1
Refusjon frå NORAD, jf. kap. 200, 238, 3200 og 3238
I samband med at ein legg vekt på utdanning i norsk utviklingsbistand, har departementet og NORAD starta eit samarbeid. Departementet mottar refusjon frå NORAD for utgifter knytt til dette arbeidet. Departementet foreslår at det blir løyvd 200 000 kroner på kap. 3200 post 05 (ny) og 200 000 kroner på kap. 3238 post 05 (ny), og at løyvingsforslaga på kap. 200 post 01 og kap. 238 post 01 blir auka parallelt med 200 000 kroner. Departementet foreslår at det blir gitt fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 200 post 01 og kap. 238 post 01 mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3200 post 05 og 3238 post 05, jf. forslag til vedtak II.
Kap. 210 Tilskott til trussamfunn o a og privateigde skole- og kyrkjebygg
Post 70 Tilskott til registrerte trussamfunn, omlagløyving
Post 71 Tilskott til uregistrerte trussamfunn, omlagløyving
Post 72 Tilskott til livssynssamfunn, omlagløyving
Som følgje av ein auke i talet på medlemmer i trussamfunn utanfor Den norske kyrkje og auka satsar per medlem er det behov for å auke løyvingane på desse postane. Departementet foreslår å auke løyvinga med 8,4 mill kroner på post 70, med 0,5 mill. kroner på post 71 og med 1 mill. kroner på post 72.
Post 75 Tilskott til privateigde skole- og kyrkjebygg
Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 4,6 mill. kroner, slik at det kan bli utbetalt tilskott for alle søknadene i 1999 som gjev grunnlag for tilskott. Ein unngår dermed eit etterslep til 2000.
Kap. 221 Tilskott til grunnskolen
Post 60 Tilskott til verkemiddeltiltak i Nord-Noreg, kan overførast
Det er venta eit mindreforbruk i høve til løyvinga på posten. Hovudårsaka til mindreforbruket ligg i at det ikkje er tilsett lærarar med godkjent utdanning ved verkemiddelskolar i eit omfang som lagt til grunn i budsjettet. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga for 1999 med 5 mill. kroner.
Post 63 Tilskott til skolefritidsordningar, kan overførast
Det er venta eit meirforbruk i høve til løyvinga på posten. Hovudårsaka til meirforbruket er at det er om lag 5 000 fleire barn i skolefritidsordninga i 1999 enn tidlegare føresett. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga for 1999 med 10 mill. kroner.
Post 64 Tilskott til undervisning i finsk
Talet på elevar som har nytta retten til opplæring i finsk er høgre enn føresett. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga for 1999 med 0,7 mill. kroner.
Post 65 Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i grunnskolen
Opplæring av barn i asylmottak har auka meir enn det som er lagt til grunn i budsjettet for 1999. Vidare har tilskottet til opplæring i norsk som andrespråk og morsmålsopplæring auka noko meir enn forventa. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på posten med 31,7 mill. kroner.
Post 66 Tilskott til leirskoleverksemd
Det er venta eit meirforbruk i høve til løyvinga på posten. Årsaka til meirforbruket er at fleire elevar har vore på leirskole i 1999 enn lagt til grunn i budsjettet for 1999. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga for 1999 med 2,2 mill. kroner.
Post 67 Tilskott til kommunale musikk- og kulturskolar, omlagløyving
Ein ventar eit mindreforbruk i høve til løyvinga på posten. Årsaka til dette er at færre barn deltok i musikk- og kulturskoletilbodet enn lagt til grunn i budsjettet for 1999. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga for 1999 med 2 mill. kroner.
Post 68 Det samiske utdanningsområdet, kan overførast
Då talet på elevar som har brukt retten til undervisning på samisk har auka, samstundes som fleire språkalternativ er tatt i bruk i det samiske forvaltningsområdet, er det eit meirbehov på posten. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga for 1999 med 4,5 mill. kroner.
Kap. 228 Kvalitetsutvikling i grunnskolen
Post 21 Spesielle driftsutgifter
For å styrke arbeidet med kvalitetsutvikling i grunnskolen foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 700 000 kroner.
