Del 3
Andre saker
4 Prosjekt under utbygging
Olje- og energidepartementet (OED) gir ein gong per år ei samla utgreiing om kostnadsutviklinga for dei enkelte prosjekta der plan for utbygging og drift (PUD) eller plan for anlegg og drift (PAD) er blitt lagt fram for styresmaktene, og der prosjekta framleis er under utbygging eller er komne i produksjon etter 1. august året før, jf. St.meld. nr. 37 (1998-1999). Som bakgrunn for utgreiinga har departementet innhenta opplysningar frå operatørane for dei enkelte prosjekta.
Tabellen under viser eit oversyn over differansen mellom operatøranes investeringsanslag på PUD/PAD-tidspunktet og anslaget deira per juli 2007.
Tabell 4.1 Investeringsanslag, prosjekt under utbygging
(i mill. 2007-kroner) | ||||
---|---|---|---|---|
PUD/PAD- estimat | Nye anslag | Endring | Endring i pst. | |
Alve | 2 457 | 2 500 | 43 | 1,8 |
Alvheim | 8 993 | 13 963 | 4 970 | 55,3 |
Blane | 1 817 | 2 995 | 1 178 | 64,8 |
Enoch | 171 | 250 | 79 | 46,2 |
Fram Aust | 3 977 | 5 509 | 1 532 | 38,5 |
Gjøa | 28 177 | 28 187 | 10 | 0,0 |
Njord gasseksport | 1 088 | 1 299 | 211 | 19,4 |
Ormen Lange/Langeled (er rapportert samla) | 72 006 | 87 849 | 15 843 | 22,0 |
Oseberg Delta | 1 897 | 2 174 | 277 | 14,6 |
Rev | 2 721 | 2 721 | 0 | 0,0 |
Ringhorne Aust | 1 028 | 1 080 | 52 | 5,1 |
Skinfaks/Rimfaks IOR | 3 626 | 4 578 | 952 | 26,3 |
Snøhvit LNG1 | 43 846 | 64 520 | 20 674 | 47,2 |
Statfjord seinfase | 14 196 | 15 179 | 983 | 6,9 |
Tambar | 313 | 340 | 27 | 8,6 |
Tampen Link | 1 563 | 1 970 | 407 | 26,0 |
Tordis IOR | 1 853 | 2 023 | 170 | 9,2 |
Tyrihans | 14 156 | 14 302 | 146 | 1,0 |
Vega | 6 197 | 7 651 | 1 454 | 23,5 |
Vilje | 2 120 | 2 612 | 492 | 23,2 |
Volund | 2 782 | 2 837 | 55 | 2,0 |
Volve | 2 065 | 2 620 | 555 | 26,9 |
Yme | 4 361 | 5 217 | 856 | 19,6 |
SUM | 221 410 | 272 376 | 50 966 | 23,0 |
1 Anslaget omfattar òg investeringar i LNG-skip
Kostnadene knytte til større petroleumsprosjekt har auka kraftig over heile verda dei seinare åra. Kostnadsauken er av konsulentfirmaet IHS/CERA utrekna til 67 pst. sidan år 2000 og 53 pst. berre dei siste to åra. Denne generelle kostnadsauken for petroleumsprosjekt rammar, som tabellen viser, óg i stor grad pågåande utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel.
Samtidig er forventningane til framtidige prisar på olje og gass høgare enn tidlegare. Soleis har lønsemda til desse prosjekta jamt over auka. Legg ein til grunn forventningane i dag om framtidige prisar er samla verdiskaping (noverdi) frå prosjekta utrekna til 370 mrd. 2007-kroner.
Samla viser dei oppdaterte investeringstala frå operatørane ein auke på om lag 51 mrd. 2007-kroner i forhold til PUD/PAD-tidspunktet, jf. tabell 4.1. Utbyggingane av Snøhvit og Ormen Lange (fase 2) står for over 70 pst. av den totale auken.
Auka investeringsnivå på felt under utbygging treng ikkje å vere negativt. Dersom eit høgare investeringsnivå for eksempel medfører auka produksjon vil det medverke til høgare verdiskaping.
Kostnadsendringar på enkeltprosjekt
På Alvheim er investeringsanslaget auka med om lag 5,0 mrd. kroner samanlikna med PUD. I tillegg til den generelle kostnadsauken for leveransar til næringa, skuldast dette behov for større modifikasjonar på produksjonsskipet enn kva ein trudde frå først av.
Blane har ein auke på om lag 1,2 mrd. kroner. Størstedelen av auken skuldast auka kostnader til arbeid under vatnet og i samband med tilknytinga til Ulafeltet.
Investeringsanslaga for Fram Aust er auka med om lag 1,5 mrd. kroner. Dette skuldast høgare borekostnader.
For Njord Gasseksport har designendringar og den generelle kostnadsauken for leveransar til næringa medverka til ein auke i investeringsanslaget med om lag 0,2 mrd. kroner.
Investeringsanslaga på Ormen Lange er auka med om lag 15,8 mrd. kroner samanlikna med PUD. Investeringane for Langeled og fase 1 av Ormen Lange-utbygginga er i følgje operatøren innanfor kostnadsoverslaga. Kostnadsauken er knytt til fase 2 og skuldast først og fremst utviklinga i leverandørmarknaden. Både venta borekostnader og prisen på undervassutstyret har meir enn dobla seg sidan PUD vart levert i 2003. Utviklinga av teknologi for undervasskompresjonen har òg blitt dyrare enn kva ein trudde tidlegare.
Oseberg Delta har ein auke i investeringsanslag på om lag 0,3 mrd. kroner. Dette skuldast hovudsakleg høgare kostnader for røyrleidningar og brønnar.
Skinfaks/Rimfaks IOR-overslaget viser ein auke i investeringar på om lag 1,0 mrd. kroner. Hovudårsaka til auken er høgare borekostnader.
Dei siste offisielle overslaga for Snøhvit LNG viser ein auke i investeringane på om lag 20,7 mrd. kroner i forhold til PUD. Hovudårsaka til dette er at prosjektet ikkje var moge på avgjerdstidspunktet og at konsekvensane av å auke kapasiteten på LNG-anlegget med 30 pst. vart undervurderte. Manglande og seinka leveransar av teikningar og material frå hovudkontraktoren, sein mobilisering og låg produktivitet på hovudverkstaden som førte til mykje ekstra arbeid på Melkøya, og underestimering av arbeidsomfanget, er andre faktorar bak kostnadsauken.
Bakgrunnen for auken på om lag 1,0 mrd. kroner i investeringsanslaget for Statfjord seinfase, er boring av tre nye oljeproduksjonsbrønnar på Statfjord A. I tillegg påverkar den generelle kostnadsauken for leveransar til næringa også dette prosjektet.
For Tampen Link er det innrapportert ein auke i investeringsanslaget på om lag 0,4 mrd. kroner i forhold til PAD. Årsakene er betydeleg kostnadsauke for leveransar innan undervasstenester.
Investeringsanslaga for Vega har, på grunn av auke i kostnadene knytte til produksjonssystemet på havbotnen og til boring, auka med om lag 1,5 mrd. kroner.
For Vilje er investeringsanslaget auka med om lag 0,5 mrd. kroner. Dette skuldast kostnadsauke knytt til produksjonssystemet på havbotnen og til boring.
Volve har ein auke i investeringsanslaget på om lag 0,6 mrd. kroner. Hovudårsaken er auka kostnader til boring.
Investeringsanslaget på Yme er auka med om lag 0,9 mrd. kroner i forhold til PUD. Hovudårsaka er auka kostnader til undervassarbeid.
For Alve, Enoch, Gjøa, Rev, Ringhorne Aust, Tordis IOR, Tyrihans og Volund er auken i investeringsanslaga meir avgrensa, og desse prosjekta blir ikkje nærare gjennomgått her.
5 Olje- og energidepartementets utgreiing om likestilling og oppfølging av IA-avtalen
5.1 Likestilling
Likestillingslova pålegg offentlege styresmakter skjerpa aktivitetsplikt for å fremje likestilling mellom kjønna på alle samfunnsområde. Olje- og energidepartementet (OED) har gjennomgått alle budsjettområda i departementet, og utført ei likestillingsvurdering innanfor departementet sine budsjettområde. Departementet har ikkje funne løyvingar som eignar seg for spesielle kjønns- og likestillingsanalysar.
Kvinner og menns representasjon og innverknad i olje- og energisektoren
OED gjennomførte i 2005/2006 utgreiingsprosjektet «Kvinner og menns representasjon og innflytelse i olje- og energisektoren». Utgreiinga vart ferdigstilt i mai 2006. Prosjektet var eit samarbeid med Oljeindustriens Landsforeining, Norsk Industri og Energibedriftenes Landsforeining. Prosjektet vart delfinansiert av NHOs Arbeidsmiljøfond.
Formålet med prosjektet var å kartleggje kvinner og menns representasjon på ulike nivå som grunnlag for å utarbeide verkemiddel for å auke delen av kvinner i leiarstillingar og styreverv i sektoren. Kartlegginga vart gjennomført av Norut Samfunnsforskning as på oppdrag frå OED.
I rapporten vart det peikt på tre hovudutfordringar som må møtast med ulike typar verkemiddel retta mot forskjellige aktørar:
Hovudutfordringar | Moglege barrierar | Moglege tiltaksområde |
---|---|---|
Karrieretilhøva for kvinner som er i sektoren |
|
|
Gjere sektoren attraktiv for kvinner |
|
|
Auke tilfanget av kvalifiserte kvinner |
|
|
OED vil hausten 2007 følgje opp prosjektet saman med samarbeidspartane i prosjektet, for å undersøkje om funna i kartlegginga har ført til konkrete tiltak i sektoren.
Status i departementet og underliggjande etatar
Det er i tabellen nedanfor presentert ein kjønnsdelt statistikk på sentrale personalområde:
Tabell 5.1 Kvinnedelen av talet på tilsette, leiarar og nyrekrutterte
Talet på tilsette | Leiarar | Nyrekrutterte | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Totalt1 | Talet på kvinner | Del kvinner i pst. | Totalt1 | Talet på kvinner | Del kvinner i pst. | Totalt 2006 | Talet på kvinner | Del kvinner i pst. | |
Olje- og energidepartementet | 124 | 64 | 52 | 24 | 7 | 29 | 22 | 14 | 64 |
Norges vassdrags- og energidirektorat | 431 | 153 | 36 | 36 | 7 | 19 | 44 | 25 | 57 |
Oljedirektoratet | 191 | 78 | 41 | 11 | 5 | 45 | 8 | 6 | 75 |
Gassnova | 4 | 1 | 25 | 1 | 0 | 0 | 1 | 1 | |
Samla | 750 | 296 | 39 | 72 | 19 | 26 | 75 | 46 | 61 |
1 Kjelde: Statens sentrale tenestemannsregister, bemanningsoversikt per 1. mars 2007. Tilsatte på lederlønnkontrakter er ikke med i denne oversikten.
