2 Forslag under dei enkelte kapitla
Kap. 601 Utredningsverksemd, forsking m.m.
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
73 | Tilskot til helse- og rehabiliteringstenester for sjukmeldte, kan overførast | 2 000 | 7 000 | 5 000 |
Post 73 Tilskot til helse- og rehabiliteringstenester for sjukmeldte, kan overførast
Løyvinga på posten er 2 mill. kroner for 2007.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 601, post 73 Tilskot til helse- og rehabiliteringstenester for sjukmeldte med 5 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon under kap. 605 post 21 Særskilde driftsutgifter. Sjå kap. 605 post 21 for nærare omtale.
Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
01 | Driftsutgifter | 3 387 321 | 7 698 354 | 7 704 229 | 5 875 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 6 808 | 47 000 | 42 000 | -5 000 |
45 | Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 45 276 | 206 300 | 214 300 | 8 000 |
Sum endringar | 8 875 |
Uavklarte differansar
Rekneskapen til tidligare Rikstrygdeverket viste i 2006 tre uavklarte differansar som har sin opphav langt tilbake i tid. Differansane er vidareført i Arbeids- og velferdsetatens rekneskap og gjeld kasseforsterkningar, pensjonstrygd for sjømenn og bidragsområdet. Nettoeffekten av differansane utgjer 106,7 mill. kroner. Det er lagt ned ein stor innsats for å finne ut av årsaka til differansane.
Den første differansen gjeld kasseforsterkningar til tidligare Rikstrygdeverket på kr 46 770 674,41. Denne differansen er eit akkumulert beløp som har opphav frå 1980-tallet og fram til 2005. Før innføring av konsernkontoordninga i staten i 1999 hadde tidligare Rikstrygdeverket ein eiga konsernkontoordning for trygdeetaten. Den tidligare konsernkontoordninga var lagt opp slik at Finansdepartementet førte kassaforsterkningar over til Rikstrygdeverket som formidla desse kassaforsterkningane vidare til det einskilde trygdekontor. Ordninga førte til forskyvingar i tid i føringa av rekneskapen i alle ledd. Forskyvingane i tid førte til at det på totalnivå har blitt store utfordringar knytt til avstemmingar. Differansen er per i dag isolert og bokført som gjeld i Arbeids- og velferdsetaten sin balanse. Etterkontrollar viser at utbetalingane er korrekte, slik at differansen ikkje utgjør ein reell gjeld.
Den andre differansen gjeld mellomværande mellom Pensjonstrygda for sjømenn og tidligare trygdeetaten på kr 2 358 567,48. Denne differansen har opphav frå 1980-tallet og fram til 2006. Differansen er knytt til forskjellar mellom det som kommer fram på anvisningslista frå Pensjonstrygda for sjømenn, og det som er utbetalt frå trygdeetaten. Utbetalingane gjeld sjømannspensjon. Differansen er per i dag isolert og bokført som gjeld i Arbeids- og velferdsetaten sin balanse. Etterkontrollar viser at utbetalingane er korrekte, slik at differansen ikkje utgjør ein reell gjeld.
Den tredje differansen gjeld bidragsområdet. Tidligare trygdeetaten tok i 1992 over arbeidet med bidrag frå bidragsfogdane. Frå 1992 - 2005 ble innbetalt bidrag og utbetalt bidrag, dvs. den private delen av oppgjøret, ført til inntekt/utgift i statsrekneskapen. I 2006 blei dette prinsippet endra slik at oppgjøret mellom dei private partane på bidragsområdet, blei ført i balansen og postert som ein del av Arbeids- og velferdsetaten sitt mellomværande med Finansdepartementet. Innbetalingar i desember 2005 er dermed ført til inntekt i 2005, medan motsvarande utbetaling i 2006 er ført i balansen i rekneskapen. Som ein konsekvens av endra prinsipp for rekneskapen i 2006 må mellomværande justerast med kr 155 794 701 i 2007. Dette for å etablere ein korrekt netto gjeldspost som følgjar av forskyving i tid mellom inn- og utbetalingar på området for bidrag. Differansen er per i dag isolert og bokført som ein fordring i Arbeids- og velferdsetaten sin balanse. Etterkontrollar tilbake til 1992 viser at utbetalingane er korrekte knytt til innbetalt bidrag. Differansen er av rekneskapsteknisk art og representerer ikkje ein reell fordring i Arbeids- og velferdsetaten sin balanse.
Departementet gjer framlegg om at differansane som er omtalt ovanfor blir postert ut i Arbeids- og velferdsetaten sitt rekneskap mot konto for forskyving i balansen. Det er satt i verk tiltak som skal sikre at det ikkje blir nye differansar. Det synast til forslag til romertallsvedtak II.
Post 01 Driftsutgifter
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at oppgåver knytt til Ressurssenter for natur- og reindriftstenester blir ført over til Arbeids- og velferdsetaten, jf. omtale under kap. 683 Ressurssenter for natur- og reindriftstenester, post 01 Driftsutgifter. Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten, post 01 Driftsutgifter blir som følgje av overføringa foreslått auka med 0,875 mill. kroner. Kap. 683 Ressurssenter for natur- og reindriftstenester, post 0 1 Driftsutgifter blir foreslått redusert med tilsvarande beløp.
I tillegg gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om å styrke Arbeids- og velferdsetaten, kap. 605 post 01 med 5 mill. kroner knytt til utgifter til helserefusjonsprosjektet, jf. omtale nedanfor under kap. 605 post 45.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer samla eit framlegg om å auke løyvinga med 5,875 mill. kroner.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2007 blei 15 mill. kroner overført frå kap. 601, post 73 Tilskot til helse- og rehabiliteringstenester for sjukmeldte, kan overførast til kap. 605, post 21 Særskilde driftsutgifter.
5 mill. kroner av desse midlane er planlagt nytta til utviklings- og informasjonstiltak, mellom anna evaluering av IA-avtalen og gjennomføring av nasjonal dialogkonferanse. Det viser seg at dei første tiltaka ikkje blir starta opp før i januar 2008. Det vil også bli nytta midlar til formålet i 2009. Midlane bør derfor førast tilbake til kap. 601, post 73 slik at midlane blir overførte til og kan nyttast til formåla i 2008.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 605, post 21 Særskilde driftsutgifter med 5 mill. kroner mot tilsvarande auke under kap. 601, post 73 Tilskot til helse- og rehabiliteringstenester for sjukmeldte.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 21
Forvaltningsansvaret for helserefusjonar skal førast over frå Arbeids- og velferdsetaten til sosial- og helseforvaltninga innan 2010. Løyvinga til Arbeids- og velferdsetaten for 2008 gir grunnlag for å gjennomføre naudsynte omstillingsaktivitetar for overføring av forvaltningsansvaret innan utgangen av 2009. Løyvinga er ikkje tilstrekkeleg for å kunne ferdigstille ny elektronisk frikortløysing før eller samstundes med overføringa av forvaltningsansvaret. Elektronisk frikortløysing vil gi effektiviseringsgevinstar gjennom redusert trong etter manuell sakshandsaming. Det er derfor ein føremon å ta i bruk elektronisk frikortløysing samstundes med overføringa av forvaltningsansvaret.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet vil derfor gjere framlegg om å styrke løyvinga til Arbeids- og velferdsetaten med 13 mill. kroner for starte arbeidet med frikortløysing i år. Dette vil også gjere det mogleg med ei raskare overføring av forvaltningsansvaret.
