St.prp. nr. 1 (2004-2005)

FOR BUDSJETTERMINEN 2005 — Utgiftskapitla: 1100–1161 Inntektskapitla: 4100–4150, 5545, 5571, 5651 og 5652

Til innhaldsliste

Del 2
Budsjettframlegg

Programområde 15 Landbruk og mat

Programkategori 15.00 Landbruks- og matforvaltning

Utgifter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

Pst. endr. 04/05

1100

Landbruks- og matdepartementet (jf. kap. 4100)

120 191

117 048

122 094

4,3

Sum kategori 15.00

120 191

117 048

122 094

4,3

Inntekter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

Pst. endr. 04/05

4100

Landbruks- og matdepartementet (jf. kap. 1100)

6 999

415

429

3,4

Sum kategori 15.00

6 999

415

429

3,4

Endringane i rammevilkåra for landbruks- og matsektoren dei siste tiåra har krevd endra prioritering av politikken. Dei viktigaste tiltaka i samband med dette har vore matreforma og satsinga på Landbruk Pluss.

Matpolitikken kjem i åra framover til å stå heilt sentralt. Tre høve blir avgjerande: Maten vi et skal vere trygg, den skal gi borgarane auka livsoppleving (både helseaspekt og mangfald) og matproduksjonen skal medverke til auka næringsutvikling, både hos produsentar og i næringsmiddelindustrien.

Med dette ønskjer regjeringa å ta eit samla grep om landbruks- og matpolitikken. Som ein konsekvens av dette har regjeringa òg valt å endre namnet på departementet til Landbruks- og matdepartementet.

Landbruks- og matforvaltninga skal leggje til rette for at næringsutøvarane har ei sjølvstendig rolle i produksjonen av eit stort mangfald av trygge matvarer, fellesgode, tenester og andre produkt basert på landbruket og bygdene sine samla ressursar.

Strategiane for landbruks- og matforvaltninga er:

  • Sikre ei moderne, open og effektiv mat- og landbruksforvaltning som legg vekt på forenkling i høve til næringsverksemd, auka demokratisering og desentralisering av ansvar og myndigheit, og som sikrar forbrukarane informasjon og innverknad i politikkutforminga.

  • Vidareutvikle mat- og landbruksforskinga som ein produsent og leverandør av kunnskap med vekt på helse- og livskvalitet, forbrukarkrav, miljø, nyskaping og kommersialisering.

Landbruks- og matforvaltninga har tre hovudmålgrupper for verksemda si: borgarar, brukarar og forbrukarar. Borgarrolla dreier seg om demokratiske rettar i samfunnet, deltaking i den politiske prosessen og individet sin rett knytt til samfunnsdeltaking. Brukarrolla dreier seg om forvaltninga sine brukarar som har plikter eller rettar knytt til departementet sitt forvaltningsområde, til dømes næringsutøvarar, næringsmiddelindustri og matvarekjeder. Forbrukarrolla er knytt til individet si rolle som kjøpar av produkt og tenester og rettar som er knytt til dette. Trygg mat, ærleg omsetting, kvalitet og mangfald er knytt til forbrukarrolla.

Forvaltninga, som er desentralisert med verksemder og institusjonar over heile landet, har som hovudmål å gjennomføre og utvikle både matpolitikken og landbrukspolitikken på ein måte som gir størst mogleg grad av måloppnåing og tillit hos borgarane, brukarane og næringsutøvarane, samstundes som dei tilsette har arbeidsplassar som er utfordrande og utviklande og gir tryggleik og deltaking i arbeidssituasjonen.

Grunnlaget og kunnskapen for å utvikle ny næringsaktivitet og attraktive buplassar i bygdene parallelt med strukturendringar i landbruket ligg i ein aktiv utnytting av dei lokale høva. Dette krev ei lokal forståing og tilpassing av dei nasjonale verkemidla, og auka desentralisering av myndigheit og ansvar for gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken. Forvaltninga må derfor stimulere til lokal forankring og aksept for viktige politiske mål i samspel med eit forsterka lokaldemokrati på landbruksområdet.

Matreforma var ei stor reform og omfatta etablering av Mattilsynet, Vitskapskomiteen for mattrygghet, omstilling av laboratorietenestene og utvikling av nytt regelverk. Formåla med reforma var m.a. å sjå matproduksjonen i eit heilkjedeperspektiv og få ei meir effektiv forvalting. Landbruks- og matdepartementet vil ha eit særleg fokus på å sikre at innsatsvarer og primærproduksjonen er slik at sluttprodukta kan fylle matpolitiske mål både når det gjeld helse, miljø og omsynet til forbrukarane sine ønskjer. Verkemidla skal stimulera til berekraftig matproduksjon med etisk forsvarleg dyrehald og god plante- og dyrehelse. Ei viktig oppgåve er òg å sikre den nasjonale matforsyninga.

Tabell 2.1 Oversikt over utgifter til landbruks- og matforvalting

      (i 1000 kroner)

Kap./post

Verksemd

Saldert budsjett 2004

Framlegg 2005

1100/01

Landbruks- og matdepartementet

111 531

116 470

1115/01

Mattilsynet

1 031 698

1 093 685

1143/01

Statens landbruksforvaltning

144 748

149 579

1145/01

Jordskifterettane

145 583

148 923

1146/01

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging

62 793

82 454

1147/01

Reindriftsforvaltninga

35 741

37 104

Sum

1 532 094

1 628 215

I løpet av dei ti siste åra har det vore ein nominell nedgang i løyvinga til administrasjon under Landbruks- og matdepartementet på over 30 pst. I same periode har prisnivået auka med om lag 25 pst. Størstedelen av nedgongen skuldast tekniske endringar, som overføringar til Kommunal- og regionaldepartementet, Utdannings- og forskingsdepartementet og Arbeids- og administrasjonsdepartementet, og overgangen til nettobudsjettering av forskingsinstitutta. I same perioden har Landbruks- og matforvaltninga fått utvida sitt arbeidsområde ut over primærnæringane, og dette har ført med seg fleire oppgåver.

Når det gjeld tilsynsverksemda på matområdet, har ein her hatt ein auke i løyvingane dei siste åra. Ei viktig årsak er overføringa av verksemda i dei kommunale næringsmiddeltilsyna til Mattilsynet frå 01.01.2004. Internasjonale forpliktingar på matområdet har og ført til auka løyvingar. Auka løyvingar er i liten grad relatert til eigen landbruksproduksjon. Regjeringa har lagt til grunn at matreforma vil gi ein effektiviseringsvinst og dette er kome til uttrykk ved budsjettreduksjonar for Mattilsynet i 2005.

Status for området, mål og tiltak

Fornying, organisasjons- og strukturendring

Matreforma

Matreforma var ei stor reform i norsk forvaltning. Som administrativt ansvarleg departement for Mattilsynet, vil Landbruks- og matdepartementet ha særleg merksemd mot at tilsynet utviklar seg i samsvar med måla for reforma. I 2005 vil det særleg vere viktig å leggje til rette for at omstillingsarbeidet kan halde fram på ein slik måte at ein kan utvikle eit einskapleg og heilskapleg tilsyn på dette store området som tidlegare blei tatt hand om av ei rekkje ulike tilsynsorgan. Alt no ser ein effektiviseringsgevinstar av reforma som gir grunnlag for lågare kostnader for brukarane. Landbruks- og matdepartementet legg vekt på ei effektiv koordinering mellom dei tre matdepartementa i styringa av Mattilsynet.

I ei undersøking offentleggjort i juli 2004 svarte 91 pst. av dei spurde at dei har særs stor eller ganske stor tillit til den informasjonen dei får frå Mattilsynet i spørsmål om trygg mat. Tilsvarande tal for det tidlegare Statens næringsmiddeltilsyn var 86 pst. i 2002 og 79 pst. i 2000.

Erfaringane så langt tyder på at reforma er vellykka. Omstillingsarbeidet har likevel vore krevjande og enkelte administrative rutinar var ikkje på plass frå starten av. Dette skuldast m.a. at Mattilsynet nyttar ein ny modell for organisering av enkelte administrative rutinar, og at innkjøring av systema har teke noko lengre tid enn kva ein i utgangspunktet trudde.

Organisatoriske endringar innan instituttsektoren

Departementet har satt i gang fleire tiltak for å modernisere kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet.

Regjeringa tek sikte på at dei tre institutta Jordforsk, NORSØK og Planteforsk skal slåast saman til eit felles aksjeselskap under Bioforsk frå 01.07.2005. Eigarskap og drift av dei eigedomane som statens i dag eig og som Planteforsk forvalter, skal organiserast innanfor statsforvaltninga. Det nye selskapet skal ta utgangspunkt i den FoU- og analyseverksemda som dei tre institutta har hatt innanfor planteproduksjon, mattryggleik, økologisk produksjon og jordfagleg miljøforsking.

Bioforsk vil ha eit nært samarbeid med Noregs landbrukshøgskole i høve til randsoneverksemd knytt til dei aktuelle fagområda. Samordninga av Jordforsk, NORSØK og Planteforsk i ein organisasjon vil gi faglege synergieffektar og den nye institusjonen skal framstå som ein viktig kunnskapsleverandør innanfor miljø og landbruk. Saka er nærare omtala i kat. 15.20, kap. 1137 og kap. 1112. Departementet vil kome attende til Stortinget våren 2005 med framlegg om gjennomføringa av reforma.

Departementet vil i løpet av vinteren 2004-2005 greie ut grunnlaget for avgjerd om korleis kunnskap og informasjon som i dag blir produsert ved Skogforsk, NIJOS og dei oppgåvene ved Skogbrukets Kursinstitutt som blir finansiert over statsbudsjettet, kan utviklast, samordnast og effektiviserast slik at dei blir best mogleg eigna i høve til forvaltninga og samfunnet sine behov, jf. kat. 15.20.

Vidare er det sett i verk ein gjennomgang av organisering av kompentasemiljø innan landbruks- og matsektoren og marin sektor, omtalt som Blå-grønn matallianse.

Omorganisering av jordskifterettane

Ved behandlinga av St.prp. nr. 1 (2000-2001), jf. Innst. S. nr. 8 (2000-2001) slutta Stortinget seg til framlegget om omorganisering og modernisering av jordskifterettane og jordskifteoverrettane. Storparten av omorganiseringa er gjennomført med verknad frå 31.12.2001 og frå 31.12.2002. Den siste endringa blir gjennomført i 2005, og overgangsordningar vil bli fullført i 2006, jf. omtale under kap. 1145.

I samsvar med forslaga i Ot.prp. nr. 106 (2002-2003) og St.prp. nr. 1 (2003-2004) og Stortingets behandling av desse, skal administrasjonen av jordskifterettane flyttast frå Landbruks- og matdepartementet til Domstolsadministrasjonen med verknad frå 01.01.2006.

Ansvaret for jordskifterettane blir samstundes ført over til Justisdepartementet, jf. kap. 1145.

Fokus på borgar, brukar og forbrukar

Nye arbeidsformer - kommunikasjon rundt landbruks- og matpolitikken - forbrukarorientering:

Informasjonsverksemda i Landbruks- og matdepartementet skal vere open og tilgjengeleg. Offentlegheit og innsyn er sentrale demokratiske verdiar som medverkar til auka kompetanse og med det større brukar- og forbrukarmakt.

Forbrukarretting av matpolitikken

Den første handlingsplanen for forbrukarorientering blei utarbeidd i 2001. Planen gav ein oversikt over Landbruks- og matdepartementet sine mål, strategiar og tiltak for forbrukarorientering av den delen av matpolitikken som Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for.

Eit sentralt tiltak i planen var etableringa av dei matpolitiske forbrukarpanela. Her går det føre seg matpolitiske diskusjonar, og resultata blir samla i rapportar som blir overlevert dei matdepartementa som har ansvaret for det aktuelle tema. Dei råda som blir gitt går inn som ein del av grunnlaget som matpolitikken blir utforma etter. Forbrukarane har med dette fått ein ny kanal inn til politikarane. Eit anna viktig tiltak var etableringa av ein matportal på internett. På matportalen.no får ein offentleg forbrukarretta informasjon om mat med fokus på mattryggleik. Portalen sto ferdig i mai 2003 og etter ein noko vanskeleg start er talet på besøk no kraftig stigande. I løpet av mai 2004 hadde portalen rundt 62 000 treff.

Med bakgrunn i etableringa av Mattilsynet, som både Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for, var det teneleg å ha ein felles politikk for forbrukarretting av matpolitikken som synleggjer felles mål, tiltak og verkemiddel. Dei tre departementa utarbeidde derfor ein tverrdepartemental handlingsplan, i samarbeid med Barne- og familiedepartementet som har ansvar for den generelle forbrukarpolitikken. Planen sto ferdig i mai 2004 og gjeld ut 2005.

For å nå dei overordna måla om å styrkje forbrukaranes moglegheiter for innverknad på utforming av matpolitikken, og gjennom informasjon styrkje forbrukarane sin tillit til maten, skisserer handlingsplanen følgjande mål:

  • Medverke til at forbrukarane har god kunnskap innanfor matområdet

  • Sikre at styresmaktene har kunnskap om kva forbrukarane veit, meinar, ønskjer og gjer

  • Etablere eit heilskapeleg og einskapleg tilsyn som tar vare på forbrukaromsyna

  • medverke til gjensidig openheit og dialog mellom styresmakter, næring og forbrukarar

Planen inneheld ei rekkje tiltak som skal gjennomførast for å nå desse måla.

Handlingsplanen, som forbrukarorienterer eit heilt politikkområde har vakt nasjonal og internasjonal interesse.

Kommunikasjon og openheit.

Landbruks- og matdepartementet skal vere ei open forvaltning. Departementet skal raskt gå ut med kunnskap som føreligg på aktuelle saksområde. Informasjonen skal vere lett tilgjengeleg slik at borgarane får svar på sine spørsmål og innsyn i verksemda til departementet.

Enkeltsaker er ofte berre ein del av ein større samanheng og departementet satsar difor på å få fram dei lange linjene og samanhengane i politikken. Skal Landbruks- og matdepartementet lykkast i målet om større demokratisk deltaking frå borgarane, må dei ulike informasjonskanalane utviklast vidare. Dette gjeld òg med sikte på å auke kunnskapen om politikkområdet og stimulere til ein konstruktiv samfunnsdebatt.

Landbruks- og matdepartementet og landbruks- og matforvaltninga satsar offensivt på internett som kommunikasjonskanal. Brukarane skal få aktuell informasjon av høg kvalitet og tilbod om nye interaktive tenester. Det skal leggjast vekt på ein betre samordning av nettinformasjonen i landbruks- og matforvaltninga, som departementet tar initiativ til og koordinerer.

Det er lagt ned mykje arbeid i å vidareutvikle eigne nettsider på www.ld.dep.no. Dette har vore med på å auke kvaliteten, gjort sidene enklare å bruke og gitt ein stor vekst i talet på besøk på sidene. Heimesida blei i 2003 kåra til ei av dei ti beste offentlege nettstadane i landet av Norge.no. Besøkstala har i 2004 gjennomsnittleg ligge på rundt 34 000 oppslag pr. månad. Målet er ei ytterlegare auke og betre tilrettelegging av nettsidene for prioriterte målgrupper som skole og undervisning.

Landbruks- og matdepartementet må kjenne til den kunnskapen som finns og dei haldningar som gjer seg gjeldande innan mat- og landbruksområdet. Det blir derfor regelmessig gjennomført ulike undersøkingar, samstundes som departementet i sitt arbeid legg vekt på å ha brei kontakt med ulike miljø og samfunnssektorar.

Ei slik kartlegging og analyse av samfunnet er nødvendig for å styrkje dialogen med eksterne interessentar og aktørar.

Samfunnstryggleik og beredskap

Samfunnstryggleik og beredskap er prioriterte områder for Landbruks- og matdepartementet og omsynet til borgarane sine liv og helse er overordna både i fred, krise og krig. Beredskapsplanar skal sikre god handtering av ekstraordinære situasjonar og auka beredskap administrativt. Avklaring av roller og ansvar er viktig for god krisehandtering. Særskilt er dette nødvendig på matområdet for å sikra ryddig krisehandtering ved utbrot av zoonoser; sjukdomar som kan smitte frå dyr til menneske, og matborne sjukdomar.

Mattilsynet har særleg beredskap knytt til alvorlege smittsame dyresjukdomar. Mattilsynet deltek og i atomulykkesberedskapen som blir organisert av Statens strålevern. I tillegg har Mattilsynet grenseflater mot ei rekkje andre etatar sine forvaltningsområde som krev planverk for beredskap og krisehandtering.

Landbruks- og matdepartementet ved Statens landbruksforvaltning forvaltar lov av 25. mars 1994 nr. 7 om sikring mot og erstatning for naturskadar (naturskadelova). Etter naturskadelova gir det offentlege erstatning for naturskadar i dei tilfella kor det ikkje er tilgang til å forsikra seg mot skaden ved ei alminneleg forsikringsordning. Departementet har vurdert behovet for samordning av det statlege ansvaret for samfunnssikkerheita mot naturulykker og naturskadar, og meiner at rollene og gjeldande ansvarsforhold er tilstrekkelig klare. Ut i frå ei samla vurdering gjer departementet framlegg om at ein del offentlege erstatningsordningar bør erstattas med forsikringsordningar.

Etter naturskadelova kan ein gi støtte til forundersøkingar knytt til planlagde tiltak for sikring mot naturskade, og til FoU-prosjekt for kunnskapsutvikling på naturskadeområdet. Det er m.a. gitt tilskott til eit utviklingsprosjekt som gjeld kartlegging av og informasjon om store fjellskred.

Dette er eit samarbeidsprosjekt med deltaking frå tre fylkeskommunar og arbeidet blir leia av Noregs geologiske undersøking (NGU).

Kommunikasjon av risiko og god krisekommunikasjonsberedskap er eit prioritert område innan beredskapsarbeidet. Landbruks- og matdepartementet vil i løpet av tidleg 2005 gjennomføre ei kriseøving der kommunikasjon vil stå sentralt. Departementet vil vere ein pådrivar for at norske mat- og landbruksstyresmakter har høg kompetanse om og praktiserer god risikokommunikasjon.

Elektronisk forvaltning og effektivisering ved hjelp av IKT:

Regjeringa sin plan for It-politikken, e-Noreg 2005, skal saman med Strategi for IKT i offentleg sektor utgjere grunnlaget for Landbruks- og matdepartementet si satsing på elektronisk forvaltning og effektivisering ved hjelp av IKT. Ein vil framleis vere ein pådrivar for utvikling av elektroniske forvaltningsløysingar i mat- og landbruksforvaltinga. Formålet er å effektivisere forvaltninga og gi forenklingsvinster for næringsdrivande og tilsynsobjekt.

Dei siste åra har nokre av departementa sine verksemder utmerka seg på dette området. Statens landbruksforvaltning har m.a. lansert ei webbasert løysning for innlevering og behandling av produksjons- og avløysartilskot, samt kontroll av arealtal mot kartgrunnlag. Dette systemet er unikt i sitt slag, då det ved sida av å handtere eit komplekst regelverk også er utvikla for saksbehandling for tre ulike forvaltningsnivå. Systemet er utarbeidd i samarbeid med næringsorganisasjonane.

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) nyt òg stor anerkjenning for sin medverknad til utvikling av den nasjonale infrastrukturen av digital, geografisk informasjon. Ved sida av å halde digitale kart oppdaterte, har NIJOS utvikla brukarvenlege løysingar for å presentere desse over internett.

Ei av dei største utfordringane i tida framover vil bli å utvikle elektroniske forvaltningsløysningar som i større grad muliggjer samhandling mellom forvaltningsorgan. Dette er også framheva som eit hovudsatsingsområde i regjeringa sin strategi for IKT i offentleg sektor. Det er sett på som eit stort problem at det offentlege i for liten grad nytter data som allereie er samla inn andre stader i forvaltninga. Departementet med underliggande verksemder skal aktivt ta del i arbeidet med å utvikle kostnadseffektive og samanhengjande løysingar som blir oppfatta som heilskapelege av brukarane.

Mattilsynet vil delta i arbeidet med portalen regelhjelp.no.

Følgjande tiltak innanfor landbruks- og matforvaltninga er prioritert:

  • Vidareutvikle Statens landbruksforvaltning si satsing på elektroniske forvaltningsløysingar og auke bruken av desse systema

  • Etablering av ein solid IKT-infrastruktur og elektroniske fag- og saksbehandlingssystem i Mattilsynet

  • Vidareføre etablering og ajourføring av digitale markslagskart slik at karta kan gjerast egna til å fastlegga storleiken på jordbruksareal som mottek arealtilskott.

  • Delta i arbeidet med å lage felles prinsipp, metodar og krav til elektroniske samhandlingsløysingar i det offentlege

Forenkling av regelverk og økonomiske verkemiddel

Forenkling av regelverk og økonomiske verkemiddel er eit prioritert område for Landbruks- og matdepartementet. Departementet har fleire tiltak med i regjeringa sitt arbeid med modernisering av offentleg sektor og gjennomgår og i samband med Landbruk Pluss satsinga lover og forskrifter med tanke på forenkling, nyskaping og innovasjon.

Når det gjeld tiltak, har Reindriftslova hatt ein gjennomgong kor målet har vore å vurdere nye bestemmingar om dei interne høva i reindrifta, og om reineigarane si rettsstilling. Kulturen og tradisjonar i reindrifta skal leggjast til grunn så langt råd er innanfor dei overordna måla. Arbeidet med Reindriftslova skal avsluttast ved årsskiftet 2004/2005.

Skoglova er òg under revisjon og denne blir lagt fram for Stortinget hausten 2004.

Forslag til endringar i Konsesjonslova blei lagt fram i april 2003. Eit av resultata av dette arbeidet var ein kraftig reduksjon i talet på erverv som krev konsesjon.

Nytt husdyrkonsesjonsregelverk blei lagt fram i mai 2003.

Departementet har og gjennomført ei samordning av forvaltning og einsretting av erstatningsordningar i landbruket. I samband med dette er det fastsett nye forskrifter for erstatning etter offentlege pålegg på plante- og dyresida og for katastrofetap i planteproduksjon og husdyrproduksjon. Arbeidet blei ferdigstilt hausten 2004.

Dei økonomiske verkemidla over reindriftsavtalen blir og vurderte med tanke på forenkling. Dette arbeidet omfattar ein gjennomgang og kartlegging av dagens distriktstilskott og delordningar og målet er å finne ut om dei har fungert ut i frå måla. Arbeidet skjer i utval sett saman av fleire partar med Reindriftsforvaltninga som sekretariat. Ein tek sikte på å avslutte arbeide våren 2005.

Desentralisering og delegering på landbruksområdet

Auka myndigheit til kommunane på landbruksområdet legg til rette for eit forsterka lokaldemokrati og auka handlingsrom til kommunane innan landbrukspolitikken, jf. intensjonane i St.meld. nr. 19 (2001-2002) Nye oppgåver for lokaldemokratiet - regionalt og lokalt nivå, jf. Innst. S. nr. 268 (2001-2002). Den kommuneretta satsinga innebar m.a. at kommunane tok over ansvaret innanfor fleire juridiske og økonomiske verkemiddel på landbruksområdet frå 01.01.2004. Målsettinga er ein meir regionalt og lokalt tilpassa politikk og kommunane som aktive landbrukspolitiske aktørar. Erfaringane så langt syner at ein i mange kommunar har fått eit større engasjement og ein høgare politisk aktivitet på landbruksområdet.

Auka myndigheit til kommunane er ein av dei sentrale strategiane i regjeringa si satsing Landbruk Pluss. For å nå målet om eit auka engasjementet på det landbrukspolitiske området i kommunane er samarbeidet med Kommunanes Sentralforbund viktig. Samarbeidsavtalen som kom i stand mellom Landbruks- og matdepartementet og Kommunanes Sentralforbund våren 2004 vil derfor bli vidareført i 2005, jf. kat. 15.30 kap. 1144.

Auka myndigheit må sjåast i samanheng med ei forsterka regional satsing på landbruksområdet ved at Fylkesmannen no både har ein koordinerande rolle for etablering av regionale miljøprogram og regionale strategiar for næringsutvikling. Det er ein føresetnad at arbeidet med dei regionale strategiane skal skje gjennom det regionale partnarskapet. Formålet er å sjå alle verkemiddel på lokalt og regionalt nivå i samanheng slik at dei kan bli meir målretta, jf. kat. 15.30 kap. 1144.

Ein viser òg til St.prp. nr. 1 (2004-2005) for Moderniseringsdepartementet, kat. 01.10 for nærare omtale av Fylkesmennene sine arbeidsoppgåver på landbruksområdet.

På bakgrunn av svekka næringsgrunnlag for kliniske veterinærtenester i næringsvake strøk oppretta Landbruks- og matdepartementet i mars 2004 ei arbeidsgruppe der mandatet var å kartleggje område i landet der det ut i frå forholda i dag og utviklinga i dei næraste åra blir sett på som vanskeleg å skaffe nødvendig veterinærdekning utan tilførsel av offentlege ressursar ut over dagens nivå. Vidare skal ein vurdere korleis ein for veterinært personell kan bidra med offentlege verkemiddel slik at tilfredsstillande veterinær dekning kan oppretthaldast i området og foreslå eventuelt andre verkemiddel som sikrar veterinærdekning i næringssvake strøk, dette gjeld også verkemiddel innanfor Mattilsynet sitt ansvarsområde av permanent eller tidsavgrensa art. Arbeidsgruppa leverte ei samrøysta innstilling 10.09.2004. Konklusjonen til gruppa var i korte trekk at utfordringane i samband med å få til ei tilfredstillande veterinær dekning over heile landet best kan løysast ved at nødvendige tiltak for tilgang til kliniske veterinærtenester blir gjort til eit kommunalt ansvar. I kommunar kor grunnlaget i marknaden for veterinær verksemd ikkje er tilstrekkeleg, føreset ein at kommunane medverkar med ordningar som sikrar tilfredstillande tilgong på kliniske veterinærtenester. Ein føreset at det finansielle grunnlaget permanent går inn i dei ordinære overføringane til kommunane. Departementet vil kome attende til denne saka.

Ein inkluderande og stimulerande personalpolitikk

Landbruks- og matdepartementet har gjennom fleire år arbeidd målretta med leiarutvikling. Ein har lagt vekt på å sjå leiarutviklinga i samanheng med omstillinga som landbruks- og matforvaltninga no gjennomgår med omsyn til roller og oppgåver. I arbeidet med å auke leiarkompetansen nyttar ein òg ymse andre verkemiddel, som leiarkontraktar, resultatlønn, leiarevalueringar og haldningsarbeid for å styrkje leiarkompetansen i departementet og forvaltninga.

Departementet har utforma ein handlingsplan for å få fleire kvinnelege leiarar i landbruks- og matforvaltninga. Dette vil framleis vere eit prioritert område.

Ei vellukka omstilling i landbruks- og matforvaltninga vil vere tufta på motivasjonen og innsatsen til dei tilsette. Det er viktig at arbeidstakarane kan delta aktivt i omstillingsarbeidet slik at ein kan ivareta så mange omsyn som mogleg. Samstundes må kompetansen utviklast i samband med endringane slik at dei tilsette kan tilpassa seg ein eventuell ny arbeidssituasjon på ein god måte. Kompetanseutvikling vil derfor bli prioritert i åra framover.

Prosjektet Inkluderande arbeidsliv er òg ei prioritert oppgåve i departementet og underliggande verksemder der formålet er å redusere sjukefråværet og gjere arbeidslivet tilgjengeleg for seniorar og personar med behov for tilpassa arbeidssituasjon.

Likestilling

Likestillingslova pålegg offentlege styresmakter ei målretta og planmessig pådrivarrolle for likestilling på alle samfunnområde. Den reviderte likestillingslova av 2002 stiller og krav til alle verksemder om å rapportere på korleis det står til med arbeidet med likestilling i eiga verksemd. Nedanfor følgjer ein kort omtale av likestillingsarbeidet på Landbruks- og matdepartementet sitt forvaltningsområde.

Landbruks- og matdepartementet har dei siste åra hatt høg fokus på likestilling, og utforma i 2000 ein eigen handlingsplan for å auke delen kvinnelege leiarar i departementet og i landbruksforvaltninga. Departementet har m.a. etablert eit eige mentorprogram for kvinnelege leiarar og potensielle kvinnelege leiarar. Statens landbruksforvaltning (SLF) har dei siste åra hatt ansvaret for programmet som omfattar departementet og underliggande verksemder.

Ved oppretting av nye prosjekt og arbeidsgrupper og styrer, råd og utval, skal ein arbeide for 40 pst. representasjon av begge kjønn.

Arbeidet med likestilling i departementet og mot forvaltninga har gitt resultat, jf. tabellen under som viser utviklinga i delen kvinnelege leiarar.

Tabell 2.2 Oversikt over utviklinga av delen av kvinnelege leiarar

Veksemd

2000

Mai 2004

Landbruks- og matdepartementet

22 pst.

44 pst.

Underliggande verksemder

23 pst.

35 pst.

Tabell 2.3 Oversikt delen av kvinnelege leiarar i underliggande verksemder

Verksemd

Mai 2004

Mattilsynet

43 pst.

Statens landbruksforvaltning

40 pst.

Reindriftsforvaltninga

11 pst.

NILF

44 pst.

NIJOS

26 pst.

Veterinærinstituttet

47 pst.

Skogforsk

14 pst.

Planteforsk

45 pst.

Jordskifterettane

5 pst.

Tabellen viser at talet på kvinnelege leiarar er noko ulikt i dei ulike verksemdene.

Landbruks- og matdepartementet vil og i perioden framover ha høg fokus på likestilling, og arbeide vidare med dei tiltaka som ligg i handlingsplanen. For omtale av likestilling i landbruket, sjå kat. 15.30.

Grøn stat

Miljøomsyn og langsiktig ressursforvaltninga er ein integrert del av arbeidet til landbruks- og matforvaltninga. Hovudutfordringa innan miljøsatsinga er å sikre ei berekraftig og ressursforvaltning med miljøomsyn i næringsverksemda, vern om areal og ressursar i eit langsiktig perspektiv og å utvikle dei positive miljøbidraga frå landbruket. Landbruks- og matdepartementet si satsing på miljø omfattar landbruket sitt kulturlandskap og vern om jord- og arealressursar, genressursar og biologisk mangfald, kulturminne, bioenergi og friluftsliv.

Landbruks- og matdepartementet følgjer opp Grøn stat der det er mogleg å hente ut miljøgevinstar. Dette gjeld innan området innkjøp, papir, transport, avfall og energi.

Når det gjeld underliggande verksemder har departementet gitt ein frist innan 2005 (2006 for Mattilsynet). Av dei meldingane som departementet har fått er det fire verksemder som er godt i gang, ein har hatt fokus på dette lenge og to har ikkje starta opp grunna større omorganiseringar.

Revidert økonomiregelverk i staten

Ved kronprinsregentens resolusjon av 12.12.2003 blei det fastsett revidert Reglement for økonomistyring i staten, og frå same dato fastsette Finansdepartementet utfyllande bestemmingar. Regelverket tok til å gjelde frå 01.01.2004, med 2004 som overgangsår. Siktemålet med regelverket er å sikre at:

  • statlege midlar blir nytta og inntekter blir oppnådde i samsvar med Stortinget sine vedtak og føresetnader

  • fastsette mål og resultatkrav blir nådde

  • statlege midlar blir nytta effektivt

  • statens materielle verdiar blir forvalta på ein forsvarleg måte

Det nye regelverket utgjer ei modernisering av tidlegare regelverk som m.a. inneber større fridom til lokale tilpassingar, noko som set auka krav til god dokumentasjon av rutinar og prosedyrar.

I samband med implementeringa av økonomiregelverket har departementet og underliggande verksemder i 2004 gått gjennom instruksar og rutinar. Ved sida av å fastsette nye økonomiinstruksar har departementet og Statens landbruksforvaltning særleg prioritert tilskottsforvaltninga. Det store talet på tilskottsordningar og tilskottsmottakarar set store krav til gode forvaltningsrutinar som tek omsyn til Stortingets føresetnader med løyvingane, samstundes som utgiftene til forvaltninga av ordningane har eit rimeleg omfang. Sentralt i dette utviklingsarbeidet står vurdering av risiko og vesentlegheit.

Under jordbruksavtalen er det ei rekke ordningar som har ei innretning som ikkje er tilpassa normalprosedyren for tilskottsforvaltning. Særleg gjeld dette i høve til resultatrapportering, men også fleire andre delar av normalprosedyrane må tilpassast eller er uaktuelle. Etter Bestemmingar om økonomistyring i staten, pkt. 6.4.2, kan derfor departementet gjere avvik frå normalprosedyren for tilskottsforvaltning når det gjeld tilskottsordningar til landbruksområdet som ikkje er tiltaksretta. Bakgrunn og behov for tilpassingar er gjort nærare greie for nedanfor under kat. 15.30, kap. 1150 og kap. 1151.

Departementet har, med få unntak, teke sikte på å få alle viktige rutinar og prosedyrar vurdert og i nødvendig omfang justert innan utgangen av 2004. Då området kontinuerleg må vurderast i høve til m.a. risiko og kor stor ressursar ein kan nytte til oppfølging og kontroll, vil dette framleis vere eit viktig utviklingsarbeid og i 2005 og seinare år.

Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet (jf. kap. 4100)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Driftsutgifter

112 467

111 531

116 470

45

Store utstyrskjøp og vedlikehald - ordinære forvaltningsorgan , kan overførast, kan nyttast under kap. 1100 post 50

5 874

5 053

5 203

50

Store utstyrskjøp og vedlikehald - forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

1 550

214

221

70

Tilskott til drifta av Staur gard

300

250

200

Sum kap. 1100

120 191

117 048

122 094

Mål- og strategiar

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for å følgje opp dei retningslinjene som Stortinget og regjeringa gir for mat- og landbrukspolitikken. Ansvarsområdet til departementet er matpolitikk, jordbruk, skogbruk, reindrift, husdyrhald, ressursvern og utvikling av nye landbruksbaserte næringar. Landbruks- og matdepartementet har frå 01.01.2004 det administrative ansvaret for det nye Mattilsynet som omfattar tilsyn med heile produksjonskjeda. Departementet er ein viktig premissleverandør når det gjeld forbrukarspørsmål og spørsmål om miljø, arealplanlegging, kulturvern, distriktsutbygging og utanrikshandel.

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for ein stor del av verksemda i heile kjeda frå primærprodusent til forbrukar. Dette inneber at tilhøvet til næringsmiddelindustri og annan næringsverksemd blir stadig viktigare.

Strategiane for verksemda til Landbruks- og matdepartementet er å:

  • utvikle og sikre eit fagleg grunnlag for politiske avgjerd i mat- og landbrukspolitikken

  • gjennom satsinga Landbruk Pluss, leggje til rette for utvikling av ny næringsaktivitet og attraktive buplassar i bygdene parallelt med strukturendringane i landbruket

  • kommunisere mat- og landbrukspolitikken aktivt for å få samfunnsmessig tilslutning og politisk gjennomslag

  • målrette og kommunisere økonomiske og juridiske verkemiddel og påverke internasjonalt for å ivareta nasjonale interesser best mogleg

  • utvikle og forbetre system for kontroll og kvalitetssikring i verdikjedene

  • ta omsyn til forbrukarane sine preferansar på matområdet gjennom innverknad på mat- og landbrukspolitikken

  • skape samanheng og samspel mellom forsking, nyskaping, planlegging, verkemiddel og forvaltning, og å utvikle kvart av desse områda vidare

  • avklare roller og funksjonar i departementet sitt samspel med andre offentlege og private aktørar.

Som eit politisk sekretariat er det ein føresetnad at departementet har ein fleksibel organisasjon. Departementet vil derfor nytte dei verkemidla som er nedfelte i St.meld. nr. 35 (1991-1992) Om statens forvaltnings- og personalpolitikk, St.meld. nr. 19 (1999-2000) og dei mål og prinsipp som arbeids- og administrasjonsministaren presenterte for Stortinget i si forvaltningspolitiske utgreiing 24.01.2002, Fra ord til handling.

Departementet har med basis i ein strategi- og oppgåvegjennomgang gjennomført ei omorganisering av verksemda. Målet har vore å reindyrke rollene på mattryggleik, næringsutvikling og langsiktig ressursutnytting. Omorganiseringa skal òg gjere departementet meir effektivt, fleksibelt og tilpassa oppgåveporteføljen samstundes som ein reindyrkar rolla som politisk sekretariat. Delegering av oppgåver til underliggjande verksemder blir vurdert kontinuerlig. I tillegg søker ein å finne meir effektive arbeidsformer i departementet.

Likestilling

Landbruks- og matdepartementet har dei siste åra hatt høg fokus på likestilling internt i departementet og mot forvaltninga. Departementet har ei jamn kjønnsfordeling, 51 pst. kvinner og 49 pst. menn. Det er noko ulikskap mellom avdelingane.

Ved tilsetjing av leiarar i departementet skal statsråden ha ei grunngiving dersom ikkje ei kvinne blir tilsett. Administrasjons- og økonomiavdelinga deltek ved tilsetjing av leiarar i departementet. Departementet har òg eit eige kvinnenettverk som m.a. har uttalerett i innstillingsrådet for leiarstillingar. Talet på kvinnelege leiarar i departementet har no kome opp i 44 pst. I 2000 var talet 23 pst. Ved oppretting av nye prosjekt og arbeidsgrupper og styrer, råd og utval skal ein arbeide for 40 pst. representasjon av begge kjønn.

Det er ikkje på nokon av stillingskategoriane vesentleg forskjell i avløning mellom kvinner og menn. Den største ulikskapen finn ein for seniorrådgivarar der gjennomsnittleg lønstrinn for kvinner er 59,1 medan den for menn er 60,8. Det blei ikkje gjennomført lokale lønsforhandlingar i 2003. Det siste året er det gjennomført 7 forhandlingar etter Hovudtariffavtalens pkt. 2.3.4 knytt til omgjering av stilling. 6 av desse gjaldt menn. Det siste året er det tilsett 21 personar i departementet, 13 kvinner og 8 menn. 12 tilsette blei i 2003 tildelt kompetansestipend, 9 kvinner og 3 menn. Det er for tida 9 kvinner som arbeider deltid. Når det gjeld overtid blei det i 2003 arbeidd 6000 timar overtid, 70 pst. av timane blei utført av menn.

Sjukefråværet for Landbruksdepartementet var i 2003 på 7,5 pst., fordelt med 5,8 pst. for kvinner og 1,7 pst. for menn.

Vidare har Landbruks- og matdepartementet kvart år internt 8. mars arrangement der likestillingsarbeidet settes i fokus.

Grøn Stat

Innkjøp: Landbruks- og matdepartementet har bestemt seg for å sentralisera innkjøpsfunksjonen når det gjeld kontorrekvisita, kontorinventar og trykkeritenester frå 01.09.2004. Departementet ønskjer med dette å gjera det enklare å ta omsyn til miljøet ved innkjøp i tillegg til at forbruket blir redusert.

Når det gjeld papir er det kjøpt skrivarar som gir tosidig utskrift, noko som gir store innsparingar i papirforbruket. Det er òg innført elektronisk system for sakshandsaming som på sikt vil bidra til å redusere papirforbruket. Intranett blir og bevisst nytta til informasjon.

Transport: Landbruks- og matdepartementet har lagt til rette for gjennomføring av telefonmøte. Totalt er to møterom i departementet lagt til rette for dette og dei blir nytta regelmessig.

Avfall: Landbruks- og matdepartementet sorterer avfall på områder kor det er lagt til rette for det i regjeringskvartalet. Papir, drikkekartong og anna avfall blir levert i miljøstasjonen i varemottaket.

Energi: Her er alle tilsette oppfordra til å slå av lys på kontor og møterom når romma ikkje er i bruk. PC skal og vere slått av når dei tilsette sluttar for dagen.

Resultatrapport 2003

Landbruks- og matdepartementet viser til statusomtalene under programkategoriane. Mange av dei resultata som er omtalte der, er knytt til verksemd som Landbruks- og matdepartementet har tatt initiativ til og tatt del i.

Budsjettframlegg 2005

Post 01 Driftsutgifter

Landbruks- og matdepartementet skal dekkje eit breitt forvaltningsområde gjennom sitt ansvar for landbruks- og matpolitikken. Posten dekkjer dei ordinære driftsutgiftene til Landbruks- og matdepartementet. Store deler av Landbruks- og matdepartementet sine ressursar er knytt til arbeidet med internasjonale spørsmål og vidareutvikling av politikken på eit bredt spekter av område.

Flytting av administrasjonen av jordskifterettane frå Landbruks- og matdepartementet til Domstolsadministrasjonen blir gjennomført 01.01.2006. For å halde på kompetansen og førebu flyttinga blir det sett av 1.5 mill. kroner. Landbruks- og matdepartementet vil vurdere kostnadsbehovet nærare og komme tilbake til dette våren 2005.

Post 45 Store utstyrskjøp og vedlikehald - ordinære forvaltningsorgan

Løyvinga kan nyttast til delfinansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved ordinære forvaltningsorgan under departementet. Løyvinga kan òg nyttast til store nyinnkjøp i departementet. I 2005 vil ein stor del av løyvinga nyttast til å dekkje flytte- og etableringskostnadar i samband med flyttinga av administrasjonen av jordskifterettane frå Landbruks- og matdepartementet til Domstolsadministrasjonen i Trondheim, jf. kap. 1145.

Departementet føreset at ordinært vedlikehald og mindre innkjøp blir dekt over dei ordinære løyvingane til verksemdene.

Verksemder under departementet forvaltar eigedomar og disponerer ein stor bygningsmasse. I einskilde tilfelle kan det vere aktuelt å selje festetomter, areal til utbyggingsformål, veggrunn m.m. Ein gjer framlegg om at Landbruks- og matdepartementet kan selje innkjøpt og opphavleg statseigedom for inntil 5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Departementet gjer vidare framlegg om at inntekt frå sal kan nyttast til ombygging og ekstraordinært vedlikehald av bygningsmassen som verksemdene disponerer. Ein gjer òg framlegg om at unytta meirinntekt frå sal av eigedom kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 50 Store utstyrskjøp og vedlikehald - forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

Løyvinga kan nyttast til delfinansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved forvaltningsorgana under departementet som får løyvd midlar over 50-postar. Departementet føreset at ordinært vedlikehald og mindre innkjøp blir dekt over løyvingane til verksemdene på kap. 1112 og 1141.

Post 70 Tilskott til drifta av Staur gard:

Staur gard har vore i statleg eige sidan 1960 og fram til 1995 då garden blei overført til Statkorn Holding AS. Frå 01.07.2001 blei garden ført tilbake til Landbruksdepartementet frå Cermaq ASA (tidlegare Statkorn Holding AS). Same tidspunkt stifta Landbruksdepartementet eit heileigd driftsselskap, Staur Gård AS, for å stå for drifta av eigedommen. Det statlege eigarskapet skal sikre vidare bruk av garden til forsking og utvikling, møteverksemd og representasjon.

I samband med at bygningsmassen har hatt behov for opprusting for å vere tenleg for kursverksemd m.m., har det vore redusert drift. Slik opprusting blei sluttført sommaren 2004. Det vil ta tid å byggje opp det nye gjestegardstilbodet. Departementet gjer derfor framlegg om ei løyving på 200 000 kroner som driftstilskott til Staur Gård AS, som er ein reduksjon på 50 000 kroner i høve til løyvinga for 2004.

Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet (jf. kap. 1100)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Refusjonar m.m.

185

415

429

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

1 067

17

Refusjon lærlinger

35

18

Refusjon sjukepengar

2 177

40

Sal av eigedom

3 535

Sum kap. 4100

6 999

415

429

Programkategori 15.10 Matpolitikk

Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

Pst. endr. 04/05

1107

Statens dyrehelsetilsyn (jf. kap. 4107)

322 885

1110

Statens landbrukstilsyn (jf. kap. 4110)

121 063

1112

Forvaltningsstøtte, utviklingsoppgåver og kunnskapsutvikling m.m.

166 536

117 425

121 345

3,3

1114

Statens næringsmiddeltilsyn (jf. kap. 4114)

235 137

1115

Mattilsynet (jf. kap. 4115)

73 321

1 098 348

1 162 567

5,8

Sum kategori 15.10

918 941

1 215 773

1 283 912

5,6

Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

Pst. endr. 04/05

4107

Statens dyrehelsetilsyn (jf. kap. 1107)

35 693

4110

Statens landbrukstilsyn (jf. kap. 1110)

107 177

4114

Statens næringsmiddeltilsyn (jf. kap. 1114)

316 866

4115

Mattilsynet (jf. kap. 1115)

50

654 206

737 926

12,8

Sum kategori 15.10

459 786

654 206

737 926

12,8

Matpolitikken er sett saman av element frå fleire viktige politikkområde. Dei mest sentrale er forbrukar-, helse-, miljø- og næringspolitikk. Ein finn og att element av matpolitikk i til dømes kulturpolitikken, utdanningspolitikken og bistandspolitikken.

Regjeringa vil arbeide for å utnytte mulige synergiar mellom dei ulike politikkområda i høve til matspørsmål, samstundes som ein er medviten på interessemotsetnader.

I tida etter siste verdskrig var spørsmål knytt til matforsyning i tilfelle krise eit heilt sentralt tema på matområdet. Miljøomsyn i matproduksjonen har vore viktig sidan slutten av 1970-talet. Spørsmål om samanhengen mellom ernæring og helse har fått auka interesse. Det siste tiåret har ulike matskandalar ført til at mattryggleik har fått ein sentral plass i den politiske diskusjonen. Det har vore ei klar styrking av det offentlege engasjementet langs heile matproduksjonskjeda, noko som var nødvendig for å halde oppe tilliten til maten som blir produsert eller omsett her i landet. At maten er trygg og blir opplevd som trygg, er og vil vere eit hovudelement i regjeringa sin matpolitikk.

Når det gjeld dei matpolitiske spørsmåla som knyter seg direkte til forbrukarane, vil regjeringa i tida framover leggje meir arbeid i å møte ønskjer og påverke kunnskap og vaner hos forbrukarane på ein positiv måte. Her må ein ha merksemd mot kor langt det er rett at det offentlege skal gå inn og styre utviklinga. Sjølv om ein minkande del av budsjettet i hushaldningane blir nytta til mat, er mange forbrukarar opptekne av matprisane i Noreg i høve til prisane i andre land. Regjeringa vil vidareføre arbeidet med omstilling, effektivisering og marknadstilpassing av den landbaserte matproduksjonen. Dei næringspolitiske verkemidla er nærare omtalt under kat. 15.30.

Matpolitikken blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling som kjem til uttrykk m.a. i EØS-avtalen og avtaler knytt til WTO. Codex Alimentarius Commission og dei internasjonale plante- og dyrehelseorganisasjonane (IPPC og OIE) legg viktige premissar for regelverket etter desse avtalene. Noreg har og stor nytte av arbeidet i grupper under Nordisk Ministerråd, m.a. som ein kanal til EU sine interne regelverksprosessar. Matdepartementa vil leggje auka vekt på aktiv deltaking i det internasjonale arbeidet for å påverke utviklinga av standardar og regelverk, og ta del i kunnskapsutviklinga som skjer på området. Dette arbeidet vil ta utgangspunkt i ei felles plan for internasjonalt arbeid som er under utarbeiding i Helse- og omsorgsdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet og Landbruks- og matdepartementet.

Regjeringa sin matpolitikk vil ha hovudfokus på:

  • trygg mat

  • eit sunt kosthald som grunnlag for god folkehelse

  • ei langsiktig matforsyning og berekraftig produksjon

  • nyskaping, mangfald og verdiskaping knytt til produksjon av mat både til nasjonalt konsum og eksport

  • kvalitet, ærleg omsetting og andre omsyn til forbrukarane sine interesser

Regjeringa vil leggje vekt på at matpolitikken skal medverke til auka matglede m.a. knytt til tradisjon og lokal eigenart.

Dyre- og fiskehelse er viktig både i høve til matpolitiske mål og som eit sjølvstendig omsyn knytt til næring og dyrevelferd.

Mattilsynet har ei sentral rolle i gjennomføring av matpolitikken gjennom å ta del i utviklinga av regelverk, og drive inspeksjonar, rettleiing og overvaking langs heile matproduksjonskjeda og der mat blir omsett til forbrukarar. Mattilsynet har og viktige beredskapsoppgåver. Regjeringa legg i tillegg vekt på at Mattilsynet skal vere ein synleg etat som gir god service til brukarar og forbrukarar. Ansvaret for å etterleve lovgivinga kviler på den einskilde verksemda, men Mattilsynet må arbeide på ein måte som gir grunnlag for tillit både til tilsynet, matproduksjonen og maten.

Det faglege ansvaret på det matpolitiske området er delt mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, og Landbruks- og matdepartementet.

Landbruks- og matdepartementet har administrativt ansvar for Mattilsynet. Forvaltningsansvaret for Mattilsynet sine fagområde er delt mellom matdepartementa.

Det faglege ansvaret etter matlova er delt både etter eit vertikalt grensesnitt og etter føremålet med den einskilde regelen. Det vertikale grensesnittet fastset at Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for innsatsvare- og primærproduksjonen inkludert jakt, fiske og hausting av ville bestandar og viltveksande vekstar. Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for plantehelse og dyrehelse medan ansvaret for fiskehelse ligg i Fiskeri- og kystdepartementet.

Etter primærproduksjonen har Helse- og omsorgsdepartementet ansvar for alle reglar som er fastsett av omsyn til folkehelsa og ei rekkje reglar som både skal ivareta folkehelse- og forbrukaromsyn, til dømes generelle merkereglar for mat og reglar om tilsettings- og framandstoff og om genmodifisert materiale i mat. I tillegg har Helse- og omsorgsdepartementet ansvaret for reglar for produksjon av drikkevatn langs heile produksjonskjeda. Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for storparten av kvalitetsreglane og reglar som er fastsett av omsyn til aktørane langs matproduksjonskjeda, til dømes for å betre marknadsstilgang eller verne om særskilte produksjonar eller produktnamn. Ansvaret mellom dei to departementa er delt ut frå om reguleringa er knytt til produksjon på land eller i vatn. Det er eit omfattande og nært samarbeid mellom matdepartementa i regelverksutforminga etter matlova.

Dyrevernområdet er regulert i dyrevernlova. Her har Landbruks- og matdepartementet ansvar for regelverk knytt til landdyr, medan Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for regelverk knytt til fisk og krepsdyr.

Matpolitiske fokusområde frå dei enkelte matdepartementa

Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet vil i 2005 framleis ha fokus på ein heilskapleg forvaltning av fiskeriressursane i tråd med heilkjedeperspektivet som ligg til grunn for matreforma. Sjømatpolitikken byggjer på:

  • helsemessige omsyn (mattryggleik og helse akvatiske organismar)

  • forbrukar- og marknadspolitiske omsyn (produksjonsmåtar, merkeordningar og ordningar for sporing, fiskevelferd, kvalitet og reieleg produksjon og omsetting)

  • næringspolitiske omsyn

For å realisere verdiskapingspotensialet i fiskerinæringa er det ein føresetnad at fiskevelferd, fiskehelse, mattryggleik og matkvalitet er av ein slik standard at norske sjømatprodukt opprettheld og utvidar sine marknadsdelar.

Departementet legg vekt på at rammevilkåra for næringsaktørane, både regelverk og tilsyn, blir fastsett og utøvd på ein slik måte at ein ikkje skaper urettferdige konkurransevridingar.

Fiskeri- og havbruksnæringa vil stå for ein stadig større del av verdiskapinga i norsk matproduksjon. Om lag 90 pst. av produksjonen blir eksportert. I volum produserast det mange gonger så mykje sjømat i Noreg som det produserast raudt og kvitt kjøtt. Eit auka produksjonsvolum krev eit auka fokus på sjukdoms- og smittesituasjonen spesielt i oppdrettsnæringa. Smittsame sjukdomar er den enkeltfaktoren som gjennom åra har påførd norsk oppdrettsnæring dei største tapa. Departementet legg difor vekt på å tryggje ei god fiskehelse gjennom heile produksjonskjeda.

Til no har sjømatpolitikken i stor grad vore regulerings- og produksjonsorientert. Regjeringa vil arbeide for m.a. auka forbrukar- og marknadsorientering også i sjømatpolitikken.

Vi ser at forbrukarane har auka interesse for dei helsemessige sidene ved å ete sjømat. Å synleggjere dei gunstige effektane av sjømat for folkehelsa er difor ein viktig dimensjon. Fiskeri- og kystdepartementet legg vekt på at tilgjengeleg vitskapeleg basert informasjon når fram til forbrukarane på ein tenleg måte. Noreg må vere leiande på forskinga innanfor området framandstoff i sjømat.

I tillegg til krav til fiskehelse og mattryggleik, har kvalitetskrav stor innverknad på omdømet til norsk sjømat i ulike marknader. Forhold knytt til mattryggleik og matkvalitet blir viktigare i internasjonal handel med sjømat. Forbrukarar over heile verda må oppleve at norsk sjømat er trygg og av rett kvalitet. Norsk sjømat skal produserast i samsvar med dei krava vi er forplikta til gjennom internasjonale avtaler. Den internasjonale handelen med sjømat må baserast på internasjonalt fastsette standardar. For at norsk eksport ikkje skal hindrast av urettferdige importkrav, legg Fiskeri- og kystdepartementet vekt på at Noreg må vere leiande innan forsking og risikovurderingar på sjømatområdet. Dette legg grunnlaget for at vi blir høyrde i internasjonale fora som fastset regelverk og standardar.

Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet vil ha fokus på ernæring og mattryggleik som ein del av folkehelsearbeidet. Folkehelsearbeidet blir omtalt i St.meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge. I denne er ein av hovudmålsettingane å medverke til fleire leveår med god helse i befolkninga, samt å redusere helseforskjellar mellom sosiale lag, etniske grupper og kjønn. Ernæringsarbeidet er nærare omtalt i Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjettframlegg og blir ivaretatt i hovudsak av Sosial- og helsedirektoratet, men Mattilsynet har og ei rolle i dette arbeidet. Det er difor nødvendig og viktig med eit godt samarbeid mellom Sosial- og helsedirektoratet og Mattilsynet.

Arbeidet med trygg mat har som mål å redusere risikoen for sjukdomar som blir overført med mat og vatn, både på kort og lang sikt, samt å sikre reieleg omsetting av matvarer på den norske marknaden. Produksjon og omsetting av mat må finne stad under gode hygieniske forhold slik at smitte og uønska framandstoff ikkje blir ført over til menneskje. Departementet legg vekt på at maten skal vere trygg når den når forbrukaren, uavhengig av om maten er produsert innanlands eller importert. Kontroll av sluttproduktet er stadig ein viktig del av eit tilsyn som i aukande grad fokuserer på heilkjedeperspektivet.

Ein grunnleggande føresetnad for arbeidet med trygg mat er god vitskapleg dokumentasjon av samanhengen mellom risikofaktorar og helse, samt at prinsippa i risikoanalysen følgjes gjennom risikovurdering, risikohandtering og risikokommunikasjon. Helse- og omsorgsdepartementet har det administrative ansvaret for Vitenskapskomiteen for mattrygghet, som er lokalisert ved Nasjonalt folkehelseinstitutt, jf. kap. 710 i Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjettframlegg. Eit viktig fokusområde vil difor vere å sikre gode rammevilkår for komiteens arbeid, samt medverke til å leggje til rette for nødvendig samhandling med tilsvarande komitear i andre land og med EFSA (European Food Safety Authority).

Landbruks- og matdepartementet

Det er viktig å sjå matproduksjonen i eit heilkjedeperspektiv. Landbruks- og matdepartementet vil ha særleg fokus på å sikre at innsatsvarer og primærproduksjonen er slik at sluttprodukta kan fylle matpolitiske mål både når det gjeld helse, miljø og omsynet til forbrukarane sine ønskjer. Verkemidla skal stimulera til berekraftig matproduksjon med etisk forsvarleg dyrehald og god plante- og dyrehelse. Ei viktig oppgåve er òg å sikre den nasjonale matforsyninga.

Departementet vil leggje vekt på å følgje opp tiltaka som blei lagt fram i St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd som fekk brei tilslutning ved Stortinget si behandling.

Landbruks- og matdepartementet vil leggje vekt på å vidareutvikle dialogen med forbrukarane. Forbrukarane sine ønske og preferansar vil bli tillagt vekt i utforminga av matpolitikken. Samstundes vil ein arbeide for å auke forbrukarane sin kunnskap om mat. Mellom anna vil ein betre informasjonen til forbrukarane om kva maten inneheld og kor den kjem frå. Departementet vil og i samarbeid med dei andre matdepartementa, vurdere om informasjonen til forbrukarane om hygienetilhøve i dagligvareforretningar og på serveringsstedar kan betrast, jf. nærare omtale i kap. 1115.

Departementet legg vekt på fremme verdiskaping og mangfald på matområdet. Til dømes er norsk matkultur og reiseliv eit område med mange utviklingsmoglegheiter der ein kan auke opplevingane og gleda knytt til måltidet og maten, jf. kat. 1530. Ein vil søkje å leggje til rette for mindre verksemder gjennom rettleiing og enklast mogleg regelverk. Mattilsynet arbeider med eit særskilt tilsynsprosjekt på dette området, jf. kap. 1115. Auka kompetanse i heile matproduksjonen om handtering av råvarer og matprodukt er eit verkemiddel.

Landbruks- og matdepartementet ønskjer å fremme eit kosthald som gir grunnlag for god folkehelse og tek m.a. sikte på i større grad å stimulere til betre kvalitet og auka nasjonal produksjon av frukt og grønt.

Landbruks- og matdepartementet vil styrke arbeidet på matområdet i samarbeid med aktuelle departement. Det er på kap. 1149 sett av 5 mill. kroner til prosjekt på området mat, skole og helse. Det vil bli sett i gang utvikling og utprøving m.a. innan følgjande område:

  • produksjon og leveranse av lokal mat til måltid i barnehagar og skular.

  • økologisk mat i skolemåltidet, og

  • elevaktivitetar for produksjon av mat, skolemåltid mv.

Etablering av Mattilsynet frå 01.01.2004 var ein stor reform i norsk forvaltning. Som administrativt ansvarleg departement for Mattilsynet, vil Landbruks- og matdepartementet ha særleg merksemd mot at tilsynet utviklar seg i samsvar med måla for reforma. I 2005 vil det særleg vere viktig å leggje til rette for at omstillingsarbeidet kan halde fram på ein slik måte at ein kan utvikle eit einskapleg og heilskapleg tilsyn på dette store området som tidligare blei tatt hand om av ei rekkje ulike tilsynsorgan. Alt no ser ein effektiviseringsgevinstar av reforma som gir grunnlag for lågare kostnader for brukarane. Landbruks- og matdepartementet legg vekt på ei effektiv koordinering mellom dei tre matdepartementa i styringa av Mattilsynet.

Mål for løyvinga innan programkategori 15.10

Budsjettframlegget omfattar Mattilsynet og grunnløyvinga til forvaltningsstøtte, utviklingsoppgåver og kunnskapsutvikling på matområdet. For Veterinærinstituttet syner ein òg til St.prp. nr. 1 (2004-2005) for Fiskeri- og kystdepartementet. Budsjettframlegget er viktig i høve til dei fleste av regjeringa sine matpolitiske mål og skal særleg medverke til å nå måla som er nedfelt i matlova og dyrevernlova:

  • trygg mat med omsyn til folkehelsa

  • helse, kvalitet og andre forbrukaromsyn langs heile matproduksjonskjeda

  • miljøvennlig produksjon

  • god plante- og dyrehelse

  • ta omsyn til aktørane langs matproduksjonskjeda, m.a. tilgangen til marknader i utlandet

  • god dyrevelferd

Mattilsynet og forvaltningsstøtteverksemdene ut­nyt­tar òg sin kompetanse til å løyse andre viktige oppgåver som ikkje direkte har samanheng med matproduksjonen.

Endringar i budsjettrammene

Matforvaltningsreforma gir effektiviseringsgevinstar

Som omtalt i St.prp. nr. 1 (2003-2004) vil matforvaltningsreforma gi grunnlag for effektiviseringsgevinstar. Hovuddelen av effektiviseringa vil vere knytt til etablering av Mattilsynet. I Arbeids- og administrasjonsministeren si utgreiing for Stortinget 24.01.02 Fra ord til handling er ein meir effektiv offentleg sektor definert som «flere og bedre tjenester ut av hver krone som brukes». I ei vurdering av effektivisering som følgje av matforvaltningsreforma, er derfor i utgangpunktet både kvantitative og kvalitative forhold relevante, dvs. både kostnaden pr. teneste som blir ytt og kvaliteten på tenestene. Landbruks- og matdepartementet har vurdert effektiviseringspotensialet ved matforvaltningsreforma. Ein har ikkje grunnlag for å berekne effektivisering ut frå kvalitet og kostnad pr. teneste. Dei lettast tilgjengelige historiske data er knytt til storleiken på budsjetta og endringar i desse på grunn av endra oppgåvetilfang. Effektiviseringspotensialet er knytt til både administrative og tilsynsfaglege tilhøve. På det administrative området omfattar dette ein meir kostnadseffektiv administrasjon, standardiserte rutinar for innkjøp, betre IT-løysingar, færre kontorstader og meir effektiv styring og leiing. På det tilsynsfaglege området er effektiviseringsgevinstane særleg knytt til betre samordning av tilsynsfilosofi, utøvande tilsyn, prøveuttak og overvakingsprogram. Det er gjort ei førebels vurdering av potensialet for effektivisering i 2006 og 2007. Ettersom Mattilsynet berre har virka nokre månader, er det likevel tidleg å konkretisere potensialet for effektivisering i åra framover. Det vil bli arbeidd vidare med desse spørsmåla fram mot budsjettproposisjonen for 2006. Arbeidet med nye IKT-løysingar har alt vist seg å vere meir krevjande enn tidligare føresett, sjå nærmare omtale av omstillingsarbeid under kap. 1115.

Budsjettframlegget er basert på at det gjennomførast effektiviseringar på 50 mill. kroner innanfor Mattilsynet sitt område. Ved etableringa blei Mattilsynet tilført færre ressursar knytt til tilsyn på sjømatområdet enn det oppgåvene krev, noko som fører til at den reelle effektiviseringa blir større enn budsjettreduksjonen. Utover kostnadsreduksjon som følgje av effektivisering i Mattilsynet, gir matforvaltningsreforma ein samfunnsøkonomisk gevinst gjennom ei meir marknadsbasert laboratorieverksemd.

Reduserte omstillingskostnader

Mattilsynet sitt budsjett er redusert med 40 mill. kroner som følgje av reduserte omstillingskostnader. Det er i alt sett av 93 mill. kroner til omstillingstiltak i 2005, jf. kap. 1115.

Overføring av inntekter og utgifter ved kjøttkontroll til Mattilsynets budsjett

I St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Landbruksdepartementet blei det varsla at regjeringa ville komme tilbake med budsjettendringar i samband med Fondet for kjøttkontroll. Utgiftene til kjøttkontroll er i dette budsjettframlegget lagt inn i budsjettramma for Mattilsynet. Dette gjeld og inntektene for gebyr for kjøttkontroll, jf. kap. 4115.

Fondet for kjøttkontroll vil bli avvikla. Kapitalen i fondet vil bli overført til kap. 4115. Dette gjer det mogleg å redusere kjøttkontrollgebyret i 2005, noko som ikkje ville vere mogleg ved ei eventuell tilbakebetaling av kapitalen.

FOU-basert forvaltningsstøtte

I St.prp. nr. 1 (2003-2004) signaliserte departementet at ein ville føre vidare arbeidet med å avklare kva for aktivitetar som ut frå føringane for matforvaltningsreforma, skal finansierast over Mattilsynet sitt budsjettkapittel og eventuelt kan konkurranseutsetjast. Ei arbeidsgruppe med deltaking frå dei tre matdepartementa, Mattilsynet og dei aktuelle FoU-institusjonane har arbeidd med desse spørsmåla. Arbeidsgruppa konkluderte med at kompetansen knytt til den FoU-baserte forvaltningsstøtta (utanom laboratorieanalysar) som blir ytt til Mattilsynet, er nær knytt til den kompetansen institusjonane har for å tene breiare samfunnsomsyn. Det er og svært vanskeleg å finne gode verdi-/kostnadsoverslag for den FoU-baserte forvaltningsstøtta institusjonane yter til Mattilsynet. Det blei difor tilrådd at den FoU-baserte forvaltningsstøtta i hovudsak bør finansierast over løyvinga til forvaltningsstøtte frå departementa, særleg av omsyn til langsiktig utvikling og ivaretaking av kompetanse ved desse institusjonane. Dette avvik frå det som blei lagt til grunn om finansiering av FoU-basert forvaltningsstøtte til Mattilsynet i St.prp. nr. 1( 2002-2003) Tillegg nr. 8.

Landbruks- og matdepartementet gjer med utgangspunkt i dei prinsippa arbeidsgruppa har tilrådd, framlegg om å overføre 4,9 mill. kroner frå kap. 1115 Mattilsynet til kap. 1023 Nasjonalt institutt for ernæring og sjømatforsking (NIFES). Ein tek sikte på å leggje dei same prinsippa til grunn for dei andre FOU-baserte forvaltningsstøtteverksemdene, og vil arbeide vidare med budsjettkonsekvensane av dette. I denne samanhengen vil ein òg sjå nærare på korleis Mattilsynet kan medverke i styringa av relevant FOU-verksemd og korleis omfanget av desse oppgåvene best kan formaliserast.

Planteforsk, Nasjonalt folkehelseinstitutt, NIFES og Veterinærinstituttet vil i 2005 ivareta referansefunksjonar, fagleg beredskap og yte annan FoU-basert forvaltningsstøtte til Mattilsynet, med grunnlag i løyvingar frå dei ansvarlege departementa og eksisterande avtaler.

Reduserte avgifter og gebyr

Dei reduserte kostnadene for Mattilsynet i 2005 bør komme brukarane til gode gjennom reduserte gebyr og avgifter. Det blir derfor gjort framlegg om ein reduksjon av satsane for matproduksjonsavgiftene for norskproduserte og importerte landbruksvarer og sjømat på omlag 10 pst. Ein tek og sikte på å redusere dagsverksatsen for kjøttkontrollgebyret med om lag 7 pst. i høve til 2004. Gebyr for tilsyn og kontroll med vassforsyningsanlegg blir òg redusert.

