6 Konklusjon og tilråding
Direktivet inneber ei nokså gjennomgripande reform av dei kvalifikasjonskrava som vert stilte for tilgang til og utøving av sjåføryrket. Likevel er det grunn til å tru at gjennomføringa av ordninga vil styrkje kvaliteten på sjåførane, og at dette vil kunne gje positive utslag, særleg med tanke på trafikktryggleiken.
Direktivet høver godt i hop med dei målsetjingane som ligg til grunn for den norske opplæringa for førarar av tunge køyretøy. Direktivet legg vekt på miljøvennleg køyring, noko som òg er i tråd med norske prioriteringar.
Samferdselsdepartementet rår til at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/59/EF av 15. juli 2003 om grunnleggjande kvalifisering og regelmessig opplæring av førarar av visse veggåande køyretøy for transport av gods eller passasjerar. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.