St.prp. nr. 11 (1996-97)

Om endringer av løyvingar på statsbudsjettet for 1996 under Finans- og tolldepartementet

Til innholdsfortegnelse

0

Finans- og tolldepartementet gjer med dette framlegg om endringar i statsbudsjettet for 1996 under kap 0011 Slottet, Bygdø kongsgård og Oscarshall, kap 0020 Statsministerens kontor, kap 21 Statsrådet, kap 1610 Toll- og avgiftsdirektoratet - toll- og avgiftsetaten, kap 1616 Andre utgifter til skatte- og avgiftsinnkreving, kap 1618 Skattedirektoratet - skatteetaten og kap 1620 Statistisk sentralbyrå.

Kap 11 Slottet, Bygdø kongsgård og Oscarshall

Det har ikkje vore nokon gjennomgåande rehabilitering av Slottet sidan det var bygd, og det er derfor behov for å pusse opp og modernisere bygningen. I tillegg til rehabiliteringa av slottsbygningen er det også behov for opprusting av inventar og utstyr til dei areala som no blir pussa opp.

Det er lagt fram eit program for arbeidet med opprusting av inventar og utstyr, med ein samla kostnadsramme på 35,6 mill kroner, jf St prp nr 1 (1996-97) for Administrasjonsdepartementet. I budsjettet for 1996 er det løyvd 1,8 mill kroner til å starte dette arbeidet, mens det for 1997 er gjort framlegg om 26,4 mill. kroner. Det står da att å løyve 7,4 mill kroner i 1998.

For å kunne gjennomføre denne planen er det behov for å gjere nokre bestillingar i 1996 som gjeld planlagte tiltak i 1997. Behovet for slike bestillinger er venta å utgjere omlag 1,5 mill kroner.

På denne bakgrunnen gjer Finansdepartementet framlegg om at departementet i 1996 kan bestille for inntil kr 1 500 000,- ut over løyvinga for 1996 under kap 11 Slottet, Bygdø kongsgård og Oscarshall, post 11 Varer og tjenester, i samanheng med kjøp av inventar og utstyr på Slottet.

Kap 20 Statsministerens kontor

I samanheng med frigjeringsjubileet 1995 blei det vedteke å reise eit nasjonalt frigjeringsmonument i Narvik, og i samsvar med St prp nr 58 (1995-96) og Innst S nr 283 (1995-96) blei det løyvd 3,0 mill kroner til dette i 1996.

Det har no vist seg at ein del av kostnadane med dette monumentet ikkje blir utbetalt før i 1997. For å håndtere dette gjer departementet framlegg om at løyvinga under kap 20, post 21, på 3,0 mill kroner får stikkordet «kan overføres».

Kap 21 Statsrådet

Løyvinga under kap 21, post 01 og 11, gjeld lønns- og driftsutgifter for Regjeringa, statssekretærane og dei politiske rådgjevarane. For 1996 blei det løyvt 55,65 mill kroner til dette formålet.

På bakgrunn av at fleire av dei politiske medhjelparane, som gjekk over i anna arbeid før regjeringsskiftet, hadde krav på etterløn i 3 månader, ventas lønkostnadane for 1996 å bli noko høgare enn budsjettert. Finansdepartementet gjer derfor framlegg om at løyvinga under kap 21, post 01, blir sett opp med 0,7 mill kroner. Kostnadar i samanheng med regjeringsskiftet, vil ein kome tilbake til seinare.

Ein vil også gjere framlegg om at løyvinga under kap 21, post 11, blir sett opp med 0,6 mill kroner som følgje av ein auke i reiseaktiviteten i 1996.

Kap 1610 Toll- og avgiftsdirektoratet - Toll- og avgiftsetaten

For 1996 er det under kap. 1610 Toll- og avgiftsdirektoratet - toll- og avgiftsetaten, post 21 Spesielle aksjoner, løyvt 10 mill. kroner til å styrkja arbeidet med grensekontrollar for å minska sprit- og narkotikasmuglinga.

For å forenkla administrasjonen av løyvinga gjer departementet framlegg om at løyvinga under post 01 Lønn- og godtgjørelser blir sett opp med 3,0 mill kroner, og at løyvinga under post 11 Varer og tjenester, blir sett opp med 7,0 mill. kroner. Post 21 skal minskast med ein tilsvarande sum og setjast til null.