Oljedirektoratet
Av Oljedirektoratets (OD) personalpolitikk går det fram at OD skal fremje likestilling mellom kjønna. Arbeidet for likestilling skal vere ein integrert del av verksemda som er fokusert ved:
tilsetjing,
utfordrande oppgåver som inneber større ansvar og eksponering internt i OD og hos næringa og departementet,
lagsamansetjing,
formelle leiarar - tidsavgrensa tilsetjing/utpeiking,
andre leiingsfunksjonar som pådrivar, koordinator og
eksterne kontaktpunkt.
I ODs tilpassingsavtale går fram at:
partane er samde om at det er ønskjeleg med mangfald blant dei tilsette i verksemda i forhold til kjønn, alder, etnisitet og funksjonsevne. Dette skal speglast i alle stillingsutlysingar.
den enkelte leiaren skal vere særleg merksam på å leggje forholda til rette for at kvinnelege tilsette får kvalifiserande arbeidsoppgåver på lik linje med menn, særleg med tanke på leiingsoppgåver. Dette kan òg innebere tilrettelegging for kompetansegivande kurs/utdanning på lik linje med menn.
partane er samde om at delen kvinnelege leiarar bør spegle kjønnsfordelinga i verksemda.
for å ivareta prinsippet om lik lønn for arbeid av lik verdi, skal lønnsfastsetjing baserast på kjønnsnøytrale kriterium.
I vurderinga av behov for nye medarbeidarar inngår ein analyse av alders- og kjønnssamansetjing i forhold til aktuelt fagområde.
Noregs vassdrags- og energidirektorat
I Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVE) personalpolitiske retningslinjer går det fram at likestilling skal praktiserast slik at det medverkar til at alle arbeidstakarar, uavhengig av kjønn, blir gitt same høve til arbeid som fremjar fagleg og personleg utvikling.
Det er i tillegg forhandla fram ei ny føresegn om likestilling i NVEs tilpassingsavtale til Hovudavtala for statstilsette. Der heiter det blant anna:
Det er ei målsetting å få til ei jamnare kjønnsfordeling i alle stillingsgrupper.
Den enkelte leiaren skal vere særleg merksam på å leggje forholda til rette for at kvinnelege tilsette får kvalifiserande arbeidsoppgåver på lik linje med menn. Dette inneber blant anna tilrettelegging for kompetansegivande kurs/utdanning.
For å ivareta prinsippet om lik lønn for arbeid av lik verdi, skal lønnsfastsetjing baserast på kjønnsnøytrale kriterium.
Ved tilsetjing gjeld følgjande prinsipp: dersom det er mindre enn 40 pst. kvinner i den aktuelle stillingsgruppa, har kvinneleg søkjar med tilnærma like kvalifikasjonar fortrinnsrett, utlysingsteksten for stillingar skal utformast med sikte på å rekruttere kandidatar av begge kjønn. Ved utlysing av stilling innanfor stillingsgrupper der kvinner er underrepresenterte, skal det i utlysingsteksten takast inn oppfordring til kvinner om å søkje stillinga.
Ved oppretting av prosjektgrupper og utval bør det vere minst 40 pst. representasjon av begge kjønn.
Praktisering av permisjonsreglar og andre rettar som særleg er nytta av kvinner, må ikkje føre til at kvinner får dårlegare vilkår enn menn.
Det skal givast jamleg informasjon/opplæring til NVEs leiing om forhold knytte til praktisk likestillingsarbeid i verksemda.
Olje- og energidepartementet
I OEDs tilpassingsavtale er det nedfelt at departementet skal leggje vekt på å stimulere likestillingsarbeidet på dei områda der departementet er berørt som arbeidsgivar, blant anna:
Den enkelte leiaren skal medverke til at kvinner og menn får likeverdige arbeidsoppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling i departementet. Avdelingsleiarane har eit særleg ansvar for at likestillingsarbeidet blir følgt opp i eiga avdeling.
Omsynet til likestilling skal vere eitt av kriteria som blir lagt til grunn ved rekruttering til ledige stillingar.
Kunngjering av leiarstillingar skal innehalde ei spesiell oppfordring til kvinner om å søkje dersom 40 pst. kvinnerepresentasjon ikkje er oppfylt.
Oppfølging av likestillingsrelaterte funn i OEDs årlege personalstatistikkar.
Eigen likestillingstillitsvalt som blant anna har som oppgåve å kommentere dei årlege personalstatistikkane og har uttalerett i alle tilsetjingssaker og utnemningar av embete i departementet.
5.2 Oppfølging av IA-avtalen
Olje- og energidepartementet
«OED skal søke å opprettholde det lave sykefraværet gjennom de siste fem år, ved å fokusere på forebyggende tiltak og tett oppfølging i tidlig fase av sykemeldingsperioder.»
Det er eit mål for OED at sjukefråvær i størst mogeleg grad skal førebyggjast, og tidleg oppfølging av sjukemelde er ei prioritert oppgåve. I samband med inngåing av IA-avtalen blei det utarbeida nye rutinar for oppfølging av sjukemelde. Gjennomsnittleg sjukefråværsprosent dei siste fem åra før avtalen blei inngått var på 3,5 pst. Sjukefråværsprosenten åra etter at avtalen blei inngått har variert mellom 3,5 og 4 pst.
«OED skal forebygge fysiske plager og legge til rette for egne ansatte med redusert funksjonsevne og ha en bevisst holdning til søkere med redusert funksjonsevne ved nyansettelser.»
OED prioriterer ergonomisk tilrettelegging av kontorarbeidsplassar for å førebyggje fysiske plagar på arbeidsplassen. For tilsette med kortvarig eller varig redusert funksjonsevne, arbeider OED for å behalde eller få vedkomande tilbake i arbeid raskast mogeleg. Når det gjeld tilrettelegging av tiltak som kan få yrkeshemma ut i arbeidslivet, så deltek OED i departementa si trainee-ordning for personar med nedsett funksjonsevne.
«OED skal motivere arbeidstakere til å bli lengre i jobben (seniorpolitikk).»
Det overordna målet er å stimulere til eit godt arbeidsmiljø og ein god personalpolitikk for å gjere det attraktivt for den einskilde arbeidstakaren og den einskilde avdelinga å forlengje yrkeskarrieren. Gjennom tiltak i personalpolitikken, slik som medarbeidarsamtale, redusert arbeidstid, heimekontor, mobilt kontor, pensjonistkurs og «seniordagar», blir forholda lagt til rette for at fleire kan stå lenger i arbeid.
Oljedirektoratet
«Oljedirektoratet skal ha et fortsatt lavt sykefravær.»
Per i dag har direktoratet framleis eit lågt sjukefråvær mellom 3 og 4 pst.
«Oljedirektoratet skal ta imot eksterne med nedsett funksjonsevne anten ved tilsetjing eller i praksisplass.»
Per i dag har Oljedirektoratet tilsett ein medarbeidar med nedsett funksjonsevne i praksisplass.
«Oljedirektoratet skal ha en tydelig seniorpolitikk, som ivaretar de som ønsker å jobbe til de er 70 år og de som ønsker tidlig pensjon fra 62 år.»
Per i dag blir dette drøfta i medarbeidarsamtaler med alle aktuelle. Direktoratet tilbyr økonomisk rådgjeving, pensjonistkurs, tenestefri med lønn – såkalla seniordagar, og vurdering av individuelle lønnstillegg i samband med lokale lønnsforhandlingar.
Noregs vassdrags- og energidirektorat
«NVE skal satse på å redusere langtidsfraværet. Totalfraværet ikke skal være høyere enn 4,1 pst.»
Sjukefråværet dei siste fire åra har lege mellom 3,7 og 4,4 pst. Tendensen er nedgang i langtidsfråværet og litt auke i korttidsfråværet. Framover vil NVE spesielt arbeide for å førebyggje stress og utbrenthet, få folk raskt tilbake til arbeid ved sjukdom, med blant anna tett samarbeid med medarbeidarar og leiarar, og utarbeiding av individuelle oppfølgingsplanar. Sjukefråværet dei siste fire åra har lege mellom 3,7 og 4,4 pst. Tendensen er nedgang i langtidsfråværet og litt auke i korttidsfråværet. Framover vil NVE spesielt arbeide for å førebyggje stress og utbrenthet, få folk raskt tilbake til arbeid ved sjukdom, med blant anna tett samarbeid med medarbeidarar og leiarar, og utarbeiding av individuelle oppfølgingsplanar.
«NVE skal legge forholdene til rette for ansatte som utvikler en redusert funksjonsevne. NVE skal ta i mot arbeidssøkere som trenger arbeidspraksis for å komme tilbake til arbeidslivet».
NVE har oppretta eit IA-utval som gir råd og drøfter tilrettelegging slik at tilsette raskt skal få hjelp ved behov for tilpassingar. IA-utvalet er eit operativt utval som arbeider for å finne gode løysingar og legg til rette slik at blant anna tilsette med nedsett funksjonsevne kan yte ut frå sine føresetnader. NVE har hatt ni eksterne arbeidssøkjarar med minoritetsbakgrunn og/eller redusert funksjonsevne i arbeidspraksis.
«NVE skal bruke milepælsamtaler for å planlegge seniorkarrieren. Samtalen skal inneholde hvordan arbeidsgiver kan tilpasse arbeidstid og oppgaver, slik at flere seniorer kan arbeide lengre.»
I tråd med hovudtariffavtalen er det i NVE innført nye seniorpoliske retningslinjer/tiltak.
