2 Forslag til endringar
Programkategori 13.70 Overføringar gjennom inntektssystemet til kommunar og fylkeskommunar
Kap. 3571 Tilbakeføring av forskot
Post 90 Tilbakeføring av forskot
Ved behandlinga av St.prp. nr. 1 (2005-2006) fekk Kommunal- og regionaldepartementet fullmakt til å løyve inntil 250 mill. kr i 2006 som forskot på rammetilskot for 2007 til kommunane. Rekneskapen for 2006 viser at det blei utbetalt 27,209 mill. kr i forskot på rammetilskot til kommunar. Utbetalte forskot i 2006 skal tilbakeførast til staten i 2007. Derfor blir det foreslått ei løyving på 27,209 mill. kr på kap. 3571, post 90 Tilbakeføring av forskot.
Programkategori 13.80 Bustad, bumiljø og bygg
Kap. 580 Bustønad
Post 70 Bustønad, overslagsløyving
Bustønaden er innretta slik at husstandane med dei lågaste inntektene og høgaste buutgiftene får mest i stønad. Samansetjinga av bustønadmottakarane har endra seg noko i løpet av 2007. Årsinntektene til dei som har fått innvilga bustønad er noko lågare og buutgiftene noko høgare enn venta. Vidare har talet på mottakarar i 1. termin 2007 auka. Derfor blir det foreslått at kap. 580, post 70 Bustønad blir auka med 31 mill. kr, frå 2 321,5 mill. kr til 2 352,5 mill. kr.
Kap. 581 Bustad- og bumiljøtiltak
Post 21 Kunnskapsutvikling og -formidling
Utgreiing og forsking på bustadområdet blir finansiert over posten. Einskilde av oppdraga er omfattande og komplekse, og tek lengre tid enn venta. Derfor blir det foreslått at kap. 581, post 21 Kunnskapsutvikling og -formidling blir tilførde stikkordet «kan overførast» i 2007.
Kap. 587 Statens bygningstekniske etat
Post 1 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer blant anna utgifter til ordninga med sentral godkjenning av verksemd for ansvarsrett. Ordninga skal vere sjølvfinansierande, det vil seie at auka utgifter skal dekkjast av auka inntekter. Statens bygningstekniske etathar auka oppfølginga av verksemdene som deltek i ordninga. Gebyra blei derfor auka frå 1. juli 2007 med kr 300 til kr 1400. Derfor blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 587, post 1 Driftsutgifter med 4,7 mill. kr, frå 38,8 mill. kr til 43,5 mill. kr, mot ein tilsvarande auke av kap. 3587, post 4 Gebyr.
Kap. 3587 Statens bygningstekniske etat
Post 4 Gebyr
I tråd med foreslått tilleggsløyving på kap. 587, post 1 Driftsutgifter, blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 3587, post 4 Gebyr tilsvarande med 4,7 mill. kr, frå 15,2 mill. kr til 19,9 mill. kr.
Kap. 2412 Den norske stats husbank
Post 72 Rentestønad
Rentestønad går til å dekkje eldre særvilkårslån som har eitt prosentpoeng lågare rentesats enn gjeldande flytande rente i Husbanken. Forseinkingsrenter blir trekte frå rentestønaden. Nye prognosar tilseier ein lågare del forseinkingsrenter og at utfasinga av låneportoføljen tek meir tid ein venta. Det blir foreslått at kap. 2412, post 72 Rentestøtte blir auka med 1 mill. kr, frå 20 mill. kr til 21 mill. kr.
Kap. 2412 Den norske stats husbank
Post 90 Lån til Husbanken, overslagsløyving
Det blir forventa at om lag 1 500 mill. kr av låneramma til Husbanken på 13 000 mill. kr ikkje vil bli nytta i 2007. Hovudforklaringa er at lånevilkåra på den private kredittmarknaden er gode. Låneverksemda til Husbanken skal vere supplerande og ikkje konkurrerande. 45 prosent av ramma blir forventa utbetalt i 2007. Derfor blir det foreslått at løyvinga på kap. 2412, post 90 Lån til Husbanken blir redusert med 675 mill. kr, frå 11 088 mill. kr til 10 413 mill. kr.
Kap. 5312 Den norske stats husbank
Post 90 Avdrag
I posten inngår det rentestønad, som blir auka med 1 mill. kr. Derfor blir det foreslått at kap. 5312, post 90 Avdrag blir auka tilsvarande med 1 mill. kr, frå 9 310 mill. kr til 9 311 mill. kr, jf. omtale under kap. 2412, post 72
Kap. 5615 Renter frå Den norske stats husbank
Post 80 Renter
Renteposten blir direkte påverka av at 1 500 mill. kr av låneramma ikkje blir brukt i 2007. Det blir foreslått å redusere renteposten med 36,5 mill. kr, frå 4 073 mill. kr til 4 036,5 mill. kr.
Andre orienteringssakar
Kommunal- og regionaldepartementet har motteke ei innbetaling på ca. 2,6 mill. kr frå Innovasjon Noreg på tidlegare gitt tapsløyving til lån gitt i 1990 og tidlegare. Innbetalinga skuldast blant anna tilbakebetaling på lån som tidlegare var avskrive som tap og endringar i tapsavsetjingane. Avhengig av tapsutviklinga kan det bli fleire år med tilbakeføring av midlar. Inntektene har tidlegare blitt ført på ein eigen post under Kommunal- og regionaldepartementet. Etter avslutning av fondsordningane, som galdt for perioden 1991-2002, vil dei årlege tilbakebetalingane bli på eit lågt nivå. Det er derfor ikkje formålstenleg å ha ein eigen post til slike tilbakeføringar. Inntekta blir derfor førd på kap. 5309, post 29 Ymse inntekter under Finansdepartementet.