2 Forslag om endringar
Kap. 410 Tingrettane og lagmannsrettane
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 412, post 01
Domstoladminstrasjonen tok over det administrative ansvaret for jordskifterettane frå Landbruks- og matdepartementet frå 01.01.2006. Det er tidlegare vedteke at jordskifterettane skal over på tilsvarande IKT-plattform som domstolane. Dette arbeidet blei starta i 2005. Den nye IKT-plattforma er berekna å koste totalt 20 mill. kr, og skulle dekkjast av Landbruks- og matdepartementet. Av dette blei 10 mill. kr stilt til disposisjon for Justisdepartementet i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2005 og 3 mill. kr blei overført frå Landbruks- og matdepartementet til Justisdepartementet for 2006. Dei resterande 7 mill. kr skulle overførast i løpet av 2006. I revidert nasjonalbudsjett for 2006 blei 5,7 mill. kr overført, og det blei lagt opp til at restbeløpet på 1,3 mill. kr skulle overførast i samband med endringane av løyvinga i haustsesjonen 2006.
På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 410, post 01 med 1,3 mill. kr mot tilsvarande reduksjon på Landbruks- og matdepartementet sitt kap. 1149, post 71.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer utgifter som etter rettsgebyrlova er inkluderte i rettsgebyret. Forbruket på posten er knytt til antal og omfang av saker, og er derfor ikkje styrbar.
I budsjettframlegget for 2006 blei det lagt til grunn ikraftsetjing av endringar i Ot.prp. nr. 108 (2004-2005) Om lov om endringar i lov 8. juni 1984 om gjeldsforhandling og konkurs og andre lover (elektronisk kommunikasjon mv.) frå 1. juli 2007. Endringane trådte i kraft frå 1. februar 2006, og vil derfor gi om lag 3,8 mill. kr høgare innsparing på posten i 2006 enn budsjettert.
I tillegg er det generelt pårekna et lågare forbruk på posten på om lag 8,2 mill. kr i 2006.
Samla blir det derfor foreslått å redusere løyvinga på kap. 410, post 01 med 12 mill. kr.
Kap. 414 Domsutgifter
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til godtgjersle til medlemmer av forliksråd og kompetansehevande tiltak i form av kurs.
Etter budsjettframlegget på posten for 2006 blei det i desember 2005 gjort nokre endringar i regla for godtgjersler for medllemma i forliksråda.
Antal saker i forliksråda er pårekna å bli langt fleire enn berekna som følgje av ikraftsetjinga av reforma om den sivile rettspleie på grunnplanet frå 1. januar 2006. Det blei derfor i februar 2006 gjort ytterlegare endring i form av nedjustering av satsen for godtgjersle til medlemma av forliksråda. På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det, ut frå noko usikre anslag, foreslått å redusere løyvinga under kap. 414, post 21 med 20 mill. kr.
Kap. 3410 Rettsgebyr
Post 01 Rettsgebyr
Løyvinga på posten dekkjer inntekter i samband med sivile saker, tinglysing, skjønn, skifte, konkurs m.m. Inntektene er regelbundne. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 3410, post 01 med 60 mill. kr.
Kap. 5630 Aksjar i Norsk Eigedomsinformasjon as
Post 80 Utbytte
Gjeldande løyving på posten i 2006 er 6,8 mill. kr. På generalforsamlinga til Norsk Eigedomsinformasjon as våren 2006 blei det vedteke eit utbytte på 10,36 mill. kr i 2006. På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 5630, post 80 med 3,56 mill. kr
Kap 430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning
Post 60 Refusjonar til kommunane, forvaringsdømte o.a., kan overførast
Rekneskapstal hittil i år viser at utbetalingane til refusjonar til kommunale omsorgstiltak for prøveløslatte frå forvaring, psykisk utviklingshemma med sikringsdom og varetektssurrogat er blitt lågare enn tidlegare lagt til grunn. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 10 mill. kr under kap. 430, post 60.
Kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 441, post 01
NOKAS-saka
Det blei hausten 2005, jf. St.prp. nr. 76 (2004-2005) og Innst. S. nr. 52 (2005-2006) gitt ei ekstra løyving mellom anna til dekning av meirutgifter i politiet på om lag 15 mill. kr i samband med Stavanger tingrett si behandling av Nokas-saka. Behandlinga av Nokas-saka i tingretten strakk seg ut i første del av 2006 og har blitt meir kostnadskrevande enn forutsett. Opprinneleg var det planlagt å nytta dei ubrukte overførte midla frå 2005 til dette føremålet, men dette var ikkje tilstrekkeleg. Oppdaterte tal viser meirkostnader på 6,5 mill. kr knytt til behandlinga i tingretten. Justisdepartementet foreslår derfor at kap. 440, post 01 blir auka med 6,5 mill. kr.
Gebyr utlendingssaker
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 440, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3440, post 06. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga på kap. 440, post 01 med 4,8 mill. kr sjå omtalen under kap. 3440, post 06 Gebyr.
Investeringar
Det er viktig at dei tilsette i politi- og lensmannsetaten har utstyr som gjev tilstrekkeleg tryggleik når dei skal løyse oppdrag. Utviklinga i samfunnet krev også utstyr slik at ein kan ta i bruk nødvendige metodar for mellom anna å kjempe mot den organiserte kriminaliteten. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til innkjøp av utstyr i politi- og lensmannsetaten med 3 mill. kr under kap. 440 post 01.
I tillegg har Politidirektoratet opplyst at dei innanfor eksisterande rammer har funne rom til å framskunde kjøp av pistolar i 2006 for om lag 30 mill. kr. Dette vil bli dekka sentralt slik at ikkje politidistrikta blir belasta. Dette gjeld også Oslo politidistrikt. Mindre tilleggsutgifter til pistoler som til dømes belter må politidistrikta dekkje skjølve. I tillegg skal det omprioriterast omlag 11 mill. kr til investeringar i utstyr, særleg til kommunikasjonskontroll, men også til nokre investeringar i PST. Samla utgjer desse investeringane omlag 44 mill. kr.
Samla vert det foreslått å auke løyvinga på kap. 440, post 01 med 14,3 mill. kr.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten dekkjer politi- og lensmannsetaten sine sideutgifter i samanheng med asylsaker, mellom anna utgifter til uttransportering i asylsaker og andre utlendingssaker.
I budsjettet for 2006 er det lagt til grunn uttransportering av 3500 asylsøkjarar med endeleg avslag.
Politiet har til no i år uttransportert færre personar frå landet enn planlagt. Dette skuldast ei rekke forhold. Mellom anna har det vore problem knytta til returar til fleire land som Irak, Afghanistan, Somalia, Etiopia og Eritrea. Måltalet for antal uttransporte personar i 2006 vil derfor ikkje bli nådd, og forbruket på posten blir derfor lågare enn forventa. Med bakgrunn i den låge effektueringa ligg det an til ei innsparing på posten. Justisdepartementet foreslår å redusera løyvinga på kap. 440, post 21 med 24 mill. kr.
Post 22 Søk etter omkomne på havet, i innsjøar og vassdrag
Med bakgrunn i rekneskapstala hittil i år foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 440, post 22 med 3 mill. kr.
Ny post 72 Tilskot til Det mosaiske trussamfund
Natt til 17. september 2006 vart det avfyrt skarpe skot mot den jødiske synagogen i Oslo. Dette viser eit behov for tryggleikstiltak for det mosaiske trussamfunnet. Regjeringa har derfor funne det riktig å løyve 4,948 mill. kr til eingangsinvesteringar i tryggleikstiltak på kap. 440, ny post 72.
Kap. 3440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten
Post 01 Gebyr
På bakgrunn av rekneskapstala hittil i år, og venta utvikling for passinntektene foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 3440, post 01 med 10 mill. kr.
Post 04 Gebyr vaktselskap
På bakgrunn av rekneskapstala hittil i år, og venta utvikling på posten foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 3440, post 04 med 0,5 mill. kr.
Post 06 Gebyr - utlendingssaker
På bakgrunn av rekneskapstala hittil i år, og venta utvikling for inntektene på søknader om statsborgarskap, opphalds-, arbeids- og busetjingsløyver foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 3440, post 06 med 6 mill. kr, jf. omtale under kap. 440, post 01.
Post 07 Gebyr – sivile gjeremål
Ansvaret for den sivile rettspleia på grunnplanet vart overført til politi- og lensmannsetaten frå 1. januar 2006. Samstundes vart dei nye reglane som direkte tvangsinndriving av krav som er uimotsagte, gjort gjeldande. Ved utrekninga av dei økonomiske konsekvensane vart føresetnadene i Ot.prp. nr. 43 (2003-2004) Om lov om endringer i rettergangslovgivningen m.m. (organiseringen av den sivile rettspleie på grunnplanet) lagt til grunn.
