innvandrarar. I 2000 var det 31 500 deltakarar på kurs for særlege målgrupper, noko som er ein auke på nesten 3 000 deltakarar frå året før. Også her var det flest deltakarar i estetiske fag og handverksfag. Funksjonshemmas studieforbund er den største aktøren i opplæringa på dette området, og rapporterte om lag 2 100 kurs i 2000.

Budsjettforslag for 2002

Av omsyn til det samla budsjettopplegget er budsjettforslaget for 2002 redusert med 10 mill. kroner samanlikna med løyvinga for 2001.

Ordninga med tilskott til fotokopiering er innarbeidd i dei generelle tilskotta til studieforbunda, jf. omtale under kap. 249 post 71 Tilskott til fotokopiering.

Post 71 Tilskott til fjernundervisning

Fjernundervisningsinstitusjonane gir eit omfattande kurstilbod på vidaregåande opplæringsnivå og på universitets- og høgskolenivå, i tillegg til kurs som ikkje har parallellar i det offentlege skoleverket. Dei fleste kursa er rangerte i høve til det formelle utdanningssystemet og byggjer på ei felles studietimenormering for kursa.

Målsetjing

Formålet med tilskottet til dei frittståande fjernundervisningsinstitusjonane er å gi vaksne høve til å skaffe seg grunnutdanning eller etter- og vidareutdanning som er tilpassa livssituasjonen deira gjennom tilrettelagd undervisning og tovegs kommunikasjon med lærar. Tilskottsordninga skal medverke til at frittståande fjernundervisningsinstitusjonar kan gi eit breitt, variert og landsomfattande tilbod som er tilgjengeleg og fleksibelt.

Tildelingskriterium

Fjernundervisningsverksemda skal ha eit ideelt og allmennyttig mål, vere skilt frå anna verksemd med omsyn til organisering og rekneskap og ha læremiddel og undervisning av høg fagleg og pedagogisk kvalitet. Reell tovegs fjernkommunikasjon skal ha betydeleg omfang og vere ein obligatorisk del av undervisningsopplegga.

Tilskottet skal medverke til prisreduksjon for deltakarane. Det blir rekna ut på grunnlag av gjennomsnittleg tal på studietimar som dei godkjende fjernundervisningsinstitusjonane årleg rapporterer til SSB. Tilskottet blir fordelt ut frå ei fastlagd ramme.

Oppfølging og kontroll

Fjernundervisningsinstitusjonane rapporterer årleg om aktiviteten til SSB og sender årsmelding og revidert årsrekneskap til departementet. Departementet kan setje i verk stikkprøvekontroll med at det er gitt korrekt grunnlag for berekning av offentleg tilskott, og at det blir nytta i samsvar med føresetnadene. Institusjonane skal ha system for kvalitet og evaluere verksemda i samsvar med rettleiande kvalitetsnormer.

Rapport for 2000

Per 1. januar 2001 var det 14 frittståande fjernundervisningsinstitusjonar som etter lov om vaksenopplæring var godkjende med rett til statstilskott.

Talet på fullføringar har minka i dei seinare åra. I 2000 vart det gjennomført om lag 38 000 kurs. Sjølv om kurstalet har gått ned, er det ein tendens til at deltakarane tar meir omfattande kurs, og det er ein auke på 20 000 studietimar frå 1999 til 2000. Fjernundervisningsinstitusjonane rapporterte i 2000 om 6 083 000 studietimar. Dei største institusjonane er NKS og NKI.

Frittståande fjernundervisningsinstitusjonar. Fullførte kurs etter alderen på deltakarane 1993-2000.

I alt

29 år og yngre

30–59 år

60 år og eldre

Uoppgitt

1993

65 346

21 464

33 821

458

9 603

1995

61 248

14 528

31 823

247

14 650

1997

52 207

10 719

27 575

257

13 656

1998

44 731

8 828

29 141

200

6 562

1999

39 778

8 030

30 015

241

1 492

2000

37 982

6 305

30 316

316

1 045

Kilde: 1993-97: KUF, 1998-2000: SSB. På grunn av omlegging av rapporteringa til SSB omfattar tala frå 1998 om lag 95 pst. av totale kursfullføringar. Tala for 1998 kan derfor ikkje samanliknast direkte med andre år. Tala for 1999 er korrigerte i høve til St.prp. nr. 1 (2000-01).

Tre av fire kurs førte fram til tilbod om offentleg eksamen. 60 pst. av alle kursa var på vidaregåande opplærings nivå, og 80 pst. av desse, til saman 18 500 kurs, førte fram til offentleg eksamen. Meir enn 10 000 kurs var på universitets- og høgskolenivå, og nær 90 pst. av desse kvalifiserte deltakarane til å ta eksamen.

Om lag 70 pst. av kursa vart gjennomførte av personar i alderen 30–49 år. Deltakarar i alderen 20–29 år gjennomførte flest kurs i samfunnsfag og økonomi og IKT-fag. I aldersgruppa 40–49 år var det også flest som tok økonomi og IKT-fag, og i tillegg utgjorde helse-, sosial- og idrettsfag ein stor andel. I 2000 var det totalt 56 pst. kvinnelege deltakarar.

Budsjettforslag for 2002

Budsjettforslaget for 2002 inneber at løyvingsnivået blir ført vidare.

Post 72 Tilskott til kvinneuniversiteta, Norsk fredssenter og Studiesenteret Finnsnes

Kvinneuniversiteta tilbyr ulike utdanningstilbod som er særskilt retta mot kvinner, til dømes leiing og IKT i kvinneperspektiv og etablerarkurs for kvinner.

Norsk fredssenter i Oppland samarbeider med organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar for å fremme arbeidet for fred og menneskerettar, og tilbyr mellom anna kurs i konfliktløysing og menneskerettar.

Studiesenteret Finnsnes vart etablert hausten 1996 som eit femårig kommunalt prøveprosjekt for å tilby kurs og utdanning på ulike nivå innretta mot behova til industri og næringsliv i Ytre Midt-Troms.

Målsetjing

Tilskottet skal medverke til å sikre drifta av Kvinneuniversitetet på Løten, Kvinneuniversitetet Nord, Norsk fredssenter og Studiesenteret Finnsnes slik at desse institusjonane kan tilby kurs og andre vaksenopplæringstiltak som eit alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar.

Tildelingskriterium

Tilskott blir gitt til institusjonane på grunnlag av revidert rekneskap, årsrapport og dei årlege budsjetthandsamingane.

Oppfølging og kontroll

Tilskottsmottakarane skal kvart år sende inn årsrapport og revidert rekneskap.

Rapport for 2000-01

Ved Kvinneuniversitetet Nord har om lag 30 personar teke del i vidaregåande opplæring, og det er gjennomført fleire korte kurs. Det har vore 30 studentar med i desentralisert lærarutdanning, og 18 personar har teke del i 10-vekttalskurs i IKT. Kvinneuniversitetet Nord har også engasjert seg i eit prosjekt om ungdom som ikkje kjem tilbake til heimstaden etter endt utdanning, og har gjennomført kurs for krisesentra i Barentsregionen.

Ved Kvinneuniversitetet på Løten har om lag 80 personar gjennomført høgskolestudium i leiing, og i overkant av 20 personar har gjennomført vidaregåande kurs som gir studiekompetanse. Forskings- og utviklingsprosjekta har konsentrert seg om næringsetablering for kvinner og bruk av IKT i vaksenopplæringa.

Norsk fredssenter har i 2000 mellom anna halde kurs og foredrag om demokrati, menneskerettar, konflikthandtering og fredstryggjande arbeid. Fleire av kursa har skolert trenarar og kursleiarar.

Om lag 200 studentar har følgt lengre studieopplegg ved Studiesenteret Finnsnes i skoleåret 2000-2001, m.a. desentralisert sjukepleiarutdanning og lærarutdanning. I tillegg er det gjennomført kortare kurs innanfor sosial- og helsefag og fiskerifag. Studiesenteret har i samarbeid med regionens fiskerirelaterte industri etablert «Senter for fiskeri- og havbrukskunnskap».

Det er i 2001 gjennomført ei evaluering av verksemda ved Studiesenteret Finnsnes. Evalueringa konkluderer med at verksemda ved studiesenteret har hatt ein positiv effekt når det gjeld kompetanseheving i regionen.

Det er knytt visse prinsipielle problemstillingar til statleg finansiering av lokale studiesenter. Studiesenteret Finnsnes vart oppretta av lokale aktørar hausten 1996 som eit femårig prøveprosjekt. I prøveperioden har senteret fått statleg støtte til drifta. Etter prøveperioden skulle ein vurdere om staten prinsipielt skulle opne for direkte driftsløyvingar til ulike lokale eller regionale tiltak, som i samarbeid med eit universitet eller ein høgskole organiserte studietilbod på høgre nivå. Det er mange slike lokale aktørar over heile landet, og det kjem jamnleg nye søkjarar.

Staten finansierer desentralisert utdanning gjennom dei statlege høgskolane. Desentraliserte studietilbod er eit viktig supplement til den ordinære drifta ved universiteta og høgskolane, og medverkar til at det er mogleg for fleire å ta høgre utdanning. I 2000 var det om lag 7 200 studentar som tok fleksible studietilbod ved dei statlege høgskolane. Det har vist seg at studentane ved desentraliserte tilbod har gode studieresultat, og at desse studentane i større grad enn andre blir verande i lokalmiljøet.

Departementet meiner at det framleis er universiteta og høgskolane som må ha ansvar for at det vert oppretta og lagt til rette for desentraliserte studietilbod. Dei statlege utdanningsinstitusjonane må samarbeide med lokale aktørar, til dømes lokale styresmakter, lokalt næringsliv eller andre. Dersom det er slik at institusjonane i høgre utdanning ønskjer at lokale aktørar skal overta eller samarbeide om organiseringa av ulike studietilbod, er departementet av den oppfatning at dette bør vere ei sak mellom desse institusjonane og dei lokale samarbeidspartane.

Etter å ha vurdert prøveordninga ved Studiesenteret på Finnsnes har departementet kome fram til at det ikkje vil vere hensiktsmessig å overta fordelinga av midlar som i dag går via dei statlege utdanningsinstitusjonane til desentraliserte studietilbod. Den statlege finansieringa av høgre utdanning i Noreg bør framleis vere knytt til studieplassar ved dei høgre statlege utdanningsinstitusjonane. Departementet vil på bakgrunn av dette avvikle det statlege engasjementet ved Studiesenteret Finnsnes frå hausten 2002. Sjå også omtale av desentralisert statleg utdanning under programkategori 07.60 Høgre utdanning. Det blir under kap. 274 Statlege høgskolar foreslått å løyve 30 mill. kroner til å dekkje meirkostnader ved desentraliserte studietilbod og fjernundervisning ved dei statlege høgskolane. I tillegg vil det bli løyvd 6 mill. kroner til desentralisert sjukepleiarutdanning over Sosial- og helsedepartementet sitt budsjett, sjå omtale under kap. 705.

Budsjettforslag for 2002

Departementet foreslår å avvikle det statlege tilskottet til Studiesenteret Finnsnes frå 1. august 2002. Budsjettforslaget på posten inneber elles ei vidareføring av løyvingsnivået.

Post 73 Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

Vaksenopplæringsforbundet (Vofo) er eit felles interesse- og serviceorgan for studieforbunda, med regionale ledd i alle fylka. Forbundet driv m.a. informasjonsarbeid og opplæring av medarbeidarar i vaksenopplæringa og vidareutviklar studieplanar og kursdokumentasjon som gir grunnlag for verdsetjing i høve til det offentlege utdanningssystemet.

Norsk forbund for fjernundervisning (NFF) er eit felles interesse- og serviceorgan for dei frittståande fjernundervisningsinstitusjonane som m.a. utfører kvalitetssikring av statistikk- og dokumentasjonsordning og normering av studietilbod, og som driv informasjonsarbeid og onlineseminar.

International Council for Open and Distance Education (ICDE) er ein internasjonal organisasjon for samarbeid, kommunikasjon og utvikling innanfor fjernundervisning og virtuell læring. ICDE har sitt hovudkontor i Noreg.

Målsetjing

Formålet med tilskottet er å sikre drifta av fellesorgana for studieforbunda og fjernundervisningsinstitusjonane, Vofo, NFF og ICDE, slik at dei kan ivareta fellesoppgåver for medlemsorganisasjonane i høve til departementet og fremme kunnskap om og utvikling av fagområda.

Tildelingskriterium

Tilskott til drift av institusjonane blir gitt på grunnlag av revidert rekneskap, årsrapportar og dei årlege budsjetthandsamingane.

Oppfølging og kontroll

Departementet gjennomfører kontroll av rapportane og rekneskapen frå institusjonane. Departementet kan gjennomføre stikkprøvekontroll for å sjå på grunnlaget for den informasjonen som er gitt.

Rapport for 2000-2001

I 2000 organiserte Vofo m.a. Nasjonal uke for voksnes læring og skal òg i 2001 stå for den sentrale organiseringa. Forbundet driv informasjonsarbeid og utgir tidsskrift om folkeopplysning og læring for vaksne.

I NFF har ein i 2000 m.a. lagt vekt på å normere studietilbod og studietimar ved fjernundervisningsinstitusjonane for at grunnlaget for rapportering og statistikk skal vere så godt som mogleg, og ein har gjennomgått kvalitetsnormene for at dei skal vere tilpassa medlemmene i forbundet.

Ei arbeidsgruppe med representantar for Vofo og NFF har gjennomgått regelverket for tilskottsordningane til studieforbund og fjernundervisning. Gruppa la fram rapporten i desember 2000 og tilrår m.a. ei samordning av tilskottsordningane med ein felles studieplanmal og nivåplassering av kursa.

ICDE hadde mellom anna koordineringsansvar for verdskonferansen om fjernundervisning våren 2001.

Budsjettforslag for 2002

Budsjettforslaget for 2002 inneber at løyvingsnivået blir ført vidare.

Kap. 3254 Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 254)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

99 286

57 112

20 074

Sum kap. 3254

99 286

57 112

20 074

Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan i medhald av OECDs statistikkdirektiv definerast som offisiell utviklingshjelp. Ein legg til grunn at 20,1 mill. kroner på kap. 254 blir innrapportert som utviklingshjelp. Det blir derfor foreslått å løyve 20,1 mill. kroner på kap. 3254 post 04.

Kap. 256 VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 3256)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert ­budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

51 799

49 372

48 906

21

Særskilde driftsutgifter

18 443

15 656

16 354

Sum kap. 256

70 242

65 028

65 260

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endring:

  • Post 01 er auka med kr 90 000 i samband med overføring av midlar til fotokopiering frå kap. 249 post 71.

Kapitlet omfattar midlar til drift av VOX – Vaksenopplæringsinstituttet, som frå 1. januar 2001 vart oppretta ved ei samanslåing av dei tidlegare institusjonane Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter (SRV), Norsk fjernundervisning (NFU) og Norsk vaksenpedagogisk forskingsinstitutt (NVI).

VOX er etablert som eit nasjonalt utviklingssenter for vaksenopplæring med desse hovudoppgåvene:

  • forsking, utvikling og analyse i høve til nasjonale oppgåver innanfor vaksenopplæringsfeltet

  • utvikling og utprøving av pedagogiske metodar, pedagogiske verktøy og ulike organisasjonsmåtar som er tilpassa opplæringsbehova til vaksne

  • innhenting og spreiing av kunnskap om vaksnes læring

  • drift av større utviklingsprogram knytte til Kompetansereforma, til dømes kompetanseutviklingsprogrammet, realkompetanseprosjektet og prosjektet for utvikling av undervisningsmodellar for vaksne i vidaregåande opplæring. Sjå nærmare omtale under kap. 258 og 259.

Resultatrapport for 2000-2001

Ved oppstarten 1. januar 2001 var VOX lokalisert i to avdelingar i Oslo og ei i Trondheim. Samlokalisering av dei to Oslo-avdelingane vil skje i løpet av hausten 2001 i nye lokale i Skullerud Næringspark.

I første halvdel av 2001 har VOX prioritert arbeidet med å byggje ein samla organisasjon.

I tråd med føresetnadene i St.prp. nr. 63 (1999-2000) er volumet på undervisningsverksemda redusert med 30 pst. frå hausten 2001. Frigjorde ressursar er nytta til å styrkje utviklings- og formidlingsarbeid.

VOX har utarbeidd ein forskingsprofil der det er lagt særleg vekt på kunnskap som kan medverke til å realisere Kompetansereforma. Forskingsprofilen omfattar mellom anna læringsbehov, læringsprosessar og tilrettelegging for læring. Kompetanseutvikling i arbeidslivet er òg eit viktig element i denne profilen.

Instituttet har i 2001 drive ulike forskings- og utviklingsprosjekt. Fleire av prosjekta har fått finansiering frå EUs rammeprogram og har vore gjennomførte i samarbeid med forskarar frå andre europeiske land. Prosjekta rettar seg mellom anna mot betre forståing av prosessar knytte til deltaking og mangel på deltaking i vaksenopplæring, også blant eldre arbeidstakarar. Innanfor pedagogisk utviklingsarbeid har VOX mellom anna prosjekt som er retta mot norskopplæring for innvandrarar, språkbruk i arbeidslivet, opplæring av døve og av personar med lese- og skrivevanskar.

VOX driv informasjonsarbeid retta mot arbeidsliv, opplærings- og forskingsmiljø både i Noreg og i utlandet. VOX har i 2001 drive kunnskapsformidling i form av konferansar om ulike vaksenpedagogiske emne og har teke del i internasjonale arbeidsgrupper og prosjekt. Instituttet representerer til dømes norsk vaksenopplæring i den internasjonale arbeidsgruppa for EUs Grundtvig-program for folkeopplysning, og har prosjektleiaransvar for ei nordisk kartlegging av studieforbund etter oppdrag frå sekretariatet ved Nordisk Ministerråd. Det er oppretta eit grønt nummer med informasjon om Kompetansereforma.

Resultatmål for 2002

VOX skal saman med aktuelle partar utvikle vidare rolla som tenesteytande institusjon med fokus på behov for kompetanseheving i arbeidslivet. Instituttet skal vere ein ressurs for alle som driv med vaksenopplæring.

Frå å gi eit ope tilbod om vidaregåande opplæring innanfor studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag, skal VOX dreie praksisfeltet mot alle former for vaksenopplæring. Det opne tilbodet innanfor studieretning for allmenne fag tek slutt i si noverande form.

VOX skal arbeide for å generere nye forskingsprosjekt ut frå sin forskingsprofil og utvikle vidare dialogen med brukarar og forskarnettverk både nasjonalt og internasjonalt.

Av utviklingsarbeid skal VOX m.a. leggje vekt på:

  • utvikling av nye og effektive modellar for samarbeid mellom arbeidsliv og opplæringsmiljø

  • at vaksne som er i arbeid eller ønskjer seg inn i arbeidslivet, får eit kvalitativt godt og tilpassa opplæringstilbod

  • utvikling av tenlege opplæringstilbod for vaksne med særlege behov

Departementet vil komme tilbake til den framtidige oppgåve- og ansvarsfordelinga for VOX i samband med prosjektet «Fornying av den statlege utdanningsadministrasjonen», jf. omtale under programkategori 07.10 Administrasjon.

Budsjettforslag for 2002

Av omsyn til det samla budsjettopplegget er budsjettforslaget redusert med 3 mill. kroner i høve til budsjettet for 2001. VOX må av den grunn setje i verk tiltak for å tilpasse seg eit lågare aktivitetsnivå.

Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3256 post 02, jf. forslag til vedtak II nr.1.

Løyvinga på post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3256 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 2.

Ordninga med tilskott til fotokopiering er innarbeidd i den generelle løyvinga til VOX, jf. omtale under kap. 249 post 71 Tilskott til fotokopiering.

Kap. 3256 VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 256)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Inntekter frå oppdrag

15 568

12 166

12 531

02

Salsinntekter o.a.

5 588

5 492

5 657

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

490

18

Refusjon av sjukepengar

1 048

Sum kap. 3256

22 694

17 658

18 188

Inntektene på post 01 kjem frå oppdragsverksemd ved VOX.

Inntektene på post 02 kjem frå elevservice og kantine, eksamen for privatistar og sal av læremateriell og publikasjonar.

Kap. 258 Forsking, utviklingsarbeid og fellestiltak i vaksenopplæringa

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

21

Særskilde driftsutgifter

87 484

86 646

80 063

Sum kap. 258

87 484

86 646

80 063

Kapitlet omfattar midlar til:

  • forsking, utviklingsarbeid og fellestiltak i vaksenopplæringa

  • prosjektet for vidareutvikling av opplæringsmodellar for vaksne som vil nytte retten til grunnskole

  • utvikling av undervisningsmodellar tilpassa behov hos vaksne med særskild vekt på lese- og skrivevanskar

  • OECD-prosjektet Adult Literacy and Lifeskills Survey (ALL)

  • prosjektet «Dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse»

  • prosjektet «Motivasjon, rettleiing og informasjon»

  • gjennomføring av Språkprøva i norsk for vaksne innvandrarar

  • delfinansiering av forskingsprogrammet «Kompetanse, utdanning og verdiskaping» under Noregs forskingsråd

  • pedagogisk utviklingsarbeid og tiltak for særlege målgrupper i studieforbunda og i fjernundervisninga

  • vidareutvikling av nivåbasert norskopplæring for vaksne innvandrarar

  • andre prosjekt og tiltak som er initierte av departementet og er retta mot satsingsområda i Kompetansereforma

  • ankenemnd for utdanningspermisjon

  • informasjon om vaksenopplæring og Kompetansereforma

Resultatrapport for 2000-2001

Frå hausten 2000 fekk vaksne som var fødde før 1978, lovfesta rett til vidaregåande opplæring. Opplæringa skal føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller delkompetanse.

Første del av prosjektet «Kartlegging av behov og organisering av tilbod om grunnskoleopplæring for vaksne» vart avslutta hausten 2000. Prosjektet omfatta 37 kommunar over heile landet. Kartlegginga viste at nesten 1 800 vaksne i prosjektkommunane ønskte å ta grunnskoleopplæring utanfor vanleg arbeidstid. I snitt ville dei ta 2,3 fag, og dei fleste ønskte opplæring i engelsk. Flest deltakarar oppgav at dei ønskte å ta opplæring for sin eigen del, medan mange også ville nytte opplæringa i arbeidslivet og til vidare skolegang. Nesten 70 pst. av deltakarane var kvinner, og om lag ein fjerdedel hadde utanlandsk bakgrunn. På bakgrunn av kartlegginga sette kommunane hausten 2000 i gang med å utvikle opplæringsmodellar som skulle komme i møte gruppene sine behov for tilrettelagd opplæring. Første halvår 2001 har 700 vaksne teke del i opplæringstilbod som er organiserte av prosjekteiningane.

Satsinga på utvikling av undervisningsmodellar i vidaregåande opplæring som er tilpassa behova og livssituasjonen til vaksne, vart ført vidare i 2001. Det vart spesielt lagt vekt på å støtte prosjekt retta mot vaksne med lese- og skrivevanskar og for motivering til deltaking i arbeids- og samfunnsliv. I 2001 vart det gitt midlar til 40 av om lag 150 prosjektsøknader. Ved tildelinga har det vore lagt vekt på at opplæringa skal kunne kombinerast med arbeid og familie, og at det bør nyttast fleire læringsarenaer, til dømes arbeidsplassen. Desse prosjekta kan sjåast i samanheng med at Noreg har teke del i pilotundersøkinga i OECD-prosjektet ALL, som skal vurdere lesedugleik, talforståing og problemløysing.

Gjennom realkompetanseprosjektet har alle fylkeskommunane no etablert ei organisering for å kunne vurdere realkompetanse, og det er prosjekt for utvikling og utprøving av ulike metodar i 14 fylkeskommunar. Våren 2001 har over 4 800 vaksne fått vurdert realkompetansen sin for inntak til vidaregåande opplæring. Om lag 75 pst. av deltakarane er kvinner, og gjennomsnittsalderen er 37 år for kvinner og 36 år for menn. Dokumentasjonsordningar i arbeidslivet er utprøvde i til saman 144 verksemder og for 2 900 personar våren 2001. Av desse er om lag 40 pst. kvinner. Prosjektet omfattar også utvikling av metodar for yrkesprøving. Målgruppa er m.a. flyktningar og innvandrarar, og så langt har 60 personar fått vurdert yrkeskompetansen sin i høve til norsk fagutdanning. Samarbeidspartane i både privat og offentleg sektor viser stor interesse for desse prosjekta. Eit anna viktig område er utvikling av dokumentasjonsordningar for den kunnskapen og dei erfaringane som ein får gjennom arbeid/deltaking i studieforbund, fjernundervisningsinstitusjonar, folkehøgskolar og frivillige organisasjonar.

For å dekkje noko av behovet for tema i samfunnskunnskap i opplæringa for vaksne innvandrarar har VOX i 2001 utarbeidd opplæringsmateriell som mellom anna omhandlar helse, kosthald, barn og skole, jf. kap. 254 post 60.

Etter gjennomført opplæring i norsk med samfunnskunnskap skal deltakarane gå opp til Språkprøva i norsk for vaksne innvandrarar. I 2000 gjekk om lag 2 300 kandidatar opp til prøva. Av desse var om lag 60 pst. kvinner. 60 pst. av kandidatane bestod heile prøva, noko som er ei forbetring frå 1999, då i overkant av 40 pst. bestod.

Ankenemnda for utdanningspermisjon er nedsett og har heldt konstituerande møte.

Resultatmål for 2002

Løyvinga skal medverke til å fremme forsking og utviklingsarbeid og til å finansiere ulike fellestiltak på vaksenopplæringsfeltet. Delar av løyvinga vil bli nytta til å følgje gjennomføringa av tiltak i Kompetansereforma. Departementet vil mellom anna kartleggje korleis vaksne nyttar retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, korleis tilboda er lagde til rette, mellom anna ut frå realkompetansen til vaksne, og om tilboda samsvarer med behova til dei vaksne.

Det vil bli lagt særskilt vekt på motivasjonstiltak retta mot grupper med svak utdanningsbakgrunn.

Prosjektet om kartlegging av behov og utprøving av opplæringsmodellar tilpassa vaksne som vil ta grunnskoleopplæring, blir avslutta når retten til grunnskoleopplæring trer i kraft 1. august 2002. Realkompetanseprosjektet blir avslutta i 2002, og i samsvar med mandatet for prosjektet vil det bli evaluert under leiing av Noregs forskingsråd. Evalueringa skal etter planen avsluttast i januar 2003.

Når det gjeld utvikling av undervisningsmodellar tilpassa vaksne i vidaregåande opplæring, ser Regjeringa framleis behov for å leggje vekt på prosjekt som er retta mot vaksne med lese- og skrivevanskar, og på prosjekt for motivering til deltaking i arbeids- og samfunnsliv.

Budsjettforslag for 2002

Av omsyn til det samla budsjettopplegget er budsjettforslaget redusert med 10 mill. kroner i høve til 2001.

Kap. 259 Kompetanseutviklingsprogrammet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast

6 191

100 000

100 718

Sum kap. 259

6 191

100 000

100 718

Kapitlet omfattar midlar til drift og gjennomføring av kompetanseutviklingsprogrammet.

Resultatrapport for 2000-2001

I samband med inntektsoppgjeret i 1999 vart det foreslått å løyve 400 mill. kroner over ein 2–3-årsperiode til delfinansiering av eit kompetanseutviklingsprogram for vidareutvikling av marknaden for etter- og vidareutdanning. Hausten 1999 utarbeidde staten saman med partane i arbeidslivet sentrale mål og vilkår for å få tilskott frå programmet. Det vart løyvd 50 mill. kroner til formålet i 2000 og 100 mill. kroner i 2001.

Både enkeltverksemder, kommunar, utdanningstilbydarar, nettverk av verksemder, bransjeorganisasjonar, tariffpartar mv. kan ta initiativ til prosjekt innanfor programmet. Målgruppa er heile arbeidslivet, dvs. små og store private og offentlege verksemder, einmannsforetak og sjølvstendig næringsdrivande, både på sentralt og på lokalt nivå.

Kompetanseutviklingsprogrammet har vore i drift i 2000 og 2001 og har totalt motteke om lag 1 200 søknader, noko som tyder på stor merksemd rundt og interesse for programmet. VOX har operatøransvar for programmet, og har òg nytta seg av kompetanse frå andre fagmiljø ved vurdering av søknader og innstilling til programstyret. Programstyret er sett saman av representantar frå partane i arbeidslivet, Nærings- og handelsdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, og avgjer fordeling av midlane i programmet i høve til målsetjingar og føringar som er fastsette i programdokumentet.

Prosjekta innanfor programmet har god spreiing når det gjeld både sektor, utdanningsnivå og geografi, jf. også omtale under programkategorien. Foreløpige vurderingar tyder på at gjennomføringa av programmet samsvarer bra med dei overordna målsetjingane.

Programmet blir evaluert både undervegs og til slutt. Stiftelsen for samfunns- og næringslivsforskning (SNF) og Forskningsstiftelsen Fafo har fått i oppdrag å evaluere programmet, og det er oppnemnt ei oppfølgingsgruppe i Noregs forskingsråd. Oppfølgingsgruppa har representantar mellom anna frå ulike forskingsmiljø både nasjonalt og internasjonalt og frå partane i arbeidslivet.

Resultatmål for 2002

Formålet med kompetanseutviklingsprogrammet er å medverke til nyskaping i og vidareutvikling av marknaden for etter- og vidareutdanning. Programmet skal medverke til:

  • å gjere private og offentlege verksemder betre i stand til å identifisere, uttrykkje og oppfylle sine kompetansebehov

  • å utvikle vidare arenaer for samarbeid mellom aktørar på arbeidslivssida og utdanningssida

  • å utvikle etter- og vidareutdanningstilbod som i større grad er tilpassa behova i arbeidslivet

Ein må i 2002 også leggje særleg vekt på å gjere synleg og spreie erfaringar og resultat frå programmet.

Budsjettforslag for 2002

Regjeringa foreslår å løyve 100,7 mill. kroner til kompetanseutviklingsprogrammet i 2002.

Programkategori 07.60 Høgre utdanning

Kategori 07.60 omfattar

  • universitet og høgskolar under Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

  • ulike fellestiltak innanfor sektoren

  • tilskott til private høgskolar, studium i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar

Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

0260

Universitetet i Oslo

2 752 824

2 244 296

2 553 165

13,8

0261

Universitetet i Bergen

1 684 197

1 359 245

1 552 737

14,2

0262

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

2 174 333

1 739 929

2 011 902

15,6

0263

Universitetet i Tromsø

955 280

776 906

865 846

11,4

0264

Noregs handelshøgskole

206 381

185 206

184 254

-0,5

0265

Arkitekthøgskolen i Oslo (jf. kap. 3265)

43 488

60 207

51 728

-14,1

0268

Noregs idrettshøgskole

100 401

90 660

82 625

-8,9

0269

Noregs musikkhøgskole (jf. kap. 3269)

93 334

92 202

98 242

6,6

0270

Studium i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar

370 719

394 065

370 887

-5,9

0273

Statlege kunsthøgskolar (jf. kap. 3273)

154 698

157 964

198 804

25,9

0274

Statlege høgskolar (jf. kap. 3274)

5 864 722

5 880 048

6 111 311

3,9

0278

Noregs landbrukshøgskole

500 524

507 381

339 471

-33,1

0279

Noregs veterinærhøgskole (jf. kap. 3279)

232 647

212 318

226 583

6,7

0281

Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 3281)

683 213

790 924

695 430

-12,1

0282

Privat høgskoleutdanning

369 581

395 794

418 021

5,6

Sum kategori 07.60

16 186 342

14 887 145

15 761 006

5,9

I høve til budsjettet for 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • I samband med overgang til nettobudsjettering av Noregs handelshøgskole, Noregs idrettshøgskole, Noregs landbrukshøgskole, Høgskolen i Agder, Høgskolen i Bodø, Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Stavanger er utgifts- og inntektsløyvinga på kap. 264, 268, 274 og 278 redusert med 377,7 mill. kroner i budsjettforslaget for 2002.

  • Budsjettramma på kapitla 260-281 er oppjustert med 72,7 mill. kroner i samband med kompensasjon til statleg forvaltning for innføring av meirverdiavgift på tenester, omlegging til direkte refusjon av sjukepengar i statlege verksemder og innsparing ved effektivisering av statlege innkjøp, sjå Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

  • Som følgje av auke i etterspurnaden etter tenester innanfor forsking, utgreiing og undervisning er utgiftskapitla 273, 274, 279 og 281 auka med til saman 78 mill. kroner, mot tilsvarande auke i inntektene på dei tilhøyrande inntektskapitla i 2002.

  • Budsjettramma på kapitla 260-263 er oppjustert med 51,8 mill. kroner som ei følgje av oppdaterte utrekningar av pensjonsutgifter til Statens pensjonskasse, jf. Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

  • Budsjettramma på kapitla 260-263 er nedjustert med 41 mill. kroner som ein følgje av overføring av pensjonsutgifter for stipendiatar finansierte av Noregs forskingsråd, jf. kat. 07.70.

Dersom ein ser bort frå tekniske endringar, er det ein auke på om lag 7,3 pst. under kategori 07.60 i forslaget til budsjett for 2002 samanlikna med saldert budsjett for 2001.

Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

3260

Universitetet i Oslo (jf. kap. 260)

777 196

3261

Universitetet i Bergen (jf. kap. 261)

466 517

3262

Noregs teknisk-naturvitskaplege ­universitet (jf. kap. 262)

496 926

3263

Universitetet i Tromsø (jf. kap. 263)

234 721

3264

Noregs handelshøgskole (jf. kap. 264)

39 809

19 609

-100,0

3265

Arkitekthøgskolen i Oslo (jf. kap. 265)

4 465

4 666

4 671

0,1

3268

Noregs idrettshøgskole (jf. kap. 268)

23 992

13 760

-100,0

3269

Noregs musikkhøgskole (jf. kap. 269)

3 265

1 491

1 500

0,6

3273

Statlege kunsthøgskolar (jf. kap. 273)

7 590

4 665

5 792

24,2

3274

Statlege høgskolar (jf. kap. 274)

663 089

419 991

325 453

-22,5

3278

Noregs landsbrukshøgskole (jf. kap. 278)

188 886

183 342

-100,0

3279

Noregs veterinærhøgskole (jf. kap. 279)

93 140

77 332

81 999

6,0

3281

Fellesutgifter for universitet og ­høgskolar (jf. kap. 281)

21 130

277

1 285

363,9

Sum kategori 07.60

3 020 726

725 133

420 700

-42,0

I høve til budsjettet for 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • I samband med overgang til nettobudsjettering av Noregs handelshøgskole, Noregs idrettshøgskole, Noregs landbrukshøgskole, Høgskolen i Agder, Høgskolen i Bodø, Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Stavanger er inntektsløyvinga på kap. 3264, 3268, 3274 og 3278 samla redusert med 377,7 mill. kroner i budsjettframlegget for 2002.

  • Som ei følgje av auke i spurnaden etter tenester innanfor forsking, utgreiing og undervisning er inntektskapitla 3273, 3274, 3279 og 3281 auka med til saman 78 mill. kroner, mot tilsvarande auke i utgifter på dei tilhørande utgiftskapitla i 2002.

Budsjettforslag 2002 – prioriteringar

Departementet viser til St.meld. nr. 27 (2000-01) Gjør din plikt – Krev din rett Kvalitetsreform av høyere utdanning og Stortinget si handsaming av denne, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-01). Regjeringa legg vekt på å innføre reforma i løpet av 2002 og 2003. For å kunne gjennomføre Kvalitetsreforma foreslår departementet auka løyvingar til universiteta og høgskolane med 170 mill. kroner. I tillegg foreslår departementet at 120 mill. kroner som vart løyvde til særskilde omstillingstiltak i budsjettet for 2001 blir vidareførte i 2002. Til saman gir dette ei løyving på 290 mill. kroner til omstilling og innføring av Kvalitetsreforma i budsjettet for 2002. Departementet foreslår å auke løyvinga til forsking innanfor universitets- og høgskolesektoren med 350 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2001. Midlane skal gå til strategisk prioritert forsking, nye stipendiatstillingar, heilårseffekten av dei stipendiatstillingane som vart oppretta i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2001, nye professorat som er øyremerkte kvinner, og midlar til nytt vitskapleg utstyr ved universiteta. Sjå nærmare omtale av dei einskilde løyvingane nedanfor.

Departementet foreslår at midlane til innføring av Kvalitetsreforma blir fordelte med 100 mill. kroner til universiteta og 70 mill. kroner til vitskaplege og statlege høgskolar. Midlane skal i særleg grad nyttast til omlegging til planlagde studieløp, omlegging til ny gradsstruktur, kostnader i samband med auka semesterlengd, styrkt seminarundervisning, arbeid med å ta i bruk nye evalueringsformer og ei generell heving av kvaliteten på studietilboda. Departementet foreslår i 2002 at midlar til omstilling blir førte vidare med 100 mill. kroner til universiteta og 20 mill. kroner til høgskolane. Midlane skal brukast til å føre vidare omstillingsprosessane som institusjonane alt har sett i gang, men skal òg nyttast til arbeid i samband med innføring av Kvalitetsreforma.

Universitet og høgskolar har gjennom delegert mynde fått auka fridom slik at dei enklare og raskare kan svare på endra behov i samfunnet. I budsjettforslaget foreslår Regjeringa at Noregs handelshøgskole, Noregs idrettshøgskole, Noregs landbrukshøgskole, Høgskolen i Agder, Høgskolen i Bodø, Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Stavanger blir nettobudsjetterte tilskottsinstitusjonar frå 1. januar 2002. Dette vil mellom anna gi desse institusjonane større mynde og fleksibilitet til omstilling av verksemda.

Departementet foreslår at 175 mill. kroner av avkastinga frå forskingsfondet blir løyvd direkte til universiteta og høgskolane, jf. mellom anna kategori 07.70 og hovudinnleiinga. Av dette foreslår departementet at 100 mill. kroner blir øyremerkte vitskapleg utstyr ved universiteta. Midlane kjem i tillegg til vidareføring av løyvinga på 25 mill. kroner til vitskapleg utstyr ved universiteta i 2001. Vidare foreslår departementet at 75 mill. kroner av avkastinga frå fondet blir nytta til 158 nye stipendiatar, fordelte med 116 til universiteta og vitskaplege høgskolar og 42 til dei statlege høgskolane. Departementet vil leggje føringar på tildelingar av stipendiatstillingar, slik at fordelinga mellom kvinnar og menn blir tilnærma lik. I tillegg vert det løyvd 100 mill. kroner til heilårseffekten av 158 stipendiatstillingar og 46 postdoktorstillingar som vart oppretta i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2001, jf. St.prp. nr. 84 (2000-01) og Innst. S. nr. 325 (2000-01). Både nye rekrutteringsstillingar i 2002 og stillingar som vart oppretta i samband med revidert nasjonalbudsjett, blir finansierte med ein høgare sats, sjå nærmare omtale seinare. For å betre den låge prosentdelen kvinnelege professorar omfattar budsjettforslaget 3 mill. kroner til ti nye professorat øyremerkte kvinner, fordelte med tre stillingar til Universitetet i Oslo, to stillingar til Universitetet i Bergen, tre stillingar til NTNU og to stillingar til Universitetet i Tromsø. Det er i budsjettforslaget òg lagt inn midlar til heilårsverknad for 20 professorat øyremerkte kvinner som vart løyvde i samband med statsbudsjettet for 2001. Sjå nærare omtale av kvinneprofessorata under kap. 281.

Departementet foreslår ei løyving på 72 mill. kroner øyremerkte strategisk prioritert forsking ved universitet og høgskolar. Av desse er 57 mill. kroner fordelte på universiteta og dei vitskaplege høgskolane, jf. omtale av nytt finansieringssystem. Midlane skal byggje opp under dei fire tematiske satsingsområda (marin forsking, informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), medisinsk og helsefagleg forsking samt forsking i skjeringsfeltet mellom energi og miljø) og FUGE (funksjonell genomforsking). I tillegg vert det foreslått å løyve 100 mill. kroner til FUGE over budsjettet til Noregs forskingsråd, sjå omtale under kategori 07.70. Innanfor den strategiske forskingsløyvinga er det foreslått å opprette ei forskarlinje ved dei medisinske fakulteta. Forskarlinja vert oppretta med 20 plassar ved Universitetet i Oslo, 15 plassar ved Universitet i Bergen, tolv plassar ved NTNU og seks plassar ved Universitetet i Tromsø. Det blir lagt til grunn at vidare oppbygging av forskarlinjene blir finansiert innanfor føreslegne midlar til forsking ved universiteta. Statlege høgskolar får ei strategisk FoU-løyving på 15 mill. kroner. Midlane går inn i eit forskingsprogram for statlege høgskolar, jf. også omtale under kap. 274.

Satsinga som er retta mot utvikling av kompetanse innanfor pedagogisk bruk av IKT ved lærarutdanningsinstitusjonane, vil bli ført vidare i 2002 med 30 mill. kroner, sjå omtale under kap. 281.

Ledig kapasitet i høgre utdanning og endra behov hos brukarane gjer omstilling innanfor universitets- og høgskolesektoren naudsynt. Regjeringa har derfor foreslått at talet på studieplassar blir redusert med netto 2 948 studieplassar, fordelte med 1 891 ved universiteta og dei vitskaplege høgskolane og 1 057 ved dei statlege høgskolane i 2002. Ved inndraging av studieplassar er det lagt til grunn ein budsjetteffekt på kr 30 000 per plass. Vidare er reduksjonen i talet på studieplassar frå 2001 ført vidare med heilårsverknad for 2002.

Samstundes foreslår departementet å opprette 425 nye studieplassar for å auke opptakskapasiteten der det er registrert mangel på høgt utdanna personell, og der det er registrert god søking. Departementet foreslår blant anna å opprette ti nye studieplassar innanfor tolkeutdanninga og tolv nye studieplassar innanfor sivilindustridesignutdanninga for å auke opptaket. I tillegg vil departementet opprette om lag 600 nye studieplassar i 2002 for å føre vidare det auka opptaksnivået frå 2001. Av desse studieplassane vil 100 bli oppretta på medisin, 36 på psykologi, 23 på farmasi, 200 på sjukepleieutdanninga, 80 innanfor sivilingeniørutdanninga og 60 innanfor IKT.

Kompetansereforma fører til at nye grupper studentar vil søkje seg til universitet og høgskolar. Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2002 å føre vidare løyvinga til å delfinansiere kompetanseutviklingsprogram for å utvikle marknaden for etter- og vidareutdanning, sjå omtale under kategori 07.50 Vaksenopplæring. For å komme behovet for høgt utdanna arbeidskraft i distrikta i møte er det òg prioritert å setje av midlar til desentraliserte studietilbod. Departementet vil løyve 30 mill. kroner i 2002 til delvis dekning av meirkostnader ved desentraliserte studietilbod og fjern-undervisning ved dei statlege høgskolane.

Budsjettramma under kategori 07.60 er redusert med om lag 3,2 mill. kroner som følgje av innsparing i utgiftene som statlege institusjonar har til annonsering.

Forslag til løyvingar til byggjeprosjekt ved universiteta og høgskolane blir lagde fram i budsjettproposisjonen under Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Ein viser elles til omtale under kap. 281 samt til dei einskilde institusjonskapitla.

Mål for høgre utdanning

Det overordna målet for høgre utdanning er:

  • Universitet og høgskolar skal gjennom utdanning, forsking og formidling utvikle kunnskap av høg internasjonal kvalitet, for samfunns- og næringsliv og for det einskilde individ.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har starta eit omfattande og heilskapleg arbeid knytt til oppfølging av Stortinget si handsaming av St.meld. nr. 27 (2000-01), jf. Innst. S. nr. 337 (2000-01). Departementet ønskjer gjennom forslag til endringar i lov om universitet og høgskolar, forslag til nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar, gradvis innføring av nettobudsjettering, innføring av ny studiestøtteordning, omlegging av gradsstruktur og innføring av nye evalueringsformer å nå dei måla som er sette for Kvalitetsreforma. Desse måla er mellom anna auka studieintensitet og gjennomstrøyming, betre oppfølging av studentane, betre studiekvalitet, auka internasjonalisering og betre studiefinansiering. Endringane skal òg gi institusjonane større fridom, men også meir ansvar for strategisk styring og betre ressursutnytting. Nærmare omtale av dei einskilde elementa i Kvalitetsreforma er gitt i dei ulike budsjettkapitla. Departementet legg opp til at Kvalitetsreforma ikkje skal gå ut over satsinga på forsking, men at satsinga på både forsking og betre studiekvalitet skal vere komplementære aktivitetar som utviklar vidare universiteta og høgskolane som dei fremste kunnskapsinstitusjonane.

For raskt å setje i verk Kvalitetsreforma vil departementet i vårsesjonen 2002 leggje fram ein proposisjon om endringar i lov om universitet og høgskolar. Deretter vil det bli utarbeidd ei ny lov som inkluderer både offentlege og private høgre utdanningsinstitusjonar.

Departementet er bedt om å komme attende til Stortinget med saker om ny lærarutdanning, eventuell omlegging av profesjonsstudia, kunst- og musikkutdanninga, samisk høgre utdanning og forsking samt ei vurdering og drøfting av rekrutteringssituasjonen av vitskapleg personale til universitet og høgskolar. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har sett i gang arbeid på alle desse områda.

Departementet arbeider òg med oppretting av eit uavhengig akkrediterings- og evalueringsorgan, og vil mellom anna byggje på internasjonale erfaringar. Departementet vil i proposisjonen om endringar i lov om universitet og høgskolar komme attende til Stortinget med den konkrete etableringa av eit slik organ. Departementet tek ikkje sikte på å forlengje rådsfunksjonen til Noregsnettrådet ut over 2001. Dei vidare oppgåvene til Noregsnettrådet sitt sekretariat vil bli vurdert i samanheng med opprettinga av det nye organet.

Stortinget har bede om at Kvalitetsreforma vert evaluert. Departementet vil sørgje for ei slik evaluering og leggje denne fram for Stortinget. Evalueringa skal først gjerast etter at reforma har fått verke i tre år.

Departementet har utarbeidd ein ny finansieringsmodell for høgre utdanning, sjå nærmare omtale seinare.

Kunnskapspolitikken for høgre utdanning er nedfelt i St.meld. nr. 27 (2000-01) og Stortinget si behandling av denne, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-01). Departementet har etablert følgjande utviklingsretta delmål for sektoren:

  1. Utvikle ny grunnleggjande kunnskap av høg kvalitet og relevans.

  2. Få studentane til å lukkast betre med sine studium.

  3. Sikre arbeidsdeling, samarbeid og dimensjonering av høgre utdanning.

  4. Betre omstillingsevna til institusjonane.

  5. Leggje til rette for auka internasjonalt samarbeid.

Delmål 1: Utvikle ny grunnleggjande kunnskap av høg kvalitet og relevans

Tilstandsvurdering

Forskingsaktiviteten ved universitet og høgskolar har auka i 1990-åra i takt med utvikling i talet på vitskapleg tilsette. Delen av grunnforsking i Noreg er likevel låg samanlikna med andre OECD-land. Tal frå Norsk institutt for studier av forskning og utdanning (NIFU) viser at om lag 0,25 pst. av Noregs BNP blir brukt til grunnforsking.

I Norden er talet på avslutta doktorgradar meir enn dobla i løpet av 1990-åra, med ein gjennomsnittleg årleg vekst på om lag 9 pst. Talet på avslutta doktorgradar har auka mest i Danmark og Finland, mens Noreg og Sverige har hatt ein noko lågare vekst. I Noreg er det avslutta færre doktorgradar enn i dei andre nordiske landa sett i høve til folketalet. Tabellen nedanfor gir ein oversikt over avslutta doktorgradar per institusjon i Noreg i perioden 1993-2000. Frå 1999 til 2000 var det ein nedgang på nær 8 pst. i talet på avslutta doktorgradar.

Tal på avslutta doktorgradar per institusjon 1993-2000

Institusjon

Avslutta doktorgradar

1993

1994

1995

1996

1997

1998

1999

2000

Universitetet i Oslo

153

155

192

218

242

224

269

229

Universitetet i Bergen

91

113

136

116

100

129

132

125

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

174

181

173

172

185

186

207

187

Universitetet i Tromsø

20

42

45

46

39

59

48

51

Noregs handelshøgskole

8

10

12

11

10

19

9

12

Noregs idrettshøgskole

2

2

1

1

4

5

3

2

Arkitekthøgskolen i Oslo

0

1

1

2

0

2

1

3

Noregs landbrukshøgskole

28

32

27

24

35

41

28

32

Noregs veterinærhøgskole

15

12

14

11

9

7

7

8

Det teologiske menighets­fakultet

0

3

1

1

1

5

2

2

Sum

491

551

602

602

625

677

706

6511

Prosentdel kvinner

25

28

31

34

32

32

38

35

1Tal skil seg frå NIFU-tal, jf. kat. 07.70. Etter NIFU vart det uteksaminert 646 doktorgradsstudentar i 2000.

Kilde: Doktorgradsregisteret, Norsk institutt for forskning om utdanning (NIFU). DBH (Database for statistikk om høgre utdanning) for 1998–2000.

Trass i veksten i avslutta doktorgradar i 90-åra vil det på sikt kunne bli mangel på vitskapleg personell ved universitet og høgskolar. Naturleg aldersavgang vil saman med auka konkurranse om vitskapleg kvalifisert personell gje eit erstatningsbehov som overstig talet på dei som avsluttar doktorgradar, jf. Innst. S. nr. 110 (1999-2000) og St.meld. nr. 39 (1998-99) Forskning ved et tidsskille. For å auke talet på rekruttar er det viktig med tiltak for å betre gjennnomstrøyminga av forskarkandidatar. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Universitets- og høgskolerådet og Noregs forskingsråd har gått saman om å få gjennomført ei evaluering av den organiserte doktorgradsutdanninga. Sjå nærare omtalt under kategori 07.70 og mål for høgre utdanning kategori 07.60.

Talet på kvinner i faste vitskaplege stillingar ligg framleis lågt sjølv om kvinner er i fleirtal blant studentane. Dette gjeld særleg tilsette i stillingar som førsteamanuensis/førstelektor og professor. Ved universiteta har talet på kvinnelege professorar auka frå 10 pst. til 13 pst. i perioden 1993 til 2000, medan det for førsteamanuensis har vore ein vekst frå 22 pst. til 29 pst. i same periode. Rekruttering av vitskapleg personell til fagområde med få kvinner, særleg innanfor naturvitskap og teknologi, må styrkjast. I einskilde utdanningar innanfor helse og omsorg, førskole og allmennlærar treng ein å auke talet på menn.

Tal på årsverk i vitskaplege stillingar 2000 (pst. kvinner i parentes)

Universitet

Vitskaplege høgskolar

Statlege ­ høgskolar

Kunst- høgskolar

Sum alle ­institusjonar

Professor

1 783

(13)

240

(8)

153

(6)

23

(48)

2 199

(12)

Høgskoledosent

51

(14)

51

(14)

Førsteamanuensis/­førstelektor

1 390

(29)

266

(26)

1 229

(24)

27

(37)

2 913

(27)

Aman./høgsk.lektor/universitetslektor

412

(37)

95

(39)

2 823

(50)

48

(53)

3 378

(48)

Bistillingar

145

(12)

18

(9)

32

(8)

4

(28)

198

(12)

Stipendiatar

1 836

(42)

216

(50)

133

(38)

2 185

(43)

Andre vitskaplege stillingar1

516

(40)

105

(36)

9

(39)

629

(40)

Sum

6 082

(29)

940

(29)

4 431

(40)

102

(36)

11 554

(34)

1Andre vitskaplege stillingar omfattar stillingsnemninga «forskar», samt postdoktor.

Kilde: DBH. Data per 30.9.2000.

Tabellen nedanfor gir ein oversikt over avslutta doktorgradar etter fagområde og kjønn i 1993 og i 2000. Tabellen viser at det har vore ein vekst i talet på kvinner som har teke doktorgrad i perioden. Innanfor fagområdet medisin utgjer kvinnelege doktorandar no om lag halvparten av dei som avsluttar doktorgradar. Det har vore ein monaleg auke innanfor matematikk og naturvitskap. Innanfor fagområda teknologi og landbruksvitskap/veterinærmedisin har det vore ein nedgang. Prosentdelen kvinner innanfor fagområdet teknologi er låg.

Avslutta doktorgradar etter fagområde og kjønn 1993 og 2000

Pst. av alle gradar

Pst. kvinner

1993

2000

1993

2000

Humaniora

8

10

26

43

Samfunnsvitskap

12

18

23

38

Matematikk/naturvitskap

28

27

21

34

Teknologi

25

19

15

14

Medisin

19

21

38

49

Landbruksvitskap/veterinærmedisin

8

5

46

38

Sum

100

100

25

35

Kilde: Doktorgradsregisteret, NIFU.

Forskingsrådet sine evalueringar av geofag, kjemi, fysikk og biologi viser varierande kvalitet i forskinga ved universitet og høgskolar. Evalueringane viser mellom anna at det er behov for å styrkje forskingsleiinga, medverke til ein større konsentrasjon av forskingsressursane og betre samarbeidet og arbeidsdelinga mellom fagmiljøa ved institusjonane. Departementet ser at mange institusjonar og fagmiljø står overfor store utfordringar når det gjeld å prioritere forsking med omsyn til å ha ein konsentrert og målretta bruk av ressursane. Sjå nærmare omtale av Forskingsrådet sine evalueringar under kategori 07.70. Institusjonane er pålagde å utarbeide strategiske planar for FoU-verksemda. Departementet er nøgd med at mange av institusjonane har komme langt i dette arbeidet.

Dei statlege høgskolane står overfor store utfordringar med å utvikle og fornye yrkesutdanningane sine. I samband med høringskonferansane om lærarutdanninga som departementet gjennomførde hausten 2000, vart det mellom anna vist til at lærarutdanningane har eit stort behov for pedagogisk nytenking. Midlar blir mellom anna tildelte til IKT i lærarutdanningane, sjå nærmare omtale under kap. 281. Departementet har tildelt lærarutdanningsinstitusjonane 2 mill. kroner for at dei både skal styrkje undervisningsopplegga retta mot den første lese-, skrive- og rekneopplæringa og førebygging av lese-, skrive- og reknevanskar.

Forskingsrådet sitt program Kompetanseutvikling i profesjonsutdanning og profesjonsut-øving (KUPP) er etablert for å medverke til forskingsbasert kunnskap for ein betre og meir relevant yrkespraksis innanfor skole- og helse- og sosialsektoren.

Dei statlege høgskolane skal spele ei viktig rolle i regionale innovasjonsprosessar. Evalueringar som er gjorde i Forskingsrådet, peikar på at høgskolane bør styrkje kapasiteten til å ivareta behov for regional, næringsretta FoU. Forskingsrådet har oppretta programmet MOBI (Mobilisering for FoU-relatert innovasjon), som på mange måtar er ei vidareføring av det tidlegare BRO-programmet (Brubygging mellom næringsliv og forsking), for å medverke til at fleire bedrifter inngår i nettverk og utviklingskoalisjonar. Spesielt gjennom dei to delprogramma SMB-Kompetanse og SMB-Høgskole kan dei statlege høgskolane medverke til regional innovasjon og samstundes auke sin eigen kompetanse.

For å stimulerer til auka FoU-innsats i norsk næringsliv, og særleg i små og mellomstore verksemder, foreslår Regjeringa å innføre ei ordning med skattefrådrag for FoU-investeringar for verksemdene. Ordninga skal erstatte tilskottsordninga FUNN (Forsking og utvikling i eit nyskapande næringsliv).

Stortinget har i samband med Innst. S. nr. 110 (1999-2000), jf. St.meld. nr. 39 (1998-99), lagt vekt på at veksten i talet på rekrutteringsstillingar i perioden 2001-05 skal vere på minst 150 i dei to første åra, og hevast til minst 200 i dei neste åra. I tråd med Regjeringa si opptrappingsplan for forsking vart det i 2001 oppretta 100 nye stipendiatstillingar og 40 nye postdoktorstillingar ved universitet og høgskolar, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2000-01) og St.prp. nr. 1 (2000-01). I tillegg vart det oppretta 20 nye professorat. Postdoktorstillingane og professorata vart øyremerkte kvinner. I samband med Stortingets behandling av St.prp. nr. 84 (2000-01), jf. Innst. S. nr. 325 (2000-2001), er det oppretta ytterlegare 158 nye stipendiatstillingar og 46 postdoktorstillingar ved universitet og høgskolar.

Tradisjonelle doktorgradsprogram er ikkje godt tilpassa utøvande kunstnarleg arbeid. For likevel å gi kunstfagkandidatar høve til utvikling på nivå med doktorgrad har ei arbeidsgruppe frå kunstfaglege høgskolemiljø foreslått at ein set i verk ulike tiltak, mellom anna eit stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid.

Universiteta og høgskolane er store formidlingsverksemder, først og fremst gjennom si formidling til studentane og gjennom publisering av vitskapleg stoff, der sistnemnde er retta inn mot likemenn og allmenta. Dei tilsette tek del i offentlege debattar m.a. i presse, radio og TV. Fleire av institusjonane har opne dagar, med til dømes forelesingar for allmenta. I tillegg er forelesingar opne for publikum om ikkje særskilde grunnar taler mot det.

Universiteta har store universitetsmuseum. Desse inneheld store mengder kunstgjenstandar, arkeologisk og naturhistorisk materiale i Noreg.

Det unike ved universitetsmusea er deira vitskaplege samlingar. Det er eit integrert samspel mellom vitskaplege samlingar, formidling og forvaltning. Samlingane er vitskapens minne. Det tidsperspektivet som samlingane kan gi, gir forståing for endringar over tid, innanfor både natur og kultur, og forståing for menneskets levemåte og livsvilkår. Det er òg eit mål å halde oppe og styrkje samanhengen mellom dei vitskaplege samlingane og forskingsverksemda elles ved universiteta. Samlingane dannar også grunnlaget for publikumsutstillingar. I 2000 var det 1,1 millionar som vitja universitetsmusea.

Ei breitt samansett arbeidsgruppe har vurdert etablering av ein nasjonal artsdatabank der ein på elektronisk form og på ein einskapleg måte samler data om norske biologiske artar. Artsdatabanken vil samle og organisere data som alt ligg føre i ulike spesialdatabasar, og i starten vil ein prioritere truga eller utsette artar. Artsdatabanken vil styrkje kvaliteten i arbeidet med miljøspørsmål både i forvaltning, forsking og undervisning, og han vil lette eksisterande - og opne for ny, fagleg verksemd knytt til biologisk mangfald.

Strategiar og tiltak

I 2002 vil departementet løyve 75 mill. kroner til 158 nye stipendiatar. I tillegg vil departementet løyve midlar til heilårseffekt for stipendiatar oppretta i samband med revidert nasjonalbudsjett 2001, jf. tildlegare omtale.

Rekrutteringsstillingar løyvde i samband med revidert nasjonalbudsjett 2001 og statsbudsjettet for 2002 er finansierte med ein høgare sats enn tidlegare. Den nye satsen vil gjelde for tildelingar etter dette. For universiteta er dei nye satsane kr 484 000 for stipendiatar og kr 562 000 for postdoktorar, mens satsane for høgskolane er kr 453 000 for stipendiatar og kr 523 000 for postdoktorar. Satsane er forskjellige for universitet og høgskolar, då universiteta betalar direkte pensjonsinnskott til Statens pensjonskasse. Dei nye satsane inkluderer lønn og sosiale utgifter, driftsutgifter, arealkostnader og utgifter til kontor og administrasjon. Utgifter til blant anna rettleiing er ikkje inkluderte i dei nye satsane, da dette vert rekna for ordinære arbeidsoppgåver for vitskapleg tilsette.

Departementet vil opprette eit stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid. Programmet skal føre fram til kompetanse på nivå som førsteamanuensis på linje med dei organiserte doktorgradsprogramma.

Det er behov for å auke rekrutteringa av medisinarar til medisinsk forsking. Departementet går derfor inn for at det blir oppretta forskarlinjer ved dei fire medisinske fakulteta. Departementet vil òg auke løyvinga til forsking og løyve ekstra midlar til gjennomføring av kvalitetsreforma, sjå omtale tidlegare. I tillegg vil løyvinga til MOBI bli auka til 2 mill. kroner. Departementet vil auke løyvinga til KUPP sitt arbeid innanfor skolerelatert forsking til 5 mill. kroner.

For å sikre meir stabile rammevilkår for forsking vil departementet med eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar innføre eit delvis skilje mellom løyvingane til undervisning og forsking. Finansieringssystemet er også utforma slik at det vil premiere forskingsresultat og støtte opp om strategisk prioriterte forskingssatsingar, jamfør omtale av finansieringssystemet seinare. Sjå hovudprioriteringane tidlegare, og råd for høgre utdanning for samla omtale av satsinga på forsking.

For å få til betre samarbeid og større konsentrasjon av forskingsverksemda ser departementet at fagleg leiing på grunnivå vil ha behov for å styre ressursane til forsking i større grad enn tidlegare. Departementet vil derfor, som oppfølging av Stortinget si innstilling, fremme forslag om lovendring slik at leiarane for avdelingane og grunneiningane ved institusjonane skal tilsetjast på åremål, sjå nærmare omtale under delmål 4. For å få ein betre kjønnsbalanse blant dei vitskapleg tilsette ved institusjonane vert kvinner oppfordra til å søkje desse stillingane på fagområde der kvinnerepresentasjonen i dag er låg. Handlingsretta strategiske planar for forsking og utviklingsarbeid ved kvar institusjon blir også av denne grunnen viktigare i tida framover.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil i 2002 i samarbeid med andre departement (mellom anna Miljøverndepartementet, Landbruksdepartementet og Fiskeridepartementet) starte opp arbeidet med å etablere ein artsdatabank. Artsdatabanken skal lokaliserast til Trondheim og knytast til Vitskapsmuseet ved NTNU. Departementet vil setje av 2 mill. kroner til delfinansiering av artsdatabanken i oppstartsåret 2002.

Universitetsmusea må styrkje arbeidet med å ta i bruk IKT, mellom anna til visualiseringsformål

Likestillingsmål og -tiltak må vere ei ordinær og viktig oppgåve for verksemdene. Institusjonane må utarbeide handlingsplanar for likestilling. I handlingsplanen skal institusjonane mellom anna setje måltal for kvinnerepresentasjon i ulike stillingskategoriar og lage strategiar og tiltak for korleis ein kan nå måla. Institusjonar som har helse- og omsorgs-, sjukepleie-, førskole- og allmennlærarutdanningar må òg ha strategiar og tiltak for å rekruttere menn til utdanningane.

Departementet vil i 2002 auke løyvingane til universiteta slik at dei regionale forskingsetiske komiteane (REK) får betre økonomiske rammevilkår. Departementet vil vidare vurdere om det er behov for å endre finansieringsmåten for komiteane, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2000-01). For omtale av budsjettet for den einskilde komiteen viser vi til omtale under institusjonskapitla.

Delmål 2: Få studentane til å lukkast betre med sine studium

Tilstandsvurdering

Eit godt utdanningssystem er kjenneteikna ved at studieopplegga fremmar læring, modnad og utvikling, samstundes som fagleg innhald og gradar er organiserte slik at studentane kjem gjennom studieløpa utan unødige opphald og fråfall.

I dag nyttar mange studentar lang tid på å gjennomføre studia. Gjennomsnittstal for avlagde vekttal per student ved dei statlege høgskolane i 2000 var 15,4 mens talet var 13,33 ved dei vitskaplege høgskolane. Tabellen nedanfor syner vekttal per student ved universiteta. Sjå nærmare omtale av vekttal og kandidatar seinare.

Tal på avslutta vekttal per student1

Institusjon

Vekttal per ­student 1997

Vekttal per ­student 1998

Vekttal per ­student 1999

Vekttall per ­student 2000

Universitetet i Oslo

11,09

10,45

10,79

10,74

Universitetet i Bergen

11,99

11,71

11,18

11,39

Noregs teknisk-naturvitskaplege ­universitet

13,05

13,29

11,88

12,28

Universitetet i Tromsø

12,25

11,23

11,30

10,98

120 vekttal svarer til eit års normert studietid. Det er teke utgangspunkt i talet på studentar i haustsemesteret og vekttalsproduksjonen på årsbasis. Doktorgradsstudentar er ikkje med i utrekningsgrunnlaget.

Kilde: DBH

Tidsbrukundersøkingar som er utarbeidde av Norsk institutt for studier av forskning og utdanning (NIFU), syner vidare at mange studentar nyttar for få timar i veka på studia. Relativt lite krav til oppmøte og aktiv deltaking under studieløpet samt mykje bruk av tradisjonell sluttevaluering stimulerer ikkje til jamn studieaktivitet gjennom heile studieåret. Samstundes er strukturen i Noreg prega av mange lange førstegangsutdanningar. Kostnadene ved å ta utdanning blir såleis høg både for den einskilde og for samfunnet.

For å sikre gode læringsmiljø prega av høg kvalitet er institusjonane pålagde å evaluere og utvikle kvaliteten i sine fagtilbod. Noregsnettrådet har sett i gang eit pilotprosjekt som skal gi grunnlag for å utvikle eit kvalitetssikringssystem som skal femne om alle institusjonar som tilbyr høgre utdanning. Noregsnettrådet er også i gang med ei omfattande institusjonsevaluering av dei fire universiteta, sjå eigen omtale under kap. 281. Evalueringa av Universitetet i Tromsø er avslutta, og universitetet har etter denne evalueringa gjennomført ei rekkje tiltak for å betre kvaliteten. Mellom anna er universitetet godt i gang med å utvikle eit system for kvalitetssikring. Også andre institusjonar er godt i gang med å utvikle eit slikt system. Departementet føreset at alle høgre utdanningsinstitusjonar vil utvikle slike system, og vil kome attende til dette i samband med etablering av eit uavhengig organ for akkreditering og evaluering.

Eit heilskapleg læringsmiljø er viktig for at studentane skal lukkast med sine studium. Utdanningsinstitusjonane har det overordna ansvaret for læringsmiljøet, medan studentsamskipnadene har fått det operative ansvaret for studentvelferda. Studentsamskipnaden får i tillegg til eit generelt tilskott til drift, tilskott til drift av barnehageplassar, sosial rådgivingsteneste, helsetiltak, samt tilskott til bygging av studentbustader, sjå omtale under kap. 270. Den kraftige veksten i høgre utdanning i 90-åra har skapt eit press på velferdsapparatet. I dei større byane har prisstiginga på den private utleigemarknaden ført til auka etterspørsel og behov for studentbustader.

Lærestadene har utarbeidd handlingsplanar for funksjonshemma studentar. Brukarforum for funksjonshemma og høgre utdanning vart etab-lert i 2000 som eit prøveprosjekt over tre år. Brukarforumet vil halde fram verksemda si i 2002. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Sosial- og helsedepartementet har i 2001 sett av 2 mill. kroner til konkrete prosjekt og tiltak for funksjonshemma ved institusjonane.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Sosial- og helsedepartementet har tidlegare gitt støtte til eit prosjektet om funksjonshemma (LINK-prosjektet) ved NTNU. Prosjektet vart avslutta i november 2000. Som ei oppfølging av røynsler og konklusjonar frå prosjektet vil Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i samråd med Sosial- og helsedepartementet vurdere behovet for ein sentral pådrivar- og/eller nettverksfunksjon for institusjonane sitt arbeid for funksjonshemma studentar. Det er sett av 1 mill. kroner til eventuelle slike tiltak i 2002.

Strategiar og tiltak

For å sikre meir effektive studieløp vil det bli innført ein ny gradsstruktur frå 2002 for dei fleste studia, jf. Innst. S. nr. 337(2000-2001). Dette skal vere gjennomført innan studieåret 2003/04. Den nye gradsstrukturen vil omfatte dei fleste utdanningane og ha ein lågare grad som er normert til tre år, og ein høgare grad som er normert til totalt fem år. Dette vil gi ei nedkorting av studietida for dei lange grunnutdanningane. Samstundes skal studieterminane nyttast, og studentane skal få tettare oppfølging gjennom heile studieåret.

For å fremme læringa til den einskilde og medverke til at fleire kan følgje normert studietid, føreset innføring av ny gradsstruktur ein fagleg og pedagogisk gjennomgang av innhaldet i og organiseringa av utdanningane. Meir varierte lærings- og vurderingsformer skal styrkje læringsutbyttet og progresjonen. Læringsvilkåra må inngå i ein heilskapleg strategi som fremmer studiekvaliteten og læringsmiljøet. Dette arbeidet er ein del av den faglege verksemda ved institusjonane. Ansvaret for fornyinga har den einskilde institusjon. I tillegg til arbeidet med innføring av ein ny gradsstruktur vil departementet prioritere følgjande tiltak i 2002 for å få studentane til å lukkast betre med studia sine:

  • Departementet vil påleggje alle institusjonar å innføre system som dokumenterer arbeidet med å sikre og utvikle studiekvaliteten. Studentevaluering av undervisninga vil inngå i dette.

  • Det vil bli oppretta eit uavhengig organ for akkreditering og evaluering. Organet skal sikre at kvalitet er styrande for aktiviteten ved institusjonane.

  • Det vil bli innført eit nytt finansieringssystem som skal premiere institusjonar som får studentane til å lukkast med sine studium, sjå omtale seinare.

  • Departementet vil auke stipenddelen og støttebeløpet frå Lånekassen, sjå nærmare omtale under kategori 07.80.

I tillegg vil departementet i den kommande lovproposisjonen komme attende med lovendringsforslag når det gjeld eksamen og sensur. Forslaga om eksamen og sensur skal leggje til rette for å ta i bruk meir varierte vurderingsformer og at studentane jamnleg kan få tilbakemelding om sitt eige læringsutbytte. I lovproposisjonen vil det òg bli lagt opp til at forholdet mellom student og institusjon vert styrkt, ved at dei to partane skal underteikne ein gjensidig forpliktande utdanningsplan. Planen skal vise korleis institusjonen legg til rette for at studentane kan gjennomføre planlagd utdanning til avtalt tid, og kva for pliktar studentane har for å følgje opp krav frå institusjonen om mellom anna deltaking og innlevering av obligatorisk arbeid.

Universitet og høgskolar skal leggje læringsmiljøet til rette for funksjonshemma studentar, og må utvikle vidare og setje i verk handlingsplanar og peike ut kontaktpersonar for funksjonshemma studentar.

Departementet har bede Noregsnettrådet innan årsskifte 2001/02 evaluere førskole- og allmennlærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning. Våren 2002 vil departementet leggje fram ei stortingsmelding om lærarutdanning der blant anna ny organisering av lærarutdanningane blir foreslått. På bakgrunn av behandling av meldinga i Stortinget og Norgesnettrådet si evaluering av lærarutdanninga vil departementet i løpet av 2002 starte arbeidet med å utvikle nye og forenkla rammeplanar.

Departementet vil ta opp med utdanningsinstitusjonane at tema med fokus på lesbiske og homofile blir styrkt i medisin- og psykologiutdanninga, lærarutdanninga og helse- og sosialfagutdanningane, jf. St.meld. nr. 25 (2000-2001) Levekår og livskvalitet for lesbiske og homofile i Norge.

Delmål 3: Sikre arbeidsdeling, samarbeid og dimensjonering av høgre utdanning

Tilstandsvurdering

Etter ein kraftig vekst i talet på studieplassar i 1990-åra er det no etablert ein utdanningskapasitet som gjer det mogleg for halvparten av årskulla som fullfører vidaregåande opplæring, å ta høgre utdanning. Departementet har lagt vekt på søkjarane sine preferansar og på ulike behov for arbeidskraft i samfunnet ved dimensjonering av høgre utdanning.

Utviklinga i studentmåltal frå 1990 til 20011

1990

1992

1994

1996

1997

1998

1999

2000

2001

123 855

144 996

161 698

168 158

169 842

170 070

171 118

168 780

167 763

1Inkluderer studieplassar det blir gitt tilskott til ved private høgskolar. Studieplassar ved Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole inngår i tala for heile perioden, sjølv om desse vart overførte til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet med verknad frå og med 1997. I tillegg til studentmåltala i tabellen kjem måltal for eksternt finansierte studentar. I perioden frå 1990 var dette om lag 3 000 studieplassar. For 1999 vart måltalet heva til 5 000 studieplassar, frå 2000 til 6 500 studieplassar og frå 2001 til 7 000 studieplassar.

Erfaringar viser at det i mange høve er vanskeleg å forutsjå behova for kandidatar ved dei ulike utdanningane slik at kapasiteten blir tilpassa ein framtidig arbeidsmarknad. Departementet har likevel lagt vekt på å styre kapasiteten på utdanningar der dei samfunnsmessige kostnadene ved mangel på ulike personellgrupper vil vere store. Dette gjeld mellom anna helse- og sosialfag, lærarutdanningar og teknologifag. Framskrivingar tyder på at behovet for ulike personellgrupper innanfor helse- og omsorgssektoren kan bli større enn tilgangen på arbeidskraft i åra som kjem, jf. Innst. S. nr. 54 (1999-2000) og St.meld. nr. 36 (1999-2000) Om prinsipper for dimensjonering av høgre utdanning. Det har også vore registrert stor etterspurnad etter IKT-utdanna personell. Departementet har auka opptakskapasiteten på desse områda i dei seinare åra. Det vart mellom anna oppretta nærmare 400 nye studieplassar i 2001 for å føre vidare den auka opptakskapasiteten på medisin, psykologi, farmasi, radiografi og sivilingeniørutdanninga. Ei ytterlegare utviding av kapasiteten på desse fagområda er vanskeleg på grunn av avgrensa tilgang på vitskapleg personell og praksisplassar.

Fleire institusjonar har hatt problem med å oppfylle måltala for einskilde fag fordi talet på søkjarar har gått ned frå midten av 1990-åra. For å gjere sitt for å oppfylle dei totale måltala omdisponerer institusjonane studieplassar. Tabellen nedanfor viser tal for søking og opptak ved universitet og høgskolar i perioden 1995-2000.

Nøkkeltal for søking og opptak ved universitet og høgskolar1

1995

1996

1997

1998

1999

2000

Tal for søkjarar

101 255

101 288

93 172

86 644

82 818

82 189

Tal for søkjarar 19-24 år i prosent av totalt tal for søkjarar

73,4

74,4

73,0

71,8

71,1

69,4

Tal for kvalifiserte søkjarar

83 884

82 294

75 656

70 043

66 581

64 239

Av desse kvinner (i prosent)

60,0

60,2

60,8

60,2

60,0

59,4

Tal for kvalifiserte søkjarar utan tilbod

14 841

12 433

5 272

3 473

2 262

1 769

Tal for personar møtt til studiestart

45 624

45 501

43 651

43 836

43 684

44 616

Av desse kvinner (i prosent)

57,7

58,9

59,8

61,0

61,0

60,2

1I søkjarstatistikken frå SO inngår ikkje Kunsthøgskolen i Bergen, Noregs musikkhøgskole eller høgskolar under andre departement. Fleire av dei private høgskolane er heller ikkje med i statistikken, men eit klart fleirtal av søkjarane til private høgskolar inngår. Frå 2000 er tal for søkjarar til Ansgar Teologiske høgskole inkluderte.

Kilde: Samordna opptak (SO).

Førebels tal for søkjarar til universitet og høgskolar i 2001 viser ein auke på om lag 1 930 studentar frå 2000 til 2001, eller om lag 2,5 pst. Søkjartala viser at det er utdanningar som tidlegare har slite med rekrutteringsproblem som no har framgang. Dette gjeld særleg lærarutdanningane. Rekrutteringa til realfaga er blitt betre ved universiteta, men er framleis låg til ingeniørutdanningane og dei maritime utdanningane ved dei statlege høgskolane.

Det er fleire kvinner enn menn som søkjer seg til høgre utdanning. Rekruttering til dei ulike utdanningane viser likevel at kvinner og menn framleis vel ulikt når det gjeld utdanning. Det er behov for å betre rekrutteringa av kvinner til naturvitskaplege fag og teknologiske fag, medan det er behov for å rekruttere fleire menn innanfor helse- og omsorgsfag og lærarutdanningane.

I tråd med Stortinget si behandling av Ot.prp. nr. 58 (1999-2000), jf. Innst. O. nr. 1 (2000-01), er det lagt opp til at institusjonane frå og med hausten 2001 kan ta opp søkjarar som er 25 år eller eldre til eit studium ut frå realkompetansen deira for studiet. Søkjartal for 2001 visar at om lag 6 000 personar søkjer høgre utdanning på bakgrunn av realkompetanse. Av desse sende over 4 000 studentar inn dokumentasjon. Om lag 2 900 av desse studentane var kvalifiserte for minst eitt av studieønska, og om lag 2 700 fekk tilbod om opptak.

Universitet og høgskolar har mange fellesoppgåver, men fyller likevel ulike roller i Noregsnettet. Gjennom å samle alle institusjonane i eit samordna system har målet vore å heve kvaliteten og betre ressursbruken i høgre utdanning.

Etter oppdrag frå departementet har Noregsnettrådet evaluert dei 30 først tildelte knutepunktfunksjonane. I evalueringsrapporten slår ein fast at arbeidsdeling og nettverksbygging framleis bør vere ei viktig nasjonal oppgåve i Noregsnettet, jamvel om evalueringa viser at ordninga med knutepunktfunksjonar til no ikkje har gitt den ønskte effekten. Ordninga i seg sjølv har ikkje ført til den faglege og ressursmessige konsentrasjonen i høgskolane som var forventa. Berre få stader har auka samarbeid og arbeidsdeling vore eit resultat av knutepunkttildelingane.

Institusjonane har ansvaret for å utvikle gode og relevante tilbod til menneske i ulike fasar av livet. Høgskolane har særlege føremonar for å dekkje etterspurnaden etter korte yrkesretta utdanningar, jf. St.meld. nr. 20 (2000-01) Om korte yrkesrettede utdanninger etter videregående opplæring.

Desentraliserte studietilbod er eit viktig supplement til den ordinære drifta ved universitet og høgskolar. Dette bidrar til at fleire får høve til ta ta høgre utdanning. Det har vist seg at studentane gjer det godt og at desse studentane i større grad enn andre blir værande i lokalmiljøet. Departementet legg til grunn at det er universiteta og høgskolane som har ansvaret for studietilboda fagleg og organisatorisk. Dersom institusjonane ynskjer at lokale eller regionale aktørar skal teke over eller samarbeide om det rent organisatoriske, er dette gjenstand for samtaler mellom institusjonane og dei lokale/regionale aktørane. Regjeringa og Stortinget legg til grunn at statleg støtte til høgre utdanning, inkludert desentraliserte og fleksible studietilbod, er ein del av løyvinga til det einskilde universitet og høgskole. I statsbudsjettet for 2001 blei det fordelt 36 mill. kroner til dekking av meirkostnader til desentralisere og fleksible utdanningar i tillegg til den ordinære rammetildelingen. Dette har resultert i ei kraftig auke i tal på studentar innanfor denne type utdanningar.

Det lokale behovet for studietilbod vil variere over tid, og god kontakt med lokale aktører er svært viktig for dei forskjellige institusjonane. Særs viktig er det at institusjonane arbeid tett saman med lokale myndigheiter og næringsliv som ligg i samme region. Studiesenteret på Finnsnes er eit lokalt senter, sjå også omtale under kap. 254. Dei organiserer blant anna studietilbod på høgre nivå i samarbeid med Høgskolen i Tromsø. Senteret blei oppretta av lokale aktører hausten 1996 som eit femårig forsøksprosjekt. I prøveperioden gjekk staten inn med støtte og samtidig ble det reist prinsipielle problemstillingar knytt til denne medverknaden. Etter prøveperioden skulle ein vurdere om staten prinsipielt skulle åpne for direkte driftsløyvingar til ulike lokale eller regionale tiltak der ein i samarbeid med eit universitet eller høgskole organiserte studietilbod på høgre nivå. Det er mange slike lokale aktører over heile landet, og det kommer stadig nye søkjarar.

Strategiar og tiltak

I tråd med forventningar om auka etterspurnad etter høgre utdanning, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-01) og St.meld. nr. 27 (2000-01), legg departementet opp til å føre vidare ein høg utdanningskapasitet også i 2002. Ved fleire institusjonar er det ledig kapasitet innanfor einskilde fagområde. Utdanningskapasiteten er på bakgrunn av dette redusert i budsjettforslaget for 2002, sjå omtale tidlegare. Departementet har ved reduksjon i talet på studieplassar lagt vekt på å halde oppe ei god geografisk fordeling av studiekapasiteten, samstundes som det er teke omsyn til preferansar til studentane og til behovet for arbeidskraft i samfunns- og næringsliv. Endringar i studentmåltala frå 2001 til 2002 framgår av tabellen nedanfor. Med eit nytt finansieringsystem er det grunn til å gå gjennom dei styringsmidla som har vore nytta til no gjennom opptaksrammer, studentmåltal m.m. Det må vurderast kva rolle studentmåltalet, med dei metodeproblema som er knytte til det, skal ha i det framtidige finansieringssystemet. I statsbudsjettet for 2002 blir måltal for institusjonane førte vidare, men med korrigeringar for endringar i studieplassar. Departementet vil i statsbudsjettet for 2003 komme tilbake til bruk av studentmåltal. Ein viser til nærmare omtale av finansieringssystemet nedanfor.

Oversikt over studenttal 1999-2002

Registrert 1999

Registrert 2000

Måltal 2000

Måltal 2001

Måltal 2002

Universitet

74 1351

74 6642

73 617

72 637

70 734

Vitskaplege høgskolar

7 2823

7 2374

6 930

6 903

6 915

Kunsthøgskolar

760

780

707

707

707

Statlege høgskolar5

74 145

74 548

75 114

74 974

73 917

Sum universitet og ­høgskolar

156 322

157 229

156 368

155 221

152 273

Private høgskolar, kap. 282

17 639

19 498

12 412

12 542

12470

Sum

173 961

176 727

168 780

167 763

164 743

Eksternt finansierte studentar6

5 302

5 263

6 500

7 000

7 000

1Det var i tillegg registrert 1 593 personar utan studierett ved universiteta.

2Det var i tillegg registrert 1 047 personar utan studierett ved universiteta.

3Det var i tillegg registrert 46 personar utan studierett ved dei vitskaplege høgskolane.

4Det var i tillegg registrert 40 personar utan studierett ved dei vitskaplege høgskolane.

5Studentar på ulike forkurs inngår ikkje i tala.

6Eksternt finansierte heiltidsekvivalentar ved statlege høgskolar.

Kilde: registrerte studentar: DBH.

For å sikre ei nasjonal fordeling av utdanningskapasitet som tek omsyn til behov for arbeidskraft i arbeids- og næringslivet og søkjarane sine preferansar, vil departementet i 2002:

  • Innføre eit finansieringssystem som i større grad enn tidlegare legg vekt på oppnådde resultat i undervisningsverksemda ved utrekning av institusjonane sine budsjettrammer. Dette vil vere eit incentiv for ei omstilling av utdanningskapasiteten i tråd med etterspurnaden frå studentane, sjå nærmare omtale seinare.

  • Fastsetje minstekrav til opptakstal på utdanningar som m.a. studium i helsefag, lærarutdanning og ingeniørutdanningar.

  • Gi institusjonane større fridom i faglege spørsmål slik at institusjonane får større fridom og evne til å møte regional etterspurnad etter utdanning.

For å betre søkjartilgangen til utdanningar som det er registrert særlege behov for, vil departementet også prioritere følgjande tiltak i 2002:

  • Å gjennomføre ein landsomfemnande rekrutteringskampanje til læraryrket, med særleg fokus på menn og lærarar med tospråkleg kompetanse.

  • Å føre vidare arbeidet med å betre tilgangen på lærarar med undervisningskompetanse i realfag.

  • Å føre vidare arbeidet med å styrkje rekrutteringa til real- og teknologifaga, mellom anna gjennom det pågåande prosjektet over tre år med eit nasjonalt senter for rekruttering til naturvitskaplege og teknologiske fag (RENATE-senteret).

Det er behov for å auke opptakskapasiteten i psykologi. Ein av flaskehalsane for å kunne auke opptaket er problemet med å rekruttere vitskapleg personell til dei kliniske fagområda. For å undervise i klinisk psykologi er det naudsynt med både vitskapleg og klinisk kompetanse. For å betre rekrutteringa til vitskaplege stillingar som krev slik dobbelkompetanse, har Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet saman med Sosial- og helsedepartementet bede Universitetet i Bergen ta på seg å greie ut eit strukturert opplegg der ein kandidat kan ta doktorgrad parallelt med at han eller ho tek den kliniske spesialiseringa i psykologi.

Departementet vil i samarbeid med Sosial- og helsedepartementet setje ned ei arbeidsgruppe for å sjå nærmare på spesialist- og forskarutdanningane i odontologi. Vidare vil odontologi bli teke inn under gebyrstipendordninga, jf. omtale under kategori 07.80. Departementet har, saman med Sosial- og helsedepartementet, til vurdering tannpleiarutdanninga sitt innhald og omfang. Departementet vil, saman med spørsmålet om kapasiteten i tannlegeutdanninga, kome tilbake til dette på eit seinare tidspunkt, sjå også omtale på kap. 701 under Sosial- og helsedepartementet.

Ny lov om helsepersonell tredde i kraft 1. januar 2001. Etter denne lova er 27 personellgrupper omfatta av autorisasjonsordninga. Myndigheita til å ferde ut autorisasjon og lisens er delegert til Statens autorisasjonskontor for helsepersonell. Dette gjeld både for personell som er utdanna i Noreg og for utanlandsk helsepersonell. Talet på autorisasjonssøknader frå personell med utdanning frå land utanfor EØS-området stig. Sakshandsaminga av disse søknadene kan vere omfattande. For personell som blir utdanna i Noreg vil Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Sosial- og helsedepartementet foreslå endringar i lovverket, slik at utdanningsinstitusjonane som ferdar ut vitnemål også skal ferde ut autorisasjon. Departementet er i gang med å gå igjennom lov og regelverk med tanke på å få til ei endring frå våren 2002. Endringsforslaga vil bli lagde fram for Stortinget som ei eiga sak. Endringane vil gi ei vesentleg forenkling for den enkelte studenten, og raskare behandling for utlendingar som søkjer om autorisasjon.

Departementet ønskjer å behalde og utvikle vidare ein sektor med eit mangfald av utdanningsinstitusjonar. Universiteta skal framleis vere kunnskapsinstitusjonar på høgste akademiske nivå. Dei skal drive utdanning og forsking innanfor eit mangfald av fagområde, og dei skal vere tradisjons- og kulturformidlarar i fremste rekkje. Dei statlege høgskolane skal også i framtida vere leiande innanfor profesjonsutdanning og -forsking, i tillegg til å vere kraftsentra for regional næringsutvikling. Institusjonane må forvalte den auka fridommen til å opprette og leggje ned fag slik at desse måla kan oppfyllast.

Departementet vil vurdere om eit betre system for nasjonale prioriteringar, samarbeid og arbeidsdeling bør utviklast.

Etablering av desentraliserte studietilbod og fjernundervisningstilbod bidreg sterkt til at ein større del av befolkninga kan ta høgare utdanning. Studentane gjer det godt, og i tillegg blir dei i større grad verande i lokalmiljøet enn andre studentar. Fleksible studietilbod bidreg også til betre rekruttering til utdanningar som har lav søking på ordinær studiestad. Saman med ny lov om opptak på grunnlag av realkompetanse har dette ført til at lik rett til utdanning er meir reell.

Finansieringa av studietilboda går via universiteta og høgskolane. Institusjonane bruker av sine studentmåltal som er finansiert gjennom rammeløyvingane til kvar enkelt institusjon. I tillegg overfører departementet midlar til dekning av meirutgifter. I 2001 var dette 36 mill. kroner til dei statlege høgskolane.

Departementet meiner framleis at det er universiteta og høgskolane som må ha ansvaret for at det blir oppretta og lagt til rette for desentraliserte studietilbod. Institusjonane må samarbeide med lokale aktørar. Det kan være lokale myndigheiter, lokalt næringsliv eller andre interessentar. Dei lokale behova varierer over tid, og god kontakt er svært viktig for alle partar, ikkje minst institusjonane.

Dersom det er slik at institusjonane ønskjer at lokale aktørar skal ta over eller samarbeide om organiseringa av ulike studietilbod, er departementet av den oppfatning at dette bør være ei sak mellom den enkelte institusjonen og dei aktuelle samarbeidspartnerane. Departementet har erfart at dette er ei god ordning og at dette i tillegg fører til eit nært samarbeid mellom høgskolane og dei lokale samarbeidspartnerane.

Tilhøve og behov varierer sterkt mellom dei ulike stadene, og departementet meiner at det i tillegg vil auke dei administrative kostnadene unødvendig mykje om departementet skal ta over deler av tilskottsfordelinga når det gjeld korleis den organisatoriske delen kan og bør løysast.

Etter å ha vurdert prøveordninga ved Studiesenteret på Finnsnes, har departementet kome til at det ikkje verker formålstenleg å ta over fordelinga av deler av dei pengane som i dag går via institusjonane til desentraliserte studietilbod.

Departementet ønskjer å motivere til framleis auka samarbeid direkte mellom institusjonane og dei lokale interessentane ved å byggje på dagens ordning.

Departementet vil i 2002 løyve 30 mill. kroner til dekning av meirkostnader ved desentraliserte studietilbod og fjernundervisning ved dei statlege høgskolane. I tillegg vil det bli løyvd 6 mill. kroner til desentralisert sjukepleiarutdanning over Sosial- og helsedepartementet sitt budsjett, sjå omtale under kap. 705.

Delmål 4: Betre institusjonane si omstillingsevne

Tilstandsvurdering

Som vist i St.meld. nr. 27 (2000-01) står universitet og høgskolar overfor nye utfordringar på grunn av omfattande samfunnsendringar og endringar i forventningar frå studentar og frå samfunns- og arbeidsliv. Endringane stiller mellom anna krav om rask omstilling av utdanningskapasitet og utvikling av nye og meir fleksible studietilbod. Dette føreset tilstrekkeleg med handlingsrom og styringsevne for omstilling ved institusjonane.

Utviklinga fører til at nye og meir mangearta studentgrupper søkjer seg til dei høgre utdanningsinstitusjonane.

Nye studentgrupper gjer det naudsynt å utvik-le nye og meir fleksibelt tilrettelagde studietilbod ved utdanningsinstitusjonane. I 2000 var det til dømes rapportert om lag 7 200 studentar på fleksible studietilbod ved dei statlege høgskolane, dvs. studentar på desentraliserte studietilbod og studietilbod organiserte som fjernundervisningstilbod. Dette er ein auke i forhold til tidlegare år. Departementet ser også ein aukande tendens til kombinerte undervisningsformer, for eksempel fjernundervisning kombinert med ordinær undervisning.

I samband med at institusjonane fekk delegert mynde til å opprette og leggje ned studietilbod av eit omfang på 30 vekttal, har Noregsnettrådet gjennomgått endringar i studietilbod ved dei høgre utdanningsinstitusjonane i 2000. Gjennomgangen viser at det er oppretta om lag 80 nye studietilbod i sektoren. Av desse var ti studietilbod etableringar innanfor ingeniørutdanninga, og tolv var nye desentraliserte studietilbod. Tala for nedlegginga av fag og emne har vore mindre enn forventa.

Departementet registrerer vilje til omstilling i sektoren, men ser også at planmessig omstilling krev godt handlingsrom og god styringsevne, jf. St.meld. nr. 27 (2000-01).