6 Tilrettelegging for kraftutveksling mellom Noreg og Nederland
Statnett SF og nederlandske Tennet arbeider med den nye kabelen mellom Noreg og Nederland. Kabelen skal etter planen setjast i drift hausten 2007. OED gav i desember 2004 konsesjon til Statnett SF for tilrettelegging av kraftutveksling med Nederland. Konsesjonen la blant anna til grunn at kraftutvekslinga skulle baserast på den fysiske kraftomsetninga på spotmarknadene til den nederlandske og den nordiske kraftbørsen, såkalla implisitt auksjon og marknadskopling, etter same prinsippet som i den nordiske kraftmarknaden. Dette inneber at kraftutvekslinga til ei kvar tid er basert på prisforskjellar mellom landa, det vil seie at krafta flyt til landet med høgaste kraftprisar.
På grunn av utviklinga i Nederland, blant anna arbeidet som nå går føre med å utvikle krafthandelen mellom Belgia, Frankrike, Luxemburg, Nederland og Tyskland, har det vist seg å vere umogleg å etablere ei slik handelsløysing frå det tidspunktet då kabelen blir sett i drift. Arbeidet som no blir gjort mellom desse landa har likevel målsetjingar som inneber at føresetnadene i Statnetts konsesjon skal kunne oppfyllast frå januar 2009. Statnett søkte derfor 20. august 2007 OED om å få nytte ei anna handelsløysing, såkalla eksplisitt auksjon fram til marknadskopling, og implisitt auksjon blir innført seinast i januar 2009. Ei organisering basert på eksplisitt auksjon inneber at kraftutvekslinga i kabelen er basert på at aktørane kjøper rettar for overføring av kraft gjennom kabelen ved auksjon og utfører kjøp og sal av kraft separat. Statnetts søknad er no til handsaming i OED. Departementet vil i handsaminga leggje til grunn at målsetjinga for kraftutvekslinga mellom Noreg og utlandet om ei effektiv og sikker kraftutveksling blir oppfylt i størst mogleg grad.
7 Innføring av ny måle- og kommunikasjonsteknologi i kraftmarknaden
NVE har på oppdrag frå OED analysert moglegheitene for auka bruk av ny teknologi som fører til auka effektivitet og betre avrekningsgrunnlag i kraftmarknaden, medrekna tovegskommunikasjon. NVE konkluderer med at det frå eit samfunnsøkonomisk synspunkt vil vere riktig å setje i gang full utbygging av moderne måle- og kommunikasjonsutstyr. NVE tilrår at det blir stilt visse funksjonelle krav til utstyret for å oppnå ei framsynt planlegging for aktørane. Krava bør utformast i samarbeid med bransjen og forbrukarsida hausten 2007, og kunne gjerast gjeldande frå 1. januar 2009. Ifølgje NVE kan ein passande tidshorisont for ei fullskala utbygging vere innan 2013. Vidare blir det tilrådd at finansieringa skjer gjennom nettselskapa si inntektsramme, det vil si nettleiga, på same måten som andre investeringar som blir gjennomførde av nettverksemda.
På bakgrunn av NVEs tilrådinger har departementet bedt NVE gå vidare med sikte på installering av moderne måle- og kommunikasjonsutstyr hos alle straumforbrukarar. Departementet understrekar at det er viktig å samarbeide med bransjen og forbrukarorganisasjonane under utforminga av funksjonelle krav som bør stillast til utstyret.
Departementet har bedt NVE om å vurdere tidsplanen undervegs når funksjonskrava er bestemte, og når ein ser utviklinga i kostnadene og får meir erfaring frå andre land. Raskare framdrift bør vere aktuelt dersom forholda tilseier det.
8 Fornying, organisasjons- og strukturendringar innanfor Olje- og energidepartementets ansvarsområde
8.1 Retningslinjer for vindkraftanlegg og små vasskraftverk
Retningslinjer for små vasskraftverk til bruk for utarbeiding av regionale planar og i NVEs konsesjonshandsaming vart fastsette av OED i samråd med Miljøverndepartementet i juni 2007. Samtidig fastsette dei to departementa retningsliner for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg og sende ein rettleiar for utarbeiding av regionale vindkraftplanar på høyring. Retningslinjene og arbeidet med regionale planar er ei oppfølging av regjeringserklæringa. Dei styrkjer grunnlaget for ei heilskapeleg vurdering av søknader om konsesjon og skal gjere denne prosessen meir effektiv og føreseieleg. I 2008 vil departementa følgje opp planlegginga i fylkeskommunane. OED vil òg arbeide vidare med å leggje til rette for ei føremålstenleg koordinering av nye produksjons- og nettanlegg. Dette skal gi betre grunnlag for å identifisere utbyggingsløysingar som er gunstige både for miljøet og kraftsystemet.
8.2 Omdanning av Gassnova til statsføretak
Eit nytt statsføretak Gassnova SF, blei stifta 3. juli 2007. Etableringa av Gassnova SF tek utgangspunkt i forvaltningsorganet Gassnova, som blei oppretta 1. januar 2005, jf. St.prp. nr. 49 (2006-2007) Om samarbeid om håndtering av CO2 på Mongstad og Innst. S. nr. 205 (2006-2007).
Gassnova SF får meir omfattande oppgåver enn forvaltningsorganet Gassnova. Oppgåvene til føretaket inneber at organisasjonen må byggjast opp tilstrekkeleg og i tillegg nytte ekstern hjelp og tenester for å møte desse utfordringane. Statsføretaket sitt hovudføremål er å forvalte statens interesser knytt til CO2-handtering (teknologiutvikling, fangst, transport, injeksjon og lagring av CO2) og gjennomføre dei prosjekta som blir vedteke på føretaksmøtet. Det er eit mål at føretaket sitt arbeid skal redusere kostnadene knytt til CO2-handtering. Gassnova SF skal leggje til rette for at staten eller statleg eigde einingar best mogeleg kan dra nytte av statens deltaking i CO2-handteringsprosjekt. Føretaket skal gje råd til Olje- og energidepartementet i spørsmål om CO2-handtering. Gassnova SF skal óg forvalte støtteordninga for CO2-handteringsteknologiar, CLIMIT i samarbeid med Noregs forskingsråd.
8.3 Heimfallsordninga
Vasskraft står for så å seie all elektrisitetsproduksjon i Noreg. Vassdragslovgivinga fastset konsesjonsplikt for tileigning av vassfallsrettar og vassdragsreguleringar.
I dom av 26. juni 2007 slo EFTA-domstolen fast at Noregs praktisering av heimfallsreglane var i strid med EØS-avtalas føresegner om fri rørsle av kapital og fri rett til etablering.
I premissane gav EFTA-domstolen Noreg medhald i at omsynet til å etablere eit system for offentleg eigarskap til vasskrafta er EØS-rettsleg legitimt. Avgjerda frå EFTA-domstolen inneber at Noreg kan styrkje grunnprinsippet om offentleg eigarskap til vasskraftsektoren. Dette blir gjennomført ved å basere seg på den såkalla konsolideringsmodellen, som er eigna til å oppfylle regjeringas grunnleggjande syn på at vasskraftressursane skal vere offentleg eigde og forvalta til det felles beste. Modellen inneber ei styrking av det offentlege eigarskapet til vasskraftressursane, og ei vidareføring av prinsippet om at eigarskapet skal vere spreidd på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå innanfor den offentlege sfæren.
Det vil ikkje lenger vere høve til å gi vassfallkonsesjonar til private eigarar. Det vil heller ikkje vere høve til å forlenge eksisterande konsesjonar til private gjennom føregripe heimfall med tilbakesal eller utleige til opphavleg konsesjonær. Det vil ikkje vere høve til å reetablere privat eigedomsrett til vassfall som har falle heim til staten. Når konsederte, privateigde kraftverk blir selde, vil dette gjelde for resterande konsesjonstid før heimfall uavhengig av om kjøparen er ein offentleg eller privat aktør. Det vil vere mogleg å selje inntil ein tredjedel av offentleg eigde vasskraftselskap til eigarar som ikkje er rekna som offentlege.
Med umiddelbar verknad vedtok Kongen i statsråd 10. august 2007 ei provisorisk anordning i tråd med konsolideringsmodellen, som skal gjelde inntil Stortinget kan gjere dei endringane i industrikonsesjonslova av 14. desember 1917 som er nødvendige for å bringe lova i samsvar med EØS-retten slik EFTA-domstolen har tolka den.
Vedtaket om provisorisk anordning sikrar stabile og føreseielege tilhøve i kraftsektoren, og hindrar samtidig spekulasjon. I det vidare arbeidet vil det bli gjennomført grundige utgreiingar og ein høyringsrunde som sikrar ei solid handsaming før det blir fatta endelege lovvedtak i Stortinget.
8.4 Nasjonal strategi for petroleumsnæringa
Regjeringa har, som ei oppfølging av Soria Moria-erklæringa, sett i gong arbeidet med ein nasjonal strategi for petroleumsnæringa. Formålet er å utvikle ein strategi for korleis ein ønskjer å utvikle olje- og gassressursane og næringa som er knytte til utvinning av ressursane. I strategiprosessen blir Toppleiarforum involvert der oljeselskap, leverandørselskap, dei tilsettes organisasjonar, forskingssektoren og myndigheitene er representerte. Det er planlagt at prosessen skal vare i to år.
I strategiprosessen skal ulike utfordringar petroleumsnæringa står overfor eller vil stå overfor blir utgreidd og diskutert av partane. Formålet med strategiarbeidet er at det skal definerast mål for korleis vi ønskjer å utvikle verksemda, og at det skal leggjast fram forslag til verkemiddel for å nå desse måla. Resultatet av strategiarbeidet vil dermed yte til auka verdiskaping i petroleumssektoren og oppretthalde ei effektiv regulering av verksemda.
9 Olje- og energidepartementets beredskapsarbeid
OED har det overordna ansvaret for kraftforsyninga, forvaltninga av vassressursane og for olje- og gassaktivitetane på kontinentalsokkelen og på land.
Norsk petroleumsverksemd er svært viktig for ei påliteleg energiforsyning til Europa. OED er formelt ansvarleg for eit ressursforvaltningssystem som tek vare på leveransetryggleiken. Ansvaret er utøvd i samarbeid med OD og Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID), men det er oljeselskapa sjølve og Gassco som har det operative ansvaret for leveransetryggleiken.
OED har òg eit formelt ansvar for drivstoffberedskapen innanlands og, som andre medlemsland i Det internasjonale energibyrået (IEA), innanfor OECD-området. Nasjonalt er det ei målsetjing at denne beredskapen til ei kvar tid er tilpassa situasjonar gjennom heile krisespekteret, frå forstyrringar i oljemarknaden i fredstid til ein eventuell beredskaps/krigsliknande situasjon.
