St.prp nr. 1 Tillegg nr. 1 (2000-2001)

FOR BUDSJETTERMINEN 2001 Om endring av Kulturdepartementets budsjettforslag for 2001

Til innhaldsliste

Forslag til vedtak om endring av Kulturdepartementets budsjettforslag for 2001 og endring av St.prp.nr. 1 om statsbudsjettet 2001

I

I statsbudsjettet for 2001 blir det løyvd under følgjande kapittel:

Utgifter:

Kap.PostFormålKroner
321Kunstnarformål
75Vederlagsordningar84 208 000
mot tidlegare foreslått kr 86 508 000
324Teater- og operaformål
01Driftsutgifter84 214 000
mot tidlegare foreslått kr 81 914 000
326Språk-, litteratur- og bibliotekformål
01Driftsutgifter206 151 000
mot tidlegare foreslått kr 206 751 000
78Ymse faste tilskot65 745 000
mot tidlegare foreslått kr 65 145 000

II

Tilsegnsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Kulturdepartementet i 2001 kan gi tilsegn om statstilskot til nasjonale kulturbygg for inntil 90,2 mill. kroner ut over gitt løyving under kap. 320, post 73

III

Dekning av forsikringstilfelle

Stortinget samtykkjer i at:

  1. Kongen i 2001 kan inngå avtale om forsikringsansvar i samband med større utanlandske utstillingar innanfor ei totalramme for nytt og gammalt ansvar som til ein kvar tid ikkje må overstige 750 mill. kroner

  2. Kongen i 2001 kan inngå særskilt avtale om forsikringsansvar for inntil 800 mill. kroner for utstillinga «Visions de la nature» ved Bergen Kunstmuseum.