For å betre institusjonane si omstillingsevne vart det i budsjettet for 2001 løyvd 100 mill. kroner til universiteta og 20 mill. kroner til høgskolane for særskilde omstillingstiltak, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2000-01) og St.prp. nr. 1 (2000-01). Midlane er fordelte på tiltak som justering av studieprofil, styrking av fagleg leiing på instituttnivå og endring av studieprofil i samband med innføring av IKT i undervisninga, sjå nærmare omtale under dei einskilde kapitla.

Strategiar og tiltak

I 2002 vil departementet løyve 120 mill. kroner til særskilde omstillingstiltak, jf. omtale tidlegare. Desse midlane vil likevel også sjåast i samanheng med innføring av Kvalitetsreformen.

Departementet legg opp til å betre institusjonane sitt handlingsrom til omstilling ved:

  • Å omdanne fire statlege høgskolar og tre vitskaplege høgskolar til nettobudsjetterte tilskottsinstitusjonar frå 1. januar 2002, sjå forslag til vedtak IV nr. 4 og nr. 6. Innføringa av nettobudsjettering vil gi desse institusjonane auka økonomisk fridom og fleksibilitet til å disponere midlar. Endringa inneber at institusjonane blir skilde ut frå den ordinære statsforvaltninga ved at dei ikkje lenger blir direkte driftsbudsjetterte i statsbudsjettet, men får eit statstilskott som er lik differansen mellom brutto utgifter og inntekter. Økonomireglementet for staten med funksjonelle krav vil framleis gjelde for desse institusjonane, men med dei unntaka som gjeld for nettobudsjetterte institusjonar. Departementet vil opprette ein innføringsorganisasjon for vidare innføring av nettobudsjettering for høgskolane. Nettobudsjettering vil bli innført i resten av sektoren når tilhøva ligg til rette for dette ved institusjonane, jf. St.meld. nr. 27 (2000-01). Nettobudsjetterte universitet og høgskolar er i budsjettet for 2002 korrigert for pris- og lønnsvekst på lik linje med bruttobudsjetterte institusjonar.

  • Å ha delegert fullmakt til å inngå avtale om leige av lokale. Dette inneber at institusjonane no har fullmakt til å inngå avtale om leige av lokale innanfor gjeldande budsjettramme. Fullmakta gjeld ikkje for leigeprosjekt som etter sin art eller sitt omfang må behandlast som byggesak.

  • Å delegere fullmakt til å opprette og leggje ned studietilbod på lågare grads nivå som varer inntil tre år, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-01) og St.meld. nr. 27 (2000-01).

  • Å vurdere bruken av sentralt fastsette måltal på opptak til enkelte utdanningar.

For å auke styringsevna ved institusjonane vil departementet i tråd med Innst. S. nr. 337 (2000-01) og St.meld. nr. 27 (2000-01) setje i verk desse tiltaka:

  • Lovendring om at leiarar for avdeling og grunneining ved institusjonane skal tilsetjast på åremål. Leiarane for avdelingar og grunneiningar får det faglege og det administrative ansvaret. Departementet legg vekt på at dei må ha leiarkompetanse til å syte for god utnytting av personalet, og at dei må ha fagleg legitimitet i miljøet. Det er nødvendig at dei har vitskapleg røynsle og høg fagleg kompetanse.

  • Lovendring der ein opnar for at rektor ved universitet og høgskolar kan bli tilsett på åremål. Departementet vil elles vurdere lovforslag med sikte på at tilsetjingar i undervisnings- og forskarstillingar kan gi institusjonane meir fleksibilitet og betre høve til omstilling av fag- og studietilbod.

  • Departementet vil arbeide for å styrkje kompetansen til personale i undervisnings- og forskarstillingar slik at dei blir betre i stand til å følgje opp og rettleie den einskilde studenten.

  • Fremme forslag om lovendring om endra samansetjing av styret ved institusjonane slik at inga einskild gruppe får fleirtal aleine. Talet på eksterne medlemmer i styret vil med dette auke, medan talet på styremedlemmer frå dei tilsette ved institusjonane blir redusert.

Delmål 5: Leggje til rette for auka internasjonalt samarbeid

Tilstandsvurdering

I 2000 tok rundt 19 418 norske studentar imot støtte i Lånekassen for studium i utlandet, 14 745 studentar tok imot støtte for heile gradsstudium, medan 4 673 studentar tok imot støtte for delstudium, dvs. at dei tok ein del av utdanninga si ved eit utanlandsk universitet. Stadig fleire institusjonar sender studentane på utvekslingsopphald ved utanlandske lærestader. Studentmobiliteten bør likevel auke, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-01) og St.prp. nr. 1 (2000-01). For å sikre at internasjonal kompetanse kjem både studentar og institusjon til gode, meiner departementet at det framleis er viktig å auke talet på dei som tek delstudium i utlandet. Dette vil vere med på å sikre at norsk utdanning held god kvalitet i internasjonal samanheng. Det er også ønskjeleg med større spreiing på land, fag og språkområde. I dag er det om lag to tredjedelar av studentane som tek heile gradsstudium, og rundt halvparten av studentane som tek delstudium i utlandet, ved engelskspråklege institusjonar.

I 2000 var det i alt 3 514 innreisande studentar på utvekslingsprogram ved norske universitet og høgskolar. I tillegg kom 975 på Kvoteprogrammet. Dette talet er for lågt, sjølv om det er ei betring samanlikna med 1999, da det var 2 855 innreisande studentar. Det er viktig at institusjonane set i verk tiltak for å få fleire utanlandske studentar til Noreg. Talet på utreisande studentar viser ein liten auke frå 1999.

Totalt tal på innreisande og utreisande utvekslingsstudentar ved norske lærestader 20001

ERASMUS/SOKRATES

NORDPLUS

Bilaterale ­avtalar

Andre program

Totalt

Innreisande:

Universitetet i Oslo

185

111

7

940

1 243

Universitetet i Bergen

291

58

46

291

686

NTNU

266

18

2022

486

Universitetet i Tromsø

32

33

24

31

120

Vit. høgskolar

155

62

59

59

335

Statlege høgskolar

248

94

61

206

609

Kunsthøgskolar

22

4

3

6

35

Sum innreisande

1 199

380

200

1 735

3 514

Utreisande:

Universitetet i Oslo

184

18

32

406

640

Universitetet i Bergen

266

30

76

109

481

NTNU

282

23

4582

763

Universitetet i Tromsø

32

9

2

4

47

Vit. høgskolar

134

62

141

11

348

Statlege høgskolar

368

95

194

522

1 179

Kunsthøgskolar

21

9

3

6

39

Sum utreisande

1 287

246

448

1 516

3 497

1Kvotestudentar, som alle er innreisande studentar, er ikkje med i tala. Dei utgjer 975 studentar.

2NTNU har rapportert bilaterale avtalar saman med andre program.

Det er òg utstrakt samarbeid mellom norske og utanlandske institusjonar om utveksling av vitskapleg tilsette. Rapporteringsrutinane for utveksling av vitskapleg tilsette kan betrast.

Institusjonane må vidare bruke utdanningsprogramma SOKRATES, LEONARDO DA VINCI og NORDPLUS meir aktivt. ERASMUS er eit program for student- og lærarutveksling innanfor høgre utdanning under SOKRATES-programmet. For at Noreg skal komme opp på gjennomsnittleg EU-nivå i studentutveksling gjennom ERASMUS, må talet på utreisande ERASMUS-studentar auke frå om lag 1 300 per år til 1 600 per år. Dette bør vere ei realistisk målsetjing innan 2003.

Gode støtteordningar gjennom Lånekassen gjer norske studentar attraktive på den internasjonale utdanningsmarknaden, og Noreg har mange heiltidsstudentar i utlandet samanlikna med andre land. Tabellen nedanfor viser utviklinga i talet på norske studentar som fekk støtte gjennom Statens lånekasse for utdanning for studium i utlandet som gir kompetanse for yrkesutøving eller vidare studium i Noreg, sjå omtale under programkategori 07.80.

Tal for norske studentar i utlandet som mottek støtte gjennom Statens lånekasse for utdanning

1993/94

1994/95

1995/96

1996/97

1997/98

1998/99

1999/2000

2000/01

Europa

5 601

5 999

7 042

8 513

8 704

10 012

10 218

9 574

USA/Canada

2 283

2 126

2 099

2 137

2 209

2 120

1 972

1 848

Oseania1

1 062

2 055

3 168

Andre land

53

95

168

396

717

1592

1903

1554

Sum

7 937

8 220

9 309

11 044

11 630

13 353

14 435

14 7455

1Frå 1998/99 er Oseania skilt ut i eiga rad.

2Av desse er det 41 studentar i Sør-Amerika, 71 i Asia og 47 i Afrika.

3Av desse er det 53 studentar i Sør- og Mellom-Amerika, 87 i Asia og 50 i Afrika.

4Av desse er det 58 studentar i Sør- og Mellom-Amerika, 60 i Asia og 37 i Afrika.

5I tillegg mottek 4 673 studentar støtte til delstudium.

Kilde: Statens lånekasse for utdanning.

Strategiar og tiltak

For å følgje opp ambisjonane om auka internasjonalisering i St.meld. nr. 27 (2000-01) må universitet og høgskolar utarbeide internasjonale strategiar med mål som kan etterprøvast. Departementet vil derfor utvikle vidare rapporteringsrutinane om universiteta og høgskolane sine internasjonale aktivitetar.

I samband med innføring av eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar vil det bli etablert ei stimuleringsordning for auka internasjonalt engasjement, basert på inn- og utreisande utvekslingsstudentar, sjå omtale av finansieringssystemet nedanfor.

I samband med innføringa av ny gradsstruktur må ECTS (European Credit Transfer System) nyttast systematisk. For å gjere den norske strukturen kompatibel med internasjonale trendar legg departementet opp til at utrekninga av studieomfang tek utgangspunkt i 60 studiepoeng for studium av eitt års omfang, i staden for no 20 vekttal. I alle studium bør det leggjast til rette slik at eit deltidsstudium i utlandet på minimum tre månader naturleg kan gå inn i graden.

Det vert lagt opp til at alle institusjonane skal tilby studentar som ønskjer det, eit studieopphald i utlandet som del av gradsstudium.

For å kunne følgje opp Lisboa-konvensjonen om godkjenning av kvalifikasjonar frå høgre utdanning i Europaregionen må alle institusjonane innføre vitnemålstillegget «Diploma supplement». Dette skal ha vore gjort i løpet av 2001. Dette er òg ein reiskap i oppfølginga av Bolognaprosessen, jf. St.prp. nr. 1 (2000-01).

Nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar

Innføring av nytt finansieringssystem

I St.meld. nr. 27 (2000-2001) Gjør din plikt - Krev din rett Kvalitetsreform av høyere utdanning presenterte Regjeringa hovudlinjene for eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar. Ved behandlinga av Innst. S. nr. 337 (2000-2001) slutta Stortinget seg til desse hovudlinjene, men bad Regjeringa inkludere institusjonane sitt internasjonale utvekslingsarbeid i utrekningsmodellen. Det har vore ein føresetnad at Regjeringa i statsbudsjettet for 2002 skulle leggje fram forslaget til nytt finansieringssystem meir i detalj. Departementet har lagt til grunn at finansieringssystemet må utformast slik at det understøttar hovudsiktemåla i Kvalitetsreforma: å skape høgre utdanning prega av fleksibilitet, rettferd, intensitet, skaparkraft og kvalitet (FRISK).

Det nye finansieringssystemet for universitet og høgskolar skal mellom anna:

  • premiere institusjonar som er prega av kvalitet, og som får studentane til å lukkast i sine studieløp

  • stimulere til raskare omstilling av kapasitet og oppretting av nye studietilbod for å tilpasse studieprofilen til endring i studieønskje eller i behova samfunnet har for arbeidskraft

  • stimulere til forsking av høg kvalitet og oppmode institusjonane til å utvikle eigne profilerte forskingsstrategiar

  • stimulere institusjonane til å gå inn i nært samarbeid med samfunns- og arbeidsliv

  • ta omsyn til at universitet og høgskolar skal drive langsiktig kunnskapsutvikling og kunnskapsforvaltning av høg kvalitet innanfor eit breitt spekter av fagtilbod

  • ta omsyn til mindre høgskolar i distrikta

  • gi institusjonane høve til å planleggje verksemda og til planmessig gjennomføring av omstillingsprosessar ved endring i aktivitetsnivå

Det er såleis ei rekkje ulike omsyn som skal balanserast mot kvarandre.

Det nye finansieringssystemet bør ha legitimitet i den sektoren der det skal verke. Departementet har derfor lagt vekt på tett samarbeid med representantar frå sektoren ved utarbeidinga av systemet, både gjennom ei referansegruppe og ved dialog med mellom anna Universitets- og høgskolerådet.

Eit hovudmål i samband med utforminga av utrekningsmodellen for finansieringssystemet er at det skal vere tydeleg kva som gir budsjettendringar. Ved å velje ein modell med tydelege løyvingskriterium meiner departementet at ein best kan kombinere omsyna ovanfor også med målet om enkle rapporteringskrav.

Det nye finansieringssystemet vil ikkje føre til omfordeling i statsbudsjettet for 2002 eller ha budsjettverknad i dette budsjettåret. Budsjettverknaden av det nye finansieringssystemet vil først komme frå og med 2003.

Det nye finansieringssystemet gjeld statlege institusjonar. I ein første fase har departementet valt å halde kunsthøgskolane utanfor, jf. kap. 273.

Hovudstruktur i nytt finansieringssystem

Løyvingane til institusjonane er baserte på ein modell med tre hovudkomponentar: ein basiskomponent, ein undervisningskomponent og ein forskingskomponent. For utgangsåret 2002 vil basiskomponenten for sektoren i gjennomsnitt utgjere om lag 60 pst. av budsjettramma, undervisningskomponenten om lag 25 pst., og forskingskomponenten om lag 15 pst.

Det nye systemet inneber ei markert dreiing av fokus frå innsatsfaktorar og over mot resultat. Ved sida av dette er innføring av eit delvis skilje i utrekninga av forskingsløyving og undervisningsløyving ei viktig endring i finansieringssystemet. Figuren nedanfor illustrerer elementa i finansieringssystemet.

Figur 7.3 Dei tre hovudkomponentane i finansieringssystemet

Figur 7.3 Dei tre hovudkomponentane i finansieringssystemet

Skjematisk framstilling som ikkje avspeglar den tallmessige storleiken på komponentane.

I gjennomsnitt for sektoren vil om lag ein fjerdedel av løyvinga bli finansiert gjennom den resultatbaserte undervisningskomponenten. Regjeringa legg stor vekt på å stimulere til betre resultat og foreslår derfor eit nytt prinsipp for finansiering av høgre utdanning knytt til denne komponenten, kalla resultatbasert finansiering (RBF). Storleiken på løyvinga til sektoren vil henge saman med resultatoppfylling. Den resultatbaserte finansieringa inneber utteljing etter faste satsar for vekttal, uteksaminerte kandidatar og utvekslingsstudentar. Dersom heile sektoren samla sett aukar produksjonen, vil det nye finansieringssystemet isolert sett føre til at budsjettramma til sektoren blir auka tilsvarande. Med faste satsar for vekttal, kandidatar og utvekslingsstudentar vil det vere ein klar og direkte samanheng mellom resultat og budsjettutteljing, som vil gi insentiv til å utvikle gode og attraktive studietilbod og til å utnytte kapasiteten ved institusjonen. Systemet med faste satsar blir pårekneleg og gir sterke ­insentiv til forbetring i og med at kvar institusjon på førehand vil vere kjend med budsjettendringane som følgjer av endring i produksjon. Løyvinga i undervisningskomponenten vil vere avhengig av produksjonen to år tidlegare, dvs. at oppnådde resultat i 2001 gir budsjettverknad i 2003.

Den resultatbaserte delen av løyvinga til forsking er knytt til innføring av ein særskild forskingskomponent. Forskingskomponenten er delt i to: ein insentivbasert del og ein strategisk del. Til skilnad frå undervisningskomponenten vil den insentivbaserte løyvinga vere ei resultatbasert omfordeling (RBO) av midlar og ikkje ei direkte finansiering basert på faste satsar. For institusjonane samla sett vil løyvinga etter den insentivbaserte utrekningsmodellen utgjere om lag 5 pst. for dei statlege høgskolane, og 10 pst. for universiteta og dei vitskaplege høgskolane. Denne skilnaden er i hovudsak grunna i skilnadene mellom institusjonstypane når det gjeld omfang av forsking. Storleiken på den strategiske forskingskomponenten vil henge saman med opptrappingsplanen for forsking i dei årlege budsjetta, og bli fordelt etter ei vurdering av forskingskvalitet m.a. på grunnlag av nasjonale evalueringar og institusjonane sine eigne forskingsstrategiar. Rekruttering til forsking er eit sentralt satsingsområde. Midlar til rekrutteringsstillingar går derfor inn i den strategiske forskingspotten. Samla sett vil forskingskomponenten utgjere om lag 15 pst. av budsjettramma til sektoren.

Basisløyvinga skal ivareta omsynet til stabilitet og gjennomføring av særskilde prioriteringar. Kostnader ved breidd i fagtilbod, distriktsomsyn, drift, leige og vedlikehald av bygningsmasse mv. varierer frå institusjon til institusjon, og finansierast gjennom basisløyvinga. Basisløyvinga skal dekkje delar av kostnadene til både undervisning og forsking, slik at institusjonane blir mindre sårbare for variasjonar i studentsøking. Vidare skal basisløyvinga finansiere igangsetting og oppretthalding av aktivitetar som ikkje er inkluderte i finansieringa av oppnådde resultat i undervisning og forsking. Dette taler for at basisløyvinga bør vere av eit vesentleg omfang. Storleiken på dei to andre hovudkomponentane i finansieringssystemet gjer at basisløyvinga i gjennomsnitt vil utgjere om lag 60 pst. av den totale løyvinga til sektoren ved innføringa av systemet.

I innføringsåret for finansieringssystemet er det naudsynt å etablere ein utgangsposisjon for løyvinga i 2002 fordelt mellom institusjonar og på dei ulike komponentane i modellen. Denne utgangsposisjonen er lagt til grunn når løyvinga til den einskilde institusjonen blir fordelt på dei ulike komponentane i utrekningsmodellen, sjå tabell nedanfor.

Nærmare om dei einskilde komponentane i finansieringssystemet

I budsjettåret 2002 vil ikkje finansieringssystemet ha omfordelande verknad. Budsjettåret 2002 vil såleis vere eit utgangsår. Budsjetteringa for 2002 har skjedd i samsvar med tidlegare ordning. Budsjettrammene for den enkelte institusjonen har deretter blitt lagt til grunn ved fordeling etter prinsippa i det nye finansieringssystemet. Det er såleis dei same budsjettrammene samla sett som er presenterte under omtalen av nytt finansieringssystem som under dei respektive budsjettkapitla for postane 01, 21 og 45 korrigert for inntektsløyvinga, og post 50.

Budsjettramma til kvar institusjon er fordelt i høve til dei tre hovedkomponentane i finansieringssystemet. Fordelinga av budsjettramma på komponentane for ein gitt institusjon er i stor grad bestemd av institusjonen sin vekttalsproduksjon i 2000 og institusjonen si fagportefølje. Denne produksjonen, samt samansetjinga av fagportefølje, avgjer storleiken på den resultatbaserte undervisningskomponenten av institusjonen si budsjettramme, noko som igjen vil ha konsekvensar for storleiken på basisløyvinga ved etableringa av utgangsposisjonen. Det innbyrdes forholdet mellom komponentane i modellen vil variere frå institusjon til institusjon, og mellom institusjonskategoriar. Vidare vil storleiken på basiskomponenten variere avhengig av særtrekk ved institusjonen, til dømes storleiken på husleigekostnader.

Hovudmekanismen for dimensjonering av den samla studiekapasiteten i sektoren vil som tidlegare vere oppretting og inndraging av studieplassar i samband med dei årlege budsjettbehandlingane. Ved oppretting vil om lag 60 pst. av dei midlane som er knytte til ein studieplass, bli lagde i basiskomponenten i første studieår. Midlane vil bli trekte ut tilsvarande ved inndraging av studieplassar. For den delen av midlane som er knytte til oppnådde resultat (dei resterande 40 pst.), vil departementet sitt forslag til budsjett innebere at budsjettmidlar blir tilførte eller inndregne i høve til auke eller reduksjon i talet på avlagde vekttal og uteksaminerte kandidatar.

Departementet vil komme tilbake med ei vurdering av behovet for justering av utrekningsmodellen, samt storleiken på dei einskilde komponentane, når ein har fått erfaring med det nye finansieringssystemet.

Undervisningskomponenten

For sektoren samla og for dei fleste institusjonane er det godt samsvar mellom talet på studentar og kapasiteten det er gitt budsjettmidlar for. Utgangsposisjonen for undervisningskomponenten er derfor fastsett på bakgrunn av den faktiske vekttalsproduksjonen for 2000 multiplisert med ein sats for ulike utdanningskategoriar. Resultat i forhold til dette nivået bestemmer storleiken på den resultatbaserte løyvinga i seinare år. For at institusjonar med manglande måloppfylling i 2000 ikkje skal få urettmessige fordelar av dette, er utgangsposisjonen til desse institusjonane justert opp etter ei utrekning basert på avviket mellom studentmåltalet og talet på registrerte studentar i 2000, jf. tabell nedanfor. I gjennomsnitt vil justeringa kunne gi ein budsjettverknad for institusjonane på opptil om lag ein halv prosent av totalbudsjettet dersom dei ikkje aukar produksjonen av vekttal. Mellom anna for å skjerme enkelte av dei små høgskolane i distrikta har departementet sett ei øvre grense for storleiken på dette påslaget. Tilsvarande er utgangsposisjonen justert ned for institusjonar med overoppfylling av måltalet. Denne justeringa av utgangsposisjonen inneber at institusjonar med manglande måloppfylling i 2000 isolert sett må auke vekttalsproduksjonen i 2001 noko for å oppretthalde nivået på løyvinga i undervisningskomponenten i budsjettet for 2003. For institusjonar med overoppfylling i 2000 blir det motsett.

Frå og med budsjettet for 2003 vil løyvingane gjennom den resultatbaserte undervisningskomponenten bli tildelte etter den produksjonen som blir rapportert til departementet i samsvar med ordninga med resultatbasert finansiering (RBF). Institusjonar som i 2000 produserer meir i forhold til kva som er lagt til grunn i utgangsposisjonen, vil få auka budsjettløyving i 2003. Endringar for ein gitt institusjon vil slik isolert sett vere differansen mellom oppnådd resultat frå eitt år til det neste.

Departementet har varsla institusjonane om at rapporteringa av produserte vekttal i 2000 vil bli nytta ved innføring av nytt finansieringssystem. Departementet har særskilt bede institusjonane om å kvalitetssikre data. Ved innføring av ein ny utrekningmodell vil det vere risiko for uheldige verknader og tilpassingar, og at varierande data­kvalitet blir oppdaga i ettertid. Departementet vil derfor om naudsynt komme tilbake med eventuelle justeringar av modellen og utgangsposisjonen i samband med statsbudsjettet for 2003. Institusjonane må arbeide vidare med å innføre gode rutinar for kvalitetssikring av data.

Oversikt over utrekningsgrunnlaget for undervisningskomponenten (i 1000 kroner)

Institusjon

Vekttal

Av desse korreksjon for avvik i måloppfylling

Studentutveksling

Universitetet i Oslo

16 554

353

1 175

Universitetet i Bergen

8 858

-72

1 015

Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet

11 183

-217

1 190

Universitetet i Tromsø

3 223

72

225

Noregs handelshøgskole

1 879

-39

276

Arkitekthøgskolen i Oslo

200

-5

59

Noregs idrettshøgskole

437

-9

44

Noregs musikkhøgskole

351

-7

43

Høgskolen i Agder

4 733

-96

283

Høgskolen i Akershus

1 723

-32

5

Høgskolen i Bergen

3 728

-49

100

Høgskolen i Bodø

2 522

-46

86

Høgskolen i Buskerud

1 552

-31

21

Høgskolen i Finnmark

1 105

25

50

Høgskolen i Gjøvik

1 057

22

6

Høgskolen i Harstad

687

16

23

Høgskolen i Hedmark

3 222

-64

55

Høgskolen i Lillehammer

1 493

-25

41

Høgskolen i Molde

1 028

-15

48

Høgskolen i Narvik

738

-13

74

Høgskolen i Nesna

660

-9

18

Høgskolen i Nord-Trøndelag

2 222

50

22

Høgskolen i Oslo

6 945

143

286

Høgskolen i Sogn og Fjordane

1 914

40

17

Høgskolen i Stavanger

4 480

91

90

Høgskolen Stord/Haugesund

1 552

-31

28

Høgskolen i Sør-Trøndelag

4 708

-87

89

Høgskolen i Telemark

3 580

78

77

Høgskolen i Tromsø

1 821

37

59

Høgskolen i Vestfold

2 058

-40

70

Høgskolen i Volda

1 737

-33

138

Høgskolen i Østfold

2 579

-51

127

Høgskolen i Ålesund

937

19

37

Samisk høgskole

93

3

0

Noregs Landbrukshøgskole

1 654

38

102

Noregs Veterinærhøgskole

273

-6

15

Tabellen ovanfor syner elementa som utgjer utgangsposisjonen for undervisningskomponenten. Vekttal er rekna som talet på 20-vekttalseiningar. Positive tal i kolonna for korreksjonsavvik i måloppfylling inneber auka krav til vekttalsproduksjon.

I innføringsfasen vil utgangsposisjonen bli justert for endringar i talet på studieplassar.

Eit siktemål med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa er å stimulere institusjonane til å leggje best mogleg til rette for at studentane fullfører studia sine. Regjeringa foreslår derfor at institusjonane også blir premierte for kvar kandidat som vert uteksaminert frå institusjonen, med ein lik sats uavhengig av type studium. Omsynet til at det er ulike kostnader frå studium til studium blir ivareteke i utteljinga for produserte vekttal og i basisløyvinga. For at ein skal bli rekna som uteksaminert kandidat, krevst det eit studium av minst to års lengd. På grunn av alle endringane som følgjer med omlegginga av gradstrukturen i høgre utdanning, og at det er vanskar med rapportering for cand.mag.-graden, foreslår departementet å vente med innfasing av utteljing for kandidatproduksjon til ny gradsstruktur er innført.

For å ta omsyn til at kostnadene ved ulike studietilbod varierer med bruk av infrastruktur, og i kva grad undervisninga er ressurskrevjande på personellsida, er studia delte inn i kategoriar med ulike satsar. Avlagde vekttal gir følgjeleg ulik utteljing avhengig av type studium. Denne differensieringa er òg nytta ved fastsetjing av utgangsposisjon for undervisningskomponenten for kvar einskild institusjon. Høgre grads studium vil generelt vere meir kostnadskrevjande enn lågare grads på grunn av meir individuell rettleiing. Tilsvarande vil fag med laboratoriebruk vere meir kostnadskrevjande enn teoretiske fag på grunn av bruk av infrastruktur og laboratoriepersonale. Praksisundervisning gir ein ekstra kostnad for ein del av utdanningane. Ein har valt å operere med relativt få og breie kategoriar, både av omsyn til institusjonane sin faglege fridom og fridom til å disponere budsjettmidla, og for å unngå uheldige tilpassingar. Den faglege fridommen til institusjonane når det gjeld innhald og organisering av studietilboda, gjer at kostnadene ved det einskilde studium vil variere mellom institusjonane. Satsane for avlagde vekttal vil bli pris- og lønnsjusterte på vanleg måte. Det er lagt til grunn at kostnader som er knytte til utstyrsinvesteringar i samband med undervisninga, i hovudsak blir finansierte over basisløyvinga.

Studiekategoriar

Kategori

Studium

Vekt

A

Kliniske studium o.a.

4

B

Utøvande musikkutdanning, arkitektur- og designutdanningar o.a.

3

C

Hovudfag realfag o.a.

2

D

Hovudfag teorifag, sivilingeniørutdanning, enkelte kostnadskrevjande helsefag- og lærarutdanningar, samt praktiske mediefag

1,5

E

Helsefag-, lærar-, siviløkonomutdanning, ingeniørutdanning og realfagsutdanningar på lågare grads nivå

1,25

F

Teorifag og sosialfaglege utdanningar på lågare grads nivå

1

Utteljinga i den resultatbaserte undervisningskomponten for ein 20-vekttalseining i kategori F er sett til 24 000 kroner, dvs. 40 pst. av ein samla sats på 60 000 kroner. Satsane for dei ulike kategoriane følgjer av vektinga i tabellen ovanfor. Institusjonane har stor fridom til sjølve å leggje til rette undervisningsopplegget, og det kan derfor ikkje definerast eksakte kostnader for kvar utdanning eller type utdanning. Satsane og vektinga er derfor å rekne som politisk fastsette storleikar, som avspeglar prioriteringar og vurderingar av reelle og grunnleggjande skilnader mellom dei ulike aktivitetane. Det vil òg bli naudsynt å vurdere korreksjonar i samband med iverksetjing av ny gradsstruktur.

Finansieringssystemet gjer at innreisande utvekslingsstudentar blir fanga opp ved at vekttal avlagde av utvekslingsstudentar vil bli rapporterte som eksamensdata, og inngå i grunnlaget for utrekning av budsjettramma til institusjonane. For å stimulere institusjonane til auka internasjonalisering av verksemda er ein del av løyvinga over undervisningskomponenten gjort avhengig av resultata på dette området. Systemet er utforma slik at det gir institusjonane ei utteljing på 5 000 kroner per ut- og innreisande student ved institusjonen som er omfatta av ein utvekslingsavtale eller -program. Det er eit krav at uvekslingsopphaldet varer i minst tre månader. Ordninga er ikkje meint å skulle dekkje institusjonen sine kostnader ved internasjonalisering, men skal vere ein stimulans til institusjonen for auka utveksling, samt internasjonalisering av verksemda, jf. vedtak VI ved behandling av Innst. S. nr. 337 (2000-2001).

Forskingskomponenten

Forskingskomponenten består av to delar: ein in­sentivbasert utrekningsmodell (resultatbasert omfordeling, RBO) med kvantitative indikatorar, og ein del som er basert på særskilde strategiske forskingsmidlar som òg omfattar rekrutteringsstillingar.

I St.meld. nr. 27 (2000-2001) er det lagt opp til å ta omsyn til skilnadene mellom primæroppgåvene til statlege høgskolar, universitet og vitskaplege høgskolar når det gjeld forsking. Universitet og vitskaplege høgskolar har hovudansvaret for grunnforsking og utdanning av doktorgradskandidatar. Dei statlege høgskolane har eit særskilt ansvar for utdanning innanfor profesjons- og yrkesutdanningar og for å tilby FoU som medverkar til utvikling av det regionale nærings- og samfunnslivet. Omfanget av forsking er òg ulikt mellom dei to institusjonstypane, og storleiken på den insentivbaserte forskingsløyvinga avspeglar dette.

I den insentivbaserte forskingsløyvinga er indikatorane for universitet og vitskaplege høgskolar talet på uteksaminerte doktorgradar, hovudfag, profesjons- og mastergradar, mens talet på avlagde vekttal tel med for dei statlege høgskolane. For alle institusjonstypane inngår talet på førstestillingar, tildelte midlar frå EU og Noregs forskingsråd som indikatorar. For dei statlege høgskolane vil det i tillegg vere ein indikator for grad av samarbeid med regionalt nærings- og samfunnsliv, og ein vil her leggje omfang av anna ekstern finansiering til grunn. Departementet foreslår at om lag 10 pst. av budsjettramma for universitet og vitskaplege høgskolar og 5 pst. av budsjettramma for statlege høgskolar blir omfordelte innanfor kvar institusjonskategori gjennom den insentivbaserte utrekningsmodellen. Departementet vil arbeide videre med indikatorar knytt til forsking.

Når det gjeld den strategiske forskingsløyvinga, framgår det av St.meld. nr. 27 (2000-2001) at løyvinga for den einskilde institusjonen vil henge saman med vurdering av forskingskvalitet, m.a. på grunnlag av resultat frå evalueringar, nasjonale faglege prioriteringar og institusjonen sine eigne forskingsstrategiar. Av den samla budsjettauken til høgre utdanning i 2002 er 72 mill. kroner avsette til dette formålet. Av desse midlane vil 15 mill. kroner til dei statlege høgskolane gå inn i eit forskingsprogram for statlege høgskolar, jf. også omtale under kap. 274. Universitet og vitskaplege høgskolar får tildelt 57 mill. kroner til strategisk forsking, jf. omtale under institusjonskapitla. Vidare vil finansiering av rekrutteringsstillingar inngå i den strategiske forskingsløyvinga. For 2002 er løyvinga til rekrutteringsstillingar auka med 230 mill. kroner. Av dette er 75 mill. kroner knytte til nye stillingar, mens 155 mill. kroner er knytte til overføring av stillingar oppretta i revidert nasjonalbudsjett og heilårsverknad for stillingar oppretta i 2001. For å synleggjere ressursane som er knytte til rekrutteringsstillingar, er denne komponenten i det nye finansieringssystemet rekna ut på bakgrunn av dei satsane som blir tildelte institusjonane for dei nye rekrutteringsstillingane som er foreslått i budsjettframlegget, jf. omtale foran. Også dei rekrutteringsstillingane som tidlegare har vore finansierte over institusjonane sine grunnbudsjett, er inkluderte i denne komponenten med same sats. Dette er ein høgare sats enn institusjonane har fått tildelt ved oppretting av nye stillingar tidlegare. Ein har likevel valt å synleggjere den samla ressursbruken til rekrutteringsstillingar på denne måten. Totalt inngår 1719 rekrutteringsstillingar i forskingskomponenten.

Oversikt over vekter for indikatorane i den insentivbaserte forskingskomponenten

Indikatorar

Universitet

Vitskaplege høgskolar

Statlege høgskolar

Doktorgradskandidatar

0,3

0,3

Hovudfags-, profesjons- og mastergradskandidatar

0,1

0,1

EU-tildeling

0,03

0,016

NFR-tildeling

0,17

0,184

Førstestillingar

0,4

0,4

0,4

Eksternt finansiert verksemd1

0,2

Avlagde vekttal

0,4

1 Indikatoren eksternt finansiert verksemd inneheld EU-tildeling, NFR-tildeling og anna ekstern finansiering for dei statlege høgskolane.

Tabellen ovanfor syner korleis indikatorane i den insentivbaserte forskingsløyvinga er vekta innanfor kvar institusjonskategori. For universiteta og dei vitskaplege høgskolane er doktorgradskandidatar og førstestillingar dei to indikatorane som gir størst utteljing. Tilsvarande gir talet på avlagde vekttal og førstestillingar størst utteljing for dei statlege høgskolane.

Basiskomponenten

Basiskomponenten for utgangsåret 2002 er rekna ut som den delen av institusjonen si budsjettramme som gjenstår når undervisningskomponenten, forskingskomponenten og skjønnsløyvinga er trekte ut, og utgjer om lag 60 pst. av budsjettramma for institusjonane sett under eitt. For dei statlege høgskolane utgjer tildømes husleigeutgifter om lag 28 pst. av basisløyvinga. Dette er budsjettmidlar som gjennomgåande er bundne til langsiktige avtalar. Finansieringa av slike kostnader bør derfor vere stabil og pårekneleg. Ved å fastsetje basiskomponenten på denne måten vil institusjonane sitt særpreg, midlar til særskilde funksjonar og distriktsomsyn bli førte vidare gjennom basisløyvinga.

Basiskomponenten av løyvinga for den enkelte institusjonen er m.a. eit uttrykk for ulik grad av særskilde oppgåver, av funksjonar og fagportefølje, av distriktsomsyn, institusjonsstorleik og husleigekostnader og av ulike politiske prioriteringar over tid. Særskilde midlar som er knytte til utstyr til nye bygg, ligg i basisløyvinga, og er av tidsavgrensa karakter. I den statlege høgskolesektoren har det inntil førre budsjettår vore ei omfordeling av midlar med sikte på å jamne ut skilnader i løyving som ikkje har vore grunngitte i ulike utgiftsbehov. Omfordelinga har ført til ei utjamning av løyvingsskilnadene i sektoren, og skilnadene som ikkje er grunna i ulike utgiftsbehov, er no marginaliserte. Departementet har derfor ikkje vurdert det som naudsynt med ei ytterlegare omfordeling i fastsetjinga av basiskomponenten. For universiteta har det vore ei omfordeling av budsjettmidlar på bakgrunn av talet på avlagde vekttal i kvart budsjett sidan 1992.

Eit av hovudsiktemåla med Kvalitetsreforma er å gi institusjonane større fridom til å velje verkemiddel for å nå betre kvalitet. Fridom til å disponere over eigne budsjettmidlar utan unødige bindingar er ein viktig føresetnad i denne samanhengen. Departementet legg derfor opp til at basiskomponenten skal løyvast som ei ramme utan nærmare spesifikasjon. Dette gir større fridom for institusjonane til å råde over sine eigne budsjett enn kva ei meir spesifisert løyving vil kunne gi. Med dette systemet unngår ein dessutan eit detaljert og komplisert system for rapportering frå institusjonane. Det vil vidare vere vanskeleg å dekomponere på ein slik måte at det kan leggjast til grunn ved ei fordeling av budsjettløyvinga. Departementet vil likevel følgje med på institusjonane sin studieprofil og om naudsynt setje i verk tiltak for å ta vare på nasjonale omsyn og hindre uheldig dreiing av fagsamansetjing. Museumsverksemd ved universiteta er det einaste elementet som vil bli synleggjort særskilt i basiskomponenten. Årsaka er at universitetsmusea har eit nasjonalt ansvar for dei naturvitskaplege og kulturhistoriske samlingane, og at det etter departementet si meining er behov for større merksemd om desse funksjonane. Departementet vil komme tilbake til saka i budsjettet for 2003.

Oversikt over budsjettforslag for 2002

Tabellen nedanfor syner korleis budsjettforslaget for 2002 fordeler seg på dei ulike komponentane i utrekningsmodellen for kvar einskild institusjon. Det nye finansieringssystemet er først og fremst eit system for fordeling av løyvingar mellom institusjonane. Institusjonane kan disponere midlane i samsvar med dei reglane som gjeld for dei ein­skilde budsjettpostane og i samsvar med budsjettføresetnadene som Stortinget og Regjeringa fastset.

Oversikt over budsjettforslag for 2002 fordelt på komponentane i finansieringssystemet (i 1  000 kroner)

Undervisning

Forsking

Basis

Totalt1

Institusjon

Vekttal

Utveksling2

Insentiv

Strategisk

Universitetet i Oslo

613 897

5 875

264 656

338 010

1 330 727

2 553 165

Universitetet i Bergen

334 924

5 074

158 003

184 190

870 546

1 552 737

Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet

403 772

5 950

199 056

199 546

1 203 579

2 011 902

Universitetet i Tromsø

132 322

1 125

76 651

100 416

555 333

865 846

Noregs handelshøgskole

57 746

1 380

17 286

26 735

81 107

184 254

Arkitekthøgskolen i Oslo

14 400

293

3 431

3 824

25 109

47 057

Noregs idrettshøgskole

13 752

220

4 627

11 342

52 684

82 625

Noregs musikkhøgskole

24 390

214

5 179

3 924

63 036

96 742

Høgskolen i Agder

139 630

1 415

25 297

6 552

321 513

494 406

Høgskolen i Akershus

48 432

25

6 115

1 359

88 488

144 419

Høgskolen i Bergen

111 864

500

15 057

3 624

203 591

334 635

Høgskolen i Bodø

70 535

430

11 933

8 068

147 340

238 305

Høgskolen i Buskerud

44 763

105

9 796

3 398

96 466

154 527

Høgskolen i Finnmark

31 007

250

7 317

453

99 184

138 210

Høgskolen i Gjøvik

31 353

30

4 332

1 812

71 493

109 020

Høgskolen i Harstad

18 539

115

2 099

906

55 213

76 871

Høgskolen i Hedmark

96 451

275

11 907

2 718

140 634

251 985

Høgskolen i Lillehammer

42 128

205

12 113

3 398

87 237

145 080

Høgskolen i Molde

29 421

240

4 044

1 812

51 645

87 161

Høgskolen i Narvik

22 785

368

5 600

2 492

83 989

115 233

Høgskolen i Nesna

20 019

90

2 485

1 586

42 486

66 666

Høgskolen i Nord-Trøndelag

65 474

109

10 014

3 171

148 371

227 139

Høgskolen i Oslo

200 518

1 430

29 209

3 851

393 949

628 957

Høgskolen i Sogn og Fjordane

54 556

85

8 611

1 133

102 539

166 925

Høgskolen i Stavanger

125 865

450

26 530

7 458

283 570

443 873

Høgskolen Stord/Haugesund

45 264

140

11 149

1 812

108 079

166 444

Høgskolen i Sør-Trøndelag

137 736

445

17 009

2 718

236 272

394 180

Høgskolen i Telemark

106 907

385

17 038

4 530

193 590

322 451

Høgskolen i Tromsø

57 366

295

6 699

906

112 079

177 344

Høgskolen i Vestfold

60 604

349

11 030

2 718

123 286

197 986

Høgskolen i Volda

49 008

690

7 671

2 718

88 765

148 852

Høgskolen i Østfold

75 914

635

12 153

2 039

158 116

248 857

Høgskolen i Ålesund

28 117

185

3 465

1 586

63 475

96 827

Samisk høgskole

2 790

0

1 303

1 812

17 251

23 156

Noregs Landbrukshøgskole

80 334

510

43 388

24 660

190 579

339 471

Noregs Veterinærhøgskole

25 611

75

15 562

7 805

95 531

144 584

Statlege høgskoler til seinare tildeling

34 240

34 240

Sum:

3 418 193

29 960

1 067 814

1 009 318

7 986 849

13 512 133

1Inneheld postane 01, 21,45 korrigert for inntektsløyving, og post 50.

2For institusjonar som ikkje har rapportert utvekslingsstudentar med tre månaders opphald, er det gjort ein teknisk justering. Utgangsposisjonen vil bli endra når oppdaterte data ligg føre.

Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-- gr.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

01-29

Driftsutgifter

14 523 225

7 401 501

5 043 450

-31,9

30-49

Nybygg, anlegg o.a.

688 947

359 606

207 722

-42,2

50-59

Overføringar til andre ­statsrekneskapar

6 120 376

9 395 542

53,5

60-69

Overføring til kommunesektoren

121 482

105 050

-100,0

70-89

Overføring til private

844 898

900 404

1 114 084

23,7

90-99

Utlån, avdrag o.a.

7 790

208

208

0,0

Sum kategori 07.60

16 186 342

14 887 145

15 761 006

5,9

Kap. 260 Universitetet i Oslo

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

2 050 202

21

Særskilde driftsutgifter

569 585

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

118 714

49

Kjøp av eigedommar , kan overførast

4

50

Statstilskott

2 244 296

2 553 165

61

Refusjon for bruk av sjukehus

14 319

Sum kap. 260

2 752 824

2 244 296

2 553 165

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Budsjettramma er auka med 26,4 mill. kroner for å dekkje utgifter ved direkte innbetaling av pensjonsutgifter til Statens pensjonskasse.

  • Budsjettramma er auka med 23,9 mill. kroner i samband med kompensasjon til statleg forvaltning for innføring av meirverdiavgift på tenester og omlegging av direkte refusjon av sjukepengar i statlege verksemder, sjå Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

  • Budsjettramma på kap. 260 er nedjustert med 17,2 mill. kroner på grunn av overføring av pensjonsutgifter for stipendiatar finansierte av Noregs forskingsråd til kap. 285, jf. kat. 07.70.

Resultatrapport for 1999-2000

Opptaks- og studenttal 2000

Opptak 2000

Måltal ­studentar 2000

Registrerte ­studentar 2000

Det medisinske fakultet

975

1 445

2 269

(Av desse profesjonsstudium medisin)(209)(1 095)

Det odontologiske fakultet

115

365

367

(Av desse profesjonsstudium odontologi)(66)(325)(253)

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

1 880

5 954

5 255

(Av desse farmasi)(64)(284)(268)

Det historisk-filosofiske fakultet

2 176

6 336

6 486

Det samfunnsvitskaplege fakultet

2 112

6 018

5 467

(Av desse profesjonsutdanning psykologi)(71)(400)(438)

Det juridiske fakultet

1 166

4 125

4 114

Det utdanningsvitskaplege fakultet

1 427

2 496

2 219

(Av desse praktisk-pedagogisk utdanning)(305)(510)(326)

Det teologiske fakultet

131

430

376

Examen philosophicum1

1 182

5 000

5 152

Anna2

61

676

132

Sum

11 225

32 845

31 8373

1Opptakstala for ex.phil. gjeld berre dei som fekk opptak til ex.phil./ex.fac. gjennom Samordna opptak.

2«Anna» består av einingar som ligg under kollegiet og under institusjonen som heilskap.

3Av desse er det 58,5 pst. kvinner. I tillegg er det registrert 750 personar utan studierett, samt 62 «Andre» studentar (norsk for utanlandske studentar).

Kilde: Opptak og registrerte studentar: DBH.

Det totale studenttalet ligg 3 pst. under studentmåltalet. Det spesifiserte studentmåltalet for profesjonsutdanning i psykologi er oppnådd med god margin. For medisin, odontologi, farmasi og praktisk-pedagogisk utdanning er måltala ikkje oppfylte.

Tabellen nedanfor syner at årseksamenar på lågare grad ligg under måltalet. Registrerte eksamenar på lågare grad gir ikkje eit fullstendig bilete av situasjonen. Årsaka er at studentar ofte først blir registrerte som kandidatar på høgre nivå/profesjon. Dermed vil det vere fleire som har avlagt eksamen på lågare grad enn det statistikken syner. Kandidatmåltalet for profesjonsstudia medisin, odontologi og psykologi er oppfylte, medan for farmasi ligg talet på uteksaminerte kandidatar noko under måltalet. Totalt sett er måltalet for hovudfags- og profesjonsutdanningane overoppfylte, det same gjeld doktorgradar.

Kandidatar i 2000

Måltal kandidatar 2000

Uteksaminerte kandidatar 2000

Lågare grad

Hovudfag/profesjon

Doktor­grad

Lågare grad1

Hovudfag/profesjon

Doktor­grad

Det medisinske fakultet

60

275

60

72

266

77

(Av desse profesjonsstudium medisin)

(165)

(182)

Det odontologiske fakultet

59

5

58

2

(Av desse profesjonsstudium odontologi)

(59)

(58)

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

2 200

460

90

1 405

359

81

(Av desse farmasi)

(50)

(43)

Det historisk-filosofiske fakultet

3 035

320

20

2 368

364

19

Det samfunnsvitskaplege fakultet

2 200

335

35

1 651

430

34

(Av desse profesjonsutdanning psykologi)

(70)

(90)

Det juridiske fakultet

1 700

530

5

1 188

658

9

Det utdanningsvitskaplege fakultet

1 350

130

5

811

163

3

(Av desse praktisk-ped. utdanning)(450)

(298)

Det teologiske fakultet

150

30

3

62

41

4

Examen philosophicum

2 700

1 628

Anna

14

Sum

13 395

2 139

223

9 1992

2 339

229

1Avlagde årseksamenar (20-vekttalseiningar) på lågare grad. Personar som har bestått same eksamen tidlegare (gjentak), og personar utan studierett er ikkje med.

2I tillegg er det avlagt 325 årseksamenar av personar utan studierett på lågare grad.

Kilde: Uteksaminerte kandidatar: DBH.

Forsking

Universitetet i Oslo er den største grunnforskingsinstitusjonen i landet, med ein variert forskingsaktivitet som strekkjer seg over mange område.

Vitskaplege publikasjonar frå 1995 til 2000

1995

1996

1997

1998

1999

2000

Det teologiske fakultet

63

42

53

61

39

57

Det juridiske fakultet

276

222

219

237

254

248

Det medisinske fakultet

1 559

1 884

1 683

1 494

1 256

1 317

Det historisk-filosofiske fakultet

799

534

727

655

547

560

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

1 227

1 051

1 189

1 305

813

980

Det odontologiske fakultet

131

173

104

90

85

134

Det samfunnsvitskaplege fakultet

536

399

402

327

362

363

SLS/ISP1

89

Det utdanningsvitskaplege fakultet

151

121

141

135

129

Andre einingar

168

89

191

106

76

171

Sum

4 848

4 554

4 689

4 416

3 567

3 959

1Senter for lærerutdanning og skoletjeneste/Institutt for spesialpedagogikk er frå 1. januar 1996 ein del av Det utdanningsvitskaplege fakultet.

Talet på vitskaplege publikasjonar, jf. tabellen ovanfor, syner stor forskingsinnsats, sjølv om han framleis bør kunne betrast om ein samanliknar med tilsvarande institusjonar i utlandet. Innsatsen fordeler seg på ei rekkje forskingsprosjekt, innanfor både grunnforsking og anvend forsking. Sidan 1993 har talet på doktorgradar auka med 50 pst., jf. tabell under kategori 07.60. I 2000 var det ein nedgang på 15 pst. i høve til 1999.

Forskarutdanning er ei sentral oppgåve for universitetet.

Universitetet i Oslo har sett behov for satsing som krev samspel mellom grunnforsking, anvend forsking og utvikling, og prioriterer ulike prosjekt innanfor dette området.

Ved fleire fagmiljø ved universitetet er det gjennomført evalueringar av forskarutdanninga. Senter for miljø og utvikling (SUM) vart evaluert i 1999. Evalueringa syner at fagmiljøet er inne i ei positiv utvikling, og kollegiet har vedteke at aktiviteten ved SUM skal førast vidare. SUM skal framleis vere organisert som eit senter under kollegiet.

Våren 2000 vart evalueringa av UiOs fire Innsatsområder for forsking 1995-99 ferdig. Kollegiet har vedteke at evalueringsutvalet sin rapport skal gå inn som ein del av grunnlagsmaterialet for universitetet sitt arbeid med forskingstiltak. Universitetet har i 2000 arbeidd med alternative organisasjonsformer og utfordringar innanfor tverrfagleg forsking ved universitetet, og ønskjer å halde fram med dette.

Noregs forskingsråd gjennomførte i 2000 nasjonale evalueringar av fysikk- og biologifaga. Fysikkfaga ved Universitetet i Oslo fekk blanda kritikk; nokre aktivitetar vart anbefalte avvikla, medan andre område, som teoretisk astrofysikk, fekk ros for høg kvalitet på internasjonalt nivå. Tilsvarande var det i biologi der til dømes zoologi fekk svært god vurdering. Utfrå evalueringane er det tydeleg at universitetet bør gjennomføre eit omstrukturerings og konsolideringsarbeid i desse faga.

Eksterne forskingsinntekter finansierte 868 årsverk ved universitetet i 2000. Dette er ein auken på 142 årsverk i høve til 1999. Universitetet i Oslo førte 551,8 mill. kroner over eigen rekneskap i samband med eksternt finansiert verksemd. Dette var om lag 25 mill. kroner meir enn året før.

Universitetet i Oslo kan vise til eit breitt internasjonalt engasjement innanfor forskinga. Forskarar ved universitetet deltok i 2000 i 97 EU-prosjekt. Det vart inngått 44 nye EU-prosjekt i 2000. Den største delen av desse prosjekta er knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Totalt er det rekneskapsført ei inntekt på 74 mill. kroner for EU-finansierte forskingsprosjekt i 2000, ein auke på 39,4 mill. kroner frå 1999.

Undervisning

Universitetet i Oslo har i 2000 hatt gåande eit arbeid med utvikling av studiekvalitet ved alle fakultet. Ei sentral arbeidsgruppe leia av prorektor har saman med det universitetspedagogiske miljøet arbeidd med å dokumentere og formidle eksempel på gode pedagogiske opplegg. Gruppa fokuserer på endringar av eksamen og meir tenlege eksamensformer, relasjonane til undervisning og læring og nettverksbygging. Eksempel på tiltak så langt er forenkling av karaktersystemet, reduksjon av omfanget og talet på eksamenar, innføring og utprøving av eksamensformer som til dømes mappeundervisning, utvikling av nettbaserte studium og høve til å ta eksamen via Internett, samt utvikling, innføring og evaluering av ulike former for problembasert læring.

I 2000 vart det i samarbeid med Høgskolen i Oslo sett i gang eit nytt studietilbod i hovudfag i journalistikk. Frå hausten 2001 tek Universitetet i Oslo opp studentar til eit femårig studieløp i informatikk. Universitetet meiner slik profilering vil betre rekrutteringa, og vere med på å få opp interessa for realfag.

Universitetet i Oslo samarbeider med høgskolane i Bergen, Bodø, Oslo, Vestfold og Stavanger om lærarutdanning. Dette samarbeidet femnar om fjernundervisning av studentar, etterutdanning av lærarar i naturfag samt mellomfag og etterutdanning i spesialpedagogikk.

I 2001 vart Universitetet i Oslo tildelt 44,6 mill. kroner til omstillingstiltak. Om lag 22,1 mill. kroner er disponerte til oppfølging av prosjekt som vart sette i gang i 2000, medan 22,5 mill. kroner gjeld tiltak starta i 2001. Omstillingsmidlane i 2001 er fordelte med 17,4 mill. kroner til IKT i undervisninga, 13,0 mill. kroner er sette av til justering av studieprofil, og 4 mill. kroner er disponerte til nasjonal samordning av undervisningstilbod. Vidare er 3,5 mill. kroner disponerte til omstillingstiltak ved musea, 0,7 mill. kroner til seniorpolitikk og 6,0 mill. kroner til andre omstillingstiltak, mellom anna til rekrutteringsstillingar. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2001 blei Universitetet i Oslo tildelt ytterlegare 22,3 mill. kroner til omstillingstiltak.

Universitetet hadde i 2000 totalt 26 fjernundervisningstilbod med 783 studentar, noko som er ein auke på 18 pst. i talet på studentar i høve til i 1999. Innanfor etter- og vidareutdanning var det til saman 290 tilbod i 2000. Totalt har det vore 10 928 studentar ved etter- og vidareutdanninga i 2000. Størstedelen av denne verksemda er eksternt finansiert.

Formidling

Universitetet i Oslo legg vekt på å formidle verksemda si til ulike interessegrupper og til publikum. Dette skjer gjennom ymse populærvitskaplege forelesingar og arrangement, gjennom dagspressa og andre media, og gjennom museumsverksemd og utstillingar.

I 2000 var universitetet engasjert i ei rekkje arrangement, som Forskingsdagane, Humanioradagane, Faglig-pedagogisk dag og Vidaregåande skoles dag. Humanioradagane hadde svært god oppslutnad. I tillegg kjem ulike populærvitskaplege forelesingar og seminar. Tidsskriftet Apollon fekk Kommunikasjonsforeininga sin pris for 2000.

Ei rekkje av musea i Oslo hører inn under universitetet. Frå 1. august 1999 vart musea samla i to organisatoriske einingar: Universitetets kulturhistoriske muséer (UKM) og Universitetets naturhistoriske muséer (UNM). Desse musea hadde til saman om lag 636 201 besøkjarar i 2000, noko som er ein nedgang på om lag 9 pst. i høve til 1999.

Endring i studieplassar i 2001

I statsbudsjettet for 2001 vart det vedteke å redusere talet på studieplassar ved allmennfakulteta med 1 326. Reduksjonen ved universitetet i Oslo var på 494 studieplassar. Det vart lagt inn midlar til å føre vidare det auka opptaket i farmasi og medisin med respektive åtte og 45 studieplassar. Vidare vart det lagt inn midlar til å auke opptaket i psykologi med 16 studieplassar.

Resultatmål for 2002

Universitetet i Oslo må prioritere tiltak for å gjennomføre Kvalitetsreforma innanfor tidsrammer fastsette av Regjering og Storting, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-01) og St.meld nr. 27 (2000-01).

Universitetet i Oslo er den største grunnforskingsinstitusjonen i landet og har eit breitt fagtilbod. Det er ei utfordring for universitetet å setje i verk tiltak som kan styrkje den langsiktige forskinga. Universitetet må arbeide vidare med å utvikle eigne FoU-strategiar og leggje vekt på tiltak for å sikre rekrutteringa av vitskapleg personale. Dette gjeld særleg kvinner.

Forskingsrådet si evaluering av naturvitskaplege område synte varierande kvalitet og behov for nasjonal samordning, fornying og styrkt forskingsleiing. Departementet meiner at dette viser utfordringar som gjeld all høgre utdanning, og oppfordrar Universitetet i Oslo til å møte utfordringane gjennom større vekt på samarbeid og arbeidsdeling.

På bakgrunn av at Universitetet i Oslo er det største universitetet i landet og ligg i ein region med omfattande næringsverksemd og ein stor offentleg sektor, bør universitetet halde fram med å styrkje FoU-innsatsen overfor nærings- og samfunnsliv i regionen. Universitetet må halde fram med arbeidet for å utvikle konkrete strategiar for å utvide omfanget av eksterne midlar frå næringslivet.

Universitetet må prioritere opp arbeidet med å rekruttere og utdanne lærarar til skoleverket. Dette gjeld særleg lærarar i språk- og realfaga. Universitetet må styrkje innsatsen for å få eit aktivt samarbeid med statens utdanningskontor, kompetansesentra for spesialundervisning og skoleeigar om opplegg for FoU-arbeid og etter- og vidareutdanning av lærarar, skoleleiarar og PP-teneste, jf. kap. 243, 226 og 202. Det er nødvendig å leggje til rette for både ei langsiktig og ei fleksibel organisering av samarbeidet med sikte på å utvikle eit praksisnært tilbod av høg kvalitet i samsvar med behov for kompetanse i skolen.

Universitetet i Oslo må prioritere tiltak som sørgjer for at studentane kjem gjennom studia på normert tid. Universitetet må leggje til rette for varierte studentaktive læringsformer, utvikle ein heilskapleg strategi som fremmar studiekvalitet og læringsmiljø, og utvikle eit system som dokumenterer arbeidet med å sikre og utvikle studiekvalitet. Departementet har merka seg at Universitetet i Oslo arbeider med eit opplegg for auka studieintensitet og betre studiekvalitet i tråd med målsetjingane i Kvalitetsreforma. Dette må ha høg prioritet.

Universitetet må tilpasse opptaket av studentar slik at det totale studentmåltalet vert nådd. Spesielt gjeld dette måltala for praktisk-pedagogisk utdanning og profesjonsutdanningane i medisin, odontologi og farmasi.

Universitetet i Oslo må, saman med dei andre universiteta, finne fram til ei formålstenleg arbeidsdeling for å sikre kvalitet og effektivitet i forsking og utdanning.

Det faglege samarbeidet med dei statlege høgskolane og andre høgskolar, mellom anna gjennom professor II-stillingar, samarbeid om studietilbod og doktorgradsutdanning, må førast vidare i 2002.

Universitetet må gjere seg nytte av dei fullmaktene som er delegerte, til å møte krav til fagleg kvalitet, fleksibilitet og omstilling i ei tid da konkurransen på utdannings- og forskingsområdet blir stadig sterkare, både nasjonalt og internasjonalt.

Universitetet må halde fram med å utvikle gode etter- og vidareutdanningstilbod for å kunne oppfylle etterspurnaden etter slike tilbod i samband med Kompetansereforma.

Universitetet i Oslo må føre vidare arbeidet med omstilling av universitetet for å møte dei utfordringane samfunnet stiller.

Universitetet i Oslo må utarbeide internasjonale strategiar med mål som kan etterprøvast. Forpliktande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig. Universitetet må ta sikte på eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid i tråd med Kvalitetsreforma.

Universitetet må arbeide med å innføre den nye gradsstrukturen, som skal vere gjennomført innan studieåret 2003/04.

Departementet har fastsett følgjande måltal for studentar i 2001 og 2002:

Måltal registrerte studentar

Måltal ­registerte ­studentar

2001

2002

Det medisinske fakultet

1 490

2 100

(Av desse profesjonsstudium medisin)(1 140)(1 170)

Det odontologiske fakultet

440

415

(Av desse profesjonsstudium odontologi)(325)(300)

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

5 962

5 870

(Av desse farmasi)(292)(300)

Det historisk-filosofiske fakultet

6 336

6 156

Det samfunnsvitskaplege fakultet

6 077

5 983

(Av desse profesjonsstudiet psykologi)(416)(432)

Det juridiske fakultet

4 066

4 056

Det utdanningsvitskaplege fakultet

2 453

2379

(Av desse praktisk-pedagogisk utdanning)(510)(510)

Det teologiske fakultet

430

420

Examen philosophicum

5 000

5 025

Anna

660

80

Reduksjon i talet på studieplassar

494

1 115

Sum

32 420

31 369

Departementet har fastsett følgjande måltal for talet på uteksaminerte kandidatar og årseksamenar på lågare grad i 2001 og 2002:

Måltal kandidatar

Måltal kandidatar 2001

Måltal kandidatar 2002

Lågare grad

Hovudfag/profesjon

Doktor- grad

Lågare grad

Hovudfag/profesjon

Doktor- grad

Det medisinske fakultet

70

285

70

80

290

70

(Av desse profesjonsstudium medisin)

(170)

(185)

Det odontologiske fakultet

60

7

60

4

(Av desse profesjonsstudium odontologi)

(55)

(55)

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

1 900

460

90

1 400

430

90

(Av desse farmasi)

(55)

(55)

Det historisk-filosofiske fakultet

2 700

350

25

2 500

350

25

Det samfunnsvitskaplege fakultet

1 800

370

30

1 800

350

35

(Av desse profesjonsstudium psykologi)

(70)

(70)

Det juridiske fakultet

1 300

530

7

1 200

500

7

Det utdanningsvitskaplege fakultet

870

130

10

800

120

5

(Av desse praktisk-pedagogisk utdanning)(450)

(300)

Det teologiske fakultet

120

35

4

100

35

4

Examen philosophicum

2 000

1800

Anna

10

20

Sum

10 770

2 220

243

2 135

240

Budsjettforslag for 2002

Løyvinga under posten skal dekkje driftsutgifter, større utstyrsinnkjøp, vedlikehald, kjøp av eigedom og refusjon for bruk av sjukehus.

For omtale av nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar, sjå programkategori 07.60.

I budsjettramma er det lagt inn 44,6 mill. kroner, som er knytte til innføring av Kvalitetsreforma. Desse midlane er i særleg grad knytte til utvikling av faste studieløp, omlegging til ny gradsstruktur, arbeid med å ta i bruk nye evalueringsformer og ei generell heving av kvaliteten på studietilboda. Vidare er det lagt inn 44,6 mill. kroner til å føre vidare dei omstillingsprosessane som Universitetet i Oslo alt har sett i gang, som òg må sjåast i samanheng med innføringa av Kvalitetsreforma.

Som oppfølging av Stortinget si behandling av statsbudsjettet for 2001 vart Universitetet i Oslo tildelt midlar til 35 stipendiatstillingar og 14 postdoktorstillingar. Midlane er førte vidare i 2002.

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2001 er i tillegg Universitetet i Oslo tildelt 28 stipendiatstillingar og 16 postdoktorstillingar over kap. 281. Rekrutteringsstillingane er lagde inn i budsjettramma til universitetet med heilårsverknad frå 2002. Løyving per stilling er auka, jf. omtale under programkategori 07.60. Departementet foreslår vidare midlar til 46 nye stipendiatstillingar til universitetet i 2002. Desse stillingane er òg finansierte med ein høgare sats. Sjå elles omtale under kap. 281.

I budsjettramma er det òg lagt inn 23 mill. kroner som strategiske forskingsmidlar. Midlane skal nyttast til arbeid innanfor dei fire tematiske satsingsområda i forskingsmeldinga og/eller til FUGE, og til eit opptak på 20 studentar til forskarlinje i medisin.

Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2001 vart det vedteke ei løyving på 25 mill. kroner til vitskapleg utstyr ved universiteta. Desse midlane er førte vidare i 2002. I 2002 blir det foreslått ein ytterlegare auke på 100 mill. kroner til vitskapleg utstyr ved universiteta. Universitetet i Oslo sin del er 44,6 mill. kroner og er lagd inn i ramma for 2002.

I budsjettramma er det lagt inn midlar som er fordelte på bakgrunn av talet på avslutta hovudfag og doktorgradar, sjå omtale under kap. 281. Det er fordelt 800 mill. kroner til dei fire universiteta basert på talet på avlagde vekttal. Midlane er lagde inn i ramma på dei enkelte kapitla, jf. tabell under kap. 281.

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2001 vart det vedteke ei løyving til 20 nye professorstillingar øyremerkte kvinner frå hausten 2001. Av desse vart fem tildelte Universitetet i Oslo. Midlar til stillingane er førte vidare med heilårsverknad i 2002. Frå hausten 2002 foreslår departementet å opprette ytterlegare ti nye professorstillingar ved de fire universiteta øyremerkte kvinner. Midlar til tre av desse stillingane er lagde inni ramma til Universitet i Oslo.

For å tilpasse studiekapasiteten til reduksjonen i søking til høgre utdanning foreslår Regjeringa at talet på studieplassar på lågare grad ved allmennfakulteta ved dei fire universiteta blir redusert med 2 152, sjå omtale under kategori 07.60.

Reduksjonen ved Universitetet i Oslo utgjer 1 115 studieplassar. Budsjetteffekten er kroner 30 000 per plass. Etter dialog mellom departementet og universitetet vil reduksjonen i talet på studieplassar bli fordelt mellom fakulteta. Departementet føreset at reduksjonen blir fordelt på allmennfakulteta. I 2001 vart talet på studieplassar ved universitetet redusert med 494 plassar. I statsbudsjettet for 2002 er budsjetteffekten kr 30 000 per plass.

I budsjettramma er det lagt inn midlar til heilårseffekt og vidareføring av auka opptak av 38 studieplassar i medisin og farmasi oppretta hausten 2001. Det er vidare lagt inn 1,92 mill. kroner til vidareføring av 16 studieplassar i psykologi oppretta i 2001, samt ei vidareføring av auka opptak i 2002.

Budsjettramma for Universitetet i Oslo er auka med 910 000 kroner for å betre dei økonomiske rammevilkåra for den regionale forskingsetiske komiteen for medisin, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2000-01). Departementet føreset at universitetet set av 1,5 mill. kroner til REK I og 1,75 mill. kroner til REK II i budsjettet for 2002.

Departementet viser til omtale i St.prp. nr. 1 (1999-2000) av konsekvensar ved gjenoppretting av medisinutdanninga ved Sentralsjukehuset i Akershus. Overslag over kostnadene for nødvendig byggeaktivitet ved Universitetet i Oslo som da vart presentert, har seinare vist seg å vere for låge. Departementet foreslår å auke ramma for utbygginga frå 22,5 mill. kroner til 54 mill. kroner, inkludert inventar og utstyr. Departementet foreslår totalt 34,75 mill. kroner til tiltaket i 2002, ein auke på 8,5 mill. kroner frå 2001. I tillegg til midlar til bygg inkluderer dette også driftsmidlar og midlar til vitskapleg utstyr.

Som ledd i arbeidet med å følgje opp St.meld. nr. 17 (2000-01) om asyl- og flyktningpolitikken i Noreg og Noregsnettrådet si utgreiing om tolkeutdanning, foreslår Regjeringa å tildele midlar til ti plassar i tolkeutdanning frå hausten 2002.

Det er på kap. 1580 foreslått 91,9 mill. kroner til vidareføring av byggjeprosjekt ved Urbygningen i 2002.

I budsjettramma er det lagt inn 10 mill. kroner til utstyrsinnkjøp for Urbygningen og delar av Midtbygningene. Det er ein auke på 8 mill. kroner frå 2001.

I samband med oppretting av 16 studieplassar i psykologi som er finansierte over Opptrappingsplanen for psykisk helse i 2001, varsla departementet at ein ville komme attende til lokalsituasjonen i statsbudsjettet for 2002. Departementet vil gi Statsbygg i oppdrag å reise eit tilbygg til lokala til Institutt for psykologi i Forskningsvegen 3. Tilbygget vil bli realisert som eit husleigefinansiert prosjekt, med finansieringstilskott frå Sosial- og helsedepartementet, sjå kap. 743 post 70.

Universitetet i Oslo oppretta våren 2001 Stiftelsen Holocaustsenteret. Det er på kap. 281 foreslått 1 mill. kroner til driftstilskott til senteret i budsjettet for 2002.

Senter for medisinske studier i Moskva er eit samarbeidsprosjekt mellom Noreg og Russland, og har til formål å stimulere informasjonsutvikling mellom norske og russiske medisinske forskingsmiljø, samt hindre tapping frå det russiske spisskompetansemiljøet. Gjennom overføring av midlar frå Sosial- og helsedepartementet og Utanriksdepartementet saman med bidrag frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet er ramma til Universitetet i Oslo auka med 4 mill. kroner til permanent finansiering av senteret. Departementet legg til grunn at Universitetet i Oslo yter 0,5 mill. kroner.

Universitetet i Oslo kan nytte inntekter frå sal av eigedommar ved Universitetet i Oslo til kjøp, vedlikehald og bygging av andre lokale til undervisnings- og forskingsformål ved universitetet, sjå forslag til vedtak II nr. 4.

Kap. 3260 Universitetet i Oslo (jf. kap. 260)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Inntekter frå oppdrag

551 756

02

Salsinntekter o.a.

155 383

03

Diverse inntekter

3 609

11

Kursavgift ved vaksenopplæringstiltak

9 706

15

Refusjon for arbeidsmarknadstiltak

5 570

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

15 266

18

Refusjon av sjukepengar

24 752

51

Inntekter under Observatoriefondet og ­Tøyenfondet

11 154

Sum kap. 3260

777 196

Universiteta vart nettobudsetterte frå 2001.

Kap. 261 Universitetet i Bergen

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

1 192 378

21

Særskilde driftsutgifter

392 004

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

80 739

49

Kjøp av eigedommar , kan overførast

16 188

50

Statstilskott

1 359 245

1 552 737

61

Refusjon for bruk av sjukehus

2 888

Sum kap. 261

1 684 197

1 359 245

1 552 737

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Budsjettramma er auka med 6,5 mill. kroner for å dekkje utgifter ved direkte innbetaling av pensjonsutgifter til Statens pensjonskasse.

  • Budsjettramma er auka med 9,7 mill. kroner i samband med kompensasjon til statleg forvaltning for innføring av meirverdiavgift på tenester og omlegging av direkte refusjon av sjukepengar i statlege verksemder, sjå Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

  • Budsjettramma er nedjustert med 6 mill. kroner etter overføring av pensjonsutgifter for stipendiatar finansiert av Noregs forskingsråd til kap. 285, jf. kat. 07.70.

Resultatrapport for 2000-01

Opptaks- og studenttal 2000

Opptak 2000

Måltal ­studentar 2000

Registrerte ­studentar 2000

Det medisinske faktultet

218

1 265

1 374

(Av desse profesjonsstudium medisin)(158)(870)(946)

Det odontologiske fakultet

84

320

343

(Av desse profesjonsstudium odontologi)(55)(240)(256)

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

730

2 486

2 734

Det historisk-filosofiske fakultet

1 306

4 003

4 087

Det samfunnsvitskaplege fakultet

1 281

2 674

3 034

Det psykologiske fakultet

1 047

1 291

2 278

(Av desse profesjonsutdanning psykologi)(36)(336)(340)
(Av desse praktisk-pedagogisk utdanning)(150)(190)(108)

Det juridiske fakultet

419

2 531

2 049

Examen philosophicum

257

1787

648

Anna

196

132

Sum

5 342

16 553

16 6791

1Av desse er det 56 pst. kvinner. I tillegg er det registrert 217 personar utan studierett, samt 73 «Andre» studentar (norsk for utanlandske studentar).

Kilde: Opptak og registrerte studentar: DBH.

Tabellen ovanfor syner at det totale studentmåltalet er nådd. Dei spesifiserte måltala for medisin og psykologi er òg oppfylte med god margin. For praktisk-pedagogisk utdanning er måltalet ikkje nådd. Heller ikkje måltalet for det juridiske fakultet er nådd.

Tabellen nedanfor syner at talet på årseksamenar på lågare grad ligg under måltalet. Registrerte eksamenar på lågare grad gir ikkje et fullstendig bilete av situasjonen. Årsaka er at studentar ofte først blir registrerte som kandidatar på høgre nivå/profesjonsnivå. Dermed vil det vere fleire som har avlagt eksamen på lågare grad enn statistikken syner. Kandidatmåltalet for profesjonsstudiet medisin er oppfylt, men for profesjonsstudia psykologi og odontologi ligg talet på uteksaminerte kandidatar under måltalet. Talet for uteksaminerte kandidatar frå praktisk-pedagogisk utdanning ligg i òg under måltalet. Totalt sett ligg talet på uteksaminerte kandidatar på hovudfags-/profesjonsnivå og på doktorgradsnivå over måltalet.

Kandidatar i 2000

Måltal kandidatar 2000

Uteksaminerte kandidatar 2000

Lågare grad

Hovudfag/profesjon

Doktor­grad

Lågare grad1

Hovudfag/profesjon

Doktor­grad

Det medisinske fakultet

25

156

17

25

173

16

(Av desse profesjonsstudium medisin)

(120)

(122)

Det odontologiske fakultet

15

39

4

29

38

3

(Av desse profesjonsstudium odontologi)

(42)

(35)

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

950

215

45

7072

226

61

Det historisk-filosofiske fakultet

1 800

215

18

1 694

207

26

Det samfunnsvitskaplege fakultet

1 230

200

12

1 264

192

13

Det psykologiske fakultet

600

65

8

673

44

6

(Av desse profesjonsutdanning psykologi)

(60)

(42)

(Av desse praktisk-pedagogisk utdanning)(160)

(106)

Det juridiske fakultet

420

170

1

405

194

0

Examen philosophicum

450

450

Anna

Sum

5 490

1 060

105

5 2473

1 074

125

1Avlagde årseksamenar (20-vekttalseiningar) på lågare grad. Personar som har bestått same eksamen tidlegare (gjentak), og personar utan studierett er ikkje med.

2Talet 707 kjem frå DBH. Talet er av UiB rekna ut til 838. Skilnaden kan ha årsak i at det er ei mogleg feilkjelde i rapporteringa til DBH.

3I tillegg er det avlagt 207 årseksamenar av personar utan studierett på lågare grad.

Kilde: Uteksaminerte kandidatar: DBH.

Forsking

Forskingsaktiviteten ved Universitetet i Bergen er omfattande og prega av mangfald.

Vitskaplege publikasjonar frå 1995 til 2000

1995

19961

19971

1998

1999

2000

Det medisinske fakultet

856

721

893

830

723

718

Det historisk-filosofiske fakultet

344

327

357

397

266

296

Det odontologiske fakultet

77

73

84

53

41

59

Det samfunnsvitskaplege fakultet

196

172

227

183

200

173

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

401

513

530

530

486

484

Det psykologiske fakultet

155

175

175

137

115

150

Det juridiske fakultet

51

96

47

73

13

40

Andre

5

13

4

24

Sum

2 080

2 077

2 318

2 216

1 848

1 944

1Tala for 1996 og 1997 er endra i forhold til St.prp. nr. 1 (1998-99), da vitskaplege avhandlingar (233 i 1996 og 407 i 1997) ikkje lenger blir rekna med.

Talet på vitskaplege publikasjonar, jf. tabellen ovanfor, syner stor forskingsinnsats, og det er ein auke frå 1999, da talet på vitskaplege publikasjonar gjekk ned frå tidligare år. Innsatsen fordeler seg på ei rekkje forskingsprosjekt, innanfor både grunnforsking og anvend forsking.

Sidan 1993 har talet på doktorgradar auka med 37 pst., sjå tabell under kategori 07.60. Det har vore ein svak nedgang i avlagde doktorgradar frå 1999 til 2000.

Mykje av forskinga ved Universitetet i Bergen byggjer på naturgitte føresetnader og faglege tradisjonar som er spesielle for Bergen (molekylærbiologi og marin forsking/-klimaforsking). Andre tyngdepunkt, med kortare historie, er til dømes internasjonal forsking med fokus på land i den tredje verda.

Den omfattande eksternt finansierte forskinga er uttrykk for at kompetansen ved universitetet i stor grad er etterspurd i nærings- og samfunnsliv.

Eksterne forskingsinntekter finansierte 426 årsverk ved universitetet i 2000, ein auke på fem årsverk frå 1999. Universitetet i Bergen førte om lag 390 mill. kroner over eigen rekneskap i samband med eksternt finansiert verksemd i 2000.

Den EU-finansierte verksemda ved universitetet dreier seg om rundt 70 kontraktar innanfor Bergensmodellen. Universitetet har koordineringsansvar for 20 av desse. Hittil har universitetet totalt fått innvilga 32 prosjekt i EUs femte rammeprogram. Rekneskapsførte inntekter for EU-finansierte forskingsprosjekt er på nærmara 29 mill. kroner, ein nedgang på rundt 35 mill. kroner samanlikna med året før.

Universitetet i Bergen har eit nært samarbeid med forskingsstiftelsen UNIFOB. Verksemda ved forskingsstiftelsen hadde i 2000 eit samla volum på om lag 180 mill. kroner. Dette er ein auke på vel 20 mill. kroner i høve til i 2000.

Noregs forskingsråd har i 2000 gjennomført to nasjonale fagevalueringar av fysikk- og biologifag. Begge faga ved Universitetet i Bergen fekk blanda kritikk, ved at nokre av aktivitetane vart vurderte som svært gode, medan andre kom dårleg ut. Ut frå desse evalueringane bør universitetet sjå nærmare på struktur og forskingsleiing.

Undervisning

Universitetet i Bergen arbeider kontinuerleg for å heve kvaliteten på studia, mellom anna for å betre studentgjennomstrøyminga. På hovudfagsnivå held ein fram med arbeidet når det gjeld å betre kvaliteten på mottaket av nye studentar og rettleiingsmønsteret. Det er sett i verk eit hovudfagsprosjekt som blant anna ser på organiseringa av rettleiing. I 2000 har det vore spesiell satsing på førstesemesterstudentar. Delar av ex.phil.-studentane har vore gjennom eit eiga opplegg med tettare oppfølging, og tiltaket vil bli ført vidare i 2001.

I 2000 er det oppretta 47 nye studietilbod, hovudsakleg ved Det matematisk-naturfaglege fakultet. 31 tilbod vart avvikla. Endringane er i tråd med endringar i studieplanar.

Gjennom Nordunet-prosjektet har universitetets mediesenter (UMS) etablert samarbeid med ei rekkje utdanningsinstitusjonar og fylkeskommunar om utnytting av eit nasjonalt system for satellittformidling av undervisning til geografisk spreidde studiegrupper.

Vel 500 studentar har teke vidareutdanning ved universitetet i 2000 fordelt på 25 tilbod. Likeins har nærmare 2 000 personar teke etterutdanning fordelt på om lag 60 tilbod. Studietilbod som er organiserte heilt eller delvis som fjernundervisning, utgjer i 2000 14 kurs i ulike fag, noko som er ein liten nedgang i høve til 1999.

Departementet tildelte 20,3 mill. kroner i 2001 i omstillingsmidlar til universitetet. Tiltaka er nytta til justeringar av studieprofil, omlegging av studietilbod i samband med overgang til teknologibaserte undervisningsformer, samordning av studietilbod mellom universiteta og fagleg leiing på instituttnivå. Dette er tiltak som vart sette i gang i 2000.

I samband med oppfølging av Revidert nasjonalbudsjett 2001 blei Universitetet i Bergen tildelt ytterlegare 11,1 mill. kroner til omstillingstiltak.

Formidling

Bergen Museum og mediesenteret ved universitetet er dei viktigaste institusjonane i formidlingsverksemda til universitetet.

Tilsette ved Universitetet i Bergen medverkar på fleire vis i populærvitskapleg formidling. Universitetet sitt mediesenter har eit særleg ansvar her og har medverka i fleire TV-produksjonar. Bergen Museum har, i tillegg til permanente utstillingar, òg vore aktør i fleire skiftande utstillingar. I 1999 fullførte museet arbeidet med eit digitalisert topografisk arkiv, som er det første i landet. Bergen Museum gir ut skriftene til Bergen Museum og Årboka for Bergen Museum. Det populærvitskaplege tidsskriftet Naturen har hovudgrunnlaget sitt i verksemda ved Universitetet i Bergen.

Talet på besøkjande til utstillingar og omsyningar har auka og ligg på rundt 46 000. Det er om lag 1 000 fleire enn i 1999.

Endring i studieplassar i 2000

I statsbudsjettet for 2001 vart det vedteke å redusere talet på studieplassar på lågare grad ved allmennfakulteta med 1 326 for å tilpasse kapasiteten til reduksjonen i søkinga til høgre utdanning. Reduksjonen for Universitetet i Bergen var på 408 studieplassar. Det var lagt inn midlar for å føre vidare det auka opptaket i medisin og psykologi med respektive 30 og 16 studieplassar.

Resultatmål for 2002

Universitetet i Bergen må prioritere gjennomføring av tiltak knytte til realisering av Kvalitetsreforma innanfor tidsrammer som er fastsette av regjering og storting, jf. òg Innst. S. nr. 337 (2000-01) og St.meld. nr. 27 (2000-01).

Universitetet må setje i verk tiltak som kan styrkje den langsiktige strategiske forskinga. Ein slik strategi medverkar til å styrkje kvaliteten i norsk forsking, og vil kunne gi ny grunnleggjande kunnskap av høg kvalitet og relevans. Universitetet i Bergen vil ha særskilde føresetnader for å medverke til kunnskapsutviklinga innanfor marin forsking. Det er ei utfordring for universitetet å utvikle ein forskingsstrategi som fremmar spesialisering og konsentrasjon. Universitetet må leggje vekt på tiltak for å sikre rekrutteringa av vitskapleg personale. Dette gjeld særleg kvinner.

Forskingsrådet si evaluering av naturvitskaplege område synte varierande kvalitet og behov for nasjonal samordning, fornying og styrkt forskingsleiing. Departementet meiner at dette viser utfordringar som gjeld all høgre utdanning, og oppfordrar Universitetet i Bergen til å møte utford­ringane gjennom større vekt på samarbeid og arbeidsdeling.

Universitetet må føre vidare arbeidet med omstilling for å møte dei utfordringane samfunnet stiller til universitetet.

Universitetet må prioritere opp arbeidet med å rekruttere og utdanne lærarar for skoleverket. I særleg grad gjeld dette lærarar i språk- og realfaga, der situasjonen kan bli alvorleg i skolen om få år. Universitetet må styrkje arbeidet for å få eit aktivt samarbeid med statens utdanningskontor, kompetansesentra for spesialundervisning og skoleeigar om opplegg for FoU-arbeid og etter- og vidareutdanning av lærarar, skoleleiarar og PP-teneste, jf. kap. 243, 226 og 202. Det er nødvendig å leggje til rette både ei langsiktig og ei fleksibel organisering av samarbeidet med sikte på å utvik­le eit praksisnært tilbod av høg kvalitet i høve til behov for kompetanse i skolen.

Universitetet må prioritere tiltak som sørgjer for at studentane kjem gjennom studia på normert tid. Universitetet må leggje til rette for varierte studentaktive læringsformer, utvikle ein heilskapleg strategi som fremmar studiekvalitet og læringsmiljø og utvikle eit system som dokumenterer arbeidet med å sikre studiekvalitet. Departementet har merka seg at universitetet allereie arbeider med eit opplegg for auka studieintensitet og betre studiekvalitet, og dette må ha høg prioritet.

Universitetet må tilpasse opptaket av studentar slik at det totale studentmåltalet blir nådd. Spesielt gjeld dette måltala for profesjonsutdanningane i medisin, odontologi og psykologi. Departementet legg til grunn at utdanningskapasiteten i praktisk-pedagogisk utdanning og informasjonsteknologi blir ført vidare på same nivå hausten 2002 som hausten 2001, og at universitetet legg vekt på tiltak for å utnytte kapasiteten.

Universitetet i Bergen må, saman med dei andre universiteta, finne fram til ei formålstenleg arbeidsdeling for å sikre kvalitet og effektivitet i forsking og utdanning.

Det faglege samarbeidet med dei statlege høgskolane og andre høgskolar, mellom anna gjennom professor II-stillingar, samarbeid om studietilbod og doktorgradsutdanning, må førast vidare i 2002.

Universitetet må gjere seg nytte av dei fullmaktene som er delegerte til å møte krav til fagleg kvalitet, fleksibilitet og omstilling i ei tid da konkurransen på utdannings- og forskingsområdet blir stadig sterkare, både nasjonalt og internasjonalt.

Samarbeidet mellom Universitetet i Bergen og høgskolane på Sør- og Vestlandet om forskarutdanning er svært positivt og bør førast vidare.

Universitetet må halde fram med å utvikle gode etter- og videreutdanningstilbod for å kunne oppfylle etterspurnaden etter slike tilbod i samband med Kompetansereforma.

Universitetet i Bergen må utarbeide internasjonale strategier med mål som kan etterprøvast. Forpliktande utvekslingsavtaler med institusjonar i utlandet er nødvendig. Universitetet må ta sikte på eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld student og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid i tråd med Kvalitetsreforma.

Det faglege samarbeidet med dei statlege høgskolane og andre høgskolar, mellom anna gjennom professor II-stillingar, samarbeid om studietilbod og doktorgradsutdanning, må førast vidare i 2002.

Desentralisert medisinutdanning i Helseregion vest skal førast vidare på same nivå i 2002.

Universitetet må arbeide med å innføre den nye gradsstrukturen som skal vere gjennomført innan studieåret 2003/04.

Departementet har fastsett følgjande måltal for studentar i 2000 og 2001:

Måltal registrerte studentar

Måltal registrerte studentar

2001

2002

Det medisinske fakultet

1 295

1 295

(Av desse profesjonsstudium medisin)(900)(900)

Det odontologiske fakultet

320

320

(Av desse profesjonsstudium odontologi)(240)(240)

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

2 486

2 375

Det historisk-filosofiske fakultet

4 003

3 825

Det samfunnsvitskaplege fakultet

2 674

2 555

Det psykologiske fakultet

1 307

1319

(Av desse profesjonsstudium psykologi)(352)(364)
(Av desse praktisk-pedagogisk utdanning)(190)(190)

Det juridiske fakultet

2 531

2 531

Examen philosophicum

1 787

1 787

Anna

196

196

Reduksjon i studieplassar

408

445

Sum

16 191

15 758

Departementet har fastsett følgjande måltall for uteksaminerte kandidatar og årseksamenar på lågare grad i 2001 og 2002:

Måltal kandidatar

Måltal kandidatar 2001

Måltal kandidatar 2002

Lågare grad

Hovudfag/profesjon

Doktorgrad

Lågare grad

Hovudfag/profesjon

Doktorgrad

Det medisinske fakultet

25

150

18

25

150

18

(Av desse profesjonsstudium medisin)

(120)

(150)

Det odontologiske fakultet

15

48

4

15

40

3

(Av desse profesjonsstudium odontologi)

(42)

(35)(3)

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

860

215

50

860

210

50

Det historisk-filosofiske fakultet

1 650

215

15

1 650

190

15

Det samfunnsvitskaplege fakultet

1 200

200

15

1 200

200

15

Det psykologiske fakultet

670

65

8

510

50

8

(Av desse profesjonsstudium psykologi)

(60)

(55)

(Av desse praktisk-pedagogisk utdanning)(160)

(130)

Det juridiske fakultet

320

170

1

320

170

1

Examen philosophicum

400

400

Anna

Sum

5 140

1 063

111

5 110

1 050

110

Budsjettforslag for 2002

Løyvinga under posten skal dekkje driftsutgifter, større utstyrsinnkjøp, vedlikehald, kjøp av eigedom og refusjon for bruk av sjukehus.

For omtale av nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar, sjå programkategori 07.60.

I budsjettramma er det lagt inn 22,3 mill. kroner i samband med innføring av Kvalitetsreforma. Desse midlane er i særleg grad knytt til utvikling av faste studieløp, omlegging til ny gradsstruktur, arbeid med å ta i bruk nye evalueringsformer og ei generell heving av kvaliteten på studietilboda. Vidare er det lagt inn 22,3 mill. kroner til å føre vidare dei omstillingsprosessane Universitetet i Bergen alt har sett i gang, som også må sjåast i samanheng med innføringa av Kvalitetsreforma.

Som oppfølging av Stortinget si behandling av statsbudsjettet for 2001 vart Universitetet i Bergen tildelt midlar til 19 stipendiatstillingar og sju postdoktorstillingar. Midlane er førte vidare i 2002. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2001 er i tillegg Universitetet i Bergen tildelt 14 stipendiatstillingar og åtte postdoktorstillingar over kap. 281. Rekrutteringsstillingane er lagde inn i budsjettramma til universitetet med heilårsverknad frå 2002. Løyving per stilling er auka, jf. omtale under programkategori 07.60. Departementet foreslår vidare midlar til 22 nye stipendiatstillingar til universitetet i 2002. Desse stillingane er òg finansierte med ein høgare sats. Sjå elles omtale under kap. 281.

I budsjettramma er det likeins lagt inn 11,4 mill. kroner som strategiske forskingsmidlar. Midlane skal nyttast til arbeid innanfor dei fire tematiske satsingsområda i forskingsmeldinga og/eller FUGE, og til eit opptak på 15 studentar til forskarlinje i medisin.

Budsjettramma for Universitetet i Bergen er auka med kr 380 000 for å betre dei økonomiske rammevilkåra for den regionale forskingsetiske komiteen for medisin, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2000-01). Departementet føreset at universitetet set av 1,2 mill. kroner til REK III i budsjettet for 2002.

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2001 vart det vedteke ei løyving på 25 mill. kroner til vitskapleg utstyr ved universiteta. Desse midlane er førte vidare i 2002. I 2002 foreslår departementet ein ytterlegare auke på 100 mill. kroner til vitskapleg utstyr ved universiteta. Universitetet i Bergen sin del er 22,3 mill. kroner og er lagd inn i ramma for 2002.

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2001 vart det vedteke ei løyving til 20 nye professorstillingar øyremerkte kvinner frå hausten 2001. Midlar til stillingane er førte vidare med heilårsverknad i 2002. Frå hausten 2002 foreslår departementet å opprette ytterlegare ti nye professorstillingar ved dei fire universiteta øyremerkte kvinner. Midlar til to av desse stillingane er lagde inni ramma til Universitetet i Bergen.

I budsjettramma er det lagt inn midlar som er fordelte på bakgrunn av talet på avslutta hovudfag og doktorgradar, sjå omtale under kap. 281. Det er fordelt 800 mill. kroner til dei fire universiteta basert på talet på avlagde vekttal. Midlane er lagde inn i ramma på dei enkelte kapitla, jf. tabell under kap. 281.

For å tilpasse studiekapasiteten til reduksjonen i søking til høgre utdanning foreslår Regjeringa at talet på studieplassar på lågare grad ved allmennfakulteta ved dei fire universiteta blir redusert med 2 152, sjå omtale under kategori 07.60.

Reduksjonen ved Universitetet i Bergen utgjer 445 studieplassar. Budsjetteffekten er kroner 30 000 per plass. Etter dialog mellom departementet og universitetet vil reduksjonen i talet på studieplassar bli fordelt mellom fakulteta. Departementet føreset at reduksjonen blir fordelt på allmennfakulteta. I 2001 vart talet på studieplassar ved universitetet redusert med 408 plassar. I statsbudsjettet for 2002 er budsjetteffekten kr 30 000 per plass. Det er ført vidare eit auka opptak på psykologi på tolv plassar. I budsjettet for 2002 er det lagt inn heilårseffekt av studieplassane som vart oppretta i 2001, med 30 plassar på medisinstudiet og fire plassar på psykologi.

