St.prp. nr. 1 (2003-2004)

FOR BUDSJETTERMINEN 2004 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbard omfattar alle øyar, holmar og skjer mellom 10 og 35 grader austleg lengd og 74 og 81 grader nordleg breidd. Samla landareal er ca. 62 700 km2. Rundt 54 pst. av øygruppa er dekt av isbrear. Med 39 000 km2 er Spitsbergen den største av øyane. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard.

Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 gav Noreg suverenitet over øygruppa, og etter 1925 har Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg. Staten sine interesser på Svalbard er tekne vare på av Sysselmannen, som er øvste representant for regjeringa på øygruppa.

Norsk lovgiving gjeld ikkje fullt ut for øygruppa. Etter svalbardlova § 2 gjeld norsk strafferett, privatrett og lovgivinga om rettspleia utan vidare for Svalbard om ikkje anna er bestemt. Andre lover gjeld ikkje for Svalbard, med mindre det er gjort uttrykkeleg vedtak om det. Det kan også gis særskilte føresegner for Svalbard, blant anna er det gitt ei eiga bergverksordning og ei eiga turistforskrift. Alle som besøkjer Svalbard eller oppheld seg på øygruppa, pliktar å følgje dei lovene og reglane som gjeld.

All busetnad ligg på Spitsbergen, med unntak av dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Longyearbyen er i dag den største busetnaden. I følgje befolkningsregisteret for Svalbard er det 1 773 busette i Longyearbyen. Det er vidare oppgitt at det er 913 busette i Barentsburg. Busetnaden i Barentsburg er bygd opp rundt koldrifta til Trust Arktikugol på staden. Pyramiden, som var den andre russiske busetnaden på Svalbard, vart fråflytt i april 1998 då Trust Arktikugol avvikla koldrifta si på staden. Vidare er det i følgje befolkningsregisteret 35 heilårs busette i Ny-Ålesund. All verksemd i Ny-Ålesund er knytt til forsking og forskingsservice. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund er det registrert 9 busette. I Svea, der Store Norske Spitsbergen Grubekompani driv koldrift, er det registrert 9 busette. (Befolkningstala er pr. 11.06.2003).

Norsk busetnad på Svalbard har tradisjonelt vore knytt til norsk koldrift. Koldrift er framleis den enkeltnæringa som har flest sysselsette. Det siste tiåret har det likevel skjedd ein monaleg auke i anna offentleg og privat verksemd, særlig innan reiseliv og tilgrensande verksemd. Også innanfor forsking og høgare utdanning har verksemda auka, først og fremst i Longyearbyen og Ny-Ålesund.

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Artikkel 8 i Svalbardtraktaten legg avgrensingar på høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard, og bruken av desse midlane. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja eit eige svalbardbudsjett.

Samtidig tener svalbardbudsjettet til å gi ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Staten yter årleg monalege tilskot for å leggje til rette for nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard, og til tiltak som sjukehus og skular i Longyearbyen. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet under kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2004 er omtalt nærare under punkt 4 nedanfor, jf. også vedlegg 1.

Svalbardbudsjettet blir fremja som ein eigen budsjettproposisjon frå Justisdepartementet, samtidig med statsbudsjettet. Dei verksemdene som er finansierte over svalbardbudsjettet, gjeld i hovudsak den statlege administrasjonen av Svalbard. Dette er dels verksemd på Svalbard underlagt Justisdepartementet, og dels verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Det er nær samanheng mellom svalbardbudsjettet og statsbudsjettet. Kvart år gis eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004) Justisdepartementet kap. 480. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

Under behandlinga av St.meld. nr. 9 (1999-2000) Svalbard slutta Stortinget seg til ønsket frå regjeringa om å føre vidare ordninga med eit eige svalbardbudsjett.

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

Overordna mål

Regjeringa sitt overordna mål for svalbardpolitikken vart vedteke i samband med behandlinga av St.meld. nr. 40 (1985-86) om Svalbard og gjenteke i St.meld. nr. 9 (1999-2000). Måla er òg lagt til grunn ved den årlege behandlinga av svalbardbudsjettet. Måla er:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten,

  • korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd,

  • bevaring av ro og stabilitet i området,

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området,

  • oppretthalding av norske samfunn på øygruppa.

Måla ligg innanfor dei generelle måla i norsk politikk om å sikre nasjonal tryggleik og integritet, overhalde internasjonale rettsreglar og plikter og arbeide for internasjonal avspenning og fred. Dei har sikker forankring i nasjonale interesser og haldningar. Dei generelle måla for svalbardpolitikken er òg i samsvar med dei traktatbundne pliktene Noreg tok på seg då suvereniteten over øygruppa vart internasjonalt akseptert, og tener til å møte dei internasjonale forventningane som blir stilte. I ei tid då Arktis tiltrekkjer seg aukande interesse, medverkar svalbardpolitikken til at utviklinga i nordområda kan skje på ein fredeleg måte, og til at konfliktar blir unngått.

Det er viktig å sjå måla i samanheng. Ei konsekvent handheving av norsk suverenitet innafor ramma av føresegnene i traktaten har vore ein føresetnad for at dei andre traktatpartane har tillit til at øygruppa ikkje blir utnytta i strid med desse føresegnene.

Hovudmål og delmål

Justisdepartementet har følgjande hovudmål og delmål for arbeidet sitt med polarsaker:

Tabell 2.1 Hovudmål og delmål for Svalbardpolitikken

Hovudmål

Delmål

Heilskapleg forvaltning av norske interesser i polarområda

  1. Samordne departementa sin politikk i polarområda

  2. Leggje til rette for eit godt lokaldemokrati i Longyearbyen

2.1 Heilskapleg forvaltning av norske interesser i polarområda

For å lette samordningsarbeidet og for å kunne tene det behovet regjeringa har for heilskapleg styring av polarsaker er det under leiing av Justisdepartementet, som også har sekretariatsfunksjonen, oppretta eit eige polarutval. Polarutvalet skal drøfte alle saker som vedkjem forvaltninga av polarområda og kan òg gi rådgjevande uttaler til aktuelle departement, eller leggje fram saker for regjeringa. Utvalet møter ca. ti gonger i året, av dette ca. to gonger med deltaking på statssekretærnivå. Polarutvalet består av representantar frå dei mest sentrale departementa (JD, UD, MD, UFD, NHD, FIN, SD, FID) og Norsk Polarinstitutt, Sysselmannen på Svalbard og Statsministeren sitt kontor.

Allereie i 1965 var det, av dei omsyna som er nemnde ovanfor, oppretta ei eige Svalbardutval. I 1971 vart ansvarsområdet for utvalet endra til også å gjelde dei andre polarområda (Jan Mayen og Antarktis), og namnet vart endra til Det interdepartementale polarutvalet. Hausten 2002 var det fastsett ny instruks for utvalet (sjå rundskriv G-6/2003).

