St.prp. nr. 14 (2006-2007)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2006 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag under dei enkelte kapitla

Kap. 600 Arbeids- og inkluderingsdepartementet (jf. kap. 3600)

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
01Driftsutgifter123 251188 632191 8323 200

Den nye Arbeids- og velferdsetaten er starta frå 1. juli 2006. Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at løyvingane som ikkje er nytta under kap. 630 Arbeidsmarknadsetaten og kap. 2600 Trygdeetaten per 1. juli 2006 blir ført opp under nytt kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten.

Post 01Driftsutgifter

Meirbehovet på posten skyldes i all hovudsak utgifter til Graverkommisjonen og oppfølging av denne.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap.600, post 01 Driftsutgifter med 3,2 mill. kroner. Forslaget fremmast mot inndekning på kap. 620, post 21 Spesielle driftsutgifter, jf. omtalen nedanfor.

Kap. 604 NAV- reform og pensjonsreform

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
21Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttas under post 4512 539306 500318 60012 100
45Større nyskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttas under post 2111 977390 000483 00093 000
Sum endringar105 100

Den nye Arbeids- og velferdsetaten er starta frå 1. juli 2006. Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at løyvingane som ikkje er nytta under kap. 630 Arbeidsmarknadsetaten og kap. 2600 Trygdeetaten per 1. juli 2006 blir ført opp under nytt kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttas under post 45

Løyvinga på denne posten er i år 306,5 mill. kroner av ei samla løyving til NAV-reforma på 696,5 mill. kroner. Løyvinga kan ikkje overførast. Ein gjennomgang syner at einskilde prosjekt er komne i gong noko seinare enn planlagt. Samstundes gjer forsinka fakturering at betaling først vil skje i neste budsjettermin. Dette er heilt normalt innanfor ei så omfattande reform. Reforma vil halde fram til 2010. Dette krev at løyvinga for eit budsjettår også kan nyttast i budsjettår som følgjer. Ein vil derfor gjere framlegg om å gjere løyvinga mogleg å overføra.

Løyvinga til IKT-investeringar til pensjonsreforma i 2006 på 132,1 mill. kroner er ført på kap. 2600, post 01 Driftsutgifter. Av dei 132,1 mill. kroner blir 12,1 mill. kroner foreslått ført opp under kap. 604, post 21 Spesielle driftsutgifter. Løyvinga blir sett tilsvarande ned under kap. 2600, post 01 Driftsutgifter.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til 318,6 mill. kroner på kap. 604, post 21 Spesielle driftsutgifter.

Post 45 Større nyskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 21

I St.prp. nr. 42 (2005-2006) Tilleggsløyving til NAV-reforma i 2006 blei løyvinga under kap. 604, post 45 Større nyskaffingar og vedlikehald auka med 325 mill. kroner til 390 mill. kroner. Då ein vurderte behovet for løyvinga, blei det ikkje tatt omsyn til overføring av løyving frå 2005. Ein vil derfor gjere framlegg om å setje ned løyvinga med 27 mill. kroner.

Av dei 132,1 mill. kroner som blei løyvde til IKT-investeringar til pensjonsreforma på kap. 2600, post 01 Driftsutgifter blir 120 mill. kroner foreslått ført opp under kap. 604 post, 45 Større nyskaffingar og vedlikehald. Løyvinga blir sett tilsvarande ned under kap. 2600, post 01 Driftsutgifter.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 604 post, 45 Større nyskaffingar og vedlikehald på i alt 483 mill. kroner.

Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
01Driftsutgifter3 248 9353 248 935
21Spesielle driftsutgifter9 2809 280
45Større nyskaffingar og vedlikehald, kan overførast94 25594 255
Sum endringar3 352 470

Den nye Arbeids- og velferdsetaten er starta frå 1. juli 2006. Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at løyvingane som ikkje er nytta under kap. 630 Arbeidsmarknadsetaten og kap. 2600 Trygdeetaten per 1. juli 2006 blir ført opp under nytt kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten.