Kap. 231 Tilskott til vidaregåande opplæring
Post 65 Tilskott til ekstra opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring
Talet på elevar og lærlingar som kjem under ordninga med ekstra språkopplæring er lågare enn det som ligg til grunn i budsjettet. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 13 mill. kroner.
Kap. 232 Statlege skoler med opplæring på vidaregåande nivå
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 60
M/S Sjøveien er no seld, jf. St.prp. nr 1 (1998-99). Som følgje av at dei tilsette har fått nytt arbeid, er personalutgiftene redusert. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 1,5 mill. kroner.
Post 21 Tryggingsopplæring for fiskarar
Det er venta eit mindreforbruk i høve til løyvinga på posten. Årsaka er at færre fiskarar har møtt til repetisjonskurs enn det som vart lagt til grunn i budsjettet. Dette har samanheng med ein generell dispensasjon frå kravet om slikt kurs. Dispensasjonen er gitt av Sjøfartsdirektoratet og gjeld ut 1999. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 2,3 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
M/S Sjøveien er no seld, jf. St.prp. nr. 1 (1998-99). Netto salsinntekt utgjer 3,4 mill kroner. Det er ønskje om å nytte midlane frå salet til naudsynte investeringar i samband med etablering av utdanningstilbod for deltidsbrannmenn og investeringsbehov ved Statens dykkerskole . Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 232 post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald med 3,4 mill kroner mot tilsvarande auke under kap. 3232 post 02 Salsinntekter.
Kap. 234 Tilskott til lærebedrifter og lærlingar
Post 70 Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar
Det er venta eit mindreforbruk i høve til løyvinga på posten. Hovudårsaka er at færre lærlingar enn venta har utløyst kvalitetssikringstilskott i 1999. Ein del av nedgangen skuldast og at tilskottet betalast ut ei tid etter at fagprøvene er avlagt. Vidare er det ein del lærlingar som stryk til fagprøva og nokon som sluttar i løpet av læretida. Departementet foreslår derfor å redusera løyvinga med 50 mill. kroner.
Post 71 Tilskott til drift av opplæringsråd
Då utbetalinga av tilskot til drift av opplæringsråd blir lågare i 1999 enn det som er lagt til grunn i budsjettet, foreslår departementet å redusere løyvinga med 0,9 mill. kroner.
Post 73 Tilskott til lærlingar
Over posten blir det gitt stønad til vaksne lærlingar som teikner lærekontrakt etter forskrift til opplæringslova § 11-12 første ledd, og som må reise bort for å ta deler av opplæringa. Då det er færre søknader om stønad enn det som ligg til grunn for løyvinga på posten, foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 6 mill. kroner.
Kap. 239 Andre føremål i vidaregåande opplæring
Post 72 Tilskott til internasjonale utdanningsprogram (LEONARDO m fl)
Tilsottet går hovudsakeleg til deltaking i utdanningsprogramma LEONARDO og CEDEFOP. Noreg betaler kontingent og administrasjonstilskott til EU for deltaking i desse programma. Som følgje av auka administrasjonstilskott samt endra valutakursar føreligg det eit meirbehov i høve til løyvinga på posten. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på denne posten med 1,7 mill. kroner.
Kap. 240 Private skolar o a
Post 70 Tilskott, omlagløyving
I Revidert nasjonalbudsjett blei det orientert om at Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har godkjent 11 nye skolar og fem utvidingar av elevtal ved eksisterande skolar, og at departementet om naudsynt ville komme tilbake med forslag om endring i løyvinga. Departementet foreslår på bakgrunn i utviklinga i talet på elevar å auke løyvinga med 17,3 mill. kroner.
Kap. 243 Kompetansesentra for spesialundervisning
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 60
Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 29 mill. kroner, jf. omtale under kap. 243 post 60.
Post 60 Tilskott til kommunar og fylkeskommunar, kan overførast
Av St.meld. nr. 23 og Innst. S. nr. 228 (1997-98) går det fram at ein vil leggje om det spesialpedagogiske støttesystemet gjennom ei overføring av ressursar frå statleg til kommunal og fylkeskommunal sektor. Overføringa vil skje m.a. gjennom ei nedbygging av statlege spesialpedagogiske kompetansesentra og ved ei overføring av midlar til kommunal og fylkeskommunal PP-teneste. Rapportane over utbetaling av tilskot til kommunane viser et meirbehov på posten. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på posten med 29 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på post 01.
