St.prp. nr. 1 (2004-2005)

FOR BUDSJETTERMINEN 2005 Svalbardbudsjettet

Til innholdsfortegnelse

Del 2
Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla

Kap. 0001 Svalbard kyrkje

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Driftsutgifter

1 811

1 800

3 144

Sum kap 0001

1 811

1 800

3 144

Det blir utført tre årsverk ved Svalbard kyrkje. Foreslått løyving skal dekkje husleige, lønnsutgifter, varer og tenester som kyrkja står for i sitt arbeid, drift av tenestebil og snøskuter, leige av helikopter, og drift av bustad med meir. Drifts- og vedlikehaldskostnader for kyrkja blir dekte over Moderniseringsdepartementet kap. 2445 Statsbygg.

Etter pålegg frå Arbeidstilsynet vil det i 2004 bli gjort utbetringar ved kyrkja.

Auken i tildelinga skuldast at utgifter til husleige er overført frå kap. 20 Staten sine bygningar i Longyearbyen til kap. 1 Svalbard kyrkje, jf. omtale under kap. 20. For nærare omtale av kyrkja, sjå pkt. 4.9.

Kap. 0002 Tilskot til kulturelle formål m.m.

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

70

Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard

960

960

960

Sum kap 0002

960

960

960

Forslaget til løyving skal i tråd med praksis fordelast mellom befolkninga i Barentsburg og dei norske busetnadene. Det er foreslått at Longyearbyen lokalstyre får løyvd 0,8 mill. kr til velferdsformål. Det er ein føresetnad at midlane blir fordelte slik at dei også kjem den norske befolkninga i dei andre norske busetnadene til gode. Løyvinga skal bl.a. dekkje tilskot til samfunns- og kulturutvalet, løyving til Svalbard museum og til Longyearbyen folkebibliotek. Vidare er velferdsarbeidet i Ny-Ålesund foreslått støtta med 25 000 kr. Til befolkninga i Barentsburg er det foreslått sett av 0,1 mill. kr.

Etter forskrift 5. april 2000 nr. 347 om overskotsutdeling frå Nordpolet AS, skal nettooverskotet frå Nordpolet sitt sal av alkoholhaldig drikk overførast til Longyearbyen lokalstyre, som fordeler midlane til velferdsformål. Longyearbyen lokalstyre fordeler i 2004 overskotet for 2003 som utgjorde om lag 6,5 mill. kr. Longyearbyen lokalstyre rapporterer til Sysselmannen om bruken av midlane. Desse midlane inngår ikkje i Longyearbyen lokalstyre sitt budsjett.

I tillegg er det over Kulturdepartementet sitt budsjett for 2005 foreslått å løyve til saman 529 000 kr til kulturformål på Svalbard, jf. omtale i punkt 4.9.

Kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

70

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

51 688

51 530

66 810

Sum kap 0003

51 688

51 530

66 810

For 2005 er det foreslått eit tilskot til Longyearbyen lokalstyre på til saman 66,8 mill. kr. Dette skal dekkje utgiftene til drift av og investeringar i lokalstyret si verksemd. Auken skuldast i hovudsak til saman 13,1 mill. kr som går til dekning av husleige for 2005 og eingongsinvesteringar i samband med etablering av Svalbard forskingspark. Longyearbyen lokalstyre har ansvar for den delen av forskingsparken som utgjer Svalbard museum, jf. omtale under pkt. 4.3.

Lokalstyret har gjennom Svalbard Samfunnsdrift AS ansvar for produksjon og distribusjon av elektrisk kraft og fjernvarme. Dei seinare åra har det vore løyvd midlar til investeringar i fjernvarmenettet. For 2004 vart det løyvd 7,1 mill. kr til dette formålet. Denne løyvinga er vidareført for 2005. Longyearbyen lokalstyre har ein plan for framdrift og finansiering av investeringane. Det er lagt til grunn at investeringane i fjernvarmenettet skal finansierast ved hjelp av låneopptak og vere ferdigstilte i løpet av 2007.