Den nye instruksen må sjåast på bakgrunn av at det i løpet av det siste tiåret har skjedd ei desentralisering av ansvar og mynde innanfor dei ulike statlege sektorane. Det har òg vore ein monaleg vekst i privat verksemd på Svalbard. Dette har redusert det høvet styresmaktene har til å drive ei heilskapleg styring av utviklinga på område av nasjonal interesse, samtidig som ein no står overfor store utfordringar når det gjeld å leggje føringar for den framtidige utviklinga på Svalbard.

Gjennom den nye instruksen har ein søkt å styrke den rådgjevande og koordinerande rolla Polarutvalet har i forhold til dei utfordringane ein no står overfor. Medlemskrinsen til utvalet er utvida og det er bestemt at det skal vere jamleg deltaking frå politisk nivå. Det ansvaret utvalet har for å samordne budsjettsaker, er også søkt styrkt ved at det no følgjer at dei enkelte departementa skal underrette Polaravdelinga i Justisdepartementet om budsjettarbeidet sitt på bestemte tidspunkt fastsette av Polarutvalet, knytt opp mot budsjettprosessen. Dette vedkjem likevel ikkje Finansdepartementets arbeid, rolle og ansvar for budsjettsaker.

Det er òg klargjort i instruksen at Polarutvalet skal drøfte forhold som gjeld forvaltninga av dei statlege eigarinteressene på Svalbard, med sikte på vurdering opp mot andre viktige omsyn i norsk svalbardpolitikk, før det blir treft avgjerd i vedkommande fagdepartement. Slike saker skal leggjast fram for Polarutvalet dersom dei kan ha innverknad for dei områda der utvalet har koordineringsansvar. Det er likevel ikkje meininga at Polarutvalet skal behandle reine forretningsspørsmål som ikkje tangerer andre viktige omsyn i norsk svalbardpolitikk.

Elles stadfester den nye instruksen det koordinerande ansvaret Polarutvalet har i saker som vedkjem utanriks-, miljø-, ressurs-, forskings- og tryggleikspolitikken. Saker på desse områda skal leggjast fram for utvalet, som kan gi ei skriftlig uttale til vedkommande fagdepartement. Polarutvalet kan òg ta initiativ overfor andre departement til behandling og utgreiing av spørsmål. Spesielt kan nemnast at alle lov- eller forskriftssaker som gjeld polarområda, òg skal leggjast fram for Polarutvalet.

At polarsaker blir lagt fram for Polarutvalet endrar ikkje vedkommande fagdepartement si mynde til å treffe avgjerdar og det konstitusjonelle ansvaret vedkommande fagstatsråd har for avgjerda. Formålet med slik framlegging er å sikre at utvalet får nødvendig informasjon og kan drøfte sakene før avgjerda blir teke i vedkommande fagdepartement. Men dersom eit fagdepartement vil avgjere saka i strid med uttale frå Justisdepartementet eller Polarutvalet, skal saka leggjast fram for Regjeringa.

Både Svalbard og Jan Mayen inngår i det arktiske området, og Justisdepartementet deltek derfor i prosessane som går føre seg i regi av Arktisk Råd. Det internasjonale samarbeidet vedrørande Antarktis skjer innanfor ramma av Antarktistraktaten og inneber årlege møte mellom traktatpartane. Lovgivingssituasjonen for dei norske bilanda i Antarktis er spesiell og krev særskilt vurdering i samband med lovgivingsarbeid.

2.1.1 Samordne departementa sin politikk i polarområda

Justisdepartementet la hausten 1999 fram St.meld. nr. 9 (1999-2000) Svalbard. Meldinga vart behandla av Stortinget 6. juni 2000. Meldingsarbeidet involverte dei fleste fagdepartementa, og Justisdepartementet koordinerte arbeidet. Meldinga inneheld ei heilskapleg vurdering av norsk svalbardpolitikk, og det er gjort greie for dei måla, prioriteringane og verkemidla som gjeld spesielt for Svalbard. Stortinget slutta seg i all hovudsak til utgreiinga frå regjeringa. Dette viser at det er stor semje om norsk svalbardpolitikk.

Regjeringa legg stor vekt på å følgje opp dei ulike forslaga som er fremja i meldinga. Fleire departement har ansvaret for oppfølginga, mens Polarutvalet har ei sentral rolle i å sikre ei heilskapleg oppfølging av stortingsmeldinga om Svalbard.

Det interdepartementale polarutvalet representerer ein verdifull kontinuitet og kompetanse i arbeidet med svalbardsaker. Utvalet sine kunnskapar og råd er viktige i Justisdepartementet sitt samordningsarbeid.

Justisdepartementet har leia ei arbeidsgruppe som har vurdert nytt regelverk for innhenting av statistikk om Svalbard. Statistikklova gjeld ikkje på Svalbard, og mange av dei særlovene som dekkjer det behovet kommunane har for lokal statistikk til planlegging og styring av verksemda si, er heller ikkje gjort gjeldande for Svalbard. Det er venta at arbeidsgruppa legg fram rapporten sin hausten 2003. Ei problemstilling som statistikkgruppa har teke opp er mangelen på sentrale register på Svalbard. Det har mellom anna blitt påpeikt at lov om Enhetsregistre bør innførast på Svalbard og at befolkningsregisteret bør betrast. Ei ny arbeidsgruppe, leia av Justisdepartementet, vil hausten 2003 starte opp arbeidet med å vurdere eksisterande og nye register på Svalbard.

Ei arbeidsgruppe under leiing av Justisdepartementet har vurdert spørsmålet om sjøtryggleik på Svalbard. Arbeidsgruppa har elles bestått av representantar for Miljøverndepartementet, Sysselmannen på Svalbard, Sjøfartsdirektoratet og Det norske meteorologiske institutt. Rapporten frå arbeidsgruppa vart lagt fram våren 2003. Arbeidsgruppa har hatt som mandat å vurdere alle sider ved tryggleiken på sjøen, og har utarbeidd eit oversyn over status i arbeidet som er utført eller som går føre seg på ulike hald på området. På bakgrunn av rapporten vil det i 2003 bli teke initiativ til at det på tvers av departementa blir nedsett kontaktgrupper som skal samordne det vidare arbeidet med sjøtryggleiken på Svalbard.

2.1.2 Leggje til rette for eit godt lokaldemokrati i Longyearbyen

1. januar 2002 vart det innført lokaldemokrati i Longyearbyen i tråd med behandlinga i Stortinget av St.meld. nr. 9 (1999-2000). Longyearbyen lokalstyre har avløyst Svalbardrådet, men har i tillegg fått eit vesentleg vidare ansvarsområde enn det Svalbardrådet hadde. Lokalstyret har fått ansvar for å utøve mynde på utvalde saksområde, for offentleg tenesteyting og for utviklingsoppgåver. I tillegg har Longyearbyen lokalstyre fått ansvar for all infrastruktur i samfunnet som ikkje er tillagt andre. Sentrale samfunnstenester i Longyearbyen har til no vore utførte av det statleg heileigde aksjeselskapet Svalbard Samfunnsdrift AS. Alle aksjar i Svalbard Samfunnsdrift AS vart med verknad frå 1. januar 2002 overførte frå staten til Longyearbyen lokalstyre. Longyearbyen lokalstyre har vedteke ny organisasjonsmodell som trådde i kraft frå 1. oktober 2002. Organisasjonsmodellen byggjer på bestillar-/utførarprinsippet, der strategiske oppgåver, bestillarfunksjonen og utøving av mynde er lagt til lokalstyret i Longyearbyen sin eigen organisasjon. Sjølve tenesteproduksjonen blir kjøpt av andre og då i hovudsak av Svalbard Samfunnsdrift AS.