For å oppnå ei meir effektiv innkrevjing og administrering vil enkelte avgiftssatsar for fisk og fiskevarer bli samordna.

Status

Dei organisatoriske endringane ved matforvaltningsreforma blei avslutta ved etablering av Mattilsynet og Vitenskapskomiteen for mattrygghet samt reorganisering av laboratorietenestene i 2004.

Etableringa av Mattilsynet er ein stor reform i norsk forvaltning der om lag 1300 medarbeidarar frå fire statlege og meir enn 80 kommunale tilsyn er samla i ein etat med tre ulike forvaltningsnivå.

Omstillingsarbeidet er krevjande, og ein del nødvendige administrative rutinar og system var ikkje på plass frå starten. Arbeidet med å etablere tenlege IKT-løysingar er forsinka og har kravd meir ressursar enn føresett. Trass i dei administrative utfordringane tyder erfaringane så langt på at reforma med omsyn til samordning av tilsyna langs heile kjeda blir vellukka. Ei fersk undersøking tyder på at tilliten til matforvaltninga aldri har vore høgare.

Stortinget har, ved behandlinga av St.prp. nr. 63 (2003-2004), slutta seg til å gjennomføre omdanning av Såvarelaboratoriet til eit aksjeselskap med staten og to private aktørar (Felleskjøpet Øst/Vest og Strand Brænderi) på eigarsida. Omdanninga skjedde frå 01.07.2004.

Som følgje av etableringa av Vitenskapskomiteen for mattrygghet, har Landbruks- og matdepartementet i samråd med Helse- og omsorgsdepartementet, Miljøverndepartementet og Arbeids- og administrasjonsdepartementet bestemt å leggje ned Rådet for plantevernmidler og overføre oppgåvene med risikovurderinga av nye plantevernmiddel til Vitenskapskomiteen for mattrygghet.

Forbrukarorientering av matpolitikken

Norske matstyresmakter har gjennom lang tid orientert seg mot forbrukarane gjennom aktiv dialog med forbrukarorganisasjonar og ved å støtte deira deltaking i internasjonale fora. Dette har vore del av ein langsiktig plan der informasjon, kommunikasjon og deltaking av forbrukarorganisasjonar ved regelverksutforming har stått sentralt. Forbrukarane skal sikrast påverknad gjennom informasjon, openheit og involvering.

Våren 2004 blei det lansert ein interdepartemental handlingsplan (matdepartementa og Barne- og familiedepartementet) for forbrukarorientering av matpolitikken. Denne planen presiserer mål, tiltak og verkemiddel for å styrkje forbrukarane sin påverknad på matpolitikken.

Plantehelse

God plantehelse gir miljøgevinst gjennom lågare bruk av plantevernmiddel, betre produktkvalitet og nye moglegheiter i marknaden. Førebyggjande tiltak, tilsyn med nøkkelledd i produksjonen og med import, er viktig for å halde oppe og styrkje den gode plantehelsa vi har i Noreg.

Arbeidet med kartlegging av lys potetringråte har vore vellukka og vil gi friskare poteter og kan gi høve til å eksportere norske settepoteter. Ein har ikkje full kontroll med sjukdomen pærebrann. Sjukdomen kan vere eit trugsmål mot fruktdyrkinga på Vestlandet.

Innsatsvarer

Arbeidet på området skal medverke til at innsatsvarene såvarer, gjødsel, plantevernmiddel og fôr har tilfredsstillende kvalitet. Godkjenningsordning for nye sorter medverkar til meir resistente plantesortar som er sterkare mot ymse skadegjerarar. For å sikre god kvalitet og hindra uønska stoff i næringskjeda, blir det ført tilsyn med gjødsel, fôr og plantevernmiddel. Oppfølging av Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel 2004-2008 vidarefører arbeidet for å sikre låg og akseptabel risiko for helse og miljø.

Dyrehelse

Den norske dyrehelsa er framleis svært god. Situasjonen i Noreg med omsyn til zoonoser (sjukdomar som smitter mellom dyr og menneske) er svært god, og norsk lovgiving om overvaking av slike sjukdomar har kome langt.

Regelverket for kugalskap og liknande sjukdomar (TSE) er under stadig utvikling. Risikoen for at vi har kugalskap i Noreg har nyleg blitt vurdert av EU sitt vitskapsorgan, EFSA. Vurderinga syner at det er usannsynleg, men ikkje kan utelukkast heilt, at norsk storfe er smitta av sjukdomen. Noreg blei plassert i risikoklasse 2 i motsetnad til tidlegare klasse 1 Dette skuldast ikkje endra forhold i Noreg, men hovudsakleg at kugalskap er påvist i land som Noreg har hatt nærare handelssamkvem med og at ein har gjort ei grundigare vurdering av ulike risikofaktorar.

Den atypiske skrapesjuken, Nor-98, som skil seg frå den klassiske skrapesjuken på mange vis, gir mange utfordringar til forvaltninga. Noreg er i førekant med omsyn til forsking på denne sjukdomen.

Grunna smittefaren til menneske er beredskapen ekstra høg i samband med utbrot av fjørfesjukdomen aviær influensa i mange land i Søraust-Asia og i Canada og USA. Aviær influensa har ikkje vore påvist i Noreg. Det er forbod mot å føre inn levande fjørfe og fjørfeprodukt frå dei smitta landa. Verdien av internasjonalt samarbeid kjem klart fram i samband med denne sjukdomen som kan truga både folke- og dyrehelsa i store deler av verda.

Inspeksjonane frå EFTA sitt overvakingsorgan syner at Noreg ikkje har gode nok system for å følgje identiteten på storfe og for å kunne spore storfekjøtt. Det er arbeid i gang med å rette på dei manglane som blei påpeika.

Fiskehelse

Målet for arbeidet med fiskehelse er å ha ein samfunnsmessig optimal kontroll med sjukdoms- og smittestoffsituasjonen. Det fins ikkje system for rapportering av andre helseproblem i oppdrettsnæringa enn melde- og rapporteringsplikt for alvorlige smittsame sjukdomar. For desse sjukdomane er situasjonen relativt god. Landet er framleis fritt for Viralt hemorrhagisk syndrom (VHS) og Infeksiøs hematopoietisk nekrose (IHN).

Det var færre utbrot av Infeksiøs lakseanemi (ILA) i 2003 enn året før. Sjukdomen blei ikkje påvist i tidlegare hardt ramma områder på Vestlandet. Dette har truleg samanheng med dei tiltaka som er gjennomførte for å nedkjempe sjukdomen. Nye tilfeller blei registrert i Midt- og Nord-Noreg. Dette syner at helseovervaking og eit lett tilgjengelig diagnoseapparat er viktig.

Klassiske bakteriesjukdomar som furunkulose og ulike vibriosevariantar ser ut til å vere under god kontroll som følgje av vaksinering, hygieniske og driftsmessige tiltak. Dette gjer at antibiotikaforbruket i oppdrettsnæringa framleis er svært lågt samanlikna med forbruket tidlig på 1990-tallet. Ein viss auke i forbruket er registrert i 2002 og 2003. Særskilte utfordringar er knytt til kontrollen med sjukdomar som kan ha store konsekvensar for villfisk. Parasittane lakselus og Gyrodactylus salaris utmerkar seg her, særleg fordi nedkjemping av parasittane har miljøkonsekvensar som er omstridde.

Velferd hos dyr og fisk

Arbeidet med å følgje opp tiltaka i St.meld. nr. 12 (2002 – 2003) Om dyrehold og dyrevelferd har kome godt i gang. Arbeidet med å styrkje forvaltninga sin tilgang på fagleg støtte på området velferd hos dyr og fisk er sett i gang. Det vil bli oppnemnt medlemer i eit nytt Råd for dyreetikk. Forskrift om hald av storfe som blei fastsett i april 2004, inneheld alle dei tiltaka som meldinga la opp til for denne dyrearten. Nye forskrifter om hald av småfe og om hald av hest er under utarbeiding, og revidering av tidlegare fastsette forskrifter er i gang.

Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet har sett ned ei prosjektgruppe som skal utarbeide framlegg til ny dyrevernlov.

Mattryggleik

Infeksjonar som følgjer næringsmidla er eit aukande problem, og faren for smittespreiing som følgje av auka internasjonal samhandel og mobilitet representerer ei særleg utfordring. Vi reiser meir og dette fører til meir utanlandssmitte.

Noreg er framleis eit av få land i verda med lite sjukdom grunna Salmonella. Dei fleste som blir sjuke, blir smitta i utlandet. Campylobacteriose er den mest vanlege sjukdomen som blir overført gjennom maten i Noreg. Innanlands smitte er særleg knytt til bruk av ikkje-desinfisert drikkevatn i skog og mark og ved hytter om sommaren, til grillmåltider og kontakt med levande dyr. I 2001 blei det sett i verk ein handlingsplan mot Campylobacter i fjørfe som er vidareført. Det har ikkje vore noko markant auke av innanlandssmitta tilfelle av desse sjukdomane etter utvidinga av EØS-avtalen. Det er framleis nødvendig med stor innsats mot sjukdomar som blir overført med maten.

Overvaking av inntaket av framandstoff er eit viktig tiltak for å sikre folkehelsa. For å kunne overvake inntaket må ein ha kunnskap om kor mykje folk et av dei aktuelle matvarene. Mattilsynet samarbeider m.a. med Sosial- og helsedirektoratet for å oppdatere eksisterande konsumdata og utvide talet på matvarer som ein har konsumdata for.

Radioaktivitet i beiteplanter pga. Tsjernobyl-ulykka blir gradvis redusert, men behovet for nedfôring av beitedyr (sau/tamrein) varierer frå år til år pga. værtilhøve.

Utviklinga når det gjeld restar av plantevernmiddel i matvarer er positiv. Norske matprodusentar arbeider framleis med å redusere akrylamidnivået i potetprodukt som potetchips og pommes frites.

Som ei oppfølging av barnematforskrifta har alle barnematprodukt som blir omsett på den norske marknaden blitt kartlagt og registrert i ein database med informasjon om m.a. ingrediensar og næringsinnhald. Mattilsynet overtok ansvaret for tryggleik og kvalitet ved sjømat og sjømatproduksjon frå Fiskeridirektoratet 01.01.2004. Tidlegare statistikk og inspeksjonar syner at enkelte verksemder ikkje har etterlevd krava til eigenkontroll og bygningsmessige krav i fiskekvalitetsregelverket. Mattilsynet arbeider no for å bringe forholda i orden. Som ein stor eksportør av sjømat er Noreg avhengig av tillit til at norske sjømatprodukt er produsert i samsvar med internasjonale standardar.

Utfordringar (mål og tiltak)

I høve til regjeringa sine matpolitiske mål er Mattilsynet viktigaste offentlege aktør i arbeidet for trygg mat. Arbeidet på matområdet er lagt opp slik at ein sikrar sluttprodukta gjennom innsats i kvar del av matproduksjonskjeda.

I St.meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnare Noreg tek regjeringa opp både mattryggleik og tiltak for å nå det matpolitiske målet om eit sunt kosthald som grunnlag for god folkehelse. Ernæringsarbeidet blir nærare omtalt i budsjettframlegget for Helse- og omsorgsdepartementet, jf. kap. kap. 719 og kap. 720. Mattilsynet er ein viktig aktør i ernæringsarbeidet gjennom regelverksutvikling som verkar inn på den ernæringsmessige samansettinga av matvarer, og som ein lokal samarbeidspartnar.

Budsjettframlegget under kategorien omfattar ikkje næringspolitiske verkemiddel i matpolitikken utover det arbeidet Mattilsynet og forvaltningsstøtteverksemdene i denne programkategorien gjer for å medverke til verdiskaping. Til dømes vil arbeidet for å fremme god plante- og dyrehelse medverke positivt til verdiskapinga i matproduksjonen.

Likeeins vil fokus på utvikling av eit tenleg regelverk og aktiv rettleiing innan saksområda, leggje til rette for kompetanseheving hos næringsutøvarane og i så måte støtte utvikling av næringsverksemd på matområdet.

Arbeidet for god dyrehelse i Noreg vil halde fram i Mattilsynet sin regi. Gjennom aktivt å nytte forskingsresultat på dyrehelseområdet og ta del i førebyggjande og framtidsretta arbeid i samarbeid med andre land, kan Noreg tryggje og betre husdyra si helse og produktivitet.

Gjennom innsatsen på dette leddet i næringskjeda blir faren for sjukdom som kan smitte mellom dyr og menneske redusert, råvarene frå dyra får betre kvalitet, miljøet blir spart for problem i samband med nedslakting av sjuke og døde dyr og berekrafta i husdyrproduksjonen blir betre. Det internasjonale engasjementet på dyrehelseområdet krev aktiv norsk innsats, men gir oss del i god og rask informasjon om situasjonen i verda. Når nye dyresjukdomar, eller endra eigenskapar hos kjente sjukdomar, samt alvorleg smittsame sjukdomar blir funne, krev det handsaming med grunnlag i vitskapeleg risikovurdering.

EFSA sin nye klassifisering av risiko for kugalskap i Noreg får ingen direkte konsekvens for området, men det blir viktig å vidareføre dei omfattande tiltaka knytt til sjukdomen. Dokumentasjon av fortsett fråvær av kugalskap i Noreg kan på sikt medverke til å betre Noreg si klassifisering.

For å realisere verdiskapingspotensialet i fiskerinæringa er det nødvendig at fiskevelferd, fiskehelse, mattryggleik og matkvalitet er av ein slik standard at norske sjømatprodukt kan oppretthalde og styrke sin del av marknaden. God fiskehelse gjennom heile produksjonskjeda gir grunnlag for lønnsam produksjon. Ikkje minst vil god helsestatus skape grunnlag for eit sluttprodukt med slik kvalitet som forbrukarane ønskjer både nasjonalt og internasjonalt.

Det er eit auka fokus på framandstoff i fisk og helsekonsekvensane av dette. Det blir stilt stadig strengare krav, både frå styresmakter i andre land og forbrukarar, til dokumentasjon av innhald av ulike, potensielt skadelege stoff i sjømat. Risikovurderingar som er basert på vitskapelig dokumentasjon er viktig for forvaltning av området. Dette har avgjerande innverknad på norsk sjømateksport. Forbrukarane må ha tillit og tilgang til informasjon kring desse spørsmåla. Sjømatpolitikken bør difor kontinuerlig utviklast både innan risikovurdering, risikohandtering og risikokommunikasjon.

For å trygge og betre marknadstilgangen til norsk sjømat i den internasjonale marknaden, må denne oppfylle dei krava styresmaktene i andre land stiller til import. Norsk sjømatforvaltning må gi den nødvendige garantien for dette i form av sertifikat mv. ved eksport. Tilsynet med at sjømatverksemdene oppfyller bygningsmessige krav og krava til eigenkontroll må intensiverast og byggje på prinsippa om eit einskapeleg og heilskapeleg tilsyn. Ulike krav vil kunne redusera tilliten til Noreg som sjømateksportør og slik redusere verdiskapinga i sjømatnæringa.

Budsjettframlegget er sentralt i høve til regjeringa sitt matpolitiske mål om å ta omsyn til forbrukarane sine interesser. Ein tek sikte på styrke forbrukarane sin stilling i marknaden med omsyn til informasjon, merking, sporing gjennom produksjonskjeda mv. Ein vil styrke forbrukarane sin moglegheit til å gjera val basert på informasjon og innsikt og på den måten skape betre balanse mellom forbrukarinteresser og næringsinteresser. Forbrukarane, både som enkeltpersonar og som grupper, har i aukande grad blitt viktige som premissleverandørar for den offentlege debatten om matspørsmål.

Regjeringa vil i samband med det nye EU-regelverket om godkjenning og merking arbeide for størst mogleg valfridom mellom genmodifiserte og konvensjonelle produkt. Ein arbeider og med reglar for dyrking, m.a. for å sikre at økologisk- eller anna GMO-fri produksjon ikkje blir forureina.

Den etiske plattforma lagt fram i St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd, slår fast at dyr har eigenverdi. Forbrukarane syner aukande interesse for husdyrhald og husdyrproduksjon ut frå ønskje om at dyra har rett til eit verdig liv. Det er viktig for forbrukarane å kjenne til korleis dyra har hatt det medan dei levde, på garden, under transport og på slakteriet. Også ved hald, transport og slakting av fisk, må det takast etiske omsyn ut frå dei særskilte tilhøva som gjeld for fisk.

Matdepartementa arbeidar for å betre dokumentasjonen av bruk av lækjemiddel til dyr. I regjeringa sin Tiltaksplan for å motvirke antibiotikaresistens (2000-2004) frå mars 2000 er eitt av måla at all bruk av antibiotika til menneskje og dyr skal overvakast. Matdepartementa arbeider for å etablere eit felles register over bruk av lækjemiddel til dyr, for å kunne ivareta desse måla best mogleg. I dag er dette ivaretatt på tilfredstillande vis berre når det gjeld oppdrett av fisk.

Matdepartementa vurderer ulike tiltak for å redusere kostnadsnivået i kjøttkontrollen. Mattilsynet har i den samanhengen vurdert om berekning av gebyr, slik det blir gjort etter dagens forskrift, samsvarar med dei ressursane som blir brukt til tilsyn og kontroll. Mattilsynet har og gitt råd om kva for spørsmål som bør vurderast nærare med omsyn til ytterligare reduksjon av kostnadene i kjøttkontrollen. Departementa vil arbeide vidare med desse spørsmåla.

EU har vedteke eit nytt samla regelverk for hygiene og kontroll langs heile matproduksjonskjeda. Det nye regelverket stiller strengare krav til eigenkontroll i verksemdene, men reglane er meir generelle og enklare utforma. På einskilde avgrensa område er det rom for å fastsette regler nasjonalt. Dersom dette regelverket blir gjennomført som ein del av EØS-avtalen, vil matdepartementa leggje stor vekt på at moglegheitene i regelverket blir utnytta og praktisert på ein slik måte at ein både opprettheld mattryggleiken og omsynet til næringsmiddelverksemdene i liten og stor skala.

Tilgang på kliniske veterinærtenester

Landbruks- og matdepartementet sette i mars 2004 ned eit utval som skulle utgreie tiltak for å styrkje klinisk veterinærteneste i næringssvake strøk med omsyn til husdyrproduksjon. Utvalet var samansett av representantar frå Den norske veterinærforening, Kommunanes sentralforbund, Landbruks- og matdepartementet, Mattilsynet og husdyrnæringa. I ei einstemming innstilling meinte utvalet at dei utfordringane ein står overfor med omsyn til å få ein tilfredsstillende veterinærdekning i alle deler av landet best kan løysast ved at tilgang på kliniske veterinærtenester blir gjort til eit kommunalt ansvar. Utvalet meinte det i denne samanhengen vil vere nødvendig at også det statlige ansvaret for den kliniske veterinærvakta blir lagt til kommunal sektor.

Etter utvalet sitt forslag vil kommunal sektor få ansvar for nødvendige tiltak for tilgang til kliniske veterinærtenester og organisering av ei klinisk veterinærvakt. Tiltak for tilgang på kliniske veterinærtenester vil vere aktuelt i dei områda der marknadsgrunnlaget for veterinær verksemd ikkje er tilstrekkeleg.

Landbruksdepartementet vil i samarbeid med partar som saka vedkjem arbeide vidare med utgangspunkt i utvalet sitt framlegg og komme tilbake til saka på egna vis.

Kap. 1107 Statens dyrehelsetilsyn (jf. kap. 4107)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Driftsutgifter

252 190

70

Tilskott til veterinær beredskap

45 331

73

Tilskott til tiltak mot dyresjukdommar , overslagsløyving

25 364

Sum kap. 1107

322 885

Resultatrapport 2003

Helsa hos landdyr og fisk i Noreg er svært god og det er ikkje registrert at nye smittsame sjukdomar er kome inn i landet via import i løpet av året. Ved utgangen av året var det ikkje noko dyrehald av tradisjonelt matproduserande dyr som var pålagt restriksjonar på grunn av smittsame sjukdomar. Fjørfesjukdommen infeksiøs laryngotrakeit (ILT) har vist ein sterk auke innanfor hobbyfjørfehald. Førebels er ikkje egg- og kjøttproduserande besetningar registrert smitta.

Innarbeiding av nytt regelverk etter EØS-avtalen krev stadig større ressursar. EU vedtok i 2002 ei ny forordning som regulerer animalske biprodukt (avfall). Dyrehelsetilsynet har leia arbeidet med å greie ut faglege og forvaltningsrelaterte spørsmål og førebu gjennomføringa av forordninga i norsk rett. Arbeidet har gått føre seg i nært samarbeid med m.a. Statens landbrukstilsyn, Statens næringsmiddeltilsyn, Fiskeridirektoratet og Statens forureiningstilsyn.

Frå og med 2003 er individregisteret for storfe og svinehalddatabasen integrert i eit felles register – Husdyrregisteret. Fjørfemodulen av Husdyrregisteret blei utvikla og sett i drift i juni medan småfedatabasen blir inkludert når opplegget i EU er avklart. Husdyrregisteret er tilgjengeleg for eigen etat og brukarar gjennom internett. Det er nedlagt ein stor innsats for å sikre optimal kvalitet på dei data som ligg inne i registeret og for at innrapportering av hendingar til individregisteret skjer etter regelverket.

Arbeidet med programma for overvaking og kontroll, både dei EØS-relaterte og dei reine nasjonale tiltaka, skjer etter planar utarbeidd i samråd med Veterinærinstituttet. Dei EØS-baserte krava til overvaking av overførbare spongiforme encefalopatiar (TSE) blei ytterlegare utvida i 2003. Det blei sendt inn vel 24 000 prøver av storfe for undersøking. Alle desse prøvene var negative. Når det gjeld småfe, blei det sendt inn knapt 40 000 prøver. Av desse var det 15 positive funn. Dei fleste positive funna kjem frå hjerneprøver frå sjølvdaude dyr.

Det blei i 2003 påvist paratuberkulose i ein storfebesetning og i 21 geitebesetningar.

Det blei i 2003 gjennomført eit stort oppfølgingsarbeid etter at det blei påvist mædi i ein sauebesetning i Nord-Trøndelag i desember 2002. Ved årsskiftet 2003/2004 var 372 besetningar bandlagde for mædi mot 51 året før.

Restriksjonane for BVD blei i 2003 oppheva for 13 besetningar medan ein ny besetning fekk påvist smitte og blei restriksjonsbelagt. Berre 4 besetningar var pålagt restriksjonar for BVD ved årsskiftet. Den vellukka nedkjempinga av BVD skuldast ein langvarig og systematisk innsats i samarbeid med storfenæringa.

Det blei for første gongen i Noreg påvist tilfelle av Aviær rhinotrakeitt (ART). Påvisinga skjedde i to fjørfebesetningar i Rogaland. Begge besetningane blei avliva og destruert. Det blei ikkje påvist positive prøver når det gjeld ART etter prøvetaking i kontaktbesetningar. Restriksjonane er oppheva og smitten blir vurdert som nedkjempa. Smittekjelda er ikkje påvist.

Det var 6 utbrot av infeksiøs lakseanemi (ILA) i 2003 mot 12 i 2002 og 20 i 2001. Etter fleire år med svakt aukande tal for ILA er det positivt å registrere ein nedgang både i 2002 og 2003. Nedkjempinga av ILA skjer no i tråd med ein ny plan/instruks som er i samsvar med forpliktingane i EØS-avtalen.

Spreiinga av Gyrodactylus salaris i norske vassdrag har ført med seg stor innsats for å leggje til rette for desinfeksjon av fiskeutstyr knytt til lakseførande vassdrag. Det er no registrert 272 desinfeksjonsstasjonar fordelt på 133 vassdrag. Stasjonane har rapportert om over 10 000 utførte desinfeksjonar i 2003. Status for sjukdommen er om lag som året før. Ei ny elv er smitta medan ingen av elvane som har vore smitta blei friskmeldte i 2003.

Lakselus er framleis eit omfattande problem. Det er nødvendig med jamlege inspeksjonar, spesielt i problemområde.

Dei tradisjonelle produksjonssjukdommane, som ketose og mastitt, blir rapportert å vere i stadig tilbakegang. Dyrehelsetilsynet har gitt arbeid med desse sjukdommane lågare prioritet etter kvart som omfanget av forvaltningsoppgåver har auka.

Forbruket av antibiotika og kjemoterapeutika i oppdrettsnæringa er framleis lågt. Nivået har halde seg stabilt dei siste 5 åra sjølv om produksjonen har auka. Funn av lækjemiddel i mjølk og slakt er òg svært sjeldne.

Det er særskilte dyrevernsutfordringar knytt til beitande bufe og store rovvilt, dyrevern hos fisk og tilfelle av dyretragediar.

EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) avdekte ved inspeksjon fleire forbetringsområde når det gjeld dyrevern ved norske slakteri og ved transport av levande dyr. Dyrehelsetilsynet følgde opp alvorlege regelbrot straks og arbeidet med å sikre at alle slakteri oppfyller krava for godkjenning i høve til forskrift om dyrevern i slakteri er blitt prioritert. Det er òg gitt stor merksemd til dyretransportane i 2003. Distriktsveterinærane inspiserte 880 transportar. 28 transportar hadde avvik og 3 av desse blei meldt til politiet.

Tal over tilsynsaktiviteten i regi av dyrevernnemndene kan tyde på at nemndene prioriterer tilsyn av meir risikobaserte dyrehald. Talet på pålegg i høve til talet på inspeksjonar var i 2003 på 11,4 pst. mot 9,3 pst. i 2002 og 8,2 pst. i 2001. Talet på vedtak som blir påklaga til fylkesveterinæren har likevel vist ein markert reduksjon dei siste åra. Dette kan tyde på at både distriktsveterinærane og dyrevernnemndene har utvikla ein stadig betre forvaltningskompetanse.

Dyrhelsetilsynet har tatt aktivt del i arbeidet med å førebu ansvarsoverføringa til Mattilsynet, m.a. gjennom utlån av personell til Mattilsynet og utstrekt deltaking i prosjektverksemd.

Kap. 4107 Statens dyrehelsetilsyn (jf. kap. 1107)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

03

Gebyr og analyseinntekter m.m.

32 681

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

773

18

Refusjon sjukepengar

2 239

Sum kap. 4107

35 693

Post 03 Gebyr og analyseinntekter m.m.

Posten omfattar inntekter frå ulike gebyr og avgifter knytt til Dyrehelsetilsynet si verksemd i 2003.

Kap. 1110 Statens landbrukstilsyn (jf. kap. 4110)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Driftsutgifter

121 063

Sum kap. 1110

121 063

Resultatrapport 2003

Landbrukstilsynet har tatt aktivt del i internasjonalt samarbeid innanfor kvart av dei ulike fagområda. Aktivitetar i tilknyting til EU, på grunnlag av EØS-avtalen, står i ei særstilling. Andre viktige fôra er OECD, interimskommisjonen for plantehelsetiltak (ICPM) under FAO, plantevernsorganisasjonen for Europa og Middelhavsområdet (EPPO) og nordisk samarbeid. For såvareområdet står det internasjonale arbeidet i ISTA sentralt.

Landbrukstilsynet har òg tatt aktivt del i arbeidet med å førebu ansvarsoverføringa til Mattilsynet frå 01.01.2004.

Plantehelse

Etter at ein fireårig opptrappingsplan for styrking av norsk plantehelse er gjennomført, er revisjon av registrerte verksemder og produksjonskontroll i desse, viktige og prioriterte oppgåver innan plantehelseområdet. I 2003 var det like fullt nødvendig å bruk monalege ressursar på tiltak mot pærebrann og jordbærsvartflekk i sertifisert jordbærplanteproduksjon.

Med bakgrunn i dei mange funna av søramerikansk minérfluge i 2002 blei det i samarbeid med Planteforsk gjennomført overvaking både på friland og i veksthus. På grunnlag av resultata vurderer ein at skadegjeraren no er utrydda.

Det er òg gjennomført kartlegging og overvaking av ei rekkje andre skadegjerarar, m.a. lys potetringråte, sharkavirus i plomme og furuvednematode i skog. Arbeidet vil halde fram i 2004.

Plantevernmiddel

I 2003 er første runde av ny 5-års-plan etter ny ordning for vurdering av søknader om godkjenning av plantevernmiddel gjennomført. Arbeidet etter Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel har gått som planlagt. Alle plantevernmiddel på den norske marknaden er revurdert og søknad om godkjenning av nye preparat er vurdert i løpet av perioden 1999-2003. Ein har oppnådd ein monaleg kvalitetsbetring i arbeidet og det er oppnådd ein reduksjon i helse- og miljørisikoen i samsvar med måla i handlingsplanen.

Ved godkjenning av plantevernmiddel legg ein vekt på at risiko for helse og miljø ved bruk under norske forhold skal vera låg og akseptabel.

Salet av plantevernmiddel frå importør til forhandlar var i 2003 litt høgare (690 tonn) enn gjennomsnittet for dei 5 siste åra (640 tonn).

Landbrukstilsynet gjennomførte i 2003 et pilotprosjekt knytt til tilsyn med plantevernmiddel på til saman 41 utvalde gardar i Vestfold, Buskerud og Telemark. Produsentar av grønsaker og frukt blei i hovudsak valt ut. Kontrollane skjedde dels som eit samarbeid med det lokale Arbeidstilsynet.

Resultata viser det at om lag 75 pst. av alle kontrollerte bruk fekk skriftleg pålegg om utbetringar. Alle gardsbruk hadde person med autorisasjonsbevis, sprøytejournal ble ført i 95 pst. av tilfella og 75 pst. hadde skåp med lås for oppbevaring av plantevernmiddel. Det står ein del gamle plantevernmiddel lagra hos omtrent to tredjedelar av bruka.

Såvarer

Det blir stilt strenge krav til såvarene for å sikre at dei er tilpassa veksevilkåra og krav til avlingsnivå og kvalitet. Gjennom godkjenning av nye sortar kan kornsortar som er mottakelege for soppsjukdomar, bli erstatta med meir resistente sortar som treng mindre plantevernmiddel.

Såvarelaboratoriet blei gitt ein indre fristilling i Landbrukstilsynet frå 01.01.2003. Sjølv om prosessen med å skilje ut laboratoriet blei forseinka har ein klart å halde fokus på ein effektiv laboratoriedrift og høg servicegrad. Talet analyseprøver i sesongen 2002/2003 var vel 17 000, ein nedgang på 5 pst. frå sesongen før.

Som ledd i marknadsrettinga av Såvarelaboratoriet blei såvaregebyret sett ned og takstane auka. Nedgang i talet på prøver og bruk av ny teknologi gjorde det nødvendig å redusere bemanninga ved laboratoriet. Dette blei gjennomført utan oppseiingar.

Økologisk landbruk

Landbrukstilsynet førte kontroll med verksemda til DEBIO som er godkjent som utøvande kontrollorgan for økologisk primærproduksjon.

I 2003 var 2 466 bruk kontrollerte for økologisk produksjon eller dei var under omlegging, mot 2 303 i 2002. Det økologiske arealet, saman med omleggingsarealet, er no 3,7 pst. av det totale jordbruksarealet. Dette er ein auke på 17 pst. frå 2002.

Gjødselvarer

Omsetnaden av gjødsel- og jordforbetringsprodukt, basert på resirkulert organisk og uorganisk avfall aukar. Kvalitetskrava er strenge, men resirkuleringsverksemdene har etterkvart tilpassa seg desse.

Systemrevisjonar hos firma i gjødselbransjen er gjennomført etter planen med godt resultat. Stikkprøvekontrollen er gjennomført med prosjektretta kontroll med utvalde produkt.

Fôr

Kontrollen med produksjonen av fôr skjer ved revisjon av internkontrollen ved dei ulike verksemdene, og ved besøk som ikkje er varsla på førehand. Det er i 2003 gjennomført 25 systemrevisjonar i ulike fôrbedrifter. Med unntak for ein del manglar i nokre verksemder si risikovurdering, viser revisjonane at internkontrollen er tilfredsstil­lande.

Regelverket gjer i stor grad verksemdene ansvarlege i høve til internkontroll og oppfølging ved påvisning av salmonella. Dette har òg i 2003 vist seg å verke godt.

Landbrukstilsynet har gjennomført ein relativt omfattande kontroll for uønskte stoff og produkt, m.a. dioksin, tungmetall, mykotoksin i norsk korn og genmodifiserte fôrvarer utan å påvise alvorlege overskridingar av grenseverdiar. Kontrollen med animalske protein i fôr til produksjonsdyr viser at forbodet verker.

Sinkbacitracin er det einaste fôrantibiotikum som er godkjent til visse dyreartar, men det har ikkje vore brukt på fleire år. Koksidiostatika som òg har ein antibiotisk verknad, er brukt noko meir enn i 2002. Kontrollen av deklarert koksidiostatika viser godt samsvar mellom deklarert og analysert innhald.

Tekniske innretningar

Arbeidet med tekniske innretningar skal m.a. redusere risikoen for lekkasje og avrenning frå landbruket, og sikre eit godt miljø for husdyra. Typegodkjenningsordningar for m.a. siloar, gjødselportar og innreiingar for husdyr samt obligatorisk funksjonstesting av spreieutstyr for plantevernmiddel er verkemiddel på desse områda.

Kap. 4110 Statens landbrukstilsyn (jf. kap. 1110)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Gebyr og analyseinntekter m.m.

104 829

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

1 086

18

Refusjon sjukepengar

1 262

Sum kap. 4110

107 177

Post 01 Gebyr og analyseinntekter m.m.

Posten omfattar inntekter frå ulike gebyr og avgifter knytt til Landbrukstilsynet si verksemd i 2003.

Kap. 1112 Forvaltningsstøtte, utviklingsoppgåver og kunnskapsutvikling m.m.

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

50

Forvaltningsstøtte og utviklingsoppgåver, Veterinærinstituttet

107 331

63 181

65 285

51

Forvaltningsstøtte, utvikling og kunnskapsformidling, Planteforsk

46 335

40 723

42 079

52

Støtte til fagsentra, Planteforsk

12 870

13 521

13 981

Sum kap. 1112

166 536

117 425

121 345

Post 50 – Forvaltningsstøtte, utviklingsoppgåver, Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Veterinærinstituttet har forvaltningsstøtte innan dyrehelse, fiskehelse og mattryggleik til Mattilsynet og andre styresmakter som primæroppgåve. Løyvinga på denne posten dekker oppgåver innan dyrehelse og mattryggleik. Løyving til oppgåvene innan fiskehelse ligg på Fiskeri- og kystdepartementet sitt budsjett. Instituttet mottek basisløyve til forsking frå Noregs forskingsråd.

Mål og strategiar

Veterinærinstituttet har som mål å vere ein viktig nasjonal og internasjonal leverandør av kunnskap og kompetanse innan mattryggleik, helse og velferd hos dyr og fisk.

For å nå desse måla må Veterinærinstituttet mellom anna:

  • vidareføre forskinga innan kjerneområda til instituttet

  • styrke beredskap, diagnostikk, overvaking og referansefunksjonar gjennom forsking og effektivisering

  • gi høg prioritet til sjukdomar og smittestoff som kan påverke helsa hos menneske

  • utvikle velferd hos dyr og fisk som fagområde

  • ha ein organisasjonsstruktur som er optimal for verksemda

  • styrke samarbeidet med nasjonale og internasjonale institusjonar

Resultatrapport 2003

God beredskap og truverdig overvaking er ein føresetnad i arbeidet med å sikre mattryggleik og dyrehelse. Tidleg avdekking av nye sjukdomstilfelle hos dyr eller unormale tilhøve i matvarer er viktig, slik at ein kan setje i verk effektive tiltak. Det er mange døme på dette i 2003.

Mange menneske med matallergi kan få alvorlege, til dels livstruande reaksjonar dersom dei et mat som inneheld stoff dei er allergiske mot. Av den grunn er diagnostisk kompetanse med sikte på å avdekke allergiframkallende stoff i mat viktig for å førebygge sjukdom hos menneske. Det diagnostiske tilbodet kom til nytte ved fleire høve i 2003. Sjokolade for melkeallergikarar med innhald av mjølkeprotein trass i varedeklarasjon om det motsette, og pølsebrød med lupinmjøl som ville gi allergi, er døme på dette.

I andre høve kan uønska komponentar i maten auke risikoen for meir langvarig helseskade. Det gjeld til dømes giftstoff frå sopp som veks på korn eller andre matvarer. Innhaldet av giftstoff frå sopp i norske matvarer har vore lågt. I importerte rosiner blei det funne for store mengder av soppgifta okratoksin.

Den frykta hamburgarbakterien (toksinproduserande Escherichia coli 0157) blir berre påvist i sjeldne tilfelle. I 2003 blei det gjort to positive funn blant meir enn 3600 undersøkte prøver.

Mangfaldet av dyresjukdomar som blei diagnostisert ved Veterinærinstituttet i 2003 er stort. Nokre av desse sjukdomane er viktige internasjonalt, men dei er tidlegare ikkje påviste i Noreg. Dette gjelder til dømes aviær rhinotrakeitt hos fjørfe og postweaning multisystemic wasting syndrome (PMWS) hos gris. Den siste sjukdomen fører til store tap i svineproduksjonen i mange land ved at grisane veks dårleg etter at dei er avvendte.

I andre høve har ein funne spreiing av sjukdomar som er kjent i Noreg tidlegare. Det gjeld til dømes mædi hos sau. Desse funna syner at det er nyttig å overvake kroniske dyresjukdomar med ei langsam utvikling.

Den internasjonale merksemda omkring den nye forma for scrapie auka monaleg i 2003 etter at Veterinærinstituttet publiserte den første artikkelen om denne sjukdomen i eit internasjonalt tidsskrift. Kunnskapsutviklinga omkring denne nye forma for skrapesjuke er formidla til Mattilsynet som på dette grunnlaget har endra tiltaka mot sjukdomen. Ville dyr og hobbydyr kan vere smittekjelde for produksjonsdyr. I 2003 er det fleire døme på at viktige sjukdomar er påvist hos slike dyr. Enkelte av desse sjukdomane kan gi store tap i kommersielle produksjonar. Dette gjeld til dømes infeksiøs laryngotrakeitt og paramyxovirusinfeksjon hos hobbyfjørfe og duer. I enkelte høve har ein påvist sjukdomar som representerer ein risiko for menneske. Det gjeld m.a. aviær tuberkulose som blei påvist hos rådyr, og salmonellose som blei funne hos hobbyfjørfe.

Arbeidet med zoonoser (sjukdomar som kan overførast mellom dyr og menneske) har fått stor merksemd. Norsk zoonosesenter har vore eit viktig bindeledd mellom dei mange aktørane i matforvaltninga. Den norske zoonoserapporten har fått stor merksemd innan EU. I samarbeid med fjørfenæringa blir det gjennomført ei handlingsplan med sikte på å redusere førekomsten av Campylobacter i fjørfe, for på den måten å vere med å førebyggje infeksjon med denne bakterien hos menneske. Norsk zoonosesenter leiar arbeidet som har gitt gode resultat.

Molekylærbiologiske teknikkar er ein nyttig reiskap i arbeidet med å framskaffe ny kunnskap innan mattryggleik og dyrehelse. Veterinærinstituttet har no etablert metodar for å identifisere og kvantifisere genmodifiserte organismar i mat og fôr basert på molekylærbiologi. I andre høve er slike metodar nytta til påvisning av bakteriar, virus, sopp og parasittar. Det er òg mogelig å klarleggje likskap og skilnad mellom isolat av smitteemne frå ulike kjelder. Til dømes er det påvist at isolat av mykobakteriar frå fuglar er forskjellige frå stammer frå gris og menneske. Derimot viser isolata av mykobakteriar frå gris og menneske stor likskap.

Budsjettframlegg 2005

Institusjonane under Landbruks- og matdepartementet er inne i ein stor reform som m.a. omfattar endringar i matforvaltninga, og auka samarbeid og samordning mellom forskingsinstitusjonar underlagt Landbruks- og matdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet og andre departement. Veterinærinstituttet står for kontinuitet, og instituttet skal framleis vere ein sentral leverandør av forskingsbasert forvaltningsstøtte innan kjerneverksemdene. Ein legg vekt på at Veterinærinstituttet skal vere ein institusjon med habilitet og integritet som produserar og formidlar forskingsbasert kunnskap på ein truverdig måte.

Nye smitteemne kan innførast med m.a. menneske, dyr og dyreprodukt. Det er viktig å halda fram arbeidet med høg beredskap knytt til alvorlige dyresjukdomar. I tillegg til rask og påliteleg diagnostikk må instituttet utvikle generell kunnskap om aktuelle sjukdomar som grunnlag for risikovurderingar og rådgiving. Instituttet har ei sjølvstendig rolle innan overvaking av sjukdomar og helseproblem og vil støtte Mattilsynet i utvikling, gjennomføring og rapportering av dei kartleggings-, overvakings- og kontrollprogramma som tilsynet har ansvar for. Dette gjeld særleg dyresjukdomar og smittemne som kan overførast til menneske, medrekna antibiotikaresistente bakteriar, sjukdomar med lang inkubasjonstid, og helseproblem grunna mikroorganismar og planter som produserer giftstoff.

Infeksjonar hos ville dyr, som til dømes fugleinfluensa og rabies, kan òg føre til alvorleg sjukdom hos husdyr og menneske. Veterinærinstituttet skal gi prioritet til arbeid med slike sjukdomar.

Oppgåvene innan mattryggleik femner vidt og krev brei kompetanse Veterinærinstituttet må utvikle eigen kunnskap og ha nær kontakt med andre fagmiljø som arbeider med mattryggleik. Allergi på grunn av stoff i maten er eit aukande problem. I tillegg til å utvikle gode metodar for påvisning, skal Veterinærinstituttet bidra til å utvikle prosessar som reduserer mengda av allergener ved framstilling av mat.

Internasjonalt arbeid, m.a. samarbeid og kontakt med vitskaplege institusjonar i andre land, må utviklast vidare. Dette gjeld òg samarbeid med dei nye medlemslanda i EU.

Norske styresmakter skal medverke i det internasjonale arbeidet med å utforme regelverk for godkjenning og merking av produkt med genmodifiserte organismar. Veterinærinstituttet har ei viktig rolle i dette arbeidet ved å vidareutvikle påliteleg metodikk for påvisning og mengdebestemming av genmodifiserte organismar i fôr og mat, og å framskaffe anna kunnskap som grunnlag for risikovurderingar i samband med bruk av produkt med genmodifiserte organismar.

Samfunnet legg meir vekt på etiske forhold og velferd i samband med hald av dyr. Det gjeld òg dyr som skal nyttast til produksjon av mat. Veterinærinstituttet skal ha brei kunnskap om dyrevelferd og skal yte forvaltningsstøtte på området.

Arbeidet med sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske (zoonosar) er svært viktig både av omsyn til dyrehelsa og folkehelsa og krev derfor høg merksemd. I samband med endringar i rapporteringsrutinar for zoonosar innan EØS og ny organisering av mattforvaltninga, legg ein opp til at dei aktuelle oppgåvene innanfor VI sitt ansvarsområde som har vore utført av Norsk zoonosesenter, blir integrert i dei ordinære oppgåvene ved Veterinærinstituttet og Nasjonalt folkehelseinstitutt. Veterinærinstituttet og Nasjonalt folkehelseinstitutt vil vidareføre samarbeidet om ei heilskapleg rapportering om zoonosar og smittestoff som kan gi zoonosar.

Veterinærinstituttet si primære oppgåve er å gi forskingsbasert forvaltningstøtte til styresmaktene. Kompetansen ved instituttet skal òg kunne nyttast av næringslivet. Dette må skje på ein slik måte at instituttets tillit som kunnskapsleverandør ikkje blir svekka.

Post 51 Forvaltningsstøtte, utviklingsoppgåver og kunnskapsformidling, Planteforsk

Resultatrapport 2003

Forvaltingsstøtte, utviklingsoppgåver og kunnskapsformidling har eit langsiktig perspektiv der fleire aktørar medverkar.

På grunnlag av resultat frå forsking med nye metodar som reduserer behov for gjødsel (startgjødsling i korn, delt og meir tilpassa gjødsling) kan ein forventa at nedgangen i forbruket vil fortsette. Planteforsk har vidareført arbeidet med oppfølging av Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel 1998-2002. I samarbeid med forsøksringane har Planteforsk utarbeidd retningslinjer for integrert plantevern i ei rekkje enkeltkulturar. Det trengst framleis forskings- og utviklingsarbeid for å utvikle nye metodar for integrert plantevern. Prognoser og varsling innan planteskadegjerarar er ein viktig del av dette arbeidet. Forskarar frå Planteforsk er med i eit prosjekt på integrert plantevern i grønsaker i Vietnam.

Forsking på miljøkonsekvensar av plantevernmiddel har sett Planteforsk i stand til å utvikle viktige verktøy for å redusere risikoen for forureining.

Planteforsk arbeider med å utvikle metodar for lønsam økologisk planteproduksjon i heile landet. Ei av dei viktigaste oppgåvene er å utvikle dyrkingsmetodar for ein lønsam og berekraftig økologisk kornproduksjon, noko som er nødvendig for å kunne auke omfanget av omlegging til økologisk produksjon. Også innan konvensjonell dyrking er det stor interesse for resultata frå forsking på økologiske dyrkingsmetodar. Beitebruken har vore på veg opp, men stagnerte i 2003. Planteforsk arbeider langsiktig på dette området, både innan intensiv produksjon med system for betre styring av beitebruk for mjølkekyr og meir ekstensiv utnytting av beite som ein del av kulturlandskapspleie.

Planteforsk samarbeider med kraftfôrindustrien og Institutt for husdyrfag, NLH, for å auke mengda av norskprodusert råvare i kraftfôrblandingane. Målet er betre kvalitet på det norske fôrkornet og auka dyrking av erter og oljevekstar

Planteforsk har i samarbeid med næringa og andre forskingsinstitusjonar arbeidd for å auke marknadsdelen for norske matpoteter.

Planteforsk har tatt i bruk ein ny vitskapeleg metode for kvantitativ risikovurdering av farlege planteskadegjerarar. Denne metoden vil vere eit nyttig verktøy innan plantehelse, men kan også nyttast i andre former for risikovurderingar.

Nordnorsk kompetansesenter for landbruk og innlandsfisk i regi av Planteforsk, med lokalisering ved Holt forskingssenter har funne sin plass og fungerer etter intensjonane.

Planteforsk har sekretariatsoppgåva for Genressursutval for kulturplanter, og den samla aktiviteten til utvalet utgjer Nasjonalt program for bevaring og bruk av plantegenetiske ressursar til matproduksjon og landbruk. Å skaffe oversyn over kva som finst av genressursar i Noreg er ei av utvalet sine viktigaste oppgåver, og i 2003 er det gjennomført undersøkingar av kva som finst av genetisk mangfald hos mange planteartar. Undersøkingane har vore mest omfattande i engvekstar og i hageplanter som staudar og roser.

Mål

Planteforsk skal vere leiande i bruksretta forsking og utvikling innan planteproduksjon, og eit nasjonal kompetansesenter i plantefaglege spørsmål. Planteforsk har som mål å utvikle kunnskap og metodar som medverkar til:

  • effektiv og konkurransedyktig planteproduksjon i heile landet

  • miljøvenlege produksjonsformer, inkludert økologiske

  • redusert avrenning frå jordbruksareala

  • rasjonell og forsvarleg bruk av naturgrunnlaget

  • naturgrunnlaget som utgangspunkt for nye næringar

  • god plantehelse

  • trygg mat fri for plantevernmiddel

  • betre livskvalitet

Strategiane for å nå desse måla er:

  • rett kompetanse

  • kvalifiserte og dyktige medarbeidarar

  • tilpassa organisasjon og leiing

  • nært samarbeid med Forsøksringane og andre FoU-organisasjonar

  • nært samarbeid med næringslivet gjennom brukarstyrt forsking og utvikling

  • regional forankring

Budsjettframlegg 2005

Framlegget omfattar finansiering av vitskapeleg basert forvaltingsstøtte til Landbruks- og matdepartementet og underliggjande etatar, m.a. Mattilsynet. Framlegget omfattar òg oppgåver Planteforsk skal utføre innan utvikling og kunnskapsformidling.

Planteforsk skal utføre desse oppgåvene:

  • gi effektiv diagnostisering av planteskadegjerarar. Planteforsk skaffar oversikt over plantehelsa i Noreg

  • vere kunnskapsbase for forvaltning på plantehelseområdet

  • skaffe data om ulike plantesortar som grunnlag for godkjenning/rettsvern av norske og utanlandske plantesortar

  • skaffe kvalitetssikra data som grunnlag for godkjenning av plantevernmiddel til bruk i norsk planteproduksjon

  • ha data og modellar som grunnlag for betre tilpassa gjødsling i heile landet. Dette er grunnlaget for gjødslingsplanlegginga og gir betre utnytting av næringsstoffa og med det redusert næringsavrenning

  • skaffe sikre måle- og analysedata for næringssalt og plantevernmiddel i avrenningsvatn til jordsmonnovervakingsprogrammet

  • kunne gjennomføre effektive og kvalitetssikra analysar av restar av plantevernmiddel i norske og importerte vegetabiler som grunnlag for effektiv matvarekontroll

  • gjennomføre langvarige gjødsel-/referanseforsøk for å dokumentere langtidsverknaden av ulike tiltak i jordbruket

  • utvikle automatiske rettleiingstenester

Viktige oppgåver knytt til utviklingsarbeid og kunnskapsformidling er:

  • skaffe dyrkarane plantemateriale av godkjende sortar som er fri for skadegjerarar

  • medverke til redusert bruk og risiko ved bruk av plantevernmiddel

  • medverke til reduserte kostnader i plante- og grovfôrproduksjonen

  • medverke til aktivt landbruk i dei nordlegaste delane av landet

  • gjere forskingsresultat tilgjengelege for brukarane

  • ha kunnskap om kulturmark, beiting, biologisk mangfald, m.m. frå eit kulturlandskaps- og dyrkingssynspunkt

  • skaffe fram meteorologiske data for varslingsteneste og forsking

  • fremme kunnskap om effektive dyrkingssystem som reduserer faren for avrenning av næringsstoff

  • gi presise råd til dyrkarane om bruk av plantevernmiddel og gjødsel

Tenester innanfor desse områda blir delfinansierte av brukarane.

Med utgangspunkt i handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel, vil Planteforsk ha oppgåver med å skaffe fram kunnskap for integrert plantevern (skadetersklar, prognosar og varsling m.m.) og forsking på området miljøkonsekvensar av plantevernmiddel,

Nordnorsk kompetansesenter skal skapa, ta i mot, forme og realisere idéar om nyskaping gjennom å utnytte naturgitte moglegheiter og ressursar i den nordlege landsdelen. Senteret skal ha kunnskap om dei ulike fagmiljøa for å kunne kople desse saman i ei heilskapstenking frå jord/vatn til bord. I tillegg til å ivareta det tradisjonelle landbruksområdet, skal Nordnorsk kompetansesenter ha eit nasjonalt fokus knytt til innlandsfisk.

Kartlegginga av genetiske ressursar i kulturvekstane i Noreg vil halde fram i 2005. Viktige plantegrupper er engvekster som gras og kløver i kulturlandskapet, frukt og bærslag og prydplanter som forsvinn frå hagar og grøntanlegg når stell og kulturarbeid tek slutt.

Arbeidet med å etablera samlingar av planter som staudar, veksthusplanter, roser og bær og plante inn sortar og genetiske variantar av planter som er truga, held fram i 2005.

Informasjonssystemet som blei etablert i 2003 gir høve til både å leggje inn og hente ut data om genressursar elektronisk. Samstundes skal aktiv informasjonsverksemd skape ei meir medviten haldning til verdien av det biologiske mangfaldet.

Bioforsk

Regjeringa tek sikte på at dei tre institutta Jordforsk, NORSØK og Planteforsk skal slåast saman til eit felles aksjeselskap under Bioforsk frå 01.07.2005.

Eigarskap og drift av dei eigedomane som staten i dag eig og Planteforsk forvaltar, skal organiserast innanfor statsforvaltninga. Eit interimsstyre med representasjon frå dei tre institutta og NLH har førebudd omorganiseringa i 2004. I første halvår 2005 vil interimsstyret for Bioforsk få i oppgåve å samordne verksemda i dei tre institutta i ein aktiv etableringsprosess. Det blir sett av midlar til interimsstyret si verksemd over kap. 1112 og kap. 1137. Det nye selskapet skal ta utgangspunkt i den FoU- og analyseverksemda som dei tre institutta har hatt innanfor planteproduksjon, mattryggleik, økologisk produksjon og jordfagleg miljøforsking. Bioforsk vil ha eit nært samarbeid med NLH overfor randsoneverksemd knytt til dei aktuelle fagområda. Samordninga av Jordforsk, NORSØK og Planteforsk i ein organisasjon vil gi faglege synergieffektar og den nye institusjonen skal framstå som ein viktig kunnskapsleverandør innanfor miljø og landbruk. jf. òg kat. 15.20 og kap. 1137. Departementet vil kome attende til Stortinget våren 2005 med framlegg om gjennomføringa av reforma.

Post 52 Støtte til fagsentra, Planteforsk

Fagsentra i Planteforsk blei etablerte i 1995. Dei fire fagsentra er Sæter i Hedmark, Fureneset i Sogn og Fjordane, Tjøtta i Nordland og Svanhovd miljøsenter i Finnmark.

Fagsentra har som formål å medverke til lokal og regional næringsutvikling innan landbruk og miljø. Dei tilbyr òg tenester innan kunnskapsformidling og service. Fagsentra tek òg forskingsoppdrag, men då styrt av forskingssentra i Planteforsk.

Sæter er engasjert i sauenæringa med fokus på næringsutvikling. Fureneset har som mål å bli eit senter for næringsutvikling og utprøving innan landbruk, naturbruk, miljøspørsmål og kulturlandskap i kystregionar. Med nye driftsbygningar, store jordvidder og beiteland har Tjøtta gode vilkår for si utviklingsverksemd innan økologisk landbruk, driftssystem og næringsutvikling, særleg for sau og ammekyr. Svanhovd er eit senter innan forsking, utvikling og miljøinformasjon om natur-, landbruk- og ressursforvaltning i Barentsregionen. Miljøsenteret har òg oppdrag frå lokale, regionale og nasjonale oppdragsgivarar. Konferanseavdelinga gjer at miljøsenteret no har eit komplett anlegg for formålet.

Resultatrapport 2003

Omorganiseringa frå forskingsstasjonar til fagsenter har så langt vore vellukka. Overgangen frå landbruksforsking til utviklingsarbeid og tenesteyting har kome langt. Investeringane i bygningar på Tjøtta og Svanhovd gjer desse fagsentra til attraktive medspelarar. Sæter og Fureneset er ikkje like godt utrusta, men også dei dreg fordel av å vere med i nettverket i Planteforsk. Tilgangen på oppdrag er ein god indikator på kor vellukka ordninga er. Fram til no har talet på oppdrag auka jamt, og oppdragsinntekta har òg auka. Fagsentra har mange, men oftast små oppdrag. Dette set store krav til effektiv administrasjon for å få god nok lønsemd. Alle dei fire fagsentra har levert gode økonomiske resultat dei siste tre åra.

Budsjettframlegg 2005

Samarbeidet mellom fagsentra og landbruksavdelinga hos Fylkesmannen må utviklast vidare for å skape større breidde i produktspekteret til Planteforsk , og for å gjere resten av kompetansen i Planteforsk tilgjengeleg. Om lag halvparten av løyvinga blir styrt av dei aktuelle Fylkesmennene.

Kap. 1114 Statens næringsmiddeltilsyn (jf. kap. 4114)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Driftsutgifter

235 137

Sum kap. 1114

235 137

Resultatrapport 2003

Arbeidet med forbrukarorientering blei ført vidare og styrkt i 2003. Matportalen blei ferdig utvikla og lansert våren 2003. Fleire daglege oppdateringar og tydelegare forbrukarretting av stoffet våren 2004 har ført til over ein dobling av talet på besøk sidan portalen blei etablert.

SNT tok del i arbeidet med oppfølging av Handlingsplan for forbrukarorientering av matpolitikken og i prosjektet Forbrukarorientering av etatane.

Ei rekkje kommunale næringsmiddeltilsyn hadde òg i 2003 fokus på matvarer i daglegvarehandelen. Næringsmiddeltilsyna oppdaga slurv med m.a. innfrysing av kjøtt og uhygieniske tilhøve i ferskvarediskar.

Under halvparten av dei verksemdene som stod under kommunalt tilsyn, hadde ved utgangen av dette året et fungerande internkontrollsystem (IK-mat). Utviklinga av verksemdene si oppfylling av IK-mat - forskrifta, samla sett, går for smått.

Campylobacter er den mest vanlege matborne sjukdommen i Noreg. Talet på personar som er registrert smitta av Campylobacter viste ein liten auke i høve til 2002, men var lågare enn i 2001. I 2001 blei det sett i verk ein handlingsplan mot Campylobacter i fjørfe, som blei vidareutvikla og betra i 2002 og 2003.

Talet på personar som er smitta av Salmonella, var om lag på nivå som i 2002 og lågare enn i 2001. Tala viser at dei som blir sjuke, oftast er smitta i utlandet.

SNT undersøkte i 2003 nivået av det kreftframkallande stoffet akrylamid i den norske marknaden. Resultata kan tyde på at nokre produsentar av potetprodukt, t.d. potetchips og pommes frites, har lukkast i å få nivåa av akrylamid noko ned.

Det blei hausten 2003 gjennomført eit tilsynsprosjekt om aflatoksin som leidde fram til dei kosthaldsråda som Mattilsynet gav våren 2004 om konsum av rosiner hos små barn.

Etter at Noreg fekk det første sjukdomstilfellet knytt til marine algegifter i krabbe i 2002, er det ikkje påvist for høge verdiar i 2003.

Det blei i 2003 ikkje gitt løyve til å bruke genmodifiserte matvarer og matvareingrediensar i Noreg. Tilsynsprosjekt har sett søkjelyset på dokumentasjonskontrollen frå frambydarane og korleis dei unngår å ta inn produkt som inneheld genmodifisert materiale.

Forskrift for beskytta varebetegningar blei i 2003 endra slik at ho nå òg omfattar fisk. Dei første produktforskriftene under denne ordninga blei dette året følgt opp i samarbeid med Matmerk.

Det blei i 2003 gjennomført eit frukt- og grøntprosjekt. Resultata viser at 88 pst. av dei undersøkte butikkane har ein god eller mykje god mottakskontroll og kvalitetskontroll før varene blir lagt i disk. Reinhald i disk og reinhald og orden på lager er god eller mykje god i høvesvis 82 og 71 pst. av tilfella. Merking av uemballerte poteter, frukt, bær og grønsaker er i liten grad god nok utanfor dei fire store kjedene.

KNT sin kontroll av matpoteter i butikk viste ei betring i kvaliteten i høve til 2001 og 2002.

Det er ein aukande interessa for produksjon av ost og andre mjølkebaserte produkt laga av ikkje-varmebehandla mjølk. Noregs landbrukshøgskole har laga ei vurdering av kritiske punkt i produksjonen av dei mjølkeprodukta det er mest aktuelt å framstille av ikkje-varmebehandla mjølk.

Prosjektet Kampanje tilsetningsstoff blei avslutta hausten 2003. Prosjektet kartla status for bruk av azofargestoff i sukkervarer og aromatisert alkoholhaldige drikkar og status for merking av tilsetjingsstoff. Resultata viser at ca 11 pst. av produkta inneheldt azofargestoff og at 32 pst. av prøvane ikkje var korrekt merkte.

Overvakinga av nivåa for nitrat i salat/spinat viser at det er ein liten betring i høve til tidlegare undersøkingar. Når det gjeld barnemat, viser resultata at nivået av nitrat generelt er svært lågt.

Overvaking av inntaket av framandstoff er eit viktig tiltak for å sikre folkehelsa. SNT samarbeidde med andre institusjonar for å oppdatere eksisterande konsumdata og utvide talet på matvarer som ein har konsumdata for. Det blei i 2003 gjennomført fleire prosjekt, m.a. når det gjeld data for miljøgifter i fisk og vilt samt kartlegging av muggsoppgifter i matvarer.

Det er funne restar av plantevernmiddel over grenseverdiane i 2,0 pst. av alle analyserte prøver i 2003. Talet i 2002 var 3,5 pst.

Barnematforskrifta trådde i kraft hausten 2002. Alle barnematprodukt som blir omsett på den norske marknaden, er blitt registrert i ein database. Oppfølging av forskrifta for å betre tilsynet og gi informasjon om barnemat og andre næringsmiddel til bruk ved spesielle ernæringsmessige behov, er sett i verk.

Som ein oppfølging av endringane i lækjemiddellova når det gjeld naturmiddel, sette Helsedepartementet ned ei arbeidsgruppe som skulle utgreie ei ordning med førehandsgodkjenning av naturmiddel. Rapporten frå denne med framlegg til ulike modellar ble sendt på høyring våren 2004.

SNT tok aktivt del i arbeidet med å overføre oppgåver og personell til Mattilsynet, m.a. gjennom utlån av personell til Mattilsynet og utstrakt deltaking i prosjektarbeid i regi av Mattilsynet. SNT utførte òg administrative oppgåver for Mattilsynet i interimsperioden. SNT har òg brukt mykje ressursar på arbeidet med den nye matlova og tilhøyrande forskriftsverk.

Nærare omtale av aktiviteten finn ein i årsrapporten for 2003 frå Statens Næringsmiddeltilsyn på www.mattilsynet.no.

Kap. 4114 Statens næringsmiddeltilsyn (jf. kap. 1114)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Gebyr og analyseinntekter m.m.

313 788

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

2 072

18

Refusjon sjukepengar

1 006

Sum kap. 4114

316 866

Post 01 Gebyr og analyseinntekter m.m.

Posten omfattar inntekter frå ulike gebyr og avgifter knytt til Statens næringsmiddeltilsyn si verksemd i 2003.

Kap. 1115 Mattilsynet (jf. kap. 4115)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Driftsutgifter

73 321

1 031 698

1 093 685

70

Tilskott til veterinær beredskap

66 650

68 882

Sum kap.1115

73 321

1 098 348

1 162 567

Mål og strategiar

Mattilsynet skal spele ei sentral rolle i gjennomføringa av matpolitikken. Mattilsynet vil ha hovudansvaret for å forvalte verkemidla knytt til måla om trygg mat, god plante, landdyr – og fiskehelse og etisk forsvarleg dyrehald og vil i kraft av eige oppgåveportefølje og kompetanse i tillegg medverke på andre matpolitiske område, som verdiskaping og ernæring. Mattilsynet skal framstå som ein premissleverandør for det politiske miljøet. Forvaltningsområdet er sterkt prega av internasjonale rammevilkår.

Mattilsynet vil ha brei fagkompetanse på ulike område, og dette må derfor utnyttast til å løyse andre viktige oppgåver som ikkje direkte har samanheng med matproduksjon. Dette gjeld m.a. tilsyn med planter og dyr som ikkje inngår i matproduksjon, tilsyn med kosmetikk og tilsyn med omsetting av reseptfrie lækjemiddel.

Mattilsynet skal arbeide for å oppretthalde og vidareutvikle den høge tilliten matforvaltninga i Noreg har. Ansvaret for etterleving av lovgivinga kviler på den enkelte verksemda.

Mattilsynet har som visjon å skape tryggleik og tillit gjennom kunnskap og handlekraft.

Mattilsynet skal arbeide etter følgjande mål i 2005:

  • trygg mat med omsyn til folkehelsa

  • friske planter, fisk og dyr

  • etisk forsvarleg hald av fisk og dyr

  • miljøvenleg produksjon

  • god kvalitet og ærleg omsetting og produksjon

  • verdiskaping på matområdet

Hovudverkemidla i arbeidet er å:

  • Utvikle, påverke og forvalte regelverk

  • Rettleie om regelverk

  • Føre tilsyn

  • Overvake status og utvikling på området

  • ha beredskap

Etableringa av Mattilsynet vil òg i 2005 medføre omstillingar. Det er eit viktig mål å gjennomføre omstillinga på ein slik måte at både økonomiske, organisatoriske, faglege og personalpolitiske mål med reforma blir nådd så raskt som mogleg.

Ei viktig oppgåve vil vere å redusere skilnaden i tilsynsnivå mellom område som tidlegare blei handtert av fleire ulike statlege tilsyn og dei kommunale næringsmiddeltilsyna. Mattilsynet vil difor dei første åra satsa på å utvikle eit einskapleg og heilskapleg tilsyn. I tillegg vil ein arbeide for å betre beredskapsfunksjonen i heile tilsynet og utvikle organisasjonen slik at den er best mogleg rusta til å møte dei framtidige utfordringane.

Resultatrapport 2003

For rapportering frå dei enkelte fagområda som Mattilsynet har teke over ansvaret for frå statlege etatar, syner ein til kap. 1107, kap. 1110, kap. 1114 og Fiskeri- og kystdepartementet sin St.prp. nr. 1 (2004-2005) kap. 1030.

Mattilsynet var i 2003 organisert som ein interimsorganisasjon med ansvar for å leie arbeidet med å overføre oppgåver og personell frå dei fusjonerande tilsyna ved årsskiftet 2003/2004.

Arbeidet var prosjektorganisert der hovudtyngda av prosjektarbeidet blei utført av tilsette i dei fusjonerande tilsyna medan Mattilsynet hadde prosjekteigaransvaret.

I tråd med omstillingsavtale inngått av Arbeids- og administrasjonsdepartementet og hovudsamanslutningane blei formelle drøftingar og tingingar gjennomført i ei samarbeidsgruppe med representantar frå kvar av sidene i arbeidslivet.

I tråd med St.prp. nr. 63 (2001-2002) og St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003) blei Mattilsynet organisert i tre ledd, eit lokalt, eit regionalt og eit sentralt. Ut over dei politiske vedtaka er organiseringa fastsett gjennom forhandlingar og drøftingar med tenestemannsorganisasjonane. Før forhandlingane blei det gjennomført omfattande prosessar med involvering av medarbeidarane i dei fusjonerande tilsyna. Ved organiseringa av lokalleddet blei det gjennomført regionale prosessar der òg lokale styresmakter og interesseorganisasjonar fekk påverke.