Dette er ei teknisk omdisponering. Føremålet med løyvinga skal ikkje endrast.

Kap 1616 Andre utgifter til skatte- og avgiftsinnkreving

I samanheng med behandlinga av St prp nr 1 (1995-96) for Finansdepartementet blei det løyvt 106 mill kroner under kap 1616, post 11 Varer og tjenester, Denne løyvinga blei sett ned med 2 mill kroner til 104,0 mill. kroner i samanheng med behandlinga av St prp nr 58 (1995-96).

Løyvinga er i hovedsak avhengig av kva tiltak som må nyttast for å krevje inn skyldig skatt og meirverdiavgift, og utgifter knyttet til skattebetalingsordninga.

I dei seinare åra har det vore ei auke i utgiftane i samanheng med skattebetalingsordninga, og ein reduksjon i innkrevjingsutgiftane, slik at auken i portoutgiftane har blitt meir enn motsvart av reduksjonen i innkrevjingsutgiftane. På denne bakgrunn blei løyvinga for 1995 under kap 1616 justert ned med 10 mill kroner, jf St prp nr 13 (1995-96).

Bevilgningsanslaget for 1996 bygde på ei forventning om at innkrevjingsutgiftane framleis kom til å liggja på et lågt nivå, samstundes som det vart tatt omsyn til en vis auke av gebyra i samband med skattebetalingsordninga.

På bakgrunn av rekneskapstal og statistikk for fyrste halvår 1996 er det grunn til å rekna med ein sterkare auke i portoutgiftane enn det løyvingsoverslaget bygde på. Årsaka til dette er:

  • at likningslovens § 6.4 pr i dag ikkje gjev skatteetaten mogleghet til å nytte opplysningar som er innhenta med hjemmel i likningslovens § 6-4, ved skatteavregninga. Dette har ført til mindre bruk av konto til konto overføring enn venta og dermed høgare betalingsformidlingsutgiftar.

  • fleire transaksjonar enn fyrst venta, som følgje av ein auke i antall skatteytarar som har hatt beløp til gode.

  • at gebyrsatsen ved bruk av kontantkort har aukt i forhold til den gebyrsats som vart nytta på løyvinstidspunktet.

På denne bakgrunnen gjer departementet framlegg om at den vedtekne løyvinga under kap 1616, post 11 Varer og tjenester, blir sett opp med 25 mill kroner frå 104 mill kroner til 129 mill kroner.

Kap 1618 Skattedirektoratet - skatteetaten

Løyvinga i statsbudsjettet for 1996 under kap 1618, post 11 Varer og tjenester er på 615 mill. kroner. Ein del av denne løyvinga gjeld IT-prosjekt i etaten, mellom anna til BOTA og MER-prosjektet.

På bakgrunn av forskyvningar i tid vil ein mindre andel av utgiftane enn venta på løyvingstidspunktet, bli utbetalt i 1996 i samanheng med BOTA og MER-prosjektet.

På denne bakgrunnen gjer departementet framlegg om at den vedtekne løyvinga for 1996 under kap 1618, post 11 Varer og tjenester, blir sett ned med 10,0 mill kroner.

Kap 1620 Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrås utgifter til forsking under kap 1620, post 21 Spesielle driftsutgifter, sjåast i samanheng med inntektane under kap. 4620, post 01 Salgsinntekter og post 02 Spesialoppdrag. Ved utgangen av 1995 utgjorde akkumulert mindreinntekt i samanheng med denne oppdragsverksemda 6,5 mill kroner.

Omlag 4,6 mill kroner av denne mindreinntekta var forskyvningar av inntekter til 1996, mens resten av mindreinntekta på 1,9 mill kroner i hovedsak skuldas at salet av Statistisk årbok og Historisk statistikk blei mindre enn venta.

Riksrevisjonen meiner at meirforbruket på 1,9 mill kroner under kap 1620, post 21, er uhjemla, og har tatt saken opp i Dok nr 1 (1996-97).

For å dekkje inn dette underskotet på 1,9 mill kroner gjer Finansdepartementet framleg om at løyvinga i statsbudsjettet for 1996 under kap 1620, post 01, blir sett ned med 1,9 mill kroner til 165,1 mill kroner.

Til forsiden