Med omsyn til nytt havforskingsfartøy ved Havforskingsinstituttet, sjå omtale i kap. 1021 under Fiskeridepartementet.

Eit selskap er planlagt etablert for oppdragsforsking innanfor fiskeri- og havbruksnæringa i Bergen. Initiativtakarar er Universitetet i Bergen, Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratets Ernæringsinstitutt. Målet er å medverke til at fleire forskingsprosjekt støttar opp under utviklinga av ny næringsverksemd, sjå omtale under Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett, kap. 920 post 50.

Det blir under kap. 1580 post 31 foreslått 311 mill. kroner til vidareføring av bygg for biologiske basalfag, jf. omtale under Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Det er i budsjettramma til Universitetet i Bergen øyremerkt 100 mill. kroner til utstyr i dette bygget i 2002. Dette er ein auke på 50 mill. kroner frå 2001.

Universitetet i Bergen kan nytte inntekter frå sal av eigedommar til kjøp, vedlikehald og bygging av andre lokale til undervisnings- og forskingsformål ved høgskolen, sjå forslag til vedtak II nr. 4.

Kap. 3261 Universitetet i Bergen (jf. kap. 261)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Inntekter frå oppdrag

400 224

02

Salsinntekter o.a.

30 602

03

Diverse inntekter

842

11

Kursavgift ved vaksenopplæringstiltak

995

15

Refusjon for arbeidsmarknadstiltak

10 050

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

5 973

17

Refusjon for lærlingar

785

18

Refusjon av sjukepengar

13 787

49

Sal av eigedom

3 259

Sum kap. 3261

466 517

Universiteta vart nettobudsjetterte frå 2001.

Kap. 262 Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

1 598 496

21

Særskilde driftsutgifter

369 802

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

155 629

49

Kjøp av eigedommar , kan overførast

42 406

50

Statstilskott

1 739 929

2 011 902

61

Refusjon for bruk av sjukehus

8 000

Sum kap. 262

2 174 333

1 739 929

2 011 902

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Budsjettramma er auka med 12,3 mill. kroner for å dekkje utgifter ved direkte innbetaling av pensjonsutgifter til Statens pensjonskasse.

  • Budsjettramma er auka med 8,5 mill. kroner i samband med kompensasjon til statleg forvaltning for innføring av meirverdiavgift på tenester og omlegging av direkte refusjon av sjukepengar i statlege verksemder, sjå Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

  • Budsjettramma på kap. 262 er nedjustert med 12,5 mill. kroner som ei følgje av overføring av pensjonsutgifter for stipendiatar finansierte av Noregs forskingsråd til kap. 285, jf. kat. 07.70.

Resultatrapport for 2000-01

Opptaks- og studenttall 2000

Opptak 2000

Måltal studentar 2000

Registrerte studentar 2000

Det medisinske fakultet

144

804

875

(Av desse profesjonsstudium medisin)1

(144)

(804)

(754)

Det historisk-filosofiske fakultet

956

2 663

2 770

Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing

1 300

3 7662

5 582

(Av desse profesjonsutdanning psykologi)

(47)

(224)

(225)

(Av desse siv.ing.)2

(102)

(522)

Fakultet for arkitektur, plan og biletkunst

95

410

496

(Av desse siv.ark.)

(80)

(315)

(395)

Fakultet med realfag/teknologi3

2 279

9 047

9229

(Av desse siv.ing.)

(1 666)

(6 450)

(6 274)

Examen philosophicum

422

700

566

Anna

342

259

390

(Av desse praktisk-ped. utdanning)

(342)

(135)

(390)

Sum

5 538

17 649

19 9084

1Av desse profesjonsstudiet i medisin i utlandet. Opptak 2000: 44. Registrerte studentar hausten 2000: 237.

2Måltalet for sivilingeniørutdanninga på Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing er ført samla under Fakultet med realfag/teknologi.

3Omfattar følgjande fakultet: Bygg og miljøteknikk, Elektroteknikk og telekommunikasjon, Fysikk, informatikk og matematikk, Kjemi og biologi, Marin teknikk, Maskinteknikk, Geofag og petroleumsteknologi, samt studentar som er registrerte på realfag lågare grad på institusjonen som heilskap.

4Av desse er det 45,7 pst. kvinner. I tillegg er det registrert 75 personar utan studierett, samt 17 «andre» studentar (innføringsprogram for utanlandske studentar).

Kilde: Opptak og registrerte studentar: DBH.

Det totale studentmåltalet er oppfylt med god margin. Dei spesifiserte måltala for profesjonsutdanninga i psykologi og praktisk-pedagogisk utdanning er oppfylte. Måltala for profesjonsutdanninga i medisin og sivilingeniørutdanninga er ikkje oppfylte.

Tabellen nedanfor syner at talet på årseksamenar på lågare grad ligg under måltalet. Registrerte eksamenar på lågare grad gir ikkje eit fullstendig bilete av situasjonen. Årsaka er at studentar ofte først blir registrerte som kandidatar på høgre nivå/profesjonsnivå. Dermed vil det vere fleire som har avlagt eksamen på lågare grad enn statistikken syner. Kandidatmåltala for profesjonsutdanninga i psykologi og medisin er oppfylte. Kandidatmåltala for sivilingeniør og sivilarkitekt er ikkje oppfylte. Det totale kandidatmåltalet for hovudfags- og profesjonsstudia er oppfylt med god margin.

Kandidatar i 2000

Måltal kandidatar 2000

Uteksaminerte kandidatar 2000

Lågare grad

Hovudfag/profesjon

Doktor-grad

Lågare grad1

Hovudfag/profesjon

Doktor-grad

Det medisinske fakultet

(Av desse profesjonsstudium medisin)

60

(60)

10

63

(63)

19

Det historisk-filosofiske fakultet

1 400

110

10

1 391

165

9

Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing

(Av desse profesjonsutdanning psykologi)

(Av desse siv.ing.)2

2 000

220

(35)

10

1 989

373

(38)

(92)

20

Fakultet for arkitektur, plan og biletkunst

(Av desse siv.ark.)

75

(60)

3

68

(53)

2

Fakultet med realfag/teknologi

(Av desse siv.ing./dr.ing.)

740

1 325

(1 215)

152

(137)

740

1 187

(1 042)

137

(126)

Examen philosophicum

500

318

Praktisk-ped. Utdanning

140

136

Sum

4 780

1 790

185

4 5743

1 856

187

1 Avlagde årseksamenar (20-vekttalseiningar) på lågare grad. Personar som har bestått same eksamen tidlegare (gjentak), og personar utan studierett er ikkje med.

2Måltalet for sivilingeniørkandidatar på SVT-fakultetet er ført samla under Fakultet med realfag/teknologi.

3I tillegg er det avlagt 13 årseksamenar av personar utan studierett på lågare grad.

Kilde: Uteksaminerte kandidatar: DBH.

Forsking

Universitetet driv omfattande samarbeid med næringslivet innanfor både forsking, undervisning og utvikling. Norsk næringsliv finansierer i dag ein stor del av forskinga, mellom anna gjennom oppdragsfinansierte dr.ing.-kandidatar og professorat.

Vitskaplege publikasjonar frå 1995 til 2000

1995

1996

1997

19981

1999

20002

Det medisinske fakultet

398

271

356

356

Det historisk-filosofiske fakultet

235

235

129

151

154

230

Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing

205

181

213

142

Matematisk-naturvitskaplege fag

282

280

206

362

386

387

Teknologiske fag

714

711

190

260

169

227

Arkitektur

49

8

4

12

Vitskapsmuseet

68

46

56

57

Anna

51

45

34

39

Sum

1 231

1 226

1 296

1 324

1 372

1450

1Innrapportering frå til saman seks institutt manglar.

2Tala er henta frå FORSKDOK. Tidspunktet er år seinare, tala er derfor ikkje direkte samanliknbare med tidlegare år.

Talet på vitskaplege publikasjonar, jf. tabellen ovanfor, syner stor forskingsinnsats, og departementet føreset at universitetet arbeider vidare med å heve kvaliteten på og omfanget av forskinga. Innsatsen fordeler seg på ei rekkje forskingsprosjekt, innanfor både grunnforsking og anvend forsking.

Forskingsverksemda ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet dekkjer alle fagområda ved universitetet, og omfattar både grunnforsking og anvend forsking. Universitetet har særskilde føresetnader for tverrfagleg forsking. I programmet til universitetet for tverrfagleg forsking er desse fire områda valde ut som satsingsområde: Berekraftig produksjon og forbruk, Infrastruktur og livskvalitet, Teknologi, kunst og kultur­endring, og til sist Informasjon, kommunikasjon og kompetanse. Programmet omfattar i alt 30 prosjekt som i all hovudsak er grunnforsking.

Noregs forskingsråd gjennomførte i 2000 nasjonale evalueringar av fysikk- og biologifaga. Begge faga ved NTNU fekk blanda kritikk. Til dømes vart enkelte verksemder innanfor fysikkfaget vurderte som framifrå, medan andre felt fekk dårleg kritikk. Tilrådingane blir no følgde opp systematisk.

Eksterne forskingsinntekter finansierte 566 årsverk ved universitetet i 2000, ein auke på 69 årsverk i høve til 1999. Universitetet førte i same periode 379,1 mill. kroner over eigen rekneskap knytt til eksternt finansiert verksemd, ein auke på 60 mill. kroner frå 1999. Den eksternt finansierte verksemda er dels organisert internt og dels gjennom eit organisert samarbeid med Allforsk og SINTEF.

Universitetet samarbeider òg aktivt med mange universitet og forskingsmiljø i utlandet. Totalt er det rekneskapsført inntekter frå EU-finansierte forskingsprosjekt på 19,4 mill. kroner, ein auke på 1,3 mill. kroner samanlikna med året før.

Undervisning

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet arbeider aktivt for å fremme utvikling av tverrfaglege studietilbod, spesielt mellom teknologi/naturvitskap og humaniora/samfunnsvitskap. Universitetet har vedteke ein undervisningsstrategi som set søkjelys på tiltak for å heve kvaliteten på utdanninga mellom anna ved å ta i bruk studentsentrerte læringsformer og eksamen som fokuserer meir på læring.

Universitetet har sett i gang ei rekkje tiltak for å auke rekrutteringa av kvinner til mannsdominerte fag som teknologi og naturvitskap. Opptaket til studieplassar ved sivilingeniørstudiet som er reservert for jenter innanfor prosjektet Jenter og data, omfatta i 2000 15 studieplassar i kommunikasjonsteknologi og 30 studieplassar i datateknikk. Tiltaket har gitt ønskt effekt både gjennom at prosentdelen kvinnelege søkjarar til desse studia har auka, og ved at prosentdelen kvinnelege studentar til desse studia har auka.

Nasjonalt senter for rekruttering til naturvitskaplege og teknologiske fag (RENATE), sjå omtale under kategori 07.60, er lagt til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Senteret har utarbeidd forslag til nasjonal tiltaksplan for styrking av matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag.

I 2001 vart NTNU tildelt 24,5 mill. kroner til omstillingstiltak. I tillegg til dette prioriterte Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet bruk av midlar innanfor den ordinære løyvinga til ulike omstillingstiltak. NTNU har delt strategi- og omstillingsprosjekta i fem hovudprosjekt med 16 underkategoriar. 43,4 mill. kroner er sette av til prosjekt som tek sikte på justering og utvikling av studieprofil, omlegging av studietilbod i samband med overgang til teknologibaserte undervisningsformer, tiltak på tvers av institusjonsgrensene og styrking av fagleg leiing på instituttnivå. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2001 vart NTNU tildelt ytterlegare 12,1 mill. kroner til omstillingstiltak.

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet satsar på etter- og vidareutdanning og har omorganisert denne verksemda mellom anna ved å utvikle seksjonen NTNU vidare. Universitetet har hausten 2001 totalt 25 studietilbod organiserte heilt eller delvis som fjernundervisning. Innanfor etter- og vidareutdanning var det i 2000 i alt 78 kurstilbod innanfor ei rekkje ulike fagområde. Dette er ein auke på 18 kurs samanlikna med året før.

Formidling

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet legg vekt på å gjere forskingsverksemda synleg gjennom formidling til publikum og ulike brukargrupper. Universitetet vedtok i 2000 ein kommunikasjonsstrategi for den kommande femårsperioden, der eitt av hovudmåla er å formidle kunnskap til allmenta. Tilsette ved universitetet medverkar til populærvitskapleg formidling gjennom ulike kanalar, som TV-program, artiklar i aviser og tidsskrift og deltaking i ulike arrangement. Det populærvitskaplege tidsskriftet Gemini blir gitt ut ved universitetet i samarbeid med SINTEF og er det største i sitt slag i landet.

Universitetet ønskjer å etablere eit permanent teknologihistorisk formidlingsprosjekt, og ei arbeidsgruppe vil i kommande år greie ut om det er mogleg å etablere eit slik prosjekt.

Vitskapsmuseet hadde i 2000 eit samla besøkstal på nær 44 000 til utstillingane på Kalvskinnet, Botaniske hagar, Ringve og Svinvik, ein nedgang på 17 pst. frå 1999. Nedgangen skuldast delvis at Gunnerus-huset var stengt hausten 2000 i samband med ombyggingar.

Endring i studieplassar i 2001

I statsbudsjettet for 2001 vart det vedteke å redusere talet på studieplassar ved allmennfakulteta med 1 326. Reduksjonen for Noregs teknisk- naturvitskaplege universitet var på 231 studieplassar. Det vart lagt inn midlar til å føre vidare det auka opptaket i medisin med 85, psykologi med 16, høgre grad informasjonsteknologi med 80 og sivilingeniørutdanning med 15 studieplassar. 45 av studieplassane i medisin vart kjøpte i utlandet.

Resultatmål for 2002

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet må prioritere tiltak for å gjennomføre Kvalitetsreforma innanfor tidsrammer fastsette av Regjering og Storting, jf. St.meld. nr. 27 (2000-01) og Innst. S. nr. 337 (2000-01).

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet har eit generelt ansvar for grunnforskinga, og eit spesielt ansvar for teknologisk grunnforsking. Dette gir institusjonen eit særleg ansvar for forskarutdanninga i teknologiske fag.

Forskingsrådet si evaluering av naturvitskaplege område synte varierande kvalitet og behov for nasjonal samordning, fornying og styrkt forskingsleiing. Departementet meiner at dette viser utfordringar som gjeld all høgre utdanning, og oppfordrar Noregs teknisk-naturvitskaplege høgskole til å møte utfordringane gjennom større vekt på samarbeid og arbeidsdeling.

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet har komme langt i å profilere og prioritere FoU-satsing for å oppnå auka fagleg spesialisering og konsentrasjon, og har mellom anna i tråd med NTNU-konseptet utvikla fire tverrfaglege satsingsområde. Universitetet må leggje til rette for ei vidare utvikling av den tverrfaglege forskinga og det tverrfaglege samarbeidet ved institusjonen, og leggje vekt på tiltak for å sikre rekrutteringa av vitskapleg personale. Dette gjeld særleg kvinner.

Universitetet må halde fram med å tilpasse opptaket av studentar slik at det totale studentmåltalet blir nådd. Spesielt gjeld dette for dei spesifiserte måltala for profesjonsutdanningane i medisin, psykologi, praktisk-pedagogisk utdanning, og for sivilingeniørutdanninga.

Universitetet må, saman med dei andre universiteta, finne fram til ei formålstenleg arbeidsdeling for å sikre kvalitet og effektivitet i forsking og utdanning.

Universitetet må føre vidare arbeidet med å rekruttere og utdanne lærarar for skoleverket. I særleg grad gjeld dette lærarar i språk og realfaga. Departementet ser positivt på arbeidet universitetet gjer for å auke rekrutteringa av kvinner til teknologiske fag og til lærarutdanning i realfag, men dette arbeidet må likevel styrkjast.

Universitetet må ta sitt ansvar for at RENATE-senteret kan fungere best mogleg som nasjonalt senter for rekruttering til naturvitskaplege og tekniske fag, og sjølv bruke senteret i samband med sitt eige rekrutteringsarbeid.

Universitetet må styrkje arbeidet for å få eit aktivt samarbeid med statens utdanningskontor, kompetansesentra for spesialundervisning og skoleeigar om opplegg for FoU-arbeid og etter- og vidareutdanning av lærarar, skoleleiarar og PP-teneste, jf. kap. 243, 226 og 202. Det er nødvendig å leggje til rette for både ei langsiktig og ei fleksibel organisering av samarbeidet med sikte på å utvikle eit praksisnært tilbod av høg kvalitet i samsvar med behov for kompetanse i skolen. Departementet legg til grunn at utdanningskapasiteten i praktisk-pedagogisk utdanning og informasjonsteknologi blir ført vidare på same nivå hausten 2002 som hausten 2001, og at universitetet legg vekt på tiltak for å utnytte kapasiteten.

Universitetet må prioritere tiltak som sørgjer for at studentane kjem gjennom studia på normert tid.

Universitetet må leggje til rette for varierte studentaktive læringsformer, utvikle ein heilskapleg strategi som fremmar studiekvalitet og læringsmiljø, og utvikle eit system som dokumenterer arbeidet med å sikre og utvikle studiekvalitet.

Universitetet må gjere seg nytte av dei fullmaktene som er delegerte, til å møte krav til fagleg kvalitet, fleksibilitet og omstilling i ei tid da konkurransen på utdannings- og forskingsområdet blir stadig sterkare, både nasjonalt og internasjonalt.

Det faglege samarbeidet med dei statlege høgskolane og andre høgskolar, mellom anna gjennom professor II-stillingar, samarbeid om studietilbod og doktorgradsutdanning, må førast vidare i 2002.

Universitetet må utvikle gode etter- og vidareutdanningstilbod for å kunne oppfylle etterspurnaden etter slike tilbod i samband med Kompetansereforma.

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet må føre vidare arbeidet med omstilling av universitetet for å møte dei utfordringane samfunnet stiller til universitetet.

Universitetet må halde oppe eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid. Vidare må Universitetet utarbeide internasjonale strategiar med mål som kan etterprøvast. Forpliktande utvekslingsavtaler med institusjonar i utlandet er nødvendig.

Universitetet må arbeide med å innføre den nye gradsstrukturen, som skal vere gjennomført innan studieåret 2003/04.

Departementet har fastsett følgjande måltal for talet på studentar i 2001 og 2002:

Måltal registrerte studentar

Måltal registerte studentar

2001

2002

Det medisinske fakultet

954

1 009

(Av desse profesjonsstudium medisin)

(889)

(944)

Det historisk-filosofiske fakultet

2 566

2 528

Fakultet for samfunnsvitskap og teknologistyring

4 351

4 295

(Av desse profesjonsutdanning psykologi)

(240)

(248)

(Av desse siv.ing.)

(460)

(460)

Fakultet for arkitektur, plan og biletkunst

435

435

(Av desse siv.ark.)

(340)

(340)

Fakultet med realfag/teknologi

8 739

8 690

(Av desse siv.ing.)

(5 915)

(5 995)

Examen philosophicum

560

560

Anna

245

245

(Av desse praktisk-pedagogisk utdanning)

(200)

(200)

Reduksjon i talet på studieplassar

231

337

Sum

17 619

17 425

Departementet har fastsett følgjande måltal for uteksaminerte kandidatar og årseksamenar på lågare grad i 2001 og 2002:

Måltal kandidatar

Måltal kandidatar 2001

Måltal kandidatar

Lågare grad

Hovudfag/profesjon

Doktor-grad

Lågare grad

Hovudfag/profesjon

Doktor-grad

Det medisinske fakultet

60

12

90

15

(Av desse profesjonsstudium medisin)

(60)

(90)

Det historisk-filosofiske fakultet

1 350

112

10

1 350

122

10

Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing

1 950

315

22

1 950

335

16

(Av desse profesjonsstudiet psykologi)

(35)

(40)

(Av desse siv.ing.)

(95)

(10)

(95)

Fakultet for arkitektur, plan og biletkunst

75

3

75

8

(Av desse siv.ark.)

(60)

(60)

Fakultet med realfag/teknologi

850

1 230

147

860

1 305

152

(Av desse siv.ing./dr.ing.)

(1 120)

(127)

(1 120)

Examen philosophicum

500

500

Praktisk-pedagogisk utdanning

180

180

Sum

4 830

1 792

194

4 840

1 927

201

Budsjettforslag for 2002

Løyvinga under posten skal dekkje driftsutgifter, større utstyrsinnkjøp, vedlikehald, kjøp av eigedom og refusjon for bruk av sjukehus.

For omtale av nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar, sjå programkategori 07.60.

I budsjettramma er det lagt inn 24,2 mill. kroner, som er knytte til innføring av Kvalitetsreforma. Desse midlane er i særleg grad knytte til utvikling av faste studieløp, omlegging til ny gradsstruktur, arbeid med å ta i bruk nye evalueringsformer og ei generell heving av kvaliteten på studietilboda. Vidare er det lagt inn 24,3 mill. kroner til å føre vidare dei omstillingsprosessane som NTNU alt har sett i gang, som også må sjåast i samanheng med innføringa av Kvalitetsreforma.

Som oppfølging av Stortingets behandling av statsbudsjettet for 2001 vart NTNU tildelt midlar til 23 stipendiatstillingar og tolv postdoktorstillingar. Midlane er førte vidare i 2002.

I samband med oppfølginga av revidert nasjonalbudsjett 2001 er i tillegg NTNU tildelt midlar til 21 stipendiatstillingar og ti postdoktorstillingar ved NTNU i 2001 over kap. 281. Rekrutteringsstillingane er lagde inn i budsjettramma til NTNU med heilårsverknad i 2002. Løyving per stilling er auka, jf. omtale under programkategori 07.60. Departementet foreslår vidare 24 nye stipendiatstillingar til NTNU i 2002. Desse stillingane er òg finansierte med ein høgare sats. Sjå elles omtale under kap. 281.

I budsjettramma er det likeins lagt inn 12,6 mill. kroner som strategiske forskingsmidlar. Midlane skal nyttast til arbeid innanfor dei fire tematiske satsingsområda i forskingsmeldinga og/eller til FUGE, og til eit opptak på tolv studentar til forskarlinje i medisin.

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2001 vart det vedteke ei løyving på 25 mill. kroner til vitskapleg utstyr ved universiteta. Desse midlane er førte vidare i 2002. I 2002 foreslår departementet ein ytterlegare auke på 100 mill. kroner til vitskapleg utstyr ved universiteta. NTNU sin del er 24,2 mill. kroner og er lagt inn i ramma for 2002.

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2001 vert det vedteke ei løyving til 20 nye professorstillingar øyremerkte kvinner frå hausten 2001. Midlar til stillingane er førte vidare med heilårsverknad i 2002. Frå hausten 2002 foreslår departementet å opprette ytterlegare ti nye professorstillingar ved dei fire universiteta øyremerkte kvinner. Midlar til tre av desse stillingane er lagde inni ramma til NTNU.

I budsjettramma er det lagt inn midlar som er fordelte på bakgrunn av talet på avslutta hovudfag og doktorgradar, sjå omtale under kap. 281. Det er fordelt 800 mill. kroner til dei fire universiteta basert på talet på avlagde vekttal. Midlane er lagde inn i ramma på dei enkelte kapitla, jf. tabell under kap. 281.

For å tilpasse studiekapasiteten til reduksjonen i søkinga til høgre utdanning foreslår Regjeringa at talet på studieplassar på lågare grad ved allmennfakulteta ved dei fire universiteta blir redusert med 2 152 plassar, sjå omtale under kategori 07.60.

Reduksjonen ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet er 337 studieplassar. Bud­sjett­efekkten av desse er 30 000 per plass. Etter dialog mellom departementet og universitetet vil reduksjonen i studieplassar bli fordelt mellom fakulteta. Departementet føreset at reduksjonen blir fordelt på allmennfakulteta. I 2001 vart talet på studieplassar ved universitetet redusert med 231 plassar. I statsbudsjettet for 2002 er budsjetteffekten kr 30 000 per plass.

I budsjettramma er det lagt inn midlar til heilårseffekt og vidareføring av auka opptak knytt til 80 studieplassar i teknologifag, 55 studieplassar i medisin og åtte studieplassar i psykologi som vart oppretta hausten 2001.

Med utgangspunkt i Stortingets vedtak i Budsjett-innst. S. nr. 12 (1996-97) blei 5-årig sivilingeniørstudium sett i gang hausten 1997. Overgangen til 5-årig utdanning fører til ei utviding av studiet med ti vekttal, normert til eit halvt år. Utvidinga inneber at studentane blir verande eit halvt år lenger ved utdanningsinstitusjonen enn tidlegare. Budsjettramma er derfor justert opp med 54 mill. kroner.

Budsjettramma for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet er auka med 325 000 kroner for å betre dei økonomiske rammevilkåra for den regionale forskingsetiske komiteen for medisin, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2000-01). Departementet føreset at universitetet set av 1,4 mill. kroner til REK IV i budsjettet for 2002.

Budsjettramma er auka med 10 mill. kroner for å føre vidare byggearbeida i samband med restprosjekta.

NTNU kan nytte inntekter frå sal av eigedommar ved NTNU til kjøp, vedlikehald og bygging av andre lokale til undervisnings- og forskingsformål ved høgskolen, sjå forslag til vedtak II nr. 4.

Kap. 3262 Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (jf. kap. 262)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Inntekter frå oppdrag

379 109

02

Salsinntekter mv.

44 850

11

Kursavgift ved vaksenopplæringstiltak

3 083

15

Refusjon for arbeidsmarknadstiltak

1 953

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

9 267

17

Refusjon for lærlingar

421

18

Refusjon av sjukepengar

18 194

49

Sal av eigedom

16 000

80

Refusjon frå SINTEF o.a.

23 980

81

Renter av innskott i burettslag m.m.

69

Sum kap. 3262

496 926

Universiteta vart nettobudsjetterte frå 2001.

Kap. 263 Universitetet i Tromsø

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

748 259

21

Særskilde driftsutgifter

171 801

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

32 105

50

Statstilskott

776 906

865 846

61

Refusjon for bruk av sjukehus

3 115

Sum kap. 263

955 280

776 906

865 846

I høve til 2001 er det gjorde følgjande tekniske endringar:

  • Budsjettramma er auka med 6,6 mill. kroner for å dekkje utgifter ved direkte innbetaling av pensjonsutgifter til Statens pensjonskasse.

  • Budsjettramma er auka med 3 mill. kroner i samband med kompensasjon til statleg forvaltning for innføring av meirverdiavgift på tenester og omlegging til direkte refusjon av sjukepengar i statlege verksemder, sjå Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

  • Budsjettramma på kap. 263 er nedjustert med 5,2 mill. kroner etter overføring av pensjonsutgifter for stipendiatar finansierte av Noregs forskingsråd til kap. 285, jf. kat. 07.70.

Resultatrapport for 2000-01

Opptaks- og studenttal 2000

Opptak

2000

Måltal studentar 2000

Registrerte studentar 2000

Det medisinske fakultet

(Av desse profesjonsstudium medisin)

(Av desse farmasi)

280

(98)

(26)

1 066

(456)

(121)

1 050

(477)

(114)

Noregs fiskerihøgskole

99

547

605

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

287

813

743

Det humanistiske fakultet

321

625

718

Det samfunnsvitskaplege fakultet

(Av desse profesjonsutdanning psykologi)

668

(24)

1 874

(116)

1 886

(125)

Det juridiske fakultet

196

450

538

Examen philosophicum

808

650

347

Anna

(Av desse praktisk-pedagogisk utdanning)

359

(83)

545

(120)

353

(116)

Sum

3 018

6 570

6 2401

1 Av desse er det 56,3 pst. kvinner. I tillegg er det registrert fem personar utan studierett.

Kilde: Opptak og registrerte studentar: DBH.

Tabellen ovanfor syner at det totale studenttalet ligg om lag 5 pst. under måltalet. Det totale studentmåltalet er høgre om våren enn om hausten, slik at gjennomsnittet ligg nærmare måltalet enn tabellen gir inntrykk av. Dei spesifiserte måltala for medisin og psykologi er oppfylte, medan måltala for farmasi og praktisk-pedagogisk utdanning ikkje er oppfylte.

Tabellen nedanfor syner at talet på årseksamenar på lågare grad ligg under måltalet. Registrerte eksamenar på lågare grad gir ikkje eit fullstendig bilete av situasjonen. Årsaka er at studentar ofte først blir registrerte som kandidatar på høgre nivå/profesjonsnivå. Dermed vil det vere fleire som har avlagt eksamen på lågare grad enn statistikken syner. Måltalet for uteksaminerte kandidatar i profesjonsutdanninga i medisin er ikkje nådd, medan måltalet for profesjonsutdanninga i farmasi og psykologi er nådd. Totalt sett ligg talet på uteksaminerte kandidatar for hovudfags- og profesjonsstudia over måltalet, medan talet på doktorgradar ligg noe under måltalet.

Kandidatar i 2000

Måltal kandidatar 2000

Uteksaminerte kandidatar 2000

Lågare grad

Hovudfag/profesjon

Doktor-grad

Lågare grad1

Hovudfag/profesjon

Doktor-grad

Det medisinske fakultet

(Av desse profesjonsstudium medisin)

(Av desse farmasi)

320

117

(70)

(20)

20

101

111

(57)

(20)

25

Noregs fiskerihøgskole

200

60

5

81

55

5

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

500

57

25

166

62

8

Det humanistiske fakultet

440

25

5

248

34

5

Det samfunnsvitskaplege fakultet

(Av desse profesjonsstudiet psykologi)

880

85

(20)

5

458

109

(22)

6

Det juridiske fakultet

90

61

1

83

41

2

Examen philosophicum

300

168

Anna

(Av desse praktisk-pedagogisk utdanning)

290

(100)

152

(99)

Sum

3 020

405

61

1 4572

412

51

1Avlagde årseksamenar (20-vekttalseiningar) på lågare grad. Personar som har bestått same eksamen tidlegare (gjentak), og personar utan studierett er ikkje med.

2I tillegg er det avlagt 1 årseksamen av personar utan studierett på lågare grad.

Kilde: Uteksaminerte kandidatar: DBH.

Forsking

Universitetet i Tromsø har ein fagprofil som femnar om kultur, natur og næringsliv i landsdelen.

Vitskaplege publikasjonar frå 1995 til 20001

1995

1996

1997

1998

1999

2000

Tromsø Museum – Universitetsmuseet

73

80

45

19

24

14

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

379

253

141

86

79

113

Det samfunnsvitskaplege fakultet

91

267

135

157

167

238

Det humanistiske fakultet

71

65

59

72

95

83

Det juridiske fakultet

12

10

27

8

8

13

Det medisinske fakultet

761

788

489

393

351

327

UNIKOM

39

28

22

8

26

13

Noregs fiskerihøgskole

174

111

88

94

102

59

UB

12

11

Sum

1 6002

1 6022

1 006

837

864

871

1Universitetet i Tromsø har hatt organisasjonsendringar i 1997, bl.a. har det gått over til å bruke fakultetsnemninga. Dei nye nemningane blir nytta i denne tabellen.

2 I 1995 og 1996 vart det teke med «abstracts/konferansebidrag» og eigenutgitte forskingsrapportar. Desse er ikkje tekne med frå og med 1997.

Talet på vitskaplege publikasjonar syner stor forskingsinnsats, jf. tabellen ovanfor. Det er likevel grunn til medvete arbeid framover for ytterlegare å betre kvalitet og omfang av forskingsinnsatsen. Innsatsen fordeler seg på ei rekkje forskingsprosjekt, innanfor både grunnforsking og anvend forsking.

Innanfor marin forsking er Universitetet i Tromsø eit nasjonalt tyngdepunkt og medverkar til den satsinga Regjeringa har på marin forsking. Satsinga er varsla i St.meld. nr. 39 (1998-99) Forsk­ning ved et tidsskille. Universitetet er også ein viktig aktør i polarforskinga og har eit særskilt ansvar for nordområde-/arktisk forsking, bl.a. som resultat av geografiske forhold og aktiviteten i Barentsregionen. Universitetet samarbeider med Nord-Russland om undervisning og forsking.

Universitetet legg dessutan vekt på forsking om fleirkulturelle og fleirspråklege forhold og forsking om samiske forhold. Samstundes legg universitetet vekt på samfunnsmedisinsk forsking og forsking innanfor kosmisk fysikk.

Noregs forskingsråd gjennomførte i 2000 ei nasjonal evaluering av fysikk- og biologifaga. Begge faga, særleg fysikk, fekk noko blanda kritikk. På bakgrunn av denne evalueringa har universitetet sett ned eit utval med representantar frå alle biofagmiljøa som m.a. skal diskutere forskingsprofil, framtidige satsingsområde, arbeidsdeling og prioritering mellom fakulteta.

Omfanget av eksternt finansiert verksemd ved Universitetet i Tromsø er eit uttrykk for at kompetansen ved universitetet blir etterspurd i nærings- og samfunnsliv.

Det er finansiert 235 årsverk med eksterne midlar i 2000, ein auke på tolv i høve til 1999. Det er i same periode ført 167 mill. kroner over eige rekneskap i samband med eksternt finansiert verksemd. Dette er ein auke på om lag 5 mill. kroner frå 1999. Universitetet i Tromsø deltok i 2000 i 25 EU-finansierte forskingsprosjekt. I 2000 vart det rekneskapsført ei inntekt på 6,8 mill. kroner for EU-finansierte forskingsprosjekt, ein auke på 0,9 mill. kroner samanlikna med året før.

Undervisning

Universitetet i Tromsø satsar mykje på å betre kvaliteten på undervisninga. Studiekvalitetsarbeidet i 2000 har i hovudsak vore konsentrert rundt skriveopplæring og problem- og prosjektbasert undervisning. Det er utarbeidd handlingsplanar for det framtidige studiekvalitetsarbeidet ved avdelingane. Det er sett i gang ei rekkje tiltak for å betre gjennomstrøyminga på hovudfagsnivå, m.a. introduksjonskurs for nye studentar og kurs i skrive- og presentasjonsteknikk. Vidare satsar universitetet i aukande grad på problembaserte læringsformer, alternative eksamensformer og mappedokumentasjon.

Universitetet hadde i 2000 totalt 35 kurstilbod som var organiserte heilt eller delvis som fjernundervisning. Det deltok 872 personar på elleve kurstilbod innanfor etter- og vidareutdanning. Det er omtrent like mange personar som i 1999.

Ei utgreiing foreslår at det blir oppretta tann­lege­studium ved Universitetet i Tromsø. Departementet vil komme tilbake til spørsmålet om even­tuell utdanning i Tromsø på eit seinare tidspunkt, jf. omtalen under programkategori 07.60 og kap. 701 under Sosial- og helsedepartementet sitt budsjett.

Universitetet i Tromsø vart i 2000 tildelt 8,8 mill. kroner over kap. 281 til særskilde omstillingstiltak. Ved å bruke andre midlar i tillegg har universitetet fordelt totalt 10,7 mill. kroner. Midlane har særleg vorte brukte til å setje i gang prosjekt knytte til omlegging av studieplanar og undervisningsformer ved integrering av IKT i undervisninga. Andre prosjekt har vore reorganisering på fakultets- og instituttnivå med sikte på å styrkje den faglege leiinga ved institutta, planlegging av endringar i gradsstruktur og arbeid med samordning mellom institusjonane. I samband med oppfølginga av Revidert nasjonalbudsjett 2001 blir Universitetet i Tromsø tildelt ytterlegare 4,4 mill. kroner til omstillingstiltak.

Formidling

Universitetet i Tromsø gav i 2000 ut 24 ulike tidsskrift og skriftseriar. I løpet av 2000 er det arrangert ei rekkje konferansar, seminar m.m. av vitskapleg og populærvitskapleg karakter. Den største konferansen i 2000 var Higher Education for peace, som samla om lag 500 deltakarar frå inn- og utland om temaet høgre utdanning si rolle i fredsbygging og menneskerettar.

Forskingsverksemda er i tillegg synt fram på Forskingsdagane og ulike utstillingar, og har vore representert i media både nasjonalt og regionalt.

Tromsø Museum er landsdelsmuseum for Nord-Noreg og universitetsmuseum ved Universitetet i Tromsø. Museet har permanente utstillingar i faga geologi, botanikk, zoologi, arkeologi, samisk etnografi og nyare kulturhistorie, og i tillegg fleire mellombels utstillingar. Museet driv aktiv innsats for å gjere dei naturhistoriske og kulturhistoriske vitskaplege samlingane tilgjengelege i elektronisk form. Tromsø Museum hadde i 2000 besøk av ca. 87 000 personar. I tillegg kjem besøk til Botanisk Hage på ca. 12 000 personar. Universitetsbiblioteket har også i 2000 arbeidd med kultur- og forskingsformidling.

Endring i talet på studieplassar i 2001

I statsbudsjettet for 2001 vart det vedteke å redusere talet på studieplassar ved allmennfakulteta med 1 326. Reduksjonen ved universitetet i Tromsø var på 193 studieplassar. Det vart lagt inn midlar til å føre vidare det auka opptaket i farmasi og medisin med respektive sju og 15 studieplassar.

Resultatmål for 2002

Universitetet i Tromsø må prioritere tiltak knytte til gjennomføring av Kvalitetsreforma innanfor tidsrammer som er fastsette av Regjering og Storting, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-01) og St.meld. nr. 27 (2000-01).

Universitetet i Tromsø må arbeide for å framheve og prioritere fagområda der det har særlege fortrinn, både som eit ledd i rekrutteringa av nye studentar, og for å kunne tilby forsking og undervisning av høg kvalitet.

Forskingsrådet si evaluering av naturvitskaplege område synte varierande kvalitet og behov for nasjonal samordning, fornying og styrkt forskingsleiing. Departementet meiner at dette viser utfordringar som gjeld all høgre utdanning, og oppfordrar Universitetet i Tromsø til å møte ut­fordringane gjennom større vekt på samarbeid og arbeidsdeling.

Universitetet i Tromsø må utvikle vidare eigne FoU-strategiar og leggje vekt på tiltak for å sikre vitskapleg personale. Dette gjeld særleg kvinner.

Universitetet må utvikle gode etter- og vidareutdanningstilbod for å kunne oppfylle etterspurnaden etter slike tilbod i samband med Kompetansereforma.

Universitetet i Tromsø må prioritere tiltak som sørgjer for at studentane kjem gjennom studia på normert tid. Universitetet må leggje til rette for varierte studentaktive læringsformer, halde fram arbeidet med eit system for kvalitetssikring av utdanninga og utvikle eit system som dokumenterer arbeidet med å sikre og utvikle studiekvalitet.

Departementet føreset at utdanningskapasiteten i praktisk-pedagogisk utdanning og informasjonsteknologi blir ført vidare på same nivå hausten 2002 som hausten 2001, og at universitetet legg vekt på tiltak for å utnytte kapasiteten.

Universitetet må prioritere arbeidet med å rekruttere og utdanne lærarar for skoleverket. Det er særleg viktig å leggje vekt på utdanninga av realfags- og språklærarar. Universitetet må styrkje arbeidet for å få eit aktivt samarbeid med statens utdanningskontor, kompetansesentra for spesialundervisning og skoleeigar om opplegg for FoU-arbeid og etter- og vidareutdanning av lærarar, skoleleiarar og PP-teneste, jf. kap. 243, 226 og 202. Det er nødvendig å leggje til rette for både ei langsiktig og ei fleksibel organisering av samarbeidet med sikte på å utvikle eit praksisnært tilbod av høg kvalitet i samsvar med behov for kompetanse i skolen.

Universitetet må, i samarbeid med dei andre universiteta, finne fram til ei formålstenleg arbeidsdeling for å sikre kvalitet og effektivitet i forsking og utdanning.

For Universitetet i Tromsø er det spesielt viktig å få fram kor viktig fiskeri, havbruk og marine fag er for landsdelen og Noreg. Departementet går ut frå at universitetet prioriterer satsing innanfor desse fagområda.

I St.meld. nr. 39 (1998-99) Forskning ved et tidsskille er IKT og medisin og helse særleg prioriterte område. Universitetet i Tromsø bør derfor utvikle vidare satsinga på telemedisin.

Det faglege samarbeidet med dei statlege høgskolane og andre høgskolar, bl.a. gjennom professor II-stillingar, samarbeid om studietilbod og doktorgradsutdanning, må førast vidare i 2002. Departementet vil understreke den store tydinga Universitetet i Tromsø har for høgre utdanning, forsking og næringsliv i Nord-Noreg. Universitetet har vidare ei avgjerande rolle i arbeidet med å dekkje behova for høgt utdanna helsepersonell i landsdelen, sjå Regjeringas handlingsplan for helse- og omsorgspersonell.

Universitetet i Tromsø må føre vidare arbeidet med omstilling av universitetet for å møte dei utfordringane samfunnet stiller til universitetet.

Universitetet i Tromsø må fortsette å utarbeide internasjonale strategier med mål som kan etterprøvast, særleg for Nordkalotten. Forpliktande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig.

Universitetet i Tromsø må arbeide med å innføre den nye gradsstrukturen, som skal vere gjennomført innan studieåret 2003/04.

Departementet har følgjande måltal for studentar i 2001 og 2002:

Måltal registrerte studentar

Måltal registrerte studentar

2001

2002

Det medisinske fakultet

1 052

1082

(Av desse profesjonsstudium medisin)

(471)

(486)

(Av desse farmasi)

(136)

(151)

Noregs fiskerihøgskole

590

590

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

784

784

Det humanistiske fakultet

720

720

Det samfunnsvitskaplege fakultet

1 770

1 870

(Av desse profesjonsstudium psykologi)

(120)

(120)

Det juridiske fakultet

440

440

Examen philosophicum

530

430

Anna

521

521

(Av desse praktisk-pedagogisk utdanning)

(120)

(120)

Reduksjon i talet på studieplassar

0

255

Sum

6 407

6 182

Departementet har følgjande måltal for uteksaminerte kandidatar og årseksamenar på lågare grad i 2001 og 2002:

Måltal kandidatar

Måltal kandidatar 2001

Måltal kandidatar 2002

Lågare grad

Hovudfag/profesjon

Doktor- grad

Lågare grad

Hovudfag/profesjon

Doktor- grad

Det medisinske fakultet

320

117

20

150

130

20

(Av desse profesjonsstudium medisin)

(70)

(72)

(Av desse farmasi)

(20)

(20)

Noregs fiskerihøgskole

200

60

5

120

60

5

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

500

57

20

250

60

20

Det humanistiske fakultet

440

25

5

360

25

5

Det samfunnsvitskaplege fakultet

880

89

8

650

95

8

(Av desse profesjonsstudium psykologi)

(24)

(24)

Det juridiske fakultet

90

55

1

90

55

1

Examen philosophicum

300

250

Anna

290

250

(Av desse praktisk-pedagogisk utdanning)

(100)

(120)

Sum

3 020

403

59

2 1201

425

59

1 Måltalkandidatar for 2002 er justert på bakgrunn av innspel frå Universitetet i Tromsø og faktisk gjennomstrøyming.

Budsjettforslag for 2002

Løyvinga under posten skal dekkje driftsutgifter, større utstyrsinnkjøp, vedlikehald, kjøp av eigedom og refusjon for bruk av sjukehus.

For omtale av nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar, sjå programkategori 07.60.

I budsjettramma er det lagt inn 8,9 mill. kroner, som er knytte til innføring av Kvalitetsreforma. Desse midlane er i særleg grad knytte til utvikling av faste studieløp, omlegging til ny gradsstruktur, arbeid med å ta i bruk nye evalueringsformer og ei generell heving av kvaliteten på studietilboda. Vidare er det lagt inn 8,8 mill. kroner til å føre vidare dei omstillingsprosessane som Universitetet i Tromsø alt har sett i gang, som også må sjåast i samanheng med innføringa av Kvalitetsreforma.

Som ei oppfølging av Stortinget si behandling av statsbudsjettet for 2001 vart Universitetet i Tromsø tildelt midlar til sju stipendiatstillingar og tre postdoktorstillingar. Midlane er førte vidare i 2002.

I samband med oppfølginga av revidert nasjonalbudsjett 2001 er i tillegg Universitetet i Tromsø tildelt midlar til ni stipendiatstillingar og fire postdoktorstillingar over kap. 281. Rekrutteringsstillingane er lagde inn i budsjettramma til universitetet med heilårsverknad frå 2002. Løyving per stilling er auka, jf. omtale under programkategori 07.60. Departementet foreslår vidare midlar til tolv nye stipendiatstillingar til universitetet i 2002. Desse stillingane er òg finansierte med ein høgare sats. To av stipendatstillingane er øyremerkte avlsforsking på torsk i samband med Regjeringa si satsing på området, jf. kap. 1023 under Fiskeridepartementet.

I budsjettramma er det òg lagt inn 5,1 mill. kroner som strategiske forskingsmidlar. Midlane skal nyttast til arbeid innanfor dei fire tematiske satsingsområda i forskingsmeldinga og/eller til FUGE, og til eit opptak på seks studentar til forskarlinje i medisin. Midlane dekkjer og eit professorat i avlsforsking på torsk, jf. kap. 1023.

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2001 vart det vedteke ei løyving på 25 mill. kroner til vitskapleg utstyr ved universiteta. Desse midlane er førte vidare i 2002. I 2002 er det foreslått ein ytterlegare auke på 100 mill. kroner til vitskapleg utstyr ved universiteta. Universitetet i Tromsø sin del er 8,9 mill. kroner og er lagde inn i ramma for 2002.

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2001 vart det vedteke ei løyving til 20 nye professorstillingar øyremerkte kvinner frå hausten 2001. Midlar til stillingane er førte vidare med heilårsverknad i 2002. Frå hausten 2002 foreslår departementet å opprette ytterlegare ti nye professorstillingar ved de fire universiteta øyremerkte kvinner. Midlar til to av desse stillingane er lagde inn i ramma til universitetet i Tromsø.

For å tilpasse studiekapasiteten til reduksjonen i søkinga til høgre utdanning foreslår Regjeringa at talet på studieplassar på lågare grad ved allmennfakulteta ved dei fire universiteta blir redusert med 2 152 plassar, sjå omtale under kategori 07.60.

Reduksjonen ved Universitetet i Tromsø er 255 studieplassar. Budsjetteffekten er kr 30 000 per plass. Etter dialog mellom departementet og universitetet vil reduksjonen i studieplassar bli fordelt mellom fakulteta. Departementet føreset at reduksjonen blir fordelt på allmennfakulteta. I 2001 vart talet på studieplassar ved universitetet redusert med 193 plassar. I statsbudsjettet for 2002 er budsjetteffekten kr 30 000 per plass.

Det er over budsjettet til Sosial- og helsedepartementet lagt inn 1,8 mill. kroner til heilårseffekten av nye åtte studentar som vart tekne opp ved farmasistudiet hausten 2001. Midlane dekkjer og ei vidareføring av auka opptak med åtte studentar frå hausten 2002. Budsjettet inkluderer også midlar til vidareføring av opptaket med sju studieplassar i farmasi og 15 studieplassar i medisin.

I budsjettramma er det lagt inn 0,9 mill. kroner til etablering av studietilbod innanfor arktisk landbruk og naturbruk.

Departementet har merka seg merknad frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om eit senter for fredsutdanning ved Universitetet i Tromsø, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-2001), og legg til grunn at Universitetet prioriterer dette.

Budsjettramma for Universitetet i Tromsø er auka med 385 000 kroner for å betre dei økonomiske rammevilkåra for den regionale forskings­etiske komiteen for medisin, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2000-01). Departementet legg til grunn at universitetet set av 0,9 mill. kroner til REK V i budsjettet for 2002.

Det er på kap. 1580 foreslått 294 mill. kroner til vidareføring av byggeprosjektet Teorifagbygget.

I budsjettramma er det lagt inn 20 mill. kroner til utstyr for Teorifagbygget. Det er ein auke på 10 mill. kroner frå 2001.

Universitetet i Tromsø kan nytte inntekter frå sal av eigedommar ved Universitetet i Tromsø til kjøp, vedlikehald og bygging av andre lokale til undervisnings- og forskingsformål ved høgskolen, sjå forslag til vedtak II nr. 4.

Kap. 3263 Universitetet i Tromsø (jf. kap. 263)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Inntekter frå oppdrag

175 780

02

Salsinntekter o.a.

36 327

15

Refusjon frå arbeidsmarknadstiltak

2 607

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

5 064

17

Refusjon for lærlingar

253

18

Refusjon for sjukepengar

8 002

81

Renter av innskott i burettslag

465

82

Refusjon frå Sosial- og helsedepartementet

6 223

Sum kap. 3263

234 721

Universiteta vart nettobudsjetterte frå 2001.

Kap. 264 Noregs handelshøgskole

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

176 844

161 102

21

Særskilde driftsutgifter

12 212

10 918

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

17 325

13 186

50

Statstilskott

184 254

Sum kap. 264

206 381

185 206

184 254

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • I samband med overgang til nettobudsjettering er utgiftsløyvinga samla på ny post 50. Inntektsløyvingane under kap. 3264 er trekte ut, og utgiftsløyvinga er redusert tilsvarande.

  • Budsjettramma er oppjustert med 1,6 mill. kroner i samband med kompensasjon til statleg forvaltning for innføring av meirverdiavgift på tenester, omlegging til direkte refusjon av sjukepengar i statlege verksemder og innsparing ved effektivisering av statlege innkjøp, sjå Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

Resultatrapport for 2000-01

Studenttalet for dei ulike studietilboda ved høgskolen hausten 2000 går fram av følgjande tabell:

Studenttal i 2000

Studium

Opptak

Måltal studentar

Registrerte studentar

Siviløkonomstudiet

4612

1 940

2 113

Høgre grads studium

46

210

103

Høgre revisorstudium

98

210

401

Master of International Business

26

60

58

Doktorgrad

16

45

43

Praktisk-pedagogisk utdanning, eittårige studium i språk

78

120

72

Sum

725

2 585

2 7901

1I tillegg er det registrert 36 personar utan studierett.

2Kvinneandelen var 36 pst.

Kilde: For opptak og registrerte studentar: DBH og budsjettdokument for høgskolen.

Måltalet for registrerte studentar vart overoppfylt med 205 studentar i 2000. På siviløkonomstudiet var det registrert 173 fleire studentar enn måltalet, og på høgre revisorstudium var talet på registrerte studentar nær dobbelt så høgt som måltalet. Det høge talet på registrerte studentar på høgre revisorstudium skuldast at studentane tek eksamen om igjen dersom dei ikkje får ein laudabel karakter første gongen, da dette er kravet for autorisasjon. Ved praktisk-pedagogisk utdanning er rekrutteringa framleis svak. Høgre grads studium (cand.merc. og cand.oecon.) har hatt svak rekruttering i dei seinare åra, men ei omlegging av studiet hausten 2001 vil venteleg gi betre resultat på sikt.

Noregs handelshøgskole (NHH) har det nasjonale ansvaret for translatøreksamen. Løyve som statsautorisert translatør blir gitt av departementet på grunnlag av translatøreksamen ved Noregs handelshøgskole. Totalt bestod 20 personar translatøreksamen i 2000.

Kandidatar i 2000

Studium

Måltal kandidatar

Uteksaminerte kandidatar

Siviløkonom

400

316

Høgre grads studium

45

16

Høgre revisorstudium

100

114

Master of International Business

15

19

Dr.oecon.

12

12

Praktisk-pedagogisk utdanning og eittårige studium i språk

65

54

Sum

637

531

Kilde: For uteksaminerte kandidatar: DBH.

Høgskolen har i løpet av 2000 arbeidd med omlegging av studiestrukturen. Den nye studiestrukturen er godkjend av departementet. Cand.merc. og cand.oceon. er no korta ned frå seks til fem år. Dr.oceon.-studiet er utvida frå to til tre år. Siviløkonomiutdanninga er ikkje endra. NHH reknar med at dette vil påverke kandidattala positivt.

Noregs handelshøgskole har teke initiativ overfor dei statlege høgskolane til eit samarbeid om å utvikle ein felles modell for deltidsutdanning i økonomisk-administrative fag (Norge Rundt-prosjektet). I 2000 vart det tildelt 1,0 mill. kroner, og desse midlane blir brukte til å utvikle undervisningsmodulane innanfor den nye modellen.

Noregs handelshøgskole har òg arbeidd med å ta i bruk IKT i undervisninga der dette kan fremme læringseffekten og medverke til å auke studiekvaliteten. Det er òg eit krav at det digitale læringssystemet skal realisere webpublisering av kurstilbodet og elektronisk kursevaluering.

I 2001 er det tildelt 1,6 mill. kroner til å føre vidare det nasjonale samarbeidsprosjektet og til innføring av det elektroniske læringssystemet.

Vidare- og etterutdanning har i 2000 vore konsentrert om dei fire hovudområda som er peika ut som strategisk viktige for NHH:

  • deltidsstudia i Bergen

  • mastergradsstudium og andre vidareutdanningsprogram på tilsvarande nivå

  • utvikling av nasjonalt tilbod innanfor grunnutdanningane saman med dei statlege høgskolane

  • samarbeid med Universitetet i Bergen og Høgskolen i Bergen om eit tverrfagleg undervisningstilbod frå dei tre institusjonane

Det går føre seg ei omfattande internasjonal studentutveksling, mellom anna gjennom NORDPLUS- og SOKRATES-programma. Høgskolen har som mål at 50 pst. av studentane skal ta del i studentutveksling. Totalt har høgskolen samarbeid med om lag 90 lærestader i utlandet.

Noregs handelshøgskole gir kvart år ut ei oversikt over forskingsprosjekt og publikasjonar ved høgskolen. Katalogen dokumenterer den omfattande forskingsinnsatsen ved institusjonen.

Vitskaplege publikasjonar i 1996–2000

1996

19971

19982

1999

2000

Artiklar i internasjonale vit. tidsskrift

75

59

52

65

55

Artiklar i nasjonale vit. tidsskrift

73

44

37

14

15

Rapportar, kompendium utgitte av inst.

44

98

126

Faglege bøker/lærebøker

31

25

23

35

19

Kapittel i faglege bøker/lærebøker

35

55

33

Sum

223

226

273

169

122

1I tillegg kjem 42 kapittel eller artiklar som tidlegare vart fordelte dels på internasjonale og dels på nasjonale publikasjonar, og 69 vitskaplege arbeid presenterte på nasjonale fagkonferansar.

2I tillegg kjem 54 vitskaplege arbeid presenterte på fagkonferansar, og 25 leiarar, kommentarar publiserte i tidsskrift, dagspresse.

Eksterne forskingsinntekter finansierte 21,5 årsverk i 2000, og den eksternt finansierte verksemda som blir rekneskapsført i statsrekneskapen, var i 2000 på 13,3 mill. kroner, som er ein liten auke frå 1999.

Resultatmål for 2002

Noregs handelshøgskole må prioritere tiltak for å gjennomføre Kvalitetsreforma innanfor tidsrammer fastsette av regjering og storting, jf. St.meld. nr. 27 (2000-01) og Stortingets handsaming av denne, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-01).

I Noregsnettet har Noregs handelshøgskole eit særleg ansvar for høgre økonomisk-administrativ utdanning og særskilt grunnforsking og forskarutdanning. Departementet føreset at høgskolen framleis tilpassar opptaket av studentar slik at ein når det totale studentmåltalet. Høgskolen må halde fram arbeidet med å auke rekrutteringa av kvinner til studia, særskilt til høgre grads studium og doktorgradsstudiet.

Noregs handelshøgskole må utvikle vidare FoU-strategiar og leggje vekt på tiltak for å sikre rekrutteringa av vitskapleg personale. Dette gjeld særleg kvinner.

Det faglege samarbeidet mellom NHH, universitet, statlege høgskolar og andre, mellom anna om professor II-stillingar, samarbeid om studietilbod og doktorgradsutdanning, må førast vidare i 2002.

Det er viktig at NHH framleis prioriterer tiltak som gjer at studentane kjem gjennom studia på normert tid.

NHH må leggje til rette for varierte studentaktive læringsformer, utvikle ein heilskapleg strategi som fremmar studiekvalitet og læringsmiljø, og utvikle eit system som dokumenterer arbeidet med å sikre og utvikle studiekvalitet.

Høgskolen må leggje vekt på å utvikle gode etter- og vidareutdanningstilbod for å fylle etterspurnaden etter slike tilbod i samband med Kompetansereforma.

NHH må føre vidare arbeidet med omstilling av høgskolen for å møte dei utfordringane samfunnet stiller til høgskolen.

Det er viktig at Noregs handelshøgskole framleis legg vekt på studentutveksling og anna internasjonalt samarbeid. NHH må vidareutvikle internasjonale strategiar med mål som kan etterprøvast. Forpliktande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig.

NHH må arbeide med å innføre den nye gradsstrukturen, som skal vere gjennomført innan studieåret 2003/04.

Departementet fastset følgjande måltal for registrerte studentar og uteksaminerte kandidatar i 2000 og 2001:

Måltal studentar og uteksaminerte kandidatar

Studium

Måltal registrerte studentar

Måltal kandidatar

2001

2002

2001

2002

Siviløkonom

1 940

1 940

400

400

Høgre grads studium

210

210

45

45

Høgare revisorstudium

210

210

100

100

Master of International Business

60

60

15

15

Doktorgrad

45

45

12

12

Praktisk-pedagisk utdanning og eittårige ­studium i språk

120

120

65

65

Sum

2 585

2 585

637

637

Budsjettforslag for 2002

Departementet foreslår at Noregs handelshøgskole går over til nettobudsjettering frå og med 1. januar 2002, sjå forslag til vedtak IV nr. 4 og nr. 6.

Løyvinga under posten skal dekkje driftsutgifter, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald. Det er ved fordelinga av budsjettramma lagt vekt på å tilpasse kapasiteten ved høgskolen til utdanningskapasiteten nasjonalt.

For omtale av nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar, sjå programkategori 07.60.

I budsjettramma er det òg lagt inn 2,4 mill. kroner, som er knytte til innføring av Kvalitetsreforma. Desse midlane er i særleg grad knytte til utvikling av faste studieløp, omlegging til ny gradsstruktur, arbeid med å ta i bruk nye evalueringsformer og ei generell heving av kvaliteten på studietilboda. Vidare er det lagt inn 1,1 mill. kroner til særskilde omstillingstiltak. Midlane skal brukast til å føre vidare dei omstillingsprosessane som høgskolen alt har sett i gang, men skal også sjåast i samanheng med innføringa av Kvalitetsreforma.

Som oppfølging av Stortingets behandling av statsbudsjettet for 2001 vart NHH tildelt midlar til ein stipendiatstilling og to postdoktorstillingar. Midlane er førte vidare i 2002.

I samband med oppfølginga av Revidert nasjonalbudsjett for 2001 er NHH i tillegg tildelt midlar til fire stipendiatstillingar og to postdoktorstillingar over kap. 281. Rekrutteringsstillingane er lagde inn i budsjettramma til høgskolen med heilårsverknad frå 2002. Løyvinga per stilling er auka, jf. omtale under programkategori 07.60. Regjeringa foreslår vidare midlar til fire nye stipendiatstillingar til høgskolen i 2002. Desse stillingane er òg finansierte med ein høgare sats. Sjå elles omtale under kap. 281.

I budsjettramma er det likeins lagt inn 1,4 mill. kroner som strategiske forskingsmidlar.

I budsjettramma er det lagt inn midlar som er fordelte på bakgrunn av talet på avslutta doktorgradar.

Det er lagt inn 1,1 mill. kroner for å dekkje kostnader ved treterminordninga på høgare revisorstudium.

Det er i budsjettramma lagt inn midlar til heilårseffekten av eit kvinneprofessorat som vart oppretta i samband med statsbudsjettet for 2001.

Kap. 3264 Noregs handelshøgskole (jf. kap. 264)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Inntekter frå oppdrag

13 353

12 000

02

Salsinntekter o.a.

23 906

7 609

15

Refusjon for arbeidsmarknadstiltak

63

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

872

17

Refusjon for bruk av lærlingar

25

18

Refusjon av sjukepengar

1 590

Sum kap. 3264

39 809

19 609

Sjå omtale av tekniske endringar i samband med overgang til nettobudsjettering under kap. 264.

Kap. 265 Arkitekthøgskolen i Oslo (jf. kap. 3265)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

40 089

40 099

45 646

21

Særskilde driftsutgifter

2 741

4 478

4 478

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

658

15 630

1 604

Sum kap. 265

43 488

60 207

51 728

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endring:

  • Budsjettramma er oppjustert med kr 81 000 i samband med kompensasjon til statleg forvaltning for innføring av meirverdiavgift på tenester, omlegging til direkte refusjon av sjukepengar i statlege verksemder og innsparing ved effektivisering av statlege innkjøp, sjå Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

Resultatrapport for 2000-01

Studenttalet for dei ulike studietilboda ved høgskolen hausten 2000 går fram av følgjande tabell:

Studenttal i 2000

Studium

Opptak

Måltal studentar

Registrerte studentar

Sivilarkitektstudiet

38

235

2141

Sivilindustridesignstudiet

28

60

832

Master of Art

12

12

Doktorgrad

0

30

392

Sum

78

325

348

1Kvinnedelen var 40 pst.

2 Kvinnedelen var 60 pst.

Kilde: For opptak og registrerte studentar: DBH og budsjettdokument for høgskolen.

I 2000 vart det registert 348 studentar ved Arkitekthøgskolen. Det totale studentmåltalet er oppfylt med god margin, men talet på sivilarkitektstudentar er ikkje oppfylt i 2000. Samanlikna med 1999 er studenttalet redusert med 55 studentar. Nedgangen er størst for sivilarkitektstudiet, som har ein reduksjon i høve til 1999 på 68 studentar. Master of Art har 13 færre studentar enn i 1999, medan sivilindustridesignstudiet har ein auke på 30. Talet på doktorgradsstudentar er redusert med fire samanlikna med 1999.

Kandidatar i 2000

Studium/grad

Måltal kandidatar

Uteksaminerte kandidatar

Sivilarkitekt

41

28

Sivilindustridesign

12

12

Doktorgrad

6

3

Sum

59

431

1I tillegg kjem to Master of Art-kandidatar.

Kilde: For uteksaminerte kandidatar: DBH.

På sivilindustridesignstudiet var talet på uteksaminerte kandidatar dobla frå 1998 til 1999. I 2000 er talet på sivilindustridesignkandidatar det same som året før. Arkitekthøgskolen oppfyller måltalet. Måltalet for doktorgradskandidatar er ikkje oppfylt. Høgskolen har sett i gang tiltak for å betre gjennomstrøyminga i doktorgradsstudiet. Måltalet for doktorgradskandidatar er justert ned slik at måltalet i 2001 er fire kandidatar mot seks kandidatar i 2000.

Arkitekthøgskolen har samarbeidsavtalar med Universitetet i Oslo og Noregs landbrukshøgskole om doktorgradsutdanninga.

Høgskolen har lagt stor vekt på internasjonalisering og tek del i SOKRATES, NORDPLUS og LEONARDO DA VINCI. Høgskolen har stor pågang av internasjonale studentar som ønskjer å hospitere ved Arkitekthøgskolen. Arkitekthøgskolen har forskingssamarbeid med International Laboratory of Architecture and Urban Design (ILAUD).

Arkitekthøgskolen har ansvar for oppbygginga av arkitektutdanninga ved Makerere-universitetet i Kampala i Uganda. Prosjektet er finansiert av NUFU. Arkitekthøgskolen har også hatt masterutdanning av palestinske studentar ved Universitetet i Nablus.

Eksterne forskingsinntekter finansierte fem årsverk i 2000, og den eksternt finansierte verksemda, som blir rekneskapsført i statsrekneskapen, var i 2000 på 2,8 mill. kroner, om lag det same som i 1999.

Resultatmål for 2002

Arkitekthøgskolen må prioritere tiltak for å gjennomføre Kvalitetsreforma innanfor tidsrammer som er fastsette av Regjering og Storting, jf. St.meld nr. 27 (2000-01) og Stortingets handsaming av denne, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-01)

Arkitekthøgskolen må utvikle vidare FoU-strategiar og leggje vekt på tiltak for å sikre rekrutteringa av vitskapleg personale. Dette gjeld særleg kvinner.

Arkitekthøgskolen må prioritere tiltak som gjer at studentane kjem gjennom studia på normert tid.

Arkitekthøgskolen må leggje til rette for varierte studentaktive læringsformer, utvikle ein heilskapleg strategi som fremmar studiekvalitet og læringsmiljø, og utvikle eit system som dokumenterer arbeidet med å sikre og utvikle studiekvalitet. Det er eit mål å halde oppe ei gjennomføring på høgt nivå på sivilarkitektstudiet.

Departementet forventar at gjennomstrøyminga for doktorgradsstudentar blir betra.

Arkitekthøgskolen må arbeide med å innføre den nye gradsstrukturen, som skal vere gjennomført innan studieåret 2003/04.

Arkitekthøgskolen må føre vidare arbeidet med omstilling av høgskolen for å møte dei utford­ringane samfunnet stiller til høgskolen.

Høgskolen har eit høgt aktivitetsnivå i internasjonalt samarbeid. Departementet føreset at dette arbeidet blir ført vidare. Høgskolen må òg utarbeide internasjonale strategiar med mål som kan etterprøvast.

Høgskolen må leggje vekt på å utvikle gode etter- og vidareutdanningstilbod for å kunne fylle etterspurnaden etter slike tilbod i samband med Kompetansereforma.

Departementet har fastsett følgjande måltal for registrerte studentar og uteksaminerte kandidatar i 2000 og 2001:

Måltal studentar og uteksaminerte kandidatar

Studium

Måltal registrerte studentar

Måltal kandidatar

2001

2002

2001

2002

Sivilarkitekt

235

235

41

41

Industridesign

60

72

12

12

Doktorgrad

30

30

6

6

Sum

325

337

59

59

Budsjettforslag for 2002

Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3265 postane 02 og 11, sjå vedtak II nr. 1.

For omtale av nytt finansieringssystem for universitet og høgskoler, sjå programkategori 07.60.

I budsjettramma er det lagt inn 0,5 mill. kroner, som er knytte til innføring av Kvalitetsreforma. Desse midlane er i særleg grad knytte til utvikling av faste studieløp, omlegging til ny gradsstruktur, arbeid med å ta i bruk nye evalueringsformer og ei generell heving av kvaliteten på studietilboda. Vidare er det lagt inn 141 000 kroner til særskilde omstillingstiltak. Midlane skal brukast til å føre vidare dei omstillingsprosessane som høgskolen alt har sett i gang, men skal også sjåast i samanheng med innføringa av Kvalitetsreforma.

Som ei oppfølging av Stortinget si behandling av statsbudsjettet for 2001 vart Arkitekthøgskolen tildelt midlar til ei stipendiatstilling. Midlane er førte vidare i 2002.

I samband med oppfølginga av Revidert nasjonalbudsjett for 2001 er Arkitekthøgskolen i tillegg tildelt midlar til to stipendiatstillingar over kap. 281. Rekrutteringsstillingane er lagde inn i budsjettramma til høgskolen med heilårsverknad frå 2002. Løyving per stilling er auka, jf. omtale under programkategori 07.60. Regjeringa foreslår vidare midlar til ei ny stipendiatstilling til høgskolen i 2002. Stillinga er òg finansiert med ein høgare sats. Sjå elles omtale under kap. 281.

I budsjettramma er det likeins lagt inn 200 000 kroner som strategiske forskingsmidlar.

I budsjettramma er det lagt inn midlar som er fordelte på bakgrunn av talet på avslutta doktorgradar. For å auke studiekapasiteten innanfor design foreslår Regjeringa å auke løyvinga til Arkitekthøgskolen slik at opptaket til sivilindustridesignstudiet kan aukast med tolv plassar frå hausten 2002.

Det er i budsjettramma lagt inn midlar til heilårseffekten av eit kvinneprofessorat som vart oppretta i samband med statsbudsjettet for 2001.

Post 21 gjeld lønn (inkl. trygd) og driftsutgifter til oppdragsforsking som blir finansiert under kap. 3265 post 01. Tilsetjing i slike stillingar skal berre gjelde for den perioden som den eksterne finansieringskjelda dekkjer lønnsutgiftene. Løyvinga på post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3265 post 01, sjå forslag til vedtak II nr. 2.

Post 45 gjeld løyving til vitskapleg utstyr, og til kjøp av utstyr og inventar til nybygg, samt større vedlikehalds- og ombyggingsarbeid. Post 45 er redusert med 13,95 mill. kroner på grunn av utfasing av utstyrsløyving til nytt bygg.

Kap. 3265 Arkitekthøgskolen i Oslo (jf. kap. 265)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Inntekter frå oppdrag

2 853

4 500

4 500

02

Salsinntekter o.a.

520

166

171

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

464

17

Refusjon for lærlingar

15

18

Refusjon av sjukepengar

613

Sum kap. 3265

4 465

4 666

4 671

På post 02 skal det, forutan salsinntekter frå sal av materiell til studentar m.m., òg førast leigeinntekter som skal dekkje reinhald, vakthald og andre utgifter ved tilfeldig leige av lokale. Også faste leigeinntekter kan førast på 02.

Kap. 268 Noregs idrettshøgskole

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

81 997

80 741

21

Særskilde driftsutgifter

11 682

4 908

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

6 722

5 011

50

Statstilskott

82 625

Sum kap. 268

100 401

90 660

82 625

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • I samband med overgang til nettobudsjettering er utgiftsløyvinga samla på ny post 50. Inntektsløyvingane under kap. 3264 er trekte ut, og utgiftsløyvinga er redusert tilsvarande.

  • Budsjettramma er oppjustert med 0,7 mill. kroner i samband med kompensasjon til statleg forvaltning for innføring av meirverdiavgift på tenester, omlegging til direkte refusjon av sjukepengar i statlege verksemder og innsparing ved effektivisering av statlege innkjøp, sjå Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

Resultatrapport for 2000-01

Studenttalet for dei ulike studietilboda ved høgskolen hausten 2000 går fram av tabellen nedanfor:

Studenttal i 2000

Studium

Opptak

Måltal studentar

Registrerte studentar

Lågare grad

528

475

488

Hovudfag

103

140

240

Doktorgrad

3

15

23

Sum

634

630

7511

1 I tillegg er det registrert fire personar utan studierett.

Kilde: For opptak og registrerte studentar: DBH.

Det totale studentmåltalet er oppfylt med god margin, og talet på registrerte studentar har auka med 32 i høve til 1999. Auken er særleg stor for hovudfag, der det er registrert 24 fleire studentar enn i 1999.

Noregs idrettshøgskole (NIH) er landets sentrale institusjon for høgre utdanning, forsking og formidling innanfor idrettsfag. Studietilbodet spenner frå grunnfag til dr.scient.-grad. I 2000 oppretta høgskolen eit nytt påbyggingsstudium på 20 vekttal, kalla «Barn og unge i bevegelse». Etter- og vidareutdanning er eit satsingsområde for høgskolen. I 2000 arrangerte seksjonen for etter- og vidareutdanning 29 kurs av ulikt omfang med til saman 1300 studentar.

Kandidatar i 2000

Studium

Måltal kandidatar

Uteksaminerte kandidatar

Lågare grad

330

3451

Hovudfag

40

47

Doktorgrad

3

4

Sum

373

396

1 Avlagde årseksamenar (20-vekttalseiningar) på lågare grad. I tillegg kjem to årseksamenar av personar utan studierett. NIH uteksaminerte ti faglærarar i kroppsøving og 38 cand.mag.-kandidatar.

Kilde: For uteksaminerte kandidatar: DBH

Talet på uteksaminerte kandidatar er oppfylt med god margin og syner ein auke på 35 i høve til 1999. Noregs idrettshøgskole tek del i SOKRATES-ERASMUS-programmet og i NORDPLUS-samarbeidet. Samarbeidsprosjektet med Dar-es-Salaam held fram, mellom anna ved at studentar frå Tanzania følgjer undervisninga på hovudfag ved NIH.

Vitskaplege publikasjonar i 1996–2000

1996

1997

1998

1999

2000

Artiklar i vitskaplege tidsskrift

13

34

32

24

34

Faglege bøker/lærebøker

2

4

13

14

7

Kapittel i faglege bøker og lærebøker

7

7

18

35

20

Sum

22

45

63

73

61

Eksterne forskingsinntekter finansierte 15 årsverk i 2000, og den eksternt finansierte verksemda som blir rekneskapsført i statsrekneskapen, var i 2000 på 11,8 mill. kroner mot 8,6 mill. kroner i 1999. Departementet vurderer denne auken som positiv.

Resultatmål for 2002

Noregs idrettshøgskole må prioritere tiltak for å gjennomføre Kvalitetsreforma innanfor tidsrammer som er fastsette av Regjering og Storting, jf. St.meld nr. 27 (2000-01) og Stortingets handsaming av denne, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-01).

Idrettshøgskolen må utvikle sine eigne FoU-strategiar og leggje vekt på tiltak for å sikre rekrutteringa av vitskapleg personale. Dette gjeld særleg kvinner. Høgskolen må føre vidare den positive utviklinga innanfor forsking og publisering.

Idrettshøgskolen har eit nasjonalt ansvar for høgre idrettsfagleg utdanning og må arbeide aktivt med å utvikle samarbeidet med andre institusjonar som har høgre utdanningstilbod innanfor idrettsfag.

Idrettshøgskolen må prioritere tiltak som gjer at studentane kjem gjennom studia på normert tid.

Idrettshøgskolen må leggje til rette for varierte studentaktive læringsformer, utvikle ein heilskapleg strategi som fremmar studiekvalitet og læringsmiljø, og utvikle eit system som dokumenterer arbeidet med å sikre og utvikle studiekvalitet.

Idrettshøgskolen må styrkje arbeidet for å få eit aktivt samarbeid med statens utdanningskontor, kompetansesentra for spesialundervisning og skoleeigar om opplegg for FoU-arbeid og etter- og vidareutdanning av lærarar, skoleleiarar og PP-teneste, jf. kap. 243, 226 og 202. Det er nødvendig å leggje til rette for både ei langsiktig og ei fleksibel organisering av samarbeidet med sikte på å utvikle eit praksisnært tilbod av høg kvalitet i samsvar med behov for kompetanse i skolen.

Idrettshøgskolen må føre vidare arbeidet med omstilling av høgskolen for å møte dei utfordringane samfunnet stiller.

Idrettshøgskolen må prioritere arbeidet med å utvikle videre rutinar knytte til overgangen til nettobudsjettering.

Det er viktig at høgskolen legg forholda til rette for at studentar og forskarar tek del i internasjonale samarbeidsprogram. Idrettshøgskolen må utarbeide internasjonale strategiar med mål som kan etterprøvast. Forpliktande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig.

Idrettshøgskolen må starte arbeidet med å innføre den nye gradsstrukturen, som skal vere gjennomført innan studieåret 2003/04.

Noregs idrettshøgskole må leggje vekt på å utvikle gode etter- og vidareutdanningstilbod for å fylle etterspurnaden etter slike tilbod i samband med kompetansereforma.

Departementet har fastsett følgjande måltal for studentar og uteksaminerte kandidatar i 2001 og 2002:

Måltal studentar og uteksaminerte kandidatar

Studium

Måltal registrerte studentar

Måltal kandidatar

2001

2002

2001

2002

Lågare grad

475

475

330

330

Hovudfag

140

140

40

40

Doktorgrad

15

15

5

5

Sum

630

630

375

375

Budsjettforslag 2002

Departementet foreslår at Noregs idrettshøgskole går over til nettobudsjettering frå og med 1. januar 2002, sjå forslag til vedtak IV nr. 4 og nr. 6.

Løyvinga under posten skal dekkje driftsutgifter, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald.

For omtale av nytt finansieringssystem for universitet og høgskoler, sjå programkategori 07.60.

I budsjettramma er det lagt inn 0,7 mill. kroner, som er knytte til innføring av Kvalitetsreforma. Desse midlane er i særleg grad knytte til utvikling av faste studieløp, omlegging til ny gradsstruktur, arbeid med å ta i bruk nye evalueringsformer og ei generell heving av kvaliteten på studietilboda. Vidare er det lagt inn kr 274 000 til særskilde omstillingstiltak. Midlane skal brukast til å føre vidare dei omstillingsprosessane som høgskolen alt har sett i gang, men skal også sjåast i samanheng med innføringa av Kvalitetsreforma.

Som oppfølging av Stortingets behandling av statsbudsjettet for 2001 ble Noregs idrettshøgskole tildelt midlar til ei stipendiatstilling. Midlane er førte vidare i 2002.

I samband med oppfølginga av Revidert nasjonalbudsjett for 2001 er Noregs Idrettshøgskole i tillegg tildelt midlar til to stipendiatstillingar over kap. 281. Rekrutteringsstillingane er lagde inn i budsjettramma til høgskolen med heilårsverknad frå 2002. Løyving per stilling er auka, jf. omtale under programkategori 07.60. Regjeringa foreslår vidare midlar til ei ny stipendiatstilling til høgskolen i 2002. Stillinga er òg finansiert med ein høgare sats. Sjå elles omtale under kap. 281.

I budsjettramma er det likeins lagt inn 400 000 kroner som strategiske forskingsmidlar.

I budsjettramma er det lagt inn midlar som er fordelte på bakgrunn av talet på avslutta doktorgradar.

Kap. 3268 Noregs idrettshøgskole (jf. kap. 268)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Inntekter frå oppdrag

11 799

5 000

02

Salsinntekter o.a.

7 534

6 413

05

Refusjon frå Forsvarsdepartementet

2 430

2 347

11

Refusjon av kursavgifter ved vaksenopplæringstiltak

935

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

536

17

Refusjon for lærlingar

122

18

Refusjon av sjukepengar

636

Sum kap. 3268

23 992

13 760

Sjå omtale av tekniske endringar i samband med overgang til nettobudsjettering under kap. 268.

Kap. 269 Noregs musikkhøgskole (jf. kap. 3269)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

90 256

89 190

94 720

21

Særskilde driftsutgifter

1 297

1 200

1 200

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

1 781

1 812

2 322

Sum kap. 269

93 334

92 202

98 242

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Budsjettramma er oppjustert med 12 000 kroner i samband med kompensasjon til statleg forvaltning for innføring av meirverdiavgift på tenester, omlegging til direkte refusjon av sjukepengar i statlege verksemder og innsparing ved effektivisering av statlege innkjøp, sjå Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

Resultatrapport for 2000-01

Noregs musikkhøgskole har studietilbod innanfor utøvande musikk, musikkteori, komposisjon og pedagogikk. På lågare grads nivå tilbyr høgskolen fem ulike 4-årige kandidatstudium. Høgskolen har òg fleire vidareutdanningstilbod, mellom anna musikkterapi og praktisk-pedagogisk utdanning. På høgre grads nivå tilbyr høgskolen ei rekkje 2-årige diplom- og hovudfagsstudium. Departementet godkjende våren 2000 at det vart oppretta hovudfag i kyrkjemusikk ved Noregs musikkhøgskole. Høgskolen har òg doktorgradsprogram. Studenttalet for dei ulike studietilboda ved høgskolen hausten 2000 går fram av tabellen nedanfor:

Studenttal i 2000

Studium

Opptak

Måltal studentar1

Registrerte studentar

Kandidatstudiet

66

276

Hovudfags-/diplomstudiet

52

118

Doktorgrad

4

10

Praktisk-pedagogisk utdanning

8

12

Faglærarstudiet

1

Vidareutdanning

42

70

Sum

172

465

487

1Fordelinga av måltal studentar er avhengig av søkinga til dei ulike studia.

Kilde: For opptak og registrerte studentar: DBH.

Noregs musikkhøgskole oppfyller måltalet for studentar og har om lag uendra studenttal i høve til 1999. Talet på registrerte studentar ved kandidatstudiet, faglærarstudiet og vidareutdanning er redusert med høvesvis tretten, ti og fire samanlikna med 1999. Det er ein auke i talet på registrerte studentar ved hovudfags-/diplomstudiet og doktorgrad på høvesvis 25 og seks. Praktisk-pedagogisk utdanning har uendra studenttal frå 1999.

Kandidattalet innanfor dei ulike studietilboda ved Noregs musikkhøgskole i 1999 går fram av tabellen nedanfor:

Kandidatar i 2000

Studium

Måltal kandidatar

Uteksaminerte kandidatar

Kandidateksamen

53

54

Hovudfags-/diplomstudiet

40

29

Praktisk-pedagogisk utdanning

10

10

Faglærareksamen

31

6

Vidareutdanning

40

42

Sum

174

141

Kilde: For uteksaminerte kandidatar: DBH.

Det samla måltalet for kandidatar vart ikkje nådd i 2000. Oppfyllingsgraden er spesielt låg på hovudfags- og diplomstudium. Mykje av svikten i gjennomstrøyminga skuldast permisjonar blant studentar som går over til andre institusjonar, og at ein del studentar går ut i arbeid i faste ensemble før dei har fullført studiet.

Doktorgradsprogrammet ved Noregs musikkhøgskole blei sett i gang i 1999, og hausten 2000 var ti studentar inne i doktorgradsstudiet.

Det siste opptaket til 3-årig faglærarstudium vart gjort hausten 1997. Dei siste ordinære faglærarstudentane avslutta dermed sitt studium våren 2000. Etter kvart som faglærarstudia har blitt fasa ut, har talet på studentar som tek vidareutdanningseiningar i forlenging av eit faglærarstudium, gått ned.

Samarbeidet med Høgskolen i Tromsø om hovudfagsstudium i musikkpedagogikk er ført vidare i 2000. Noregs musikkhøgskole inngjekk ein avtale med Høgskolen i Sogn og Fjordane om samarbeid om hovudfagsstudium i musikkterapi med oppstart hausten 2000. Begge desse hovudfagsstudia har innslag av fjernundervisning.

Noregs musikkhøgskole har i dei siste åra styrkt sitt internasjonale engasjement. Høgskolen tek del i ei rekkje internasjonale nettverk og utvekslar studentar og lærarar mellom anna gjennom NORDPLUS og SOKRATES.

Den eksternt finansierte verksemda ved Noregs musikkhøgskole hadde i 1999 eit volum på 1,2 mill. kroner, om lag det same som i 1998.

Resultatmål for 2002

Noregs musikkhøgskole må prioritere tiltak for å gjennomføre Kvalitetsreforma innanfor tidsrammer som er fastsette av Regjering og Storting, jf. St.meld. nr. 27 (2000-01) og Stortingets handsaming av denne, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-01).

Noregs musikkhøgskole har eit nasjonalt ansvar for å gi utdanning på høgre nivå innanfor skapande og utøvande musikk og musikkpedagogikk. FoU-arbeidet og arbeidet med å utvikle doktorgradsstudium av høg kvalitet må derfor stå i fokus.

Høgskolen må utvikle vidare FoU-strategiar og leggje vekt på tiltak for å sikre rekrutteringa av vitskapleg personale. Dette gjeld særleg kvinner.

Det er forventa at ei opptrapping av utviklingsarbeidet blir følgt opp i tråd med stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid, jf. omtale under kategori 07.60. Departementet ser det som viktig at stipendiatstillingane blir tekne i bruk så snart som mogleg.

Departementet legg til grunn at studiekvalitetsarbeidet ved høgskolen blir styrkt i tråd med Innst. S. nr. 337 (2000-01) og St.meld. nr. 27 (2000-01) Gjør din plikt - Krev din rett Kvalitetsreform av høgre utdanning. Det er lagt opp til å lage ei eiga stortingsmelding om kunst- og musikkutdanningane i høve til Kvalitetsreforma, jf. omtale under kategoriomtalen 07.60.

Noregs musikkhøgskole må prioritere tiltak som gjer at studentane kjem gjennom studia på normert tid.

Høgskolen må leggje til rette for god kontakt mellom ulike lærarar og mellom studentar og lærarar, slik at studiemiljøet blir utvikla vidare. Fellesfag og fellesaktivitetar vil kunne medverke til dette.

Noregs musikkhøgskole må leggje til rette for varierte studentaktive læringsformer, utvikle ein heilskapleg strategi som fremmar studiekvalitet og læringsmiljø, og utvikle eit system som dokumenterer arbeidet med å sikre og utvikle studiekvalitet.

Noregs musikkhøgskole må leggje vekt på å utvikle gode vidare- og etterutdanningstilbod for å kunne fylle etterspurnaden etter slike tilbod i samband med Kompetansereforma.

Noregs musikkhøgskole må føre vidare arbeidet med omstilling av høgskolen for å møte dei utfordringane samfunnet stiller til høgskolen.

Det er viktig at høgskolen legg forholda til rette for at fleire studentar og forskarar tek del i internasjonale program. Høgskolen må utarbeide internasjonale strategiar med mål som kan etterprøvast. Forpliktande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig.

Departementet føreset at høgskolen held oppe nivået på den oppdragsverksemda som blir rekneskapsført i statsrekneskapen.

Departementet legg følgjande måltal for registrerte studentar og uteksaminerte kandidatar til grunn for 2000 og 2001:

Måltal studentar og uteksaminerte kandidatar

Studium

Måltal studentar1

Måltal kandidatar

2001

2002

2001

2002

Kandidatstudiet

76

76

Hovudfags-/diplomstudiet

40

40

Prakt.-ped. utdanning

10

10

Vidareutdanning

40

40

Sum

465

465

166

166

1Fordelinga av måltalet for registrerte studentar er avhengig av søkinga til dei ulike studia.

Budsjettforslag 2002

Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3269 postane 02, 06 og 11, sjå vedtak II nr. 1.

For omtale av nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar, sjå programkategori 07.60.

I budsjettramma er det òg lagt inn 0,6 mill. kroner, som er knytte til innføring av Kvalitetsreforma. Desse midlane er i særleg grad knytte til utvikling av faste studieløp, omlegging til ny gradsstruktur, arbeid med å ta i bruk nye evalueringsformer og ei generell heving av kvaliteten på studietilboda. Vidare er det lagt inn 202 000 kroner til særskilde omstillingstiltak. Midlane skal brukast til å føre vidare dei omstillingsprosessane som høgskolen alt har sett i gang, men skal også sjåast i samanheng med innføringa av Kvalitetsreforma.

I samband med oppfølginga av Revidert nasjonalbudsjett for 2001 er Noregs musikkhøgskole i tillegg tildelt midlar til to stipendiatstillingar over kap. 281. Rekrutteringsstillingane er lagde inn i budsjettramma til høgskolen med heilårsverknad frå neste år. Løyving per stilling er auka, jf. omtale under programkategori 07.60. Regjeringa foreslår vidare midlar til ei ny stipendiatstilling til høgskolen i 2002. Stillinga er òg finansiert med ein høgare sats. Sjå elles omtale under kap. 281.

Det er i budsjettramma lagt inn midlar til heilårseffekten av eit kvinneprofessorat som blei oppretta i samband med statsbudsjettet for 2001.

Eit stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid er under utforming i tråd med Innst. S. nr. 110 (1999-2000), jf. St.meld. nr. 39 (1998-99) og etter forslag frå ei arbeidsgruppe med representantar frå kunsthøgskolane i Bergen og Oslo og Noregs musikkhøgskole. Fire stipendiatstillingar blir oppretta i 2002, og ein legg opp til ei opptrapping i dei neste åra. Det er òg knytt programstøtte til rekrutteringsstillingane. Programstøtta skal nyttast til å rekruttere rettleiarar, utvikle rettleiingskompetanse i miljøa, bedømme stipendiatane sin sluttkompetanse, støtte stipendiatane sine prosjekt og byggje opp eit system og nettverk knytte til utveksling av kunnskap og kompetanse nasjonalt og internasjonalt. Programmet skal føre stipendiatane fram til ein kompetanse som svarer til doktorgrad.

Post 21 gjeld lønn (inkl. trygd) og driftsutgifter til oppdragsforsking som blir finansiert under kap. 3269 post 01. Tilsetjing i slike stillingar skal berre gjelde for den perioden som den eksterne finansieringskjelda dekkjer lønnsutgiftene. Løyvinga på post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3269 post 01, sjå forslag til vedtak II nr. 2.

Post 45 gjeld løyving til vitskapleg utstyr, og til kjøp av utstyr og inventar til nybygg, samt større vedlikehalds- og ombyggingsarbeid. Løyvinga blir foreslått auka med om lag 0,5 mill. kroner i 2002 til oppgradering av utstyrs- og instrumentparken.

Kap. 3269 Noregs musikkhøgskole (jf. kap. 269)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Inntekter frå oppdrag

1 181

1 200

1 200

02

Salsinntekter o.a.

331

291

300

06

Inntekter ved konsertar og tenester

653

15

Refusjon for arbeidsmarknadstiltak

135

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

361

18

Refusjon av sjukepengar

604

Sum kap. 3269

3 265

1 491

1 500

På post 02 skal det, forutan salsinntekter frå sal av materiell til studentar m.m., òg førast leigeinntekter som skal dekkje reinhald, vakthald og andre utgifter ved tilfeldig utleige av lokale. Også faste leigeinntekter kan førast på post 02.

Kap. 270 Studium i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

70

Tilskott til lengre reiser , overslagsløyving

72 029

74 784

42 028

71

Tilrettelegging av studium i utlandet

7 385

7 710

7 941

73

Tilskott til studentbarnehagar

67 407

71 353

73 494

74

Tilskott til velferdsarbeid

50 896

53 370

54 971

75

Tilskott til bygging av studentbustader , kan overførast

173 002

186 848

192 453

Sum kap. 270

370 719

394 065

370 887

Kapitlet omfattar:

  • student- og elevrabatt ved lengre reiser

  • tiltak for norske studentar i utlandet

  • tilskott til velferdsarbeid, mellom anna driftstilskott til studentsamskipnadene

  • tilskott til studentbarnehageplassar

  • tilskott til bygging av studentbustader

Post 70 Tilskott til lengre reiser, overslagsløyving

Tilskottsordninga er basert på avtalar mellom Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Noregs statsbaner (NSB), Troms fylkes dampskipsselskap AS og Nord-Noreg-Bussen. Avtalane gir studentar og elevar moderasjon på reiser over 150 km med Noregs statsbaner og Nord-Noreg-Bussen. På Hurtigruta er minsteavstanden 80 nautiske mil.

Målsetjing

Formålet med tilskottsordninga er, i tråd med St.meld. nr. 14 (1993-94) og Innst. S. nr. 101 (1993-94), å gi studentar og elevar eit godt og rimeleg transporttilbod, særleg mellom heimstad og studie­stad.

Tildelingskriterium

Tilskottet til NSB har teke utgangspunkt i forventa reisevolum og er eit fast årleg beløp. For Hurtigruta og Nord-Noreg-Bussen gir ein tilskott som svarar til 30 pst. av ordinær billettpris for det talet billettar som er selde med moderasjon.

Oppfølging og kontroll

Tilskott til NSB blir utbetalt kvar månad med 1/12 av det fastsette beløpet. Troms fylkes dampskipsselskap og Nord-Noreg-Bussen sender fakturaer med oversikt over talet på selde moderasjonsbillettar. Dei tilsette i transportselskapa kontrollerer dei reisande. Departementet kontrollerer dei opplysningane selskapa gir.

Rapport for 2000

Det vart utbetalt totalt om lag 72 mill. kroner i tilskott til lengre reiser i 2000. Det avtalefesta tilskottet til NSB BA var på om lag 60 mill. kroner. Det vart utbetalt om lag 6,6 mill. kroner til Nord-Noreg-Bussen og om lag 3,7 mill. kroner til Hurtigruta.

