3 Spesielle saker
3.1 Bestillingsfullmakter
Kap 1733 Luftforsvaret
Bestillingsfullmakter på post 01 vert foreslått auka med 365 mill. kroner til totalt 1 325 mill. kroner på grunn av meirbehov på materiell drift. Meirbehovet skuldast auka dollarkurs.
Kap 1734 Heimevernet
Bestillingsfullmakter på post 01 vert foreslått redusert med 25 mill. kroner til totalt 0 mill. kroner på grunn av at alle større innkjøp blir foretatt som horisontal samhandel mellom HV og Hæren ved HFK.
Kap 1760 Nyanskaffelse av materiell, bygg og anlegg
Bestillingsfullmakter på post 01 vert foreslått løyvd med 280 mill. kroner til totalt 280 mill. kroner som er investeringsrelaterte gjennomføringskostnader i samband med prosjekt 6088 Nye fregattar.
Dei foreslåtte bestillingsfullmaktene for 2000 er forventa innfridde i:
År 2001 med 29 mill. kroner
År 2001 med 29 mill. kroner
År 2003 med 29 mill. kroner
År 2004 med 39 mill. kroner
Seinare år med 154 mill. kroner
Kap 1790 Kystvakta
Bestillingsfullmakter på post 01 vert foreslått redusert med 43 mill. kroner til totalt 23 mill. kroner grunna generelt berekna mindrebehov.
Kap 1791 Redningshelikoptertenesten
Bestillingsfullmakter på post 01 vert foreslått redusert med 14 mill. kroner til totalt 38 mill. kroner grunna generelt beregna mindrebehov.
3.2 Omgruppering av 35 mill. kroner frå kap. 4792 post 11 til kap. 1760 post 45
Forsvaret har motteke ca 35 mill. kroner som inntekter hittil i 2000 på kap. 4792. To mill. kroner av desse er inntekter frå sal av materiell i samband med avvikling av SFOR, og tilbakebetaling frå andre deltakarnasjonar i samband med «cost sharing». Det resterande beløpet er mottekne refusjonar frå FN som tilbakebetaling av tidlegare utgifter i samband med norsk deltaking i FN-operasjonar. Hovuddelen av refusjonane er refusjonar for slitasje av norsk eigd materiell som er nytta i FN. Regjeringa foreslår å omgruppere 35 mill. kroner til kap. 1760, post 45 materiellinvestering. Midla skal nyttast til generelt vedlikehald og gjenskaffing av materiell i Forsvaret som har vore eller kan bli nytta i internasjonale operasjonar.
3.3 Rentefritt lån til Stiftelsen Norsk museum for fotografi - Preus fotomuseum
Forsvarsdepartementet vart i samband med handsaminga av St. prp. nr. 58 (1999-2000), jf Innst. S. nr. 238 (1999-2000) gjeve fullmakt til å yta eit rentefritt lån på 6 mill. kroner til Stiftelsen Norsk museum for fotografi - Preus fotomuseum. Romertallsvedtak nr. VI i nemnde innstilling er som følgjer:
«Forsvarsdepartementet gis fullmakt til å yte et rentefritt lån på 6 mill. kroner til Stiftelsen Norsk museum for fotografi - Preus fotomuseum i inneværende år som beskrevet i kap. 9 i St. prp. nr. 58 (1999-2000). Lånet ytes over kap. 1795, post 92, mot at det refunderes med 1 mill. kroner pr år i de derpå følgende seks år».
Forsvarsdepartementet foreslår med bakgrunn i ovannemnde og i eining med føresetnaden i vedtaket, at det vert omdisponert 6 mill. kroner frå kap. 1760, post 47 til ny post 92 Lån til private på kap. 1795.
3.4 Overføring av Storm-klasse MTBar til Latvia og Litauen
Noreg har tidlegare donert ein MTB av Storm-klasse til kvart av dei baltiske landa. Etter at dei gjenverande MTBane i denne klassen vart utfasa den 31. desember 1999, har Latvia og Litauen uttrykt ønskje om å overta ytterlegare tre båtar kvar.
Då dei vart utfasa var båtane korkje seilingsdyktige eller operasjonelle. Noreg stilte derfor som krav at det skulle gjennomførast ein oppgradering til eit minimumsnivå for sikker segling og operasjonell evne før fartøya kunne overførast. Vidare var det ein føresetnad at kostnadene ved oppgradering skulle dekkjast av mottakarlanda. Oppgraderinga vil finne stad ved Sjøforsvarets forsyningskommando.
Det innleiande arbeidet med «Memorandum of Understanding» for oppgradering og overføring av fartøya, har no byrja. Noreg og mottakarlanda er så langt blitt einige om at ein av dei tre båtane som kvart land får tilbod om, skal leverast som reservedelsbåt. Leveringa av reservedelsbåt skjer kostnadsfritt ved kai på Haakonsvern. I dette inngår også tilbod om å overta av ein logistikkpakke som inneheld reservedelar og ammunisjon.Oppgradering og levering av fire fartøy vil totalt kosta ca. 9,5 mill. kroner. Oppgraderinga vil skje innan rammen av tildelte middel på kap. 1732, i hovudsak i løpet av 2001, men med oppstart i 2000. Av hensyn til behovet for å innpasse anskaffelsen i planverket til mottakarlanda, legges det til grunn at betaling skal skje innan 2002.
For ikkje å belaste Sjøforsvarets ordinære drift, vert 9,5 mill. kroner overført av ledige midlar på kap. 1725, post 01 til kap. 1732, post 01. Midlane vert ført vidare til 2001, eventuelt til 2002 avhengig av korleis framdrifta med oppgraderingsarbeidet går.
3.5 Drivstoffprisar og valutaendringer i 2000 budsjettet - konsekvensar for flytimenivå
Det planlagde nivået for flytimar for F-16 i 2000 må reduserast. Høge drivstoffprisar og høge valutakurser har gjort det vanskeleg å gjennomføra det planlagde nivå på 11.600 timar. For at flytimeproduksjonen skal kunna haldast på eit minimum av 9.500 timar, er det i omgrupperinga foreslått tilført Luftforsvaret 155 mill. kroner frå materiellinvesteringar. Av desse midlane er 25 mill. kroner øyremerka flytimeproduksjon for F-16, mens det resterande er naudsynt for å etterfylle lager til eit minimum.
Ved oppretthaldinga av dette flytimenivået vil Forsvaret kunna ivareta våre IRF- og Quick Reaction Alert (QRA) forpliktelsar. Med dette tiltaket unngår vi at flya vert sett på bakken, men ein del flygarar vil etter kvart kunna miste sin kampklare status grunna manglande flytid, om situasjonen ikkje vert normalisert.