St.prp nr. 1 Tillegg nr. 5 (2002-2003)

FOR BUDSJETTERMINEN 2003 Om endringar av St.prp. nr. 1 (2002-2003) under diverse kapittel administrerte av Justis- og politidepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag om endringar

Kap. 400 Justisdepartementet

Utmarkskommisjonen for Nordland og Troms

Utmarkskommisjonen er ein særdomstol som har til oppgåve å fastsette grenser mellom privat og statleg grunn i Nordland og Troms, og retten til bruken av området. Løyvinga til kommisjonen skal gje grunnlag for behandling av minst to områder i året. Når Domstoladministrasjonen blir oppretta, vil det faglege ansvaret framleis ligge i Justisdepartementet.

Utgiftene knytta til Utmarkskommisjonen er kostnadsbereikna til 1,3 mill. kr i 2003. Utgiftene vil frå 2003 bli ført på kap. 400 Justisdepartementet, og ikkje som tidlegare på kap. 410. Ved ei forgløyming vart dei 1,3 mill. kr ikkje overført frå kap. 410 til kap. 400 i St.prp. nr. 1 (2002-2003). På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 400, post 01 med 1,3 mill. kr, mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga på kap. 410, post 01, jf. omtale under kap. 410.

Kap. 410 Tingrettane og lagmannsrettane

Utmarkskommisjonen for Nordland og Troms

Det blir foreslått å redusere løyvinga under kap. 410, post 01 med 1,3 mill. kr, jf. omtale under kap. 400.

Dommarløninger

Utviklinga i lønen til dommarane blir vurdert opp mot leiarlønssystemet for leiarar i staten. Løn til dommarane i Høgsterett blir fastsett av Stortinget, medan Arbeids- og administrasjonsdepartementet fastsett, dommarane si løn i domstolane i fyrste instans og lagmannsrettane. Det er enno ikke vedteke eller fastsett kor stor auken i løningane til dommarane i Høgsterett eller i fyrste instans og lagmannsrettane for 2002 skal vere. Regjeringa vil derfor komme tilbake til heilårsverknaden i 2003 av lønsuaken til dommarane i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2003.

Kap. 5630 Aksjer i Norsk Eigedomsinformasjon AS

Norsk Eigedomsinformasjon AS er eit statleg aksjeselskap heileigd av Justisdepartementet. Selskapet har ansvaret for drift, systemforvaltning og vedlikehald av Grunnboken.

Det er bestemt at utbytet skal vere 80 % av årsoverskuddet. I St.prp. nr. 1 (2002-2003) er det foreslått eit utbyte på 5 mill. kr i 2003. Basert på oppdaterte rekneskapstal i 2002 vert det forventa eit utbyte på 8,5 mill. kr.

På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 5630 post 80 med 3,5 mill. kr. Endeleg vedtak om utbyte for 2002 blir fastsett på ordinær generalforsamling i 2003.

Kap. 470 Fri rettshjelp

Post 71 Fritt rettsråd

Ved ein teknisk inkurie er løyvingsforslaget i St.prp. nr. 1 (2002-2003) under kap. 470, post 71 11,67 mill. kr for høgt, samstundes som løyvingsforslaget under kap. 471, post 71 er 11,67 mill. kr for lavt.

Det blir derfor forelått å redusere løyvinga under kap. 470, post 71 med 11,67 mill. kr.

Kap. 471 Statens erstatningsansvar

Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving

Det blir foreslått å auke løyvinga under kap. 471, post 71 med 11,67 mill. kr, jf. omtale under kap. 470, post 71.