Budsjettforslag for 2002

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet er i gang med å vurdere avtalane med NSB, Troms fylkes dampskipsselskap og Nord-Noreg-Bussen. Departementet har sagt opp dei eksisterande avtalane med trafikkselskapa, og vil innanfor ei ramme på om lag 42 mill. kroner forhandle fram nye avtalar. Vidare viser ein til planen om å innføre ei landsomfattande ordning med ungdoms- og studentrabatt i kollektivtrafikken, sjå omtale i budsjettforslaget til Samferdsledepartementet.

Post 71 Tilrettelegging av studium i utlandet

Dei norske studiesentra i utlandet skal leggje til rette for at nordmenn kan studere i utlandet. Sentra må sjåast i samanheng med andre tiltak for studium i utlandet, jf. St.meld. nr. 19 (1996-97) og Innst. S. nr. 295 (1996-97). Studiesentra gir mellom anna tilbod om språkkurs der studentane kan få støtte av Statens lånekasse for utdanning, jf. omtalen under programkategori 07.80. Det blir gitt tilskott til dei norske studiesentra i Caen, York, Kiel og til Noregs Hus i Paris. I tillegg gir ein midlar til eit samarbeidsprogram med USA (Fulbright-programmet).

Målsetjing

Tilskottsordninga skal sikre drifta av studiesentra i utlandet som gir kurs- og velferdstilbod til utanlandsstuderande. Tilskott til Fulbright-programmet blir gitt for at særleg kvalifiserte søkjarar skal kunne studere ved ein utdanningsinstitusjon i USA. Stipend som Fulbright-programmet gir, skal leggje til rette for studium ved universitet i USA på master- og doktorgradsnivå.

Tildelingskriterium

Tilskott blir gitt til drift av studiesentra på grunnlag av revidert rekneskap, årsrapport og storleiken på årets løyving. Tilskottet til Fulbright-programmet er eit rammetilskott.

Oppfølging og kontroll

Departementet kontrollerer dei innsende rapportane og rekneskapane.

Rapport for 2000

I 2000 vart det utbetalt om lag 3,3 mill. kroner til studiesentra i Caen, York, Kiel og til Noregs Hus i Paris. Til Fulbright-programmet vart det utbetalt om lag 4 mill. kroner.

Budsjettforslag for 2002

Departementet foreslår å føre løyvinga på posten vidare på same nivå i 2002.

Post 73 Tilskott til studentbarnehagar

Direkte statstilskott til drift av studentbarnehagar i regi av studentsamskipnadene vart innført i 1990. Studentbarnehagane får òg tilskott frå Barne- og familiedepartementet som andre private barnehagar.

Målsetjing

Formålet med tilskottsordninga er å medverke til rimelegare prisar i studentbarnehagane. Studentbarnehagane skal leggje til rette for betre studiekvalitet for studentar med barn og gjere det mogleg å halde normal studieprogresjon. Barnehagane skal samstundes vere eit supplement til tilbodet i kommunal og privat sektor.

Tildelingskriterium

Tilskott til studentbarnehageplassar blir gitt på grunnlag av revisorattestert oppgåve over aldersfordelinga per 15. desember føregåande år og støttesatsar fastsette på grunnlag av løyvinga i statsbudsjettet vedkommande år. Ulikt tilskottsordninga til Barne- og familiedepartementet, som er ei rettsordning, er tilskottsordninga over kap. 270 post 73 ei rammestyrt ordning.

Oppfølging og kontroll

Studentsamskipnadene rapporterer om barnehagedrifta i ordinær årsmelding og årsrekneskap, i tillegg til den revisorstadfesta aldersfordelinga per 15. desember føregåande år som er grunnlag for utrekninga av statstilskottet. Her skal det òg gå fram kor mange plassar samskipnadene driv, talet på plassar som er øyremerkte barn av studentar, og tilskottssatsane som ein mottek for barna.

Rapport for 2000-01

I 2000 vart det utbetalt tilskott til om lag 2 350 studentbarnehageplassar. I 2001 er satsane kr 42 786 per plass for barn under tre år og kr 19 869 for barn over tre år. Alle samskipnadene har etablert studentbarnehage.

Budsjettforslag for 2002

For 2002 foreslår departementet ei vidareføring av løyvingsnivået for 2001, og held oppe tilskottet til om lag 2 350 studentbarnehageplassar.

Post 74 Tilskott til velferdsarbeid

Posten inneheld tre hovudgrupper av tilskott. Det blir gitt tilskott til det generelle velferdsarbeidet til studentsamskipnadene, til landsomfattande interesseorganisasjonar for elevar og studentar, og til drifta av helseteneste ved universiteta i Oslo, Bergen og Trondheim, som blir driven av dei respektive samskipnadene.

Målsetjing

Målet med tilskotta til studentsamskipnadene er å leggje grunnlag for studentvelferd ved utdanningsinstitusjonane. Det velferdsarbeidet studentsamskipnadene gjer, skal supplere det generelle velferdstilbodet elles i samfunnet. Det skal vere ein integrert del av det heilskaplege læringsmiljøet ved utdanningsinstitusjonane. Tilskottet til studentorganisasjonane skal leggje grunnlag for arbeid for interessene til elevar og studentar. Tilskottet til studenthelsetenesta er ein kompensasjon for endringa i finansieringsordninga for primærhelseteneste i 1984.

Tildelingskriterium

Tilskottet til samskipnadene blir gitt dels som eit grunntilskott, dels som eit tilskott per student samt eit særskilt tilskott som kompensasjon for lange avstandar mellom lærestadene som er tilknytte den enkelte studentsamskipnaden. Studentorganisasjonane får tilskott på bakgrunn av medlemstal, aktivitetsnivå, økonomistyring, plan og budsjett for verksemda og storleiken på den årlege løyvinga. Tilskottet til helseteneste er eit rammetilskott.

Oppfølging og kontroll

Studentsamskipnadene og studentorganisasjonane rapporterer om bruken av midlane i reviderte årsrekneskap og årsmeldingar. I tillegg rapporterer samskipnadene særskilt om nøkkeltal for verksemda. Studentorganisasjonane sender inn revisorattesterte oppgåver for medlemstal.

Rapport for 2000-01

I 2000 vart det utbetalt om lag 51 mill. kroner under post 74. Om lag 39 mill. kroner gjekk til 26 studentsamskipnader med om lag 181 000 tilknytte studentar. I tillegg var 6 mill. kroner øyremerkte studenthelsetenesta ved universiteta i Oslo, Bergen og Trondheim. Om lag 3 mill. kroner gjekk til dei landsomfattande interesseorganisasjonane for elevar og studentar.

Sosialfagleg rådgivingsteneste

Ved behandlinga av Innst. S. nr. 101 (1993-94), jf. St.meld. nr. 14 (1993-94), vart det foreslått å løyve 5 mill. kroner over tre år til prøveprosjekt i sosialfagleg rådgivingsteneste. På statsbudsjettet for 1995 vart det løyvd 1 mill. kroner, mens det i kvart av åra 1996 og 1997 vart løyvd 2 mill. kroner, til saman 5 mill. kroner over tre år. Prøveprosjekta blei evaluerte i 1998, og på bakgrunn av evalueringa blei det foreslått å løyve midlar til ein ny treårig periode. På statsbudsjettet for 1999 vart det løyvd 1 mill. kroner, og i kvart av åra 2000 og 2001 vart det løyvd 2 mill. kroner. Prøveperioden på tre år sluttar i 2001. Prøveprosjekta i sosialfagleg rådgivingsteneste vil bli evaluert. Førebels tyder rapportar på at ein gjer om lag dei samme erfaringane som i forrige perioden. Departementet foreslår i 2002 å leggje midlane inn i dei ordinære rammene til studentsamskipnadene.

Budsjettforslag for 2002

For 2002 foreslår departementet ei vidareføring av løyvingsnivået for 2001. Tilskottet til dei landsomfattande interesseorganisasjonane for elevar og studentar er foreslått auka med 15 pst. i 2002.

Post 75 Tilskott til bygging av student­bustader, kan overførast

Reglane for finansiering av studentbustader vart endra frå og med budsjetterminen 1999. Dette var i samsvar med merknader frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Budsjett-innst. S. nr. 12 (1998-99). Tilskottet utgjer 60 pst. av førehandsgodkjende byggjekostnader. Resten av kostnadene blir normalt lånefinansiert i Husbanken.

Målsetjing

Målsetjinga med tilskottsordninga er å sikre bygging av studentbustader. Ho skal òg gi eit rimeleg bustadtilbod for studentar. Studentbustadene skal leggje til rette for betre studiekvalitet, normal studieprogresjon og større gjennomstrøyming. Dei skal òg medverke til ein stabil og pårekneleg busituasjon for studentar. Studentbustader skal vere eit supplement til tilbodet på den private marknaden.

Kriterium for tildeling

Det blir gitt tilskott til bygging av nye studentbustader eller til kjøp og rehabilitering av eksisterande bustadmasse. Tilsegner blir gitte til studentsamskipnader eller studentbustadstiftingar etter søknad. Tilsegnene blir fastsette ut frå den årlege løyvinga, eksisterande dekningsgrad for studentbustader, situasjonen på den private hybelmarknaden, studenttalsutviklinga, talet på utanlandsstudentar eller andre særskilde faktorar ved den enkelte lærestaden.

Oppfølging og kontroll

I 1992 oppnemnde departementet Rådgjevande organ for studentbustadbygging (ROS) som kontrollerande instans ved bygging av studentbustader. Departementet har fastsett eigne vedtekter for ROS. Studentsamskipnader eller studentbustadstiftingar som får tilskott til bygging av studentbustader, skal rapportere til ROS og departementet om utviklinga av prosjekta. På grunnlag av mellom anna tilrådingane frå ROS avgjer departementet om prosjekta kan godkjennast. Byggerekneskap skal sendast til ROS og til departementet. Sluttutbetaling av statstilskottet skjer ikkje før byggerekneskap er godkjend. I tillegg rapporterer studentsamskipnadene om drifta av bustadene i årsmelding og årsrekneskap.

Rapport for 2000-01

Ved utgangen av 2000 disponerte studentsamskipnadene 20 696 studentbustader. Dette svarer til 28 962 studentbustadeiningar, og gir ein gjennomsnittleg dekningsgrad på om lag 16 pst. Det vart gjort ferdig 111 studentbustader i 2000, medan om lag 2 800 studentbustadeiningar var under prosjektering/bygging.

I 2001 ga departementet tilsegn om støtte til 911,5 studentbustadeiningar. Av desse gjekk om lag halvparten til Oslo, Bergen og Trondheim. I Budsjett-innst. S. nr. 12 (1998-99) peikar kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på at det er betre at det blir bygd færre bustader, enn at gode prosjekt som det er behov for ikkje blir realiserte. Departementet har derfor justert kostnadsramma for tilsegner gitte i 2000 til Trondheim og Bergen. Departementet valde å ta omsyn til delar av dei auka kostnadene i ramma for fordeling av tilsegner i 2001. Vidare har departementet i fordelinga av tilsegner for 2001 lagt til grunn ei høgare kostnadsramme for Oslo, Bergen og Trondheim, men innanfor tilskottsgrensa på 60 pst. Dermed har talet på tilsegner i 2001 blitt noko redusert i forhold til det opphavlege overslaget.

Det er øyremerkt 1 mill. kroner til tilpassing av eksisterande studentbustader slik at dei kan brukast av funksjonshemma. Ei av tretti tilsegner gitt til dei store byane skal òg byggjast slik at dei er generelt tilrettelagde for funksjonshemma.

Budsjettforslag for 2002

Departementet foreslår å løyve 192 mill. kroner til bygging av studentbustader i 2002. Om lag 1 mill. kroner vil bli nytta til Rådgjevande organ for studentbustadbygging. Dette vil gi ei ramme for nye tilsegner i 2002 på 191 mill. kroner.

Løyving og tilsegnsfullmakter for studentbustader i 2001-02 (i 1 000 kr)

Tilsegnsfullmakt per 31. desember 2001

196 000

Løyving

192 453

Tilsegnsfullmakt per 31. desember 2002

196 000

Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på 196 mill. kroner, sjå forslag til vedtak III nr. 1.

Departementet vil vurdere å selje hybelhuset i Schultz’ gate 7 i Oslo. Eigedommen rommar i dag om lag 70 studenthyblar. Departementet ser det som lite tenleg at staten er eigar av hybelhuset. Departementet meiner det kan vere meir kostnadseffektivt å nytte inntektene ved eit sal av eigedommen til nye tilsegner til studentsamskipnadene til bygging av studentbustader. Departementet foreslår derfor ei fullmakt til å nytte inntekter ved eit sal av hybelhuset i Schultz’ gate 7 til tilsegn om bygging av nye studentbustader, sjå forslag til vedtak II nr. 1 og 5.

Kap. 273 Statlege kunsthøgskolar (jf. kap. 3273)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

148 916

152 415

161 900

21

Særskilde driftsutgifter

1 600

407

1 407

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

4 182

5 142

35 497

Sum kap. 273

154 698

157 964

198 804

I høve til budsjettet for 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Budsjettet er auka med kr 525 000 i samband med innføring av meirverdiavgift på tenester, innføring av direkte refusjon av sjukepengar for statlege verksemder og innsparing ved effektivisering av statlege innkjøp, sjå Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

  • Utgiftspost 21 er oppjustert med 1 mill. kroner, sjå parallell oppjustering av inntektspost 01 under kap. 3273.

Kapitlet finansierer drift av:

  • Kunsthøgskolen i Oslo

  • Kunsthøgskolen i Bergen

Kunsthøgskolen i Oslo er inndelt i avdeling Statens kunstakademi, avdeling Statens handverks- og kunstindustriskole, avdeling Statens balletthøgskole, avdeling Statens operahøgskole og avdeling Statens teaterhøgskole, samt Felles­sekretariatet ved Statens balletthøgskole og Statens operahøgskole. Kunsthøgskolen i Bergen er inndelt i Avdeling for design, Avdeling for spesialisert kunst og Avdeling kunstakademiet.

Resultatrapport for 2000-01

Kunsthøgskolen i Oslo har studium innanfor farge, tekstil, klede og kostyme, metall, keramikk, innreiingsarkitektur og møbeldesign, visuell kommunikasjon, grafikk, maleri, skulptur, rader, litografi, foto og elektroniske medium. Scenekunstavdelingane utdannar skodespelarar, sceneinstruktørar, dansarar, koreografar og pedagogar innanfor ballett, samt gir utdanning i operafag.

Kunsthøgskolen i Bergen gir undervisning innan­for biletkunst, fotografi, grafikk, keramikk, tekstil, visuell kommunikasjon, interiørarkitektur og møbeldesign, samt to- og tredimensjonal kunst.

Studenttal i 2000

Institusjon/avdeling

Opptak

Måltal studentar

Registrerte studentar

Kunsthøgskolen i Oslo

Avdeling Statens handverks- og kunstindustrihøgskole

111

265

303

Avdeling Statens kunstakademi

37

105

107

Avdeling Statens teaterhøgskole

10

30

31

Avdeling Statens balletthøgskole

22

40

50

Avdeling Statens operahøgskole

4

12

12

Sum Kunsthøgskolen i Oslo

184

452

503

Kunsthøgskolen i Bergen

Avdeling for design

40

95

97

Avdeling for spesialisert kunst

48

100

114

Avdeling kunstakademiet

22

60

66

Sum Kunsthøgskolen i Bergen

110

255

277

Sum kunsthøgskolar

294

707

780

Kilde: For registrerte studentar og opptak: DBH.

Både Kunsthøgskolen i Oslo og Kunsthøgskolen i Bergen oppfylte i 2000 måltalet for studentar samla sett. Dette gjeld også ved alle avdelingar.

Kandidattal i 2000

Institusjon/avdeling

Måltal kandidatar

Uteksaminerte kandidatar

Kunsthøgskolen i Oslo

Avdeling Statens handverks- og kunstindustrihøgskole

106

118

Avdeling Statens kunstakademi

25

24

Avdeling Statens teaterhøgskole

10

13

Avdeling Statens balletthøgskole

13

13

Avdeling Statens operahøgskole

4

3

Sum Kunsthøgskolen i Oslo

158

171

Kunsthøgskolen i Bergen

Avdeling for design

35

30

Avdeling for spesialisert kunst

37

28

Avdeling kunstakademiet

15

10

Sum Kunsthøgskolen i Bergen

87

68

Sum kunsthøgskolar

245

2391

1Av desse er 86 hovudfagskandidatar.

Kilde: For uteksaminerte kandidatar: DBH.

Kunsthøgskolen i Oslo oppfylte måltalet samla sett for kandidatar i 2000.

Kunsthøgskolen i Bergen oppfylte ikkje måltalet samla sett for kandidatar i 2000. Dette gjeld for alle avdelingane.

Våren 2000 vart det utarbeidd ein rapport om økonomien ved kunsthøgskolane i perioden 1990 til 1999. Rapporten viste at begge kunsthøgskolane har hatt ein realvekst i budsjettrammene i denne perioden. Rapporten viste i tillegg at Kunsthøgskolen i Oslo hadde større ressursar per student enn Kunsthøgskolen i Bergen i perioden, jf. omtale under Budsjettforslag for 2002.

I Budsjett-innst. S. nr. 12 (2000-01) ber Stortinget om at departementet set kunstutdanningane sine ansvars- og arbeidsoppgåver inn i eit langsiktig og heilskapleg utdanningspolitisk perspektiv. I samband med St.meld. nr. 27 (2000-01) og Stortingets behandling av denne, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-01), blei Regjeringa bedt om å komme attande til Stortinget med spørsmål knytte til eventuelle omlegginger av profesjonsstudia, mellom anna kunstutdanningane.

Kunsthøgskolen i Oslo

Kunsthøgskolen oppretta i 1999 eit eige FoU-utval som skal planleggje eit FoU-program for våren og hausten 2000. I 2000 gjekk om lag 2/3 av kunsthøgskolen sine strategimidlar til FoU-formål, inkludert leige av det internasjonale atelieret i New York. Til saman seks tilsette ved avdeling Statens handverks- og kunstindustriskole har teke del i organiserte doktorgradsstudium, likeins fem ved Arkitekthøgskolen i Oslo og ein ved Universitetet i Oslo. To av desse stipenda er finansierte gjennom Noregs forskingsråd, dei andre er internt finansierte. Dei tilsette ved høgskolen har publisert tolv faglege avhandlingar og artiklar, og har delteke i produksjon av fem fag- og lærebøker. Vidare har tilsette hatt fleire innanlandske òg utanlandske utstillingar. Av offentlege utsmykkingsoppdrag kan nemnast utsmykking av Sentralsjukehuset i Akershus, Hamar Torg og Rikshospitalet i Oslo. For tilsette ved scenekunstutdanningane er mykje av det faglege utviklingsarbeidet knytt til utvikling og produksjon av framsyningar og utstillingar.

Kunsthøgskolen i Bergen

Kunsthøgskolen i Bergen starta i 1999 eit arbeid med klarare fokusering på FoU-arbeidet på tvers i institusjonen. Resultata av dei første forprosjekta blei publiserte våren 2000. Kunsthøgskolen har inngått ein intensjonsavtale med Universitetet i Bergen om eit samarbeid innanfor dr.art.-programmet ved Det historisk-filosofiske fakultet. Kunsthøgskolen prioriterte studiekvalitetsarbeid i 2000, og på hausten vart det arrangert Fagkritiske dagar for å prøve ut nye former for studie­evaluering og kvalitetssikring. Kunsthøgskolen i Bergen har gitt ut fire publikasjonar. Kunsthøgskolen i Bergen har også store utstillingar for avgangsstudentane. Av utsmykkingsoppdrag kan nemnast utsmykkinga av fondvegg i Utanriksdepartementet.

Kunsthøgskolen arbeider systematisk med internasjonalisering, og er blant dei beste når det gjeld studentutveksling.

Resultatmål for 2002

Kunsthøgskolane må prioritere gjennomføringa av dei tiltaka knytte til realiseringa av Kvalitetsreforma som også gjeld kunsthøgskolane. Gjennomføringa må skje innan dei fristane som er fastsette av Regjering og Storting, jf. St.meld. nr. 27 (2000-01) og Stortingets handsaming av denne, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-01). Kunsthøgskolane vil ikkje vere inkluderte i det nye finansieringssystemet for universitet og høgskolar allereie frå 2002, jf. omtale av nytt finansieringssystem under kategori 07.60.

Kunsthøgskolane skal vere i front på sine fagområde. På grunn av samorganiseringa av dei tidlegare kunstfaglege høgskolane er det forventa eit breiare og styrkt kunstfagleg miljø ved dei nye institusjonane. Departementet føreset dessutan at samorganiseringa skal gi effektiviseringsgevinstar.

Det er forventa ei opptrapping av utviklingsarbeidet i samband med stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid. Departementet ser det som viktig at stipendiatstillingane blir nytta så snart som mogleg.

Departementet ser det som viktig at kunsthøgskolane held fram med sitt internasjonale engasjement, mellom anna gjennom deltaking i samarbeidsprogram.

Departementet føreset at høgskolane held oppe nivået på den oppdragsverksemda som blir rekneskapsført over statsbudsjettet.

Følgjande måltal for registrerte studentar og uteksaminerte kandidatar vil bli lagde til grunn for 2001 og 2002:

Måltal for registrerte studentar og uteksaminerte kandidatar

Institusjon/avdeling

Måltal studentar

Måltal kandidatar

2001

2002

2001

2002

Kunsthøgskolen i Oslo

Avdeling Statens handverks- og kunstindustrihøgskole

265

265

118

118

Avdeling Statens kunstakademi

105

105

25

25

Avdeling Statens teaterhøgskole

30

30

10

10

Avdeling Statens balletthøgskole

40

40

15

15

Avdeling Statens operahøgskole

12

12

4

4

Sum Kunsthøgskolen i Oslo

452

452

172

172

Kunsthøgskolen i Bergen

Avdeling for design

95

95

36

36

Avdeling for spesialisert kunst

100

100

38

38

Avdeling kunstakademiet

60

60

15

15

Sum Kunsthøgskolen i Bergen

255

255

89

89

Sum kunsthøgskolar

707

707

261

261

Budsjettforslag for 2002

Departementet har i samsvar med merknaden i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2000-01) oppretthalde opsjonen for byggjetrinn 2 for Kunsthøgskolen i Oslo. Det er sikra tomt som Kunsthøgskolen i Bergen kan samlokaliserast på.

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2001 blei ramma til dei to høgskolane auka. Midlane er vidareført i 2002.

Departementet foreslår å auke løyvinga til dei to høgskolane med samla 4 mill. kroner i 2002. For å jamne ut skilnaden i løyvingsnivå mellom dei to kunsthøgskolane blir det foreslått at midlane blir fordelte med 2,5 mill. kroner til Kunsthøgskolen i Bergen og 1,5 mill. kroner til Kunsthøgskolen i Oslo.

Eit stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid er under utforming i tråd med Innst. S. nr. 110 (1999-2000), St.meld. nr. 39 (1998-99) Forskning ved eit tidsskille og etter forslag frå ei arbeidsgruppe med representantar frå kunsthøgskolane i Bergen og Oslo og Noregs musikkhøgskole. Fire stipendiatstillingar blir oppretta i 2002, og ein legg opp til ei opptrapping i dei neste åra. Det er òg knytt programstøtte til rekrutteringsstillingane. Programstøtta skal nyttast til å rekruttere rettleiarar, utvikle rettleiingskompetanse i miljøa, bedømme stipendiatane sin sluttkompetanse, støtte stipendiatane sine prosjekt og byggje opp eit system og nettverk knytte til utveksling av kunnskap og kompetanse nasjonalt og internasjonalt. Programmet skal føre stipendiatane fram til ein kompetanse som svarer til doktorgrad.

Post 01 Driftsutgifter

Fordeling av driftsmidlar og inntektsbeløp (i 1 000 kroner)

Institusjon

Kap. 273 post 01

Kap. 273 post 21

Kap. 3273 post 01

Kap. 3273 post 02

Kunsthøgskolen i Oslo

107 451

709

725

2 988

Kunsthøgskolen i Bergen

54 449

698

705

1 374

Sum

161 900

1 407

1 430

4 362

Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3273 postane 02, 06 og 11, sjå forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten gjeld lønn (inkl. trygd) og driftsmidlar til oppdragsforsking som blir finansiert av inntekter under kap. 3273 post 01. Tilsetjing i slike stillingar skal berre gjelde for den perioden den eksterne finansieringskjelda dekkjer lønnsutgiftene.

Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3273 post 01, sjå forslag til vedtak II nr. 2.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten gjeld løyving til vitskapleg utstyr og til kjøp av utstyr og inventar til bygg, samt større vedlikehalds- og ombyggingsarbeid. I 1999 vart det inngått ein avtale med ein privat utbyggjar om lokale til Kunsthøgskolen i Oslo i Seilduksfabrikken ved Akerselva. Førebels kostnadsramme for prosjektet er om lag 400 mill. kroner. Øyremerkt utstyrsramme er lagd inn med 30 mill. kroner i 2002.

Kap. 3273 Statlege kunsthøgskolar (jf. kap. 273)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Inntekter frå oppdrag

1 630

430

1 430

02

Salsinntekter o.a.

3 338

4 235

4 362

15

Refusjon for arbeidsmarknadstiltak

350

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

338

17

Refusjon for lærlingar

25

18

Refusjon av sjukepengar

1 909

Sum kap. 3273

7 590

4 665

5 792

I høve til budsjettet for 2001 er det gjort følgjande tekniske endring:

  • Inntektspost 01 er oppjustert med 1 mill. kroner, jf. parallell oppjustering av utgiftspost 21 under kap. 273.

På post 02 skal det, utanom salsinntekter frå sal av materiell til studentar m.m., førast leigeinntekter som skal dekkje reinhald, vakthald og andre utgifter ved tilfeldig utleige av lokale. Også faste leigeinntekter kan førast på post 02.

Kap. 274 Statlege høgskolar (jf. kap. 3274)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

5 383 780

5 398 305

3 972 755

21

Særskilde driftsutgifter

307 514

237 361

192 629

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

166 519

237 266

133 056

50

Statstilskott

1 805 542

70

Tilskott

6 909

7 116

7 329

Sum kap. 274

5 864 722

5 880 048

6 111 311

I høve til statsbudsjettet for 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Utgiftsløyvingane på postane 01 og 21 er oppjusterte med respektive 15 mill. kroner og 40 mill. kroner, sjå ein parallell auke i inntektsløyvingane under kap. 3274 postane 01 og 02.

  • Post 01 er nedjustert med 285 000 kroner i samband med at midlar til ei stilling er overført frå Høgskolen i Vestfold til Statens utdanningskontor i Vestfold og ei stilling (50 pst.) er overført frå Statens utdanningskontor i Nord-Trøndelag til Høgskolen i Nord-Trøndelag, jf. kap. 203.

  • Post 21 er nedjustert med 6 mill. kroner i samband med at verksemda ved Avdeling for sikkerhetsopplæring ved Høgskolen Stord/Haugesund blir overført til ResQ AS, sjå ei parallell reduksjon i innteksløyvinga under kap. 3274 post 01.

  • I samband med overgang til nettobudsjettering for høgskolane i Agder, Bodø, Stavanger og Oslo er utgiftsløyvingane samla på ny post 50. Innteksløyvingane under kap. 3274 er trekte ut, og utgiftsløyvingane er reduserte tilsvarande.

  • Budsjettramma på kap. 274 er oppjustert med omlag 24 mill. kroner i samband med kompensasjon til statleg forvaltning for innføring av meirverdiavgift på tenester og innsparing ved effektivisering av statlege innkjøp, sjå Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

  • Budsjettramma på kap. 274 er redusert med 6 mill. kroner i samband med omlegging til direkte refusjon av sjukepengar i statlege verksemder, sjå Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

Kapitlet omfattar:

  • drift av 26 statlege høgskolar

  • kurs i regi av sekretariatet for Noregsnettrådet

  • tilskott til Ole Bull-akademiet på Voss

  • tilskott til Høgskolestiftelsen på Kjeller

  • tilskott til Det norske studiesenteret i Storbritannia

Resultatrapport 2000-01

Hausten 2000 var det registrert totalt 75 315 studentar ved dei statlege høgskolane. Dette er ein auke frå 74 844 året før. Tabellen nedanfor gir ein oversikt over måltal og registrerte studentar ved dei enkelte institusjonane i 2000.

Oversikt over student- og kandidattal/årseksamenar

Høgskole

Måltal studentar 2000

Registrerte studentar 20001

Måltal studentar 2001

Registrerte kandidattal 2000

Avlagde årseksamenar 2000

Sámi allaskuvla/ Samisk høgskole

165

117

165

16

44

Agder

6 099

6 222

6 119

1 504

744

Akershus

1 970

2 006

1 975

577

498

Bergen

4 676

4 737

4 646

1 051

353

Bodø

3 258

3 644

3 242

820

330

Buskerud

1 941

2 017

2 011

385

256

Finnmark

1 922

1 641

1 857

357

234

Gjøvik

1 372

1 300

1 392

258

71

Harstad

1 154

1 016

1 159

199

77

Hedmark

3 787

3 907

3 727

880

295

Lillehammer

1 880

1 911

1 850

617

440

Molde

1 404

1 424

1 389

227

219

Narvik

882

1 041

882

172

47

Nesna

937

950

915

220

101

Nord-Trøndelag

2 995

2 597

2 975

601

333

Oslo

8 237

7 878

8 308

1 970

491

Sogn og Fjordane

2 463

2 293

2 423

612

344

Stavanger

6 177

6 010

6 168

1 369

452

Stord/Haugesund

2 041

2 111

2 013

469

137

Sør-Trøndelag

5 526

5 630

5 656

1 318

505

Telemark

4 287

3 869

4 242

955

676

Tromsø

2 325

2 223

2 292

415

256

Vestfold

2 642

2 773

2 649

613

250

Volda

2 176

2 345

2 161

469

546

Østfold

3 581

3 709

3 581

829

349

Ålesund

1 217

1 177

1 177

259

47

Delsum

75 114

74 548

74 974

17 163

8 095

Anna2

598

792

598

237

Sum

75 712

75 315

75 572

17 163

8 332

1Tala representerer heiltidsekvivalentar som høgskolane finansierer. I tillegg har dei statlege høgskolane 1 522 heiltidsekvivalentar som er 100 pst. eksternt finansierte.

2Omfattar kandidatar på program som ikkje er på høgskolenivå, forkurs for ingeniørutdanning etc.

Kilde: For registrerte studentar, kandidatar og avlagde årseksamenar: DBH.

Samla vart det i 2000 teke opp 36 117 studentar til dei ulike tilboda ved høgskolane. I 1999 var det tilsvarande talet 34 401 studentar. Ved dei prioriterte helsefaglege utdanningane er rekrutteringa god. Opptaket til desse utdanningane ligg jamt over høgare enn måltalet. Nedgangen i rekrutteringa til førskolelærarutdanninga held fram, men nedgangen er kompensert ved mellombels omdisponeringar av studieplassar til mellom anna allmennlærarutdanning, faglærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning. Opptaket til ingeniørutdanningane ligg framleis lågt, og er ytterlegare redusert i forhold til 1999. Det same mønsteret viser også rekrutteringa til maritim utdanning. Tabellen nedanfor gir ein oversikt over kandidat- og opptakstal for dei ulike utdanningane. Det er i 2000 registerert 17 163 kandidatar og til saman 8 095 årseksamenar innanfor dei ulike studia/faga ved høgskolane. Samanlikna med 1999 er kandidatproduksjonen noko redusert, mens tal på årseksamenar har auka.

Oversikt over kandidat- og opptakstal fordelte på kategoriar for utdanning1

Kategoriar for utdanning

Registrert kandidattal 2000

Registrert2 opptakstal 2000

Måltal opptak 2000

Måltal opptak3 2001

Sjukepleiarutdanning

2 818

3 522

3 459

3639

Fysioterapiutdanning

256

317

303

303

Ergoterapiutdanning

155

235

178

208

Bioingeniørutdanning

196

269

239

239

Radiografutdanning

90

201

204

1849

Reseptarutdanning

27

61

60

60

Audiografutdanning

18

23

20

20

Vernepleiarutdanning

496

801

799

769

Sosionomutdanning

594

761

657

657

Ortopediingeniørutdanning4

10

16

Døvetolkutdanning

11

15

32

32

Tannpleiarutdanning

8

9

12

12

Tannteknikarutdanning5

26

30

Barnevernspedagogutdanning

528

712

640

640

Allmennlærarutdanning

1 948

2 991

2 645

2 735

Førskolelærarutdanning

2 343

1 472

2 680

1 922

Faglærarutdanning

232

588

Praktisk-pedagogisk utdanning

806

755

Bibliotekarutdanning

88

131

136

136

Journalist-/fotoutdanning

173

208

200

19710

Ingeniørutdanning

1 746

3 084

3 519

3 379

Maritim utdanning

65

150

245

245

Sivilingeniørutdanning

204

432

475

Siviløkonomutdanning

273

285

216

Høgskolekandidatutdanning6

3 013

5 728

Hovudfag

175

438

Examen philosophicum

889

938

Årseining/grunnfag/halvårseining/mellomfagstillegg/vidareutdanning7

8 095

11 956

Anna8

237

651

1 I tillegg er det registrert studentar ved enkelte av dei nemnde utdanningskategoriane på private høgskolar, universitet og vitskaplege høgskolar.

2Tal for opptak gjeld heiltidsekvivalentar og ikkje personar.

3Ved fastsetjing av måltal for opptak er det ikkje teke omsyn til mellombels omdisponering av studieplassar. Departementet fastset ikkje måltal for opptak på faglærarutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning, høgskolekandidatutdanning, hovudfag, examen philosophicum, årseiningar, grunnfag, halvårseiningar, mellomfagstillegg og vidare utdanningar.

4For ortopediingeniørutdanninga er måltal opptak auka frå tolv til 16 studentar. Utdanninga har opptak kvart tredje år.

5Høgskolen i Oslo har ikkje opptak i tannteknikarutdanninga i 2001.

6 Høgskolekandidatutdanning er to- og treårige utdanningar som gir rett til tittelen høgskolekandidat, men denne kategorien omfattar også fleirårige grunnutdanningar som ikkje gir denne retten, og som elles ikkje er spesifiserte som yrkesutdanningar eller tilhører kategorien vidareutdanning.

7Kandidattal for kategorien årseining/grunnfag m.m. er rekna om til årseksamen (avlagde 20-vekttalseiningar).

8Kategorien «anna» omfattar kandidatar på program som ikkje er på høgskolenivå, forkurs for ingeniørutdanning, etc.

9Talet inkluderer opptak av 20 heiltidsekvivalentar i eit prøveprosjekt med radiografutdanning på Gjøvik.

10Talet inkluderer opptak av tolv studentar på fotojournalistutdanninga ved Høgskolen i Oslo. Samisk høgskole har ikkje opptak av studentar til journalistutdanninga i 2001.

Kilde: For registrerte kandidattal og registrerte opptakstal: DBH.

Undervisning

Dei statlege høgskolane har ulike fleirårige yrkesretta utdanningar, fagstudium med ei lengd på eit halvt til halvanna år, og ei rekkje vidareutdanningstilbod. Nokre høgskolar har hovudfagstilbod innanfor særskilde fagfelt, og enkelte har sivilingeniør- eller siviløkonomutdanning. Tre høgskolar har rett til å tildele doktorgrad innanfor særskilde fagområde.

Regjeringa foreslo å redusere talet på studieplassar ved dei statlege høgskolane med 1 435 i 2001, jamfør St.prp. nr. 1 (2000-01). I Budsjett-innst. S. nr. 12 (2000-01) vedtok Stortinget at delar av reduksjonen i talet på studieplassar skulle reverserast. Som ei oppfølging av Stortinget sitt vedtak blei 1 000 studieplassar førte tilbake til dei statlege høgskolane. Av desse er 546 ei reversering av reduksjonen i talet på studieplassar, medan 454 studieplassar er tilbakeførte og omdisponerte mellom fag og/eller høgskolar.

I perioden 1997 til 2001 har tildeling av studieplassar innanfor helsefag- og IT-utdanningar vore prioriterte.

For helsefagutdanningar, som vernepleiar-, sjukepleiar-, reseptar- og radiografutdanninga, har opptakskapasiteten auka med respektive 46 pst., 15 pst., 181 pst. og 48 pst. i denne perioden.

I 2000 blei det oppretta 20 studieplassar for å auke opptaket til radiografutdanninga ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. For å auke kapasiteten på radiografutdanninga ytterlegare etablerte departementet i samarbeid med Sosial- og helsedepartementet ei mellombels grunnutdanning i radiografi ved Høgskolen i Gjøvik med Høgskolen i Bergen som fagleg ansvarleg. Det vil bli teke opp to kull studentar i perioden 2000-06.

I 2001 vart opptaket til sjukepleiar- og ergoterapeututdanninga auka med respektive 165 og 30 studieplassar. I tillegg fekk Høgskolen i Nord-Trøndelag 30 plassar til ny reseptarutdanning.

Ny rammeplan for sjukepleiarutdanning vart innført frå hausten 2000. Den nye rammeplanen inneber ein auke i omfanget av ekstern praksis frå 20 til 25 vekttall. Vidare blir dei medisinsk-naturvitskaplege emna styrkte. For å dekkje meirkostnadene ved utvida praksis vart det løyvd 9 mill. kroner på budsjettet for 2001.

Som ei oppfølging av utgreiinga frå Noregsnettrådet av alternative modellar for framtidig utdanning av radiografar og stråleterapeutar, vart dei bedriftsinterne vidareutdanningane i stråleterapi overførte til høgskolane i 2000/01. Studiet er organisert i modular som eit oppdragsstudium.

Stortinget vedtok i 1998 å overføre dei tidlegare bedriftsinterne vidareutdanningane for sjukepleiarar til høgskolesystemet som oppdragsundervisning. I samband med budsjetthandsaminga for 2001 bad Stortinget om ei vurdering av erfaringane med denne overføringa. I Budsjett-innst. S. nr. 11 (2000-01) frå sosialkomiteen heiter det m.a.:

Fra fylkeskommuner hvor ordningen med etterutdanning via høgskolesystemet er etablert, er komiteen kjent med at det til dels er store variasjoner med hensyn til varigheten av denne etterutdannelsen, og den varierer mellom 60-74 uker. Komiteen vil presisere at intensjonen ved å overføre etterutdannelsen til høgskolesystemet var å sikre god kvalitet, nasjonal standard og utdanningskapasitet, uavhengig av de enkelte fylkeskommuners økonomi.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Sosial- og helsedepartementet har, så langt det er mogleg så kort tid etter at overføringa er gjennomført, vurdert om overføringsmodellen som Stortinget vedtok, fungerer etter intensjonane. For å sikre nasjonal standard og fagleg nivåheving vart det i 1999 utarbeidd detaljerte og forpliktande nasjonale rammeplanar. Rammeplanane fastset m.a. at utdanningane med unntak for kreftomsorg skal ha ei lengd på halvanna år, som svarer til om lag 60 veker. Det blir ikkje vurdert som uheldig eller i strid med regelverket at utdanningane enkelte stader strekkjer seg over fleire veker. Erfaringane så langt viser vidare at opp­taks­kapasiteten ikkje har gått ned.

Om intensjonane ved overføringa er oppnådde, er også avhengig av om kvaliteten på utdanningstilboda er blitt betre. Det er for tidleg å vurdere kvaliteten på dei spesialsjukepleiarane som blir utdanna etter det nye systemet. Etter departementet si vurdering vil det samla sett ikkje vere formålstenleg å foreslå at Stortinget gjer om sitt vedtak om overføring.

For å dekkje behovet for IT-personell i arbeidsmarknaden har opptaket til 2- og 3-årige høgskolekandidatutdanningar i IT auka monaleg frå 1997. I 2001 er opptakskapasiteten auka med 60 nye plassar.

Ved Høgskolen i Gjøvik er det etablert sivilingeniørstudium (2-årig påbygging) i elektronisk publisering og multimedieteknikk, førebels med fagleg ansvar lagt til Kungliga Tekniska Högskolan i Stockholm. Høgskolen tek opp 30 studentar årleg frå hausten 2001. Høgskolen i Buskerud fekk i 2001 20 studieplassar for å auke opptaket til 2-årig studium i visuell kommunikasjon.

Det har i fleire år vore problem med å rekruttere studentar til ingeniørutdanninga. Søkinga til opptaket hausten 2001 ligg på nivå med fjorårets. Det er relativt få som har søkt opptak på bakgrunn av realkompetanse. Høgskolane held fram med aktiv rekruttering i samarbeid med arbeids- og næringslivet, og ei rekkje høgskolar tilbyr eigne forkurs for søkjarar som ikkje har god nok realfagleg bakgrunn for opptak.

I 2000 vart det gitt tilsegn om 4,5 mill. kroner fordelte over tre år til etablering av eit nasjonalt senter for rekruttering til naturvitskaplege og teknologiske fag (RENATE). I 2001 vart det løyvd 8 mill. kroner til rekrutteringstiltak i ingeniørutdanninga til mellom anna etablering av ti nye forkursklassar. Nokre midlar vart også kanaliserte til RENATE for at senteret i samarbeid med høgskolane som har knutepunktfunksjon innanfor ingeniø­rutdanning, skal ta ansvar for å styrkje rekrutteringsarbeidet inn mot dei ordinære linjene i ingeniørutdanninga. Tiltaka blir førte vidare i 2002.

I samsvar med St.meld. nr. 12 (1999-2000) …og yrke skal båten bera... Handlingsplan for rekruttering til læraryrket, jf. Innst. S. nr. 120 (1999-2000), har departementet lagt til rette for at høgskolane i Oslo og Nesna kan gi oppfølgingstilbod for nyutdanna lærarar som ei forsøksordning. Som ein del av oppfølginga av stortingsmeldinga sette departementet av 30 mill. kroner årleg til ei 4-årig satsing på IKT i lærarutdanninga. Satsinga blir ført vidare i 2002, sjå omtale under kap. 281. Departementet har tildelt 7 mill. kroner til tiltak til kompetanseutvikling for fagpersonell i lærarutdanninga og 2 mill. kroner til høgskolane med lærarutdanning for å arbeide med tiltak retta mot den første lese-, skrive- og rekneopplæringa. I samarbeid med Barne- og familiedepartementet og Kyrkje,- utdannings- og forskingsdepartementet har høgskolane i Sogn og Fjordane og Tromsø hausten 2001 etablert eit tilbod i vidareutdanning i pedagogisk utviklingsarbeid for førskolelærarar i barnehagen.

Høgskolen i Oslo har søkt om oppretting av mastergradsstudium i fredsbygging og konflikttransformasjon. Søknaden er sendt til Noregsnettrådet for fagleg vurdering.

Ei arbeidsgruppe med medlemmer frå dei fire institusjonane som har tilbod om høgare skogutdanning, la vinteren 2001 fram ein rapport om dimensjonering av høgare skogutdanning i Noreg. Dei fire institusjonane er høgskolane i Nord-Trøndelag, Hedmark og Gjøvik samt Noregs landbrukshøgskole. Utgangspunktet for arbeidet var at det er ein stor overkapasitet på studieplassar innanfor skogfag, og konklusjonen frå arbeidet var at to av utdanningsinstitusjonane bør leggje ned sine tilbod frå og med hausten 2002. Departementet har behandla rapporten nøye, og vurdert høringsfråsegner og synspunkt frå ulike fagmiljø og regionale og lokale politiske aktørar. Det har òg vore gjennomført møte med dei tre statlege høgskolane der alle har fått lagt fram sine synspunkt. Departementet har på grunnlag av det innhenta materialet og ein grundig vurderingsprosess komme til at det er Høgskolen i Hedmark sitt tilbod som bør oppretthaldast.

Det er i høve til forsøksparagraf 2a i universitets- og høgskolelova ei rekkje institusjonar som har fått dispensasjon for tidsavgrensa forsøksordning. I 2000/01 har departementet godkjent forsøksverksemd som gjeld alternative evalueringsformer, organisering, styringsordning og opptak etter realkompetanse. Departementet legg vekt på overføring av erfaring ved forsøk, og det er ein føresetnad at høgskolane evaluerer forsøksverksemda og sender rapport til departementet. Det er sett i gang flest forsøk med opptak på grunnlag av realkompetanse. Hausten 2000 vart lova endra slik at alle institusjonane no kan gi opptak til ein­skilde studium på grunnlag av realkompetanse.

Studiegjennomføring

Gjennomstrøyminga av studentar er generelt sett god ved dei statlege høgskolane. Men talet for uteksaminerte kandidatar på fagområde og tal for avlagde vekttal viser at studiegjennomføringa varierer mellom fag og institusjonar. Innanfor dei prioriterte yrkesutdanningane skil sjukepleiarutdanninga seg ut med særleg gode kandidattal. Einskilde helsefaglege utdanningar og særleg ingeniørutdanningane har noko lågare kandidattal samanlikna med måltala for kandidatar ved desse utdanningane i 2000.

St.meld. nr. 27 (2000-01) legg opp til større vekt på resultatbaserte løyvingar til utdanningsinstitusjonane. I samband med innføring av nytt finansieringssystem for institusjonane innanfor høgre utdanning vart det våren 2001 nedsett ei arbeidsgruppe som har sett nærmare på rapportering av vekttal frå statlege høgskolar og vurdert samordning av rapportering av studentdata for høgskole- og universitetssektoren. Arbeidet som er lagt ned i denne arbeidsgruppa, har som siktemål å betre kvaliteten på rapporteringa av tal på avlagde vekttal ved høgskolane frå og med 2000.

Effektivitet og produktivitet i den statlege høgskolesektoren

Som ei oppfølging av St.meld. nr. 26 (1998-99) Om økonomien i den statlege høgskolesektoren la departementet opp til å føre vidare analysearbeidet av økonomiske forhold i høgskolesektoren. Frischsenteret for samfunnsøkonomisk analyse har i samband med dette fått i oppdrag å gjennomføre ein effektivitets- og produktivitetsstudie av den statlege høgskolesektoren, og har avlagt rapport i 2001.

Desentraliserte studietilbod

For omtale av Studiesenteret Finnsnes og ein omtale av desentraliserte studietilbod blir det vist til omtale under kap. 254 post 72 og programkategori 07.60.

FoU-verksemd

Dei statlege høgskolane har ei særskild oppgåve når det gjeld kompetanseutvikling og nyskapande verksemd i regionane. På enkelte område har høgskolane i tillegg eit nasjonalt ansvar for å ut­vikle spesialkompetanse av høg standard, for eksempel knytt til yrkesutdanningar eller område der dei kan tildele doktorgrad.

Det er store variasjonar i omfanget av FoU-verksemd mellom høgskolar og mellom ulike fagområde. Det blir forska mest ved dei økonomisk-administrative faga og samfunnsfag, mens det blir forska minst innanfor ingeniørfaga. Dette har mellom anna samanheng med at dei forskjellige institusjonane har ulik aktivitetsprofil, og at kompetansenivået til dei fagleg tilsette er ulikt. Fleirtalet av høgskolane har no utarbeidd eigne FoU-strategiar for å utvikle ein profil på dette området. Høgskolane har også etablert særskilde kompetansehevingstiltak for personalet.

Dei statlege høgskolane skal spele ei viktig rolle i regionale innovasjonsprosessar. Det er derfor viktig at dei utnyttar moglegheitene som ligg i MOBI-programmet til Forskingsrådet, sjå omtale under programkategori 07.60. Dei statlege høgskolane kan også styrkje FoU-verksemda innanfor skole- og helse- og sosialsektoren ved å utnytte KUPP-programmet til Forskingsrådet, sjå omtale under programkategori 07.60.

Eksternt finansiert verksemd

Statsrekneskapen for 2000 viser at om lag 5,4 pst. av dei totale driftsutgiftene ved høgskolane er knytte til eksternt finansiert verksemd. Prosentdelen er auka samanlikna med 1999.

For høgskolane under dette kapitlet var det hausten 2000 registrert i alt 5 263 eksternt finansierte kursstudentar, rekna om til heiltidsekvivalentar. Desse kursstudentane er ikkje inkluderte i tabellen med oversikt over student- og kandidattal/årseksamen ved dei statlege høgskolane. Talet er om lag uendra frå året før.

Internasjonalisering

Alle dei statlege høgskolane er i ulik, men aukande grad med i internasjonalt utdanningssamarbeid. Dei aller fleste er aktive innanfor studentutveksling, til ein viss grad òg lærarutveksling, men i det store og heile er aktiviteten for låg. I snitt sender høgskolane langt fleire studentar ut på delstudium i utlandet enn dei tek imot på utvekslingsopphald ved eigen institusjon.

NORDPLUS og EU-programma SOKRATES og LEONARDO DA VINCI er viktige for det internasjonale utdanningssamarbeidet ved høgskolane. For nokre gjeld dette òg Barentssamarbeidet og Sentral- og Aust-Europa-programmet. I tillegg kjem EUs rammeprogram for forsking, andre EU-program og bilaterale avtalar mellom høgskolane og partnarar i andre land.

Bygg og lokale

Forslag til løyvingar til bygg for universitets- og høgskolesektoren vart frå 1998 førte på kap. 1580 Bygg utanfor husleigeordninga over budsjettet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Bygg innanfor husleigeordninga blir førte på kap. 2445 Statsbygg.

I St.prp. nr. 1 (2000-01) for budsjetterminen 2001 var det ein brei omtale av bygg og lokale i høgskolesektoren.

Nybygget for Høgskolen i Agder på Gimlemoen vart ferdigstilt sommaren 2001. Verksemda i Kristiansand er no samlokalisert, med unntak av musikkavdelinga i sentrum.

I 2001 vil følgjande nybygg bli tekne i bruk: nybygg ved Høgskolen i Nord-Trøndelag reist i samarbeid med Trøndelag kompetansesenter, nybygg til avdeling for sjukepleie på Kvam ved Høgskolen i Molde og tilbygg på Hamar til avdeling for lærarutdanninga ved Høgskolen i Hedmark.

Det blir arbeidd med sikte på å ferdigstille idrettsanlegg for Høgskolen i Telemark i Bø frå hausten 2002.

Resultatmål for 2002

Dei statlege høgskolane har eit særskilt ansvar for yrkesretta utdanningar innanfor Noregsnettet. Høgskolane har òg eit nasjonalt ansvar for å gi studietilbod og å halde ved lag og utvikle kompetanseprofil i særskilde fag. Vidare skal høgskolane drive forsking, utviklingsarbeid og anna fagleg verksemd som er særleg relevant for regionen dei hører til.

  • Dei statlege høgskolane må prioritere tiltak for å gjennomføre Kvalitetsreforma innanfor tidsrammer som er fastsette av Regjering og Storting, jf. St.meld nr. 27 (2000-01) og Stortinget si handsaming av meldinga, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-01).

  • Høgskolane som skal gå over til nettobudsjettering, må prioritere arbeidet med å utvikle vidare rutinar knytte til overgangen.

  • Dei statlege høgskolane må starte arbeidet med innføringa av den nye gradsstrukturen, som skal vere gjennomført innan studieåret 2003-04.

  • Dei statlege høgskolane må sørgje for rapporteringsrutinar som gir data av god kvalitet.

  • Dei statlege høgskolane må arbeide for å sikre kvalitet i alle delar av verksemda, mellom anna ved å utvikle gode interne rutinar for styring og samarbeid for å nå dei faglege målsetjingane.

  • Dei statlege høgskolane må prioritere tiltak og sørgje for at studentane kjem gjennom studia på normert tid.

  • Dei statlege høgskolane må leggje til rette for varierte studentaktive læringsformer, utvikle ein heilskapleg strategi som fremmar studiekvalitet og læringsmiljø, og utvikle studiekvalitet.

  • Dei statlege høgskolane må arbeide for å auke talet på lærarar og lærarstudentar som utdannar seg i sentrale skolefag, særleg realfag og språkfag.

  • Dei statlege høgskolane må styrkje arbeidet for å få eit aktivt samarbeid med statens utdanningskontor, kompetansesentra for spesialundervisning og skole-/barnehageeigar om opplegg for FoU-arbeid og etter- og vidareutdanning av lærarar, skoleleiarar og PP-teneste, jf. kap. 243, 226 og 202. Det er nødvendig å leggje til rette for både ei langsiktig og ei fleksibel organisering av samarbeidet med sikte på å utvikle eit praksisnært tilbod av høg kvalitet i høve til behov for Kompetanse i skolen og barnehagen.

  • Dei statlege høgskolane må framleis leggje vekt på å utvikle gode etter- og vidareutdanningstilbod for å kunne oppfylle rolla i samband med Kompetansereforma.

  • Departementet føreset at institusjonsstyret prio­riterer strategisk planlegging som ein del av det overordna ansvaret for utvikling av høgskolen. Omstilling av verksemda og fagleg koordinering med andre høgskolar er ein viktig del av den strategiske planlegginga.

  • Dei statlege høgskolane må halde fram med arbeidet med å utvikle eigne FoU-strategiar og styrkje FoU-veksemda. Departementet føreset at høgskolane tek på seg oppgåver innanfor både kompetanseutvikling og forskings- og utviklingsverksemd for å styrkje regionane ytterlegare. Det er derfor viktig at FoU-strategiane ved høgskolane blir utvikla i samarbeid med lokalt nærings- og samfunnsliv, mellom fagmiljøa ved høgskolane og med andre lærestader i Noreg og i utlandet.

  • Dei statlege høgskolane skal leggje vekt på tiltak for å sikre rekrutteringa av vitskapleg personale. Dette gjeld særleg kvinner. Høgskolane skal også leggje til rette for at dei fagleg tilsette kan utvikle kvalifikasjonane sine vidare gjennom forsking og anna utviklingsarbeid. Det er framleis behov for kompetanseheving av personale.

  • Omfanget av eksternt finansiert verksemd varierer mellom dei ulike høgskolane, når det gjeld både kursverksemd og FoU-aktivitetar. Høgskolane må arbeide for å auke den eksternt finansierte verksemda.

  • Dei statlege høgskolane må utarbeide internasjonale strategiar med mål som kan bli etterprøvde. Forpliktande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig.

  • Høgskolane må auke det internasjonale engasjementet i program som SOKRATES, LEONARDO DA VINCI og NORDPLUS og på grunnlag av avtalar med universitet i andre land.

  • Institusjonane skal ha utarbeidd handlingsplan for likestilling. I handlingsplanen skal det mellom anna setjast måltal for kvinnerepresentasjon i ulike stillingskategoriar og vere utarbeidd strategiar og tiltak for korleis måla blir oppnådde. Handlingsplanen må òg ha strategiar og tiltak retta mot menn. Til dømes er talet på kvinner i teknologiske fag og realfag i høgre utdanning og talet på menn i lærarutdanninga lågt.

  • Institusjonane skal ha handlingsplanar for funksjonshemma studentar.

For 2001 har departementet fastsett resultatmål for uteksaminerte kandidatar ved dei fleste yrkesretta utdanningane. Resultatmål for 2002 følgjer av tabellen nedanfor.

Oversikt over resultatmål for kandidattal fordelte på kategoriar for utdanning

Kategori for utdanning

Måltal kandidatar 2000

Registrerte kandidatar 2000

Måltal kandidatar 2001

Måltal kandidatar 2002

Sjukepleiarutdanning

2 857

2 818

3 149

3 149

Fysioterapiutdanning

288

256

288

288

Ergoterapiutdanning

170

155

170

170

Radiografutdanning

99

90

108

108

Reseptarutdanning

31

27

45

51

Audiografutdanning

18

18

18

18

Vernepleiarutdanning

500

496

888

759

Sosionomutdanning

624

594

624

624

Barnevernspedagogutdanning

615

528

615

615

Allmennlærarutdanning

2 327

1 948

2 327

2 327

Førskolelærarutdanning

2 575

2 343

2 610

2 546

Bibliotekutdanning

122

88

122

122

Journalistutdanning

173

173

164

190

Ingeniørutdanning

2 722

1 746

2 639

2 639

Tannpleiarutdanning

12

8

12

12

Maritim utdanning

173

65

184

184

Sivilingeniørutdanning

390

204

336

388

Siviløkonomutdanning

216

273

216

216

Kilde: For registrerte kandidatar: Databasen for høgre utdanning (DBH).

Budsjettforslag for 2002

Departementet foreslår at Høgskolen i Agder, Høgskolen i Bodø, Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Stavanger går over til nettobudsjettering frå og med 1. januar 2001, sjå forslag til vedtak IV nr. 4 og 6.

For omtale av nytt finansieringssystem for universitet og høgskoler, sjå programkategori 07.60.

Departementet foreslår å redusere talet på studieplassar ved universiteta og høgskolane med netto 2 948 i budsjettforslaget for 2002, jamfør omtale under programkategori 07.60. Talet på studieplassar blir redusert med 1 930. Samstundes er det oppretta 873 nye studieplassar ved dei statlege høgskolane.

Det er lagt inn midlar til å føre vidare auken i opptaket frå 2001 i mellom anna helsefag- og IKT-utdanningar. For å fullfinansiere kostnaden ved utvida praksis i sjukepleiarutdanninga er budsjettramma til dei statlege høgskolane auka med om lag 9,9 mill. kroner i tillegg til 9 mill. kroner som vart løyvde i 2001. Departementet meiner det er viktig at høgskolane gjør gode avtalar med praksisinstitusjonane.

På grunn av nedgang i talet på søkjarar er det registrert ledig kapasitet særleg i førskolelærar-, ingeniør- og maritim utdanning. Departementet legg derfor opp til å redusere opptakskapasiteten til desse utdanningane med respektive 385, 165 og 50 plassar. I tillegg foreslår departementet ein mindre reduksjon på andre yrkesutdanningar på til saman 100 plassar. Den resterande reduksjonen gjeld studietilbod der departementet ikkje har sett måltal for opptak.

90 studieplassar blir overførte frå Høgskolen i Sør-Trøndelag til Høgskolen i Molde i samband med at Høgskolen i Molde tek over ansvaret for vernepleiarutdanninga, som har vore lokalisert i Molde i dei siste åra. 20 plassar blir overførte frå Høgskolen i Bergen til Høgskolen Stord/Haugesund i samband med det 2-årige ingeniørstudiet i maskin og elektro.

Ordninga med omfordeling av midlar etter avlagde vekttal er ført vidare med 100 mill. kroner i budsjettet for 2002.

Departementet fører vidare sitt engasjement ved Høgskolen i Oslo når det gjeld Ressurssenter for kompetanseutvikling i den fleirkulturelle skolen.

I samband med at det i dei seinare åra har vore ei markant svikt i talet på søkjarar innanfor dei klassiske ingeniørutdanningane, gav Stortinget ei løyving på 8 mill. kroner i 2001 til ekstraordinære rekrutteringstiltak. Departementet fører denne satsinga vidare i 2002 og viser til at midlar til forkursklassane som vart oppretta i 2001, er lagde inn med verknad for heile året i budsjettet for 2002.

Departementet vil i løpet av 2002 leggje om dei nasjonale oppgåvene som Noregsnettrådet ved Statens lærarkurs har hatt for etter- og vidareutdanning av lærarar, sjå også kap. 281. Nasjonale vidareutdanningstilbod blir styrkte ved at SOFF får i oppgåve å koordinere utviklinga av fleksible studieopplegg, i første omgang i faga engelsk og matematikk. Høgskolen i Agder har fått i oppdrag å utvikle og koordinere eit landsdekkjande tilbud for etterutdanning innanfor pedagogisk og fagleg bruk av IKT for lærarar, mellom anna ved opplegg knytta til den første lese- og skriveopplæringa og matematikk, jamfør kap. 248. Departementet vil føre vidare internasjonale tilbod for lærarar mellom anna i framandspråk og tilbod til fagpersonalet i lærarutdanninga. Reorganiseringa av Statens lærarkurs sine nasjonale oppgåver innanfor etter- og vidareutdanning vil føre til at oppgåvene blir vidareført av mellom anna Læringssenteret, høgskolar og unviversitet. Nokre av ressursane vil bli brukte i lærarutdanninga.

I budsjettforslaget for 2002 er det sett av 30 mill. kroner til å dekkje meirkostnader ved desentraliserte studietilbod på kap. 274. Det er vidare sett av 6 mill. kroner til å dekkje meirkostnader ved desentralisert sjukepleiarutdanning på kap. 705 under Sosial- og helsedepartementet.

Løyvinga til forskingsprogrammet KUPP sitt arbeid innanfor skolerelatert arbeid blei i 2001 auka med 2 mill. kr. Denne satsinga blir i 2002 auka til 5 mill. kroner, sjå omtale under programkategori 07.60. Løyvinga til forskingsrådet sitt MOBI-program blir auka frå 1 til 2 mill. kroner i 2002. Vidare er det lagt inn 15 mill. kroner til strategisk FoU-verksemd i statlege høgskolar, sjå nærmare omtale under programkategori 07.60. Midlane går inn i eit nytt forskingsprogram for statlege høgskolar, administrert av Noregs forskingsråd.

I budsjettramma til høgskolane er det òg lagt inn om lag 63 mill. kroner som er knytte til innføring av Kvalitetsreforma. Desse midlane er i særleg grad knytte til utvikling av faste studieløp, omlegging til ny gradsstruktur, arbeid med å ta i bruk nye evalueringsformer og ei generell heving av kvaliteten på studietilboda. Vidare er det lagt inn 20 mill. kroner til særskilde omstillingsmidlar. Midlane skal brukast til å føre vidare dei omstillingsprosessane som høgskolane alt har sett i gang, men ein må òg sjå dette i samanheng med innføringa av Kvalitetsreforma. Det er i budsjettramma lagt inn midlar til heilårseffekten av tre kvinneprofessorat som vart oppretta i samband med Statsbudsjettet for 2001.

Midlar til dei 96 stipendiatstillingane som er finansierte over kap. 274, blir frå 2002 lagde inn i budsjettramma til den enkelte høgskolen. Denne omlegginga inneber at høgskolane i større grad vil kunne disponere rekrutteringsstillingar for å underbyggje strategiske satsingar. Fordeling av nye rekrutteringsstillingar vil bli vurdert i høve til fagområde.

Som oppfølging av Stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 2001 vart høgskolane tildelte midlar til seks stipendiatstillingar og to postdoktorstillingar. Midlane er lagde inn i budsjettrammene til høgskolane frå 2002.

I samband med oppfølginga av Revidert nasjonalbudsjett er i tillegg høgskolane tildelte midlar til 54 stipendiatstillingar og seks postdoktorstillingar over kap. 281. Rekrutteringsstillingane er lagde inn i budsjettramma til høgskolane med heilårsverknad frå neste år. Løyving per stilling er auka, jf. omtale under programkategori 07.60. Av desse er ei stipendiatstilling ved Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Nord-Trøndelag øyremerkte fagområdet menneskerettar. Regjeringa foreslår vidare at dei statlege høgskolane blir tildelte midlar til 42 nye stipendiatstillingar i 2002. Desse stillingane er òg finansierte med ein høgare sats og vil bli fordelte seinare. Sjå elles omtale under kap. 281. Budsjettramma er auka som følgje av husleige til nybygg for Høgskole i Agder.

Det er gjennomført eit forprosjektet for nybygg ved Høgskolen i Østfold i 2001. Prosjektet gjeld samlokalisering av verksemda på Remmen. Statsbygg har gjennomført ein risikoanalyse av prosjektet. Prosjektet går no inn i detaljprosjekteringsfasen. Departementet foreslår 7 mill. kroner til vidare detaljprosjektering og startløyving i 2002, sjå budsjettforslaget til Arbeids- og administrasjonsdepartementet (AAD) kap. 2445. Det blir utført ei ytterlegare kvalitetssikring av prosjektet. Departementet vil derfor komme tilbake til endeleg kostnadsramme. Regjeringa vil vidare komme tilbake med forslag om omdisponering av midlane frå kap. 2445 post 32 til kap. 2445 post 30.

Statsbygg har arbeidd med samlokalisering av Høgskolen i Akershus på Dampsagtomta i Lillestrøm. Det har mellom anna vore gjennomført ein arkitektkonkurranse og det er påløpt planleggingskostnader. Det har vore politisk press for å lokalisere høgskolen til Telenorbygget på Kjeller. Som ein del av vurderinga av lokaliseringa av Høgskolen i Akershus vildepartementet forhandle med Entra Eiendom AS om samlokalisering av høgskolen på Kjeller. Prosjektet krev ombygging og påbygging på eksisterande bygg. Høgskolen har behov for areal til om lag 2000 studentar og 250 tilsette. Dersom departementet vel å gå vidare med dette alternativet bør bygget kunne stå ferdig ved årsskiftet 2003/04 og lokale for sjukepleiarutdanninga til haustsemesteret 2002. Det ligg føre eit tilbod frå Entra Eiendom AS på 31,55 mill. kroner i samla husleige. Departementet vil komme tilbake til saka.

Det er foreslått løyvd 10 mill. kroner til Høgskolen i Oslo i 2002. Midlane skal gå til å prosjektere samling av Avdeling for sjukepleie til patologibygget i Pilestredet Park, jf. budsjettforslaget til Arbeids- og Administrasjonsdepartementet kap. 2445.

Nytt sentralbygg for Høgskolen i Stavanger vil bli på 13 700 kvm brutto. Forprosjektet vil truleg vere ferdig i september 2002, og utgiftene på om lag 9 mill. kroner vert finansierte på Arbeids- og Administrasjonsdepartementet sitt budsjettkapittel 2445 post 32.

Planlagt tilbygg og ombygging for Høgskolen i Nesna har eit omfang på 5100 kvm. Departementet vil komme tilbake til saka i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2002.

Det ligg føre planar om samlokalisering av Samisk høgskole og m.a. Nordisk samisk institutt i Kautokeino. Statsbygg vil stå for prosjekteringa av eit nytt bygg. Departementet vil komme tilbake til saka i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2002. Vi viser elles til merknad under kategori 13.40 i budsjettforslaget til Kommunal- og regionaldepartementet (KRD).

Det er gjennomført ei konsekvensutgreiing av samlokalisering av Høgskolen i Vestfold på Bakketeigen. I tråd med anbefalinga frå Vestfold fylkeskommune, går departementet inn for å oppretthalde tidligare vedtak om å samlokalisere alle avdelingar ved Høgskolen i Vestfold på Bakketeigen.

Fordeling av utgifts- og inntektsløyving. Tal i heile tusen.

Høgskole

Kap. 274 ramme post 01

Kap 274 ramme post 21

Kap. 274 ramme post 45

Kap. 274 ramme post 50

Kap. 3274 ramme post 01

Kap. 3274 ramme post 02

Sámi allaskuvla/ Samisk høgskole

23 086

3 321

777

3 366

662

Agder1

494 406

Akershus

144 332

3 676

3 812

3 793

3 608

Bergen

338 318

6 860

8 291

7 065

11 769

Bodø1

238 305

Buskerud

156 990

9 882

3 872

10 162

6 056

Finnmark

138 935

11 821

3 614

12 171

3 989

Gjøvik

108 182

3 247

4 334

3 337

3 405

Harstad

77 970

1 562

2 444

1 612

3 493

Hedmark

247 473

13 154

11 750

13 534

6 858

Lillehammer

143 529

22 603

5 102

23 323

2 832

Molde

86 181

1 958

2 829

2 018

1 789

Narvik

114 798

8 057

3 479

8 304

2 797

Nesna

67 001

866

2 034

891

2 345

Nord-Trøndelag

219 780

10 603

13 989

10 933

6 300

Oslo1

628 957

Sogn og Fjordane

167 086

8 690

4 563

8 970

4 445

Stavanger1

443 873

Stord/Haugesund

166 632

19 555

5 676

20 165

5 255

Sør-Trøndelag

402 066

7 701

9 985

7 951

17 621

Telemark

331 792

15 894

9 114

16 351

17 998

Tromsø

179 192

7 038

4 344

7 248

5 982

Vestfold

197 071

20 431

4 942

21 041

3 416

Volda

151 668

3 222

4 124

3 322

6 840

Østfold

247 362

8 952

6 505

9 222

4 740

Ålesund

99 293

3 536

2 474

3 646

4 830

1 Det blir foreslått at Høgskolen i Agder, Høgskolen i Bodø, Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Stavanger går over til nettobudsjettering frå 1. januar 2002.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga under post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3274 postane 02 og 11, sjå forslag til vedtak II nr. 1.

Løyvinga til institusjonane på post 01 inkluderer midlar til studieplassar knytte til måltal for studentar for 2002 og til husleige. I tillegg til dei beløpa som er fordelte ovanfor, er det sett av midlar til tiltak som vil bli fordelte seinare. Dette gjeld mellom anna midlar til dekning av meirkostnader ved fleksible utdanningstilbod, tilskott til Det norske studiesenteret i Storbritannia (York) og husleigebetaling til Statsbygg for statlege bygg der det mang­lar godkjend kontrakt.

Departementet vil i førebels tildelingsbrev presisere vilkåra for disponering av ressursane.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten gjeld lønn (inkl. trygd) og driftsutgifter til oppdragsforsking som blir finansiert under kap. 3274 post 01. Tilsetjing i slike stillingar skal berre gjelde for den perioden den eksterne finansieringskjelda dekkjer lønnsutgiftene.

Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3274 post 01, sjå forslag til vedtak II nr. 2.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten gjeld løyving til vitskapleg utstyr, og til kjøp av utstyr og inventar til nybygg, samt større vedlikehald og ombyggingsarbeid.

Budsjettramma er redusert i samband med utfasing av utstyrsløyving til nytt bygg for Høgskolen i Agder.

Ved fordeling av løyvinga på post 45 er det lagt inn ei grunnløyving til kvar institusjon for å dekkje kostnader som ikkje er knytte til storleiken på institusjonen. Vidare er midlane fordelte proratarisk etter måltal studentar. Det er teke omsyn til at einskilde utdanningar er meir kostnadskrevjande enn andre, og det er lagt inn særskilde midlar til utstyr og inventar til høgskolar med nye og/eller ombygde bygg.

Post 50 Statstilskott

I samband med overgang til nettobudsjettering for høgskolane i Agder, Bodø, Oslo og Stavanger er utgiftsløyvingane samla på post 50. Løyvinga gjeld utgifter til drift, lønn, driftsutgifter til oppdragsforsking, vitskapleg utstyr, kjøp av utstyr og inventar til nybygg, samt større vedlikehald og ombyggingsarbeid.

Post 70 Tilskott

Tilskott til Høgskolestiftelsen på Kjeller

Høgskolestiftelsen på Kjeller vart oppretta i 1988. Dei fleste av studia ved høgskolestiftelsen er vidareutdanningar, grunnfag eller halvårseiningar som kan nyttast som ein del av ordinær grunnutdanning.

Målsetjing

Formålet med tilskottsordninga er å bidra til at Høgskolestiftelsen på Kjeller, som ikkje sjølv skal ha eksamensrett, kan tilby studiar og kurs i samarbeid med Høgskolen i Oslo, Høgskolen i Akershus eller eventuell annan høgskole som fagleg ansvarleg.

Kriterium for tildeling

Tilskott til Høgskolestiftelsen på Kjeller blir fastsett gjennom budsjetthandsaming som driftstilskott til spesifiserte utdanningstilbod, og er basert på innsend budsjettforslag med plan for disponering av tilskottet. Nye studietilbod og avtalar med Høgskolane i Oslo og Akershus eller andre høgskolar skal vere godkjende av departementet.

Oppfølging og kontroll

Høgskolestiftelsen på Kjeller sender kvart år inn revidert rekneskap, årsrapport og resultatet av den årlege budsjettbehandlinga til departementet. Årsrapporten omfattar ei utgreiing om aktiviteten ved stiftelsen året før. Departementet gjennomfører formalia- og skjønnskontrollar av innsend rapport og rekneskap.

Rapport for 2000-01

I 2000 blei Høgskolestiftelsen på Kjeller tildelt kr 5 800 000 over kap. 274 post 70. Av desse midlane har høgskolestiftelsen prioritert mellom anna eit toårig studium i IKT med eit tredje påbyggingsår.

Budsjettforslag for 2002

Departementet foreslår ei løyving på kr 5 973 000 til Høgskolestiftelsen på Kjeller i 2002.

Tilskott til Stiftelsen Ole Bull Akademiet

Ole Bull Akademiet på Voss vart grunnlagt i 1976. Stiftelsen har sidan 1977 motteke årlege tilskott frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

Målsetjing

Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at det finn stad kurs i norsk folkemusikk og norsk folkedans ved Ole Bull Akademiet for studentar og tilsette ved høgskolar og universitet og konservatoria som tilbyr musikkutdanning.

Kriterium for tildeling

Tilskottet frå departementet blir fastsett gjennom budsjetthandsaming som driftstilskott til kurs i norsk folkemusikk og norsk folkedans.

Oppfølging og kontroll

Departementet mottek kvart år revidert rekneskap og årsrapport frå Ole Bull Akademiet. Rapporten gir ei utgreiing om stiftelsens aktivitet frå året før. Departementet gjennomfører formalia- og skjønnskontrollar av innsend rapport og rekneskap.

Rapport for 2000-01

I 2000 vart Ole Bull Akademiet tildelt kr 1 316 000 over kap. 274 post 70. Desse midlane har mellom anna gått til å arrangere over 30 vekeskurs i folkemusikk og folkedans ved Ole Bull Akademiet.

Budsjettforslag for 2002

Departementet foreslår ei løyving på kr 1 356 000 til Ole Bull Akademiet i 2002.

Kap. 3274 Statlege høgskolar (jf. kap. 274)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Inntekter frå oppdrag

316 186

245 565

198 425

02

Salsinntekter o.a.

200 283

174 426

127 028

11

Kursavgift ved vaksenopplæringstiltak

49 914

15

Refusjon for arbeidsmarknadstiltak

5 987

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

25 320

17

Refusjon for lærlingar

883

18

Refusjon av sjukepengar

64 516

Sum kap. 3274

663 089

419 991

325 453

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Inntektsløyvinga på postane 01 og 02 er justert opp med respektive 15 mill. kroner og 40 mill. kroner, sjå ei parallell oppjustering av utgiftsløyvinga under kap. 274 postane 01 og 21.

  • Inntektsløyvinga på post 01 er redusert med 6 mill. kroner, sjå ei parallell nedjustering av utgiftsløyvinga under kap. 274 post 21.

Kap. 278 Noregs landbrukshøgskole

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

344 783

341 221

21

Særskilde driftsutgifter

146 677

150 869

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

9 064

15 281

49

Kjøp av eigedommar , kan overførast

10

50

Statstilskott

339 471

Sum kap. 278

500 524

507 381

339 471

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • I samband med overgang til nettobudsjettering av Noregs landbrukshøgskole (NLH) er utgiftsløyvingane samla på ny post 50. Inntektsløyvingane under kap. 3278 er trekte ut, og utgiftsløyvingane er reduserte tilsvarande.

  • Budsjettramma på kap. 278 er oppjustert med kr 310 000 i samband med kompensasjon til statleg forvaltning for innføring av meirverdiavgift på tenester, omlegging til direkte refusjon av sjukepengar i statlege verksemder og innsparing ved effektivisering av statlege innkjøp, sjå Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

Resultatrapport for 2000-01

Noregs landbrukshøgskole skal stå fram som eit leiande internasjonalt utdannings- og forskingsmiljø med vekt på samvirke mellom naturvitskap, teknologi og samfunnsfag. Dette skal medverke til å løyse utfordringar i dag og i framtida innanfor landbruksproduksjon, miljø- og arealforvaltning og næringsutvikling. Den primære oppgåva til høgskolen er å utvikle og formidle kunnskap, innsikt og evner som sikrar berekraftig utvikling av naturgrunnlaget og utvikling av levedyktige lokalsamfunn.

Det var hausten 2000 registert totalt 2 429 studentar ved Noregs landbrukshøgskole mot 2 460 i 1999. Dette talet inkluderer Master of Science-studentar, sjå tabellen nedanfor.

Studenttal i 2000

Studium

Opptak

Måltall studentar

Registrerte studentar

Profesjon/hovudfag

429

2 204

2 105

Mastergrad

51

55

77

Doktorgrad

27

256

247

Sum

507

2 515

2 4291

1I tillegg er det registrert tre personar utan studierett.

Kilde: For opptak og registrerte studentar: DBH.

I 2000 var tal på registrerte studentar ved Noregs landbrukshøgskole 86 under måltalet.

Kandidatar i 2000

Studium/grad

Måltall kandidatar

Uteksaminerte kandidatar

Cand.agric.

3801

259

Sivilingeniør

52

Cand.scient.

44

Master of Science

30

45

Dr.scient./dr.agric.

30

32

Totalsum

440

432

1 Inkludert sivilingeniør og cand.scient.

Kilde: For uteksaminerte kandidatar: DBH.

Måltalet for uteksaminerte kandidatar vart auka til 440 i 2000 frå 420 i 1999. Av det totale talet på kandidatar i 2000 var om lag 50 pst. kvinner, om lag det same som i 1999.

Det vart i 2000 avlagt 32 doktorgradar, av desse var åtte kvinner. Dette er fleire enn i 1999, da det vart avlagt 28 doktorgradar, av desse var elleve kvinner.

Noregs landbrukshøgskole har utarbeidd ein eigen forskingsstrategi med langsiktig perspektiv. Strategien vert følgt opp gjennom årlege handlingsplanar. NLH satsar på forsking kring miljø, mat og bioteknologi, i tillegg til dei tverrfaglege områda akvakultur og næringsutvikling. Biofag- og fysikkevalueringane i regi av Forskingsrådet gav svært blanda resultat for NLH, og det er sett i verk tiltak for å heve kvaliteten på forskinga i fleire små fagmiljø, mellom anna ved å opprette faglege «clustre». Samarbeid med forskingsinstitusjonar i og utanfor Ås-miljøet er òg eit viktig verkemiddel. Eit eksempel på nyskapande samarbeid er arbeidet med å etablere ein strategisk allianse «Matalliansen» saman med Matforsk. Noregs landbrukshøgskole har i 2000 inngått ein intensjonsavtale om etablering av ein strategisk allianse med Universitetet i Oslo og Noregs veterinærhøgskole. Alliansen er meint å omfatte biologiske og medisinske fagdisiplinar, og vil omfatte forsking, kandidat- og forskarutdanning, etter- og vidareutdanning og formidling. Noregs landbrukshøgskole har samarbeid med relevante statlege høgskolar, og er med i NOVA-universitetet (Nordisk skogbruks-, veterinær- og landbruksuniversitet). Noregs landbrukshøgskole har som mål å auke deltakinga si i internasjonale forskingsprogram. I 2000 har skolen teke del i 26 ulike EU-finansierte forskingsprosjekt, mot 17 ulike prosjekt i 1999.

Vitskaplege publikasjonar i 1999 og 2000

Noregs landbrukshøgskole

Vitskaplege publikasjonar

1999

2000

Artiklar i vitskaplege tidsskrift

279

187

Faglege bøker

8

13

Kapittel i faglege bøker og lærebøker

50

45

Sum

337

2451

1I tillegg har stipendiatar og andre knytte til institusjonen produsert 131 vitskaplege publikasjonar.

Noregs landbrukshøgskole vil gradvis avvikle ordninga med å tilby første studieår desentralisert frå NLH til ulike statlege høgskolar. Samarbeidet med Universitetet i Tromsø om 1., 2. og 5. studie­år vart gjennomført for siste gong i 2000, og samarbeidet blir avvikla på grunn av for dårleg interesse frå studentane. Noregs landbrukshøgskole ser det i staden som tenleg at studentar som er tekne opp til grunnstudium ved dei statlege høgskolane, kan fortsette på høgare årstrinn ved Noregs landbrukshøgskole.

Landbrukshøgskolen har vedteke ein handlingsplan for studiekvalitet som eit viktig tiltak for å betre gjennomstrøyminga.

Noregs landbrukshøgskole vedtok i 1998/99 eit omstillingsprogram for perioden 2001-04. Formålet med programmet er å setje NLH betre i stand til å møte dei utfordringane samfunnet stiller til høgskolen. Eit sentralt verkemiddel er mellom anna å frigjere lønnsmidlar til strategiske satsingar. Noregs landbrukshøgskole vart tildelt 2,85 mill. kroner i 2000 og 2 mill. kroner i 2001 til omstilling ved høgskolen. I tillegg vart Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole i 2001 tildelte 1 mill. kroner i samband med alliansearbeid mellom dei to institusjonane.

Noregs landbrukshøgskole har etablert ei sentral eining for koordinering av etter- og vidareutdanning. Alliansen mellom MATFORSK og høgskolen er forventa å gi nye utsikter til å utvikle etterspurde etter- og vidareutdanningstilbod.

Den eksternt finansierte verksemda som blir rekneskapsført i statsrekneskapen, var i 2000 på om lag 143,4 mill. kroner, mot om lag 158,6 mill. kroner i 1999. Reduksjonen kan forklarast med nedgang i løyvingar frå NFR, men Noregs landbrukshøgskole ventar ein auke i løyvingane frå NFR i 2002. Noregs landbrukshøgskole har eit høgt nivå på si eksternt finansierte verksemd, samanlikna med andre institusjonar.

Studentmåltalet for Noregs landbrukshøgskole vart redusert med 27 studentar i 2001.

Resultatmål for 2002

Noregs landbrukshøgskole må prioritere tiltak for å gjennomføre Kvalitetsreforma innanfor tidsrammer som er fastsette av Regjering og Storting, jf. St.meld. nr. 27 (2000-01) og Stortinget si handsaming av denne, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-01).

Innanfor Noregsnettet skal Noregs landbrukshøgskole vere eit nasjonalt tyngdepunkt på spesialområda sine innanfor landbruksrelaterte emne, natur- og arealforvaltning, med eit spesielt ansvar for grunnforsking og forskarutdanning på desse områda.

Noregs landbrukshøgskole må utvikle vidare FoU-strategien sin og leggje vekt på tiltak for å sikre rekrutteringa av vitskapleg personale. Dette gjeld særleg kvinner.

Noregs landbrukshøgskole må prioritere tiltak som sørgjer for at studentane kjem gjennom studia på normert tid. Tiltak med sikte på å rekruttere studentar må halde fram.

Noregs landbrukshøgskole må leggje til rette for varierte studentaktive læringsformer, utvikle ein heilskapleg strategi som fremmar studiekvalitet og læringsmiljø, og utvikle eit system som dokumenterer arbeidet med å sikre og utvikle studiekvalitet.

Noregs landbrukshøgskole må føre vidare arbeidet med omstilling av høgskolen for å møte dei utfordringane samfunnet stiller.

Noregs landbrukshøgskole må utarbeide internasjonale strategiar med mål som kan etterprøvast. Forpliktande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig.

Noregs landbrukshøgskole må arbeide med å innføre den nye gradsstrukturen, som skal vere gjennomført innan studieåret 2003/04.

Noregs landbrukshøgskole må prioritere arbeidet med å utvikle vidare rutinar knytte til overgangen til nettobudsjettering.

Høgskolen må leggje vekt på å utvikle gode etter- og vidareutdanningstilbod for å kunne oppfylle rolla si i samband med Kompetansereforma.

Departementet gir følgjande måltal for studentar og uteksaminerte kandidatar.

Måltal studentar og kandidatar

Studium

Måltal studentar

Måltal uteksaminerte kandidatar

2001

20021

2001

20022

Profesjon/hovudfag

2 177

2 116

380

354

Master of Science

55

116

30

56

Doktorgrad

256

256

30

30

Sum

2 488

2 488

440

440

1 Måltalet er justert i tråd med interne omdisponeringar mellom Profesjon/hovudfag og Master of Science.

2Måltalet er justert i tråd med interne omdisponeringar mellom Profesjon/hovudfag og Master of Science.

Departementet ser positivt på den høge eksternt finansierte aktiviteten ved høgskolen, og ser det som viktig at høgskolen held oppe nivået på oppdragsverksemda.

Komiteen som har evaluert forsking og relevant høgre utdanning på landbrukssektoren, har lagt fram fleire tilrådingar som kan gi auka kvalitet og betre ressursutnytting ved både landbrukshøgskolen og veterinærhøgskolen. Dei trekkjer mellom anna fram meir felles bruk av driftseiningar og infrastruktur, behovet for meir forpliktande samarbeid og bruk av instituttsektoren i undervisninga. Det er viktig at institusjonane vurderer og følgjer opp desse forslaga.

Etter Stortingets behandling av Dok. nr. 8:57 (2000-01) og vedtak i tråd med Innst. S. nr. 334 (2000-01) vil departementet greie ut forslaget om å gjere Noregs landbrukshøgskole om til «Grønt universitet», Noregs veterinærhøgskole sitt behov for nytt klinikkbygg og ei eventuell samanslåing av desse institusjonane. Begge høgskolane vil bli trekte inn i arbeidet.

Budsjettforslag for 2002

Departementet foreslår at Noregs landbrukshøgskole går over til nettobudsjettering frå og med 1. januar 2002, sjå forslag til vedtak IV nr. 4 og nr. 6.

Løyvinga under posten skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp, vedlikehald og kjøp av eigedom.

For omtale av nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar, sjå programkategori 07.60.

I budsjettramma er det lagt inn 2,4 mill. kroner, som er knytte til innføring av Kvalitetsreforma. Desse midlane er i særleg grad knytte til utvikling av faste studieløp, omlegging til ny gradsstruktur, arbeid med å ta i bruk nye evalueringsformer og ei generell heving av kvaliteten på studietilboda. Vidare er det lagt inn om lag 1,1 mill. kroner til særskilde omstillingsmidlar. Midlane skal brukast til å føre vidare dei omstillingsprosessane som Noregs landbrukshøgskole alt har sett i gang, men skal også sjåast i samanheng med innføringa av Kvalitetsreforma.

Som ei oppfølging av Stortingets behandling av statsbudsjettet for 2001 vart Noregs landbrukshøgskole tildelt midlar til ei stipendiatstilling. Midlane er førte vidare i 2002.

I samband med oppfølginga av Revidert nasjonalbudsjett for 2001 er Noregs Landbrukshøgskole i tillegg tildelt midlar til åtte stipendiatstillingar over kap. 281. Rekrutteringsstillingane er lagde inn i budsjettramma til Noregs landbrukshøgskole med heilårsverknad frå 2001. Løyving per stilling er auka, jf. omtale under programkategori 07.60. Regjeringa foreslår vidare midlar til fire nye stipendiatstillingar i 2002. Desse stillingane er òg finansierte med ein høgare sats. Sjå elles omtale under kap. 281.

I budsjettramma er det likeins lagt inn 1,8 mill. kroner som strategiske forskingsmidlar. Midlane skal nyttast til arbeid innanfor dei fire tematiske satsingsområda i forskingsmeldinga og/eller til FUGE.

I budsjettramma er det lagt inn midlar som er fordelte på bakgrunn av talet på avslutta doktorgradar.

I budsjettramma er det lagt inn midlar til heilårseffekten av eit professorat øyremerkte kvinner som vart oppretta i samband med statsbudsjettet for 2001.

Budsjettramma er redusert etter vidareføring av reduksjon på 27 studieplassar i 2001.

Noregs landbrukshøgskole kan nytte inntekter frå sal av eigedommar ved Noregs landbrukshøgskole til kjøp, vedlikehald og bygging av andre lokale til undervisnings- og forskingsformål ved høgskolen, sjå forslag til vedtak II nr. 4.

Kap. 3278 Noregs landsbrukshøgskole (jf. kap. 278)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Inntekter frå oppdrag

143 365

150 869

02

Salsinntekter o.a.

28 797

26 589

03

Diverse inntekter

180

174

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

3 106

17

Refusjon for lærlingar

210

18

Refusjon av sjukepengar

5 012

49

Sal av eigedom

8 216

5 710

Sum kap. 3278

188 886

183 342

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Sjå omtale av tekniske endringar i samband med overgang til nettobudsjettering for Noregs landbrukshøgskole under kap. 278.

Kap. 279 Noregs veterinærhøgskole (jf. kap. 3279)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

162 404

155 183

165 438

21

Særskilde driftsutgifter

62 701

55 099

59 099

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

7 542

2 036

2 046

Sum kap. 279

232 647

212 318

226 583

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Utgiftspost 21 er oppjustert med 4 mill. kroner, sjå parallell oppjustering av inntektspost 01 under kap. 3279.

  • Budsjettramma på kap. 279 er oppjustert med kr 580 000 i samband med kompensasjon til statleg forvaltning for innføring av meirverdiavgift på tenester, omlegging til direkte refusjon av sjukepengar i statlege verksemder og innsparing ved effektivisering av statlege innkjøp, sjå Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

Kapitlet omfattar

  • drift av Noregs veterinærhøgskole (NVH)

  • finansiering av studieplassar i utlandet der studentane er inne i eit studieløp

Resultatrapport for 2000-01

Formålet til Noregs veterinærhøgskole er å vere ein vitskapleg høgskole på høgt internasjonalt nivå som arbeider for å fremme eit etisk forsvarleg dyrehald, ein sunn dyrebestand og hygienisk og kvalitativt gode næringsmiddel for menneske og dyr. Verksemda til høgskolen omfattar utdanning av veterinærar, dyrepleiarar og forskarar, etter- og vidareutdanning, forsking, service, kunnskapsformidling og informasjon.

Det var hausten 2000 registrert totalt 432 studentar ved Noregs veterinærhøgskole, jf. tabellen nedanfor.

Studenttal i 2000

Studium

Opptak

Måltall studentar

Registrerte studentar

Veterinærstudiet (cand.med.vet.)

58

336

344

Dyrepleiarstudiet

14

14

14

Doktorgrad

13

60

74

Sum

85

410

432

Veterinærstudentar i utlandet

60

Kilde: For opptak og registrerte studentar: DBH.

Sidan 1989 har høgskolen, i tillegg til det ordinære opptaket til veterinærstudiet ved Noregs veterinærhøgskole, teke opp 15 studentar årleg til studium ved universitet og høgskolar i England, Skottland og Sverige. Ordninga vart oppretta for å hjelpe på mangelen på veterinærar i Noreg. Frå og med hausten 2000 er det ikkje teke opp nye studentar, og ordninga vil bli utfasa over fem år.

Kandidatar i 2000

Studium/grad

Måltall kandidatar

Uteksaminerte kandidatar

Cand.med.vet.

56

51

Dyrepleiar

14

14

Doktorgrad1

10

8

Sum

80

73

Veterinærstudentar i utlandet

15

15

1Inkluderer titlane dr.med.vet., dr.scient. og dr.philos.

Kilde: For uteksaminerte kandidatar: DBH.

Om lag 70 pst. av kandidatane er kvinner. Noregs veterinærhøgskole oppfyller ikkje måltalet for uteksaminerte kandidatar i 2000, men fleire doktorgradsstudentar gjennomførte studia i 2000 enn i 1999.

