3 Andre saker
3.1 Krav om meir realistisk budsjettering
Riksrevisjonens rapport om «Utdrag av en undersøking av manglende utnytting av gitte bevilgninger» av april 1996 tek opp problemstillingar rundt realistisk budsjettering. I tråd med omtale i Gul Bok (1996-97) har departementet vurdert 1996-budsjettet med påsyn til å få løyvingane betre tilpassa det som ein reknar med vert utbetalt i 1996.
Løyvinga under kap 1760. post 45 Store nyskaffingar reknar ein med for 1996. får eit totalt mindrebehov på rundt 1.0 - 1.2 mrd kroner. Av desse er ca 800 mill kroner midlar som heller ikkje i 1997 er relatert til betalingsforpliktingar.
Overføringsbehovet er i hovudsak midlar bundne til større materiellkontraktar knytta med amerikanske styresmakter (Foreign Military Sales - FMS). så som levetidsforlenging av F-16. nyskaffing av luft-til-luft rakettar (AMRAAM). oppdatering av maritime overvåkingsfly (P-3C) og nytt bakke-til-bakke rakettartilleri (MLRS). Forbetra betalingsvilkår for desse såkalla FMS-kjøpa har medført at den forskotsinnbetalte delen av investeringsprosjekt til Federal Reserve Bank vart sterkt redusert. Noreg har difor vorte i stand til å bruka allereie innbetalte midlar til å dekkje løpande betalingsforpliktingar og forskotsbetaling for nye prosjekt. Desse prosjekta vil kome til full utbetaling i seinere budsjetterminar enn planlagt i den opphavlege betalingsplanen.
Regjeringa legg opp til at det i 1996 ikkje vert ført tilbake til ovannemnde sum til statskassen. Istadenfor er det vurdert ein forsering av fleire prosjekt til erstatning for dei som i samband med ny avtale mellom USA og Noreg ikkje krev den same utbetalingstakten som tidlegare rekna med. Eit eksempel på prosjekt som vil verte vurdert forsert i 1997. er nyskaffing av nye transportfly til erstatning for dei gamle C-130 Hercules. Med ei slik utskifting vil vi unngå eit kostbart program for levetidsforlenging av dei gamle flya.
Forserte prosjekta vil på vanleg måte verte framlagt for Stortinget i samanheng med ein proposisjon.
3.2 Avgifter ved kjøp av marinefartøy og beltevogner til Forsvaret
Det er bestemt at Forsvaret ikkje vil få fritak frå båtmotoravgift for Sjøforsvaret sine fartøy og dispensasjon for motoravgift ved det planlagte kjøp av omlag 1000 beltevogner til Hæren.
Dette vil. ved maksimal avgiftsbelastning. føra til meirkostnader på opp i mot 430 mill kroner i tilknytning til prosjektet 5085 nye beltevogner som omtalt i St prp nr 1 (1996-97).
Når det gjeld båtmotoravgift vil dette for Sjøforsvaret medføra ein total meirkostnad på rundt 60 mill kroner.
Forsvarsdepartementet har sett i gong ei utreiding for å stadfeste dei nøyaktige meirkostnadane dette vil få. og vil kome tilbake med ei ny vurdering av desse prosjekta.