Styrkinga av Arbeids- og velferdsetaten med 13 mill. kroner er fordelt med 5 mill. kroner på kap. 605 post 01 og med 8 mill. kroner på kap. 605, post 45. Forslaget fremmes med inndeking i nedsetjing av løyvinga under kap. 634 post 73. Forslaget inneber og at Helse- og omsorgsdepartementets ramme blir redusert med 3 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 10 (2007-2008).
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 45 med 8 mill. kroner.
Kap. 606 Trygderetten
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
01 | Driftsutgifter | 51 817 | 56 009 | 54 209 | -1 800 |
Post 01 Driftsutgifter
Det ventes eit mindreforbruk på Trygderettens driftsløyving for 2007.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om redusere løyvinga med 1,8 mill. kroner.
Kap. 621 Tilskot forvalta av Sosial- og helsedirektoratet
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
22 | Særskilde driftsutgifter, funksjonshemma | 32 900 | 31 500 | -1 400 |
Post 22 Særskilde driftsutgifter, funksjonshemma
Det ventes eit mindreforbruk på posten i 2007.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 1,4 mill. kroner.
Kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
71 | Særskilde arbeidsmarknadstiltak, kan overførast | 3 244 181 | 3 575 600 | 3 525 600 | -50 000 |
73 | Investeringar i skjerma verksemd | 35 526 | 17 000 | 7 000 | -10 000 |
74 | Lønnssubsidie ved reaktivisering, overslagsløyving | 18 593 | 44 000 | 20 000 | -24 000 |
Sum endringar | -84 000 |
Post 71 Særskilde arbeidsmarknadstiltak, kan overførast
For 2007 er det i alt løyvd 3 575,6 mill. kroner til arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma. I perioden januar - august 2007 blei det gjennomført om lag 350 fleire tiltaksplassar for yrkeshemma enn det planlagde nivået på om lag 28 000 plassar. I lys av gjennomføringa til no i år, ventar Arbeids- og velferdsdirektoratet ei noko høgare gjennomføring for heile året enn det planlagde nivået på om lag 28 000 plassar.
Trass i høg gjennomføring av arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma, ventar direktoratet eit mindreforbruk på om lag 50 mill. kroner under kap. 634 post 71. Bakgrunnen er mellom anna noko lågare gjennomsnittleg pris på arbeidsmarknadstiltaka for yrkeshemma enn kva som låg til grunn for løyvinga. Mindreforbruket har ikkje medverka til lågare gjennomføring av arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma enn planlagt.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 634, post 71 Særskilde arbeidsmarknadstiltak med 50 mill. kroner.
Post 73 Investeringar i skjerma verksemd
Løyvinga under posten er på 17 mill. kroner i 2007. Arbeids- og velferdsdirektoratet ventar no eit mindreforbruk på om lag 10 mill. kroner. Bakgrunnen er eit lågare behov for investeringar enn kva som låg til grunn for løyvinga.
Dette inneber at løyvinga til investeringar i skjerma verksemd kan reduserast med 10 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 634 post 73 Investeringar i skjerma verksemd med 10 mill. kroner.
Post 74 Lønnssubsidie ved reaktivisering, overslagsløyving
Ordninga med lønnstilskot ved reaktivisering av uførepensjonistar starta opp 1. januar 2002, medan ordninga med uførepensjon som lønnstilskot blei innført som eit forsøk i fem fylke frå 1. januar 2005. For 2007 er det i alt løyvd 44 mill. kroner.
I St.prp. nr 1 (2007-2008) er det fremma forslag om å fase ut begge ordningane innan utgangen av 2010, og erstatte desse med eit ikkje-tidsavgrensa lønnstilskot. Løyvinga blir foreslått justert ned med 24 mill. kroner til 20 mill. kroner for 2007. Årsaka til reduksjonen er at aktiviteten på desse tiltaka så langt i år har blitt lågare enn rekna med.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 634 post 74 Lønnssubsidie ved reaktivisering med 24 mill. kroner til 20 mill. kroner.
Kap. 3634 Arbeidsmarknadstiltak
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirinntekt (+) Mindreinntekt (-) |
02 | Opplæringstenester | 19 492 | 2 000 | 0 | -2 000 |
Post 02 Opplæringstenester
For 2007 er det budsjettert med inntekter på 2 mill. kroner under kap. 3634 Arbeidsmarknadstiltak post 02 Opplæringstenester. I 2007 er det ikkje venta inntekter frå sal av kursplassar frå Arbeids- og velferdsetaten.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 3634 post 02 med 2 mill. kroner.
Kap. 635 Ventelønn
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
01 | Ventelønn, overslagsløyving | 395 332 | 325 000 | 340 000 | 15 000 |
Post 01 Ventelønn, overslagsløyving
For 2007 er det i alt løyvd 325 mill. kroner til utbetaling av ventelønn. Det er forventa noko høgare tilstrøyming av ventelønnsmottakarar og gjennomsnittleg utbetaling enn kva som låg til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 635 post 01 med 15 mill. kroner til 340 mill. kroner.
Kap. 3635 Ventelønn
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirinnekt (+) Mindreinntekt (-) |
01 | Refusjon av statlig verksemd | 98 640 | 98 000 | 88 500 | -9 500 |
85 | Innfordra feilutbetaling av ventelønn | 598 | 2 400 | 4 500 | 2 100 |
Sum endringar | -7 400 |
Post 01 Refusjon statlig verksemd
For 2007 er det budsjettert med refusjon frå statlige verksemder på i alt 98 mill. kroner. Omfanget av refusjonar er noko lågare enn budsjettert for 2007.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg å redusere løyvinga med 9,5 mill. kroner til 88,5 mill. kroner.
Post 85 Innfordra feilutbetaling av ventelønn
Statens innkrevjingssentral står for innfordring av feilutbetalingar av ventelønn. Frå 2008 vil NAV innkrevjing ta over oppgåva. For 2007 er det løyvd i alt 2,4 mill. kroner under kap. 3635 post 85. Arbeids- og velferdsdirektoratet ventar no ei samla innkrevjing på om lag 4,5 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 3635 post 85 med 2,1 mill. kroner.
Kap. 648 Arbeidsretten, meklingsinstitusjonen m.v.
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
01 | Driftsutgifter | 12 853 | 12 890 | 14 190 | 1 300 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 681 | 1 600 | 300 | -1 300 |
Sum endringar | 0 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga under kap. 648 post 01 dekkjer driftsutgifter til Arbeidsretten, Riksmeklingsmannen, Rikslønnsnemnda og Tariffnemnda.