Dei viktigaste elementa i oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom ledda og einingane i Mattilsynet blei drøfta i samband med dei organisatoriske avklaringane. På dette grunnlaget blei det lagt til grunn ein bemanningsplan med følgjande hovudelement:

  • Etablering av eit hovudkontor med 130 årsverk.

  • Etablering av 8 regionkontor med ein bemanning på 12-17 årsverk kvar for å dekkje dei regionale oppgåvene. Fem av regionkontora blir dessutan bemanna for å dekkje oppgåver for heile etaten (nasjonale oppgåver). Desse oppgåvene på regionnivå utgjer totalt om lag 110 årsverk.

  • Etablering av 64 distriktskontor med samla om lag 940 årsverk. Storleiken på distriktskontora varierer frå 5 til 60 årsverk.

Innplasseringsprosessen og arbeid knytt til rettane til dei tilsette har vore krevjande. Det blei lagt stor vekt på å finne løysingar som var gode både for Mattilsynet og kvar enkelt tilsett. Dette resulterte i at færre enn venta blei innplasserte ved ei anna geografisk eining, eller med andre oppgåver enn det dei sjølv ønska. Det blei våren 2003 sett i gang ein brei intern prosess for å utvikle ein overordna plan for Mattilsynet med visjon, mål, verdiar og roller. Det blei òg starta eit prosjekt som vurderte korleis ein felles tilsynsfilosofi kan medverke til å gi retning for åtferda i tilsynsrolla.

Hovudkontoret er etablert i Oslo i dei same lokalane som blei nytta av Statens dyrehelsetilsyn og Statens næringsmiddeltilsyn. Kontorlokala for regionkontora blei òg avklart i løpet av hausten 2003. Ved nokre av regionkontora er det etablert mellombelse løysingar inntil kontora er fullt bemanna. Arbeidet med å etablere distriktskontora blei sett i gang med sikte på innflytting for dei fleste kontora i første halvdel 2004.

Det er gjennomført eit stort arbeid for å utvikle og etablere ein moderne elektronisk infrastruktur og framtidsretta systemløysingar for IKT, dokumenthandtering og administrative oppgåver i Mattilsynet. Mattilsynet prioriterte i 2003 å få på plass dei viktigaste funksjonane innan årsskiftet.

Arbeidet med organisasjons- og kulturbygging blei starta opp etterkvart som dei viktigaste spørsmåla knytt til innplassering av personalet blei avklart. Det blei gjennom året lagt vekt på regelmessig informasjon frå Mattilsynet til alle tilsette i dei fusjonerande tilsyna. For å sikre at dei faste oppgåvene og omstillings- og etableringsoppgåvene blei gjennomført på ein forsvarleg måte, blei det i samråd med dei fusjonerande tilsyna gjennomført målretta tiltak overfor personalet, m.a. bonusordningar for å stimulere tilsette i verksemdkritiske funksjonar til å stå i stillinga inntil det mest kritiske etableringsarbeidet var gjennomført.

Mattilsynet hadde i 2003 spesielt fokus på forvaltningsutvikling innan drikkevatn medan anna forvaltningsutvikling blei utført av dei fusjonerande tilsyna. I tillegg blei det arbeidd med å etablere gode rutinar for internasjonalt arbeid og beredskapsarbeid og samhandlinga mellom Mattilsynet og Vitskapskomiteen/FOU-miljøa.

Det blei gjennomført eit omfattande arbeid for å utforme eit opplegg for Mattilsynet sine kjøp av laboratorietenester. Konkurransegrunnlag og kravspesifikasjon blei sendt ut til prekvalifiserte laboratorium i desember 2003. Arbeidet har halde fram i 2004 og førte til at det i mai 2004 blei inngått avtaler med laboratorium om kjøp av laboratorietenester.

Det blei utarbeidd logo og grafisk profil for Mattilsynet og presentasjonsmateriell i samband med at Mattilsynet blei operativt ved årsskiftet. Det blei gjennomført ei vellukka profilering av Mattilsynet ved årsskiftet 2003/2004.

Budsjettframlegg 2005

Omstillingsarbeid i 2005

Mattilsynet vil òg i 2005 ha stor merksemd retta mot arbeidet med å etablere verksemda innanfor dei organisatoriske, geografiske, faglege og forvaltningsmessige rammene som er lagt for matforvaltningsreforma. Det er i 2005 sett av 93 mill. kroner til omstillingsarbeid, inkludert 37 mill. kroner for å dekkje utgifter som gjeld bestillingar gjort i 2004, jf. bestillingsfullmakta som blei gitt i budsjettet for 2004.

Resten av omstillingsmidlane vil i prioritert rekkjefølgje nyttast til:

  • Avvikling av arkiv og gjenståande husleigeforpliktingar overført frå tilsyn som er fusjonert inn i Mattilsynet.

  • personalpolitiske tiltak knytt til gjennomføring av avtaler

  • Gjenståande kontoretableringar

  • Gjenståande etablering av IKT

Etablering av tenelege IKT-løysingar har synt seg å krevje meir tid og kostnadar enn det ein tidlegare har rekna med. Desse løysingane vil gi ei vesentleg oppgradering av administrative system i høve til det som var i dei innfusjonerte tilsyna. På sikt vil dette gi effektiviseringsgevinstar for tilsynet. Avsette midlar til omstilling er ikkje tilstrekkeleg til å dekkje alle IKT-kostnadene, og det vil såleis vere nødvendig i tillegg å bruke av dei ordinære driftsmidla til dette formålet. Gode fagdatasystem er òg ein føresetnad for å utvikle eit framtidsretta og effektivt tilsyn. Det vil òg vere viktig å leggje vekt på organisasjons- og kompetanseutvikling slik at tilsynet utviklar seg i tråd med måla for reforma, særleg med omsyn til bygging av ein felles kultur og leggje til rette for einskap og heilskap i tilsynsverksemda.

Ein tek sikte på at staten sin del av kommunane sine kostnader knytt til omstilling av laboratorietilsette i samband med matforvaltningsreforma, jf. St.prp. nr. 65 (2002-2003), i hovudsak vil bli utbetalt i løpet av 2004

Faglege utfordringar

Det er ikkje mogleg å ha full oversikt over samanhengen mellom budsjettet for 2005 og gjennomføringa av dei oppgåvene Mattilsynet har ansvar for. Rekneskaps- og systematiske erfaringar i ein ny organisasjon har ein ikkje enno.

Det er lagt opp til eit stramt budsjettet for Mattilsynet si ordinære drift i 2005. Ettersom deler av driftsmidla må nyttast til omstilling, må tilsynsaktivitet og bemanning tilpassast rammene. Mattilsynet må likevel finne plass til nye eller utvida oppgåver på fleire område, m.a. knytt til genmodifisert mat, merking, naturmiddel og kosttilskott samt eit register over lækjemiddel til dyr. Det blir viktig å prioritere aktiviteten knytt til viktige samfunnsomsyn inkludert oppfølging av forpliktingar etter internasjonale avtalar. Oppgåver som blir vurdert som mindre presserande, kan få redusert merksemd i 2005, så sant det ikkje går ut over viktige samfunnsomsyn. Dette kan vere enkelte oppgåver knytt til primærproduksjon, foredling og omsetting.

Internasjonalt arbeid

Regelverket på matområdet blir i aukande grad harmonisert over landegrenser. Grunnlaget for det norske regelverket blir i stor grad utvikla innanfor EU. Ein stor - og stadig aukande - del av Mattilsynet si verksemd er derfor knytt til EØS-avtalen. Codex Alimentarius Commission og dei internasjonale plante- og dyrehelseorganisasjonane (IPPC og OIE) legg òg viktige premissar for regelverket. Det er nødvendig å leggje auka vekt på ei aktiv og samordna deltaking i internasjonale fora for å fremme norske synspunkt. Mattilsynet skal medverke til at oppfølging av dei internasjonale pliktene finn stad til riktig tid og til at gjennomføring i norsk rett blir gjort på føremålstenleg og brukarvennleg vis. Arbeidet knytt til Nordisk ministerråd vil òg bli vidareført.

Hygiene, smittestoff og skadegjerarar

Mattilsynet må arbeide for at mat og drikkevatn er tryggje med omsyn til folkehelse og er i tråd med krav fastsett i regelverket. Mattilsynet skal og arbeide for at helsetilstanden hos fisk, landdyr og planter er god, og at den hygieniske kvaliteten på produkta er i høve til krav fastsett i regelverket.

I etterkant av EU si Food Law forordning kjem det nytt eller reformert regelverk på ei rekkje viktige fagfelt. Eit viktig område for 2005 blir gjennomføring av det nye regelverket for hygiene og kontroll langs heile matproduksjonskjeda.

Mattilsynet skal i 2005 ferdigstille ein samla plan for mat og smittevern i samarbeid med andre relevante institusjonar.

Det må gjennomførast eit målretta tilsyn med omsetting av mat i restaurantar, gatekjøkken og dagligvarehandelen. Tilsyn med drikkevatn og vassverk som produserer drikkevatn, inkludert tilsyn med beredskapsplanar hos vassverka, skal prioriterast.

Mattilsynet skal greie ut nytteverdi, organisering og økonomiske og administrative konsekvensar av ei ordning der det i kontrollerte restaurantar og butikkar blir sett opp eit lettfatteleg symbol om resultatet av kontrollen (Smiley-ordning). Symbolet vil særleg vere knytt til hygieniske tilhøve i verksemda. Departementa vil på grunnlag av Mattilsynet si utgreiing vurdere om ei prøveordning skal settast i verk.

EU har fastsett ny lovgiving for sjukdomar som smitter mellom dyr og menneske (zoonosar). Denne styrkjer krava til overvaking og rapportering av sjukdomar og smittestoff. Mellom anna blir overvaking av antibiotikaresistens obligatorisk. Resistensen hos bakteriar mot antibiotika og andre kjemiske stoff kan føre til alvorlege problem ved behandling av infeksjonssjukdomar hos menneske, landdyr og fisk.

Etter EØS-avtalen har Noreg tilleggsgarantiar for salmonella hjå dyr og i kjøt og egg. Ein føresetnad for desse tilleggsgarantiane er at det blir gjennomført overvakings- og kontrollprogram. Desse programma må oppdaterast og vidareutviklast dersom Noreg skal oppretthalde sin gode salmonellastatus.

Andre overvakings- og kontrollprogram som er nødvendige av omsyn til plikter etter internasjonale avtaler, må òg vidareførast. I lys av dei omfattande utbrota av hønseinfluensa i Asia kan det og vere aktuelt med tiltak for å auke kunnskapen om mulig førekomst av slik smitte blant trekkfuglar som kjem til Noreg. Mattilsynet må elles vurdere innsparingar og forenklingar knytt til slike program.

Beredskapsarbeidet retta mot dei mest frykta planteskadegjerarane og smittsame dyresjukdomane, må framleis ha høg prioritet. For å sikre standarden på norsk plantehelse, må det førast tilsyn med at krav som er stilt til produsentane om sikringstiltak i produksjonen og handtering av plantemateriale, blir følgd. Arbeidet med generell overvaking av farlege planteskadegjerarar, og tilsyn med den stadig aukande importen, m.a. knytt til invaderande framande arter, vil bli vidareført. Ein vil og vidareføre arbeidet med oppfølging av Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel (2004-2008).

God fiskehelse er ein viktig føresetnad for ei positiv utvikling av fiskerinæringa, særleg akvakulturnæringa. Mattilsynet speler ei sentral rolle i arbeidet for å oppnå samfunnsmessig optimal kontroll med sjukdoms- og smittestoffsituasjonen. Ei god fiskehelse og ein god dokumentasjon av sjukdoms- og smittestatus, dannar òg eit viktig grunnlag for å sikre tilgang for norske fiskerivarer til våre eksportmarknadar. Noreg blei fullharmonisert med EU sitt fiskehelseregelverk i 2003. Nå er dette regelverket under revisjon. Mattilsynet må medverke til at det regelverket som etter kvart utviklast, blir så teneleg som mogleg.

Mattilsynet må ha særleg merksemd på at produksjonsbedrifter for sjømat fyller krava til eigenkontroll og bygningsmessige krav etter kvalitetsregelverket. Tilsynet med sjømatbedriftene må vere einskapleg og heilskapleg slik at det ikkje oppstår konkurransevriding mellom ulike verksemder, eller skilnader mellom regionar. For å oppretthalde tilliten til norske sjømatprodukt, både på heimemarknaden og ikkje minst eksportmarknadene, er det avgjerande at norsk sjømat blir produsert etter gjeldande internasjonale standardar.

Mattilsynet gjennomfører eit prosjekt for å finne ein modell for korleis dei sjølv på best mogleg vis kan forvalte tilsynet hos små matprodusentar, og slik i større monn leggje til rette for verdiskaping utan at dette går ut over mattryggleiken. Modellen vil bli sett ut i livet etter høyring/drøfting med næringa.

Det nye EØS-baserte regelverket for animalske biprodukt er omfattande og vil krevje merksemd både når det gjeld informasjonstiltak mot brukarane og tilsyn i verksemdene. Også i 2005 må det arbeidast med å påverke revisjonar av biproduktforordninga slik at ho blir meir tilpassa biprodukt frå fisk. Arbeidet med dyrehelsekrava knytt til trygg handsaming av organisk avfall, samt deltaking i arbeidet med å fremme god ressursutvinning og førebygging av miljøproblem skal halde fram i 2005.

Kvalitet og forbrukaromsyn

Mattilsynet skal arbeide for at mat og drikkevatn er i tråd med kvalitetskrav fastsett i regelverket. Mattilsynet skal òg føre tilsyn med at krav om merking og marknadsføring blir følgd. Mattilsynet forvaltar òg lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos veterinærar og anna dyrehelsepersonell.

Handlingsplan for forbrukarorientering av matpolitikken gir ein oversikt over matdepartementa sine mål, strategiar og tiltak for forbrukarorientering av matpolitikken. Handlingsplanen skal verke som eit styringsdokument, og Mattilsynet vil vere eit sentralt gjennomføringsorgan.

Iverksetting av nytt regelverk om sporing, merking og godkjenning av prosessert genmodifisert mat og fôr vil krevje ei styrking av forvaltning og informasjon på området. Mattilsynet fører tilsyn med levande genmodifiserte organismar etter delegert myndigheit frå Miljøverndepartementet.

Budsjettet for 2004 blei styrkt for å gjere det mogleg å auke innsatsen når det gjeld biotoksin (giftstoff som blir danna i levande organismar). Det ligg an til at fleire nye forordningar og direktiv frå EU på dette området må gjennomførast i norsk rett i 2005. Det er behov for både tilsynsaktivitet og overvakingsprogram når det gjeld biotoksin.

I EU blir det arbeidd med nytt regelverk om tilsetting av vitamin og mineral i matvarer (beriking). Uavhengig av det nye forslaget i EU er forvaltninga blitt meir krevjande på bakgrunn av nyare domstolsavgjerder i EF- og EFTA-domstolen.

Det er i 2004 fastsett ny EØS-basert forskrift om kosttilskott. Denne legg òg opp til ei viss lemping i høve til tidlegare regler om mengda av ulike stoff i kosttilskott. Endringane når det gjeld beriking og kosttilskott vil kunne medføre høgare inntak av næringsstoff i befolkninga eller grupper av befolkninga, noko som i enkelte tilfelle kan vere uheldig. Det er derfor behov for å følgje utviklinga.

I 2005 vil ein del av Mattilsynets oppgåver vere knytt til oppfølging av Ot. prp. 55 (2001–2002) Om endringer av legemiddelloven, som signalisert i St.meld. nr. 63 (2003–2004). Dette vil gjelde arbeid med helsepåstandar på matvarer, m.a. å utarbeide dokumentasjonskrav for bruk av slike påstandar. Det gjeld òg styrka tilsyn og kontroll med såkalla naturmiddel. Det er gjennomført høring i 2004 av ulike modellar for arbeid med slike produkt. På bakgrunn av høyringa legg ein opp til at Mattilsynet vidarefører sitt ansvar for denne produktgruppa, som ein del av ansvaret for kosttilskott og helsekostprodukt. Arbeidet krev auka kompetanse i matforvaltninga og eit nært samarbeid med Statens legemiddelverk.

Mattilsynet vil vidareføre arbeidet med ei meir forbrukarretta merking, til dømes å utvide opphavsmerking av kjøtt og innføre merking med namn på prosesseringsbedrifter for fisk og kjøtt samt eventuelt endra datomerking.

Mattilsynet vil ha ansvaret for at det blir ført kontroll med økologisk produksjon. Den utøvande kontrollen er framleis delegert til DEBIO.

Velferd hos landdyr og fisk

Forbrukarane sitt fokus på dei etiske sidene kring matproduksjon har auka, særleg når det gjeld dyrevelferd. Mattilsynet skal gjennom rettleiing, regelverksutvikling og tilsyn arbeide for at dyrehaldet er i samsvar med dyrevernlovgivinga. Tilsynsaktivitet og regelverksutvikling for fiskevelferd må gjerast ut frå dei særlege tilhøva som gjeld for fisk. Mattilsynet har fagleg ansvar og budsjettansvar for dyrevernnemndene som medverkar i det lokale dyrevernarbeidet.

Post 70 – Tilskott til veterinær beredskap

I medhald av lov av 15. juni 2001 Om veterinærer og annet dyrehelsepersonell skal det etablerast klinisk vakt for dyrehelsepersonell i alle delar av landet. Som grunnlag for vaktordninga, skal Landbruks- og matdepartementet inngå ein avtale med Den Norske Veterinærforening (DNV) om organisering, gjennomføring og godtgjering/tilskott for deltaking.

DNV fremma i forhandlingane for 2005 krav som ville ha auka kostnadsramma til vaktordninga med meir enn 130 pst. Staten gav i forhandlingane tilbod om ein auke i ramma som tilsvarer lønns- og prisutviklinga.

I St.prp. nr. 54 (1999-2000) er det lagt til grunn at vakttilskottet er eit vesentleg element for å medverke til at veterinærar etablerer seg i grisgrendte strøk. Det er prinsipiell semje mellom staten og DNV om at betalinga for deltaking på vakt skal differensierast, slik at det blir gitt eit større tilskott i område med svakt grunnlag for inntekt på vakt enn i område med mykje dyr og betre grunnlag for inntekt på vakt.

I årets forhandlingar blei det ikkje semje mellom partane om den økonomiske ramma for vaktordninga. Det blei heller ikkje semje om kva prinsipp som skulle leggjast til grunn for differensieringa av betalinga. Partane blei heller ikkje samde om betalinga skulle skje i form av godtgjering eller tilskott.

Forhandlingane mellom staten og DNV enda dermed for andre året på rad, med brot mellom partane. DNV har sagt opp vaktavtalen med staten med verknad frå 01.01.05. Landbruks- og matdepartementet må derfor med utgangspunkt i Stortinget sitt budsjettvedtak utforme rammene for organisering, utforming og betaling for den kliniske veterinærvakta.

Det vil bli arbeidd vidare med å greie ut om dei formelle rammene for den kliniske veterinærberedskapen bør endrast, jf. omtale i kat. 15.10. For 2005 gjer Landbruks- og matdepartementet framlegg om ei løyving på 68,9 mill. kroner til tilskott til veterinær beredskap. Dette er ei auke på om lag 3 pst. i høve til løyvinga for 2004. Ein tek sikte på å vidareføre den innrettinga av vakttilskottet som blei omtalt i St.prp. nr. 63 (2003-2004). Det vil bli gitt eit tilskott som er 20 pst. høgare enn basisnivået i inntil 24 vaktområde der grunnlaget for inntekt på vakt blir vurdert å vere svakast.

Kap. 4115 Mattilsynet (jf. kap. 1115)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Gebyr og avgifter

654 206

736 926

02

Driftsinntekter og refusjonar mv.

1 000

18

Refusjon sjukepengar

50

Sum kap. 4115

50

654 206

737 926

Kap. 4115 er auka i høve til saldert budsjett for 2004 knytt til at inntekter på 125 mill. kroner frå kjøttkontrollgebyret er lagt inn i budsjettet, jf. kap. 1115.

Matforvaltningsreforma har gitt effektiviseringsgevinstar, jf. kap. 1115. Det blir derfor gjort framlegg om ein monaleg reduksjon i inntekter frå gebyr og avgifter for Mattilsynet i 2005. Satsane for matproduksjonsavgiftene blir redusert med om lag 10 pst.

Stortinget anmoda i vedtak nr. 197 av 18. desember 2003 om at maksimalt 80 pst. av utgiftene til Mattilsynet kan dekkjast av avgifter og gebyr. I budsjettframlegget for 2005 svarer inntekta frå gebyr og avgifter til knapt 65 pst. av dei samla utgiftene til Mattilsynet.

Post 01 – Gebyr og avgifter

Ein tek i 2005 sikte på å vidareføre det tredelte systemet for finansiering som blei etablert i 2004. Den første delen gjeld innkrevjing av gebyr for særskilte ytingar som tilsynet gjer for konkrete brukarar. Den andre delen av systemet gjeld innkrevjing av gebyr for tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig og over tid rettar seg mot konkrete brukarar eller brukargrupper og er klart avgrensa i høve til andre tilsyns- og kontrolloppgåver i matforvaltninga. Frå 2005 vil dette òg omfatte gebyr for kjøttkontroll. Den tredje delen av systemet gjeld innkrevjing av avgift for tilsyn og kontroll som ikkje eintydig rettar seg mot konkrete brukarar.

Mattilsynet arbeider med å etablere system som vil gi betre oversikt over samanhengen mellom inntekter og utgifter på dei einskilde tilsynsområda. Matdepartementa vil på dette grunnlaget arbeide vidare for å sjå om ein kan betre innrettinga av gebyr- og avgiftssystemet, slik at det verkar tenleg i høve til næringsutvikling samstundes som finansieringa i aukande grad blir knytt opp mot kostnader som blir generert ved tilsyn hos definerte brukarar og brukargrupper.

Erfaring i 2004 tyder på at inntektene frå gebyr for særskilte ytingar kan forventast å gi om lag 37 mill. kroner i inntekter i 2005. Dette er vesentleg lågare enn det som blei lagt til grunn i budsjettet for 2004, då ein truleg overvurderte talet på ytingar og ressursbruken knytt til nokre av ytingane, samt at ein har lagt vesentleg vekt på at ingen skal betala meir for ei oppgåve enn det den reelt kostar. Mattilsynet tek sikte på å gjera enkelte tekniske justeringar i gebyrordninga.

Når det gjeld gebyr for tilsyn og kontroll (eksklusive kjøttkontroll) reknar ein med inntekter på om lag 110 mill. kroner i 2005 mot budsjettert 123,5 mill. kroner i 2004. Gebyrordningane på dette området blir i hovudsak vidareført uendra, men gebyr for tilsyn og kontroll med vassforsyningsanlegg blir redusert.

Kjøttkontroll er ei integrert tilsynsoppgåve for Mattilsynet. Inntekter og utgifter ved kjøttkontrollen er innarbeidd i Mattilsynets budsjett for 2005, jf. òg omtale under kat. 15.10. Ein tek sikte på å redusere dagsverksatsen i kjøttkontrollen med om lag 7 pst. i høve til dagens nivå, til 3 250 kroner, noko som vil gi ei forventa inntekt frå kjøttkontrollen på 125 mill. kroner. Det er budsjettert med at kapitalen i Fondet for kjøttkontroll blir ført på posten ved avvikling av fondet.

Vidare gjer ein framlegg om å redusere nivået på matproduksjonsavgift for norskproduserte og importerte matvarer med om lag 10 pst., både for landbasert mat og sjømat. Avgiftssystemet for sjømat vil bli forenkla ved at enkelte satsar blir samordna. Vidare vil skjell bli omfatta av matproduksjonsavgift.

Tabell 2.4 Oversikt over gebyr og avgifter under kap. 4115

Nemning

mill. kroner

Gebyr for særskilte ytingar

37,0

Gebyr for tilsyn og kontroll:

- Fôr til landdyr og fisk

20,0

- Plantevernmiddel

18,0

- Import planter – ikkje mat

20,0

- Kosmetikk

2,0

- Innførsel – levande dyr og animalske produkt

15,0

- Drikkevatn (vassverk)

35,0

- Kjøttkontroll

125,0

Sum gebyr for tilsyn og kontroll

235,0

Matproduksjonsavgifter:

- Importerte varer

245,1

- Norskproduserte varer

172,5

- Sjømat

27,3

- Avgift på fôr til selskapsdyr

20,0

Sum avgifter

464,9

Sum gebyr og avgifter

736,9

Dette vil gi følgjande satsar for matproduksjonsavgift:

Norskproduserte varer:

  • kjøtt: 45 øre/kg

  • andre animaliar: 1,76 pst.

  • vegetabilier: 0,80 pst.

Importerte varer unntatt sjømat:

  • råvarer : 1,29 pst.

  • ferdigvarer og halvfabrikata: 0,80 pst.

Sjømat:

  • fisk til konsum landa frå EØS-fartøy kr 14,20 pr. mottatt tonn (råstoff)

  • fisk tatt ombord på norsk fabrikkfartøy eller omlasta til utanlandsk fartøy: kr 14,20 pr. mottatt tonn

  • produksjonsavgift for oppdrettsfisk: kr 14,20 pr. mottatt tonn fisk til slakting

  • fisk landa frå tredjelandsfartøy: kr 29,70 pr. mottatt tonn

  • innfrysingsavgift: kr 1,30 pr. mottatt tonn

  • fisk som skal nyttast til mjøl og olje: kr 1,90 pr. mottatt tonn råstoff

  • importerte fisk og fiskevarer: 14,20 kr pr. tonn

Post 02 Driftsinntekter og refusjonar mv.

På posten vil ein føre diverse driftsinntekter m.a. frå oppgåver som Mattilsynet gjer for annan forvaltning, til dømes for tilsyn med lækjemiddel etter oppdrag frå Statens legemiddelverk, oppgåver knytt til miljøretta helsevern for kommunane og tilsyn med levande GMO. Ein vil òg føre inntekter frå gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet av omsyn til næringsutøvarane yter utanom ordinær arbeidstid.

Programkategori 15.20 Forsking og utvikling

Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

Pst. endr. 04/05

1137

Forsking og utvikling

273 061

309 108

304 377

-1,5

Sum kategori 15.20

273 061

309 108

304 377

-1,5

Forsking er eit viktig verkemiddel for å oppfylle landbruks- og matpolitiske målsetjingar. Landbruks- og matforskinga er ein sentral produsent av kunnskap for å møte forbrukarkrav, for å gi betre helse og livskvalitet, miljø, samt medverke til nyskaping og kommersialisering. Departementet finansierer forsking og utvikling retta mot landbruks- og matsektoren, forvaltninga og allmenta sine kunnskapsbehov. Forskingsmiljøa må vidareutviklast for å møte dei ulike brukarane sine behov, og for å sikre ein god kvalitet på kort og lang sikt. Hovudtyngda av forskingsmidlane blir kanalisert gjennom Noregs forskingsråd.

Forsking er viktig i arbeidet med å skape eit berekraftig og utviklingsorientert landbruk. Landbruk Pluss inneber ei vriding av landbruks- og matpolitikken som skal leggje til rette for alternativ næringsutvikling med utgangspunkt i det enkelte gardsbruk. I denne samanhengen er det derfor viktig å styrkje kunnskapskjeda mellom forsking, utvikling og kommersialisering, jf. òg Regjeringa si plan for ein heilskapleg innovasjonspolitikk. Utarbeidinga av ein nasjonal strategi for næringsutvikling synleggjer korleis departementet vil styrkje denne kjeda gjennom å sjå verdiskaping innanfor mat, skog, bioenergi, reiseliv og andre tenester i samanheng, jf. kat. 15.30, pkt. om Næringsutvikling og verdiskaping. Den nasjonale strategien vil bli følgt opp med regionale strategiar. Her ligg den store utfordringa med å føre innovasjonsretta forsking fram til produkt og tenester i marknaden. For å lykkast i dette er det m.a. viktig å skape nettverk og møteplassar kor styresmakter, vareprodusentar og tenesteytande verksemder, FoU- miljø og kompetansemiljø møtast og samarbeidar. Det vil bringe den forskingsbaserte innovasjonen vidare. Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg har eit spesielt ansvar i å sikre at dette skjer.

Landbruks- og matforskinga medverkar til gjennomføringa av den nasjonale forskingspolitikken, jf. St.meld. nr. 39 (1998-1999) Forskning ved et tidsskille og Utdannings- og forskingsdepartementet (UFD) sin budsjettproposisjon for 2005. Departementet viser til St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon, St.meld. nr. 17 (1998-1999) Verdiskaping og miljø – muligheter i skogsektoren, St.meld. nr. 40 (1996-1997) Matkvalitet og forbrukertrygghet, St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold Sektoransvar og samordning, St.meld. nr. 12 (2002-2003) Dyrehold og dyrevelferd, St.prp. nr. 66 (2003-2004) Om jordbruksoppgjøret 2004 og St.prp. nr. 65 (2003-2004) Om reindriftsavtalen 2004/2005, og Stortinget si behandling av desse, når det gjeld føringar for departementet sin FoU-politikk i 2005. Ein viser òg til kat. 15.10 og kat. 15.30 i denne proposisjonen for prioriteringar som gir føringar for departementet si satsing på forsking.

Strategiar og mål for forsking innan landbruk og mat

Til grunn for strategiske prioriteringar ligg departementet sin Langtidsplan for landbruksforskinga (1998-2005) og Handlingsplanen for prioriteringar innan mat- og landbruksforskinga. Landbruks- og matforskinga skal, innanfor ei etisk forsvarleg ramme, og i brei næringspolitisk samanheng, vere leverandør av kunnskap med vekt på krav frå forbrukarane, verdiskaping, nyskaping, omstilling, miljø, helse og livskvalitet. I tillegg vil forskingsmiljøa si evne til kommersialisering av forskingsresultata bli særleg vektlagt i tida framover. Langtidsplanen er overordna og langsiktig, medan handlingsplanen er meir operativ med fokus på forskingsbehov for dei næraste åra. Landbruks- og matforskinga spenner vidt, og handlingsplanen bind saman satsingane i Langtidsplanen og satsingsområda i St.meld. nr. 39 (1998-1999) Forsking ved et tidskille.

Langtidsplanen og handlingsplanen gjeld begge ut 2005. Departementet tar sikte på å starte arbeidet med å rullere strategiane og måla for forsking innan landbruk og mat. Ei slik fornying vil fange opp nye utfordringar innanfor landbruks- og matforskinga og skal tilpassast forskingsbehov som ny forskingsmelding vil peike ut, jf. St.prp. nr. 1 (2004-2005) for Utdannings- og forskingsdepartementet.

Tiltak og verkemiddel

På stadig fleire område blir landbruks- og matpolitikken utforma gjennom internasjonalt samarbeid, jf. EØS- og WTO-avtalen m.m. Derfor er det viktig at ein nyttar forsking og utvikling aktivt i høve til spørsmål som er sentrale for politiske prioriteringar og utforming av tiltak. Handlingsplanen peikar ut sju område som har danna grunnlaget for prioriteringane dei siste åra.

  1. Trygge matvarer

  2. Spesialiserte landbruksprodukt

  3. Kollektive gode

  4. Biologisk mangfald

  5. Klima og energi

  6. Økologisk landbruk

  7. Kunnskapsgrunnlag for utforming av politikk

Desse områda vil vere sentrale framover, men det vil vere nødvendig å oppdatere dei strategiske planane, langtidsplanen og handlingsplanen, i lys av auka vekt på internasjonalisering, nyskaping og kommersialisering. Forskingsrådet arbeider med organisering av nye program- og verkemiddel som skal gjelde frå 2006. Departementet legg til grunn at ein oppdatert handlingsplan skal reflektere både dei forskingsbehov som peikar seg ut i regjeringa si nye forskingsmelding, og den aktivitet som startar opp i Forskingsrådet frå 2006.

Forskingsinstitutta AKVAFORSK, Bygdeforsking, Jordforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking, Norsk institutt for økologisk forsking (NORSØK), Planteforsk, Skogforsk og Veterinærinstituttet (jf. kap. 1137 post 51) har eit særskilt ansvar for å drive forsking innan landbruks- og matproduksjon. Matforsk er ei stifting som driv næringsmiddelforsking, og mottar basisløyving over fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, jf. Lov om forskingsavgift på landbruksprodukt av 26.06.1970. Noregs landbrukshøgskole (NLH) og Noregs veterinærhøgskole (NVH) er sentrale aktørar i landbruks- og matforskinga med hovudansvar for kompetanseoppbygging og strategisk grunnforsking, jf. St.prp. nr. 1 (2004-2005) for Utdannings- og forskingsdepartementet kap. 278 og kap. 279. Samarbeidet mellom høgskulane og landbruks- og matforskingsinstitutta er særs viktig.

Innovasjon, næringsutvikling og kommersialisering

Departementet si satsing på alternativ næringsutvikling gjennom Landbruk Pluss fokuserer m.a. på FoU-basert nyskaping. Målsettinga er at auka bruk av forskings- og utviklingskompetanse skal gi grunnlag for næringsutvikling i bygdene. Dette arbeidet skal knyte utdanningsinstitusjonar og forskarar nærare utviklingsaktørane. I tillegg vil det vere sentralt å etablere arenaer for spreiing og kommersialisering av forskings- og utviklingskompetanse, slik at nye og patenterte idear kan utvikla seg til kommersielle suksessar.

Ei ekstern arbeidsgruppe har i 2004, på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet, lagt fram forslag til korleis ein kan auke kommersialisering av resultat frå landbruks- og matforskinga. Som ei oppfølging av dette, har departementet i 2004 gitt økonomisk støtte til etableringa av Biopolis i Ås-miljøet. Biopolis er eit senter for biovitskapeleg innovasjon og næringsutvikling der forskargrupper, myndigheiter og verksemder samarbeider i næringsklynger for å skape lønsame verksemder. Til grunn for denne støtta legg departementet vekt på at Biopolis utarbeider resultatkrav og konkretiserer mål for verksemda. Departementet legg vidare vekt på at Biopolis òg opprettar regionale nettverk, slik at ein oppnår eit fruktbart samspel mellom det sentrale kraftsenteret på Ås og regionale forskings- og utviklingsmiljø og næringsliv.

Departementet si vidare satsinga på kommersialisering av FoU-resultatar innanfor landbruks- og matsektoren vil bli integrert i FORNY-programmet frå 2006, og vil bli sett i samanheng med departementet si støtte til etableringa av Biopolis. Departementet sitt arbeid med kommersialisering er òg knytt opp til prosjekta Kommersialisering av FoU-resultat i Midt-Norge og Innlandet 2010. Begge desse prosjekta er ein del av regjeringa si plan for ein heilskapleg innovasjonspolitikk.

Internasjonalt forskingssamarbeid

Innan internasjonalt forskingssamarbeid prioriterer departementet europeisk samarbeid gjennom det 6. rammeprogrammet i EU. I den samanheng er fagområda bioteknologi, mattryggleik og helserisiko samt berekraftig utvikling sentrale område for landbruks- og matforskinga. Landbruks- og matforskingsmiljøa har lukkast godt i konkurransen om prosjektstøtte frå EU. Departementet legg òg vekt på kunnskapsbehov knytt til internasjonale konvensjonar og styrking av landbruks- og matforskinga si rolle som premissgivar for utviklingsforsking.

Nordisk ministerråd oppretta i 2003 ei felles ad hoc arbeidsgruppe som har vurdert etableringa av eit nordisk forskings- og utdanningsrom for fiskeri, jord- og skogbruk og næringsmiddel. Arbeidsgruppa sin rapport blei behandla i Nordisk ministerråd sitt møte på Island i august 2004. Ministerrådet konkluderte med at det nordiske forskingssamarbeidet skal prioriterast innan to utvalde fokusområde: næringsmiddelforsking og skogforsking der nytten av ei sterkare nordisk samordna forsking blir vurdert som størst. Desse to områda skal òg danne forbilde for den vidare utviklinga av ministerrådet sin forskingsaktivitet. Eit styrka nordisk forskingsamarbeid krev at nasjonale og nordiske forskingsprioriteringar og -midlar ses i samanheng. Departementet legg til grunn at Forskingsrådet og dei aktuelle institusjonane under Landbruks- og matdepartementet følgjer aktivt opp ein slik nordisk koordinering.

Med bakgrunn i strategien for auka forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika har departementet tatt initiativ til auka forskingssamarbeid innan landbruks- og matområdet. Det vil særleg bli sett fokus på områda mattryggleik, bioenergi, kommersialisering av forskingsresultat og utvikling av ny næringsverksemd. Landbruks- og matdepartementet arrangerte i august 2004 ein workshop i Noreg på nokre sentrale problemstillingar innanfor desse områda. Departementet vil sette av midlar i 2005 for å følgje opp eit tettare samarbeid med m.a. Universitet i Minnesota innanfor områda bioenergi og mattryggleik, jf. òg kap. 1137. Desse områda ligg tett opp til prioriteringane i dei store programma RENERGI, NORKLIMA og FUGE i Forskingsrådet. Forskingsrådet må derfor sjå midlane frå Landbruks- og matdepartementet i samanheng med midlane som er satt av over Utdannings- og forskingsdepartementet sitt budsjett til same formål, jf. St.prp. nr. 1 (2004-2005) for Utdannings- og forskingsdepartementet.

Finansieringsordningar

Kategorien omfattar departementet sine løyvingar over kap. 1137. Her inngår finansiering av forskingsprogram og basisløyving m.m. til dei åtte landbruks- og matforskingsinstitutta. Den næringsfinansierte forskinga innan landbruks- og matsektoren skjer i dag hovudsakleg gjennom forskingsavgifter. Her inngår avgifta på skogsvirke til fremme av fellestiltak i skogbruket og forskingsavgifta på landbruksprodukt. Formål og avgiftsgrunnlag for forskingsavgift på landbruksprodukt blei utvida med verknad frå 2001, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002). Tabell 2.5 gir ein samla oversikt over Landbruks- og matdepartementet sine løyvingar og avtale- og avgiftsmidlar som finansierer FoU innan norsk landbruks- og matforsking.

Tabell 2.5 Samla oversikt over Landbruks- og matdepartementet sine løyvingar og avtale- og avgiftsmidlar som finansierer FoU innan norsk mat- og landbruksforsking. (Tal frå 2004).

 

(i 1000 kroner)

Område

 

Kap. 1137 post 50 Forskingsaktivitet

148 020

Kap. 1137 post 51 Basisløyving m.m.

161 088

Jordbruksavtalen

36 000

Reindriftsavtalen (Reindriftas utviklingsfond)

4 500

Fondet for FoU-avgift på landbruksprodukt1

57 400

FoU avgift på skogsvirke (Skogtiltaksfondet)1

4 500

Utviklingsfondet i skogbruket (kap. 1149, post 51)

3 170

Kap. 1115 Mattilsynet post 01 Driftsutgifter

6 900

Omsetningsavgifta

2 000

Sum

423 578

1 Tal frå 2003 (ekskl. adm. utgifter)

Departementet har òg løyvingar til forvaltningsretta oppgåver over kap. 1112, 1139, 1141 og 1147 og til kunnskapsutvikling over kap. 1115. Departementet legg til grunn at dei ulike finansieringsordningane blir sett i samanheng.

Landbruket og landbruksbaserte næringar står overfor store utfordringar. Det er behov for å auke den næringsfinansierte forskinga innan produksjon og foredling av landbruksprodukt som eit supplement til og ei styrking av den betydelege finansieringa som i dag skjer over statsbudsjettet. Både dei einskilde verksemdene, samanslutningane og samvirkeorganisasjonane bør ta eit større ansvar for næringa sine FoU-behov. Departementet justerer avgifta på skogsvirke og forskingsavgifta på landbruksprodukt. Avgiftssatsen på landbruksprodukt blir auka med 0,05 prosentpoeng som vil gi auka inntekter på om lag 13 mill. kroner. Tilsvarande aukar avgifta på skogsvirke med 0,50 kroner til 1,0 kroner pr. m3 som gir om lag 3,5 mill. kroner i auka inntekter. Justeringa av FoU-avgiftene vil tilføre om lag 17 mill. kroner i auka næringsfinansiert forsking. Justeringa av avgiftene har vore på høyring. Fleire av høyringsinstansane er negative til å auke avgiftene sjølv om behovet for forsking blir sett på som viktig. Departementet baserer budsjettframlegget på at næringa tar eit auka ansvar for finansieringa av landbruks- og matforskinga, og meiner derfor det er riktig at FoU-avgiftene justerast no.

Departementet legg til grunn at ein framleis må redusere kapitalen som tidlegare er bygd opp i fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004).

Av omsyn til ei heilskapleg og effektiv forvaltning av dei samla forskingsmidla, har Landbruks- og matdepartementet frå 01.07.2004 samordna styringa av forskingsmidlar over jordbruksavtalen med forskingsmidlar frå Fondet for forskingsavgift. Statens landbruksforvaltning har sekretariatsoppgåvene. Dette er gjennomført ved at representantane i styret for avtalemidlane er blitt ein del av styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt. Vedtak om bruk av avtalemidlar skal framleis gjerast av representantane i styret for avtalemidlane. Endringane i vedtektene legg til rette for at det kan utviklast ein felles overordna strategi for bruk av forskingsmidlane. Den modellen som blir gjennomført er knytt opp mot Forskingsrådet sitt system for kvalitetssikring og sikrar samordning med anna FoU-aktivitet. Modellen har fått brei tilslutning hos partane, jf. òg St.prp. nr. 66 (2003-2004) Om jordbruksoppgjøret - endringar i statsbudsjettet for 2004 m.m. I samband med høyring om forslag om justering av avgiftssatsen på skogsvirke blei det òg foreslått at framtidig administrering av avgifta bør ta utgangspunkt i same hovudmodell, og at sekretariatet for skogtiltaksfondet blir overført frå Skogeierforbundet til SLF. Departementet har kome til at ein ikkje vil foreta endringane før ein har gjennomført ei breiare evaluering av ordninga.

Modernisering av landbruks- og matforskingsinstitutta

Departementet har sett i gang fleire tiltak med omsyn på å modernisere kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet.

Bioforsk

Regjeringa tek sikte på at dei tre institutta Jordforsk, NORSØK og Planteforsk skal slåast saman til eit felles aksjeselskap under Bioforsk frå 01.07.2005.

Eigarskap og drift av dei eigedomane som staten eig og som Planteforsk forvaltar, skal organiserast innanfor statsforvaltninga.

Eit interimstyre med representasjon frå dei tre institutta og frå NLH har førebudd omorganiseringa i 2004. Det er brei semje om hovudlinjene for omorganiseringa og om samarbeidet med NLH. I første halvår 2005 vil interimsstyret for Bioforsk få i oppgåve å samordne verksemda i dei tre institutta i ein aktiv etableringsprosess. Det er satt av midlar til interimstyret si verksemd over kap. 1112 og kap. 1137. Det nye selskapet skal ta utgangspunkt i den FoU- og analyseverksemda som dei tre institutta har hatt innanfor planteproduksjon, mattryggleik, økologisk produksjon og jordfagleg miljøforsking. Bioforsk vil ha eit nært samarbeid med NLH overfor randsoneverksemd knytt til dei aktuelle fagområda. Samordninga av Jordforsk, NORSØK og Planteforsk i ein organisasjon vil gi faglege synergieffektar og den nye institusjonen skal framstå som ein viktig kunnskapsleverandør innanfor miljø og landbruk. Saka er nærare omtalt i kap. 1137 og kap. 1112. Departementet vil kome attende til Stortinget våren 2005 med framlegg om gjennomføringa av reforma.

Kunnskaps- og informasjonsproduksjon knytt til landskap, skog, utmark og jordsmonn

I St.prp. nr. 1 (2003-2004) varsla departementet at ein ville gjere ei breiare vurdering av organisatoriske spørsmål i høve til skogforskinga. Departementet gav ei ekstern gruppe (Høstelandgruppa) i oppdrag å sjå nærare på framtidig skogforsking og tilgrensande område i nasjonal og internasjonal samanheng for å sikre framtidig behov for utvikling av kunnskap om skogen og skogareala sine mangesidige funksjonar. Det blei òg lagt vekt på at Skogforsk og Noregs landbrukshøgskole saman utgjer kjernekompetansen i skogforskinga i Noreg.

Høstelandgruppa la generelt til grunn at behova for kunnskap i forvaltninga og næringslivet er endra og at problemstillingane er blitt meir komplekse. Gruppa tilrådde at skogforskinga blei sett i eit breiare perspektiv i høve til andre institusjonar som arbeider med kunnskap og informasjon om arealressursar. Saman med Høstelandgruppa sin rapport, sendte departementet på høyring eit forslag der ein i tillegg presenterte to alternative retningar for organisatoriske løysingar; ein areal- og ressursforvaltningsbasertog ein biologibasert.

Høyringa viste brei semje om Høstelandgruppa sine vurderingar med omsyn til framtidige utfordringar for kunnskapsinstitusjonar. Utfordringane er m.a. knytt til:

  • at meir komplekse problemstillingar krev større vekt på tverrfaglege løysingar

  • at det er behov for auka marknadsorientering i kunnskapsinstitusjonane

  • at auka konkurranse krev auka effektivitet og kvalitet samt større og meir robuste einingar

  • at det er auka behov for kommersialisering

  • at det er auka behov for kunnskap utover i verdikjeda

Mange av høyringsinstansane vurderte den areal- og ressursbaserte tilnærminga som ei riktig retning for behova i framtida, men synspunkta var ulike med omsyn til samarbeidsformer. Fleire peikte på at dei ulike verksemdene sine roller og oppgåver måtte vurderast nøye.

Ut frå ei samla vurdering meiner departementet det er behov for å arbeide vidare med den framtidige organiseringa av kunnskaps- og informasjonsproduksjon knytt til arealressursane (jord, skog, landskap og utmark).

Departementet har etablert eit prosjekt for den vidare gjennomgangen der dei involverte institusjonane vil bli trekt med i arbeidet.

Målet for prosjektet er å greie ut grunnlaget for å bestemme korleis kunnskap og informasjon som i dag blir produsert ved Skogforsk, NIJOS og deler av verksemda ved Skogbrukets Kursinstitutt som er finansiert over statsbudsjettet, kan utviklast, samordnast og effektiviserast slik at den er best mogleg eigna til å dekkje forvaltninga og samfunnet sine behov. Den nye institusjonsløysinga skal skape grunnlag for ei styrka og meir heilskapleg verdikjedetilnærming på dette området. Vidare skal den nye institusjonsløysinga ta ein leiande posisjon både nasjonalt og internasjonalt, og ha ei sterk og aktiv kontaktflate mot andre kunnskapsinstitusjonar. Det skal leggjast stor vekt på brukarorientering bygd på sterke relasjonar til oppdragsgivarar og brukargrupper. Prosjektet vil gi grunnlag for å vurdere om det skal gjerast framlegg om ny institusjonsløysing.

Stortinget vil få saka til behandling våren 2005.

Blå-grønn matallianse

For å realisere synergipotensialet mellom forsking i landbruks- og matsektoren og marin sektor Blå-grønn matallianse blei det tidleg i 2004 sett ned ei ekstern styringsgruppe i regi av Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet, jf. òg St.prp. nr. 1 (2003-2004). Styringsgruppa arbeider med ulike modellar for arbeidsdeling for å sikre ei rasjonell utnytting av ressursane. Styringsgruppa tek sikte på å leggje fram sitt forslag til framtidig organisering av forsking innan landbruks- og matsektoren og marin sektor i løpet av hausten 2004.

Framtidig organisering av NVH/NLH

Hausten 2002 sette Utdannings- og forskingsdepartementet i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet ned ei arbeidsgruppe som skulle vurdere korleis ein på eigna måte kunne etablere tilfredsstillande fasilitetar for stasjonær undervisning i klinisk veterinærmedisin på produksjonsdyr i Noreg. Gruppa har òg vurdert eigna framtidig organisering av NVH og NLH for å skape fagmiljø og institusjonar som kan hevde seg internasjonalt og drive framtidsretta forsking og næringsutvikling. Arbeidsgruppa sin endelege rapport blei lagt fram i juni 2003, jf. òg St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Utdannings- og forskingsdepartementet. I gruppa var det semje om organisatorisk samanslåing av dei to vitskaplege høgskolane, men delt syn på fysisk samanslåing. Eit fleirtal på fire foreslår at veterinærutdanninga (NVH) og Veterinærinstituttet (VI) blir flytta til Ås, medan mindretalet på tre meiner at veterinærutdanninga framleis bør ligge på Adamstua i Oslo. Utdannings- og forskingsdepartementet har i 2004, i samråd med Landbruks- og matdepartementet, gitt Statsbygg i oppdrag å konsekvensutgreie forslaga frå både fleirtalet og mindretalet i Norum-utvalet når det gjeld lokalisering. Første del av konsekvensutgreiinga som omfattar økonomisk analyse og funksjonsanalyse (arealbehov, sambruk), skal vere klar våren 2005, jf. òg omtalen i St.prp. nr. 1 (2004-2005) for Utdannings- og forskingsdepartementet.

Kap. 1137 Forsking og utvikling

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

50

Forskingsaktivitet

118 571

148 020

137 812

51

Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.

154 490

161 088

166 565

Sum kap. 1137

273 061

309 108

304 377

Kap. 1137 omfattar løyvingar til forskingsaktivitet, hovudsakleg i regi av Forskingsrådet (post 50), og basisløyvingar til forskingsinstitutta innan departementet sitt sektoransvar (post 51). Basisløyvingane omfattar grunnløyving og strategiske instituttprogram. I tillegg omfattar kapitlet løyvingar til nasjonale oppgåver og støtte til investeringar, samt utviklings- og evalueringstiltak.

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 304 mill. kroner til landbruks- og matforskinga i 2005.

Forskingsrådet skal gi råd i forskingspolitiske spørsmål og initiere, koordinere, finansiere og evaluere formålstenleg forskingsinnsats ut frå sektormåla til Landbruks- og matdepartementet. Departementet legg til grunn at Handlingsplanen for mat- og landbruksforskinga synleggjer den kunnskapen som landbruks- og matforskingsmiljøa kan medverke med i høve til prioriteringane i St.meld. nr. 39 (1998-99) Forskning ved et tidsskille.

Det er behov for å oppdatere både Langtidsplan for landbruksforsking og handlingsplanen. Departementet vil i samarbeid med Forskingsrådet sette i gang arbeidet med ei rullering av dei strategiske planane for landbruks- og matforskinga. I dette arbeidet vil òg dokumentasjon av resultatkrav og rapportering innan landbruks- og matforskinga bli gjennomgått. Rulleringa av dei strategiske planane må sjåast i samanheng med arbeidet med organisering av ny programaktivitet frå 2006 og regjeringa sitt arbeid med ny forskingsmelding.

Departementet legg vekt på at Forskingsrådet er pådrivar for auka samarbeid mellom forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt. På dette området må det arbeidast spesielt overfor dei forskingsmiljøa som har lite gjennomslag i det 6. rammeprogrammet til EU. Forskingsmiljø i Nord-Amerika vil bli viktige samarbeidspartnarar framover på forskingsfelta mattryggleik, samt bioenergi og biobaserte produkt. Fornya forskingssamarbeid i Norden på områda skog og trygge matvarer føreset aktiv oppfølging frå Forskingsrådet.

Post 50 Forskingsaktivitet

Resultatrapport 2003

Løyvingane frå departementet har i hovudsak blitt brukt til forskingsprogram, strategiske program og andre forskingsaktivitetar. Forskingsrådet har prioritert strategiske program ved å nytte ein større del av løyvinga under post 50 til dette verkemidlet. Likevel blir framleis hovudtyngda av dei strategiske programma finansiert med midlar frå post 51. Midlane frå Landbruks- og matdepartementet blei i 2003 brukt til finansiering av i alt 12 forskingsprogram. 10 av desse hadde òg finansiering frå andre departement.

Rapporteringa under er gjort i høve til prioriteringane i Handlingsplanen Prioriteringar innan mat- og landbruksforskinga. Nærare omtale av aktiviteten finn ein i årsrapport 2003 frå Forskingsrådet under nettpublikasjonar på: http://www.forskningsradet.no.

Trygge matvarer

Matpolitikken skal føre til utvikling av kunnskap som medverkar til produksjon av trygg mat som kjem krava frå forbrukarane i møte. Forsking for trygg mat inngår i fleire av programma i Forskingsrådet. Programmet Næringsmiddel omfattar m.a. forsking innan organisering av produkttryggleik og risiko i ein internasjonalisert matvaremarknad, og kva slags faktorar som påverkar tilliten til mat hos forbrukarane. Gjennom eit strategisk program har ein arbeidd for å identifisere ein mogleg positiv effekt av å nytte modifiserte planter i fôr til laks. Satsinga på forvaltningsrelatert forsking på mattryggleik finansiert med midlar frå departementet til Mattilsynet, er vidareført. Programmet Jord, planter og husdyr administrerer eit større forprosjekt som skal gi ein rapport om status, samt tilrå prioriteringar av forsking på området dyrevelferd hos husdyr, fisk, sports- og familiedyr. Programmet har i gang eit prosjekt for å undersøkje bakteriefloraen i tarmen hos slaktekylling. Dette vil kunne få mykje å seie for smitte gjennom mat til menneske, samt helse og produksjon hos fjørfe. I programmet Bioteknologi er det i gang eit prosjekt for utvikling av metodar for identifisering av miljøgifter. Metodane kan m.a. brukast til analyse i matvarer. I programmet Havbruk har forsking gitt grunnlag for det første overvakingsprogrammet av algetoksin i krabbe. Det er vidareført prosjekt med fokus på «nye» framandstoff, mikroorganismar i det marine miljøet samt avlsmetodar for utvikling av meir sjukdomsresistent laks.

Produksjon av spesialiserte landbruksprodukt

Målet med denne satsinga er å hente ut eit økonomisk overskott i betalingsvillige marknader, samt å auke lønnsemda i primærnæringane generelt. I programmet Skog, - ressursar og verdiskaping er det m.a. sett i gang eit nyskapingsprosjekt vedrørande bruk av bjørk i synlege konstruksjonar. I næringsmiddelprogrammet har eit brukarstyrt prosjekt utvikla metodikk for reseptoptimalisering i næringsmiddelindustrien som har involvert verksemder frå fleire bransjar og utvikla ein generisk statistisk metodikk med relevans for heile næringsmiddelindustrien. Programmet Jord, planter og husdyr har i gang eit prosjekt med fokus på tunnelproduksjon av jordbær, noko som vil kunne utvide jordbærsesongen monaleg for norske jordbærdyrkarar.

Kollektive gode

Dei landbrukspolitiske måla er i stor grad forankra i produksjon av fellesgode som matvareberedskap, busetnad i distrikta og kulturlandskap. Det er starta opp eit prosjekt som tek sikte på å auke den grunnleggjande innsikta i pågåande institusjonelle prosessar som gjeld utmark, m.a. for å klargjere konfliktlinjer og avklare tilhøvet mellom grunneigarrettar og samfunnsstyring. I eit anna nytt prosjekt tek ein sikte på å utvikle målbare indikatorar for multifunksjonalitet som kan brukast i utviklingsmodellering (CAPRI-modellen).

Biologisk mangfald

Forskinga innan biologisk mangfald skal gi eit kunnskapsgrunnlag for berekraftig bruk og forvaltning av ressursane. Denne type forsking er integrert i fleire program i Forskingsrådet. Konvensjonen om biologisk mangfald og integrert økosystemforvaltning står sentralt. Brukarperspektiv og dei sosiokulturelle aspekta av tryggingsarbeidet blir integrert i langt sterkare grad enn tidlegare. Noreg er med i eit internasjonalt forpliktande samarbeid som direkte vedkjem rovviltspørsmål. Eit breitt spekter av forskingsbasert kunnskap er utvikla i nært samarbeid med brukarane, og dannar grunnlaget for politikkutforminga. Det er under etablering eit interdepartementalt nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald, der ein skal sjå juridiske og økonomiske verkemiddel meir i samanheng. Internasjonal forsking og tverrsektorielt samarbeid er ein føresetnad for å løyse mange problemstillingar knytt til biologisk mangfald. I EU er det òg gitt auka prioritet til temaet.

Klima og energi

Mykje av forskingsaktiviteten innan klima og energi skjer ved internasjonalt samarbeid. Det har vore arbeid i gang knytt til m.a. forsking om klimatilpassing hos tre og kva klimaendringar har å seie for viktige skadeinsekt i norske skogsøkosystem. Det er gjennomført forsking om utslepp og opptak av klimagassar i jord- og skogbruk, m.a. prosessar og prosessmodellering i jord. Det har her blitt lagt vekt på karbonstatus og karboncyklar i skogsjord. Vidare har det vore arbeid i gang innan livscykelanalysar og klimagassutslepp for treprodukt. Når det gjeld bruk av biomasse frå landbruket til energiføremål, blir det gjennomført eit prosjekt støtta av EU der dei nordiske og baltiske landa deltek. Hovudvekta blir lagt på økologiske og samfunnsøkonomiske aspekt knytt til bruk av bioenergi.

Økologisk landbruk

Det blei i september 2003 halde eit seminar om finansiering og prioritering av forsking innan økologisk landbruk. Ein av konklusjonane frå seminaret var å sette i gang eit strategiarbeid for å prioritere forskingsområde innan økologisk landbruk i lys av status for forskinga og dei oppgåvene som må løysast for å auke omsetnaden av norske økologiske produkt. Arbeidet blir no utført i regi av programma Marknad og samfunn og Jord, planter og husdyr. Det er sett i gang prosjekt innan økologisk mjølkeproduksjon, økologisk ugrashandtering og økologisk dyrking av grønsaker i veksthus, samt eit prosjekt om kamp mot rognebærmøll. Det blei òg tildelt midlar til ei utviding av eit pågåande strategisk program ved NORSØK om mineralinnhald i planter og mineralforsyning til drøvtyggjarar i økologisk landbruk.

Kunnskapsgrunnlag for politikkutforming

Endringsprosessane i samfunnet, m.a. knytt til utviklinga av naturbaserte næringar, inneber stort behov for ny kunnskap for å utforme politikk på området. Det er sett i gang fleire prosjekt som studerer ulike sider ved jordvern og eit prosjekt som analyserer handteringa av krisesituasjonar som har oppstått i samband med mattryggleiksproblem i dei seinare åra. Analysar av ulike sider ved utviklinga av levekår i landbruket er vidareført og det er i gang forsking for å identifisere eventuelle kjønnsrelaterte verdiar, haldningar og praksis blant kvinnelege og mannlege bønder og kva slags konsekvensar dette kan ha for rekrutteringa av kvinner til landbruket. Med bakgrunn i eit gardssatsingsprosjekt i Indre Namdal, er det sett i gang eit nytt prosjekt om bonden som bedriftsleiar. Det er vidare starta fleire nye prosjekt innan skogsektoren. Eit prosjekt analyserer konsekvensar av ulike verkemiddel i skogbruket, medan eit anna tar for seg den internasjonale konkurranseevna til norske trelastbedrifter. Miljømerking, handelsreglar og forsvarleg forvaltning av skog er eit anna nytt initiativ.

Internasjonalt forskingssamarbeid

Forskingsrådet har i 2003 hatt leiarskap og sekretariatsansvar for den nordiske samarbeidsorganisasjonen innanfor skogforsking - Samnordisk Skogforsking (SNS) og for den tilsvarande nordiske organisasjonen på jordbrukssida - Nordisk kontaktorgan for jordbruksforsking (NKJ). I tillegg til det pågåande forskingssamarbeidet har Forskingsrådet deltatt i prosessar for å utgreie vidare nordisk forskingssamarbeid innanfor landbruks-, fiskeri- og matområdet. Samarbeid om forsking for trygg mat er i 2003 vidareført gjennom dei ulike organa for nordisk samarbeid. Nordisk innovasjonssenter (NICe) har etablert eit nordisk FoU-samarbeid på utvalde tema innan mattryggleik.

Forskingsrådet har arbeidd aktivt for å få dei norske FoU-miljøa og næringslivet til å delta i EU sitt 6. rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling. Det er gitt støtte til forprosjekt og søknadsførebuingar til forskingsinstitusjonane og til verksemder. I EU sitt 6. rammeprogram er delprogrammet Food quality and safety det mest relevante for landbruks- og matforskinga. Resultatet av den første utlysinga i 2003 gav svært positiv utteljing for norske FoU-miljø. Noreg deltar òg i fleire ERA-Net prosjekt som er ein del av EU sitt 6. rammeprogram. Forskingsmiljøa innan landbruks- og matsektoren er òg aktive deltakarar i det internasjonale forskarnettverket organisert av det vitskaplege og tekniske forskingssamarbeidet COST (European Co-operation in the Field of Scientific and Technical Research). Forskingsprogramma har hatt ansvar for å stimulere til auka Eureka-samarbeid.

Forskarrekruttering

Gjennom prioritering av forskarrekruttering innan landbruks- og matsektoren dei siste åra er talet på forskarrekruttar finansiert av Forskingsrådet no aukande. Forskarrekrutteringa har i 2003 i hovudsak skjedd innan rammene av forskingsprogramma eller innan dei strategiske programma. Det blei i 2003 finansiert i alt 116 årsverk knytt til doktorgradsstipend innan landbruks- og matsektoren (mot 104 årsverk i 2002). Kvinnedelen var 58 pst. I tillegg til midlar frå Landbruks- og matdepartementet blei det brukt generelle midlar frå Utdannings- og forskingsdepartementet til forskarrekruttering i sektoren. Det blei avlagt 28 doktorgrader innan sektoren i 2003. 17 av dei blei avlagt av kvinner.

Budsjettforslag 2005, post 50 Forskingsaktivitet

Ein gjer framlegg om å løyve om lag 138 mill. kroner til forskingsaktivitet innan landbruks- og matforskinga i 2005. I høve til saldert budsjett 2004 er dette ein reduksjon i løyvinga til FoU over kap. 1137 på om lag 10 mill. kroner. Departementet legg samstundes til grunn at det kan disponerast ei auka tildeling på om lag 17 mill. kroner frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og avgifta på skogsvirke, jf. kat. 15.20. Samla sett vil det derfor bli ein auke til forsking innan mat og landbruk i 2005.

2005 er siste året for ein rekkje forskingsprogram i Forskingsrådet. Departementet er opptatt av at overgangen mellom pågåande prosjekt i gamle program og nye program skjer på ein smidig måte. Dette gjeld spesielt forsking innanfor området klima og energi i den noverande forskingsmeldinga. Sentrale forskingsområde innan dette området er framleis bioenergiforsking, klimaendringar og - utvikling, samt skogen og treprodukta sine roller med omsyn til kakrbonbinding. Vidare må prioriteringa av nyskaping, innovasjon og kommersialisering halde fram. Det vil vere viktig å få desse perspektiva inn i pågåande forskingsaktivitet, og då særleg innanfor den tematiske satsinga Medisin og helse der trygge matvarer inngår som eit sentralt forskingsområde. Dei prioriterte områda i Handlingsplanen for mat- og landbruksforskinga må òg sjåast i samanheng med dei store satsingane FUGE, NORKLIMA og RENERGI. Utdannings- og forskingsdepartementet fremmer i 2005 ei særskilt satsing på auka forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika. Landbruks- og matdepartementet sitt arbeid på dette området inngår som ein del av denne satsinga. Det vil særleg bli sett fokus på områda mattryggleik, bioenergi og biobaserte produkt. Som eit supplement til dei midlane som er satt av over UFD sitt budsjett vil departementet sette av 3,5 mill. kroner til denne satsinga. Ein viktig føresetnad med satsinga er medverknad frå industrien for å få til kommersialisering av forskingsresultat og utvikling av nye næringar, jf. omtale i kat. 15.20. Internasjonalt forskingssamarbeid vil utover dette hovudsakleg skje med basis i EØS-avtalen, gjennom deltaking i EU sitt 6. rammeprogram og det Europeiske forskingsområdet, ERA. Det er viktig å sikre ei brei og god deltaking frå alle relevante forskingsmiljø i EUs rammeprogram for forsking. Evalueringa av norsk deltaking i det femte rammeprogrammet peker på at det er nødvendig å styrke finansieringa av instituttsektoren for å sikre god deltaking frå denne sektoren. Forskingsrådet har sett i verk ei ordning med delfinansiering av eigendelen når institutta får tildelt prosjekt frå EU. For 2005 foreslår regjeringa ein auke på til saman 50 mill. kroner til delfinansiering av eigendelen ved EU-prosjekt i det sjette rammeprogrammet. Av disse er det sett av 3,5 mill. kroner for å styrkje landbruks- og matforskingsinstitutta si deltaking i EU-prosjekt, jf. òg UFD sin budsjettproposisjon.

Det nordiske forskingssamarbeidet skal styrkast ved at det blir etablert eit nordisk samarbeid innan næringsmiddelforsking og ved ein vidare utvikling av skogforskinga. Eit styrka nordisk forskingssamarbeid innan desse to utvalde fokusområda føreset ei tett kopling og samordning mellom nasjonale og nordiske forskingsmidlar. Departementet vil følgje dette opp i forhold til forskingsmidlane som blir kanalisert gjennom Forskingsrådet.

Det vil bli satt av midlar over kap. 1137 og kap. 1112 i samband med interimsstyret for Bioforsk sitt arbeid med å samordne Planteforsk, NORSØK og Jordforsk, jf. òg kat. 15.20.

Departementet legg på same måte som tidlegare vekt på å halde oppe innsatsen innan forskarrekruttering. Rekrutteringa bør skje via både stipendiatar og post.doc forskarar.

Ut frå framlegget til budsjett vil det utover dette vere eit avgrensa rom for å sette i gang nye forskingsprosjekt og -program.

Post 51 Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.

Noregs forskingsråd har ansvar for tildeling av basisløyvingar over post 51 til åtte forskingsinstitutt som Landbruks- og matdepartementet har sektoransvar for; AKVAFORSK, Bygdeforsking, Jordforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), NORSØK, Planteforsk, Skogforsk og Veterinærinstituttet. Nokre av institutta har oppgåver som ikkje er forsking. Dei er til dels store og omfattar m.a. oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet og andre forvaltningsorgan. Løyvingane til desse oppgåvene som utgjer forvaltningsstøtte, utviklingsoppgåver og kunnskapsformidling, er ført opp under kap. 1112, 1139 og 1141.

