3 Merknader til dei einskilde artiklane
Artiklane 1 og 2 har reglar om avtalen sitt saklege bruksområde. I følgje artikkel 1 omfattar avtalen personar som er busette (heimehøyrande) i den eine eller i begge statane. Artikkel 2 reknar opp kva for skattar avtalen omfattar for tida. Avtalen omfattar berre skattar av inntekter. Noreg kan derfor utan hinder av avtalen krevje formuesskatt etter norsk lovgjeving.
Artiklane 3-5 inneheld definisjonar av ulike ord og uttrykk i avtalen.
Det følgjer av punkt 1 a og b i artikkel 3 at avtalen også får verknad på kontinentalsoklane til dei respektive landa når det gjeld utøving av rettar med omsyn til havbotnen og undergrunnen og naturressursar der. Lik dei andre skatteavtalane Noreg har inngått, får heller ikkje avtalen med Thailand verknad på Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda. Dei andre definisjonane i artikkel 3 følgjer stort sett OECD-mønsteret. Thailand måtte av omsyn til si interne lovgjeving presisere i punkt d) at ein «person» også omfattar ei eining som vert behandla som eit skattesubjekt etter skattelovgjevinga i ein av dei kontraherande statane.
Artikkel 4 definerer omgrepet «person bosatt i en kontraherande stat». Punkta 2 og 3 regulerer korleis situasjonen blir når ein fysisk eller juridisk person blir rekna for å vere busett (heimehøyrande) både i Noreg og i Thailand etter dei to statane si interne lovgjeving. Punkt 3 avvik frå det som er vanleg i norske skatteavtalar. Ved dobbel bustad av andre personar enn fysiske personar, typisk føretak, har Noreg vanlegvis ein regel om at staden for den verkelege leiinga skal vere avgjerande. Thailand ønskte at staden for registrering skulle vere avgjerande. Ein blei derfor einige om at dei kompetente styresmaktene ved gjensidig avtale skal prøve å avgjere spørsmålet om dobbel bustad av andre personar enn fysiske personar.
Artikkel 5 inneheld definisjonen av omgrepet «fast driftssted». Denne definisjonen er viktig fordi han gir ramma for skattlegging etter artikkel 7 av den fortenesta frå forretningsverksemd som ein person busett i den eine staten har frå verksemd i den andre staten.
I artikkel 5 punkt 2 er det teke med nokre fleire tilfelle enn det som følgjer av OECD og FN sine mønsteravtalar. Mellom anna følgjer det av artikkel 5 punkt 2 h at eit lagerhus der ein person held lagerplass for andre skal reknast for å utgjere ein fast driftsstad. Opprekninga i artikkel 5 punkt 2 skal berre gi eksempel på kva som klart utgjer ein fast driftsstad, og gjer ikkje noko unntak frå vilkåra for fast driftsstad etter artikkel 5 punkt 1.
I følgje artikkel 5 punkt 3 a skal staden for eit byggjearbeid, eit anleggs-, monterings- eller installasjonsprosjekt, eller kontroll- eller rådgjevingsverksemd i samband med desse, sjåast på som ein fast driftsstad for føretaket berre dersom staden blir halden ved lag eller prosjektet varer lenger enn 6 månader. Regelen avvik frå OECD-mønsteret ved at fleire typar verksemder er tekne med, og ved at tidsfristen er korta ned frå 12 til 6 månader, som i FN-mønsteret. Av punkt 3 b følgjer at tenesteyting gjennom tilsette eller anna personell, skal sjåast på som ein fast driftsstad, når slik verksemd på eit prosjekt eller på prosjekt som står i samband med kvarandre går føre seg i den andre staten i eit eller fleire tidsrom som overstig 183 dagar i ein tolv månaders periode. Føresegna svarer i hovudsak til artikkel 5 punkt 3 b i FN-mønsteret.
Punkt 4 nemner kva omgrepet «fast driftssted» ikkje omfattar. Føresegna svarer til FN-mønsteret. Den avviker frå OECD-mønsteret ved at punkt 4 a og b ikkje omfattar utlevering av varer.