Post 01 Driftsutgifter

Departementet sitt framlegg til løyving gjeld restløyvinga per 30.6.2006 under kap. 630, post 01 Driftsutgifter på 1 046,239 mill. kroner, og restløyvinga under kap. 2600, post 01 Driftsutgifter på 2 201,696 mill. kroner. Vidare er det ført opp 1 mill. kroner frå Samferdselsdepartementet sitt kap. 1301, post 71 for å styrke arbeidet med forsøk med arbeids- og utdanningsreiser for funksjonshemma. Til saman gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om å løyve 3 248,935 mill. kroner under kap. 605, post 01 Driftsutgifter.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Arbeids- og inkluderingsdepartementet sitt framlegg til løyving gjeld restløyvinga per 30.6.2006 under kap. 2600, post 21 Spesielle driftsutgifter på 9,28 mill. kroner.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 605, post 21 Spesielle driftsutgifter på i alt 9,28 mill. kroner.

Post 45 Større nyskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Arbeids- og inkluderingsdepartementet sitt framlegg til løyving gjeld restløyvinga per 30.6.2006 under kap. 630, post 45 Større nyskaffingar og vedlikehald på 4,845 mill. kroner, samt restløyvinga under kap. 2600, post 45 Større nyskaffingar og vedlikehald på 89,410 mill. kroner.

Samla gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om å løyve 94,255 mill. kroner under kap. 605, post 45 Større nyskaffingar og vedlikehald.

Kap. 620 Utredningsverksemd, forsking m.m

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
21Spesielle driftsutgifter72 11377 97974 779-3 200

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 620, post 21 Spesielle driftsutgifter med 3,2 mill. kroner, jf. omtalen under kap. 600 Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Kap. 630 Aetat

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
01Driftsutgifter2 247 5622 242 5541 196 315-1 046 239
21Spesielle driftsutgifter10 3102 0003 4441 444
45Større nyskaffingar og vedlikehald, kan overførast48 70551 50046 655-4 845
Sum endringar-1 049 640

Den nye Arbeids- og velferdsetaten er starta frå 1. juli 2006. Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at løyvingane som ikkje er nytta under kap. 630 Arbeidsmarknadsetaten og kap. 2600 Trygdeetaten per 1. juli 2006 blir ført opp under nytt kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten.

Post 01 Driftsutgifter

Under kap. 630 Aetat, post 01 Driftsutgifter er det løyvd 2 201 mill. kroner for 2006. Vidare er løyvinga auka med 41,554 mill. kroner som følgje av lønsoppgjer per 1. mai 2006. Til saman er det løyvd 2 242,554 mill. kroner, og av dette beløpet er 1 196,315 mill. kroner utgiftsført per 30. juni 2006. Restbeløpet på 1 046,239 mill. kroner foreslås ført opp under kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten for 2006.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 630, post 01 Driftsutgifter med 1 046,239 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Under kap. 630 Aetat, post 21 Spesielle driftsutgifter er det løyvd 2 mill. kroner for 2006, og det er utgiftsført kroner 3,444 mill. kroner per 30. juni 2006. Meirutgiftene foreslås dekket inn under kap. 634, post 21 Evaluering, utviklingstiltak m.v.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 630, post 01 Driftsutgifter med 1,444 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehald, kan overførast

Under kap. 630 Aetat, post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehald er det løyvd 51,5 mill. kroner for 2006, og det er utgiftsført kroner 46,655 mill. kroner per 30. juni 2006. Restbeløpet på 4,845 mill. kroner foreslås ført opp under kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten, post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehald.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 630, post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehald med 4,845 mill. kroner.

Kap. 3630 Ymse inntekter

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirinntekt (+)
    200520062006Mindreinntekt (-)
80Innfordra misbruk av dagpengar59 70635 60076 00040 400
81Innfordra feilutbetalte attføringsytingar14 09711 10022 00010 900
Sum endringar51 300

Post 80 Innfordra misbruk av dagpengar

For 2006 er det budsjettert med inntekter på 35,6 mill. kroner under kap. 3630, post 80 Innfordra misbruk av dagpengar.

På bakgrunn av innbetalingar hittil i år, gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 3630, post 80 Innfordra misbruk av dagpengar med 40,4 mill. kroner til 76 mill. kroner.

Post 81 Innfordra feilutbetalte attføringsytingar

For 2006 er det budsjettert med inntekter på 11,1 mill. kroner under kap. 3630, post 81 Innfordra feil­utbetalte attføringsytingar.

På bakgrunn av innbetalingar hittil i år, gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 3630, post 81 Innfordra feilutbetalte attføringsytingar med 10,9 mill. kroner til 22 mill. kroner.

Kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak (jf. kap. 3634)

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
21Evaluering, utviklingstiltak m.v., kan overførast27 15828 80025 100-3 700
71Spesielle arbeidsmarknadstiltak, kan overførast3 087 2633 505 0003 290 000-215 000
74Lønssubsidium ved reaktivisering, overslagsløyving11 50890 00020 000-70 000
Sum endringar- 288 700

Post 21 Evaluering, utviklingstiltak m.v., kan overførast

For 2006 er det i alt løyvd 28,8 mill. kroner til forsking og utgreiing.

Ein anslår eit mindreforbruk på om lag 3,7 mill. kroner. Årsaka til mindreforbruket er at det blir gjennomført færre prosjekt enn planlagt tidlegare i år. Det har samanheng med at nokre prosjekt er forsinka og at forskingsinstitutta ikkje har hatt tilstrekkeleg kapasitet til å ta på seg oppdrag. Reduksjonen i løyvinga skal også bidra til å redusere omfanget av overføringar mellom budsjettår.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 634, post 21 Forsking og utgreiing med 3,7 mill. kroner til 25,1 mill. kroner.

Post 70 Ordinære arbeidsmarknadstiltak

I 2006 vil gjennomføringa av ordinære arbeidsmarknadstiltak bli om lag 1 000 plassar lågare enn det planlagde nivået på gjennomsnittleg om lag 12 500 ordinære plassar. Årsaka er mellom anna at talet på ventestønadsmottakarar vart lågare enn forventa. Trass i den låge gjennomføringa, er det for heile året venta at løyvinga under kap. 634, post 70 Ordinære arbeidsmarknadstiltak vert nytta fullt ut. Bakgrunnen er mellom anna noko høgare gjennomsnittleg pris på dei ordinære arbeidsmarknadstiltaka enn kva som låg til grunn for løyvinga.

Post 71 Spesielle arbeidsmarknadstiltak, kan overførast

I 1. halvår 2006 blei det gjennomført om lag 600 fleire tiltaksplassar for yrkeshemma enn det planlagde nivået på om lag 26 300 plassar. I perioden juli-oktober var gjennomføringa lågare enn planlagd. I 2. halvår 2006 er det no venta ei gjennom­føring på om lag 26 100 plassar for yrkeshemma. Dette er om lag 1 200 færre plassar enn det planlagde nivået på om lag 27 300 plassar.

Departementet ser alvorleg på at det kan bli gjennomført om lag 1200 færre plassar enn det planlagte nivået for yrkeshemma i 2. halvår 2006. Departementet har drøfta situasjonen med Arbeids- og velferdsetaten og har i brev til etaten gitt uttrykk for at ein er lite nøgd med den manglende måloppnåinga under arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma. Trass i dette vurderer Arbeids- og velferdsdirektoratet det ikkje som realistisk å realisere det planlagde måltalet i denne perioden. I følgje Arbeids- og velferdsetaten er den viktigaste årsaka til underproduksjonen krevjande organisatoriske endringar i samband med etableringa av den nye arbeids- og velferdsforvaltninga. Departementet meiner at gjennomføring av planlagt nivå for arbeidsmarknadstiltaka er svært viktig. Departementet vil derfor i samråd med etaten sjå nærare på rammevilkåra rundt dette.

I lys av den låge gjennomføringa i byrjinga av 2. halvår 2006 blei det satt i gang et arbeid i Arbeids- og velferdsetaten for å auke talet på yrkeshemma i arbeidsmarknadstiltak i 2. halvår 2006, m.a. ved økt leiarfokus i fylka. Dette vil medverke til at ein ved utgangen av året bør komme opp på eit tiltaksnivå som vil vere eit godt utgangspunkt for å nå det planlagde måltalet for 2007 på om lag 28 000 plassar for yrkeshemma, jf. forslag i statsbudsjettet for 2007.

På bakgrunn av dette foreslår Arbeids- og inkluderingsdepartementet at løyvinga under kap. 634, post 71 Spesielle arbeidsmarknadstiltak blir redusert med 120 mill. kroner. I tillegg foreslår departementet at løyvinga blir redusert med 95 mill. kroner mellom anna som følgje av lågare bruk av tilsegnsfullmakter enn ein rekna med i samband med gjennomføring av arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma i 2005.

