2 Programmet for Nord-Noreg (PNN), jf. kap. 243 Kompetansesentra for spesialundervisning
Bakgrunn
Regjeringa foreslo i St.meld. nr. 23 (1997-98) å omorganisere det statlege spesialpedagogiske støttesystemet over heile landet, dels på grunnlag av intensjonane bak PNN. Hovudgrepa i omorganiseringa var å redusere ressursbruken ved 11 statlege kompetansesenter med 250 årsverk og bruke frigjorde ressursar til å styrkje den kommunale/fylkeskommunale PP-tenesta med i alt 300 fagårsverk, med 36 årsverk til Nord-Noreg. PNN blei foreslått avvikla som særskilt program med eige styre, men med vidareføring av fleire av tiltaka under PNN, styrking av tiltak for samiske brukarar, samt styrking av lokal PP-teneste. Departementet foreslo vidare at ein skulle utgreie nærmare spørsmålet om eventuell etablering av eige hørselssenter i Nord-Noreg. Det var ein føresetnad at endringane skulle gjennomførast innanfor eksisterande rammer på kap. 243 Kompetansesentra for spesialundervisning.
Stortinget slutta seg til hovudlinene i meldinga, men ba om nærmare vurdering og utgreiing av konsekvensane ved eventuell avvikling av PNN før endeleg konklusjon blir fatta. Som følgje av vedtaket blei programperioden forlenga ut 1999. Ei eiga arbeidsgruppe fekk i oppdrag å utarbeide ein konsekvensanalyse. Mandatet for gruppa sitt arbeid blei utforma i samråd med Styret for PNN. I St.prp. nr. 1 (1999-2000) blei det opplyst at forslag om PNN vert lagd fram i eit tillegg til St.prp. nr. 1 (1999-2000).
Nærmare om Programmet for Nord-Noreg
Gjennom PNN har det statleg finansierte spesialpedagogiske tilbodet i dei 3 nordlegaste fylka frå 1992 vore organisert annleis enn i resten av landet. Hovudintensjonen med programmet har vore å sikre spesialpedagogisk kompetanse av høg kvalitet nærmast mogleg dei som har behov for støtte og hjelp, og å redusere bruken av tenester frå spesialpedagogiske kompetansesenter i Sør-Noreg. Hovudpilarane i det statleg finansierte tilbodet i landsdelen har vore:
3 fylkeskommunale institusjonar: Regionsenteret for døvblinde i Troms, Spesialpedagogisk senter og Logopedisk senter i Nordland, der delar av tilbodet har vore statleg finansiert.
9 lokale PPT-tyngdepunktkontor med spisskompetanse til bruk for større geografiske område, organisert som statleg kjøp av tenester.
Sandfallet i Alta, statleg kompetansesenter for samansette lærevanskar med særleg kompetanse på samiske forhold og bruk av IKT.
Syns- og audiopedagogteneste, der store delar av tilbodet har vore statleg finansiert.
Eige styre for programmet og eige brukarorgan, Nordnorsk Brukarforum.
Arbeidsgruppa la i april 1999 fram ei samrøystes innstilling med forslag til framtidig organisering av det samla spesialpedagogiske tilbodet i Nord-Noreg. Gruppa tilrår at sjølve programmet PNN blir avvikla, at hovudideane i programmet blir vidareført og vidareutvikla og at ansvaret blir lagt inn under det landsdekkjande styret for statlege kompetansesentra.
I høyringa var det brei oppslutning om dei fleste forslaga frå arbeidsgruppa. Dei viktigaste innvendingane knyter seg til eit forslag om å redusere talet på lokale PPT-tyngdepunktkontor frå 9 (som i dag) til 3. I tillegg er det kome fram ønske om å føre vidare ordninga med brukarmedverknad samt oppretting av eit eige sektorstyre for landsdelen og eige understyre for samiske spørsmål. Nokre høyringsinstansar har óg vore kritiske til utgangspunktet om å halde den samla ressursinnsatsen på same nivå som i dag.