I medhald av endringar i svalbardlova er det no oppretta forliksråd på Svalbard. Det er dessutan oppretta konfliktråd i medhald av lov om mekling i konfliktråd. Konfliktrådslova er likevel vedteken endra med verknad frå 1. januar 2004. Frå det tidspunktet blir det ikkje eige konfliktråd på Svalbard. Det vil framleis vere høve til å ha eigen konfliktrådsmeklar på Svalbard.

I samband med innføringa av lokaldemokrati i Longyearbyen har Justisdepartementet fastsett tre nye forskrifter som trådde i kraft 1. januar 2002. Forskriftene gjeld saksbehandlingsreglar for Longyearbyen lokalstyre og rettar og plikter for dei folkevalde (saksbehandlingsforskrifta), forskrift om lokalstyreval i Longyearbyen og forskrift om revisjon m.m. for Longyearbyen lokalstyre.

Dei andre lov- og forskriftsendringane og delegasjonsvedtaka som var nødvendige for verksemda til lokalstyret, er òg på plass.

Justisdepartementet vil fremje ein kongeleg resolusjon om fordeling av departementet si mynde etter dei føresegnene i kommunelova som i medhald av svalbardlova er gitt tilsvarande verknad for Longyearbyen lokalstyre. Sysselmannen på Svalbard vil få delegert mynde til å kontrollere at vedtak trefte av lokalstyret er lovlege.

Myndet Kongen har til å fastsetje forskrifter om bygningsvesenet på Svalbard, er delegert til Justisdepartementet. Justisdepartementet har delegert myndet for Longyearbyen arealplanområde vidare til Longyearbyen lokalstyre. Byggjesaksforskrifta for Longyearbyen er vedteken.

3 Forslag til svalbardbudsjett for 2004

Budsjettramma på svalbardbudsjettet for 2004 er 169,4 mill. kroner. Dette er ein auke på 18,5 mill. kroner eller 12,3 pst. i forhold til vedteke budsjett for 2003. Underskotet på svalbardbudsjettet for 2004 er stipulert til 119,2 mill. kroner. Underskotet blir dekt inn gjennom eit tilskot over Justisdepartementet sitt budsjett kap. 0480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Tilskotet frå statsbudsjettet utgjer den største inntektsposten på svalbardbudsjettet, og tilskotet som er foreslått for 2004 utgjer 70,4 pst. av dei inntektene som er venta. Inntil 1970 balanserte inntektene i svalbardbudsjettet med utgiftene. Sidan den gongen har det vore naudsynt med eit årleg tilskot over Justisdepartementet sitt budsjett. Dette har variert frå år til år, og har vore auka ved ekstraordinære tilskotsbehov.

Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtalen under kap. 3030 i del II. Skatteinntektene for 2004 er rekna til 45,2 mill. kroner. Dette er ein auke på 11,7 mill. kroner eller 34,9 pst. i forhold til vedteken løyving for 2003. Inntektene frå skattar og avgifter utgjer 26,7 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet.

Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Ein stor utgiftspost er Sysselmannen si transportteneste (kap. 6), som blant anna inkluderer utgifter til redningshelikopter. Sysselmannen på Svalbard har inngått ny avtale om rednings- og tenestehelikopter frå 1. april 2004, noko som blant anna har auka kostnadene på dette kapitlet. Andre store utgiftspostar er løyving til Sysselmannen si ordinære drift (kap. 5) og Staten sine bygningar i Longyearbyen (kap. 20). For 2004 er det også foreslått løyvd 3,5 mill. kroner til dekning av Telenors samfunnspålagte oppgåver på Svalbard. I svalbardbudsjettet for 2002 vart det oppretta eit nytt kapittel, kap. 3 Longyearbyen lokalstyre. Over dette kapitlet blir det løyvd midlar til drift av lokalstyret (midlar som før vart løyvde over kap. 2), og tilskot til drift og utbygging av offentlege tenester og infrastruktur som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for. Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelt på postnivå er gitt i punkt 5 nedanfor. I del II er det gitt ei nærare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

4 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1)

For 2004 er det til svalbardformål foreslått løyvd totalt netto ca. 328 mill. kroner over statsbudsjettet. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justisdepartementet sitt kap. 480, med tillegg av utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1, og med fråtrekk av inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til de andre departementa, jf. vedlegg 1. Tilsvarande tal var i 2003 ca. 307 mill. kroner.

4.1 Miljøverndepartementet

Sysselmannen utøvar miljøvernmyndet for Svalbard. Etaten har ei eiga miljøvernavdeling og er lokal fagetat for Miljøverndepartementet. Miljøverndepartementet har òg delegert mynde på sentrale område til Direktoratet for naturforvaltning, Statens forureiningstilsyn og Riksantikvaren. Den faglege kompetansen og forvaltningserfaringa i desse direktorata representerer, saman med Norsk Polarinstitutt som er fagleg rådgivar for forvaltninga i polare spørsmål, ei vesentleg støtte til Sysselmannen sitt miljøvernarbeid.

Over budsjettet til Miljøverndepartementet har det dei siste åra vore løyvd i gjennomsnitt omlag 80 mill. kroner til svalbardformål. Det meste av dette går til miljøvernarbeid på Svalbard. Sjå oversikt over løyvingane i vedlegg 1. Det blir òg løyvd midlar til miljøvernarbeid over svalbardbudsjettet kap. 5 Sysselmannen og kap. 9 Kulturminnetiltak. Sjå omtale i del II. Det er teke sikte på å halde oppe nivået på løyvinga over Miljøverndepartementet sitt budsjett i 2004.

Forvaltningsplanen for Bjørnøya naturreservat vart sett i verk i 2003. Vidare vart miljøvernforvaltninga styrkt gjennom å vidareutvikle viktige planverkdokument og databasar til funksjonelt forvaltningsverktøy.

Det er gjort ein gjennomgang av etterkrigsbusetnaden i Longyearbyen for å vurdere verneverdi og behov for formelt vern, og for å dokumentere og vurdere bevaringstiltak for krigsminna. Vidare er det tverrfaglege Isfjordprosjektet ferdigstilt. Opprydding i gruveområdet i Ny-Ålesund er starta, under dette istandsetjing av prioriterte kulturminne. Arbeidet vart planlagt og gjennomført i nært samarbeid med Kings Bay AS. Det er òg laga verne- og vedlikehaldsplan for den freda busetnaden i Svea og for Tunheim på Bjørnøya.