Samla foreslår Arbeids- og inkluderingsdepartementet at løyvinga under kap 634, post 71 Spesielle arbeidsmarknadstiltak blir redusert med 215 mill. kroner.

Post 74 Lønssubsidium ved reaktivisering, overslagsløyving

Ordninga med lønstilskott ved reaktivisering av uførepensjonistar starta opp 1. januar 2002, medan ordninga med uførepensjon som lønstilskott blei innført som eit forsøk i fem fylke frå 1. januar 2005. For 2006 er det i alt løyvd 90 mill. kroner. 

Løyvinga blir foreslått justert ned med 70 mill. kroner til 20 mill. kroner. Årsaka til reduksjonen er at aktiviteten på desse tiltaka så langt i år har vore lågare enn ein rekna med. Trass i eit omfattande informasjonsarbeid frå tidligare Aetat og trygdeetat, har det vist seg vanskeleg å rekruttere uførepensjonistar til ordningane. Manglande interesse hos uførepensjonistane og manglande økonomiske insentiv ser ut til å være dei viktigaste årsakene til at ordninga har så lågt omfang. For nokre uførepensjonistar oppnå liten økonomisk gevinst ved å jobbe, og for mange vil ordninga ha ein økonomisk risiko ved at framtidig uførepensjon kan bli redusert eller faller bort. Det er òg mange deltakarar og arbeidsgivarar som er usikre på konsekvensane av å gå inn på ordninga med uførepensjon som lønstilskott.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 634, post 74 Lønssubsidium ved reaktivisering med 70 mill. kroner til 20 mill. kroner.

Kap. 3634 Arbeidsmarknadstiltak (jf. kap. 634)

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirinntekter (+)
    200520062006Mindreinntekter(-)
02Opplæringstenester22 1411 95020 00018 050

Post 02 Opplæringstenester

For 2006 er det budsjettert med inntekter på 1,950 mill. kroner under kap. 3634, post 02 Opplæringstenester.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 3634, post 02 Opplæringstenester med 18,050 mill. kroner til 20 mill. kroner. Auken har samanheng med inntektene knytte til sal av kurs til Oppland fylkeskommune i samband med forsøket «Fritt Fram».

Kap. 635 Venteløn (jf. kap. 3635)

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgifter (+)
    200520062006Mindreutgifter(-)
01Driftsutgifter, overslagsløyving448 662428 000390 000-38 000

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

For 2006 er det i alt løyvd 420 mill. kroner til utbetaling av venteløn.

Det er forventa lågare tilstrøyming av ventelønsmottakarar frå selskap som Posten, NSB og Telenor. Ingen av desse verksemdene har lenger høve til å seie opp tilsette med overgang til venteløn. Det er venta at denne utviklinga kombinert med ei generell betring på arbeidsmarknaden vil redusere tilgangen på nye ventelønsmottakarar.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 635, post 01 Driftsutgifter med 38 mill. kroner til 382 mill. kroner.

Kap. 3635 Venteløn (jf. kap. 635)

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirinntekter (+)
    200520062006Mindreinntekter(-)
01Refusjon statleg verksemd101 948105 00095 000- 10 000

Post 01 Refusjon statleg verksemd

For 2006 er det budsjettert med refusjon frå statlege verksemder på i alt 105 mill. kroner. Som følgje av ein lågare tilstrømming av ventelønsmottakarar enn venta, er omfanget av refusjonar noko lågare enn budsjettert for 2006, jf. også omtale under kap. 635 Venteløn.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 3635, post 01 Refusjon statleg verksemd med 10 mill. kroner til 95 mill. kroner.

Kap. 642 Petroleumstilsynet (jf. kap. 3642)

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
21Spesielle driftsutgifter15 58713 40018 6005 200

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga for 2006 er 13,4 mill. kroner.

Dei seinare år har Petroleumstilsynet opplevd ein forholdsvis stor avgang av personell. Stor etterspørsel etter kvalifisert arbeidskraft i petroleumsnæringen har også ført til at rekruttering har vore vanskeleg og tar lang tid. Petroleumstilsynet har og vil derfor vere nøydt til å nytta eksterne konsulentar til oppgåver dei normalt ville utført sjølv. Petroleumstilsynet har og sett behov for å sette i gang nokon fleire prosjekt retta mot næringen enn først tenkt.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 642, post 21 Spesielle driftsutgifter med 5,2 mill. kroner, frå 13,4 til 18,6 mill. kroner.