Noregs veterinærhøgskole har utvikla sin eigen FoU-strategi. Noregs veterinærhøgskole har ansvar for grunnforsking på det veterinærmedisinske fagområdet, men har òg viktige oppgåver innanfor anvend forsking og oppdragsverksemd. I dei seinare åra har matvaretryggleik, bioteknologi og havbruk vore satsingsområde for grunnforskinga. Forsking på desse områda omfattar også brukarretta forsking og oppdragsverksemd. Fiskehelse og akvakultur er eit anna prioritert satsingsområde. Ein aukande del av forskinga ved veterinærhøgskolen er knytt til molekylærbiologi. NVH har i tillegg registrert stor interesse frå dyreeigarar for forskinga ved høgskolen på familie- og sportsdyr. Noregs veterinærhøgskole har i 2000 teke del i seks forskingsprosjekt som er heilt eller delvis finansierte over EUs 4. og 5. rammeprogram. Noregs veterinærhøgskole har eit omfattande samarbeid med utanlandske forskingsinstitusjonar og forskingsgrupper. Høgskolen tek mellom anna del i NOVA-universitetet (Nordisk skogbruks-, veterinær- og landbruksuniversitet). Dei har òg regionale samarbeidsavtalar med utviklingsland i Afrika og samarbeidsavtalar innanfor SOKRATES og NORDPLUS. I 2000 har Noregs veterinærhøgskole inngått intensjonsavtale om ein strategisk allianse med Universitetet i Oslo og Noregs landbrukshøgskole. Alliansen er meint å omfatte biologiske og medisinske fagdisiplinar, og vil omfatte forsking, kandidat- og forskarutdanning, etter- og vidareutdanning og formidling.

Den biofaglege evalueringa i regi av Forskingsrådet påviste fleire svake sider ved delar av forskingsverksemda ved veterinærhøgskolen. Mellom anna viser dei til at dei einskilde forskingsmiljøa er for små og fragmenterte, og at det er for låg vitskapleg produksjon. Dei tilrår å prioritere strengare for å byggje opp større forskingsgrupper på færre område.

Vitskaplege publikasjonar i 1999 og 2000

Vitskaplege publikasjonar

1999

2000

Artiklar i vitskaplege tidsskrift

177

192

Faglege bøker

5

16

Kapittel i faglege bøker og lærebøker

12

32

Sum

1941

2232

1I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert om lag 35 vitskaplege publikasjonar.

2I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert om lag 82 vitskaplege publikasjonar.

Veterinærhøgskolen har hatt mindre internasjonal studentutveksling enn dei andre høgare utdanningsinstitusjonane. Gjennom samarbeidet i NOVA har dei innført eit fordjupingssemester som er eins for alle veterinærutdanningane i Norden. Dei forventar at dette vil medverke til å auke mobiliteten blant studentane i siste del av studiet.

Noregs veterinærhøgskole samarbeider med Den norske veterinærforeining når det gjeld etter- og vidareutdanning. Styret ved Noregs veterinærhøgskole planlegg ein gjennomgang av rollen til høgskolen innanfor etter- og vidareutdanningsfeltet.

Noregs veterinærhøgskole og Noregs landbrukshøgskole vart i 2001 tildelte 1 mill. kroner i samband med alliansearbeid mellom dei to institusjonane. Noregs veterinærhøgskole vart i tillegg i 2001 tildelt 0,5 mill. kroner til omstilling med siktemål å frigjere lønnsmidlar.

Den eksternt finansierte verksemda, som blir rekneskapsført i statsrekneskapen, var i 2000 på 63 mill. kroner, mot 65 mill. kroner i 1999.

Noregs veterinærhøgskole har i dei siste åra hatt eit aktivitetsnivå som har vore høgare enn det budsjettet har gitt rom for. Ved utgangen av 2000 var det akkumulert eit overforbruk på om lag 7 mill. kroner. I tillegg til dette hadde Noregs veterinærhøgskole overført skyldnader for 6 mill. kroner frå 2000 som måtte dekkjast i 2001. Noregs veterinærhøgskole vart pålagt å dekkje inn tidlegare års meirforbruk i budsjetterminane for 2001 og 2002. I St.prp. nr. 84 (2000-01) rådde departementet til å fråfalle kravet om innsparing i budsjetterminen for 2001. Stortinget slutta seg til dette i Innst. S. nr. 325 (2000-01), og løyvde i tillegg 2 mill. kroner til Noregs veterinærhøgskole. Noregs veterinærhøgskole har sett i gang tiltak for å betre økonomistyringa.

Resultatmål 2002

Noregs veterinærhøgskole må prioritere tiltak for å gjennomføre Kvalitetsreforma innanfor tidsrammer fastsette av Regjering og Storting, jf. St.meld. nr. 27 (2000-01) og Stortinget si handsaming av denne, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-01).

Noregs veterinærhøgskole skal ta i vare eit nasjonalt ansvar for utdanning av veterinærar og dyrepleiarar, med spesielt ansvar for grunnforsking og forskarutdanning på området.

Noregs veterinærhøgskole må utvikle vidare FoU-strategien sin og må prioritere innanfor forskingsområda i tett samarbeid med NOVA-universitetet, med sikte på nordisk arbeidsdeling. Høgskolen må òg leggje vekt på tiltak for å sikre rekrutteringa av vitskapleg personale. Dette gjeld særleg kvinner.

Noregs veterinærhøgskole må prioritere tiltak som sørgjer for at studentane kjem gjennom studia på normert tid.

Noregs veterinærhøgskole må leggje til rette for varierte studentaktive læringsformer, utvikle ein heilskapleg strategi som fremmar studiekvalitet og læringsmiljø, og utvikle eit system som dokumenterer arbeidet med å sikre og utvikle studiekvalitet.

Noregs veterinærhøgskole må føre vidare arbeidet med omstilling av høgskolen for å møte dei utfordringane samfunnet stiller.

Noregs veterinærhøgskole må utarbeide internasjonale strategiar med mål som kan etterprøvast. Forpliktande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig.

Høgskolen må framleis sikre at økonomiforvaltninga er i samsvar med økonomiregelverket, og at rekneskapen blir avlagd til rett tid og er korrekt.

Noregs veterinærhøgskole må arbeide for å rekruttere fleire menn til studia.

Høgskolen må leggje vekt på å utvikle gode etter- og vidareutdanningstilbod for å oppfylle rolla si i Kompetansereforma.

Departementet gir følgjande måltal for studentar og uteksaminerte kandidatar:

Måltal studentar og kandidatar

Studium

Måltal studentar

Måltal uteksaminerte kandidatar

2001

2002

2001

2002

Dyrepleiar

14

14

14

14

Cand.med.vet.

336

336

56

56

Doktorgrad

60

60

10

10

Sum

410

410

80

80

Veterinærstudentar i utlandet

45

451

15

15

1Måltalet er justert i tråd med det reelle talet på studentar i utlandet. For 2003 vil måltal studentar i utlandet vere 30.

Måltalet for veterinærstudentar i utlandet blir redusert med 15 studentar årleg etter at ordninga vart avslutta i 2000.

Departementet ser positivt på den høge eksternt finansierte verksemda ved høgskolen, og ser det som viktig at høgskolen fører vidare nivået på den oppdragsverksemda som blir rekneskapsført i statsrekneskapen.

Komiteen som har evaluert forsking og relevant høgre utdanning på landbrukssektoren, har lagt fram fleire tilrådingar som kan gi auka kvalitet og betre ressursutnytting ved både landbrukshøgskolen og veterinærhøgskolen. Dei trekkjer mellom anna fram meir felles bruk av driftseiningar og infrastruktur, behovet for meir forpliktande samarbeid og bruk av instituttsektoren i undervisninga. Det er viktig at institusjonane vurderer og følgjer opp desse forslaga.

Som følgje av Stortinget si behandling av Dok. nr. 8:57 (2000-01) og vedtak i tråd med Innst. S. nr. 334 (2000-01) vil departementet greie ut forslaget om å gjere Noregs landbrukshøgskole om til «Grønt universitet», Noregs veterinærhøgskole sitt behov for nytt klinikkbygg og ei eventuell samanslåing av desse institusjonane. Begge høgskolane vil bli trekte inn i arbeidet.

Budsjettforslag for 2002

Innsparte midlar frå ordninga med kjøp av studieplassar i utlandet i 2002 skal nyttast til tilleggskurs for kandidatar med grunnutdanning frå utlandet, slik at dei kan få autorisasjon i Noreg.

Departementet har vedteke at dyrepleiarstudiet blir utvida frå eitt til to år frå hausten 2002. Dette får ikkje budsjettverknad før i 2003.

Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3279 postane 02, 04 og 11, sjå forslag til vedtak II nr. 1. Post 01 er auka med 2 mill. kroner, som ei vidareføring av ekstraløyvinga i samband med revidert nasjonalbudsjett, jf. St.prp. nr. 84 (2000-01) og Innst. S. nr. 325 (2000-01).

I budsjettramma er det òg lagt inn 0,6 mill. kroner som er knytte til innføring av Kvalitetsreforma. Desse midlane er i særleg grad knytte til arbeid med å ta i bruk nye evalueringsformer og ei generell heving av kvaliteten på studietilboda. Vidare er det lagt inn kr 178 000 til særskilde omstillingsmidlar. Midlane skal brukast til å føre vidare dei omstillingsprosessane som Noregs veterinærhøgskole alt har sett i gang, men skal også sjåast i samanheng med innføringa av Kvalitetsreforma.

Som ei oppfølging av Stortingets behandling av statsbudsjettet for 2001 vart Noregs veterinærhøgskole tildelt midlar til ei stipendiatstilling. Midlane er førte vidare i 2002.

I samband med oppfølginga av revidert nasjonalbudsjett for 2001 er Noregs veterinærhøgskole tillegg tildelt midlar til to stipendiatstillingar over kap. 281. Rekrutteringsstillingane er lagde inn i budsjettramma til Noregs veterinærhøgskole med heilårsverknad frå 2002. Løyving per stilling er auka, jf. omtale under programkategori 07.60. Regjeringa foreslår vidare midlar til ei ny stipendiatstilling i 2002. Desse stillingane er òg finansierte med ein høgare sats. Sjå elles omtale under kap. 281.

I budsjettramma er det likeins lagt inn 0,8 mill. kroner som strategiske forskingsmidlar. Midlane skal nyttast til arbeid innanfor dei fire tematiske satsingsområda i forskingsmeldinga og/eller til FUGE.

I budsjettramma er det lagt inn midlar til heilårseffekten av eit professorat øyremerkt kvinner som vart oppretta i samband med statsbudsjettet for 2001.

I budsjettramma er det lagt inn midlar som er fordelte på bakgrunn av talet på avslutta doktorgradar.

Post 21 gjeld lønn (inkl. trygd) og driftsutgifter til oppdragsforsking som blir finansiert under kap. 3279 post 01. Tilsetjing i slike stillingar skal berre gjelde for den perioden som den eksterne finansieringskjelda dekkjer lønnsutgiftene. Løyvinga på post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3279 post 01, sjå forslag til vedtak II nr. 2.

Post 45 gjeld løyving til vitskapleg utstyr, kjøp av utstyr og inventar til nybygg og større vedlikehalds- og ombyggingsarbeid.

Kap. 3279 Noregs veterinærhøgskole (jf. kap. 279)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Inntekter frå oppdrag

62 955

55 099

59 099

02

Salsinntekter o.a.

24 037

21 060

21 692

04

Refusjon gebyrstipend

1 984

1 173

1 208

15

Refusjon for arbeidsmarknadstiltak

24

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

1 083

17

Refusjon for lærlingar

76

18

Refusjon av sjukepengar

2 981

Sum kap. 3279

93 140

77 332

81 999

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endring:

  • Inntektspost 01 er oppjustert med 4 mill. kroner, sjå parallell oppjustering av utgiftspost 21 under kap. 279.

  • På post 02 skal det, utenom salsinntekter frå sal av materiell til studentar m.m., førast leigeinntekter som skal dekkje reinhald, vakthald og andre utgifter ved tilfeldig utleige av lokale. Også faste leigeinntekter skal førast på post 02.

Kap. 281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 3281)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

438 886

516 324

342 447

21

Særskilde driftsutgifter

16 319

1 681

1 731

30

Fellesmidlar , kan overførast

19 218

30 900

25 200

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

10 151

33 332

7 997

60

Tilskott til RiT 2000 , kan overførast

93 160

105 050

70

Tilskott til utgiving av lærebøker

6 522

6 736

6 938

71

Tilskott til Stiftelsen for helsetenesteforsking ved Sentralsjukehuset i Akershus

4 559

4 696

4 837

72

Stipendmidlar for etterutdanning av kunstnarar

2 062

1 894

1 951

73

Tilskott til internasjonale program

38 882

45 091

58 500

75

Tilskott til UNIK

12 000

12 360

12 731

76

Tilskott til NORDUnet , kan overførast

33 664

32 652

33 632

77

Tilskott til Falstadsenteret

2 060

78

Tilskott til Universitets- og høgskolerådet

6 275

79

Tilskott til RiT 2000 , kan overførast

190 923

90

Kapitalinnskott i forskingsstiftelsar

7 790

208

208

Sum kap. 281

683 213

790 924

695 430

I høve til budsjettet for 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Det er oppretta ein eigen tilskottspost for Falstadsenteret, og det er derfor overført 2 mill. kroner frå post 01 til post 77.

  • Det er oppretta ein eigen tilskottspost for Universitets- og høgskolerådet, og det er derfor overført 6,3 mill. kroner frå post 01 til post 78.

  • Utgiftspost 01 er oppjustert med 1 mill. kroner, sjå parallell oppjustering av inntektspost 02 under kap. 3281.

  • Midlar til vitskapleg utstyr på post 45 er fordelte på institusjonane.

  • Budsjettramma er oppjustert med 6,1 mill. kroner i samband med kompensasjon til statleg forvaltning for innføring av meirverdiavgift på tenester, omlegging til direkte refusjon av sjukepengar i statlege verksemder og innsparing ved effektivisering av statlege innkjøp, sjå Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

Kapitlet finansierer mellom anna:

  • informasjonsteknologisatsingar som mellom anna tungrekning, Uninett AS, IKT i lærarutdanninga og Museumsprosjektet

  • administrative system i universitets- og høgskolesektoren

  • utvikling av nye fjernundervisningstiltak og drift av sekretariatet og styret for Sentralorganet for fleksibel læring i høgre utdanning (SOFF)

  • driftsmidlar til Universitets- og høgskolerådet

  • nordisk avtale om tilgjenge til høgre utdanning

  • database for statistikk om høgre utdanning

  • utdanningsforsking

  • Universitetsstudia på Svalbard (UNIS)

  • Universitetsstudia på Kjeller (UNIK)

  • forskingsprosjekt, utgreiingar, konferansar og informasjonstiltak

Resultatrapport for 2000-01

Post 01 Driftsutgifter

Rekrutteringsstipendprogrammet

Departementet finansierte i 2000 468 stipendiatstillingar og 128 postdoktorstillingar ved universiteta, 63 stipendiatstillingar ved dei vitskaplege høgskolane, 96 stipendiatstillingar ved dei statlege høgskolane og ti stipendiatstillingar ved dei private høgskolane.

Det er i 2001 tildelt midlar til 258 nye stipendiatstillingar og 86 postdoktorstillingar. Fordelinga av stillingane er som følgjer: 156 stipendiatstillingar og 74 postdoktorstillingar ved universiteta, 25 stipendiatstillingar og fire postdoktorstillingar ved dei vitskaplege høgskolane, 60 stipendiatstillingar og åtte postdoktorstillingar ved dei statlege høgskolane og ni stipendiatstillingar ved dei private høgskolane, samt fire stipendiatstillingar til kunsthøgskolane og Noregs musikkhøgskole og fire stipendiatstillingar til Universitetsstudia på Svalbard, jf. mellom anna Innst. S. nr. 325 (2000-01).

I 2001 vart det løyvd midlar til 20 nye professorstillingar øyremerkte kvinner over kap. 281. Midlane for 2002 er fordelte på dei respektive institusjonskapitla.

Tiltak for å betre studiegjennomføringa

I 2000 og 2001 vart det tildelt midlar til tiltak som skal betre studiegjennomføringa. Ordninga med å tildele kr 10 000 per uteksaminert hovudfagskandidat, kr 20 000 per uteksaminert mannleg doktorgradskandidat og kr 30 000 per kvinneleg doktorgradskandidat for å stimulere institusjonane til å betre gjennomføringsgraden på hovudfags- og doktorgradsstudium, vart ført vidare i 2000 og 2001. Midlane til ordninga vart løyvde på dei aktuelle institusjonskapitla.

Løyvinga som er fordelt på grunnlag av avlagde vekttal ved institusjonane, vart auka frå 650 mill. kroner i 2000 til 800 mill. kroner i 2001.

Informasjonsteknologisatsingar

I 2000 og 2001 vart det tildelt midlar til fleire IKT-tiltak innanfor høgre utdanning. Dette galdt mellom anna tungrekneprogrammet, Uninett AS, Nordunet2, IKT i lærarutdanninga og IT- og kunnskapssenteret på Fornebu.

Programmet for tungrekning blir administrert av Noregs forskingsråd og går frå 1999 til 2003. Programmet skal mellom anna tilby kosteffektive tungrekneressursar til dei vitskaplege forskingsmiljøa ved norske universitet og høgskolar, og dekkje Det norske meteorologiske institutt sitt behov for tung­rekneressursar til operasjonell verksemd og forsking.

Uninett AS leverer nett og ulike nett-tenester til universitets- og høgskolesektoren og andre ikkje-kommersielle forskingsinstitusjonar, og knyter det norske forskingsmiljøet saman med det internasjonale akademiske miljøet, mellom anna gjennom det nordiske samarbeidet Nordunet. Uninett AS fekk auka tildelinga med 10 mill. kroner i 2001 for å starte ei utbygging av forskingsnettet til gigabitkapasitet. Våren 2001 er stamnettet mellom Oslo og Trondheim bygd ut, og det er vedteke utbygging mellom Oslo og Bergen. Auka kapasitet i forskingsnettet er naudsynt for at neste generasjon av nettbaserte løysingar (særleg video- og lydbaserte løysingar) skal kunne utvik­last. Midlane til Trofast-prosjektet på kap. 281 blir i 2002 lagde inn i rammene til institusjonane.

Forskingsprogrammet Nordunet2, som er eit felles IKT-prosjekt mellom dei nordiske landa, blir forlengd ut 2002. Departementet tildelte Nordunet2 3 mill. kroner i 2000. Midlane skal dekkje Noregs del av prosjektmidlane i Nordunet2-prosjektet og drift av sekretariatet.

Arbeidsgruppa for digitale læremiddel la fram ein sluttrapport for verksemda våren 2001, med ei oppsummering av erfaringar og tilrådingar.

Som ein del av departementet sin plan for IKT i norsk utdanning (2000-03) er det i 2000 og 2001 fordelt 30 mill. kroner kvart år for å styrkje IKT i praktisk-pedagogisk utdanning, og i allmennlærar-, faglærar- og yrkesfaglærarutdanningane. Alle institusjonane kartla IKT-kompetansen hos fagpersonalet i 2000, og utarbeidde planar for 2000-03 for å integrere IKT i si lærarutdanning. Rapportane frå institusjonane syner at det i 2000/01 er gjennomført omfattande opplæringstiltak for fagpersonalet i IKT, at dei lokale fagplanane er reviderte, og at bruken av Internett til informasjon og kommunikasjon har auka sterkt. Eit nasjonalt fagleg program, som omfattar ti større prosjekt for å utvikle IKT-baserte læremiddel, pedagogiske opplegg og vurderingsformer, blei etablert i 2000 og samordna under Forskings- og kompetansenettverk for IT i utdanning (ITU). Det er tildelt midlar til mange nye prosjekt retta mot pedagogisk og fagretta bruk av IKT med oppstart hausten 2001.

I 2000 vart det over kap. 281 løyvd 7,5 mill. kroner til etablering av Senter for framifrå f­orsking innanfor informasjons- og kommunikasjonsteknologi på Fornebu. Etableringa er ei samfinansiering mellom Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Nærings- og handels­departementet og Samferdsledepartementet. I 2001 har Noregs forskingsråd fått ansvaret for å koordinere den vidare planlegginga i samarbeid med forskings- og utdanningsinstitusjonane. Bedriftsuniversitetet as vart oppretta 1. januar 2001 med Noregs teknisk-naturvitskaplege universitetet, Universitetet i Oslo og SINTEF som eigarar. Bedriftsuniversitetet skal skreddarsy etter- og vidareutdanning til bedrifter og bransjar.

Fjernundervisning

Sentralorganet for fleksibel læring i høgre utdanning (SOFF) fekk i 2000 nytt mandat og ny styreordning. I 2001 fekk SOFF ein auke i løyvinga si til 18 mill. kroner. Midlane skal finansiere utvikling av fjernundervisning og fleksible læringstilbod i høgre utdanning og arbeidet til styret og sekretariatet. Våren 2001 sette SOFF ned ei ekstern ekspertgruppe til å analysere og evaluere erfaringane frå tidlegare prosjekt. I 2000 vart om lag 8,5 mill. kroner fordelte til utvikling av fjernundervisningsprosjekt ved universiteta og høgskolane, medan 3,5 mill. kroner gjekk til fellestiltak og arbeidet til styret og sekretariatet. Av den auka løyvinga på 18 mill. kroner i 2001 blei om lag 12,4 mill. kroner fordelte til nye prosjekt, 4,5 mill. kroner til fellestiltak og styret og sekretariatet, medan om lag 1 mill. kroner blei sette av til evalueringsgruppa.

Hausten 2001 fordeler SOFF midlar til utvik­lingskostnader i samband med universell tilrettelegging av fleksibel læring, jf. omtale under kap. 248.

Noregsnettrådet

Noregsnettrådet har i 2000 handsama søknadene om rett til å etablere doktorgradsutdanning frå Misjonshøgskolen (dr.theol.), Menighetsfakultetet og Norsk lærarakademi (dr.art. i kristendomskunnskap), Høgskolen i Agder (dr.scient. i matematikk), Norsk lærarakademi (dr.polit. i pedagogikk) og Høgskolen i Molde (dr.oecon. i logistikk). Vurderinga av søknadene vert avslutta i 2001.

Noregsnettrådet har arbeidd med eit prosjekt om nasjonale kvalitetssystem innanfor høgre utdanning i 2000.

Følgjande evalueringar blei sette i gang i 2000: prøveordning med mastergradar ved statlege høgskolar, lærarutdanning, evaluering av hovudfag ved statlege høgskolar som ikkje har parallellar ved universiteta, og evaluering av universiteta i Bergen og Oslo.

Informasjonssenter for internasjonal utdanning (NAIC), som er organisert innanfor Noregsnettrådet, tek imot søknader om godkjenning av utanlandsk utdanning. Mengda nyregistrerte saker har i gjennomsnitt auka med 13 pst. i året dei tre siste åra. Sakshandsamingstida for slike søknader er no redusert med fleire månader etter at informasjonssenteret har effektivisert og standardisert sakshandsamingsrutinane. NAIC har i samarbeid med Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet arrangert seminar for å medverke til kompetanseutvikling når det gjeld godkjenning av utanlandsk utdanning.

Statens lærarkurs arrangerte 161 vidareutdanningskurs og 196 etterutdanningskurs i 2000, jf. kap. 274.

Riksbibliotektenesta

Riksbibliotektenesta (RBT) har i 2000 prioritert oppgåver med å gjere den offisielle statistikken for fagbiblioteksektoren betre og meir tilgjengeleg nasjonalt og internasjonalt.

RBT har medverka aktivt i arbeidet med å formulere ein internasjonal og nordisk resolusjon om opphavsrett og kopieringsrett for elektroniske media.

Når det gjeld den rolla biblioteka skal spele i vidare- og etterutdanning, samarbeider RBT med Norsk konferanse om utdanning og læring ved NTNU om årlege konferansar.

RBT arrangerte i 2000 kurs (14 stk.), seminar, konferansar og vidareutdanningsprogram for å medverke til kompetanseutvikling i fagbiblioteksektoren.

Nordisk avtale om tilgjenge til høgre utdanning

Avtalen mellom dei nordiske landa om tilgjenge til høgre utdanning vart i 2000 forlengd med to år fram til utgangen av 2003. Avtalen inneber at søkjarar som er busette i eit anna nordisk land, skal ha tilgjenge til offentleg høgre utdanning på same eller likeverdige vilkår som landets eigne søkjarar. Partane skal betale ei viss godtgjering for eigne studentar i anna land. Avtalen vart inngått for å auke studentmobiliteten innanfor Norden. Det vil bli teke stilling til om avtalen skal førast vidare. På grunn av det høge talet på norske studentar som søkte seg til enkelte lengre profesjonsutdanningar i Danmark, er det som tidlegare avgrensa opptak av norske studentar på studium i medisin, veterinærmedisin og odontologi ved danske institusjonar.

Statistikk om høgre utdanning

Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) er tilgjengeleg i world wide web-format. Institusjonane rapporterer opplysningar om studenttal, stillingar, areal, vekttal og økonomi til databasen. Databasen omfattar alle universitet og høgskolar som mottek midlar frå departementet.

Utdanningsforsking

Forskingsprogrammet «Kompetanse, utdanning og verdiskaping» i regi av Noregs forskingsråd vart ført vidare som planlagt i 2000 og 2001. Like­eins førte ein vidare prosjektet som vurderer arbeidsmarknaden for kandidatar med høgre utdanning, og programmet for å måle gjennomstrøyminga i utdanningssystemet. Arbeidet med å utvikle betre indikatorar og nøkkeltal for å måle gjennomstrøyminga blei intensivert.

Universitetsstudia på Svalbard (UNIS)

Universitetsstudia på Svalbard (UNIS) har gitt gode resultat med omsyn til både undervisning, forsking og utvikling i lokalsamfunnet i Longyearbyen. Forskingsaktiviteten har jamt over blitt høgt vurdert i Forskingsrådet sine internasjonale evalueringar av realfag i Noreg. UNIS har fire studieretningar: arktisk biologi, arktisk geologi, arktisk geofysikk og arktisk teknologi. Studentaktiviteten utgjorde i 1999 97 studentårsverk. 51 pst. av studentane var utanlandske. I 2000 utgjorde student­aktiviteten 102 studentårsverk, og 55 pst. av studentane var utanlandske. I 2000 var det 45 studentar som arbeidde med hovudfagsoppgåve ved UNIS, og 19 studentar avslutta hovudfags- eller diplomoppgåve. Det vart avlagt ein doktorgrad ved UNIS i 2000.

I 2001 vart det oppretta fire nye stipendiatstillingar ved UNIS.

Det blei gitt ei startløyving på 2 mill. kroner til nybygg for Forskingsparken i Longyearbyen i 2001.

Arbeidet med vurderinga av UNIS sin organisasjonsform er enno ikkje avslutta.

Nasjonalt senter for romrelatert opplæring

Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM) fekk 2,5 mill. kroner frå departementet i 2001. Det er lagt til grunn at prosjektet skal evaluerast etter ein treårsperiode. 2002 vil dermed vere siste budsjettår NAROM får løyving over statsbudsjettet før prosjektet blir evaluert.

Samordna opptak

Samordna opptak (SO) koordinerer opptak til høgre utdanningar, jf. omtale under programkategori 07.10. Frå 2001 har SO ei fullstendig elektronisk teneste på Internett. SO vart tildelt 19 345 000 kroner i 2001.

Budsjettforslag for 2002

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3281 post 02, sjå forslag til vedtak II nr. 1.

Posten finansierer mellom anna lønnsutgifter i departementet til medarbeidarar på avgrensa ut­vik­lingsprosjekt knytte til budsjettkapitlet.

I samsvar med Stortingets behandling av St.meld. nr. 27 (2000-01) vart det foreslått å opprette eit uavhengig akkrediterings- og evalueringsorgan for høgre utdanning frå 1. juli 2002. Departementet vil komme attende til Stortinget med nærmare omtale av kva for oppgåver og ressursar det nye organet skal ha.

Rekrutteringsstipendprogrammet

I samband med Regjeringa sin opptrappingsplan for forsking foreslår Regjeringa å opprette 158 nye stipendiatstillingar i 2002, jf. omtale under programkategori 07.60. Departementet vil med dette finansiere 1 053 stipendiatstillingar og 214 postdoktorstillingar. Rekrutteringsstillingar blir også finansierte gjennom Noregs forskingsråd, jf. kap. 285.

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving til ti nye professorstillingar i 2002. Stillingane er øyremerkte kvinner på dei fire universiteta. Midlane er lagde inn i ramma til institusjonane, jf. kap. 260-263. EFTA sitt overvakingsorgan ESA har stilt spørsmål om ei ordning ved Universitetet i Oslo med øyremerking av stillingar for kvinner er i tråd med EØS-avtalen. Noreg har i sitt svar til ESA gitt uttrykk for at ein ikkje kan sjå at ei slik ordning bryt med EØS-avtalen. ESA har enno ikkje tat noko endeleg standpunkt i saka.

Tiltak for å betre studiegjennomføringa

Regjeringa foreslår å føre vidare tiltaka for å betre studieforholda og for å leggje til rette for at studentane skal nå studiemåla på kortare tid.

Forslaget inneber at ordninga med økonomisk stimulans for å få hovudfags- og doktorgradsstudentane til å fullføre studiane raskare, ved å tildele midlar for kvar student som tek hovudfagseksamen og doktorgrad, blir ført vidare i 2002. Midlar til ordninga blir løyvde over dei aktuelle institusjonskapitla.

Eit anna verkemiddel for å betre studiegjennomføringa ved universiteta er at løyvingane til institusjonane delvis er avhengige av mengda avlagde vekttall, jf. omtale under programkategori 07.60. For 2002 foreslår Regjeringa å føre vidare løyvinga som blir fordelt på grunnlag av avlagde vekttal, til 800 mill. kroner. Hovudformålet med ordninga er at ho skal stimulere til betre gjennomstrøyming på dei studia som har færrast avlagde vekttal per student, og det er derfor lagt inn ulik vekting av studia ved fordeling av midlane.

I budsjettforslaget for 2002 er det lagt til grunn å føre vidare vektinga som vart nytta i 2001. Dette inneber at profesjonsstudia har vekta 1, lågare grads studium vekta 1,5 og studium på høgre grads nivå vekta 3. Forslaget på 800 mill. kroner er lagt inn i rammene på kapitla 260, 261, 262 og 263.

Avlagde vekttal (20-vekttalseiningar) ved dei enkelte institusjonane gir følgjande fordeling av midlane i 2001 og 2002:

Avlagde vekttal og fordeling av midlar

Institusjon

Vekttals- produksjon

Beløp (i 1 000 kr)

Vekttals- produksjon

Beløp (i 1 000 kr)

1999

20011

20002

20023

Universitetet i Oslo

16 980

352 000

17 791

347 000

Universitetet i Bergen

8 489

188 000

9 138

182 000

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

10 529

196 000

11 142

202 000

Universitetet i Tromsø

3 212

64 000

3 335

69 000

Sum

39 210

800 000

41 406

800 000

1Over statsbudsjettet for 2001 vart det fordelt 800 mill. kroner på bakgrunn av mengda avlagde vekttal for 1999.

2Gjelder den samla mengda avlagde vekttal (20-vekttalseiningar) for lågare grad, høgre grad og profesjon rapportert til DBH. Tala kan ikkje direkte samanliknast med tala for 1999.

3Over statsbudsjettet for 2002 er det foreslått fordelt 800 mill. kroner på bakgrunn av mengda avlagde vekttal for 2000.

For vidareføring av insentivbasert budsjettering, sjå omtale av nytt finansieringssystem under kategori 07.60.

Informasjonsteknologisatsingar

Programmet for tungrekning, som har programperiode frå 1999 til 2003, blir foreslått ført vidare med 22 mill. kroner i 2002.

Programperioden for det felles nordiske forskingsprosjektet Nordunet2 vert forlengd ut året 2002. Nordisk Ministerråd vil i 2002 vurdere ei ytterlegare vidareføring av prosjektet etter dette.

Satsinga for å integrere IKT i lærarutdanninga blir foreslått ført vidare med 30 mill. kroner. Ei rad nye utviklingsprosjekt startar opp hausten 2001. Prosjekta skal medverke til at institusjonane aukar kompetansen på pedagogisk og fagretta bruk av IKT, og at IKT-baserte studieaktivitetar blir etablerte som permanent del av utdanninga. I 2002 vil institusjonane få midlar til å fortsette med kompetanseheving og utviklingstiltak, og departementet vil samstundes styrkje erfaringsutvekslinga mellom ulike prosjekt og miljø i lærarutdanninga. Det er særleg viktig at det skjer ei vidare styrking av den skoleretta verksemda, og at knutepunkta i lærarutdanninga legg vekt på arbeidet med IKT innanfor sine ansvarsfelt.

Løyvinga til Bedriftsuniversitetet blir ført vidare med 5 mill. kroner.

Noregsuniversitetet

Noregsuniversitetet er eit samarbeid mellom hovudorganisasjonane i norsk arbeidsliv og høgre utdanning. Samarbeidet skal styrkje etter- og vidareutdanning relatert til arbeidslivet.

Departementet foreslår at det blir øyremerkt 3 mill. kroner til vidare drift av Noregsuniversitetet i tildelingsbreva til institusjonane i høgre utdanning. I tillegg er det sett av 1 mill. kroner på kap. 248 til nye utviklingstiltak retta inn mot Nasjonalt læringsnett. Departementet legg til grunn at organisasjonane i arbeidslivet betalar sin del.

Administrative system i universitets- og høgskolesektoren

Departementet tek sikte på å føre vidare arbeidet med å innføre nye administrative system i universitets- og høgskolesektoren, no spesielt retta mot felles system for lønns- og personaladministrasjon for dei statlege høgskolane.

Fjernundervisning

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på 18 mill. kroner til Sentralorganet for fleksibel læring i høgre utdanning (SOFF). Midlane skal finansiere utvikling av fjernundervisning og fleksib­le læringstilbod i høgre utdanning, fullføring av den eksterne evalueringa av tidlegare SOFF-støtta prosjekt, samt arbeidet til styret og sekretariatet. Ei særskild løyving på 1 mill. kroner til støtte til utviklingskostnader for universell tilrettelegging av fleksible utdanningstilbod blir ført vidare i 2002, jamfør omtale i kap. 248. I tillegg vil SOFF koordinere utviklinga av fleksible vidareutdanningstilbod i faga matematikk og engelsk, jf. kap. 274.

Noregsnettrådet

Departementet tek ikkje sikte på å forlengje rådsfunksjonen ut over 2001. Ved behandlinga av St.meld. nr. 27 (2000-01) bad Stortinget Regjeringa foreslå oppretting av eit uavhengig akkrediterings- og evalueringsorgan for høgre utdanning. Departementet har starta opp dette arbeidet, og oppgåvene vidare til Noregsnettrådet sitt sekretariat vil bli vurdert i samanheng med opprettinga av det nye organet, jf. omtale av Statens lærarkurs på kap. 274. Departementet vil komme attende til Stortinget med denne saka.

Informasjonssenter for internasjonal utdanning, NAIC, sine prioriterte oppgåver vil vere å følgje opp eit delprosjekt under Regjeringa sitt fornyingsprogram for offentleg sektor. Informasjonssenteret skal ha ansvaret for å drive den nyoppretta nasjonale godkjenningsdatabasen i Noregsnettrådets sekretariat. Det er lagt inn midlar til ei halv stilling til å skjøtte denne oppgåva.

Senteret vil også spele ei sentral rolle i oppfølginga av Lisboa-konvensjonen og innføring av «Diploma supplement», vitnemålstillegg. Det er informasjonssenteret som er ansvarleg for å gi institusjonane råd med dette. Det er også viktig at senteret systematisk følgjer opp arbeidet med å informere om systemet for godkjenning av høgre utanlandsk utdanning gjennom mellom anna brosjyrar, Internett, kurs/konferansar og stands. Senteret har arbeidd systematisk for å korte behandlingstida. Dei bør fortsatt prioritere handsaming av søknader og arbeide for å få behandlingstida ytterlegare ned.

Riksbibliotektenesta

Kulturdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil opprette eit nytt tverrsektorielt og departementsovergripande organ for arkiv, bibliotek og museum for å betre samordning og utvikling på desse områda, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-01). Riksbibliotektenesta skal gå inn i det nye organet saman med Statens bibliotektilsyn og Norsk museumsutvikling. På grunn av det institusjonelle mønsteret som teiknar seg på biblio­tek- og museumsområdet, vil det vere naturleg at Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Kulturdepartementet oppnemner like mange medlemmer i styret for det nye organet. Det vil òg vere naturleg at Miljøverndepartementet oppnemner eit styremedlem. Dette er for å understreke det nye organet sitt ansvar for å ivareta omsynet til nødvendig samordning mellom musea og kulturminnevernet.

Det nye organet vil administrativt bli lagt under Kulturdepartementet. Basisfinansieringa av det nye organet vil heilt og fullt skje over budsjettet til Kulturdepartementet. Vi viser til nærmare omtale på Kulturdepartementet sitt budsjettkapittel 325.

Ein har derfor for 2002 rammeoverført løyvinga til Riksbibliotektenesta til Kulturdepartementet. Såleis er 9 451 000 kroner førte over frå kap. 281 post 01 til nytt kap. 325 på budsjettet til Kulturdepartementet. Midlar til ansvarsbibliotekordninga og Bibliothèque Nordique er inkludert i overføringa.

Enkelte koordineringsfunksjonar mellom universiteta og høgskolane på bibliotekområdet vil det ikkje vere naturleg å føre over til det nye organet. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet er i samråd med Universitets- og høgskolerådet komme fram til at desse oppgåvene bør ivaretakast av UHR, som har oppretta eit eige samarbeidsorgan for formålet. Departementet har rekna dette arbeidet til å utgjere ein stillingsressurs, og foreslår at denne blir overført til UHR si løyving.

Midlar til BIBSYS vil bli tildelt frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

Nordisk avtale om tilgjenge til høgre utdanning

Avtalen mellom dei nordiske landa om tilgjenge til høgre utdanning vil gjelde også i 2002. Talet på norske studentar i andre nordiske land har gått noko ned i studieåret 1999-2000, samstundes som fleire nordiske studentar har komme til Noreg. Utgiftene i samband med avtalen vil derfor gå noko ned.

Utdanningsforsking

Prosjektet som vurderer arbeidsmarknaden for kandidatar med høgre utdanning og programmet for å måle gjennomstrøyminga i utdanningssystemet, vil bli ført vidare i 2002. Departementet vil kontinuerleg vurdere nye forskings- og utgreiingsprosjekt som er av særleg interesse for høgre utdanning. Løyvinga vil også bli nytta til konferansar og informasjonstiltak på dette området.

Universitetsstudia på Svalbard (UNIS)

UNIS skal gi studietilbod på universitetsnivå. Forskinga ved UNIS tek utgangspunkt i at Svalbard er geografisk plassert i eit høgarktisk område. Departementet finansierer eit studenttal på 100 heiltidsstudentar ved UNIS. Studia skal ha ein internasjonal profil, og det blir teke sikte på at ein stor del av studentane skal vere utanlandske. Departementet foreslår ei løyving på 38 mill. kroner til UNIS i 2002.

Det er halde arkitektkonkurranse for nybygg for Forskingsparken i Longyearbyen. Regjeringa foreslår ei løyving på 7 mill. kroner til vidareføring av prosjektet, jf. omtale under kap. 2445 post 31 under Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

UNIS er tildelt fire stipendiatstillingar i 2001. Det er lagt inn midler til heilårsverknad frå 2002.

Samordna opptak

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til samordna opptak i 2002. Midlane skal finansiere koordineringa av opptak til høgre utdanningar.

Holocaustsenteret

UiO oppretta våren 2001 Stiftelsen Holocaustsenteret. Fram til restaureringa av Villa Grande er gjennomført, vil Senter for studium av holocaust og livssynsminoritetar halde til i mellombels lokale ved universitetet. Regjeringa varsla i St.prp. nr. 1 (2000-01) Tillegg nr. 4 at det kunne bli aktuelt med eit årleg tilskott til senteret for å dekkje 3-4 stillingar. Det er lagt inn 1 mill. kroner til driftstilskott til senteret i budsjettet for 2002.

I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 (2000-01) vart det lagt til grunn at Holocaustsenteret skulle vere eitt av fleire bruksområde for Villa Grande på Bygdøy, og at senteret ville trengje om lag ein tredjedel av arealet i bygningen. Det blei vidare sagt at ein ville halde fram arbeidet med å få på plass til andre leigetakarar i bygningen. Riksantikvaren vurderer nå å forskriftsfrede store delar av villaen. Dette vil avgrense bruken av dei nedre etasjane.

Villa Grande bør skipast som eit kraftsentrum for førebyggjande arbeid mot rasisme, diskriminering og brott på menneskerettar, med barn og unge som særleg målgruppe. Regjeringa ser det som ønskeleg at den framtidige verksemda til Villa Grande skal ha eit sterkt innslag av aktivitetar knytte til forsking og utdanning. Stiftelsen Holocaustsenteret har lagt fram eit forslag om bruk av heile huset som Regjeringa vil vurdere nærmare.

Som varsla i budsjettproposisjonen for Arbeids- og administrasjonsdepartementet er det sett i gang prosjektering for restaureringsarbeid på Villa Grande, og huset vil venteleg vere klart til innflytting i 2004. Bygningstekniske tilhøve og verneinteresser gjer Villa Grande til eit kostbart hus å setje i stand til den planlagde verksemda, og den årlege husleiga kan bli høg. Ei førebels vurdering seier at husleiga vil kunne bli opp imot 8-10 mill. kroner. Ein leigetakar som Holocaustsenteret vil ikkje sjølv kunne dekkje ei husleige med eit slikt omfang, og ein legg til grunn at staten må gi eit årleg driftstilskott. Regjeringa vil komme tilbake til storleiken på eit eventuelt årleg driftstilskott i dei årlege budsjettframlegga.

Bygg og lokale

Departementet foreslår å løyve 7 mill. kroner til vidare detaljprosjektering og startløyving av samlokaliseringsprosjektet ved Høgskolen i Østfold, og 10 mill. kroner til prosjektering av Høgskolen i Oslo sitt byggeprosjekt i Pilestredet Park, sjå kap. 2445 Statsbygg under Arbeids- og administrasjonsdepartementets budsjett og omtale under kap. 274. Til restprosjekta ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet foreslår departementet ei løyving på 10 mill. kroner til vidareføring av byggeprosjektet, jf. omtale under kap. 262.

Departementet er merksam på at det er eit ytterlegare behov for bygg i sektoren, og fleire prosjekt har komme så langt i planprosessen at dei er klare for prosjekteringsløyving. Blant desse er prosjekta ved Høgskolen i Stavanger, Høgskolen i Nesna og Høgskolen i Bodø. Det er vidare gjort vedtak om samlokalisering av Høgskolen i Bergen på Kronstad. Statsbygg er i forhandlingar med grunneigaren om kjøp av tomt. For eiga omtale av prosjekta ved Høgskolen i Stavanger og Høgskolen i Nesna, sjå kap. 274. Departementet viser til oversikt over byggebehov i universitets- og høgskolesektoren gitt i St.prp. nr. 1 (2000-01) og St.prp. nr. 1 (1999-2000). Departementet viser vidare til omtale under det enkelte kapittel.

Departementet vil måtte vurdere framtidige løyvingar til nye byggeprosjekt i høve til den ­økonomiske utviklinga generelt, og utviklinga i byggje­bransjen spesielt.

Museumsprosjektet og artsdatabanken

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet foreslår å føra vidare løyvinga til Museumsprosjektet med 3 mill. kroner i 2002. Prosjektet skal gi ein samla nasjonal tilgang til informasjon om kultur- og naturarven vår, gjennom å digitalisere vitskaplege samlingar ved universiteta.

Regjeringa har vedteke å etablere ein artsdatabank frå 2002. Artsdatabanken er ein elektronisk oversikt med informasjon om biologiske artar i Noreg til bruk i miljøforvaltning, undervisning og forsking. Departementet tek sikte på at artsdatabanken skal vere operativ i løpet av 2003.

Artsdatabanken vil samle og organisere data som allereie ligg føre i ulike spesialdatabasar. I starten vil ein prioritere truga eller utsette artar. Artsdatabanken vil styrkje kvaliteten i arbeidet med miljøspørsmål både i forvaltning, forsking og undervisning, og han vil lette eksisterande, og opne for ny, fagleg verksemd knytt til biologisk mangfald.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil i 2002 i samarbeid med andre departement, mellom anna Miljøverndepartementet, Landbruksdepartementet og Fiskeridepartementet, starte opp arbeidet med å etablere artsdatabanken. Artsdatabanken skal lokaliserast til Trondheim og knytast til Vitskapsmuseet ved NTNU. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet set av 2 mill. kroner som sin del av finansieringa for oppstartsåret 2002.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje tilskott til internasjonale kongressar som blir haldne her i landet, og tilskott til representantar frå utanlandske lærestader på besøk i Noreg som tek imot norske studentar. Utgifter til kurs som blir arrangerte av departementet for tilsette ved universitet og høgskolar, gaveprofessorat og ulike fellestiltak som mellom anna informasjonbrosjyrar og kunngjeringar som Informasjonstenesta ikkje tek seg av, skal òg bli dekte innanfor denne løyvinga. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3281 post 01, sjå forslag til vedtak II nr. 2.

Post 30 Fellesmidlar, kan overførast

Løyvinga vil bli nytta til arbeid utomhus og til andre fellestiltak i samband med byggjeprosjekt ved universiteta og dei vitskaplege høgskolane. Midlar vil og bli nytta til ekstern kvalitetssikring av nye byggeprosjekt.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Det blir foreslått som før at løyvinga disponerast av departementet til fordeling på universitetet og høgskoler.

Post 70 Tilskott til utgiving av lærebøker

Lærebokutvalet for høgre utdanning har til oppgåve å fordele midlane som kvart år blir løyvde av Stortinget til utgiving av lærebøker for høgre utdanning. Tilskottsordninga blir forvalta av Noregsnettrådet.

Målsetjing

Målsetjinga for tilskottsordninga er å støtte utgivingar av lærebøker som dekkjer eit dokumentert mangelområde innanfor høgre utdanning, lærebøker med låge opplag og basisutgåver på nynorsk og samisk.

Tildelingskriterium

Ramma for tilskottsordninga blir fastsett i budsjettbehandlinga. Reglane for tildeling av tilskott er fastsette i «Foreløpige retningslinjer for tildeling av støtte til utgivelse av lærebøker for høgre utdanning», godkjende av det tidlegare Kultur- og vitskapsdepartementet.

Oppfølging og kontroll

Noregsnettrådet sitt sekretariat forvaltar tilskottsordninga. Lærebokutvalet skal føre tilsyn med dei prosjekta dei tildeler midlar. Ei bok som får støtte, må givast ut innan eit år etter at midlane er tildelte. Forlaga må overfor lærebokutvalet anten stadfeste at boka ligg føre, eller betale tilbake midlane.

Kopi av søknadslistene med oversikt over tildelingane og dei prioriteringane som er lagde til grunn, skal oppbevarast i Noregsnettrådet sitt sekretariat og vere tilgjengelege for departementet.

Rapport for 2000

Rekneskapstalla i 2000 viser at det vart utbetalt 6,5 mill. kroner i tilskott til utgiving av lærebøker. Det vart gitt produksjonsstøtte til i alt 95 prosjekt. Av det totale forbruket gjekk nesten 97 pst. til produksjonsstøtte.

Budsjettforslag for 2002

Departementet foreslår ei løyving på kr 6 938 000 til utgiving av lærebøker i 2002.

Post 71 Tilskott til Stiftelsen for helsetenesteforsking ved Sentralsjukehuset i Akershus

Stiftelsen for helsetenesteforsking skal drive utgreiings-, forskings- og utviklingsverksemd i helsesektoren og fremme kvalitet i pasientbehandlinga og rasjonell bruk av ressursar som nyttast til helsetenester, med hovudvekt på drift av sjukehus. Vidare skal stiftelsen medverke til å bevare og utvikle vidare det faglege miljøet og den vitskaplege kompetansen ved Sentralsjukehuset i Akershus.

Målsetjing

Målet er at tilskottet skal medverke til stiftelsen sin utgreiings-, forskings- og utviklingsverksemd innanfor helsesektoren, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 Tillegg nr. 1 (1986-87), St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 7 (1986-87) og § 2 i statuttane for Stiftelsen for helsetenesteforsking ved Sentralsjukehuset i Akershus av 6. april 1972.

Tildelingskriterium

Tilskottet er eit grunntilskott, og storleiken blir avgjord ut frå løyvinga frå Stortinget.

Oppfølging og kontroll

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet kontrollerer dei innsende rapportane og rekneskapane. Departementet kan gjennomføre stikkprøver for å etterprøve grunnlaget for innrapportert informasjon.

Stiftelsen skal utarbeide planar for forsking og eit magasin for forsking (HELMA) som skal vere tilgjengeleg for departementet.

Rapport for 2000

Departementet sitt tilskott til Stiftelsen helsetenesteforsking var i 2000 på kr 4 559 000.

I 2000 var det høg forskingsaktivitet. Eit av hovudprosjekta omfatta vidareføring av pasient- og arbeidsmiljøundersøking etter oppdrag frå 22 norske sjukehus. Prosjektet blir avslutta i 2001. Stiftelsen for helsetenesteforsking deltek i eit større statleg utviklingsarbeid for å finne gode kvalitetsindikatorar for vurdering av kvaliteten på sjukehusa. Rapporten «Helseprofil for Akershus fylke» er andre rapporten i eit større oppdrag som er gjennomført for Akershus fylke. Stiftelsen tek del i diverse internasjonale faglege fora.

Budsjettforslag for 2002

Departementet foreslår ei løyving på kr 4 837 000 til Stiftelsen for helsetenesteforsking i 2002.

Post 72 Stipendmidlar for etterutdanning av kunstnarar

Kunsthøgskolen i Oslo fekk i 2000 ansvaret for å forvalte tilskottsordninga. Stipenda blir tildelte etter tilråding frå ein stipendkomite, som er oppnemnd for ein periode på tre år av styret for Kunsthøgskolen i Oslo, etter forslag frå kunstnarorganisasjonane og kunsthøgskolane.

Målsetjing

Formålet med tilskottsordninga er å skape eit økonomisk grunnlag for eit systematisk tilbod om etterutdanning for kunstnarar med forankring i kunsthøgskolane og andre aktuelle fagmiljø.

Tildelingskriterium

Tilskottet blir fastsett gjennom budsjettbehandlinga. Tilskottet kan bli gitt til kunstnarar ved kunstfaglege etterutdanningstilbod som er organiserte av Kunsthøgskolen i Bergen, Kunsthøgskolen i Oslo og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Tilskottet skal dekkje kursavgift og reise- og opphaldsutgifter på kursstaden.

Oppfølging og kontroll

Kunsthøgskolen i Oslo skal føre kontroll med at tilskottet nyttast i samsvar med føresetnad for tildeling av tilskott, samt leggje fram rapport og rekneskap for bruken av midlane.

Rapport for 2000

Det vart løyvd 1 894 000 kroner over kap. 281 post 72 til stipendmidlar for etter- og vidareutdanning av kunstnarar i 2000.

Budsjettforslag for 2002

Departementet foreslår ei løyving på 1 951 000 kroner til stipendmidlar for etterutdanning av kunstnarar.

Post 73 Tilskott til internasjonale program

Noreg tek del i alle EUs utdannings- og opp­læringsprogram. Dette gjeld i hovudsak SOKRATES og LEONARDO DA VINCI, i tillegg til nokre av EUs mindre tiltak på utdanningsområdet. SOKRATES-programmet omfattar samarbeid innan­for allmennutdanning på alle nivå frå skole til doktorgrad.

Målsetjing

Målet med tilskottet er å leggje til rette for norsk deltaking i forpliktande institusjonelt samarbeid på tvers av landegrensene. Dette gjer ein for å oppnå internasjonalisering av norsk utdanning. Vidare skal tilskottet leggje til rette for fleirnasjonalt samarbeid om nyskapande prosjekt i utdanninga. Dette er for å oppnå fagleg utvikling og gjensidig læring.

Tildelingskriterium

Tilskottet skal dekkje medlemskontingenten for å delta i utdanningsprogramma. Det skal også dekkje drifta av SOKRATES-programmet i Noreg og andre mindre internasjonale samarbeidstiltak, spesielt innanfor høgre utdanning. Kontingenten blir fastsett gjennom årlege EØS-forhandlingar.

Oppfølging og kontroll

Det er Senter for internasjonalt universitetssamarbeid (SIU) i Bergen som har ansvaret for å leggje til rette for og gjennomføre programma i Noreg. SIU har også ansvaret for administrasjon av norske nasjonale ekspertar til EU-kommisjonen.

Noreg er med i hovudkomiteen for SOKRATES og i ulike underkomitear for skole og for høgre utdanning.

EU-kommisjonen har skjerpa krava til rutinar for kontroll og revisjon i denne programperioden.

Rapport for 2000

Det norske tilskottet til EU-kontingenten for SOKRATES-programmet var på 26,6 mill. kroner i 2000. I tillegg har det nasjonale SOKRATES-kontoret (Senter for internasjonalt universitetssamarbeid, SIU) fått kr 7 427 000.

I alt 307 norske skolar samarbeidde med 931 europeiske skolar i samarbeidet COMENIUS in­nanfor SOKRATES-programmet. 70 pst. av dei norske skolane i partnerskap er grunnskolar. 463 lærarar fekk individuelle stipend for språk- og skolesamarbeid.

Gjennom tiltak for studiebesøk for utdanningsadministratorar og beslutningstakarar i utdanningssystemet (ARION) fekk 37 utdanningsadministratorar høve til å reise på studiebesøk i 2000/01. Det er ein auke på meir enn 20 pst. i høve til året før. Noreg var vertsland for 48 utanlandske deltakarar fordelte på fire ARION-kurs som vart arrangerte av SU-kontora i Hedmark, Østfold, Finnmark og Telemark.

I 2000/01 tok 40 norske universitet og høgskolar del i ERASMUS-samarbeidet med student- og lærarutveksling. Dei norske institusjonane mottok i alt ca. 4 mill. kroner for institusjonskontrakten med EU, ca. 12,5 mill. kroner i studiestipend og ca. 1,8 mill. kroner i lærarstipend.

I studentutvekslinga heldt talet på utreisande studentar seg stabilt (1 107, ein auke på seks studentar frå året før). Dette talet bør bli høgre. Talet på innreisande studentar held fram med å stige. 1 008 studentar kom til Noreg på ERASMUS-utveksling i 1999-2000. Ubalansen mellom inn- og utreisande studentar er dermed ytterlegare redusert i høve til tidlegare, noko som også går fram av tabellen nedanfor.

ERASMUS-studentar

År

Inn

Ut

1992-93

155

474

1993-94

365

784

1994-95

554

980

1995-96

727

1 212

1996-97

776

1 165

1997-98

744

1 071

1998-99

983

1 101

1999-2000

1 008

1 107

I tillegg reiste 149 lærarar ved norske universitet og høgskolar ut på korte undervisningsopphald med ERASMUS-stipend i 1999-2000.

Budsjettforslag for 2002

Departementet foreslår ei løyving på 58,5 mill. kroner i 2002. Løyvinga skal mellom anna dekkje kontingentutgifter til EU og kostnader i Noreg for deltakinga i SOKRATES-programmet.

Post 75 Tilskott til UNIK

Universitetsstudia på Kjeller (UNIK) vart etab­lerte i 1987. Stiftelsen omfattar Universitetet i Oslo, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og dei tre store institutta på Kjeller: Forsvarets forskingsinstitutt, Institutt for energiteknikk og Telenor Forsking og Utvikling. UNIK er fagleg underlagt Universitetet i Oslo og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Målsetjing

Målsetjinga med ordninga er å skape ein avansert studiestad innanfor norsk universitetsutdanning med fagleg og pedagogisk kvalitet på høgt internasjonalt nivå, og med tyngdepunkt i bruksretta informasjonsteknologi. Stiftelsen skal tilby undervisning og rettleiing på hovudfagsnivå for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet sin siv.ing.-grad og Universitetet i Oslo sin cand.scient.- og siv.ing.-grad, samt forskarutdanning til dr.ing.- og dr.scient.-gradane.

Tildelingskriterium

Tilskottet blir gitt som grunntilskott innanfor ramma av Stortingets løyving. Faste vitskaplege stillingar blir finansierte over budsjetta til universiteta.

Oppfølging og kontroll

Styret for stiftelsen har sju medlemmer. Styret legg kvart år fram melding med utgreiing om aktiviteten i stiftelsen. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet skal gjennomføre kontrollar av dei innsende rapportane og rekneskapane.

Rapport for 2000

I 2000 var det 213 studentar som avla eksamen ved UNIK. 15 studentar avla cand.scient.-graden og elleve studentar siv.ing.-graden. To kandidatar avla doktorgraden. 25 forskarar frå Kjellerinstitutta medverka til undervisning og rettleiing. Den faste akademiske staben, stipendiatar og tilsette i toerstillingar ved UNIK publiserte samla 45 artik­lar i 2000. Det er tilsett fem nye stipendiatar.

Budsjettforslag for 2002

Departementet foreslår ei løyving på 12 731 000 kroner til Universitetsstudia på Kjeller i 2002.

Post 76 Tilskott til NORDUnet, kan overførast

NORDUnet AS er ein nordisk nettverksorganisasjon som vart formelt etablert i 1989. I 1995 vart organisasjonen omdanna til eit dansk aksjeselskap eigd av dei nasjonale nettverksorganisasjonane i dei fem nordiske landa. Uninett AS forvaltar dei norske interessene i selskapet.

Målsetjing

Formålet med tilskottsordninga er å sikre ein felles nettinfrastruktur for dei nordiske universitets- og høgskolesektorane og knytte dei til internasjonale nett og nett-tenester. Siktemålet er å gi nettbrukarane i dei nordiske landa høgre kvalitet og lågare pris på nett og nett-tenestene enn det dei nasjonale nettverksorganisasjonane kan realisere på eiga hand.

Tildelingskriterium

Kostnadene i samband med samarbeidet i NORDUnet AS blir delte mellom medlemslanda etter brutto nasjonalprodukt. Noreg dekkjer sitt tilskott i hovudsak gjennom eit sentralt grunntilskott som blir fastsett i dei årlege budsjettforhandlingane i Stortinget. Kostnader ut over grunntilskottet blir dekte av medlemsinstitusjonane.

Oppfølging og kontroll

Aksjeselskapet er underlagt dansk lovgiving. Styret har fem medlemmer, ein frå kvar av dei fem nettverksorganisasjonane. Styret legg fram årsmelding, samt rekneskap og budsjett for verksemda.

Organiseringa og finansieringa av verksemda til NORDUnet AS har vore evaluert av ein nordisk embetsmannskomite under Nordisk Ministerråd. Komiteen konkluderer med at ordninga har vore ein suksess, og bør førast vidare. Budsjettprosessen og framdriftsplanen vil bli vurdert i regi av Nordisk Ministerråd.

Rapport for 2000

Dei føregåande års vekst i nettverkstrafikken på 100 pst. per år heldt fram i 2000, og kapasiteten på nettet vart auka tilsvarande.

Ei utbygging mellom Danmark, Finland, Sverige, Island og Noreg vart starta i 2000 og vil bli ferdig i 2001. NORDUnet og dei nordiske forskingsnetta deltek aktivt i den europeiske nettutviklinga. NORDUnet sine tenester til forskingsnetta i Polen, Estland, Ukraina og Russland vart førte vidare og bygde ut ytterlegare i løpet av året.

Kapasiteten til USA vart auka, samstundes som prisane på sambandet til USA fall i 2000.

Budsjettforslag for 2002

Departementet foreslår ei løyving på 33 632 000 kroner til NORDUnet AS i 2002.

Post 77 Tilskott til Falstadsenteret

Det er oppretta ein eigen tilskottspost til Stiftelsen Falstadsenteret, jf. Innst. S. nr. 325 (2000-2001). Stiftelsen vart etablert i 2000, etter initiativ frå Levanger kommune og Nord-Trøndelag fylkeskommune. Stiftelsen kan etablere samarbeid med andre offentlege og private instansar og enkeltpersonar som har særleg interesse for og kompetanse i fangehistorie frå krigen, humanitær folkerett og spørsmål om menneskerettane.

Målsetjing

Formålet med tilskottsordninga er å skape eit opplærings- og dokumentasjonssenter for krigens fangehistorie, humanitær folkerett og menneskerettar. Dokumentasjonen om fangeleirar og lagnaden og bakgrunnen til fangar frå krigen skal vere tilgjengeleg for forsking, undervisning og kursverksemd. Seminar og kurs i humanitær folkerett og spørsmål om menneskerettane er ein vesentleg del av formålet til stiftelsen.

Formålet for stiftelsen er av allmenn, ideell karakter. Han skal ikkje drive økonomisk næringsverksemd med sikte på overskott, men gjennom drifta sørgje for vedlikehald av grunnkapitalen.

Tildelingskriterium

Tilskott blir gitt som grunntilskott innanfor ramma av Stortinget si løyving.

Oppfølging og kontroll

Styret for stiftelsen har sju medlemmer. Styret legg fram årsmelding, samt rekneskap og budsjett for verksemda. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet skal kontrollere dei innsende rapportane og rekneskapane.

Budsjettforslag for 2002

Høgskolen i Nord-Trøndelag er hausten 2001, blant anna på bakgrunn av sitt samarbeid med Falstadsenteret, tildelt ei stipendiatstilling retta mot arbeid med menneskerettar. Departementet foreslår ei løyving på 2,06 mill. kroner til Stiftelsen Falstadsenteret i 2002.

Post 78 Universitets- og høgskolerådet

Det er oppretta ein eigen tilskottspost til Universitets- og høgskolerådet (UHR). UHR er ein samanslutning av Det norske universitetsråd og Det norske høgskolerådet. Rådet er eit fellesorgan for statlege institusjonar innanfor høgre utdanning. I samband med opprettinga av eit nytt arkiv-, bibliotek- og museumsorgan er det trekt ut ein stillingsressurs frå budsjettet til Riksbibliotektenesta. Midlane er overførte til UHR, jf. kap. 325 «ABM-utvikling» på budsjettet til Kulturdepartementet.

Målsetjing

Formålet med tilskottet er å utvikle og fremme forsking og høgre utdanning innanfor ein nasjonal forskings- og utdanningspolitikk. UHR skal fremme koordinering og arbeidsdeling innanfor universitets- og høgskolesektoren og overfor andre nasjonale aktørar.

Tildelingskriterium

Tilskottet blir gitt som grunntilskott innanfor ramma av Stortinget si løyving.

Oppfølging og kontroll

Universitets- og høgskolerådet blir leia av eit representantskap og eit styre. Representantskapet er sett saman av faste representantar for medlemsinstitusjonane, Studentenes Landsforbund og Norsk Studentunion. Representantskapet vedtek budsjett og kontingent, og godkjenner rekneskap for drifta av UHR. Styret har ansvaret for verksemda til rådet innanfor dei rammene som er fastsette av representantskapet. Styret legg fram årsmelding, samt rekneskap og budsjett for verksemda. Dokumenta blir kontrollert av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

Rapport for 2000

Utvala til Høgskolerådet og Universitetsrådet fortsatte med sine rådgivande funksjonar for UHR fram til nye utval blei etablerte med nye mandat og medlemmer.

Budsjettforslag for 2002

Departementet foreslår ei løyving på 6 275 000 kroner til Universitets- og høgskolerådet i 2002.

Post 79 Tilskott til RiT 2000, kan overførast

Posten er flytta til post 79 frå post 60. Denne budsjett­posten dekkjer investeringstilskott frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet til universitets- og høgskoledelen av prosjektet. Det blir vist til St.prp. nr. 1 (2000-01) Tillegg nr. 8 og St.prp. nr. 84 (2000-01), samt kap. 739 post 76 i St.prp. nr. 1 (2001-2002).

Målsetjing

Målsetjinga for tilskottsordninga er å finansiere universitets- og høgskoledelen av RIT 2000.

Rapport for 2000

Over Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementets budsjett blei det i 2000 utbetalt om lag 93,2 mill. kroner. Totalt i perioden 1997-2000 er det utbetalt om lag 166,3 mill. kroner i samband med universitetsdelen av utbygginga. For nærmare omtale av gjennomførte og igangsette aktivitetar, sjå omtale under kap. 739 post 76.

Stortinget vedtok i samband med handsaminga av St.prp. nr. 84 (2000-01) at det skal utgreiast ei alternativ lokaliseringsløysing for den nye universitetsklinikken i Trondheim før det eventuelt vert byggestart på Øya. Denne utgreiinga skal ferdigstillast innan årsskiftet 2001/02. Om Dragvoll syner seg som eit betre alternativ, vil saka bli lagt fram for Stortinget på nytt.

Ein eventuell relokalisering av sjukehuset og Det medisinske fakultet ved NTNU til Dragvoll gjer det naturleg å vurdere ei flytting av universitetsfunksjonane på Dragvoll til Øya. Utgreiinga vil derfor innehalde ein analyse av ei slik relokalisering av universitetsaktivitet. Vidare vil planane om å realisere nye lokale for helsefagutdanningane ved Høgskolen i Sør-Trøndelag bli vurderte i denne samanhengen. Det kan vere funksjonelle og økonomiske gevinstar knytte til å sjå høgskolen sine behov for nye lokale til helsefagutdanningane i samband med realiseringa av ny universitetsklinikk. Fysisk nærleik til eit sjukehus er viktig for rasjonell drift av denne typen utdanningar.

Gjennom handsaminga av St.prp. nr. 84 (2000-01) slutta Stortinget seg til at kostnadene ved utgreiingsarbeidet skulle finansierast innanfor dei vedtekne budsjettrammene for RIT 2000-prosjektet under Sosial- og helsedepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

Budsjettforslag for 2002

Løyvingsforslaget for 2002 er på 190 923 000 kroner. Løyvingsbehovet vil vere avhengig av avgjerdsla om lokalisering. Regjeringa vil derfor eventuelt komme tilbake til Stortinget med eit revidert løyvingsforslag.

Ein viser til nærmare omtale under kap. 739 post 76.

Post 90 Kapitalinnskott i forskingsstiftelsar

Løyvinga blir disponert til kapitalinnskott i stiftelsar eller til aksjekjøp dersom det er ønskeleg med slik medverknad frå universitet eller høgskolar i stiftelsar og aksjeselskap. Departementet vurderer å stifte Simula Research Laboratory som statsaksjeselskap i 2002, med dei fire universiteta og forskingsinstitutta SINTEF og Norsk Regnesentral som eigarar. Departementet vil komme tilbake til saka.

Kap. 3281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 281)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Inntekter frå oppdrag

12 962

168

173

02

Salsinntekter o.a.

7 342

109

1 112

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

278

18

Refusjon av sjukepengar

548

Sum kap. 3281

21 130

277

1 285

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endring:

  • Inntektspost 02 er oppjustert med 1 mill. kroner, sjå parallell oppjustering av utgiftspost 01 under kap. 3281.

Kap. 282 Privat høgskoleutdanning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

70

Tilskott

369 581

395 794

418 021

Sum kap. 282

369 581

395 794

418 021

Kapitlet omfattar tilskott til private høgskolar.

Post 70 Tilskott

Målsetjing

Tilskottet skal medverke til å sikre drift av ulike utdanningstilbod ved private høgskolar som oppfyller krava til fagleg nivå og øvrige vilkår i privathøyskoleloven.

Tildelingskriterium

Kriterier for å få statstilskott går fram av kap. 4 i privathøgskolelova.

Høgskolar som i dag ikkje har eksamensrett, kan søkje om å få eksamenar godkjende etter lova. Ei eventuell tildeling av eksamensrett gjeld det einskilde studiet og ikkje institusjonen. I tillegg til at krava for eksamensrett må vere oppfylte, gjeld følgjande vilkår: Høgskolen må anten a) vere oppretta av religiøse eller etiske grunnar, b) vere oppretta som eit fagleg-pedagogisk alternativ eller c) utfylle det offentlege utdanningstilbodet på felt der det er eit udekt behov. I tillegg vil budsjettrammene vere avgjerande for om nye høgskolar/studium kan få tilskott.

Statstilskottet blir rekna ut som produktet av ein normalsats per student fastsett av Stortinget og eit studenttal som er godkjent av Kongen. Normalsatsane blir fastsette med utgangspunkt i driftskostnad per student i statleg høgskoleutdanning (normalkostnad) og som ein prosentsats av denne. I tillegg blir det gitt ikkje-studentbaserte tilskott til einskilde institusjonar etter særskild vurdering, sjå Budsjettforslag for 2002 nedanfor.

Oppfølging og kontroll

Paragraf 13 i privathøgskolelova pålegg styret for private høgskolar med statstilskott å leggje fram budsjett og rekneskap som er godkjende av eigaren. Rekneskapen skal vere revisorattestert og må sendast departementet innan 1. mai kvart år. I tillegg til rekneskapen og årsmeldinga skal rapporten innehalde ulike opplysningar om studenttal, oppgåve over uteksaminerte kandidatar, oversikt over forskingsprogram og vitskaplege publikasjonar, oversikt over undervisningspersonalet og namn på styremedlemmer.

Rapport for 2000-01

Betanien sykepleierhøgskole fekk eksamensrett for cand.mag.-graden i februar 2001.

Tabellen nedanfor viser total aktivitet ved private høgskolar på kap. 282 i 1999 og i 2000. Tabellen er basert på rapportar frå institusjonane:

Privat høgskoleutdanning - kandidattal og opptakstal

Private høgskolar

Registrert kandidattal

Registrert kandidattal

Registrert opptakstal

Registrert opptakstal

1999

2000

1999

2000

Sjukepleiarutdanning

354

403

495

499

Vernepleiarutdanning

52

89

92

124

Sosionomutdanning

90

92

88

88

Andre helse- og sosialrelaterte utdanningar

592

612

343

694

Cand.theol.-utdanning

40

63

82

69

Allmennlærarutdanning

39

87

170

163

Førskolelærarutdanning

200

200

280

266

Annan utdanning innanfor teologi, pedagogikk og kunst

1 249

1 283

1 416

1 486

Siviløkonomutdanning

284

316

320

325

Sivilmarknadsførarutdanning

94

139

237

183

Revisorutdanning

38

61

60

55

Ingeniørutdanning

8

10

79

66

Andre økonomiske, journalistiske og tekniske utdanninger

3 314

2 491

8 768

9 459

Sum privat høgskoleutdanning

6 354

5 846

12 430

13 476

Tabellen nedanfor gir eit oversyn over det økonomiske omfanget av verksemda ved dei private høgskolane med statstilskott i 2000:

Private høgskolar - statstilskott (kap. 282), totale driftsinntekter og driftskostnader i 2000 (i 1 000 kr)

Institusjon

Tilskott frå kap. 282

Totale driftsinntekter1

Driftskostnader1

Diakonhjemmets høgskolesenter

32 595

71 747

70 325

Menighetssøsterhjemmets høgskole

15 103

17 086

19 887

Betanien sykepleierhøgskole

11 619

16 917

16 892

Høgskolen for Diakoni og Sykepleie

28 630

40 549

41 723

Diakonissehjemmets høgskole

11 770

17 166

17 228

Rogaland vernepleierhøgskole

11 897

15 972

16 545

Det teologiske menighetsfakultet

26 866

38 449

39 690

Misjonshøgskolen

7 208

18 921

19 350

Norsk lærerakademi, lærarhøgskolen

23 089

30 098

28 098

Norsk lærerakademi, vitskapleg høgskole

20 041

26 298

27 193

Dronning Mauds Minne

36 993

41 200

43 697

Rudolf Steinerhøgskolen

5 211

6 419

6 545

Den norske eurytmihøgskole

1 603

1 883

1 894

Barrat Due

7 062

8 166

8 590

Den norske Balletthøyskole

2 194

3 719

4 444

Bergen Arkitekt Skole

6 197

8 785

8 818

Handelshøyskolen BI2

80 342

670 559

662 186

Den Polytekniske Høgskolen

20 844

104 165

102 699

Mediehøgskolen

6 347

13 378

13 633

1 Byggjar på tal rapportert av institusjonane.

2Varehandelshøyskolen vart innlemma i Handelshøyskolen BI i januar 2000. Desse institusjonane blir derfor presenterte som ei eining.

Budsjettforslag for 2002

Det er lagt inn 7 844 000 kroner til rekrutteringsstillingar på kap. 282. Tidlegare er det over kap. 281 blitt løyvd statsstøtte til seks stipendiatstillingar ved Handelshøyskolen BI og fem stipendiatstillingar ved Det teologiske menighetsfakultet. Desse blir i 2002 førte vidare over kap. 282. I tillegg er det lagt inn statsstøtte til fire stipendiatstillingar og to postdoktorstillingar ved Handelshøyskolen BI, samt to stipendiatstillingar ved Det teologiske menighetsfakultet. Sjå kap. 281 for nærmare omtale av rekrutteringsstipendprogrammet.

Ramma på kapitlet er auka med 2,5 mill. kroner i samband med at Norsk Reiselivshøyskole blir tildelt statsstøtte for 2002.

Det er lagt inn 1,3 mill. kroner i ramma i samband med ny rammeplan for sjukepleiarutdanning.

Departementet har gått gjennom normalkostnadene for 2001 på kap. 282 for å finne ut om det er grunnlag for å endre dei. Det er henta inn kostnadstal frå statlege utdanningar som kan samanliknast med utdanningar som får statsstøtte på kap. 282. Det har vore ein konstruktiv dialog mellom departementet og Nettverket for Private høgskoler om nye normalkostnader, jf. merknad i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2000-01). Departementet har valt å føre vidare normalkostnadene frå 2001. Departementet vil halde fram med å utvikle talgrunnlaget for normalkostnadene.

I samband med oppfølginga av St.meld. nr. 27 (2000-01) vil departementet utforme eit forslag til felles lov for statlege og private institusjonar in­nanfor høgre utdanning. Departementet vil gjennomføre lovendringane knytte til Kvalitetsreforma av høgre utdanning i to trinn og vil komme tilbake med forslag om ei felles lov i trinn to av prosessen, sjå omtale under kategori 07.60.

Departementet viser til Stortingets vedtak i samband med Innst. S. nr. 337 (2001-02) om delvis dekning av studieavgifter for studentar ved Handelshøyskolen BI. I høve til vedtaket til Stortinget er det ei rekkje problemstillingar som departementet må ta stilling til før ei eventuell innføring av ei ordning med delvis dekning av studieavgifter.

Departementet ventar at gjennomføringsprosenten for studium ved private høgskolar også frametter ligg på eit høgt nivå. Ved dei private høgskolane som i dei siste åra har fått auka studenttalet for tilskott, er det venta at kandidatproduksjonen vil stige tilsvarande etter kvart som desse kulla blir uteksaminerte.

Departementet foreslår følgjande fordeling av tilskottet til private høgskolar for 2002:

Privathøgskoleutdanning - studenttal og forslag om tilskott i 2002 (i 1 000 kr)

Privat høgskoleutdanning

­Registrerte studentar

hausten 1999

­Registrerte studentar

hausten 2000

Studenttal for tilskott

hausten 2001

Studenttal for tilskott hausten 2002

­Statstilskott 2001 ­(endeleg ­tilsegns-

brev)

Forslag om ­statstilskott 2002

Diakonhjemmets høgskolesenter

36 378

39 003

- sjukepleiarutdanning

276

287

310

335

- sosionomutdanning

278

257

270

270

- andre studium

181

167

118

118

Menighetssøsterhjemmets høgskole

266

325

275

280

16 394

17 155

Betanien sykepleierhøgskole

215

274

215

215

12 778

13 263

Diakonissehjemmets høgskole

281

249

205

205

12 688

13 168

Høgskolen for Diakoni og Sykepleie

598

722

545

545

30 960

32 203

Rogaland Vernepleierhøgskole

296

330

270

270

14 006

14 929

Sum helse- og sosialrelatert utdanning

2 391

2 611

2 208

2 238

123 204

129 721

Det teologiske menighetsfakultet

28 769

29 603

- praktikum

60

61

40

40

- øvrige

732

710

550

550

Misjonshøgskolen

7 928

8 159

- praktikum

16

12

10

10

- øvrige

145

161

155

155

Norsk Lærerakademi, vitskapleg høgskole

565

617

510

510

21 461

22 083

Norsk Lærerakademi, lærarhøgskolen

354

413

500

452

27 742

27 220

Dronning Mauds Minne

718

717

734

710

41 501

41 968

Barrat Due

70

70

72

72

9 262

9 482

Rudolf Steinerhøgskolen

91

103

105

105

5 580

5 742

Den norske Eurytmihøgskole

22

18

24

24

1 869

2 079

Den norske Balletthøyskolen

27

30

27

27

2 349

2 417

Sum teologisk, pedagogisk og kunstutdanning

2 800

2 912

2 727

2 655

146 461

148 753

Bergen Arkitekt Skole

102

117

105

105

6 636

6 828

Handelshøyskolen BI

- Master of Science

89

74

96

96

3 871

3 983

- siviløkonomutdanning

1 295

1 290

1 255

1 255

34 781

35 790

- sivilmarknadsførarutdanning

794

698

363

363

10 060

10 352

- revisorutdanning

190

175

225

225

6 236

6 417

- ordinære studium NMH

1 468

1 616

712

712

9 181

9 945

- internasjonale studium NMH

306

276

225

225

7 946

8 177

- andre utdanningar

4 885

6 456

3 286

3 286

8 155

8 391

- Norges Varehandelshøyskole

283

213

210

210

5 820

5 989

Den Polytekniske Høgskolen

- forkurs

169

142

200

80

4 562

3 286

- ingeniørutdanning

142

174

80

80

2 484

2 921

- datautdanning

1 799

1 754

710

710

15 630

16 083

Mediehøgskolen

120

120

125

125

6 797

6 994

Norsk Reiselivshøyskole

0

105

0

2 577

Sum økonomisk, journalistisk

og teknisk utdanning

11 642

13 105

7 592

7 577

122 160

127 733

Sum

16 833

18 628

12 527

12 470

391 824

406 207

Refusjon av pensjonstilskott

3 970

3 970

Stipendiatstillingar

7 844

Sum totalt tilskott

395 794

418 021

I tillegg til desse institusjonane har departementet motteke søknad om statsstøtte frå Oslo Merkantile Høyskole. På grunn av finanspolitiske årsaker finn departementet ikkje å kunne komme søknaden til Oslo Merkantile Høyskole i møte.

Normalkostnader

Departementet foreslår å bruke normalkostnadene frå 2001 og prisjustere desse med 2,9 pst. i 2002, sjå omtale ovanfor.

Tilskottsprosentsatsar

Departementet foreslår å føre vidare tilskottsprosentsatsane frå 2001.

Husleigetilskott

I 2001 vart husleigetilskottet på 25 776 000 kroner tildelt dei private helsefagskolane, samt Norsk Lærerakademi, lærerhøgskolen, Dronning Mauds Minne og Barrat Due. Departementet foreslår å føre vidare husleigetilskottet til desse institusjonane på samme nivå i 2002.

Refusjon for del av pensjonsinnskott

Ordninga med refusjon for del av pensjonsinnskott omfattar dei same institusjonane som får husleigetilskott, bortsett frå Barrat Due. I 2001 blei 3,97 mill. kroner sett av til dette formålet. Departementet foreslår å føre vidare ordninga med refusjon av pensjonsinnskott på samme nivå i 2002.

Studenttal for tilskott

I samsvar med Budsjett-innst. S. nr. 12 (2000-2001) blei det i 2001 gitt statstilskott til 25 nye studieplassar ved sjukepleiarutdanninga ved Diakonhjemmets høgskolesenter og 20 nye studieplassar ved dataingeniørutdanninga ved Den Polytekniske Høgskolen. Departementet foreslår å vidareføre det auka opptaket ved sjukepleiarutdanninga i 2002.

Ved Dronning Mauds Minne foreslår departementet å redusere studenttalet for støtte med 24 studieplassar ved førskolelærarutdanninga frå hausten 2002.

Ved Norsk Lærarakademi, lærerhøgskolen, blir det foreslått å redusere studenttalet for støtte med 48 studieplassar ved førskolelærarutdanninga frå våren 2002. Ved Den Polytekniske Høgskolen foreslår departementet å redusere studenttalet for støtte ved forkurs for ingeniørar med 120 studieplassar frå hausten 2002. Ved førskolelærarutdanninga og forkurs for ingeniørar har desse institusjonane ikkje fylt alle studieplassane som dei mottek statsstøtte for. Det er mange ledige studieplassar innafor førskolelærar og ingeniørutdanning ved statlege institusjonar.

Programkategori 07.70 Forsking

Kategori 07.70 omfattar mellom anna:

  • Noregs forskingsråd

  • Fondet for forsking og nyskaping

  • forskingsinstitutt

  • Det norske meteorologiske institutt

  • internasjonalt forskingssamarbeid

Utgifter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

0283

Det norske meteorologiske institutt (jf. kap. 3283)

345 510

345 013

355 882

3,2

0285

Noregs forskingsråd

782 249

807 797

885 613

9,6

0286

Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 3286)

1 090 000

3 703 500

1 350 462

-63,5

0287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

101 349

87 529

296 706

239,0

0288

Internasjonale samarbeidstiltak

332 688

92 070

130 005

41,2

Sum kategori 07.70

2 651 796

5 035 909

3 018 668

-40,1

I høve til budsjettet for 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Budsjettrammene på kapitla 283, 285 og 287 er til saman oppjusterte med 10,4 mill. kroner i samband med kompensasjon til statleg forvaltning for innføring av meirverdiavgift på tenester, omlegging til direkte refusjon av sjukepengar i statlege verksemder og innsparing ved statlege innkjøp, sjå Innst. S. nr. 325 (2000–2001) og St.prp. nr. 84 (2000–2001).

  • Kap. 285 er auka med om lag 41 mill. kroner i samband med at midlar til pensjonsutgifter for universitetstilsette med finansiering frå Noregs forskingsråd er overførte frå dei fire universiteta (post 50 på kapitla 260, 261, 262 og 263).

Inntekter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

3283

Det norske meteorologiske institutt (jf. kap. 283)

150 652

142 928

147 214

3,0

3286

Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 286)

85 598

203 500

525 462

158,2

Sum kategori 07.70

236 250

346 428

672 676

94,2

Budsjettforslag for 2002 – prioriteringar

Dei samla løyvingane under kategori 07.70 viser ein nominell nedgang på 40,1 pst. samanlikna med 2001. Nedgangen skriv seg frå at den foreslåtte kapitalauken i Forskingsfondet for 2002 på 1 mrd. kroner er mindre enn auken frå 2000 til 2001. Den samla fondskapitalen vil etter dette vere 11 mrd. kroner. Som følgje av auka avkastning frå fondet vil overføringane til Noregs forskingsråd over kap. 286 auke med om lag 147 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2001.

Ei viktig ny satsing innafor kategorien er satsinga på funksjonell genomforsking. Ei anna er opprettinga av «Niels Henrik Aabels minnefond» som skal gå til årlege prisutdelingar i matematikk.

Korrigert for tekniske endringar og for løyvingar over 90-postar (kapital til Abelfondet og Forskingsfondet) viser budsjettforslaget ein nominell auke på 15,1 pst.

Overordna mål for forsking

For ein omtale av overordna mål for norsk forsking generelt, sjå under Del I, pkt. 2 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.

Mål for departementet

Regjeringa vil satse på forsking. Med utgangspunkt i forskingspolitikken til Regjeringa har departementet som mål å:

  • sikre at den forskinga som departementet finansierer er langsiktig og held god kvalitet

  • medverke til eit velfungerande forskingssystem

  • sikre at fleire kandidatar blir rekrutterte til forsking, og auke talet på kvinner i akademia

Langsiktig og god forsking

Det er eit mål å styrkje den langsiktige, grunnleggjande forskinga og å forbetre kvaliteten i norsk forsking. Det generelle kvalitetsnivået skal hevast, og fleire norske miljø skal vere i den internasjonale forskingsfronten. Eit aktivt engasjement i internasjonalt samarbeid vil vere viktig for å fremje kvalitet og fagleg fornying og for å betre tilgangen på ny kunnskap.

Tilstandsvurdering

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet finansierer størsteparten av norsk grunnforsking. Denne forskinga skal medverke til å gi større innsikt i naturen, oss sjølve og samfunnet, og danne grunnlag for forskingsbasert undervisning. Den offentleg finansierte grunnforskinga sikrar landet ei langsiktig kunnskapsoppbygging, gir oss ein kunnskapsbank på område som vil kunne bli sentrale i framtida, og gjer bedrifter og institusjonar betre i stand til å hente inn ny kunnskap utanfrå. Norsk grunnforsking er dermed også avgjerande for utviklinga av næringsliv og velferd i Noreg.

Det har vorte hevda at anvend forsking kan føre til forbetringar medan grunnforskinga kan føre til revolusjonar. Då James Watson og Francis Crick beskreiv DNA-molekylet i 1953, danna dei grunnlaget for den bioteknologiske revolusjonen. Kartlegginga av den menneskelege arvemassen, som nyleg er gjennomført, ville ha vore umogleg utan denne kunnskapen. Genomforskinga gir oss grunnleggjande ny kunnskap om mennesket og den menneskelege utviklingshistoria. Samtidig opnar den for eit betre helsevesen og breiare næringsverksemd. På lengre sikt og i kombinasjon med annan teknologi kan ein tenkje seg at kunnskapen kan utnyttast på svært mange samfunnsområde. Slik kunnskap kan dessverre også bli misbrukt. Derfor er det viktig at forskinga følgjer dei etiske prinsippa som ligg til grunn for vår kultur.

Grunnforskinga i Noreg blir utført først og fremst ved universitet og vitskaplege høgskolar. Mesteparten av forskingsmidlane til institusjonane blir gitt via dei direkte løyvingane til universitet og høgskolar, sjå kategori 07.60. Finansiering gjennom forskingsråd er ein tilleggskanal for finansiering av forsking ved universitet og høgskolar, slik tilfellet er i dei fleste land. Samanlikna med andre OECD-land har Noreg ein låg grunnforskingsprosent (16,6 pst. av total forskingsinnsats i 1999). Ei av forklaringane på dette er at det blir utført lite grunnforsking i foretakssektoren, fordi Noreg har få store foretak som investerer i forsking.

I 2001 var nivået på løyvingane til grunnforsking frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet til Noregs forskingsråd for første gong reelt sett høgare enn i startåret 1993. I 1999 vart det oppretta eit fond for forsking og nyskaping. Hovudformålet med fondet er å styrkje langsiktig, grunnleggjande forsking generelt og langsiktig grunnleggjande forsking på tematisk prioriterte område. Fondskapitalen har vakse raskt og er i 2001 på 10 mrd. kroner. Fondsavkastninga har vorte ei viktig kjelde til langsiktig og god norsk forsking, sjå omtale nedanfor og under kap. 286.

For at norske forskarar skal kunne utføre forsking i den internasjonale forskingsfronten, må dei ha tilgang til oppdatert vitskapleg utstyr. Universiteta og høgskolane får midlar til vitskapleg utstyr direkte over grunnbudsjetta til institusjonane og gjennom Noregs forskingsråd, jf. kap. 285 post 52 og kap. 286 post 50. Forskingsrådet har eit eige utstyrsutval som i perioden 1996–2001 har fordelt 317 mill. kroner finansiert over desse kapitla. Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU) har nyleg evaluert ordninga. Evalueringa viser at ordninga har verka klart positivt for norske universitet og høgskolar. Det er etablert eit system der søknader om utstyr blir prioriterte både ved institusjonane sjølve og nasjonalt. Ordninga er forskardriven og har legitimitet ved institusjonane. Situasjonen for utstyr som kostar meir enn 700 000 kroner, er no betre, men det er framleis store udekte behov. Ordninga har i mindre grad ført til samarbeid mellom institusjonane. Hovudkonklusjonen er at ordninga har vore vellykka og må førast vidare med mindre justeringar.

Evalueringar er viktige tiltak for å få status over kvaliteten på norsk grunnforsking. Noregs forskingsråd har over fleire år systematisk evaluert dei naturvitskaplege fagområda. Evalueringane nyttar internasjonal ekspertise. Evalueringane syner at kvaliteten er varierande, og at det er eit generelt behov for forskingsleiing, konsentrasjon, arbeidsdeling og fornying. Forskingsrådet er no i gang med å evaluere den grunnleggjande forskinga innanfor informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og matematikk. Forskingsrådet vil også gjennomføre tilsvarande fagevalueringar innanfor humaniora og samfunnsvitskap, og har i 2001 starta evalueringar av faga lingvistikk og statsvitskap. Målet med evalueringane er å auke kvaliteten og effektiviteten innanfor grunnforskinga i desse faga.

Vurderingane og anbefalingane frå dei internasjonale ekspertkomiteane har verknad på fleire nivå. Dei dannar grunnlag for dei forskingspolitiske vurderingane og prioriteringane til Forskingsrådet. Dessutan er dei sentrale reiskap for institusjonane i deira faglege og strategiske utviklingsarbeid. Evalueringane verkar òg inn på det forskingspolitiske arbeidet til departementa og utgjer eit av utgangspunkta for dialogen med dei involverte institusjonane.

Internasjonalt forskingssamarbeid skjer i stor grad gjennom uformelle kontaktar og nettverk mellom personar og mellom miljø. I tillegg kjem eit omfattande samarbeid gjennom internasjonale organisasjonar, større internasjonale fellessatsingar og program, og gjennom bilaterale avtaler. Noreg tek del i fleire internasjonale fellessatsingar innanfor grunnforsking, t.d. det europeiske senteret for kjernefysikk (CERN) og det internasjonale byrået for kreftforsking (IARC). På grunnlag av ein rapport frå NIFU laga Noregs forskingsråd i 1998 ein analyse av norsk deltaking i desse satsingane. Stortinget har vurdert det som viktig å føre vidare den norske deltakinga, jf. Innst. S. nr. 110 (1999–2000) og St.meld. nr. 39 (1998–99). Samstundes er det behov for tiltak for å utnytte samarbeidet betre.

Det er jamt over god deltaking frå norske universitet, høgskolar og forskingsinstitutt i EUs femte rammeprogram for forsking og utvikling (1999–2002). Norske miljø markerer seg særleg innanfor fag som marin forsking, klimaforsking og sosioøkonomiske aktivitetar. Innanfor sistnemnde felt er norske forskarar med i nokre av dei sentrale prosjekta med høg policy-relevans innanfor EU, og dei blir ofte nytta av Kommisjonen som ekspertar for den vidare utviklinga av feltet. Når det gjeld forskarutdanning, er det gledeleg at norske institusjonar får innvilga stadig fleire søknader om status som såkalla «Marie Curie Training Sites» og «Marie Curie Hosts». Med denne statusen følgjer ei samla løyving som skal bidra til å finansiere doktorgradsutdanning for tilreisande forskarar frå samarbeidslanda. Mellom anna har Universitetet i Bergen fått støtte til å opprette totalt elleve «training sites», tre av desse innanfor medisin. Universitetet i Bergen er dermed langt framme på doktorgradsutdanning i medisin. For nærmare omtale av EUs femte rammeprogram, sjå St.prp. nr. 1 (2001–2002) for Nærings- og handelsdepartementet.

Strategiar og tiltak

Regjeringa vil styrkje forskingsinnsatsen slik at Noreg innan utgangen av 2005 minst er på nivå med gjennomsnittet i OECD-landa, målt som del av BNP. Både offentleg og privat finansiering må styrkjast for at det skal bli mogleg å nå dette målet. I samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2001 la Regjeringa fram ein opptrappingsplan for forskingsløyvingane, jf. Innst. S. nr. 325 (2000–2001) og St.prp. nr. 84 (2000–2001). Auken i offentlege løyvingar skal komme på dei områda som er prioriterte i forskingspolitikken. Sjå under Del I, pkt. 2 Forsking og utvikling i statsbudsjettet for meir omtale.

