Tilråing
Finansdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån, og om saldering av statsbudsjettet 2001.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån, og om saldering av statsbudsjettet 2001 og endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet 2001 i samsvar med eit vedlagt forslag.