St.prp nr. 1 Tillegg nr. 12 (2002-2003)

FOR BUDSJETTERMINEN 2003 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 2003

Til innhaldsliste

3 Støttetiltaka for 2002

For 2002 vart det løyvd 90 mill. kroner i støtte til fiskerinæringa. Avtaleramma vart fordelt slik:

Avtaleramme 2002Mill. kroner
Strukturtiltak i fiskeflåten13
Føringstilskot33
Garantilott41
Driftstilskot lineegnesentralar11
Fiskeforsøk og rettleiing3
Reservebeløp262
Totalt90

1 I tillegg 6,9 mill. kroner overført frå 2001

2 Av dette er 15 mill. kroner løyvd til selfangst.

Ved utgangen av 2001 stod det att om lag 59 mill. kroner som vart overført til 2002. Summen av løyvd og overført beløp i 2002 er såleis om lag 149 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003) for Fiskeridepartementet, kap. 1040 post 70 Tilskot til støtte av fiskeria mm. Av dette beløpet gjeld 35 mill. kroner tilskot til kondemnering. Det var per 24. oktober 2002 utbetalt om lag 94 mill. kroner over kap. 1040 post 70, slik at det på dette tidspunktet stod att om lag 55 mill. kroner. Per 8. november 2002 står det att om lag 10,6 mill. kroner i udisponert beløp.