Vidare vart det gjennomført informasjonstiltak knytt til implementeringa av svalbardmiljølova med forskrifter.

Planansvarlege starta arbeidet med ny arealplan for Barentsburg, og det vart utarbeidd arealplan for Colesbukta og Svea.

Arbeidet med å vurdere utsleppa frå kolkraftverket i Longyearbyen og kolgruva i Svea Nord var sett i gang, og eit forbod mot utslepp av miljøgift på Svalbard vart sett i verk. Vidare vart det gjennomført ei opprydding av bil- og skutervrak i Longyearbyen, og plan for arbeidet med forureina grunn vart følgt opp.

I behandlinga av St.meld. nr. 22 (1994-1995) Om miljøvern på Svalbard, uttalte Stortinget at dei etablerte verneområda på Svalbard i liten grad omfattar dei delane av øygruppa som har biologisk produksjon. Regjeringa vart beden om å leggje fram forslag til nye verneområde på Svalbard der viktige landområde med biologisk produksjon blir sikra vern.

Hovudinnhaldet i eit forslag til verneplan vart presentert i St.prp. nr. 1 (2002-2003) Miljøverndepartementet. Utkast til verneplan og konsekvensutgreiinga har vore på høyring. Planen er arbeidd vidare med av Sysselmannen og oversend Direktoratet for naturforvaltning, som vil gi sin tilråding til Miljøverndepartementet. Miljøverndepartementet vil leggje fram saka hausten 2003.

Stortinget vedtok i 2003 at den norske territorialgrensa skal utvidast frå 4 til 12 nautiske mil frå grunnlinja, og at denne utvidinga også skal omfatte Svalbard. Utvidinga vil tre i kraft 1. januar 2004.

Det vil vere i tråd med verneformåla for dei fem store verneområda oppretta ved kgl.res. av 1. juni 1973: Nordaust-Svalbard naturreservat, Søraust-Svalbard naturreservat, Sør-Spitsbergen nasjonalpark, Forlandet nasjonalpark og Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark, å utvide vernegrensa tilsvarande utviding av territorialgrensa.

Miljøverndepartementet har på denne bakgrunn starta eit planarbeid med sikte på å utvide dei fem nemnde verneområda på Svalbard til 12 nautiske mil. Forslag til utviding blir sendt på høyring. Det er i utgangspunktet ikkje teke sikte på å gjere endringar i eksisterande verneforskrift, utover dei nødvendige endringane som må gjerast i føresegnene om avgrensing.

Miljøvernarbeidet vil i 2004 ha særleg fokus på ei effektiv gjennomføring av svalbardmiljølova med tilhøyrande forskrifter, og vidareutvikling av forvaltningsplanar som eit verkemiddel for å styrkje verneområdet. Vidare skal forhold knytte til gamle synder og avfallshandtering følgjast opp, og dei effektane den aukande ferdsla har på utsette og sårbare kulturminne og på naturmiljøet, skal overvakast. Viktige leveområde for vilt skal sikrast mot inngrep, forstyrring eller annan påverknad frå lokal verksemd. Bevaring av kulturminne knytte til industriell verksemd frå 1940-talet representerer ei spesiell utfordring. Dette arbeidet skal følgjast vidare opp i 2004.

I 2004 skal Sysselmannen leie eit prosjekt som ledd i oppfølginga av Nordisk ministerråd sin handlingsplan for vern av natur- og kulturmiljø i Arktis. Prosjektet skal utgreie kriterium for vern av kulturminne og geologiske førekomstar.

Norsk Polarinstitutt har ansvaret for topografisk og geologisk kartlegging på Svalbard, og har ei monaleg forskingsverksemd på øygruppa. Instituttet driv ein forskingsstasjon i Ny-Ålesund, luftmålestasjon på Zeppelinfjellet, og avdelingskontor og feltlager i Longyearbyen. Instituttet gjennomfører kvart år ein stor sommarekspedisjon på Svalbard og ei rekkje mindre ekspedisjonar gjennom året. Norsk Polarinstitutt brukar òg vesentlege ressursar på forvaltningsrådgiving knytt til miljøstatusanalysar, konsekvensutgreiingar og miljøovervaking på øygruppa. Det er for 2004 stipulert at ca. 51 mill. kroner av løyvinga til Norsk Polarinstitutt over Miljøverndepartementet sitt kap. 1471 Norsk Polarinstitutt er relatert til Svalbard, jf. vedlegg 1. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtalen av kap. 17 Refusjon til Norsk Polarinstitutt i del II.

I 2003 vart forprosjektet for Svalbard forskingspark avslutta og grunnarbeida sette i gang. Forskingsparken omfattar lokale for Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS), Norsk Polarinstitutt og Svalbard museum. I tillegg skal bygget òg innehalde eit kulturhistorisk magasin for å ta vare på arkeologiske funn frå Svalbard og eit miljøinformasjonssenter.

4.2 Nærings- og handelsdepartementet

For 2004 er det foreslått å løyve til saman 15 mill. kroner over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett til Kings Bay AS og Svalbard Reiseliv AS.

Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

Store Norske-konsernet består av morselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) og dei heileigde dotterselskapa Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS (SNSG) og Store Norske Boliger AS (SNB). Staten eig 99,94 pst. av aksjane i SNSK. Kolverksemda skjer gjennom SNSG. I 2002 produserte gruveselskapet i alt 2,1 mill. tonn kol netto. Produksjonsvolumet var 0,3 mill. tonn høgare enn i 2001. Oppnådde kolprisar var ca 5 pst. lågare enn i 2001. Ved utgangen av 2002 hadde SNSG 225 tilsette, mot 248 ved inngangen til året.

Konsernet hadde i 2002 driftsinntekter på 695 mill. kroner og eit overskot før statstilskot på 68 mill. kroner. Tilsvarande tal i 2001 var 565 mill. kroner og eit underskot på 128 mill. kroner. Morselskapet SNSK fekk i 2002 eit årsresultat på 22,8 mill. kroner. Av dette er 6,5 mill. kroner foreslått utdelt som utbyte til aksjonærane.

Kolverksemda til Store Norske har i mange år vore halden oppe med statlege tilskotsløyvingar. Bakgrunnen for den økonomiske støtta har i hovudsak vore dei nasjonale omsyna som gjer seg gjeldande på Svalbard. Arbeidsplassane knytte til kolgruvedrifta har medverka vesentleg til stabil, heilårleg norsk aktivitet og busetnad.

Selskapet starta hausten 2001 produksjonsdrift i eit nytt gruveområde kalla Svea Nord. Ved Stortinget si behandling 19. desember 2001 av prosjektet, jf. St.prp. nr. 2 og Innst.S. nr. 67 for 2001-2002, vart det lagt til grunn at gruvedrifta etter dette skal drivast ut frå bedriftsøkonomiske føresetnader og uavhengig av statleg støtte i framtida. Formålet med staten sitt eigarskap i SNSK og SNSG er, gjennom ringverknadene av selskapet sine aktivitetar, å medverke til at samfunnet i Longyearbyen blir halde oppe og utvikla vidare på ein måte som understøttar dei overordna måla i norsk svalbardpolitikk. I tillegg ønskjer staten ei akseptabel årleg avkastning på den eigenkapitalen som er investert i dei to selskapa.