Kap. 250 Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter og opplæring for vaksne innvandrarar
Post 60 Tilskott til opplæring for vaksne innvandrar
Det er venta eit meirforbruk i høve til løyvinga på posten. Dette kjem både av at deltakarane blir lengre i opplæringa på grunn av utvida timeramme og at talet på flyktningar og asylsøkjarar har auka. Departementet foreslår å auke løyvinga for 1999 med 39,9 mill. kroner.
Kap. 260 Universitetet i Oslo
Post 01 Driftsutgifter
Som følje av at det i 1998 ikkje var knytt ei meirinntektsfullmakt til kap. 3260 post 82, kunne Universitetet i Oslo i 1998 ikkje nytte 4 249 000 kroner av refusjonen som universitetet mottar for drift av Psykososialt senter for flyktninger. Departementet foreslår derfor ei løyving på 4 249 000 kroner på kap. 260 post 01 på statsbudsjettet for 1999. Vidare foreslår departementet at Universitetet i Oslo kan overskride løyvinga på posten mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3260 post 82, jf. forslag til vedtak II.
Kap. 260 Universitetet i Oslo, kap. 261 Universitetet i Bergen
Sal av aksjar i Universitetsforlaget AS
Universiteta i Oslo og Bergen har inngått avtale om sal av sine aksjar i Universitetsforlaget AS til Gyldendal Norsk Forlag ASA og H. Aschehoug & co under føresetnad om at tilbodet godkjennast av NHD etter lov om erverv av næringsverksemd av 23. desember 1994 nr. 79. Dersom salet blir gjennomført i 1999 foreslår departementet at inntektsføringa av salet skjer på kap. 3260 post 02 og kap. 3261 post 02 og at desse meirinntekta kan nyttast under kap. 260 post 21 og kap. 261 post 21, jf. forslag til vedtak II.
Kap. 262 Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet
Post 49 Kjøp av eiedom
For å kunne løyse arealproblem med eigne midlar har NTNU sett av midlar frå sal av eigedom. Som følgje av at det berre er høve til å føre over midlar til dei to påfølgjande terminar, fekk NTNU ikkje ført over 4 890 000 kroner frå 1998 til 1999. Ut frå dette foreslår departementet ei løyving på 4 890 000 kroner på kap. 262 post 49.
Feste av tomt til Studentsamskipnaden i Trondheim
Departementet foreslår at Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet fester bort ein tomt på 6 da på gnr. 48 bnr. 53 i Trondheim kommune (Dragvoll idrettsbygg) til Studentsamskipnaden i Trondheim til ein festepris på kr 1 per år i 80 år, jf. forslag til vedtak III nr. 1.
Kap. 274 Statlege høgskolar
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
For å styrke utdanninga av organistar i Nord-Noreg foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 3 mill. kroner til kjøp av eit orgel ved Høgskolen i Tromsø.
Kap. 278 Noregs landbrukshøgskole
Post 90 Kjøp av aksjar
Departementet viser til tidlegare omtale av Senter for forteknologi, jf. St.prp. nr. 1 (1998-99):
«I tråd med forutsetningene ved opprettelsen av Senter for fôrteknologi, Fôrtek AS, vil Norges landbrukshøgskole øke sitt aksjeinnskudd til 3 mill kr i form av tinginnskudd og overføring av retten til fremtidige leieinntekter fra senterets lokaler.»
Aksjeinnskotet på 3 mill. kroner består av tre komponentar:
Diverse utgifter Noregs landbrukshøgskole har betalt når det gjeld etableringa av Senter for fôrteknologi AS og eit kontantinnskot Noregs landbrukshøgskole har betalt til sentret som til saman utgjer 470 000 kroner.
Avtale om rett til bruk av infrastruktur ved høgskolen i 10 år. Innhaldet i avtalen er nærmare angitt i eit avtaledokument og verdien er rekna til å vere 370 000 kroner for periode på 10 år.
