Forslag til vedtak om formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2007
II
§ 1 Bruksområde for vedtaket
Dette vedtaket gjeld forskotsutskriving og endeleg utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2007 etter føresegnene i lov av 29. november i 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.
Skattepliktige som nemnde i skattebetalingslova § 1, jf. § 2, og svalbardskattelova § 5-1 første ledd, skal betale forskot på formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2007. Ved utrekninga og innbetalinga gjeld føresegnene i dette vedtaket og i skattebetalingslova.
§ 2 Skatt på formue
Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:
Personleg skattepliktig og dødsbu:
Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats)
Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2:
Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.
§ 3 Skatt på inntekt
Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:
Inntekt som blir skattlagt ved likning etter svalbardskattelova § 3-1:
10 pst. av alminneleg inntekt
Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt på kr 10 000
Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-2:
12 pst.
§ 4 Avrundingsreglar
Ved utrekning av skatt ved likning skal stipulert formue avrundast nedover til næraste heile 1000 kroner, og inntekt avrundast nedover til næraste heile 100 kroner.
Ved utrekning av skatt ved lønnstrekk skal inntekta avrundast nedover til næraste heile krone.
§ 5 Skjermingsrenta for fastsetjing av berekna personinntekt for sjølvstendig næringsdrivande.
Skjermingsrenta som nemnt i skattelova § 12-12 tredje ledd, jf. svalbardskattelova § 3-1, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.
§ 6 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold
Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova §§ 3-1 og 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.