Regjeringa legg fram ei rekkje forslag som vil styrkje langsiktig og god forsking. Nye senter for framifrå forsking skal gi norsk forsking på høgt internasjonalt nivå. Ei stor tverrfagleg satsing på funksjonell genomforsking skal sikre at Noreg tek del i den rivande utviklinga innanfor bioteknologi. Styrkte løyvingar til vitskapleg utstyr vil medverke til at norske forskarar kan drive forsking av høg kvalitet. Opprettinga av ein internasjonal matematikkpris i Niels Henrik Abels namn vil auke interessa for matematikk, som er eit fundament for naturvitskapleg og teknologisk forsking.

Fondet for forsking og nyskaping er ein viktig reiskap for å sikre ei auka og meir heilskapleg offentleg finansiering av norsk forsking. Avkastninga frå fondet skal særleg nyttast til å setje dei overordna forskingspolitiske prioriteringane ut i livet. Dette inneber at fondet skal støtte langsiktig, grunnleggjande forsking generelt og langsiktig forsking innanfor dei fire tematiske satsingsområda som er peika ut i Innst. S. nr. 110 (1999–2000) og St.meld. nr. 39 (1998–99). Dei tematiske områda er marin forsking, medisin og helse, informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og forsking i skjeringsfeltet mellom miljø og energi. Innanfor både fondsmidlane og dei ordinære løyvingane skal Forskingsrådet sørgje for at tverrfaglege perspektiv er godt integrerte i dei tematiske satsingane.

Avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping aukar med om lag 322 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2001 og vil i 2002 vere 525,5 mill. kroner. Frå og med 2002-budsjettet foreslår Regjeringa at ein tredjedel av fondsavkastninga blir kanalisert direkte til institusjonane i universitets- og høgskolesektoren, medan to tredjedelar av avkastninga skal fordelast av Noregs forskingsråd, jf. kap. 286.

Midlane som blir kanaliserte direkte til institusjonane i universitets- og høgskolesektoren, skal nyttast til vitskapleg utstyr og stipendiatstillingar. Det er ein føresetnad at institusjonane sjølve utarbeider langsiktige strategiar for fornying av eigen utstyrspark. For meir omtale av forskarrekruttering, sjå kategori 07.60 og nedanfor under eige delmål.

Det er venta at funksjonell genomforsking vil bli ei viktig kjelde til ny kunnskap, nye produkt og produksjonsmetodar og dermed til ny industri i framtida. Mange land set inn store summar på slik forsking. Den internasjonale konkurransen kjem til å bli stadig sterkare, og Regjeringa meiner at Noreg bør skaffe seg den kompetansen og det utstyret som trengst for å vere konkurransedyktig. Regjeringa ønskjer derfor ei offentleg satsing på funksjonell genomforsking i Noreg. Regjeringa foreslår at Forskingsrådet nyttar 100 mill. kroner av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping til dette formålet, jf. kap. 286.

Satsinga er ei oppfølging av ein nasjonal plan for utvikling av funksjonell genomforsking i Noreg utarbeidd av 23 forskingsinstitusjonar i samarbeid med Noregs forskingsråd. Satsinga er tverrsektoriell og vil styrkje biologisk grunnforsking, så vel som marin og medisinsk forsking. Satsinga er òg ei oppfølging av evalueringa av norsk biofagleg forsking.

Regjeringa har som mål å utvikle fleire norske forskingsmiljø på høgt internasjonalt nivå. Stadig fleire land har teke i bruk ordningar for å utvikle senter for framifrå forsking og har gode erfaringar med dette. Ei norsk ordning med senter for framifrå forsking blir forvalta av Forskingsrådet og vart utlyst 1. februar 2001. Om lag 130 søknader kom inn til prekvalifiseringsrunden. Internasjonale ekspertvurderingar viser at mange av desse søknadene held svært høg kvalitet. Endeleg søknadsfrist er 1. november. Departementet reknar med at dei første sentra kan starte opp hausten 2002. Ordninga med senter for framifrå forsking blir finansiert gjennom Forskingsrådet med midlar frå avkastninga frå Forskingsfondet, jf. kap. 286.

Frå 2002 foreslår Regjeringa å løyve 200 mill. kroner til eit fond som skal finansiere ein ny internasjonal pris i matematikk. Prisen skal delast ut kvart år til framståande forskarar innanfor matematikk og skal få namn etter den norske matematikaren Niels Henrik Abel. Ein slik pris vil kunne stimulere til auka kvalitet i forskinga og til auka rekruttering til matematikk og naturvitskap.

For å bidra til meir langsiktig grunnleggjande forsking av høg kvalitet foreslår departementet dessutan å auke løyvingane til Senter for høyere studier og til vitskapsakademia i Oslo og Trondheim, jf. kap. 287 post 71.

Dei faglege løyvingane frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet til Noregs forskingsråd vil særleg bli nytta til å sikre kvalitet og fornying i grunnforskinga og til å sikre tilstrekkeleg forskarrekruttering. Dei sentrale verkemidla for å oppnå dette er bruk av frie, forskarinitierte prosjekt, grunnforskingsprogram og strategiske universitetsprogram. Departementet prioriterer derfor framleis dei frie prosjekta i løyvingane til Forskingsrådet.

Senteret for IKT-forsking på Fornebu er no etablert under namnet «Simula Research Laboratory» (Simula-senteret). Simula-senteret utfører grunnleggjande forsking på utvalde område innanfor informasjons- og kommunikasjonsteknologi, og vil gjennom denne verksemda også medverke til nyskaping i næringslivet. Senteret vil samarbeide med alle dei norske framståande IKT-miljøa og har også ei brei internasjonal kontaktflate. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet foreslår å løyve 20 mill. kroner til Simula-senteret i 2002. Senteret vil òg få løyvingar over budsjetta til Nærings- og handelsdepartementet og Samferdsledepartementet. Kyrkje, utdannings- og forskingsdepartementet vurderer å opprette Simula Research Laboratory som aksjeselskap i 2002. Departementet vil komme tilbake til saka.

Universitet og forskingsinstitutt har i 2001 lagt fram forslag om ei større satsing på funksjonelle materialar, som er eit viktig forskingsfelt internasjonalt og vil få stor verdi for framtidig næringsutvikling. Opplegget blir nå drøfta vidare i ei gruppe der Forskingsrådet er med. Departementet legg til grunn at det er viktig å få til ei styrking av forsking på funksjonelle materialar, og at dette må bli sett i samanheng med dei prioriterte områda i forskingspolitikken og med verkemidla til Forskingsrådet.

Departementet legg til grunn at Noregs forskingsråd, saman med dei institusjonane som har vorte evaluerte, arbeider vidare med å følgje opp dei evalueringane som no ligg føre på det naturvitskaplege området. Departementet går òg ut frå at Forskingsrådet legg enda større vekt enn før på kvalitetsvurderingar ved fordeling av dei faglege løyvingane.

Eit velfungerande forskingssystem

Det er eit mål at institusjonane i forskingssystemet blir innretta slik at dei fremjar kvalitet, synergi og effektivitet, og at overordna forskingspolitiske prioriteringar blir gjennomførte. Løyvingane over kategori 07.70 skal medverke til dette.

Tilstandsvurdering

Offentleg finansiering av norsk forsking byggjer på sektorprinsippet. Det er stor grad av ansvarsdeling mellom departementa, og kvart departement er ansvarleg for forsking på sin sektor. Alle departementa gir større eller mindre løyvingar til forsking. Samordning av forskingspolitikken blir sikra gjennom Regjeringas forskingsutval og eit forskingsutval på departementsnivå, som drøftar overordna prioriteringar og større forskingspolitiske saker. Sekretariatet for desse utvala ligg i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Departementet er også forvaltningsdepartement for Forskingsrådet.

Meir enn 30 pst. av statlege midlar til forsking, eller til saman om lag 3,3 mrd. kroner, blir kanaliserte gjennom Forskingsrådet. Forskingsrådet er dermed ein viktig reiskap for å gjennomføre forskingspolitikken. Løyvingane frå departementa til Forskingsrådet er både generelle faglege løyvingar, instituttløyvingar og særskilde midlar som er øyremerkte til einskilde program eller prosjekt, sjå også omtale i Del I, pkt. 2 Forsking og utvikling i statsbudsjettet. I tillegg kjem avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping.

Noregs forskingsråd vart etablert for å betre koordineringa og forenkle styringsstrukturen i norsk forsking. Forskingsrådet skal også gi råd til Regjeringa i forskingspolitiske spørsmål. Ei førebels vurdering av forskingsrådsreforma viser at opprettinga av eitt råd har gitt eit ryddigare forskingssystem, og at Forskingsrådet har vore gjennom ei positiv utvikling i dei siste åra. Likevel finst det eit potensial for forbetringar, jf. St.meld. nr. 39 (1998–99). Ei internasjonal evaluering av Forskingsrådet vil bli avslutta i løpet av 2001, jf. seinare omtale.

Gjennom vedtektene har Forskingsrådet fått eit særskilt strategisk ansvar for instituttsektoren. Det har ført til at grunnlaget for ein meir heilskapleg instituttpolitikk no er lagt. Mellom anna har Forskingsrådet innført eit systematisk evalueringsarbeid som skal medverke til auka kvalitet i denne sektoren.

Forskingsrådet sette i 2000 i verk ei evaluering av Fafo – Institutt for arbeidslivs- og velferdsforsking, Institutt for samfunnsforsking (ISF), Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) og Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA). NOVA, ISF og Fafo får alle basisløyving frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, jf. kap. 287 postane 50 og 54. Evalueringa vart lagt fram i byrjinga av 2001. Evalueringsutvalet har vurdert ulike sider ved verksemda til institutta, m.a. forskingskvalitet, kompetanseprofil, brukarkontakt og formidling og organisasjon og leiing. Alle institutta får karakteren «god kvalitet» både på dei vitskaplege og på dei oppdragsretta arbeida som er vurderte. Dei fire institutta har nøgde brukarar. Evalueringsutvalet peikar på at alle institutta publiserer for lite i respekterte internasjonale tidsskrift. Evalueringa viser òg at det er variasjonar mellom institutta, og gir tilrådingar om korleis dei kan forbetre verksemda si.

Dei større institusjonane som får midlar direkte over kategori 07.70, er organiserte som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Unnataket er Det norske meteorologiske institutt (DNMI), som er eit ordinært statleg forvaltningsorgan. Verksemda ved DNMI blir i stadig større grad påverka av teknologiutviklinga, globaliseringa og kommersialiseringa innanfor meteorologi. Det er stor interesse for data og tenester frå instituttet, og ein aukande del av verksemda blir eksternt finansiert. For å skilje den kommersielle verksemda frå den statsfinansierte kjernetenesta har instituttet oppretta ei marknadsavdeling som kjøper tenester frå kjerneverksemda på linje med andre kommersielle aktørar. Instituttet driv òg eit omfattande meteorologisk observasjons- og varslingsnett.

Strategiar og tiltak

Sektorprinsippet i norsk forsking ligg fast. Samordning er viktig for å realisere ein heilskapleg forskingspolitikk og forsking på tvers av sektorane. Fondet for forsking og nyskaping er eit viktig tiltak for å oppnå dette. Ansvaret for fordeling av avkastning frå fondet vil gjere det lettare for Noregs forskingsråd å vere eit reelt forskingsstrategisk organ. Dette var eit mål da Forskingsrådet vart oppretta, jf. Innst. S. nr. 231 (1991–92) og St.meld. nr. 43 (1991–92). Samarbeidet mellom Forskingsrådet og departementa bør utviklast vidare. Forskingsrådet skal vere ein fagleg diskusjonspartnar når departementa vurderer bruk av forskingsmidlane sine. Føresetnaden er at Forskingsrådet kan utarbeide kunnskapsstatus på ulike felt, slik at den tilgjengelege kunnskapen kan bli vurdert mot behovet for ny forsking. Forskingsrådet har eit stramt administrasjonsbudsjett, og har i 2001 derfor vore gjennom ein omfattande omstillingsprosess. Departementet forventar at Forskingsrådet held fram med dette arbeidet. Sjå også kap. 285 post 55.

Regjeringa har sett i verk ei evaluering av Noregs forskingsråd. Eit opplegg for evalueringa vart presentert i St.meld. nr. 39 (1998–99). Evalueringa skal analysere samanhengen mellom hovudmåla for verksemda til Forskingsrådet og organiseringa av rådet, dei rammevilkåra rådet arbeider under, og dei verkemidla rådet har. Med bakgrunn i analysen skal evalueringa gi konkrete tilrådingar om eventuelle endringar i organisasjon eller rammevilkår og komme med forslag til korleis Forskingsrådet sjølv bør møte utfordringane til norsk forsking i framtida. Evalueringa skal vere sluttført innan utgangen av 2001, og Regjeringa vil vurdere korleis evalueringa skal følgjast opp.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil framleis gi basisløyvingar til forskingsinstitutt via Noregs forskingsråd. Departementet går ut frå at Forskingsrådet legg stor vekt på kvalitet ved tildeling av basisløyvingar, og at det arbeider for å fremje samarbeid og arbeidsdeling mellom institutta. Forskingsrådet skal framleis nytte evalueringar som reiskap for å måle kvalitet. Forskingsrådet skal, i samarbeid med dei institutta som nyleg har vorte evaluerte, arbeide med å følgje opp evalueringane i 2002.

Eit utval som har vurdert korleis ein kan leggje til rette for betre kommersialisering innanfor universitet og høgskolar, la fram innstillinga si i mars, jf. NOU 2001: 11 Fra innsikt til industri. På grunnlag av innstillinga og høringsrunden vil departementet leggje fram forslag til endringar i lov eller regelverk eller eventuelt foreslå andre tiltak, slik at institusjonane i universitets- og høgskolesektoren kan engasjere seg sterkare i slikt arbeid, og slik at forskingsresultat i større grad blir kommersialiserte.

Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD) er i dag juridisk sett ein del av Noregs forskingsråd. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vurderer å etablere NSD som eit aksjeselskap, jf. omtale under kap. 285 post 52. Denne saka vil departementet komme tilbake til.

DNMI bør arbeide vidare med å skilje dei statsfinansierte tenestene og den brukarfinansierte verksemda. Organiseringa av marknadsverksemda ved DNMI blir no vurdert av Konkurransetilsynet. Departementet vil sjå på ulike modellar for organisering av instituttet når Konkurransetilsynet har komme med si vurdering.

I tida framover vil det bli naudsynt å modernisere observasjons- og varslingstenestene, mellom anna ved å investere i ny teknologi og leggje til rette for ei betre organisering og ei meir rasjonell arbeidsdeling mellom DNMI og andre offentlege etatar. Nedbemanninga av ei rekkje fyrstasjonar langs kysten gjer at DNMI må erstatte manuelle vêrobservasjonar med automatiske observasjonssystem. Det er behov for å byggje fleire vêrradarar, og departementet foreslår ein auke på 3 mill. kroner på kap. 283 post 45 for å medverke til dette.

Fleire forskarrekruttar og kvinner i akademia

Det er ei sentral forskingspolitisk målsetjing å få fram tilstrekkeleg mange gode forskarar. Det er òg eit viktig mål å auke talet på kvinner i akademia, både blant rekruttar og i det faste forskarpersonalet.

Tilstandsvurdering

Regjeringa vil at forskingsinnsatsen i Noreg skal opp på nivå med OECD-gjennomsnittet innan 2005, jf. omtale i Del I, pkt. 2 Forsking og utvikling i statsbudsjettet. Skal ein nå dette målet, må det forskast meir. Samstundes er det også i andre delar av samfunnet ein aukande etterspørsel etter forskarkompetanse. Gjennomsnittsalderen blant forskarar ved institusjonane er dessutan høg, og einskilde fagområde, særleg realfag og medisin, slit med sviktande rekruttering. Utfordringa i dei nærmaste åra ligg derfor i å få fram tilstrekkeleg mange gode forskarar, og særleg unge forskarar med nye idear og perspektiv. For å medverke til dette blir om lag halvparten av den faglege løyvinga frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet til Noregs forskingsråd nytta til rekrutteringstiltak. Rekrutteringsmidlar blir også løyvde direkte frå departementet til institusjonane, sjå kategori 07.60.

Rammeløyvingane til stipendiatar frå departementet og Forskingsrådet har inntil no ikkje dekt alle utgifter institusjonane har til m.a. infrastruktur, driftsutgifter og sosiale utgifter. Manglande fullfinansiering har ført til at færre stipendiatstillingar enn planlagt er oppretta ved institusjonane. Mellom anna har institusjonane brukt grunnløyvinga til å fullfinansiere dei eksternt finansierte stipendiatstillingane, i staden for å tilsetje nye stipendiatar over eiga løyving. Under handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2001 vedtok Stortinget å løyve 50 mill. kroner til nye rekrutteringsstillingar frå andre halvår 2001. Stortinget la til grunn at dei nye stillingane skulle fullfinansierast, og eit fleirtal bad Regjeringa i statsbudsjettet 2002 utarbeide ein modell for høgare rammeløyvingar til kvar einskild stipendiat, jf. Innst. S. nr. 325 (2000–2001). Sjå kategori 07.60.

Forskingsrådet finansierte totalt 1 323 årsverk doktorgradsstipend i 2000, mot 1 386 årsverk i 1999. Nedgangen omfattar alle fagområda med unnatak for miljø og utvikling. Kvinnedelen har auka noko i dei seinaste åra, frå 38 pst. i 1997 til 41 pst. i 2000. Det er framleis ei utfordring å rekruttere fleire kvinner til naturvitskaplege og industrielle fag. Dei andre fagområda har alle rett under eller meir enn halvparten kvinner blant sine doktorgradsstipendiatar. Midlane som Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet kanaliserte gjennom Forskingsrådet i 2000, finansierte 617 av doktorgradsårsverka, mot 646 årsverk i 1999. Delar av nedgangen skriv seg frå ei prioritering av postdoktorstipend. Stipendsatsane har òg auka meir enn det som er kompensert i rammeløyvingane.

I 2000 disputerte i alt 646 personar for doktorgraden i Noreg (kjelde: Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU)). Dette er færre enn i begge dei to føregåande åra og ein nedgang på 49 i forhold til toppåret 1999. Sjå kategori 07.60 for meir omtale. Noregs forskingsråd bidrog til å finansiere 215 av dei 646 doktorgradane. Av dei forskingsrådsfinansierte doktorandane i 2000 var 39 pst. kvinner, jf. tabellen nedanfor.

Fullførte doktorgradar med finansiering frå Forskingsrådet, 1997–2000, fordelte på kvinner og menn

1997

1998

1999

2000

Menn

129

144

103

132

Kvinner

69

70

75

83

Totalt

198

214

178

215

Del kvinner, %

35 %

33 %

42 %

39 %

Det er viktig at den organiserte forskarutdanninga fungerer godt. Innføring av eit nasjonalt doktorgradsreglement og obligatorisk tilknyting til organiserte doktorgradsprogram har vore viktig for å få betre gjennomstrøyming. Likevel er det framleis for stor skilnad mellom normert og faktisk tidsbruk. Gjennomsnittsalderen på disputastidspunktet varierer mellom fagområda. Både i humaniora, samfunnsvitskap og medisin er doktorandane i gjennomsnitt 40 år eller meir. I teknologifag, matematikk og naturvitskap er gjennomsnittsalderen om lag 33 år.

Gode tilhøve for vidare kvalifisering etter avlagd doktorgrad og fleksible ordningar for tilsetjing er viktig for å behalde gode doktorgradskandidatar og sikre rekruttering til faste stillingar. Postdoktorstillingar kan lette overgangen frå doktorgrad til fast stilling og sikre at gode forskarar blir i systemet. Framleis ligg det ei særleg utfordring i å behalde kvinner innanfor forsking etter avlagd doktorgrad. Forskingsrådet finansierte 233 årsverk postdoktorstipendiatar i 2000, ein auke på 38 årsverk frå 1999. Langt dei fleste var innanfor naturvitskap og teknologi og medisin og helse. Midlane som Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet kanaliserte gjennom Forskingsrådet, finansierte 133 av postdoktorårsverka i 2000, ein auke på 18 pst. frå 1999. Kvinneprosenten er om lag som for doktorgradsstipendiatane, men her er det store variasjonar mellom fagområda. Viktige målsetjingar når det gjeld kvinner i forsking, er å heve rekrutteringa til fag med få kvinner og auke kvinneprosenten i faste stillingar. Framleis er det langt færre kvinner enn menn i vitskaplege stillingar i universitets- og høgskolesektoren, sjølv om det var ein auke på 1990-talet. Kvinneprosenten varierer stort mellom fagområda. For det faste vitskaplege personalet i universitets- og høgskolesektoren hadde medisin den høgaste delen kvinner i 1999 (51 pst.). Helsefaga ved dei statlege høgskolane medverka sterkt til dette (78 pst. kvinner), medan universiteta hadde 24 pst. kvinner. Teknologi med 12 pst. og matematikk/naturvitskap med 16 pst. hadde færrast kvinner. Skilnaden er stor også med omsyn til stillingsnivå. I 1999 sat det kvinner i 12 pst. av professorata ved universiteta, medan 26 pst. av førsteamanuensane og 32 pst. av amanuensane ved universiteta var kvinner. Tal frå 2000 syner at kvinnedelen blant professorane har auka til 13 pst., medan kvinnedelen i det faste vitskaplege personalet totalt sett er uendra.

Strategiar og tiltak

Regjeringa prioriterer rekruttering til norsk forsking og foreslår å opprette 158 nye doktorgradsstipend under kategori 07.60. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet finansierer òg stipendiatstillingar gjennom dei faglege løyvingane til Noregs forskingsråd på kap. 285 post 52. Desse løyvingane er førte vidare på same nivå som i 2001. I tillegg kjem det midlar til stipendiatar gjennom den auka avkastninga frå Forskingsfondet på kap. 286 post 50 og gjennom auka forskingsløyvingar frå andre departement.

I lys av den kraftiga auken som er planlagd i undervisnings- og forskningsetaten i dei nærmaste åra, vil Regjeringa leggje fram ei vurdering og drøfting av rekruteringssituasjonen i universitets- og høgskolesektoren, sjå også kategori 07.60.

Alle nye rekrutteringsstillingar skal fullfinansierast frå og med 2002, slik Stortinget har lagt til grunn. Sjå også kategori 07.60. Det er Forskingsrådet si oppgåve å sjå til at nye forskingsrådsfinansierte stipendiatstillingar, både doktorgradsstipend og postdoktorstillingar, blir fullfinansierte uavhengig av kor Forskingsrådet får rekrutteringsmidlane frå. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har med utgangspunkt i tallmateriale frå Forskingsrådet og Universitets- og høgskolerådet fastsett satsane for nye rekrutteringsstillingar i 2002, jf. tabellen under. For Forskingsrådet vil fullfinansieringa føre til ein markant auke i utgiftene per stipendiat. Ein mogleg konsekvens av dette er at talet på rekrutteringsstillingar finansierte gjennom Forskingsrådet går ned i 2002.

Stipendiatsatsar i Forskingsrådet i 2002 (i kroner)

Doktorgradsstipend

Postdoktorstipend

Nettobudsjetterte UH-institusjonar

+ instituttsektoren

Brutto­budsjetterte ­høgskolar

Nettobudsjetterte UH-institusjonar

+ instituttsektoren

Brutto­budsjetterte ­høgskolar

Nye rekrutteringsstillingar

484 000

453 000

562 000

524 000

Eksisterande rekrutteringsstillingar

412 000

412 000

524 000

524 000

For å auke talet på rekruttar er det viktig med tiltak for å betre gjennomstrøyminga av kandidatar. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Universitets- og høgskolerådet og Noregs forskingsråd har gått saman om å få gjennomført ei evaluering av den organiserte doktorgradsutdanninga. Evalueringa skal sjå på den norske forskarutdanninga i eit internasjonalt perspektiv, med særskild vekt på kvalitet. Evalueringa skal også ta for seg spørsmål knytte til gjennomstrøyming, regelverk, rettleiing m.m. Omsynet til «brukarar» av ferdige kandidatar vil òg bli vurdert. Evalueringa skal vere ferdig våren 2002. Ansvaret for oppfølging av evalueringa vil liggje hos departementet, Forskingsrådet og universitets- og høgskoleinstitusjonane, som saman må setje i verk tiltak for å sikre ei kvalitetsmessig god og effektiv forskarutdanning.

Fordi det er ein generell nedgang i rekrutteringa til naturvitskap, blir det lagt stor vekt på formidlingstiltak som kan auke interessa for desse faga og for forsking generelt. Forskingsrådet har mellom anna oppretta eit eige program for brukarretta formidling. Programmet støttar tiltak som spenner frå allmennretta formidling til prosjekt som er retta mot skoleverket. Forskingsrådet vil òg opprette ein nasjonal nettstad for forskingsformidling under namnet «forskning.no». Nettstaden skal fungere som ein interaktiv møtestad der forskarar kan formidle forskinga si til målgrupper utanfor forskingsmiljøa, som til dømes elevar, lærarar og journalistar.

Ulike typar stipend er eit sentralt verkemiddel for auka rekruttering. Innanfor medisin og helsefag er ordninga med studentstipend gjort meir attraktiv, og i 1999 introduserte Forskingsrådet «sommarstipend» for studentar i medisin, odontologi og psykologi for at dei skal få høve til å prøve seg på forsking i sommarjobb. Forskingsrådet har òg innført ei ordning for «moderat kvotering» av profesjonskandidatar til doktorgradsstipend, for å bøte på mangelen på legar, tannlegar og psykologar i medisinsk forsking. Forskingsrådet skal halde fram arbeidet med å bruke varierte typar stipend for å auke rekrutteringa. Bruken av studentstipend og sommarstipend skal vidareførast på det medisinske området og bør også vurderast i samband med rekruttering til teknologifag, matematikk og naturvitskap. Det vil bli oppretta ei eiga forskarlinje i medisin ved universiteta i 2002. Dette vil vere eit viktig tiltak for å rekruttere fleire medisinarar til forsking. Sjå også kategori 07.60.

Det vil i dei neste 10–15 åra vere eit stort erstatningsbehov i faste vitskaplege stillingar. Forskingsrådet bør derfor opprette fleire postdoktorstillingar på alle fagområde for at yngre forskarar skal få høve til å kvalifisere seg vidare. Postdoktorstillingar er ein nyttig reiskap for å vidarekvalifisere doktorgradskandidatar i påvente av faste stillingar og bør særleg nyttast for å behalde kvinner i systemet. Postdoktorstillingar bør også nyttast til å fremje mobilitet blant forskarar, både nasjonalt og internasjonalt.

For å få fleire kvinnelege professorar foreslår Regjeringa å løyve midlar til ti nye professorat øyremerkte for kvinner, sjå kategori 07.60. Også Forskingsrådet skal medverke til at talet på kvinner i forskingssystemet aukar. Forskingsrådet skal styrkje innsatsen både for å heve kvinneprosenten på fagområde med få kvinner, og for å kvalifisere kvinner til faste vitskaplege stillingar, særleg toppstillingar. Dette bør mellom anna skje gjennom målretta bruk av postdoktorstillingar. Forskingsrådet bør halde fram gjeldande praksis med moderat kjønnskvotering og arbeide for å få fleire norske kvinner med i internasjonalt forskingssamarbeid, m.a. gjennom å opne for større fleksibilitet ved støtte til forskaropphald i utlandet.

Det er brei semje, både nasjonalt og internasjonalt, om at kunnskapsgrunnlaget for arbeidet med likestilling i forsking er for dårleg. Mellom anna er det vanskeleg å få fram eit kjønnsdelt statistikkgrunnlag som gjer det mogleg å samanlikne tilhøva for kvinner i forsking over landegrensene. På initiativ frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har Forskingsrådet fått i oppdrag å utgreie tilhøva for kvinner i norsk forsking og verknaden av dei likestillingstiltaka som er sette i verk ved institusjonane. Med bakgrunn i utgreiinga skal Forskingsrådet presentere tilrådingar til arbeidet med likestilling i norsk forsking. Oppdraget skal vere ferdig i slutten av 2001, og Regjeringa vil med bakgrunn i tilrådingane vurdere nye tiltak for å betre tilhøva for kvinner i norsk forsking.

Utgifter under programkategori 07.70 fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gruppe

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

01-29

Driftsutgifter

297 593

293 732

304 630

3,7

30-49

Nybygg, anlegg o.a.

3 701

9 583

9 597

0,1

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

957 900

1 079 035

1 308 862

21,3

70-89

Overføring til private

392 602

153 559

195 579

27,4

90-99

Utlån, avdrag o.a.

1 000 000

3 500 000

1 200 000

-65,7

Sum kategori 07.70

2 651 796

5 035 909

3 018 668

-40,1

Kap. 283 Det norske meteorologiske institutt (jf. kap. 3283)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

225 805

220 590

231 455

21

Særskilde driftsutgifter

71 323

68 642

65 701

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

3 701

9 583

9 597

70

Den meteorologiske verdsorganisasjonen

2 110

2 110

72

Internasjonale samarbeidsprosjekt , kan overførast

42 571

44 088

49 129

Sum kap. 283

345 510

345 013

355 882

I høve til 2001 er det gjort desse tekniske endringane:

  • Utgiftspost 01 er oppjustert med 5 mill. kroner mot ei parallell nedjustering av utgiftspost 21 med 5 mill. kroner.

  • Utgiftspost 70 er innlemma i utgiftspost 72.

Kapitlet omfattar:

  • drift av Det norske meteorologiske institutt (DNMI)

  • tilskott til internasjonalt meteorologisk samarbeid

Tilskottspost 72 blir gitt eigen omtale nedanfor. Kapitlet inneheld òg ein særskild plan for utbygging av vêrradarnett i Noreg.

Det norske meteorologiske institutt (DNMI) står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål. Instituttet har også viktige oppgåver i samband med klimastudium og meteorologifagleg forsking og utvikling. Instituttet har om lag 440 tilsette. Av desse er 150 kvinner. DNMI har hovudkontor i Oslo, vêrvarslingsavdelingar i Bergen og Tromsø, og dessutan vêrtenestekontor og observasjonsstasjonar spreidde over heile fastlandet og i Arktis.

Resultatrapport for 2000

Varslingstenesta har høgaste prioritet for DNMI. I 2000 har instituttet hatt høg treffprosent for storm- og kulingvarsel langs kysten. Instituttet har no starta eit større prosjekt for å gjennomgå rutinane for varsling av ekstreme vêrforhold. Arbeidet med å automatisere observasjonsstasjonane er ført vidare. Vêrradaren i Aust-Agder har vore i full drift frå hausten 2000. Radaren har medverka til betre korttidsvarsel på Sørlandet og i austlandsområda. For å betre formidlinga av vêrvarsel mot vanlege brukarar har instituttet starta eit prosjekt for å gjere meir vêrdata tilgjengeleg på Internett.

Vêråret 2000 var det tredje varmaste på dei 130 åra DNMI har gjort landsdekkjande observasjonar. Det er no brei semje blant forskarane om at vi er inne i ei global klimaendring som skriv seg frå utslepp av klimagassar. I 2000 har DNMI leidd klimasamarbeidet mellom dei nordiske meteorologiske institutta. Instituttet har òg koordinert det nasjonale klimaprosjektet RegClim, som har til oppgåve å utvikle klimascenarium og rekne ut effektar av ei eventuell global oppvarming. I 2000 kom samlerapporten frå prosjektet «Klimaet i Norge om 50 år». Hovudkonklusjonane peikar i retning av eit varmare og fuktigare klima med fleire tilfelle av ekstreme vêrforhold.

Året 2000 var det første heile virkeåret for den nye marknadsavdelinga ved instituttet. Avdelinga gjekk med overskot, men nådde ikkje målet om å auke omsetninga med 10 pst. Hovudforklaringa ligg i at salet av tenester til offshoresektoren gjekk ned. I tillegg til den kommersielle verksemda kjem flyvêrtenesta med 69 mill. kroner og andre typar oppdrag, mellom anna oppdragsforsking. Til saman hadde instituttet over 150 mill. kroner i eksternt finansiert verksemd i 2000.

DNMI har ei rekkje viktige miljøoppgåver, mellom anna i samband med varsling av luft- og havforureining. Instituttet har ei sentral rolle i det europeiske samarbeidet om varsling av langtransportert luftforureining. På lokalt plan har instituttet utvikla nye modellar for å rekne ut luftforureininga i dei største norske byane. Innanfor havforureining har DNMI, i samarbeid med Havforskingsinstituttet, arbeidd aktivt med å utvikle ein felles nordisk modell for å varsle algevekst og næringssalt.

Figur 7.4 Plan for vêrradarutbygging

Figur 7.4 Plan for vêrradarutbygging

Resultatmål for 2002

Viktige mål for instituttet i 2002 vil vere:

  • å auke kvaliteten på regionale og lokale varsel om spesielle vêrtilhøve som sterk vind, sterk nedbør, høg vannstand og høge bølgjer

  • å medverke til å betre kunnskapen om klimaet i Noreg, Norden, Arktis og farvatna omkring

  • å modernisere det nasjonale observasjonsgrunnlaget, medrekna å føre vidare utbygginga av eit vêrradarnett i Noreg

  • å modernisere flyvêrtenestene, mellom anna ved å ta i bruk ny teknologi og sørgje for ei betre og meir effektiv arbeidsfordeling mellom Luftfartsverket og DNMI

  • å prioritere forskingsinnsatsen på områda varsling og klima og å oppnå auka synergieffektar av oppdragsforskinga innanfor desse satsingsområda

  • å utnytte internasjonale data og ressursar på ein slik måte at det fører til betre og meir kostnadseffektive meteorologiske tenester

  • å sikre at skiljet mellom kjernetenesta og den kommersielle verksemda tilfredsstiller internasjonale og nasjonale konkurransereglar

  • å vere marknadsleiande og retningsgivande innanfor kommersielle meteorologiske tenester i Noreg, og såleis sikre god lønnsemd i den kommersielle verksemda

  • å utforme tiltak med sikte på å rekruttere fleire kvinner til instituttet generelt og til leiarstillingar spesielt .

Vêrradarutbygging

Ved handsaminga av Innst. S. nr. 74 (2000–2001), jf. Dokument nr. 8:86 (1999–2000), vedtok Stortinget å be Regjeringa vurdere eit utbyggingsprogram for vêrradarnett i Noreg, og leggje fram synspunkta sine for Stortinget på eigna måte.

Påliteleg vêrvarsling kan hindre tap av menneskeliv og spare samfunnet for store kostnader. Raskare og meir presise korttidsvarsel vil mellom anna vere viktig for landbruk og fiske og for tryggleiken på oljeinstallasjonar, i skipsfarten og i fly- og vegtrafikken. Vêrradaren er eit verdifullt hjelpemiddel til å betre vêrvarslinga. Han utfyller andre observasjonssystem og gir nøyaktige varsel av vind og nedbør inntil seks timar fram i tid.

Det norske meteorologiske institutt har utarbeidd ein plan for eit heildekkjande system av vêrradarar i Noreg. Planen krev elleve radarar, som kvar har eit dekningsområde på omlag 100 000 km2. Plassering og dekningsområde er vist på figuren nedanfor. I dag er det operative vêrradarar på Austlandet og Sørlandet. Ein ny blir sett i drift i Rissa kommune i Nord-Trøndelag i 2002. Det vil då stå att åtte radarar: to på Vestlandet, fem i Nord-Noreg og ein på indre Austlandet.

Kvar radar har ein investeringskostnad på om lag 13 mill. kroner og fører med seg driftskostnader på om lag 1,2 mill. kroner i året. Det tek tid å planleggje og bygge ut kvar radar. Regjeringa tek sikte på ei gradvis utbygging av vêrradarnettet. For 2002 foreslår Regjeringa å auke løyvinga over post 45 på dette kapitlet med 3 mill. kroner, slik at arbeidet med den fjerde vêrradaren kan setjast i gang. Vêrradarutbygginga er eit tiltak som kjem svært mange samfunnssektorar til gode. I nokon grad bør også den vidare utbygginga av vêrradarnettet bli finansiert av sentrale brukargrupper.

Budsjettforslag for 2002

Departementet har lagt til rette for å føre vidare varslingstenesta på dagens nivå. Tilgangen på tungrekneressursar blir ført vidare, jf. kap. 281. Løyvinga under post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3283 postane 02 og 05, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Under post 01 er det lagt inn midlar til å kjøpe vêr- og miljøskipstenester frå vêrskipet «Polarfront» og til å dekkje dei oppgåvene instituttet har i samband med beredskap mot atomulykker.

Under post 21 kan instituttet utføre spesialtenester og oppdrag for offentlege og private institusjonar mot betaling. Utgifter i samband med dei vesteuropeiske meteorologiske tenestene om kommersiell utnytting av data og produkt (ECOMET) vil også bli førte under post 21. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3283 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 2. Instituttet kan berre tilsetje i oppdragsfinansierte stillingar i den grad eksterne finansieringskjelder dekkjer lønnsutgiftene.

Post 45 gjeld utbygging og modernisering av utstyr, medrekna utbygging av vêrradarnettet. Løyvinga under post 45 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3283 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 72 Internasjonalt meteorologisamarbeid, kan overførast

Midlane går til kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i følgjande internasjonale meteorologiorganisasjonar og samarbeidsprosjekt:

  • WMO (Den meteorologiske verdsorganisasjonen)

  • EUMETSAT (Europeisk organisasjon for utnytting av meteorologiske satellittar)

  • ECMWF (European Centre for Medium Range Weather Forecasts)

  • Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta (t.d. EUMETNET og HIRLAM).

Målsetjing

Formålet med tilskottet er at Noreg gjennom si deltaking i organisasjonane skal kunne medverke til og dra nytte av internasjonal utveksling av data, kunnskap og metodar innanfor meteorologi. Medlemslanda skal mellom anna utvikle felles målemetodar og standardar, samarbeide om forsking og teknologioverføring, gå saman om å utvikle modellar for langtidsvarsling og byggje ut og utnytte meteorologiske satellittsystem.

Tildelingskriterium

Organisasjonane fastset samla budsjettrammer for tre til fem år av gangen. EUMETSAT fastset dessutan økonomiske rammer for kvart enkelt satellittprogram. Dei årlege budsjetta blir vedtekne innanfor desse rammene. WMO fordeler dei årlege budsjetta mellom medlemslanda etter FN-skalaen. ECMWF og EUMETSAT fastset kontingenten for kvart medlemsland etter bruttonasjonalproduktet for dei siste tre åra. Tilskottet kan òg dekkje prosjekt som må finansierast utanom dei ordinære budsjetta. Medlemslanda vurderer sjølve i kvart høve kva slag samarbeidsprosjekt dei kan ha nytte av å delta i. Utgiftene til desse er òg baserte på bruttonasjonalprodukt.

Oppfølging og kontroll

Departementet har det overordna forvaltningsansvaret for tilskottsordninga. DNMI er tilskottsforvaltar og disponerer heile løyvinga. Instituttet har òg den daglege kontakten på fagleg og administrativt nivå i organisasjonane. DNMI rapporterer vidare til departementet, i første rekkje gjennom årsrapport, budsjettforslag, etatsstyringsmøter og ved instruks/dialog om viktige saker som skal handsamast i organisasjonane. Alle organisasjonane har ekstern revisjon som blir utført av revisjonsorgana i medlemslanda på omgang eller etter oppnemning.

Rapport for 2000–01

DNMI har vore aktiv og høgt profilert innanfor fleire delar av samarbeidet i WMO. Instituttet har mellom anna leidd to av dei åtte tekniske kommisjonane i organisasjonen. Vidare har instituttet arbeidd for å få arrangere den 13. WMO-sesjonen for atmosfærisk vitskap i 2002. Saman med norske romfartsinteresser medverka DNMI aktivt til at EUMETSAT vedtok å plassere nedlesingsstasjonen for det nye europeiske polare satellittprogrammet (EPS) til Svalbard. Dette vil få mykje å seie for romfartsverksemda på Svalbard og for norsk romfartsindustri generelt.

Budsjettforslag for 2002

Budsjettforslaget byggjer på vedtekne budsjett frå organisasjonane. Forslaget inneber ei vidareføring av løyvingsnivået for 2001. I februar 2002 vil DNMI stå som vertskap for WMOs 13. sesjon for atmosfærisk vitskap. Instituttet reknar med meirkostnader på om lag 2,5 mill. kroner i samband med arrangementet. Dersom løyvinga på posten ikkje strekk til, kan instituttet nytte midlar frå Noregs del i Working Capital Fund, som er eit arbeidsfond under EUMETSAT.

Kap. 3283 Det norske meteorologiske institutt (jf. kap. 283)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Inntekter frå oppdrag

66 515

63 675

65 585

02

Salsinntekter o.a.

11 559

11 144

11 478

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

59

59

59

05

Refusjon for flyvêrtenester

69 100

68 050

70 092

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

1 115

17

Refusjon for lærlingar

223

18

Refusjon av sjukepengar

2 081

Sum kap. 3283

150 652

142 928

147 214

Post 02 gjeld inntekter frå mindre, særskilde tenester og refusjonar for tenester instituttet utfører for andre institusjonar i Arktis. Tilskott frå andre land til kjøp av vêr- og miljøskipstenester utførte av vêrskipet «Polarfront» blir også førte på post 02.

Post 04 gjeld refusjon av ODA-godkjende utgifter (ODA: Official Development Aid), dvs. utgifter som kan godkjennast som utviklingshjelp etter OECDs retningslinjer. Post 05 gjeld refusjon frå Luftfartsverket for utgifter som Det norske meteorologiske institutt har til flyvêrtenesta.

Kap. 285 Noregs forskingsråd

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

52

Forskingsformål

612 329

636 079

705 805

55

Administrasjon

169 920

171 718

179 808

Sum kap. 285

782 249

807 797

885 613

I høve til 2001 er det gjort ei teknisk endring:

  • Utgiftspost 52 er auka med 41 mill. kroner i samband med at midlar til pensjonsutgifter er overførte frå post 50 på kapitla 260, 261, 262 og 263.

Kapitlet omfattar:

  • løyving til forskingsformål gjennom Noregs forskingsråd

  • administrasjonskostnader til Noregs forskingsråd

Post 52 Forskingsformål

Løyvingane til Forskingsrådet over post 52 Forskingsformål blir nytta til å finansiere forsking innanfor humaniora, samfunnsvitskap, medisin og helse, naturvitskap og teknologi, miljø og utvikling og til forskarrekruttering innanfor bioproduksjon og foredling. Posten dekkjer òg midlar til vitskapleg utstyr, forsking knytt til medlemskap i internasjonale program og institusjonar (følgjeforsking), strategiske fellesfunksjonar og informasjon. Formidling av kunnskap er eit sentralt krav til dei faglege løyvingane.

Faglege løyvingar til Noregs forskingsråd. Fordeling på fagområde (i mill. kroner)

1999

2000

2001

Humaniora

86,0

87,0

88,4

Samfunnsvitskap

76,0

79,5

82,7

Medisin og helse

103,0

104,0

106,4

Miljø og utvikling

43,0

43,0

44,8

Naturvitskap og teknologi

206,0

210,5

225,8

Diverse1

92,4

88,3

88,0

Sum

606,4

612,3

636,1

1Omfattar strategiske fellesfunksjonar og informasjon, vitskapleg utstyr og forskarrekruttering innanfor bioproduksjon og foredling.

Løyvingane på dei ulike fagområda blir fordelte på fleire verkemiddel. Dei viktigaste er støtte til frie prosjekt og program. Forskarinitiert grunnforsking gjennom frie prosjekt skal vere eit hovudverkemiddel for å sikre kvalitet og fornying i grunnforskinga. Programma har som hovudformål å byggje opp kompetanse og utvikle kunnskap på tematisk avgrensa felt der Noreg har særskilde behov eller særskilde føresetnader. Løyvinga frå departementet går dels til grunnforskingsprogram og dels til delfinansiering av såkalla handlingsretta, eller anvende, program.

Basisløyvingar til forskingsinstitutt, strategiske universitetsprogram og støtte til avansert vitskapleg utstyr er tiltak for å gi forskinga effektive rammevilkår. Forskingsrådet gir òg støtte til kontingentar, informasjon, formidling, evalueringsverksemd samt stimuleringstiltak og nettverksbygging.

Av løyvinga på posten skal om lag 41 mill. kroner dekkje pensjonsutgifter for dei som er tilsette ved eit av dei fire universiteta med finansiering frå Forskingsrådet. Beløpet gjeld ikkje berre dei stillingane som er finansierte med midlar frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, men også dei som blir finansierte med midlar frå andre departement.

Rammeløyvingane til stipendiatar har inntil no ikkje dekt alle utgifter institusjonane har til m.a. infrastruktur, driftsutgifter og sosiale utgifter. Stortinget har fastsett at nye stipendiatstillingar skal finansierast fullt ut. Frå og med 2002 skal derfor alle nye doktorgradsstipendiatstillingar gjennom Forskingsrådet fullfinansierast, også dei som blir finansierte av andre departement.

Humanistisk forsking

Resultatrapport 2000-2001

Av løyvinga frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet gjekk 87 mill. kroner til humanistisk forsking i 2000, ein nominell auke på 1,2 pst. samanlikna med 1999. Frå 2000 til 2001 er det ein nominell auke på 1,6 pst.

Løyving til humanistisk forsking fordelt på verkemiddel (i mill. kroner)

Verkemiddel

Budsjett 1998

Budsjett 1999

Budsjett 2000

Budsjett 2001

Frie prosjekt

38,0

44,5

43,4

47,7

Program

27,0

25,2

26,5

27,3

Diverse FoU

14,6

16,3

17,1

13,4

Sum

79,6

86,0

87,0

88,4

Støtta til frie prosjekt for 2000 låg på same nivå som for 1999. Om lag halvparten av midlane frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet gjekk til frie prosjekt. I fordelinga vart det lagt vekt på rekruttering, støtte til utvikling og fornying av fag og fagmiljø og internasjonaliseringstiltak. Satsingane Vitskapsstudiar og Ibsen-studiar vart styrkte. Gjennom frie prosjekt finansierte Forskingsrådet 80 doktorgradsårsverk i 2000, mot 87 i 1999. Nedgangen hang saman med auka satsing på postdoktorstipend og FoU-prosjekt. Over halvparten av stipendiatane var kvinner. Forskingsrådet har lagt om støtta til frie prosjekt. Det inneber mellom anna at talet på komitear er redusert frå femten til tre. Det er no ein komité for humanistisk forsking, ein for samfunnsvitskapleg forsking og ein for tverrgåande forsking.

Om lag ein tredel av midlane frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet gjekk til humanistiske grunnforskingsprogram. Program for kulturstudiar og SKIKT (Samfunnsmessige og kulturelle føresetnader for informasjons- og kommunikasjonsteknologi) vart styrkte. Nivået på Antikkprogrammet, Program for bibliotekforsking og Kjønn i endring vart halde oppe. Mange rekruttar får løyvingar gjennom dei humanistiske grunnforskingsprogramma. I 2000 vart det finansiert 34 doktorgradsårsverk gjennom desse programma. Over halvparten av doktorgradsstipendiatane var kvinner.

Forskingsrådet har vedteke ein handlingsplan for satsing på samisk forsking. Som ledd i planen vart Program for samisk forsking starta opp i 2001.

I 2000 har Forskingsrådet laga eit notat om utfordringar for humanistisk forsking. Notatet skal leggje grunnlag for vidare utvikling av samarbeidet med forskingsmiljøa.

Resultatmål for 2002

Både frie prosjekt og program kan innehalde både humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking, jf. omtale av samfunnsvitskapleg forsking nedanfor.

Løyvinga til humanistisk forsking skal i 2002 vere minst 95 mill. kroner. Departementet legg til grunn at Forskingsrådet held oppe nivået på fri prosjektstøtte, og gir startløyving til eit nytt grunnforskingsprogram om språkteknologi.

Samfunnsvitskapleg forsking

Resultatrapport 2000-2001

Midlane til samfunnsvitskapleg forsking utgjorde i 2000 79,5 mill. kroner, ein nominell auke på 4,6 pst. samanlikna med 1999. Frå 2000 til 2001 auka løyvinga nominelt med 4 pst.

Løyving til samfunnsvitskapleg forsking fordelt på verkemiddel (i mill. kroner)

Verkemiddel

Budsjett 1998

Budsjett 1999

Budsjett 2000

Budsjett 2001

Frie prosjekt

25,3

28,9

29,6

29,9

Program

27,2

29,6

32,6

38,1

Diverse FoU

17,5

17,5

17,3

14,7

Sum

70,0

76,0

79,5

82,7

Fri prosjektstøtte er prioritert i dei seinare åra og har vakse med 18 pst. i perioden 1998–2001. 70 pst. av midlane til fri prosjektstøtte vart i 2000 brukt til doktorgradsstipend. Det resulterte i 55 doktorgradsårsverk, noko som var ein liten reduksjon samanlikna med året før. Litt over halvparten av stipendiatane var kvinner. Prosjektmidla gjekk i hovudsak til universiteta (60 pst.). Det reflekterer storleiken på institusjonane og ansvaret deira for grunnforsking og disiplinutvikling. Satsinga Vitskapsstudiar har fokusert på kva rolle vitskapen har i samfunnet.

Støtta til program vart i 2000 i hovudsak brukt til å delfinansiere 14 program. Programma finansierte til saman 97 doktorgradsårsverk, og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet finansierte om lag 17 av desse. Programmidlane gjekk i hovudsak til instituttsektoren (53 pst.) og til universiteta (28 pst.). Programma Offentleg sektor i endring og Advanced Research on the Europeanisation of the Nation-State (ARENA) mottok mest midlar, og har hovudfinansieringa si frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Programmet Kunnskapsutvikling i profesjonsutdanning og profesjonsutøving vart særleg prioritert i 2000, saman med programmet Samfunnsmessige og kulturelle føresetnader for informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Veksten i programløyvinga frå 2000 til 2001 skriv seg mellom anna frå løyvinga til det nye programmet Verdiskaping 2010.

«Diverse FoU» dekkjer mellom anna eit strategisk universitetsprogram om barneforsking ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og grunnløyvinga til Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD). NSD skal sørgje for tilgang til forskingsdata av høg kvalitet og fremje bruk av data i forsking og undervisning. NSD har hatt omfattande aktivitet på ei rekkje område i 2000. Ei av dei større oppgåvene har vore ei stor intervjuundersøking om politisk deltaking og medborgarskap på oppdrag frå Makt- og demokratiutgreiinga. NSD har òg hatt ansvar for prosjektet «Frå kaos til kunnskap», som har som mål å utvikle kommunikasjonsteknologi og data blant lærarar og elevar på ungdomstrinnet. I tillegg fekk NSD i 2000 ansvaret for å leggje til rette, arkivere og distribuere data for European Social Survey, som er eit systematisk opplegg for å måle politiske, sosiale og økonomiske haldningar og verdiar i dei europeiske landa. NSD er juridisk sett ein del av Noregs forskingsråd, sjølv om det fagleg sett og i alle praktiske tilhøve er eit sjølvstendig institutt. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet ønskjer å fristille NSD for å oppnå klarare ansvarstilhøve mellom Forskingsrådet og NSD. Ei fristilling vil òg gi NSD auka fridom og fleksibilitet til å utvikle den eksternt finansierte verksemda nasjonalt og internasjonalt. Føresetnadene for eit godt samvirke med sentrale brukarar og samarbeidspartnarar vil òg bli forbetra. Forskingsrådet, styret i NSD og dei tilsette har tilrådd at NSD blir fristilt som aksjeselskap. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vurderer å følgje opp dette ved å opprette eit aksjeselskap eigd av departementet. Departementet vil komme tilbake til saka.

Resultatmål for 2002

Løyvinga til samfunnsvitskapleg forsking skal i 2002 vere om lag 84 mill. kroner. Departementet legg til grunn at Forskingsrådet held oppe nivået på fri prosjektstøtte. Delfinansiering av programmet Verdiskaping 2010 skal førast vidare på same nivå. Grunnforskingsprogramma skal òg førast vidare.

Medisinsk og helsefagleg forsking

Resultatrapport 2000-2001

Av løyvinga frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet gjekk 104 mill. kroner til medisinsk og helsefagleg forsking i 2000, ein nominell auke på 1 pst. samanlikna med 1999. Frå 2000 til 2001 er det ein nominell auke på 2,3 pst. Midlane omfattar 12,4 mill. kroner til EU-følgjeforsking innanfor biomedisin.

Løyving til medisinsk og helsefagleg forsking fordelt på verkemiddel (i mill. kroner)

Verkemiddel

Budsjett 1998

Budsjett 1999

Budsjett 2000

Budsjett 2001

Frie prosjekt

60,2

65,2

65,9

70,8

Program

20,6

23,7

23,1

21,1

Diverse FoU

12,7

14,1

15,0

14,5

Sum

93,5

103,0

104,0

106,4

Fri prosjektstøtte er prioritert i dei seinare åra med ein vekst på 17,6 pst. i perioden 1998–2001. I 2001 gjekk 66,5 pst. av midlane frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet til fri prosjektstøtte. I tildelinga er det lagt vekt på kvalitet, rekruttering, internasjonalisering og konsentrasjon av midlar. Internasjonalt forskingssamarbeid vart høgt prioritert, både ved forskarutveksling og deltaking i EUs rammeprogram.

Frå 2001 har Forskingsrådet prioritert å konsentrere og reorganisere programverksemda. Målet er å oppnå større og meir fleksible programsatsingar og å sikre god kopling mellom medisinsk og helsefagleg grunnforsking og anvend forsking i høve til viktige helseproblem. Grunnforskingsprogrammet Celle- og genteknologi, som har vore fullfinansiert av departementet sidan 1995, vart avslutta i 2000. Frå 2001 fullfinansierer departementet eit nytt program, Molekylærmedisin og genteknologi. Departementet delfinansierte program innanfor helsetenesteforsking, førebyggjande helsearbeid, informasjonsteknologi, mental helse og forsking knytt til miljø og helse.

«Diverse FoU» omfattar mellom anna strategiske satsingar. Toppforskingsprogrammet, som vart sett i verk i 1997, har vore vellykka. Programmet tek sikte på å gi særleg talentfulle yngre forskarar optimale arbeidsvilkår. Toppforskingsprogrammet er òg finansiert med midlar frå Forskingsfondet. I tillegg har Forskingsrådet i 2001 støtta 15 forskingsmiljø ved universiteta som er i forskingsfronten internasjonalt, med ei rammeløyving kalla miljøstøtte.

Stipend er delte ut gjennom både frie prosjekt og programverksemda. Det er framleis eit stort problem å rekruttere nok legar, tannlegar og psykologar til medisinsk forsking. I 2000 utgjorde medisinarane 30 pst. av doktorgradsstipendiatane mot 36 pst. i 1999. På same måte utgjorde dei 33 pst. av postdoktorstipendiatane i 2000 mot 32 pst. i 1999. For å auke talet på legar blant stipendiatane har Forskingsrådet sett i verk fleire tiltak som skal gjere ordninga med studentstipend meir attraktiv. Dei nye tiltaka har ført til at det i 2000 er delt ut dobbelt så mange studentstipend som året før. Forskingsrådet innførte i 1999 ei ordning med sommarstipend for studentar innanfor medisin, odontologi og psykologi. Interessa for stipenda har vore særs stor.

I 2000 finansierte løyvinga frå departementet 120 doktorgradsårsverk. 50 pst. av doktorgradsstipendiatane var kvinner. Departementet finansierte 45 årsverk postdoktorstipend.

Rapporten «Medisin og helse anno 2020 – en forskningsodyssé», som tek opp medisinske utfordringar i framtida, vart gitt ut i 2000. Rapporten er eit viktig bidrag til debatten om korleis Noreg bør satse på medisinsk og helsefagleg forsking i åra som kjem.

Resultatmål for 2002

Løyvinga til medisinsk og helsefagleg forsking skal i 2002 vere om lag 112 mill. kroner. Støtta til frie prosjekt skal førast vidare på minst same nivå som i 2001. Forskingsrådet skal leggje vekt på nyskapande forsking og internasjonalisering. Tiltak for auka rekruttering av forskarar, særleg innanfor områda medisin, odontologi og psykologi, skal førast vidare, m.a. gjennom å auke talet på studentstipend. Forskingsrådet skal òg finansiere studentstipend i samband med opprettinga av forskarlinjer i medisin ved universiteta, jf. omtale under kategori 07.60.

Miljø- og utviklingsforsking

Resultatrapport 2000-2001

Midlar til miljø- og utviklingsforsking utgjorde 43 mill. kroner i 2000, det same som året før. Løyvinga for 2001 var på 44,8 mill. kroner, ein nominell auke på 4,2 pst.

Løyving til miljø- og utviklingsforsking fordelt på verkemiddel (i mill. kroner)

Verkemiddel

Budsjett 1998

Budsjett 1999

Budsjett 2000

Budsjett 2001

Frie prosjekt

23,7

25,0

27,0

26,0

Program

13,3

13,5

13,5

16,8

Diverse FoU

4,8

4,5

2,5

2,0

Sum

41,8

43,0

43,0

44,8

Hovudtyngda av midlane frå departementet vart i 2000 kanalisert som støtte til frittståande prosjekt for å ivareta breidd og kvalitet i disiplinutviklinga og rekruttering til område med særskilde behov. Samla kan 49 pst. av denne forskinga i 2000 klassifiserast som miljøforsking, medan ca. 27 pst. er utviklingsforsking. Om lag 24 pst. ligg i skjeringsfeltet mellom miljø og utvikling. 43 pst. av midlane frå departementet gjekk til dei fire universiteta. Forskingsinstitutta mottok 30 pst. av midlane, noko som syner at ein stor del av miljø- og utviklingsforskinga blir utført i instituttsektoren.

Støtta til programforsking var den same i 2000 som i 1999. I dette inngår vidareføring av ei økonomisk ramme på 5 mill. kroner til ProSus (Programme for Research and Documentation for a Sustainable Society). ProSus vart evaluert i 1998 og blir for åra 2000–05 ført vidare som eit strategisk universitetsprogram ved Universitetet i Oslo. I 2001 auka støtta til program på grunn av omfordeling av midlar til eit strategisk universitetsprogram om menneskerettar og utvikling og fordi det vart lagt inn 2 mill. kroner til arbeidet med ei bilateral avtale mellom Noreg og USA om polarforsking. Ei endeleg avtale er venta ferdigstilt hausten 2001.

Talet på doktorgradsårsverk innanfor frittståande prosjekt og program auka frå 37 i 1999 til 42 i 2000. Miljø og utvikling var det einaste området i Forskingsrådet der talet på doktorgradsstipendiatar auka. Blant doktorgradsstipendiatane var 45 pst. kvinner, mot 41 pst. året før. Talet på postdoktorårsverk var fire i 2000 mot fem i 1999.

RegClim-prosjektet under programmet Endringer i klima og ozonlag presenterte i 2000 dei første klimascenaria for Noreg og dei nordiske hava. Scenaria har vorte godt kjende gjennom media. Samarbeidsutvalet for klimaforsking ferdigstilte hovudrapporten sin i 2000. Rapporten inneheld ei rekkje forslag til tiltak for å styrkje samordninga i norsk klimaforsking. Forskingsrådet arbeider no med oppfølging av desse. Utvalet vil ta opp att arbeidet når det er naturleg, med ei oppdatert vurdering av status for norsk klimaforsking. Arbeidet med å utvikle og profilere Svalbard som internasjonal møteplass og forskingsplattform held fram. Det gjeld m.a. oppfølging av koordinerings- og informasjonsutvalet Svalbard Science Forum (SSF). SSF vart evaluert i 2000, og forumet vil bli ført vidare med eit nytt mandat for perioden 2001–02.

Resultatmål for 2002

Løyvinga til forsking på området miljø og utvikling skal i 2002 vere om lag 45 mill. kroner. Det er i hovudsak lagt opp til å føre vidare aktivitetane på same nivå som i 2001, med hovudvekt på grunnleggjande forsking. Prioriteringa av frittståande prosjekt skal halde fram. Departementet legg vekt på å styrkje forskinga på Svalbard. Forskingsrådet skal mellom anna føre vidare arbeidet med ein bilateral avtale mellom Noreg og USA om polarforsking. Klima- og ozonforsking skal ha høg prioritet. Miljø- og utviklingsforskinga er sektorovergripande, og utvikling av faglege nettverk og kontaktar på tvers av disiplinar vil derfor vere eit viktig mål for å sikre tverrfagleg kompetanse.

Naturvitskapleg og teknologisk forsking

Resultatrapport 2000-2001

Midlane til naturvitskapleg og teknologisk forsking utgjorde 210,5 mill. kroner i 2000. Det var ein nominell auke på 2,2 pst. samanlikna med året før. Frå 2000 til 2001 er det ein nominell auke på 7,3 pst. Auken heng saman med at 10 mill. kroner vart overførte frå kap. 281 til eit senter for IKT-forsking på Fornebu.

Løyving til naturvitskapleg og teknologisk forsking fordelt på verkemiddel (i mill. kroner)

Verkemiddel

Budsjett 1998

Budsjett 1999

Budsjett 2000

Budsjett 2001

Frie prosjekt

104,1

110,3

111,3

115,5

Program

38,9

41,3

41,3

44,1

Diverse FoU

51,1

54,4

57,9

66,2

Sum

194,1

206,0

210,5

225,8

Midlane til frie prosjekt går til fri, forskarinitiert grunnforsking i form av stipend og prosjekt- og miljøstøtte. Over 70 pst. av midlane går til rekruttering. I 2000 vart 37 pst. av søknadene til frie prosjekt innvilga. Kjemi og biofag stod for over halvparten av det samla søknadsbeløpet.

Forskingsrådet har eit stort ansvar for å rekruttere forskarar til naturvitskaplege og teknologiske fag. Størsteparten av støtta frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet går til forskarrekruttering. For desse midlane finansierte området for Naturvitskap og teknologi i alt 205 doktorgradsårsverk og 73 årsverk postdoktorstipend i 2000. Samanlikna med 1999 har talet på doktorgradsårsverk gått ned med 8 pst. Samstundes har talet på årsverk postdoktorstipend auka med 9 pst. Om lag 26 pst. av doktorgrads- og postdoktorstipendiatane var kvinner, mot 24 pst. i 1999.

Programløyvingane for 2000 vart mellom anna brukte til å starte opp to nye program: Berekningsorientert matematikk (BeMatA) og Katalyse og organisk syntetisk kjemi. Begge programma er i startfasen, og har lagt vekt på å utarbeide fagplanar og rekruttere nye stipendiatar. Romforskingsprogrammet Romforsk II blir ført vidare til ut 2002. Programmet har lagt særskild vekt på forsking knytt til SOHO-satellitten, som studerer sola og områda rundt. Materialforskingsprogrammet vart formelt avslutta i 1999, men forskingsaktivitetane ved det europeiske synkrotronstråleanlegget ESRF i Grenoble held fram som eit eige program.

Midlane under «diverse FoU» gjekk i første rekkje til infrastrukturtiltak, strategiske instituttprogram og vitskapleg utstyr. Det vart finansiert i alt 15 strategiske instituttprogram med støtte frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. I tillegg gjekk 10 mill. kroner av midlane under «diverse FoU» til vitskapleg utstyr.

I 2000 vart det gitt ei særskilt oppstartsløyving på 7,5 mill. kroner på kap. 281 til å etablere eit forskingssenter innanfor IKT på Fornebu. Senteret vart formelt etablert 1. januar 2001 under namnet Simula Research Laboratory. Per august 2001 er 54 forskarar og stipendiatar tilsette ved senteret. Av desse er tolv rekrutterte frå utlandet. Ti av dei tilsette er kvinner. Arbeid utført av forskarane ved senteret har i 2001 vorte godteke på fleire internasjonale konferansar, og to bøker er under produksjon. Forutan tre faste forskingsgrupper vil det til kvar tid vere «årlege prosjekt med gjest» ved senteret. Senteret knyter på denne måten til seg ekspertise frå inn- og utland. Simula-senteret har til no vore førebels organisert som eit prosjekt under Universitetet i Oslo. Departementet vurderer å opprette Simula Research Laboratory som aksjeselskap i 2002, med dei fire universiteta og forskingsinstitutta SINTEF og Norsk Regnesentral som eigarar. Departementet vil komme tilbake til saka.

Resultatmål for 2002

Løyvinga til naturvitskapleg og teknologisk forsking skal vere om lag 235 mill. kroner. Av desse midlane skal minst 20 mill. kroner gå til vidare drift av Simula-senteret på Fornebu.

Frie prosjekt skal prioriterast, med særskil vekt på postdoktorstipend. Tiltak for å auke rekrutteringa til naturvitskaplege og teknologiske fag skal også førast vidare, og Forskingsrådet skal halde fram arbeidet med å rekruttere fleire kvinner til desse faga.

Vitskapleg utstyr

Forskingsrådet har sett ned eit særskilt utstyrsutval med representantar frå universiteta, dei vitskaplege høgskolane og dei statlege høgskolane. Utvalet har hatt til oppgåve å fordele midlar til vitskapleg utstyr, leggje opp ein nasjonal utstyrsstrategi og samordne innkjøp av utstyr mellom institusjonane. I perioden 1996–2000 har utvalet fordelt i alt 317 mill. kroner til avansert vitskapleg utstyr.

Resultatrapport 2000-2001

I 2000 hadde Forskingsrådet i alt 45 mill. kroner til fordeling på avansert vitskapleg utstyr gjennom utstyrsutvalet. Av desse kom 10 mill. kroner frå området Naturvitskap og teknologi og 10 mill kroner frå avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping. I løpet av året vart det gitt midlar til i alt 25 nye utstyrsprosjekt. Prosjekta fordelte seg med 15 prosjekt til dei fire universiteta, fem prosjekt til vitskaplege høgskolar og fem prosjekt til statlege høgskolar. I samarbeid med Statskjøp og innkjøpsforumet til universiteta og høgskolane arrangerte utvalet eit kurs for å betre innkjøpskompetansen i brukarmiljøa.

I 2001 la Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU) fram ei evaluering av utstyrssatsinga i Forskingsrådet, jf. omtale i kategoriinnleiinga.

Resultatmål for 2002

Den øyremerkte løyvinga til avansert vitskapleg utstyr over kap. 285 post 52 skal i 2002 vere 20 mill. kroner. På bakgrunn av evalueringa av utstyrssatsinga skal Forskingsrådet føre vidare ordninga med eit eige utstyrsutval.

Rekruttering av forskarar innanfor bioproduksjon og foredling

Resultatrapport 2000-2001

I 2001 løyvde Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 17,9 mill. kroner til å få fleire forskarar til fagfelta fiskeri, havbruk og landbruk. I 2000 finansierte departementet i alt 49 årsverk doktorgradsstipend. Av desse var 54 pst. kvinner, mot 48 pst. året før. 5 pst. var innanfor fiskeri- og havbrukssektoren og 46 pst. innan landbrukssektoren. Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU) har utarbeidd rapporten «Forskerrekruttering til bioproduksjon og foredling: Situasjonsbeskrivelse og behovsanslag mot 2015». Analysane viser at det vil bli behov for å auke talet på forskarrekruttar om ein vil gi rom for framtidig vekst i det ordinære forskarpersonalet. Dette gjeld både for universitets- og høgskolesektoren og for instituttsektoren og innanfor fagområda jord- og skogbruk, veterinærmedisin og fiskeri og havbruk.

Resultatmål for 2002

Løyvinga til rådvelde for rekruttering av forskarar innanfor bioproduksjon og foredling skal i 2002 vere om lag 18 mill. kroner.

Strategiske fellesfunksjonar og informasjon

Resultatrapport 2000-2001

Løyvinga til strategiske fellesfunksjonar og informasjon var i 2000 på 44,8 mill. kroner, ein nominell auke på 6,7 pst. i høve til 1999. I 2001 er beløpet på 47,1 mill. kroner. Auken skriv seg frå at ei rekkje aktivitetar som tidlegare vart dekte over administrasjonsbudsjettet, no blir finansierte over det ordinære budsjettet til informasjon. Dette gjeld til dømes finansieringa av bladet «Tell’Us» og nettstaden «forskning.no» samt finansiering av markeringar og forskarprisar.

Løyving til strategiske fellesfunksjonar og informasjon (i mill. kroner)

Verkemiddel

Budsjett 1998

Budsjett 1999

Budsjett 2000

Budsjett 2001

Strategiske fellesfunksjonar

35,5

35,9

37,9

37,3

Informasjon

3,3

6,1

6,9

9,8

Sum

38,8

42,0

44,8

47,1

Forskingsrådet har ei sentral rolle som forskingspolitisk rådgivar. Midlar til strategiske fellesfunksjonar skal m.a. dekkje utgifter i samband med dette. Midlane dekte i 2000 mellom anna basisløyvinga til Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU) og delfinansiering av eit fast oppdrag til STEP-gruppen om dokumentasjon av det norske innovasjonssystemet. Dei dekte òg strategiske instituttprogram, dei nasjonale forskingsetiske komiteane og informasjons- og dokumentasjonstenesta for kvinne- og kjønnsforsking, KILDEN. I tillegg kjem ei rekkje internasjonale aktivitetar, inkludert informasjons- og stimuleringstiltak for å fremje norsk deltaking i EUs forskingsprogram (EU Forskingsinfo) og internasjonal personutveksling.

Ei sentral oppgåve har i 2001 vore arbeidet med ein ny strategi for Forskingsrådet. Strategien skal etter planen leggjast fram i desember 2001. Forskingsrådet sluttførte i 2000 eit prosjekt om internasjonalisering av norsk forsking, som no blir følgt opp av områda. Forskingsrådet har òg vore engasjert i arbeidet med å utvikle norske synspunkt på europeisk forskingspolitikk, til dømes i forhold til arbeidet med etablering av eit europeisk forskingsområde (ERA) og planlegginga av det sjette rammeprogrammet for forsking i EU.

Forskingsrådet finansierer og følgjer opp dei tre nasjonale forskingsetiske komiteane innanfor medisin, naturvitskap/teknologi og humaniora/samfunnsvitskap (NEM, NENT og NESH), og finansierer drift av sekretariatet for The Standing Committee on Responsibility and Ethics in Science (SCRES). Dei tre komiteane gir ut bladet «Etikk-informasjon». I 2000 gjennomførte komiteane mellom anna ein oppfølgingskonferanse om genmodifiserte matvarer, ei open høring om terapeutisk kloning og to forskarseminar retta mot doktorgradsstudentar og unge forskarar.

På oppdrag frå Forskingsrådet har det danske Evalueringsinstituttet evaluert verksemda til NIFU og STEP-gruppen. Evalueringa viser at begge institutta har ein sentral funksjon i arbeidet med grunnlaget for forskings- og kunnskapspolitikken. Begge institutta driv god og relevant verksemd, men med ulik fagleg vinkling. Begge institutta bør betre formidlinga frå arbeidet sitt og kontakten med brukarane. Finansieringa av STEP blir vurdert som problematisk.

Forskingsrådet sitt arbeid med den nasjonale kvinneforskingspolitikken har i 2000 i hovudsak funne stad i regi av «Expertgruppen för genusforskningens integrering». Som ledd i dette nordiske samarbeidet vart det utarbeidd ein rapport om integrering av kvinne- og kjønnsforsking i verksemda til Noregs forskingsråd. Forskingsrådet har gjennomført ei kartlegging av kva for indikatorar norske forskingsinstitusjonar ønskjer å nytte for å måle likestilling. Forskingsrådet arbeider òg med ei større utgreiing om kvinner i akademia. Utgreiinga skal gi konkrete råd om arbeidet med likestilling i norsk forsking. Sjå også kategoriinnleiinga.

Midlane til informasjon delfinansierer felles informasjons- og profileringstiltak i Forskingsrådet. Området for informasjon la i 2000 auka vekt på medie- og samfunnskontakt. Forskingsrådet gir ut blada «Forskning» og «Tell’Us» og arrangerer kvart år festivalen Forskingsdagane i samarbeid med ei rekkje institusjonar. I 2000 var det 850 enkeltarrangement og over 600 medieoppslag under Forskingsdagane. Forskingsrådet har i 2000 oppgradert heimesida si, «forskningsradet.no». Ein ny nettstad for formidling av forsking, «forskning.no», vil etter planen bli lansert innan utgangen av 2001. I 2000 starta informasjonskampanjen «Et hav av muligheter», som skal styrkje den marine forskinga i Noreg. Nysgjerrigper-prosjektet, som skal få barn i grunnskolen interesserte i forsking, held fram og er svært populært. Nysgjerrigper-bladet når ut til drygt 80 000 elevar gjennom klasseabonnement, og blir nytta aktivt i klasserommet.

Resultatmål for 2002

Løyvinga til strategiske fellesfunksjonar og informasjon skal vere minst 50 mill. kroner i 2002. Basisløyvinga til NIFU skal førast vidare i 2002. Departementet vil i samråd med Forskingsrådet og andre departement vurdere korleis evalueringa av NIFU og STEP-gruppen skal følgjast opp. Det er lagt inn ein liten auke til verksemda til dei nasjonale forskingsetiske komiteane. På det internasjonale området skal Forskingsrådet sikre god utnytting av norsk deltaking i dei ulike internasjonale samarbeidsprogramma og -organisasjonane. Løyvinga til Eurobarometer skal førast vidare på same nivå som i 2001. Departementet ønskjer å styrkje det bilaterale forskingssamarbeidet med ulike land. Departementet vil derfor øyremerkje 1 mill. kroner til ulike tiltak som til dømes faglege seminar og nettverksbygging. Som ledd i å styrkje kunnskapen om arbeidet med likestilling i norsk forsking skal Forskingsrådet betre statistikken om kjønnsfordelinga av forskingsløyvingane.

Forskingsrådet skal arbeide vidare med å utvikle formidlingstiltak retta mot allmenta. Forskingsrådet skal òg leggje vekt på å utvikle vidare gode elektroniske informasjonstilbod.

Budsjettforslag for 2002

Budsjettforslaget for kap. 285 post 52 viser totalt ein auke på 11 pst. frå 2001 til 2002. Den største delen av auken skriv seg frå overføringa av pensjonsutgifter frå budsjetta til universiteta. Korrigert for tekniske endringar og momskompensasjon er auken på 3,6 pst. I tillegg til løyvingane over post 52 blir tilsegnsfullmakta ført vidare på same nivå som i 2001, dvs. 37,5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Post 55 Administrasjon

Resultatrapport for 2000–01

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet finansierer administrasjonsbudsjettet på vegner av alle departementa. Løyvinga var på 169,9 mill. kroner i 2000. I 2001 er løyvinga på 171,7 mill. kroner, ein nominell auke på 1,1 pst. Per 31. desem­-ber 2000 hadde Forskingsrådet arbeidsgivaransvar for i alt 427,8 årsverk, 68 færre enn året før. Nedgangen skriv seg frå at dei forskingsutførande institusjonane no har arbeidsgivaransvaret for nye postdoktorstipendiatar med arbeidsstad i Noreg. 293 personar var tilsette i administrasjonen i Forskingsrådet i 2000. Av desse var 61 pst. kvinner.

Administrasjonsbudsjettet til Forskingsrådet har vore stramt i lang tid, og det har vore naudsynt å redusere talet på tilsette i administrasjonen. I perioden 2000–01 har ein derfor kartlagt oppgåveutviklinga i administrasjonen og gjennomført ein prosess for å tilpasse talet på tilsette og kompetanseprofilen deira til framtidige behov. Ein vil basere nedbemanninga på frivillig avgang og tilbyr derfor tiltakspakkar etter søknad. Forskingsrådet arbeider også med å innføre heilelektronisk arbeidsform. Det vil gjere sakshandsaminga meir effektiv og vil på sikt redusere administrative kostnader.

Forskingsrådet har halde fram arbeidet med å styrkje dei strategiske rådsfunksjonane. Faglege funksjonar er styrkte gjennom betre kompetanse og vidareutvikling av eigen organisasjon og eigne styringssystem. I 2000 fullførte Forskingsrådet eit leiarutviklingsprogram, serviceerklæringa vart lagd til grunn for kvalitetssikring av tenesteleveransane, og mål- og resultatstyringssystemet vart sett i drift.

Forskingsrådet arbeider for ein kvinnerepresentasjon i styre, råd og utval som er i samsvar med reglane i likestillingslova om samansetjing av offentlege utval. Ved utgangen av 2000 var kvinneprosenten 58 pst. i hovudstyret og minst 40 pst. i alle områdestyra. Totalt sett var det 41 pst. kvinner i programstyre og faggrupper.

Forskingsrådet administrerer ein stor del av den forskinga som blir finansiert gjennom program. Utgiftene til programadministrasjon er integrerte i programbudsjetta og var på 84,1 mill. kroner i 2000. Det utgjer 4,8 pst. av det samla disponible programbudsjettet. Kostnader knytte til informasjonstiltak over FoU-budsjettet utgjorde 28,2 mill. kroner i 2000.

Resultatmål for 2002

Løyvinga på posten skal dekkje lønn for tilsette i Forskingsrådet, husleige og andre driftskostnader. Den administrative verksemda omfattar oppgåver for alle departementa, og inkluderer forvaltning og fordeling av heile budsjettet til Forskingsrådet. Verksemda omfattar også ei rekkje nye oppgåver Forskingsrådet har fått ansvaret for, m.a. løyvingsansvar for fleire institutt og større vekt på forskingspolitisk rådgiving enn tidlegare. Forskingsrådet skal arbeide for å auke talet på kvinner i styrer og utval på felt der det framleis er få kvinner.

Budsjettforslag for 2002

Løyvinga til administrasjon av Noregs forskingsråd blir ført vidare på same nivå som i 2001.

Kap. 286 Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 3286)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert ­budsjett 2001

Forslag 2002

50

Overføring til Noregs forskingsråd

90 000

203 500

350 462

90

Fondskapital

1 000 000

3 500 000

1 000 000

Sum kap. 286

1 090 000

3 703 500

1 350 462

Fondet for forsking og nyskaping vart oppretta 1. juli 1999 og har frå juli 2001 ein fondskapital på 10 mrd. kroner. Kapitalen i fondet (jf. kap. 286 post 90) er plassert som kontolån til staten med rente tilsvarande renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid. Førre års avkastning frå fondskapitalen blir årleg ført inn på inntektssida i statsbudsjettet (jf. kap. 3286 post 80). Løyvingane til forsking og nyskaping blir førte med same beløp på utgiftssida i statsbudsjettet. Fondet er ein ny mekanisme for offentleg finansiering av forsking i Noreg. Fondet skal medverke til å auke den samla forskingsinnsatsen i Noreg og å verkeleggjere dei overordna forskingspolitiske prioriteringane. Midlane frå fondet kjem i tillegg til dei ordinære forskingsløyvingane over statsbudsjettet. Fondet skal nyttast til langsiktig, grunnleggjande forsking og forsking på tvers av sektorane, jf. Innst. S. nr. 110 (1999–2000).

Frå og med 2002-budsjettet foreslår Regjeringa at ein tredjedel av fondsavkastninga blir kanalisert direkte til institusjonane i universitets- og høgskolesektoren, medan to tredjedelar av avkastninga skal fordelast av Noregs forskingsråd. For den delen av avkastninga som blir kanalisert direkte til institusjonane i universitets- og høgskolesektoren, sjå kapitla 260-265, 268, 269, 274, 278 og 279. Midlane skal nyttast til vitskapleg utstyr og forskarrekruttering. Forskingsrådet skal fordele dei resterande to tredjedelane av avkastninga, jf. post 50 under.

Post 50 Overføring til Noregs forskingsråd

Resultatrapport for 2000–01

Noregs forskingsråd har i 2001 fordelt ei avkastning frå fondet på 203,5 mill. kroner. I tråd med føringar frå Regjeringa og Stortinget er fondsmidlane nytta til langsiktig og grunnleggjande forsking generelt og langsiktig forsking innanfor dei fire tematiske satsingane i forskingspolitikken: marin forsking, IKT, medisin og helse og forsking i skjeringsfeltet mellom energi og miljø. Midlane for 2001 er fordelte på prioriterte område som vist i tabellen under.

Midlar frå Fondet for forsking og nyskaping. Fordeling etter tematiske satsingar (i 1 000 kroner)

Tema

2000

2001

Langsiktig, grunnleggjande forsking generelt, inkl. vitskapleg utstyr1

22 500

100 000

Marin forsking inkludert IKT

27 500

37 000

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)

9 500

12 000

Medisin og helse

16 500

28 000

Forsking i skjeringsfeltet mellom energi og miljø

14 000

22 500

Administrasjon av fondsavkastninga

4 000

Sum

90 000

203 500

1Av desse midlane gjekk 10 mill. kroner til vitskapleg utstyr i 2000 og 40 mill. kroner i 2001. I tillegg vart i alt 17,5 mill. kroner øyremerkte til vitskapleg utstyr innanfor løyvingane til dei fire tematiske satsingane i 2000. Forutan utstyrssatsinga vart 10 mill. kroner nytta til humanistisk og samfunnvitskapleg grunnforsking (globalisering og internasjonalisering) og 2,5 mill. kroner til Sars-senteret (eit internasjonalt forskingssenter for marin molekylærbiologi) i 2000. I 2001 er 29 mill. kroner løyvde til humanistisk og samfunnsvitskapleg grunnforsking, 4 mill. kroner til petroleumsrelatert forsking, 4 mill. kroner til materialvitskap og 23 mill. kroner til Sars-senteret.

Innanfor desse områda har Forskingsrådet lagt vekt på kvalitet, mellom anna gjennom løyvingar til toppforskingsmiljø, spissforskingsgrupper og karrierestipend til unge, lovande forskarar. Innanfor medisinsk og helsefagleg forsking har det til dømes vorte etablert såkalla MH-grupper som har gitt fleire av dei beste forskingsmiljøa innanfor mellom anna nevrobiologi og molekylærbiologi betre rammetilhøve. Fondsmidlar har òg vore nytta til å støtte langsiktig, grunnleggjande forsking knytt til temaet globalisering og internasjonalisering. Denne satsinga har mellom anna som mål å kaste lys over ulike typar globaliseringsprosessar. Aktuelle tema er globalisering og marknadsutvikling, språk og kulturmøte, velferd, arbeid og globalisering og menneskerettar og næringsutvikling.

Ein stor del av fondsmidlane går til tverrfaglege satsingar som involverer fleire av områda i Forskingsrådet. Til dømes er ein del av løyvinga under marin forsking retta mot forskingsprogram som gjeld både marin forsking og IKT. Eit satsingsområde er t.d. overvåking og varsling av biologiske prosessar og farlege algar i havet. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Nansensenteret, Havforskingsinstituttet og Det norske meteorologiske institutt. Fondsmidlane blir også nytta til forsking på stamfiskproblematikk knytt til torsk og kveite, som er to artar som vil kunne vere viktige for framtidig oppdrettsnæring. Innanfor satsinga på forsking i skjeringsfeltet mellom energi og miljø finansierer fondet forsking om klima og klimaendringar, industriell økologi og bruk av naturgass. Målet med den siste satsinga er å utvikle løysingar som i framtida vil kunne gjere det mogleg å ha hydrogendrivne bilar som produserer sitt eige hydrogen.

Resultatmål for 2002

Avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping skal i 2002 nyttast til å støtte langsiktig, grunnleggjande forsking generelt og langsiktig forsking innanfor dei fire tematiske satsingsområda. Dette er i samsvar med vedtaket i Stortinget i samband med handsaminga av forskingsmeldinga, jf. Innst. S. nr. 110 (1999–2000) og St.meld. nr. 39 (1998–99).

I samsvar med stortingsvedtaket kan midlane frå fondet også nyttast til nye tiltak for kvalitet. Fondsmidlane skal derfor også nyttast til å etablere ei ordning med senter for framifrå forsking. Prosessen med å setje i verk ordninga er no godt i gang. Forskingsrådet har motteke mange søknader av høg kvalitet. Departementet reknar med at dei første fem til ti sentra blir oppretta i 2002. Sjå også omtale under kategoriinnleiinga.

I Revidert nasjonalbudsjett for 2001 sa Regjeringa at den ønskjer ei offentleg satsing på funksjonell genomforsking. Regjeringa foreslår å setje av 100 mill. kroner av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping til dette formålet i 2002. Gjennom denne satsinga ønskjer Regjeringa særleg å styrkje norsk biologisk grunnforsking, samt medisinsk og marin forsking.

Det ligg føre ein langsiktig, nasjonal plan for utvikling av funksjonell genomforsking i Noreg (FUGE). Planen er utarbeidd av i alt 23 forskingsinstitusjonar, med hjelp av Noregs forskingsråd, og har fått støtte frå ei rekkje private og offentlege bedrifter og instansar. Planen inneber at alle dei institusjonane som står bak, skal samarbeide om å få Noreg opp på nivå med den internasjonale forskingsfronten og styrkje norsk næringsutvikling på området. Dette skal skje ved nasjonal og regional arbeidsdeling, ved å satse på nasjonale og regionale fortrinn og ved å kople akademia og næringsliv sterkare saman.

Regjeringa ønskjer ei satsing i tråd med dei prioriterte områda i forskingspolitikken. FUGE-planen gir godt grunnlag for dette. Planen er konsentrert om grunnleggjande funksjonell genomforsking på ulike fagområde, men med særskilde mål for utvikling av biologisk grunnforsking og for marin og medisinsk forsking. Som ein følgje av dette bør satsinga organiserast som eit tverrgåande prosjekt i Forskingsrådet. Ei slik organisering byggjer på tilrådingane i FUGE-planen. Fordeling av midlane på fagområde og institusjonar bør avgjerast av eit eige styre underlagt Hovudstyret på basis av søknader frå miljøa, med hjelp av ei internasjonal ekspertgruppe og av ulike adhocgrupper. Det er svært viktig at FUGE-prosjektet ikkje blir eit isolert prosjekt, men blir godt knytt saman med resten av rådsorganisasjonen og med den bioteknologiforskinga som er i gang ved institusjonane. Forskingsrådet må sjå prosjektet i samanheng med både andre løyvingar og andre verkemiddel, særleg ordninga med senter for framifrå forsking. Organiseringa må sikre slik samordning. Samtidig er det ønskjeleg at handsaminga av søknader kan skje så raskt som mogleg.

I 2002 skal FUGE-midlane i hovudsak nyttast til infrastrukturtiltak, dvs. utstyrsinvesteringar og støttefunksjonar, og til kompetanseoppbygging/rekruttering. Forsking på etiske, miljømessige og samfunnsmessige konsekvensar skal setjast i gang som ein integrert del av satsinga frå 2002, og Forskingsrådet bør setje av ein øyremerkt del av løyvinga til dette formålet. Forskingsrådet må halde seg orientert om utviklinga av funksjonell genomforsking i andre land og bør prioritere samarbeidsprosjekt der det høver. Midlane skal elles fordelast i samsvar med dei prioriterte områda, samtidig som ein tek omsyn til kvalitetskriterium òg nasjonal arbeidsdeling. Det er og ein generell føresetnad at mest mogleg av midlane skal brukast til forskingsformål og minst mogleg til administrasjon.

Budsjettforslag for 2002

Fondet for forsking og nyskaping vil i 2001 gi ei avkastning på om lag 525,5 mill. kroner, som blir ført som inntekt i 2002. To tredjedelar av dette, dvs. om lag 350,5 mill. kroner, vil bli overført til Noregs forskingsråd. Løyvinga på kap. 286 post 50 er auka med ca. 147 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2001.

Post 90 Fondskapital

Då fondet vart oppretta i 1999, vart det løyvt 3 mrd. kroner i fondskapital, jf. Innst. S. nr. 236 (1998–99) og St.prp. nr. 67 (1998–99). I samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2000 vart kapitalen utvida med 1 mrd. kroner frå 1. juli 2000, jf. Innst. S nr. 220 (1999–2000) og St.prp. nr. 61 (1999–2000). Kapitalen vart ytterlegare auka med 3,5 mrd. kroner i statsbudsjettet for 2001, jf. Budsjett-innst. S. nr. 6 (2000–2001), og med 2,5 mrd. kroner i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2001, jf. Innst. S nr. 325 (2000–2001). Regjeringa har som mål å auke fondskapitalen til 15 mrd. kroner innan 2005, jf. opptrappingsplanen for forskingsløyvingane som vart lagd fram våren 2001, sjå St.prp. nr. 84 (2000–2001). På bakgrunn av dette foreslår Regjeringa å utvide kapitalen i Forskingsfondet med 1 mrd. kroner frå 1. januar 2002, slik at den samla kapitalen blir 11 mrd. kroner.

Kap. 3286 Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 286)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

80

Avkastning

85 598

203 500

525 462

Sum kap. 3286

85 598

203 500

525 462

Fondet for forsking og nyskaping vil i 2001 gi ei avkastning på om lag 525,5 mill. kroner, som blir ført som inntekt i 2002.

Kap. 287 Forskingsinstitutt og andre tiltak

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

21

Særskilde driftsutgifter

465

4 500

5 369

50

NOVA

18 837

19 393

20 872

52

Norsk Utanrikspolitisk Institutt

13 963

14 380

14 931

54

Forskingsstiftelsar

49 788

33 965

36 984

55

Teknologirådet

3 063

71

Tilskott til andre private institusjonar

13 807

13 131

16 325

72

Til disposisjon for departementet

1 426

2 160

2 225

90

Niels Henrik Abels minnefond

200 000

Sum kap. 287

101 349

87 529

296 706

I høve til budsjettet for 2001 er det gjort ei teknisk endring:

  • Det er oppretta ny post 90 Niels Henrik Abels minnefond.

Kapitlet omfattar:

  • utgifter til utgreiingar

  • Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA)

  • Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI)

  • forskingsinstitutt som får basisløyvingar frå Noregs forskingsråd

  • tilskott til andre institusjonar og tiltak

  • disposisjonsløyvinga til departementet

  • Niels Henrik Abels minnefond

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Resultatrapport for 2000–01

I 2000 og 2001 er løyvinga nytta til å finansiere evalueringa av Noregs forskingsråd. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet inngjekk hausten 2000 kontrakt om evalueringa med det internasjonale firmaet Technopolis. Evalueringa vil vere sluttført innan utgangen av 2001.

Resultatmål for 2002

Løyvinga skal brukast til å dekkje utgifter til utgreiingar som vil medverke til å betre kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken.

Budsjettforslag for 2002

Evalueringa av Noregs forskingsråd vil bli sluttført i 2001, men delar av utgiftene kjem først til utbetaling i 2002. Departementet vil òg finansiere oppfølginga av evalueringa med midlar frå posten.

Post 50 NOVA

Resultatrapport for 2000

Forskinga og utviklingsarbeidet ved Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) skal føre til auka kunnskap om sosiale forhold og endringsprosessar. Instituttet skal fokusere på problemstillingar om livsløp, levekår og livskvalitet samt tenester og tiltak i velferdssamfunnet.

NOVA har eit særleg ansvar for å utføre forsking om sosiale problem, offentlege tenester og overføringsordningar. Instituttet skal forske på familien, barn og unge og oppvekstvilkåra deira. NOVA skal vidare drive forsking og utviklingsarbeid med særleg vekt på utsette grupper, og på ulike område knytte til barnevern, samt utvikle vidare den gerontologiske forskinga.

I 1998 vart det fastsett tre strategiske instituttprogram for perioden 1999–2003: 1) På terskelen til eit fleirkulturelt samfunn, 2) Forsørgingskjelder i eit livsløps- og generasjonsperspektiv og 3) Velferdstenester i endring. Programma er no godt etablerte. Dei er viktige for brukarane av forskings- og utviklingsarbeidet til NOVA.