Løyvinga for 2007 er 12,89 mill. kroner.
Arbeidsretten har hatt ei auke i utgifter (honorar og reiseutgifter) til meddommarar for hovudforhandlingar i andre halvår 2007 som følgje av eit tett berammelsesprogram. Arbeidsretten har og behov for midlar til å oppgradere maskinpark, bibliotek og rettslokala.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 01 med 1,3 mill. kroner, frå 12,89 til 14,19 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon under kap. 648 Arbeidsretten, meklingsinstitusjonen m.m, post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekkje auka utgifter ved institusjonane samt kompetansebygging og utreiingar om kollektiv arbeidsrett.
Løyvinga for 2007 er 1,6 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet viser til framlegget under kap. 648 post 01 Driftsutgifter og gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga under post 21 med 1,3 mill. kroner, frå 1,6 til 0,3 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 648 Arbeidsretten, meklingsinstitusjonen m.m, post 01 Driftsutgifter.
Kap. 650 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
01 | Driftsutgifter | 83 226 | 87 535 | 86 735 | -800 |
Post 01 Driftsutgifter
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har i 2008 fått delegert ansvar for å gjennomføre fleire store tiltak i Handlingsplanen mot tvangsekteskap (2008-2011). IMDi skal gjennomføre tiltaka minoritetsrådgjevarar i skulane, integreringsrådgjevarar (integreringsattachéer) og støtte til frivillige organisasjonar. Iverksetting av tiltaka inneber at IMDi allereie i 2007 må førebu og operasjonalisere tiltaka. Løyvinga på posten blir foreslått auka med 1,6 mill. kroner til dette arbeidet.
Løyvinga på posten blei i saldert budsjett for 2007 styrka med 2,4 mill. kroner som ein kompensasjon for betaling av meirverdiavgift på kjøp av administrative tenester frå UDI. IMDi har av Oslo Fylkesskattekontor fått utsett avgiftsplikta. Løyvinga blir derfor foreslått nedjustert med 2,4 mill. kroner.
Samla blir løyvinga under kap. 650 post 01 foreslått redusert med 800 000 kroner.
Kap. 651 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast | 33 893 | 39 200 | 40 800 | 1 600 |
60 | Integreringstilskot, overslagsløyving | 2 826 818 | 2 826 400 | 2 679 400 | -147 000 |
61 | Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | 1 067 465 | 1 265 100 | 1 213 200 | -51 900 |
Sum endringar | -197 300 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga på posten blir mellom anna brukt til å finansiere norskprøver for vaksne innvandrarar. I saldert budsjett 2007 blei det lagt til grunn at 6 300 kandidatar skulle gå opp til prøve. Talet kandidatar som faktisk går opp til prøve i 2007 ser nå ut til å bli om lag 10 000. Dermed blir utgiftene til norskprøver 2,15 mill. kroner meir enn det som blei løyvd i saldert budsjett. 550 000 kroner blir foreslått omdisponert frå andre tiltak på same post.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om auke løyvinga med 1,6 mill. kroner.
Post 60 Integreringstilskot, overslagsløyving
Integreringstilskotet skal dekkje dei gjennomsnittlige utgiftene kommunane har ved busetting og integrering av flyktningar i busettingsåret og det neste fire åra. Tilskotet skal medverke til at kommunane gjennomfører eit planmessig og aktivt busettings- og integreringsarbeid, slik at flyktningane snarast mogeleg får arbeid og blir i stand til å forsørgje seg sjølve.
Det er løyvd 2 826,4 mill. kroner på kap 651 post 60. Løyvinga er basert på at det blir busett 5 820 personar i 2007, 3500 personar frå mottak, 1 200 familiesameinte og 1 120 overføringsflyktningar. Vidare er det lagt til grunn at 70 pst. av tilskotet for desse personane blir betala ut i 2007.
Gjennom året har vedtaksproduksjonen i UDI vore lågare enn forutsatt i statsbudsjettet for 2007. Dette har ført til at det har blitt få busettingsklare personar i mottak i forhold til føresetnadene i budsjettet. Vedtaksproduksjonen ventes å ville auke mot slutten av året, men IMDi reknar med at det blir busett berre 2 800 personar frå mottak i 2007. Når mye av busettingen skjer på slutten av året vil ein større del av integreringstilskotet bli utbetalt først i 2008. Departementet antar nå at 67 pst. av tilskotet blir utbetalt i 2007.
Løyvinga blir redusert i hovudsak på grunn av mindre busetting i 2007, og at ein større del av busettinga skjer mot slutten av året, slik at tilskotet ikkje blir utbetalt til kommunane før i 2008.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om redusere løyvinga med 147 mill. kroner.
Post 61 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Frå 1. september 2005 blei tilskotet til opplæring i norsk og samfunnskunnskap lagt om frå ei ordning basert på gjennomførte timar og aktivitetar, til ei rammebasert ordning meir basert på objektive kriteria. Det nye tilskotet består av eit tilskot per person (per capitatilskot), eit skjønnstilskot og eit resultattilskot.
Ein del små og mellomstore kommunar har varsla at dei har hatt vanskar med å gjennomføre ei opplæring av forsvarleg kvalitet og av tilstrekkeleg omfang med den nye finansieringsordninga. For å betre finansieringa blei skjønnstilskotet styrka med 75 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett. Midla blei tildelte som eit eingongstilskot på 400 000 kroner til kommunar som gav opplæring i norsk og samfunnskunnskap til mellom 10 og 200 vaksne innvandrarar. Det blei òg løyvd middel som kommunane kunne søkje på der ein ikkje kunne finansiere god opplæring, og heller ikkje oppnå effektivisering gjennom interkommunalt samarbeid.
Talet på personar som utløysar per capitatilskot i 2007 har auka samanlikna med det som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett. Samstundes har ikkje skjønnsmidla som kommunane kunne søkje om, blitt brukt fullt ut. Det er også søkt om færre resultattilskot enn det som blei lagt til grunn i samband med revidert nasjonalbudsjett. Samla har forventa utbetaling til per capitaordninga ikkje endra seg etter revidert nasjonalbudsjett.
Personar som var i målgruppa for norskopplæring før 1. september 2005, utløyser tilskot etter overgangsordninga, som er ei vidareføring av ordninga som gjaldt før 1. september 2005. Rapportering frå Fylkesmennene for 2. halvår 2007 viser at aktiviteten etter overgangsordninga er lågare enn forventa ved byrjinga av året. Utbetaling etter overgangsordninga i 2007 vil bli på om lag 650 mill. kroner, eller 50 mill. kroner lågare enn det sin blei lagt til grunn i samband med i revidert nasjonalbudsjett.
Frå 1. september 2007 får personar som oppheld seg i mottak tilbod om opplæring i norsk. Talet på personar som får tilbod er lågare enn det som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett. Utgiftene til tiltaket blir derfor redusert med 1,8 mill. kroner.
Løyvinga under kap. 651, post 61 blir samla foreslått redusert med 51,9 mill. kroner.