Punkt 5 regulerer når ein representant skal seiast å utgjere ein fast driftsstad for føretaket. Føresegna seier i underpunkt a at når personen har, og vanlegvis nyttar, fullmakt til å slutte kontraktar på vegne av føretaket, skal han reknast som ein avhengig representant. Dette gjeld likevel ikkje dersom aktiviteten er avgrensa til innkjøp av varer for føretaket. Underpunkt b byggjer på FN-mønsteret, slik at ein person som ikkje har fullmakt til å slutte kontraktar, men som vanlegvis har eit varelager som han på vegne av føretaket utleverer varer frå, vil utgjere ein fast driftsstad. Underpunkt c avvik både frå OECD- og FN-mønsteret ved at det er fastsett at eit føretak skal seiast å ha ein fast driftsstad i den andre staten dersom ein person her vanlegvis skaffar ordrar utelukkande eller nesten utelukkande for føretaket.
Punkt 6 fastset særreglar for forsikringsverksemd som ikkje er reassuranse. Punkt 7 slår fast at ein uavhengig representant ikkje utgjer fast driftsstad for oppdragsgjevar så lenge han opptrer innanfor ramma av si vanlege forretningsverksemd.
Når det gjeld verksemd på dei respektive landa sine kontinentalsoklar, er det fastsett særreglar i artikkel 21, jf. merknadene nedanfor.
Artiklane 6-22 inneheld reglar om skattlegging av ulike former for inntekter. Desse reglane har som formål å hindre dobbel skattlegging, det vil seie at ein skattytar blir skattlagt i begge statar av same inntekta. Dei detaljerte reglane om dei ulike formene for inntekter avgjer kva for ein stat som skal ha den primære retten til å skattlegge; anten den staten der den skattepliktige er busett, eller den staten der inntekta skriv seg frå (kjeldestaten). Artikkel 23 gir nærmare reglar om korleis ein går fram for å hindre dobbel skattlegging når ei inntekt kan skattleggast i begge statar.
Skatteavtalen regulerer ikkje forskot på skatt. Statane kan derfor i prinsippet halde tilbake skatt etter den fulle satsen som følgjer av interne lover. Når skatteavtalen fører til at skatt anten skal betalast med ein redusert sats eller at inntekta ikkje skal skattleggast, må ein gjere ei justering (refusjon) i ettertid.
Artikkel 6 fastset at inntekter frå fast eigedom kan skattleggast i den staten der eigedommen ligg (kjeldestaten). Det same gjeld inntekter frå direkte bruk av fast eigedom eller anna utnytting av han. Slik er også regelen i OECD-mønsteret.
Artikkel 7 inneheld reglar om skattlegging av fortenesta frå den forretningsverksemda som eit føretak heimehøyrande i ein kontraherande stat utøvar i den andre staten. Inntekter frå slik verksemd kan berre skattleggast i den sistnemnde staten dersom verksemda blir utøvd gjennom ein fast driftsstad der. Dei nærmare definisjonane av kva ein skal forstå med omgrepet fast driftsstad er tekne inn i artikkel 5. Men artikkel 7 inneheld hovudprinsippa for sjølve fastsetjinga av fortenesta som skriv seg frå den faste driftsstaden.
Som i OECD-mønsteret, er hovudregelen at berre inntekter som kjem frå den faste driftsstaden skal kunne skattleggast i kjeldestaten. Inntekter frå anna, ikkje tilknytt, verksemd i same stat, fell såleis utanfor grunnlaget for skattlegging av driftsstaden.
Punkt 2 i artikkelen inneheld grunnregelen for fastsetjing av fortenesta til den faste driftsstaden. Driftsstaden skal reknast å ha den fortenesta som han venteleg ville ha hatt dersom han hadde vore eit særskilt sjølvstendig føretak som dreiv same eller liknande verksemd under same eller liknande tilhøve, og han opptredde heilt uavhengig av det føretaket som den faste driftsstaden tilhøyrer («armlengdeprinsippet»). I punkt 1 i protokollen er det presisert at ein kontraherande stat kan nytte si interne lovgjeving for å fastsette likninga av eit føretak når informasjonen som er tilgjengeleg for likningsstyresmaktene i denne staten ikkje er tilstrekkeleg for å fastsetje den skattbare fortenesta til føretaket. Dette føreset at resultatet blir i samsvar med artikkel 7. Punkt 3 i artikkelen gir ein regel om ramma for kva for utgifter ein kan trekkje frå når ein fastset den skattbare fortenesta til den faste driftsstaden. Også dei andre føresegnene i artikkel 7 følgjer OECD-mønsteret.
