6 Strukturtiltak
I protokoll til fiskeriavtalen for 2002 var det semje mellom partane om å setje i gang arbeid med sikte på å etablere ei ordning med strukturfond med avgiftstrekk på flåteleddet for finansiering av ei kondemneringsordning for fiskefartøy.
Dette er følgt opp i Ot.prp. nr. 76 (2001-2002) Om lov om endring i lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske m.v. (strukturfond for kapasitetstilpassing av fiskeflåten). Denne proposisjonen er enno ikkje handsama i Stortinget. Saka er dessutan omtala i St. prp. nr. 1 (2002-2003) for Fiskeridepartementet (boks 6.6 Strukturtiltak for fiskeflåten).
Høringsfristen for forslag til drifts- og strukturordningar er utsett til 15. januar 2003. Landsstyret i Norges Fiskarlag har dessutan vedteke å utsetje handsaminga si av høringsnotatet om strukturfond til januar 2003.
Det er i lovforslaget lagt til grunn at avgiftssatsen skal vedtakast av Stortinget ved den årlege budsjetthandsaminga. Regjeringa vil derfor kome tilbake til spørsmålet om strukturfond og forslag til avgiftssats i samband med revidert budsjett for 2003.