Kap. 3651 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirinntekt (+) Mindreinntekt (-) |
02 | Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgiftar | 36 300 | 32 700 | -3 600 |
Post 02 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgiftar
Visse utgifter som er knytte til norskopplæring for asylsøkjarar i mottak kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
I samband med revidert nasjonalbudsjett blei det løyvd 40,28 mill. kroner til norskopplæring i mottak. Av desse blei 90 pst. rekna som ODA-godkjende utgifter. Antal personar i mottak som kjem frå ODA-godkjende land har frå våren 2007 endra seg frå 90 pst. til 85 pst. Saman med eit lågare tal på personar som fell inn under ordninga med opplæring i mottak førar dette til ein nedgang i utgiftene som kan ODA-godkjennast på 3,6 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 3,6 mill. kroner.
Kap. 660 Krigspensjon
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Tilskot, militære, overslagsløving | 240 317 | 234 000 | 230 000 | -4 000 |
71 | Tilskot, sivile, overslagsløving | 576 246 | 568 000 | 555 000 | -13 000 |
Sum endringar | -17 000 |
Post 70 Tilskot, militære, overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er 234 mill. kroner.
Talet på krigspensjonistar er noko lågare enn forventa, og ein reknar med at den gjennomsnittlege pensjonen for invalidar blir om lag 1 600 kroner lågare og for enkjer om lag 1 000 kroner lågare enn ein la til grunn i løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på kap. 660, post 70 Tilskot, militære med 4 mill. kroner til 230 mill. kroner.
Post 71 Tilskot, sivile, overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er 568 mill. kroner.
Ein reknar med at talet på sivile krigspensjonistar går ned med om lag 7,0 pst. frå 2006 til 2007, mot 6,8 pst. som blei lagt til grunn i løyvinga. Samstundes reknar ein med at den gjennomsnittlege pensjonen for invalidar blir om lag 2 000 kroner lågare og for enkjer om lag 1 500 kroner lågare enn ein la til grunn i løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på kap. 660 post 71 Tilskot, sivile med 13 mill. kroner til 555 mill. kroner.
Kap. 664 Pensjonstrygda for sjømenn
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Tilskot | 662 000 | 707 000 | 642 000 | -65 000 |
Post 70 Tilskot
Løyvinga for 2007 er 707 mill. kroner.
Tilskot til Pensjonstrygda for sjømenn skal dekkje delar av betalingane til pensjon etter trygdelova for pensjon for sjømenn § 15 og underskot i pensjonstrygda etter at fondet til regulering er brukt opp.
Ein ventar no at tilskotet frå staten blir 642 mill. kroner i 2007. Dette er 65 mill. kroner lågare enn lagt til grunn for løyvinga. Årsaka er at inntektene blir høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på kap. 664 post 70 Tilskot med 65 mill. kroner til 642 mill. kroner for 2006.
Kap. 666 Avtalefesta pensjon (AFP)
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Tilskot | 849 496 | 958 000 | 960 000 | 2 000 |
Post 70 Tilskot
Løyvinga for 2007 er på 958 mill. kroner.
Utviklinga i talet på AFP-pensjonistar og ytinga i gjennomsnitt har blitt som forventa. Anslagsendringa skuldast små berekningstekniske justeringar.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 666, post 70 Tilskot med 2 mill. kroner til 960 mill. kroner.
Kap. 667 Supplerande stønad til personar over 67 år
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Tilskot, overslagsløyving | 213 857 | 248 000 | 250 000 | 2 000 |
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Løyvinga under posten er på 248 mill. kroner i 2007.
Rekneskapen hittil i år viser at utgiftene blir noko høgare enn det som låg til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 667, post 70 Tilskot med 2 mill. kroner til 250 mill. kroner.
Kap. 683 Ressurssenter for natur- og reindriftstenester
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
01 | Driftsutgifter, kan overførast | 375 | 1 000 | 125 | -875 |
Post 01 Driftsutgifter, kan overførast
Som ein del av arbeidet med å tilpasse reintalet i Vest-Finnmark reinbeiteområde blei det i statsbudsjettet 2004 løyvd 2 mill. kroner til etablering av eit ressurssenter for natur- og reindriftstenester, jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004) Landbruksdepartementet. Den totale løyvinga på 2 mill. kroner blei fordelt over 3 år (2005, 2006 og 2007). Løyvinga for 2007 er på kap. 683 post 01 Driftsutgifter. Løyvinga blei gjort overførbar frå 2007 til 2008 i samband med revidert nasjonalbudsjett 2007, jf. St.prp. nr. 69 (2006-2007) og Innst. S. nr. 230 (2006-2007).
Det overordna målet for senteret er å gje bistand til personar som ønskjer seg ut av reindrifta og over i anna inntektsgjevande verksemd der kompetansen og erfaringa frå reindrifta blir nyttigjort.
Etableringa av senteret har blitt vesentleg forseinka. Arbeids- og inkluderingsdepartementet og senteret er samde om at prosjektet ikkje bør førast vidare i sin noverande form. I samråd med styringsgruppa har departementet vurdert alternative metodar for at dei løyvde midlane skal bli nyttiggjort best mogleg i forhold til dei måla som er satt for senteret.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at oppgåvene knytt til senteret blir ført over til Arbeids- og velferdsetaten i Finnmark, og at løyvinga over kap. 683 Ressurssenter for natur- og reindriftstenester post 01 Driftsutgifter blir redusert med 875 000 kroner. Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten, post 01 Driftsutgifter blir foreslått auka med tilsvarande beløp, jf. omtale under kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten post 01 Driftsutgifter. Dette inneber at Ressurssenter for natur- og reindriftstenester blir avvikla.
Kap. 690 Utlendingsdirektoratet
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
21 | Særskilde driftsutgifter, statlige mottak | 930 333 | 780 400 | 810 400 | 30 000 |
22 | Særskilde driftsutgifter, tolk og oversetting | 20 492 | 24 500 | 26 500 | 2 000 |
Sum endringar | 32 000 |
Post 01 Driftsutgifter
UDIs løyving tek utgangspunkt i at det kjem 5 500 nye asylsøkjarar til Norge i 2007. Dei siste prognosane tilsei at 500 fleire søkjer asyl. UDI må då flytte ressursar over frå fatting av vedtak til å intervjue dei nye søkjarane, noko som gjer at det blir fatta færre vedtak enn planlagt. Dette skuldast at det er mest ressurseffektivt å intervjue søkjarane medan dei oppheld seg i eit transittmottak i nærleiken av UDIs lokale. UDI anslår på denne bakgrunn at det vil bli fatta 350 færre vedtak enn tidligare lagt til grunn.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet er kjend med utviklinga, men sidan ei auka løyving ikkje vil kunne nyttast i 2007 gjer me ikkje framlegg om å auke løyvinga.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, statlige mottak
Løyvinga på posten skal dekkje staten sine utgifter til drift av statlige mottak for asylsøkjarar og flyktningar. Behovet for løyvingar er avhengig av kor mange personar det er som bur i mottak. Dette heng saman med kor mange som søkjer asyl, sakshandsamingstida i asylsaker, talet på løyve/avslag, busetjingstakten, effektueringa av endelege avslag og kor mange som reiser frå mottaka på eiga hand.