Utviklinga i 2006 viser at det er ein nedgang i talet på tvangsforretningar i høve til tidlegare år, noko som truleg har samanheng med at den norske økonomien er inne i ein høgkonjunktur. Vidare viser det seg at direkte tvangsinndriving er teke i bruk i liten grad, noko det fortsatt høge talet på saker i forliksråda indikerer jf. omtale under kap. 414, post 21. Årsaka er truleg mellom anna den store auken i gebyret for tvangs- og utleggsforretningar dei seinare åra (blitt relativt rimelegare å bruke forliksråd), og at foreldingsfrista er lengre (10 år) for saker med forliksrådsdom. Politidirektoratet er gitt i oppdrag å vurdere moglege tiltak som kan bidra til at reforma i større grad får tilsikta effekt. Saman med den foreslåtte reduksjonen i gebyra for utleggsforretningar i 2007 er det pårekna at reforma vil få betre effekt i 2007. Ved inntektsoverslaga for nye gebyr vart verknaden for eit heilt år berekna. Gebyr i desse sakene vert betalte på etterskot, jf. lov om rettsgebyr § 14. Det blir derfor eit etterslep på nokre månadere før gebyra blir innbetalte og ført i rekneskapen. Av desse grunnane blir det foreslått å redusere løyvinga med 250 mill. kr under kap. 3440, post 07.
Kap. 441 Oslo politidistrikt
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 440, post 01
Gebyr utlendingssaker
Det blir vist til omtalen under kap. 3440, post 06 Gebyr. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 441, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3440, post 06. Det blir derfor foreslått å auka løyvinga på kap. 440, post 01 med 1,2 mill. kr.
Kap. 460 Spesialeininga for politisaker
Post 01 Driftsutgifter
I samband med utvikling av elektronisk saksbehandlingsverktøy for Spesialeininga for politisaker blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 460, post 01 med 0,9 mill. kr i 2006.
Kap. 466 Særskilde straffesaksutgifter m.m.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar, sakkunnige og tolkar i straffesaker etter straffeprosesslova kapittel 9. Dei totale utgiftene på kapitlet avhenger av talet på straffesaker, omfanget av sakene og storleiken på den offentlege salærsatsen. Utgiftene på posten er regelbundne.
På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 466, post 01 med 40 mill. kr.
Kap. 468 Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker
Post 01 Driftsutgifter
I samband med utvikling av elektronisk saksbehandlingsverktøy og tilsetjing av to midlertidige stillingar i Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 468, post 01 med 0,975 mill. kr.
Kap. 470 Fri rettshjelp
Post 70 Fri sakførsel
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar der det er gjeve heil eller delvis fri sakførsel. Utgiftene er regelbundne.
På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470, post 70 med 5 mill. kr.
Post 71 Fritt rettsråd
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar og rettshjelparar i saker der det er gjeve fritt rettsråd. Utgiftene er regelbundne. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470, post 71 med 45 mill. kr.
Post 72 Tilskudd til spesielle rettshjelpstiltak
I samband med at behandlinga av klagesaker etter lov om fri rettshjelp blei overført frå Justisdepartementet til Justissekretariata med verknad frå 01.09.2006, blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 470, post 72 med 1 mill. kr mot ein tilsvarande auke på kap. 472, pst 01, jf. omtale under kap. 472, post 01.
Kap. 3470 Fri rettshjelp
Post 01 Tilkjende saksomkostningar m.m.
Saksomkostningar tilkjente staten i benefiserte saker førast under posten. Inntektene er regelbundne. På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å oppjustere løyvinga under kap. 3470, post 01 med 1 mill. kr.
Kap. 471 Staten sitt erstatningsansvar
Post 70 Erstatning til valdsofre, overslagsløyving
Løyvinga på posten er regelbunden overslagsløyving og dekkjer erstatningar etter voldsofferlova. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 471, post 70 med 15 mill. kr.
Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer utbetalingar som følgje av staten sitt erstatningsansvar på grunnlag av alminnelege erstatningsreglar, med unntak av ansvar i kontraktforhold og ansvar i samband med forretningsdrifta til staten. Løyvinga på posten er regelbunden, og har stikkordet overslagsløyving. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 471, post 71 med 25 mill. kr.
(Ny) Post 74, Erstatning til etterlatne etter dei omkomne i Mehamn-ulykka, kan overførast
Stortinget gjorde 02.05.2006 vedtak nr. 332 om å be Regjeringa etablera ei særskilt erstatningsordning for etterlatne etter Mehamn-ulykka og vedtak nr. 333 om å be Regjeringa oppnemne ei eiga nemnd som får som oppgåve å fastsetja erstatningsbeløp og definere kven som skal omfattast av ordninga. Til grunn for vedtaket låg behandling av Innst. S. nr. 125 (2005-2006), Dokument nr. 24 (2004-2005) Rapport frå Stortingets granskingskommisjon for luftfartsulykka med Twin Otter LN-BNK nær Gamvik 11. mars 1982 (Hovedrapport).
På denne bakgrunn oppnemnde Regjeringa i juni 2006 ei nemnd, som avga si innstilling til departementet i oktober 2006. Nemnda foreslår i innstillinga at dei etterlatne skal få erstatning på til saman 8,75 mill. kr, fordelt på totalt 69 etterlatne med beløp frå 50 000 til 200 000 kr.
Nemnda foreslår vidare at to av dei etterlatne skal få ei tilleggserstatning på 150 000 kr, og at tre av dei etterlatne skal få ei tilleggserstatning på 100 000 kr og at fire av dei etterlatne skal få ei tilleggserstatning på 50 000 kr. Nemnda si endelege innstilling er vedlagt proposisjonen.
I tråd med nemnda si innstilling blir det foreslått å løyve 8,75 mill. kr på kap. 471, ny post 74 til erstatningsutbetalingar til dei etterlatne etter dei som omkom i Mehamn-ulykka. Av praktiske omsyn blir det foreslått å gje posten stikkordet «kan overførast».
Kap. 472 Administrasjon av særskilte erstatningsordningar m.m.
Post 01 Driftsutgifter
I samband med at behandlinga av klagesaker etter lov om fri rettshjelp blei overført frå Justisdepartementet til Justissekretariata med verknad frå 01.09.2006, blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 472, post 01 med 1 mill. kr mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 470, post 72, jf. omtale under kap. 470, post 72.
Kap. 474/3474 Konfliktråd
Post 01 Driftsutgifter/02 Refusjonar
Konfliktråda held seminar og tek på seg oppdrag som kursopplæring i skolemekling eller for straffedømde og prosjekt med familiemekling o.a. I slike tilfelle tek konfliktråda betalt for utgiftene dei pådrar seg. På grunn av høgare kursverksemd enn lagt til grunn, er det pårekna høgare refusjonsinntekter på kap. 3474, post 02 i 2006. Det blir på denne bakgrunn foreslått å auke løyvinga på kap. 474, post 01 og kap. 3474, post 02 med 0,6 mill. kr.
Kap. 475 Bobehandling
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer dei regelstyrte utgiftene til staten i samband med behandlinga av saker om tvangsopplausing av aksjeselskap og saker om konkurs etter konkurslova § 73.
På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 475, post 01 med 10 mill. kr.
Andre saker
Stykkprisforskrifta si bestemming om fengslingsforlengingar ved kontorforretning- orskurd frå kjæremålsutvalet i Høgsterett
I budsjettet for 2006 er det lagt til grunn ei innsparing på 38,26 mill. kr som følgje av endringane i reglane om stykkprisgodtgjersle til advokatar som trådde i kraft 01.01.2006. Ein del av innsparingane gjaldt innføringa av ei stykkprisordning for forsvararbistand ved fengslingar og innebar mellom anna at forsvarar ikkje skulle honorerast særskild for fengslingsforlengingar som går som kontorforretning (utan rettsmøte). Den 04.09.2006 gav kjæremålsutvalet i Høgsterett ein orskurd der det blei lagt til grunn at fengslingsforlengingar som går som kontorforretningar skal honorerast på same måte som fengslingsforlengingar i rettsmøtar på inntil ein time (med ein stykkpris på to timar). Orskurden til Høgsterett inneber årlege meirutgifter på ca. 2,8 mill. kr i forhold til dei innsparingar som blei lagt til grunn i 2006.