Artikkel 8 gir reglar om skattlegging av forteneste frå internasjonal skips- og luftfartsverksemd, slik denne verksemda er definert i artikkel 3 punkt 1 i.
Punkta 1 og 2 i avtalen avvik noko frå OECD sin mønsteravtale. I punkt 1 er det fastset at forteneste frå drift av luftfartøy som blir drivne i internasjonal fart, berre kan skattleggast i den staten der føretaket er heimehøyrande. Dette er likt med dei skatteavtalane Noreg har inngått dei siste åra. Etter ønske frå Thailand, er det i punkt 2 tatt inn ei føresegn om at forteneste frå drift av skip i internasjonal fart som tilkjem eit føretak heimehøyrande i ein stat kan skattleggast i den andre staten (kjeldestaten), men skatten skal då minkast med 50 prosent. Skattlegging i kjeldestaten avvik frå OECD-mønsteret, men er i samsvar med reglane i den gjeldande skatteavtalen med Thailand. Punkt 2 i protokollen inneheld ein bestevilkårsklausul.
Punkt 3 fastset at forteneste frå bruk, forsinka tilbakelevering eller utleige av containerar på bare-boat basis, berre skal kunne skattleggast i den staten der føretaket som har fortenesta av drifta er heimehøyrande, når inntekta er ei biinntekt frå sjølve skips- eller luftfartsverksemda. Føresegna har ikkje større rekkjevidde enn det som følgjer av OECD sine eigne kommentarar til mønsteravtalen. Ein har likevel valt å klargjere rekkjevidda av regelen.
Punkt 4 klargjer at reglane i punkta 1, 2 og 3 også gjeld forteneste når eit føretak tek del i ein «pool», i ei felles forretningsverksemd eller i eit internasjonalt driftskontor.
I punkt 5 i artikkelen finn ein særreglar som tek omsyn til inntekter som SAS-konsortiet tek i mot.
Artikkel 9 omhandlar føretak med fast tilknyting til kvarandre. Artikkelen gjeld assosierte føretak, det vil seie mor- og dotterselskap og føretak under felles kontroll og leiing. Regelen i punkt 1 gir likningsstyresmaktene høve til å setje opp den skattbare fortenesta til eit føretak. Vilkåret for slik auke er at fortenesta er redusert fordi føretaket og eit tilknytt føretak i sitt økonomiske samkvem har nytta forretningsvilkår som avvik frå dei som ville ha vore avtalt mellom uavhengige føretak under tilsvarande tilhøve. Når likningsstyresmaktene rettar opp fortenesta i slike høve, så skal dei forretningsvilkåra som blei nytta, for skattleggingsformål bli erstatta av den såkalla armlengde-standarden, jf. skatteloven § 13-1. Punkt 1 er i samsvar med OECD-mønsteret.
Punkt 2 om korresponderande retting i den staten der det anna føretak er heimehøyrande, er utforma på ei noko anna måte enn OECD-mønsteret. Siktemålet med omskrivinga er å få klart fram at retting i ein stat ikkje automatisk vil føre til ei tilsvarande retting i den andre staten, men at slik korresponderande retting vil vere basert på ei konkret vurdering i det enkelte tilfelle.
Artikkel 10 gjeld skattlegging av dividende (utbytte). Den avtalen som gjeld no har ein særregel som avvik både frå FN- og OECD-mønsteret, ved at dividendar ikkje kan skattleggast i den staten der aksjonæren er busett. Etter punkt 1 i den nye avtalen kan slike inntekter skattleggast i den kontraherande staten der aksjonæren er busett. Dei same inntektene kan dessutan skattleggast i den staten der selskapet som deler ut dividendane er heimehøyrande (kjeldestaten), men reglane i punkt 2 avgrensar den skattesatsen som kan nyttast.