I 2006 vart det innført ei ny ordning for beredskapslagring av petroleumsprodukt ved lov og forskrift om beredskapslagring av petroleumsprodukt. Den nye ordninga inneber at selskap som produserer (raffinerer) eller importerer petroleumsprodukt blir pålagt å halde beredskapslager av desse produkta tilsvarande 20 dagar normalforbruk i Noreg. Lova gir styresmaktene heimel til å påleggje trekk i lagra, om situasjonen skulle tilseie det. Innføring av ny ordning førte til sal av dei statlege beredskapslagra av petroleumsprodukt.
Brukarområdet for beredskapslagra er som før: Lagra skal kunne nyttast til å sikre forsyningane i den norske marknaden ved eventuelle forstyrringar i leveransane. I tillegg kan dei nyttast til norske tiltak i ein koordinert krisehandteringsplan innanfor ramma av samarbeidet i IEA.
Tilgang på elektrisk kraft blir stadig viktigare for å kunne halde ved lag normal aktivitet i samfunnet. Elektrisitetsforsyninga er òg viktig for å sikre andre kritiske samfunnsfunksjonar i krisesituasjonar, og halde ved lag forsvarsevna i landet under beredskap og i krig.
Det operative ansvaret for kraftforsyningsberedskap er delegert til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som er beredskapsstyresmakt etter energilova kapittel 6. NVE leiar Kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO), der alle einingane i kraftforsyninga deltek.
Ved langvarig mangel på evne til å dekkje behovet for elektrisk kraft (energimangel) kan styresmaktene innføre rasjonering, det vil seie tvangsutkopling av forbruk og rekvirering av produksjon. Rasjonering blir eventuelt vedteke av OED etter råd frå NVE.
Ved problem over kortare tid med å balansere forbruk og tilgjengeleg forsyning (effektmangel) har Statnett som systemansvarleg fullmakt til å treffe nødvendige tiltak.
I svært krevjande kraftsituasjonar har Statnett ansvar for å ta i bruk verkemiddel for å sikre balansen og unngå rasjonering, etter godkjenning av NVE.
Det er OED som har tilsynsansvar med utviklinga i vassdrag, og OED ved NVE har ansvar for å sjå til at tiltakshavarar planlegg, byggjer og driv anlegg slik at tryggleiken for menneske, miljø og eigedom blir teken vare på, og at det blir utarbeidd ein beredskapsplan for å handtere unormale hendingar.
OED ved NVE assisterer og rettleier kommunane om fare ved flaum og skred gjennom flaumsonekartprosjektet, program for auka tryggleik mot leirskred og ved handsaming av arealplanar. NVEs flaumvarslingsteneste gir informasjon til kommunar og andre om flaumsituasjonar.
For eksisterande busetnad og infrastruktur kan NVE gi hjelp til planlegging og gjennomføring av sikringstiltak mot flaum, isgang, erosjon og skred langs vassdrag.
Ved vassdragsulykker og skadeflaum som skuldast sabotasje eller naturgitte hendingar har forvaltningsapparatet under OED viktige beredskapsoppgåver. Koordineringsansvaret ligg til dei ordinære beredskapsstyresmaktene som politi, kommune, redningssentral og fylkesmann. NVE og andre fagorgan vil først og fremst ha ei viktig rådgivande rolle.
OED baserer Krisehandteringsplanverket sitt på scenario innan ulike typar kriser som OED kan bli involvert i. Scenaria viser ansvarsområda for dei aktuelle departementa og varslingsrutinar mellom departementa.
Koordinering og informasjonsflyt har spesielt fokus. OED har utarbeidd ein eigen Kriseinfoplan. Tilsette i Eining for kommunikasjon inngår i Informasjonsfagleg pool i regjeringas krisestøtteeining. OEDs Internettsider har ei eiga Kriseinfoside som kan aktiverast på kort tid. Det er utarbeidd standardsvar på dei mest aktuelle krisescenaria.
Tilsette i avdelingane som arbeider med beredskap inngår i krisestøtteeininga sin beredskapspool, som har som oppgåve å avhjelpe andre departement under kriser.
OED har gjennomført og delteke i relevante beredskapsøvingar i 2007 og vil føre dette vidare i 2008.
10 Sektorovergripande miljøvernpolitikk
10.1 Miljøutfordringar - status og utviklingstrekk
Det har gjennom fleire år blitt gjennomført omfattande tiltak for å betre miljøsituasjonen både innan petroleums- og energisektoren, men sektorane vil også i framtida ha verknader i forhold til miljøet.
Utslepp til luft frå petroleumssektoren kan blant anna medverke til klimaendringar, forsuring, overgjødsling og danning av bakkenært ozon.
Utslepp til sjø ved leiting og utvinning av olje og gass kan påverke det marine miljøet.
Utbygging av ny energiproduksjon, for eksempel i form av demningar, vegar og kraftlinjer, kan påverke natur- og kulturmiljøet.
Utslepp til luft
Petroleums- og energisektoren står for ein betydeleg del av dei norske utsleppa til luft av karbondioksid (CO2), nitrogenoksid (NOx) og flyktige organiske sambindingar utanom metan (nmVOC), og partiklar (PM) og polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH).
Utslepp til luft frå petroleumssektoren består hovudsakleg av avgassar frå forbrenning av gass i turbinar, fakling av gass og forbrenning av diesel. Petroleumsverksemda sleppte ut 11,8 mill. tonn CO2 i 2006. I nasjonal samanheng står petroleumsverksemda for 27 pst. av CO2–utsleppa. Størstedelen av CO2–utsleppa frå petroleumssektoren er knytte til innretningane til sjøs. Utover dette er det CO2–utslepp frå gassterminalane på land og indirekte frå VOC-utslepp (såkalla prosessutslepp). Det er gjort store forbetringar knytte til utslepp av CO2 frå sokkelen. Auka energiutnytting og redusert fakling har medverka til at CO2-utsleppa per produsert oljeekvivalent er redusert med om lag 16 pst. frå 1990 til 2006. Reduksjonane skuldast generelle teknologiforbetringar og utsleppsreduserande tiltak, blant anna som følgje av innføring av CO2–avgifta i 1991. Det er i dag eit høgt aktivitetsnivå på norsk sokkel, samtidig som ein del av produksjonen kjem frå eldre felt der produksjonen er meir energikrevjande (blant anna grunna auka vassproduksjon). Denne utviklinga fører til at reduksjonen i CO2-utslepp per produsert oljeekvivalent ikkje har vore stor nok til å vege opp for auken i energiforbruket. Særleg har auka gassproduksjon med påfølgjande gasskompresjon for eksport medført eit høgare kraftforbruk, som igjen aukar CO2-utsleppa. Dei totale CO2-utsleppa frå petroleumsverksemda er vurderte til å bli 13,7 mill. tonn i 2007. CO2-utsleppa frå petroleumssektoren er venta å auke fram til 2013 for deretter å minke.
Det er nær samanheng mellom utsleppa av CO2 og NOx frå petroleumsverksemda. Som for CO2 er gassforbrenning i turbinar, fakling av gass og dieselforbruk på innretningane sentrale utsleppskjelder også for NOx. Mengda utslepp avheng både av forbrenningsteknologien og av kor mykje drivstoff som blir brukt. NOx-utsleppa frå petroleumssektoren var i overkant av 54,3 tusen tonn i 2006, tilsvarande 28 pst. av dei totale NOx-utsleppa i Noreg. NOx-utslepp per produsert oljeekvivalent er reduserte med 18 pst. frå 1990 til 2005. Reduksjonane i utslepp per produsert oljeekvivalent skuldast teknologiforbetringar og utsleppsreduserande tiltak. Til trass for reduksjonen av utslepp per produsert oljeekvivalent, har dei totale NOx-utsleppa frå sektoren auka frå 1991. Hovudårsaka til veksten er at auka aktivitet har medverka til høgare energibehov, som igjen har medverka til auka utslepp. NOx-utsleppa blir venteleg reduserte frå 2009.
Petroleumssektoren er hovudkjelda til utslepp av nmVOC i Noreg, og står for 40 pst. av dei totale nmVOC-utsleppa. Hovuddelen av utsleppa stammar frå lagring og lasting av råolje til havs og frå landterminalane. Mindre utslepp oppstår òg på gassterminalane og ved mindre lekkasjar. Petroleumsverksemda utgjer ein stadig mindre del av dei totale nmVOC-utsleppa, og prognosen for utslepp av nmVOC frå sektoren viser ein sterkt avtakande trend også framover. Dette skuldast i hovudsak krav om implementering av utsleppsreduserande teknologi i medhald av forureiningslova.
Noreg skil seg frå andre land ved at om lag halvparten av det totale innanlandske energiforbruket og 99 pst. av elektrisitetsproduksjonen er dekt av vasskraft. Dette medverkar på den eine sida til låge luftutslepp knytte til det innanlandske energiforbruket. På den andre sida inneber det at Noreg har eit snevrare grunnlag for utsleppsreduksjonar enn andre land.
Produksjon og forbruk av elektrisk kraft kan variere betydeleg frå år til år som følgje av variasjonar i tilsig og temperaturforhold. Dette betyr blant anna at det er viktig for Noreg å ha tilgang til andre energikjelder som kan brukast som supplement til vasskrafta. I år med lågt tilsig og relativt høge prisar på elektrisk kraft, vil normalt bruken av alternative energiberarar, deriblant brensle som fyringsolje, gass og biomasse, auke. Dette er ei viktig årsak til at utsleppa frå innanlands stasjonær energibruk varierer frå år til år.
Utsleppa frå stasjonær forbrenning, eksklusiv olje- og gassutvinning, kjem frå fleire ulike energikjelder på mange ulike område. For eksempel blir det nytta søppel, fyringsolje, biomasse og gass i fjernvarmeanlegg. I industrien blir det nytta tungolje, fyringsolje, naturgass, kol og koks, mens blant anna treforedling brukar mye treavfall og avlut i verksemda si.
Dei viktigaste energiberarane som blir nytta til oppvarmingsformål ved sida av elektrisitet er biomasse (ved, treavfall og avlut) og ulike typar fyringsolje. Fyringsolje stod for om lag 7 pst. av dei totale CO2-utsleppa.