Det er behov for eit nytt reservekraftanlegg i Longyearbyen, då anlegget i dag ikkje har tilstrekkeleg kapasitet til å dekkje det staden treng. Dette behovet er stipulert til om lag 50 mill. kr.

Energiverket har behov for store investeringar til vedlikehald, opprusting og modernisering. I åra som kjem må ein òg rekne med at det bl.a. blir stilt krav til reinsing av utsleppa frå energiverket. Longyearbyen lokalstyre arbeider med å få utgreidd framtidig organisering av energiforsyninga i Longyearbyen. I samband med dette har det i 2003–2004 vore gjennomført vindmålingar for å vurdere om det er mogleg å nytte vindkraft som ei sekundær energikjelde. Resultata frå desse målingane vil bli tekne med i det vidare arbeidet.

Longyearbyen lokalstyre har gjennom forhandlingar med Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK), fått avtalefesta disposisjonsrett til gardsnummer 22, bruksnummer 1 Longyeardal. Målet er å sikre at lokalstyret har dei nødvendige verkemidla i styringa av samfunnsutviklinga innan sitt geografiske ansvarsområde. Avtalen har likevel økonomiske konsekvensar ved at lokalstyret mister årlege festeinntekter. Forslaget til løyving er som ein følgje av dette auka noko for å kompensere for ein del av dette inntektstapet.

Kap. 0005 Sysselmannen (jf. kap. 3005)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Driftsutgifter

19 280

19 450

26 240

Sum kap 0005

19 280

19 450

26 240

I 2003 vart det utført 29 årsverk ved sysselmannskontoret. Inkludert i dette talet er engasjement av ekstrabetjentar og feltinspektørar i sommarmånadene. Åremålet for tilsette ved sysselmannskontoret er 5 år. Sysselmannen fekk i 2004 midlar til ei ny fast politistilling for å sikre auka beredskap på Svalbard.

Det er for 2005 foreslått å løyve 26,2 mill. kr over kap. 5 Sysselmannen. Dette er ein auke i forhold til tildelinga for 2004. Auken skuldast i hovudsak til saman 5,5 mill. kr til dekning av husleige for 2005 og eingongsinvesteringar i samband med etablering av Svalbard forskingspark. Sysselmannen har ansvar for etablering av eit kulturhistorisk magasin, jf. omtale under pkt. 4.3. Løyvinga skal i tillegg dekkje utgifter til lønn og drift av sysselmannskontoret, under dette utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken. Sysselmannen disponerer store utstyrs- og transportressursar, bl.a. terrenggåande beltevogner, småbåtar, snøskuterar og utstyr for oljeberedskap. Dette er nødvendig for å kontrollere og halde oppsyn med den 62 700 km2 store øygruppa. Saman med helikopter og skip er utstyrsparken òg nødvendig for redningsberedskapen på øygruppa. I tillegg har Sysselmannen bl.a. òg mange representasjonsoppgåver.

I forslaget for 2005 er det inkludert midlar til ei stilling som teknisk konservator i samband med opninga av Svalbard forskingspark. Denne stillinga skal ivareta bl.a. konservering av kulturminnegjenstandar og etablere utstillingane i Svalbard museum. Dette er ein fagkompetanse Sysselmannen ikkje har i dag. Løyvinga inkluderer òg 0,5 mill. kr som tilskot til miljøvernarbeidet hos Sysselmannen, jf. omtale under punkt 4.1. Dette er prosjektmidlar som tidlegare vart utgiftsførte på Miljøverndepartementet kap. 1400, men som frå 2005 er overførte til Svalbardbudsjettet.

Justisdepartementet ber Stortinget samtykkje i at departementet i 2005 kan bestille varer for inntil 3 mill. kr ut over løyvinga som er gitt under kap. 5 post 01, jf. forslag til vedtak. Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Fullmakta er meint å dekkje Sysselmannen sitt behov for større utstyrsinvesteringar over budsjetterminane.