SNSK vil, etter at gruveverksemda er skilt ut i dotterselskapet SNSG, elles konsentrere verksemda si rundt Longyearbyen og satse på utvikling av selskapet sine eigedommar og andre bergrettar selskapet har på Svalbard.

Kings Bay AS

Staten eig alle aksjar i Kings Bay AS. Det er foreslått å løyve 13 mill. kroner til Kings Bay AS, til drift og investeringar. Ny-Ålesund er hovudsenteret for naturvitskapleg forskingsverksemd på Svalbard. Kings Bay AS eig grunn og anlegg i Ny-Ålesund og har ansvar for infrastrukturen på staden. Selskapet hadde 20 tilsette ved utgangen av 2002.

Vedtektene for Kings Bay AS fastslår at selskapet si verksemd særleg skal ha som mål å yte tenester til og fremje forsking og vitskapeleg verksemd, og medverke til å utvikle Ny-Ålesund som ein internasjonal arktisk naturvitskapleg forskingsstasjon. To av medlemmene i styret blir valde etter forslag frå respektive Utdannings- og forskingsdepartementet og Miljøverndepartementet.

Norske, tyske, britiske, italienske, franske, japanske, sørkoreanske og kinesiske forskingsstasjonar har etablert seg permanent i Ny-Ålesund. I tillegg nyttar andre norske og utanlandske forskingsinstitusjonar staden utan å drive permanent forsking.

Den aukande interessa for å etablere og utvide forsking på staden stiller krav til korleis selskapet legg forholda til rette. Forskingsaktivitet og tilrettelegging av infrastrukturen er prioritert i samsvar med intensjonen i strategisk plan for staden, utvikla av selskapet og Norsk Polarinstitutt i fellesskap. Anna næringsverksemd må tilpassast dei rammene som forskingsverksemda krev.

Kings Bay AS samarbeider med Norsk Polarinstitutt om prosjektering av eit marinlaboratorium i Ny-Ålesund. Det planlagde marinlaboratoriet vil vere unikt gjennom si plassering og tilknyting til det internasjonale forskingsmiljøet i Ny-Ålesund. Den internasjonale interessa for bygging av marinlaboratoriet er stor, og ei rekkje land har allereie forplikta seg til å delta i prosjektet. Utdannings- og forskingsdepartementet (UFD) vil foreslå at det vert sett av 10 mill. kroner til marinlaboratoriet under kap. 285, post 52 på statsbudsjettet for 2004, sjå nærare omtale i UFD sin budsjettproposisjon.

I samband med Stortinget si behandling av St.meld. nr. 9 (1999-2000) Svalbard, understreka utanrikskomiteen i si innstilling at ein vidare vekst innan forsking må skje innanfor rammer som er forsvarlege for miljøet. I tråd med dette slutta komiteen seg til at Ny-Ålesund blir utvikla vidare som ein «grøn» forskingsstasjon, og føresette at Kings Bay AS syter for nødvendige tiltak for å redusere miljøverknadene av verksemda i Ny-Ålesund-området til eit minimum.

Svalbard Reiseliv AS

Det vart i St.meld. nr. 9 (1999-2000) Svalbard vist til at det er viktig at delar av oppgåvene til Svalbard Næringsutvikling blir førte vidare. Dette gjeld statistikkproduksjon, arbeidet med å leggje til rette for eit miljøtilpassa reiseliv og ansvaret for vertskapsfunksjonane innan reiselivet som tidlegare vart utførde av avdelinga Info-Svalbard. I stortingsmeldinga vart det vidare vist til at regjeringa tek sikte på å gi reiselivsnæringa sjølv eit større ansvar for utviklinga av næringa på Svalbard. Etter dialog mellom Nærings- og handelsdepartementet og Svalbard Reiselivsråd vart Svalbard Reiseliv AS etablert i 2001, med sikte på å føre vidare hovudoppgåvene til Info-Svalbard.

Svalbard Reiseliv AS er eigd av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av eit breitt spekter av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard.

Målet med tilskotet til Svalbard Reiseliv AS er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål.

Det er ei viktig oppgåve for Svalbard Reiseliv AS å leggje vekt på å utvikle eit miljøtilpassa reiseliv i tråd med det overordna målet for regjeringa og reiselivsnæringa.

I 2002 vart det registrert 74 433 gjestedøgn ved overnattingsbedrifter i Longyearbyen. Dette er ein liten nedgang (ca 2 pst.) i forhold til rekordåret 2001, men ein auke i forhold til 2000 på 21,5 pst. Svalbard Reiseliv AS har i samarbeid med reiselivsbransjen arbeidd aktivt for å auke besøket i den perioden av året som det erfaringsvis er færrast besøkande på Svalbard. I tida etter 2000 har auken i gjestedøgn vore størst i nettopp desse periodane av året.

Det er foreslått å løyve eit tilskot på 2 mill. kroner til Svalbard Reiseliv AS over statsbudsjettet for 2004.

Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) vart offisielt innvigd i juni 1999. Stasjonen ligg i nærleiken av Longyearbyen. Den direkte statlege finansieringa av prosjektet utgjorde 28 mill. kroner. SvalSat les ned data for sivile formål frå satellittar i polare baner og styrer også desse satellittane. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av Norsk Romsenter og 50 pst. av Kongsberg Aerospace & Defence Systems AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat. I tillegg eig selskapet to antenner. NASA har bygd ei antenne som blir nytta av fleire av deira satellittar. Den europeiske organisasjonen for meteorologisatellittar (EUMETSAT) har bygd to antenner. Vidare har Telenor bygd ei telekommunikasjonsantenne på SvalSat. Norsk Romsenter arbeider for å skaffe fleire kundar til SvalSat.

Bygginga av ei antenne for IPO, som er ei avdeling i den sivile amerikanske værvarslingstenesta National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA) er venta avslutta hausten 2003. Norsk Romsenter har òg inngått ein kontrakt med IPO om framtidig nedlesings- og dataoverføringstenester. Kontrakten som er inngått har ei kostnadsramme på 40 mill. USD og har ein avtaleperiode på 25 år. Det har òg gjort det mogleg å etablere eit fiberkabelsamband mellom Andøya og Longyearbyen. Fiberkablane skal samtidig kunne tilby generelle breibandstenester til Longyearbyen.

Forskrift av 11. juni 1999 regulerer blant anna verksemda ved Svalbard Satellittstasjon. Sysselmannen på Svalbard skal føre kontroll med at verksemda skjer i samsvar med Svalbardtraktaten.