Hovudtrekk i utviklinga

Samla driftsresultat for landbruks- og matforskingsinstitutta har vore positivt i heile perioden 1999-2003. Total omsetnad har auka frå 579 mill. kroner i 1999 til 713 mill. kroner i 2003 (ekskl. finansinntekter og ekstraordinære inntekter). Nokre av institutta har likevel hatt negative driftsresultat. Forskingsrådet kanaliserte i 2003 vel 215 mill. kroner til institutta, fordelt med knapt 147 mill. kroner som basisløyvingar (grunnløyving + strategiske program) og vel 68 mill. kroner som ordinære prosjektmidlar og andre løyvingar. Basisfinansieringa av institutta som gruppe har vist ein svak reduksjon dei siste fem åra, frå knapt 23 pst. i 1999 til knapt 21 pst. i 2003. Institutta har i 2003 hatt oppdragsinntekter frå offentleg forvaltning på 127 mill. kroner og frå næringsliv på 105 mill. kroner. Medan oppdragsinntektene frå offentleg forvaltning auka med vel 10 pst. frå 2002 var oppdragsinntektene frå næringslivet uendra. I femårsperioden frå 1999 til 2003 har inntektene frå næringslivet auka med 57 pst., medan dei har auka med 21 pst. for offentleg forvaltning.

Tabell 2.6 Økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskingsinstitutta 2003.

Drifts-

inntekter1

Drifts-

resultat1

Grunn- løyving

Løyving til

strategiske

program

Basisløyv. pr. forskar-årsverk

Basisløyv. i

pst. av drifts-

inntektene

mill. kr

1 000 kr

mill. kr

mill. kr

1 000 kr

Pst.

AKVAFORSK

62,1

723

10,7

10,6

575

35 pst.

Bygdeforsking

13,5

- 95

2,7

3,0

419

42 pst.

Jordforsk

56,3

- 623

5,4

6,2

299

21 pst.

NILF

40,5

46

4,8

3,3

280

20 pst.

NORSØK

17,7

493

2,3

2,2

239

26 pst.

Planteforsk

245,6

3 573

36,7

11,7

370

20 pst.

Skogforsk

74,9

2 948

20,0

11,3

587

42 pst.

Veterinærinstituttet

203,7

3 770

9,0

6,7

197

8 pst.

SUM

713,4

10 835

91,6

55,1

Gjennomsnitt

355

21 pst.

1 Totale inntekter ekskl. finansinntekter og ekstraordinære inntekter

Kjelde: Noregs Forskingsråd

Personalressursane utgjorde i 2003 972 årsverk, ein nedgang på vel 8 pst. frå 1999. Talet på tilsette forskarar med doktorgrad ved institutta har vore stabilt på omkring 250 i perioden 1999-2003. Delen kvinner har auka frå 29 pst. i 1999 til 37 pst. i 2003. I alt 69 doktorgradsstipendiatar hadde arbeidsplass ved institutta. I tillegg kjem 24 andre tilsette som arbeider med doktorgrad, slik at samla tal på tilsette som arbeidde med doktorgrad i 2003 var 93.

I dialogen med institutta har Forskingsrådet fokusert på publisering i internasjonale tidsskrift. Fleire av institutta har innført ulike incentivordningar for å fremme internasjonal publisering. Talet på vitskaplege artiklar publisert i tidsskrift med refereeordning har auka frå 180 i 1999 til 236 i 2003. Utrekna som artiklar pr. forskarårsverk er utviklinga den same. Gjennomsnittstalet var 0,59 artiklar pr. forskarårsverk i 2003 medan det i 1999 var 0,42 artiklar pr. forskarårsverk.

Tabell 2.7 Personale, publisering og formidling ved landbruks- og matforskingsinstitutta 2003.

Totale årsverk

Forskarårsv. i pst. av totalt antall årsverk

Tilsette med dr.grad pr. forskarårsverk

Vit.artiklar m/referee pr. forskarårsverk

Faglege rapportar pr. forskar-årsverk1

Anna for-midling pr. forskar­årsverk2

Tal

Pst.

Forh.tal

Forh.tal

Forh.tal

Forh.tal

AKVAFORSK

78

47 pst.

0,70

0,86

1,9

3,8

Bygdeforsking

18

77 pst.

0,52

0,07

2,2

7,2

Jordforsk

77

51 pst.

0,54

0,54

2,9

5,1

NILF

66

44 pst.

0,38

0,52

1,9

7,0

NORSØK

24

79 pst.

0,32

0,11

0,2

7,1

Planteforsk

346

38 pst.

0,69

0,39

0,8

6,3

Skogforsk

98

55 pst.

0,64

0,58

0,6

2,2

Veterinærinstituttet

266

30 pst.

0,76

1,04

0,7

3,4

Gjennomsnitt

122

41 pst.

0,64

0,59

1,2

5,0

1 Omfattar rapportar i eigen rapportserie og rapportar til oppdragsgivarar

2 Omfattar fagbøker, lærebøker, kapittel/artiklar i bøker, foredrag/framlagde paper/poster, populærvitsk. artiklar og foredrag

Kjelde: Noregs Forskingsråd

Landbruks- og matforskingsinstitutta

Institutt for akvakulturforsking AS (AKVAFORSK)

AKVAFORSK er eit aksjeselskap eigd av NLH, Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO), NVH, kommunane Sunndal og Averøy, Fiskeri- og kystdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Instituttet har ein stor del av verksemda si i Møre og Romsdal, medan hovudkontoret ligg på Ås. AKVAFORSK har satt som målsetjing at det skal vere leiande innan forsking og kunnskapsoverføring i moderne akvakultur. Kjerneområde er genetikk, ernæring, produksjonsstyring/miljø og produktkvalitet.

Rapport 2003

AKVAFORSK sitt økonomiske resultat er positivt for 2003, etter å ha hatt driftsunderskott kvart år i perioden 1999-2002. AKVAFORSK budsjetterer òg med eit realistisk overskott i 2004. Basisfinansieringa frå Forskingsrådet var på 21,3 mill. kroner i 2003, som er ein auke på 0,7 mill. kroner frå 2002. Basisfinansieringa har i perioden 1999-2003 auka frå 30 til 35 pst. av dei totale driftsinntektene til instituttet. Talet på årsverk ved instituttet var i 2003 på totalt 78, same talet som i 1999. Talet på forskarar som del av totale årsverk har auka frå 45 pst. i 1999 til 47 pst. i 2003. AKVAFORSK har utarbeidd ein ny strategisk plan i 2003. Forskingsaktiviteten er samla i tre forskingsgrupper og dei to forskingsstasjonane er samla til ei organisatorisk eining. AKVAFORSK har hatt fire strategiske program som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Målsetjing 2005

AKVAFORSK skal vere leiande innan sine spesialfelt avl/genetikk, ernæring og kvalitet. Arbeidet med nasjonal allianseskaping med sentrale aktørar innan havbruk skal vidareførast. Instituttet skal produsere tverrfagleg kunnskap til privat og offentleg sektor for å skape ei lønnsam akvakulturnæring innanfor rammene av ei berekraftig utvikling. Laks og aure er framleis hovudartar, men arbeidet for å overføre kunnskap frå dei etablerte artane til nye artar skal halde fram. Forskinga skal konsentrerast om hovudutfordringane: Avl med sikte på tilpassing av artar til oppdrett, god produktkvalitet, etisk produksjon og godt oppdrettsmiljø. Det skal særleg satsast meir på å få til effektiv utnytting av fôr og forsking på nye fôrmiddel. Målsetjinga er at totalkompetansen ved AKVAFORSK skal vere eit viktig verkemiddel for ei vidare utvikling og eit større overskott for havbruksnæringa. Den breie kompetansen må nyttast i undervisninga AKVAFORSK utførar.

Departementet legg til grunn at AKVAFORSK i 2005 arbeider vidare med å forbetre det økonomiske resultatet. Landbruks- og matdepartementet vil òg som aksjonær følgje den vidare utviklinga i selskapet nøye, og vil saman med andre eigarar vurdere aktuelle tiltak om situasjonen krev det.

Bioforsk

Målsetjing 2005, jf. og kat. 1520 og kap. 1112

Regjeringa tek sikte på at dei tre institutta Jordforsk, NORSØK og Planteforsk skal slås saman til eit felles aksjeselskap under Bioforsk frå 01.07.2005 jf. òg kat. 15.20. Den overordna visjonen for Bioforsk er trygg matproduksjon, reint miljø og auka verdiskaping basert på langsiktig ressursforvaltning.

Bioforsk skal vere ein regional, nasjonal og internasjonal konkurransedyktig produsent av kunnskap, tenester og løysingar gjennom forsking og utviklingsarbeid innan planteproduksjon, mattryggleik, økologisk produksjon og jordfaglege spørsmål. Bioforsk skal bidra til auka innovasjon, betre miljøkvalitet, berekraftig ressursforvaltning og matproduksjon til nytte for næring, forbrukarar og samfunn.

Selskapet vil såleis ha fire pilarar i sin faglege plattform og virke:

  • Næringsutvikling og verdiskaping innan landbruk og andre arealbaserte næringar

  • Miljøspørsmål, i første rekke relatert til jord og vatn, men og i høve til kulturlandskap og livsmiljø for menneske og husdyr

  • Berekraftig ressursforvaltning, i første rekke knytt til jord, vatn, landskap og avfallsressursar, men og i høve til biologisk/genetisk mangfald

  • Trygg mat, retta mot produktkvalitet, plantevern, dyrevelferd, produksjonspotensiale og beredskapsomsyn.

Gjennom ein samarbeidsavtale med Noregs landbrukshøgskole vil ein utløyse ytterligare synergiar i form av betre kvalitet og auka samla nasjonal og internasjonal konkurransekraft på dei to institusjonane sine felles kjerneområde.

Senter for jordfaglig miljøforsking (Jordforsk)

Stiftelsen Jordforsk er eit nasjonalt kompetansesenter innan jordfaglege og tilgrensande fagområde med hovudvekt på miljø og ressursspørsmål. Den faglege verksemda til Jordforsk ligg innan biologisk avfallshandtering, spesialavfall og miljøgifter, jordressursar og miljøinformasjon, hydrogeologi, økologisk renseteknologi og vass- og stoffbalanse i kulturlandskapet. Jordforsk har eit eige laboratorium, Jordforsk Lab, som leverar rutineanalysar til landbruket, miljøforvaltninga og forskinga.

Rapport 2003

Jordforsk har hatt driftsunderskott i fire av fem år i perioden 1999-2003, berre i 2001 gav drifta overskott. Men instituttet rapporterer om betring av situasjonen og god ordreinngang i 2004. Basisfinansieringa til instituttet var i 2003 på 11,7 mill. kroner, ein auke på 2,3 mill. kroner frå 2002. Basisfinansieringa frå Forskingsrådet har vore stabil på 18-19 pst. av dei totale driftsinntektene i perioden 1999-2002, medan den auka til 21 pst. i 2003. Talet på årsverk ved instituttet har i perioden 1999-2003 vore stabilt på 75-78, medan talet på forskarar som del av totale årsverk har auka frå 49 pst. i 1999 til 51 pst. i 2003. Jordforsk har hatt eitt strategisk program som del av basisløyvinga frå Landbruks- og matdepartementet gjennom Noregs forskingsråd. I tillegg har instituttet hatt fleire strategiske program finansiert av basisløyvinga frå Miljøverndepartementet gjennom Noregs forskingsråd.

Målsetjing 2005, jf. òg kap. 1139 post 70

Hovudoppgåva i første halvår 2005 vil vere å drive verksemda mest mogleg effektivt, samstundes som arbeidet med å etablere ein fusjonert institusjon med Planteforsk og NORSØK held fram gjennom interimsorganisasjonen. Jordforsk skal styrke forskingsaktiviteten gjennom spesielt å satse på fem sentrale kjerneområde der instituttet skal liggje på eit høgt internasjonalt forskingsnivå:

  • Berekraftig landbruk med fokus på ressursutnytting, jordkvalitet og miljøverknader

  • Naturbasert renseteknologi

  • Miljøgifter i jord, grunnvatn og avfall

  • Behandling og utnytting av organisk avfall

  • Hydrologiske endringar som følgje av naturinngrep og miljøkonsekvensar av desse.

Jordforsk skal vere marknadsorientert og rette sin aktivitet mot kunnskapsproduksjon for forvaltning og næringsliv. Instituttet må ha som mål å oppretthalde høg vitskapleg publisering slik som i 2002 og vere ein aktiv aktør i internasjonale forskingsnettverk, m.a. i EU-prosjekt. Det er viktig å kombinere denne verksemda med at samarbeidet og synergiar med Planteforsk, NORSØK og NLH blir utvikla.

Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK)

Stiftelsen NORSØK er eit nasjonalt kompetansesenter med føremål å fremme utvikling av økologisk landbruk. Instituttet samarbeider nært med dei andre landbruksfaglege FoU-institusjonane, og har sekretariatsfunksjonen for Forskingsutvalet for økologisk landbruk.

Rapport 2003

I perioden 1999-2003 hadde NORSØK balanse i drifta i tre av åra, men eit lite negativt driftsresultat i åra 2000 og 2001. Basisfinansieringa blei redusert frå 6,1 mill. kroner i 2002 til 4,5 mill. kroner i 2003. Frå 2001 til 2002 blei basisfinansieringa òg redusert etter at 1,3 mill. kroner blei overført til underpost 51.13 Nasjonale oppgåver. Basisfinansieringa utgjorde i 2003 om lag 26 pst. av dei totale driftsinntektene, ein reduksjon frå 56 pst. i 1999. Talet på årsverk ved instituttet har auka frå 18 årsverk i 1999 til 24 årsverk i 2003. I same perioden har talet på forskarar som del av totale årsverk auka frå 67 pst. til 79 pst. NORSØK har hatt to strategiske program som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Målsetjing 2005

Hovudoppgåva i første halvår 2005 vil vere å drive verksemda mest mogleg effektivt, samstundes som arbeidet med å etablere ein fusjonert institusjon med Jordforsk og Planteforsk held fram gjennom interimsorganisasjonen. NORSØK skal vere eit leiande fagmiljø innan økologisk landbruk der FoU, formidling, næringsutvikling og opplæring skal vere hovudaktivitetane. Instituttet må arbeide vidare med å styrkje den forskingsfaglege kompetansen og auke samarbeidet med andre FoU- institusjonar både nasjonalt og internasjonalt. NORSØK skal som forskingsinstitutt spesielt leggje vekt på følgjande to fagområde: 1) Næringsforsyning til planter og husdyr og god ressursutnytting i økologisk landbruk, og 2) Økologiske driftssystem og praktiske løysingar.

NORSØK skal ta aktivt del i arbeidet med å nå målsetjinga Stortinget har sett om 10 pst. av arealet som økologisk innan 2010. Ein sentral strategi skal vere å ta i bruk IKT til kurs og informasjonsformidling for å auke kompetansen hos primærprodusentane. Det er viktig å kombinere denne verksemda samstundes med at samarbeidet og synergiar med Planteforsk, Jordforsk og NLH blir utvikla.

Norsk institutt for planteforsking (Planteforsk)

Planteforsk er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruks- og matdepartementet. Planteforsk skal vere leiande i bruksretta forsking og utvikling i planteproduksjon, eit nasjonalt kompetansesenter i plantefaglege spørsmål og skaffe fram kunnskap som medverkar til konkurransedyktig produksjon, miljøvenlege produksjonsformer og forsvarleg bruk av naturgrunnlaget. Planteforsk skal utvikle kunnskap som grunnlag for ein konkurransekraftig, verdiskapande produksjon og ei berekraftig forvaltning av naturressursane. Kunnskapen skal styrkje grunnlaget for verksemd i distrikta, sikre miljøet og ivareta etiske og estetiske verdiar i samfunnet.

Rapport 2003

Planteforsk har hatt driftsoverskott i heile perioden 1999-2003, og økonomien til instituttet er god. Planteforsk er eit stort institutt. Talet på årsverk ved instituttet har i perioden 1999-2003 gått ned frå 373 til 346 årsverk. Talet på forskarar i høve til totale årsverk har vore relativt konstant mellom 38 pst. og 42 pst. Basisfinansieringa var i 2003 på 48,4 mill. kroner, ein auke på 0,3 mill. kroner frå 2002. Basisfinansieringa har i perioden 1999-2003 gått ned frå 24 til 20 pst. av dei totale driftsinntektene. Planteforsk har laga ei strategisk utgreiing av kva som vil bli etterspurt av kunnskap dei næraste åra framover, og har prioritert område som ein vil vurdere med omsyn til finansiering av FoU. Døme på dette er faglege og økonomiske samanhengar mellom innsatsfaktorane i primærproduksjonen, trygge og sunne matvarer, lagring og transport av vegetabila, presisjonsjordbruk, økologisk produksjon, grønt­anlegg og våtorganisk avfall. Planteforsk har hatt seks strategiske program som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Målsetjing 2005, jf. òg kap. 1112 postane 51 og 52

Hovudoppgåva i første halvår 2005 vil vere å drive verksemda mest mogleg effektivt, samstundes som arbeidet med å etablere ein fusjonert institusjon med Jordforsk og NORSØK held fram gjennom interimsorganisasjonen. Planteforsk er engasjert i ein ny handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel, og skal framleis spele ei nøkkelrolle i å skaffe fram kunnskap og formidling. Planteforsk skal òg ha viktige oppgåver i satsinga på plantehelse. Økologisk landbruk er eit satsingsområde som skal utviklast vidare i samarbeid med NORSØK.

Instituttet må halde fram arbeidet med dei nye satsingsområda, jf. omtale i resultatrapport 2003, med finansiering og iverksetting som dei viktigaste oppgåvene. Instituttet skal satse på auka samarbeid med næringslivet gjennom brukarstyrt forsking. Planteforsk må òg halde fram arbeidet med å styrkje den vitskapelege kompetansen på prioriterte område og auke publiseringsraten i internasjonale tidsskrift. Det er viktig å kombinere denne verksemda samstundes med at samarbeidet og synergiar med Jordforsk, NORSØK og NLH blir utvikla.

Norsk senter for bygdeforsking (Bygdeforsking)

Stiftelsen Bygdeforsking har som mål å vere eit nasjonalt senter som gjennom forsking og utviklingsarbeid skal gi fakta, analysar, idear og ny kunnskap som kan medverke til ei positiv utvikling på bygdene. Bygdeforsking har eit nasjonalt ansvar for å utvikle og ta vare på ein teoretisk og metodisk grunnleggjande forskingskompetanse innan bygdesosiologi. Instituttet var sommaren 2004 lokal arrangør av Verdskongressen i bygdesosiologi.

Rapport 2003

Bygdeforsking har hatt eit positivt driftsresultat i perioden 1999-2002, men hadde eit lite underskott i 2003. Basisfinansieringa frå Forskingsrådet var på 5,7 mill. kroner i 2003, som er ein nedgang på 1,2 mill. kroner frå 2002. Basisfinansieringa har i perioden 1999-2003 auka frå 15 til 42 pst. av dei totale driftsinntektene til instituttet. Talet på årsverk ved instituttet gjekk i perioden 1999-2003 ned frå 25 til 19 årsverk. Talet på forskarar som del av totale årsverk gjekk ned frå 85 pst. i 1999 til 77 pst. i 2003. Bygdeforsking arbeidde i 2003 med samfunnsvitskapleg forsking på følgjande forskingsområde: Bygde- og næringsutvikling, Omstilling og innovasjon, Matproduksjon, forbrukarhaldningar og etikk, Kultur, levekår og arbeidsmiljø, Ressursforvaltning, kulturlandskap og miljøspørsmål. Bygdeforsking har hatt to strategiske program som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Målsetjing 2005

Bygdeforsking skal framleis leggje vekt på kunnskapsutvikling og formidling innan felta:

  • næringsutvikling knytt til bygder og landbruk i omstilling

  • berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar i kyst- og bygdesamfunn

  • næringsmiddelindustrien og lokal foredling av matvarer frå naturbaserte næringar

  • matproduksjon, forbrukarspørsmål og miljø i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv

  • heilskapleg bygdeutvikling med fokus på rekruttering og kjønnsspørsmål

Departementet legg til grunn at regionalt reiseliv og ressursbasert bygdeturisme blir ei ny satsing i 2005. Det er viktig at Bygdeforsking opprettheld og vidareutviklar sitt omfattande samarbeid med nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, t.d. ved forskarutveksling og med deltaking i komparative prosjekt i t.d. USA og Europa.

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)

NILF er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruks- og matdepartementet. NILF har som mål å medverke til høgt kunnskapsnivå i samfunnet, og gi eit solid grunnlag for økonomiske og landbrukspolitiske avgjerder knytt til produksjon, foredling og omsetting av landbruksprodukt. Instituttet skal vere leiande innan næringsøkonomi og føretaksøkonomi i landbruket og landbruksbasert industri. NILF tek òg oppdrag relatert til fiskeri- og havbrukssektoren, med særskilt vekt på handelspolitiske spørsmål.

Rapport 2003

NILF har hatt driftsoverskott kvart år i perioden 1999-2003, og økonomien til instituttet er god. Basisløyvinga frå Forskingsrådet var i 2003 på 8,1 mill. kroner, som er ein auke på 0,4 mill. kroner frå 2002. I perioden 1999 til 2003 har basisløyvinga i pst. av totale inntekter gått ned frå 25 til 20 pst. Det er dei siste åra lagt stor vekt på å byggje opp og vidareutvikle forskingskompetansen til instituttet gjennom målretta bruk av grunnløyvinga og dei strategiske programma. Talet på årsverk ved instituttet var i 2003 66, ein nedgang frå 68 i 1999. Talet på forskarar som del av totale årsverk har auka frå 37 pst. i 1999 til 44 pst. i 2003. NILF har hatt to strategiske program som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Målsetjing 2005, jf. kap. 1141 post 50

Forskingsverksemda til NILF må ta utgangspunkt i skisserte mål og oppgåver for instituttet. Føretaksøkonomi, nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk og analyse av verdikjeda for matvarer skal framleis vere sentrale fagområde. Landbruks- og matdepartementet vil i tida framover ha stort behov for forsking og utgreiing om norske og inter­nasjonale landbrukspolitiske spørsmål. Departementet meiner det er viktig at NILF legg opp til å auke kompetansen om bonden si rolle som entreprenør i høve til nye produkt, tenester og marknader. Generelt er det viktig at NILF orienterer seg etter marknaden og styrker kompetansen innanfor felt der ein kan rekne med at forsking og utgreiing vil bli etterspurd, og at instituttet held fram med det målretta arbeidet for å styrke forskingskompetansen og auke brukarnytta av instituttet sin kompetanse, data og analyser.

Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk)

Skogforsk skal saman med NLH vere leiande på forsking innan fagområde knytt til skog i Noreg. Instituttet skal styrkje det vitskaplege grunnlaget for ei berekraftig forvaltning av skogressursane, verdiskaping basert på skog og miljøinnsats i skog. Innan utvalde område skal Skogforsk vere på eit høgt internasjonalt nivå. Skogforsk er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruks- og matdepartementet.

Rapport 2003

Skogforsk har hatt positivt driftsresultat i åra 2001-2003. Instituttet har vore igjennom store endringar dei siste åra. Talet på årsverk ved instituttet har i perioden 1999-2003 gått ned frå 139 til 98 årsverk. Talet på forskarar i høve til totale årsverk er auka frå 46 pst. i 1999 til 55 pst. i 2003. Instituttet hadde ei basisfinansiering på 31,5 mill. kroner frå Forskingsrådet i 2003, noko som svarar til 43 pst. av dei totale driftsinntektene. Dette er ein liten auke frå 1999. Skogforsk har hatt fire strategiske program som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Målsetjing 2005, jf. òg kap. 1141 post 51

Instituttet må halde oppe høg kompetanse innan ressursforvaltning, og dette omfattar òg den tradisjonelle skogforskinga. Miljøinnsats i skogbruket er òg eit viktig område knytt til god ressursforvaltning. Kunnskap om skog knytt til klimaendringar må utviklast vidare. Instituttet må vidareutvikle kompetansen når det gjeld verdiskaping og nye måtar å nytte trevirke, utmark og andre skogprodukt på. Dei faglege prioriteringane må tilpassast inntektsmoglegheiter, og samhandling med nye, potensielle kundar bør utviklast vidare. Verksemda må i aukande grad sjåast i samanheng med verksemd i andre institusjonar, og finne gode samarbeidsområde, jf. kat. 15.20 og omtale under modernisering av landbruks- og matforskingsinstitutta.

Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter som skal vere leiande og konkurransedyktig innan forsking, overvaking og rådgiving med framsynt beredskap innan mattryggleik, fôrhygiene, landdyr-, fiske-, og skjelhelse i Noreg. I tillegg er dyrevelferd eit nytt viktig arbeidsområde frå 2004.

Rapport 2003

Veterinærinstituttet har hatt driftsoverskott kvart år i perioden 1999-2003. Basisfinansieringa har auka frå 11,1 mill. kroner i 1999 til 15,7 mill. kroner i 2003, men dette utgjer likevel ein liten del (8 pst.) av dei totale driftsinntektene. Veterinærinstituttet utførar forvaltningsretta forsking og strategisk grunnforsking for å fylle oppgåva som kompetanseinstitusjon og forvaltningsstøtteinstitusjon. Forskinga omfattar landdyrhelse, fiske- og skjelhelse samt fôr- og næringsmiddelhygiene. I tillegg utfører Veterinærinstituttet eksternt finansierte forskingsoppdrag for m.a. industrien og EU. Veterinærinstituttet har hatt fire strategiske program som ein del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Målsetjing 2005, jf. òg kap. 1112 post 50

Det er viktig at forskingsverksemda ved Veterinærinstituttet held fram i minst same omfang som tidligare. I tråd med evalueringane som er gjort av verksemda, legg ein til grunn at Veterinærinstituttet særleg skal leggje vekt på forvaltningsretta forsking innan instituttet sine kjerneområde patologi, mikrobiologi, immunologi, kjemi, toksikologi og epidemiologi.

Internasjonal handel med dyr og dyreprodukt inneber risiko for innførsel av smittestoff og framandstoff. Veterinærinstituttet må i denne perioden prioritere forsking på diagnostiske, analytiske og epidemiologiske metodar, med sikte på å gi forvaltninga betre grunnlag for å kunne ta rette avgjerder. Vidare må Veterinærinstituttet leggje stor vekt på internasjonalt samarbeid og deltaking i internasjonale forskingsprosjekt. Veterinærinstituttet fører vidare si sentrale rolle når det gjeld sjukdom og helse hos fisk og andre akvatiske dyr, òg etter at ansvaret for lovgiving knytt til sjukdomar hos fisk og skjel blei overført til Fiskeridepartementet frå 01.01.2004.

Budsjettforslag 2005, post 51 Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.

Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 166 mill. kroner som basisløyving til forskingsinstitutt, fordelt på grunnløyving, strategiske instituttprogram, nasjonale oppgåver og investeringsstøtte til AKVAFORSK. Løyvinga utgjer ei auke på om lag 5,5 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2004.

Departementet vil i 2005, i samråd med Forskingsrådet, gjennomgå basisløyvingane til dei åtte landbruks- og matforskingsinstitutta. Basisløyvinga som MATFORSK får frå forskingsavgifta på landbruksprodukt skal inngå i denne gjennomgangen. Ein slik gjennomgang skal sjåast i samanheng med gjennomgangen av norsk instituttpolitikk i samband med den kommande forskingsmeldinga. Departementet kjem tilbake til saka i budsjettproposisjonen for 2006.

Fleire av landbruks- og matforskingsinstitutta utførar forvaltningsretta oppgåver på vegne av departementet, jf. kap, 1112, 1115, 1141 og 1142. Departementet vil i 2005 gjere ein gjennomgang av opplegget for forvaltningsstøtte, og kjem nærare tilbake til dette i budsjettproposisjonen for 2006.

Nasjonalt samarbeid og arbeidsdeling mellom dei landbruks- og matvitskaplege forskingsinstitusjonane er ein føresetnad for rasjonell utnytting av ressursane. Omorganiseringar og samarbeid i landbruks- og matforskinga er omtalt i kat. 15.20. Ut over dei prosessane som konkret er nemnde, føreset departementet at institusjonane framleis legg stor vekt på auka samarbeid seg imellom.

Post 51 Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

51.11

Grunnløyvingar til forskingsinstitutt

91 420

91 420

94 528

51.12

Strategiske instituttprogram

53 617

58 990

60 996

51.13

Nasjonale oppgåver

7 387

8 678

8 973

51.14

Investeringsstøtte

2 066

2 000

2 068

Sum post 51

154 490

161 088

166 565

Underpost 51.11 Grunnløyvingar til forskingsinstitutt

Grunnløyvingane skal gå til aktivitetar som er sentrale for forskinga ved institutta, slik som langsiktig kompetanseutvikling, fagleg fornying, rekruttering, forsking innan institutta sine kjerneområde, vitskapleg utstyr, kvalitetssikring, nettverksbygging, publisering og formidling.

Underpost 51.12 Strategiske instituttprogram

Noregs forskingsråd tildeler strategiske program til institutt og forskingsmiljø ved universitet og vitskaplege høgskolar innan Landbruks- og matdepartementet sitt sektoransvar. Målet er å skape forskingsmiljø av høg kvalitet gjennom målretta grunnleggjande forsking, brukarretta forsking og kompetanseoppbygging, slik at dei kan utvikle seg til gode reiskap for forsking, forvaltning og næringsliv innan sektoren. Programma skal føre til fagleg styrking og spesialisering av sentrale forskingsmiljø innanfor område som er aktuelle for næringsutvikling. Forskarutdanning skal vere eit sentralt element innan programma. Gjennom strategiske program kan ein medverke til ei god arbeidsdeling og eit godt samarbeid mellom FoU-miljøa med sikte på arbeid på tvers av ulike fag- og institusjonsgrenser og betre utnytting av den samla spisskompetansen innan landbruks- og matforskinga.

Dei strategiske programma skal brukast til å utvikle kompetanse innanfor prioriterte forskingsfelt og felt der det er behov for rekruttering og til å etablere og vidareutvikle faglege tyngdepunkt. Programma skal vere retta inn mot dei sju satsingsområda i landbruks- og matforskinga sin handlingsplan.

Underpost 51.13 Nasjonale oppgåver

Løyvinga skal dekkje utgifter knytt til Skogforsk, Planteforsk, Jordforsk og NORSØK som gjeld bibliotek, referansesamlingar, deltaking i internasjonale organisasjonar og utgreiings- og informasjonsoppgåver. Det er sett av midlar til medlemskap i Nordiske jordbruksforskarars foreining (NJF). NJF er eit forum for personar som er knytt til landbruksvitskapleg forsking, undervisning og rettleiing i Norden. Målet er å fremme jordbruksforskinga og formidle resultata gjennom utvikling av samarbeid mellom jordbruksforskarar i Norden.

Underpost 51.14 Investeringsstøtte

Forsøksstasjonen på Averøy blei kjøpt tilbake i 1996 basert på ei avtale mellom Noregs forskingsråd og eigedomsselskapet AKVAFORSK AS og finansiert med tilskott frå Forskingsrådet i ti år. Løyvinga skal dekkje Forskingsrådet sitt tilskott. Det er sett av 2 mill. kroner til dette i budsjettforslaget for 2005.

Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

Pst. endr. 04/05

1138

Støtte til organisasjonar

13 600

17 100

25,7

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

23 496

30 796

31,1

1140

Miljø- og næringstiltak i jordbruket

54 385

1141

Kjøp av forvaltningsstøtte innan miljø- og næringstiltak i landbruket

32 855

33 949

3,3

1142

Miljø- og næringstiltak i skogbruket

76 275

1143

Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 4143)

169 354

310 701

318 681

2,6

1144

Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket

10 313

7 313

-29,1

1145

Jordskifterettane (jf. kap. 4145)

155 026

145 583

150 991

3,7

1146

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 4146)

88 578

62 793

82 454

31,3

1147

Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 4147)

43 640

47 797

52 497

9,8

1148

Naturskade - erstatningar og sikring

122 264

74 089

68 089

-8,1

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

336 066

336 170

0,0

1150

Til gjennomføring av jordbruks­avtalen m.m. (jf. kap. 4150)

11 924 637

11 183 949

10 767 749

-3,7

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

98 041

95 000

95 000

0,0

1161

Statskog SF - forvaltningsdrift

23 109

24 075

24 083

0,0

2411

Statens nærings- og distrikts­utviklingsfond (jf. kap. 5311)

1 595

Sum kategori 15.30

12 756 904

12 360 317

11 984 872

-3,0

Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

Pst. endr. 04/05

4142

Miljø- og næringstiltak i skogbruket (jf. kap. 1142)

140

4143

Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 1143)

32 925

28 256

29 217

3,4

4145

Jordskifterettane (jf. kap. 1145)

14 730

14 657

11 374

-22,4

4146

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 1146)

40 555

18 028

28 641

58,9

4147

Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 1147)

1 818

29

30

3,4

4150

Til gjennomføring av jordbruks­avtalen (jf. kap. 1150)

187 493

145 000

145 000

0,0

5545

Miljøavgifter i landbruket

65 375

40 000

75 000

87,5

5571

Totalisatoravgift

89 170

92 500

89 000

-3,8

Sum kategori 15.30

432 206

338 470

378 262

11,8

Under kategori 15.30 høyrer fleire budsjettkapittel som var nye i budsjettet for 2004. Dette fører til at det i einskilde kapittel er resultatrapportar frå 2003 som femnar om tiltak som ikkje lenger er i vedkommande kapittel. Kategoriomtalen er òg noko annleis enn før. Kapitlet Mål og strategiar viser samanhengen mellom hovudmålet og delmåla i landbrukspolitikken, jf. innleiinga i budsjettproposisjonen og dei strategiske vala Regjeringa gjer framlegg om i kapitla under kategorien. Kapitlet Gjennomføring av politikken gir ei omtale av status og gjennomføring av politikk knytt til hovudområda næringspolitikk, miljø- og ressurstiltak, eigedomspolitikk og likestilling i landbruket.

Mål og strategiar

Hovudmålet for landbrukspolitikken er auka verdiskaping og livskvalitet tufta på ein berekraftig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar. Auka verdiskaping krev fokus på kostnadseffektivisering og å auke verdien av produkta gjennom auka spesialisering og marknadsorientering. Landbrukspolitikken skal samtidig medverke til eit meir omfattande og geografisk spreitt landbruk og eit meir miljøvennleg og langsiktig landbruk enn det den reine marknadsløysinga ville ha gitt. Næringsverksemd, ressursforvaltning og forvaltninga av fellesgode grip inn i kvarandre og krev ein samordna utforming av politikken.

Ein forenkla og meir fleksibel eigedomspolitikk og moderniserte bygdeutviklingstiltak, som ser det tradisjonelle jordbruket og nye næringar meir i samanheng, er òg viktige element. Lokale og regionale nivå skal få større ansvar til å prioritere mellom ulike satsingar med grunnlag i nasjonale og regionale strategiar. Moderniseringa og samordninga av politikken på desse områda er samla under nemninga Landbruk Pluss, jf. innleiinga kap.1.3.2.

Den jordbruksbaserte matvaresektoren har ein total produksjonsverdi på meir enn 100 mrd. kroner, og om lag 18 pst. av industrien sin totale produksjonsverdi. Matvaresektoren sysselsett meir enn 100 000 årsverk. Men både marknadsdelen på heimemarknaden og delen som blir eksportert er fallande. Innan skogsektoren, inkludert skogindustrien, har ein ei sysselsetjing på om lag 18.000 årsverk og ei total verdiskaping på 44 mrd. kroner. Næringa eksporterer årleg for 17 mrd. kroner.

Landbruket og produksjon av mat blir påverka av internasjonale avtaler og ein meir open marknad. Det er derfor nødvendig med ein meir effektiv produksjon, auka marknadsorientering og større fridom til å etablere nye livskraftige næringar i landbruket. Det vil skape eit sikrare grunnlag for næringa og industrien på lengre sikt og er ein føresetnad for målet om eit aktivt landbruk over heile landet.

Departementet arbeider no med fleire tiltak knytt til fornying av det apparatet som arbeider med oppgåver under denne kategorien; Statskog jf. kap. 5652, Skogforsk, NIJOS og SKI jf. kat.15.20, jordskifterettane jf. kap. 1145 mv. Desse og andre moderniseringstiltak er nemnde andre stader i budsjettframlegget.

Kat. 15.30 omfattar næringspolitikk og miljø- og ressurspolitikk. Regjeringa legg opp til ei løyving på om lag 11,98 mrd. kroner. Av dette er om lag 10,77 mrd. kroner knytt til kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. Avtalen medfører ein reduksjon i løyvinga på om lag 416 mill. kroner i 2005.

I innleiinga i proposisjonen trekk departementet opp Strategiske mål for mat- og landbrukspolitikken:

  • sikre trygge matvarer og fremme mangfald og forbrukaromsyn

  • sikre god dyre- og plantehelse og eit etisk forsvarleg dyrehald

  • sikre ei berekraftig ressursforvaltning med eit sterkt vern av jordsmonnet, bevaring og vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet

  • fremme ein effektiv, miljøvennleg og nyskapande vare- og tenesteproduksjon i tråd med marknaden sine behov

  • utvikle attraktive buplassar i bygdene og ein variert eigedomspolitikk

  • sikre ei nasjonal matforsyning og ein konkurransedyktig matvareindustri

  • sikre eit aktivt landbruk over heile landet, m.a. som grunnlag for kollektive gode

  • fremme ei livskraftig reindriftsnæring i balanse med beiteressursane og som medverkar til å halde oppe samisk eigenart

  • sikre handlingsrom for ein nasjonal landbruks- og matpolitikk innanfor internasjonale avtalar og forhandlingar

Kat. 15.30 femner om fleire av desse måla og departementet peiker i det følgjande på nokre hovudpunkt i samband med prioriteringane for 2005.

Miljø og berekraftig ressursforvaltning

Departementet skal sikre berekraftig ressursforvaltning med miljøomsyn i næringsverksemda og utvikling av dei positive miljøbidraga frå landbruket. Vurdering av konsekvensar for miljøet er viktig for å sikre ei berekraftig ressursforvaltning og inngår i arbeidet når departementet sett i verk nye tiltak. Vesentlege delar av løyvingane og innsatsen i landbrukspolitikken er miljøretta.

Departementet si satsing på miljø omfattar særleg vern om jordbruksareal og kulturlandskap, ivaretaking av biologisk mangfald og kulturminne, bruk og vern av dei genetiske ressursane, reduksjon av forureining, auka satsing på økologisk landbruk, auka bruk av bioenergi og auka satsing på miljøvennleg landbruksproduksjon med omsyn til m.a. opplevingar og friluftsliv. God forvaltning av miljø og ressursar skal gi grunnlag for nye næringar og medverke til å skape attraktive buplassar på bygdene.

Satsinga på auka bruk av bioenergi er viktig både i miljøsamanheng og med omsyn til auka lokal næringsverksemd og er nært knytt til både kulturlandskapsarbeidet og forvaltning av skogressursane.

Nyskapande vare- og tenesteproduksjon

Landbrukspolitikken legg vekt på nyskapingsevne og høgt kvalitetsnivå på varer og tenester for å sikre god konkurranseevne og marknadstilgang for landbruks- og distriktsnæringane. Det er store unytta moglegheiter når det gjeld å ta i bruk landbruket og bygdene sine samla ressursar på nye måtar, gjerne i samarbeid med andre sektorar. Både naturressursane på det enkelte bruket, dei menneskelege ressursane og samarbeidet mellom ulike sektorar inneber nye moglegheiter. Regjeringa vil leggje større vekt på næringsutvikling og nyskaping gjennom eit godt samarbeid mellom dei offentlege aktørane på dette området og næringane.

Aktivt landbruk og attraktive buplassar

Politikken må vere fleksibel. Den skal støtte opp om ei utvikling mot større eigedomar som grunnlag for auka og meir effektiv landbruks- eller tenesteproduksjon, men den skal samtidig òg leggje til rette for dei som ønskjer å bu på eit gardsbruk og hente inntekta frå anna verksemd enn tradisjonelt landbruk.

Regjeringa ønskjer å styrkje lokaldemokratiet for å gi fylka og kommunane større kraft i arbeidet med å sikre gode butilhøve, auka verdiskaping og levande bygder i heile landet.

Departementet vil arbeide vidare med forenkling og modernisering av regelverket, auka fridom i eigedomsforvaltninga og desentralisering av avgjerdsprosessane.

Reindrift

Dei viktigaste utfordringane i reindriftspolitikken framover er knytt til beitegrunnlaget og den økologiske berekrafta i næringa. Dette er òg avgjerande for økonomisk og sosial berekraft i reinbeiteområda. Departementet ser med stor uro på det høge reintalet som ein no har i delar av Finnmark. Det er avgjerande viktig å bringe talet på rein i balanse med beiteressursane. Reindrift er ei særs arealkrevjande næring. Inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har auka dei siste tiåra. Regjeringa vil derfor forsterke innsatsen for å finne fram til tiltak som kan redusere dette problemet.

For at reindrifta framover skal vere eit fundament for samisk kultur, er det viktig at den både blir oppfatta og forvalta som ei næring med økonomisk verdiskaping og effektiv produksjon. Landbruks- og matdepartementet vil prioritere ei slik utvikling av reindrifta.

Internasjonale rammevilkår for næringsverksemd

Internasjonale avtaler og prosessar legg rammer for utforminga av mål og verkemiddel innanfor heile Landbruks- og matdepartementet sitt verkeområde. I det internasjonale arbeidet er målet å ta vare på nasjonale interesser og samstundes medverke til framgang i prosessane.

Utforming av ny landbruksavtale vil vere ein svært sentral del av den pågåande forhandlingsrunden i WTO. Hovudrådet i WTO vedtok 01.08.2004 eit nytt rammeverk for dei vidare forhandlingane. Dette rammeverket omfattar m.a. retningsliner for forhandlingane om landbruk og industrivarer (inkl. fisk). Den neste ministerkonferansen i WTO vil bli halde i Hong Kong i desember 2005.

Rammeverket for landbruk legg m.a. opp til reduksjon i summen av handelsvridande støtte til landbruket, eliminering av eksportsubsidiar og betring av marknadstilgangen for landbruksvarer. Avtala legg føringar for dei vidare forhandlingane, men det står att å fastsetje konkrete forpliktingar og regelverk på dei ulike forhandlingsområda. Det skal takast spesielt omsyn til u-landa sine behov ved utforming av det nye regelverket. Frå regjeringa si side blei det ved vurdering av rammeverket lagt vekt på at den opnar for særskilte ordningar for sensitive landbruksprodukt, og vidare at det gjennom ei eiga ordning blir opna for at Noreg kan vidareføre ein monaleg del av den blå støtta (m.a. areal- og dyrestøtte) i landbruket.

I dei vidare forhandlingane er det frå norsk side ei overordna målsetjing å sikre at det framleis blir handlingsrom til å utforme ein nasjonal landbrukspolitikk i samsvar med våre prioriteringar for landbruket. Ein legg særleg vekt på behovet for nasjonal produksjon for å sikre omsyn som ikkje vedkjem handel direkte, slik som kulturlandskapet, biologisk mangfald og distriktsomsyn. For å tryggje ein berekraftig produksjon er det avgjerande at vi i størst mogleg grad kan vidareføre importvernet og sikre eit tilstrekkeleg handlingsrom for internstøtta i landbruket. I dei vidare forhandlingane legg regjeringa stor vekt på å vidareføre samarbeidet med likesinna land i G-10-gruppa, med sikte på å sikre eit resultat mest mogleg i tråd med norske interesser.

Noreg deltek i dei internasjonale skogpolitiske prosessane. Ein er no inne i det siste funksjonsåret av skogforumet under FN (UNFF). Under UNFF sin femte sesjon i mai 2005 blir hovudtema det framtidige rammeverket for det internasjonale skogsamarbeidet, der etablering av ein global skogkonvensjon blir vurdert som eitt av fleire alternativ. Noreg deltek aktivt i samarbeidet under Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa (MCPFE). Dette er viktig m.a. for å sikre ei regional oppfølging av det globale samarbeidet om berekraftig skogforvaltning.

Nasjonal matforsyning og konkurransedyktig matvareindustri

Det er eit mål at det norske landbruket skal dekkje etterspurnaden etter varer det er naturleg grunnlag for å produsere i Noreg. I ein meir open marknad er det nødvendig med tiltak som kan auke effektiviteten og redusere produksjonskostnadene i dei store volumproduksjonane. Det er dei store grasbaserte produksjonane og kornproduksjonen som brukar det aller meste av jordbruksareala i Noreg og legg grunnlaget for dei største delane av verdiskapinga. Det må sikrast lønnsemd i desse produksjonane samstundes som matvareindustrien må sikrast råvareprisar, som saman med andre tiltak, sikrar konkurransekrafta. Forskings- og verdiskapingsprogramma vil bli nytta aktivt for å fremme konkurransekraft langs heile verdikjeda, for produksjon retta både mot sal i større volum og for større mangfald.

Gjennomføring av politikken

Gjennomføring av hovudlinene i landbrukspolitikken er knytt til aktiviteten innan områda næringspolitikk (jordbruk og matpolitikk, skogpolitikk og bioenergi, reindriftspolitikk og satsinga på ny næringsverksemd), miljø- og ressurspolitikk (som er ein integrert del av heile landbrukspolitikken), eigedomspolitikk og likestilling i landbruket. Omtalen av gjennomføringa er derfor knytt til denne inndelinga samtidig som aktiviteten innan desse områda er sikta inn mot å nå dei måla som er trekt opp i innleiinga av budsjettproposisjonen.

Næringspolitikk

Jordbruks- og matpolitikk

I jordbrukspolitikken følgjer regjeringa ein strategi som skal gi større valfridom for aktive jordbruksbedrifter. Det er viktig for målet om ei inntektsutvikling i jordbruket på line med andre grupper i samfunnet. Politikken skal ta større omsyn til jordbruksbedrifter der jordbruksproduksjonen kan gi eit viktig bidrag til inntekta. Dette skal gi ein meir effektiv volumproduksjon, med lågare produksjonskostnader. Samstundes skal auka aktivitet innan alternativ næringsutvikling gi nye arbeidsplassar og eit meir allsidig næringsliv i distrikta med grunnlag i landbruket sine ressursar. I internasjonale forhandlingar arbeider regjeringa for å sikre handlingsrom for å oppretthalde ein nasjonal landbrukspolitikk som kan leggje grunnlag for eit aktivt landbruk i heile landet. Samstundes må politikken utformast slik at landbruket og industrien blir i stand til å møte dei aukande krava frå forbrukarane i ein marknad som blir stadig meir open.

Rammevilkåra for landbruket vil vere under endring dei næraste åra som følgje av internasjonale prosessar, først og fremst WTO-forhandlingane. Dei nye rammevilkåra vil måtte leggjast til grunn for utforminga av den framtidige næringspolitikken i landbruket. Det blir ei viktig utfordring framover å tilpasse den nasjonale landbrukspolitikken og strategiar for næringa til nye internasjonale rammevilkår slik at ein oppnår regjeringa sine målsetjingar for landbruket.

Strategiane i Landbruk Pluss var sentrale i samband med jordbruksavtala for 2004-2005, m.a. med modernisering og forenkling av regelverket for bygdeutviklingsmidlane og sterkare regionalisering av fleire verkemiddel. Det blei òg gjort fleire grep for å leggje betre til rette for at enkeltbruk i mjølkeproduksjonen kan utvikle si jordbruksbedrift og for å harmonisere regelverket for ulike typar av føretak. Reglane og handlingsrommet for mjølkeproduksjon er no òg meir i samsvar med det som gjeld for andre produksjonar. Dette blei gjort ved at kvotetaket blei auka, maksimalt husdyrtilskott til enkeltbruk blei auka og høvet til kvoteomsetning direkte mellom produsentane blei auka. Samstundes blei fleire særreglar for samdrifter endra eller avvikla, slik at val av organisasjonsform i mindre grad blir styrt av reguleringar og tilskottsordningar. Departementet meiner det auka handlingsrommet vil gjere det lettare å rekruttere nye mjølkeprodusentar med riktig kompetanse. Jordbruksavtalen er omtalt i St.prp. nr. 66 (2003-2004).

Det er nødvendig at utforminga av investeringstiltaka òg legg til rette for ei strukturutvikling som kan sikre lønnsemd i jordbruksbedriftene. Dette blei tatt omsyn til i moderniseringa av BU-midlane. Då jordbruksavtalen blei behandla i Stortinget bad fleirtalet i Næringskomiteen « departementet på egnet måte legge fram for Stortinget en vurdering av konsekvensene av endret regelverk som har strukturvirkning». Ei slik vurdering er tatt inn i omtala av kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

Matmangfald og produksjon av trygg mat med høg kvalitet er viktige satsingsområde innan landbrukspolitikken. Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon og Konkurransestrategiar for norsk mat er viktig for å få fram eit mangfald av særeigne matprodukt og blir ført vidare i 2005. For å få til auka verdiskaping og lønnsame verksemder er det nødvendig at potensialet i ein nasjonal og internasjonal matmarknad utnyttast betre, effektivisering i alle ledd frå råvare til vidareforedling, distribusjon, marknadsføring og sal og ved at verkemidla tilpassast de utfordringane ein har på ulike område. Dette er ei prioritert oppgåve for verkemiddelapparatet.

I ein samla matpolitikk er det òg viktig å stimulere til samspel mellom næringspolitikk, norsk matkultur, reiseliv og tiltak som stimulerer folkehelse og auka livskvalitet.

Arbeidet med å kvalifisere produsentar til å søke merkeordninga Beskyttede betegnelser blir prioritert òg i 2005. Erfaringane har vist at opphavsmerking har ført til auka omsetning og auka lønnsemd både hos primærprodusentane og næringsmiddelprodusentane.

Måla i regjeringas arbeid med Landbruk Pluss går òg inn på andre departement sine ansvarsområde. Derfor er det etablert organisert samarbeid med fleire departement om konkrete saker og prosjekt, jf. omtale i innleiinga kap. 1.3.2. Desse prosjekta blir gjennomført saman med dei departementa som er aktuelle for å nå måla som er satt for arbeidet.

Skogbruk og bioenergi

Hovudlinene i skogpolitikken er knytt til auka verdiskaping frå produksjon av varer og tenester frå skog og utmark og til ei langsiktig og berekraftig forvaltning av ressursgrunnlaget. Aktiviteten i skogbruket er framleis låg med ei avverking i 2003 på om lag 7 mill. kubikkmeter til sal og industriell produksjon og om lag 2 mill. kubikkmeter til brensel. Det ser likevel ut til at fallet i avverkinga har stoppa opp og ein ser ein svak auke, ikkje minst som følgje av auka etterspurnad etter ved og anna biobrensel frå skogen. Marginane i næringa er små og det er framleis ei hovudutfordring å få til betre lønnsemd og auka verdiskaping i sektoren. Omfanget av planting og ungskogpleie var i 2003 om lag 30 pst. lågare enn i 2002. Grunnlaget for ei framtidig oppbygging av skogressursane er svekka med dette fallet i investeringane. Samstundes representerer skog og utmark eit stort, unytta potensial som kan utnyttast betre, særleg i samband med reiselivsverksemd.

Hovudsatsingane innan skogområdet i 2005 er knytt til:

  • Langsiktig ressursforvaltning: Det er grunnleggjande viktig å sikre ei god ressursforvaltning på lang sikt. Dette krev gode ressursoversikter på både nasjonalt og lokalt nivå, god kompetanse i næringa og tilstrekkeleg satsing på å få opp ny skog etter hogst og å stelle denne. Dette er bakgrunnen for framlegga om løyvingar til formål knytt til skogforsking, landsskogtaksering, skogbruksplanlegging og tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Det blir ei viktig oppgåve i 2005 å starte arbeidet med å følgje opp, evaluere og sikre gode resultat av den kommunaliseringa av verkemiddelbruken som blei gjennomført i 2004.

  • Miljøtiltak i skogbruket:Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar gir eit godt grunnlag for eit verdiskapande og miljøvennleg skogbruk og departementet fører vidare tilskotta til slik aktivitet, tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket og satsinga på kunnskapsformidling og informasjon retta mot næringa og regional og kommunal forvaltning knytt til eit berekraftig skogbruk. Departementet følgjer òg arbeidet mellom næringa og miljørørsla når det gjeld å føre vidare samarbeidet frå miljøprosjektet Levende skog.

  • Verdiskapingstiltak: Det ligg store verdiskapingspotensial i auka bruk av trevirke og betre kunnskap om materialkvalitetar. Departementet fører vidare arbeidet i Treprogrammet som skal medverke til å auke bruken av tre, noko som òg har stor miljømessig verdi. Skogen bind store mengder karbon og i tillegg vil auka bruk av varige treprodukt forlengje karbonbindinga, samstundes som treprodukt kan erstatte andre produkt med større klimagassutslepp i produksjon eller bruk. Sjå òg omtale under avsnittet Næringsutvikling og verdiskaping.

  • Auka bruk av bioenergi: Dette er eit satsingsområde med både miljø- og næringspolitisk verdi. Bioenergi er ei CO2-nøytral energikjelde, og satsinga på bioenergi vil såleis verke til å oppfylle klimapolitiske mål. I regjeringa si satsing på nye fornybare energikjelder er målet å auke produksjonen av desse med 10 TWh innan 2010. Sysselsetjingspotensialet knytt til auka bruk av bioenergi er stort. Erfaringar frå Sverige tilseier at ein kan rekne med 300-500 årsverk pr. TWh. Bruken av bioenergi i dag ligg på 16 TWh noko som tilsvarar 5 pst. av den totale energibruken. Potensialet for auka uttak av bioenergi frå landbruket er berekna til 30 TWh ut frå reint økologiske og tekniske forhold. Med dei samla energipolitiske verkemidla vi har i dag, ligg det til rette for å utløyse ein auke på 7 TWh innan 2010, jf. St.meld. nr. 18 (2003-2004) Om forsyningssikkerhet for strøm. Frå hausten 2004 vil departementet styrkje og utvide bioenergisatsinga slik at den òg femnar om gardsanlegg kor det blir drive med tilleggsnæringar, produksjon av biodrivstoff og produksjonsstøtte for skogsflis (pilotprosjekt). Store energiselskap har og eit aukande engasjement på dette området, noko som etter kvart kan gi positive synergieffektar for landbruket. Bioenergi og biodrivstoff blir òg særskilt prioritert i samband med satsinga i Innland 2010.

Reindrift

Reindrifta blir praktisert i store delar av landet og under ulike tilhøve og vilkår. Utfordringane er mange og samansette. Stabile vilkår for reindriftsnæringa er ein føresetnad for å kunne skape tryggleik i næringa. Dette gjeld distrikts- og siidainndeling, fastsetjing av beitetider og fastsetjing av høgste talet på rein for reinbeitedistrikta. Reindriftsutøvarar i område der desse vilkåra er fastsett, har ei betre lønnsemd enn utøvarar der slike fundamentale spørsmål ikkje er avklarte. For reinbeiteområda i Finnmark er slike rammevilkår enno ikkje fullt ut fastsett.

Det er derfor viktig at dette arbeidet held fram slik at desse vilkåra kjem på plass. Det er òg viktig å sikre at dei blir etterlevd. Departementet ser med stor uro på det høge reintalet som ein no har i delar av Finnmark. Gode vintre med stor kalvetilgang og god kondisjon på reinen, har gjort tilpassinga av reintalet til ei større utfordring enn venta. Sals- og marknadstilhøva for reinkjøtt har òg vore svake. Departementet ser det som avgjerande viktig å bringe reintalet i balanse med beiteressursane.

Den prosessen som er sett i gang er basert på frivillig tilpassing av reintalet. Dersom det skulle vise seg at dette ikkje fører fram i tilstrekkeleg grad, vil tilpassinga måtte skje med heimel i reindriftslova sine reglar om tvangstiltak. Departementet vil i så fall kome tilbake til Stortinget med dette spørsmålet.

For reindrifta i heile landet er det ei utfordring å få til auka verdiskaping for næringsutøvarane m.a. gjennom auka lokal foredling, høgare foredlingsgrad, samt betre marknadsføring av produkt av rein. Sentralt i ei positiv utvikling av reindrifta er auka kompetanse. Det er viktig å dokumentere og vidareutvikle den kompetansen som er i reindrifta, og bruke denne kunnskapen i forsking og forvaltning av næringa.

Reindriftsavtalen er, ved sida av reindriftslova, det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinjene i reindriftspolitikken. Reindriftsavtalen 2004/2005 vidarefører den omlegginga av verkemiddelbruken som blei starta opp under førre års reindriftsavtale. Omlegginga inneber at ein vektlegger premiering av innsats, produksjon og vidareforedling sterkt. Produksjonspremien er retta mot verdiskaping og produksjon i reindrifta og vil kunne gi eit incitament til å auke omsetninga ved å levere varer av høgare kvalitet og/eller ved å foredle varene ytterlegare. Partane i reindriftsforhandlingane blei einige om å prioritere innsats som kan betre marknadssituasjonen både på kort og lang sikt. Dette er etter regjeringa sitt syn òg eit helt nødvendig arbeid dersom ein skal få tilpassa talet på rein til ressursgrunnlaget.

Verdiskapingsprogrammet for rein blei skipa i 2001. Føremålet med programmet er å auke verdiskapinga i reindriftsnæringa på ein slik måte at det kjem reineigarane til gode. Administrasjon av programmet er lagt til Innovasjon Noreg (IN) i Troms. Fram til utgangen av 2003 har i alt 48 prosjekt fått støtte gjennom programmet. Av disse har 84 pst. gått til nyskaping, bedriftsutvikling og kompetanseheving. Programmet har i denne perioden gitt støtte til etablering av 26 nye bedrifter.

Det er gjennomført ei følgjeevaluering av programmet. Evalueringa har gitt viktige innspel til trongen for endringar, og dette vil bli følgt opp i samarbeid med partane i reindriftsforhandlingane. Ikkje minst er behovet for å satse meir på oppbygging av marknadskanalar og marknadsføring eit særdeles sentralt og viktig innspel som må følgjast opp.

Reindrift er ei særs arealkrevjande næring med marginale beiteområde, behov for ulike sesongbeite og flyttevegar mellom dei. Inngrep og forstyrring innanfor beiteområda og fragmentering av beiteland har vore, og er truleg, ein av dei alvorlegaste truslane mot reindrifta sitt arealgrunnlag og dermed det materielle grunnlaget for samane sin kultur. På bakgrunn av dette er det behov for å sikre reindrifta sine areal, særleg dei areala som er avgjerande for ei berekraftig reindrift. Reindriftsforvaltninga vil utarbeide ein metode for å lokalisere desse areala, og utarbeide ein verdiklassifisering på arealbrukskart. Eit anna sentralt verktøy i samhandlinga mellom reindrifta og offentleg forvaltning er reindrifta sine distriktsplanar.

Plan- og bygningslova er det viktigaste verkemiddelet for å sikre ressursgrunnlaget i reindrifta. Det er viktig at samhandlinga mellom kommunal og fylkeskommunal forvaltning og deiras styrings- og forvaltningsorgan blir utvikla for å auke forståinga for det særlege ved reindrifta og behov for samanhengande friareal, samt konsekvensar av inngrep og det som skaper uro.

Næringsutvikling og verdiskaping

Departementet har fleire program og satsingar retta mot auka verdiskaping og vidareutvikling av næringsverksemda knytt til landbruket. Dette er ein viktig del av Landbruk Pluss-arbeidet. Departementet har samstundes arbeidd saman med Innovasjon Noreg, fylkesmennene og landbruksnæringa med sikte på betre samordning av arbeidet med næringsutvikling. I arbeidet med å leggje til rette for ein auka marknadsbasert næringsverksemd må det leggjast opp ein samla strategi som femnar om heile verdikjeda, frå primærproduksjon fram til forbrukar. Siktemålet er å gjere den samla effektiviteten i verdikjeda monaleg betre. Ut frå dei strukturelle endringane som går føre seg er det òg eit viktig siktemål for ein samla næringsstrategi at alle ledd i verdikjeda trekk i lag, og at primærprodusentane kan få ein rimeleg del av verdiskapinga sett i høve til den innsats dei gjer. Satsinga på ny næringsutvikling skal og leggje til rette for at ny aktivitet kan etablerast på mange av dei landbrukseigedomane kor det i dag ikkje er næringsutøving.

I 2005 legg Landbruks- og matdepartementet derfor opp til ei sterkare samordning av arbeidet på ulike sektorområde innanfor landbruket. Departementet vil utarbeide ein nasjonal strategi for næringsutvikling. Dette blir ei overbygning for verdiskapingsprogramma og anna arbeid med næringsutvikling – eit Landbruk-Pluss-verdiskapingsprogram. For å sikre meir einskapleg organisering og styring legg departementet opp til å erstatte dei einskilde styra for programma med eit strategisk overordna organ, omtala som styre. Eit slikt samla styre skal m.a. sikre forankring, innspel og medverknad. Den første nasjonale strategien skal vere klar til 01.01.2005 og vil gi føringar på bruken av verdiskapingsprogramma, bygdeutviklingsmidlane og satsinga på bioenergi, reiseliv og grøn omsorg i 2005.

Figur 2.1 Forholdet mellom St.prp. nr. 1, departementets strategi for
 næringsutvikling og regionale strategiar

Figur 2.1 Forholdet mellom St.prp. nr. 1, departementets strategi for næringsutvikling og regionale strategiar

Endra rammevilkår gjer det nødvendig å styrkje konkurransekrafta innan industrien som foredlar landbruksprodukt. Den nasjonale næringsstrategien skal omfatte både tradisjonelt landbruk og nye næringar, klarleggje nasjonale og fylkesovergripande prioriteringar og tiltak og gi retningslinjer for arbeidet med regionale strategiar.

Fylkesmennene har ansvaret for å koordinere arbeidet med å utvikle dei regionale strategiane. Dette blir viktig for den heilskaplege satsinga på næringsutvikling i fylket, og det er grunnleggjande å få til eit organisert samarbeid med fylkeskommunen, Innovasjon Noreg, kommunar, og næringane. Strategiarbeidet skal gi betre rolledeling mellom nasjonale og regionale tiltak, og gi større handlingsrom regionalt i høve til deira spesifikke utfordringar og moglegheiter innanfor rammene av den nasjonale strategien.

Nordlandsforsking la i 2004 fram ein rapport der talet på årsverk i anna næringsverksemd knytt til gardsbruk var om lag 19 000 i 2002. Til samanlikning er talet for sysselsettinga i mjølkeproduksjonen 25 000 årsverk. Departementet vil arbeide vidare med å betre datagrunnlaget kring utviklinga i tilleggsverksemd knytt til gardsbruk. Med grunnlag i dette arbeidet vil departementet fastsetje eit nasjonalt mål for auken i slik næringsverksemd for åra framover.

Bygdeutviklingsmidlane skal medverke til lønnsam næringsutvikling med utgangspunkt i alle landbruket sine ressursar. I jordbruksoppgjeret 2004-2005 blei det vedteke ei modernisering av opplegget for bygdeutviklingsmidlane. Endringane blir sett i verk f.o.m. 2005, jf. St.prp. nr. 66 (2003-2004). Formålet er å auke lønnsemda gjennom nyskaping og marknadsorientering. Omlegginga skal gi det regionale nivået større ansvar for og styring med utviklinga med utgangspunkt i nasjonale og regionale strategiar for næringsutvikling. Samstundes blir det arbeidd med systematiske krav til rapportering kring måloppnåing, lønnsemd og resultatvurdering frå Innovasjon Noreg og dei verksemdene som får støtte til prosjekt. Desse krava vil bli endeleg fastsett av departementet etter framlegg frå Innovasjon Noreg.

Samarbeid mellom landbruket og andre næringar og sektorar blir stadig viktigare. Det er unytta moglegheiter innan «grøn tenesteproduksjon», landbruksbasert reiseliv og på andre område, der ein tar i bruk landbruket sine ressursar på nye måtar, ofte i samarbeid med andre bransjar. For å auke inntektene frå produkt og tenester basert på særeigne kvalitetar som geografi, klima, historie og kultur, vil Landbruks- og matdepartementet saman med Innovasjon Noreg, i 2005 samle og styrkje innsatsen innan landbruksbasert reiseliv. Departementet vil og i 2005 – i samarbeid med Samferdselsdepartementet – arbeide med innføringa av vegskilt for tilbod om bygdeturisme og sal av gardsprodukt.

Som ein del av regjeringa si innovasjonssatsing Innovasjon 2010 har Landbruks- og matdepartementet ansvaret for eit av utviklingsprosjekta; Innlandet 2010. Gjennom prosjektet skal ein medverke til eit vesentleg skifte i utviklingstrenden i innlandet knytt til nyskaping. Dette skal ein få til ved å leggje til rette for eit breitt regionalt engasjement for auka nyskaping med deltaking frå næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og forvaltninga.

I Innlandet har jord- og skogbruk tradisjonelt vore sentrale næringar, i tillegg til reiseliv. Desse næringane har ikkje hatt den same utvikling og vekst som til dømes olje,- gass- og oppdrettsnæringane langs kysten. Gjennom Innlandet 2010 blir det derfor gjennomført fleire enkeltprosjekt knytt til m.a. bioenergi, landbrukstilknytt reiseliv, utmark og bioteknologi. Målet med arbeidet er resultat i form av auka etableringstakt og auka lønnsemd, samt kunnskap for vidareutvikling av både regional og nasjonal politikk. Det er òg etablert eit regionalt utviklingsråd som skal utforme prosjektet og gi innspel til det vidare arbeidet. Departementet vil komme attende til fastsetjing av dei meir konkrete måla for Innlandet 2010.

For å medverke til nyskaping og lønnsam næringsutvikling meiner regjeringa det er nødvendig med ein meir målretta forskingspolitikk for auka nyskaping, kommersialisering av forskingsresultat, auka samarbeid med næringsaktørar, myndigheiter og verkemiddelapparat, jf. kategori 15.20.

Miljøomsyn og langsiktig ressursforvaltning er ein integrert del av den samla næringspolitikken. Det er viktig å vareta fellesgoda knytt til næringa, som til dømes kulturlandskap. I arbeidet med utarbeiding av regionale strategiar for næringsutvikling knytt til landbruket bør desse sjåast i samanheng med fylkesvise miljøstrategiar for sektoren.