Desse utgiftene refunderast av operatørselskapa, jf. forslag til auking under kap. 3642, post 03 Refusjon av tilsynsutgifter.

Kap. 3642 Petroleumstilsynet (jf. kap. 642)

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirinntekt (+)
    200520062006Mindreinntekt (-)
03Refusjon av tilsynsutgifter63 67955 70066 70011 000

Post 03 Refusjon av tilsynsutgifter

Løyvinga for 2006 er 55,7 mill. kroner.

Løyvinga dekker refusjon av utgifter Petroleumstilsynet har som følgje av tilsyn med næringen. Inntektene aukar på grunn av meir bruk av eksterne konsulentar i tilsyn enn planlagt, jf. omtale under kap. 642, post 21 Spesielle driftsutgifter. Det arbeidet som konsulentane skal gjere vil vere refunderbart frå næringen.

Samstundes har Petroleumstilsynet gjennomført og utfakturert fleire tilsynstimar i 2006 enn planlagt. Aukinga er ikkje basert på nye oppgåver, men meir tid på enkelte tilsyn.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 3642, post 03 Refusjon av tilsynsutgifter med 11 mill. kroner, frå 55,7 til 66,7 mill. kroner.

Kap. 643 Statens arbeidsmiljøinstitutt (jf. kap. 3643)

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
50Statstilskott84 44878 80079 400600

Post 50 Statstilskott

Løyvinga for 2006 er 78,8 mill. kroner.

Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) har ein del nye utfordringar knytte til økonomistyring og regnskapsføring etter omdanninga til nettobudsjettert forvaltningsorgan i 2005. For å sikre betre regnskapsgjennomføring er det ønskelig at STAMI blir fullservicekunde hos Statlig Senter for Økonomistyring (SSØ) så snart SSØ har kapasitet til å ta over. Det gjerast framlegg om å auke løyvinga med 0,6 mill. kroner for å medverka til dette.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 643, post 50 Statstilskott med 0,6 mill. kroner, frå 78,8 til 79,4 mill. kroner.

Kap. 646 Pionerdykkarane i Nordsjøen

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
70Tilskott til pionerdykkarane, overslags­løyving136 76712 40080 00067 600

Post 70 Tilskott til pionerdykkarane, overslagsløyving.

Løyvinga for 2006 er 12,4 mill. kroner.

Det har kome inn langt fleire søknader enn venta i 2006. Rett før søknadsfristens utløp 1. juli 2006, kom 80 nye søknader om kompensasjon og oppreising. Nemnda som behandlar søknadene, har estimert at ca. 20 av dei nye søknadene vil kome til utbetaling i 2006. Dette fører til eit samla behov for 2006 på ca. 80 mill. kroner, jf. omtale under same kapittel i St.prp. nr. 1 for 2007.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 646, post 70 Tilskott til pionerdykkarane med 67,6 mill. kroner, frå 12,4 til 80 mill. kroner.

Kap. 651 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar (jf. kap. 3651)

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
60Integreringstilskott, kan overførast2 853 4312 718 0002 830 400112 400
61Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar1 093 4571 215 0001 094 000- 121 000
Sum endringar-8 600

Post 60 Integreringstilskott, kan overførast

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til integreringstilskott med 112,4 mill. kroner, frå 2 718 mill kroner til 2 830,4 mill. kroner.

Auken er i all hovudsak knytte til ein auke i utbetaling av integreringstilskott for tidligare busettingsår (etterslep), og ein auke i utbetaling av tilskott for funksjonshemma. Før har departementet rekna med eit etterslep frå år 2005 på 10 prosent av år 1-tilskottet, mens det i realiteten no er på 30 prosent. I 2006 er det òg eit etterslep på år 2-5 utbetalingane på litt over 5 prosent, der mesteparten er på år 2- tilskott.

Det er vert og ei auke i utbetaling av tilskott til funksjonshemma. Årsaka er at kommunane nå ser ut til å bruke ordninga i større grad. Det ser òg ut til at ein større del av dei som blir busett utløyser dette tilskottet.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at løyvinga på kap. 651, post 60 Integreringstilskott blir auka med 112,4 mill. kroner.