Kap. 3005 Sysselmannen (jf. kap. 5)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Diverse inntekter

259

200

200

02

Refusjonar m.v.

675

0

0

Sum kap 3005

934

200

200

Kapitlet korresponderer med kap. 5 Sysselmannen. Inntektene på post 01 omfattar bøter, gebyr, inndragingar og inntekter ved auksjonar, sal av isbjørnskinn og reinsdyrkjøtt. Bøter blir kravde inn av Statens Innkrevingssentral, men inntektsførte Sysselmannen. Sysselmannen mottek diverse refusjonar og får midlar stilte til disposisjon ved posteringsfullmakter. Omfanget av refusjonane varierer frå år til år, og det er vanskeleg å gi eit presist overslag. Av praktiske grunnar blir det derfor budsjettert med 0 kr på post 02. Det er foreslått at Justisdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 5 post 01 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3005, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0006 Sysselmannen si transportteneste (jf. kap. 3006)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Driftsutgifter

48 379

59 550

62 200

Sum kap 0006

48 379

59 550

62 200

Avstandane på Svalbard er store. Det finst ikkje vegsamband eller offentlege kommunikasjonsmiddel for intern transport mellom busetnadene og elles på øygruppa. For å kunne utøve det oppsynet som er nødvendig for å handheve norsk suverenitet, er Sysselmannen heilt avhengig av både helikopter og skip. Desse transportmidla er òg heilt nødvendige for ei effektiv politi- og redningsteneste, og for ambulanse- og sjuketransport, også utanfor Svalbard sitt territorialfarvatn. Transportmidla blir dessutan nytta til naturoppsyn og førebyggjande arbeid mot miljøkriminalitet. Utan helikopter og skip vil det ikkje vere mogleg å føre eit effektivt tilsyn med verneområde, kulturminne, jakt, ferdsel og turisme også i dei fjerne delane av øygruppa. I 2003 utførte Sysselmannen 22 søk- og redningsoppdrag og 19 ambulanseoppdrag. I dei fleste av desse nytta ein Sysselmannen sitt helikopter.

Kapitlet dekkjer stasjonering og drift av to tenestehelikopter. Sysselmannen inngjekk ein ny kontrakt med Airlift AS om leige av helikopterteneste frå 01.04.2004. Kontrakten gjeld leige av eit Super Puma AS 332 L1 AW SAR helikopter og eit AS 365 Dauphin N2 helikopter, begge med avansert redningsutstyr. Denne samansetjinga gir etter departementet si vurdering Sysselmannen stor fleksibilitet når ulike SAR (search and rescue)-oppdrag skal utførast. Samtidig er samansetjinga særs godt eigna i forhold til den kombinasjonsløysinga det er lagt opp til på Svalbard. Helikoptra skal fungere både i rednings- og beredskapsoppdrag og som tenestehelikopter for Sysselmannen sine ulike oppdrag. Den nye avtala innebar auka kostnader samanlikna med den tidlegare leigeavtala. Auken i tildelinga for 2005 skuldast hovudsakleg heilårsverknaden av den nye helikopteravtala. Utleige til andre brukarar blir inntektsført Sysselmannen, jf. kap. 3006.

Vidare dekkjer kapitlet utgifter til leige av tenestefartøy med helikopterdekk. Justisdepartementet har ein kontrakt med Rana Ship Service AS om å leige inn eit fartøy (Nordsyssel) omlag 7 månader kvart år. Dette skipet er eit isgåande fartøy og er svært viktig både i den generelle beredskapen og for oljevernberedskapen.

Kap. 3006 Sysselmannen si transportteneste (jf. kap. 6)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Leigeinntekter

1 026

1 100

1 100

02

Refusjonar

353

0

0

Sum kap 3006

1 379

1 100

1 100

Kapitlet korresponderer med kap. 6 og viser venta inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla som Sysselmannen disponerer. Etter avtale med leverandørar av transporttenester, skal Sysselmannen ha inntektene/refusjonane dersom desse blir nytta av andre. Inntektene knyter seg til utleige til privat verksemd, mens refusjonar gjeld utleige til andre statlege institusjonar.