Vurderingar og forslag til organisering
Departementet ser innstillinga frå arbeidsgruppa som eit godt utgangspunkt for organisering av det framtidige statleg finansierte spesialpedagogiske tilbodet i dei 3 nordlegaste fylka og vil på dei fleste punkta følgje tilrådingane. Så lenge landsdelen i dag bruker ca. 13 pst. av dei samla nasjonale ressursane på dette feltet på kap. 243 (folketalet er 10,5 pst.), er det vanskeleg å imøtekome alle ønske som er kome fram gjennom høyringa.
Ei vidare utbygging av tilbodet i landsdelen føreset ein monaleg reduksjon i bruken av tenester frå sentra i Sør-Noreg. Arbeidsgruppa reknar med ein reduksjon på heile 13 mill. kroner, frå 44 mill. kroner til 31 mill. kroner årleg. Departementet ser i utgangspunktet dette som lite realistisk. Bakgrunnen er m.a. at 25 mill. kroner av landsdelen sitt forbruk er knytt opp mot hørselssentra i Sør-Noreg, og av dette er det meste bunde opp til heilårselevar som framleis vil få tilbodet sitt i Sør-Noreg. I arbeidsgruppa si innstilling og i høyringa kom det ikkje fram ønskje om å utvikle slike tilbod i eigen landsdel. Departementet legg derfor til grunn for tilrådinga ein samla gradvis reduksjon på 9 mill. kroner fram til år 2003.
Departementet foreslår ein framtidig modell for det statleg finansierte spesialpedagogiske tilbod i Nord-Noreg etter slike hovudliner:
Avvikling av PNN som eige program frå 1. januar 2000, og overføring av styringsansvaret til Styret for statlege spesialpedagogiske kompetansesentra. Hovudprinsippa for organisering av det statleg finansierte spesialpedagogiske tilbodet i landsdelen vil bli ført vidare i samsvar med ideane bak PNN.
Som ei førebels ordning fram til 1. januar 2002 blir inntil to sekretariatsstillingar frå PNN ført vidare under styret for kompetansesentra, men lokalisert til Nord-Noreg. Dette må m.a. sjåast i samanheng med fastsetjing av ei permanent lokaliseringsløysing for styresekretariatet, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 10 (1998-99). Det vil vidare bli oppretta eit regionalt rådgjevande organ for styret i spørsmål som gjeld landsdelen, under dette samiske spørsmål på området, med førebels funksjonstid fram til 1. januar 2003. Nord-Noreg er representert i noverande styre med 2 av 11 medlemmar.
Styret får ansvar for å føre vidare ei ordning for brukarmedverknad på bakgrunn av positive erfaringar med Nordnorsk Brukarforum.
Vidareføring og ei viss styrking av tilbodet i noverande fylkeskommunale institusjonar. Gradvis styrking av den eksisterande syns- og audiopedagogtenesta frå 8 til 14 årsverk. Ansvaret for organisering og lokalisering av den statleg finansierte syns- og audiopedagogtenesta vil frå 1. januar 2000 bli lagt til styret.
Tilbodet ved dei 9 lokale PPT-tyngdepunktkontora vil førebels bli vidareført på same nivå (10 årsverk) som no. Styret har ansvaret for å vurdere framtidig dimensjonering, organisering og lokalisering. I slike prosessar vil det vere viktig å ha god dialog med kommunane og fylkeskommunane i landsdelen.
Gradvis oppbygging av nytt tyngdepunkt for samiske brukarar (3 årsverk), samt styrking av samisk utdanningsadministrasjon (1 årsverk) og samiske kompetansehevingstiltak. Departementet er oppteke av å skape større heilskap i utdanningstilboda i dei samiske områda og vil på eit seinare tidspunkt kome tilbake til Stortinget med ei brei og samla vurdering av slike spørsmål.
Nedbygging av basisbemanninga ved Sandfallet kompetansesenter med 12 årsverk (om lag 50 pst.), tilsvarande nedbemanninga ved sentra for samansette lærevanskar i Sør-Noreg, frå 1. august 2000. Den praktiske nedbyggingsprosessen må sjåast i samanheng med utviklinga av det nye tyngdepunktet for samiske brukarar. Det vil vere naturleg at Sandfallet inntil vidare yter tenester i høve til det samiske språk/kulturområdet, i påvente av oppbygginga av kompetanse i dei samiske fagmiljøa. Senteret skal først og fremst yte tenester til landsdelen innanfor samansette lærevanskar, og arbeide vidare med IKT, KomSa (kommunikasjonssystem) og kvensk problematikk.