Punkt 2 a gjeld dividendar til selskap som direkte eig minst 10 prosent av kapitalen i det utdelande selskapet. Kjeldestaten sin skattesats i desse høva må ikkje overstige 10 prosent av bruttobeløpet. Regelen i punkt 2 b avgrensar kjeldeskattesatsen i andre høve til 15 prosent. Det er eit vilkår i både 2 a og b at mottakaren er den verkelege rettshavar og ikkje til dømes ein stråmann for den faktiske eigar anten i kjeldelandet eller i eit tredjeland.
Dei avgrensingane i retten til å krevje kjeldeskatt som er nemnde ovanfor, gjeld likevel ikkje alltid. Kjeldestaten er ikkje bunden av desse satsane når dei aksjane som det blir utdelt dividende på, reelt er knytt til næringsverksemd eller utøving av eit fritt yrke, og verksemda eller utøvinga skjer gjennom ein fast driftsstad eller ein fast stad for sjølvstendige personlege tenester som rettshavaren har i den staten der selskapet som deler ut dividendane er heimehøyrande. Etter punkt 4 i artikkelen skal dividendane i desse høva skattleggast i samsvar med reglane i artikkel 7 eller artikkel 14. Tilsvarande reglar gjeld etter artikkel 11 punkt 5 for renter og etter artikkel 12 punkt 4 for royalty.
Punkt 5 inneheld reglar som skal hindre at ein kontraherande stat skattlegg dividendar utbetalt av eit selskap i den andre kontraherande staten, berre fordi fortenesta som ligg til grunn for dividendane har si kjelde i den førstnemnde staten. Slike dividendar kan berre skattleggast i den førstnemnde staten dersom mottakaren er busett i denne staten, eller som ein del av fortenesta til ein fast driftsstad. Punkt 5 inneheld også ein regel om at kvar stat kan krevje kjeldeskatt på utbetaling av forteneste frå ein fast driftsstad, typisk overføring frå driftsstaden til hovudkontoret. Dette er normalt omtalt som «branch profit tax». Satsen er avgrensa til satsen i punkt 2 a, det vil seie satsen som blir nytta mellom mor- og dotterselskap. Noreg har ikkje reglar om branch profit tax.
Artikkel 11 handlar om renteinntekter. Den avtalen som gjeld no, har ein særregel som avvik både frå FN- og OECD-mønsteret, ved at renter ikkje kan skattleggast i den staten der mottakaren er busett. I den nye avtalen er det, som i FN- og OECD-mønsteret, fastsett at slike inntekter kan skattleggast både i den staten der mottakaren er busett, jf. punkt 1, og i den staten der rentene skriv seg frå, jf. punkt 2. Kjeldeskatten i den sistnemnde staten skal likevel ikkje overstige 10 prosent av bruttobeløpet av rentene når dei blir mottekne av ein finansiell institusjon, og 15 prosent i andre høve. Det er for tida ingen heimel i norske skattelovgjeving til å krevje kjeldeskatt av renter som blir utbetalte frå Noreg til ein mottakar busett i utlandet. Punkt 4 i protokollen inneheld ein bestevilkårsklausul, som inneber at Thailand ikkje kan ta ein høgare kjeldeskattesats enn den satsen dei har i skatteavtalar med andre statar som er inngått etter at denne avtalen er underskriven.
I punkt 3 har ein gjort nokre unntak frå retten til å krevje kjeldeskatt. Dette gjeld mellom anna der renter blir mottekne av Noregs Bank, Petroleumsfondet, Folketrygdfondet, ei lokal norsk forvaltningsstyresmakt, eit offentlegrettsleg organ eller ein institusjon som heilt eller i hovudsak er eigd av den norske regjeringa. Det same gjeld renter som er mottekne av Garantiinstituttet for Eksportkreditt og AS Eksportfinans, men då berre dersom lånet eller rentene er garantert av eller sikra av den norske regjeringa, eller denne sine regionale eller lokale forvaltningsstyresmakter. I tillegg kan dei kompetente styresmaktene bli samde om at renter som blir mottekne av andre institusjonar skal vere friteke frå kjeldeskatt, jf. punkt 3 b underpunkt vii.