For å skilje mellom inntekter og refusjonar er det ein post 01 Leigeinntekter og ein post 02 Refusjonar under kap. 3006. Det blir foreslått løyvd 0 kr på post 02, då refusjonane varierer frå år til år og det er vanskeleg å gi eit presist overslag. Det blir foreslått at Justisdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 6 post 01 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3006, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0007 Tilfeldige utgifter

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Driftsutgifter

4 138

4 200

4 100

Sum kap 0007

4 138

4 200

4 100

Løyvinga under denne posten er disponert av Justisdepartementet. Posten skal dekkje informasjonstiltak, støtte til utgreiingar, bokprosjekt og liknande, og mindre ikkje føresette utgifter.

Dei meirutgiftene Telenor har i samband med samfunnspålagte teletenester på Svalbard er dekte over denne posten. Dei årlege utgiftene utgjer 3,5 mill. kr. Sjå omtale under pkt. 4.5.

Kap. 0009 Kulturminnetiltak

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Driftsutgifter

1 921

2 050

2 050

Sum kap 0009

1 921

2 050

2 050

Kulturminnevernet er ein del av eit samla miljøvern på Svalbard og skal samle og ivareta kunnskap om kulturminne på øygruppa. I tillegg skal det tene til å verne, halde ved like og forvalte kulturminna i samsvar med forskrifter og vedtekne planar, og informere om Svalbard si kulturhistorie, og kulturmiljø og vernetiltak i tilknyting til dette.

Kulturminneplan for Svalbard 2001–2010 låg føre i 2001. Planen dannar grunnlaget for dei forvaltningsstrategiane det er lagt vekt på i kulturminnevernet for Svalbard. I 2005 skal kulturminneplanen evaluerast.

Arbeidet med undersøkingar i felt og registreringar fortset. I samsvar med kulturminneplanen blir det arbeidd med bygningsvern og med å avdekkje nedbrytingsmekanismar for å utvikle metodar for istandsetjing og vedlikehald. Det er òg viktig å føre vidare det haldningsskapande informasjonsarbeidet, bl.a. gjennom ein serie med informasjonshefte.

Miljøovervakingssystemet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ) er utvikla som eit verktøy for miljøforvaltninga på Svalbard. MOSJ hentar data frå ei rekkje lokalitetar på Svalbard og spenner over alle relevante temaområde. Sysselmannen sit i styringsgruppa for systemet og har òg ansvaret for å samle inn, arbeide vidare med og levere data om jakt, ferdsel, forsøpling og kulturminne.

Inkludert i planane om Svalbard forskingspark er òg etablering av eit kulturhistorisk magasin med laboratorium og verkstader, og eit miljøinformasjonssenter. Sysselmannen er i denne samanhengen tildelt midlar til ei stilling som teknisk konservator, jf. omtale kap. 5.

Kap. 0011 Bergmeisteren

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Driftsutgifter

1 512

1 600

1 430

Sum kap 0011

1 512

1 600

1 430

Bergmeisteren for Svalbard og Bergvesenet vart slått saman i 2003. I dag har Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard hovudkontor i Trondheim, eit eige kontor og ei bergmeisterstilling på Svalbard. Det er for 2005 foreslått å løyve 1,4 mill. kr til driftsutgifter. Reduksjonen skuldast i hovudsak innsparingar etter administrative tilpassingar i samband med samanslåing av dei to etatane. Sjå elles omtale av Bergmeisteren under pkt. 4.2.

Kap. 0017 Refusjon til Norsk Polarinstitutt

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

50

Refusjon

2 450

2 700

2 700

Sum kap 0017

2 450

2 700

2 700

For 2005 er det foreslått å løyve 2,7 mill. kr over kap. 17. Det meste av budsjettmidlane til instituttet si verksemd på Svalbard blir dekte over Miljøverndepartementet sitt budsjett, kap. 1471. Refusjonen til Norsk Polarinstitutt over Svalbardbudsjettet skal gi delvis dekning for oppgåver instituttet utfører på Svalbard for andre enn miljøforvaltninga, jf. pkt. 4.1.