Plan- og bygningslova er ei sektorovergripande lov for styring av arealbruk. Lova gir rammer for utvikling av ulike næringstiltak i landbruket. Som ein del av regjeringa sitt arbeid med innovasjonspolitikk og verdiskaping over heile landet arbeider og Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet for å leggje betre til rette for å utnytte areal- og bygningsressursane i landbruket til næringsverksemd. Departementa har derfor sett i gang eit arbeid for å effektivisere plan- og bygningsloven som eit verkemiddel i landbrukspolitikken. Departementa er samde om å utarbeide felles rettleiing og ei samling av gode eksempel som skal vise det handlingsrommet kommunane har. Materialet skal vere klart tidleg i 2005.

Miljøvern- og landbruksstyresmaktene arbeider med å synleggjere potensialet for auka nærings- og turistbruk av fjellområde både innanfor og utanfor verneområde. Samtidig skal bruken ikkje vere til skade for natur- og kulturhistoriske verdiar. Dette er ei oppfølging av St.prp. nr. 65 (2002-2003) og står òg sentralt i arbeidet med Landbruk Pluss.

Miljø og ressurspolitikk

Jord- og landskapsressursar

Dyrka og dyrkbar jord er ein grunnleggjande ressurs for å sikre matforsyninga på kort og lang sikt. I Noreg er berre 3 pst. av arealet dyrka jord. Dei siste åra er det rapportert ein årleg omdisponering av om lag 20 000 dekar dyrka og dyrkbart jordbruksareal, men det reelle talet er truleg høgare. Meir enn 1 million dekar er blitt borte som dyrka jordbruksareal og dyrkbare skogareal dei siste 50 åra. Kornarealet pr. innbyggjar i Noreg har gått ned frå 2,6 dekar i 1949 til 1,7 dekar i dag. Dette er lågare enn gjennomsnittet i Europa. Denne omdisponeringa er for stor. Sikring av jordbruksareal egna for matkorndyrking og verdifulle kulturlandskap er nasjonale resultatmåla i miljøvernpolitikken.

Gjengroing av verdifull kulturmark og forfall av gards- og setermiljø aukar og gjer kulturlandskapet mindre attraktivt for rekreasjon, busetjing og turisme. Gjengroinga kan redusere det kulturpåverka biologiske mangfaldet og føre til tap av kulturhistoriske verdiar. Årsakene til gjengroing kan vere både naturlege tilhøve, forureining, klimaendringar og endringar i landbruksdrift og bruksstruktur.

Departementet legg opp til ein styrkt og samla strategi for å ta vare på viktige kulturlandskap og verne om dyrka og dyrkbar jord. Måla er at:

  • den årlege omdisponeringa av dei mest verdifulle jordressursane skal halverast innan 2010

  • spesielt verdifulle kulturlandskap skal vere dokumenterte og fått ein særskilt forvaltning innan 2010

  • ein må skjøtte område som gror igjen med skog både med tanke på næringsbruk og rekreasjonsverdi

Departementet har vurdert ulike verkemiddel for å nå desse måla. Vedtaka om omdisponering av landbruksareal blir fatta av kommunane etter plan- og bygningslova og jordlova. Dialog med kommunane om lokalt ansvar for betre måloppnåing i forvaltninga av landbruksareala er derfor viktig. Eit ledd i dette kan vere at kommunane på frivillig basis peikar ut kjerneområde for jordbruk og kulturlandskap som grunnlag for kommunen si arealplanlegging og anna bruk av verkemiddel. Dersom dialog og frivillige tiltak ikkje er nok for å redusere omdisponering av dei mest verdifulle jordressursane, vil departementet kome tilbake til Stortinget med vurdering av eventuelle ytterlegare tiltak for å nå målet om redusert omdisponering av slike areal.

Den nasjonal konferansen om arealbruk og kulturlandskap hausten 2004 var starten på ei drøfting med kommunane om fornya politikk om forvaltning av jord- og landskapsressursar.

Departementet legg vekt på at kommunane har fått større ansvar og moglegheit når det gjeld bruk og bevaring av arealressursane. Denne satsinga inneber auka tillit til kommunane som arealforvaltarar. Det stillar og auka krav til fylkesmennene når det gjeld informasjon og dialog med kommunane om langsiktige ressursomsyn i arealbruken.

Departementet meiner det er viktig å samordne ein kulturlandskaps- og vernepolitikk med tiltak for turisme og næringsutvikling slik det m.a. er gjort i andre land.

Mykje av løyvingane til jordbruksdrift over jordbruksavtala går direkte eller indirekte til skjøtsel og vedlikehald av kulturlandskapet, jf. avsnittet om miljøprogram nedanfor og St.prp. nr. 66 (2003-2004). For løyvingar til frivillig innsats og prosjekt visast m.a. til kap. 1138 og kap. 1139.

Satsinga i 2005 vil m.a. òg omfatte:

  • tilbod til alle kommunar om verktøy for å avgrense kjerneområde for jordbruk og kulturlandskap i form av kartgrunnlag og rettleiing

  • oppmoding til fylkesmennene om regionvis oppfølging av den nasjonale kulturlandskaps- og arealkonferansen

  • utvikling av det nordiske samarbeidet med grunnlag i ein nordisk deklarasjon (Akureyri) av august 2004 om kulturlandskapet og jordbruket sine framtidige roller. Deklarasjonen legg m.a. vekt på skjøtsel og vedlikehald av kulturlandskapet og utvikling av levedyktige bygder

Biologisk mangfald og genetiske ressursar

Departementet legg vekt på å kartleggje og registrere trua naturtypar, artar og verdifull genetisk variasjon som står i fare for å gå tapt. Resultata av kartlegginga vil gi eit betre grunnlag for å sikre at omsyn og verkemiddel blir retta mot dei mest verdifulle områda og det mest trua materialet. Det er òg lagt til rette for at informasjon frå miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga kan takast i bruk i naturtypekartlegginga i kommunane.

I 2005 vil departementet:

  • føre vidare satsinga på det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald

  • føre vidare satsinga på tiltak knytt til biologisk mangfald som til dømes miljøplanar for enkeltbruk, skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, og tilskott som skal sikre skjøtsel og bevaring. Dette er nærare omtalt under kap. 1139, 1146 og 1149

  • halde fram med kartleggings- og registreringsarbeid retta mot verdifull genetisk variasjon innan trua kulturplanter og innan trua rasar av storfe, småfe og fjørfe

  • drive fram informasjonsarbeid, forsking og kunnskapsutvikling kring dei verdiane den genetiske variasjonen representerer for allmenta og næringa

Sikring av genetiske ressursar gjennom bevaring og berekraftig utnytting står sentralt i oppfølginga av det internasjonale arbeidet på dette området. Departementet ønskjer å delta aktivt i samarbeidet under Nordisk ministerråd, følgje opp arbeidet med gjennomføring av den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar og oppretthalde Noreg si brubyggjarrolle i internasjonale forhandlingar.

Kart og geodata

Kart og andre stadfesta data om areal og ressursar gir betre grunnlag for vedtak og satsingar innan dei fleste tema i landbrukspolitikken, jf. m.a. kap. 1146.

Departementet har omfattande satsing på kart- og geodata til bruk for forvaltninga på ulike nivå og innan ulike sektorar, for landbruksnæringa og andre aktørar. Eit eksempel er digitale markslagskart (DMK) som kan brukast som grunnlag for produksjon av ulike temakart. Kart som blir produsert av Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) inngår i det nasjonale kartsamarbeidet. Dei ulike sektorane får på denne måten tilgang til meir data slik at ein får ein effektiv bruk av denne informasjonen.

Departementet har som mål å heve kvaliteten på kartinformasjon og å gjere informasjonen betre tilgjengeleg. Tilgang til digitale kartdata over Internett er ein strategi for å modernisere forvaltninga og gjere det lettare for dei næringsdrivande å møte krav om dokumentasjon og planlegging. Departementet vurderer korleis underliggjande etatar framover kan ta del i samarbeidet om digitale kart, og få tilgang til all informasjon i kartsamarbeid, jf. St.meld. nr. 30 (2002-2003) «Norge digitalt» - et felles fundament for verdiskaping.

Miljøprogram og forureining frå jordbruket

For å sikre miljøverdiane knytt til landbruksareala har departementet starta eit arbeid med nasjonalt miljøprogram, regionale miljøprogram og miljøplanar for dei enkelte gardsbruka. I juni 2004 låg det nasjonale miljøprogrammet for landbruket føre. Hovudmålet er å sikre at ulike landskapstypar haldast i hevd, at verdifulle biotopar og kulturmiljø blir tatt vare på og skjøtta, og å sjå til at jordbruksproduksjonen fører til minst mogleg forureining og tap av næringsstoff. Gjennom dette arbeidet blir Noreg og norsk jordbruk betre i stand til å oppfylle nasjonale og internasjonale miljøplikter.

Verkemidla i programmet er i hovudsak generelle, men programmet inneheld òg verkemiddel som er målretta mot særskilte miljøverdiar. Av dei generelle verkemidla i Nasjonalt miljøprogram er areal og kulturlandskapstilskottet den klart største ordninga på noko over 3,2 mrd. kroner.

Det skal utformast regionale miljøprogram i kvart enkelt fylke som skal vere ferdige sommaren 2005. I jordbruksoppgjeret blei det vedteke ei økonomisk ramme for arbeidet med regionale miljøprogram på 350 millionar kroner det første året som blir 2006. Det nasjonale programmet inneheld føringar for dei regionale miljøprogramma. Dei regionale programma skal knytte økonomiske verkemiddel til dei miljøutfordringane som er størst i fylka. Hedmark og Hordaland er pilotfylke for utprøvinga av dei regionale miljøprogramma og har alt utvikla slike program. Ved etablering av regionale strategiar for næringsutvikling er det viktig å få til samspel mellom midlane til næringsutvikling og miljømidlane.

Arbeidet med reduserte utslepp til jord, vatn og luft følgjast opp gjennom dei regionale miljøprogramma. Gjennom dette arbeidet vil ein òg implementere EU sitt vassdirektiv.

I 2004 blei handlingsplanen for redusert risiko ved bruk plantevernmiddel revidert og ein ny ambisiøs plan fram mot 2008 er vedteke. Målsetjinga er å redusere faren ved bruk til det halve samanlikna med 1998. For 2005 er det gjort framlegg om tiltak og verkemiddel for å følgje opp planen.

Økologisk jordbruk

Satsinga på økologisk jordbruk skal medverke til å gjere det norske jordbruket meir miljøvennleg og å auke mangfaldet i matvaresektoren. Målet er at 10 pst. av jordbruksarealet skal drivast økologisk innan 2010 dersom produksjonen blir omsett som økologisk vare. Dei største utfordringane er i dag knytt til å utvikle marknaden for økologiske varer. Ein stor del av økologisk framstilte husdyrprodukt (mjølk og kjøtt) blir ikkje omsett i marknaden som økologiske produkt. Departementet vil derfor prioritere tiltak retta mot marknaden med sikte på auka etterspurnad etter produkt frå økologisk jordbruk.

Forvaltning av Statskog sine areal til beste for allmenta

Statskog SF er den største grunneigaren i Noreg og forvaltar store skog- og utmarksområde. Statskog sitt areal skal brukast aktivt for å sikre viktige samfunnsoppgåver med større satsing på tilrettelegging og forvaltning av eigedomar til beste for allmenta med omsyn til naturvern, friluftsliv og lokal verdiskaping. I løpet av 2004 og 2005 legg departementet opp til at vern av statlege areal skal medverke til auka skogvern etter naturvernlova. Direktoratet for naturforvaltning (DN) har i nært samarbeid med Statskog SF starta kartlegging som gir eit potensial for auking av det totale skogvernet i Noreg med inntil 40 pst. Statskog skal gjennom sine ressursar, kapital og personell òg medverke til auka næringsutvikling, spesielt i tilknyting til verneområda. Statskog har inngått intensjonsavtale med Skifte Eiendom i Forsvaret om mogleg overtaking av areal der samfunnsmessige mål knytt til trivsel, helse og naturopplevingar kan leggjast til rette for allmenta sine behov. Inntektene til Statskog kjem i hovudsak frå skogsdrift, sal av tenester, sal av jakt- og fiskekort, samt fall- og festerettar. Denne verksemda vil òg i framtida danne grunnlaget for føretaket sine inntekter, og skape grunnlag for dei øvrige samfunnsoppgåvene i samsvar med føremålet for føretaket.

Eigedomspolitikk

I tråd med måla i Landbruk Pluss vil regjeringa gi borgarane større fridom til å velje korleis dei vil bu i distrikta. Politikken må vere fleksibel og skal støtte opp om ei utvikling mot større eigedomar som grunnlag for auka og meir effektiv landbruks- eller tenesteproduksjon, men den skal òg leggje til rette for dei som ønskjer å bu på eit gardsbruk, men som hentar inntekta frå anna verksemd enn tradisjonelt landbruk. Samstundes skal politikken ta vare på dyrka og dyrkbar jord, unngå driftsmessige uheldige løysingar og ta vare på kulturlandskapet, jf. òg omtale under avsnittet om jord- og landskapsressursar.

Talet på aktive føretak i landbruket går stadig nedover og er i 2004 på om lag 55 000. Det samla talet på landbrukseigedomar ser ut til å halde seg nokolunde stabilt på om lag 180 000. Ein stor del av desse blir altså ikkje drivne som aktive føretak. Det er og ei stor del eigedomar som blir ått av dødsbu og sameiger og som såleis ikkje har ein aktiv eigar. Det er og eit stort tal eigedomar der jordbruksareala er bortleigde og der det kan vere liten aktivitet når det gjeld forvaltning av skog- og utmarksressursane. Samla sett ser ein ei utvikling der færre menneske bur på landbrukseigedommane og at mange av dei som bur på slike eigedomar hentar inntekta si frå anna verksemd enn landbruk. For å sikre ei god utnytting av landbruket og bygdene sine ressursar og leggje til rette for attraktive buplassar i bygdene legg departementet derfor opp til å utvikle ein politikk som femnar om både landbrukseigedomar i drift og dei eigedommane som ikkje lenger er i aktiv drift, og som vesentleg har verdi som buplass og fritidsbruk, jf. òg omtale i St.prp. nr. 1 (2003-2004). Ein viktig del i dette arbeidet er å leggje betre til rette for utvida eller alternativ næringsmessig utnytting av landbrukseigedommane sine arealressursar og bygningsmasse. Ein vil m.a. arbeide for at regelverket skal gi større rom for etablering og drift av ulike typar næringsverksemd i tilknyting til gardsbruk.

For å leggje til rette for at fleire av dei som ønskjer å busetje seg på gardsbruk eller ekspandere verksemda på bruket skal få høve til det, ønskjer regjeringa å stimulere til større omsetning av landbrukseigedomar. Nye arealgrenser for konsesjonsplikt for landbrukseigedomar med bygningar som tok til å gjelde frå 01.01.2004, gir friare kjøp og sal av mindre landbrukseigedomar. Eit skritt i same retning var i juni 2004 å innføre ei nedre beløpsgrense for prisvurdering ved kjøp av konsesjonspliktig eigedom med bygningar, slik at det ikkje er krav om godkjenning av salsprisen der prisen er lågare enn 750 000 kroner. Begge desse tiltaka vil kunne føre til større omsetning av mindre landbrukseigedomar fordi eigarane blir motivert til å selje når det er mogleg å få ein høgare pris ved sal. Samstundes er dette med på å forenkle prosessen med omsetning av eigedomar, både for kjøpar , seljar og det offentlege. Departementet arbeidar vidare med forenkling av lov- og regelverk bl.a. med sikte på å kartleggje hindringar i lovverket knytt til fast eigedom som reduserer måloppnåinga når det gjeld busetjing og næringsutvikling i distrikta. Som eit av fleire tiltak i samband med dette har departementet gitt ECON i oppdrag å vurdere korleis landbrukslovgivinga fungerar i høve til moglegheitene for innovasjon. Arbeidet med å effektivisere plan- og bygningslova som eit verkemiddel i landbrukspolitikken skal òg gjere det enklare å bruke areal- og bygningsressursane til ny næringsverksemd. Dette er nærare omtalt i avsnitt om næringsutvikling og verdiskaping ovanfor, men har og tyding for utfordringar knytt til busetjing.

Odelslovutvalget som har utgreia forslag til endring og fornying av odelslova la i oktober 2003 fram si innstilling. Høyringsfristen for innstillinga var 01.07.2004. Departementet arbeider no med oppfølging av innstillinga.

For å oppnå ei lokal tilpassing av dei nasjonale verkemidla og vitalisere lokaldemokratiet, blei myndigheita til å fatte vedtak etter jordlova, konsesjonslova, odelslova og skogbrukslova lagt til kommunane frå 01.01.2004. Kommunane har fått ei meir aktiv rolle og eit auka handlingsrom når det gjeld å tilpasse politikken regionalt og lokalt. Dette gjeld m.a. fastsetjing av konsesjonsgrenser og krav om busetjing. Kommunane kan utøve sitt eige skjønn innanfor rammene i lovene og ta lokale omsyn avhengig av om tilhøva er prega av fråflytting eller om det er pressområde. I forvaltninga av areala er det viktig at kommunane tar langsiktige omsyn til jordbruksareal og verdifullt kulturlandskap. Det blir ei viktig oppgåve for fylkesmennene å ha dialog med kommunane på dette området.

Departementet vil setje i gang pilotprosjekt i fleire kommunar der ein saman skal synleggjere handlingsrommet for ein lokalt tilpassa politikk og ei bevisstgjering kring dette. Arbeidet vil gi kunnskap for vidareutvikling av både nasjonal og regional politikk, og blir et viktig grunnlag for kommunane sitt arbeid.

Likestilling i landbruket

Det er eit mål at kvinner og menn skal ha like moglegheiter til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og tilknytta næringar.

Næringslivet er avhengig av nyskaping og at ein tar i bruk mangfaldet av ressursar. Noreg har ein føremon med høgt utdanna arbeidskraft og høg yrkesdeltaking blant kvinner.

Landbrukspolitikken skal fremme likestilling i tråd med den generelle likestillingspolitikken til regjeringa. Landbruks- og matdepartementet arbeider derfor saman med andre departement og i både nasjonale og internasjonale prosjekt med spørsmål knytt til likestilling og kvinner sin deltaking i landbruksverksemd og ny næringsutvikling.

Departementet arbeider med sikte på å få fram eit betre kunnskapsgrunnlag knytt til desse spørsmåla, sjå elles tilstandsvurderinga i likestillingsvedlegget til St.prp. nr.1 (2004-2005) Barne- og Familiedepartementet. Denne gjennomgangen syner at sjølv om talet på kvinner i landbruket har vore aukande, utgjer kvinner framleis eit mindretal i dei fleste samanhenger og i dag utgjer kvinner om lag 13 pst. av dei personlege brukarane i landbruket. Kvinner utgjer samtidig om lag 25 pst. av sysselsetjinga i jordbruket og ein enno høgare del av innsatsen i nye næringstiltak. Departementet vil i løpet av 2005 fastsetje måltal for utviklinga på dette området. Slike måltal må utviklast i eit samspel med næringa og andre delar av forvaltninga slik at ein parallelt kan fastsetje måltal og utvikle oppfølgingsmekanismar.

Tilpassing til økonomiregelverket i staten

Ved sida av å fastsette nye økonomiinstruksar har Landbruks- og matdepartementet i 2004 prioritert gjennomgang av tilskottsforvaltninga, jf. òg omtalen under kat.15.00. Etter Bestemmelser om økonomistyring i staten, pkt. 6.4.2 kan departementet gjere avvik frå normalprosedyren for tilskottsforvaltninga når det gjeld tilskottsordningar til landbruksområdet som ikkje er tiltaksretta.

Bakgrunnen er i hovudsak den same som departementet har gjort greie for fleire gonger tidlegare, jf. særleg St.prp. nr. 67 (1997-98) kap. 4, der det blei orientert om at mange tilskottsordningar under jordbruksavtalen ikkje kan følgje vanleg prosedyre for mål- og resultatstyring. Det blei her m.a. vist til at løyvingane til oppfølging av jordbruksavtalen inngår i eit samansett system av økonomiske og juridiske verkemiddel som verkar mot fleire mål samstundes. Systemet med tilskottsordningar, konsesjonsgrenser med vidare skal samla gi produsentane rimelege rammevilkår, medverke til ønskelege tilpassingar i produksjonen og sikre kollektive gode. Rapportering om resultat og samfunnsmessige effektar kjem difor best til uttrykk i resultatrapporteringa i dei årlige proposisjonane om jordbruksoppgjeret. Det blir her rapportert om utviklinga i primærproduksjonen og foredlings- og distribusjonsledda, sett i høve til dei overordna måla for landbrukspolitikken.

Hovudtrekka i tilskottssystemet under Landbruks- og matdepartementet er uendra. Framleis utgjer eit stort tal tilskottsordningar sentrale rammevilkår for jordbruket. Mål- og resultatrapportering i høve til kvar einskild ordning vil ofte bli fragmentarisk og gi liten styringsinformasjon. Dessutan er mange av ordningane slik innretta at tilskottsforvaltninga må tilpassast særskilt. For desse ikkje tiltaksretta ordningane er det difor gjort ein del tilpassingar i høve til normal prosedyre for tilskottsforvaltning. Nedanfor under kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen mm. og kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen er det gjort nærare greie for dette i høve til ulike grupper av tilskottsordningar.

Kap. 1138 Støtte til organisasjonar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

70

Støtte til organisasjonar , kan overførast

13 600

17 100

Sum kap. 1138

13 600

17 100

Post 70 Støtte til organisasjonar

Posten femner Landbruks- og matdepartementets tilskottsordning som gir støtte til ideelle organisasjonar. Ut frå kriteria under ordninga, kan tilskott tildeles organisasjonar/tidsskrift som:

  • fremmer miljøarbeid, næringsutvikling og forbrukarinteresser innan jord- og skogbrukssektoren

  • fremmer positive haldningar til- og forståing for grøne verdiar hos ungdom og allmenta

  • arbeider med likestillingsspørsmål innan jord og skogbruk

  • arbeider innanfor landbrukspolitiske satsingsområde

Departementet har lagt vekt på at tilskott primært er tildelt organisasjonar/tidsskrift som er landsdekkjande og/eller speler ei nasjonal rolle. Det er vidare teke omsyn til forpliktingar som det offentlege har påtatt seg og at tilskottet skal stå i eit rimeleg forhold til organisasjonens inntekter.

Resultatrapport 2003

I 2003 blei støtta til ideelle organisasjonar under kap. 1140 post 77 og 1142 post 76 fordelt etter ein open prosess basert på offentleg kunngjering. Det blei fordelt 11,6 mill. kroner under 1140 post 77 og 1,5 mill. kroner under kap. 1142 post 76, til saman 13,1 mill. kroner. I tillegg blei det fordelt 2 mill. kroner til Nordnorsk hestesenter og Norsk fjordhestsenter, jf. kap. 1139. Det blei fordelt 0,1 mill. kroner meir i høve til St.prp. nr. 1 (2002-2003).

Tabell 2.8 Oversikt over støtte til ideelle organisasjonar gitt i 2003

Kategori

Organisasjon

Støtte i kr

Landbruk

Det kgl. Selskap for Norges Vel

3 000 000

Norske 4H

5 400 000

OIKOS – Økologisk Landslag

400 000

Biologisk Dynamisk Forening

50 000

Hagebruk/grøne verdiar

Det Norske Hageselskap

1 000 000

Norsk Kolonihageforbund

22 000

Noregs Gartnerforbund

85 000

Norsk Allmenn-standardisering

420 000

Dyrevern

Dyrebeskyttelsen

100 000

Dyrevernalliansen

100 000

Tidsskrift

Landbruksøkonomisk Forum (LØF)

9000

Landbrukstidsskriftet Norden

52 000

Naturvern/kulturarv

Norsk Kulturarv

400 000

Natur og Ungdom

150 000

Samarbeidsrådet for biologisk mangfold (SABIMA)

100 000

Naturressursar/samisk kultur

Samenes Naturressursforbund

312 000

Sum frå kap. 1140 post 77

11 600 000

Skogbruk

Jenter i skogbruket

200 000

Det norske arboret på Milde

360 000

Det Norske Skogselskap

840 000

Norsk bygdesagforening

100 000

Sum frå kap. 1142 post 76

1 500 000

Budsjettframlegg 2005

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 17,1 mill. kroner for 2005. Auken i høve til 2004 skuldast at i samband med jordbruksoppgjeret for 2004-2005, jf. St.prp. nr. 66 (2003-2004), blei støtta til Norsk landbruksmuseum på 3,5 mill. kroner flytta ut av jordbruksavtalen frå kap. 1150 post 50.11. Desse midlane vil inngå i potten som er avsett til støtte til ideelle organisasjonar og tidsskrift som arbeider innanfor landbrukspolitiske satsingsområde, til dømes organisasjonar som:

  • fremmer miljøarbeid, næringsutvikling og forbrukarinteresser innan jord- og skogbrukssektoren

  • fremmer positive haldningar til - og forståing for grøne verdiar hos ungdom og folk flest

  • arbeider med likestillingsspørsmål innan jord og skogbruk

Midlane vil bli fordelte etter ein open prosess basert på offentleg kunngjering. Departementet legg opp til at midlane vil bli utlyste slik at det er mogleg å fastsette fordelinga rett etter Stortinget si behandling av St.prp. nr. 1 (2004-2005).

Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

70

Tilskott til miljø- og ressurstiltak , kan overførast

23 496

14 162

71

Tilskott til genressursforvaltning , kan overførast

16 634

Sum kap. 1139

23 496

30 796

Kapitlet var nytt i 2004 då løyvingane til arbeidet med genressursar, ressurs- og miljøregistreringar i landbruket blei samla under eitt kapittel. Kapitlet femner såleis tiltak frå tidlegare kap. 1140 post 77 og kap. 1142 post 76. I samband med jordbruksavtalen for 2004-2005 blei løyvingane til genressursar gjennom dei nasjonale programma, til saman 7,3 mill. kroner, flytta ut av avtalen frå kap. 1150 post 50.11. Departementet gjer framlegg om å leggje desse midlane inn i ein ny post 71 under kap. 1139. I tillegg gjer ein framlegg om å flytte dei midlane på kap. 1139 post 70 som omfattar løyvingar til genressursarbeidet over til den nye posten som dermed totalt utgjer 16,634 mill. kroner.

Resultatrapport 2003

Over kap. 1140 post 77 og kap. 1142 post 76 gav ein i 2003 støtte til ulike tiltak knytt til frøforsyning, genressursoppgåver, miljøinformasjon, kunnskapsoppbygging o.a. Tabellen nedanfor gir ei grov oversikt over dette.

Tabell 2.9 Oversikt over støtte til frøforsyning, genressursoppgåver, miljøinformasjon, kunnskapsoppbygging m.m. i 2003

  (i mill. kr)

Frå kapittel/post

Tiltak/prosjekt

Rekneskap 2003

1140 post 77

Kartlegging. Overvaking og rapportering

8,8

Nordisk genbank for husdyr, Nordnorsk hestesenter og Norsk fjordhestsenter, Internasjonalt genressursarbeid o.a.

3,0

Oppfølging av handlingsplan for redusert bruk av plantevernmiddel

0,6

Sum utbetalt frå kap. 1140 post 77 i 2003

12,4

1142 post 76

Genressurstiltak og frøforsyning i skogbruket

6,533

Metodeutvikling, miljøregistrering og -kunnskap i skogbruket

6,710

Informasjonstiltak o.a. knytt til ressurs- og miljøforvaltning i skogbruket

2,351

Sum utbetalt frå kap. 1142 post 76 i 2003

15,594

Dei to opphavlege postane; kap. 1140, post 77 og kap. 1142, post 76 femna om løyvingar som ikkje blir ført vidare i kap. 1139. Det er derfor ikkje fullt samsvar mellom inndelinga av resultatrapporten og inndelinga i budsjettframlegget lenger ute i kapitlet.

Kartlegging, overvaking og rapportering, resultatkontroll

Arbeidet med produksjon av digitale markslagskart blei støtta over posten. Dette er ein del av eit større prosjekt som òg blir finansiert over jordbruksavtalen, jf. kap. 1150 og kap. 1146 Norsk institutt for jord og skogkartlegging (NIJOS). Arbeidet med resultatkontroll og overvaking under Jordsmonnovervakingsprogrammet blei vidareført i 2003. Jordsmonnsovervakingsprogrammet er eit langsiktig overvakingsprogram som gjer oss i stand til å kontrollere og rapportere miljøtilstand nasjonalt og internasjonalt. Vidare gir det moglegheit for å måle og berekne effekten av tiltak for å redusere forureining av næringssalt og plantevernmiddel frå jordbruket.

Satsinga på utvikling av verktøy for meir miljøvennlege driftsformar gjennom vidareutvikling av økonomi- og økologimodellen frå MILDRI-programmet ved NLH, blei lågare enn planlagt i budsjettet for 2003. Satsinga blei avgrensa til utviding av modellen for å rekne ut mengda av utslepp av klimagassen N2O (lystgass). Arbeidet skal gi ein peikepinn på moglegheitene for å redusere utsleppa av lystgass frå landbruket. Dette arbeidet blir sluttført i løpet av 2004. Ein har òg støtta gjennomføringa av tiltak innanfor Handlingsplan for redusert bruk av plantevernmiddel.

Departementet har i 2003 arbeidd med fleire prosjekt innanfor det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald, jf. St.meld. nr. 42 (2001-2002) Biologisk mangfold – sektoransvar og samordning. Prosjekta omfattar m.a. satsing på utvikling av opplegg for systematiske registreringar av raudlisteartar i skog, og kartlegging av biologisk mangfald i viktige kulturlandskap. I tillegg har departementet vore med og støtta arbeidet med oppstart av ein nasjonal artsdatabank.

NIJOS arbeider med resultatkontroll knytt til utvikling av skogtilstanden og knytt til dei konkrete tiltaka i primærskogbruket, jf. nærare omtale under kap. 1149.

Genressursarbeid, frøforsyning o.a.

Det er gjennomført ei rekkje tiltak med løyvingar over kap. 1140 og 1142.

Dei tre genressursutvala (husdyr, kulturplanter og skogstre) har i 2003 m.a. arbeida med registrering av små trua husdyrrasar, vidareføring av bevaringsbesetningar for trua populasjonar, kartlegging og registrering av nytteplanter, og overvaking av utbreiing, forynging og beiteskadar på eit utval treslag. Det er utarbeida ein samla plan for bevaring av levende planter i sortssamlingar når planter ikkje kan takast vare på som frø.

Arbeidet Skogforsk gjer på genressursområdet internasjonalt og nasjonalt, m.a. som sekretariat for genressursutvalet for skogstre, blei dekt over kap. 1142, medan dei to andre utvala fekk sine sekretariatkostnader dekt over Landbrukets utviklingsfond (LUF).

Samarbeidet om bevaring og bruk av genetiske ressursar er særs høgt prioritert innan det nordiske jord- og skogbrukssamarbeidet. Ein har lagt vekt på kompetanseoppbygging og -spreiing. Nordisk Genbank Husdyr (NGH) har ansvaret for samarbeidet i Norden om dei husdyrgenetiske ressursane. Informasjonsspreiing, nettverkssamarbeid og forskings- og utredningsprosjekt har vore hovudsatsingane. Midlar til Nordnorsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter går til styrking av arbeidet med dei nasjonale hesterasane Fjordhest og Nordlandshest/Lyngshest.

Noreg har hatt leiarskapet i eit nordisk prosjekt for tilgang og rettar til genetiske ressursar, som leidde til ein ministerdeklarasjon på Ministerrådsmøtet i Kalmar i 2003. Dei politiske tilrådingane i deklarasjonen er vesentlege og omfattar genetisk materiale i Nordisk Genbank og dei genetiske ressursane for ville og domestiserte artar av planter, husdyr, skog og fisk i de nordiske land. Deklarasjonen legg til rette for ei effektiv forvaltning både nasjonalt og i nordisk regi, og vil vere et viktig grunnlag for framtidig verdiskaping basert på genetiske ressursar.

I følgje avtalen mellom Landbruksdepartementet og Det norske Skogselskap skal staten gi økonomisk støtte til Skogfrøverket i samband med m.a. konglesanking og oppgåver knytt til dokumentasjon og opphavsmerking når det gjeld skogsfrø. Som følgje av redusert planteinnsats i skogbruket har Skogfrøverket mista salsinntekter og fått ein svekt økonomi. Strategisk plan for skogfrøforsyning, planteforedling og bevaring av genetiske ressursar ligg til grunn for aktiviteten ved Det norske Skogfrøverk. Som følgje av retningslinjer frå OECD er det eit mål at mest mogleg av frøforbruket i skogbruket i framtida skal ha sitt opphav i produksjonsanlegg som sikrar god kunnskap om frøet sitt opphav. For å gjennomføre dette arbeidet er offentleg støtte nødvendig.

Etter kartlegging av tidlegare DDT-deponi ved norske skogplanteskular i 1998 og 1999, blei det i 2003 gjennomført tiltak på 38 skogplanteskolar. Prosjektet er planlagt sluttført i 2004, men det vil bli behov for oppfølgjande aktivitetar i 2005.

Miljøtiltak i skogbruket

Landbruksdepartementet har i 2003 ført vidare satsinga på eit standardisert og godt dokumentert miljøregistreringsopplegg knytt til biologiske miljøverdiar, i hovudsak utført ved Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk). Gjennom prosjektet er det òg publisert mykje ny kunnskap som er med på å styrkje miljøarbeidet i skogbruket, og resultata frå prosjektet Miljøregistrering i skog vil føre til slike forbetringar når det gjeld kvalitet, arealeffektivitet, kostnader o.a. NIJOS har teke del i den praktiske utforminga. Miljøregistreringar er ein del av skogbruksplanane som skogeigaren kan få stønad til å utarbeide og er eit viktig grunnlag for miljøinnsatsen i skogbruket. Det ble arbeidd med å leggje til rette for at kommunane kan gjere seg nytte av data frå MiS-kartlegginga i arbeidet med naturtypekartlegginga dei gjer etter oppdrag frå miljøvernstyresmaktene.

Arbeidet knytt til utvikling av metode for kulturminneregistreringar i skog blei ført vidare i 2003 av NIJOS. Prosjektet har medverka til å auke kunnskapen om kulturminne blant skogeigarane, arbeidd med skjøtselsplan for kulturminne i bynær skog og vurdert registreringar i Fornminneregisteret som støtte for kulturminnestyresmaktene sitt arbeid. På bakgrunn av at NIJOS er eit kompetanseorgan for geografisk informasjon og produsent av informasjon om naturressursar, areal og miljø, har stadfestingsproblematikk vore særleg prioritert i samband med kulturminnearbeidet.

Miljøarbeidet i skogbruket krev høg kompetanse i heile sektoren. Landbruksdepartementet støtta derfor i 2003 fleire informasjonstiltak og konferansar knytt til skogbruk og miljøvern. Det blei m.a. gitt støtte til utgreiingar og rapportar om hønsehauk og skogbruk, raudlista som reiskap i forvaltninga av biologisk mangfald o.a. NIJOS har gjennomført ei undersøking av korleis vern av inngrepsfrie naturområde vil påverke utnyttinga av skogressursane og korleis vidare utbygging av skogsvegnettet vil påverke omfanget av inngrepsfrie område.

Post 70 Tilskott til miljø- og ressurstiltak

Landbruksverksemda er knytt til berekraftig ressursforvaltning og næringsverksemd og det er grunnleggjande viktig med god kunnskap om ressursgrunnlaget og miljøkonsekvensar av verksemda. Departementet fremmer derfor forslag om løyvingar til slike tiltak over post 70 som femner tiltak for å overvake, kartleggje og registrere arealressursar, kulturlandskap og biologisk mangfald. Løyvinga vil òg bli nytta til ulike opplærings- og informasjonstiltak.

Budsjettframlegg 2005

Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 14,2 mill. kroner for 2005. Hovudtrekka i løyvingsframlegget er knytt til vidareføring av fleire hovudtiltak knytt til miljø- og ressurskunnskap i landbruket; kartlegging o.l. og miljøtiltak i skogbruket; metodeutvikling og informasjonstiltak. Ein legg opp til følgjande fordeling av midlane over posten i 2005 (i 1000 kroner). Tala for 2004 inkluderar overførte midlar frå 2003, justert for ansvar frå 2003 som kjem til utbetaling i 2004.

    (i 1000 kr)

Tiltak

Budsjett 2004

Budsjett 2005

Jordsmonnovervaking

3 783

3500

Nasjonal kartlegging og overvaking av biologisk mangfald

1 552

1 500

Digitale markslagskart

1 358

1 325

Andre tiltak

1 492

1 428

Sum miljø- og ressurskunnskap i landbruket

8 182

7 753

MIS-prosjektet

5 966

5 680

Informasjons- og kunnskapsutviklingstiltak i skogbruket

926

730

Sum miljøtiltak i skog

6 892

6 409

Sum kap. 1139 post 70

15 074

14 162

Miljø- og ressurskunnskap m.m.

God kunnskap og oversikt over miljøverdiar og ressursar er ein føresetnad for berekraftig arealbruk og næringsverksemd. I 2005 vil departementet under posten føre arbeidet med å forbetre miljø- og ressurskunnskap vidare ved m.a. å:

  • vidareføre Jordsmonnsovervakinga

  • ta del i arbeidet med nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald

  • leggje til rette for å få fram stadfesta informasjon og verktøy for arealplanlegging og ressursforvaltning. Dette kan m.a.brukast som grunnlag for frivillig avgrensing av kjerneområde for jordbruk og kulturlandskap i kommunane

  • støtte opp under ulike prosjekt som fremmer og utviklar miljø- og ressursregistreringar med sikte på betre miljøtilpassing i næringsverksemda, m.a. støtte til vidare utvikling av miljøregistreringar i skog

  • støtte gjennomføring av informasjonstiltak som kan medverke til å nå måla i Handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel

Hovudinnsatsen knytt til innsamling av ny ressurs- og miljøkunnskap ligg i kap. 1146 og kap. 1149 som òg femnar om løyvingar til langsiktig overvaking.

Miljøtiltak i skog

Den skogpolitiske miljøsatsinga vil bli vidareført på same nivå som i 2004. For 2005 legg Landbruks- og matdepartementet opp til å føre vidare satsinga på eit standardisert og godt dokumentert miljøregistreringsopplegg knytt til biologiske miljøverdiar og kulturminne gjennom dei to delprosjekta i MiS.

Delprosjektet biologisk mangfald, som blir leia av Skogforsk, arbeider vidare i samsvar med prioriteringane som er presentert i tidlegare budsjettproposisjonar. Hovudoppgåvene for prosjektet i 2005 er framleis å :

  • publisere resultat frå prosjektet i internasjonale vitskapelege tidsskrift

  • framskaffe kunnskap om forvaltning av dei verdiane som blir registrert

  • vidareutvikle registreringsmetodar med utgangspunkt i kunnskap om m.a. spreiingsevne hos ulike artar, samt skoghistorikk

  • vidareføre samarbeidet med Norsk institutt for naturforsking (NINA) når det gjeld informasjonen i den nasjonale raudlista om trua og sårbare artar i skog, og andre prosjekt knytt til det nasjonale programmet for kartlegging av biologisk mangfald

Oppgåvene på dette området er framleis mange og vil krevje ei oppfølging av prosjektet i alle fall ut over 2005 i samsvar med omtalen i tidlegare budsjettproposisjonar. Det er òg aktuelt å bruke MiS-registreringar som grunnlag for å finne fram til område som kan inngå i det frivillige vernet, jf. samarbeidsprosjekt mellom Norges Skogeierforbund og Direktoratet for naturforvaltning. Miljøregistreringane er i tillegg eit viktig grunnlag for kommunane i deira naturtypekartlegging etter opplegg frå miljøvernstyresmaktene. Departementet er kjent med at det same opplegget er nytta i samband med konsekvensvurderingar knytt til utbygging av mindre vassdrag og dette opplegget bør kunne nyttast i andre samanhenger der ein treng godt dokumentert informasjon knytt til større areal. Fleire tema som har utspring i MiS-prosjektet sitt arbeid gir òg grunnlag for søknader til Forskingsrådet.

Arbeidet knytt til MiS-delprosjektet kulturminne, leia av NIJOS, held fram i 2005. I 2005 blir hovudoppgåvene vidareutvikling av metode for registrering av kulturminne i skog og oppfølging i høve til konkrete enkeltprosjekt.

Kompetansen i kulturminnedelprosjektet kan nyttast innan både jord- og skogbruk og er òg relevant i høve til arbeidet med m.a. miljøplanar på gardsbruka, og vil framleis gi grunnlag for andre oppdrag innanfor kulturminneregistrering som m.a. kvalitetssikring i bynære skogområde i Oslomarka mv. Arbeidet i dette delprosjektet vil derfor bli ført vidare og venteleg ut over 2005, ikkje minst som følgje av auka satsing på kulturminnearbeidet ved NIJOS og samarbeid mellom dette delprosjektet og programmet Tilstandsovervåking og resultatkontroll i jordbrukets kulturlandskap, jf. og kap. 1146.

Det kjem stadig ny kunnskap som må ut i det praktiske skogbruket. Under posten vil ein òg bruke midlar på kunnskapsformidling og informasjonstiltak retta mot eit berekraftig skogbruk. Informasjonstiltaka rettar seg både mot samfunnet generelt, mot rådgivarane på regionalt og lokalt nivå i skogbruket og mot den enkelte skogeigar. Tiltaka femner om tilskott til produksjon av informasjonsmateriell og seminar og til kunnskapsoppbygging og samlingar, m.a. retta mot offentleg og privat verksemd.

Post 71 Tilskott til genressursforvaltning

Posten femner tiltak knytt til styrking av arbeidet med å ta vare på og bruke genressursar.

Budsjettframlegg 2005

Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 16,6 mill. kroner for 2005. Av dette er 7,3 mill. kroner overført frå kap. 1150 post 50.11, jf. over. Ein legg opp til følgjande fordeling av midla over posten i 2005 (i 1000 kroner). Tala for 2004 inkluderar overførte midlar frå 2003, justert for ansvar frå 2003 som kjem til utbetaling i 2004.

   

(i 1000 kr)

Tiltak

Budsjett 2004

Budsjett 2005

Nordisk Genbank Husdyr

970

1 000

Nordnorsk Hestesenter, Norsk Fjordhestsenter og Norsk Hjortesenter

2 619

2 619

Skogfrøforsyninga

3 492

3 492

Genressurstiltak, kap. 1150

6 800

Genressurstiltak

2 246

9 523

Sum Genressursforvaltning

16 127

16 634

Genressursar, frøforsyning o.a.

Genetiske ressursar i husdyr, kulturplanter og skogstre er det levande grunnlaget for dagens og framtidas landbruk. Det er viktig å etablere og gjennomføre strategiar for bevaring og berekraftig bruk og klargjere retten til og tilgangen til genetiske ressursar i Noreg.

I samband med jordbruksavtalen for 2004 – 2005 blei løyvingane til genressursar gjennom dei nasjonale programma, til saman 7,3 mill. kroner, flytta ut av avtalen frå kap. 1150 post 50.11. Midlane har i hovudsak gått til arbeid som er utført av dei tre genressursutvala for kulturplanter, husdyr og skogstre og til Norsk genressursråd. Dette arbeidet vil bli ført vidare og styrkt i 2005, og løyvingane er auka med 0,5 mill. kroner i høve til 2004.

Departementet ønskjer i 2005 å styrkje genressursforvaltninga og leggje til rette for ei organisatorisk samordning av arbeidet. Det vil vere viktig å fokusere på informasjon om og auka forståing av dei verdiane genressursane representerer gjennom bruk i forsking og utviklingsarbeid.

Trua husdyrrasar og genetisk mangfaldige beiter og enger som står i fare for å forsvinne, representerer òg moglegheiter og kvalitetar i forhold til kulturlandskapet og ny næringsutvikling. Det vil bli lagt vekt på å nytte potensialet som ligg i bruk av gamle husdyrrasar og plantesortar i ny verdiskaping og ny næringsverksemd. Innan mange husdyrrasar ser ein i dag sjukdomsproblem og redusert fertilitet som eit resultat av einsidig avl på produksjonseigenskapar. I dag er norsk avlsmateriale ettertrakta òg i utlandet, nettopp fordi ein her til lands har makt til å sameine avl for auka produktivitet og betre helse- og fruktbarheitseigenskapar. Vidare vil ein under posten gi støtte til Norsk fjordhestsenter, Nordnorsk hestesenter og til Norsk hjortesenter på Svanøy.

For å leggje til rette for auka bruk av gamle plantesortar er varemerket PLANTEARVEN etablert. Omsetning av gamle planter under ei slik merkeordning, vil vere av interesse for dei som ønskjer planter det er knytt nye kvalitetar til og som representerer historiske og kulturelle verdiar.

Departementet vil leggje vekt på å følgje opp Nordisk strategi for genetiske ressursar for fiskeri, jordbruk, skogbruk og næringsmiddel i Norden i 2005- 2008, og for å vidareutvikle integreringa mellom dei nasjonale program og dei nordiske aktørane innan området. Departementet gjer vidare framlegg om å halde oppe Noreg sitt bidrag til Nordisk Genbank Husdyr (NGH) og følgje opp arbeidet med dei internasjonale forhandlingane innan genressursområdet.

For å følgje opp tidlegare vedtak og planar vil ein i 2005 gi tilskott over denne posten til genressursarbeidet ved Skogforsk, som femnar om sekretariat for genressursutvalet for skogstre, leiing av kontrollutvalet for Det norske Skogfrøverk og ulike internasjonale oppdrag på vegne av departementet.

Det vil innanfor posten bli gitt støtte til Det norske Skogfrøverk for å sikre dei langsiktige oppgåvene innan frøforsyninga i skogbruket. Det ligg ei avtale mellom Landbruksdepartementet og Det norske Skogselskap til grunn for denne støtta som går til to hovudformål; kjøp av tenester frå Skogfrøverket knytt til kontroll og dokumentasjon og støtte til å sikre tilgang på frø frå område der det ikkje er mogleg å dekkje kostnadene gjennom marknaden. For 2005 blir midlane prioritert til frø- og konglesanking, frøproduksjonsanlegg og til arbeid for å sikre dei genetiske ressursane i skogen. Innanfor ramma vil ein òg gi løyving til nødvendige forvaltningsoppgåver innan frø- og planteforsyninga.

Kap. 1140 Miljø- og næringstiltak i jordbruket

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

50

Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse

18 704

77

Miljøretta prosjektarbeid m.m. , kan overførast

35 681

Sum kap. 1140

54 385

I samband med endringa av kapittel- og poststrukturen under kat. 15.30 som blei gjennomført i St.prp. nr. 1 (2003-2004) er løyvingane under post 50 flytta til kap. 1141 Kjøp av forvaltningsstøtte innan miljø- og næringstiltak i landbruket. Løyvingane under post 77 er dels flytta til kap. 1138 Støtte til organisasjonar, dels til kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar og dels til kap. 1144 Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket.

Post 50 Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse

For ein omtale av resultatrapportringa for 2003 viser ein til kap. 1141 Kjøp av forvaltningsstøtte innan miljø- og næringstiltak i landbruket, post 50.

Post 77 Miljøretta prosjektarbeid m.m.

For ein omtale av resultatrapportringa for 2003 viser ein til kap. 1138 Støtte til organisasjonar, kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar og kap. 1144 Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket.

Kap. 1141 Kjøp av forvaltningsstøtte innan miljø- og næringstiltak i landbruket

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

50

Forvaltningsstøtte, næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse

19 420

20 066

51

Forvaltningsstøtte, utvikling og kunnskapsformidling i skogbruket

13 435

13 883

Sum kap. 1141

32 855

33 949

Kapitlet var nytt i 2004. I samband med endringa av kapittel- og poststrukturen under kat. 15.30 blei løyvingane til forvaltningsstøtteoppgåver, næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse, jf. kap. 1140 post 50 og til forvaltningsstøtteoppgåver, utvikling og kunnskapsformidling i skogbruket, jf. kap. 1142 post 50 samla under eit nytt kap. 1141 Kjøp av forvaltningsstøtte innan miljø- og næringstiltak i landbruket.

Post 50 Forvaltningsstøtte, næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse

Posten omfattar kjøp av forvaltningsstøtte frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF). NILF driv forsking, utredning, analyse og dokumentasjon av økonomiske og politiske forhold knytt til matvaresektoren og annan bruk av naturressursar. NILF sitt arbeid er grunnlag for politikkutforming, forvaltning, forsking, undervisning, rådgiving og næringsverksemd.

Oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet er ein vesentleg del av verksemda til NILF, og dette arbeidet kan delast inn i fire hovudområde: 1) Sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket, 2) Annan dokumentasjon av næringsøkonomi og matmarknad, 3) Føretaksøkonomisk rettleiing og styring og 4) Driftsøkonomiske data og analysar. NILF har i tillegg ein del særskilde utgreiingsprosjekt der departementet er oppdragsgivar.

Resultatrapport 2003, jf. òg kap. 1140 post 50

Driftsgranskingane for 2002 blei publisert hausten 2003. Granskingane omfatta rekneskapsdata frå 961 gardsbruk over heile landet. Det er tatt i bruk nytt IT-verktøy som etter kvart skal gjere arbeidet med granskingane mindre ressurskrevjande. Som sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket har NILF utarbeidd materiale som grunnlag for jordbruksforhandlingane og som til dels òg blir brukt i nasjonalbudsjettet. I 2003 har NILF på oppdrag frå Landbruksdepartementet også arbeidd med pris- og marginanalysar for matvarer, inntekter og politikk i sauehaldet, prisutjamningsordninga for mjølk og skatt i landbruket.

Mål og resultatkrav i 2005

NILF skal i 2005 føre vidare dei faste oppgåvene dei har for forvaltninga. I tillegg til dei faste oppgåvene vil departementet framleis ha eit relativt omfattande behov for utgreiingar av særskilte problemstillingar i landbruks- og matpolitikken.

Generelt legg departementet til grunn ei vidare utvikling av datamateriale som kan nyttast i samband med utforminga av landbrukspolitikken. Departementet meiner det er viktig med meir kunnskap om bonden som entreprenør i høve til nye produkt, tenester og marknader. Det er framleis viktig med solid kunnskap om matvaremarknaden og om internasjonale marknader og internasjonal handelspolitikk. Departementet legg vekt på vesentleg brukarfinansiering av produkta retta mot driftsøkonomisk rettleiing og styring.

Budsjettframlegg 2005

Departementet gjer framlegg om 20,1 mill. kroner til næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse i 2005.

Post 51 Forvaltningsstøtte, utvikling og kunnskapsformidling i skogbruket

Over post 51 blir forskingsbasert kompetanse til støtte for politikkutvikling og gjennomføring av forvaltnings- og informasjonsoppgåver finansiert. Ulike kunnskapsinstitusjonar gir råd og gjer utgreiingar som ligg til grunn for tiltak, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Resultatrapport 2003, jf. òg kap. 1142 post 50

Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk) er ein viktig kunnskapsinstitusjon som på fleire område gjer oppgåver knytt til informasjon, rådgiving og andre fagoppgåver på vegne av forvaltninga. Feltforsøka i skog har ein stor skogpolitisk verdi der ein følgjer utviklinga i ulike skogtypar med omsyn til kartlegging av miljø, ressurs og skade. Instituttet gir informasjon og held oversikt over skadeomfang av til dømes sopp- og insektskadar.

Overvakingsprogrammet for skogskadar (OPS) er Noreg sitt bidrag i eit internasjonalt opplegg for skogovervaking som gir grunnlag for internasjonale vedtak og tiltak mot moglege skadeverknader av luftforureiningar. Omfanget av overvakinga er redusert i høve til tidlegare år. Både Skogforsk og Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) utførte overvakingsoppgåver i denne samanheng.

I fleire internasjonale samarbeidsorgan deltar Skogforsk som faginstans på vegne av Noreg. Døme på dette er m.a. samarbeid i Barentsregionen, Nordkalotten, Baltic 21 og International Energy Agency (IEA).

Ulike bidrag knytt til Ministerkonferansane om trygging av skogane i Europa blei finansiert over denne posten i 2003. Fleire mindre prosjekt innan internasjonale og nasjonale spørsmål i skogsektoren blei gjennomført ved ulike institusjonar.

Ulike prosjekt retta mot særleg prioriterte politikkområde blei finansiert over denne posten, til dømes Landbruk Pluss og biodrivstoff. Gjennomgangen av samarbeidsformer i skogforskinga som starta hausten 2003, blei òg finansiert med desse midlane, jf. kat. 15.20.

Budsjettframlegg 2005

Departementet gjer framlegg om 13,9 mill. kroner til ulike forvaltningsstøtteoppgåver og andre bidrag overfor forvaltninga i 2005.

Fleire forskingsinstitusjonar vil gjere viktige oppgåver for Landbruks- og matdepartementet. Institusjonane vil gi råd og gjere utgreiingar som ligg til grunn for politiske og forvaltningsprega tiltak både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Medverknad frå institusjonane i samband med internasjonale prosessar som gjeld skog vil framleis vere aukande.

Skogforsk er særleg engasjert i forsking omkring miljøaspektet ved skogbruk , genetikk og skadar knytt til skog. Skogforsk utførar m.a. ei mengd feltforsøk som har stor skogpolitisk verdi og som det er viktig å oppretthalde både vitskapleg og som grunnlag for framtidig politikkutforming og forvaltning.

Overvakingsprogrammet for skogskadar (OPS) er Noreg sitt bidrag i eit internasjonalt opplegg for skogskadeovervaking og ein vil fortsette med dei endringane som er gjort dei siste åra. Ministerkonferansane om trygging av skogane i Europa er det skogpolitiske samarbeidet i Europa. Noreg er eit av dei landa som koordinerer arbeidet. Ulike prosjekt i samband med dette arbeidet blir finansiert over post 51. Bidrag til prosjekt i regi av FN og det internasjonale skogsamarbeidet vil òg m.a. bli finansiert over posten.

Kap. 1142 Miljø- og næringstiltak i skogbruket

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

50

Forvaltningsstøtte, utvikling og kunnskapsformidling i skogbruket

12 702

51

Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket

3 442

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket , kan overførast

42 897

76

Ressurs- og miljøtiltak i skogbruket , kan overførast

17 094

96

Kjøp av aksjer

140

Sum kap. 1142

76 275

I samband med endringa av kapittel- og poststrukturen under kat. 15.30 som blei gjennomført i St.prp. nr. 1 (2003-2004) er løyvingane under post 50 flytta til kap. 1141 Kjøp av forvaltningsstøtte innan miljø- og næringstiltak i landbruket. Løyvingane under post 51 og 71 er flytta til kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket. Løyvingane under post 76 er flytta dels til kap. 1138 Støtte til organisasjonar og dels til kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar.

Post 50 Forvaltningsstøtte, utvikling og kunnskapsformidling i skogbruket

For omtale av resultatrapportering for 2003 viser ein til kap. 1141 Kjøp av forvaltningsstøtte innan miljø- og næringstiltak i landbruket.

Post 51 Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket

For omtale av resultatrapportering for 2003 viser ein til kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket.

Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

For omtale av resultatrapportering for 2003 viser ein til kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket.

Post 76 Ressurs- og miljøtiltak i skogbruket

For omtale av resultatrapportering for 2003 viser ein til kap. 1138 Støtte til organisasjonar og kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar.

Kap. 4142 Miljø- og næringstiltak i skogbruket (jf. kap. 1142)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

50

Tilbakeføring fra Skogforsk

140

Sum kap. 4142

140

Kap. 1143 Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 4143)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Driftsutgifter

148 630

144 748

149 579

70

Tilskott til beredskap i kornsektoren , kan overførast

13 604

1 036

1 071

71

Tilskott til små slakteri , kan overførast

6 732

4 100

4 239

72

Erstatningar , overslagsløyving

389

302

302

73

Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar , overslagsløyving

39 848

39 103

74

Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering , kan overførast

11 267

11 267

75

Tilskott til matkorn , overslagsløyving

109 400

113 120

Sum kap. 1143

169 354

310 701

318 681

Mål og strategiar

Statens landbruksforvaltning (SLF) er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for departementet. SLF har ei sentral rolle i samband med gjennomføringa av mat- og landbrukspolitikken, og det er lagt opp til at SLF i tillegg til å administrere dei ulike ordningane òg skal ha ei rådgivande rolle. Det er føresett at SLF skal medverke til administrativ forenkling og til å utvikle eksisterande regelverk med sikte på auka måloppnåing.

Hovudmål for verksemda:

SLF skal innanfor dei landbrukspolitiske rammene medverke til å:

  • sikre ressursgrunnlaget for landbruksproduksjon og levande bygder

  • sikre matproduksjon og ei stabil matforsyning

  • sikre ein stabil marknad og ein godt fungerande næringsmiddelindustri

  • sikre eit godt fungerande importvern og oppfylling av internasjonale plikter

SLF skal vere ei velfungerande verksemd med initiativrike, endringsdyktige og serviceinnstilte medarbeidarar som gjennom forvaltning og rådgiving skal sikre brukarane effektive tenester.

SLF har utarbeidd ein strategisk plan for perioden 2002-2006. Det er peika ut tre strategisk viktige områder som SLF spesielt må leggje vekt på i perioden:

  • heilskapleg forvaltning og rådgiving

  • samarbeid med andre

  • effektivisering av forvaltninga

Presentasjon av resultatområde

SLF har fem resultatområde. For å nå måla på dei ulike resultatområda er det viktig med god samhandling mellom avdelingane i SLF. Dei ulike resultatområda er:

Areal- og ressursforvaltning

SLF skal medverke til å sikre ressursgrunnlaget for landbruksproduksjon og levande bygder. Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til utvikling og forvaltning av verkemidla på arealområdet, herunder nasjonal oppfølging av dei juridiske verkemidla. Innanfor området miljø og kulturlandskap er arbeidet med miljøprogram og miljøplanar sentrale oppgåver. Eit viktig ansvarsområde gjeld òg utvikling og forvaltning av erstatningsordningar.

Inntekts- og velferdspolitiske tiltak

SLF skal medverke til å sikre ein stabil matproduksjon og stabil matforsyning. SLF forvaltar inntekts- og velferdsordningar med primærprodusentar som målgruppe. Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til utvikling og forvaltning av verkemidla innan areal- og kulturlandskapstilskott, husdyrtilskott, pristilskott, kompetanse, rekruttering og velferdsordningar, kvoteordninga for mjølk og husdyrkonsesjon.

Omsetning og marknadstiltak

SLF skal medverke til å sikre ein stabil marknad og ein godt fungerande næringsmiddelindustri. Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til utvikling og forvaltning av verkemidla innan økologisk landbruk og innanfor marknadsordningane for mjølk, kjøtt, egg, grønt, potet og korn. Formålet med ordningane er å sikre avsetning for norske jordbruksråvarer. Omsetningsledd og annan næringsmiddelindustri er dei viktigaste målgruppene. SLF har òg ansvar for sekretariatsfunksjonen for Omsetningsrådet og styret på forskingsområdet.

Handel og industri

SLF skal medverke til å sikre eit godt fungerande importvern og oppfylling av internasjonale rettar og plikter. Dei viktigaste ansvarsområda er importvern, tollnedsetjingar, importkvotar, ordninga med råvarepriskompensasjon, eksportstøtteordningar, marknadsovervaking og prisinnhenting. Felles for ordningane er at importørar og næringsmiddelindustri er viktige målgrupper, og at ordningane er knytt til internasjonale avtaler.

SLF skal arbeide målretta for ein effektiv kontroll av økonomiske verkemiddel innanfor SLF sitt totale ansvarsområde.

Administrasjon

SLF skal vere ei velfungerande verksemd som utnyttar sine ressursar på ein effektiv måte, og som gjennom forvaltning og rådgiving sikrar brukarane effektive tenester. Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til utvikling av personal- og lønspolitikk, kompetanseutvikling, organisasjonsutvikling, økonomistyring, leiarutvikling, dokumentasjon og informasjon, interne driftsoppgåver og IKT.

Resultatrapport 2003

SLF blei oppretta 01.07.2000. Arbeidet med å tilpasse verksemda til nye krav er vidareført. Innanfor alle resultatområda har det vore og vil bli gjennomført omfattande forvaltningsomleggingar.

IKT-strategien er eit ledd i å utvikle SLF til å kunne tilby elektroniske sjølvbetjeningsløysingar i forvaltninga. Det er i 2003 sett i gang mange prosjekt og satsa mykje på arbeidet med å knyte saman systema betre og å få eit felles webbasert grensesnitt for å gjere SLF til ei e-forvaltningsverksemd.

SLF fekk i 2003 ei ny rolle på areal- og ressursområdet, som m.a. inneheld formidling, analyse og rapportering og ansvar for kartlegging og arealovervaking på miljøområdet.

SLF har kome med innspel til jordbruksoppgjeret i 2003. Det har vore særleg fokus på forenklingar i verkemiddelsystemet og auka handlingsrom for næringsutøvarane. Prisutjamningsordninga for mjølk har hatt stor merksemd også i 2003. Rammeforskrifta, som gjeld rolla og ansvaret til Omsetningsrådet knytt til marknadsregulering for jordbruksvarer, blei fastsett av Landbruksdepartementet 01.07.2003. Marknadsreguleringa skal skje så konkurransenøytralt som mogleg mellom omsetnings- og foredlingsledd.

I 2003 har SLF arbeid med å utvikle regelverk om fritak frå overproduksjonsavgift ved lokal foredling av mjølk. Utvikling av forvaltningsrutinar har vore prioritert. Det har blitt utarbeid informasjonsmateriell og søknadsskjema som ein finn på SLF sine nettsider.

Rammevilkåra for norsk landbruk og næringsmiddelindustri er dei siste åra i større grad blitt påverka av internasjonale avtaler. Statens landbruksforvaltning har ansvaret for å utarbeide utrekningar og faglege analyser. I 2003 har det vore fokus på forhandlingar om protokoll 3 til EØS-avtalen, artikkel 19 til EØS-avtalen og rammevilkåra til næringsmiddelindustrien. Frå 2002 til 2003 har det vore ein auke i importen av bearbeida jordbruksvarer (RÅK-varer) på i overkant av 10 pst. målt i volum og importverdi.

Nærare omtale av aktiviteten finn ein i årsrapporten for 2003 frå Statens landbruksforvaltning på: http://www.slf.dep.no.

Budsjettframlegg 2005

I 2005 vil det vere viktig å utvikle organisasjonen vidare slik at SLF kan nå dei måla og gjennomføre dei strategiane som er lagt til grunn for verksemda.

Ein viktig del av arbeidet med å utvikle SLF vidare er knytt til gjennomføringa av IKT-strategien. Satsinga på IKT er heilt nødvendig for å møte dei utfordringane som SLF vil stå overfor i forvaltninga dei næraste åra. SLF blir stilt overfor krav om auka brukarfokus og betre service enn tidlegare. Viktige brukargrupper som bønder og næringsmiddelindustri ønskjer at det skal vere mogleg å kommunisere med SLF elektronisk når dei måtte ønskje det (elektroniske sjølvbetjeningsløysingar). Realisering av IKT-strategien vil medverke til dette.

Landbruksmyndigheitene med SLF som ansvarleg, har utvikla ei teneste for søknad om produksjonstilskott og avløysartilskott ferie og fritid over internett. For søknadsomgangen for produksjonstilskott i august 2004 var det vel 5 000 produsentar som søkte om produksjonstilskott over internett. Talet på produsentar som nytta denne tenesta var om lag 10 pst. av aktuelle søkarar ved begge søknadsomgangane i 2004 (januar og august).

For 2005 legg Landbruks- og matdepartementet til grunn ei ytterlegare utvikling av tenesta, og auka bruk av denne web-rutinen blant norske bønder. Målsetjinga er at 20 pst. av søknadane i 2005 blir innsendt via Internett.

Under følgjer ei nærare omtale av dei einskilde resultatområda:

Areal- og ressursforvaltning

I 2005 vil SLF arbeide vidare med å leggje til rette for ein meir heilskapleg verkemiddelbruk på miljøområdet der ein ser juridiske og økonomiske verkemiddel i samanheng og som er betre tilpassa dei lokale utfordringane, m.a. gjennom innføring av miljøprogram.

SLF vil arbeide for ein meir heilskapleg og styrka innsats slik at landbruks- og arealbruksomsyn, samt omsyna til kulturlandskap og miljø i større grad blir integrerte i prosessane knytt til planlegging og utvikling på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.

SLF vil leggje vekt på oppgåver knytt til overvaking og bruk av kart og kartverktøy på området areal- og ressursforvaltning.

SLF vil utvikle erstatningsordningane i landbruket og forvaltninga av dei med sikte på forenkling. SLF vil vidare greie ut ordningane for erstatning etter og sikring mot naturskadar, med sikte på auka målretting og effektivisering.

Inntekts- og velferdspolitiske tiltak

I 2005 vil SLF leggje vekt på å sikre ei god iverksetjing av nettbasert forvaltning av tilskott med sikte på effektivisering og forenkling. Produsentane skal kunne søkje om produksjonstilskott på Internett og kommunar og fylkesmenn skal kunne nytte nettbaserte saksbehandlingssystem. SLF vil implementere endringane i kjøp- og salsordninga for mjølkekvotar. Innspel til målretting og forenklingar i dei økonomiske verkemidla over jordbruksavtalen er viktig i 2005. Arbeidet med å redusere oppgåvebyrdene til næringslivet skal førast vidare med sikte på effektivisering og forenkling.

Omsetning og marknadstiltak

I 2005 vil SLF leggje vekt på å sikre ei god oppfølging av prisutjamningsordninga for mjølk. Oppfølging av gjennomgangen av marknadsordningane for å sikre mest mogleg like konkurransevilkår for dei uavhengige aktørane i gjennomføringa av marknadsreguleringa vil bli prioritert. Økologisk landbruk og styrking av beredskapsarbeidet vil òg vere viktige satsingsområde.

Handel og industri

I 2005 vil SLF leggje vekt på førebuing til internasjonale forhandlingar samt å kunne implementere resultatet av desse. SLF vil i 2005 ha fokus på marknads- og prisovervakinga og på konkurransesituasjonen til RÅK-industrien. Arbeidet med målretta ekstern kontroll av økonomiske verkemiddel innanfor SLF sitt ansvarsområde er òg viktig.