Løyvinga på posten legg til grunn eit lågare gjennomsnittleg mottaksbelegg enn kva som no er realistisk å tru. Det er fleire faktorar som ligg til grunn for avviket, kor det viktigaste er at det blir lagt til grunn at 500 fleire søkjer asyl samstundes med at 700 færre blir busett sammenlikna med tal i St.prp. nr. 1 (2006-2007). Når fleire søkjer asyl vil UDI måtte prioritere å intervjue søkjarane, noko som gjer at det blir fatta færre vedtak enn planlagt. Totalt blir det lagt det til grunn ei auke på 460 personar i det gjennomsnittlege belegget i statlige mottak i forhold til det som ligg til grunn for løyvinga på posten.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga over kap. 690 post 21 Særskilde driftsutgifter, statlige mottak med 30 mill. kroner. Forslaget er basert på eit overslag over gjennomsnittleg belegg i mottak på 7 100 personar, jf. romartalsvedtak om fullmakt om mellombels innkvartering av asylsøkjarar og flyktningar. Høg gjennomsnittleg kapasitetsutnytting gjer at meirbehovet er berekna lågare enn ved ein normalsituasjon der UDI har rundt 90 pst. kapasitetsutnytting av dei faste mottaksplassane.
Post 22 Særskilde driftsutgifter, tolk og oversetjing
Løyvinga på posten dekkjer utgiftene UDI har til tolking og omsetjing i samband med sakshandsaminga av asylsaker. Fordi ein ventar at 500 fleire enn det som ligg til grunn for løyvinga vil søkje asyl er det naudsynt å auke løyvinga på posten med 2 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga over kap. 690 post 22 Særskilde driftsutgiftar, tolk og oversetjing med 2 mill. kroner.
Kap. 3690 Utlendingsdirektoratet
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirinntekt (+) Mindreinntekt (-) |
04 | Statlige mottak, ODA-godkjende utgifter | 278 931 | 280 900 | 291 700 | 10 800 |
Post 04 Statlige mottak, ODA-godkjende utgifter
Ein del av dei innlandske utgiftene i samband med mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan i samsvar med statistikkdirektivet frå OECD/DAC godkjennast som offisiell utviklingshjelp.
Av ei auka løyving på 30 mill. kroner på kap. 690 post 21, kan 10,8 mill. kroner innrapporterast som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp kan då bli ført som inntekt på kap. 3690 post 04 Statlige mottak, ODA-godkjende utgifter.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga over kap. 3690, post04 Statlige mottak, ODA-godkjende utgifter med 10,8 mill. kroner.
Kap. 691 Utlendingsnemnda
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
21 | Særskilde driftsutgifter, nemdbehandling | 7 697 | 13 200 | 8 460 | -4 740 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter, nemndbehandling
Løyvinga skal dekkje utgifter til handsaming av saker i nemndmøte, og omfattar godtgjersle til nemndmedlemmer og tolkar, samt reise og opphald for nemndmedlemmer, søkjarar, tolkar og advokatar.
Mange av barnesakene har blitt avgjort i nemndmøte utan personleg frammøte. Når klagaren ikkje møter personleg blir utgiftene redusert. Det er og sakstypar der det har kome fram praksisavklaringar slik at påfølgjande saker av liknande karakter kan avgjerast av nemndleiar aleine.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga over kap. 691, post 21 Særskilde driftsutgifter, nemndbehandling med 4,74 mill. kroner.
Kap. 2541 Dagpengar
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Dagpengar, overslagsløyving | 6 158 081 | 4 700 000 | 4 400 000 | -300 000 |
Post 70 Dagpengar, overslagsløyving
For 2007 er det løyvd 4 700 mill. kroner til utbetaling av dagpengar. På grunn av utbetalingane til no i år og utsiktene på arbeidsmarknaden framover vil utbetalingane til dagpengar bli lågare enn det som blei lagt til grunn for revidert nasjonalbudsjett 2007.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2541 post 70 Dagpengar med 300 mill. kroner til 4 400 mill. kroner.
Kap. 5705 Refusjon av dagpengar
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirinntekt (+) Mindreinntekt (-) |
01 | Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs | 28 675 | 50 000 | 14 000 | -36 000 |
03 | Refusjon av dagpengar frå EØS-land | 3 728 | 2 500 | 2 700 | 200 |
Sum endringar | -35 800 |
Post 01 Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs
For 2007 er inntektene under kap 5705, post 01 Refusjon av dagpengar tidlegare berekna til 50 mill. kroner.
I lys av omfanget av refusjonar til no i år ventar Arbeids- og velferdsdirektoratet færre refusjonar i 2007 enn lagt til grunn for løyvinga. Bakgrunnen er ein reduksjon i talet på konkursar.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5705 post 01 Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs med 36 mill. kroner til 14 mill. kroner.
Post 03 Refusjon av dagpengar frå EØS-land
For 2007 er inntektene under kap. 5705 post 03 Refusjon av dagpengar frå EØS-land tidlegare berekna til 2,5 mill. kroner.
På bakgrunn av gjennomsnittleg innbetalingar hittil i år gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 5705, post 03 Refusjon av dagpengar frå EØS-land med 0,2 mill. kroner til 2,7 mill. kroner.
Kap. 2542 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v.
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs | 355 677 | 490 100 | 290 000 | -200 100 |
Post 70 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs
Løyvinga for 2007 er 490,1 mill. kroner.
Utbetalingar gjennom lønnsgarantiordninga er sterkt avhengig av konjunkturendringar og talet på konkurssaker frå heile landet. Også talet på tilsette samt lønnsnivået påverkar dei samla utbetalingane. Økonomien i kvar enkelt sak har og mykje å seie for utbetalingane samt moglegheitene for å krevje inn dividende frå konkursbua.
Ved utgangen av 2006 var talet på lønnsgarantisaker 1 373 mot 1 691 i 2005, det vil seie ein nedgang på 18,8 pst. Utbetalingane i 2006 var på 355 mill. kroner mot 425 mill. kroner i 2005. Ved utgangen av august 2007 var det kome inn 911 nye saker til Lønnsgarantiseksjonen i Arbeids- og velferdsetaten. Det er ei auke på 1,4 pst. samanlikna med august 2006.
Utbetalingane i 2007 er dels påverka av talet på saker frå 2006 og dels av talet på saker frå første halvår 2007. Då talet på saker frå 2006 var lågare enn talet på saker i 2005, samt at auka i 2007 til no er heilt marginal, blir truleg utbetalingane for 2007 lågare enn i 2006.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 70 med 200,1 mill. kroner, frå 490,1 til 290 mill. kroner.