Vedfyring, inkludert brikettar og pellets, og oljefyring medverka til saman med om lag 15 pst. av dei totale utsleppa av SO2 i 2005. Om lag 3 pst. av utsleppa av NOx stammar frå vedfyring og oljefyring.
Vedfyring medverka med 63 og 31 pst. av totale utslepp av respektive PM10 og PAH i 2005. Utslepp av nmVOC frå vedfyring utgjorde vel 4 pst. av dei samla utsleppa i 2005.
I tillegg til utslepp frå stasjonær forbrenning kjem utslepp frå mobil forbrenning, som transport, og prosessutslepp. Desse utsleppa varierer i mindre grad med tilsig og temperaturforhold.
Utslepp til sjø
Utsleppa til sjø frå olje- og gassverksemda stammar i hovudsak frå produsert vatn ved regulær drift. Produsert vatn følgjer med oljen opp frå reservoaret og inneheld naturleg førekomande stoff frå reservoaret, og restar av tilsette stoff. Det produserte vatnet blir reinjisert i reservoaret eller reinsa før utslepp til sjø. Etter reinsing vil vatnet innehalde små mengder olje, mindre mengder andre organiske sambindingar, nokre tungmetall og restar av tilsette stoff. Dei akutte utsleppa utgjer samla sett ei mindre mengd, og ingen av desse har nådd land.
Dei totale utsleppa av olje frå norsk petroleumsverksemd står for ein mindre del av den totale tilførselen til Nordsjøen. Hovudtilførselen kjem frå skipsfart og frå fastlandet via elvar.
Utviklinga av petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel har gradvis ført til auka volum av produsert vatn, og det er venta at voluma vil auke i åra framover. Den viktigaste årsaka til dette er at dei store oljefelta på norsk sokkel blir eldre og at dei produserer meir vatn når oljereservane minkar. Handtering av auka mengder produsert vatn er ei stor utfordring for verksemda.
Olje- og gassverksemda er basert på målet om null miljøfarlege utslepp til sjø. Dei siste åra har verksemda gjennomført ei rekkje tiltak for å redusere utsleppa av produsert vatn, innhaldet av dispergert olje, andre organiske sambindingar og tungmetall i vatnet som blir sleppt ut til sjø. Dei gjennomførte tiltaka har ført til at veksten i utsleppa av produsert vatn har avteke og at det totale volumet dispergert olje som blir sleppt ut til sjø i det produserte vatnet er stabilisert. Industrien er i gang med å implementere ytterlegare tiltak for å avgrense utsleppa av produsert vatn. Desse tiltaka er venteleg gjennomførte i løpet av 2007. I følgje tal frå OD har olje- og gassindustrien sidan 2002 investert om lag 6 mrd. kroner i tiltak for å redusere utsleppa til sjø.
Leiting, utbygging og drift av olje og gass medfører bruk av kjemikaliar. Om lag 99 pst. av kjemikaliane som blir brukte i olje- og gassverksemda går ein ut frå har liten eller ingen miljøeffekt, det vil seie at dei er kategoriserte som gule og grøne kjemikaliar i SFTs klassifiseringssystem. Ein stor del av desse kjemikaliane er stoff som finst naturleg i sjøvatn. Olje- og gassverksemda har i arbeidet med å nå målet om null miljøfarlege utslepp til sjø redusert utsleppa av miljøfarlege kjemikaliar betydeleg. I perioden 2000-2005 er utsleppa av miljøfarlege kjemikaliar (klassifiserte som svarte og raude av SFT) reduserte med nesten 92 pst. I hovudsak skuldast dette at industrien har erstatta miljøfarlege kjemikaliar med meir miljøvennlege alternativ, og at forbruk og utslepp av kjemikaliar er redusert. Målet om nullutslepp er vurdert som oppnådd for tilsette kjemikaliar.
Hovudutfordringa for olje- og gassverksemda er å oppfylle målsetjinga om null miljøfarlege utslepp til sjø og forpliktingane i OSPAR-konvensjonen, samtidig som olje- og gassverksemda er i ein fase av produksjonen der voluma med produsert vatn aukar.
Inngrep
Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar har medført inngrep i natur- og kulturmiljø i Noreg.
Innan energisektoren har det historisk vore vassdragsutbygginga som har hatt størst påverknad i forhold til biologisk mangfald, kulturlandskap og friluftsliv. Noreg har svært mange vassdrag og vassfall. Dei betyr mykje både for økonomiske interesser og for allmenne interesser som naturvern og friluftsliv. Kraftproduksjon står for den viktigaste økonomiske utnyttinga av vassdraga. Rundt ein tredel av vassdraga i Noreg er berørt av inngrep med kraftproduksjon som formål.
I tida framover vil ein større del av auken i produksjonen av fornybar energi kome frå små vasskraftverk (opp til 10 MW) og vindkraftverk. Også ved utnytting av desse kjeldene, og ved utbygginga av overføringsleidningar og andre energianlegg, står ein overfor viktige avvegingar med omsyn til miljøet. Vegar, kraftleidningar og andre installasjonar i tilknyting til vind- og vasskraftverk vil påverke økosystem, naturopplevingar og naturverdiar. Utfordringa er å finne dei ut frå miljøomsyn beste løysingane ved ny kraftutbygging.
10.2 Regjeringas miljøpolitikk på petroleums- og energiområdet
Regjeringas visjon er at Noreg skal vere ein miljøvennleg energinasjon, og vere leiande innanfor utviklinga av miljøvennleg energi.
Petroleumsverksemda er basert på målet om null miljøfarlege utslepp til sjø. I Barentshavet og havområda utanfor Lofoten er det lagt til grunn strengare krav enn for sokkelen elles. Her skal det ikkje førekome utslepp til sjø ved normal drift. Petroleumsverksemd i Barentshavet og Norskehavet skal vere verdas fremste i forhold til oljevernberedskap og miljøovervaking.
Regjeringas mål er at Noreg skal bli verdsleiande i miljøvennleg bruk av gass. Innanfor dei internasjonale klimaforpliktingane må ein større del av naturgassen som blir utvunnen på norsk sokkel takast i bruk innanlands til industri-, energi- og transportformål. Gjennom økonomiske verkemiddel og satsing på ny teknologi vil regjeringa syte for at nye konsesjonar til gasskraftverk blir baserte på CO2-fjerning.
Satsing på energieffektivisering, varme og elektrisitet frå fornybare energikjelder er sentrale element i regjeringas miljøpolitikk på energiområdet. Det er mogleg å auke energiproduksjonen betydeleg, og energien kan brukast meir effektivt. For å styrkje utviklinga av miljøvennleg produksjon og bruk av energi er det grunnleggjande å ha langsiktige og stabile rammevilkår for støtte til energieffektivisering og fornybar energi.
Produksjon av fornybar energi gir ikkje utslepp av klimagassar og i mange tilfelle heller ikkje anna forureining til luft. Regjeringa vil fremje effektiv og akseptabel energiproduksjon sett ut frå miljøomsyn, og samtidig sikre ei berekraftig forvaltning av kyst- og vassdragsnaturen. Det er eit viktig mål å syte for at den auka utbygginga av vindkraftverk og små vasskraftverk skjer utan at naturmangfald, friluftsliv eller store landskapsverdiar går tapt. Forsking og utvikling innanfor fornybar energi er òg viktig for å nå regjeringas miljømål.
10.3 Rapport om aktiviteten i 2006
Staten og Statoil inngjekk 12. oktober 2006 ei gjennomføringsavtale om å etablere verdas største fullskala CO2-handteringsanlegg i sitt slag ved det planlagde kraftvarmeverket på Mongstad.
NVE la 18. desember 2006 fram rapporten frå forprosjekteringa av eit fangstanlegg på Kårstø. Hovudkonklusjonane i rapporten er at oppstart av anlegget tidlegast er mogleg ved årsskiftet 2011/2012. Kostnadene for eit fullskala fangstanlegg inklusiv transport og lagring vil vere i storleiksorden 5 mrd. kroner i investeringar og 370 mill. kroner i årlege driftskostnader. Driftstida på Naturkrafts gasskraftverk er usikker og tiltakskostnaden er utrekna til kr 700-2 200 alt etter driftstid.
OED har gitt Gassco, Gassnova, OD og NVE i oppdrag å gi ei tilråding om kva dei reknar som den beste transport- og lagringsløysinga for CO2 frå Kårstø og Mongstad, når ein tek omsyn til kostnader, reservoarforhold og teknologisk risiko. Det er ein føresetnad at Kårstø og Mongstad blir sett i samanheng. Første rapportering kom sommaren 2007, jf. omtale under kap. 1833.
OD har estimert eit betydeleg teknisk potensial for auka oljeutvinning ved hjelp av CO2-injeksjon i oljefelt på norsk kontinentalsokkel. Gassco, i samarbeid med Petoro og Gassnova, har på oppdrag frå OED identifisert moglege verdikjeder for fangst og lagring av CO2. Ein rapport frå arbeidet vart lagt fram i juni 2006. Rapporten identifiserte tolv moglege kjeder, men ingen av desse viser ein positiv noverdi.
OED er aktivt med i fleire samarbeidsforum med fokus på fangst og lagring av CO2. Blant desse er Carbon Sequestration Leadership Forum (CSLF), som skal medverke til samarbeid om forsking og vidareutvikling av teknologiar knytte til fangst og lagring av CO2. Forumet har òg ambisjonar om å medverke til lønsam utnytting av CO2, blant anna til auka oljeutvinning. CSLF tel i dag 22 medlemmer, blant dei USA, Canada, Storbritannia, Kina, India, Russland og Noreg, i tillegg til EU-kommisjonen og ei rekkje EU-land.
OED har i samarbeid med Miljøverndepartementet og relevante styresmakter i Nederland og Storbritannia gått i leiinga for å få lagring av CO2 i geologiske formasjonar under havet akseptert i OSPAR-kommisjonen og i London-konvensjonen. Hausten 2006 vart det fatta vedtak i Londonkonvensjonen om at det skulle vere tillete med injeksjon og lagring av CO2 i geologiske formasjonar under havet. Endringa trådde i kraft 10. februar 2007. I juni 2007 vart tilsvarande vedtak fatta i OSPAR-konvensjonen.