Administrasjon

SLF vil i 2005 ha fokus på gjennomføringa av IKT-strategien der utvikling av SLF til elektronisk forvaltning står sentralt. SLF vil i 2005 arbeide vidare med effektivisering av verksemda.

Merknader til dei einskilde postane

Post 01 Driftsutgifter

Posten skal dekkje SLF sine driftsutgifter. For å kunne oppretthalde nødvendig fleksibilitet vil det framleis vere aktuelt å belaste tilskottsordningane med visse utgifter, særleg av utviklings- og utgreiingskarakter og ved evalueringar. Ein gjer framlegg om følgjande endringar:

  • 0,1 mill. kroner blir foreslått overført frå kap. 1150 post 77.17 Tilskott til fruktlager, til dekking av utgiftene til administrasjon av ordninga

  • 0,2 mill. kroner blir foreslått overført til kap. 1146 post 01 til geovekstprosjekt

  • Departementet gjer framlegg om ei løyving på kap. 1143 post 01 på om lag 149,6 mill. kroner for 2005.

Post 70 Tilskott til beredskap i kornsektoren

Beredskapsordninga for korn og mjøl til bakeribransjen i området frå Ofoten/Vestfjorden og nordover byggjer på avtaler mellom handelsmøllene og Statens landbruksforvaltning. I avtalene forpliktar handelsmøllene seg til, i tillegg til eige driftslager, å halde eit beredskapslager av kornbaserte råvarer tilsvarande 20 dagars sal til bakeria i området.

Det blir gjort framlegg om ei løyving på posten på 1,1 mill. kroner for 2005.

Post 71 Støtte til småslakteri

Etter at finansieringa av kjøttkontrollen blei lagt om frå 01.01.1999, har enkelte verksemder fått større kostnader til kjøttkontroll. Tilskott til små slakteri skal medverke til å jamne ut kostnadene som desse slakteria har til kjøttkontroll. Støtta skal medverke til at desse slakteria over tid kan tilpasse seg finansieringsmodellen for kjøttkontroll. Sidan ordninga blei oppretta i 1999 har dei årlege løyvingane blitt gradvis redusert. Med bakgrunn i at reinslakteria har høgare kostnader til kjøttkontroll enn andre slakteri, har desse blitt skjerma for dei årlege kutta. Med dei krav til tilsyn og kontroll som er fastsett for kjøttkontroll, vil dei små verksemdene få store kostnader rekna i høve til produksjonen. Tilskott blir sett inn for å dekkje opp nokre av desse meirkostnadene. Siktemålet er at tilsynskostnadene ikkje skal føre til at dei små slakteria blir nedlagde.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 4,2 mill. kroner i 2005.

Post 72 Erstatningar

Ein gjer framlegg om ei løyving på 302 000 kroner som skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen.

Post 73 Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar

Formålet med tilskottet er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagte tiltak mot sjukdomar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002-2003) Om lov om matproduksjon og mattryggleik mv. (matlova). Tilskottet skal òg dekkje meirutgifter og tap i samband med tiltak som blir sett i verk som følgje av for høgt innhald av radioaktivitet i storfe og småfe, samt visse andre kompensasjonar for å lette etterleving av matlovas krav og plikter i primærproduksjonen, jf. lova § 31. I samband med flyttinga av post 73 under kap. 1107 til kap. 1143 i St.prp. nr. 1 (2003-2004) blei det ved ein inkurie ikkje tatt omsyn til alle utbetalingane som har blitt dekt frå denne posten tidlegare. Kap. 1107 post 73 har tidlegare også hatt utbetalingar etter dyrevernlova knytt til avliving av eigarlause dyr. Dette har medført årlege kostnader på om lag 1 mill. kroner. I tillegg har kap. 1107 post 73 dekt kostnader knytt til hald av eit beredskapslager for veterinære vaksiner. Kostnadene til dette er om lag 1,1 mill. kroner årleg. Ein gjer framlegg om å overføre 2,1 mill. kroner frå kap. 1143 post 73 til kap. 1115 post 01.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på omlag 39,1 mill. kroner i 2005.

I 2004 er det utarbeidd ei felles, forenkla forskrift for erstatningsordningane på posten. Forskrifta blei sett i verk frå 01.08.2004. Det er òg sett i gang eit arbeid med sikte på eit felles fagsystem med nettbasert informasjon om og søknad om erstatning. Arbeidet med det nye forvaltingssystemet skal vidareførast i 2005.

Post 74 Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering

Formålet med tilskottet er å medverke til at norsk landbruk har tilgang på plantemateriale som er kontrollert for skadegjerarar og med definerte eigenskapar tilpassa norske tilhøve. Ein tek med tilskottet òg sikte på å medverke til utvikling av plantemateriale som gir produktivitetsauke i landbruket ved utvikling av nye og forbetra sortar. Departementet legg til grunn at over tid skal ein større del av produktivitetsutviklinga bli finansiert med auka betaling frå brukarane.

Tilskottet blir tildelt Graminor AS som frå 01.01.2004 har ansvar for å foredle fram nytt norsk sortsmateriale av korn, engfrø, potet, frukt og prydplanter. Statens landbruksforvaltning har, etter retningslinjer fastsett av Landbruksdepartementet, forvaltningsansvar for midlane som gis som tilskott til prosjekter etter søknad frå Graminor AS.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 11,3 mill. kroner i 2005.

Post 75 Tilskott til matkorn

Formålet med tilskottet til matkorn er å medverke til reduserte prisar på matkorn og matmjøl til næringsmiddelindustrien og forbrukarane. Utrekninga av løyvinga er ei teknisk tilbakeføring av tollinntektene i perioden 01.04.2003 til 31.03.2004 gjennom ei nedskriving av prisen på alt matkorn (norsk og importert).

Kap. 4143 Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 1143)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Driftsinntekter m.m.

30 363

28 256

29 217

18

Refusjon sjukepengar

2 561

Sum kap. 4143

32 925

28 256

29 217

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga gjeld driftsinntekter som Statens landbruksforvaltning har knytt til m.a. sekretariatet for Omsetningsrådet og styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk og sal av tenester. Inntekter frå gebyr blir òg ført på posten. Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 29,2 mill. kroner for 2005.

Kap. 1144 Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

77

Miljøretta prosjektarbeid m.m. , kan overførast

10 313

7 313

Sum kap. 1144

10 313

7 313

Kapitlet var nytt i 2004. I samband med endringa av kapittel- og poststrukturen under kat. 15.30 blei løyvingane til miljøretta prosjektarbeid i jordbruket, jf. kap. 1140 post 77 flytta til eit nytt kap. 1144 Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket og nytt kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar.

Post 77 Miljøretta prosjektarbeid m.m.

Mål

Løyvinga over posten skal gå til gjennomføring av prosjekt knytt til miljø- og ressursarbeidet, samt til Fylkesmannen si oppfølging av arbeidet knytt til Landbruk Pluss, m.a. det kommuneretta arbeidet på landbruksområdet.

Resultatrapport 2003

Over kap. 1140 post 77 blei det i 2003 gitt støtte til ulike tiltak knytt til miljøretta prosjektarbeid.

  ( i mill. kr)

Tiltak/prosjekt

Prosjekt i regi av Fylkesmannen

9,451

Oppfølging av nasjonale og internasjonale prosessar/forpliktingar

1,730

Areal og kartarbeid

0,5

Sum utbetalt frå kap. 1140 post 77 i 2003

11,681

I regi av fylkesmannsembeta blei det i 2003 gitt støtte til prosjekt og andre former for utviklingsarbeid regionalt og lokalt m.a. knytt til:

  • satsinga på Geovekst og GIS-kompetanseutvikling

  • rovvilthandtering

  • oppfølging av Fylkesmannen si kommuneretta satsing

I høve til medverking i den internasjonale utviklinga av miljøarbeidet blei det mellom anna:

  • gjennomført arbeid innanfor OECD og WTO

  • satt fokus på miljøspørsmål i samband med WTO-forhandlingane og gjennomført utgreiingar, bilaterale møte og konferansar knytt til dette

  • gjennomført tiltak og prosjekt for å lette implementeringa av EU sine forordningar for økologisk plante- og husdyrproduksjon

  • gitt støtte til nokre mindre prosjekt og seminar knytt til overgang til miljøvennlege driftsformer

  • gitt delfinansiering til ein statusrapport om husdyrgenetiske ressursar, som innspel til ein FAO-rapport

Innanfor areal- og kartarbeidet blei det i 2003:

  • prioritert arbeid med jordvern og det blei gitt støtte til fleire ulike jordvernprosjekt

  • fokusert på prosjekt i tilknyting til tettstader og pressområde

  • gitt støtte til prosjekt om landbruket si medverking i verneplanprosessar

  • gitt støtte til prosjekt med auka planlegging og samhandling som mål, både på regionalt og lokalt nivå

  • gitt støtte til nasjonal konferanse om kulturlandskap og arealbruk

Budsjettframlegg 2005

For 2005 gjer ein framlegg om ei løyving på om lag 7,3 mill. kroner. Reduksjonen i høve til 2004 skuldast at 3 mill. kroner, tilsvarande midlane Fylkesmannen tidlegare har fått til Geovekst, er rammeoverført til Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) kap. 1146 post 01. Dette inneber at NIJOS får eit samla ansvar for oppfølging av landbruket si interesse og økonomiske forpliktingar i Geovekstsamarbeidet, jf. kap. 1146.

Det kommuneretta arbeidet på landbruksområdet skal stimulere til lokal forankring, kjennskap og aksept for viktige landbrukspolitiske målsetjingar. Vidare inneber arbeidet auka fokus på lokal styring, desentralisering og delegering, og vil framleis krevje god kontakt mellom kommunane og Fylkesmannen. Omlegginga inneber m.a. at Fylkesmannen har fått ei forsterka rolle som rådgivande kompetanseorgan. I den samanheng blir det stilt midlar til disposisjon for utarbeiding og utprøving av eit kompetanseprogram retta mot kommunane. Programmet skal særleg fokusere på planlegging og forvalting på landbruksområdet. Fylkesmannen skal vidareutvikle den landbrukspolitiske dialogen mellom kommunar, fylkeskommunar og Fylkesmannen, i eit partnarskapsperspektiv.

Skal ein nå målet om å auke engasjementet på det landbrukspolitiske området i kommunane vil samarbeidet med Kommunanes Sentralforbund, både sentralt og regionalt, vere nødvendig. Samarbeidsavtalen som kom i stand mellom Landbruksdepartementet og Kommunanes Sentralforbund våren 2004 vil bli ført vidare i 2005. Eit sentralt element i samarbeidsavtalen er at kommunane i større grad skal sjå landbruket og landbrukspolitiske spørsmål i samanheng med den samla kommunepolitikken. Med dette samarbeidet ønskjer ein å dra nytte av kvarandre sine organisasjonar, slik at ein saman kan få til eit engasjement i kommunepolitikken rundt landbruk, og landbruket si påverknad for busetting og næringsutvikling.

For å hauste erfaring med auka myndigheit til kommunane vil det bli sett i gang eit fireårig følgjeforskingsprosjekt i regi av Norsk senter for bygdeforsking. Hovudformålet med prosjektet er å sjå om auke i myndigheit og utviding av handlefridomen til kommunane har ført med seg ei endring i handteringa av verkemidla, slik at det i større grad blir set fokus på dei lokale utfordringane på landbruksområdet.

Som ei oppfølging av konferansen Kampen om arealene hausten 2004, vil departementet sette fokus på synleggjering av kulturlandskapet og jordressursen i areal- og samfunnsplanlegginga. I den samanheng vil det bli sett av midlar til informasjon og kartlegging i samband med utarbeiding og presentasjon av eit nytt, frivillig verktøy for å definere kjerneområde for landbruk.

I samband med arbeidet i Landbruk Pluss vil det bli sett av midlar for å lokalisere eventuelle flaskehalsar for næringsutvikling i naturvernloven og plan- og bygningsloven, samt for å sjå på korleis lovverket kan bli meir effektivt, utan samstundes å ramme andre interesser.

Fylkesmannen skal arbeide for å føre vidare arbeidet knytt til rovviltforvaltning i tråd med St.meld. nr. 15 (2003-2004).

Kap. 1145 Jordskifterettane (jf. kap. 4145)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Driftsutgifter

155 026

143 583

148 923

21

Spesielle driftsutgifter , kan overførast

2 000

2 068

Sum kap. 1145

155 026

145 583

150 991

Mål og strategiar

Jordskifterettane er særdomstolar som arbeider med oppgåver som er heimla i jordskiftelova. Særdomstolen er uavhengig i den dømmande verksemda. Administrativt ligg han til Landbruks- og matdepartementet.

Formålet med jordskifte er å gjere eigedomar betre skikka for utnytting. Jordskifteretten gjennomfører jordskifte ved m.a. å løyse opp sameige, forme ut eigedomar på nytt gjennom å byte grunn og rettar, gi reglar om bruken i områder på tvers av eigedomsgrensene og klarleggje og fastsetje eigedomsforhold og grenser. Jordskiftelova slår fast at ingen part i ei jordskiftesak kan påførast tap.

Gjennomføringa av jordskifte, skjønn og grensegang er organisert i domstolsform for å ivareta rettstryggleiken til partane.

Til forskjell frå dei ordinære domstolane, syter jordskifterettane for avmerking, innmåling og kartfesting av eigedomsgrenser som ein integrert del av jordskiftesakene. På denne måten sikrar jordskifterettane effektiv utnytting av dei ressursane samfunnet set inn.

Hovudmåla for jordskifterettane er å:

  • sikre god oppgåveløysing

  • sikre rettstryggleiken til partane

  • yte god service til brukarane

  • ha ei god leiing og ein effektiv administrasjon

Eit heilt sentralt delmål er å redusere vente- og saksbehandlingstida til eit akseptabelt nivå. Gjennomsnittleg saksavviklingstid for sivile saker ved tingrettane er 6,5 månader. Ved jordskifterettane er nå saksavviklingstida 35 månader. Ein må akseptere lenger saksbehandlingstid ved jordskifterettane enn ved tingrettane. Grunnane til dette er m.a. at ein som regel er avhengig av synfaring på barmark og det tekniske arbeidet.

Resultatrapport 2003

Overslag og erfaring tyder på at løyvingar til jordskifterettane gir ei verdiskaping på minst det dobbelte av løyvinga i form av auka produktivitet og sysselsetjing i distrikta.

Statistikken viser at det i 2003 blei avslutta totalt 970 saker (2002: 950), fordelt med 921 saker ved jordskifterettane og 49 saker ved jordskifteoverrettane. 800 (1 003) tvistar blei behandla og avgjort enten gjennom dom eller rettsforlik. 10 142 (8 173) partar fikk løyst problem knytt til eigedomane deira i sakene som blei avslutta. I dei avslutta sakene blei det behandla 193 (254) km skogsvegar og det blei merka og koordinatfesta 2 017 (1 916) km grenser. Den produktivitetssvikten ein har hatt som følgje av omorganiseringa, er i ferd med å minke. Ein er på god veg mot å nå målet om 10 pst. effektivisering. Gjennomsnittsalderen på avslutta saker auka med ein månad frå 2002 til 2003 til 35 månader. Hovudgrunnen til dette er at ein har fått avslutta mange gamle saker. Gjennomsnittleg ventetid før sakene kom opp til behandling var 17 (16) månader og gjennomsnittleg saksbehandlingstid var 18 (18) månader. Sakstilgangen minka med 3 pst. i 2003, men er stabil over tid. Restansane blei reduserte med 5 pst. Saksutviklinga ein har hatt dei siste åra, medfører at saksavviklingstida blir redusert.

Dei siste åra har ein satsa ekstra på investering i GPS-utstyr og IKT for å effektivisere mark- og kontorarbeidet i jordskifterettane. Gjennom resultatrapportane er det registrert ein auke i talet på km målte grenser med 5 pst. frå 2002 til 2003. Ein reknar med at mykje av denne auken kan forklarast av innføringa av GPS. I 2002 blei det innført ein ny resultatindikator (talet på målte punkt) for lettare å identifisere resultat av GPS-satsinga.

Budsjettframlegg 2005

Jordskifteretten arbeider etter jordskiftelova. Retten må treffe avgjerd i alle saker som fell under lova.

God fordeling av tilgjengelege ressursar er avgjerande for at ikkje restansane skal auke ved dei einskilde jordskifterettane, og at tilbodet til publikum skal bli det same over heile landet. Departementet vurderer kontinuerleg ressursfordelinga med bakgrunn i dette.

Departementet har også i 2004 arbeidd med oppfølging av vedtaket om nedlegging og utflytting av jordskifterettar, jf. Innst. S. nr. 8 (2000-2001). Følgjene av omorganiseringa vil i all hovudsak vere over ved utgangen av 2004, men nokre overgangsordningar vil strekke seg fram til 2006. I sum har ein rekna med at omorganiseringa og bruk av ny teknologi på sikt vil gi ei effektivisering på opp mot 10 pst. i 2005, samanlikna med situasjonen før endringa. Som det går fram av resultatrapporten for 2003, har ein alt kome eit godt stykke på veg. Til dømes viser dette igjen i tala for km merka grenselengde og talet på partar i sakene. Omstillinga gjer det mogleg å få meir kostnadseffektivt arbeid internt på kontora. Kostnadene med omstilling knytt til flytting av folk og endring i husleigeavtaler m.m. er i 2005 rekna til om lag 2,5 mill. kroner.

Regionfelt Austlandet er kravd inn for jordskifteretten som jordskiftesak. Dette er den største saka i utstrekning jordskifterettane nokon gong har hatt til behandling. Det er også kravd fleire andre uvanleg omfattande jordskiftesaker dei siste åra. Det krevjast store ekstra ressursar for å kunne behandle saker av slikt omfang. Saksavviklinga for desse sakene kan bli forsinka.

I Ot.prp. nr. 106 (2002-2003) fremma regjeringa forslag for Stortinget som i all hovudsak bygde på fleirtalsframlegga i NOU 2002: 9. Stortinget slutta seg samrøystes til framlegget, jf. Innst. O. nr. 25 (2003-2004) Innstilling frå næringskomiteen om lov om endringar i domstolloven og jordskifteloven (jordskifterettenes stilling og funksjoner). Hovudkonklusjonane er m.a. at jordskifteretten framleis skal vere ein særdomstol og at administrasjonen av jordskifterettane skal flyttast frå Landbruks- og matdepartementet til Domstoladministrasjonen i Trondheim.

Flytting av administrasjonen av jordskifterettane frå Landbruks- og matdepartementet til Domstoladministrasjonen blir gjennomført 01.01.2006. Ansvaret for jordskifterettane blir samstundes ført over til Justisdepartementet og ein vil foreta ein budsjettmessig rammeoverføring til Justisdepartementet i samband med dette i St.prp. nr. 1 (2005-2006). Førebuing og gjennomføring av flyttinga skal gjerast i samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet, Justisdepartementet og Domstoladministrasjonen. I samband med flyttinga må jordskifterettane tilpasse seg Domstoladministrasjonen sin IKT-strategi som inneber tunge investeringar både i 2005 og 2006. Meirarbeid og meirkostnad knytt til førebuing av flyttinga vil i nokon mon gå ut over drifta i 2005 og gi noko auka ventetid. I tillegg vil det vere kostnader på kap. 1100 knytt til omstilling, tilpassing av kontorlokale, møbler og anna inventar. Desse kostnadene vil bli dekka over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett. Departementet vurderer omfanget av kostnadsbehovet nærare, og vil komme tilbake til saken våren 2005.

Departementet har sett ned ei arbeidsgruppe for å sjå på det arbeidet Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) gjer for jordskifterettane og kjem attende med framlegg om korleis dette kan utviklast i budsjettframlegget for 2006.

Landbruksdepartementet, Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet gav i 2001 ut rapporten Virkemidler for bedre arealutnyttelse i byer og tettsteder. Rapporten peikar på urbant jordskifte som eit eigna verkemiddel i by- og tettstadsutviklinga. Etter høyringa kontakta planlovutvalet Landbruksdepartementet med sikte på å få endra jordskiftelova slik at jordskifteverkemidla blir tilgjengelege også i byar og tettstader. Eit departementsoppnemnt utval la fram innstillinga si i juni 2003 om lovendringsarbeid på dette grunnlaget. Dette arbeidet blir følgt opp vidare gjennom ein odelstingsproposisjon som ein tar sikte på å leggje fram for Stortinget våren 2005.

Det tekniske samarbeidet med fylkesmennene om geodata (GIS) vil også halde fram i 2005. GIS blir brukt til å framstille jordskifte- og temakart, og for å gjere nødvendige berekningar, utarbeide skifteplanar m.m.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten var ny i 2004. Jordskifterettane har heimel til å krevje inn sideutgifter i visse saker. Dette er t.d. godtgjersle til meddommarar, målearbeid, grensemerke og eigeninnsats ved førebuing til rettsforhandlingar. Desse utgiftene som er førte i eigne saksrekneskap, har auka monaleg dei seinare åra m.a. pga. sterk auke i satsane for godtgjersle til meddommarane. Sideutgiftene er nå postert i jordskifterettane sitt budsjett. Løyvingsbehovet er noko usikkert, og departementet foreslår at det knytast meirinntektsfullmakt til ordninga.

Kap. 4145 Jordskifterettane (jf. kap. 1145)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Saks- og gebyrinntekter

12 440

12 657

9 306

02

Sideutgifter

2 000

2 068

15

Refusjon, arbeidsmarknadstiltak

84

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

816

18

Refusjon sjukepengar

1 391

Sum kap. 4145

14 730

14 657

11 374

Post 01 Saks- og gebyrinntekter

Posten omfattar inntekter ved at partane i sakene betaler gebyr. Det er ikkje lagt opp til endringar i gebyrreglane i høve til 2004. Inntektene har vore overbudsjetterte dei seinaste åra. Departementet gjer derfor framlegg om at løyvinga blir redusert med om lag 3,4 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2004.

Post 02 Sideutgifter

Posten var ny i 2004 og samsvarer med tilsvarande utgifter over kap. 1145 post 21.

Kap. 1146 Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 4146)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Driftsutgifter

88 508

62 793

82 454

96

Kjøp av aksjer

70

Sum kap. 1146

88 578

62 793

82 454

Mål og strategiar

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) produserar grunnleggande faginformasjon av høg kvalitet om naturressursar, areal og miljø for landbruksforvaltninga, føretaka i landbruket og for samfunnet elles. Målet er at instituttet skal vere ein leiande nasjonal leverandør av data om jord, skog, vegetasjon og landskap. Dette er kjerneverksemda til NIJOS. NIJOS er òg kompetanseorgan innan geodata for landbruksforvaltninga og yter kompetansetenester innan jordskifte og skogbruksplanlegging. Utvikling av nye produkt og tenester skal rettast mot måla i landbruks- og matpolitikken om næringsutvikling og innovasjon.

Departementet vil i løpet av vinteren 2004-2005 greie ut grunnlaget for avgjerd om korleis kunnskap og informasjon som i dag blir produsert ved Skogforsk, NIJOS og dei oppgåvene ved Skogbrukets Kursinstitutt som blir finansiert over statsbudsjettet kan utviklast, samordnast og effektiviserast, slik at dei blir best mogleg eigna i høve til forvaltninga og samfunnet sine behov, jf. kat. 15.20.

Informasjonen frå NIJOS må vere av ein slik kvalitet til at den kan nyttast til:

  • utforming, gjennomføring og etterprøving av mat- og landbrukspolitikken, m.a. verdiskaping og berekraftig utnytting av ressursgrunnlaget

  • modernisering og effektivisering av offentleg forvaltning, driftsplanlegging, dokumentasjon og miljøarbeid innan landbruksnæringa

  • overvaking og rapportering knytt til internasjonale avtaler

NIJOS har òg kompetanse som nyttast i internasjonal bistand på geodata-, landbruks- og miljøområdet.

I 2005 vil ein arbeide med å:

  • gi brukarane tilgang til instituttets data på vilkår som fremmer bruk og utnytting, m.a. anna ved å leggje ut informasjon og databaser på Internett

  • føre vidare dialogen med brukarane av informasjonen, fange opp nye ønske slik at NIJOS’ data kan gi grunnlag for nye brukartilpassa produkt eller tenester

  • føre vidare, utvikle og effektivisere dei nasjonale kartleggings- og overvakingsprogram ved hjelp av ny teknologi og høg kompetanse og ved samarbeid med andre aktørar

  • støtte dei regionale og sentrale landbruksstyresmakter med kompetanse og rådgiving innanfor instituttets kjerneverksemd

NIJOS tar del i det nasjonale samarbeidet om etablering av digitale kartdata «Norge digitalt». NIJOS skal gjere data tilgjengelege på vilkår som fremmer auka bruk. Ved å leggje data ut på Internett fremmer NIJOS måla i E-Noreg strategien om godt innhald og gir grunnlag for effektivisering og modernisering av forvaltninga. NIJOS tar òg del i etablering og forvaltning av digitale flybilete og arbeider for å gjere desse betre tilgjengelege.

Resultatrapport 2003

NIJOS har ført vidare arbeidet med innsamling og formidling av data innan kjerneverksemda, jord, skog, vegetasjon og landskap. Dette blir nytta innan planlegging, miljøarbeid, verdiskaping og i forenkling og gir ein effektivisering av offentleg forvaltning. Data frå NIJOS er i aukande grad tilgjengeleg over Internett.

Følgjande viktige oppgåver blei gjennomført i 2003:

  • Landsskogtakseringa og arbeidet med fylkesvise takstar er ført vidare med registrering på 1/5 av dei landsdekkjande prøveflatene.

  • Programmet Overvaking av jordbruket sitt kulturlandskap er ført vidare etter planen. Overvakinga viser utviklinga i kulturlandskapet for indikatorar innan arealstruktur, biologisk mangfald, kulturminne og ferdselsmoglegheiter. Programmet er i 2003 finansiert frå kap. 1150 og frå Miljøverndepartementet.

  • I 2003 blei det produsert DMK for om lag 15 000 km2, der 5000 km2 er ajourhald. Desse karta blir nytta for ein meir korrekt forvaltning av arealtilskotta. Ved ajourhald nyttast derfor digitale flyfoto, noko som gir høg nøyaktigheit. DMK ligg no etablert som heildekkande for 301 kommunar medan det ligg føre for delar av 63 kommunar. DMK dekkjer no 140 000 km2. Både landbruksforvaltninga og føretaka i landbruket får rett til å bruke alle dei digitale karta. DMK er òg finansiert med store beløp over kap. 1150, samt med noko midlar over Landbrukets utviklingsfond (LUF) og kap. 1140. NIJOS lagar arealressurskart i ein meir oversiktleg målestokk på basis av DMK og har produsert slike kart for 110 000 km2i 2003. Desse blir nytta i m.a. kommune- og fylkesplanlegging.

  • NIJOS har kartlagt 112 km2 jordsmonn i 2003 og karta dekkjer no 4 510 km2. Det blei kartlagt om lag 40 km2 mindre enn planlagt, fordi ein nytta eit nytt system og dekka område med spreidde og små areal. Jordsmonnkart og ulike temakart over m.a. dyrkingsklasse, er no tilgjengelig over Internett. Det er laga temakart om m.a. erosjonsrisiko og miljøtiltak. Kartlegginga er òg finansiert med noko midlar frå kap. 1150.

  • I 2003 har NIJOS kartlagt 160 km2 vegetasjon. Det er etablert eit informasjonssystem om beitebruk (IBU) som er tatt i bruk i alle fylka og det er etablert eit internettstad for informasjon frå systemet.

  • NIJOS har arbeida mykje med rettleiing i kommunane i bruk av gardskart i forvalting av arealtilskott. Ein har òg støtta Fylkesmannen og kommunane med kompetanse og ytt tenester til jordskifterettane innan verdsetting og geodata. Arbeidsgruppa for å sjå på tenestene frå NIJOS til jordskifterettane blei ikkje satt ned før Stortinget hadde behandla Ot.prp. nr. 106 (2002-2003). Gruppa er no i arbeid, jf. kap. 1145. NIJOS har arbeidd for effektivisering og betre kvalitet og deltaking frå skogeigarane innan skogbruksplanlegging. NIJOS arbeider med ein internettversjon av gardskartet som gjer distribusjon til føretaka i landbruket og kommunane lettare.

Budsjettframlegg 2005

Det er gjort ein teknisk justering av budsjettet ved at 4 mill. kroner til landskapsovervaking er flytta frå kap. 1150. Det er òg flytta 3,4 mill. kroner til Geovekst frå kap. 1144 (3,0 mill. kroner), kap. 1143 (0,2 mill. kroner) og kap. 1115 (0,2 mill. kroner) til kap. 1146. I tillegg er budsjettet auka med om lag 10 mill. kroner for å gi eit meir realistisk bilete av NIJOS si oppdragsverksemd, jf. tilsvarande auke under kap. 4146.

I 2005 vil NIJOS ha særleg fokus på:

Informasjon om Noregs skogressursar

Gjennom Landsskogtakseringa registrerer NIJOS mykje informasjon om Noregs skogressursar. Registreringane er ledd i lange tidsseriar og gir nyttig informasjon om skogen sin utvikling. I 2005 startar ein eit nytt omdrev, og arbeider i tillegg med å få med informasjon om skog i Finnmark.

Informasjon om Noregs landskapsressursar

Jordbruket sitt kulturlandskap er eit produkt av jordbruksdrift og busetjing på gardane. Kulturlandskapet er eit verdifullt kollektivt gode og blir prioritert ved at det gis særskilte tilskott for at det skal haldast vedlike og vidareutviklast. Kompetanse og informasjon om tilstand og endring i jordbruket sitt kulturlandskap er derfor viktig for utforming av politikk og verkemiddel. Programmet for overvaking av kulturlandskapet (3Q-programmet) er ei sentral kjelde her og for 2005 blir det overført 4 mill. kroner frå kap.1150 til kap. 1146 for å vidareføre dette. 3Q programmet gir grunnlag for arbeid med indikatorar og parametrar for rapportering og for å formidle kunnskap om m.a. landskap og kulturminne. Det skal framleis vere ei styringsgruppe for prosjektet. Programmet blir òg finansiert frå Miljøverndepartementet.

Digitale Markslagskart (DMK)

I 2005 skal NIJOS føre vidare etablering og ajourføring av DMK med om lag 22 000 km2. Målet er at innan 2006 skal DMK vere etablert for heile jordbruksarealet med ein kvalitet som gjer at det kan nyttast til å fastsette storleiken på dei areala som får tilskott og det skal vere utvikla gode rutinar for ajourhald i kommunane.

Informasjon om Noregs jordressursar

NIJOS skal føre vidare kartlegging av jordsmonn på dyrka mark med om lag 120 km2 og levere jordsmonninformasjon til bruk i næringsutvikling, miljøarbeid og arealplanlegging.

Nasjonalt geodatasamarbeid

NIJOS har ansvar for landbruket sitt bidrag i samarbeidet om etablering og drift av den nasjonale infrastrukturen av geografisk informasjon. NIJOS skal leggje til rette for, koordinere og gi rettleiing i bruk av geodata innan landbruksforvaltninga og formidle data via Internett.

Informasjon om Noregs vegetasjons- og utmarksressursar

NIJOS skal føre vidare informasjonssystemet for beitebruk og vegetasjonskartlegging i utmark. Dette er delvis finansiert frå brukarane.

Andre kompetansetenester m.m.

Informasjon frå NIJOS nyttast i kommunale arealplanar, kartlegging av biologisk mangfald, landbruksplan og andre planprosessar. NIJOS skal synleggjere moglegheiter for auka bruk av geografisk informasjon for regionale og sentrale landbruksstyresmakter, m.a. innan regionale miljøprogram, miljøplanar på landbruksføretaka, næringsutvikling og innovasjon.

NIJOS skal yte tenester til Jordskifterettane og kompetansestøtte innan geodata til fylkesmannsembeta og andre deler av landbruksforvaltninga. Frå 2004 er det fastsett ei ny forskrift om skogbruksplanlegging med miljøregistreringar. NIJOS sin kompetanse på området ligg til grunn for at institusjonen yter kompetansestøtte til fylkesmannsembeta og kommunane. NIJOS skal òg yte støtte til Landbruks- og matdepartementet i spørsmål knytt til skogbruksplanlegging. Det er framleis viktig å effektivisere skogbruksplanlegginga, betre kvaliteten på planprodukta og auke deltakinga frå skogeigarane.

Kap. 4146 Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 1146)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

02

Driftsinntekter

39 712

18 028

28 641

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

435

18

Refusjon sjukepengar

408

Sum kap. 4146

40 555

18 028

28 641

Post 02 Driftsinntekter

Det er under kap. 4146 m.a. budsjettert med inntekter frå NIJOS si oppdragsverksemd og budsjettet er auka med 10 mill. kroner for å gi eit meir realistisk nivå på inntektene, jf. tilsvarande auke under kap. 1146 post 01.

Nokre av NIJOS sine produkt blir delfinansiert frå brukarane, til dømes vegetasjonskartlegging. Når NIJOS tek oppdrag i marknaden skal tilhøva kring dette vere opne, og vilkåra for konkurranse skal vere så like som mogleg dei som gjeld for andre aktørar.

Kap. 1147 Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 4147)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Driftsutgifter

37 484

35 741

37 104

45

Store utstyrskjøp og vedlikehald , kan overførast

3 725

3 175

3 232

70

Tilskott til fjellstover

512

659

659

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark , kan overførast

1 919

8 222

11 502

Sum kap. 1147

43 640

47 797

52 497

Mål og strategiar

Innleiing

Reindriftsforvaltninga er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale reindriftspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for departementet. Reindriftsforvaltninga har ei sentral rolle i samband med gjennomføringa av reindriftspolitikken, og det er lagt opp til at forvaltninga i vesentleg grad òg skal ha ei rådgivande rolle. Reindriftsforvaltninga skal leggje til rette for at måla i reindriftspolitikken blir nådde. Reindriftsforvaltninga forvaltar reindriftslova og verkemidla under reindriftsavtalen. Reindriftsforvaltninga er òg sekretariat og utøvande organ for Reindriftsstyret og områdestyra.

I forhold til dei overordna reindriftspolitiske måla har departementet trekt opp seks resultatområde som Reindriftsforvaltninga arbeider etter.

Ressursforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal på bakgrunn av m.a. grunnlagsdata om utviklinga i lavbeita, slaktevekter, klimatiske og driftsmessige forhold medverke til nødvendige tiltak som gir ein tilpassa reinbestand, samt kontrollere at rammene for bruk av beiteressursane blir haldne.

Arealforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal halde fram arbeidet for å få dokumentert reindrifta sin arealbruk og sine rettar, samt arbeide for auka forståing av reindrifta sin bruk av areal, og då særleg blant arealplanleggarar i kommunar og fylkeskommunar. Vidare er det viktig å få bevisstgjort planleggarane sitt ansvar på alle nivå i forhold til den plikt desse òg har etter Grunnlova §110 a og folkeretten sine reglar om urfolk og minoritetar.

Reindriftsbasert næringsutvikling

Reindriftsforvaltninga skal medverke til utnytting og utvikling av reindrifta basert på prinsippet om ei berekraftig reindrift, under det etablering av tilleggsnæringar i samanheng med dei inntekts- og velferdspolitiske tiltaka retta mot reindrifta.

Tilskottsforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal medverke til ei effektiv og trygg forvaltning, eit enklare og betre regelverk for tilskottsordningane og betre forståinga av verkemidla sine innhald.

Samhandling - informasjon

Reindriftsforvaltninga skal vidareutvikle samarbeidet med andre offentlege institusjonar og då i særleg grad i høve til miljøforvaltninga og Sametinget. Vidare er det stilt krav om nær kontakt mellom Reindriftsforvaltninga og næringa sine representantar for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som avgjerande grunnlag for å nå målet om ei berekraftig reindrift.

Internadministrasjon

Reindriftsforvaltninga skal vere omstillingsdyktig og føremålseffektiv, og ha eit kostnadseffektivt rettleiings- og styringsapparat internt og overfor den enkelte reindriftsutøvar både på områdekontornivå og sentralt i Alta.

Resultatrapport 2003

Ressursforvaltning

I januar 2002 fastsette Reindriftsstyret høgste talet på rein for sommarbeitedistrikta i Vest-Finnmark reinbeiteområde til 63 700 rein, seinare korrigert til 64 300. For å følgje opp vedtaket blei det avsett midlar til å opprette eit prosjektkontor som i løpet av ein treårsperiode skal førestå arbeidet med tilpassinga av reintalet. I løpet av 2003 har kontoret i samarbeid med dei aktuelle reineigarane arbeidd med å utvikle løysingar som gjer tilpassinga av rein for kvart enkelt reinbeitedistrikt så smidig som mogleg. Talet på rein er ikkje blitt redusert i forhold til 2002. Ein av grunnane til det er den vanskelege marknadssituasjonen for reinkjøt hausten og vinteren 2003/2004. Prosessen med å tilpasse talet på rein til beitegrunnlaget blei vidareført òg for Aust-Finnmark reinbeiteområde. Arbeidet med desse prosessane har vore krevjande både ressursmessig og i tid.

Den vesentlege auken i talet på rein er gjort mogleg på grunn av svært gunstige klimatiske tilhøve dei tre siste beitesesongane. Gunstige klimatiske forhold med m.a. små mengder snø, har gjort tilgangen til beita større. Lavbeite som tidlegare har vore vanskeleg tilgjengeleige har vore utnytta, dette har resultert i dyr med god kondisjon, høgare kalvingsprosent og høgare overleving. Auken av talet på rein vil gjere det vanskelegare med tilpassinga av reintalet, og vil på lang sikt vere uheldig for næringa si økologiske berekraft. Rovdyrtapa i reindrifta er trass ein nedgang sidan toppåret 2000/01 framleis uakseptabelt høge i enkelte område. Reindriftsforvaltninga har arbeidd aktivt i samarbeid med m.a. Fylkesmannens miljøvernavdelingar om å betre dokumentasjonen over rein som blir tapt av rovdyr, medverke til å betre bestandsoversiktane av rovdyr, samt lagt til rette og gjennomført fleire tapsførebyggjande tiltak.

Arealforvaltning

Reindriftsforvaltninga har eit ansvar for å ivareta reindrifta sine arealinteresser i den allmenne arealforvaltninga. Ein vesentleg del av ressursane ved forvaltninga går med til denne type saker. Utfordringa er at talet på enkeltsaker er aukande.

Reindriftsforvaltninga har arbeidd med å auke reindrifta sin innverknad gjennom dei verkemidla som styrer arealbruken. Ved endringar av lover og forskrifter som styrer arealbruken har ein gitt innspel og ein har delteke i styrings- og referansegrupper med sikte på å fremme reindrifta sine interesser. Vidare har Reindriftsforvaltninga freista gjennom sekretariatfunksjonen for Reindrifta sitt utviklingsfond (RUF) å prioritere forskingssøknader som tar sikte på å dokumentere reindrifta sine arealbruksinteresser og å utvikle metodar for å påvise konsekvensane av inngrep i reindriftsområda. I forhold til dei mange planlagde vindkraftprosjekta har Reindriftsforvaltninga arbeidd for å auke forståing av kor negativt desse prosjekta kan vere for reindrifta, samt kor viktig det derfor er å få til ein samla vurdering av dei prosjekta som er gjennomførde og dei som er i planleggingsfasen.

Reindriftsforvaltninga har lansert ei ny heimeside der dei digitale reindriftskarta er ein del av nettløysinga. Dette gjer det mogleg for kommunar, fylkeskommunar og andre aktørar som driv med arealforvaltning å innhente informasjon om reindrifta sin bruk av areala.

Reindriftsbasert næringsutvikling

Frå RUF er det overført 2 mill. kroner til Samisk utviklingsfond. Midlane er nytta til binæringar knytt til reindrift. I høve til Verdiskapingsprogrammet for rein har Reindriftsforvaltninga arbeidd aktivt for ei positiv samhandling mellom reindriftsnæringa, Innovasjon Noreg og Reindriftsforvaltninga i gjennomføringa av programmet. Arbeidet for å styrkje kvinne- og familieretta tiltak kom i gang i 1999. Føremålet var å fokusere spesielt på kvinner og familien sin stilling i reindriftsnæringa og kvinna sin verdi for samisk kultur. Landbruksdepartementet har sett ned eit utval for å foreta ein gjennomgang av kvinner sin stilling i reindrifta. Reindriftsforvaltninga har to medlemmer i dette utvalet. Formålet er å utvikle ein fornya og meir målretta likestillingspolitikk i reindriftsnæringa med siktemål å leggje til rette for meir deltaking og medverknad frå kvinner.

Tilskottsforvaltning

For å ivareta og sikre betre likebehandling av søkjarar i dei ulike områda har Reindriftsforvaltninga gjennomført kurs for saksbehandlarar ved lokalkontora om dei gjeldande avtaleforskriftene. I tillegg ble det utarbeidd rettleiingsmateriell og interne saksbehandlingsreglar. I arbeidet med å leggje til rette, forenkle og effektivisere tilskottsbehandlinga har Reindriftsforvaltninga, som aktør i reindriftsavtaleforhandlingane, medverka til dei vesentlege forenklingane i dei økonomiske verkemidla over Reindriftsavtalen 2002/2003. Reindriftsforvaltninga har òg utarbeidd eit nytt meldingsskjema som er vesentleg forenkla samanlikna med tidlegare års skjema. Både meldingsskjema og rettleiar blir sende ut på norsk og nord-samisk. Vidare har forvaltninga arbeidd med elektronisk tilrettelegging av meldingsskjemaet og søknader om tilskott/rovdyrerstatning, og frå og med driftsåret 2003/2004 skal det etter planen vere mogleg å fylle ut desse skjema elektronisk.

Ordninga med konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift er administrert av Innovasjon Noreg sitt kontor i Tromsø. Forvaltninga har sett i verk ulike tiltak for å hindre konfliktar og skape respekt og dialog over interessegrensene.

Samordning - informasjon

Ein meir medviten bruk av informasjon som verkemiddel vil på mange område styrkje Reindriftsforvaltninga sine sjansar for måloppnåing. I 2003 er informasjon ofte brukt i samspel med andre verkemiddel for å oppnå ei større forståing for Reindriftsforvaltninga sine ansvarsområde. Gjennom ein direkte og aktiv informasjonsstrategi ønskjer forvaltninga å skape tillit og forståing i næringa, noko som er avgjerande for å nå målet om ei berekraftig reindrift.

Gjennom kontaktmøter har forvaltninga informert om reindrift både på politisk og administrativt plan. Særleg har det vore stor aktivitet innan områda arealplanlegging når det gjeld den auka satsinga på vindkraft som energikjelde og rovdyrforvaltning.

I løpet av 2003 er det etablert ei ny internettside og eit intranett for de tilsette i forvaltninga. Det er vidare etablert eit nytt arkiv- og saksbehandlingssystem. Dette som et ledd i arbeidet med å betre informasjonsflyten, samstundes som det skal medverke til meir einsarta saksbehandlingsrutinar for forvaltninga.

Reindriftsnytt har i løpet av 2003 blitt vesentleg endra, og det er blitt utgitt i fire nummer. Ein del av artiklane er blitt omsett til samisk.

Rettleiing og internadministrasjon

Reindriftsforvaltninga har i 2003 utarbeidd eit nytt personalreglement med tilhøyrande rettleiar og mal for tilsetjingsprosedyrar. Reindriftsforvaltninga har vidareført arbeidet frå 2003 med sikte på å nå måla i kompetanseplanen for forvaltninga.

Budsjettframlegg 2005

Budsjettframlegget nedanfor er retta inn mot dei seks resultatområda som reindriftsforvaltninga arbeider etter.

Ressursforvaltning

For å tilpasse talet på rein til beiteressursen og ved det styrkje berekrafta i reindrifta i Finnmark, skal Reindriftsforvaltninga prioritere arbeidet med å få fastsett eit øvre tal på rein for distrikta i Aust-Finnmark reinbeiteområde, samt følgje opp Reindriftsstyrets vedtak om eit øvre tal på rein for sommarbeitedistrikta i Vest-Finnmark reinbeiteområde. I den samanheng blir det vist til at det etablerte prosjektkontoret skal arbeide med å leggje til rette for effektuering av dei avtalene som er framforhandla med reindriftsutøvarane om ein reduksjon av talet på rein i Vest-Finnmark reinbeiteområde. Etableringa av Reindriftas resurssenter blei starta hausten 2004. Senteret organiserast som eit prosjekt tilknytt Reindriftsforvaltninga. Reindriftsforvaltninga skal medverke til å sikre at senteret skal framstå som eit servicesenter for reineigarar som ynskjer seg ut av næringa og som søkjer alternative inntekter. Vidare skal Reindriftsforvaltninga leggje til rette for at vilkåra elles blir fastsette for å nå målet om ei økologisk berekraftig reindrift.

I samband med Stortinget si handsaming av reindriftsavtalen for avtaleåret 2004/2005 blei det sterkt understreka at ein må sørgje for at dei fastsette måla for reintal blir nådd, jf. Innst. S. nr. 242 (2003-2004):

«Etter at høstens slakting er gjennomført, vil det være nødvendig å ta en ny vurdering om de iverksatte tiltakene er tilstrekkelige for å redusere reintallet. Dersom andre virkemidler kreves for å nå dette målet, må det vurderes å innføre kvotebegrensninger for den enkelte reineier.»

Departementet ser med stor uro på det høge talet på rein som ein no har i delar av Finnmark. Gode vintre med stor kalvetilgang og god kondisjon på reinen, samt ein vanskeleg marknadssituasjon, har gjort tilpassinga av reintalet til ei større utfordring enn først lagt til grunn. Departementet ser det som avgjerande viktig å bringe talet på rein i balanse med beiteressursane, og vil følgje utviklinga nøye for slaktesesongen 2004-2005.

Den prosessen som er sett i gang er basert på frivillig tilpassing av reintalet. Dersom det skulle vise seg at dette ikkje fører fram i tilstrekkeleg grad, vil tilpassinga måtte skje med heimel i reindriftslova sine bestemmingar om tvangstiltak. Departementet vil i så fall kome tilbake til Stortinget med dette spørsmålet.

For å ha nødvendig kontroll med beiteressurssituasjonen i Finnmark skal Reindriftsforvaltninga sikre at dei nødvendige grunnlagsdata blir innhenta.

Arealforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal halde fram å etablere nettverk og alliansar til andre offentlege organ og gjere desse kjent med reindrifta sine behov for samanhengande areal, samt konsekvensane for reindrifta av ulike tiltak innanfor reinbeiteland. Vidare skal forvaltninga arbeide for å få dokumentert reindrifta sin arealbruk og gjere denne kjent for kommunar og fylke.

Reindriftsforvaltninga skal vere ein aktiv pådrivar i høve til endringar av lover og forskrifter som styrer arealbruken. Vidare skal forvaltninga satse på auka kompetanse til det gjeldande regelverket mellom eigne tilsette, representantar i reindrifta sine styringsorgan og blant reindriftsutøvarane.

Reindriftsforvaltninga skal arbeide vidare med å få verdiklassifisert reindrifta sine areal, samt medverke til at resten av reinbeitedistrikta utarbeider eigne distriktsplanar.

Reindriftsbasert næringsutvikling

Reindriftsforvaltninga skal vere ein bidragsytar for auka verdiskaping i reindrifta. I samband med næringa sine organ og andre aktørar skal forvaltninga medverke til at dei økonomiske ressursane over reindriftsavtalen blir nytta på ein føremålsteneleg måte som gir størst effekt og verdiskaping. I samband med dette skal forvaltninga i nært samarbeid med Innovasjon Noreg arbeide for at verkemidla frå høvesvis Reindrifta sitt utviklingsfond og Verdiskapingsprogrammet for reindrift blir sette i ein samanheng slik at effekten av dei to ordningane blir størst mogleg. Vidare skal forvaltninga arbeide for å leggje til rette for ei positiv samhandling mellom reindriftsnæringa, Innovasjon Noreg og eiga forvaltning i gjennomføringa av verdiskapingsprogrammet.

Arbeidet for å styrkje kvinne- og familieretta tiltak kom i gang i 1999. Ordninga blei evaluert i 2004. Vidare blei det i 2004 føreteke ein gjennomgang av kvinnenes stilling i reindrifta. Føremålet med gjennomgangen var å utvikle ein fornya og meir målretta likestillingspolitikk i reindriftsnæringa med siktemål å leggje til rette for auka deltaking og medverking frå kvinner. I samråd med departementet skal forvaltninga følgje opp forslaga i evalueringa og i gjennomgangen av reindriftskvinnenes stilling.

Tilskottsforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal medverke til at tilskottsordningar blir nytta systematisk for å oppnå ei større verdiskaping gjennom eit enklare og betre regelverk. I 2005 skal Reindriftsforvaltninga sørgje for å føre vidare arbeidet med å leggje til rette for elektroniske sjølvbetjeningsløysingar i forvaltning, systemutvikling og gi innspel til forenklingar i dei økonomiske verkemidla over reindriftsavtalen. Vidare skal forvaltninga arbeide for å sikre rask og lik behandling av dei einskilde utøvarane i dei ulike reinbeiteområda. Som ein del av kontrollarbeidet skal forvaltninga halde fram med å telje rein i dei ulike reinbeiteområda, og då prioritere reinbeiteområda i Finnmark. Ved større avvik mellom teljing og utøvarane sine eigne rapporteringar skal det setjast inn tiltak.

Reindriftsforvaltninga skal delta aktivt i arbeidet med å utvikle konfliktførebyggjande tiltak i høve til andre næringsinteresser. Ein må t.d. sørgje for at konfliktane blir reduserte mest mogleg gjennom vilkår og rettleiing i dei tilfella der gjerdebygging og bruk av motoriserte hjelpemiddel er påkrevd.

Samhandling - rettleiing og informasjon

Reindriftsforvaltninga må drive aktiv informasjonsverksemd om sine ansvarsområde overfor eit større publikum, og formidle informasjon om utviklinga i reindrifta og dei sentrale verdiane som reindrifta tar vare på.

Dokumentasjon av reindrifta sin arealbruk og sine rettar er avgjerande for næringa si framtid. Nettverk og alliansar til andre offentlege organ skal gjerast kjent og auke aksepten for reindrifta sitt nærvær. Vidare er det stilt krav om nær kontakt mellom næringa sine representantar og Reindriftsforvaltninga for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som avgjerande grunnlag for å nå målet om ei berekraftig utvikling.

Internadministrasjon

Reindriftsforvaltninga skal vere ei verksemd som utnyttar sine ressursar på ein effektiv måte, og som gjennom forvaltning og rådgiving sikrar brukarane effektive tenester.

Reindriftsforvaltninga skal vidareføre innsatsen mot utvikling av personal- og lønspolitikk, kompetanseoppbygging, organisasjonsutvikling, økonomistyring, leiarutvikling, einsarta forvaltning, interne driftsoppgåver samt IKT. I høve til kompetanseoppbygging skal forvaltninga særleg prioritere opplæring av dei tilsette i samisk språk

Post 01 Driftsutgifter

Posten skal dekkje Reindriftsforvaltninga sine driftsutgifter. Ordninga med kvinne- og familieretta tiltak i reindriftsnæringa blir ført vidare.

Landbruks- og matdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med inntil 0,5 mill. kroner ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. framlegg til vedtak III.

Post 45 Store utstyrskjøp og vedlikehald

Ein gjer framlegg om ei løyving på 3,23 mill. kroner til vedlikehald av konvensjonsgjerda.

Post 70 Tilskott til fjellstover

Formålet med tilskottet er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng til m.a. reingjetarane. Ein har i dag tre statseigde fjellstover og i tillegg kontrakt med fire private om fjellstovehald. Ein gjer framlegg om ei løyving på 659 000 kroner i 2005.

Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark

Ein gjer framlegg om ei løyving på 9 mill. kroner i samband med oppfølging av Reindriftsstyret sitt vedtak om høgste reintal for sommarbeitedistrikta i Vest-Finnmark reinbeiteområde. Midlane skal nyttast til utbetaling av bonus til dei som med basis i ein driftsavtale frivillig reduserer reintalet eller avviklar si reindrift, jf. St.prp. nr. 65 (2002-2003) og St.prp. nr. 1 (2003-2004) Landbruksdepartementet. Med utgangspunkt i desse driftsavtalene vil det òg bli utbetalt eit slaktetilskott på 5 kroner pr. kg reinslakt i sesongen 2004/2005. Formålet med tilskottet er å auke omsetjinga av reinkjøtt og gi slakteria moglegheit for å auka lagerhald av reinkjøtt. Tilskottet blir utbetalt til dei slakteria som gjennomfører slaktinga og gjeld dei kvanta som blir tatt imot frå verksemder som reduserer eller avvikler reindrift i Vest-Finnmark.

I tillegg til ei bonusordning for slakting av rein og eit slaktetilskott blir posten nytta til å dekkje utgiftene til enkelte prosjekt som initierast av Reindriftas ressurssenter. Senteret er eit viktig bidrag for å leggje til rette for arbeidsplassar som fører til auka verdiskaping, i og i tilknyting til reindrifta. Vidare skal posten dekkje utgiftene til forlenga omstillingsløn. Det har vist seg svært vanskeleg å få omstillarar over 55 år over i anna arbeid. For denne gruppa var det ikkje sett krav om aktiv omstilling. For å medverke til å gi denne gruppa ei verdig avslutning på arbeidslivet og for å hindre at dei tar opp att reindrifta, vil dei kunne søkje om forlenga omstillingsløn fram til den til ei kvar tid gjeldande ordinære pensjonsalder etter folketrygdlovgivinga. Føresetnaden for å kome inn under ordninga er at vedkomande si driftseining blir avvikla. Ordninga vil bli finansiert innanfor løyvinga til omstillingstiltak. For å dekkje trongen for omstillingsløn i 2005 gjer ein framlegg om ei løyving på om lag 2,5 mill. kroner.

Samla gjer ein framlegg om ei løyving på om lag 11,5 mill. kroner under posten i 2005.

Kap. 4147 Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 1147)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Refusjonar m.m.

1 417

29

30

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

129

18

Refusjon sjukepengar

272

Sum kap. 4147

1 818

29

30

Kap. 1148 Naturskade - erstatningar og sikring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

70

Tilskott til sikringstiltak m.m. , kan overførast

14 849

8 089

8 089

71

Naturskade, erstatningar , overslagsløyving

107 415

66 000

60 000

Sum kap. 1148

122 264

74 089

68 089

Mål og strategiar

Statens naturskadeordning gir erstatning for naturskadar som det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning. Statens naturskadeordning skal òg fremme sikring mot naturskadar m.a. gjennom å gi tilskott til sikringstiltak og ved samhandling med andre aktørar innanfor sikringsområdet.

Statens naturskadeordning er organisert med eit styre, ei ankenemnd og eit sekretariat. Statens landbruksforvaltning (SLF) er sekretariat for styret. SLF førebur sakene for styret og ankenemnda og gjer etterarbeidet som følgjer av vedtaka i styret og ankenemnda. SLF har òg det administrative ansvaret for ordninga. Styret og SLF skal syte for at krav om erstatning for naturskadar og søknader om tilskott til sikringstiltak får ei rask og forsvarleg behandling. SLF skal dessutan raskt kunne setje inn ein målretta og utvida innsats når naturkatastrofar oppstår.

Budsjettforslag 2005

Post 70 Tilskott til sikringstiltak m.m.

Statens naturskadeordning skal medverke til å fremme sikring mot naturskadar gjennom økonomiske tilskott til sikringstiltak og farevurdering. Det skal prioriterast å gi tilskott til kommunar med spesielt vanskeleg økonomi og stort sikringsbehov.

I 2005 gjer ein framlegg om ei løyving på om lag 8,1 mill. kroner. Ein gjer framlegg om ei tilsegnsfullmakt for 2005 på 2 mill. kroner, jf. tabell 2.10 og forslag til vedtak IV. Dette vil gjere det mogleg å gi nye tilsegn for 9,7 mill. kroner. Sikringsbehova vil prioriterast innan denne ramma.

Eit stort fjellparti, Åkerneset, i Stranda kommune er ustabilt og det er risiko for ras. Dersom dette skjer vil det føre til katastrofale øydeleggingar. For å kunne overvake fjellmassane og gjere varsling mogleg er det behov for nye undersøkingar og installering av nytt overvakingsutstyr. Departementet har lagt til grunn at søknad om økonomisk støtte til dette arbeidet blir prioritert av styret for Statens naturskadefond innanfor ei ramme på 4 mill. kroner, slik at arbeidet kan bli følgd opp i 2004. Departementet har lagt til grunn kommunal og fylkeskommunal medfinansiering til dette prosjektet. Denne saka aktualiserar fjellovervaking i ein breiare samanheng. Departementet vil saman med andre aktuelle departement vurdere det vidare arbeidet på dette området.

Tabell 2.10 Tilsegnsfullmakt sikringstiltak

  (i mill. kr)

Beløp

Ansvar pr. 1.1.2004

13,1

Tilsegn 2004

8,1

Sum

21,2

- (løyving 2004+overførte midlar)

20,8

Ansvar pr. 31.12.2004

0,4

Nye tilsegn 2005

9,7

Sum

10,1

Forslag til løyving 2005

8,1

Tilsegnfullmakt 2005

2,0

Post 71 Naturskadeerstatningar

Løyvinga til naturskadeerstatningar er tilpassa år med gjennomsnittleg skadeomfang. Erstatningane blir utbetalt etter at skaden er utbetra. Fristen for utbetring er tre år, og dette verkar inn på den årlege utbetalinga. Styret skal gi ei rask og forsvarleg behandling av krav om erstatning som er heimla i naturskadelova. Landbruks- og matdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av rapportar om økonomi og saksbehandling og i styringsdialogen.

Dei som blir råka av naturskade, har på visse vilkår rett til erstatning etter lova. Posten dekkjer erstatningar i samsvar med lova. I tillegg blir det dekt rettferdsvederlag, utgifter til taksering, m.a. av skadar, samt nødvendige utgifter til ekstrahjelp og utvikling av IKT-system for verksemda.

Styret kan totalt gi tilsegn for inntil 2 mill. kroner til forskingsprosjekt, informasjonstiltak og andre aktivitetar som medverkar til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulykker, eller å auke effekten av dei ressursane som nyttast på naturskadeområdet.

Etter naturskadelova kan det setjast som vilkår for utbetaling av erstatning, at skaden blir utbetra på ein slik måte at faren for naturskade minkar. Dette gjeld både utbetringar på skadeobjektet og gjennomføring av mindre sikringstiltak som er knytt til skadeutbetringa. For slike sikringstiltak kan ein òg over denne posten gi tilskott på maksimalt 25 000 kroner pr. sak til den skadelidne til dekning av desse meirkostnadene. Løyvinga på post 71 skal dekkje innfriing av både nye tilsegner og uteståande tilsegner frå tidlegare år. Ut frå dette gjer ein framlegg om ei løyving på 60 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 41 mill. kroner, jf. tabell 2.11og forslag til vedtak IV.

Departementet har med verknad frå 16. mars 2004 gjort endringar i reglane om taksering av skadar på skog og i reglane om erstatningsutmåling. Takseringsreglane for naturskadar på skog er endra slik at dei i større grad harmoniserer med forsikringsselskapet Skogbrand sine reglar, medan den delen som den skadelidne sjølv må dekkje ved berekning av erstatning er auka frå 4 000 kroner til 10 000 kroner. Endringane er ei oppfølging av Stortinget si behandling av statsbudsjettet for 2004, jf. Budsjett-Innst. S. nr. 8 (2003-2004).

Departementet orienterte i St.prp. nr. 1 (2003-2004) Stortinget om at departementet vil vurdere nærmare Naturskadefondet sine oppgåver framover m.a. i forhold til dei alminnelege forsikringar, og kome attende til dette seinare. I samband med budsjettbehandlinga hausten 2003, jf. Budsjett-innst. S. nr. 8 (2003-2004) uttala næringskomiteen sine medlem frå Høgre og Kristeleg Folkeparti at dei såg behov for ei nærmare vurdering av grensene mellom statens naturskadeordning og privat forsikring. Desse medlemmene bad departementet snarast setje i gang ein gjennomgang av naturskadeordninga med særleg vekt på ei vurdering av om dagens grenser er formålstenlege og eventuelt vurdere lovendringar. Departementet har gjort ein slik gjennomgang av ordninga og har sendt på høyring eit forslag til endring av naturskadelova og naturskadeforsikringslova som inneber at ansvaret for stormskade på skog og for naturskade på hageanlegg, gardsplassar og tilkomstvegar blir overført til alminneleg forsikring. Med omsyn til stormskadar på skog blir det likevel lagt opp til eit øvre tak der statens naturskadeordning skal tre inn i særlege katastrofesituasjonar for dei skogeigarane som har forsikra seg mot tap ved stormskade. Tryggleiksmessig vil lovbestemte forsikringsordningar gi same effekt som løyving over statsbudsjettet for dei som inngår forsikringsavtaler. For den enkelte forsikringstakar vil omlegginga innebere forenklingar ved å kunne halde seg til berre eitt selskap/etat, medan ulempene vil knytte seg til noko høgare kostnader. Det blir vidare lagt opp til at den øvre beløpsavgrensinga blir oppheva, slik at dei som lir skade vil få dekka 85 pst. av skaden sjølv kor stor han er samt at fristen for å melde frå om skade blir forlenga frå 1 til 3 månader. Høyringssvara viser at skognæringa er negative til forslaget om at staten ikkje lenger skal ha same ansvar ved stormskade på skog som i dag, medan forsikringsselskapet Skogbrand viser til at ei utvida forsikringsordning på dette området vil vere vanskeleg å få etablert før 01.01.2006.

Endringsforslaget inneber at kostnadene til den statlege naturskadeordninga vil reduserast med om lag 24 mill. kroner årleg i gjennomsnitt. Dei nødvendige forslag til endringar i naturskadelova og naturskadeforsikringslova vil bli fremma i ein Odelstingsproposisjon for Stortinget hausten 2004 med sikte på at endringane i regelverket trer i kraft frå 01.01.2005. Endringane har vore varsla i rimeleg god tid og departementet går ut frå at marknaden får på plass permanent forsikringsordning, eller om nødvendig mellombels forsikringsordning som gjeld frå same tid. Departementet ser i tillegg til desse lovendringane behov for ein breiare gjennomgang av naturskadeordninga der m.a. tilhøvet mellom bruk av sikringstiltak og erstatningar generelt vil gå inn. Departementet vil setje i gang dette arbeidet og kome tilbake til saka seinare.

Tabell 2.11 Tilsegnsfullmakt naturskade­erstatningar

(i mill. kr)

Beløp

Ansvar pr. 1.1.2004

52,1

Tilsegn 2004

70,9

Sum

123,0

-(prognose erstatningsutbetalingar 2004)

76,0

Ansvar pr. 31.12.2004

47,0

FoU-tilskott, takseringskostnader mv.

6,0

Nye tilsegn 2005

48,0

Sum

101,0

Forslag til løyving 2005

60,0

Tilsegnsfullmakt 2005

41,0

Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

50

Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)

294 000

295 500

51

Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket

3 066

3 170

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket , kan overførast

39 000

37 500

Sum kap. 1149

336 066

336 170

Dette kapitlet var nytt i 2004. I samband med jordbruksforhandlingane i 2003 blei det bestemt at ein skulle flytte delar av løyvingane til Landbrukets utviklingsfond (LUF) ut av jordbruksavtalen frå budsjettåret 2004, jf. St.prp. nr. 70 (2002-2003) Om jordbruksoppgjøret 2003 - endringer i statsbudsjettet for 2003 m.m. Løyvingane som er flytta ut av kap. 1150 post 50, er samla under nytt kap. 1149 post 50 og femner om ei rekkje nærings- og utviklingstiltak, m.a. verdiskapingsprogram, konkurransestrategiar, og eigne tiltak innanfor skogbruk og bioenergi, jf. kap. 1150 for ei nærare omtale av ordningar innanfor jordbruksavtalen.

Post 50 Landbrukets utviklingsfond

Landbrukets utviklingsfond får løyvd midlar over jordbruksavtalen og utanfor denne. Fondet er renteberande, samstundes som utgifter til administrasjon blir dekt over fondet. LUF hadde pr. 31.12.2003 ein eigenkapital på 2 421 mill. kroner. Av kapitalen var 851 mill. kroner inneståande i Noregs bank og 1 571 mill. kroner var lånt ut. For nærare detaljar kring LUF blir det vist til St.prp. nr. 66 (2003-2004).

Ein gjer framlegg om ei løyving for budsjettåret 2005 på 295.5 mill. kroner under kap. 1149, post 50. Tildelingsramma blir vidare fastsett ut frå denne løyvinga med tillegg av renter, samt unytta midlar frå tidlegare år, slik det går fram av oppsettet under:

(i mill. kr)

Renteinntekter fordelt til kap. 1149

7,1

Unytta midlar frå tidlegare år

13,0

Løyvingsframlegg kap. 1149.50 for 2005

295,5

Framlegg om tildelingsramme

315,6

Departementet vil gjennom retningslinjer for internrekneskap i LUF sikre at bruken av midlar innanfor og utanfor jordbruksavtalen, blir slik som føresett. Den meir detaljerte fordelinga av tildelingsramma går fram av tabellen under.

Tabell 2.12 Oversikt over tildelingsramme for LUF utanfor jordbruksavtalen i 2003, 2004 og framlegg om ramme for 2005

    (i mill. kr)

2003

20041

2005

Samisk utviklingsfond (SUF)

2,0

2,0

2,0

Verdiskapingsprogrammet for mat (inkl. konkurransestrategiar - SPIN, Matmerk og offentlege strategiar)

95,0

95,0

114,6

Konkurransestrategiar for norsk mat

27,5

22,5

Sentrale bygdeutviklingsmidlar (BU-midlar) (inkl. Landbruk Pluss)

39,0

43,0

38,0

Bioenergi

15,0

11,6

23,0

Skogbruk

143,0

133,4

133,0

Mat, skole og helse (ny satsing)

5,0

Sum tildelingsramme utanfor jordbruksavtalen (kap. 1149)

321,5

307,5

315,6

1 Etter Stortinget si behandling av RNB 2004.

Mål og strategiar

Det vil bli utarbeida ein nasjonal strategi for næringsutvikling som vil gjelde for bruken av alle midlar frå Landbrukets utviklingsfond, samt for verdiskapingsprogrammet for trevirke. Den nasjonale strategien skal danne ei overbygning for bruken av desse midlane og utgjere eit Landbruk Pluss verdiskapingsprogram, jf. kat. 15.30. Hovudmålet under strategien vil vere auka lønsemd gjennom nyskaping og effektivisering av produksjon av både varer og tenester og som er retta inn mot aktuelle og moglege marknadskrav.