Svalbard Rakettskytefelt AS

Andøya Rakettskytefelt A/S har etablert Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund. Anlegget stod ferdig i 1997, og investeringane i anlegget var på om lag 7,4 mill. kroner. Infrastrukturen på SvalRak er eigd av Andøya Rakettskytefelt A/S. Formålet med SvalRak er oppskyting av forskingsrakettar. Som følgje av lokaliseringa nær den magnetiske nordpolen, gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi. Det er utført fleire oppskytingar og dei siste vart gjennomførde ved årsskiftet 2002-2003.

4.3 Utdannings- og forskingsdepartementet

Det har vore ein monaleg auke i forskings- og utdanningsverksemda på øygruppa det siste tiåret, og Svalbard er blitt sentral for både nasjonal og internasjonal forsking i Arktis.

Den tidlegare stiftinga Universitetsstudiane på Svalbard (UNIS) er no eit heileigd aksjeselskap under Utdannings- og forskingsdepartementet og har skifta namn til Universitetssenteret på Svalbard (UNIS). Universitetssenteret på Svalbard vart stifta som aksjeselskap 29. november 2002 med ein aksjekapital på 100 000 kroner. UNIS har gitt gode resultat med omsyn til undervisning, forsking og utvikling i lokalsamfunnet i Longyearbyen. Forskingsaktiviteten har jamt over blitt høgt vurdert i Noregs forskingsråd sine internasjonale evalueringar av realfag i Noreg. Forskinga ved UNIS tek utgangspunkt i at Svalbard er geografisk plassert i eit høgarktisk område. UNIS har fire studieretningar; arktisk biologi, arktisk geologi, arktisk geofysikk og arktisk teknologi.

Utdannings- og forskingsdepartementet finansierer 100 studieplassar ved UNIS. Studiet skal ha ein internasjonal profil, og det blir teke sikte på at ein stor del av studentane skal vere utanlandske. Studentaktiviteten utgjorde 118 60-studiepoengeiningar i 2001. 58 pst. av studentane var utanlandske. I 2002 utgjorde studentaktiviteten 121 60-studiepoengeiningar og 60 pst. av studentane var utanlandske. Det vart i 2003 oppretta ytterlegare to nye stipendiatstillingar ved UNIS. Det er budsjettert med heilårsverknad for desse i 2004.

Det er for 2004 foreslått løyvd om lag 44 mill. kroner på budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet, under kap. 281 post 74, til drift av UNIS.

Utdannings- og forskingsdepartementet er ein av dei som medverkar mest til polarforsking, først og fremst grunnforsking innanfor polare emne. Løyvingane blir kanaliserte gjennom universiteta sine generelle forskingsaktivitetar og gjennom dei løyvingane Noregs forskingsråd gjer til forskarinitiert forsking og forskingsprogram.

Universitetssenteret på Svalbard har utvikla seg til ein viktig forskingsinstitusjon. UNIS opplyser at 60 pst. av arbeidsplikta til det vitskaplege personalet går med til forsking. Utdannings- og forskingsdepartementet gir òg ei grunnløyving til Fridtjof Nansens institutt, som har eit stort innslag av polarforsking. I tillegg til Utdannings- og forskingsdepartementet yter også Miljøverndepartementet mykje til polarforskinga under programma til Noregs forskingsråd.

Rundt rekna 15,5 mill. kroner av den ordinære faglege løyvinga til Noregs forskingsråd for 2004, kap, 285 post 52, vil gå til tiltak som gjeld Svalbard direkte. Mellom anna vil 3 mill. kroner gå til «Klimaeffektprogrammet» og 2 mill. kroner til samarbeidsavtala mellom Noregs forskingsråd og National Science Foundation. I tillegg vil midlar frå andre program under Forskingsrådet (m.a. «Klimaprogrammet», «Romforskingsprogrammet», «Marine ressurser, miljø og forvaltning») samt frå ulike forskarinitierte prosjekt, finansiere forsking på eller i tilknyting til Svalbard. Vidare skal 10 mill. kroner nyttast til bygging av eit marinbiologisk forskingslaboratorium i Ny-Ålesund. Det er eit internasjonalt konsortium av forskingsinstitusjonar som står bak planen og har gjort avtale om den seinare bruken. Kings Bay AS prosjekterer og fører opp bygget. Sjå nærare omtale i budsjettproposisjonen frå Nærings- og handelsdepartementet.

Det er vanskeleg å seie kor stor del av dei midlane Forskingsrådet disponerer til ulike program og prosjekt som kan klassifiserast som forsking på eller i tilknyting til Svalbard. For å betre informasjonen om dette har Norsk institutt for studiar av utdanning og forsking (NIFU) fått i oppdrag å lage ein analyse.

EISCAT (European Incoherent Scatter Radar) er ein internasjonal organisasjon som ved hjelp av store radarinstallasjonar driv atmosfæreforsking, mellom anna på nordlys og ozon. Informasjonen som radarane gjev blir òg brukt til navigering, satellittposisjonering, telesamband med meir. Ein av desse radarane er EISCAT Svalbard radar i Longyearbyen. For 2004 vil Noregs kontingent til EISCAT truleg bli på om lag 2,7 mill. svenske kroner.

I 2002 vart det etablert eit femårig forskingsprogram kalla «Polar klimaforsking», som blir finansiert av midlar frå Fondet for forsking og nyskaping. For 2004 er det sett av om lag 25 mill. kroner til føremålet og om lag ein tredel av satsinga gjeld forsking knytt til Svalbard. Forskingsaktiviteten vil for det meste gå føre seg i havområda kring Svalbard, men det vil òg bli noko aktivitet på land.

Planlegginga av Svalbard forskingspark held fram. Forskingsparken vil gjere det mogleg å samle dei akademiske miljøa i Longyearbyen, infrastruktur, og service for feltundersøkingar samt publikumsaktivitetar, jf. St.meld. nr. 9 (1999-2000) og Innst.S. nr. 196 (1999-2000).

Arbeidet med å etablere forskingspark på Svalbard involverer fleire departement og andre offentlege instansar: Utdannings- og forskingsdepartementet arbeider med utviding av Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), Miljøverndepartementet med nye areal for Norsk Polarinstitutt og Justisdepartementet (i samråd med Longyearbyen lokalstyre) med nye lokale for Svalbard Museum. Miljøvernavdelinga hos Sysselmannen på Svalbard er, i lag med Riksantikvaren, engasjert i skipinga av eit kunsthistorisk magasin. Sysselmannen har òg gått saman med Svalbard Museum om samlokalisering og utvikling av eit felles senter for miljøinformasjon.

Alle verksemdene som er tenkt å liggje i forskingsparken på Svalbard har behov for større plass. Sambruket i ein park vil gjere utnyttinga av arealet betre og meir økonomisk. Vidare vil samlokalisering av akademiske miljø i Longyearbyen kunne skape faglege synergieffektar og gjere tilhøva for publikum og lokalbefolkning som nyttar tenestene hos desse verksemdene, betre.

