Tilråing
Kultur- og kyrkjedepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om Nasjonalmuseet for kunst.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om Nasjonalmuseet for kunst og endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet 2005 i samsvar med eit vedlagt forslag.