Kap. 0018 Fyr og radiofyr

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Driftsutgifter

3 285

3 350

3 350

Sum kap 0018

3 285

3 350

3 350

Løyvinga skal dekkje utgifter til innkjøp og vedlikehald til navigasjonshjelpemiddel for sjø- og lufttrafikken, bl.a. 11 fyrlykter, 27 navigasjonslys, 12 seglingsmerke, og 2 radarfyr. Anlegga er drivne og haldne ved like av Norsk Polarinstitutt. Fyrtenesta er kombinert med instituttet si ekspedisjonsverksemd på Svalbard, slik at transportkostnadene blir reduserte. Kapitlet dekkjer lønnskompensasjon for engasjert personell, driftsutstyr, bl.a. batteri, fyrlamper og anna teknisk utstyr, og utgifter knytte til synfaringane.

Kap. 0019 Staten sine bygningar på Bjørnøya og Hopen

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Driftsutgifter

5 450

Sum kap 0019

5 450

Det er frå 2005 oppretta eit nytt kapittel: kap. 19 Staten sine bygningar på Bjørnøya og Hopen. Målet er å synleggjere utgiftene til husleige for staten sine bygningar der. Løyvinga på kapitelet er overført frå kap. 20 Staten sine bygningar i Longyearbyen. Dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen vart innlemma i den statlege husleigeordninga frå 01.01.2004. Drifts- og vedlikehaldskostnader for eigedommane blir derfor dekte over Moderniseringsdepartementet kap. 2445 Statsbygg.

Kap. 0020 Staten sine bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Driftsutgifter

12 365

19 113

13 756

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

630

950

900

Sum kap 0020

12 995

20 063

14 656

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til vedlikehald og drift av bygningsmassen som ikkje er innlemma i den statlege husleigeordninga, slik som inventar, lys, fjernvarme, vatn, avløp, renovasjon, vegar og veglys. Vidare skal den dekkje lønn og drift for lokaladministrasjonen til Statsbygg. Det vart i 2003 utført 8,8 årsverk ved kontoret til Statsbygg i Longyearbyen, av dette 5,3 årsverk som er dekte over kap. 20.

Utgiftene til husleige for Svalbard kyrkje er overførte til kap. 1 Svalbard kyrkje, jf. omtale under kap. 1. Utgiftene til husleige for dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen er overførte til kap. 19 Staten sine bygningar på Bjørnøya og Hopen, jf. omtale under kap. 19. Forslaget til løyving på kap. 20 er redusert tilsvarande.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal gå til ekstraordinært vedlikehald av hyblar/husvære.

Kap. 3020 Staten sine bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Inntekter

3 908

3 740

3 440

Sum kap 3020

3 908

3 740

3 440

Kapitlet korresponderer med kap. 0020. Inntektene refererer seg til inntekter frå statlege selskap og etatar som Telenor, Posten, Avinor, Norsk Polarinstitutt og sjukehuset. Alle desse deltek i bustadpoolen som vart oppretta i 2001. Kap. 3020 omfattar også mindre inntekter frå sal av kassert materiell og utstyr, pluss inntekter frå overnattingar på Statsbygg-riggen. Reduksjonen på kapitlet skuldast i hovudsak tap av inntekt på bakgrunn av sal av «Blåhuset» til Telenor Svalbard, og tap av inntekter fordi enkelte bustader står tomme.