OED har også i 2006 delteke i arbeidet under Baltic Sea Region Energy Cooperation (BASREC), for å utvikle Austersjøregionen som eit forsøksområde for dei fleksible mekanismane under Kyoto-protokollen. Rammene for dette samarbeidet er fastlagde gjennom ei felles rammeavtale (the Testing Ground Agreement) og investeringsfondet for implementering av felles gjennomføringsprosjekt i Austersjøregionen (the Testing Ground Facility). Fondets formål er å stimulere til realisering av felles gjennomføringsprosjekt i energisektoren i Austersjøregionen. Fondet var opphavleg på € 15 mill., finansiert av dei nordiske landa og Tyskland. Noreg har totalt investert 19 mill. kroner i fondet. Ein ny teikningsrunde vart avslutta i mars 2006, der det vart opna for private investorar, og kapitalen i fondet vart utvida til € 35 mill. Frå 2006 har forvaltaren av fondet fått fullmakt til å vurdere prosjekt i Ukraina òg. Investeringsfondet er forvalta av miljøinvesteringsselskapet NEFCO, som har ansvar for å plukke ut potensielle prosjekt for investering. Dei potensielle prosjekta blir vurderte av ein investeringskomité, der OED er representert. Per mai 2007 er tolv prosjekt innanfor utbygging av fornybar energi og energieffektivitet godkjende av investeringskomiteen. Prosjekta er lokaliserte i Russland, Litauen, Estland og Ukraina.
OED løyvde midlar til forskingsprogrammet PROOFNy, som er administrert av Noregs forskingsråd (Forskingsrådet). Forskingsprogrammet Langtidseffektar av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda (PROOF) vart frå 1. januar 2006 innlemma som eit delprogram i «Havet og kysten» under navnet PROOFNy. «Havet og kysten» skal fremje forsking og medverke til auka kunnskap om det marine miljø.
OED medverka aktivt i arbeidet med St.meld. nr. 8 (2005-2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten (forvaltningsplan).
OED finansierte i 2006 miljøvennleg gasskraftteknologi i regi av Forskingsrådet (CLIMIT-programmet). CLIMIT er administrert av Gassnova og Forskingsrådet i samarbeid, og er finansiert dels frå Forskingsrådets midlar til miljøvennleg gasskraftteknologi og dels av avkastninga frå fondskapitalen over kap. 1831.
CLIMIT dekkjer heile kjeda frå langsiktig, kompetanseoppbyggjande forsking til å støtte prosjekt som demonstrerer CO2-handteringsteknologiar. Forskingsrådet har ansvaret for FoU-delen, mens Gassnova har ansvaret for å støtte demonstrasjonsprosjekt. CLIMITs programplan for 2006 tek utgangspunkt i dei føringane som er gitt for verksemda, og legg opp ein plan på kort og lang sikt innan satsingsområdet. Programplanen er i løpet av 2006 blitt tydeleggjort i eit vegkart. Det har vidare vore lagt vekt på aktiv, utoverretta verksemd for å utvikle prosjekt innan fangst og geologisk lagring av CO2.
Noreg vart i november 2003 partnar i det internasjonale partnarskapet for hydrogen (IPHE). Til saman deltek 16 land og EU-kommisjonen. IPHE skal medverke til å organisere, koordinere og setje i verk internasjonal FoU og demonstrasjon knytt til hydrogen som ein mogleg viktig energiberar i ei meir berekraftig energiframtid.
OED og Samferdsledepartementet la i august 2005 fram ein strategi for satsing på hydrogen som energiberar. Strategien dekkjer aktivitetar frå grunnleggjande forsking og fram til demonstrasjon av ny teknologi i marknaden og er knytt både til transportsektoren og til stasjonær energiforsyning. Hydrogenstrategien innebar etablering av ei felles plattform (Hydrogenplattforma) som er forankra i Forskingsrådet og som skal koordinere verkemiddelbruken i dag på området. Hydrogenrådet som inngår i Hydrogenstrategien, utarbeidde i desember 2006 ein overordna handlingsplan som gir råd om korleis Noreg best kan medverke til å løyse utfordringane og utnytte høva på hydrogenområdet. Handlingsplanen kjem med anbefalingar om aksjonar, aktivitetar og tiltak som kan danne grunnlaget for hydrogenarbeidet både innanfor og utanfor Hydrogenplattforma.
Enova SF har ansvaret for statens arbeid knytt til omlegging av energibruk og energiproduksjon. Enova skal medverke til å utvikle marknadene for effektive energiløysingar og miljøvennlege energikjelder gjennom forvaltninga av midlane frå Energifondet. Ei brei evaluering av Enova i 2006 viste at etableringa av Enova har vore vellykka. Det vart blant anna konkludert med at Enova på relativt kort tid har bygt opp ein organisasjon som forvaltar midlane frå Energifondet på ein effektiv måte, samtidig som behovet for kontroll med bruken av midlane er teken vare på. Evalueringa gir ei god plattform for det vidare arbeidet med miljøvennleg energiomlegging.
I løpet av 2006 har Enova inngått avtaler som gir eit samla energiresultat på om lag 2,1 TWh/år. Størstedelen av resultatet knytte seg til prosjekt som reduserer energibruken. Gjennom avtaler med industribedrifter vart det i 2006 kontraktsfesta resultat på til saman 891 GWh/år. For bygg, bustad og anleggssektorane var det kontraktsfesta resultatet på 380 GWh/år. Det vart inngått avtaler om fornybar varmeproduksjon på til saman 681 GWh/år i 2006.
Miljøomsyn i samband med vassdrags- og energiverksemda er tekne vare på gjennom sektorlovgivinga, plan- og bygningslova og forureiningslova. Konsesjonshandsaminga etter vassressurslovverket og energilovverket for etablering av produksjon av elektrisitet er basert på grundige prosessar der fordelar og ulemper blir avvegne etter ei heilskapleg vurdering.
I 2005 vart det innført ei ordning med tematiske konfliktvurderingar av vindkraftutbyggingar. Under leiing av NVE vart det gjennomført konfliktvurdering av 67 melde og omsøkte prosjekt. Vurderingane var ferdige i januar 2006 og vart sende på høyring same våren. Ei evaluering av ordninga vart påbegynt, men sluttføringa vart utsett i påvente av Miljøverndepartementets utarbeiding av nasjonale retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg. OED deltok aktivt i den prosessen i heile 2006. Retningslinjene vart sende på høyring hausten 2006.
I 2006 utarbeidde NVE i samråd med Direktoratet for naturforvaltning, og med faglege innspel frå Riksantikvaren, Hordaland fylkeskommune og Reindriftsforvaltninga i Alta, eit utkast til retningslinjer for utarbeiding av regionale planar for små vasskraftverk. Utkastet vart sendt på høyring hausten 2006.
I 2006 vart eit betydeleg arbeid lagt ned i innføringa av EUs rammedirektiv for vatn. Det vart gjennomført miljøtilsynsverksemd ved eit stort tal nye og gamle vassdragsanlegg. FoU-programmet «Miljøbasert vannføring - fase I» vart avslutta i 2006 og resultata vart presenterte i boka «Økologiske forhold i vassdrag og konsekvenser av vannføringsendringer - en sammenstilling av dagens kunnskap». Prosjektet Kulturminne i norsk kraftproduksjon vart òg avslutta i 2006.
10.4 Tiltak som er aktuelle på kort og lang sikt for å løyse eksisterande og førebyggje nye miljø- og ressursproblem
Langsiktige miljøvennlege tiltak i energisektoren er viktige element i regjeringas klimamelding (St.meld. nr. 34 (2006-2007)) som vart lagt fram i juni 2007. Tiltaka som er foreslått skal blant anna leggje til rette for utfasing av oljefyring til oppvarming av bygningar, auka produksjon av bioenergi, og utvikling og introduksjon av nye teknologiar for fornybar energi til sjøs, blant anna vindmøller til havs.
Utslepp frå petroleumsverksemda i Noreg er i stor grad regulert gjennom forureiningslova og petroleumslova. Forureiningslova blir blant anna brukt i høve til utslepp til sjø og utslepp av nmVOC frå lasting av råolje. Anlegga på land står overfor same type verkemiddelbruk som annan landbasert industri.
I petroleumslovgivinga er prosessane knytte opp mot godkjenning av nye utbyggingsplanar (PUD/PAD) sentrale. Anlegg plasserte på land eller i sjø innanfor grunnlinja er òg underlagde føresegnene i plan- og bygningslova med unntak av røyrleidningar i sjø. I godkjenningsprosessen av PUD/PAD kan det blant anna stillast krav knytt til val av tekniske løysingar som påverkar utslepp av ulike gassar, produsert vatn og kjemikaliar.
Styresmaktene nyttar forskjellige verkemiddel i dei forskjellige fasane i petroleumsverksemda; frå leitefasen, utbyggings- og driftsfasen til avslutningsfasen. Verkemidla varierer for dei forskjellige utsleppa til luft og sjø.
CO2-avgifta og klimakvotelova er dei sentrale verkemidla for å redusere CO2-utsleppa. CO2-avgift er pålagt brenning av gass og diesel på innretningar til havs som blir nytta i petroleumsverksemda, og mineralolje for drift av supplyflåten. Bruk av gass, olje og diesel i tilknyting til petroleumsaktiviteten på kontinentalsokkelen er i medhald av CO2–avgiftslova med verknad frå 1. januar 1991 pålagt CO2–avgift. Frå 1. januar 2007 er CO2–avgifta på sokkelen 80 øre per liter olje og per Sm3 gass (tilsvarar om lag kr 330 per tonn CO2 for naturgass og kr 300 per tonn CO2 for diesel). Regjeringa la 25. mai 2007 fram Ot.prp. nr. 66 (2006-2007) om kvotesystemet 2008-2012. Det norske kvotesystemet vil bli knytt til EUs kvotesystem ved at kvotedirektivet blir teke inn i EØS-avtala. Dette inneber at petroleumssektoren vil bli inkludert i det norske kvotesystemet frå 2008, med dei bedriftene som allereie har kvoteplikt for perioden 2005-2007. Petroleumsinstallasjonane vil måtte kjøpe alle kvotar på marknaden. CO2-avgifta for petroleumssektoren skal oppretthaldast, men nivået vil bli justert slik at den totale CO2-kostnaden blir halden på omtrent det nivået den har i dag, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2007-2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak.
Styresmaktene kan òg nytte andre verkemiddel, som vilkår i PUD/PAD, utsleppsløyve, og produksjonsløyve som blant anna omfattar fakling. Brenning av gass i fakkel ut over det som er nødvendig av omsyn til tryggleiken under normal drift, er etter petroleumslova ikkje tillete utan godkjenning frå OED.