Kvart fylke skal vidare utarbeide sin regionale strategi for landbruktilknytta næringsutvikling, som grunnlag for det enkelte fylket sine prioriteringar innanfor næringsutvikling.

Figur 2.2 Landbruks- og matdepartementet sin strategi som overbygning
 for dei ulike satsingsområda.

Figur 2.2 Landbruks- og matdepartementet sin strategi som overbygning for dei ulike satsingsområda.

Resultatrapport 2003 for LUF-midlar utanfor jordbruksavtala

Samisk utviklingsfond

Dei seinaste åra er det løyva midlar frå LUF og Reindriftens utviklingsfond (RUF) til Samisk utviklingsfond (SUF) for å støtte opp under kombinasjonsnæringar der reindrift inngår. Formålet er å auke verdiskapinga i og i samband med reindriftsnæringa. Midlane skal primært brukast til støtte og utvikling av binæringar i reindrifta.

Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon (inkl. konkurransestrategiar)

Om lag 80 pst. av midlane innanfor Matprogrammet i 2003 gjekk til nyskapings- og bedriftsutviklingsprosjekt. Handlingsområdet for verdiskapingsprogrammet strekkjer seg frå mobiliseringstiltak via kompetanseheving og til nyskapingsprosjekt med utgangspunkt i landbruket sine ressursar. Landbruksdepartementet si støtte til merkeordninga Godt Norsk gjekk inn i den samla støtta til Matmerk i 2003. Merkeordninga Beskyttede betegnelser blir forvalta av Matmerk og har som mål å utvikle regional og lokal matproduksjon, samt kome i møte forbrukarane sine ønskjer om kvalitetsprodukt. I 2003 blei òg fisk og fiskeprodukt inkludert i denne ordninga. Tilskott til marknadsretta produktutvikling blir forvalta av Senter for produktinnovasjon i Noreg (SPIN) og har som formål å styrkje næringsmiddelindustrien si konkurransekraft ved å auke kompetansen om produktutvikling og marknadsorientering.

Dei sentrale bygdeutviklingsmidlane (inkl. Landbruk pluss)

Dei sentrale bygdeutviklingsmidlane (BU-midlane) blir nytta til prosjektretta verksemd og tiltak av landsomfattande karakter innanfor områda reiseliv, likestilling og nasjonale utviklingsprosjekt.

Marknadsføringssamarbeidet og Noregssatsinga er hovuddelen i departementet si satsing på landbruksbasert reiseliv. Formålet med dette er å byggje opp under den natur- og kulturbaserte reiselivsnæringa og leggje til rette for auka lønsemd i småskala reiselivsverksemder knytt til landbruket.

Utmarksmidlanegjekk i 2003 til prosjektet Næringsutvikling og driftsplanlegging i utmark, Norsk hjortesenter på Svanøy, nasjonalt program for næringsmessig utnytting av ferskvassfisk, handlingsplan for næringsutvikling i utmark, reiselivsprosjekt i utmark og foreininga Norske Småkraftverk.

Norsk Bygdeturisme arbeider for å ta vare på interessene til småskala- og temabaserte reiselivsbedrifter. Norsk Gardsmat er ein organisasjon med bønder som produserer og sel eigenproduserte matvarer, driv med servering og overnatting. Dei to organisasjonane er i 2004 slått saman til ein organisasjon.

Prosjektet Landbruksbygg i arktiske strøk frå 2000 til 2007 skal utvikle betre og billigare bygningar for mjølkeproduksjon.

Det er òg gitt delfinansiering til Forskningsprosjekt korn som skal klargjere moglegheitene for å ta i bruk meir eigenproduserte, proteinrike kraftfôrråvarer til husdyr.

Det toårige prosjektet med to pilotfylke for likestilling, Rogaland og Nord-Trøndelag, blir avslutta sommaren 2004.

Fleire pilotprosjekt er òg sett i gang som ein del av arbeidet med å utvikle Landbruk pluss.

Bioenergi

Bioenergiprogrammet har som mål å fremme produksjon av biobrensel og verdikjeder basert på råstoff frå landbruket og ferdigvarmeleveransar frå aktørar i landbruket. Innovasjon Noreg forvaltar programmet. To tredjedelar av dei tildelte midlane i 2003 gjekk til brenselsproduksjon. Det er registrert ei auka interesse for bioenergi både i primærnæringa og i skogeigarorganisasjonane, men òg ei viss avventande haldning knytt til at el-avgifta blei fjerna frå 01.01.2004. Erfaring syner elles at investeringar i det omfanget oppstart av bioenergiproduksjon krev, fører til at det tek noko tid før konkrete søknader ligg føre. Frå og med 2004 blir det òg nytta midlar frå programmet til kompetansehevande aktivitetar og utreiingar.

Skogbruk

Det blei ikkje løyvd tilskott til skogkulturtiltak i 2003. Til saman blei det investert 112 mill. kroner i skogkulturtiltak i 2003. Dette var ein reduksjon på 50 pst. i høve til 2002. Totalt blei det planta til eit areal på 115 000 dekar og utført ungskogpleie på 119 000 dekar. Vidare blei det løyvd 50 mill. kroner til bygging av nye vegar og ombygging av eksisterande vegar. Det blei totalt investert 149 mill. kroner i slike formål. Ombygging av gamle vegar til moderne skogsbilvegar utgjorde hovudaktiviteten på skogsvegsida. Totalt blei det ombygd 410 km bilvegar, ein nedgang på 18 pst. Det blei bygd 130 km bilvegar og 382 km traktorvegar, reduksjonar på høvesvis 31 pst. og 37 pst. Det blei i 2003 brukt om lag 13 mill. kroner i tilskott til særleg tyngjande miljøomsyn i skogbruket.

Oppslutninga om landsdekkjande tiltak i form av kurs og opplæring har vore tilfredsstillande. Blant kursdeltakarane var 10 pst. kvinner, noko som er på same nivå som året før. Det blei òg arrangert korte distriktskurs for skogsarbeidarar og yrkesaktive skogeigarar i kystfylka. Løyvingane til kurs og opplæring var 14 mill. kroner i 2003.

Det blei gjennomført ein ordinær runde med resultatkontroll i 2003. Denne syner at knapt 22 pst. av foryngingsarealet ikkje var lagt til rette for forynging to år etter avverking. Vidare syner kontrollen at skogbruket tek gode miljøomsyn ved til dømes gjensetting av kantsoner og oppretting av kjøreskadar.

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) har arbeidd med ein større gjennomgang av resultatkontrollen med sikte på å finne betre koplingar mellom offentleg skogovervaking og den private sertifiseringskontrollen. Resultatkontrollen i skogbruket skal sjåast i samanheng med det arbeidet departementet gjer for å utvikle rapporteringsopplegg i tilknyting til KOSTRA-systemet.

Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar blei gjennomført i tråd med planane for 2003. Det blei løyvd 40 mill. kroner, og det blei taksert om lag 4 mill. dekar og utarbeidd planar for 3,3 mill. dekar. Ekstrasatsinga på miljøregistreringar har i tillegg ført til at nyare skogbruksplanar er supplerte med miljøregistreringar. Totalt sett er det registrert miljøverdiar på 8,5 mill. dekar i 2003.

I 2003 blei det òg arbeidd med tiltak for å effektivisere skogbruksplanlegginga. Dette er viktig for å kutte kostnader og tilpasse kvaliteten på arbeidet betre til behova.

Budsjettframlegg 2005

Utarbeidinga av Landbruks- og matdepartementet sin strategi for næringsutvikling vil gi retningsliner for korleis dei ulike satsingane bør innrettast for å få best resultat. Hovudmålet under strategien vil vere auka lønsemd gjennom nyskaping og effektivisering. Landbruks- og matdepartementet vil på dette grunnlaget gi føringar på bruken av verkemidla.

Samisk utviklingsfond

Overføringa til Samisk Utviklingsfond (SUF) for å betre rammevilkåra for næringskombinasjonar i samiske område, blir foreslått ført vidare. Ein tek sikte på eit betre organisert samarbeid mellom bruken av midlar i SUF og dei fylkesvise BU-midlane, særleg i Finnmark.

Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon ( inkl. konkurransestrategiar )

Departementet gjer framlegg om ei vidareføring av Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon i 2005. Arbeidet med å styrke marknadsposisjonane til norsk mat er viktig i samband med at mengda importert mat aukar. For å utvikle lønsame verksemder vil ein i større grad sjå verkemidla knytt til næringsutvikling i samanheng, frå råvareproduksjon til vidareforedling, distribusjon og sal i marknaden. Det vil bli lagt meir vekt på aktuelle og mulige marknadskrav for både primærproduksjonen og næringsmiddelindustrien. Dei siste ledda i verdikjeda, slik som distribusjon av produkt og presentasjon i marknaden, vil bli prioritert.

I tillegg gjer ein framlegg om å støtte Konkurransestrategiar for norsk mat, gjennom stiftelsen Matmerk sitt arbeid med Godt Norsk og dei lovbeskytta betegningane, samt dei offentlege profileringsstrategiane (Grüne Woche, Ungt entreprenørskap på matområdet, matkurs i skolar og barnehagar). Innanfor løyvinga vil det bli avsett midlar til EXPO 2005 i Aichi i Japan. Det er òg starta eit interdepartementalt samarbeid om mat og matkultur som Norgesprofilering.

I samband med satsinga på Beskyttede betegnelser(gjennom Matmerk) vil arbeidet med Godt Norsk, inkludert marknadskampanjar, bli prioritert lågare, men Matmerk vil halde fram kvalitetsarbeidet med merkeordninga Godt Norsk. Departementet vil vidare vurdere ein gjennomgang av merkeordningane.

Det blir òg lagt opp til å vidareføre arbeidet innanfor Senter for produktutvikling i næringsmiddelindustrien (SPIN) til produsentretta prosjekter.

Dei sentrale bygdeutviklingsmidlane (inkl. Landbruk pluss)

Dei sentrale bygdeutviklingsmidlane (BU-midlane) skal vere med å styrkje landbruksbasert reiseliv og støtte nasjonale utviklingstiltak. Midlane går til prosjekt av landsomfattande og fylkesovergripande karakter med innovasjon og næringsutvikling som siktemål.

Satsinga på landbruksbasert reiseliv inkluderar marknadsføringssamarbeidet, Norgessatsinga, utmarksmidlane til reiseliv og støtte til den felles organisasjonen for Norsk Bygdeturisme og Gardsmat. Arbeidet for å få betre styring og koordinering av satsingane, er enklare etter opprettinga av Innovasjon Noreg. Natur, kultur, utmark, kulturlandskap og aktivt drivne gardsbruk som grunnlag for alternative inntektskjelder, har ein sentral plass i satsinga. Produksjon av mat og andre landbruksprodukt gir òg ei rekkje fellesgode til befolkninga som kan settast saman til opplevingsprodukt, m.a. ope landskap, biologisk mangfald, lokal matkultur, kulturminne, reise- og friluftsliv.

Ein gjer framlegg om å vidareføre støtte til Forskingsprosjektet korn som er planlagt avslutta i 2006. Det same gjeld støtte til prosjektet for utvikling av landbruksbygg i arktiske strøk der fase 2 blir avslutta i 2007. Det vil òg bli gitt utviklingsmidlar gjennom Innovasjon Noreg, m.a. for å styrkje nettverk mellom landbruk og andre næringar og tiltak for å fremme ungdom og kvinner si stilling i landbruket.

I arbeidet med å utvikle Landbruk pluss er det sett i gang ulike prosjekt som skal gi kunnskap og erfaringar til det vidare utviklingsarbeidet. Senter for bygdeforsking er i gang med eit følgjeforskingsprosjekt for å følgje kommunane med sine nye oppgåver. Fylkesmannen i fleire fylker jobbar med å utvikle dialogen med kommunane gjennom konkrete prosjekt innan arealforvalting og næringsutvikling, og departementet startar opp eit prosjekt for å styrkje kommunane som næringsutviklingsaktør. Dette blir gjort i eit samarbeid med Innovasjon Noreg, Kommunal- og regionaldepartementet og Kommunanes Sentralforbund. Det vil òg bli løyvd midlar til pilotprosjekt i kommunar og fylker innan næringsutvikling, busetting og eigedomspolitikk som skal byggje opp under strategiane i Landbruk pluss. Arbeidet med Innlandet 2010 står sentralt i dette arbeidet.

Bioenergi

Departementet vil styrkje satsinga på bioenergi innan landbruket. Det blir lagt særleg vekt på å utvikle og styrkje forretningsmessige konsept der landbruket ikkje berre er ein råvareleverandør, men òg ein aktør lengst mogleg ut i verdikjeda. Dette er ein bevisst næringspolitisk satsing for å skape inntekt og arbeidsplassar knytt til landbruksnæringa. Satsinga vil òg underbyggje regjeringa sine energi- og klimapolitiske målsetjingar og ha positive verknader i høve til kulturlandskapet. Vidare vil det vere eit mål at satsinga kan medverke til å utvikle berekraftige og effektive løysingar for uttak av biobrensel frå skogen.

Frå hausten 2004 blir målområdet for bioenergiprogrammet utvida til å omfatte gardsanlegg kor det blir drive med tilleggsnæringar, flytande biobrensel og pilotanlegg for produksjon av flis/energiråstoff.

Ramma for programmet blir for 2005 auka til 23 mill. kroner. Av ramma skal 5 mill. kroner vere øyremerkt til utviklingsprosjekt for flytande biodrivstoff med basis i råstoff frå landbruket, der hovudprioritet vil bli gitt til innlandsregionen på Austlandet. Dette er eit ledd i regjeringa si satsing på biodrivstoff. Regjeringa vil òg vurdere andre tiltak og kome attende med forslag til ein auka nasjonal satsing, innan 01.07.2005. Vurderinga vil skje på tvers av ulike sektorar og langsetter heile verdikjeda. Satsinga er nærare omtala i St.prp. nr. 1 (2004-2005) for Samferdselsdepartementet.

Skogbruk

Løyvingane til skogbruk under LUF får ei ramme på 133 mill. kroner. Departementet har valt å synleggjere fordelinga på hovudtiltaka, slik som tabell 2.13 syner.

Tabell 2.13 Fordeling av midlane til skogbruk for 2004 og 2005

    (i mill. kr)

Hovudtiltak

20041

2005

Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket

95

95

Tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, landsdekkjande tiltak og omstillingstiltak innan skogplanteforsyninga

38,4

38

Sum

133,4

133

1 Etter Stortinget si behandling av RNB 2004

Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket blir fordelt til kommunane. Det er i alt sett av 38 mill. kroner til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar og landsdekkande tiltak. Det vil bli noko mindre midlar til skogbruksplanlegging og landsdekkande tiltak i 2005 enn i 2004, då det innanfor dette beløpet er sett av 1,5 mill. kroner til omstillingstiltak for skogplanteskolane.

Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Midlane som kommunane vil få til disposisjon er sentrale i ei heilskapeleg satsing på næringsverksemda i skogbruket og aktiv ivaretaking av verdiane i kulturlandskapet. Midlane som her blir stilt til rådvelde for kommunane kan brukast til tiltak innanfor skogkultur, skogsvegbygging, særlege miljøtiltak i skogbruket og andre tiltak. Kommunane kan sjå desse midlane til skogbruksformål i samanheng med miljømidlane over jordbruksavtalen. Dette gir kommunane stor fridom. Det er utarbeida eigne regelverk for bruken av midlane.

I dette regelverket opnar ein for at midlane kan brukast til ungskogpleie og andre tiltak som medverkar til betre kvalitet på skogen. Det kan òg bli gitt tilskott til skjøtsel av skog i kantsona langs vatn, vassdrag og dyrka mark og til skjøtsel av skog i samband med kulturminne. Desse tiltaka er òg viktige ledd i det samla kulturlandskapsarbeidet. Det kan ikkje bli gitt tilskott til planting over denne posten.

Tilskott kan bli gitt både til nybygging og ombygging av skogsvegar. Utbetalingane til slike tiltak skal over ei fireårsperiode avgrensast til maksimalt 50 pst. av dei totale utbetalingane til skogbrukstiltak. Det kan i tillegg bli gitt tilskott for å dekkje tyngjande meirkostnader og vesentlege reduserte inntekter knytt til det å ta vare på viktige miljøverdiar.

Tilskott til skogsdrift med taubane, hest o.a. kan bli gitt for å auke avverkinga i bratt og vanskeleg terreng, og for å fremme bruk av miljøvennlege løysingar i slike område. Desse områda har store skogressursar, og virke frå bratt terreng er ein viktig del av virkesforsyninga for mange små og mellomstore sagbruk.

Departementet opnar òg for tilskott til investeringar i mindre nærings- og miljøtiltak som ikkje omfattast av andre ordningar (fylkesvise BU-midlar, verdiskapingsprogram m.fl.), til dømes til fellestiltak for auka avsetnad av skogsvirke til bioenergi.

Tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar og landsdekkjande kompetansetiltak

Skogbruksplanane gir kunnskap om skogressursane og miljøverdiane på den enkelte eigedom. Planane skal medverke til at skogeigarane driv skogen sin på best mogleg vis både når det gjeld verdiskaping, ressursforvaltning og ivaretaking av miljøoppgåver. Miljøregistreringar som er utvikla i samband med prosjektet Miljøregistreringar i skog (MiS-prosjektet) er ein viktig del av skogbruksplanlegginga. Effektivisering, kvalitetsheving og auka medverknad frå skogeigarane står sentralt i departementet si oppfølging av skogbruksplanlegginga. Departementet vil framover arbeide aktivt for å redusere kostnadane knytt til slik planlegging.

Tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar skal inngå i ramma som Fylkesmannen løyver til kommunane. På grunn av at det meste av slik planlegging blir gjennomført som kommunevise eller områdevise opplegg, vil det gå om lag 15 år mellom kvar gong den enkelte kommune skal gjennomføre slik planlegging. Det er derfor utarbeidd hovudplanar som kommunane har gitt innspel til og som vil bli brukt som grunnlag når Fylkesmannen fastsett løyvingsramma til kommunane. Det vil og bli løyvd midlar frå denne underposten til kompetansesenteret for skogbruksplanlegging (NIJOS).

Auka kompetanse er nødvendig for å nå måla om auka verdiskaping og betre kvalitet på miljøarbeidet i skogbruket. Departementet gjer derfor framlegg om støtte til kurs og kompetanshevingstiltak retta mot skogeigarar, skogsarbeidarar og andre, hovudsakeleg i regi av Skogbrukets Kursinstitutt (Aktivt skogbruk mv.). Departementet vil i løpet av vinteren 2004-2005 greie ut grunnlaget for avgjerd om korleis kunnskap og informasjon som i dag blir produsert ved Skogforsk, NIJOS og dei oppgåvene ved Skogbrukets Kursinstitutt som blir finansiert over statsbudsjettet, kan utviklast, samordnast og effektiviserast slik at dei blir best mogleg eigna i høve til forvaltninga og samfunnet sine behov, jf. kat. 15.20. Det blir sett av særskilte midlar som tilskott til skogeigarlaga på Vestlandet og i Nord-Noreg, og tilskott til drift av lauvvirke til industriformål i nordlege delar av Nordland og Troms.

Grunna sviktande skogplantesal er skogplanteforsyninga ustabil i nokre regionar av landet. I revidert nasjonalbudsjett for 2004 løyva Landbruksdepartementet derfor 2 mill. kroner til omstillingstiltak i skogplanteskolar. Planteskolane har eit ytterlegare behov for omstillingsmidlar, men er ulikt kome i omstillingsarbeidet. Departementet går inn for å løyve 1,5 mill. kroner til omstillingstiltak innan skogplanteforsyninga. Bruk og fordeling av midlane vil bli avklart ved utgangen av første halvår 2005.

Mat, skole og helse

Landbruks- og matdepartementet vil styrkje arbeidet på matområdet. Det er sett av 5 mill. kroner til prosjekt på området mat, skole og helse. Det vil bli sett i gang utvikling og utprøving innan følgjande område:

  • produksjon og leveranse av lokal mat til måltid i barnehagar og skolar

  • økologisk mat i skolemåltidet, og

  • elevaktivitetar for produksjon av mat, skolemåltid mv.

Post 51 Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket

Ein gjer framlegg om ei løyving på 3,17 mill. kroner for 2005. Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kgl. res. datert 25.02.1977, med endringar sist av 16.12.2002. Prosjekt som får støtte frå fondet er m.a. retta mot verdiskaping og ressursforvaltning i skogsektoren innanfor gruppene forsking og utstyr, utviklingsprosjekt, informasjon og opplæring og stipend.

I styret for fondet er offentleg forvaltning og private organisasjonar innan skogsektoren representert. Sekretariatet ligg i Noregs forskingsråd.

Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 37,5 mill. kroner på denne posten i 2005. 35 mill. kroner av ramma er satt av til Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke (Treprogrammet). 2,5 mill. kroner er føresett brukt som støtte til transport av skogsvirke i Nord-Noreg.

Resultatrapport 2003

Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke (Treprogrammet)

Programmet blei skipa i 2000 og er omtalt i budsjettproposisjonane etter dette. Programmet er retta inn mot verksemder og andre aktørar i verdikjeda marknad - skog. Totalt har det i programmet i 2003 blitt sett i gang 79 prosjekt. Sentrale aktivitetar har m.a. vore utviklingsprogram ved utdanningsinstitusjonar, samt fleire prosjekt knytt til utvikling av trevirket sitt bruksområde, t.d. bruk av massivtreelement og overflatebehandling av trevirke. Programmet har i 2004 i større grad konsentrere seg om produktutvikling på bransje- og bedriftsnivå.

Innovasjon Noreg leiar programmet, og det er utvikla samarbeid mellom Fylkesmannen, Noregs Forskingsråd og Innovasjon Noreg for å utnytte og styrkje alle sin kompetanse innanfor fagfeltet. Programmet har i 2003 fått eit eige programstyre som har felles leiing med Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon.

Transportstøtte

Transportstøtteordninga blei frå og med 2003 fjerna som ei eiga ordning og lagt inn som ein del av tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket. Den direkte støtta til langtransport av virke frå vanskelegstilte område i Nord-Noreg blei halde på same nivå som tidlegare. I tillegg blei det gitt støtte til ferdigstilling av ei kai for utskiping av skogsvirke på Vestlandet.

Budsjettframlegg 2005

Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke (Treprogrammet)

Departementet ønskjer gjennom Treprogrammet å leggje til rette for heilskapeleg utvikling av verdikjeda marknad - skog. Programmet har som mål å auke bruken og foredlingsgraden av trevirke og såleis auke skogsektoren sitt bidrag til meir berekraftig produksjon og forbruk. Programmet vil arbeide vidare med å utvikle vekstområde for auka bruk av trevirke. For å realisere utvikling innan moglege vekstområde vil det vere nødvendig å sjå satsinga i samband med forskings- og utviklingsaktivitet innanfor næringa.

Transportstøtte

Ordninga med tilskott til langtransport av skogsvirke for Troms og dei nordlege delane av Nordland og Troms blir ført vidare. Departementet går inn for å halde oppe slik støtte på om lag same nivå i 2005 som i 2004.

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. (jf. kap. 4150)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

50

Fondsavsetningar

737 500

348 500

296 700

70

Marknadsregulering , kan overførast

237 754

250 500

208 000

73

Pristilskott , overslagsløyving

2 193 014

1 944 200

1 958 300

74

Direkte tilskott , kan overførast

6 712 563

6 778 685

6 482 285

77

Utviklingstiltak , kan overførast

498 070

228 710

225 110

78

Velferdsordningar , kan overførast

1 545 737

1 633 354

1 597 354

Sum kap. 1150

11 924 637

11 183 949

10 767 749

Kap. 1150 og kap. 4150 om Jordbruksavtalen er basert på at jordbruket har tingingsrett med staten om prisar, tilskott og andre reglar knytt til produksjon og omsetnad innanfor jordbruket (marknadsordningane). Jordbruksavtalen 2004-2005 som blei inngått mellom Staten, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag 24.05.2004 omfattar målprisane for perioden 01.07.2003 til 30.06.2004 samt tilskott som blir utebetalt i 2005. Avtaleverket for jordbruket har til formål å regulere tiltak som er egna til å fremme fastlagte mål for jordbruket, og som ikkje er uttømmande regulert ved lov, stortingsvedtak eller forskrift. Årets jordbruksoppgjer blei lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 66 (2003-2004) og behandla i Stortinget 15.06.2004, jf. Innst.S.nr. 260 (2003-2004).

Dette kapitlet omfattar løyvingar til gjennomføring av jordbruksavtalen i 2005.

Mange av dei største ordningane på kap. 1150 er tiltak der søkjarane har rett på tilskott dersom dei oppfyller alle vilkåra. Løyvinga er oftast styrt av satsar pr. eining og omsøkt volum. Volumet på dei einskilde underpostane vil variere frå år til år. Derfor ser departementet det som naturleg at et noko større behov på ein underpost kan dekkjast inn med ledige midlar på ei anna underpost på same løyving (post).

Mål og strategiar

Ordningane under jordbruksavtalen er nokre av dei viktigaste verkemidla for å følgje opp måla og retningslinene i landbrukspolitikken. For ei nærare omtale av mål og strategiar i jordbrukspolitikken for komande budsjettperiode viser ein til kapittel 1.3 samt kat. 15.30 og kap. 6 i St.prp. nr. 66 (2003-2004).

Dei langsiktige måla for jordbrukspolitikken blei sist fastlagt av Stortinget i samband med behandlinga av St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon. I tillegg til produksjon av trygg mat og andre varer og tenester med bakgrunn i forbrukarane sine behov, har hovudmåla i stor grad karakter av kollektive godar for samfunnet. Målstrukturen frå St.meld. nr. 19 (1999-2000) er skissert i figur 2.1 nedanfor.

Nokre av dei kollektive goda kjem som eit resultat av jordbruksproduksjonen i Noreg. Både klima, topografi og at produksjonen etter internasjonale mål skjer i ein småskala struktur gjer at jordbruket i Noreg har eit høgt kostnadsnivå. Derfor er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønsam produksjon over heile landet, og for å påverke måten produksjonen skjer på. Mange av tilskottsordningane fell i kategorien horisontale fordi dei verkar inn på fleire av dei kollektive goda samstundes. Det gjeld m.a. tilskottsordningar som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. I tillegg vil òg verkemiddel som er meir målspesifikke også kunne påverke andre mål.

Av både budsjettekniske omsyn og av omsyn til verkemåten til dei ulike økonomiske verkemidla, kan ein derfor ikkje sortere post for post på budsjettkapitlet i høve til hovudmåla. Derfor er det heller ikkje mogleg å ha ei spesifikk resultatrapportering på dei einskilde ordningane. Jordbruksavtalen og dei fleste verkemidla verkar saman og skal totalt sett gi rammevilkår for næringa som gir ei god måloppnåing for næringa og samfunnet. For den sist oppdaterte resultatrapporteringa visar ein til kap. 3 i St.prp. nr. 66 (2003-2004).

I tilknyting til måla for landbrukspolitikken slik som dei er vist i kapittel 1.2 vil vi ha verkemiddel for å nå fleire av desse både over jordbruksavtalen og på andre kapittel i budsjettet. Dette gjeld både økonomiske tiltak retta mot næringsutvikling, busetting og sysselsetting der løyvinga til Landbrukets utviklingsfond (LUF) er splitta på kap. 1150 og kap. 1149, verkemidla for mattryggleik m.m. dels finansiert gjennom løyvingar over kat. 15.10 i budsjettforslaget, dels ved avgifter. Produksjon av trygg mat er grunnleggjande også i næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter, og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Vi har også fleire juridiske verkemiddel som kan verke mot same mål som dei økonomiske. Saman med at dette er tiltak og rammer retta mot sjølvstendige nærings utøvarar, gjer dette at måloppnåinga ikkje kan målast på enkelttiltak, men må gjerast på indikatorar for utviklingstrekka i næringa samla sett.

Figur 2.3 Hovudmål og verkemidlar for næringspolitikken
 i jordbruket. Ei samla framstilling for måla i landbrukspolitikken
 er vist i kap. 1.2

Figur 2.3 Hovudmål og verkemidlar for næringspolitikken i jordbruket. Ei samla framstilling for måla i landbrukspolitikken er vist i kap. 1.2

Resultatrapport 2003

Landbruket er ei langsiktig næring der tilpassinga til endra rammer vil ta tid. Det er derfor viktig for næringsaktørane å førebu seg på endringar som kan kome i internasjonale og nasjonale forhold, blant forbrukarane, teknologi m.m. Dei ulike tiltaka over jordbruksavtalen skal gi dei næringsdrivande rammer som dei kan tilpasse seg innanfor ut frå situasjon. Jordbruksavtalen skal fremme utvikling i næringa og tilpassingar som i så stor grad som mogleg er i samsvar med måla for landbrukspolitikken.

Utviklinga i dei viktigaste resultatmåla for landbruket som har samanheng med verkemidla over jordbruksavtalen skjer gradvis over tid, og kan derfor i liten grad lesast over eit år. Også ein del av dei økonomiske resultata vil kunne påverkast av periodisering og andre forhold som gjer at utvilinga frå det eine året til det andre berre gir informasjon med avgrensa verdi. Ein del resultatmål er også påverka av andre forhold som renteutvikling og verdsmarknadsprisar med meir.

For ein detaljert statusrapport for resultata av jordbrukspolitikken fram til 2003 viser ein til kapitel 3 i St.prp. nr. 66 (2003-2004).

Nokre viktige utviklingstrekk er

  • Sett over tid har jordbruket hatt same utvikling i inntekt som andre grupper.

  • Produktivitetsutviklinga er stabilt høg i næringa, talet på driftseiningar som søkjer om tilskott går ned medan samla produksjon og jordbruksareal er relativt stabilt.

  • Nedgangen i talet på einingar har vore størst på Austlandet og Nord Noreg men det er ikkje store regionale forskjellar. Distrikta held oppe eller aukar sin relative del av den samla produksjonen.

  • Det har dei siste tiåra vore ein jamn nedgang i sysselsetjinga i jordbruket som i 2003 er rekna til 71 200 årsverk eller ca. 3,5 pst. av samla sysselsettinga i landet.

  • Arbeidet med næringsutvikling over Landbrukets utviklingsfond (LUF) styrkjer og utvidar næringsgrunnlaget i og i tilknyting til landbruket over heile landet.

  • Marknadsbalansen er god innanfor alle produksjonane med ei viss underdekning av storfekjøt.

  • 2003 var eit aktivt år på miljøområdet og utviklinga i omlegging til økologisk produksjon har vore tilfredstillande.

Tilpassing til økonomiregelverket i staten

Som gjort greie for under kat. 15.30 er det behov for tilpassingar i høve til normal prosedyre til tilskottforvaltning. Det vil her bli gjort nærare greie for hovudtrekka i tilpassingane i høve til ulike grupper ordningar, samt bruken av ulike aktørar i forvaltninga.

Marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott

Gruppa av tilskott utgjer ei rekkje ulike ordningar under jordbruksavtalen, jf. kap. 1150 postane 70 og 73, samt i eit mindre omfang under kap. 1150 post 77. Satsane er baserte på fastsette kriterium, som produktgruppe, levert volum og distrikt mm. Grunnlaget for tilskott, som blir utbetalt produsentane via eit omsetningsledd, vil normalt vere det same som grunnlaget for oppgjeret mellom omsetningsledd og produsent.

Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekkje verkemiddel som verkar samstundes mot dei same måla, jf. ovanfor. Det er difor ikkje føremålstenleg å rapportere om resultat av kvar einskild ordning, men på dei samla verknadene. Resultatrapporteringa skjer difor samla basert på rapporteringa frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med dei årlege proposisjonane om jordbruksoppgjeret. Rapporteringa frå Budsjettnemnda blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat som gir grunnlag for å vurdere korleis dei einskilde ordningane verkar. Landbruks- og matdepartementet meiner såleis at ein har etablert eit godt resultatrapporteringssystem for dei ikkje tiltaksretta ordningane.

Av andre viktige tilpassingar i høve til normalprosedyren kan nemnast at det normalt ikkje er tilskottsmottakar sjølv som søkjer då tilskotta blir utbetalt via eit omsetningsledd. Storleiken på tilskotta er ei direkte følgje av levert vare til omsetningsleddet. Omsetningsledda gjer som oftast ikkje eigne vurderingar i høve til forvaltninga av tilskotta. Dei vil difor normalt ikkje bli rekna som tilskottsforvaltarar, men medhjelparar. Vidare blir det ikkje sendt eige tilskottsbrev til produsentane. Tilskottsbeløpet går normalt fram av avrekninga for kvar leveranse. Det blir heller ikkje kravd rapport og det blir ikkje utført kontroll hos tilskottsmottakarane (produsentane) fordi tilskottet blir gitt mot levert vare. Nødvendig kontroll blir sikra ved kontroll hos omsetningsledda som leverer grunnlaget for utbetalingane og som formidlar tilskottet til den einskilde produsent.

Direkte tilskott og Velferdsordningar

Tilskottsordningane ligg under jordbruksavtalen kap. 1150 post 74 og 78 og er for dei direkte tilskotta basert på objektive kriterium som dyretal, areal, produksjonstype, mengd og distrikt. Satsane står i høve til løyvd beløp og prioriteringar mellom ulike produksjonstypar, produksjonsomfang og lokalisering av driftseiningane. Når det gjeld velferdsordningar utgjer desse særleg refusjon av utgifter til avløysar.

Ein står her overfor same problemstillinga når det gjeld målformulering og kriterium for måloppnåing som for gruppa av tilskottsordningar som er gjort greie for ovanfor. Også for ordningane med direkte tilskott og velferdsordningar vil resultatrapporteringa i hovudsak finne stad i rapporteringa i samband med jordbruksoppgjeret. I tillegg blir rapporteringa frå Budsjettnemnda supplert med vurderingsrapportar og statusnotat. Det er heller ikkje for denne gruppa av ordningar aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane. Vidare er det ikkje aktuelt å sende årlege oppdragsbrev til kommunane då deira oppgåver er fastsett i føresegner, vegleiingar mv., og arbeidet deira er ikkje styrt av ei budsjettramme knytt til kvar einskild kommune.

Kollektive overføringar

På einskilde område er det administrativt meir effektivt å overføre tilskott samla frå departementet/SLF og direkte til ein sams mottakar, t.d. Rikstrygdeverket, framfor først å utbetale tilskott til kvar produsent som igjen betalar inn til same sluttmottakar. Dei største kollektive overføringane har bakgrunn i at produsentar i jordbruket betalar redusert trygdeavgift, på line med lønnstakarar. Ordningane førekjem særleg under kap. 1150 post 78. Ei anna kollektiv overføring er innbetaling av omsetningsavgift for frukt og grønt, jf. kap. 1150 post 70.11.

Oppfølginga av desse ordningane vil berre vere å føre over løyvde beløp til rett mottakar. I tillegg må ein med mellomrom vurdere om ordningane verkar som føresett og om overføringane gir eit rett uttrykk for reelle utgifter.

Etablering av forvaltningsorganisasjon

Etter etableringa av Statens landbruksforvaltning i 2000 er hovuddelen av tilskottsforvaltninga delegert til dette statlege organet. Bruken av aktørar utafor statsforvaltninga er difor monaleg redusert. På ein del område legg ein likevel forvaltninga av einskilde tilskottordningar til organ som ikkje er ein del av statsforvaltninga. Dette gjeld særleg Innovasjon Norge, Statskog SF og såvareforretningar. Også kommunane har sentrale oppgåver i tilskottsforvaltninga, og omsetningsledda har som nemnd ovafor ei medhjelparrolle i kanaliseringa av tilskott fram til produsentane. I samband med at tilskottsforvaltninga blir gjennomgått, blir det òg lagt arbeid i å klargjere ansvar og oppgåver for desse eksterne aktørane.

På ein del område er det fastsett at eit oppnemnd styre, utval eller råd, ofte partssamansett, skal tildele tilskottsmidlar medan Statens landbruksforvaltning eller Reindriftsforvaltninga er sekretariat og førestår alle dei andre forvaltningsoppgåvene. I desse høve ser departementet det slik at tilskottsforvaltninga framleis skjer innanfor statsforvaltninga.

Jordbruksoppgjeret 2004

Jordbruksavtalen 2004-2005 er basert på dei prinsipp som er trekt opp i St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon, Innst. S. nr. 167 (1999-2000) frå Næringskomitéen, Regjeringa si Sem-erklæring og hovudmål for den økonomiske politikken.

Ved jordbruksoppgjeret i 2004 kom staten og jordbruket fram til ei forhandlingsløysing 15.05.2004 og sluttprotokollen blei underskriven. Styra i jordbruksorganisasjonane meddelte i brev av hendhaldsvis 15. mai og 26. mai at dei har godkjent avtalen.

Avtalen hadde ei ramme på -170 mill. kroner som innebar ei reduksjon i løyvingane over kap. 1150 på 410 mill. kroner, ei omdisponering av udisponerte beløp over jordbruksavtalen på 200 mill. kroner og ei auke i målprisane tilsvarande 40 mill. kroner. Avtalen legg til grunn at ramma gir grunnlag for ei auke i inntektene pr. årsverk på om lag 3 pst. frå 2004 til 2005 utan at det skjer ei ekstra auke i produktiviteten i matvarekjeda. I perioden 2002 til 2004 er det berekna ei auka inntekt for jordbruket på omlag 18 pst. pr. årsverk. I perioden 2002-2005 vil jordbruket såleis få ein vesentleg del av produktivitetsauken slik som Stortinget har sagt.

I jordbruksavtalen frå 2003 blei det semje om at ordningar som ikkje direkte er retta mot dei grupper som Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag representerer, og tiltak som har innverknad på konkurranseforhold ikkje skal ligge under jordbruksavtalen. Dette inneber at tilskott med samla løyving på vel 464 mill. kroner i 2004 blei flytta frå kap. 1150 og til andre kapittel på statsbudsjettet. Departementet følgjer opp dette prinsippet og foreslår i år at nokre fleire tiltak flyttast ut.

Frå jordbruksoppgjeret i 2003 blei det også vedteke at løyvingane over statsbudsjettet skal følgje kalenderår. Avtalte endringar i løyvingane i jordbruksoppgjeret gjeld for følgjande kalenderår. Det vil seie at jordbruksavtalen 2004 er basert på at Stortinget gjer vedtak om dei løyvingane i 2005 som er lagt til grunn i avtalen og lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 66 (2003-2004). Gjennom vedtak III i proposisjonen om jordbruksoppgjeret 2004 har Stortinget gitt Landbruks- og matdepartementet fullmakt til å sette i verk tiltak i høve til avtalen som er knytt til løyvingar over budsjettet i 2004.

Importvernet er ikkje forhandlingstema i jordbruksoppgjeret. Ramma for jordbruksavtalen 2004 og fordelinga av ho, er utforma innanfor Noregs plikter i høve til WTO. I avtalen er det lagt til rette for at Noreg no kan notifisere si støtte til areal som grøn støtte i WTO. Det flyttar omlag 3 mrd. kroner frå blå støtte til grøn støtte i Noreg si notifisering.

Jordbruksoppgjeret med omfordeling av løyvingar i 2004 og verknad for statsbudsjettet i 2005 blei lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 66 (2003-2004). I denne proposisjonen blir Stortinget invitert til å gjere dei budsjettvedtak for 2005 som følgjer av avtalen som Stortinget slutta seg ved behandlinga 15.06.2004 og gjennom Innst. S. nr. 260 (2003-2004).

Regelverk med verknad på strukturen i jordbruket

Då jordbruksavtalen blei behandla i Stortinget bad fleirtalet i Næringskomiteen departementet på eigna måte å leggje fram for Stortinget ei vurdering av konsekvensane av endra regelverk som har strukturverknad.

Ved behandlinga av St.meld. nr. 19 (1999-2000) sa fleirtalet i Næringskomiteen m.a. følgjande om strukturutvikling og utvikling av dei økonomiske verkemidla:

«Det er begrensninger i handlingsrommet for inntektsdannelsen framover. God utnytting av markedsmulighetene, økt mangfold, et balansert marked, strukturelle endringer og fornuftige kostnadstilpasninger vil i økende grad få betydning for at en slik inntektsutvikling kan oppnås».

«Flertallet er enig i at det i framtida blir en hovedutfordring å utforme de økonomiske virkemidlene slik at samfunnsmålene oppnås mest mulig effektivt samtidig som vareproduksjonen tilpasses markedet.»

«Flertallet er enig i at det er nødvendig å omfordele jordbruksavtalens økonomiske virkemidler i retning av bruk som har ressursgrunnlag til å gi et viktig bidrag til sysselsetting og inntekt.»

«Flertallet viser til at det er klare stordriftsfordeler i melkeproduksjonen og mener virkemidlene samlet må stimulere til en moderat strukturutvikling for å sikre en tilfredsstillende inntektsutvikling for produsenter som har melkeproduksjon som et viktig bidrag til sysselsetting og inntekt.»

Desse utsegnene er følgd opp i dei jordbruksoppgjera etter handsaminga av meldinga. Figur 2.4 til figur 2.9 viser strukturutviklinga på viktige område i jordbruket.

Figur 2.4 Utvikling totalareal og dekar pr. jordbruksbedrift.

Figur 2.4 Utvikling totalareal og dekar pr. jordbruksbedrift.

På 90-talet auka bruksarealet med om lag 5 daa pr. år. Frå 2000 er auken 6-10 dekar pr. bedrift pr. år. Figur 2.3. syner årleg endring i talet på føretak som hadde ulike produksjonar i perioden 1989 til 1999 og i perioden 1999 til 2003. Figuren giv uttrykk for både strukturendringar og spesialisering av produksjonen. Særleg gjeld det for produksjonar som i noko større grad har vore tilleggsproduksjonar. Grøntsektoren har hatt lågare prosentvis avgang etter 1999 enn på 90-talet. Produksjonen i jordbruket og bruken av jordbruksareal held seg oppe, sjølv om aktiviteten blir fordelt på gradvis lågare tal bedrifter.

Figur 2.5 Årleg prosentvis reduksjon i talet på bruk
 som har ulike produksjonar. Frå 1989 til 1999 og frå 1999
 til 2003.

Figur 2.5 Årleg prosentvis reduksjon i talet på bruk som har ulike produksjonar. Frå 1989 til 1999 og frå 1999 til 2003.

Figur 2.6 Utviklinga i talet på årsverk, talet på jordbruksbedrifter
 og talet på tilskottssøkjarar.

Figur 2.6 Utviklinga i talet på årsverk, talet på jordbruksbedrifter og talet på tilskottssøkjarar.

Den årlege reduksjonen i sysselsetjing er så langt 1-1,5 prosenteining høgare etter 1999 enn på 90-talet. Den årlege reduksjonen i talet på jordbruksbedrifter er 1,5-2 prosenteiningar høgare etter århundreskiftet. Statistikken syner ein noko høgare takt i strukturendringane etter 2000. Spesielt gjeld det endringstakta for talet på jordbruksbedrifter. Samstundes er talet på langbrukseigedomar med bygningar relativt stabilt på om lag 180.000. Jordbruksarealet på desse eigedomane blir stort sett drive vidare av aktive føretak. I følgje NOU 2003:26 bur det folk på om lag 3/4 av desse eigedomane. Det er på dei minste einingane vi finn den klart største delen utan busetjing.

Utvikling av alternative næringar og kjelder til inntekt får stadig større tyding for moglegheitene til å halde oppe busetjing og aktivitet på landbrukseigedomane. Ei undersøking frå Nordlandsforsking i 2004 syner at omsetninga frå anna næringsverksemd i gardshushaldningane var om lag 21 mrd. kroner i 2002. Driftsoverskottet var om lag 4,3 mrd. kroner. Denne verksemda gav i følgje Nordlandsforsking om lag 19.000 årsverk. Tal frå Driftsgranskingane til Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking syner at inntekta frå jordbruk har vore under 50 pst. av samla inntekt i hushalda dei siste åra. Vidare utvikling av alternativ sysselsetjing har derfor stor betydning for aktivitet og busetjing i bygdene. Konsekvensane av tiltak som har betydning for strukturutviklinga kan difor heller ikkje einsidig vurderast på grunnlag av strukturendringane i det tradisjonelle jordbruket.

Etter behandlinga av St.meld. nr. 19 (1999-2000) har det, både i og utanfor jordbruksforhandlingane vore gjennomført tiltak som kan ha verknad på strukturen i jordbruket:

Innanfor forhandlingane:

  1. Reduksjon i målprisane, saman med innføring av flatt jordbruksfrådrag og tilpassing av strukturprofilen i arealtilskotta (2000)

  2. Omfordeling av tilskott i retning av større bruk (flatare strukturprofil i arealtilskottet og heving av maksimalt husdyrtilskott pr. jordbruksbedrift)

  3. Omsetning av delar av mjølkekvota direkte mellom produsentar

  4. Heving av maksimal mjølkekvote etter kvotekjøp

  5. Endringar i rammevilkåra for samdrifter i mjølkeproduksjon

  6. Endringar i grunnvilkår for rett til produksjonstilskott

  7. Overgang frå personar til føretak som tilskottssøkarar og krav om MVA-registrering

  8. Satsing på å utvikle alternative inntekter i og utanom landbruket

Utanfor forhandlingane:

  1. Heving av konsesjonsgrensene i kraftfôrbasert husdyrhald med om lag 50 pst.

Endringane i regelverk som er gjennomført etter handsaminga av landbruksmeldinga, følgjer opp retningslinene i denne meldinga og har modernisert og forenkla ordningar, tilpassa dei utfordringane landbruket står overfor. Dei direkte konsekvensane av endra regelverk på kort sikt, kan delast i to grupper:

  • forenkling og mindre grenser for moglegheitene føretaka har til å gjere eigne val i tilpassinga si

  • noko annleis tildeling av tilskottsmidlane, og meir målretting mot dei som skal leve av jordbruk og avgrensing mot føretak med svært liten omsetning

Endringar i husdyrkonsesjonslova og systemet med mjølkekvoter er viktige i den første gruppa. Konkret går endringane fram av tabell 2.14.

Tabell 2.14 Endringar i reglar med verknad på struktur frå 2000 til gjeldande jordbruksavtale

Enkeltbruk

Samdrifter

2000

2005

2000

2005

Maksimal kvote (liter)

130 000

375 000

450 000

750 000

- Del bruk med maksimal kvote1

0,1 pst.

0,2 pst.

- Gjennomsnittskvote

85 000

189 000

Del direkte kvotesalg

0 pst.

60 pst.

0 pst.

60 pst.

Tak i tilskott til husdyr (kr)

120 000

200 000

120 000

250 0002

1 Eller over taket, som følgje av historisk rett.

2 200.000 for samdrifter etablert etter 01.07.2004

Ein svært liten del av bruka er avgrensa av taket for kvoter på kort sikt. Såleis har tilgangen til å kjøpe og selje kvote større betydning for utviklingsmoglegheitene for dei fleste bruk. Tilsvarande gjeld for husdyrkonsesjonsreglane i dei kraftfôrkrevjande produksjonane. Ein viktig skilnad er likevel at i desse produksjonane er ikkje produksjonen regulert av kvoter, slik at strukturendringane opp mot konsesjonsgrensa kan gå fortare.

Omfordelinga av midlar i retning av bruk som har ressursgrunnlag til å gi eit viktig bidrag til sysselsetjing og inntekt er m.a. gjort i arealtilskottet. Figur 2.5 syner marginalsatsar i 2000 og etter gjeldande avtale. Desse endringane må sjåast i samanheng med endringar i målprisar og innføringa av det flate jordbruksfrådraget i positiv næringsinntekt på 36.000 kroner for kvart bruk som hadde motsett struktureffekt. Då ordninga blei innført hadde det same effekt som eit likt tilskott pr. bruk, som har størst tyding for dei minste einingane.

Figur 2.7 Marginalsatsar i areal- og kulturlandskapstilskott grovfôr.
 Kr/daa i 2000 og 2005.

Figur 2.7 Marginalsatsar i areal- og kulturlandskapstilskott grovfôr. Kr/daa i 2000 og 2005.

For å gi ein meir samla oversikt over den samla omfordelinga av midlar syner figur 2.8 samla budsjettstøtte rekna pr. ku ved ulik bruksstorleik i 2000. Figur 2.9 syner samla budsjettstøtte rekna pr. ku ved ulik bruksstorleik etter gjeldande jordbruksavtale. Figurane er laga på grunnlag av kalkylar med visse føresetnader om arealbruk, produksjon mv.

Figur 2.8 Samla budsjettstøtte til mjølkeproduksjon
 (inkl. jordbruksfrådraget), rekna i kroner pr. ku ved ulike
 bruksstorleikar i 2000.

Figur 2.8 Samla budsjettstøtte til mjølkeproduksjon (inkl. jordbruksfrådraget), rekna i kroner pr. ku ved ulike bruksstorleikar i 2000.

Figur 2.9 Samla budsjettstøtte til mjølkeproduksjon
 (inkl. jordbruksfrådraget), rekna i kroner pr. ku. ved ulike
 bruksstorleikar etter gjeldande jordbruksavtale.

Figur 2.9 Samla budsjettstøtte til mjølkeproduksjon (inkl. jordbruksfrådraget), rekna i kroner pr. ku. ved ulike bruksstorleikar etter gjeldande jordbruksavtale.

Figurane 2.8 og 2.9 syner at endringane har vore relativt små i høve til nivået på differensieringa. Nivået på budsjettstøtte, rekna pr. ku, er etter desse kalkylane 700-1500 kroner lågare i 2005 enn i 2000. For bruk med 40 kyr er endringa frå minus 400 til pluss 1000 kroner pr. ku, særleg avhengig av sone og areal pr. ku. Og sjølv om kvotetaka og konsesjonsgrenser er heva, er det få bruk som er avgrensa av taka i si tilpassing. Strukturen i budsjettoverføringane gjer framleis tydelege bidrag til ein variert bruksstruktur og bruka vil framleis vere små i ei internasjonal samanlikning.

Generelt vil regjeringa peike på at strukturutviklinga i jordbruket har gått føre seg, som ei naturleg utvikling, i mange tiår. Endringane blir først og fremst drive fram av teknologisk utvikling, auka alternativ verdi på arbeidskrafta, kostnadsauke og stordriftsfordelar samstundes som moglegheiter for volumauke og prisar på heimemarknaden er avgrensa. Dei landbrukspolitiske ordningane og reglane har i stor grad vore utforma for å bremse den farta strukturendringane ville ha hatt i ein meir uregulert sektor.

Både geografi/topografi og måla for landbrukspolitikken gjer det naturleg med ein variert bruksstorleik. Likevel meiner regjeringa at det må leggjast til rette for kostnadsreduksjonar som kan gi ei inntektsutvikling som kan gjere det mogleg å halde fram med eit aktivt landbruk over heile landet. Konsekvensane av desse tiltaka er ei mindre, men framleis aktiv bremsing av strukturutviklinga i det tradisjonelle jordbruket. Etter regjeringa sitt syn er den auka graden av fridom, saman med tilrettelegginga for alternativ, den beste måten for å leggje til rette for lønnsam økonomisk verksemd i distrikta.

Både ut frå internasjonale tilhøve, omsynet til overføringsnivået og næringsmiddelindustrien, og som følgje av sterk kostnads- og lønnsauke, er det nødvendig med større rom for strukturendring enn på 80- og 90-talet. Det er nødvendig av omsyn til inntektsutviklinga i jordbruksføretaka og for at vi framleis skal ha eit aktiv jordbruk og bruke jordbruksareala i heile landet. Ein noko mindre regulert sektor, med større handlingsrom for næringsutøvarane, vil og vere meir interessant å gå inn i for ungdom med god kompetanse til å drive næring. Strukturendringar er tidkrevjande prosessar. Det handlar om å gi næringsutøvarane moglegheiter til å møte utviklinga i tide.

Reduksjonen i sysselsetjing etter 2000 har vore mindre enn reduksjonen i talet på jordbruksbedrifter. Statistikken syner at produksjonen og jordbruksareala blir halde oppe. Etter 2002 har det blitt føretak og ikkje personar som er tilskottsmottakarar. Det har gjort det enklare for brukarane å organisere seg i føretak og gjere tidlegare uformelt samarbeid formelt, utan å tape tilskott. Noko av nedgangen i talet på føretak skuldast denne omlegginga, slik at statistikken syner færre føretak som søker tilskott utan at det har vore større endringar i aktiviteten. I 2002 kom òg krav om registrering i MVA-registeret for å få rett til tilskott (no krav om omsetning høgare enn 30.000 kroner). Det medverkar òg til at ein del bruk fall ut av statistikken som sjølvstendig eining. Men statistikken syner at det ikkje har vore like stor reduksjon i arbeidsmengda som i talet på føretak som søker tilskott. I nokon grad kan ein føresette at ein del tidlegare etablert samarbeid no i større grad er formelt samla i føretak.

Konsekvensane av dei siste endringane i regelverket for mjølkeproduksjonen er at moglegheitene for strukturendring kjem meir på linje med moglegheitene i andre produksjonar, innanfor avgrensinga kvoteordninga set. Samstundes er strukturprofilen i tilskotta klart sterkast i ku- og geitmjølkproduksjonane. Valet mellom ulike organisasjonsformer i mjølkeproduksjonen er gjort nøytralt med omsyn på tilskott. Dermed er ikkje lenger store samdrifter det einaste reelle valet for enkeltprodusentar som ynskjer å utvikle bruket sitt til å blir meir effektivt. Det kan òg hevdast at moglegheitene for direkte sal av 60 pst. av mjølkekvota til andre produsentar, i større grad medverkar til at kvotene blir i lokalsamfunna enn den tidlegare sentrale omsetninga.

Over tid kan konsekvensane av betydelege strukturendringar gi større problem med å halde marginale areal i drift. Men tilstrekkeleg lønnsemd i produksjonane er grunnlaget for bruk av areala. Regjeringa meiner konsekvensane av å ikkje endre reglane på lang sikt vil vere meir dramatiske når målet er fortsett aktivt jordbruk over heile landet, å halde oppe bruken av areal og å produsera det som naturleg kan dyrkast i Noreg, innanfor dei handelspolitiske rammevilkåra.

Allereie i dag kan ein registrera noko gjengroing av areal. Det kan synast å vere større variasjon enn tidlegare mellom distrikt der det blir satsa i landbruket og andre område. Det gjeld både utkantstrøk og meir sentrale område. Men det føreligg ikkje fullt oversyn over grunnane til dette. Regjeringa har, og vil ha, stor merksemd på dette spørsmålet framover. Det er òg viktig at kommunale og regionale program held høg merksemd på utviklinga i arealbruk og kulturlandskapet. Gjennom dei regionale miljøprogramma og dei kommunale miljømidlane har fylke/kommunar fått større ansvar og myndigheit til å målrette miljøarbeidet i sitt område og ta vare på kulturlandskap og redusere gjengroing.

Budsjettframlegg 2005

Budsjettforslaget for 2005 inneber at løyvinga på kap. 1150 blir redusert med om lag 416 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2004, frå 11,184 mrd. kroner til 10,767 mrd. kroner Reduksjonen i 2005 er sett saman av følgjande forhold:

  • 410,0 mill. kroner reduksjon som følgje av reduserte tilskott etter jordbruksoppgjeret 2004

  • 8,7 mill. kroner auke som følgje av volumauke på overslagsløyvingane (post 73)

  • 14,9 mill. kroner reduksjon som følgje av flytting av løyvingar til andre kapittel på statsbudsjettet

Merknader til dei einskilde postane

Post 50 Fondsavsetningar

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

50.11

Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)

687 750

345 750

293 950

50.12

Tilskott til Landbrukets Skadefond

49 750

2 750

2 750

Sum post 50

737 500

348 500

296 700

Underpost 50.11 Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)

Etter LUF sine vedtekter kan fondsmidlane nyttast til tiltak som tar sikte på å styrkje og byggje ut næringsgrunnlaget på det einskilde bruket. Utgifter til administrasjon av LUF blir dekt over fondet. Departementet vil gjennom retningslinjer for internrekneskap i LUF sikre at bruken av midlar innanfor og utanfor jordbruksavtalen blir slik som føresett.

Deler av løyvinga til fondet blei flytta ut av jordbruksavtalen og over til kap. 1149 post 50 Tilskott til Landbrukets utviklingsford (LUF) frå budsjettåret 2004, jf. St.prp. nr. 70 (2002-2003). Løyvingane til LUF kjem frå kap. 1149 og kap. 1150.

Ein gjer framlegg om ei løyving for budsjettåret 2005 på om lag 294,0 mill. kroner under kap. 1150 post 50.11. I St.prp. nr. 66 (2003-2004) Om jordbruksoppgjøret 2004 var det lagt til grunn ei overføring til LUF på kap. 1150 post 50.11 på 305,8 mill. kroner, jf. kap. 7.3 i proposisjonen om jordbruksoppgjeret. I høve til dette er løyvinga på posten redusert med totalt 11,8 mill. kroner knytt til flyttingar mellom jordbruksavtalen og andre deler av statsbudsjettet og flyttingar innanfor jordbruksavtalen, jf. St.prp. nr. 66 (2003-2004): Det er gjort følgjande endringar:

  • løyvinga til 3Q prosjektet på 4,0 mill. kroner er flytta til kap. 1146 NIJOS post 01 Driftsutgifter

  • løyving til Norsk landbruksmuseum på 3,5 mill. kroner er flytta til kap. 1138 post 70 Støtte til organisasjonar

  • løyving til genressursarbeid på 7,3 mill. kroner er flytta til kap. 1139 post 71 Tilskott til genressursforvaltning

  • løyvinga til verneverdige husdyrrasar på 2,0 mill. kroner er flytta til kap. 1150 post 74.14 Tilskott til husdyr

  • løyvinga til kjøtt- og kadaverhandtering på 5,0 mill. kr er flytta frå kap. 1150 post 70.11 til kap. 1150 post 50.11 Tilskott til LUF

Tildelingsramma blir fastsett ut frå løyvingsframlegg på kap. 1150, renteinntekter og fondskapital slik det går fram av oppsettet under. Ein legg opp til ei samla tildelingsramme for LUF innanfor jordbruksavtalen på 542,1 mill. kroner.

(i mill. kr)

Løyvingsframlegg kap. 1150 post 50.11

294,0

Renteinntekter LUF fordelt til kap. 1150

8,1

Fondskapital

240,0

Framlegg om tildelingsramme

542,1

Den meir detaljerte fordelinga av tildelingsramma innanfor jordbruksavtalen går fram av tabellen under.

Tabell 2.15 Oversikt over tildelingsramme for LUF innanfor jordbruksavtalen i 2003, 2004 og framlegg om tildelingsramme for 2005

      (i mill. kroner)

Ordningar

2003

2004

2005

Kompetansetiltak (KIL)

8,0

6,0

6,0

Kvalitetssystem i landbruket(KSL)

22,5

20,0

20,0

Fylkesvise bygdeutviklingsmidlar (BU-midlar)1

286,0

286,0

241,0

Mjølke- og storfeprogram1

85,0

Spesielle miljøtiltak (info- og komm. midlar)

139,0

135,2

128,5

Organisert beitebruk2

14,6

14,6

8,6

Utviklingstiltak innan økologisk jordbruk

38,0

38,0

Utviklingsprogram for geitehald3

10,0

Anlegg for kadaverhandtering i Nord-Noreg

2,0

Avsetningstiltak honning

1,5

Eliteplanteanlegg Ervik, Rå

0,5

Kjøtt- og kadaverhandtering

5,0

Sum innanfor jordbruksavtalen

470,1

503,8

542,1

1 Fylkesvise BU-midlar delast inn i eit mjølke- og storfeprogram og ein samla løyving til resterande næringsutvikling under fylkesvise BU-midlar. Totalt aukar løyvinga til fylkesvise BU-midlar og mjølkeprogrammet med 40 mill. kroner.

2 Investeringsmidla til organisert beitebruk blir overført til dei kommunale miljømidla.

3 Det blir sett av 8 mill. kroner til program Friskare geiter og 2 mill. kroner til utviklingsprogram for geitehald.

I proposisjonen om jordbruksoppgjeret var det lagt opp til ei tildelingsramme på 551,9 mill. kroner i 2005. Tildelingsramma er i budsjettframlegget redusert med 9,8 mill. kroner knytt til flyttingar av midlar til prosjektet 3Q, Norsk landbruksmuseum, genressursarbeid, og kadaverhandtering, jf. lista over. Når det gjeld flyttinga av løyvinga på 2,0 mill. kroner til verneverdig husdyrrasar var denne teke omsyn til i den tildelingsramma som blei lagt fram i St.prp. nr. 66 (2003-2004) Om jordbruksoppgjøret 2004.

Som nemnt i kap. 1149 skal Landbruks- og matdepartementet utarbeide ein heilskapleg strategi for verdiskaping og næringsutvikling i landbruket, som blir lagt til grunn for disponering av m.a. LUF-midlar. Det er sett eit mål om auka fokus på lønsemd gjennom nyskaping og effektivisering. Kvart fylke skal utarbeide ein regional strategi for landbruksrelatert næringsutvikling i samarbeid med den regionale partnarskapen. Strategien dannar grunnlag for fylkets prioritering av verkemiddel.

Føringane frå sentralt hald på dei fylkesvise BU- midlane reduserast, men det ligg ei føring om at delen av midlar til dei bedriftsretta tiltaka ikkje skal reduseras. Skiljet mellom tradisjonelt landbruk og utviklingstiltak fjernast. Det er framleis Innovasjon Noreg sine distriktskontor som forvaltar dei bedriftsretta midla, jf. m.a. omtale under kat. 15.30.

Rentestøtteordninga erstatta investeringslån f.o.m. 2003. Låneramma er inntil 1 mill. kroner pr. bruk, og støtta bereknast ut frå serielån med 15 års avdragstid. Ordninga blei endra f.o.m. 01.07.2004 for i større grad å følgje rentesvingingane i marknaden, og total låneramme for rentestøtte aukar frå 500 til 700 mill. kroner f.o.m. 01.01.2005.

Utviklinga av det økologiske jordbruket viser at hovudproblemet er at ein lav og redusert del av produksjonen når forbrukarane som økologiske produkt. Hovudfokus blir derfor retta inn mot å oppnå ein betre marknadsutvikling m.a. gjennom stønad til forpliktande heilkjedeavtaler der aktørar frå jord til bord deltek.

Det er nødvendig at kommunane får høve til å bli meir aktive i jordbruks- og miljøpolitikken, og dei forvaltar frå 2004 tilskottsordninga med spesielle miljøtiltak (kommunale miljømiljømiddel). Midla prioriteras ut frå retningslinjer som er utarbeida i dialog med næringsorganisasjonane i landbruket. Posten til dei kommunale miljømidla aukar for 2005.

Underpost 50.12 Tilskott til skadefondet for landbruksproduksjon

Formålet med fondet er å gi økonomisk erstatning til føretak i jordbruket som har lidd tap som kjem av tilhøve som føretaket ikkje rår over. Fondet omfattar følgjande ordningar:

  • erstatning for avlingssvikt i planteproduksjon og svikt i honningproduksjon

  • tilskott til reparasjonar etter vinterskade på eng

  • erstatning i samband med katastrofetap i husdyrhaldet

Frå 2004 er løyvingane til erstatningsordningane omorganisert slik at alle ordningar som dekkjer kostnader i samband med statlege pålegg er samla utanfor jordbruksavtalen på kap. 1143 post 73. Samstundes er det i 2004 fastsett nye forskrifter for alle erstatningsordningane både på kap. 1150 og kap. 1143 der det er lagt vekt på samordning av regelverket.

Fondet hadde ved inngangen til 2004 ei eigenkapital på 77 mill. kroner, medan det er prognosert eit forbruk på ca. 40 mill. kroner. Løyvinga til fondet var på 2,75 mill. kroner i 2004. I samband med jordbruksoppgjeret i 2004 blei det vedteke å tilføre fondet 40 mill. kroner av overførte i ikkje disponerte midlar slik at eigenkapitalen ved inngangen til 2005 blir om lag 80 mill. kroner. For 2005 gjer ein framlegg om ei løyving på 2,75 mill. kroner.

Post 70 Marknadsregulering, kan overførast

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

70.11

Marknadstiltak

57 256

48 400

13 900

70.12

Tilskott til råvareprisordninga

157 403

183 100

183 100

70.13

Eksportrestitusjon

23 094

19 000

11 000

Sum post 70

237 754

250 500

208 000

Underpost 70.11 Marknadstiltak

Formålet med marknadstiltaka er å medverke til at ein kan nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, og jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetjing for produsert vare og medverke til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. Kostnadene ved marknadsregulering blir dekte av løyvinga til marknadstiltak over jordbruksavtalen og gjennom omsetningsavgifta.

For å få ei betre samordning mellom løyving og forvaltning av dei einskilde postane har partane blitt samde om å flytte ordningar som har ligge på denne posten til andre stader på budsjettet:

  • Ei avsetning på 19,0 mill. kroner for prisnedskriving av potetsprit flyttast til ny eigen underpost 73.21

  • Ei avsetning på 0,5 mill. kroner til produsentsamanslutningar flyttast og samordnast med løyvinga på post 77.15, kvalitets og salsfremmande tiltak.

  • Ei avsetning på 5,0 mill. kroner til kadaverhandtering flyttast til post 50.11 og samordnast med løyvingane frå fondet.

  • Avsetninga til skolemjølkorninga på 10 mill. kroner avviklast og erstattast av midlar frå omsetningsavgifta.

Ordningane som blir igjen på denne posten blir etter dette kollektiv dekning av omsetningsavgift for grønsaker, frukt og jordbær og avsetningstiltak i hagebrukssektoren.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 13,9 mill. kroner i 2005.

Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisordninga

Formålet med råvareprisordninga (RÅK-ordninga) er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg, og å gjere norske eksportprodukt under ordninga konkurransedyktige på verdsmarknaden. Det er viktig at løyvingane over denne ordninga er avpassa engrosprisane på norskproduserte jordbruksvarer. I årets jordbruksoppgjer blei målprisane auka tilsvarande 40 mill. kroner, men det er lagt til grunn at dette skal kunne skje utan å auke løyvingane til RÅK.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 183,1 mill. kroner i 2005.