Artikkel 12 gir reglar om skattlegging av royalty. Royalty kan skattleggast både i staten der mottakaren er busett og i kjeldestaten, men kjeldeskattesatsen er avgrensa i punkt 2. Satsen er avgrensa til 5 prosent for utnytting av opphavsrett, 10 prosent for retten til å bruke industrielt, kommersielt eller vitskapeleg utstyr, og 15 prosent i andre høve. Satsen i den gjeldande avtalen er 15 prosent i alle høve. Definisjonen av uttrykket royalty i punkt 3 avvik frå OECD-mønsteret, ved at godtgjersle for bruken av industrielt, kommersielt eller vitskapeleg utstyr er omfatta av uttrykket royalty. Dette er i samsvar med definisjonen av royalty i FN-mønsteret. Det er for tida ingen heimel i norske skattelovgjeving til å krevje kjeldeskatt av royalty som blir utbetalt frå Noreg til ein mottakar busett i utlandet. Artikkelen er elles utforma i samsvar med OECD-mønsteret slik det lyd etter endringane i 1992 og 1997.
Artikkel 13 handlar om skattlegging av formuesgevinstar. Regelen byggjar på prinsippet om at retten til å skattlegge formuesgevinstar bør liggje hjå den staten som hadde rett til å skattlegge avkastninga av det formuesgodet gevinsten skriv seg frå før det blei avhenda.
Etter punkt 1 kan gevinst frå avhending av fast eigedom skattleggast i den kontraherande staten der eigedommen ligg.
Gevinst frå avhending av lausøyre som utgjer driftsmiddel knytt til ein fast driftsstad eller ein fast stad for utøving av fritt yrke, kan etter punkt 2 i artikkelen skattleggast i den kontraherande staten der den faste driftsstaden eller den faste staden ligg. Det same gjeld gevinsten frå avhendinga av sjølve den faste driftsstaden eller den faste staden.
Etter punkt 3 skal gevinst frå avhending av skip, luftfartøy og containerar i internasjonal fart berre kunne skattleggast i den staten der personen som tek i mot gevinsten er heimehøyrande.
Punkt 4 inneheld ein særregel som gir ein kontraherande stat rett til å skattlegge gevinstar frå sal av aksjar, andelar, opsjonar og andre finansielle instrument knytte til selskap heimehøyrande i denne staten i inntil 5 år etter at aksjonæren flytta til den andre staten.
Gevinst frå avhending av andre formuesgode enn dei som er særskild nemnde, kan berre skattleggast i den staten der avhendaren er busett, jf. punkt 5.
Artikkel 14 gjeld skattlegging av inntekter frå utøving av fritt yrke. Regelen om skattlegging av inntekter frå slik verksemd avvik noko frå OECD-mønsteret frå 1998, men svarar langt på veg til det som er vanleg i avtalar Noreg har inngått i dei seinare åra. Etter OECD-mønsteret frå 1998 blir inntekter frå utøving av fritt yrke skattlagte i den staten der yrkesutøvaren er busett, dersom han ikkje i ein annan kontraherande stat vanlegvis rår over ein fast stad (kontor eller liknande) som tener utøvinga av verksemda. I så fall kan den sistnemnde staten skattlegge den delen av inntekta som kan reknast til ein slik stad. Avtalen har her fått eit tillegg som avvik frå OECD-mønsteret frå 1998, ved at den sistnemnde staten også kan skattlegge dersom opphaldet i denne staten i eit eller fleire tidsrom til saman utgjer minst 90 dagar i løpet av ein periode på tolv månader.
Punkt 2 i artikkelen definerer nærmare kva som ligg i omgrepet «fritt yrke», og nemner eksempel på aktivitetar og yrkesgrupper som kan falle inn under artikkelen. Opprekninga er ikkje uttømmande. Regelen omhandlar berre sjølvstendige yrkesutøvarar, og såleis ikkje til dømes ein lege som er fast tilsett i ei bedrift. Artistar og idrettsutøvarar er særskilt omtala i artikkel 17 i avtalen.