Kap. 0022 Likningsforvaltninga for Svalbard

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

01

Driftsutgifter

1 877

2 200

2 155

Sum kap 0022

1 877

2 200

2 155

Forslaget til løyving skal gå til lønns- og driftsmidlar for likningskontoret i Longyearbyen. Kontoret har to tilsette i åremål. Løyvinga skal òg dekkje utgifter til likningsnemnda og overlikningsnemnda for Svalbard, og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå Troms fylkesskattekontor. Reduksjonen i løyvinga i 2005 skuldast i stor grad at det i 2004 vart gitt ekstra midlar til dekking av utgifter ved tilsetjing av ny likningssjef, og flytteutgifter knytte til dette.

Mål- og resultatstyring av likningskontoret skjer innafor det ordinære mål- og resultatstyringssystemet som til ei kvar tid er fastsett for likningsforvaltninga på Svalbard.

Kap. 3030 Skattar og avgifter

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

70

Skattar m.m.

72 5841

41 100

50 000

71

Utførselsavgift

1 380

3 100

3 500

72

Utmålsgebyr, årsavgift

1 065

1 000

1 090

Sum kap 3030

75 029

45 200

54 590

1  Inkludert i rekneskaptalet for 2003 er ei omfordeling frå folketrygda til Svalbard for åra 1999–2002 i samband med ein ny rutine om fordeling av skatt og trygdeavgift mellom Svalbard og folketrygda.

Post 70 Skattar m.m.

Post 70 gir eit overslag over venta skatteinntekter frå Svalbard for 2005. Det er venta ein auke i skatteinngangen samanlikna med skatteoverslaget for 2004. Dette skuldast generelt auka aktivitet, og dessutan at 2 pst. auke i skatteprosenten på lønnsinntekter og pensjon vedteke for 2004 vil slå inn med full verknad i 2005.

Post 71 Utførselsavgift

Utførselsavgift blir kravd inn i medhald av lov 17. juli 1925 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergarter som blir utførte frå Svalbard. Satsane for berekning av avgift til statskassa av kol som blir utført frå Svalbard vart endra med verknad frå 01.01.2004.

Inntektene frå utførselsavgifta er avhengig av utskipa kvantum av kol og kolprisen på verdsmarknaden. Venta inntekt er om lag 3,5 mill. kr.

Post 72 Utmålsgebyr, årsavgift

Utmål er eit avgrensa område der utmålshavaren for ein gitt periode har einerett til å utnytte geologiske ressursar. Inntektene under denne posten er knytte til avgift ved krav om og vidareføring av utmål som er nedfelte i Bergverksordninga. Årsavgifta for å vidareføre eit utmål er kr 6 000.

Det vart i 2003 tildelt 7 nye utmål. Pr. januar 2004 vart det vidareført 380 utmål, av desse 219 avgiftspliktige.

Med bakgrunn i fredinga av delar av Svalbard hausten 2003 har Nærings- og handelsdepartementet, i samråd med dei andre departementa dette vedkjem, redusert avgifta for utmål som ligg i verna område. Det er ikkje rimeleg å krevje full avgift når vernet fører til at aktivitet i utmåla ikkje kan gjennomførast. Utmålsavgifta er sett til 1 500 kr i året pr. utmål. Etter ei førebels oversikt gjeld dette 50 utmål. For utmåla i Øvre Reindalen skal det framleis betalast full avgift då det er opna for bergverksaktivitet i desse utmåla.

I forslaget for 2005 er det lagt til grunn at talet på avgiftspliktige utmål blir uforandra i forhold til 2004.

Kap. 3035 Tilskot frå statsbudsjettet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

70

Tilskot

70 412

119 213

135 915

Sum kap 3035

70 412

119 213

135 915

Dette inntektskapitlet tilsvarer det tilskotet som er foreslått løyvd på Justisdepartementet sitt budsjett kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Løyvinga skal dekkje underskotet på svalbardbudsjettet. Foreslått løyving er auka samanlikna med vedteke budsjett for 2004. Dette skuldast i hovudsak løyvingar i samband med etablering av Svalbard forskingspark, samt heilårsverknad av ny helikopteravtale for Sysselmannen. Løyvinga er justert for prisomrekning og auka skatteanslag.

Til forsiden