Avtale om leie av kontorlokale og fryserom i 10 år rekna frå 1. januar 1998. Verdien til avtalen er rekna til å vere 2,16 mill. kroner for perioden på 10 år.
Riksrevisjonen har gitt ei orientering om saka i Dokument nr. 1 (1999-2000). For å få aksjekjøpet regnskapsført i bevilgningsregnskapet, har departementet i brev til Riksrevisjonen sagt at ein tek sikte på å fremme eit løyvingsforlag for Stortinget hausten 1999.
Departementet foreslår no at Noregs landbrukshøgskole kjøper aksjar i Fortek AS, mot at Fortek AS betalar Noregs landbrukshøgskole for tenestene med eit tilsvarande beløp. Departementet foreslår ut frå dette at kap. 278 post 90 (ny) blir løyvd med 3 mill. kroner mot ei tilsvarande auke på kap. 3278 post 02.
Kap. 260-263 universiteta og kap. 278 Noregs landbrukshøgskole
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Departementet foreslår at universiteta og Noregs landbrukshøgskole kan nytte inntekter ved sal av eigedom til kjøp og vedlikehald av andre eigedommar til undervisnings- og forskingsformål, jf. forslag til vedtak II og III nr. 2.
Kap. 281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar
Post 01 Driftsutgifter
I samband med handsaminga av St.prp. nr. 67 (1998-99) blei det løyvd 10 mill. kroner på kap. 281 post 01 til desentraliserte utdanningar. Midlane går til høgskolane. Departementet foreslår at kap. 281 post 01 blir redusert med 10 mill. kroner mot en tilsvarande auke på kap. 274 post 01.
I budsjettet for 1999 er det løyvd 10 mill. kroner til omstillingstiltak ved universitet og høgskolar, jf. St.prp. nr. 1 (1998-99). I samband med handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett løyvde Stortinget ytterlegare 35 mill. kroner til omstilling og vitskapeleg utstyr. Midlane er plassert på kap. 281 fellesutgifter for universitet og høgskolar, post 01. Departementet foreslår at 45 mill kroner til utstyr og omstillingstiltak blir løyvd på institusjonskapitla, jf. tabell nedanfor. Kap. 281 post 01 blir redusert med tilsvarande beløp.
(i 1000 kroner)
Kap | Omstillingsmidlar Post 01 | Utstyrsmidlar Post 45 | Sum |
260 | 7 500 | 2 600 | 10 100 |
261 | 4 247 | 1 500 | 5 747 |
262 | 3 649 | 4 900 | 8 549 |
263 | 0 | 1 000 | 1 000 |
264 | 400 | 0 | 400 |
268 | 175 | 0 | 175 |
269 | 195 | 0 | 195 |
273 | 640 | 0 | 640 |
274 | 13 094 | 5 000 | 18 094 |
278 | 100 | 0 | 10 |
Sum | 30 000 | 15 000 | 45 000 |
Departementet har disponert løyvinga til utstyr til dei statlege høgskolane som har oppretta nye studietilbod innanfor kandidatutdanning og hovudfagutdanning i IKT, og til institusjonane som har fått nye knutepunktfunksjonar innenfor IKT- og ingeniørutdanningane. Fordelinga av utstyrsmidlane til universiteta er knytt til auka studenttal innanfor medisin-, IKT- og farmasiutdanningane. Omstillingsmidlane skal nyttast til tiltak knytt til justering av studieprofil, for mellom anna å leggje til rette for større arbeidsdeling og fagleg samordning mellom universiteta, styrking av fagleg leiing på instituttnivå og omlegging av studium ved å føre inn IKT-baserte undervisningsformer. Det er lagt vekt på å disponere løyvinga til tiltak som ikkje gir ein permanent auke i kostnadane ved insitusjonane.
Post 61 Tilskott til utviding av RiTØ, kan overførast
Ved handsaminga av Budsjett-innst. S nr. 12 (1998-99), jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 10 (1998-99), vedtok Stortinget ei løyving på 10 mill. kroner til delvis dekking av kostnadene ved utviding ved Regionsjukehuset i Tromsø. Vidare ga Stortinget samtykke til å gi tilsegn om ytterlegare 5 mill. kroner. For å dekke den resterande delen av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sitt tilskott ved utvidinga av undervisningsdelen ved Regionsjukehuset i Tromsø, foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 281 post 61 med 5 mill. kroner.