Kap. 5704 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirinntekt (+) Mindreinntekt (-) |
02 | Dividende | 155 033 | 100 000 | 110 000 | 10 000 |
Post 02 Dividende
Løyvinga for 2007 er 100 mill. kroner.
Innbetaling av dividende kan til dels sjåast i samanheng med endringane i utbetalingane og den økonomiske situasjonen i konkursbua. Innbetalingane relaterer seg til utbetalingar dette året og tidlegare år. Det er såleis eit monaleg etterslep i innbetalingane av dividende samanlikna med utbetalingane.
Rekneskapen ved utgangen av august 2007 tilseier at dei samla innbetalingane vil bli større enn løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 02 med 10 mill. kroner, frå 100 til 110 mill. kroner.
Kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Overgangsstønad, overslagsløyving | 2 359 000 | 2 245 000 | -114 000 | |
72 | Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving | 500 000 | 460 000 | -40 000 | |
73 | Utdanningsstønad | 81 000 | 69 000 | -12 000 | |
76 | Forskottering av underhaldsbidrag | 1 110 000 | 1 050 000 | -60 000 | |
Sum endringar | -226 000 |
Post 70 Overgangsstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er på 2 359 mill. kroner.
Nye tal for 2007 viser at det er færre mottakarar enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Samstundes er gjennomsnittleg stønad noko lågare enn venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2620, post 70 Overgangsstønad med 114 mill. kroner til 2 245 mill. kroner.
Post 72 Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er på 500 mill. kroner.
Nye tal for 2007 viser at det er færre mottakarar enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Samstundes er gjennomsnittleg stønad noko lågare enn venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2620 post 72 Stønad til barnetilsyn med 40 mill. kroner til 460 mill. kroner.
Post 73 Utdanningsstønad
Løyvinga for 2007 er på 81 mill. kroner.
Nye tal for 2007 viser at det er færre mottakarar enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Samstundes er gjennomsnittleg stønad noko lågare enn venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2620 post 73 Utdanningsstønad med 12 mill. kroner til 69 mill. kroner.
Post 76 Forskottering av underhaldsbidrag
Løyvinga for 2007 er på 1 110 mill. kroner.
Utgiftene til forskot på tilskot til fostring i 2007 vert nå rekna til 1 050 mill. kroner, 60 mill. kroner lågare enn løyvinga for året. Årsaka er at talet på barn med forskot og det gjennomsnittlege forskotet per barn ser ut til å bli noko lågare enn rekna med då løyvinga blei fastlagt.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga for 2007 under kap. 2620 post 76 Forskottering av underhaldsbidrag med 60 mill. kroner, til 1 050 mill. kroner.
Kap. 2650 Sjukepengar
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Sjukepengar for arbeidstakarar mv., overslagsløyving | 23 744 880 | 25 140 000 | 24 640 000 | -500 000 |
71 | Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving | 1 486 233 | 1 545 000 | 1 410 000 | -135 000 |
72 | Omsorgs- og pleiepengar ved sjukdom hos barn mv., overslagsløyving | 323 072 | 340 000 | 370 000 | 30 000 |
75 | Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving | 1 197 745 | 1 300 000 | 1 345 000 | 45 000 |
Sum endringar | -560 000 |
Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar mv., overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er 25 140 mill. kroner.
I St.prp. nr. 69 (2006-2007) er det lagt til grunn ein vekst på 2,1 pst. i sysselsetjinga, 4,75 pst. vekst i sjukepengegrunnlaget og 1 pst. reduksjon i talet på sjukepengedagar per sysselsatt.
Arbeids- og velferdsdirektoratet sin statistikk over sjukefråveret og rekneskapen til og med september 2007, gir grunn til å tru at talet på sjukepengedagar per sysselsett vil bli redusert med 4,5 pst. frå 2006 til 2007, og at sjukepengegrunnlaget vil auke med 5 pst. Vidare er det venta at sysselsetjinga vil auke med 3,5 pst. i 2007. Samla sett gir dette lågare sjukepengeutbetalingar i 2007 enn det ein rekna med tidlegare i år.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2650 post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar med 500 mill. kroner til 24 640 mill. kroner.
Post 71 Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er 1 545 mill. kroner.
Sjukefråveret blant sjølvstendige har gått ned meir enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2650 post 71 Sjukepengar for sjølvstendige arbeidstakarar med 135 mill. kroner til 1 410 mill. kroner.
Post 72 Omsorgs- og pleiepengar ved sjukdom hos barn mv., overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er 340 mill. kroner.
Utgiftene i 2007 blir noko høgare enn venta. Volumet er venta å auke med 10 pst.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2650 post 72 Omsorgs- og pleiepengar ved sjukdom hos barn mv. med 30 mill. kroner til 370 mill. kroner.
Post 75 Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er 1 300 mill. kroner.
Feriepengeandelen er per september 2007 høgare enn det som tidlegare er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2650, post 75 Feriepengar av sjukepengar med 45 mill. kroner til 1 345 mill. kroner.
Kap. 2652 Medisinsk rehabilitering
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Rehabiliteringspengar, overslagsløyving | 7 638 654 | 8 036 000 | 7 985 000 | -51 000 |
71 | Legeerklæringar | 239 908 | 290 000 | 260 000 | -30 000 |
Sum endringar | -81 000 |
Post 70 Rehabiliteringspengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er 8 036 mill. kroner.
Utgiftene så langt i år har hatt ei noko anna utvikling enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Talet på mottakarar i 2007 er venta å bli noko høgare enn tidlegare på grunn av ei auke i tilsiget av mottakarar frå sjukepengar, medan den gjennomsnittlege utbetalinga per mottakar har gått mykje ned. Summen av dei to effektane er ei mindre nedjustering av løyvinga for 2007.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2652 post 70 Rehabiliteringspengar med 51 mill. kroner til 7 985 mill. kroner.
Post 71 Legeerklæringar
Løyvinga for 2007 er 290 mill. kroner.
Utgiftene så langt i år har hatt ein svakare auke enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2652, post 71 Legeerklæringar med 30 mill. kroner til 260 mill. kroner.
Kap. 2653 Ytingar til yrkesretta attføring
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Attføringspengar, overslagsløyving | 10 754 000 | 10 187 000 | -567 000 | |
71 | Attføringsstønader, overslagsløyving | 1 180 000 | 1 177 000 | -3 000 | |
Sum endringar | -570 000 |
Post 70 Attføringspengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er 10 754 mill. kroner.
Utviklinga så langt i år viser høgare avgang frå ordninga enn venta. Det har og samla blitt færre mottakarar av attføringspengar. Den underliggjande veksten i talet på attføringspengemottakarar er redusert frå -3,5 pst. til -6,7 pst., samanlikna med gjeldande budsjett for 2007. I tillegg er den årlege veksten i gjennomsnittleg yting pr. mottakar (eksklusive effekten av G-reguleringa) nedjustert frå -0,4 pst. til -2,0 pst.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2653 post 70 Attføringspengar med 567 mill. kroner til 10 187 mill. kroner.
Post 71 Attføringsstønader, overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er 1 180 mill. kroner.