Lønnsinntekter er omhandla i artikkel 15. Som etter OECD-mønsteret har den staten der lønnsmottakaren er busett rett til å skattlegge lønnsinntektene, dersom ikkje arbeidet blir utført i den andre kontraherande staten. I så fall har den staten der arbeidet blir utført, rett til å skattlegge inntektene. Frå denne regelen gjer punkt 2 eit unntak på visse vilkår for kortvarige opphald, den såkalla 183-dagars regelen. Under forhandlingane blei problematikken om skattlegginga av leigde arbeidstakarar drøfta. Etter vanleg oppfatning får unntaket i punkt 2 ikkje verknad dersom arbeidstakaren er leigd, og dette har ein derfor presisert i punkt 3. Regelen er elles i samsvar med OECD-mønsteret.
Punkt 4 i artikkelen gir særreglar for lønnsarbeid utført om bord i eit skip eller luftfartøy drive i internasjonal fart. Lønnsinntekter frå slikt arbeid skal berre kunne skattleggast i den staten der føretaket er heimehøyrande. Er skipet registrert i Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS), skal inntekta berre kunne skattleggast i den staten der mottakaren er busett.
Når det gjeld lønn til mannskap i SAS, er det teke med ein regel i punkt 4 om at den berre skal kunne skattleggast den staten der lønnsmottakaren er busett.
Artikkel 16 handlar om styregodtgjersle. Slike inntekter kan, i samsvar med OECD-mønsteret, skattleggast i den staten der selskapet er heimehøyrande.
Artikkel 17 fastset at artistar og idrettsutøvarar kan skattleggast i den staten der slik verksemd blir utøvd, uavhengig av reglane i artikkel 14 om fritt yrke og artikkel 15 om lønnsarbeid i privat teneste. Regelen gjeld også utbetalingar til artistar og idrettsutøvarar som får lønn utbetalt i samband med forretningsverksemd drive av ein stat, jf. punkt 2 i artikkel 19. Punkt 2 i artikkelen inneheld eit tillegg som presiserer at den staten der artisten eller idrettsutøvaren opptrer, har rett til å skattlegge også når vederlaget blir utbetalt til ein tredjemann, til dømes eit artistbyrå eller eit selskap artisten har oppretta. Reglane i punkta 1 og 2 byggjer på OECD-mønsteret.
I punkt 3 er det gjort unntak frå desse reglane når framsyninga i den eine kontraherande staten for ein vesentleg del blir finansiert av offentlege midlar i den andre kontraherande staten. I slike tilfelle skal inntekta berre kunne skattleggast i den staten der artisten eller idrettsutøvaren er busett.
Artikkel 18 handlar om pensjonar, livrenter, sosiale trygdeytingar og underhaldsbidrag. I motsetnad til dei tilsvarande reglane i OECD-mønsteret omfattar denne artikkelen alle typar pensjonar, både private og offentlege. Etter reglane skal pensjonar, livrenter og sosiale trygdeytingar berre skattleggast i den staten der mottakaren er busett.
For så vidt gjeld beløp til underhald følgjer det likevel av punkt 3 at beløpet berre kan skattleggast i bustadstaten til den som mottek betalinga i den grad betalaren kan trekkje frå beløpet i den staten han er busett (kjeldestaten). Regelen hindrar økonomisk dobbel skattlegging av slike betalingar.
Artikkel 19 handlar om offentleg teneste. Som hovudregel og i samsvar med OECD-mønsteret, er det den staten som betalar ut godtgjersla som har rett til å skattlegge. Dette gjeld likevel ikkje når dei særlege vilkåra i punkt 1 b er oppfylde. For godtgjersle knytt til utøving av offentleg forretningsverksemd gjeld føresegnene i punkta 15, 16 og 17 i avtalen. Offentlege pensjonar går under artikkel 18.