Forslag til kostnadsramme for bygging av forskingsparken er utarbeidd. Grunnarbeida er sett i gong i 2003. Det blir gjort framlegg om ei løyving til vidareføring av prosjektet på 150 mill. kroner i 2004. For nærare omtale sjå kap. 2445 post 31 under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett.

Utdannings- og forskingsdepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen og flyvêrtenesta ved Svalbard lufthamn over budsjettet til Meteorologisk institutt. For 2004 vil løyvinga til desse formåla vere om lag 10,8 mill. kroner.

Utgiftene til Longyearbyen skule blir dekte over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet, under kap. 222 Statens grunnskoler og grunnskoleinternat. For 2004 er det foreslått løyvd 24,7 mill. kroner til skulen på Svalbard. Budsjettforslaget er auka med om lag 7,4 mill kroner som følgje av at skulen er foreslått innlemma i husleigeordninga for statlege bygg.

Longyearbyen skule vil ha om lag 225 elevar i grunnskule og vidaregåande opplæring i skuleåret 2003-2004. For tre år sidan var elevtalet 182. Det er venta vidare auke i talet på elevar, mellom anna på grunn av utbygging av UNIS og Svalbard forskingspark. Barn og unge som oppheld seg for kortare eller lengre tid på Svalbard, har av mange årsaker spesielle oppvekstvilkår. Det er viktig å leggje tilhøva til rette slik at svalbardsamfunnet sjølv kan setje i verk tiltak i samsvar med behova i dei ulike aldersgruppene. Longyearbyen lokalstyre har, saman med foreldra, ei viktig rolle i dette arbeidet.

4.4 Finansdepartementet

Lov om skatt til Svalbard vart vedteken 29. november 1996. Lova trådde i kraft 1. januar 1998. Lova avløyste tidlegare skattelov for Svalbard av 15. juli 1925.

Personar som er busette på Svalbard og selskap som er heimehøyrande der, har på visse vilkår alminneleg skatteplikt til Svalbard. Personar og selskap har avgrensa skatteplikt til Svalbard for inntekt vunne ved arbeid eller verksemd under opphald på Svalbard, og for formue og inntekt av fast eigedom der. Gjennom svalbardskattelova er dei alminnelege føresegnene om likningsforvaltning og skatteinnkrevjing i stor grad gjort gjeldande for Svalbard.

Frå hausten 1998 har det vore eit eige likningskontor i Longyearbyen. Løyvingane til likningskontoret går over svalbardbudsjettet. Sjå omtale under kap. 22 Likningsforvaltninga for Svalbard i del II nedanfor.

4.5 Samferdselsdepartementet

Telenor AS tilbyr telenett og teletenester til Svalbard. Fram til i dag har teletrafikken mellom fastlandet og øygruppa gått via satellittsamband. Frå og med 2004 vil Svalbard få samband med fastlandet via telekabel. Kabelen er primært etablert for å betre kommunikasjonen til og frå jordstasjonsverksemda på Svalbard, men lokalsamfunnet vil òg få tilbod om å nytte kapasitet i kabelen. Norsk Romsenter AS har tatt initiativ til og eig kabelen, medan Telenor er gitt ansvaret for drifta. Dekning av eventuelle meirkostnader for Telenor ved å tilby samfunnspålagte teletenester for Svalbard er regulert i avtale mellom Telenor og Justisdepartementet. For 2004 er det sett av ca. 3,5 mill. kroner til dette formålet. Utgiftene blir dekte over svalbardbudsjettet kap. 7 Tilfeldige utgifter, jf. nærare omtale under punkt 6 nedanfor.

Med verknad frå 1. juli 2003 vart føresegna i postlova om «geografisk enhetsporto» endra. Ved endringa vart det presisert at det med omgrepet «geografisk enhetsporto» er meint like takstar innafor heile verkeområdet til postlova. Dette fører til at portotakstane på Svalbard vert dei same som på fastlandet.

Posten Noreg AS utfører samfunnspålagte posttenester på Svalbard. Underskotet ved denne tenesta er dekt gjennom løyvinga til statlege kjøp av posttenester over Samferdselsdepartementet sitt budsjett. For 2004 er det sett av 11 mill. kroner til kjøp av ulønsame posttenester på Svalbard.

4.6 Barne- og familiedepartementet

Ved utgangen av 2002 var det 101 barn i barnehage i den norske busetnaden på Svalbard. Desse barna gjekk i til saman tre barnehagar, ein familiebarnehage og to ordinære barnehagar. Alle barnehagane ligg i Longyearbyen.

Barnehagelova gjeld ikkje for Svalbard. Barne- og familiedepartementet har i medhald av § 26 høve til å fastsetje forskrift om å gi lova verknad på Svalbard, men heimelen er ikkje blitt brukt. I praksis er det likevel intensjonane i barnehagelova som er styrande for barnehagedrifta, og det er ingen vesentlege skilnader mellom drift av barnehagar i Longyearbyen og på fastlandet. Barnehagane på Svalbard får statstilskot til drift over Barne- og familiedepartementet sitt budsjettkapittel 856 Barnehager, post 60 Driftstilskudd til barnehager. Barnehagedrifta i Longyearbyen er i dag regulert gjennom vilkår stilte for dette tilskotet, og vilkåra tek utgangspunkt i føresegnene i barnehagelova så langt dei passar. Dette inneber for eksempel at barnehagane må halde seg til gjeldande krav til personale, lokale og uteområde, og arbeide i samsvar med Rammeplan for barnehagar.

Barnehageeigarane søkjer om statstilskot. Longyearbyen lokalstyre kontrollerer at opplysningane i søknadene er korrekte og søkjer om driftstilskot på vegner av barnehagane. Det er Barne- og familiedepartementet som behandlar søknadene og utbetalar tilskotet. Vidare gjennomfører Sysselmannen synfaring og tilsyn med barnehagane etter avtale med Barne- og familiedepartementet. Dei sistnemnde oppgåvene blir utførte av barnehagekonsulenten i Longyearbyen lokalstyre. Barnehagekonsulenten har også vegleiingsansvar for barnehagane.

Etter Barne- og familiedepartementet si oppfatning fungerer ordninga med forvalting av statstilskotet og drift av barnehagane tilfredsstillande.

Lov om barnetrygd er gjort gjeldande for personar som er medlemmer i folketrygda etter folketrygdlova § 2-3, og som oppheld seg på Svalbard. Det vart i 2002 utbetalt barnetrygd til om lag 340 barn busette på Svalbard. I 2004 er det venta at 4,2 mill. kroner vil gå til dekning av utgifter til barnetrygd for busette på Svalbard over kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskudd.

Lov om kontantstøtte til småbarnsforeldre er på same måten som barnetrygdlova gjort gjeldande for Svalbard. Det er for 2004 rekna ut at om lag 0,5 mill. kroner vil gå til kontantstøtte på Svalbard over kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskudd.