Utgiftene så langt i år har blitt noko lågare enn venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2653 post 71 Attføringsstønader med 3 mill. kroner til 1 177 mill. kroner.
Kap. 2655 Uføre
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving | 16 991 362 | 17 686 000 | 17 640 000 | -46 000 |
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving | 25 486 976 | 26 664 000 | 26 760 000 | 96 000 |
72 | Særtillegg, overslagsløyving | 1 376 849 | 1 375 000 | 1 390 000 | 15 000 |
73 | Førebels uførepensjon, overslagsløyving | 167 106 000 | 167 000 | 250 000 | 83 000 |
74 | Tidsavgrensa uførestønad, overslagsløyving | 4 145 467 | 6 411 000 | 6 040 000 | -371 000 |
75 | Mènerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving | 91 442 | 105 000 | 95 000 | -10 000 |
76 | Yrkesskade gml. lovgiving, overslagsløyving | 74 329 | 78 000 | 70 000 | -8 000 |
Sum endringar | -241 000 |
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er 17 686 mill. kroner.
Utgiftene i 2007 har auka mindre enn venta, mellom anna fordi talet på mottakarar er noko lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
I det nye anslaget for utgifter til uførepensjon er det tatt hensyn til at utgiftene på kap. 634, post 74 Lønnssubsidie ved reaktivisering har blitt mindre enn venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusert løyvinga under kap. 2655 post 70 Grunnpensjon med 46 mill. kroner til 17 640 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er 26 664 mill. kroner.
Utgiftene i 2007 har auka meir enn venta, mellom anna fordi gjennomsnittleg yting er noko høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Utgiftene er også justert som følgje av at utgiftene på kap. 634, post 74 Lønnssubsidie ved reaktivisering har blitt mindre enn venta. Samla sett gir dette høgare utbetalingar i 2007 enn det ein rekna med tidlegare i år.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2655 post 71 Tilleggspensjon med 96 mill. kroner til 26 760 mill. kroner.
Post 72 Særtillegg, overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er 1 375 mill. kroner.
Utgiftene i 2007 har auka noko meir enn venta, mellom anna fordi gjennomsnittleg yting er noko høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2655 post 72 Særtillegg med 15 mill. kroner til 1 390 mill. kroner.
Post 73 Førebels uførepensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er 167 mill. kroner.
Utgiftene i 2007 har auka meir enn venta, i hovudsak fordi talet på mottakarar er mykje høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga. For 2007 er det venta ei auke i talet på mottakarar på 45 pst.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2655 post 73 Førebels uførepensjon med 83 mill. kroner til 250 mill. kroner.
Post 74 Tidsavgrensa uførestønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er 6 411 mill. kroner.
Tilgangen til ordninga er venta å bli lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2655 post 74 Tidsavgrensa uførestønad med 371 mill. kroner til 6 040 mill. kroner.
Post 75 Ménerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving
Løyvinga under posten er på 105 mill. kroner i 2007.
Utgiftene ser ut til å bli noko mindre enn rekna med når løyvinga blei fastsett.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2655 post 75 Ménerstatning ved yrkesskade med 10 mill. kroner til 95 mill. kroner.
Post 76 Yrkesskade gml. lovgiving, overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er på 78 mill. kroner.
Utgiftene ser ut til å bli noko mindre enn rekna med då løyvinga blei fastsett.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2655 post 76 Yrkesskade gml. lovgiving med 8 mill. kroner til 70 mill. kroner.
Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel mv.
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Grunnstønad, overslagsløyving | 1 500 669 | 1 545 000 | 1 540 000 | -5 000 |
71 | Hjelpestønad, overslagsløyving | 1 580 236 | 1 640 000 | 1 615 000 | -25 000 |
73 | Hjelpemiddel mv. til arbeid og utdanning | 112 703 | 110 700 | 100 000 | -10 700 |
74 | Tilskot til bil | 708 225 | 735 000 | 825 000 | 90 000 |
75 | Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel | 2 571 969 | 2 641 800 | 2 715 000 | 73 200 |
76 | Betring av funksjonsevna, andre formål | 85 683 | 97 500 | 100 000 | 2 500 |
77 | Ortopediske hjelpemiddel | 693 525 | 715 000 | 740 000 | 25 000 |
78 | Høyreapparat | 407 114 | 420 000 | 455 000 | 35 000 |
Sum endringar | 185 000 |
Post 70 Grunnstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er 1 545 mill. kroner.
Det er venta at utgiftene blir 5 mill. kroner lågare enn løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2661 post 70 Grunnstønad med 5 mill. kroner til 1 540 mill. kroner.
Post 71 Hjelpestønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er 1 640 mill. kroner.
Det er venta at utgiftene blir 25 mill. kroner lågare enn løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2661 post 71 Hjelpestønad med 25 mill. kroner til 1 615 mill. kroner.
Post 73 Hjelpemiddel mv. til arbeid og utdanning
Løyvinga for 2007 er 110,7 mill. kroner.
Utgiftene så langt i år har auka mindre enn venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2661 post 73 Hjelpemiddel mv. til arbeid og utdanning med 10,7 mill. kroner til 100 mill. kroner.
Post 74 Tilskot til bil
Løyvinga for 2007 er 735 mill. kroner.
Det er venta ei auke i utgiftene samanlikna med det som er lagt til grunn for løyvinga. Det skuldast at volumet har auka.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2661 post 74 Tilskott til bil med 90 mill. kroner til 825 mill. kroner.
Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel
Løyvinga for 2007 er 2 641,8 mill. kroner.
Det er venta ei auke i utgiftene samanlikna med det som er lagt til grunn for løyvinga. Det har samanheng med at det er fleire brukarar enn tidligare venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2661 post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel med 73,2 mill. kroner til 2 715 mill. kroner.
Post 76 Betring av funksjonsevna, andre formål
Løyvinga for 2007 er 97,5 mill. kroner.
Utgiftene har auka noko meir enn der som er lagt til grunn for løyvinga. Utgiftene samla sett er venta å bli 2,5 mill. kroner høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2661 post 76 Betring av funksjonsevna, andre formål med 2,5 mill. kroner til 100 mill. kroner.
Post 77 Ortopediske hjelpemiddel
Løyvinga for 2007 er 715 mill. kroner.
Det er ei auke i volumet for alle produktgrupper på posten. Utgiftene samla sett er venta å bli 25 mill. kroner høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2661 post 77 Ortopediske hjelpemiddel med 25 mill. kroner til 740 mill. kroner.
Post 78 Høyreapparat
Løyvinga for 2007 er 420 mill. kroner.
Med bakgrunn i utviklinga i utgiftene dei 9 første månadene i år, er det venta ei auke i utgiftene til kjøp og reparasjon av høreapparat på 10 pst. i 2007. Utgiftene samla sett er venta å bli 35 mill. kroner høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2661 post 78 Høyreapparat med 35 mill. kroner til 455 mill. kroner.
