1 Formål og hovudoversikt
1.1 Formål
I denne proposisjonen legg Regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2002 for å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar og dei endringane i budsjettføresetnader som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2002 vart utarbeid.
Saker Stortinget bør informerast særskilt om vert omtala under denne delen av proposisjonen (Formål og hovudoversikt). Endringane på kapittel/post kjem fram under vedtaksdelen.
1.2 Omgruppering: Forhold som endrar ramma for 2002-budsjettet
1.2.1 Nedtrekk grunna meirforbruk i 2001
Avslutninga av rekneskapen for 2001 synte eit meirforbruk under:
Kap 1791 Redningshelikoptertjenesten, post 01 på 18,022 mill. kroner.
Totalt meirforbruk var på 18,022 mill. kroner og vert dekka ved at ramma for 2002 vert foreslått redusert tilsvarande.
1.2.2 Netto meirinntekter i 2002
I forhold til vedtatt budsjett 2002 er det ei netto meirinntekt (brutto meirinntekter minus mindreinntekter) på 112,543 mill. kroner som er foreslått tillagt utgiftssida.
1.3 Det økonomiske grunnlaget for omgrupperinga
1.3.1 Økonomisk grunnlag
Grunnlaget for omgrupperingane er vedteke budsjett for 2002 tillagt seinare endringar gjort av Stortinget, fullmakter gitt av Stortinget til Finansdepartementet som ikkje kjem fram som løyvingsendring under dei einskilde departementa og midlar ført over frå 2001. Det er òg teke omsyn til Forsvarets del av lønnskompensasjon for 2002 som var på 332,670 mill. kroner.
I 2002 er det for forsvarsbudsjettet sett i verk faktiske endringar i løyvingar ved følgjande:
Stp.prp. nr. 1 (2001-2002) Statsbudsjettet medregnet folketrygden, B.-innst. S. nr. 1 (2001-2002) medførte en reduksjon på 20,071 mill. kroner
St.prp. nr. 39 (2001-2002), Finansiering av norsk militær deltakelse i Afghanistan, nasjonale sikringstiltak mot terrorisme og etablering av diplomatisk nærvær i Kabul, jf. Innst. S. nr. 119 (2001-2002), medførte å auka utgiftsramma med 545,932 mill. kroner.
St.prp. nr. 55 (2001-2002), Gjennomføringsproposisjonen - utfyllende rammer for omleggingen av Forsvaret i perioden 2002-2005, jf. Innst. S. nr. 232 (2001-2002), medførte å auka utgiftsramma med 1 043,082 mill. kroner.
St.prp. nr. 69 (2001-2002), Om endringer i »Regulativ for tillegg m.v. til utskrivne vernepliktige mannskap, jf. Innst. S. nr. 249 (2001-2002), medførte å auka utgiftsramma med 20,120 mill. kroner.
St.prp. nr. 63 (2001-2002), Tilleggsbevilgninger og omrioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2002, jf. Innst. S. nr. 212 (2002-2003), medførte å redusere utgiftsramma med 40,701 mill. kroner.
St.prp. nr. 80 (2001-2002), Om Finansiering av norsk militær deltakelse i Afghanistan, jf. Innst. S. nr. 6 (2002-2003), medførte å auka utgiftsramma med 300 mill. kroner.
Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida før omgruppering 2002 kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Vedtatt budsjett 2002 | 27 656 918 |
B.-innst. S. nr. 1 (2001-2002) | -20 071 |
Innst. S. nr. 119 (2001-2002) | 545 932 |
Innst. S. nr. 232 (2001-2002) | 1 043 082 |
Innst. S. nr. 249 (2001-2002) | 20 120 |
Innst. S. nr. 212 (2001-2002) | -40 701 |
Innst. S. nr. 6 (2002-2003) | 300 000 |
= Faktisk løyving før omgruppering | 29 505 280 |
Middel ført over frå 2001 | 1 789 609 |
Lønnskompensasjon for 2002 | 332 670 |
Disponible midlar i 2002 før omgruppering | 31 627 559 |
Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida før omgruppering 2002 kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Vedtatt budsjett 2002 | 724 797 |
= Løyving før omgruppering | 724 797 |
Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):
Nedtrekk grunna meirforbruk i 2001 | -18 022 |
Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førte til utgiftssida | 112 543 |
= Sum behov ved omgrupperinga | 94 521 |
+ Løyving før omgruppering | 29 505 280 |
= Total løyving etter omgrupperinga | 29 599 801 |
= Totalt disponibelt etter omgrupperinga | 31 722 080 |
Tabell 1.4 Løyvingsbehov på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):
Løyving før omgruppering | 724 797 |
Netto meirinntekter | 112 543 |
= Sum behov ved omgrupperinga | 837 340 |
Departementet foreslår på denne bakgrunnen, under forslag til vedtak, at løyvingane vert auka med 94,521 mill. kroner på utgiftsramma og med 112,543 mill. kroner på inntektsramma.
1.3.2 Utgifter
Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av netto meirinntekter.
Tabell 1.5 (i 1 000 kroner)
Mindreutg - | ||
Post | Formål | Meirutg + |
01 | Driftsutgifter | 522 794 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 14 340 |
43 | Til disposisjon for Forsvarsdepartementet | -10 000 |
44 | Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid | -50 000 |
45 | Store nyskaffingar | -226 806 |
47 | Nye bygg og anlegg | -19 251 |
48 | Fellesfinansierte bygg og anleggsarbeid | -125 000 |
50 | Overføringar til statsinstitusjonar | 54 000 |
51 | Tilskot til Forsvarets forskingsinstitutt | 444 |
75 | Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid | -65 000 |
90 | Lån til private | -1000 |
Sum | 94 521 |
1.3.3 Inntekter
Tabell 1.6 (i 1 000 kroner)
Mindreinnt - | ||
Post | Formål | /Meirinnt + |
01 | Driftsinntekter | 175 637 |
45 | Store nyskaffingar | 31 194 |
47 | Sal av eigedom | -20 000 |
48 | Fellesfinansierte bygg- og anleggsinntekter | -125 000 |
49 | Sal av bustader | 49 364 |
70 | Renter låneordningen | 475 |
90 | Lån til boligformål | 873 |
Sum | 112 543 |