Overføring av øyremerka midlar til oppretting av 36 årsverk i kommunal/fylkeskommunal PP-teneste frå 1. august 2000. 10 av desse årsverka vil vere engasjementsstillingar fram til 2003. Utviklinga i volumet av tenester frå kompetansesentra i Sør-Noreg vil avgjere om det frå 2003 er økonomisk grunnlag for å gjere desse 10 stillingane permanente. Ved lokalisering av stillingane er det viktig å sjå tilbodet i kommunal/fylkeskommunal sektor, dei regionale sentra, tyngdepunktkontora og Sandfallet i samanheng.
Samla sett medfører forslaget ei reell styrking av statleg finansierte spesialpedagogiske tiltak i Nord-Noreg frå ca. 75 mill. kroner årleg i dag til vel 79 mill. kroner fram til 2003. Auken på vel 4 mill. kroner blir finansiert innanfor samla ramme på kap. 243 gjennom omdisponering av midlar internt på kapitlet som vil bli frigjort etter avslutting av ulike prosjekt og etter første del av omstillingsprosessen ved sentra i Sør-Noreg. Landsdelen si sjølvforsyning av spesialpedagogiske tenester vil dessutan auke monaleg.
Det må vidare nemnast at Styret for dei spesialpedagogiske kompetansesentra disponerer over ein del ressursar til bruk for prosjekt, utviklingsoppgåver osb. Når ansvaret for tilbodet i Nord-Noreg no blir lagt over til styret, vil óg dei 3 nordlegaste fylka kunne nyte godt av slike særskilde innsatsmidlar.
Tabell 2.1 Ressursbruk under kap. 243 til tiltak i Nord-Noreg (i mill. kroner, 1998-prisnivå)
Tiltak | 1998 | 20006 | 2003 |
Styre/sekretariat | 4,2 | 1,0 | 1,0 |
Sandfallet, Finnmark | 11,4 | 7,0 | 7,0 |
Regionsenter for døvblinde, Troms | 1,6 | 1,5 | 1,5 |
Spesialpedagogisk senter, Nordland | 0,8 | 1,0 | 1,5 |
Logopedisk senter, Nordland1 | 0,4 | 0,5 | 1 |
PPT-tyngdepunkt med avtale | 4,8 | 5,0 | 5,0 |
Div. brukarretta tiltak | 0,5 | 0,5 | 0,8 |
Særskilde samiske tiltak2 | 0,8 | 2,6 | 3,6 |
Syns- og audiopedagogtenesta | 4,3 | 4,5 | 7,5 |
Andre landsdels- og fylkestiltak3 | 2,3 | - | - |
Styrking av kommunal/fylkeskommunal PP-teneste4 | - | 14,4 | 14,4 |
Andel øvrige styrkingstiltak5 | - | 1,2 | 1,2 |
Mellombels omstillingskostnader | - | 1,7 | - |
Nord-Noreg sitt forbruk ved kompetansesentra i Sør-Noreg | 43,8 | 38,0 | 34,8 |
Sum totalt | 74,9 | 78,9 | 79,3 |
1 I tillegg til denne overføringa frå styret, overfører ein 4,2 mill. kroner årleg til Nordland fylkeskommune frå kap. 243 til drifta av Logopedisk senter. Frå 2001 vil desse midla gradvis bli overført til den generelle rammefinansieringsordninga.
2 Etablering av samisk tyngdepunkt, styrking av samisk utdanningsadministrasjon og kompetansehevingstiltak. I tillegg kjem midlar til samiske spesialpedagogiske læremidlar som vil bli overført frå kap. 244 Nasjonalt læremiddelsenter.
3 Midlar til ulike prosjekt, informasjonsarbeid, konferansar, nettverksmidlar mv.
4 36 årsverk - 1999-prisnivå. I tillegg til tilskottet på kr 400 000, kjem eit eingongstilskott på kr 15 0 00 per stilling.
5 Utgjer Nord-Noreg sin del av div. styrkingstiltak, jf. St.meld nr. 23 (1997-98) - Samtak mv.
6 Heilårsverknad etter endringar per 1. august 2000.