Underpost 70.13 Eksportrestitusjon

Underposten omfattar ordninga med eksportrestitusjon til foredla kjøttprodukt (XRK-ordninga) og Catering-ordninga. Formålet med XRK-ordninga er å gjere det mogleg for norsk næringsmiddelindustri å levere foredla kjøttvarer til eksportmarknader. Det er gjort ei gjennomgang av denne ordninga i 2004. Det er foreslått å fase ut ordninga for XRK til eksportmarknader, med grunnlag i at effekten av ordninga har vore avgrensa, sett i forhold til formålet med ordninga, og vidare internasjonale føringar knytt til framtidig bruk av eksportsubsidiar. For 2005 reduserast løyvinga med 8 mill. kroner.

Formålet med Cateringordninga er at norske cateringselskap som leverer menyar til fly i utanriksfart, skal kunne konkurrere med utanlandske selskap når dei nyttar norsk råvare.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 11,0 mill. kroner i 2005.

Post 73 Pristilskott, overslagsløyving

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

73.11

Tilskott til norsk ull

172 910

163 200

158 100

73.13

Pristilskott, mjølk

477 349

454 200

459 900

73.15

Pristilskott, kjøtt

726 333

611 000

618 600

73.16

Distriktstilskott egg

4 362

4 500

5 400

73.17

Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet

61 736

50 000

51 000

73.18

Frakttilskott

220 615

228 300

216 300

73.19

Prisnedskriving korn

418 268

433 000

430 000

73.20

Tilskott matkorn

111 441

73.21

Prisnedskriving potetsprit

19 000

Sum post 73

2 193 014

1 944 200

1 958 300

Posten er ei overslagsløyving. Budsjettforslaget er utrekna på grunnlag av prognosar for kvantum i 2005 (ull, mjølk, kjøtt og korn) og prisar/satsar etter den nye jordbruksavtalen. I jordbruksavtalen blei satsane justert tilsvarande ei redusert løyving på 13,6 mill. kroner. Nye føresetnader for kvantum aukar løyvinga på posten med 8,7 mill. kroner medan flytting av ei ny ordning til posten aukar løyvinga med 19,0 mill. kroner. Samla gir dette ei auka løyving på post 73 med 14,1 mill. kroner.

Tabell 2.16 Justering av løyvingane på post 73 pristilskott

          (i 1 000 kr)

Post

Nemning

Jordbr. avtalen St.prp. nr. 66

Kvantumsjust. 2005

Flytting 2005

Budsjett 2005

73.11

Tilskott til norsk ull

-4 900

-0 200

158 100

73.13

Pristilskott mjølk

5 100

0 600

459 900

73.15

Pristilskott kjøtt

7 600

618 600

73.16

Distriktstilskott egg

0 900

5 400

73.17

Distrikts- og kvalitetstilskott på frukt, bær og gr.sak.

-2 700

3 700

51 000

73.18

Frakttilskott

-12 000

216 300

73.19

Prisnedskriving korn

0000

-3 000

430 000

73.21

Prisnedskriving av potetsprit1

19 000

19 000

73

Pristilskott (overslagsløyving)

-13 600

8 700

19 000

1 958 300

1 Overført frå post 70.11

Underpost 73.11 Tilskott til norsk ull

Tilskottet skal medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal òg medverke til ei betring av kvaliteten på norsk ull, samt sikre avsetning i marknaden for norsk ull av god kvalitet.

I jordbruksoppgjeret blei tilskottet satt ned med 1,00 kroner pr. kg. Ein gjer framlegg om ei løyving på 158,1 mill. kroner for 2005.

Underpost 73.13 Pristilskott mjølk

Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt. Formålet med grunntilskottet er å medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Grunntilskottet skal vidare medverke til rimelegare mjølk og mjølkeprodukt til forbrukaren. Det er no berre geitemjølk som får grunntilskott med ein sats på 210 øre pr. liter.

Formålet med distriktstilskottet er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. Distriktstilskottet blir gitt med ulike satsar for mjølk produsert i vanskelegstilte område i Sør-Noreg og for all mjølk i Nord-Noreg. Satsane for distriktstilskott varierer opp til 168 øre pr. liter.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 459,9 mill. kroner til ordninga med pristilskott til mjølk for 2005.

Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt

Underposten omfattar ordningane med grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt samt distriktstilskott for fjørfeslakt.

Formålet med grunntilskottet er å medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris. Grunntilskottet skal vidare medverke til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren. Grunntilskottet for kjøtt blir no berre gitt til slakt av sau/lam og geit/kje.

Formålet med distriktstilskotta er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. Satsen for distriktstilskott for kylling og kalkun i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag er på 20 øre pr. kg. Satsane for distriktstilskottet på anna kjøtt varierer opp til 13 kroner pr. kg.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 618,6 mill. kroner til ordninga med pristilskott til kjøtt for 2005. Av dette utgjer grunntilskottet 93,7 mill. kroner, medan 524,9 mill. kroner er distriktstilskott.

Underpost 73.16 Distriktstilskott egg

Formålet med ordninga er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i eggproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen. Satsen for distriktstilskott for egg er 40 øre pr. kg for Vestlandet (unntatt Rogaland) og Trøndelag medan den i jordbruksoppgjeret blei auka til 1,00 kr pr. kg for Nord-Noreg.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 5,4 mill. kroner til ordninga i 2005.

Underpost 73.17 Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet

Underposten omfattar distrikts- og kvalitetstilskott til frukt, bær og veksthusgrønsaker, og distriktstilskott for potetproduksjon i Nord-Noreg.

Formålet med ordningane er å betre inntekta for yrkesprodusentane innan grøntsektoren og sikre ein geografisk spreidd produksjon. Tilskottet skal stimulere til kvalitetsproduksjon og ordna omsetningsforhold.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 51,0 mill. kroner til ordninga med distrikts- og kvalitetstilskott for frukt, bær, grønsaker og potet i 2005.

Underpost 73.18 Frakttilskott

Underposten omfattar frakttilskott til slakt, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr.

Frakttilskotta skal medverke til å jamne ut prisar til produsent og forbrukar. Tilskott til mellomfrakt og engrosomsetting for kjøtt er under avvikling i perioden 2004-2006.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 216,3 mill. kroner til frakttilskott for 2005 fordelt med 59,5 mill. kroner til slakt, 7,0 mill. kroner til egg og 149,8 mill. kroner til korn og kraftfôr.

Underpost 73.19 Prisnedskrivingstilskott til norsk korn

Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norsk korn gjennom marknadsordninga og å skrive ned prisen på råvarer til matmjøl og kraftfôr.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 430,0 mill. kroner for 2004.

Ny underpost 73.21 Prisnedskriving av potetsprit

Løyvinga på denne posten er flytta frå underpost 70.11. Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norsk potetsprit gjennom mark­nadsordninga for potet.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 19,0 mill. kroner til ordninga i 2005.

Post 74 Direkte tilskott, kan overførast

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

74.11

Driftstilskott, mjølkeproduksjon

1 248 483

1 201 000

1 053 100

74.14

Tilskott til husdyr

2 235 564

2 286 025

2 121 665

74.17

Areal- og kulturlandskapstilskott

3 010 348

3 033 059

3 032 819

74.18

Andre arealbaserte tilskottsordninger

218 160

218 901

173 901

74.19

Regionale miljøprogram

8

56 100

74.20

Tilskott til økologisk landbruk

74 700

79 700

74.21

Ufordelt beløp

-35 000

-35 000

Sum post 74

6 712 563

6 778 685

6 482 285

For nærare oversyn over satsar for dei ulike ordningane viser departementet til St.prp. nr. 66 (2003-2004) Om jordbruksoppgjøret 2005. Der er det m.a. gjort greie for at dei endringane som er gjort dei seinaste åra samla gjer at areal- og kulturlandskapstilskotta etter dette tilfredsstiller kriteria for tilskott i grøn boks i WTO.

Underpost 74.11 Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon

Formålet med driftstilskottet i mjølkeproduksjonen er å styrke økonomien i mjølkeproduksjonen, jamne ut skilnader i lønsemd mellom føretak av ulik storleik og mellom bruk i Sør-Noreg og Nord-Noreg samt medverke til vidareføring av mjølkeproduksjonen i det sentrale Austlandsområdet. Formålet med driftstilskottet i spesialisert kjøttfeproduksjon er å stimulere storfekjøttproduksjonen og styrke økonomien i spesialisert kjøttfeproduksjon.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 1 053,1 mill. kroner for 2005. Av dette utgjer tilskottet til spesialisert kjøttfeproduksjon 41,4 mill. kroner.

Underpost 74.14 Tilskott til husdyr

Tilskottet skal medverke til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar og storleiker på bruk i husdyrhaldet og gi ei betre utnytting av utmarksbeiteressursane. Tilskottet skal også støtte husdyrhald med dyr av storferasar som er definert som bevaringsverdige.

Tilskottet blir gitt pr. dyr/slakt, og blir avgrensa oppover med ei beløpsgrense. I årets jordbruksoppgjer blei grensa for maksimalt tilskott pr. dyr sett til 250 000 kroner pr. føretak med samdriftskvote i mjølkeproduksjon og til 200 000 kroner for andre føretak.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 2121,7 mill. kroner i 2005 fordelt med 1888,7 mill. kroner til tilskott pr. dyr og 233,0 mill. kroner til dyr på utmarksbeite.

Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott

Ved jordbruksoppgjeret i 2002 blei det innført eit særskilt kulturlandskapstilskott med same sats pr. dekar til alt jordbruksareal som fyllar vilkåra for arealtilskott. Kulturlandskapstilskottet på 200 kroner pr. dekar skal medverke til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift, og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Det er m.a. eit krav at alle føretak skal ha ei miljøplan. Miljøplanen skal bidra til ei meir miljøvennlig jordbruksproduksjon og til vedlikehald og forbetring av miljøgode og kulturlandskap.

M.a. for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet gis det i tillegg tilskott pr. dekar til grovfôr, korn, potet, frukt, bær og grønsaker som skal medverke til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar, storleiker på bruk og distrikt innanfor planteproduksjon og husdyrproduksjon basert på grovfôr. Grasproduksjon på Jæren utgjer i dag nullsona som berre får dei 200 kronene i kulturlandskapstilskott.

Av løyvinga på underposten er det sett av 5,0 mill. kroner som bidrag til å utvikle et digitalt kartverk for heile landet. Ferdig utvikla vil dette gjere det enklare både for søkarane og for forvaltninga å målrette og kontrollere ordninga.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 3 032,8 mill. kroner for 2005.

Underpost 74.18 Andre arealbaserte tilskottsordningar

Underposten omfattar ordningane tilskott til dyrking av fôr i fjellet, tilskott til endra jord arbeid, tilskott til brattlendte bruk og tilskott til seterdrift med mjølkeproduksjon.

Formålet med tilskottet til dyrking av fôr i fjellet er å kompensere for auka arbeids- og transportkostnader i samband med dyrking av fôr i fjellet. Tilskottet til endra jordarbeid har som mål å redusere omfanget av jordarbeid om hausten og stimulere til å så til med vegetasjon for å redusere erosjon og arealavrenning. Formålet med driftsvansketilskottet for brattlendte bruk er å kompensere for høgare kostnader ved jordbruksdrift i bratt terreng. Formålet med tilskottet til seterdrift med mjølkeproduksjon er å medverke til å oppretthalde og ta opp att tradisjonell seterdrift med mjølkeproduksjon og å halde ved like det tradisjonelle kulturlandskapet i seterområdar gjennom beiting med husdyr.

Frå 2006 vil løyvinga og alle tiltak under denne bli overført til regional forvaltning gjennom dei særskilde miljøprogramma. For budsjettåret 2005 er det omlegginga gjort for fylka Hedmark og Hordaland som fungerer som pilotar dette året, jf. underpost 74.19.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 173,9 mill. kroner for 2005 med følgjande fordeling:

  • tilskott til seterdrift 16,7 mill. kroner

  • tilskott til brattlendte bruk 21,3 mill. kroner

  • tilskott til dyrking av fôr i fjellet 8,8 mill. kroner

  • tilskott til endra jordarbeid mm 127,1 mill. kroner

Underpost 74.19 Regionale miljøprogram

Hedmark og Hordaland er utpeika til å vere pilotfylke for utprøvinga av regionale miljøprogram. Dette inneber at miljøprogramma for desse fylka er innført frå søknadsomgangen i august 2004. Hedmark får 39,3 mill. kroner og Hordaland 16,8 mill. kroner for 2005.

Totalfinansieringa av regionale miljøprogramma i alle fylka avklarast ved neste års jordbruksoppgjer, slik at dei regionale miljøprogramma er klare til søknadsomgangen i august 2005 med utbetaling av midlane vinteren 2006.

Underpost 74.20 Tilskott til økologisk jordbruk

Underposten dekkjer ordningane omleggingstilskott, arealtilskott og husdyrtilskott.

Dei ekstra tilskotta til økologisk areal og husdyrproduksjon blei samla på denne underposten frå 2004. Samstundes blei tilskott til økologiske organisasjonar flytta saman med dei andre tilskotta til organisasjonar på kap.1138 post 70. Frå 2003 blei utviklingstiltaka til økologisk landbruk flytta til post 50.11 og tilskotta til økologisk forsking blei flytta til post 77.13.

Formålet med posten er å stimulere til at ei større del av landbruksproduksjonen i landet skjer i form av økologisk produksjon. Målet er at den økologisk produksjonen skal utgjere opp mot 10 pst. i 2010.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 79,7 mill. kroner i 2005. Av løyvinga er det sett av 42,5 mill. kroner til omleggingstilskott og 37,2 mill. kroner i ekstra tilskott til økologisk areal og husdyr.

Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

77.11

Tilskott til dyreavl m.m.

81 122

81 860

81 860

77.12

Tilskott til frøavl m.m.

5 561

7 000

7 000

77.13

Tilskott til forsøksringar og forsking

70 195

69 400

69 400

77.14

Tilskott til pelsdyrfôrlag

27 300

27 200

23 200

77.15

Tilskott til kvalitetstiltak

51 248

35 150

35 650

77.16

Tilskott til økologisk jordbruk

96 033

77.17

Tilskott til fruktlager

8 100

8 100

8 000

77.18

Oppkjøp av mjølkekvoter

158 511

Sum post 77

498 070

228 710

225 110

Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.

Løyvinga skal medverke til avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa vårt miljø. Den kan også dekkje tiltak for bevaringsverdige husdyrrasar. Løyvinga skal sørgje for at kostnadene med inseminering av ku og svin kan haldast på om lag same nivå i heile landet, og medverke til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester. Frå 2003 er tilskott til avlsorganisasjonar samla på denne posten.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 81,9 mill. kroner for 2005. Av løyvinga er det sett av 0,5 mill. kroner til Genbanken for fjørfe.

Underpost 77.12 Tilskott til frøavl m.m.

Formålet med tilskottet er å fremme frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det kan nyttast tre ulike typar tilskott under ordninga; pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 7,0 mill. kroner for 2005.

Underpost 77.13 Tilskott til forsøksringar og forsking

Underposten skal dekkje tilskott til forsøksringar og midlar til forsking over jordbruksavtalen. Tilskottsordninga skal medverke til kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å leggje eit økonomisk grunnlag for drift i forsøksringane, slik at desse ved hjelp av tilskottet og eigenfinansiering kan drive rådgiving som er lønnsam for medlemmane. Rammevilkåra og utfordringane for landbruket krev både næringspolitiske tilpassingar, produksjonstilpassingar og faglege tilpassingar. Løyvinga over jordbruksavtalen er med på å sikre likeverdig rådgivingstilbod over heile landet. Frå 2003 blei løyvingar til forsking frå fleire postar samla på denne underposten.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 69,4 mill. kroner for 2005. Tilskottet til forsøksringane utgjer 33,4 mill. kroner og ramma for forsking er 36,0 mill. kroner.

Underpost 77.14 Tilskott til pelsdyrfôr

Underposten omfattar tilskott til pelsdyrfôrlag og tilskott til pelsdyrfôr (fôrrefusjon). Formålet med tilskott til pelsdyrfôrlag er å medverke til utjamning av fraktkostnadene ved innfrakt av råstoff til fôrkjøkken og utfrakt av ferdig fôr til pelsdyrfarmane. Ordninga skal fremme ei rasjonell omsetning av fôr til pelsdyr.

Tilskott til pelsdyrfôr er ein refusjon av fôrkostnader knytt til meirkostnader som følgje av det norske grensevernet på korn og kornsubstitutt, medan pelsdyrskinn ikkje har noko grensevern. Refusjonsordninga skal medverke til at fôrkostnadene i næringa, som følgje av det høge prisnivået på korn og kraftfôr i Noreg, blir likestilt med fôrkostnadene på verdsmarknaden. Formålet er å gi norskproduserte pelsdyrskinn likeverdige konkurransetilhøve med andre land.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 23,2 mill. kroner i 2005. Løyvinga til frakt av pelsdyrfôr blei sett ned 4 mill. kroner i årets jordbruksoppgjer til 17,8 mill. kroner medan det er sett av 5,4 mill. kroner i kostnadskompensasjon til pelsdyrfôr.

Underpost 77.15 Tilskott til kvalitetstiltak

Underposten inneheld fleire ordningar som skal medverke til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.

Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe norsk hagebruk plantemateriale som er kontrollert for bestemte skadegjerarar og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert settepotetavl er å stimulere til auka bruk av settepoteter av høg kvalitet. Tilskottet til opplysningsarbeidet om frukt, bær og grønsaker er ei kollektiv finansiering over jordbruksavtalen framfor via omsetningsavgift og skal stimulere til auka totalforbruk av frukt, bær og grønsaker. For å fremme omsetninga av norskproduserte poteter kan det gis tilskott til tiltak for å betre potetkvaliteten og til produsentretta informasjon om marknadstilhøva. I tillegg er ordninga med tilskott til produsentsamenslutningar flytta til denne posten frå post 70.11.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 35,7 mill. kroner som er fordelt som følgjer:

  • Produsentretta rådgiving potet og produsentsamanslutningar 2,5 mill. kroner

  • Opplysningsverksemd frukt, grønt og potet 5,5 mill. kroner

  • Utvikling av plantemateriale 8,2 mill. kroner

  • Kvalitetstiltak settepotetavl 5,45 mill. kroner

  • Handlingsplan plantevernmiddel 14,0 mill. kroner

Underpost 77.17 Tilskott til fruktlager

Formålet med tilskottet til fruktlager er å fremme eit forpliktande samarbeid om felles lagring, sortering, pakking og omsetning av frukt, som medverkar til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt. Hittil har løyvinga også dekt kostnadane ved å administrere ordninga. Frå 2005 flyttast 0,1 mill. kroner frå denne posten til driftsbudsjettet til Statens landbruksforvaltning kap. 1143 post 01 slik at alle ordningane på jordbruksavtalen får same budsjettprinsipp.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 8,0 mill. kroner til ordninga i 2005.

Post 78 Velferdsordningar, kan overførast

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

78.11

Tilskott til avløysing for ferie/fritid

1 008 495

1 054 819

1 049 819

78.12

Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.

154 477

189 800

169 800

78.13

Medlemsavgift til folketrygda

130 800

130 800

130 800

78.14

Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket

88 000

88 000

88 000

78.15

Andre velferdstiltak

48 235

45 000

39 000

78.16

Tidlegpensjonsordning for jordbrukarar

115 729

124 935

119 935

Sum post 78

1 545 737

1 633 354

1 597 354

Underpost 78.11 Tilskott til avløysing for ferie/fritid

Formålet med ordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie, få ordna fritid og hjelp til avlasting i onneperiodar gjennom å medverke til finansiering av innleie av arbeidskraft.

Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar pr. dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag og dyretal på føretaka, og er avgrensa til maksimalt 48 500 kroner pr. føretak. For å ha krav på refusjon må utrekna refusjonsbeløp vere minst 5 000 kroner Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing etter rekneskap og lønns- og trekkoppgåver. Hittil har inntil 75 pst. av tilskottet kunne utbetalast som forskott same året utan dokumentasjon. Løyvinga på posten har avgrensa kor mykje som kan forskotterast.

For 2005 gjer ein framlegg om ei løyving på 1049,819 mill. kroner.

På grunn av forvaltningsmessige problem med systemet med forskottsutbetalingar, blei partane einige om å avvikle ordninga. For å unngå store likviditetsproblem i overgangsåret 2005, betalas dette året et særskilt omleggingstilskott, dvs. eit forskott utan krav til dokumentasjon av utgifter til avløysar. Frå 2005 vil all utbetaling av tilskottet gjennomførast i juni månad.

Underpost 78.12 Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.

Formålet med ordninga er å medverke til å finansiere avløysing på føretak med husdyrproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon når brukaren av særlege grunnar og for eit kortare tidsrom ikkje kan ta del i arbeidet på bruket. Ordninga medverkar og til å finansiere avløysing på driftseiningar med planteproduksjon eller honningproduksjon når brukaren som følgje av sjukdom ikkje kan ta del i arbeidet på driftseininga i onnetida.

Tilskottet til husdyrbrukarar blir fastsett ut frå utrekna maksimalt tilskott i ordninga med tilskott til avløysarutgifter for ferie og fritid. For veksthusprodusentar blir tilskottet fastsett ut frå veksthusarealet. Ut frå dette grunnlaget blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskottet. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal dagsats for det einskilde bruk. Partane i jordbruksoppgjeret blei einige om å heva dagsatsen med om lag 14 pst., og at rett til tilskott i samband med svangerskap inkluderas i regelverket.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 169,8 mill. kroner for 2005.

Underpost 78.13 Medlemsavgift til folketrygda

Av den pensjonsgivande inntekta innanfor jordbruk, husdyrhald, hagebruk, gartneri og skogbruk skal den einskilde brukaren betale ei avgift til folketrygda som er lik den avgifta som lønnsmottakarar betaler. Skilnaden mellom avgifta som er fastsett for sjølvstendig næringsdrivande (10,7 pst.) og avgifta som skal betalast av den einskilde brukaren (7,8 pst.) blir finansiert over jordbruksavtalen. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i pensjonsgivande inntekt i jord- og skogbruk. Midla blir førte over sentralt til Folketrygda.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 130,8 mill. kroner for 2005.

Underpost 78.14 Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket

Den kollektive innbetalinga over jordbruksavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 14 dagar. Fødselspengar blir ytt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget. Ordninga er rekna som kollektiv forsikring som ikkje gir rett til frådrag ved likninga. Løyvinga blir rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei jordbrukarane som går inn under ordninga. Midlane blir førte over sentralt til Folketrygda.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 88 mill. kroner til ordninga for 2005.

Underpost 78.15 Andre velferdstiltak

Underposten omfattar tilskott til landbruksvikarordninga, administrasjonstilskott til avløysarlag og tilskott til landbrukshelsa.

Landbruksvikarordninga skal medverke til at kommunane tilset landbruksvikarar for å betre brukaren sin tilgang til avløysar først og fremst ved akutte krisesituasjonar. Det blir sett av 13,0 mill. kroner til ordninga i 2005.

Godkjende avløysarlag kan gjennom ordninga med administrasjonstilskott til avløysarlag få tilskott til dekning av administrasjonsutgifter etter ein fast sats pr. medlem. Tilskottsordninga skal leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne få ferie, ordna fritid og hjelp til avlasting i onna gjennom å medverke til finansiering av drifta av avløysarlag. Avløysarlag har som formål å kartleggje, organisere og administrere all avløysing innanfor eit område der det ligg til rette for eit slikt samarbeid. Avløysarlaget kan overfor medlemmane òg yte andre tenester i tilknyting til den daglege drifta av garden. Det er sett av 11,0 mill. kroner i tilskott til avløysarlag i 2005.

Partane var vidare einige om at det gjennomføres ei utgreiing for å finne ei løysning for samordning av Tilskott til landbruksvikar og Administrasjonstilskott til avløysarlag.

Landbrukshelsa er ein ideell stiftelse oppretta av Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Den har som formål å organisere eit effektivt arbeid med helse-, arbeidsmiljø og tryggleik (HMS) i landbruket. Verksemda skal gi eit førebyggande tilbod til alle gardbrukarane og tilsette i landbruket. Landbrukshelsa skal medverke til at gardbrukarane sjølve tek ansvar for å betre arbeidsmiljøet sitt, og til å skape ein sikker og triveleg arbeidsplass og eit trygt oppvekstmiljø for barna. Det blir sett av 15,0 mill. kroner til tilskottet i 2005.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 39,0 mill. kroner for 2005.

Underpost 78.16 Tidlegpensjonsordning for jordbrukarar

Formålet med ordninga er å medverke til lettare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 119,935 mill. kroner for 2005.

Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen (jf. kap. 1150)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

70

Tilbakebetaling av tilskott til reguleringsanlegg

22 000

80

Marknadsordninga for korn

165 493

145 000

145 000

Sum kap. 4150

187 493

145 000

145 000

Post 80 Marknadsordninga for korn

Posten budsjetterer inntektene frå prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer. Ordninga med å påleggje prisutjamning på proteinråvarer og karbohydratfôr som ikkje er importert med toll, har som formål å sikre tilnærma like vilkår mellom korn og andre råvarer i kraftfôr til husdyr.

Ut frå dei prisar som gjeld på verdsmarknaden for m.a. soya, sildemjøl og norsk korn gjer ein framlegg om ei løyving i 2005 på 145 mill. kroner.

Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

51

Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

30 900

36 500

33 500

72

Tilskott til organisasjonsarbeid

5 600

5 600

5 800

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott , kan overførast

55 720

51 100

53 900

79

Velferdsordningar

1 800

1 800

82

Kompensasjon for kostnader vedkommande radioaktivitet i rein

5 820

Sum kap. 1151

98 041

95 000

95 000

Mål og strategiar

Kapitlet omfattar løyvingar til gjennomføring av reindriftsavtalen og ordninga med kompensasjon for kostnader vedkomande radioaktivitet i reinkjøt.

Dei mål og retningslinjer som ligg til grunn for reindriftspolitikken er trekte opp i St.meld. nr. 28 (1991-92) En bærekraftig reindrift, og Innst. S. nr. 167 (1991-92), samt dei justeringar og nye moment som er vektlagde ved Stortingets si handsaming av den årlege reindriftsavtaleproposisjonen og ved den årlege behandlinga av statsbudsjettet. Hovudstrategien er å skape ei meir berekraftig reindrift. Med dette forstår ein ei reindrift som har økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. Desse tre måla står i ein innbyrdes samanheng: Økologisk berekraft gir grunnlag for økonomisk berekraft, og saman gjer økologisk og økonomisk berekraft det mogleg å utvikle kulturell berekraft.

Reindrifta er ei lita næring i nasjonal målestokk, men både i samisk og lokal samanheng har den stor verdi når det gjeld økonomi, sysselsetjing og kultur. Reindrifta er difor ein viktig del av det materielle grunnlaget for samisk kultur.

Reindriftsavtalen er, ved sida av reindriftslova, det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinjene i reindriftspolitikken.

For nærare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken viser ein til omtale under kat. 15.30 og til St.prp. nr. 65 (2003-2004) og Innst. S. nr. 242 (2003-2004). Nærare omtale av målsetjingane for dei einskilde ordningane på kapitlet går fram av budsjettframlegget for 2005.

Resultatrapport 2003

Situasjonen i reindrifta er samla sett betre enn på fleire år, men det er store regionale skilnader. Tap av rein til rovdyr og ein kontinuerleg reduksjon av reindrifta sine areal er framleis store utfordringar innanfor dei fleste områda. Talet på rein i Finnmark er i mange område framleis i ein alvorleg ubalanse med beitegrunnlaget. På grunn av svært gunstige klimatiske forhold dei siste vintrane har tilgangen til beita blitt betre. Dette har medført at reinen har hatt ein god kondisjon gjennom vinteren, noko som igjen har medført auka tilgang og overlevingsevne av kalv. Kondisjonen på reinen og kvaliteten på slaktet har vist ei markert betring på tross av det auka talet på rein. Dette har gitt utøvarane høve til å auke storleiken på reinflokkane sine på trass av at dei også dei to siste åra har auka slakteuttaket. Vidare er rovdyrtap og arealinngrep framleis store utfordringar i dei fleste områda. Medan tap grunna rovdyr utgjer store tal i Nord-Noreg er det for områda lenger sør særleg viktig å auke innsatsen for sikring av reindrifta sine areal. Det økonomiske resultatet er samla sett betre enn på fleire år. Totalregnskapet for reindrifta 2002 viser at resultatmåla er tilnærma uendra frå 2001 til 2002. Likevel viser resultata samla sett ein sunnare økonomisk situasjon i 2002 enn i 2001. Dette har samanheng med at dei marknadsbaserte inntektene har auka, medan det samla omfanget av statlege tilskott er klart lågare. Gjennomsnittleg inntektsnivå er på høvesvis 139 000 og 228 000 kroner per årsverk og driftseining. I alle reinbeiteområda i Nord-Noreg, utanom Polmak Varanger, er kostnadene større enn produksjonsinntektene.

Radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulukka i 1986 skaper framleis ekstra kostnader for reindriftsnæringa. Ein tiltakspakke blir finansiert av staten for å halde næringsutøvarane i reindrifta økonomisk skadeslause.

Reindriftsavtalen for 2004/2005

Avtalen legg vekt på å fylgje opp dei føresetnadene som ligg i St.meld. nr. 28 (1991-1992) og Innst. S. nr. 167 (1991-1992). Reindriftsavtalen for 2004/2005 har ei ordinær ramme på 95 mill. kroner eksklusive midlar til tiltak mot radioaktivitet. Dette er tilsvarande løyving som for Reindriftsavtalen 2003/2004 etter vedteke budsjett for 2004.

Regjeringa sin reindriftspolitikk er basert på Stortinget sine føresetnader og ut frå den situasjonen ein står overfor i næringa. I reindriftsavtalen for 2003/2004 blei dei økonomiske ordningane lagde vesentleg om - frå ordningar som i stor grad har vore faste summar per driftseining til ordningar som premierer produksjon og verdiskaping. Disse endringane, saman med innføringa av skattefrådraget, inneber at det er lagt til rette for auka produksjon og verdiskaping frå næringa, og dermed på sikt ei større økonomisk berekraft. For regjeringa har det vore viktig å få vidareført desse ordningane utan vesentlege endringar. Likevel har det med bakgrunn i den vanskelege marknadssituasjonen for reinkjøt vore viktig å prioritere tiltak som kan betre og sikre omsetnaden av reinkjøt. Utover dette er det viktigaste målet i avtalen å stimulere til størst mogleg verdiskaping i næringa innanfor givne rammer, tilpasse talet på driftseiningar til ressursgrunnlaget og medverke til inntektsfordeling. Vidare er det viktig å ha fokus på kvinna sin situasjon og fylgje opp dei kvinneretta tiltaka som er sette i gang.

Resultatet av forhandlingane inneber ein reindriftsavtale som i vesentleg grad vektlegg tiltak for å tryggje og betre omsetnaden av reinkjøt. For å sikre nødvendig slaktekapasitet og omsetnad, har avtalepartane vorte samde om ein prosess med to fasar. Den fyrste fasen fokuserer på kortsiktige tiltak for å sikre tilstrekkeleg slaktekapasitet for tidlig slakting i Finnmark komande slaktesesong. Det medfører m.a. at omdisponerte midlar frå Reindriftsavtalen 2003/2004 skal nyttast til mobile slakteanlegg som skal brukast før reinen flytter inn på vinterbeite. Den andre fasen inneber fokus på langsiktige marknadstiltak.

Dei vesentlege omleggingane av dei økonomiske verkemidla for reindriftsavtalen 2003/2004 er vidareførte for Reindriftsavtalen 2004/2005.

Fagbrevordninga i reindrifta er vidareført. Denne ordninga er svært positivt motteken i næringa, og gjer det mogleg for reindriftsutøvarane å få dokumentert sine kunnskapar, samt utdanne ungdom til dugande fagarbeidarar innan reindrifta.

Etter regjeringa si meining gir dei framforhandla marknadstiltaka gode sjansar for slakteria og reineigarane til å auke omsetnaden av reinkjøt. Samstundes gir vidareføring av dei økonomiske ordningane reindrifta dei nødvendige grunnlag og vilkår for auka produksjon og verdiskaping, og dermed på sikt ei større berekraft.

I tillegg til sjølve avtalen er det i sluttprotokollen til avtalen semje om finansiering av tiltak mot radioaktivitet i reinkjøt.

Partane har òg protokollert semje om ei eingongsomdisponering på 5 mill. kroner frå avsetnaden til innløysing av driftseiningar i 2004 til tiltak for å betre sjansane for tidlegslakting i Vest-Finnmark og Karasjok hausten 2004.

Vidare har avtalepartane protokollert at ein skal føreta ein gjennomgang av dagens distriktstilskot. Gjennomgangen skal ta sikte på å få kartlagt om denne ordninga har fungert ut i frå formålet, og eventuelt kome med framlegg til endringar som betre sikrar reinbeitedistrikta og tamreinlaga sitt medansvar for utviklinga av reindrifta i ei berekraftig retning.

Avtalen inneber vidare at avtaleåret for løyvingane over statsbudsjettet skal følgje kalenderåret. Avtalte endringar i løyvingane for reindriftsavtalen gjeld for følgjande kalenderår. Det vil seie at den avtalen staten inngjekk med reindrifta i 2004 er basert på at Stortinget gjer vedtak om dei løyvingane i 2005 som er lagde til grunn i avtalen og lagde fram for Stortinget i St.prp. nr. 65 (2003-2004). Gjennom vedtak II i proposisjonen om Reindriftsavtalen 2004/2005 har Stortinget gitt Landbruks- og matdepartementet fullmakt til å setje i verk tiltak i høve til avtalen som er knytt til løyvingar over budsjettet 2005.

Budsjettframlegg 2005

Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2005 i samsvar med Stortinget si handsaming av reindriftsavtalen for 2004/2005, jf. Innst. S. nr. 242 (2003-2004). I omtalen av dei einskilde postane er det gjort kort greie for føremål og innhald i dei ulike ordningane. For nærare omtale viser ein til St.prp. nr. 65 (2003-2004) og Innst. S. nr. 242 (2003-2004. Når det gjeld tilskottsforvaltninga har ein til dels dei same behova for avvik i høve til normalprosedyren fastsett i Bestemmelser om økonomistyring i staten som for ordningane under jordbruksavtalen. Dette gjeld ordningar under post 75 med omsyn til kriterium for måloppnåing, rapportering, kanalisering av midlane og kontroll. Når det gjeld post 79 utgjer forvaltninga berre overføring av midlar til Folketrygda. Ein viser elles til omtalen av tilpassing til økonomiregelverket under kat. 15.30.

Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

Reindrifta sitt utviklingsfond kan nyttast til praktiske tiltak i næringa som t.d. investeringar i anlegg til bruk i utøvinga av reindrift og investeringar knytte til tilleggsnæringar. Fondet kan òg gi støtte til faglege tiltak til fremjing av reindrifta, samt støtte til tiltak av allmenn interesse for samisk kultur. Fondet kan yte lån eller tilskott knytte til etablering i næringa.

Frå fondet blir det gjort fylgjande avsetjingar:

  • 4,5 mill. kroner til forsking og rettleiing for 2004

  • 2,0 mill. kroner til Samisk utviklingsfond for å støtte opp under kombinasjonsnæringar der reindrifta går inn som ein komponent

  • 1,0 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak

  • 7,7 mill. kroner over RUF til verdiskapingsprogrammet for reindrift

  • Inntil 10,0 mill. kroner til innløysing av driftseiningar og andre strukturtiltak i distrikt der det trengst tiltak for tilpassing av talet på driftseiningar og rein

  • 1,0 mill. kroner til kvinneretta tiltak

  • 2,0 mill. kroner til vidareføring av fagbrevordninga

  • 3,0 mill. kroner til ulike marknadsføringstiltak.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 33,5 mill. kroner for 2005.

Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid

Dei store utfordringane reindriftsnæringa står ovanfor krev ei aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskotet til NRL er føreslått auka med 200 000 kroner til 5,8 mill. kroner. Auken er øyremerka til NRL si organisering og drift av helse, miljø og tryggleiksarbeidet i reindrifta.

Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

75.11

Frakttilskott

2 427

2 000

1 000

75.12

Tilskott til driftseiningar og tamreinlag

32 790

32 200

36 400

75.13

Distriktstilskott

10 212

12 000

10 000

75.14

Driftstilskott for Troms og Nordland

5 680

75.15

Slakttilskott til feltslakteri og mobile slakteanlegg

1 500

75.18

Tidlegslaktetilskott i Finnmark

4 611

4 900

5 000

Sum post 75

55 720

51 100

53 900

Tilskota skal medverke til å fremme ei berekraftig reindrift, kvalitet, produktivitet, heve inntekta, samt verke utjamnande mellom einingar i næringa. Ein gjer framlegg om ei samla løyving under posten på 53,9 mill. kroner for 2005 som er ein auke på 2,8 mill. kroner i høve til 2004, jf. omtalen nedanfor.

Underpost 75.11 Frakttilskott

Føremålet med frakttilskottet er å medverke til å jamne ut prisane på reinkjøt til reineigarane i ulike distrikt. Ein gjer framlegg om ei løyving på 1,0 mill. kroner.

Underpost 75.12 Tilskott til driftseiningar og tamreinlag

Dette tilskottet er inndelt i fylgjande ordningar:

Produksjonspremie: Føremålet med ein produksjonspremie er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Driftseiningane sin produksjonspremie blir rekna med 25 pst. av avgiftspliktig sal av kjøt og biprodukt frå rein. Vidare blir det utbetalt produksjonspremie for andre avgiftspliktige inntekter frå vidareforedla produkt frå reinen. Ved sal av livdyr blir det rekna produksjonspremie berre i tilfelle der kjøparen har fått livdyrlån etter Forskrift om Reindriftens Utviklingsfond kap. 2. Det blir ikkje utbetalt produksjonspremie for avgiftspliktig inntekt som overstig 400 000 kroner pr. driftseining og 1 000 000 kroner pr. tamreinlag. Produksjonspremien blir utbetalt til eigaren av driftseininga. For tamreinlaga vil årsrekneskapen danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Det er sett av 18,4 mill. kroner til produksjonspremie.

Driftstilskott: Føremålet med ordninga er å kompensere for nokon av utgiftene i reindrifta. Tilskottet er differensiert i den meining at det skal verke utjamnande mellom reinbeiteområde med ulike naturgitte, klimatiske og økonomiske føresetnadar. Det er sett av 9,0 mill. kroner til driftstilskott.

Kalveslaktetilskott: Det er sett av 5 mill. kroner til ordninga med kalveslaktetilskott. Satsen for tilskottet er vidareført med 150 kroner per kalv.

Ektefelletillegg: Som eit ledd i ein kvinne- og familiepolitikk blir det utbetalt eit ekstra driftstilskott med ein sats på 25 000 kroner til dei driftseiningar der begge ektefellar driv aktiv reindrift. Eit slikt tilskott fell bort dersom ein av ektefellane ved siste likningsoppgjer har meir enn 150 000 kroner i brutto inntekt utanom reindrifta. Det er sett av 4 mill. kroner til ordninga med ektefelletillegg.

Ein gjer framlegg om ei samla løyving på 36,4 mill. kroner.

Underpost 75.13 Distriktstilskott

Føremålet med distriktstilskottet er å medverke til at reinbeitedistrikta skal kunne ta auka ansvar for utvikling av næringa i ei berekraftig retning. Tilskottet skal òg gi grunnlag for at distrikta skal ha ansvar for finansiering av kostnader ved avløysing under sjukdom og svangerskap utover dei allmenne ordningane i Folketrygda.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 10,0 mill. kroner.

Underpost 75.15 Slakttilskott til feltslakteri og mobile slakteanlegg

Føremålet med tilskottet er å styrkje stillinga til desse slakteria ved å kompensere for ein del av dei meirkostnadene desse slakteria har i høve til dei stasjonære slakteria med nåverande tilskotsordningar. Satsen for tilskottet er 3 kroner pr. kg rapportert slakt.

Underpost 75.18 Tidlegslaktetilskott i Finnmark og Troms

Ordninga med tidlegslaktetilskott blei innført i slaktesesongen 1993/94 grunna dei særlege problema knytte til vinterbeita i Finnmark og Troms. Føremålet med ordninga er å medverke til at rein blir slakta tidleg på hausten. Dette for å redusere trykket på marginale lavbeite, samt for å oppnå best mogleg kvalitet på kjøtt og biprodukt. Satsane frå driftsåret 2003/2004 blir vidareførde.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 5,0 mill. kroner.

Post 79 Velferdsordningar

Posten omfattar ordninga med Medlemsavgift til Folketrygda og sjukepengeordninga.

Den einskilde reineigar skal betale ei avgift til folketrygda som er lik den avgifta lønsmottakarane betalar. Skilnaden mellom den avgifta som er fastsett for private næringsdrivande (10,7 pst.), og den avgifta som skal betalast av den enkelte reineigar (7,8 pst.) blir finansiert over reindriftsavtalen. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i utviklinga i pensjonsgivande inntekt i reindrifta.

Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir òg ytte med 100 pst. av inntektsgrunnlaget. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir overførde sentralt til Folketrygda.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 1,8 mill. kroner.

Ordninga med tidlegpensjon blir vidareførd, men med den endring at satsen for anna inntekt som tidlegare innehavar av driftseining og eventuelt ektefelle kan ha, blir justert frå 100 000 kroner til 130 000 kroner. Ordninga blir finansiert over reindrifta sitt utviklingsfond.

Det blir innført eit særskilt tilskott for leigd hjelp ved svangerskap. For å styrkje stillinga til reindriftskvinnene blir dette tilskottet knytt til kvinner i reindrifta. Samstundes blir avløysarordninga over distriktstilskottet avvikla.

Kap. 1161 Statskog SF - forvaltningsdrift

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

70

Tilskott til forvaltningsdrift

16 119

16 922

16 922

73

Avviklingskostnader

163

224

232

75

Oppsyn i statsalmenningar

6 827

6 929

6 929

Sum kap. 1161

23 109

24 075

24 083

Mål og strategiar

Statskog SF forvaltar om lag 1/3 av landarealet, i alt 110 000 km2. For ei generell omtale av føretaket syner ein til kap. 5652, post 80 Innskottskapital i Statskog SF.

Forvaltningsoppgåvene som Statskog SF gjer på oppdrag for Landbruks- og matdepartementet omfattar både lovpålagde og ikkje lovpålagde oppgåver. Dei lovpålagde oppgåvene har grunnlag i særlover som gjeld for eigedomane - fjellova, lov om statens umatrikulerte grunn i Finnmark fylke og lov om skogsdrift mv. i statsallmenningane. Dei oppgåvene som ikkje er lovpålagde har grunnlag i særlege pålegg og retningslinjer.

Målet for Statskog SF sitt arbeid med forvaltningsoppgåvene er å sikre at dei rettar bruksrettshavarar og andre har på eigedomane blir ivaretekne i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningslinjer. Føretaket skal og arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for dei distrikta der eigedomane ligg og for staten som eigar.

Forvaltningsoppdraget er regulert i eige avtale. Departementet styrer aktiviteten gjennom tildelingsbrev og styringsmøte på same måten som anna forvaltningsverksemd.

Lovpålagde oppgåver

Skogbruk

Oppgåvene, som følgjer av lov om skogsdrift i statsallmenningar og lov om statens umatrikulerte grunn i Finnmark, er knytt til vedutvising i Finnmark og til virkesutvising i statsallmenningar til dekking av bruksrettar. I tillegg inngår arbeid med salsvirke til inntekt for allmenningsfonda.

Grunneigaroppgåver som ikkje gir inntekt

Verksemda følgjer av lov om statens umatrikulerte grunn i Finnmark og det særlege samfunnsansvaret Statskog har som dominerande grunneigar i fylket. Tidlegare fall også grunneigaroppgåvene i statsallmenningar inn her. Utgiftene til desse oppgåvene blir f.o.m. 2000 dekt over grunneigarfondet, jf. Innst. S. nr. 8 (1999-2000).

Offentleg-rettslege oppgåver

Verksemda dekkjer oppgåver der Statskog SF handlar som offentleg styresmakt, behandlar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova, lov om skogsdrift mv. i statsallmenningane og lov om statens umatrikulerte grunn i Finnmark. Administrasjonsutgiftene knytt til tilskottsforvaltninga for post 75 går òg inn her.

Ikkje lovpålagde oppgåver

Administrasjon av fiske i Finnmark

Inntil vidare gjeld særlege ordningar for forvaltning av fisket i Finnmark. Forvaltningsordninga skal vurderast i samband med oppfølginga av arbeidet til Samerettsutvalet, jf. Ot.prp. nr. 53 (2002-2003) Om lov om rettsforhold og forvaltning av grunn og naturressursar i Finnmark fylke (Finnmarkslova).

Friluftsliv, tilrettelegging

Tilrettelegging for friluftslivet vil vere ei hovudoppgåve for Statskog i åra framover. Statskog SF skal leggje til rette for at folk flest skal kunne drive jakt, fiske og anna friluftsliv på føretakets areal. Som ledd i dette arbeidet held føretaket ope husvære i fjellet, merkar stiar og løyper og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebrygger. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern. I 2003 starta Statskog opp eit prosjekt som vil innebere auka satsing på friluftsliv i åra framover, i nært samarbeid med miljøvern-, landbruks- og helsestyresmakter og dei frivillige organisasjonane.

Oppsyn i Nord Noreg - fjellteneste

Tenesta, som er samfinansiert med m.a. miljøvernstyresmaktene, skal gjennom informasjon og rettleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging medverke til sikring av naturverdiar og bevaring av biologisk mangfald. Tenesta omfattar eit areal på knapt 70 millionar dekar. Ei samarbeidsavtale mellom Statskog SF og Statens Naturoppsyn (SNO) om at Fjelltenesta skal utføre offentlegrettsleg naturoppsyn for SNO i Nord-Noreg, blei inngått i februar 2001.

Resultatrapport 2003

På post 70 er det i 2003 rekneskapsført 16,119 mill. kroner som er i samsvar med løyvinga. Om lag 39 pst. av utgiftene skriv seg frå dei lovpålagde oppgåvene.

Lovpålagde oppgåver

I alt 33 600 m3 tømmer og ved er utvist til bruksrettshavarane eller selt til inntekt for allmenningsfonda. Av dette utgjer utvisninga i Finnmark 14 800 m3. Alle aktuelle allmenningar har ferdig skogbruksplan. Grunna auka etterspørsel etter ved dei siste åra er det i samarbeid med lokale styresmakter i gang ei registrering av lauvskogressursane i Finnmark. Dette blei gjort både for å sikre ei god ressursforvaltning og sikre bruksrettshavarane sine rettar.

Oppsyn i statsallmenningane

I 2003 blei det gitt 6,929 mill. kr i tilskott til fjellstyra for oppsynsordningar i statsallmenningane i samsvar med §36 i fjellova. Tilskottsordninga sitt formål er å fremme og sikre viktige samfunnsinteresser i område der staten som grunneigar har eit spesielt ansvar.

Ikkje lovpålagde oppgåver

Det blei i 2003 brukt 0,3 mill. kr meir enn i 2002 til fiskeordningane i Finnmark. Oppgåvene innan fiskeordningane knytt seg til planlegging, forvaltning og tilrettelegging for fiske i vatn og vassdrag. Det er eit stor samfunnsansvar å forvalte m.a. 50 laksevassdrag.

Fond knytt til forvaltningsoppgåvene

Bruken av grunneigarfondet som pr. 31.12.03 var på 24,955 mill. kroner, er regulert i §12 i fjellova. Fondet skal etter samråd med Fjellstyresambandet m.a. brukast til tiltak i statsallmenningane med sikte på verdiskaping og lønnsame arbeidsplassar. I 1999 blei det utarbeidd nytt regelverk som skal medverke til at fondet i større grad enn fram til no blir brukt til tiltak i allmenningsbygdene. Grunneigarfondet blei redusert med i overkant av 3 mill. kroner frå 2002 til 2003. Denne reduksjonen skuldast dels auka utbetaling til godkjende tiltak i samsvar med det nye regelverket, dels omlegging av finansieringa av ikkje inntektsgivande grunneigaroppgåver frå statsbudsjettet til grunneigarfondet mv. Det har vore departementet sitt syn at 25- 30 mill. kroner er eit høveleg nivå for Grunneigarfondet. Nedbygging av fondet til dette nivå er no gjennomført. Balansen mellom inntekter og utgifter kan ein no gjenoppretta.

Allmenningsfonda, som på same tid var på i underkant av 23 mill. kroner, skriv seg frå salshogstar og erstatning for barskogvern med vidare i underskottsallmenningane. Fonda skal saman med skogavgiftsfonda brukast til investeringar i skogbruket i den enkelte allmenning.

Budsjettframlegg 2005

Post 70 Tilskott til forvaltningsdrift

Verksemda er knytt til lovpålagde og ikkje lovpålagde forvaltningsoppgåver som Statskog SF gjer for Landbruks- og matdepartementet.

Resultatrapporten for 2003 syner at det framover er behov for ein høg aktivitet når det gjeld tilsyn og andre oppgåver på Statskog SF sine areal for å ivareta staten sine rettar som grunneigar. I tillegg er det stort behov for service overfor og tilsyn med brukarar av utmarka som ikkje gir inntekter, som til dømes reindriftsnæringa (arealbrukskonfliktar og auka jegertrykk), forsvaret (grunn som ikkje blir festa, men rekvirerast ved øvingar) og eigedomstilsyn i høve til ulovlege byggverk med meir.

Det er òg eit stort behov for god service overfor og tilsyn med brukarar av utmarka, òg knytt til friluftslivsaktivitetar. Etter den nye friluftsmeldinga er det forventningar om at Statskog som grunneigar i aukande grad skal ta ansvar for den viktige samfunnsoppgåva som det er å leggje betre til rette for allmenta når det gjeld friluftsliv, naturopplevingar, jakt og fiske. Det er m.a. lagt vekt på at det enkle friluftslivet har viktige helsepolitiske aspekt. Dette er derfor oppgåver som Statskog vil gi enda høgare prioritet i tida framover.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 16,9 mill. kroner.

Post 73 Avviklingskostnader

Posten dekkjer ventelønn til dei som fikk rett til dette i samband med flyttinga av Statskog SF sitt hovudkontor frå Oslo til Namsos.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 232 000 kroner.

Post 75 Oppsyn i statsallmenningane

Posten dekkjer tilskott til fjellstyra for oppsynsordningar i statsallmenningane i samsvar med §36 i fjellova. Statsallmenningane omfattar 27 mill. dekar. Formålet med ordninga er å fremme og sikre viktige samfunnsinteresser i område der staten som grunneigar har eit spesielt ansvar.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 6,9 mill. kroner.

Kap. 2411 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 5311)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

50

Tapsfond, lån til landbruksformål

1 595

Sum kap. 2411

1 595

For 2003 blei det løyva 1,6 mill. kroner på kap. 2411 post 50 Tapsfond, lån til landbruksformål. Løyvinga gjaldt ein underdekning i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond mellom spesifiserte tap på lån til landbruksformål fram til 31.12.01 og løyving over statsbudsjettet. Lån til landbruksformål har frå og med 2002 hatt same vilkår som andre næringslån, slik at utgiftene til administrasjon, låneprovisjon til staten og tapsavsetningar blir dekt innanfor rentemarginen og ikkje over statsbudsjettet.

Rapport 2003

Når det gjelde lån til landbruksformål, blei det løyva 230 mill. kroner til i alt 309 prosjekter i 2003. Av disse er 60 mill. kroner gitt i tilknyting til nybygg eller utbetring av bustad, og 170 mill. kroner til næringsformål. Løyvinga til innovasjon innanfor lån til næringsformål var i 2003 på 48 pst., inkludert nyetableringar på 51 mill. kroner. Av andre formål er prosjekter i tilknyting til kapasitetsutviding på 23,5 mill. kroner i 2003.

Prosjekter innanfor landbrukslåna er i hovudsak knytt til fysiske investeringar.

20 pst. av dei totale tilsegna innanfor landbrukslån har gått til kvinneprosjekt.

Når det gjelder den næringsfordelinga er 207 mill. kroner av landbrukslåna gitt til jordbruk/skogbruk. Dvs at dei låna som er knytt seg til nyetableringar/innovasjon i stor grad er knytt til gardsdrifta.

Kap. 5545 Miljøavgifter i landbruket

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

71

Miljøavgift, plantevernmiddel

65 375

40 000

75 000

Sum kap. 5545

65 375

40 000

75 000

Miljøavgift er eit av fleire verkemiddel for å nå nasjonale og internasjonale miljømål. Gjennomføringa av tiltak er dokumentert i systemet med resultatkontroll i jordbruket.

Post 71 Miljøavgift, plantevernmiddel

Etter omlegging av avgiftssystemet i 1999 blir plantevernmiddel grupperte i avgiftsklasser basert på ibuande eigenskapar og eksponeringsbelastning. Dette er følgt opp i ny 5-årig Handlingsplan for redusert bruk av plantevernmiddel 2004-2008. Avgifta er basert på normerte arealdosar differensiert etter midla sin risiko for helse- og miljøskadar. For at avgifta skal få tilstrekkeleg effekt i høve til målsettinga for bruk av plantevernmiddel, vil departementet vurdere nivået på avgifta i samband med dei årlige budsjettframlegga.

Omsetningstala så langt syner at det nye avgiftssystemet har god effekt og ein har fått ein overgang til plantevernmiddel i lågare avgiftsklasser, dvs. middel med lågare miljø- og helserisiko. Omsetninga av plantevernmiddel har vore større enn forventa og ein legg difor opp til ei auke basert på avgiftsnivået i 2004 på 20 mill. kroner. I tillegg legg ein opp til ei auke i avgifta på omlag 25 pst. for 2005. For 2005 legg ein med dette opp til ei inntekt posten på 75 mill. kroner.

Kap. 5571 Totalisatoravgift

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

70

Avgift

89 170

92 500

89 000

Sum kap. 5571

89 170

92 500

89 000

Under posten blir det ført inntekter frå avgift på totalisatorspel.

I 2003 blei den samla omsetninga i totalisatorspel på 2214 mill. kroner. Dette var ein nedgang på 65 mill. kroner frå året før. For 2004 er det budsjettert ut frå ei samla omsetning på om lag 2400 mill. kroner.

For 2005 gjer ein framlegg om ei løyving under posten på 89 mill. kroner. Det er i framlegget lagt til grunn uendra avgiftssats på 3,7 pst. av omsetninga.

Programkategori 15.40 Forretningsdrift

Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

Pst. endr. 04/05

5651

Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet

750

750

0,0

5652

Innskottskapital i Statskog SF

13 000

8 500

8 500

0,0

Sum kategori 15.40

13 000

9 250

9 250

0,0

I kategorien er utbytte frå Graminor AS, Veterinærmedisinsk Oppdragsenter AS og Statskog SF budsjettert.

Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

80

Utbytte

750

750

Sum kap. 5651

750

750

Post 80 Utbytte

Graminor AS

Graminor AS utfører foredling og oppformering av plantevekstar og har ansvar for å vere genbank av ein rekkje arter. Selskapet mottek lisens- og foredlaravgift ved omsetting av sjukdomsfritt materiale i marknaden og midlar frå ulike FoU-løyvingar nasjonalt og internasjonalt, jf. også omtale under kap. 1143 post 73 når det gjeld statleg tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering.

Statens eigardel i selskapet er no 34,1 pst. Ein viser til St.prp. nr. 25 (2002-2003), der det blei lagt til grunn at statens samla eigarengasjement i Graminor AS minimum skal vere 34 pst. som basis for å sikre eigar- og samfunnsinteressene når det gjeld planteforedling og oppformering av plantemateriale i Noreg.

Graminor AS hadde ein omsetnad på 36,2 mill. kroner og eit overskott etter skatt på 5,0 mill. kroner i 2003. Det blei ikkje teke ut utbytte. Det blir heller ikkje budsjettert med utbytte frå selskapet i 2005, m.a. fordi kapitalbehovet til verksemda i det omstrukturerte selskapet er stort.

Staur Gård AS

Staur Gård AS har ansvar for å drive eigedommen Staur gard. Garden er i statleg eige for å sikre bruk av garden til forsking og utvikling, møteverksemd og representasjon. Samtidig er det ei viktig og krevjande oppgåve å halde vedlike den spesielle eigedommen på ein slik måte at eigenarta blir tatt vare på. Selskapet blei etablert for å drive eigedommen på ein rasjonell måte innanfor ramma av desse samfunnsmessige omsyn.

Staur Gård AS hadde i 2003 ei omsetning på 3,5 mill. kroner og eit underskot på 0,8 mill. kroner. Underskotet har m.a. samanheng med redusert gjestegardsverksemd i samband med ombygging. Det blir ikkje budsjettert med utbytte frå selskapet i 2005. Ein viser elles til omtale under kap. 1100 post 70.

Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS (VESO)

VESO er ei kunnskapsbedrift med fagleg fundament i norske veterinærmedisinske og liknande miljø. Landbruksdepartementet eig 51 pst. av aksjane. Dei resterande 49 pst. av aksjane er eigd av SIVA. Omsetninga i 2003 var på 169 mill. kroner. Dette er ei auke i omsetninga på vel 31 mill. kroner i høve til 2002 Den største delen av omsetninga er knytt til norsk oppdrett og akvakultur. Resultatet etter skatt blei 2,5 mill. kroner. Det blei utbetalt eit utbytte til Landbruksdepartementet på 0,75 mill. kroner for 2003. Dette utbyttet er i samsvar med målsettinga for selskapet. Ein budsjetterer med 0,75 mill. kroner i utbytte frå selskapet i 2005 ut frå føresetnaden om ein statleg eigardel på 51 pst. VESO samarbeidar i dag med mange aktørar innan sine virkefelt og ein legg til grunn at dette samarbeidet utviklast vidare.

Kap. 5652 Innskottskapital i Statskog SF

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

80

Utbytte

13 000

8 500

8 500

Sum kap. 5652

13 000

8 500

8 500

Statskog SF forvaltar om lag 1/3 av landarealet, i alt 110.000 km2. Statskog er òg landets største skogeigar, men skogen dekkjer likevel mindre enn 5 pst. av Statskog sitt totale areal, og 7 pst. av det totale produktive skogarealet i landet. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i dei tre nordlegaste fylka. I Sør-Noreg er ein omfattande del av arealet (om lag 27.000 km2) statsallmenning kor lokalbefolkninga har ulike bruksrettar (tømmer, ved, beite m.m.).

Statskog SF er med sin kompetanse og erfaring innan skog- og utmarksoppgåver ein sentral aktør i forvaltninga av dei norske skog- og utmarksressursane, og er eit viktig instrument for regjeringa for å løyse oppgåver knytt til skog- og utmarksspørsmål. Statskog SF skal forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedomar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsetjinga kan Statskog SF òg drive andre eigedomar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert. Styret i Statskog har vedtatt ein konsernstrategi med mål for perioden 2003- 2006. Måla er m.a. å medverke til å oppfylle nasjonale mål for bruk og vern av skog- og utmarksareala, leggje til rette for allmenta si tilgang til jakt, fiske og anna friluftsliv, skape og sikre lønnsame arbeidsplassar gjennom rasjonell og forretningsmessig utnytting av kompetanse, kapital og areal, auka verdiskaping i tilknyting til eigedomane samt styrkje sin posisjon som tenesteleverandør. Det er eit mål å styrkje den lokale verdiskapinga i samarbeid med lokale aktørar.

Med den rolla regjeringa ynskjer at statlege areal skal ha i framtida, både for allmenta og med omsyn til vern, ser ein det ikkje som aktuelt å selje statsallmenningar. Statsallmenningane er staten sitt opphavlege grunnareal, dei utgjer store og samanhengande skog- og fjellområde, og dei er påhefta omfattande rettar til bruk for dei bygdelaga som har rett til allmenningsbruk, jf. lov om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) og lov om skogsdrift mv. i statsallmenningane (statsallmenningslova). Vidare har alle som bur i riket rett til jakt og fiske. Som næringskomiteen påpeiker i Innst. S. nr. 150 (2001-2002) vil sal av statsallmenningar vere juridisk komplisert. Ein del av statsallmenningane ligg òg i dei områda som no blir utreda av Samerettsutvalet. Desse faktorane gjer at samfunnet vil vere best tent med at statsallmenningane blir verande i statleg eige.

Det er behov for ei auke i skogvernet og det er viktig at staten som stor grunneigar er med og tek ansvar for å nå dette målet. Dette vil òg vere eit viktig bidrag i tillegg til det frivillige vernet blant private skogeigarar. På denne bakgrunn har Direktoratet for naturforvaltning (DN) i nært samarbeid med Statskog SF starta kartlegging av om lag 700 000 dekar skog, i hovudsak i Sør-Noreg, som kan vere aktuell for skogvern etter naturvernlova. DN planlegg vidare registreringar i Midt-Noreg og Nord-Noreg kommande år. Dette gir eit potensial for auking av det totale skogvernet i Noreg med inntil 40 pst, og vil vere eit viktig bidrag til sikring av det biologiske mangfaldet i norske skogar. Dei aktuelle areala omfattar både statsallmenningar og ordinær statsgrunn med både produktiv og uproduktiv skog. Det leggjast vekt på å finne løysingar som tar vare på rettane til partane og som samtidig sikrar rask framdrift i arbeidet. Siktemålet er å ha på plass endelege vedtak om vern i løpet av eit år, eventuelt kan det ta noko lengre tid for somme areal dersom særskilte høve skulle tilseie det.

Statskog har inngått ei intensjonsavtale med Skifte Eiendom om samarbeid vedrørande eigedomar som skal avhendast av Forsvaret. På denne måten vil Statskog medverke til å nå samfunnsmessige mål knytt til trivsel, helse og naturopplevingar ved å leggje til rette for friluftsliv, jakt og fiske. Kjøp av Gimlemoen i Kristiansand er eit døme der Statskog no vil medverke til å sikre folk tilgang til viktige rekreasjonsområde. Det visast til nærare gjennomgang i St.prp. nr. 1 (2004-2005) Forsvarsdepartementet, vedrørande sal av statlege areal der viktige samfunnsmessige behov skal takast omsyn til.

Regjeringa har i Ot.prp. nr. 53 (2002-2003) Om lov om rettsforhold og forvaltning av grunn og naturressursar i Finnmark fylke (Finnmarksloven) foreslått at det blir oppretta eit nytt grunnforvaltningsorgan for det som i dag er statseigd grunn i Finnmark, jf. lov om statens umatrikulerte grunn i Finnmark. Forslaget inneber at Statskog SF ikkje lenger vil ha oppgåver knytt til forvaltninga av desse areala, noko som får konsekvensar for sysselsetting og økonomisk resultat i Statskog SF. Konsekvensane for Statskog er omtala i Ot.prp. nr. 53 Om lov om rettsforhold og forvaltning av grunn og naturressursar i Finnmark fylke (Finnmarksloven), kap. 8. Forvaltninga av statleg grunn i Finnmark gir i dag eit viktig bidrag til det økonomiske resultatet i Statskog, og dermed til det utbytte staten kan ta som eigar. Når det gjeld sysselsettinga brukar Statskog i dag om lag 40 årsverk på forvaltninga av Finnmark. Forutan ein reduksjon i stillingar i føretaket inneber lovforslaget òg eit visst tap av kompetanse innan føretaket. For heile Statskog (ekskl. forretningsskogbruket) låg inntekta på ca. 147 mill. kroner i 2003. Finnmark står for ca. 20 - 25 pst. av den totale økonomiske verksemda i Statskog SF. Dei venta endringane i Finnmark saman med andre endringar i rammevilkåra, vil ha konsekvensar for oppgåver, organisering og vedtekter for Statskog SF.

På føretaksmøtet for Statskog SF i juni 2004 blei ein prosjektrapport som omhandla Statskog SF si framtidige rolle som forvaltar av statens skog- og utmarksareal og vurderer moglege organisasjonsformar, lagt fram og teke til etterretning. Rapporten er utarbeidt av ei gruppa med representantar frå Statskog SF, Landbruksdepartementet og Miljøverndepartementet og forslaga er som følgjer:

  • vere eit verkemiddel til å nå nasjonale mål når det gjeld naturvern, allmentas tilgang til jakt, fiske og friluftsliv og lokal næringsutvikling

  • styrke innsatsen med tilrettelegging for friluftsliv, kulturminnevern på statens grunn, utvikle lokalt næringsliv og vidareutvikling av gode samarbeidsrelasjonar

  • framleis leggje vekt på samfunnsansvar og langsiktig samfunnsnytte framfor kravet til økonomisk avkastning

  • få ein utbyttepolitikk som stemmer betre overens med oppgåvene og ein ynskt auke i statleg tenestekjøp

  • framleis vere organisert som statsføretak

  • knytast meir opp til miljøvernmyndigheitene

  • få forslag til namneskifte

Departementet vil arbeide vidare med dei konkrete forslaga og m.a. vurdere vedtektsendringar og framtidig organisasjonsform.

Spørsmål vedrørande meirverdiavgift på sal av jakt- og fiskekort på statsgrunn, forvaltning av statsallmenningar som bygdeallmenningar med vidare, er under utgreiing og departementet vil komme tilbake til dette.

Nøkkeltal og utbytte

Konsernet hadde i 2003 driftsinntekter på 204 mill. kroner og eit driftsresultat på 20 mill. kroner. Årsresultatet etter finanspostar og skattar viser eit overskot på 28,329 mill. kroner. Bokført totalkapital i konsernet pr. 31.12.2003 var 293,5 mill. kroner og eigenkapitalen utanom skogavgiftsfondet 213 mill. kroner. Forrentinga av bokført eigenkapital (ekskl. skogavgiftsfond) har i åra 2001 - 2003 vore høvesvis 12,9,11,3 og 11,3 pst. Utbytte for 2003 er fastsett til 9,5 mill. kroner. Høgare utbytte enn saldert budsjett 2003 skuldast sal av eigedom. Det ble gjennomført verdivurdering av føretaket i 1998.

Det er budsjettert med eit utbytte på 8,5 mill. kroner frå føretaket i 2005. Endeleg vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte våren 2005.