Artikkel 20 gjeld studentar og lærlingar som er busette i den eine kontraherande staten og som oppheld seg mellombels i den andre staten for å få si personlege utdanning eller opplæring. Etter punkt 1 skal dei ikkje skattleggast i den sistnemnde staten av pengebeløp som dei mottek til underhald, utdanning eller opplæring frå kjelder utanfor denne staten. Regelen samsvarer med OECD-mønsteret og med skattelova § 2-30 andre ledd. Etter ønske frå Thailand er det i punkt 2 presisert at studentar og lærlingar som mottek utbetalingar som er skattepliktige i opphaldsstaten, har krav på tilsvarande frådrag og liknande som personar som er busette i opphaldsstaten har krav på. Dette er likevel ikkje noko meir enn det dei ville hatt krav på sjølv utan den særskilde føresegna.
Artikkel 21 inneheld reglar om verksemd utanfor kysten (offshore-verksemd).
Punkt 1 slår fast at reglane i artikkel 21 skal gå framfor same kva som elles følgjer av avtalen.
Punkta 2 og 3 gjeld skattlegging av næringsverksemd. Dei fastset at verksemd utøvd utanfor kysten av ein stat skal reknast som verksemd utøvd gjennom ein fast driftsstad eller ein fast stad i denne staten, dersom verksemda blir utøvd til saman over 30 dagar i løpet av ein periode på tolv månader. Inntekta frå slik verksemd kan i så fall skattleggast frå første dag i denne staten. Reglane i punkt 3 a og b tek sikte på å hindre at fristen på 30 dagar blir omgått.
Punkt 4 inneheld eit unntak frå dei generelle reglane i punkta 2 og 3. Det gjeld forteneste av transport av forsyningar eller personell, eller av drift av taubåtar eller liknande hjelpefartøy knytt til verksemd som omhandla i artikkelen. Slik forteneste skal skattleggast i den staten der føretaket som tek i mot fortenesta er heimehøyrande. Etter ønske frå Thailand er det teke inn to unntak frå denne regelen. For det første skal artikkel 8 gjelde dersom fartøyet blir drive i internasjonal fart. Dessutan skal fartøy (som ikkje går i internasjonal fart og) som blir drive gjennom ein fast driftsstad som nemnd i artikkel 5, for eksempel ein landbase, skattleggast etter artikkel 7.
I punkt 5 a er det gitt reglar om skattlegging av lønnsinntekter i samband med verksemd på kontinentalsokkelen. Slik inntekt kan skattleggast i sokkelstaten dersom arbeidsopphaldet til saman varer meir enn 30 dagar i løpet av ein periode på tolv månader. Det er gjort unntak frå denne regelen i punkt 5 b. Lønnsinntekter for teneste om bord i skip eller luftfartøy som nyttast til transport av forsyningar eller personell til eller mellom områder der det går føre seg verksemd knytt til undersøking eller utnytting av havbotnen og undergrunnen og deira naturførekomstar, eller for lønnsarbeid utførd om bord i taubåtar eller andre hjelpefartøy knytt til slik verksemd, skal skattleggast etter artikkel 15.
Punkt 6 gjeld gevinst frå overføring av rettar til undersøking eller utnytting av naturførekomstar, eigedom som i sokkelstaten blir nytta i samband med verksemda utanfor kysten, og aksjar eller andelar som hentar sin verdi frå slike rettar eller slik eigedom. Retten til å skattlegge slike gevinstar ligg hjå kyststaten.
Artikkel 22 gjeld anna inntekt, det vil seie inntekter som ikkje er særskilt omhandla i dei andre artiklane i avtalen. Slike inntekter skal som hovudregel berre kunne skattleggast i den staten der mottakaren er busett, jf. punkt 1. Etter punkt 3 i same artikkel er det gjort unntak der inntekta har si kjelde i den andre staten. Då kan inntekta også skattleggast i kjeldestaten.
Artikkel 23 gir reglar om korleis ein går fram for å hindre dobbel skattlegging.