Post 73 Tilskott til internasjonale program
Som følgje av at kontingentutbetalinga til EU er høgre enn lagt til grunn vedtatt budsjett er det eit meirbehov på posten. Departementet foreslår å auke løyvinga med 6,2 mill. kroner.
Kap. 291 Studie i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar
Post 70 Tilskott til lengre reiser, omlagløyving
Det er venta eit meirforbruk i høve til løyvinga på posten. Årsaka er terminforskyvingar i utbetalingar samt auka reiseaktivitet. Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 6,8 mill. kroner.
Post 73 Tilskott til studentbarnehageplassar
I 1999 er det utbetalt mindre tilskott til studentbarnehageplassar enn lagt til grunn i budsjettet. Dette skuldast at ikkje alle tilsegna som er tildelt vart nytta, og at det var nedgang i talet på barn i barnehagane til Studentskipnaden. Departementet foreslår å redusere posten med 2,2 mill. kroner.
Post 75 Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast
Framdrifta i byggjeprosjekta viser at det kan bli ei lågare utbetaling i 1999 enn det som tidlegare har vore lagt til grunn. Det er derfor venta at det vil bli ei større overføring på posten til 2000-budsjettet.
Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning
Post 01 Driftsutgifter
I samband med kvalitetsrevisjon av Statens lånekasse for utdanning sine år 2000-prosjekt, foreslår departementet å auke løyvinga for 1999 med 0,5 mill. kroner.
Post 71 Andre stipend, omlagløyving
Det er venta eit meirforbruk i høve til løyvinga på posten. Årsaka er at det er fleire tildelte gebyrstipend enn venta. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på posten med 29 mill. kroner.
Post 90 Lån til Statens lånekasse for utdanning, omlagløyving
Talet på låntakarar og det gjennomsnittlege lånebeløpet har auka meir enn tidlegare venta. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på posten med 180 mill. kroner.
Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning
Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Posten gjeld refusjon av ODA-godkjente utgifter. Det budsjetterte beløpet på posten er for høgt. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 13,8 mill. kroner.
Post 72 Gebyr
Det er venta ei meirinntekt i høve til løyvinga på posten. Gebyrinntekt for varsel for andre gong og varsel om oppseiing har auka. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på posten med 14 mill. kroner.
Post 90 Avdrag
Det er venta ei meirinntekt i høve til løyvinga på posten. Årsaka er at ekstraordinære innbetalingar har blitt høgare enn tidlegare rekna med. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på posten med 694 mill. kroner.
Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning
Post 80 Renter
Som følgje av innføring av fastrente er det venta ein mindreinntekt i høve til løyvinga på posten. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 50 mill. kroner.
Parallelle endringar i inntekts- og utgiftsløyvingar
Parallelle reduksjonar
For nokre av inntektskapitla under institusjonane vil ikkje inntektene på einskilde postar bli så høge som dei vedtekne inntektsløyvingane. Ein foreslår derfor å setje ned desse løyvingane. Som inndekking for svikten i inntekter foreslår departementet å redusere utgiftsløyvingane tilsvarande. Tabellen nedanfor viser forslaga til endring i inntektsløyving.
(Beløp i kroner)
Inntektskapittel og post | Løyvingsreduksjon |
Kap. 3243 Kompetansesentra for spesialundervisning | |
Post 02 Salsinntekter o a | - 1 300 000 |
Post 60 Betaling frå kommunar og fylkeskommunar | - 200 000 |
Kap. 3262 Noregs teknisk- naturvitskapelege universitet | |
Post 02 Salsinntekter o a | - 4 500 000 |
Post 11 Kursavgift ved vaksenopplæringstiltak | - 300 000 |
Kap. 3273 Statlege kunsthøgskolar | |
Post 01 Inntekter ved oppdrag | - 430 000 |
Kap. 3274 Statlege høgskolar | |
Post 02 Salsinntekter o a | - 4 000 000 |
Sum reduksjon i inntektsløyvingar | - 10 730 000 |
Tabellen nedanfor viser forslaga til endring i utgiftsløyving.