I medhald av Protokollen om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon av 1999 (Gøteborg-protokollen), pliktar Noreg å redusere utslepp av NOx til 156 kt og utslepp av nmVOC til 195 kt innan 2010. Dette representerer ein reduksjon på respektive 29 og 35 pst. samanlikna med utsleppsnivået i 1990. Utslepp av NOx frå petroleumsverksemda er regulert ved vilkår i samband med handsaminga av PUD/PAD. Frå 1. januar 2007 er det òg innført ei NOx-avgift som omfattar utslepp frå turbinar i petroleumsverksemda med innfyrt effekt over 10 MW og maskiner over 750 kW. Avgifta gjeld dessutan utslepp frå fakkel. Storleiken på avgifta er sett til kr 15 per kilo NOx. Det vart etablert eit avgiftsfritak for avgiftspliktige verksemder som inngår avtale med staten om konkrete mål om NOx-reduksjonar. Ei slik avtale må ha same effekt som avgifta over tid, og oppfylle strenge krav i EØS-avtala.
Utsleppa av nmVOC frå petroleumsverksemda er frå 2001 regulerte gjennom utsleppsløyve heimla i forureiningslova, som stiller krav til at oljen skal lagrast og lastast med best tilgjengeleg utsleppsreduserande teknologi (BAT). Teknologiar som kan tilfredsstille krava skal fasast inn etter ein gitt tidsplan fram til utgangen av 2008.
Oljeselskapa har i fleire år arbeidd for å gjere ny teknologi for gjenvinning av nmVOC tilgjengeleg for skytteltankarar. I dag finst teknologi som reduserer utslepp frå lasting med om lag 70 pst. Fleire fartøy har installert utsleppsreduserande teknologi. Operatørane for felt med bøyelasting på norsk kontinentalsokkel har etablert eit industrisamarbeid for å kunne samordne innfasing av teknologi og oppfylle kravet på ein føremålstenleg og kostnadseffektiv måte. Gjennom industrisamarbeidet ligg det til rette for erfaringsutveksling ved drift av anlegga. Avtala om industrisamarbeid vart inngått i 2002 og 26 selskap deltek i samarbeidet. Framover vil det bli fokusert på tiltak for å oppnå høg driftsregularitet på eksisterande anlegg.
Regulering av utslepp til sjø vil framleis skje gjennom utsleppsløyve. Samtidig blir arbeidet med å nå målet om null miljøfarlege utslepp til sjø frå petroleumsverksemda ført vidare. Nullutsleppsmålet vart etablert i St.meld. nr. 58 (1996-1997) Miljøvernpolitikk for en bærekraftig utvikling, og nærare spesifisert i St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Nullutsleppsmålet er basert på føre var-prinsippet og inneber at det som hovudregel ikkje skal sleppast ut miljøfarlege stoff, anten det er tilsette eller naturleg førekomande miljøfarlege stoff. Operatørselskapa på norsk sokkel arbeider med å oppfylle nullutsleppsmålet, og har sidan 2003 implementert ei rekkje tiltak for å redusere utsleppa av miljøfarlege stoff til sjø. Vedtak om tiltak for å redusere utsleppa til sjø frå eit felt skal i nullutsleppsarbeidet basere seg på ei feltspesifikk heilskapsvurdering. Denne vurderinga skal omfatte konsekvensar for miljøet, forhold knytte til tryggleiken, reservoartekniske forhold og kostnadsforhold.
I utgangspunktet var tiltaka planlagt gjennomførte innan 2005, men det har på fleire felt vist seg meir krevjande å gjennomføre dei planlagde tiltaka enn venta. Dei er derfor forseinka på nokre felt, men vil bli gjennomførte i løpet av 2007 og vil få full effekt frå og med 2008.
I St.meld. nr. 38 (2003-2004) Om petroleumsvirksomheten vart det fastsett eigne vilkår for utslepp til sjø frå petroleumsverksemda i området Lofoten - Barentshavet. Lofoten - Barentshavet er definert som eit særleg sårbart område, og det vart derfor sett strengare vilkår for utslepp til sjø enn for resten av norsk kontinentalsokkel. Vilkåra blir følgde opp i forhold til olje- og gassverksemda i området Lofoten - Barentshavet.
Forskingsprogrammet PROOF Ny, eit delprogram under Forskingsrådets program «Havet og kysten», er eit viktig tiltak for å auke kunnskapen om langtidsverknader av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda. Forskingsprogrammet vil styrkje avgjerdsgrunnlaget for framtidig petroleumsverksemd på norsk sokkel.
Regjeringa vidarefører òg satsinga på sjøfuglprogrammet SEAPOP. Programmet er ein del av den nasjonale sjøfuglkartlegginga, og skal medverke til å auke kunnskapen om sjøfugl i Noreg. Dette vil betre grunnlaget for å fatte avgjerder om forhold i skjeringspunktet mellom sjøfugl og menneskeleg aktivitet i havområda og kystsona, blant anna i tilknyting til petroleumsaktivitet. SEAPOP-programmet skal medverke med kunnskap i forhold til oppdatering av den heilskaplege forvaltningsplanen for Lofoten – Barentshavet i 2010.
OED er òg støttespelar til programmet MAREANO - «Marin arealdatabase for norske kyst- og havområde». MAREANO-programmet skal kartleggje havbotnen på norsk sokkel, i første fase havbotnen i området Lofoten - Barentshavet. Dette arbeidet skal inngå som ein del av kunnskapsgrunnlaget i forhold til oppdatering av den heilskaplege forvaltningsplanen for Lofoten - Barentshavet i 2010.
Regjeringa har gitt høg prioritet til arbeidet med å utvikle teknologiar og løysingar som kan medverke til å redusere klimagassutsleppa, og har medverka til å leggje forholda til rette for prosjekt for fangst og lagring av CO2. Eit nytt statsføretak, Gassnova SF, som skal ta vare på statens interesser knytte til deltaking i CO2-handteringsprosjekt vart etablert i 2007. Føretaket skal medverke med rådgiving og til realisering av regjeringas målsetjingar og politikk knytte til CO2-handtering.
Det nye statsføretaket vil i samarbeid med Forskingsrådet føre vidare aktivitetane i det offentlege støtteprogrammet for utvikling av miljøvennlege gasskraftteknologiar, CLIMIT. På kort sikt er verksemda retta mot kvalifisering og reduksjon av kostnader knytte til CO2-fangst frå gasskraftverk, og å etablere metodikk for sikker geologisk lagring av CO2. På lenger sikt vil det vere viktig å kunne utvikle teknologiar med potensial for signifikant betring i verknadsgrad og lønsemd innan kraftproduksjon med CO2-fangst.
Den britiske energiministeren Malcolm Wicks og olje- og energiminister Odd Roger Enoksen underteikna i 2005 ei felleserklæring om geologisk lagring av CO2. Det er etablert ei arbeidsgruppe for nordsjøbassenget, med det formål å utvikle felles prinsipp som eit grunnlag for å regulere CO2-lagring i Nordsjøen. Arbeidsgruppa avleverte rapport i juni 2007. Arbeidet vil bli ført vidare i ein fase 2.
OED har engasjert ein prosjektdirektør for CO2-renseanlegget på Kårstø som vil følgje opp NVEs forprosjektering og skisse til prosjektplan. OED har etablert ein prosjektorganisasjon for å gjennomføre forprosjektering, planlegging og førebuing av fullskala CO2-handtering på Kårstø.
Miljøverndepartementets utsleppsløyve av 12. oktober 2006 og gjennomføringsavtala mellom staten og Statoil dannar utgangspunktet for bygging av fangstanlegg for CO2 på Mongstad. Samarbeidet om CO2-handtering på Mongstad er todelt; det skal etablerast eit teknologiselskap som skal eige og drive pilotanlegg for CO2-fangst, og det skal etablerast fullskala CO2-handtering.
Første steg for CO2-fangst skal etablerast mest mogleg samtidig med kraftvarmeverket. Det skal etablerast fullskala CO2-handtering frå kraftvarmeverket innan utløpet av 2014. Arbeidet med prosjektet vart sett i verk straks etter tildelt utsleppsløyve, og det vart inngått avtale med Statoil. I tråd med gjennomføringsavtala skal det etablerast eit teknologiselskap/-partnarskap som skal eige og drive testanlegg for kvalifisering og utvikling av teknologi og løysingar for fangst av CO2. Formålet er å utvikle løysingar som kan redusere kostnader og teknisk og økonomisk risiko knytte til fullskala CO2-fangst, og som kan anvendast breitt både nasjonalt og internasjonalt.
Det vart 21. juni 2007 inngått ei samarbeidsavtale mellom staten, Statoil og fire andre selskap. Avtala regulerer planlegging og førebuing av testanlegg for CO2-fangst og går fram til investeringsvedtaket for testsenteret i 2008.
Regjeringa vil halde fram arbeidet med elektrifisering av norsk sokkel. Det skal skje gjennom teknologiutvikling og bruk av generelle verkemiddel. Med bakgrunn i tekniske, økonomiske og forsyningsmessige forhold skal kraft frå land/utsleppsfri kraft til offshore eller landanlegg vurderast ved nye utbyggingar og større utviklingsprosjekt. Spørsmålet om tilknyting av petroleumsanlegg på sokkelen til kraftforsyninga frå land må vurderast opp mot utviklinga i kraftforsyninga både nasjonalt og i dei enkelte regionane der ilandføring er planlagt. Midt-Noreg og Hordaland (BKK-området) er eksempel på område med sterk forbruksvekst generert frå nokre få store prosjekt og der kraftforsyninga må vurderast å vere meir sårbar enn elles i landet. OED og Miljøverndepartementet har bedt OD, NVE, SFT og Petroleumstilsynet om å utarbeide ein oppdatert analyse om kraft frå land til petroleumsverksemda innan 31. desember 2007.
Gassco utgreier i samarbeid med ei gruppe industri- og energiselskap høvet til å leggje eit gassrør frå Kårstø til Grenland, Vest-Sverige og Danmark. Systemet legg til rette for moglege framtidige forgreiningar til Vest-Agder og Vestfold/Østfold. Avgjerd om gjennomføring av transportsystemet blir teke i 2009, med ei eventuell ferdigstilling i slutten av 2012. Studiane er ei oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 270, jf. Innst. S. nr. 135 (2004-2005).