Stortinget vedtok 27. februar 2003 at dei oppgåvene som fylkeskommunen etter gjeldande rett har ansvaret for på barnevernområdet og familievernområdet skal overførast til staten. På barnevernområdet inneber dette blant anna at ansvaret for etablering og drift av barneverninstitusjonar, ansvaret for rekruttering og formidling av fosterheim og for at fosterheimane får nødvendig opplæring og generell vegleiing, blir lagt til statleg styresmakt. Det ligg til departementet å dele landet inn i føremålstenlege statlege regionale senter for denne styresmakta.

Med heimel i lov om barneverntenesta § 1-2 andre ledd, vart det i 1995 fastsett forskrift om bruk av lova på Svalbard. Forskrifta som vart endra i desember 2001, regulerer fordelinga av ansvar og dekninga av utgifter til barneverntiltak i høve til barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Fylkesnemnda i Troms og Finnmark, Troms fylkeskommune og Fylkesmannen i Troms har i forskrifta fått utvida sitt ansvarsområde til Svalbard. Som eit resultat av at dei oppgåvene fylkeskommunen har på barnevernområdet skal overførast til statleg regional styresmakt, vil det måtte gjerast endringar i forskrift om lov om bruk av barneverntenester på Svalbard. Endringane vil blant anna medføre at det ansvaret Troms fylkeskommune har på barnevernområdet på Svalbard, blir overført til statleg styresmakt.

4.7 Helsedepartementet

Longyearbyen sjukehus gir helsetenester til den norske befolkninga på Svalbard og alle som ferdast på og rundt øygruppa. Den russiske busetnaden i Barentsburg har eiga helseteneste som er eigenfinansiert, jf. reglane i Bergverksordninga for Svalbard.

Longyearbyen sjukehus er eit akuttmedisinsk beredskapssjukehus og yter 1. og 2. linjetenester, dvs. tenester tilsvarande eit helsesenter på fastlandet. Ved større ulykker må det tilkallast hjelp frå fastlandet. Frå 1993 har det vore stasjonert eit redningshelikopter på Svalbard. Personell frå sjukehuset skal innanfor beredskapsordninga si bemanne helikopteret ved ambulanseoppdrag.

Frå 2002 vart Longyearbyen sjukehus lagt under det regionale helseforetaket Helse Nord RHF. Organisatorisk er Longyearbyen sjukehus tilknytt Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF. Som følgje av omlegginga er løyvingane til sjukehuset lagt inn i ramma til Helse Nord, jf. kap. 732, post 75.

4.8 Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Statsbygg forvaltar dei fleste statlege eigedommane i Longyearbyen, blant anna Longyearbyen skule, Longyearbyen sjukehus, Svalbard kyrkje, administrasjonsbygningen for Sysselmannen, post- og bankbygningen, diverse lagerbygningar og 142 bustadeiningar. Statsbygg forvaltar dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og Norsk Polarinstitutt sin forskingsbygning (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund. Statsbygg har avtale med Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF om drift av sjukehuset i Longyearbyen.

Drifts- og vedlikehaldsutgifter for bygningane til Longyearbyen skule og Longyearbyen sjukehus blir dekte over kap. 2445 Statsbygg. Andre eigedommar som Statsbygg forvaltar på Svalbard blir dekte over svalbardbudsjettet kap. 20, jf. omtale i del II nedanfor.

Etter pålegg er det teke sikte på å setje i gang arbeidet vedrørande utbetring av drivstoffanlegget på Hopen i 2003, og tankane på Bjørnøya i 2004. Eigedommane vil bli innlemma i husleigeordninga frå 1. januar 2004. Pålegg frå Arbeidstilsynet vedrørande Svalbard kyrkje blir søkt finansiert på tilsvarande måte som nemnt ovanfor, og ein tek sikte på å starte dette arbeidet i 2004.

4.9 Kultur- og kyrkjedepartementet

På Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett for 2004 er det foreslått avsett midlar til velferdstiltak på Svalbard. Det er over kap. 320 Allmenne kulturformål, post 74 Tilskudd til tiltak under Norsk kulturråd, foreslått eit tilskot på 131 000 kroner til kulturtiltak. Norsk kulturråd forvaltar tilskotet som blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Vidare er det over kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål, post 78 Ymse faste tiltak, foreslått eit tilskot på 147 000 kroner til bibliotekteneste på Svalbard i 2004. Svalbard Samfunnsdrift AS har driftsansvar for Longyearbyen folkebibliotek, men Longyearbyen lokalstyre yter tilskot til drifta.

Kultur- og kyrkjedepartementet gir pressestøtte til Svalbardposten. Svalbardposten fekk 310 000 kroner i produksjonstilskot i 2002. Tilskotet for 2004 vil avhenge av opplagstalet til avisa, og blir endeleg fastsett i oktober d.å. Utbetaling av tilskot skjer etter reglane i forskrift om produksjonstilskot til dagspressa.

5 Oversikt over foreslegne løyvingar på svalbardbudsjettet for 2004

Følgjande oversikt viser rekneskapstal for 2002, vedteke budsjett for 2003 og forslag til løyving over svalbardbudsjettet for 2004. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet.

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Utgifter

141 359

150 925

169 453

Inntekter

40 878

38 698

50 240

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

0001

Svalbard kyrkje

1 672

1 775

1 800

1,4

0002

Tilskot til kulturelle formål m.m.

960

960

960

0,0

0003

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

46 240

51 688

51 530

-0,3

0005

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

18 452

18 700

19 450

4,0

0006

Sysselmannen si transportteneste (jf. kap. 3006)

45 343

48 450

59 550

22,9

0007

Tilfeldige utgifter

3 887

4 100

4 200

2,4

0009

Kulturminnetiltak

2 129

2 050

2 050

0,0

0011

Bergmeisteren

1 806

1 530

1 600

4,6

0017

Refusjon til Norsk Polarinstitutt

2 450

2 450

2 700

10,2

0018

Fyr og radiofyr

3 288

3 300

3 350

1,5

0020

Staten sine bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

13 416

13 972

20 063

43,6

0022

Likningsforvaltninga for Svalbard

1 713

1 950

2 200

12,8

Sum kategori 06.80

141 359

150 925

169 453

12,3

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

01-23

Driftsutgifter

90 963

95 077

113 313

19,2

30-49

Nybygg, anlegg m.v.

746

750

950

26,7

50-58

Overføringar til andre statsrekneskapar

2 450

2 450

2 700

10,2

70-89

Overføringar til private

47 200

52 648

52 490

-0,3

Sum under departementet

141 359

150 925

169 453

12,3

Inntekter under programkategori 06.80 fordelt på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

3005

Sysselmannen (jf. kap. 5)

945

200

200

0,0

3006

Sysselmannen si transportteneste (jf. kap. 6)

953

1 500

1 100

-26,7

3020

Staten sine bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

2 563

3 498

3 740

6,9

3030

Skattar og avgifter

36 415

33 500

45 200

34,9

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

100 124

112 227

119 213

6,2

Sum kategori 06.80

141 002

150 925

169 453

12,3

Til forsida