Post 61 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Løyvinga for 2006 er på 1 215 mill. kroner. Utgiftene ser no ut til å bli om lag 1 094 mill. kroner, eller om lag 121 mill. kroner lågare enn løyvinga. Utgiftene til overgangsordninga blir 882,7 mill. kroner og utgiftene til den nye tilskottsordninga som blei innført 1. september 2006, den såkalla per capita ordninga, blir 211,6 mill. kroner.

Grunna færre deltakarar i overgangsordninga enn det som blei lagt til grunn i saldert budsjett 2006, blir utgiftene til ordninga mindre. For per capita ordninga viser nye utrekningar at 2 400 færre deltakarar vil kome inn under ordninga i 2006. Ein reknar òg med at nye deltakarar som kjem inn i ordninga frå november 2006 og ut året ikkje vil utløyse tilskott før budsjettåret 2007.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at løyvinga for 2006 på kap. 651, post 61 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar blir sett ned med 121 mill. kroner.

Post 62 Kommunale tiltak for innvandrarar, kan overførast

Departementet foreslår at posten får stikkordet «kan overførast».

Tilskot frå posten vert utbetalt av IMDi etter søknad frå kommunar om midlar til ulike integreringstiltak. Prosessen med søknad, handsaming og førebuing av prosjekta før eit stykkje ut i året, og dei får heller ikkje avslutta prosjekta i løpet av budsjettåret. Kommunane må betale tilbake pengar som ikkje er brukt i løpet av året på grunn av eitårsprinsippet. Dersom posten får stikkordet kan overførast, vil det kunne føre til betre måloppnåing for dei kommunale prosjekta.

Kap. 3651 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar (jf. kap 651)

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirinntekt (+)
    200520062006Mindreinntekt (-)
01Integreringstilskott for overførings­flyktningar40 19572 55262 752-9 800

Post 01 Integreringstilskott for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at løyvinga for 2006 på posten blir sett ned med 9,8 mill. kroner. Enkelte utgifter kan i samsvar med statistikkdirektivet frå OECD/DAC (Development Assistance Commitee) godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Grunna mindre utbetaling av integreringstilskott for år 1 i 2006 minkar dei ODA-godkjende utgiftene.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at løyvinga på kap. 3651, post 01 Integreringstilskott for overføringsflyktningar blir sett ned med 9,8 mill. kroner.

Kap. 660 Krigspensjon

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
70Tilskott, militære , overslagsløyving251 122246 000240 000-6 000
71Tilskott, sivile , overslagsløyving606 216596 000580 000-16 000
Sum endringar- 22 000

Post 70 Tilskott, militære, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 246 mill. kroner.

Talet på krigspensjonistar er som forventa, men ein reknar med at den gjennomsnittlege pensjonen for invalidar blir om lag 2 200 kroner lågare og for enkjer om lag 1 300 kroner lågare enn ein la til grunn i løyvinga.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på kap. 660, post 70 Tilskott, militære med 6 mill. kroner til 240 mill. kroner.

Post 71 Tilskott, sivile, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 596 mill. kroner.

Ein reknar med at talet på sivile krigspensjonistar går ned med om lag 6,0 pst. frå 2005 til 2006, mot 6,5 pst. som blei lagt til grunn i løyvinga. Samstundes reknar ein med at den gjennomsnittlege pensjonen for invalidar blir om lag 2 200 kroner lågare og for enkjer om lag 1 600 kroner lågare enn ein la til grunn i løyvinga.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på kap. 660, post 71 Tilskott, sivile med 16 mill. kroner til 580 mill. kroner.

Kap. 664 Pensjonstrygda for sjømenn

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
70Tilskott638 000691 000675 000-16 000

Post 70 Tilskott

Løyvinga for 2006 er 691 mill. kroner.

Tilskottet til Pensjonstrygda for sjømenn skal dekkje delar av betalingane til pensjon etter trygdelova for pensjon for sjømenn § 15 og underskot i pensjonstrygda etter at fondet til regulering er brukt opp.

Ein ventar no at utgiftene blir 675 mill. kroner i 2006. Dette er 16 mill. kroner lågare enn lagt til grunn for løyvinga. Årsaka er at utgiftene til pensjon blir noko lågare og at inntektene frå arbeidstakarar blir noko høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på kap. 664, post 70 Tilskott med 16 mill. kroner til 675 mill. kroner for 2006.