Det vart utført 66 forskarårsverk ved NOVA i 2000, fordelte på 37 kvinner og 29 menn. 24 av forskarane i hovudstilling ved instituttet har doktorgrad. Fire forskarar avla doktorgraden i 2000 mot ein i 1999. Basisløyvinga frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet stod for 36 pst. av dei samla inntektene til NOVA. Dette er om lag like mykje som året før. Publiseringsverksemda til forskarane ved NOVA hadde om lag same omfang i 2000 som i 1999.

Saman med tre andre samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt vart NOVA evaluert i 2000. Evalueringsutvalet gav karakteren «god kvalitet» på forskinga til NOVA. Særleg får instituttet ros for relevansen på forskinga og for oppdragsforskinga si. Hovudbiletet som kjem fram, er at styrken til NOVA er solide og oversiktlege analysar. Brukarundersøkinga viser at instituttet har godt nøgde oppdragsgivarar. Evalueringsutvalet tilrår at NOVA bør strekkje seg mot meir fagleg integrering på tvers av dei tidlegare forskingseiningane som instituttet utgjekk frå då det vart oppretta i 1996. Vidare tilrår utvalet at NOVA i sterkare grad bør sjå arbeidet sitt i eit livsløpsperspektiv.

Resultatmål for 2002

NOVA skal vere eit nasjonalt leiande forskingsinstitutt innanfor dei faglege kjerneområda sine. Instituttet skal halde fram arbeidet med å følgje opp tilrådingane frå evalueringsutvalet. Departementet viser særleg til tilrådinga om at NOVA bør få til meir fagleg integrering av forskingsverksemda og få livsløpsperspektivet betre fram i forskinga si. I den strategiske planen som instituttet utarbeider for perioden frå 2002 til 2004, skal den noverande organiseringa evaluerast og alternative organisasjonsmodellar drøftast. Siktemålet er å få til ei sterkare fagleg integrering og eit betre fagleg utbytte av verksemda til instituttet. Instituttet skal utvikle vidare eit forpliktande samarbeid med andre forskingsinstitutt og med universiteta og høgskolane.

Etter søknad frå NOVA stadfestar departementet at NOVA kan etablere eit nytt strategisk instituttprogram innanfor generell barneforsking. Programmet vil starte i 2002 og vare i fem år. Det skal finansierast innanfor ramma av basisløyvinga med eventuell tilleggsfinansiering frå andre finansieringskjelder.

Budsjettforslag for 2002

Løyvinga for 2002 blir ført vidare på same nivå som i 2001.

Post 52 Norsk Utanrikspolitisk Institutt

Resultatrapport for 2000

Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI) har som formål å medverke til auka innsikt i mellomfolkelege spørsmål ved å drive forsking og utgreiing og ved å spreie informasjon om internasjonale tilhøve. Instituttet skal formidle forskingsresultat og forskingsbasert informasjon til både særskilde brukargrupper og allmenta.

Det vart fastsett to strategiske instituttprogram i 1998: 1) Kollektiv tryggleik og 2) Europa – integrasjon og suverenitet. Begge programma går over fem år. Det første programmet dreier seg om innhaldet i konfliktar, responsen frå det internasjonale samfunnet og virkemåten til det multilaterale systemet. Det andre programmet omfattar politisk integrasjon, internasjonal økonomi, geopolitikk og internasjonal kriminalitet. NUPI har eigne faglege seksjonar for internasjonal økonomi og for utviklingsstudiar. Innanfor utviklingsforskinga har NUPI i tråd med råda frå Noregs forskingsråd lagt vekt på bistandsanalysar. I 2000 er denne seksjonen styrkt med to nye forskarstillingar. Instituttet har i 2000 etablert ei ny forskingseining for spørsmål om konflikt og samarbeid i Persiabukta. Det er utarbeidd ein omfattande plan for informasjonsverksemda. Instituttet gir ut nyheitsbrevet Hvor hender det?, som i hovudsak er mynta på undervisning i skolen. NUPI gir også ut tidsskrifta Internasjonal Politikk og Forum for Development Studies.

Forskarane ved NUPI utførte om lag 34 årsverk i 2000. Det gjer NUPI til det største utanrikspolitiske forskingsinstituttet i Norden. Kvinner stod for sju av årsverka. Elleve av forskarane i hovudstilling ved instituttet har doktorgrad. Tre av forskarane avla doktorgraden i 2000. Basisløyvinga frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet utgjorde om lag 43 pst. av dei samla inntektene i 2000 mot om lag 42 pst. året før.

Publiseringsverksemda til forskarane ved NUPI hadde om lag same omfang i 2000 som året før.

Resultatmål for 2002

NUPI skal vere eit nasjonalt leiande forskingsinstitutt innanfor dei faglege kjerneområda sine. Instituttet skal utvikle vidare eit forpliktande samarbeid med andre forskingsinstitutt nasjonalt og internasjonalt og med universiteta og høgskolane. NUPI skal auke finansieringa frå det norske næringslivet. Det er vidare eit mål å styrkje den internasjonale innteninga med spesiell vekt på å vinne fram i konkurransen om å få forskingsmidlar frå EU. NUPI skal vurdere tiltak med sikte på å rekruttere fleire kvinnelege forskarar.

Budsjettforslag for 2002

Løyvinga for 2002 blir ført vidare på same nivå som i 2001.

Post 54 Forskingsstiftelsar

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har ansvaret for basisløyvingane til fem frittståande forskingsinstitutt, sjå nedanfor. Løyvinga på posten blir stilt til rådvelde for Noregs forskingsråd. Forskingsrådet har eit strategisk ansvar for instituttsektoren og har derfor fått ansvaret for å tildele desse løyvingane. Tildelinga skal skje i samsvar med «Retningslinjer for statlig finansiering av forskningsinstitutter». Retningslinjene vart fastsette av Kyrkje,- utdannings- og forskings­departementet i 1994. Finansieringsstrukturen for forskingsinstitutta er elles omtala i St.meld. nr. 39 (1998–99).

Resultatrapport for 2000

Nærings- og handelsdepartementet overtok ansvaret for dei regionale institutta frå 1. juli 2000. Sjå derfor kap. 920 post 50 for resultatrapport for 2000 og resultatmål og budsjettforslag for 2002.

Den årlege tildelinga av basisløyvingar gjer Forskingsrådet i stand til å følgje utviklinga både i sektoren og ved kvart av institutta. Løpande kontakt med instituttleiarane, systematiske instituttevalueringar, årleg rapportering frå institutta og tildeling av strategiske instituttprogram er tiltak som gjer det mogleg for Forskingsrådet å fremje kvalitet i forskinga, rekruttering, samarbeidsrelasjonar og ei formålstenleg nasjonal arbeidsdeling. I 2000 har Forskingsrådet mellom anna på denne måten lagt vekt på å styrkje oppfølginga av det instituttstrategiske ansvaret sitt. I den grad det har vore mogleg, har Forskingsrådet ved tildelinga av basisløyvingar lagt til grunn ei viss utjamning av støttenivået mellom institutta i sektoren.

Dei utanrikspolitiske institutta utfører hovudsakleg forsking på følgjande område: utanriks- og tryggleikspolitikken til statane, etniske og nasjonalistiske konfliktar, energi-, miljø- og klimapolitikken, ressursforvaltninga og polar- og djuphavsforskinga. I denne gruppa inngår tre institutt: Senter for klimaforsking (CICERO), Institutt for fredsforsking (PRIO) og Fridtjof Nansens Institutt (FNI). Det samla talet på forskarårsverk var 67 mot 68 året før. Kvinner stod for 24 av årsverka. Forskingsrådet tildelte totalt 19,6 mill. kroner i basisløyvingar til desse institutta i 2000. Av denne summen vart 1,9 mill. kroner fordelte til strategiske samarbeidsprosjekt mellom desse institutta og NUPI, og 2,5 mill. kroner fordelte til europaforsking ved FNI, NUPI og PRIO. Utanom basisløyvingane hadde dei fire institutta prosjektinntekter på 16,6 mill. kroner frå Forskingsrådet i 2000.

Institutt for samfunnsforsking (ISF) og Fafo –Institutt for arbeidslivs- og velferdsforsking driv hovudsakleg forsking om arbeidsmarknaden, arbeidslivet, velferd og internasjonale tilhøve. Den samla basisløyvinga til desse institutta var på 10,4 mill. kroner i 2000. I tillegg kjem støtte til prosjekt gjennom Forskingsrådet på 20 mill. kroner. Institutta utførte 104 forskarårsverk i 2000. Det er ein auke på seks frå året før. 49 av årsverka vart utførte av kvinner.

Forskingsrådet gjennomførte i 2000 ei evaluering av forskingsinstitutta Fafo, ISF, Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) og NOVA, jf. omtale under kategoriinnleiinga. Forskingsrådet er òg i ferd med å evaluere miljøinstitutta. Som eit ledd i dette vart CICERO evaluert i 2000. Evalueringskomiteen konkluderer m.a. med at forskinga ved CICERO er av høg kvalitet, og at verksemda har godt omdømme internasjonalt. Vidare er oppfatninga til komiteen at kundar og brukarar er godt nøgde med kvaliteten på og relevansen av forskings- og informasjonsverksemda. Komiteen tilrår at CICERO må halde fram arbeidet med å auke oppdragsverksemd finansiert av næringsliv og styresmakter, og at det blir vurdert korleis ein kan styrkje CICERO fagleg og organisatorisk. Komiteen tilrår også at ansvaret for å kanalisere basisløyving gjennom Forskingsrådet blir ført over frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet til Miljøverndepartementet.

Resultatmål for 2002

Den langsiktige kompetanseoppbygginga ved institutta skal framleis styrkjast. Vidareutvikling og kvalitetssikring av dei strategiske instituttprogramma er eit sentralt verkemiddel i denne samanhengen. Forskingsrådet skal halde fram arbeidet med å utvikle eit indikatorsystem for tildeling av grunnløyvingar til dei samfunnsvitskaplege institutta der forskingskvalitet, forskarkvalitet og kvalitet som kjem fram gjennom internasjonalt samarbeid og finansiering, er sentrale element. I løpet av dei siste ti åra er det i regi av Forskingsrådet gjennomført evalueringar av alle dei samfunnsvitskaplege institutta. Evalueringane skal i sterkare grad sjåast i samanheng med kriteria for tildeling av basisløyvingar til forskingsinstitutta. Samarbeidet mellom forskingsinstitutta og universiteta og høgskolane skal styrkjast. Forskingsrådet bør i samråd med forskingsinstitutta vurdere tiltak med sikte på å rekruttere fleire kvinner i forskarstillingar ved dei institutta der det er få kvinnelege forskarar. Arbeidet må skje i samråd med dei institutta det gjeld.

I samsvar med tilrådinga frå evalueringsutvalet har Forskingsrådet ført over basisløyvingsansvaret for CICERO frå basisløyvingsutvalet for dei utanrikspolitiske institutta til utvalet for miljøinstitutta. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet legg til grunn at Forskingsrådet og kvart av dei fire evaluerte institutta som departementet finansierer, held fram arbeidet med å følgje opp tilrådingane frå dei to evalueringsutvala. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil i samråd med Miljøverndepartementet vurdere tilrådingane frå komiteen som har evaluert CICERO.

Budsjettforslag for 2002

Løyvinga på posten er i tillegg til priskompensasjonen auka med 2 mill. kroner i høve til 2001. Auken skal øyremerkjast for Fafo.

Innanfor løyvinga til dei utanrikspolitiske institutta ønskjer departementet framleis å stimulere til vidare strategiske satsingar. Desse bør organiserast som fleirårige strategiske instituttprogram. I satsingane må det leggjast vekt på samarbeid mellom institutta, bygging av europeiske nettverk og auka innsikt i europeiske spørsmål som har høg relevans for Noreg.

Post 71 Tilskott til andre private institusjonar

Posten dekkjer tilskott til Senter for høyere studier, Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo, Det Kongelige Norske Videnskabs Selskab i Trondheim, Det Kongelige Norske Videnskapers Selskabs Stiftelse, vitskaplege fond, Egede Instituttet, Christian Michelsens Institutt og Vannakademiet.

Målsetjing

Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at institusjonane fører vidare forsking og forskingsrelatert verksemd. Tilskottet til Senter for høyere studier, som får hovuddelen av midlane på posten, skal vere med på å heve kvaliteten i grunnforskinga og skape eit godt miljø for postdoktoral utdanning.

Tildelingskriterium

Løyvinga er ei grunnstøtte til institusjonane.

Oppfølging og kontroll

Departementet mottek skriftleg tilbakemelding frå institusjonane i form av årsrapportar og reviderte rekneskap. På dette grunnlaget utfører departementet ein generell formalia- og skjønnskontroll.

Rapport for 2000

Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo (DNVA) og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim (DKNVS) har til oppgåve å fremje norsk vitskap, m.a. ved å gi ut vitskapleg litteratur, forvalte vitskaplege fond og skape kontakt med utanlandske miljø og organisasjonar. Som året før hadde akademiet i Oslo og DKNVS i 2000 stor aktivitet i form av konferansar og fagseminar, dei større med internasjonal deltaking. Akademiet i Oslo administrerte dessutan norsk medlemskap i 40 internasjonale organisasjonar. DNVA har prioritert å styrkje det internasjonale kontaktnettet.

Senter for høyere studier (SHS) skal vere eit felles miljø for særs dyktige norske og utanlandske forskarar, og er eit tiltak for å heve kvaliteten i grunnforskinga. I tråd med tilrådinga frå utvalet for evalueringa av senteret er m.a. samarbeidet med dei fire universiteta styrkt ytterlegare. Til saman seks internasjonalt samansette forskargrupper var i arbeid ved SHS i 2000, tre om våren og tre om hausten. Gruppene forska på ulike fagområde, m.a. effektiviteten til internasjonale regime, væsker i bergartar og på mellomaldertekster. SHS har søkt å rekruttere forskarar som kan vise til faglege resultat på særs høgt internasjonalt nivå. Større seminar med brei nasjonal og internasjonal deltaking har vorte ein naturleg del av den faglege aktiviteten i gruppene.

Vitskaplege fond gjeld Nansenfondet, Det vitenskapelige forskningsfond av 1919 og Institutt for sammenlignende kulturforskning.

Egede Instituttet har til oppgåve å drive misjonsforsking og fremje misjonskunnskap. Instituttet gir ut Norsk tidsskrift for misjon.

Tilskottet til Christian Michelsens Institutt (CMI) går til menneskerettsforskinga ved instituttet, som har eit anvendt siktemål og ein klar u-landsprofil. I 2000 heil- eller delfinansierte departementet m.a. følgjande prosjekt: Redigering av Menneskerettsårboka, ein studie av ILO, studiar av overgangen til demokratiske styreformer i Latin-Amerika, eit opplæringsprogram i lokaldemokrati i Etiopia og lærebokutvikling i Palestina.

Vannakademiet er ein stiftelse som vart oppretta i 1998. Formålet er m.a. forsking for å førebyggje nasjonale og internasjonale vannkonfliktar. Midlane skal gå til generell støtte til verksemda og oppbygging av eit internasjonalt universitets- og forskingssamarbeid.

Budsjettforslag for 2002

Løyvinga er auka med 24 pst. frå 2001 til 2002. Løyvinga til akademiet (DNVA) i Oslo og akademia i Trondheim er auka med i alt kr 800 000 for 2002 for å styrkje norsk grunnforsking. Auken til DNVA skal dessutan nyttast til å styrkje den internasjonale verksemda ved akademiet. Utvalet for evalueringa av SHS tilrådde i 1997 ein monaleg budsjettauke til senteret. Løyvinga er styrkt med 2 mill. kroner. Auken skal gå til å styrkje kvaliteten på grunnforskinga og skape eit godt miljø for postdoktoral utdanning. Løyvinga til dei andre institusjonane på posten blir ført vidare på same nivå som i 2001.

Løyvingar til private vitskaplege institusjonar og tiltak (i 1 000 kroner)

Institusjon

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo

1 050

1 081

1 813

Senter for høyere studier

8 123

8 367

10 618

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim

104

107

160

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse

125

129

183

Vitskaplege fond

113

116

120

Egede Instituttet

259

267

275

Christian Michelsens Institutt

1 033

1 064

1 096

Vannakademiet

2 000

2 000

2 060

Sum

12 807

13 131

16 325

Post 72 Til disposisjon for departementet

Målsetjing

Formålet med tilskottsordninga er å støtte arrangement av og deltaking i forskjellige nasjonale og internasjonale forskingskonferansar, og å støtte andre forskingsrelevante tiltak.

Tildelingskriterium

Departementet løyver midlar på grunnlag av individuelle søknader og vurderer formålet til tiltaket samt fagleg innhald og kvalitet. Tilskottsmottakarane er enkeltpersonar, organisasjonar og institusjonar.

Oppfølging og kontroll

Departementet kontrollerer rapportar og rekneskap.

Rapport for 2000

Av denne løyvinga vart det i 2000 gitt tilskott til m.a. tiltak i samband med det internasjonale verdsmatematikkåret og 200-årsjubileet for Niels Henrik Abel, eit svensk-norsk bokprosjekt i samband med 100-årsjubileet for unionsoppløysinga i 1905, Willy Brandt-stiftinga og eit monument av Stine og Helge Ingstad. I tillegg gjekk løyvinga til husleige til Nordisk forskarutdanningsakademi (NorFA).

Budsjettforslag for 2002

Løyvinga til posten blir ført vidare på same nivå som i 2001. I 2002 vil løyvinga i hovudsak bli brukt til å dekkje utgifter i samband med 200-årsjubileet for Niels Henrik Abel, utgifter til det svensk-norske bokprosjektet, og til å dekkje husleige for NorFA.

Post 90 Niels Henrik Abels minnefond

Regjeringa foreslår å opprette eit fond for utdeling av ein ny internasjonal matematikkpris til minne om den norske matematikaren Niels Henrik Abel (1802–29). Fondet skal ha ein fondskapital på 200 mill. kroner frå 1. januar 2002. Den årlege avkastninga frå fondet skal gå til å dekkje prisbeløpet, seremonien i samband med prisutdelinga samt ulike stipend og aktivitetar retta mot unge matematikarar. Prisen skal delast ut kvart år til framståande forskarar innanfor matematikk.

Den nye prisen vil gi matematikkfaget ein internasjonal vitskapleg pris med stor prestisje. Gjennom utdelinga av prisen ønskjer Regjeringa å vise kor viktig matematikken er for samfunnet. Prisen skal setje fokus på matematikkfaget slik at fleire barn og unge blir interesserte i matematikk og realfag.

Fondskapitalen skal plasserast som kontolån til staten med rente tilsvarande renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid. Denne plasseringa gir ei stabil avkastning og ein enkel administrasjon av fondskapitalen.

Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

21

Særskilde driftsutgifter

2 105

72

Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

92 448

90 026

127 900

73

EUs rammeprogram for forsking , kan overførast

237 546

74

Til disposisjon for internasjonalt utdanningssamarbeid

2 694

2 044

Sum kap. 288

332 688

92 070

130 005

I høve til budsjettet for 2001 er det gjort ei teknisk endring:

  • Post 21 erstattar post 74.

Kapitlet omfattar:

  • utgifter til internasjonalt utdanningssamarbeid

  • kontingentar til norsk medlemskap i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Ansvaret for EUs rammeprogram for forsking vart overført til Nærings- og handelsdepartementet frå 1. juli 2000.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga skal nyttast til ulike tiltak innanfor nordisk og internasjonalt utdanningssamarbeid. Midlane skal mellom anna dekkje kontingenten til senter for utdanningsforsking (CERI) under OECD, norsk deltaking i den årlege teikne- og stilkonkurransen Europa i skolen i samband med Europarådet, tilskott til Foreningen Norden og nettverk for skoleutvikling (ASP) under UNESCO. Løyvinga skal førast vidare på same nivå som i 2001.

Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Løyvinga skal dekkje den norske kontingenten for deltaking i:

  • CERN (Organisation européenne pour la recherche nucléaire)

  • EMBL (European Molecular Biology Laboratory)

  • EMBC (European Molecular Biology Conference)

  • ESRF (European Synchrotron Radiation Facility)

  • IARC (International Agency for Research on Cancer)

CERN er ein av dei største installasjonane i verda for eksperimentelle studium innanfor kjerne- og elementærpartikkelfysikk. EMBL driv avansert forsking innanfor molekylærbiologi og bioteknologi. EMBC gir, i samråd med EMBL, støtte til program for utveksling av forskarar innanfor molekylærbiologi. ESRF er eit laboratorium for forsking der ein nyttar synkrotronstråling innanfor ei rekkje disiplinar, med vekt på forsking for å utvikle nye materiale. Noreg tek del gjennom det nordiske konsortiet NORDSYNC. IARC er ein organisasjon for kreftforsking knytt til Verdas helseorganisasjon (WHO).

Noreg dekkjer mellom 0,56 pst. og 1,55 pst. av budsjetta til dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane, med unnntak av IARC, der den norske kontingenten utgjer om lag 5 pst. av budsjettet.

Det er ei viktig oppgåve for Forskingsrådet å sørgje for best mogleg fagleg utbytte av medlemskapen i desse organisasjonane. Forskingsrådet gir midlar til norsk forsking i samband med medlemskapen i CERN, EMBL og ESRF, såkalla følgjeforsking. Desse midlane går inn i løyvingane til Forskingsrådet på kap. 285 post 52.

Målsetjing

Målet for tilskottsordninga er å gi Noreg høve til å drive forsking som er så ressurskrevjande at det ikkje ville ha vore mogleg utan internasjonalt samarbeid. Den norske deltakinga skal òg vere med på å styrkje kvaliteten på norsk forsking. Det skal satsast på auka utnytting og formidling av samarbeidet, mellom anna for at deltakinga kan medverke til verdiskaping i norsk nærings- og samfunnsliv. Arbeidet med å få norsk næringsliv til å konkurrere om å levere varer og tenester til dei store forskingslaboratoria vil stå sentralt. Det skal satsast vidare på å rekruttere fleire nordmenn til dei internasjonale laboratoria. Deltakinga i dei internasjonale organisasjonane skal sjåast i samanheng med den nasjonale satsinga på tilsvarande område.

Tildelingskriterium

Budsjetta for dei ulike organisasjonane blir fastsette av dei øvste styrande organa i dei respektive organisasjonane. Noreg kan innverke på budsjetta gjennom dei norske delegatane i dei styrande organa, men er forplikta til å betale sin del av kontingentane slik dei blir fastsette. Kontingentane for dei enkelte landa blir fastsette ved avtalefesta formlar for utrekning der BNP er ein nøkkelfaktor. Kontingenten til ESRF står i høve til bruksrett til strålelaboratoriet.

Oppfølging og kontroll

Departementet held seg orientert om kor mange nordmenn som har stipend eller er tilsette ved dei internasjonale laboratoria, om korleis samarbeidet verkar inn på kvaliteten i norsk forsking og styrkjer den faglege kontakten med forskingsmiljø i andre land. Vidare blir det vurdert korleis norsk næringsliv hevdar seg i konkurransen om levering av varer og tenester til desse store forskingslaboratoria. Forskingsrådet har eit særleg ansvar for deltaking, oppfølging og spreiing av resultat.

Departementet utformar kvart år eit brev der ein gir styringssignal om utforminga av årsrapporten frå Forskingsrådet. Rapporteringa frå dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane er integrert i den ordinære årsrapporten frå Forskingsrådet. Departementet har møter med Forskingsrådet, der budsjettforslag og årsrapportar blir drøfta. Departementet innhentar på denne måten opplysningar og gir styringssignal.

Departementet utforma i 1997 ein generell instruks for delegatar til dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane. Etter denne instruksen skal delegatane konsultere departementet om prinsipielle forskingspolitiske spørsmål og budsjettsaker i forkant av møter i styrande organ, eventuelt for å få instruksar. Vidare er delegatane pålagde å rapportere til departementet frå møte innan ein viss frist. Organisasjonane har eigne revisjonsordningar.

Rapport for 2000–01

Hausten 2000 stengde LEP-akseleratoren på CERN etter elleve års framgangsrik drift, med ei rekkje viktige oppdagingar som resultat. Arbeidet ved CERN har elles vore prega av bygginga av den nye partikkelakseleratoren som blir kalla Large Hadron Collider (LHC), Anlegget skal vere ferdig til bruk tidleg i 2006 og vil gjere det mogleg for vitskapen å bringe fram grunnleggjande ny kunnskap om dei grunnpartiklane og fundamentale kreftene som formar materien og universet.

Den norske vitskaplege verksemda som følgjer av norsk medlemskap i CERN, blir finansiert gjennom Forskingsrådet. Dei CERN-relaterte prosjekta blir evaluert av eit internasjonalt panel på årleg basis. Både i 1999 og 2000 konkluderte panelet med at kvaliteten på dei norske gruppene gjennomgåande var høg. Dei totale følgjeforskingsmidlane til CERN-relatert verksemd var 11,25 mill. kroner i 2000.

Interessa og deltakinga frå norsk industri for leveransar til CERN har gått ned i dei seinare åra og bør kunne auke. Forskingsrådet har engasjert ein person for å betre kontakten mellom CERN og norsk industri og auke mengda av oppdrag for og leveransar til CERN. I 2000 fekk norsk industri kontraktar frå CERN for i underkant av 7 mill. kroner. Dette viser ein klar auke frå 1999, men er likevel lågt jamført med det ein kunne ønskje. CERN har på si side etablert eit program for å styrkje overføringa av teknologi som blir utvikla ved CERN, til medlems- og samarbeidslanda.

I 2000 var 23 nordmenn tilsette ved CERNs hovudkvarter i Genève. Dette er noko færre enn kva ein burde forvente i forhold til medlemskontingenten Noreg betalar. CERN er inne i ein prosess med å redusere talet på fast tilsette. Sjølv om fleire norske tilsette ved CERN nærmar seg aldersgrensa, er det dermed ikkje gitt at talet på norske tilsette vil kunne auke i åra som kjem. Mange norske forskarar (totalt 39 personar) har vore på kortare opphald ved CERN takk vere følgjeforskingsmidlane. Programmet under Forskingsrådet har i 2000 finansiert fire doktorgradsstipendiatar og to postdoktorstipendiatar. I tillegg er fleire doktorgradsstudentar finansierte av dei universiteta som tek del i eksperimenta ved CERN, og det er avlagt tre doktorgradar i 2000. Norsk verksemd knytt til CERN har i 2000 ført til 109 artiklar i vitskaplege tidsskrift, og eit tilsvarande tal andre artiklar, bøker, publiserte foredrag og rapportar.

EMBL har ein vitskapleg infrastruktur som gir norske forskarar tilgang til framifrå utstyr og kontakt med den fremste forskinga i verda på fagfelt i sterk vekst. Utestasjonen som EMBL har i Cambridge/Hinxton, «European Bioinformatics Institute» (EBI), er av særleg interesse i samband med utforskinga av gena til mennesket. Arbeidet ved EBI er av stor verdi for utviklinga av bioinformatikk. Rådet ved EMBL fatta i 2000 vedtak om ein ny fagleg og økonomisk femårsplan med eit sterkare fokus på funksjonell genomforsking. Planen fører med seg ein gradvis auke i budsjettet frå 13 pst. i 2001 til 25 pst. ved slutten av perioden. Ein stor del av auken skal gå til utstyr og drift ved utestasjonen i Cambridge/Hinxton (EBI).

EMBL oppretta i 1999 eit eige selskap, EMBLEM, som skal leggje til rette for overføring av teknologi til brukarar og for kommersialisering av forskingsresultat frå EMBL. Dette skal bidra til å sikre langsiktig finansiering av EMBL. Planane om eit «inkubatorbygg» i EMBLs nærområde – EMBL International Technology Transfer Center (ITTC) - er komme langt. Senteret skal drivast av EMBLEM. Det blir også arbeidd med å opprette eit investeringsfond for nyetableringar.

Innanfor programma Celle- og genteknologi og Grunnleggjande bioteknologi i Forskingsrådet er ei av målsetjingane å auke bruken av fasilitetane ved EMBL, og støtte opp under den norske følgjeforskinga knytt til organisasjonen. Programbudsjetta var i 2000 på respektive 9 og 10,2 mill. kroner. Same året gjekk om lag 7,2 mill. kroner til EMBL-følgjeforsking.

I 2000 hadde minst fem nordmenn korttidsopphald ved EMBL. Fire norske stipendiatar tek for tida del i dei prestisjetunge doktorgradsprogramma, medan to norske postdoktorstipendiatar er tilknytte EMBL. Det er eit aktivt samarbeid mellom EMBL og dei norske universiteta.

Installasjonane ved ESRF er av dei mest avanserte i sitt slag. For Noreg er deltaking i ESRF naudsynt for å følgje med i nyutviklinga innanfor materialforsking. Noreg treng tilgang til ei synkrotronkjelde, og har gjennom ESRF-medlemskapen via det nordiske konsortiet NORDSYNC tilgang til alle ESRFs 43 ulike strålelinjer. I tillegg er det eit samarbeid med Sveits om ei eiga sjølvfinansiert strålelinje, SNBL. Som del av handlingsplanen for synkrotronrelatert forsking i Noreg (1998) har forskingsmiljøa i Oslo, Trondheim, Tromsø og Stavanger fått støtte for tre år for å dekkje utgifter knytte til besøk og bruk av fasilitetane ved ESRF, eventuelt også ved andre synkrotronkjelder. Dette er av stor verdi for å oppretthalde den relativt høge synkrontronaktiviteten her i landet. I 2000 utgjorde den norske brukargruppa 39 norske forskarar og stipendiatar.

Materialforskingsprogrammet i Forskingsrådet finansierte den norske aktiviteten ved ESRF fram til det var avslutta i 1999. Frå 2000 er det etablert ei programgruppe for å styre pengane som er til rådvelde for ESRF-relaterte oppgåver. Programgruppa vil, i samarbeid med Norsk synkrotronforsking A/S, ta initiativ til årlege brukarmøte, og arbeide for å stimulere til auka bruk av ESRF i norske forskingsmiljø. Forskingsrådet har saman med Hydro og Statoil oppretta eit treårsprogram, ANSY, for å fremje bruk av synkrotronstrålar i industriforsking, og fleire forskingsprosjekt er initierte. SINTEF er òg assosiert med programmet. Saman med dei andre nordiske partnarane i NORDSYNC har Noreg høg utnytting av ESRF-medlemskapen. NORDSYNC har over fleire år brukt meir stråletid enn det kontingenten dekkjer. Rådet i ESRF fatta i juni 2001 vedtak om at NORDSYNC og andre overforbrukarar vil måtte betale ei viss tilleggsavgift for vesentleg overforbruk frå 2002. Noregs del av dette utgjer om lag 500 000 kroner i 2002.

Medlemskapen i IARC er særs viktig for det kreftførebyggjande arbeidet og er eit verkemiddel for å heve kompetansen på området. I fokus står forsking og informasjon om kreft, med vekt på studium av omfanget av kreft, årsaker til sjukdommen og korleis ein kan minske talet på sjuke. Med tilknytinga til Verdas helseorganisasjon (WHO) har IARC tilgang til globale oversikter og kan gi bakgrunn og kunnskap for helsepolitiske avgjerder i landa. I Noreg er det i første rekkje Kreftregisteret, Folkehelsa og Radiumhospitalet som tek del i samarbeidet. Det har i 2000–01 vore ein norsk gjesteforskar ved IARC, og ein nordmann er tilsett i den administrative staben. I tillegg har to norske forskarar teke del i kurs ved IARC i perioden, og Noreg er framleis representert i Det vitskaplege rådet. Den norske deltakinga ved IARC bør kunne aukast, og både Forskingsrådet og Kreftforeningen arbeider for å få til dette.

Budsjettforslag for 2002

Under er ei oversikt over budsjetterte kontingentar og faktiske utbetalingar for 2000–01:

Fordeling av norske kontingentar til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar (i 1 000 kroner)

Organisasjon

Løyving 2000

Utbetalt 2000

Løyving 2001

Utbetalt 20011

Forslag 2002

CERN

81 927

73 455

78 831

77 797

108 392

EMBL

5 457

5 688

7 418

6 503

6 598

EMBC

1 207

1 167

1 203

1 224

1 244

ESRF

2 912

4 201

2 808

2 799

3 423

IARC

7 312

7 938

8 108

7 848

8 243

Sum

98 815

92 449

98 368

96 171

127 900

1Alle kontingentane er utbetalte med unnatak av siste innbetaling til ESRF og EMBL. Den samla kontingenten til desse organisasjonane er berekna på grunnlag av valutakursar pr. juni 2001.

For 2002 er det varsla ein relativt stor auke i den norske kontingenten til CERN. Auken blir på om lag 36 pst. og skriv seg mellom anna frå den sterke veksten i norsk BNP frå 1999 til 2000, som utgjer grunnlaget for utrekning av kontingenten. Kontingenten for 2002 blir endeleg fastlagd hausten 2001. Budsjetta til ESRF og IARC for 2002 er begge vedtekne. Noregs kontingent til begge organisasjonane vil bli høgare i 2002 enn i 2001. Dei andre kontingentane for 2002 er rekna ut på grunnlag av nivået for 2001 og multiplisert med valutakursar per 15. mars 2001. Den faktiske storleiken på kontingentane vil avhenge av valutakursen på dei tidspunkta utbetalingane skjer.

Programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering

Programkategori 07.80 omfattar

  • stipend, rentestøtte og avskrivingar for elevar i vidaregåande opplæring, studentar i høgre utdanning og vaksne i grunnskoleopplæring

  • særskilde støtteordningar for norske studentar i utlandet

  • drift av Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen)

Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

2410

Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 5310)

14 915 780

15 909 453

19 037 813

19,7

Sum kategori 07.80

14 915 780

15 909 453

19 037 813

19,7

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Budsjettramma på kap. 2410 er oppjustert med 5,2 mill. kroner i samband med kompensasjon til statleg forvaltning for innføring av meirverdiavgift på tenester, omlegging til direkte refusjon av sjukepengar i statlege verksemder og innsparing ved effektivisering av statlege innkjøp, sjå Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

  • I samband med oppretting av ny post 50 Avsetning til utdanningsstipend er budsjettramma på kap. 2410 justert opp med 1 932 mill. kroner.

Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

5310

Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410)

5 231 060

5 566 066

5 448 554

-2,1

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410)

4 086 522

4 941 000

5 451 800

10,3

Sum kategori 07.80

9 317 582

10 507 066

10 900 354

3,7

Budsjettforslag 2002 – prioriteringar

I budsjettet for 2002 foreslår Regjeringa mellom anna å:

  • innføre ei ny støtteordning for alle elevar og studentar, med unntak av elevar i ordinær vidaregåande opplæring

  • auke løyvinga til utdanningsstipend med om lag 670 mill. kroner slik at stipenddelen vil bli om lag 39 pst

  • innføre ei ordning der det er samanheng mellom utdanningsstipend og gjennomførte studiar

  • forenkle støttesystemet, mellom anna ved å utbetale støttebeløpet som eit samla basisbeløp og ved å fjerne ulike særordningar med behovsprøving

  • innføre nytt støttesystem i Lånekassen og modernisere IKT-systema slik at tenestene blir betre og meir tilgjengelege for kundane

Overordna mål i utdanningsfinansieringa

Regjeringa har som mål at politikken på området skal:

  • sikre lik rett til utdanning

  • leggje til rette for god studieprogresjon

  • medverke til eit fleksibelt og forenkla regelverk og auka servicenivå i Lånekassen

Desse måla byggjer på Kvalitetsreforma som er nedfelt i St.meld. nr. 27 (2000-01) Gjør din plikt – Krev din rett Kvalitetsreform av høyere utdanning og Stortingets handsaming av denne, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-01).

Forslag om ny støtteordning skal gjelde for all utdanning med unntak av ordinær vidaregåande opplæring. Den nye støtteordninga skal gjelde både kortvarige utdanningar som folkehøgskolar, bibelskolar, kortvarige yrkesretta utdanningar, høgre utdanning og etter- og vidareutdanning utover vidaregåande opplæring.

Mål 1: Sikre lik rett til utdanning

Tilstandsvurdering

Studentar er ei mangearta gruppe som er i ulike livsfasar. Utdanningsfinansieringa skal medverke til at alle skal ha like sjansar til å ta utdanning, uavhengig av sosiale eller økonomiske tilhøve, alder, kjønn eller geografiske avstandar.

Rekrutteringa til høgre utdanning er skeiv ved at det i størst grad er ungdom frå høgre sosiale lag som nyttar seg av midlar frå Lånekassen. Desse studentane vel også lengre utdanningar.

Statens lånekasse for utdanning administrerer dei stipend- og låneordningane som er oppretta med heimel i lov om utdanningsstøtte til elevar og studentar. I undervisningsåret 2000-01 var talet på elevar og studentar i utdanning med støtterett i Lånekassen 391 200. Av desse fekk 227 300 støtte frå Lånekassen.

Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var i undervisningsåret 2000-01 på 11 823 mill. kroner. Av dette vart 4 981 mill. kroner betalte ut som stipend og 6 842 mill. kroner som lån. Dette er ein auke på 374 mill. kroner frå undervisningsåret 1999-2000. Den delen som gjekk til stipend, auka med 200 mill. kroner, og lånedelen auka med 174 mill. kroner.

Det er ei utfordring å leggje utdanningsfinansieringa til rette for nye studentgrupper. Stortinget har vedteke at vaksne skal ha lovfesta rett til grunnskole og vidaregåande opplæring. Kompetansereforma skal gjelde både for dei som er i arbeid, og for dei som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet, sjå også omtale under kategori 07.50 Vaksenopplæring. Eit offentleg utval leverte si utgreiing hausten 2001, jf. NOU 2001: 25 Støtte til livsopphold ved utdanningspermisjon. Utvalet foreslår at vaksne med rett til grunnskole og vidaregåande opplæring skal ha rett til utdanningsstøtte frå Lånekassen på lik linje med studentar i høgre utdanning.

Departementet foreslo i St.meld. nr. 20 (2000-01) Om korte yrkesrettede utdanninger etter videregående opplæring å innføre eit nytt godkjenningssystem for vurdering av rett til støtte for private opplæringstilbod som i dag ikkje er omfatta av opplæringslova eller lovene for høgre utdanning. Ordninga tek sikte på å stille krav til opplysningar om tilboda som syner at dei har god fagleg kvalitet. Departementet har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå nærmare på godkjenning av private utdanningar i Lånekassen.

I perioden frå 1980-81 til 1999-2000 har det vore ei tredobling i talet på studentar som søkte støtte frå Lånekassen til høgre utdanning i utlandet. Ei god utdanningsfinansiering kan vere ei medverkande årsak til denne utviklinga. I Norden er det berre Noreg, og i avgrensa grad Danmark, som tilbyr dekning av skolepengar i form av stipend.

I studieåret 1999-2000 tok nesten 15 000 studentar heile utdanninga si i utlandet, medan det var om lag 3 400 studentar som tok ein del av utdanninga si i utlandet. For studieåret 2000-01 tok om lag 15 500 studentar heile utdanninga i utlandet, og om lag 5 400 studentar tok ein del av utdanninga i utlandet. Over halvparten av studentane studerte i engelskspråklege land med høge skolepengar. Studentar som tek heile eller deler av gradsstudiane i utlandet, får eit gebyrstipend til full eller delvis dekking av skolepengar. I undervisningsåret 2000-01 vart det utbetalt i underkant av 490 mill. kroner i gebyrstipend.

Departementet sette hausten 1998 ned eit fast rådgivande utval for gebyr- og tilleggsstipend for studiar i land utanfor Norden. Hausten 2000 og våren 2001 leverte utvalet utgreiingar om tilrettelegging for høgre utdanning i utlandet, stipend til studiar i psykologi og modell for skolepengestipend. Frå undervisningsåret 2001-02 er talet på fag i gebyrstipendlista redusert. Fysioterapi gjekk heilt ut medan det vart innført ei avgrensing av utvalde lærestader innanfor mediefag med unntak av journalistikk, og samfunnsøkonomi. Avgrensinga gjeld på bachelornivå, og gjeld ikkje for studentar som tek delar av studiet i utlandet.

Forsøksordninga med støtte frå Lånekassen til elevar i vidaregåande opplæring som tek eit år i utlandet saman med ein heil klasse, som ein del av det treårige løpet, vart evaluert hausten 1999. Departementet varsla i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2001 at det ikkje vil bli godkjent nye opplegg i denne forsøksordninga før Stortinget har høve til å sjå på saka i samanheng med ny støtteordning for unge med rett til vidaregåande opplæring.

Som ei forsøksordning kan elevar i vidaregåande opplæring få støtte frå Lånekassen når dei tek eitt av åra i det treårige løpet som utvekslingselev i utlandet. Departementet har sett i gang ei evaluering av ordninga.

Departementet har motteke ein rapport frå ei arbeidsgruppe som har evaluert kvoteordninga for støtte til studentar frå utviklingsland og Sentral- og Aust-Europa. Arbeidsgruppa tilrår at kvotane bør bli dobla over ein fireårsperiode, og at kvoteplassar bør bli tildelte for ein periode lengre enn eit år. Vidare meiner arbeidsgruppa at administrasjonen av ordninga bør overførast frå departementet til Universitets- og høgskolerådet ved Senter for internasjonalt universitetssamarbeid, og at institusjonar som tek imot kvotestudentar, skal motta eit tilskott per student. Rapporten har vore på høring og vil bli følgt opp vidare av departementet.

Strategiar og tiltak

Ei god utdanningsfinansiering skal vere tilpassa ein mangearta studentmasse med ulike behov. Utdanningsstøtta skal i rimeleg grad dekkje kostnadene ved livsopphald i den tida ein vel å studere. Lik rett til utdanning forutset at gjeldsbyrda etter fullført utdanning ikkje blir for stor. Dersom lånedelen av støttebeløpet blir for stor, vil det kunne få enkelte til å la vere å ta utdanning.

Utdanningsstipend er eit sentralt virkemiddel for å sikre lik rett til utdanning. Regjeringa foreslår at studentane skal motta kr 80 000 årleg i ordinær utdanningsstøtte frå undervisningsåret 2002-03. Dette inneber ein auke i utdanningsstøtta med om lag kr 1 000 per månad, som skal gjennomførast ved å auke stipendet frå dagens nivå på 30 pst. til eit gjennomsnittleg nivå på om lag 39 pst. Saman med redusert studielengd som følgje av ny gradsstruktur, sjå omtale under kategori 07.60 Høgre utdanning, vil gjeldsbyrda etter fullført høgre utdanning bli lågare enn i dag. Studentar som bur hos foreldra vil som i dag få heile støttebeløpet som lån.

Utdanningsfinansieringa må vere utforma slik at den sikrar studentane ved studieavbrott i samanheng med sjukdom eller fødsel. Regjeringa foreslår å føre vidare dei sosiale ordningane i dagens utdanningsfinansiering som vernar om studentar med særlege behov. Regjeringa foreslår at heile forsørgjartillegget for barn vil bli gitt som stipend frå undervisningsåret 2002-03.

Regjeringa foreslår å følgje opp forslaget frå Johnsen-utvalet om at vaksne som har rett til grunnskole og vidaregåande opplæring får rett til støtte frå Lånekassen på linje med studentar i høgre utdanning. Dette inneber ei kostnadsnorm på kr 80 000 årleg og ei stipenddel på om lag 39 pst.

Utdanningsstøtte for elevar i ordinær vidaregåande opplæring blir i undervisningsåret 2002-03 gitt etter dagens regelverk. I St.meld. nr. 27 (2000-01) seier Regjeringa at den vil komme tilbake til endringar i utdanningsfinansieringa for elevar i ordinær vidaregåande opplæring.

Studentar får i dag ulike stipend til dekning av utgifter til reiser mellom heimstaden og lærestaden i Noreg eller i utlandet. Utbygging av høgre utdanningsinstitusjonar i alle delar av landet har redusert behovet for reisestipend i Noreg. Regjeringa foreslår å leggje om ordninga med reisestipend frå hausten 2002, sjå kap. 2410 post 71. For elevar i vidaregåande opplæring vil dagens ordning med reisestipend bli ført vidare.

I dei siste åra har det vore ein sterk vekst i talet på studentar som tek heile utdanninga si i utlandet. Internasjonaliseringseffekten i høve til dei norske utdanningsinstitusjonane er størst når studentane tek ein del av utdanninga ute, til dømes i samband med utvekslingsordningar. Departementet la i Kvalitetsreforma til grunn at høgre utdanningsinstitusjonar gir tilbod om eit studieopphald i utlandet til dei som ønskjer det.

Noreg blir rekna som eit høgkostland ved at dei reelle kostnadene til livsopphald i dei fleste land er lågare enn kostnadene ved å bu i Noreg. I OECD sin komparative prisindeks for 2001 er det berre Japan, Sveits og Hong Kong som er registrert med høgare prisar enn Noreg. Med ein støttemodell som sikrar studentane same kjøpekraft, uavhengig av kva land dei studerer i, vil justering etter denne prisindeksen medføre lågare kostnadsnorm enn i dag for ei rekkje utanlandsstudentar. Ein slik modell vil medføre ei innsparing på statsbudsjettet med om lag 200 mill. kroner. Regjeringa vil likevel foreslå å innføre ei felles kostnadsnorm for Noreg og utlandet. Dette forslaget vil medføre ei forbetring for dei fleste utanlandsstudentane. Forslaget vil innebere at alle studentar, uansett om dei studerer i Noreg eller i utlandet, vil kunne få kr 80 000 årleg i støtte frå undervisningsåret 2002-03. Av 15 500 studentar i utlandet har berre om lag 250 studentar høgre levekostnader enn dei ville ha hatt i Noreg. Dei studentane som er i eit utdanningsløp i land med høgare kostnadsnorm enn kr 80 000 vil få kompensasjon for differansen. I samband med innføring av felles kostnadsnorm foreslår Regjeringa å avvikle ordninga med valutajustering av kostnadsnorma for studentar i utlandet. Endringane vil mellom anna føre til vesentleg administrativ forenkling, spesielt i høve til kortvarige utvekslingsopphald i utlandet.

Regjeringa foreslår å innføre ei ordning med justering av gebyr- og tilleggsstipend etter endringar i valutaen i dei aktuelle landa.

Mål 2: Leggje til rette for god studieprogresjon

Tilstandsvurdering

Det er eit viktig mål å auke studieprogresjonen i høgre utdanning. Både samfunnet og den enkelte student har interesse av å gjennomføre studiane på normert tid. Den største samfunnsmessige kostnaden ved utdanning er at studentane er utanfor arbeidsstyrken medan dei studerer.

Med halvparten av årskulla i høgre utdanning kan ein auka studieprogresjon mellom anna få positive innverknader på tilgangen på arbeidskraft i samfunnet. Raskare gjennomstrøyming kan redusere studiegjelda, og auke livslønna ved meir tid i arbeidslivet.

Om lag 20 pst. av kundane i Lånekassen som tek høgre utdanning, er i dag forseinka i studiane. Undersøkingar om tidsbruken viser at mange av studentane bruker for lite tid på studiane, sjå omtale under kategori 07.60 Høgre utdanning.

Mange studentar arbeider ved sidan av studia for å dekkje kostnader til livsopphald, og dette kan få konsekvensar for progresjonen i studiet. Undersøkingar viser at over halvparten av alle studentar har eller har hatt inntektsgivande arbeid ved sidan av studia. Desse studentane arbeider i snitt tolv timar i veka.

Strategiar og tiltak

Regjeringa vil ha eit heilskapleg og offensivt støttesystem som i rimeleg grad skal dekkje kostnader til livsopphald i den tida ein ønskjer å studere. Forslaget om auka studiestøtte kan medverke til at studentane blir mindre avhengig av å arbeide ved sidan av studia. Studentane kan bruke meir tid på studia, og dermed auke progresjonen i utdanninga.

Stipendet går til dei som nyttar studietida si på ein god måte. Regjeringa foreslår derfor at utdanningsstipendet blir knytt til gjennomføring av studiane. Ved studiestart hausten 2002 blir støttebeløpet betalt ut som lån, og etterkvart som studiane blir gjennomført blir delar av beløpet gjort om til stipend. Storleiken på stipendet skal ikkje vere knytt opp mot normert studietid. Dei studentane som bur i foreldreheimen vil som i dag få heile støttebeløpet som lån. Sosiale ordningar i utdanningsfinansieringa, som t.d. ved sjukdom og fødsel, vil ikkje bli omfatta av konverteringsordninga.

Departementet vil sjå nærmare på korleis ein del av stipendet kan bli gitt uavhengig av gjennomførte studiar, slik at dei som gjennomfører studiet, men ikkje består eksamen, likevel kan få eit grunnstipend.

Denne nye støtteordninga legg til grunn at utdanningsinstitusjonane frå studiestart hausten 2002 er i gang med gjennomføringa av Kvalitetsreforma. Studentane skal få betre rettleiing og undervisning og tilbakemelding undervegs. Regjeringa foreslår å løyve 170 mill. kronar til gjennomføring av Kvalitetsreforma i 2002, jf. omtale under kategori 07.60 Høgre utdanning. Regjeringa vil følgje arbeidet med gjennomføringa nøye ved dei enkelte lærestadene, og vere en pådrivar saman med studentane.

Mål 3: Medverke til eit fleksibelt og forenkla regelverk og auka servicenivå i Lånekassen

Tilstandsvurdering

Statens lånekasse for utdanning har ei stor og viktig rolle i høve til studentar og styresmakter. Det er knytt store forventningar til effektivitet, fleksibilitet og service i Lånekassen, samstundes som krav til god kvalitet i sakshandsaminga skal sikrast.

Lånekassen har ansvar for ei omfattande økonomiforvaltning med om lag 700 000 kundar. Kvar fjerde nordmann mellom 15 og 64 år er kunde i Lånekassen. Desse kundane stiller krav til kapasiteten i organisasjonen og til servicenivået på tenestene. Lånekassen har lagt vekt på å sikre kvaliteten på sakshandsaminga og på å auke effektiviteten i rutinane for økonomiforvaltninga gjennom utstrekt bruk av ny teknologi. Det er framleis behov for ytterlegare heving av nivået og kvaliteten på desse områda. Raskare handsaming av førespurnader og søknader og betre informasjon er sentrale moment. Talet på støttemottakarar og tilbakebetalarar tilseier at Lånekassen i stor grad må leggje til rette for massehandtering i kontakten med kundane.

Etter at dagens system for utdanningsfinansiering vart innført, har det komme fleire tillegg i lov- og forskriftsverket. I dag må Lånekassen handtere eit omfattande regelverk som krev store teknologiske og menneskelege ressursar. Lånekassen handsama 615 000 saker og mottok om lag 1,2 mill. førespurnader over telefon og Internett i 2000.

Handsamingstida for søknader om lån og stipend og for tilbakebetalingssaker i Lånekassen har blitt korta ned i perioden frå 1990 til 2000. Først i perioden tok det om lag 35 dagar å handsame ei tildelingssak, medan den gjennomsnittlege handsamingstida var redusert til 12 dagar i 2000. Samstundes har mengda av tildelingssaker auka i denne perioden.

Eit omfattande regelverk kan gjere det vanskeleg for kundar og nye søkjarar å få oversyn over rettar og plikter. Lånekassen administrerer tildelinga av fleire stipend i tillegg til det ordinære utdanningsstipendet. Døme på enkelte særordningar er flyktningstipend, fødselsstipend, forsørgjartillegg og tiltaksstipend for bortebuande elevar i vidaregåande opplæring som har heimen sin i Finnmark eller Nord-Troms.

Departementet har i samarbeid med Lånekassen teke initiativ til ein organisasjonsgjennomgang i Lånekassen. Bakgrunnen for denne gjennomgangen er at det er komme mange nye pålegg utan at Lånekassen har hatt ressursar til å tilpassa dei organisatoriske rammene. Prosjektet skal mellom anna sjå på overordna styring, tilhøvet til brukarane og tilrettelegging av IKT-systema.

Arbeidet for ei modernisering av dei teknologiske løysingane er starta opp. Lånekassen er i gang med eit forprosjekt for utskifting og modernisering av dei interne IKT-systema. Lånekassen har også gjennomført eit prøveprosjekt med elektroniske søknader om studiestøtte, der studentane nyttar eit smartkort med digital signatur. Studentar ved høgskolane i Gjøvik og Lillehammer deltok i prosjektet, som skal evaluerast i løpet av 2001.

Departementet har følgt opp ein rapport om inkassostrategien i Lånekassen. Det har blitt opna opp for at Lånekassen kan delta i utanomrettslege gjeldsordningar for lån, renter og kostnader som det blir sett på som uråd å drive inn, jf. Innst. O. nr. 42 (2000-01) og Ot. prp. nr. 23 (2000-01). I løpet av dei siste åra har Lånekassen også fått meir ressursar til å styrkje innkrevjingsarbeidet og følgje opp inkassosaker. Denne satsinga har mellom anna ført til fleire og større innbetalingar frå kundar som har gått til inkasso, at fleire kundar har inngått frivillige betalingsavtalar, og at fleire saker er vorte sendte til Statens innkrevjingssentral for namsmannshandsaming.

Strategiar og tiltak

Det er eit mål for Regjeringa å reindyrke Lånekassen som eit utdanningspolitisk verkemiddel. Regjeringa vil foreslå fleire forenklingar i lov- og forskriftsverket for utdanningsstøtte frå undervisningsåret 2002-03. Dette gjeld til dømes den felles kostnadsnormen - basisstøtta - som skal gjelde norske studentar både i Noreg og i utlandet. Sjå nærmare omtale under kap. 2410 post 70. Endringar i regelverket vil i sterk grad påverke rammeverket til Lånekassen. Forenklingar av lov- og forskriftsverket vil lette sakshandsaminga, og gjere det enklare for kundane å setje seg inn i sine rettar og plikter.

Fjerning av enkelte særordningar vil forenkle støttesystemet. Departementet foreslår mellom anna å avvikle behovsprøving av ordinært utdanningslån mot arbeidsinntekt, formue, trygdeytingar m.m., og behovsprøving av lån til dekning av skolepengar på lærestader i Noreg. Utdanningsstipendet skal framleis bli behovsprøvd mot inntekt og formue, men departementet foreslår at det årlege fribeløpet blir auka til kr 100 000, og blir knytt til samla årsinntekt inkludert månadene om sommaren. Inntektsomgrepet omfatter i denne samanhengen personinntekt. Dette inneber til dømes at kapitalinntekt, og -utgift ikkje vil påverke storleiken på stipendet.

Lånekassen skal vere omstillingsdyktig og utviklingsorientert i høve til raskt skiftande rammevilkår. Eit nytt støttesystem skal bli enklare for brukaren, og gi grunnlag for tilbod om døgnopen forvaltning og tilpassa tenester i tråd med Regjeringa sitt fornyingsprogram. Dei som nyttar seg av offentlege tenester, har generelt blitt meir medvitne og kunnskapsrike. Lånekassen må vise fleksibilitet i høve til ei mangearta kundegruppe som har høge forventningar om tilgangen på tenester og service. Departementet tek sikte på å følgje opp organisasjonsgjennomgangen i Lånekassen, og arbeide for betring av informasjonen til kundane og tilgangen på tenester mellom anna ved hjelp av Internett. Ein tek sikte på at resultatet av gjennomgangen skal vere ein omstillingsplan som skal gjennomførast innanfor ein periode på tre til fem år.

Departementet har sett ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere om dei primære oppgåvene og ansvarsområda til Lånekassen er organiserte på den best tenkjelege måten optimal måte. Arbeidsgruppa skal fokusere på dei produkta som kundane vert tilbydde, og krava til kvalitet og kostnadseffektiv produksjon. I dette inngår organisering og plassering av driftsoppgåver, automatisering av oppgåver og krav til service, modernisering av IKT-system og tilhøvet mellom hovudkontor og distriktskontor. Gruppa skal levere sin rapport i løpet av hausten 2001.

Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gruppe.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

01-29

Driftsutgifter

233 100

234 657

268 285

14,3

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

1 932 000

70-89

Overføring til private

6 747 663

7 605 796

6 227 528

-18,1

90-99

Utlån, avdrag o.a.

7 935 017

8 069 000

10 610 000

31,5

Sum kategori 07.80

14 915 780

15 909 453

19 037 813

19,7

Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 5310)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

233 100

234 657

268 285

50

Avsetning til utdanningsstipend , overslagsløyving

1 932 000

70

Utdanningsstipend , overslagsløyving

4 104 469

4 413 700

2 790 800

71

Andre stipend , overslagsløyving

797 043

809 000

914 800

72

Rentestønad , overslagsløyving

1 259 742

1 498 000

1 579 400

73

Avskrivingar , overslagsløyving

439 092

428 700

474 000

74

Tap på utlån

143 222

452 000

464 000

75

Særskilde tilretteleggingstiltak for utdanning i utlandet

4 095

4 396

4 528

90

Lån til Statens lånekasse for utdanning , overslagsløyving

7 935 017

8 069 000

10 610 000

Sum kap. 2410

14 915 780

15 909 453

19 037 813

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar på kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning:

  • Post 01 er oppjustert med 0,6 mill. kroner som følgje av auke i premiesatsen for arbeidsgivardelen til Statens pensjonskasse.

  • Post 70 er nedjustert med 2,18 mrd. kronar, post 50 er løyvd med 1,93 mrd. kroner og post 90 oppjustert med 2,18 mrd. kroner i samband med innføring av ei ordning for konvertering av lån til stipend knytt til gjennomføring av studiane.

Kapitlet omfattar midlar til:

  • administrasjon av utdanningsstøtteordninga m.m.

  • utdanningsstipend og andre stipend til elevar og studentar

  • avsetning til utdanningsstipend til studentar, med unntak av elevar i ordinær vidaregåande opplæring

  • rentestøtte for å dekkje differansen mellom renteutgifter og renteinntekter for Lånekassen

  • avskriving av utdanningslån

  • tap på utlån

  • tiltak for å leggje til rette for utdanning i utlandet

  • lån til Lånekassen

Løyvingane til utdanningsstøtte har effekt på fleire postar. Nedanfor følgjer ein samla gjennomgang av resultata i 2000-01 og budsjettforslag for undervisningsåret 2002-03. Administrasjonsbudsjettet i Lånekassen blir handsama under post 01.

Resultatrapport for 2000-01

Hovudtal for støttetildelinga i dei fire siste undervisningsåra

Frå støttetildelinga

1997-98

1998-99

1999-2000

2000-01

Tal på elevar/studentar i utdanning med rett til å søkje støtte

387 100

385 900

389 200

391 200

Tal på stipendmottakarar

209 585

208 448

208 853

209 560

Tal på støttemottakarar

230 278

228 562

228 065

227 344

Tal på stipendsøkjarar

259 287

255 831

253 639

251 617

Tal på lånesøkjarar

166 981

168 717

168 834

169 106

Gjennomsnittsstipend (kroner)

20 313

21 657

22 942

23 769

Totalt utbetalt stipend og lån (mill. kroner)

10 579

10 932

11 450

11 823

Tal på lånetakarar

160 717

161 592

162 011

161 891

Sum stipend (mill. kroner)

4 257

4 514

4 781

4 981

Sum lån (mill. kroner)

6 322

6 418

6 668

6 842

Gjennomsnittslån

39 337

39 715

41 160

42 262

Fordeling av ulike stipendformer i undervisningsåret 2000-01 samanlikna med 1999-2000

Stipendform

Tal på stipend

Stipend i mill. kroner

1999-2000

2000-01

1999-2000

2000-01

Utdanningsstipend

202 783

203 570

3 836

3 926

Reisestipend, innland og Norden

69 995

68 175

169

182

Gebyrstipend

10 527

11 836

434

488

Tilleggsstipend

655

705

25

25

Reisestipend utanfor Norden

15 786

17 736

89

109

Flyktningstipend

219

333

11

17

Kunstfagstipend

1 474

1 446

40

39

Fødselsstipend

3 044

3 196

135

145

Tiltaksstipend

2 689

2 624

15

15

Reisestipend, kvoteprogram

791

793

3

3

Reisestipend i Noreg til utanlands­studentar

10 217

12 076

10

17

Omgjering av lån til stipend ved ­sjukdom

773

854

8

8

Andre stipend

16

50

0,5

0,4

Språkstipend

273

508

4

8

Totalt

319 242

323 902

4 780

4 982

Hovudtal for tilbakebetaling av lån

Frå tilbakebetaling

1996

1997

1998

1999

2000

Talet på tilbakebetalande låntakarar

427 000

427 000

439 000

443 500

455 400

Renteberande lån (i mill. kroner)

37 191

39 500

42 365

44 460

47 229

Renter (i mill. kroner)

2 625

2 499

2 300

2 765

2 778

Avdrag (i mill. kroner)

3 332

3 546

3 096

3 666

3 348

Ettergitt/avskriven (i mill. kroner)

371

365

377

402

439

Frå driftsrekneskapen (i mill. kroner):

Administrasjonsutgifter

160

180

183

216

233

Rentestønad

2 522

2 280

1 999

1 331

1 260

Uteståande lån

52 602

55 003

57 957

60 462

63 336

Uteståande renter

3 303

2 954

2 585

2 975

2 926

Forskriftene for Lånekassen gir kunden rett til å få utsett betalinga av terminbeløpet ved utdanning eller av sosiale og økonomiske årsaker. I tillegg kan tilbakebetalarar få rentefritak. Tilbakebetalarar som oppfyller vilkåra for rentefritak, får betalingsutsetjing for terminbeløpet i same perioden dersom dei søkjer om dette. I 2000 fekk 8 693 låntakarar betalingsutsetjing i samband med sjukdom, mens 12 060 låntakarar fekk betalingsutsetjing i samband med arbeidsløyse. Kostnaden med å gi rentefritak var i 2000 188 mill. kroner.

Utdanningslån er personleg gjeld og kan bli ettergitt dersom kunden blir varig ufør eller døyr. I 2000 vart det ettergitt om lag 140 mill. kroner i samband med uførleik, langvarig sjukdom og død. Dette er ein auke på om lag 16 mill. kroner samanlikna med 1999.

5 660 låntakarar fekk ettergitt delar av utdanningslånet etter fullførte langvarige studiar. I alt vart det ettergitt 206 mill. kroner til dette formålet. Samanlikna med 1999 er dette ein auke både i talet på låntakarar og ettergitt beløp, då 5 381 personar fekk ettergitt rundt 193,7 mill. kroner.

Budsjettforslag for 2002

Budsjettforslaget gjeld for budsjettåret 2002, men Lånekassen må gi tilsegn om utdanningsstøtte for undervisningsåret 2002-03. Det er såleis ein føresetnad at Stortinget ved handsaminga av budsjettet for 2002 tek stilling til heile undervisningsåret 2002-03, og at Lånekassen kan gi tilsegn om slik støtte, jf. forslag til vedtak III nr. 6.

19-åringar som tek folkehøgskole som siste år i eit fireårig løp, får i dag stipend som om dei var under aldersgrensa på 19 år. Elevar på folkehøgskole vil med den nye støtteordninga få ei årleg støtte på kr 80 000. Behovet for denne særordninga fell dermed bort, og Regjeringa foreslår å avvikle ordninga frå undervisningsåret 2002-03.

Tiltaksstipend blir gitt til bortebuande elevar i vidaregåande opplæring som har heimen sin i Finnmark eller Nord-Troms. I samband med forenkling av støttesystemet foreslår Regjeringa å fjerne stipendet.

Gifte søkjarar kan få forsørgjartillegg for ektefellen. I dei fleste lovregulerte høve er ektefellar rekna som sjølvstendige økonomiske individ. Regjeringa meiner dette også bør gjelde i høve til utrekning av støttebeløp i Lånekassen, og foreslår å fjerne tillegget for ektefellen, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-2001) og St.meld. nr. 27 (2000-2001).

Låntakarar kan søkje om å få nedsett terminbeløpa til 6 pst. av brutto årsinntekt. Erfaringane viser at det er få som nyttar seg av inntektsavhengig tilbakebetaling, og regjeringa foreslår å fjerne ordninga.

Utdanningsstøtta til studentar i utlandet blir rekna ut med basis i eigne kostnadsnormer for kvart enkelt land. I tillegg blir kostnadsnorma justert i tråd med endringar i valutaen i dei aktuelle landa. Denne ordninga er administrativt krevjande og gir lite oversyn for studentane. Dei reelle kostnadene til livsopphald er i dei fleste land ikkje høgare enn kostnadene ved å bu i Noreg. Regjeringa foreslår å innføre ei felles kostnadsnorm for Noreg og utlandet, og å avvikle valutajusteringa av kostnadsnormen. Forslaget om ei årleg støtte på kr 80 000 vil medføre ei forbetring for dei fleste utenlandsstudentane. Dei studentane som er i eit utdanningsløp i land med ei kostnadsnorm høgare enn kr 80 000 vil få kompensasjon for differansen. I snitt gjeld dette om lag kr 600 meir i månaden for desse studentane.

Regjeringa foreslår å innføre ei ordning med justering av gebyr- og tilleggsstipend i tråd med endringar i valutaen i dei aktuelle landa.

Kunstfagstipend blir gitt til studentar ved høgre lærestader for kunstutdanning. Stortinget har gitt si støtte til forslaget frå Regjeringa om å avvikle kunstfagstipendet i Lånekassen, og nytte midlane til å opprette eit etablerarstipend basert på gjennomførd utdanning for enkelte kunstnarar, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-01).

Det blir gitt støtte til reiser mellom registrert bustad og lærestad i Noreg eller utlandet. Utbygging av høgre utdanningsinstitusjonar i alle delar av landet har redusert behovet for reisestipend i Noreg. Regjeringa foreslår å innføre ei øvre aldersgrense på 25 år for stipend til innlandsreiser, reiser i Norden og til innlandsreise for norske studentar i utlandet. I undervisningsåret 2002-03 vil reisestipend dermed bli gitt til studentar som er fødde i 1977 eller seinare. Regjeringa foreslår også å innføre ei grense for maksimalt utbetalt reisestipend på kr 7 000. For elevar i vidaregåande opplæring vil dagens ordning med reisestipend bli ført vidare.

Utdanningslånet blir i dag behovsprøvd mot inntekt, trygdeytingar, formue m.m. I samband med forenkling av støttesystemet foreslår Regjeringa å avvikle denne ordninga med behovsprøving.

Lån til dekning av skolepengar i Noreg blir behovsprøvd mot inntekt, formue m.m. I samband med forenkling av støttesystemet foreslår Regjeringa å avvikle ordninga med behovsprøving.

Ved utrekning av støttebeløpet blir kostnadsnorma justert slik at ho følgjer den faktiske utviklinga i kostnadene i samfunnet. Regjeringa legg i undervisningsåret 2002-03 til grunn ein ordinær auke i kostnadsnorma på 1,9 pst. for elevar i ordinær vidaregåande opplæring.

Dei maksimale satsane per månad for støtte til livsopphald for elevar i ordinær vidaregåande opplæring

Støtte til livsopphald

(i kr)

Auke frå 2001-2002

(i kr)

Grunnbeløp for søkjarar over aldersgrensa i ordinær vidaregåande opplæring

4 290

80

Grunnbeløp for søkjarar under aldersgrensa i ordinær vidaregåande opplæring

3 550

70

Butillegg

2 235

45

For studentar som ikkje er i ordinær vidaregåande opplæring foreslår Regjeringa å auke kostnadsnorma med om lag kr 1 000 per månad, jf. kategoriomtalen. Dette vil innebere eit årleg støttebeløp på kr 80 000 frå og med undervisningsåret 2002-03. For ein bortebuande student skal auken bli gitt som stipend slik at stipenddelen blir om lag 39 pst. Dei studentane som bur i foreldreheimen, vil som idag få heile støttebeløpet som lån.

Departementet foreslår at støttebeløpet blir betalt ut som utdanningslån ved studiestart hausten 2002. Etterkvart som studentane gjennomfører utdanninga blir lånet gjort om til stipend, jf. forslag til vedtak III nr. 7.

Departementet foreslår å halde fram ordninga med ettergiving av lån ved lange utdanningar på same nivå som i 2000-01. Stortinget har slutta seg til dette i Innst. S. nr. 337 (2000-2001). Ordninga med ekstra lån til studentar som tek eit sommarsemester, blir ført vidare i 2002, jf. forslag til vedtak III nr. 8.

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å styrkje administrasjonsbudsjettet i Lånekassen med om lag 23 mill. kroner. Auken i administrasjonsbudsjettet er knytt til kostnader ved innføring av nytt støttesystem og arbeidet med modernisering og utskifting av IKT-systema. Lånekassen arbeider med modernisering av teknologiske løysingar, og har starta opp eit prosjekt for å modernisere og skifte ut dei interne IKT-systema. Lånekassen arbeider også med organisasjonsgjennomgang. Innsatsen i samband med innkrevjing av misleghaldne lån blir foreslått ført vidare.

Lånekassen må leggje om delar av støttesystemet frå undervisningsåret 2002-03. Det er knytt utgifter til mellom anna utvikling og vedlikehald av systemstøtte og utvikling av nytt regelverk.

Ein legg opp til at nokre av midlane på posten skal disponerast av departementet og nyttast til arbeid i samband med oppfølginga av Innst. S. nr. 337 (2000-01) og St. meld. nr. 27 (2000-01).

Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

Posten er ny i budsjettåret 2002, og løyvinga er foreslått til 1 932 mill. kroner. Midlane skal dekkje utgifter til utdanningsstipend når det blir dokumentert at studentane har gjennomført ei utdanning. Denne konverteringsordninga gjeld ikkje elevar i ordinær vidaregåande opplæring.

Regjeringa foreslår at studentar skal motta kr 80 000 årleg i ordinær utdanningsstøtte frå undervisningsåret 2002-03. Støttebeløpet blir først utbetalt som utdanningslån, og lånet skal vere rentefritt under utdanninga. Etter kvart som studentane gjennomfører utdanninga, blir lånet gjort om til utdanningsstipend. Storleiken på stipendet skal ikkje vere knytt til normert studietid. Departementet vil sjå nærare på korleis ein del av stipendet kan bli gitt uavhengig av gjennomførte studiar, slik at dei som gjennomfører studiet, men som ikkje består eksamen, likevel kan få eit grunnstipend. For utrekning av stipend og lån, sjå post 70.

Sosiale ordningar i utdanningsfinansieringa som til dømes fødselsstipend og forsørgjartillegg for barn vil ikkje bli omfatta av denne konverteringsordninga. Den nye støtteordninga skal også ta omsyn til dei som blir forseinka i utdanninga som følgje av sjukdom eller sterk funksjonshemming.

Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving

Løyvinga på post 70 skal mellom anna dekkje utgifter til utdanningsstipend til elevar og studentar.

Utrekning av stipend og lån med unntak av ordinær vidaregåande opplæring

Regjeringa foreslår i St.meld. nr. 27 (2000-2001) å innføre ein ny og forenkla modell for utrekning av stipend og lån. Stortinget slutta seg til dette, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-2001). Dagens grunnbeløp, butillegg og tillegg for bøker og materiell blir slått saman til ei ny samla basisstøtte. Støttebeløpet blir først utbetalt som lån, og etter kvart som studia blir gjennomførte blir delar av beløpet gjort om til stipend. Inntil 39 pst. av støttebeløpet kan bli gjort om til stipend. Dei studentane som bur i foreldreheimen, vil som i dag få heile støttebeløpet som lån. Regjeringa foreslår at heile forsørgjartillegget blir gitt som stipend.

Utrekning av utdanningsstipendet for elevar i ordinær vidaregåande opplæring

Stipenda blir rekna ut som ein nærmare fastsett prosent (stipendprosent) av den delen av grunnlaget som overstig ei nedre og opp til ei øvre grense. Departementet foreslår at denne nedre og øvre grensa skal justerast i takt med kostnadsnormen.

Stipendprosent og grenser for beløp

Utdanningsstipend

Fastsett per månad 2001-02 (i kr)

Forslag per månad 2002-03 (i kr)

Under aldersgrensa for behovsprøving

Nedre grense (kr)

2 455

2 505

Øvre grense (kr)

6 505

6 630

Stipendprosent

93

93

Minstestipend for bortebuarar

3 385

3 450

Over aldersgrensa for behovsprøving

Nedre grense (kr)

4 810

4 905

Øvre grense (kr)

10 555

10 760

Stipendprosent

97,2

97,2

Andre utdanningsstipend

Utdanningsstipend til særlege grupper

Fastsett per månad 2001-02 (i kr)

Forslag per månad 2002-03 (i kr)

Flyktningstipend:

Nedre grense (kr)

0

0

Øvre grense (kr)

8 285

8 445

Stipendprosent

100

100

Post 71 Andre stipend, overslagsløyving

Reisestipend

Løyvinga under posten skal mellom anna dekkje utgifter til reise mellom registrert bustad og lærestad. Det kan bli gitt støtte til elevar og studentar som tek utdanning i Noreg og i utlandet.

Regjeringa foreslår at det i undervisningsåret 2002-03 blir gitt stipend til tre tur-retur-reiser mellom registrert bustad og lærestad i Noreg og Norden, utover ein eigendel på kr 970. Regjeringa foreslår å innføre ei øvre aldersgrense på 25 år, og at maksimalt utbetalt reisestipend i eitt undervisningsår blir kr 7 000. I undervisningsåret 2002-03 vil stipenda bli gitt studentar som er fødde i 1977 eller seinare. For elevar i vidaregåande opplæring vil dagens ordning bli ført vidare.

Løyvinga dekkjer også stipenddelen av utgiftene til ei årleg heimreise, samt til reise ved starten og slutten av studiet for studentar som kjem inn under kvoteordninga for utdanningsstøtte til studentar frå Sentral- og Aust-Europa og utviklingsland.

I undervisningsåret 2002-03 blir støtta til norske studentar som studerer i utlandet, gitt som 30 pst. lån og 70 pst. stipend for to tur-retur-reiser frå registrert bustad i Noreg til studiestad i utlandet.

Regjeringa foreslår at stipendet til innanlandsreiser for norske studentar i utlandet blir gitt til studentar som er fødde i 1977 eller seinare, og at maksimalt utbetalt reisestipend i eitt undervisningsår blir kr 7 000. For elevar i vidaregåande opplæring vil dagens ordning bli ført vidare.

Gebyr- og tilleggsstipend

Løyvinga på posten dekkjer gebyrstipend og tilleggsstipend til norske studentar i land utanfor Norden.

I samband med Stortinget si handsaming av Revidert nasjonalbudsjett 2001, jf. Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01), vart det vedteke ein auke på 6 mill. kroner på post 70. Midlane er nytta til valutajustering av gebyr- og tilleggsstipend for studieåret 2000-01 til studentar i USA, Canada og Singapore, samt til studentar i Aust-Europa som betaler skolepengar i USD.

Regjeringa foreslår å innføre ei ordning med justering av gebyr- og tilleggsstipend etter endringar i valutaen i dei aktuelle landa. Dette kan i visse høve medføre ein høgare maksimumssats for gebyrstipendet enn angitt i tabellen under. Frå undervisningsåret 2002-03 foreslår Regjeringa vidare å utvide gebyrstipendordninga til også å omfatte tannlegeutdanning.

Gebyrstipend (i kr)

Fastsett 2001-02

Forslag 2002-03

Gebyrstipend til studentar som studerer i land utanfor Norden

51 340

52 320

Departementet foreslår at ein held fram med ordninga med eingongsstipend til førebuande språkkurs til studentar som vel ei fagutdanning der det ikkje blir undervist på engelsk.

Post 72 Rentestønad, overslagsløyving

Posten omfattar renteutgifter og renteinntekter for Lånekassen, og løyvinga dekkjer differansen mellom desse. I motsetning til dei fleste andre europeiske land er studielån i Lånekassen rentefrie i utdanningstida. Dette rentefritaket inneber ei subsidiering av låneopptaket til elevar og studentar.

Løyvinga på posten blir justert i samband med endringar i rentesatsar.

Regjeringa foreslår å føre vidare ein rentemargin på eitt prosentpoeng.

Regjeringa foreslår å endre det tekniske utrekningsgrunnlaget for flytande rente i Lånekassen, jf. omtale av saka i St.prp. nr. 1 (2001-02) Statsbudsjettet medregnet folketrygden (Gul bok).

Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving

Etter lov om utdanningsstøtte blir gjelda ettergitt når låntakaren døyr. Lånet kan også bli ettergitt heilt eller delvis når låntakaren er blitt ufør med uføregrad på minst 50 pst., eller langvarig sjuk. Vidare kan heile gjelda bli ettergitt på visse vilkår for låntakarar frå utviklingsland og Sentral- og Aust-Europa som har hatt støtte frå Lånekassen som deltakar i kvoteordninga, og som seinare buset seg i heimlanda sine.

Løyvinga skal også dekkje utgifter i samband med ordninga med ettergiving av delar av utdanningslånet for låntakarar som er busette i og som utøver eit yrke i Finnmark eller i ein av dei sju virkemiddelkommunane i Nord-Troms. Låntakarar som er yrkesaktive legar i utvalde kommunar utanfor Finnmark og Nord-Troms, blir også omfatta av ordninga med ettergiving av utdanningslån. Det er for desse ikkje eit vilkår at dei er busette i kommunen.

Låntakarar som er busette i og som utøver eit yrke i seks kommunar i Indre Namdal, kan få ettergitt delar av utdanningslånet. Denne ordninga er eit treårig prøveprosjekt, og blir avslutta ved utgangen av 2002.

Løyvinga skal også dekkje utgiftene til ettergiving av lån for kandidatar som har avslutta utdanninga og avlagt eksamen i enkelte lange studium. Ordninga vil i 2002 gjelde kandidatar som har avslutta utdanninga og avlagt eksamen i haustsemesteret 2001 eller vårsemesteret 2002.

Regjeringa foreslår at det beløpet som kan bli ettergitt per kandidat i 2002, skal vere:

Beløp som kan ettergivast per kandidat

Normert tid

Fastsett 2001 (i kr)

Forslag 2002 (i kr)

10 semester

22 535

22 965

11 semester

34 890

35 555

12 semester

47 010

47 905

13 semester eller meir

53 165

54 180

Post 74 Tap på utlån

Ved utgangen av 2000 var 45 100 kundar i Lånekassen under inkassohandsaming, mot 43 100 året før. Dette er ein auke på 4,7 pst. Låntakarar i inkasso hadde ei uteståande gjeld på 4,5 mrd. kroner ved utgangen av 2000, mot 4,2 mrd. kroner året før. Det har vore ei sterk satsing på handsaminga av inkassosaker i Lånekassen, sjå kategoriomtalen.

Regjeringa fremma hausten 2000 forslag til lovendring i utdanningsstøttelova , jf. Innst. O. nr. 42 (2000-01) og Ot.prp. nr. 23 (2000-01). Endringsforslaget innebar ein heimel for Lånekassen til å delta i utanomrettslege gjeldsordningar for lån, renter og kostnader som det blir sett på som uråd å drive inn. Lovendringa tredde i kraft frå 1. november 2001.

Ekstraordinære innbetalingar til Lånekassen er redusert frå om lag 1 570 mill. kroner i 1999 til om lag 970 mill. kroner i 2000.

Post 75 Særskilde tiltak for tilrettelegging for utdanning i utlandet

Løyvinga blir nytta til informasjonsarbeid retta mot nye studentar i utlandet. Dette inneber informasjon om norsk utdanning som grunnlag for opptak og særskilde ordningar ved utanlandske lærestader der det er norske studentar. Løyvinga skal også dekkje utgifter knytte til tilrettelegging for studium i utlandet.

Post 90 Lån til Statens lånekasse for utdanning, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer behovet som Lånekassen har for innlån frå staten.

Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

03

Diverse inntekter

298

52

54

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

6 874

7 014

9 500

15

Refusjon for arbeidsmarknadstiltak

131

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

1 011

17

Refusjon for lærlingar

45

18

Refusjon av sjukepengar

1 733

72

Gebyr

109 795

128 000

130 000

90

Avdrag

4 625 617

4 768 000

4 600 000

91

Tap og avskrivingar

485 556

663 000

709 000

Sum kap. 5310

5 231 060

5 566 066

5 448 554

Post 03 gjeld refusjon av kostnader som Lånekassen har ved oppdrag for andre verksemder. Oppdrag gjeld m.a. utsending av materiell til kundegrupper i Lånekassen på vegne av desse verksemdene.

Visse innanlandske kostnader til flyktningar kan etter OECDs statistikkdirektiv definerast som offentleg utviklingshjelp. Post 04 er knytt til ettergiving av studielån for kvotestudentar frå utviklingsland i samband med tilbakevending til heimlandet.

Post 72 gjeld gebyr i Lånekassen, m.a. gebyr per førstegongsvarsel for terminbeløp med forfall per 15. februar, 15. mai, 15. august og 15. november.

Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett­ 2001

Forslag 2002

80

Renter

4 086 522

4 941 000

5 451 800

Sum kap. 5617

4 086 522

4 941 000

5 451 800

Budsjettforslaget gjeld renter frå Lånekassen, jf. kap. 2410 post 72 Rentestøtte.

Programkategori 07.90 Den norske kyrkja

Kategori 07.90 omfattar:

  • dei regionale og sentralkyrkjelege møta og råda

  • preste- og katekettenesta og Det praktisk-teologiske seminar

  • tilskott til kyrkjelege formål

  • antikvarisk vedlikehald av Nidaros domkyrkje og forvaltning av Erkebispegarden

  • overføringar frå Opplysningsvesenets fond

Utgifter under programkategori 07.90 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

0294

Kyrkjeleg administrasjon (jf. kap. 3294)

305 748

283 249

229 998

-18,8

0295

Presteskapet (jf. kap. 3295)

581 530

587 462

532 285

-9,4

0297

Nidaros domkyrkje m.m. (jf. kap. 3297)

28 068

26 988

31 643

17,2

0299

Opplysningsvesenets fond

35 314

41 500

-100,0

Sum kategori 07.90

950 660

939 199

793 926

-15,5

  • I høve til år 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Budsjettramma er redusert med kr 334 000 i samband med kompensasjon til statleg forvaltning for innføring av meirverdiavgift på tenester, omlegging til direkte refusjon av sjukepengar i statlege verksemder og innsparing ved effektivisering av statlege innkjøp, sjå Innst. S. nr. 325 (2000-01) og St.prp. nr. 84 (2000-01).

  • Kap. 294 er redusert med 109 mill. kroner i samband med at det særskilde tilskottet til dei kyrkjelege fellesråda er innlemma i rammetilskottet til kommunane.

  • Utgiftene til dei kommunale prestebustadene og tilskottet til økumeniske organisasjonar finansierast frå 2002 av Opplysningsvesenets fond.

  • Forvaltningsorganet for Opplysningsvesenets fond blir nettobudsjettert.

  • Tilskottet frå fondet til felleskyrkjelege tiltak blir ikkje lengre løyvd over statsbudsjettet.

Inntekter under programkategori 07.90 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

3294

Kyrkjeleg administrasjon (jf. kap. 294)

31 657

6 835

19 300

182,4

3295

Presteskapet (jf. kap. 295)

39 896

18 057

5 899

-67,3

3297

Nidaros domkyrkje m.m. (jf. kap. 297)

12 417

7 713

8 945

16,0

3299

Opplysningsvesenets fond (jf. kap. 299)

35 313

41 500

-100,0

Sum kategori 07.90

119 283

74 105

34 144

-53,9

  • I høve til år 2001 er det gjort følgjande endringar:

  • Utgifter til drift av det kyrkjelege medlemsregisteret og utgifter til kontolokale for dei kyrkjelege råda skal finansierast frå Opplysningvesenets fond med ei overføring til staten under kap. 3294.

  • Husleiga frå prestane skal ikkje lengre betalast til staten, men til Opplysningvesenets fond.

Budsjettforslag for 2002 - prioriteringar

Som bakgrunn for budsjettforslaget for Den norske kyrkja i 2002, viser departementet til Innst. S. nr. 187 (2000-01), jf. St.meld. nr. 14 (2000-01).

For 2002 er det budsjettert med fem nye prestestillingar og ei stilling ved Samisk kyrkjeråd. Sjømannsmisjonen får ein auke i løyvinga med vel 5 mill. kroner. Dette er ein auke på 13,3 pst. Statstilskottet vil dermed vere på nær 44 mill. kroner.

Løyvinga til det antikvariske vedlikehaldet av Nidarosdomen er auka med 4,5 mill. kroner til oppfølging av den langsiktige restaureringsplanen for kyrkja. I første rekkje er det restaureringa av koret i domkyrkja som vil bli prioritert fram mot kroningsjubileet i 2006. Til den kyrkjelege verksemda ved Nidarosdomen er det budsjettert med eit statstilskott på 3 mill. kroner for 2002. Løyvinga til dette formålet var ny i 2001, med 1,5 mill. kroner, jf. Innst. S. nr. 325 (2000-01).

Til Stiftelsen Kyrkjeforsking, som til no har vore finansiert ved tilskott frå Opplysningsvesenets fond, er det innarbeidd ei løyving over statsbudsjettet med kr 3 850 000.

Tilskottet til diakoni, undervisning og kyrkjemusikk er budsjettert med nær 73 mill. kroner. I denne summen er det innarbeidd lønnstilskott til dei kateketane som tidlegare har vore i statleg stilling, og som no er førte over til dei kyrkjelege fellesråda.

Det særskilde tilskottet til dei kyrkjelege fellesråda, som sidan 1997 har vore løyvd over kap. 294, er innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 2002 med 109 mill. kroner, jf. kap. 571 post 60 i budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.

Departementet legg til grunn at tilskottet frå Opplysningsvesenets fond til felleskyrkjelege tiltak for 2002 skal vere 25,5 mill. kroner, dvs. om lag same summen som i 2001. Departementet foreslår at bidraget til økumeniske organisasjonar, som tidlegare har vore løyvd over statsbudsjettet, for framtida går av dette tilskottet.

På bakgrunn av Innst. S. nr. 187 (2000-01), jf. St.meld. nr. 14 (2000-01) Børs og katedral – om økonomien i Den norske kyrkja, er det budsjettert med at Opplysningsvesenets fond får det finansielle ansvaret for dei kommunale prestebustadene frå 2002, og for kontorlokala til Kyrkjerådet og bispedømmeråda, for drifta av det kyrkjelege medlemsregisteret og for tilskottet til økumeniske organisasjonar. Meirutgiftene for fondet er rekna til om lag 28 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om at forvaltningsorganet for Opplysningsvesenets fond frå 2002 blir nettobudsjettert og dermed får status som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter.

For kategorien samla er det budsjettert med 34 mill. kroner som inntekt. Det meste av inntektene gjeld overføringar frå Opplysningsvesenets fond og inntekter som Restaureringa ved Nidarosdomen har.

Mål for Den norske kyrkja

  • Den norske kyrkja skal vere ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje.

Delmål:

  • Menneske i alle aldrar og livssituasjonar, kvinner og menn, barn og unge, skal kunne oppleve at dei hører til i kyrkja og blir respekterte der, slik at alle kan ta del i det lokale kyrkjelivet.

  • Den kristne kulturarven og det kristne verdigrunnlaget skal haldast levande i lokalsamfunnet og i samfunnet elles.

  • Dei tilsette i kyrkja skal ha gode arbeidsvilkår, og det skal vere eit godt samvirke mellom dei tilsette, dei kyrkjelege rådsorgana, frivillige medarbeidarar og kristelege organisasjonar.

Delmål 1: Menneske i alle aldrar og livssituasjonar, kvinner og menn, barn og unge, skal kunne oppleve at dei hører til i kyrkja og blir respekterte der, slik at alle kan ta del i det lokale kyrkjelivet.

Tilstandsvurdering

Eit mål for folkekyrkja er at alle medlemmene, kvinner og menn, barn og unge, kjenner at dei hører heime i kyrkja. For å halde ved like dei sterke relasjonane som det framleis er mellom folk og kyrkje i landet vårt, er det viktig at dette målet er retningsgivande for kyrkja si verksemd. Viktige måleindikatorar er talet på kyrkjemedlemmer og deltakinga under dåp, vigslar og gravferd.

Det kyrkjelege medlemstalet er på meir enn 85 pst. av folketalet. Den kyrkjelege medlemsprosenten i Oslo er 73. Det var 4 500 som melde seg ut av kyrkja i 2000, medan 850 melde seg inn. Medlemstalet og den stabile oppslutninga om kyrkjelege handlingar (dåp, vigsel, gravferd) viser at kyrkja framleis spelar ei viktig rolle i folk sine liv. I samband med dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd får kyrkja kontakt med breie lag av folket. Den delen som vel kyrkjeleg vigsel, ligg på 55 pst., og nær 95 pst. av dei som døyr får ei kyrkjeleg gravferd. Dåpsprosenten er stabil på vel 80 pst. Konfirmasjonsprosenten, målt etter talet på 15-åringar, har gått noko ned i dei siste tiåra, og er no på rundt 70, mens talet på døypte som blir konfirmerte, held seg stabil på noko over 90 pst. Det er lokale variasjonar i talet på 15-åringar som vel kyrkjeleg konfirmasjon. Enkelte stader blir nesten alle 15-åringane konfirmerte i kyrkja, medan det andre stader er færre. På landsbasis var det 16 pst. av 15-åringane som i 2000 valde borgarleg konfirmasjon.

Det gjennomsnittlege talet på deltakarar under gudstenestene har vore stabilt på 1990-talet, dvs. om lag 100 deltakarar i gjennomsnitt per gudsteneste. Det totale talet på gudstenestedeltakarane i 2000 var noko under 7 millionar. Her er det òg lokale variasjonar. I Stavanger, Oslo, Møre og Agder bispedømme er det i gjennomsnitt over 120 deltakarar under gudstenestene på søn- og heilagdagar, medan talet er under 100 i andre bispedømme. Etter ein auke i talet på gudstenester i første halvdel av 1990-talet har talet gått noko ned i dei seinare åra. Medan det i 1995 vart helde 74 079 gudstenester, var talet 71 390 i 2000. Nedgangen i talet på gudstenester, saman med eit stabilt gjennomsnittstal for deltakarar under den einskilde gudstenesten, er ein indikasjon på ein samla nedgang i totaltalet for gudstenestedeltakinga.

Fornying av gudstenestelivet har lenge vore eit mål, dvs. å finne ei form og eit språk som kommuniserer med folk i vår tid, og slik at det einskilde kyrkjemedlem, ut frå hans eller hennar livssituasjon og føresetnader, kan kjenne seg heime der. Etter dette er det mange kyrkjelydar som arbeider for at lekfolk i større grad skal vere med under gjennomføringa av gudstenestene. Dei fleste stader blir det òg gjort forsøk på å stimulere til eit gudstenesteliv der barn og unge i større grad kan delta og bidra på sine eigne premissar, for eksempel ved at konfirmantar og barn og ungdom elles får medansvar for gudstenesta. Mange stader er det arbeid i gang med å vitalisere gudstenestelivet gjennom auka satsing på det kyrkjemusikalske feltet. Den musikalske opplevinga i gudstenestene er viktig for mange. Dei mange kyrkjekonsertane som blir arrangerte, er på same måten med på å opne kyrkja og kyrkjerommet for menneske som ikkje til vanleg går til gudsteneste.

I ei tid som er prega av stor mobilitet, er det mange menneske som ikkje berre søkjer til sin eigen kyrkjelyd for å delta i gudstenester og kyrkjelege arrangement. Eit uttrykk for dette er den gode mottakinga av nye kyrkjelege møteplassar der folk ferdast. Mellom anna er det mange stader etablert folkekyrkjelege møteplassar («bryggekapell») på hamner og i folkerike gater, og på gatene finst såkalla «gateprestar», som er ute i lokalmiljøet og til stades der folk er. Tiltak med særskilde messer på kveldstid, og opne kyrkjer på dag- og kveldstid, er òg vanleg mange stader.