Kap. 2670 Alderdom
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving | 35 433 542 | 37 538 000 | 37 500 000 | -38 000 |
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving | 50 298 965 | 54 869 000 | 54 889 000 | 20 000 |
73 | Særtillegg, overslagsløyving | 4 862 291 | 4 833 000 | 4 810 000 | -23 000 |
Sum endringar | -41 000 |
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2006 er 37 538 mill. kroner.
Ein reknar med at talet på alderspensjonistar i snitt i 2007 blir lågare enn tidlegare forventa.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2670 post 70 Grunnpensjon med 38 mill. kroner til 37 500 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er 54 869 mill. kroner.
Det er gjort mindre justeringar i anslaget på posten i forhold til det som blei lagt til grunn for løyvinga.
På denne bakgrunn er anslaget på posten auka med 20 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2670 post 71 Tilleggspensjon for 2007 med 20 mill. kroner til 54 889 mill. kroner.
Post 73 Særtillegg, overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er 4 833 mill. kroner.
Talet på pensjonistar med særtillegg og gjennomsnittleg yting vil bli noko lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2670 post 73 Særtillegg med 23 mill. kroner til 4 810 mill. kroner.
Kap. 2680 Etterlatne
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving | 1 197 694 | 1 271 000 | 1 280 000 | 9 000 |
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving | 1 093 508 | 1 093 000 | 1 080 000 | -13 000 |
Sum endringar | -4 000 |
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er 1 271 mill. kroner.
Det er venta at den gjennomsnittlege grunnpensjonen blir høgare enn ein la til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2680 post 70 Grunnpensjon for 2007 med 9 mill. kroner til 1 280 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2007 er 1 093 mill. kroner.
Det er venta at den gjennomsnittlege tilleggspensjonen blir lågare enn ein la til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2680 post 71 Tilleggspensjon for 2007 med 13 mill. kroner til 1 080 mill. kroner.
Kap. 2686 Gravferdsstønad
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Gravferdsstønad, overslagsløyving | 112 946 | 114 000 | 125 000 | 11 000 |
Post 70 Gravferdsstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2006 er på 114 mill. kroner.
Ny statistikk viser at gjennomsnittleg yting for båretransport og behovsprøvd stønad har auka meir enn venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2686 post 70 Gravferdsstønad med 11 mill. kroner til 125 mill. kroner.
Kap. 2690 Ymse utgifter
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Sjukestønadsutgifter i utlandet | 60 557 | 235 988 | 230 000 | -5 000 |
77 | Pasientar frå avtaleland mv. | 88 988 | 90 000 | 95 000 | 5 000 |
Sum endringar | 0 |
Post 70 Sjukestønadsutgifter i utlandet
Løyvinga for 2007 er 235 mill. kroner.
Utgiftene på denne posten varierer til vanleg mykje frå månad til månad og posten er derfor vanskeleg å anslå. På grunn av utviklinga til og med september blir anslåtte utgifter nedjustert til 230 mill. kroner i 2007.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2690, post 70 Sjukestønadsutgifter i utlandet med 5 mill. kroner til 230 mill. kroner.
Post 77 Pasientar frå avtaleland
Løyvinga for 2007 er 90 mill. kroner.
Utgiftene på denne posten varierer til vanleg mykje frå månad til månad, og posten er derfor vanskeleg å anslå. På grunn av utviklinga til og med september blir anslåtte utgifter nedjustert til 95 mill. kroner i 2007
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2690 post 77 Pasientar frå avtaleland med 5 mill. kroner til 95 mill. kroner.
Kap. 3680 Sametinget
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirinntekt (+) Mindreinntekt (-) |
51 | Avkastning av samefolkets fond | 4 652 | 4 650 | 4 700 | 50 |
Post 51 Avkastning av samefolkets fond
I statsbudsjettet 2007 blei det løyvd 4,7 mill. kroner over kap. 680 Sametinget, post 50 Samefolkets fond, medan det over kap. 3680 Sametinget post 51 Samefolkets fond blei løyvd 4,65 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 1 (2006-2007) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Budsjett-innst. S. nr. 5 (2006-2007).
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at løyvinga på kap. 3680 Sametinget post 51 Avkastninga av Samefolkets fond blir auka med kroner 50 000 til 4,7 mill. kroner, slik at løyvinga på utgifts- og inntektskapitlet til Samefolkets fond blir lik.
Kap. 5701 Ymse inntekter
(1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2006 | Løyving 2007 | Forslag 2007 | Meirinntekt (+) Mindreinntekt (-) |
03 | Hjelpemiddelsentralar m.m. | 47 059 | 46 000 | 48 000 | 2 000 |
73 | Refusjon av bidragspliktige | 524 799 | 515 000 | 450 000 | -65 000 |
74 | Refusjon av medisinsk behandling | 1 557 | 900 | 4 700 | 3 800 |
85 | Innfordra misbruk av dagpengar | 35 700 | 87 000 | 51 300 | |
Sum endringar | -7 900 |
Post 03 Hjelpemiddelsentralar m.m.
Løyvinga for 2007 er på 46 mill. kroner.
Dei meste av inntektene er sal av bilar som det har blitt gitt stønad til, og som er bytte inn og av sal av hjelpemiddel. Inntektene så langt i år tyder på at dei samla sett i 2007 blir høgare enn venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 5701, post 03 Hjelpemiddelsentralar mv. med 2 mill. kroner til 48 mill. kroner.
Post 73 Refusjon bidragspliktige
Løyvinga for 2007 er på 515 mill. kroner. Det vert nå rekna med ei innbetaling som er 65 mill. kroner lågare enn løyvinga for året.
Inntektene på posten må ein sjå i samanheng med utgiftene til forskottering på kapittel 2620 post 76. Ein legg normalt til grunn at inntektene vil utgjere ein viss prosentsats av utbetalingane til forskot i den same perioden.
Ved fastsetjinga av løyvinga for 2007 la ein til grunn at inntekta ville utgjere om lag 47 pst. av løyvinga på kapittel 2620 post 76. På bakgrunn av forslaget om å setje ned løyvinga under kapittel 2620 post 76, bør det også skje ei justering av løyvinga på inntektsposten.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på kap. 5701 post 73 Refusjon bidragspliktige med 65 mill. kroner til 450 mill. kroner.
Post 74 Refusjon medisinsk behandling
Løyvinga for 2007 er på 0,9 mill. kroner.
På grunn av utviklinga å langt i år reknar ein med at inntektene vert omlag 3,8 mill. kroner høgare enn løyvinga for året.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 5701 post 74 Refusjon medisinsk behandling med 3,8 mill. kroner, til 4,7 mill. kroner.
Post 85 Innfordra misbruk av dagpengar
For 2007 er det budsjettert med inntekter på 35,7 mill. kroner under kap. 5701 post 85 Innfordra misbruk av dagpengar.
Inntektene så langt i år tyder på at dei samla sett i 2007 blir høgare enn venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 5701 post 85 med 51,3 mill. kroner til 87 mill. kroner.