Både Noreg og Thailand nyttar godskrivingsmetoden (kreditmetoden) som metode for å unngå dobbel skattlegging. For Noreg sin del seier artikkelen innleiingsvis at frådrag i norsk skatt for skatt betalt i Thailand skal fastsetjast i samsvar med reglane i skattelova §§ 16-20 følgjande. Dei generelle retningslinjene for godskrivingsmetoden er teke inn i artikkelen og inneber at Noreg overfor personar busette i Noreg, kan skattlegge ei inntekt også når det går fram av dei materielle reglane i avtalen at inntekta kan skattleggast i Thailand. Noreg må så gje frådrag i den utlikna skatten med eit beløp som svarer til den skatten som er betalt i Thailand. Frådragsbeløpet kan ikkje overstige den skatten som er betalt i Thailand, jf. punkt 3 a.
For inntekter som etter avtalen berre skal kunne skattleggast i Thailand, skal ein i Noreg nytte den alternative fordelingsmetode. I punkt 3 b er det såleis fastsett at i den utstrekning ein person som er busett i Noreg tek i mot inntekter som etter nokon regel i avtalen ikkje kan skattleggast i Noreg, så kan inntekta likevel reknast med i skattegrunnlaget, samstundes som det i den samla fastsette skatten blir gitt eit frådrag som svarer til den utrekna norske skatten som fell på den thailandske delen av inntekta. Frådraget i norsk skatt skal altså gjerast med eit fastsett beløp, uavhengig av om dette beløpet er høgare eller lågare enn det beløpet som faktisk er betalt i Thailand.
Etter sterkt ønske frå Thailand er det i punkt 3 c teke inn reglar om såkalla «tax-sparing credit». Regelen går ut på at når Thailand, i samsvar med eigne lover, let vere å krevje selskapsskatt eller reduserer han vesentleg for å fremme økonomisk utvikling i Thailand, skal Noreg ved utrekninga av frådraget som blir gitt i norsk skatt sjå bort frå desse unntaka eller reduksjonane, og gje frådrag som om Thailand hadde kravd skatt etter vanlege satsar. Det skal understrekast at reglane om «tax-sparing credit» i punkt 3 c ikkje utan vidare får verknad. Det krevjast at den kompetente styresmakta i Thailand i samband med kvar einskild investering søkjer den kompetente styresmakta i Noreg om dette, og at den kompetente styresmakta i Noreg stadfestar søknaden. Reglane i punkt 3 c gjeld berre i dei første ti åra avtalen har effekt, men dei kompetente styresmaktene kan forlengje denne perioden, jf. punkt 3 d.
I punkt 3 e er det teke inn ein såkalla «remittance» regel. Den gjeld tilfelle der Thailand etter sin interne lovgjeving berre skattlegg inntekter i den grad dei blir overført til Thailand eller mottas i Thailand, og der Noreg etter nokon av artiklane i avtalen skal avstå frå å skattlegge inntekta i samsvar med intern skattelovgjeving. I slike tilfelle følgjer det av punkt 3 e at Noreg berre skal avstå skattlegging i den utstrekning inntekta blir skattlagt i Thailand.
Artiklane 24-27 inneheld nokre særlege reglar om ikkje-diskriminering (artikkel 24), framgangsmåten ved inngåing av gjensidige avtalar mellom dei kompetente styresmaktene i dei to statane (artikkel 25), utveksling av opplysningar (artikkel 26) og om diplomatiske og konsulære tenestemenn (artikkel 27).
Artiklane 28 og 29 inneheld sluttreglar om når avtalen skal tre i kraft og når han sluttar å gjelde.
Etter artikkel 28 skal statane gi kvarandre melding om at dei nødvendige stega er tekne for at avtalen kan tre i kraft. Avtalen trer i kraft på den dagen då den siste meldinga om at nødvendige skritt er tekne for at avtalen kan tre i kraft, er motteken. Avtalen vil få verknad for skattar av inntekter som vedkjem det kalenderåret som følgjer etter det året avtalen trer i kraft.
Protokollen er ein del av avtalen. Mellom anna inneheld protokollen ein bestevilkårsklausul når det gjeld skattlegging av skipsfart og kjeldeskatt på renter, som inneber at Thailand ikkje kan ta ein høgare skattesats enn den dei nyttar i forhold til andre statar.