St.prp nr. 1 Tillegg nr. 2 (2008-2009)

FOR BUDSJETTÅRET 2009 Om endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet for 2009

Til innhaldsliste

2 Forslag

Med bakgrunn i ovannemnde blir det foreslått løyvd 126 100 mill. kroner under kap. 5440, post 24 Driftsresultat, mot tidligare foreslått 138 400 mill. kroner.

Tabell 2.1 Sammenstilling av justert overslag og opphavleg forslag til løyving i St.prp. nr. 1 (2008-2009) under kap. 2440/5440 SDØE (i mill. kroner):

Kap./post   NemningSt.prp. nr. 1 for 2009Justert overslag for 2009Endring
Underpost  
244030Investeringar25 20025 200
50Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond1 5001 500
Sum kap. 244026 70026 700
544024.1Driftsinntekter204 100191 800-12 300
24.2Driftsutgifter-38 900-38 900
24.3Leite- og feltutviklingsutgifter-3 300-3 300
24.4Avskrivingar-17 000-17 000
24.5Renter av statens kapital-6 500-6 500
24Driftsresultat138 400126 100-12 300
30Avskrivingar17 00017000
80Renter av statens kapital6 5006 500
Sum kap. 5440161 900149 600-12 300
Kontantstraum frå SDØE:
Innbetalingar1204 100191 800-12 300
Utbetalingar268 90068 900
Netto kontantstraum frå SDØE135 200122 900-12 300

1 Innbetalingar = driftsinntekter + overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond.

2 Utbetalingar = driftsutgifter + leite- og feltutviklingskostnader + investeringar + overføring til Statens petroleumsforsikringsfond.

Netto kontantstraum frå SDØE estimerast no til 122 900 mill. kroner mot tidligare estimat i St.prp. nr. 1 (2008-2009) på 135 200 mill. kroner, ein reduksjon på 12 300 mill. kroner.

Som følgje av ovannemnde blir det foreslått løyvd 394 840 mill. kroner under kap. 2800 Statens pensjonsfond - Utland, post 50 Overføring til fondet, mot tidligare foreslått 407 140 mill. kroner.

Det blir vist til melding frå StatoilHydro ASA om auka utgifter knytt til Snøhvit. SDØEs del av dei auka utgiftene i 2009 utgjer om lag 300 mill. kroner i investeringar og om lag 250 mill. kroner i driftsutgifter. Det er knytt uvisse til om desse auka utgiftene vil føre til endringar i forslag til løyvingar under kap. 2440, post 30 og kap. 5440, post 24.2. Dette har samanheng med den generelle uvissa knytt til gjennomføring av planlagte aktivitetar i SDØE-portefølja gjennom året. I tillegg er det knytt uvisse til om uroa i finansmarknadene vil føre til utsetjing og omprioritering i andre investerings- og oppgraderings­prosjekt, som er planlagt gjennomført i 2009. Dersom det skulle skje, kan investerings- og driftsutgiftene på andre felt bli mindre enn budsjettert. Olje- og energidepartementet vil kome tilbake til ovannemnde endringar i revidert budsjett for 2009.

Det vil bli gitt ei utgreiing om kostnadsutviklinga for Snøhvit i Olje- og energi­departementets proposisjon om endringar i statsbudsjettet for 2008.

Til forsida