Bispedømmeråda melder gjennomgåande om stort engasjement i kyrkjelydane, men det er variasjonar når det gjeld aktivitetsnivå. Dette gjeld med omsyn til både talet på tilsette i den einskilde kyrkjelyden, omfanget av den frivillige medarbeidarskapen, oppslutninga frå kyrkjemedlemmene og dei økonomiske rammevilkåra for kyrkjelydane.

I dei fleste kyrkjelydane blir det satsa målretta på det kyrkjelege arbeidet blant barn og unge, gjennom både undervisningstiltak, konfirmantarbeid, barne- og ungdomstreff og andre aktivitetar, og ikkje minst gjennom kontakt og samarbeid med barnehagane og skolane. Miljøarbeid og opphaldsstader for ungdom der rusfridom er berande verdiar, er mange stader viktige kyrkjelege tilbod for barn og unge.

Dei fleste kyrkjelydane har utvikla ein plan for dåpsopplæring, og mange har laga eller er i ferd med å lage ein plan for diakoni. Satsing på dåpsopplæring og diakoni pregar aktiviteten i mange kyrkjelydar.

Stiftelsen Kyrkjeforsking gjorde i 2000 ei brei spørreundersøking blant medlemmer av Den norske kyrkja: «Folkekirken 2000». Undersøkinga gir mellom anna innsikt i kva for haldningar medlemmene har til Den norske kyrkja, og korleis desse varierer etter kjønn, alder og etter kor dei bur. Undersøkinga gir òg kunnskap om haldningane til gudstenesta, kor ofte folk går til gudsteneste, mv.

Hausten 2001 er det val til nye sokneråd. Valdeltakinga har tradisjonelt vore låg. Ved valet for fire år sidan var det berre 3 pst. av dei med stemmerett som gav stemme. Tradisjonelt har dessutan utskiftinga av medlemmene i råda vore stor. Ved valet i 1997 var 78 pst. av medlemmene nyvalde. Kvinnedelen av dei faste medlemmene i sokneråda har vore stabil på 56 pst. i dei siste to valperiodane. Departementet har sett i verk tiltak for å betre valdeltakinga, sjå nedanfor.

Strategiar og tiltak

I delmålet ligg det ei stor utfordring for kyrkja til å finne fram til kontaktflater, møteplassar og møteformer som opnar for kommunikasjon, kontakt og dialog med alle medlemmene i kyrkja, slik at ulike grupper av menneske kan oppleve at dei ut frå sine føresetnader blir tekne på alvor og kan vere med og setje sitt preg på kyrkja og kyrkjelivet. Skal kyrkja vere ei folkekyrkje, må kyrkja møte medlemmene med forkynning, omsorg, opplæring og fellesskap som blir opplevd som inkluderande, og som gir alle opplevinga av å høre til kyrkja. Mange tiltak med dette som mål er sette i gang. Blant desse er det viktig å føre vidare tiltak som kan fremme deltakinga av barn og unge i gudstenestelivet, og å gjere bruk av deira oppleving av tilværet. I ulike samanhengar er det òg understreka at dei røynslene mange kvinner har i høve til kyrkja, må komme fram og bli brukte i kyrkja. Likeså er det viktig at homofile kan kjenne seg heime i eit kyrkjelig fellesskap. Ei anna utfordring er å opne for at kyrkjemedlemmer med bakgrunn frå andre land skal kunne gi nye impulsar til det lokale kyrkjelivet. I strategiplanen frå Kyrkjemøtet er det elles peika på at kyrkjelydane bør legge betre til rette for at menneske med funksjonshemmingar skal kunne delta aktivt i livet i kyrkjelyden. Såleis arbeider den tverrkyrkjelege rørsla «Tro og lys» mellom anna med å leggje til rette for at menneske med psykisk utviklingshemming kan delta i gudstenester på sine eigne premissar.

Elles vil utvikling av tiltak som mellom anna gateprestar, opne kyrkjer og kapellprosjekt vere viktige for å styrkje kontakten mellom kyrkje og folk. Det same gjeld arbeidet med å fornye gudstenestelivet og gudsteneste­for­mene, og satsing på det kyrkjemusikalske feltet. Den breie deltakinga under dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd er viktig å byggje vidare på, slik at kyrkja kan ta opp i seg og gjere bruk av dei erfaringane som kyrkjemedlemmene kvar for seg og samla representerer.

I sine rapportar strekar dei fleste bispedømma under arbeidet blant barn og unge som eit særleg viktig satsingsområde. Dette heng saman med at arbeidet blant barn og unge er av avgjerande verdi for kyrkja si framtid, for rekrutteringa til kyrkjelege stillingar, for den frivillige medarbeidarskapen mv. Satsinga på dette området går føre seg mellom anna gjennom dåpsopplærings- og konfirmasjonsarbeidet. I fleire bispedømme blir det dessutan lagt vekt på diakonalt arbeid blant barn og unge, med tilbod om alternative miljø og opphaldsstader. Kyrkjeleg engasjement blant desse gruppene kan vere viktig mellom anna for å førebyggje og motverke rusmisbruk og vold.

For å auke deltakinga under valet til nye sokneråd hausten 2001 blir det gjennomført ulike tiltak. Eit særleg viktig tiltak er prøveordninga med at valet til nye sokneråd er på same tid som stortingsvalet. Vel 100 kyrkjelydar var med i denne prøveordninga. I tillegg har det vore satsa mykje på kursing og førebuing til valet, og det skal gjennomførast ei evaluering av dei ulike tiltaka. Med det kyrkjelege medlemsregisteret kan kyrkjelydane no for første gong bruke valkort. Auke i valdeltakinga er viktig ut frå demokratiske omsyn, og departementet har stilt 9 mill. kroner til rådvelde for å stimulere valdeltakinga i 2001. Det vil elles vere mange medlemmer i dei nye sokneråda som ikkje har erfaring frå dette arbeidet tidlegare. Både Kyrkjerådet, bispedømmeråda og Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon vil vere involvert i opplæringa av dei nye råda gjennom utvikling av informasjonsmateriell, kurs mv.

Delmål 2: Den kristne kulturarven og det kristne verdigrunnlaget skal haldast levande i lokalsamfunnet og i samfunnet elles.

Tilstandsvurdering

Kristendommen er – som tru og tradisjon – ein bærebjelke i samfunns- og kulturlivet, på både det nasjonale og det lokale planet. I dei siste tiåra har det religiøse og kulturelle mangfaldet auka, noko som fører med seg nye utfordringar for kyrkja. I større grad enn tidlegare er det viktig at kyrkja er med og fremmar dialog om felles verdiar – på tvers av ulike trusretningar og tradisjonar. Dialogen kan fremme kunnskap og respekt mellom menneske med ulik tru. Dette er avgjerande mellom anna for å motvirke rasisme basert på frykt og fordommar, og for å legge grunnlag for god sameksistens i eit fleirkulturelt samfunn.

I det siste året har det i samfunnet og på kyrkjeleg hald vore eit stigande engasjement mot auken i rasistisk basert vald. Fleire bispedømme rapporterer om aktiv støtte frå kommunar til kyrkjeleg satsing blant ungdom med rusproblem og til førebyggjande tiltak mot vald.

Kontakten mellom kyrkje og kommune er prega av eit fruktbart samarbeid. Dette gjeld forvaltning og drift av kyrkjebygget og kyrkjegarden, men òg når det gjeld samarbeid om kulturtiltak og diakonale utfordringar i brei forstand. Det gode samarbeidet som finst mange stader mellom skolar, barnehagar og kyrkja, er òg eksempel på dette. Her som elles er det likevel variasjonar kommunane og kyrkjelydane imellom.

Våre kyrkjebygg er konkrete uttrykk for vår kristne kulturarv og vårt kristne verdigrunnlag. Ikkje minst dei eldre kyrkjene er viktige kulturminne som formidlar kunnskap om vår historie som folk og nasjon. I ei tid med raske endringar er kyrkjebygget ei lydlaus forteljing om kontinuitet og fellesskap med tidlegare generasjonar. Fleirtalet av dei byggverka som er frå middelalderen, er kyrkjer, og dei er ei rik kjelde til kunnskap om samfunnstilhøva i tidlegare tider, om handverkstradisjonar og om den lokale kulturen og tradisjonane på staden. Kyrkjebygget har elles ein sentral plass i bygdelivet og i medvitet til folk, og har i generasjonar stått som ramme i bygd og by for dei store merkedagane for den einskilde, i glede og sorg og under heile livsløpet, frå barnedåp gjennom konfirmasjon og vigsel til gravferd. Riksantikvaren har konstatert at mange kyrkjer er i dårleg stand, og at det er eit stort behov for restaurering og antikvarisk vedlikehald. Ansvaret for dette ligg mest til lokalsamfunnet, representert ved kommunen og dei kyrkjelege fellesråda, i tråd med hundreårige tradisjonar i Noreg: Lokalsamfunnet bygde kyrkja, dernest sende Kongen ein av sine geistlege embetsmenn til teneste i kyrkjelyden.

Ved behandlinga i Stortinget av Innst. S. nr. 187 (2000-01), sjå St.meld. nr. 14 (2000-01) Børs og katedral, vart det bestemt at tilskott til vedlikehaldet av eldre kyrkjer og kyrkjeinventar skal vere ei finansieringsoppgåve for Opplysningsvesenets fond. Dette representerer ei viktig satsing for vern og sikring av den nasjonale kulturarven kyrkjene er, sjå elles omtale under kap. 299.

Kyrkjegardane er òg ein sentral del av vår kulturarv, og eit sentralt element i vårt kulturlandskap. Vedlikehald og bevaring av våre kyrkjegardar er viktig både i eit kulturhistorisk perspektiv, men òg for den kristne trusarven. Kyrkjegardane er eit minnesmerke over dei generasjonene og slektene som bygde landet i tidlegare tider, ein minneplass for individet, slekta og kollektivet, og samtidig eit vitne om vår kristne gravskikk. Mange kyrkjegardar ligg på stader som har vore brukte som gravplass sidan middelalderen og i enda eldre tider. I det store og heile er kyrkjegardane i god hevd. Kyrkjegardsdrifta er elles ein viktig arena for samarbeid mellom kyrkja og kommunen. Kyrkjegardane er opne for alle, uansett livssyn, men det er det kyrkjelege fellesrådet som på vegner av fellesskapet har ansvaret for å forvalte kyrkjegardane.

Med bakgrunn i forslag i Ot.prp. nr. 90 (2000-01), sjå Innst. S. nr. 97 (2000-01), er det nyleg gjort endringar i gravferdslova. Dei viktigaste endringane var å likestille sambuarar med ektefellar når det gjeld å sørgje for gravferd for avdøde, og å lempe på formkrava for å gi løyve til askespreiing.

Mange av våre prestegardar er, på same måten som kyrkjene og kyrkjegardane, ein del av vår lokale kyrkje- og kulturhistorie. Prestegardane høyrer til Opplysningsvesenets fond. Mange av dei er freda, og dei blir forvalta med respekt for den kulturarven dei representerer.

Strategiar og tiltak

I det kyrkjelege arbeidet med religionsdialog er det viktig både å vere trygg på sin eigenart og å ha respekt for det som skil. Når medlemmene i kyrkja engasjerer seg i dialoger, vil dei både kunne medverke til større medvit omkring den kristne arven og til utvikling av ein plattform for fredeleg sameksistens i eit samfunn med mange ulike livssyn. Det er viktig at dialogen på sentralt plan blir følgt opp av lokale initiativ der menneske med ulik tru kan møtast til samtale og samarbeid om felles utfordringar. Kyrkjerådet og Mellomkyrkjeleg råd arbeider ut frå ein slik strategi, og mange stader er lokale tiltak i gang.

Rasistisk baserte haldningar og handlingar i ein del ungdomsmiljø i den seinare tida gir grunn til ei vidare kyrkjeleg satsing mot rasisme og vald. År 2001 innleier «Det kyrkjelege tiåret mot vold» verda over, òg i Noreg, etter initiativ frå Kirkenes Verdensråd. Her i landet vil det felleskyrkjelege organet Norges Kristne Råd leie arbeidet med tiåret. Målet er å fremme ei tydeleg kyrkjeleg haldning mot all vald, anten denne er rasistisk grunna eller går føre seg innanfor familien. Det kyrkjelege engasjementet på dette området skal i stor grad ha rotfeste i den einskilde kyrkjelyden, men det vil òg bli sett i gang arbeid som har fredeleg konflikthandtering på det internasjonale planet som mål.

I det medie- og kommunikasjonssamfunnet vi no har, vil kyrkja i stadig større grad måtte utvikle ein målmedviten informasjonsstrategi. Dette gjeld for kyrkja sentralt, men òg for bispedømmeråda og biskopane, og for den einskilde kyrkjelyden. Dette handlar ikkje berre om bruk av ny teknologi, men òg om korleis kyrkja skal stå fram i det offentlege rommet. Utfordringane er mange, og det blir arbeidd med informasjonsspørsmål i mange kyrkjelege fora, mellom anna i Kyrkjerådet.

Det er viktig med konkrete og målmedvitne samarbeidstiltak i lokalsamfunnet, ikkje minst med kommunen, men òg med andre som har som mål å trygge velferden for den einskilde. For kyrkja lokalt er det elles ei utfordring både å ta vare på kyrkjene som kulturminne, og samtidig halde ved like og utvikle kyrkjene som byggverk kring eit levande kyrkjeliv. Ved behandlinga i Stortinget av St.meld. nr. 14 (2000-01) vart det understreka at det må vere eit nasjonalt mål å halde kyrkjene i god stand, sjå Innst. S. nr. 187 (2000-01). Tilskott frå Opplysningsvesenets fond til dette formålet er eit viktig tiltak i denne samanhengen, sjå under «Tilstandsvurdering» ovanfor. Denne tilskottsordninga frå fondet er elles omtalt under kap. 299 post 79.

Kyrkje,- utdannings- og forskingsdepartementet la i oktober 2000 fram den første miljøhandlingsplanen på sin sektor. Det er eit mål i planen at kulturminne som hører til kyrkja, dvs. kyrkjebygg, kyrkjegardar, prestegardar, kyrkjekunst og -inventar, skal forvaltast på ein forsvarleg måte. I regi av Riksantikvaren er det i gang arbeid med å kartleggje kva for kyrkjegardar som er frå middelalderen. Slik kartlegging er viktig ut frå kulturminneomsyn, og vil kunne få praktiske konsekvensar for drifta og forvaltninga av kyrkjegarden.

Sjå under kap. 297 når det gjeld omtalen av vårt fremste nasjonale kyrkjebygg, Nidaros domkyrkje. Her er det òg omtale av våre krigsgraver.

Delmål 3: Dei tilsette i kyrkja skal ha gode arbeidsvilkår, og det skal vere eit godt samvirke mellom dei tilsette, dei kyrkjelege rådsorgana, frivillige medarbeidarar og kristelege organisasjonar.

Tilstandsvurdering

Delmålet har nær samanheng med korleis dei ytre rammevilkåra for kyrkja er, når det gjeld både dei rettslege, organisatoriske og økonomiske rammene. Å vise utviklinga på dette området, etter at det nye kyrkjelege lovverket tok til å gjelde frå 1997, var eit sentralt siktemål i St.meld. nr. 14 (2000-01) Børs og katedral. Av meldinga går det mellom anna fram at dei kommunale løyvingane til kyrkja på 1990-talet hadde ein større auke enn lønns- og prisauken i kommunesektoren. Materialet i meldinga viser vidare at det er store variasjonar i dei kommunale løyvingane til kyrkja, målt per innbyggjar. Sjølv om det er variasjonar kommunane imellom, har kyrkja – sedd under eitt – fått ein styrkt økonomisk situasjon. Dette har i første rekkje samanheng med oppbygginga av administrasjonen omkring dei kyrkjelege fellesråda. I det store og heile synest det derfor som at det nye lovverket gir ei tenleg ramme omkring det lokale kyrkjelivet. For å få ei klarare finansiell ansvarsdeling mellom staten og kommunane på det kyrkjelege området, vart det i meldinga foreslått at statlege tilskott til fellesråda burde bli innlemma i rammetilskottet til kommunane, og at staten burde ta over reiseutgiftene til prestane. I meldinga var det òg foreslått at Opplysningsvesenets fond burde ta det finansielle ansvaret for fleire kyrkjelege oppgåver, mellom anna dei utgiftene staten har til kommunale prestebustader. Dei fleste forslaga i meldinga fekk tilslutning i Stortinget, sjå Innst. S. nr. 187 (2000-01), og er no med i forslaget til statsbudsjettet for 2002. Det gjeld innlemminga av tilskottet til fellesråda i rammetilskottet til kommunane, sjå kap. 294 post 72, overføring til Opplysningsvesenets fond av finansieringsansvaret for dei kommunale bustadene og for husleiga til dei kyrkjelege råda, og statstilskott til Stiftelsen Kyrkjeforsking.

I 2001 vart det oppretta 35 nye prestestillingar. Det har ikkje tidlegare vore oppretta så mange nye prestestillingar i løpet av eitt år. Dei 35 nye prestestillingane er fordelte på alle dei elleve bispedømma.

Rekrutteringa til dei kyrkjelege stillingane varierer ein del mellom yrkeskategoriane. Særleg innanfor det kyrkjemusikalske feltet har utdanninga av organistar og kantorar vore fallande i dei siste åra. Rekrutteringa til prestestillingane er jamt over tilfredsstillande. Talet på kvinner i kyrkjelege stillingar er òg jamt over tilfredsstillande, men det er for få kvinner i leiarstillingane i presteskapet. 40 pst. av kyrkjeverjene, som er dagleg leiar for dei kyrkjelege fellesråda, er kvinner. Det er elles prosentvis færre kvinner i stilling som kyrkjelydsprest enn i prestestillingar ved institusjonar og kyrkjelege organisasjonar. Rekrutteringa av kvinner til presteteneste viser ei jamn og positiv utvikling. Av dei som vart vigsla til presteteneste i 2000, var 23 pst. kvinner. Talet for perioden 1960-98 – sedd under eitt – var 15 pst. Vel 13 pst. av kyrkjelydsprestane er kvinner. Prosenten av kvinnelege teologistudentar er 35. I 2000 auka talet på kvinnelege prostar frå fem til ni. I 2000 vart den første kvinnelege domprosten utnemnd.

Det nye lovverket for kyrkja har reglar for organiseringa av den lokale kyrkja. Røynslene har vist at det fleire stader kan vere behov for å utvikle dette feltet, ut frå lokale tilhøve og behovet her for å sjå på den konkrete oppgåvefordelinga mellom sokneråd og fellesråd og mellom fellesråda i eit område. Ved ei endring i kyrkjelova § 5 er det no opna for slike forsøk, sjå Innst. O. nr. 97 (2000-01) og Ot.prp. nr. 90 (2000-01).

Dei fleste stader er det eit godt og tett samarbeid mellom dei kyrkjelege rådsorgana og dei tilsette. Det same gjeld for samvirket med dei frivillige medarbeidarane og med dei kristelege organisasjonane. Tilhøvet mellom Kyrkjemøtet, biskopane og andre kyrkjelege organ har vore til utgreiing, og det ligg no føre ein rapport om dette. Ei utgreiing om embetssyn og om tilhøvet mellom prestetenesta og andre tenester i kyrkja («Embetet i Den norske kirke») har nyleg vore lagt fram for Kyrkjerådet.

Strategiar og tiltak

Fleire spørsmål som vart omtala i Innst. S. nr. 187 (2000-01), jf. St.meld. nr. 14 (2000-01), vil det bli arbeidd vidare med i tida framover. Mellom anna vil det i løpet av hausten 2001 bli utarbeidd ei rettleiing til kyrkjelova § 15 om dei utgiftspliktene kommunane har, sjå elles omtale under kap. 294 post 72. Ei viktig sak er dessutan bruken av avkastninga frå Opplysningsvesenets fond til fleire kyrkjelege oppgåver, sjå her forslag under kap. 294 og 295 og omtale under kap. 299. Departementet legg elles til grunn at reiseutgiftene for prestane, som etter kyrkjelova § 15 no er ei lovfesta utgiftsplikt for kommunane, blir ført over til staten frå 2003.

I tida framover vil det elles gå føre seg ei rad tiltak, på både sentralt og lokalt plan i kyrkja, som sikter mot å halde ved like og utvikle dei kyrkjelege rådsorgana til effektive og gode styringsorgan for kyrkja. Kurs og rådgiving vil vere viktige, ikkje minst for å sette dei nye sokneråda inn i deira oppgåver.

Med bakgrunn i endringa av kyrkjelova § 5, som opnar for ulike forsøksordningar, ligg det til rette for å utvikle organiseringa, oppgåvefordelinga mv. for dei ulike organa i soknet. Slike forsøk, som skal godkjennast av departementet, vil bli vurdert i samarbeid med Kyrkjerådet og Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon. Desse forsøka kjem i tillegg til dei forsøka som pågår om ei endring av organiseringa av prestetenesta, sjå kap. 295. Gjennom ulike forsøk vil det dermed ligge til rette for å kunne samordne organiseringa av prestetenesta og organiseringa av den verksemda dei kyrkjelege fellesråda og sokneråda har ansvaret for.

Departementet har som mål å auke talet på kvinner i leiarstillingar i kyrkja, og vil vurdere ulike tiltak for å få dette til, til dømes særskilde leiarkurs. På det kyrkjemusikalske feltet har departementet stilt midlar til rådvelde for eit prosjekt som har som mål å styrkje rekrutteringa til utdanninga av organistar og kantorar.

Kyrkjerådet har over tid arbeidd med bemanningssituasjonen i kyrkja. Eit materiale om behovet for nye kyrkjelege stillingar, og forslag til ein opptrappingsplan, vart ferdigstilt av Kyrkjerådet i september i år. Denne er no til vurdering i departementet.

I samband med behandlinga av Budsjett-innst. S. nr. 12 (2000-01) gjorde Stortinget eit vedtak der Regjeringa vart oppmoda om i løpet av 2001 å leggje fram sak for Stortinget der ein vurderer lovfesta rett til dåpsopplæring. I merknaden til vedtaket er det vist til forslaga frå dåpsopplæringsutvalet i NOU 2000: 26 «..til et åpent liv i tro og tillit», som handlar om lovfesting av dåpsopplæringa i kyrkja. Departementet viser til at dåpsopplæringsutvalet legg til grunn at Den norske kyrkja har ein plikt til å gi dåpsopplæring til dei som blir døypte, og at dei døypte bør få ei lovfesta rett til slik opplæring. For døypte i aldersgruppa 0-18 år går utvalet inn for at det blir gitt tilbod om opplæring i eit omfang på 315 timar i alt, fordelt på ulike aldersintervall. Utvalet har rekna ut at det vil vere behov for 1 200 nye årsverk i kyrkja, og at dei økonomiske rammene frå staten til Den norske kyrkja må aukast med 550 mill. kroner. Utvalet meiner dette må gå føre seg over ein periode på ti år, mellom anna fordi det tar tid å rekruttere og utdanne dei som skal ha ansvaret for dåpsopplæringa. Utvalet legg elles til grunn at andre livssyns- og trudomssamfunn må få dei same ytre rammevilkåra for opplæringa som Den norske kyrkja. Dåpsopplæringsutvalet har streka under at forslaget om lovfesting av dåpsopplæring, dvs. innføring av ein individuell rett til dåpsopplæring, heng nøye saman med auka bemanning og auka ressursar til kyrkja, og at eit vilkår for innføring av lovfesta rett til dåpsopplæring er at det blir stilt midlar til rådvelde for realisering av retten. Det er no gjennomført ei høring av forslaga i NOU 2000: 26. Resultata frå denne høringa vil bli lagde fram for Kyrkjemøtet i november 2001, som skal uttale seg til departementet i saka.

Utgifter under programkategori 07.90 fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gruppe

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

01-29

Driftsutgifter

732 919

726 939

663 563

-8,7

70-89

Overføring til private

217 741

212 260

130 363

-38,6

Sum kategori 07.90

950 660

939 199

793 926

-15,5

Kap. 294 Kyrkjeleg administrasjon (jf. kap. 3294)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

97 171

92 844

96 396

21

Særskilde driftsutgifter

15 627

3 145

3 239

71

Tilskott til kyrkjelege formål

82 578

76 760

126 863

72

Tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane

110 066

110 000

73

Tilskott til verksemda ved Nidaros domkyrkje

3 000

79

Til disposisjon for departementet , kan overførast

306

500

500

Sum kap. 294

305 748

283 249

229 998

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Post 71 er oppjustert med 40,8 mill. kroner i samband med at midlar til statlege kateketstillingar er ført over til dei kyrkjelege fellesråda. Midlane er overførte frå kap. 295 post 01, der desse tidlegare har vore budsjettert.

  • Post 72 går ut frå 2002, i samband med at løyvinga til dei kyrkjelege fellesråda er innlemma i rammetilskottet til kommunene, sjå kap. 571 post 60 og omtale under post 72 nedanfor.

Kapitlet omfattar:

  • driftsutgifter til Kyrkjerådet, bispedømmeråda og biskopane

  • tilskott til ulike kyrkjelege formål, mellom anna til Den norske Sjømannsmisjon, til undervisning og diakoni i kyrkja og til døvekyrkjelydane

Tilskottspostane 71-79 blir gitt eigne omtalar nedanfor.

Resultatrapport for 2000-01

Dei regionale og sentralkyrkjelege organa (bispedømmeråda og biskopane, Kyrkjemøtet, Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd og Samisk kyrkjeråd) arbeider etter dei måla og satsingsområda som gjeld for kyrkja. Dei skal vere særleg merksame på tiltak av felleskyrkjeleg karakter. Bispedømmeråda og biskopane har ei viktig oppgåve i å gi råd og hjelp til sokneråd og fellesråd, og til tilsette i kyrkja. Tilsyn med kyrkjelydane og kyrkjeleg tilsette gjennom kurs, opplæringsverksemd, visitasar m.m. er dermed sentrale oppgåver. I tillegg til denne verksemda har biskopane og bispedømmeråda viktige forvaltningsoppgåver, mellom anna i samband med budsjettstyring, leiing av prestetenesta og forvaltning av tilskottsordningar. Bispedømmeråda har dessutan etter kyrkjelova visse oppgåver knytte til forvaltninga av kyrkjer og kyrkjegardar.

Kyrkjerådet er sekretariat for Kyrkjemøtet og skal på ulike måtar ta hand om felleskyrkjelege og sentralkyrkjelege oppgåver. Det ligg til Kyrkjemøtet å fastsetje nærmare mål og strategiar for arbeidet i Kyrkjerådet. Elles er oppgåvene til Kyrkjemøtet/Kyrkjerådet fastsette i lov eller i anna regelverk og ved delegasjon frå departementet. Kyrkjerådet har ein del forvaltningsoppgåver, mellom anna tilskottsforvaltning, men i hovudsaka er det tale om felleskyrkjelege utviklingsoppgåver, til dømes utvikling av hjelpemateriell for kyrkjelydane, rammeplanar for dåps- og konfirmasjonsopplæring, diakoni m.m.

Av viktige felleskyrkjelege tiltak i bispedømma i 2000, som biskopane og bispedømmeråda har vore engasjerte i, er det særleg grunn til å nemne 2000-årsfeiringa av Kristi fødsel. Markeringa har gått føre seg ved mange lokale og nokre større regionale arrangement. Den økumeniske gudstenesta på Molde stadion pinsen 2000 samla mellom 8 000 og 10 000 deltakarar. Det økumeniske samarbeidet mellom dei ulike kyrkjesamfunna synest styrkt gjennom jubileet.

Bispedømmeråda skal initiere og bidra til utviklinga av lokale planar og tiltak, mellom anna innanfor barne- og ungdomsarbeidet, diakonien og gudstenestelivet. Dette har vore ein viktig del av verksemda for bispedømmeråda i 2000, og det har i denne samanhengen vore halde mange kurs, konferansar og konsultasjonar.

Både bispedømmeråda og Kyrkjerådet har i 2000-01 vore engasjerte i arbeidet med å førebu valet til nye sokneråd hausten 2001, mellom anna ved kurs og konferansar, utarbeiding av valmateriell, annonsering m.m. Kyrkjemøtet 2000 gjorde elles vedtak om å opne for at valet til nye sokneråd kunne leggjast til same tid som stortingsvalet. Denne prøveordninga vil gjelde for vel 100 kyrkjelydar. Målet er å stimulere til auka valdeltaking, og departementet har stilt 9 mill. kroner til rådvelde for dette.

Som det går fram av kategoriomtalen føre, er det ei stor utfordring å auke den frivillige deltakinga i kyrkjelydane. «Frivillighet» vil vere hovudtema under Kyrkjemøtet 2001.

Det er no mogleg å søkje om å bli ordinert som prest utan teologisk embetseksamen. Ei evalueringsnemnd nedsett av Kyrkjerådet vurderer slike søknader. I 2000 vart i alt 12 personar godkjende av nemnda, og det er no i alt 17 ikkje-teologar, 14 menn og tre kvinner, som er ordinerte til presteneste. Elles har Kyrkjerådet i det siste året arbeidd med ny liturgi i samband med gravferd. Drifta av medlemsregisteret for Den norske kyrkja, som Kyrkjerådet har ansvaret for, har òg vore ei høgt prioritert oppgåve det siste året.

Mellomkyrkjeleg råd, som har eit særskilt ansvar for internasjonale og økumeniske spørsmål, har vore engasjert i internasjonalt arbeid for menneskerettar gjennom Det Lutherske Verdensforbund, Kirkenes Verdensråd og Konferansen av europeiske kyrkjer. I det siste året har det vore lagt særskild vekt på å utvide kontakten med den ortodokse kyrkja. Rådet har elles vore involvert i planarbeidet til generalforsamlinga for Konferansen av europeiske kyrkjer. Generalforsamlinga skal vere i Trondheim i 2003.

Samisk kyrkjeråd har arbeidd med planlegging og gjennomføring av tiltak til beste for det kyrkjelege arbeidet blant den samiske befolkninga. Mellom anna har rådet vore engasjert i arbeidet med å omsetje Det nye testamente til lulesamisk og utvikling av liturgi og salmehefte på nordsamisk.

Resultatmål for 2002

Styrking av det kyrkjelege demokratiet er ei prioritert oppgåve på alle nivå i kyrkja. Deltakinga ved valet til sokneråd har tradisjonelt vore låg (om lag 3 pst. valdeltaking). I samband med valet til nye sokneråd hausten 2001 – for perioden 2002 til 2006 – er det stilt midlar til rådvelde for tiltak med mål å styrkje valdeltakinga, sjå under kategoriomtalen. Det er òg sett av midlar for ei evaluering av dei tiltaka som er sette i verk. Opplæring av nye medlemmer av sokneråd og kyrkjelege fellesråd vil elles vere ei viktig og sentral oppgåve for bispedømmeråda i 2002. Mange av dei som stiller til val, har ikkje stor røynsle frå arbeid i sokneråd eller fellesråd, og opplæringsbehovet er stort. I tillegg til bispedømmeråda vil òg Kyrkjerådet og Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon vere engasjerte i opplæringstiltak i 2002.

Ved endringane i kyrkjelova, sjå Innst. O. nr. 97 (2000-01) og Ot.prp. nr. 90 (2000-01), er det opna for forsøk med ei anna organisering, oppgåvefordeling m.m. mellom sokneråd og fellesråd. Målet er å prøve ut organisasjonsformer som ut frå lokale tilhøve kan gi ei betre og meir effektiv oppgåveløysing, og samtidig skape eit større kyrkjeleg engasjement.

Biskopane leier prestetenesta i bispedømma. Forsøk med ei anna organisering av prestenenesta har no gått føre seg over ei viss tid i fleire bispedømme, sjå omtale under kap. 295. Både bispedømmeråda og biskopane vil følgje opp utviklinga på dette området i tida framover.

Som sekretariat for biskop og bispedømmeråd har bispedømmekontora i det siste tiåret fått fleire forvaltningsoppgåver. Krava til ei forsvarleg, effektiv og profesjonell forvaltning er store. Viktige tiltak i denne samanhengen er mellom anna kompetanseutvikling for dei tilsette, og etablering og vedlikehald av gode rutinar for å sikre ei effektiv og kvalitetsprega saksbehandling.

Utgreiinga frå stat/kyrkje-utvalet, som Kyrkjemøtet nedsette for nokre år sidan, vil ligge føre i 2002. Utvalet har levert fleire delinnstillingar, og sluttinnstillinga skal vere ferdig i 2002.

Departementet legg elles vekt på at Kyrkjerådet har god styring med drifta og utviklinga av medlemsregisteret for Den norske kyrkja. Det er viktig at registeret er ajour, har korrekte opplysningar om medlemskap og er til god nytte for kyrkjelydane.

Ei viktig oppgåve for Mellomkyrkjeleg råd i 2002 vil vere å delta i førebuingane til generalforsamlinga for Konferansen for Europeiske kyrkjer i Trondheim i 2003. For Samisk kyrkjeråd er utfordringa i 2002 mellom anna å utvikle opplæringsmateriell i konfirmasjons- og dåpsopplæringa på dei samiske språka. Den nye stillinga for Samisk kyrkjeråd som departementet har budsjettert med for 2002, vil vere ei styrking av dette feltet.

Kyrkjerådet og bispedømmeråda har teke i bruk den nye informasjonsteknologien i varierande grad. Særleg med omsyn til informasjonsformidling og bruken av Internett i denne samanhengen finst det eit potensial for utvikling. Både Kyrkjerådet og bispedømmeråda har ei nøkkelrolle innanfor informasjonsformidling i kyrkja. Dei distribuerer kvart år store informasjonsmengder til kyrkjelydane. Kyrkjerådet arbeider med desse spørsmåla, mellom anna ut frå effektiviseringsomsyn.

Budsjettforslag for 2002

Post 01 Driftsutgifter

Driftsutgiftene til Kyrkjerådet/Kyrkjemøtet, bispe­dømmeråda og biskopane blir budsjetterte under post 01. Forslaget til driftsløyving for desse er i hovudsak ei vidareføring av løyvinga frå 2001. Det er likevel innarbeidd midlar til ei ny stilling i Kyrkjerådet. Stillinga er grunngitt i behovet for å styrkje innsatsen retta mot samisk kyrkjeliv og utvikling av hjelpemateriell på samiske språk til undervisning o.a.

Det er elles budsjettert med at Opplysningsvesenets fond i framtida skal dekkje utgiftene til drifta av det kyrkjelege medlemsregisteret og utgiftene til kontorlokale for Kyrkjerådet og bispedømmeråda. Dette svarer til om lag 12 mill. kroner, sjå kap. 3294 post 04 og omtale under kap. 299.

Løyvinga under post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3294 postane 02, 04 og 54, sjå forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Lønn og andre driftsutgifter til tiltak som blir finansierte frå eksterne kjelder, blir budsjetterte under denne posten. Løyvinga under post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3294 postane 01, 60 og 70, sjå forslag til vedtak II nr. 1 og 2.

Post 71 Tilskott til kyrkjelege formål

Forslaget til løyving under post 71 vil bli nytta slik:

Post 71 Tilskott til kyrkjelege formål fordelt på underpostar (i 1000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

71.11

Tilskott til Den norske Sjømannsmisjon

37 334

38 625

43 780

71.12

Tilskott til døvekyrkjene

4 450

4 585

5 383

71.14

Tilskott til Kristent Arbeid Blant Blinde

200

200

200

71.15

Tilskott til Stiftelsen Kyrkjeforsking

0

0

3 850

71.16

Tilskott til diakoni, undervisning og ­kyrkjemusikk

36 194

29 350

72 600

71.17

Tilskott til samisk bibelomsetjing

1 000

1 000

1 050

71.18

Tilskott til økumeniske organisasjonar

3 400

3 000

0

Sum

82 578

76 760

126 863

Tilskott til Den norske Sjømannsmisjon

I fleire enn 30 land på fem kontinent tilbyr Sjømannsmisjonen eit sosialt fellesskap og nettverk for nordmenn i utlandet, i tillegg til geistlege og kyrkjelege tenester. Norske sjøfolk i utanriksfart er framleis ei viktig målgruppe, men det er i dag mest andre grupper nordmenn i utlandet, som mellom anna tilsette i norsk næringsliv, studentar, pensjonistar og turistar, utanrikspersonell og yrkessjåførar, som bruker sjømannskyrkjene.

Målsetjing

Målet for statstilskottet er å leggje til rette for at Sjømannsmisjonen – på vegner av Den norske kyrkja – kan ha det kyrkjelege ansvaret for nordmenn i utlandet. Tilskottsordninga har bakgrunn i dette, sjå Innst. S. nr. 91 (1992-93) og St.meld. nr. 49 (1993-94), og elles Innst. S. nr. 295 (1996-97).

Tildelingskriterium

Under behandlinga av Innst. S. nr. 295 (1996-97) gjorde Stortinget vedtak om at tilskottet til Sjømannsmisjonen skulle gå til full dekning av personalkostnadene for prest, assistent og husmor ved utestasjonane. I Innst. S. nr. 187 (2000-01) vart det presisert at statstilskottet òg må omfatte ein rimeleg del av dei administrasjonskostnadene som Sjømannsmisjonen har her heime. Departementet vart vidare bedt om å utarbeide kriterium eller kostnadssatsar for det samla statstilskottet til organisasjonen. Departementet har drøfta spørsmålet om kostnadssatsar med Sjømannsmisjonen. Departementet foreslår etter dette at det statlege tilskottet blir rekna i høve til ein kostnad per stilling, sjå nærmare under budsjettforslaget for 2002 nedanfor.

Oppfølging og kontroll

Rapporteringa om verksemda til Sjømannsmisjonen skjer i første rekkje gjennom årsmelding og revidert rekneskap. Kyrkjemøtet, som har gitt Sjømannsmisjonen i oppdrag å ta seg av den kyrkjelege tenesta for nordmenn i utlandet, behandlar kvart år årsmeldinga til organisasjonen. Viktige oppfølgingskriterium overfor Sjømannsmisjonen er statistikk som viser oppslutninga om verksemda over tid.

Rapport for 2000

Statistikk over verksemda for 2000 viser at det var om lag 126 000 deltakarar under gudstenestene, dvs. det same som i 1999. Sidan 1996 har auken i gudstenestedeltakinga vore på om lag 12,5 pst. Det totale talet på personar som vitjar sjømannskyrkjene, har hatt ein større auke, frå om lag 370 000 i 1996 til om lag 450 000 i 2000. Vigsler i sjømannskyrkjene har hatt ein auke på 75 pst. sidan 1996.

I tillegg til statstilskottet blir verksemda til Sjømannsmisjonen finansiert ved inntekter frå lotteriverksemd, frå lag og foreiningar i Noreg, ved eigeninntekter ved utestasjonane og ved tilskott frå oljeselskap og rederinæringa. Den samla omsetninga til Sjømannsmisjonen var i 2000 på 104,2 mill. kroner, inklusive verksemda i Noreg, dvs. ein auke på 3,2 mill. kroner i høve til 1999. Rekneskapen for utestasjonane var same året på 67,5 mill. kroner, dvs. ein auke på 3,5 mill. kroner i høve til 1999.

Budsjettforslag for 2002

Forslaget til samla statstilskott til Sjømannsmisjonen for 2002 er på 43,8 mill. kroner. Dette er ein auke på 13,3 pst. i høve til 2001. Auken har samanheng med at det no er budsjettert med eit større tilskott til dei administrasjonsutgiftene organisasjonen har her heime. Departementet legg til grunn at tilskottet skal reknast i høve til talet på sjømannsprestar, assistentar, husmødre og såkalla «eittåringar» ved utestasjonane, i alt 98 årsverk. Av desse er 38 av årsverka prestestillingar. I tillegg er det rekna med åtte årsverk ved administrasjonen heime. Dette gir i alt 106 årsverk. Tilskottssatsen per årsverk er etter dette kr 413 000 for 2002. Talet på stillingar og tilskottssatsen per stilling vil vere retningsgivande for det statlege tilskottet til Sjømannsmisjonen i åra framover. Tilskottet vil kvart år bli justert i samsvar med den allmenne lønns- og prisomrekninga i statsbudsjettet.

Tilskott til døvekyrkjene

Målsetjing

Målet med den statlege tilskottsordninga til døvekyrkjene er å leggje til rette for eit aktivt kyrkjeleg arbeid blant døve. Det statlege tilskottet skal etter dette mellom anna gi økonomisk grunnlag for gudstenestene i døvekyrkjene, for andre kyrkjelege tenester for døve, og for det administrative arbeidet i døvekyrkjelydane.

Tildelingskriterium

Døvekyrkjelydane i landet, lokalisert i Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim, har ikkje krav på driftstilskott frå kommunane slik kyrkjelydane i Den norske kyrkja elles har. Arbeidet i dei fire døvekyrkjelydane blir derfor i hovudsak finansiert gjennom det statlege tilskottet. Ein mindre del av tilskottet er til dekning av renter og avdrag på lån for døvekyrkjene i Stavanger og Bergen. Størstedelen er driftstilskott som blir fordelt mellom dei einskilde døvekyrkjelydane og fellesrådet for døvekyrkjene.

Oppfølging og kontroll

Rapporteringa frå det døvekyrkjelege arbeidet skjer i første rekkje gjennom årsmelding og revidert rekneskap frå kyrkjelydane og fellesrådet for døvekyrkjene. Rapporteringa gir mellom anna informasjon om verksemda siste året, om utviklinga i talet på tilsette og om den generelle økonomiske situasjonen.

Rapport for 2000

Det statlege tilskottet til døvekyrkjene var i 2000 på kr 4 450 000. Dette svarte til om lag 65 pst. av dei samla inntektene for døvekyrkjene dette året. I 2000 utgjorde talet på stillingar organisert under fellesrådet og kyrkjelydane om lag seks årsverk. Dette var ein auke på 0,6 årsverk i høve til 1999.

Budsjettforslag for 2002

Forslaget til løyving for 2002 er på kr 5 383 000. Ved behandlinga av Innst. S. nr. 325 (2000-01) løyvde Stortinget 0,7 mill. kroner ekstra til døvekyrkjene i 2001. Denne ekstraløyvinga er foreslått ført vidare i 2002.

Tilskott til Kristent Arbeid Blant Blinde

Tilskottet her er driftsstøtte til organisasjonen Kristent Arbeid Blant Blinde (KABB). Organisasjonen gir mellom anna ut kristen litteratur og materiell for blinde og svaksynte. Tilskottet frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet utgjorde i 2000 om lag 4 pst. av inntektene for organisasjonen. Den samla statlege støtta til organisasjonen, som òg inkluderer tilskott frå Sosial- og helsedepartementet og Kulturdepartementet, var 16,4 pst. av inntektene. Dei viktigaste inntektene for KABB er sals- og gåveinntekter. I 2000 svarte desse til nær 73 pst. av inntektene.

Tilskott til Stiftelsen Kyrkjeforsking

Stiftelsen Kyrkjeforsking (KIFO) vart oppretta i 1993 etter vedtak på Kyrkjemøtet. Sidan den tid har stiftelsen fått eit årleg grunntilskott frå Opplysningsvesenets fond. KIFO er ein kyrkjeleg forskingsstiftelse, med utgreiings- og forskingsoppgåver innanfor kyrkjefeltet. Stiftelsen vart omtala i St.meld. nr. 14 (2000-01) Børs og katedral. Av Innst. S. nr. 187 (2000-01) går det fram at stiftelsen i framtida skal finansierast over statsbudsjettet. Grunntilskottet til KIFO var på vel 3,5 mill. kroner i 2001. Departementet foreslår ei løyving på kr 3 850 000 som statstilskott til KIFO i 2002. Det er no sju faste årsverk ved stiftelsen. I tillegg til grunntilskottet blir verksemda til KIFO finansiert gjennom oppdrag og samarbeidsavtalar med andre kyrkjelege institusjonar. I 2000 hadde KIFO inntekter på vel 4,8 mill. kroner, og utgifter på 4,7 mill. kroner.

Tilskott til diakoni, undervisning og kyrkjemusikk

Målsetjing

Målet med tilskottsordninga er å stimulere kyrkjelydane til innsats innanfor kyrkjeleg undervisning og diakoni. Tilskottet er særleg knytt til særskilde stillingar innanfor desse områda. Ein del av tilskottet skal dessutan nyttast til kyrkjemusikalsk arbeid ved domkyrkjene.

Tildelingskriterium

Med grunnlag i dei reglane og retningslinjene som departementet har fastsett for tilskottsordninga, har bispedømmeråda fullmakt til å fordele løyvinga på diakonale formål, undervisning og kyrkjemusikk. Løyvinga til diakoni og undervisning er i hovudsak tilskott til dei kyrkjelege fellesråda til lønn for kateketar og diakonar. Etter at nær 100 kateketar som var i statleg stilling ved årsskiftet 2000/01, no er organisert under dei kyrkjelege fellesråda, er ein stor del av løyvinga under posten knytt til desse stillingane. 1 mill. kroner av løyvinga skal gå til kompetanseutviklingstiltak for tilsette under dei kyrkjelege fellesråda, jf. omtalen under kap. 294 post 72. Om lag den same summen skal nyttast til kyrkjemusikalsk verksemd ved domkyrkjene.

Oppfølging og kontroll

Det er bispedømmeråda som utbetaler tilskottet til mottakarane, som i hovudsak er dei kyrkjelege fellesråda. Det er òg bispedømmeråda som er ansvarlege for å følgje opp og føre kontroll med at midlane blir nytta i samsvar med dei krava som er stilte. Mottakarane skal årleg rapportere til bispedømmeråda om bruken av midlane.

Rapport for 2000

Innanfor ramma av det statlege tilskottet har det i 2000 vore refundert lønnsutgifter med om lag 50 pst. for nær 140 diakonstillingar. I tillegg er det gitt tilskott til om lag 35 kateketstillingar som i 2000 var organiserte under dei kyrkjelege fellesråda.

Budsjettforslag for 2002

Forslaget til løyving under posten for 2002 er på 72,6 mill. kroner. Løyvinga var vel 29 mill. kroner i 2001. Auken har samanheng med at dei fleste kateketane som har vore tilsette i staten, har ny arbeidsavtale med dei kyrkjelege fellesråda. Utgiftene til lønn for desse kateketane har tidlegare vore løyvd under kap. 295 post 01, men er no budsjetterte under kap. 294 post 71.16 og vil bli nytta som lønnsrefusjon til fellesråda. Kap. 295 post 01 er redusert som følgje av dette. Forslaget til løyving for 2002 skal gi tilskott til i alt 146 diakonstillingar og 126 kateketstillingar. Nokre kateketar er framleis i statleg stilling. Det kan vere aktuelt at desse statlege stillingane seinare blir overførte til fellesråda, og det må derfor framleis vere høve til å omdisponere midlar frå kap. 295 post 01 til kap. 294 post 71. Kap. 295 post 01 har derfor stikkordet «kan nyttast under kap. 294, post 71».

Tilskott til samisk bibelomsetjing

Det Norske Bibelselskapet har frå 1998 arbeidd med å omsetje Det gamle testamente til nordsamisk. Forslaget til løyving for 2002, som er på vel 1 mill. kroner, gjeld i hovudsak dette arbeidet, som er venta å vare i vel ti år. Det statlege tilskottet er ei nær fullfinansiering av omsetjingsarbeidet. Visse administrasjonsutgifter blir dekte av Bibelselskapet sjølv. Oppfølginga og kontrollen med tilskottet skjer gjennom årleg rapportering til departementet.

Tilskott til økumeniske organisasjonar

Målet for tilskottet er å leggje til rette for at Den norske kyrkja kan delta i internasjonalt økumenisk arbeid og vere medlem av ulike økumeniske organisasjonar (mellom anna Kirkenes Verdensråd og Det Lutherske Verdensforbund). Tilskottet gjeld for det meste kontingentbidrag til desse organisasjonane. Kontingentbidraga er ikkje regulerte i bindande avtalar, og det er Kyrkjemøtet/Kyrkjerådet som avgjer spørsmålet om medlemskap. Det er dessutan Kyrkjemøtet/Kyrkjerådet som rår over tilskottet. Med bakgrunn i behandlinga i Stortinget av St.meld. nr. 14 (2000-01), jf. Innst. S. nr. 187 (2000-01), meiner departementet at finansieringa av kyrkja si deltaking i økumeniske organisasjonar bør vere ei oppgåve for Opplysningsvesenets fond, innanfor ramma av tildelinga frå fondet til felleskyrkjelege tiltak, sjå omtale under kap. 299 post 79. For 2002 foreslår departementet at utgiftene til økumeniske organisasjonar blir dekte på denne måten. Det er derfor ikkje ført opp beløp i 2002 under post 71 til dette formålet.

Post 72 Tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane

Løyvinga under denne posten var ny i 1997. Løyvinga hadde bakgrunn i den nye kyrkjelova, som tok til å gjelde dette året. I samsvar med Innst. S. nr. 187 (2000-01), sjå St.meld. nr. 14 (2000-01), vil det særskilde tilskottet under denne posten til dei kyrkjelege fellesråda, dvs. 109 mill. kroner, bli innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 2002, sjå kap. 571 post 60. Omlegginga vil gå føre seg over ein periode på fem år. Kommunane vil vere tilskottsmottakarar for heile summen, som er på 109 mill. kroner. 80 pst. av summen vil det første året bli tildelt kommunane etter same fordelingsmønster som i 2001, medan 20 pst. vil bli fordelt etter dei fordelingskriteria som elles gjeld for rammetilskottet til kommunane. I 2003 vil 60 pst. av summen bli fordelt etter tidlegare fordelingsmønster, i 2004 vil dette gjelde for 40 pst., osv. Hausten 2001 vil departementet utarbeide ei rettleiing for kommunane og fellesråda om det økonomiske ansvaret kommunane har etter kyrkjelova § 15, sjå Innst. S. nr. 187 (2000-01).

Av tilskottet til fellesråda har 1 mill. kroner vore avsett til sentralt initierte kompetanse- og opplæringstiltak i regi av Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon, med kyrkjeleg tilsette og medlemmer av sokneråd og fellesråd som målgruppe. Dette tilskottet er ført vidare og innarbeidd under post 71.16.

Post 73 Tilskott til verksemda ved Nidaros domkyrkje

Tilskottsposten kom til i samband med behandlinga av Innst. S. nr. 325 (2000-01) og skal gå til den kyrkjelege verksemda ved Nidarosdomen, dvs. til tiltak som kommunen ikkje har eit lovfesta ansvar for etter kyrkjelova. Statstilskott til verksemda har bakgrunn i domkyrkja sin eigenart som nasjonal heilagdom. Samstundes meiner departementet det er naturleg å organisere styringssansvaret for Nidarosdomen på eit nytt sett. Restaureringa av Domkyrkja vil no få eit eige styre, sjå kap. 297. Når det gjeld plasseringa av ansvaret for andre spørsmål, til dømes om bruken av domkyrkja, meiner departementet det bør opprettast eit særskilt organ ved domkyrkja, eit katedralråd, med representasjon frå mellom anna soknerådet og prestane ved domkyrkja og med styrings- eller samordningsoppgåver. Departementet vil leggje saka fram for aktuelle organ i Trondheim med det første.

Det vil vere bispedømmerådet som forvaltar tilskottet under posten, og som treffer avgjerd om bruken av midlane etter forslag frå mellom anna soknerådet ved domkyrkja, eller frå det nye katedralrådet, når det er på plass. Løyvinga under post 73 er på 3 mill. kroner for 2002. Løyvinga var på 1,5 mill. kroner for 2001, sjå Innst. S. nr. 325 (2000-01).

Post 79 Til disposisjon for departementet, kan overførast

Løyvinga blir disponert til tiltak eller prosjekt som det gjennom året kan vere behov for å gi eit avgrensa tilskott til, og som ikkje er kjende ved budsjetteringstidspunktet.

Kap. 3294 Kyrkjeleg administrasjon (jf. kap. 294)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Inntekter frå oppdrag

13 807

3 145

3 239

02

Salsinntekter o.a.

1 498

1 487

1 532

04

Refusjonar

11 796

2 203

2 269

15

Refusjon for arbeidsmarknadstiltak

188

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

660

18

Refusjon av sjukepengar

2 340

54

Overføring frå Opplysningsvesenets fond

12 260

60

Tilskott frå kommunar

182

70

Tilskott frå private

1 186

Sum kap. 3294

31 657

6 835

19 300

  • I høve til år 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Det er oppretta ny post 54 Overføring frå Opplysningvesenets fond.

Utgifter til drifta av det kyrkjelege medlemsregisteret, i alt 3 mill. kroner, og utgifter til kontorlokale for Kyrkjerådet og bispedømmeråda, vel 9,2 mill. kroner, skal frå 2002 finansierast frå Opplysningsvesenets fond. Under post 54 er det etter dette budsjettert med ei overføring til staten på kr 12 260 000 frå Opplysningsvesenets fond.

Ofte kan tiltak eller prosjekt i regi av dei kyrkjelege råda bli delfinansierte av private eller offentlege institusjonar som har interesse i tiltaka. Slike inntekter skifter, og fordi dei er av frivillig karakter, blir dei berre i beskjeden grad budsjetterte i statsbudsjettet, sjå inntektspostane 01, 04, 60 og 70. Sjå omtalen under kap. 294 postane 01 og 21 når det gjeld meirinntekter. Salsinntektene gjeld for det meste Kyrkjerådet.

Kap. 295 Presteskapet (jf. kap. 3295)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter , kan nyttast under kap. 294 post 71

579 181

587 338

529 857

21

Særskilde driftsutgifter

2 349

124

2 428

Sum kap. 295

581 530

587 462

532 285

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Post 01 er nedjustert med 40,8 mill. kroner i samband med at midlar til statlege kateketstillingar er førte over til dei kyrkjelege fellesråda. Midlane er førte over til kap. 294 post 71.

  • Post 01 er nedjustert med kr 200 000 i samband med at midlar til ei halv stilling ved Det praktisk-teologiske seminaret er overført til kap. 200 post 01.

  • Post 21 er oppjustert med 2,3 mill. kroner, sjå parallell oppjustering av inntektsløyvinga under kap. 3295 post 01.

Kapitlet omfattar:

  • drift av prestetenesta

  • drift av Det praktisk-teologiske seminar

Resultatrapport for 2000-01

Vi har no om lag 1 200 prestestillingar i Den norske kyrkja. Sidan 1990 har det vore oppretta fleire enn 200 prestestillingar. I 2001 vart det oppretta 35 nye prestestillingar. Aktiviteten i presteskapet kan målast ut frå ulike indikatorar. Talet på gudstenester og kyrkjelege handlingar per prestestilling er ein slik indikator. I dei siste åra har dette talet vore stabilt på om lag 150. Elles viser undersøkingar at den samla arbeidstida til prestane jamt over er noko høgare enn elles i offentleg sektor. Sjukefråværet blant prestane har òg tradisjonelt vore lågare enn gjennomsnittet for offentleg tilsette. Prestane har høg motivasjon for tenesta, men arbeidsmengda er stor mange stader. Dette heng delvis saman med strukturelle og organisatoriske forhold, med bemanningssituasjonen, vanskar med å få god vikardekning under fråvær og liknande. Det er òg ein samanhang mellom stor arbeidsmengde og dei forventningane presten og kyrkjelyden har til kva presten bør gjere. Når det gjeld rekrutteringssituasjonen, melder dei nordlegaste bispedømma om at søkjartilgangen til ledige stillingar no er betre her enn den har vore tidlegare. I stor grad synast dette å vere eit resultat av målmedvitne rekrutteringstiltak.

Med det sjølvstendet prestane har i utforming og tilrettelegging av tenesta, har dei ikkje ei regulert dagleg arbeidstid. I 2001 er det inngått ei avtale der intensjonen er at presten skal ha fri to dagar i veka og ei helg i månaden.

Det er no i gang 18 forsøk med ny organisering og leiing av prestetenesta. Det typiske ved desse forsøka er at prestane ikkje er bundne av prestegjeldet i tenesta si, og at prosten har fått ein sterkare posisjon som leiar.

Etterutdanning for prestane har lenge vore eit viktig innsatsområde. Etterutdanninga skal gi kompetanse og tryggleik på å formidle evangeliet i vår tid. I 2000 var det meir enn 350 prestar som tok del i ei eller anna form for etterutdanning. I tillegg til etterutdanning er det i dei siste åra satsa mykje på arbeidsrettleiing, og det er nå utdanna vel 100 prestar som gir arbeidsrettleiing til sine kollega.

Spørsmålet om å opne prestetenesta for homofile som lever i partnerskap, har lenge vore til diskusjon i kyrkja. Det er ikkje teologisk semje i spørsmålet. Den behandlinga kyrkjelege organ har gitt denne saka, viser vilje og evne til respekt for ulike synsmåtar og praksis.

Tilhøve knytte til organiseringa av prestetenesta og arbeidssituasjonen til prestane kan vere ei årsak til at det framleis er svak rekruttering av kvinner til presteteneste i kyrkjelydane. Det nye fritidsreglementet for prestane, som det er nyleg gjort avtale om, vil kunne medverke til betre planlegging og betre regulering av arbeidstida, noko som vil kunne gjere prestetenesta lettare å kombinere med familieliv. Dette vil òg kunne stimulere rekrutteringa til presteutdanninga for både kvinner og menn.

I 2000 vart det utnemnd fire kvinnelege prostar, av desse ein domprost. Det er no ni kvinner blant dei 96 prostane. Departementet gjennomførte i 2001 ein idédugnad med mål å få fram tiltak som kan auke rekrutteringa av kvinner til leiande stillingar i kyrkja.

18 kandidatar tok avsluttande eksamen ved Det praktisk-teologiske seminar i 2000. Av desse var åtte kvinner. I 1999 var åtte av dei 19 kandidatane kvinner. I tillegg til å drive undervisning og forsking har seminaret ansvaret for verksemda ved Kyrkjeleg utdanningssenter i Nord, som er lokalisert i Tromsø og tilbyr etterutdanning til organistar, kyrkjeverjer mfl. Senteret er ikkje fast organisert, og tilbodet her skal no evaluerast. Det første studentopptaket ved senteret var i 1999, då det vart tatt opp 22 studentar. Hausten 2000 var det 19 studentar som søkte om opptak, medan det hausten 2001 var 18 studentar som søkte om opptak.

Sidan 1997, i samband med den nye kyrkjelova, har det vore arbeidd med å føre over dei statlege kateketstillingane til dei kyrkjelege fellesråda. I samarbeid med Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon og aktuelle tenestemannsorganisasjonar er det frå 1. mars 2001 gjort avtalar om overføring av nær alle statlege kateketar til dei kyrkjelege fellesråda, sjå omtalen under kap. 294 post 71.16.

Resultatmål 2002

Prestetenesta er ein viktig og sentral del av det lokale kyrkjelivet. I samarbeid med andre kyrkjeleg tilsette skal presten halde oppe eit regelmessig gudstenesteliv i våre kyrkjer. Presten skal forrette under dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd, og møter i desse samanhengane den einskilde kyrkjemedlemmen, ofte i nære og personlege samtalar. Møtet med presten er eit møte med kyrkja. Utvikling og styrking av prestetenesta gjennom fleire stillingar, gjennom ein betre organisering og leiing, gjennom etterutdanning og heving av kvaliteten på tenesta, er dermed ei viktig side for styrking av folkekyrkja. I ei folkekyrkje skal alle som ønskjer det, kunne ta del i kyrkjelivet og nytte kyrkja i situasjonar der dei treng ho. Eit viktig mål for prestetenesta er etter dette å halde oppe eit levande og inkluderande gudstenesteliv, at kyrkjelydane og den einskilde kyrkjemedlemmen får dei tenestene dei treng, der dei bur og med bakgrunn i den livssituasjonen dei er i, og at prestane møter den einskilde kyrkjemedlemmen med respekt og forståing.

Spørsmålet om dimensjoneringa av den kyrkjelege bemanninga har lenge vore eit sentralt diskusjonstema i kyrkja. I Budsjett-innst. S. nr. 12 (1996-97) vart departementet oppmoda om å utarbeide ein opptrappingsplan for den kyrkjelege bemanninga. Etter oppdrag frå departementet har Kyrkjerådet for kort tid sidan levert departementet ein dokumentasjon om bemanningssituasjonen i kyrkja og om behovet for fleire prestestillingar. Departementet vil vurdere materialet frå Kyrkjerådet i tida framover. For 2002 har departementet budsjettert med fem nye prestestillingar. I løpet av dei to siste åra vil kyrkja dermed ha fått 40 nye prestestillingar.

For å styrkje kvaliteten i prestetenesta og leggje til rette for ei betre styring og leiing, er det sett i verk fleire forsøk med ny organisering av tenesta. Evalueringa av desse forsøka, som vil ta til i 2002, vil truleg få stor innverknad på den vidare utviklinga på dette feltet. Som følgje av at det ved endringar i kyrkjelova no er opna for forsøk knytte til den lokale kyrkjeorganisasjonen, der sokneråd og kyrkjeleg fellesråd er dei sentrale organa, er det naturleg i 2002 å sjå nærmare på behovet for samordning av desse forsøka med forsøk knytte til prestetenesta.

Å få til ein god balanse mellom arbeidstida og fritida for prestane er eit viktig mål. Kvaliteten på tenesta har samanheng med dette. Likeins vil ein god balanse her verke motiverande for å bli i tenesta og for å rekruttere til tenesta. Med den nye fritidsavtalen for prestane, jf. omtalen under resultatrapport 2000-01, er det gjort eit framsteg på dette feltet. I tida framover vil det vere viktig å få kunnskap om dei erfaringane som no blir gjorde. Både desse erfaringane og dei som blir gjorde om nyorganiseringa av prestetenesta, vil gi viktig kunnskap for å utvikle prestetenesta vidare.

Det er eit høgt prioritert mål å leggje til rette for at fleire kvinner går inn i presteteneste i kyrkjelydane og i leiande stillingar i kyrkja. Ansvaret for dette ligg fleire stader. Departementet vil halde fram med å finansiere særskilde leiarutviklingskurs for kvinner. Det er viktig at biskopane og andre leggjer stor vekt på å motivere kvinner til å søkje leiarstillingar. Mellom anna må det vere eit mål at alle ledige prostestillingar i framtida har kvinnelege søkjarar.

Viktige mål som vil stå i fokus i dei nærmaste åra, er knytte til rekrutteringa til det teologiske studiet og til seniorpolitikk. I dei neste ti åra vil det vere relativt mange prestar som når pensjonsalder. Søkjartalet til teologistudiet og presteutdanninga kompenserer ikkje for dette i dag. I tillegg til rekrutteringstiltak trengst det utvikling av seniorpolitiske tiltak, der målet må vere å leggje enno betre til rette for å ta omsyn til og gjere bruk av den erfaringa som eldre prestar har. Seniorpolitiske tiltak vil òg kunne stimulere prestane til å bli verande lenger i tenesta.

Etterutdanning vil elles vere ei viktig side i arbeidet for å utvikle og styrkje prestetenesta. I kvart bispedømme er det viktig at det blir arbeidd for at kompetanseutvikling blir flest mogleg til del, og at denne er retta mot område som kyrkjelydane og bispedømmet treng. Etterutdanning er òg viktig som kjelde for fornying og inspirasjon i tenesta for den einskilde presten.

Ein sentral oppgåve for Det praktisk-teologiske seminar i 2002, utover å gi undervisning og drive med forsking, er å følgje opp Kyrkjeleg utdanningssenter i Nord og vere med i vurderinga av om senteret skal bli fast organisert.

Reiseutgiftene for prestane er no eit økonomisk ansvar for kommunane. Med bakgrunn i Innst. S. nr. 187 (2000-01), jf. St.meld. nr. 14 (2000-01) Børs og katedral, arbeider departementet no med å førebu ei omlegging her med sikte på at staten tek over utgiftsansvaret frå 2003.

Budsjettforslag for 2002

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 294 post 71

Det er budsjettert med fem nye prestestillingar i 2002. Fordelinga av desse stillingane, som vil vere for kyrkjelydsprestar, vil departementet gjere etter tilråding frå Kyrkjerådet, som vil ha konsultasjonar med andre kyrkjelege instansar om fordelinga.

I samsvar med Innst. S. nr. 187 (2000-01) og St.meld. nr. 14 (2000-01) er driftsløyvinga basert på at Opplysningsvesenets fond har finansieringsansvaret av dei kommunale prestebustadene. Ved denne omlegginga vil fondet ha finansieringsansvaret for alle prestebustadene i landet, noko som vil kunne gi betre samordning i forvaltninga. Netto meirutgifter for fondet i 2002 er rekna til om lag 15 mill. kroner.

Post 01 er elles korrigert som følgje av at dei fleste kateketane no er tilsette under dei kyrkjelege fellesråda. Lønnsmidlane til kateketstillingane er førte under kap. 294 post 71.16 som tilskott til dei fellesråda som har kateket, sjå omtalen under posten. Løyvinga under posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3295 post 04, sjå forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Post 21 gjeld lønn og driftsmidlar til tidsavgrensa stillingar som blir finansierte av andre enn staten, sjå kap. 3295. Løyvinga er auka i 2002 som følgje av at prestar ved sjukeheimar i Oslo blir forvalta som stillingar under Oslo bispedømme, mot utgiftsrefusjon frå Oslo kommune. Løyvinga under posten kan bli overskriden mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3295 post 01, sjå forslag til vedtak II nr. 2.

Kap. 3295 Presteskapet (jf. kap. 295)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Inntekter frå oppdrag

2 195

124

2 428

04

Husleigeinnbetalingar o.a.

20 085

17 933

3 471

05

Mekling

506

15

Refusjon for arbeidsmarknadstiltak

361

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

4 068

18

Refusjon av sjukepengar

12 681

Sum kap. 3295

39 896

18 057

5 899

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Post 01 er oppjustert med 2,3 mill. kroner, sjå parallell oppjustering av utgiftsløyvinga under kap. 295 post 21.

Husleige frå dei prestane som har kommunal prestebustad, er tidlegare ført som inntekt under post 04. Som følgje av at Opplysningsvesenets fond i framtida skal ha det finansielle ansvaret for desse bustadene, sjå omtale under «Budsjettforslag for 2002», skal husleiga heretter betalast til fondet. Post 04 er justert for dette.

Kap. 297 Nidaros domkyrkje m.m. (jf. kap. 3297)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

28 068

26 988

31 643

Sum kap. 297

28 068

26 988

31 643

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Post 01 er oppjustert med 1 mill. kroner, sjå parallell auke av inntektsløyvinga under kap. 3297 post 04.

Kapitlet omfattar:

  • antikvarisk vedlikehald av Nidaros domkyrkje, drift av Erkebispegarden og Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider

  • vedlikehald av krigsgraver og lønn mv. til rådgivande konsulentar departementet har innanfor kyrkjer og kyrkjegardar

Resultatrapport for 2000-01

Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR) har ansvaret for vedlikehaldet og sikringa av Nidarosdomen, og for drifta og vedlikehaldet av Erkebispegarden.

Restaureringa av Nidarosdomen tok til i 1869. 19. august 2001 vart det markert at denne restaureringa, dvs. atterreisinga av kyrkja, no er avslutta. Det antikvariske vedlikehaldet og ulike restaureringsoppgåver vil likevel halde fram. Ein langsiktig plan for vedlikehaldet av domkyrkja låg føre ved årsskiftet 1998/99. Første delen av denne restaureringsplanen, som er eit treårig forprosjekt, blir avslutta i 2001. Det er dermed etablert eit grunnlag for å gå vidare med restaureringsplanen, sjå under «Resultatmål for 2002» nedanfor. Forprosjektet har delvis vore finansiert med midlar frå EU (RAFAEL-prosjektet).

I 2000 var det 408 000 personar som vitja Nidarosdomen. I høve til 1998 og 1999 er dette ein nedgang på vel 4 000. Museet i Erkebispegarden vart vitja av 51 000 personar. Dette er om lag 12 000 færre enn i 1999.

Forvaltninga av domkyrkja og Erkebispegarden skal gå føre seg i samarbeid med brukarane av kyrkja. Driftsansvaret for domkyrkja er delt mellom kyrkjelyden og NDR. Det er no forhandla fram ein avtale mellom NDR og Trondheim kyrkjelege fellesråd om fordelinga av dei løpande driftsoppgåvene.

Den fagkompetansen for restaurering av bygningar i stein som NDR har, er eineståande i Noreg, og skal komme andre byggverk i landet til gode. I 2000 har NDR hatt restaureringsoppdrag for Trøndelag folkemuseum og for Nasjonalgalleriet i Oslo.

Styret for NDR, som departementet i St.prp. nr. 1 (2000-01) varsla ville bli oppretta i 2001, vil truleg vere i funksjon frå årsskiftet 2001/02.

I samsvar med internasjonale konvensjonar har staten ansvaret for vedlikehaldet av utanlandske krigsgraver i Noreg og norske krigsgraver i utlandet. Det er inngått avtaler med lokale kyrkjegardsforvaltningar og privatpersonar som mot betaling tek seg av vedlikehaldet. Departementet fører regelmessig tilsyn med vedlikehaldet av dei om lag 28 000 utanlandske krigsgravene i landet.

Resultatmål for 2002

Hovudoppgåva for NDR er å sjå til at Nidaros domkyrkje og Erkebispegarden blir haldne ved like som levande kulturminne og kyrkjelege byggverk.

Restaureringsplanen for Nidarosdomen vil liggje til grunn for verksemda til NDR i åra framover. Ved forslaget til løyving for verksemda for 2002 blir det no etablert eit finansielt grunnlag for å gå i gang med dei ulike delane av planen. Restaurering av koret i domkyrkja skal ha prioritet, med sikte på ferdigstilling til kroningsjubileet i 2006.

NDR skal vere eit nasjonalt kompetansesenter for restaurering av bygningar i stein. NDR har dessutan eit ansvar for å formidle kunnskap om byggverka til ulike fagmiljø og til publikum. Dei løpande drifts- og vedlikehaldsoppgåvene vil vere viktige innsatsområde for NDR i 2002. Forsking og formidling skal òg stå sentralt. Det viktigaste innsatsområdet i åra framover vil likevel vere å få gjennomført dei ulike delane i restaureringsplanen.

Etter dei planane for nybygget ved Vestfrontplassen som ligg føre, skal nybygget vere eit moderne og godt utstyrt servicesenter for publikum. Nybygget hadde i 2000 ei kostnadsramme på 37 mill. kroner. Det er ikkje sett av midlar til byggeprosjektet i 2002.

Av viktige vedlikehaldsoppgåver neste år når det gjeld krigsgravene, er det grunn til særleg å nemne utbetring av den sovjetiske krigskyrkjegarden på Tjøtta, der det er gravlagt 8 000 sovjetiske falne. Arbeidet med merking av dei utanlandske krigsgravene vil elles halde fram.

Budsjettforslag for 2002

Utgifter til Nidaros domkyrkje og Erkebispegarden, dvs. den verksemda som NDR har ansvaret for, blir førte under post 01. Her blir det òg ført utgifter til krigsgravtenesta og til to fagkonsulentar som departementet nyttar til rådgiving innanfor fagområdet kyrkjer og kyrkjegardar.

I budsjettforslaget er det innarbeidd midlar til å sette i gang med tiltak på grunnlag av restaureringsplanen for Nidarosdomen, sjå ovanfor under omtalen av «Resultatmål for 2002». I 2001 vart driftsløyvinga auka med 3 mill. kroner til forprosjektet knytt til restaureringsplanen. Desse midlane er førte vidare i 2002-budsjettet. Løyvinga er elles auka med vel 4,5 mill. kroner frå 2001 til 2002. Av dette vil 1 mill. kroner bli dekte ved auke i inntektene, jf. kap. 3297.

Løyvinga under post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3297 postane 02 og 04, sjå forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3297 Nidaros domkyrkje m.m. (jf. kap. 297)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

02

Salsinntekter o.a.

9 865

6 086

6 269

04

Leigeinntekter o.a.

2 274

1 627

2 676

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

33

18

Refusjon av sjukepengar

245

Sum kap. 3297

12 417

7 713

8 945

I høve til 2001 er det gjort følgjande tekniske endringar:

  • Post 04 er oppjustert med 1 mill. kroner, sjå parallell auke av utgiftsløyvinga under kap. 297 post 01.

Inntektene gjeld verksemda ved Nidaros domkyrkje og Erkebispegarden. Forslaget under post 04 gjeld mellom anna husleigeavtalar med leigetakarar i Erkebispegarden.

Kap. 299 Opplysningsvesenets fond

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

01

Driftsutgifter

10 523

16 500

79

Til disposisjon for felleskyrkjelege tiltak , kan ­overførast

24 791

25 000

Sum kap. 299

35 314

41 500

Frå 2002 foreslår departementet at forvaltningsorganet for Opplysningsvesenets fond blir nettobudsjettert og dermed blir eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Det er derfor ikkje foreslått løyving under post 01 for 2002. Departementet foreslår òg at løyvinga under post 79 ikkje lenger blir ført i statsbudsjettet. Sjå nærmare omtale under «Budsjettforslag for 2002».

Kapitlet har frå tidlegare omfatta

  • driftsutgifter til forvaltningsorganet for Opplysningsvesenets fond

  • tilskott frå Opplysningsvesenets fond til felleskyrkjelege tiltak

Opplysningsvesenets fond

Opplysningsvesenets fond vart danna ved lov 20. august 1821, sjå Grunnlova § 106, der det går fram at «det Geistligheden benefiserte Gods» skulle vere skilt frå andre eigedommar som staten eig eller forvaltar. Ny lov om Opplysningsvesenets fond, sjå lov 7. juni 1996 om Opplysningsvesenets fond, tok til å gjelde 1. januar 1997.

Opplysningsvesenets fond er eigar av skog- og jordbrukseigedommar, tomter, bygningar og pengekapital. Ved årsskiftet 2000/01 var fondet eigar av 600 eigedommar fordelte på 380 kommunar, med eit samla areal på meir enn 1 million dekar. 30 000 dekar er dyrka mark, og om lag 950 000 dekar er skog og utmark. Til fondet hører òg 13 000 festetomter. Ei primæroppgåve for fondet er å halde tenestebustader for prestane. Fondet eig i dag 460 prestebustader.

I samband med rekneskapen for fondet i 1999 rekna departementet ut at ein sannsynleg marknadsverdi av eigedommane var om lag 2,4 mrd. kroner. Per 31. desember 2000 var den bokførte verdien av pengekapitalen 1,5 mrd. kroner. Marknadsverdien var 1,6 mrd. kroner. Pengekapitalen er i hovudsak plassert i norske og utanlandske verdipapir (aksjar og obligasjonar) og utlånt til kyrkjelege formål.

Av lova om Opplysningsvesenets fond går det fram at formålet med lova mellom anna er å sikre at fondet kjem Den norske kyrkja til gode. Det går elles fram at eigedommar og kapital som hører til fondet, ikkje kan bli gitt bort eller bli brukt opp. Ved avhending av eigedelar skal vederlaget leggjast til kapitalen. § 5 i lova vart nyleg endra slik at vinstar ved sal av verdipapir heretter skal reknast som avkastning, sjå Innst. O. nr. 97 (2000-01) og Ot.prp. nr. 90 (2000-01) og omtalen nedanfor.

Opplysningsvesenets fond er sjølvfinansierande. Etter § 6 i lova skal avkastninga frå fondet først dekkje dei utgiftene fondet har eit direkte ansvar for, dvs. forvaltninga og drifta av prestegardane, bygningane og andre eigedommar som fondet eig, og til administrasjonen av fondet. Utover dette kan avkastninga bli lagd til kapitalen eller gitt til kyrkjelege formål etter avgjerd av Kongen. Det er i lova fastsett at Kongen har forvaltningsansvaret for fondet. Det ansvaret som lova legg til Kongen, vart ved kongeleg resolusjon 7. juni 1996 delegert til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

Frå 1. januar 2001 er det oppretta eit forvaltningsorgan for Opplysningsvesenets fond med eit eige styre som har ansvaret for eigedoms- og kapitalforvaltninga , sjå Innst. S. nr. 220 (1999-2000) og St.prp. nr. 61 (1999-2000), og elles omtalen nedanfor.

Mål og retningslinjer for forvaltninga av Opplysningsvesenets fond

Dei sentrale retningslinjene som gjeld for forvaltninga av Opplysningsvesenets fond, er omtalte i tidlegare stortingsdokument, sjå særleg Innst. S. nr. 222 (1984-85) og St.meld. nr. 64 (1984-85) og Innst. O. nr. 45 (1995-96) og Ot.prp. nr. 68 (1994-95). Sjå dessutan Innst. S. nr. 187 (2000-01) og St.meld. nr. 14 (2000-01) Børs og katedral – om økonomien i Den norske kyrkja.

Generelt skal forretningsmessige omsyn vere retningsgivande for forvaltninga av fondet. Desse omsyna kan likevel ikkje vere avgjerande i alle spørsmål. Mellom anna må ein ta omsyn til at prestebustadene skal tene kyrkjelege formål, og at særleg prestegardane representerer viktige kyrkje- og kulturhistoriske verdiar som ein må ta vare på. Ved forvaltninga av finanskapitalen er det eit mål å få høg avkastning med ein rimeleg grad av risiko. Det er etiske retningslinjer for finansplasseringane.

Retningslinjer for bruken av avkastninga vart òg omtalt i St.meld. nr. 14 (2000-01). Stortinget slutta seg i hovudsak til desse, sjå Innst. S. nr. 187 (2000-01). Ved at det no er opna for å bruke vinstar ved sal av verdipapir, jf. ovanfor om endring i § 5 i lova, er det meininga at fondet skal bere eit større ansvar for kyrkjelege oppgåver enn det fondet tidlegare har hatt. Frå 2002 vil fondet få finansieringsansvaret for dei kommunale prestebustadene, for drifta av medlemsregisteret for Den norske kyrkja, for utgiftene til kontorlokale for Kyrkjerådet og bispedømmeråda, forutan oppgåven å delfinansiere sikring av eldre kyrkjer og, sjå omtalen under «Budsjettforslag for 2002» nedanfor.

Resultatrapport for 2000

Frå 1. januar 2000 er det gjort avtale med NORSKOG om forvaltning av skog og utmark, medan Statskog vil ha oppgåver knytte til forvaltninga av eigedommane elles, med unntak av landbrukseigedommane. Avtalene med Statskog og NORSKOG gjeld for fem år. For forvaltninga av pengekapitalen er det gjort avtalar med fleire kapitalforvaltarar.

Rekneskapen for Opplysningsvesenets fond viser at det i 2000 vart nytta 50 mill. kroner til dei 460 prestebustadene, mot 49 mill. kroner i 1999. Inntektene frå bustadene, som er husleige frå prestane, var vel 11 mill. kroner. Departementet har rekna ut at dersom leigeinntektene for prestebustadene var baserte på marknadspris, ville husleigeinntektene ha vore om lag 14,5 mill. kroner høgare. Differansen mellom marknadsleige og den husleiga prestane betaler, som har bakgrunn i buplikta til prestane, blir i rekneskapen for fondet ført som ei indirekte overføring (eit tilskott) frå fondet til drifta av Den norske kyrkja.

Inntektene frå landbrukseigedommane (forpaktingskontraktar, jordleige og anna bygningsutleige) var i 2000 på 8 mill. kroner, medan utgiftene til vedlikehaldet var på 8,5 mill. kroner. Når administrasjonsutgiftene på 1,2 mill. kroner for dette forretningsområdet blir rekna med, var driftsresultatet negativt: –1,7 mill. kroner.

Inntektene frå tomtefeste mv. var i 2000 på 34,5 mill. kroner, mot 34 mill. kroner i 1999. Driftsresultatet gjekk ned frå 25 mill. kroner i 1999 til 19 mill. kroner i 2000. Dette hadde samanheng med at administrasjonsutgiftene på 6,4 mill. kroner er rekna med i driftsresultatet for 2000. Resultatet for skogsdrifta i 2000 var 1 mill. kroner, mot 3,1 mill. kroner i 1999. Nedgangen har samanheng med at administrasjonsutgifter på 0,6 mill. kroner er rekna med, og at ein større del av tømmerhogsten var tynningsvirke. Tynningsvirke har høgare driftskostnad og lågare salspris.

Finansplasseringane gav renteinntekter, vinstar frå obligasjonar og obligasjonsfond og aksjeutbytte med i alt 72,1 mill. kroner i 2000, mot 46,6 mill. kroner i 1999. Netto finansinntekter var 65,5 mill. kroner, mot 42,4 mill. kroner i 1999. Fondet hadde i 2000 vinstar på 177 mill. kroner ved sal av verdipapir, mot 134 mill. kroner i 1999. Inntektene frå eigedomssalet (37,9 mill. kroner i 2000) og vinstane ved sal av verdipapir vart avsette til kapitalfondet i samsvar med § 5 i lova om fondet. Det er vinstane ved sal av verdipapir som heretter skal reknast som avkastning, etter at § 5 i lova om fondet no er endra. Per 31. desember 2000 var om lag 1,4 mrd. kroner av finanskapitalen plasserte i aksjar og obligasjonar, mot om lag 1,1 mrd. kroner året før. Den bokførte verdien av finanskapitalen var 1,3 mrd. kroner per 31. desember 1999, medan marknadsverdien var 1,5 mrd. kroner. Per 31. desember 2000 hadde den bokførte verdien stige til 1,5 mrd. kroner, medan marknadsverdien hadde auka til 1,6 mrd. kroner.

Overskottet for Opplysningsvesenets fond var i 2000 på 59,1 mill. kroner, mot 42,6 mill. kroner i 1999. Av overskottet vart 19,9 mill. kroner disponerte som indirekte eller kalkulatorisk overføring til Den norske kyrkja, dvs. den estimerte verdien av det indirekte bidraget fondet gir til drifta av Den norske kyrkja ved å halde prestebustader, gi rimelege lån mv. 24,8 mill. kroner av overskottet vart disponert som tilskott til felleskyrkjelege tiltak, sjå kap. 299 post 79, medan den resterande delen av overskottet, 14,4 mill. kroner, vart avsette til utjamningsfondet for drift. Per 31. desember 2000 var dette utjamnings- eller bufferfondet på 58 mill. kroner. Formålet med bufferfondet er å sikre at dei årlege utgiftene er stabile og skjerma mot svingingar i finansmarknaden. Av overskottet i 2000 vart det ikkje avsett midlar til kapitalfondet. Eit særskilt omstillingsfond var på 11,5 mill. kroner per 31. desember 2000.

Meir detaljert informasjon om årsrekneskapen for Opplysningsvesenets fond for 2000 er med i årsrapporten for fondet, som er send Riksrevisjonen.

Spørsmålet om å skilje ut oppgåver i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet som gjeld Opplysningsvesenets fond, og å leggje desse oppgåvene til eit forvaltningsorgan med eige styre, vart omtalt i St.prp. nr. 61 (1999-2000), sjå Innst. S. nr. 220 (1999-2000). Det nye forvaltningsorganet er oppretta frå 1. januar 2001. Av styret på fem medlemmer er ein medlem oppnemnt etter forslag frå Kyrkjerådet og ein medlem etter forslag frå Den norske kirkes presteforening. Vedtektene og samansetjinga av styret er regulerte i ein kongeleg resolusjon. Styret har ansvaret for å forvalte eigedelane til fondet i samsvar med dei overordna prinsippa og retningslinjene som gjeld for forvaltninga, sjå Innst. S. nr. 187 (2000-01) og St.meld. nr. 14 (2000-01) og ovanfor under «Mål og retningslinjer for forvaltninga av Opplysningsvesenets fond». Departementet treffer avgjerd om disponeringa av overskottet frå fondet.

Budsjettforslag for 2002

Post 01 Driftsutgifter

Driftsløyvinga til det nye forvaltningsorganet, som i 2001 er ført under post 01, er ein del av dei administrasjonsutgiftene som går med til forvaltninga av Opplysningsvesenets fond. Det er Opplysningsvesenets fond som heilt ut dekkjer desse utgiftene ved refusjon til staten, sjå kap. 3299 post 54. Andre administrasjonsutgifter, til dømes administrasjonsvederlag til NORSKOG og Statskog for deira tenester, honorar og provisjonar til finansmeklarane m.m., har ikkje vore budsjetterte under post 01. Desse og andre utgifter som vedkjem fondet, mellom anna utgiftene til prestebustadene, er med i budsjettet og rekneskapen for Opplysningsvesenets fond, sjå her St.prp. nr. 1 (1997-98) om endringa i tilknytinga mellom Opplysningsvesenets fond og statsbudsjettet/statsrekneskapen. Budsjetteringa og styringa av dei utgiftene som går med til drifta av forvaltningsorganet for fondet, må kvart år bli vurdert og sedd i samanheng med andre administrasjons- og forvaltningskostnader som gjeld fondet. Departementet foreslår etter dette at forvaltningsorganet blir nettobudsjettert, slik at departementet og styret kan vurdere bemanninga og utgiftene elles for forvaltningsorganet i samanheng med dei samla utgiftene og inntektene fondet har, sjå forslag til vedtak IV nr. 5. Forvaltningsorganet vil dermed få status som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Departementet viser òg til § 1 i lova om fondet, som legg forvaltningsansvaret for fondet til Kongen.

I årsmeldinga frå fondet, og i St.prp. nr. 1, vil departementet kvart år gjere greie for kor store utgifter som er gått med til drifta av forvaltningsorganet og til andre av dei utgiftsområda som fondet har ansvaret for, og om dei inntektene fondet har hatt. Det vanlege ved nettobudsjettering av ei statleg verksemd er at nettoløyvinga til verksemda blir ført under ein 50-post i statsbudsjettet. Fordi verksemda i dette tilfellet fullt ut skal finansierast av Opplysningsvesenets fond, vil det ikkje bli ført utgifter over statsbudsjettet, og bruk av ein 50-post fell bort. Av grunnar som nemnde er post 01 ført opp utan løyving, og vil gå ut frå 2002.

Det har dei siste åra vore ein auke i driftsutgiftene til den sentrale forvaltninga av fondet. I dag er bemanninga vel 30 årsverk i forvaltningsorganet. Departementet meiner det må vere eit mål at administrasjonskostnadene og bemanninga blir redusert om nokre år.

Post 79 Tilskott til felleskyrkjelege tiltak

Ein del av avkastninga frå fondet blir nytta som pengetilskott til felleskyrkjelege tiltak, etter retningslinjer fastsette av Kyrkjemøtet. Av den delen av avkastninga som Kyrkjerådet disponerer, vart om lag 40 pst. av tilskottet i 2000 tildelt bispedømmeråda til regionale eller lokale tiltak og prosjekt. I underkant av 35 pst. vart tildelt landsomfattande tiltak og prosjekt i regi av eksterne tilskottsmottakarar, mellom anna kristelege organisasjonar, og av dette 10 pst. til samarbeidstiltak med systerkyrkjer. Resten vart nytta til felleskyrkjelege tiltak i regi av Kyrkjerådet.

Formåla for tiltaka har i hovudsak vore innanfor satsingsområda barn og unge og prosjektorientert diakonal satsing. Ein stor del av det Kyrkjerådet har hatt til rådvelde, er nytta til samisk kyrkjeliv, til utgreiinga om stat og kyrkje og til rekrutteringsprosjekt i Nord-Noreg. Ein del av løyvinga under post 79 har i samråd med Kyrkjerådet vore disponert av departementet. Vel 3,5 mill. kroner av denne delen vart i 2000 gitte som tilskott til Stiftelsen Kyrkjeforsking, som frå 2002 vil få statstilskott, sjå under kap. 294 post 71. I 2001 er det elles avsett 9 mill. kroner til tiltak for å styrkje deltakinga ved valet til nye sokneråd hausten 2001. Størstedelen av midlane blir nytta til lokale tiltak, ikkje minst i dei kyrkjelydane der valet til nye sokneråd var samordna med stortingsvalet. Det vil bli gjort ei evaluering av valdeltakinga.

I St.meld. nr. 14 (2000-01) varsla departementet ei budsjettendring for denne posten. Det vart i meldinga vist til at tilskottet til felleskyrkjelege tiltak berre er eitt av fleire formål som avkastninga frå fondet blir nytta til, og at det er Kongen som etter § 6 i lova om fondet avgjer kor stor del av avkastninga som skal nyttast til kyrkjelege formål. Departementet meinte etter dette at det ikkje er grunn til at Stortinget kvart år gjer eit særskilt vedtak om storleiken på dette tilskottet frå fondet. På denne bakgrunnen foreslår departementet at posten går ut frå 2002. I St.meld. nr. 14 (2000-01) vart det elles nemnd at bruken burde evaluerast. Statskonsult har fått i oppdrag å gjennomføre ei slik evaluering i løpet av 2001.

Tilskott til økumeniske organisasjonar har til no vore løyvd under kap. 294 post 71. Departementet foreslår at dette tilskottet frå 2002 blir dekt av tilskottet frå fondet til felleskyrkjelege tiltak, sjå omtalen under kap. 294 post 71. Den norske kyrkja skal vere vertskap for generalforsamlinga for Konferansen for europeiske kyrkjer (KEK) i Trondheim i 2003. Utgiftspliktene for Den norske kyrkja i samband med dette arrangementet er rekna til 5,5 mill. kroner. Førebuingane i 2002 kostar kr 800 000. Det er lagt til grunn at òg tilskottet til denne generalforsamlinga blir dekt av tilskottet frå fondet til felleskyrkjelege tiltak.

Departementet legg til grunn at det skal løyvast 25,5 mill. kroner som tilskott frå fondet til felleskyrkjelege tiltak i 2002, mot 25 mill. kroner i 2001. I samband med at Stiftelsen Kyrkjeforsking frå 2002 vil få statstilskott, vil det innanfor denne ramma vere rom for å dekkje dei nye utgiftene til økumeniske organisasjonar og utgiftene i 2003 til generalforsamlinga i KEK. Eit tilskott på 25,5 mill. kroner representerer derfor ei reell vidareføring av tilskottet frå 2001. Av tilskottet har det i tidlegare år vore løyvd midlar til Åpen kirkegruppe for homofile og lesbiske. Departementet legg til grunn at organisasjonen vil få tilskott òg i 2002.

I tillegg til tilskottet på 25,5 mill. kroner til felleskyrkjelege tiltak er det for 2002 budsjettert med at fondet skal dekkje utgiftene til medlemsregisteret i kyrkja, utgiftene til kontorlokale for Kyrkjerådet og bispedømmeråda og dessutan ta over finansieringsansvaret for dei kommunale prestebustadene, sjå kap. 294 og 295. Totalt vil meirutgiftene for fondet i 2002 etter dette vere om lag 28 mill. kroner.

I samband med at det no er opna for at vinstar ved sal av verdipapir skal kunne brukast til å finansiere nye kyrkjelege oppgåver, vil det hausten 2001 komme retningslinjer for tilskott frå fondet til sikring og vern av eldre kyrkjer og kyrkjeinventar. Riksantikvaren og kyrkjelege organ vil delta i arbeidet med desse retningslinjene. Storleiken på tilskottet frå fondet til sikring av eldre kyrkjer og kyrkjeinventar vil bli vurdert frå år til år, i lys av den finansielle situasjonen for Opplysningsvesenets fond.

Kap. 3299 Opplysningsvesenets fond (jf. kap. 299)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

18

Refusjon av sjukepengar

59

54

Overføring frå Opplysningsvesenets fond

35 254

41 500

Sum kap. 3299

35 313

41 500

Som følgje av budsjettomlegginga under kap. 299 er det ikkje ført opp løyvingar under kap. 3299 for 2002, sjå forslag til vedtak IV nr. 5.