Regjeringa vil byggje vidare på og utvikle vidare satsinga gjennom Enova og Energifondet. Det er lagt opp til ein sterk auke i dei økonomiske rammene til tiltak på dette området. I 2007 oppretta regjeringa eit Grunnfond for fornybar energi og energieffektivisering og det vart sett inn 10 mrd. kroner i fondet 1. januar 2007. Regjeringa vil foreslå å skyte inn endå 10 mrd. kroner i 2009. Avkastninga frå grunnfondet er på 431 mill. kroner i 2008 og forventes å bli på meir enn 900 mill. kroner frå 2010. Avkastninga frå grunnfondet vil kome i tillegg til påslaget på nettleiga som finansierer Enovas verksemd i dag. Samla inneber dette at innsatsen frå 2010 vil meir enn doblast i forhold til nivået i 2006 og tredoblast i forhold til nivået i 2002. For 2008 foreslår regjeringa ei ytterlegare avsetning til Energifondet over statsbudsjettet på 200 mill. kroner i samband med at det blir opprette ei ny støtteordning til fornybar elektrisitet, jf. St.meld. nr. 11 (2006-2007) Om støtteordningen for elektrisitetsproduksjon fra fornybare energikilder . Regjeringas satsing vil gi rom for å auke satsinga på alle område innan fornybar energi og energieffektivisering. Det skal mellom anna etablerast ei eiga støtteordning for infrastruktur til fjernvarme. Vidare er det i St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk varsla at regjeringa vil foreslå å auke kapitalen i grunnfondet ytterlegare med inntil 10 mrd. kroner innan 2012.
Det blir vurdert å innføre forbod mot å erstatte gamle oljekjelar med nye i beståande bygningar. Det blir arbeidd vidare med å sikre at det ikkje blir lagt om frå olje til straum ved utskifting av oljekjel i eksisterande bygningar.
OED forvaltar òg andre tiltak som har ein viktig funksjon for utviklinga i energibruk og -produksjon. Det er etablert ei ordning for opphavsgarantiar for elektrisitet som gir forbrukarane høve til å velje miljøvennlege alternativ. Det er etablert ei eiga ordning for satsing på energieffektivisering i treforedlingsindustri som får fritak for forbruksavgift på elektrisitet. OED arbeider med å etablere ei energimerkeordning for bygningar, og det er eit fortløpande arbeid med energimerking og standardkrav til hushaldsutstyr. Som ei oppfølging av ambisjonane i Soria Moria-erklæringa har regjeringa fastsett eit samla mål på 30 TWh/år auka fornybar energiproduksjon og energieffektivisering i 2016 i forhold til 2001.
Miljøomsyn i samband med vassdrags- og energiverksemda er tekne vare på gjennom sektorlovgivinga, plan- og bygningslova og forureiningslova.
Regjeringa vil framleis ha som eit viktig mål å sikre tilstrekkeleg tilgang på fornybar energi til ein lågast mogleg miljøkostnad. Effektiv og miljømessig akseptabel energiproduksjon skal fremjast samtidig som ei berekraftig forvaltning av vass- og arealressursane skal sikrast.
Innan vassdragsforvaltninga vil ytterlegare styrking av NVEs miljøtilsyn medverke til at miljøkrav fastsette i konsesjonar blir etterlevde, både i anleggs- og driftsfasen.
Gjennomføringa av EUs vassdirektiv med tilhøyrande forvaltningsplanar på nedbørfeltnivå er eit viktig tiltak for å fremje ei heilskapleg forvaltning av vassressursane, og OED vil saman med NVE medverke aktivt til dette. Ei viktig rolle for NVE vil vere å sjå utarbeidinga av forvaltningsplanar i vassregionane i samanheng med det komande arbeidet med revisjonar av konsesjonsvilkår for vassdragsanlegg.
OED la i samråd med Miljøverndepartementet i juni 2007 fram retningslinjer for små vasskraftverk som gir rettleiing til fylkeskommunar om utarbeiding av regionale planar. Regionale planar bør kartleggje og systematisere miljøverdiar i forskjellige område og med det gi eit styrkt grunnlag for konsesjonshandsaminga. Retningslinjene klargjer den vekta styresmaktene legg på omsyn til ulike miljø- og brukarinteresser, og skal nyttast av NVE i konsesjonshandsaming. I område der det ligg føre fleire konkrete planar om små kraftverk bør NVE leggje til rette for ei mest mogleg samordna handsaming av desse.
Verneplan for vassdrag er viktig for å sikre eit representativt utval av vassdragsnaturen i landet. Regjeringa arbeider med spørsmål om vern av Vefsna. Det vil og komme ei vurdering av vern av Øystesevassdraget, Langvella og Tovdalsvassdraget.
Regjeringa ønskjer å auke utbygginga av miljøvennleg vindkraft og gjennom konsesjonssystemet syte for ei god regional og nasjonal koordinering av vindkraftutbygginga. Dette vil blant anna skje ved at handsaminga av konsesjonssøknader blir samordna regionvis der det er føremålstenleg. OED og Miljøverndepartementet la saman fram retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg i juni 2007. Det blir òg fastsett ein rettleiar for utarbeiding av regionale planar for vindkraft. Formålet med retningslinene er å medverke til at utbygging av vindkraft skjer etter heilskaplege og langsiktige vurderingar og slik at konfliktane i forhold til andre viktige omsyn er akseptable. Samtidig skal retningslinene medverke til at plan- og konsesjonsprosessane blir meir effektive og føreseielege for utbyggjarar og samfunnet elles. OED vil òg stå føre ei evaluering av ordninga med tematiske konfliktvurderingar av vindkraftutbyggingar.
OED står for hovudfinansieringa av Forskingsrådets store satsing RENERGI («Fremtidens rene energisystem»), der det meste av energiforskinga er samla. Programmet famnar svært breitt fagleg og skal utvikle kunnskap og løysingar som grunnlag for berekraftig forvaltning av energiressursane i landet utanom petroleum, og internasjonalt konkurransedyktig næringsutvikling knytt til energisektoren. I 2007 ble det under OED løyvd 99,3 mill. kroner til RENERGI og beløpet er foreslått ført vidare på om lag same nivået i 2008. RENERGI støttar forsking og utvikling knytt til effektive og nye fornybare energiteknologiar og til effektive energisystem der miljøforhold står sentralt. Det blir òg løyvt midlar til samfunnsfagleg forsking som har som hovudformål å utvikle kunnskapar om energi, miljø og teknologi, for å gi grunnlag for utforminga av ein politikk for berekraftig utvikling på energiområdet.
I 2007 sette OED i gang arbeidet med å opprette Energi 21 beståande av aktørar innanfor norsk energiforsking - industri, forskingsinstitusjonar og styresmakter. Formålet med Energi 21 er å sikre auka berekraftig verdiskaping og forsyningstryggleik gjennom eit meir samordna og auka engasjement innanfor sektoren med omsyn til forsking, utvikling, demonstrasjon og kommersialisering av ny teknologi. Ei strategigruppe arbeider no med å utarbeide strategi og etablering av innsatsområde. Når dette er ferdig blir det utpeikt eit styre som vil organisere og gjennomføre strategiane og styre innsatsområda. Prosessen er basert på modell av OG21 («Olje- og gass i det 21. hundreåret»), som er eit tilsvarande tiltak innanfor petroleumssektoren. OG21 har, sidan opprettinga i 2001, vore sett på som ein suksess og er blitt lagt merke til internasjonalt.
Kunnskap og systematisk oversikt over viktige område for truga arter og naturtypar er ein føresetnad for å stanse tapet av norsk naturmangfald. OED deltek i den interdepartementale gruppa som koordinerer Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. Formålet med programmet er å tette kunnskapshol og medverke til at data over biomangfald blir samla i nasjonale databasar.
To naturtypar som kan bli påverka av små vasskraftverk og som Noreg kan seiast å ha eit internasjonalt ansvar for, er bekkekløfter og fossesprøytsoner. Direktoratet for naturforvaltning og NVE har sett i verk eit samarbeidsprosjekt for å framskaffe eit nasjonalt oversyn over utbreiinga av desse naturtypane.
Våren 2007 la regjeringa fram ein Nasjonal tverrsektoriell strategi og tiltak mot framande skadelege arter. OED vil følgje opp førebygging av spreiing av framande skadelege arter ved nye vassoverføringar mellom vassdrag og ved bruk av frøblandingar for revegetering av tippar, vegar, grøfter med meir i samband med energitiltak.
11 Grøn stat – innføring av miljøleiing i statlege verksemder
Olje- og energidepartementet
Olje- og energidepartementet (OED) fokuserer på miljøvinstar ved energibruk, innkjøp, transport og handtering av avfall i drifta av departementet. Miljøbelastninga skal reduserast så langt det er mogleg, og IKT er eit viktig verktøy for å få dette til.
Arbeidet med Grøn stat er ført vidare som ein integrert del av departementets styringssystem. Eit overordna mål er å skape gode miljøhaldningar hos medarbeidarar i OED.
Oljedirektoratet
Oljedirektoratet (OD) jobber systematisk for å nå regjeringa sine miljømål. For 2007 har OD ein handlingsplan for miljøleiing med fokus på følgjande:
Nybygg. Få eit tilpassa og moderne nybygg med god HMS-kultur og annen teknisk standard.
Avfallshandtering. Kjeldesortering - levere mest mogleg til resirkulering.
Videokonferansar og telefonmøte. Fokusere på auka bruk.
Energi. Ha fokus på ENØK i nybygg.
Innkjøp. Velje ISO og miljømerka produkt. Returordning av emballasje ved kjøp.
Ved å ha fokus på desse tiltaka vil OD oppnå både miljømessige og økonomiske effektar.
Noregs vassdrags- og energidirektorat
Miljøaspektet inngår som ein del av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sin visjon og strategi. Miljøleiing og miljøomsyn er i NVE sitt HMS- og kvalitetssikringssystem. Arbeidet med Grøn stat/miljøleiing er innarbeida som ein integrert del av organisasjonen sitt styringssystem. NVE legg vekt på miljøleiing ved blant anna ENØK-tiltak og handtering av avfall. Det blir stilt miljøkrav til leverandørar i samband med kjøp av varer og tenester, konkrete tiltak er innført for å redusere papirbruk og det blir lagt til rette for tilsette som vil bruke el-bil som transportmiddel til jobb.