(Beløp i kroner)
Inntektskapittel og post | Løyvingsreduksjon |
Kap. 243 Kompetansesentra for spesialundervisning | |
Post 01 Driftsutgifter | - 1 300 000 |
Kap. 262 Noregs teknisk- naturvitskapelege universitet | |
Post 01 Driftsutgifter | - 4 800 000 |
Kap. 273 Statlege kunsthøgskolar | |
Post 21 Særskilde driftsutgifter | - 407 000 |
Sum reduksjon i utgiftsløyvingar | - 6 507 000 |
Parallelle aukar
For nokre av inntektskapitla under institusjonane vil inntektene på einskilde postar bli høgre enn dei vedtekne inntektsløyvingane. Det blir derfor foreslått å auke desse løyvingane og å parallelljustere tilsvarande utgiftsløyvingar. Tabellen nedanfor viser forslaga til endring i inntektsløyving.
(Beløp i kroner)
Inntektskapittel og post | Løyvingsauke |
Kap. 3203 Statens utdanningskontor | |
Post 01 Inntekter ved oppdrag | + 800 000 |
Post 11 Kursavgifter | + 4 500 000 |
Kap. 3222 Statens grunnskolar og grunnskoleinternat | |
Post 02 Salsinntekter o a | + 1 000 000 |
Kap. 3232 Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå | |
Post 02 Salsinntekter o a | + 4 000 000 |
Kap. 3243 Kompetansesentra for spesialundervisning | |
Post 01 Inntekter ved oppdrag | + 16 000 000 |
Post 03 Diverse inntekter | + 200 000 |
Kap. 3244 Nasjonalt læremiddelsenter | |
Post 01 Inntekter ved oppdrag | + 500 000 |
Post 02 Salsinntekter o a | + 1 100 000 |
Kap. 3250 Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter og opplæring for vaksne innvandrarar | |
Post 02 Salsinntekter o a | +700 000 |
Kap. 3252 Fjernundervisning | |
Post 02 Salsinntekter o a | + 1 200 000 |
Kap. 3260 Universitetet i Oslo | |
Post 01 Inntekter ved oppdrag | + 20 000 000 |
Post 02 Salsinntekter o a | + 28 000 000 |
Post 11 Kursavgift ved vaksenopplæringstiltak | + 6 600 000 |
Kap. 3261 Universitetet i Bergen | |
Post 01 Inntekter ved oppdrag | + 36 000 000 |
Post 02 Salsinntekter o a | + 4 000 000 |
Post 11 Kursavgift ved vaksenopplæringstiltak | + 600 000 |
Post 49 Sal av eigedom | + 3 900 000 |
Kap. 3262 Noregs teknisk- naturvitskapelege universitet | |
Post 01 Inntekter ved oppdrag | + 56 000 000 |
Post 49 Sal av eigedom | + 19 000 000 |
Kap. 3263 Universitetet i Tromsø | |
Post 01 Inntekter ved oppdrag | + 2 000 000 |
Post 02 Salsinntekter o a | + 6 000 000 |
Post 82 Refusjon frå Sosial- og helsedepartementet | + 5 055 000 |
Kap. 3264 Noregs handelshøgskole | |
Post 02 Salsinntekter o a | + 1 500 000 |
Post 11 Kursavgift ved vaksenopplæringstiltak | + 13 000 000 |
Kap. 3268 Noregs idrettshøgskole | |
Post 01 Inntekter ved oppdrag | + 1 400 000 |
Post 02 Salsinntekter o a | + 1 700 000 |
Kap. 3269 Noregs musikkhøgskole | |
Post 02 Salsinntekter o a | + 500 000 |
Post 06 Inntekter ved konsertar og tenester | + 700 000 |
Kap. 3273 Statlege kunsthøgskolar | |
Post 02 Salsinntekter o a | + 2 700 000 |
Kap. 3274 Statlege høgskolar | |
Post 01 Inntekter ved oppdrag | + 11 500 000 |
Post 11 Kursavgift ved vaksenopplæringstiltak | + 31 200 000 |
Kap. 3278 Noregs landbrukshøgskole | |
Post 01 Inntekter ved oppdrag | + 4 000 000 |
Post 02 Salsinntekter o a | + 700 000 |
Post 49 Sal av eigedom | + 770 000 |
Kap. 3281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar | |
Post 01 Inntekter ved oppdrag | + 100 000 |
Post 02 Salsinntekter o a | + 2 400 000 |
Kap. 3283 Det norske meteorologiske institutt | |
Post 01 Inntekter ved oppdrag | + 8 000 000 |
Post 02 Salsinntekter o a | + 7 400 000 |
Kap. 3294 Kyrkjeleg administrasjon | |
Post 02 Salsinntekter o a | + 3 000 000 |
Kap. 3297 Nidaros domkyrkje o a | |
Post 02 Salsinntekter o a | + 1 750 000 |
Post 04 Leigeinntekter | + 300 000 |
Sum auke i inntektsløyvingar | +382 775 000 |
Departementet foreslår å auke utgiftene parallelt med inntektene over i samsvar med oppstillinga i tabellen nedanfor.
(Beløp i kroner)
Inntektskapittel og post | Løyvingsauke |
Kap. 203 Statens utdanningskontor | |
Post 01 Driftsutgifter | + 4 500 000 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter | + 800 000 |
Kap. 222 Statens grunnskolar og grunnskoleinternat | |
Post 01 Driftsutgifter | + 1 000 000 |
Kap. 232 Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå | |
Post 01 Driftsutgifter | + 4 000 000 |
Kap. 243 Kompetansesentra for spesialundervisning | |
Post 21 Særskilde driftsutgifter | + 16 000 000 |
Kap. 244 Nasjonalt læremiddelsenter | |
Post 01 Driftsutgifter | + 1 100 000 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter | + 500 000 |
Kap. 250 Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter for vaksne innvandrarar | |
Post 01 Driftsutgifter | + 700 000 |
Kap. 252 Fjernundervisning | |
Post 21 Særskilde driftsutgifter | + 1 200 000 |
Kap. 260 Universitetet i Oslo | |
Post 01 Driftsutgifter | + 34 600 000 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter | + 20 000 000 |
Kap. 261 Universitetet i Bergen | |
Post 01 Driftsutgifter | + 4 600 000 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter | + 36 000 000 |
Post 49 Kjøp av eigedom | + 3 900 000 |
Kap. 262 Noregs teknisk- naturvitskapelege universitet | |
Post 21 Særskilde driftsutgifter | + 56 000 000 |
Post 49 Kjøp av eigedom | + 19 000 000 |
Kap. 263 Universitetet i Tromsø | |
Post 01 Driftsutgifter | + 11 055 000 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter | + 2 000 000 |
Kap. 264 Noregs handelshøgskole | |
Post 01 Driftsutgifter | + 14 500 000 |
Kap. 268 Noregs idrettshøgskole | |
Post 01 Driftsutgifter | + 1 700 000 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter | + 1 400 000 |
Kap. 269 Noregs musikkhøgskole | |
Post 01 Driftsutgifter | + 1 200 000 |
Kap. 273 Statlege kunsthøgskolar | |
Post 01 Driftsutgifter | + 2 700 000 |
Kap. 274 Statlege høgskolar | |
Post 01 Driftsutgifter | + 27 200 000 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter | + 11 500 000 |
Kap. 278 Noregs landbrukshøgskole | |
Post 01 Driftsutgifter | + 700 000 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter | + 4 000 000 |
Post 49 Kjøp av eigedom | + 770 000 |
Kap. 281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar | |
Post 01 Driftsutgifter | + 2 400 000 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter | + 100 000 |
Kap. 283 Det norske meteorologiske institutt | |
Post 01 Driftsutgifter | + 7 400 000 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter | + 8 000 000 |
Kap. 294 Kyrkjeleg administrasjon | |
Post 01 Driftsutgifter | + 3 000 000 |
Kap. 297 Nidaros domkyrkje o a | |
Post 01 Driftsutgifter | + 2 050 000 |
Sum auke i utgiftsløyvingar | + 378 575 000 |