Kap. 666 Avtalefesta pensjon (AFP)

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
70Tilskott784 120819 000860 00041 000

Post 70 Tilskott

Løyvinga for 2006 er på 819 mill. kroner.

Det er venta at talet på AFP-pensjonistar blir høgare i 2006 enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Ein reknar med at det vil vere om lag 12 650 AFP-pensjonistar med tilskott frå staten ved utgangen av 2006, noko som er om lag 1000 fleire enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 666, post 70 Tilskott med 41 mill. kroner til 860 mill. kroner.

Kap. 667 Supplerande stønad til personar over 67 år

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
70Tilskott, overslagsløyving157 000215 00058 000

Post 70 Tilskott, overslagsløyving

Løyvinga under posten er på 157 mill. kroner i 2006.

Ordninga med supplerande stønad er ny frå 2006. Dei økonomiske konsekvensane av den nye stønadsordninga var vanskeleg å anslå.

Talet på stønadstakarar i 2006 ser ut til å bli 2 300 personar, som er om lag som venta. Det er venta at den gjennomsnittlege stønaden blir på om lag kroner 101 750. Dette er om lag kroner 33 500 høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 667, post 70 Tilskott med 58 mill. kroner til 215 mill. kroner.

Kap. 670 Nasjonale minoritetar (jf. kap. 3670)

Post 72 Tiltak for rom, kan overførast

Det er i 2006 løyvd 2 mill. kroner over kap. 670, post 72 Tiltak for rom. Posten er ny i 2006 og inneber utvikling av nye tiltak. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har, i samarbeid med Oslo kommune og romgruppa, kartlagt kva for tiltak som kan bidra til å nå målet med løyvinga på ein god måte. Dette arbeidet har vore tidkrevjande, og konkrete tiltak vil bli starta opp før hausten 2006.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at posten får stikkordet «kan overførast».

Kap. 683 Ressurssenter for natur- og reindriftstenester (jf. kap. 3683)

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Det er i 2006 løyvde kroner 900 000 over kap. 683, post 01 Driftsutgifter til etableringa av eit ressurssenter for natur- og reinriftstenester. Målet er å omdanne senteret til ei sjølvfinansierande selskapsform i løpet av 2007. Etableringa av senteret har synt seg å vere eit krevjande nybrotsarbeid, og oppstarten er vesentleg forseinka.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at kap. 683, post 01 Driftsutgifter får stikkordet «kan overførast».

Kap. 690 Utlendingsdirektoratet (jf. kap. 3690)

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
22Spesielle driftsutgifter, tolk og oversetting17 76424 31921 719-2 600
75Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast8 54914 0505 550-8 500
Sum endringar-11 100

Post 22 Spesielle driftsutgifter, tolk og oversetting

I rammene for 2006 er det lagt til grunn at 5 500 personar vil søke asyl og ein intervju- og eigenerklæringsandel på 70 pst. Tal hittil i 2006 viser at disse delane har gått noe ned. Dette gir nye anslag på behovet for løyvingar.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga over kap. 690, post 22 Spesielle driftsutgifter, tolk og oversetting med 2,6 mill. kroner.

Post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast

Budsjettrammen på posten er 18,4 mill. kroner. Av dette er 4,35 mill. kroner overført løyving frå 2005. Løyvinga utover overført beløp frå 2005, er rekna ut frå 1 550 reisande og ein kostnad per reise på 8 689 kroner. I tillegg kommer UDI sin avtale med Norsk Folkehjelp om mottak av overføringsflyktningar som kjem til landet på omtrent 0,6 mill. kroner. Tall for UDI sitt rekneskap i 2005 viser at ein gjennomsnittleg reise kostar omtrent 6 000 kroner. Legg ein denne prisen til grunn, er behovet på posten 9,9 mill. kroner (0,6 + 9,3).

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga over kap. 690, post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet med 8,5 mill. kroner.

Kap. 3690 Utlendingsdirektoratet (jf. kap. 690)

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirinntekt (+)
    200520062006Mindreinntekt (-)
03Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet4 26313 7699 669-4 100

Post 03 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, ODA- godkjende utgifter

Utgifter til transport av flyktningar til og frå Noreg kan i samsvar med OECD/DAC sitt statistikkdirektiv i sin heilskap godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Tall viser at 98 pst. av personane ein betalar reise for kjem frå ODA-land, jf. omtale på kap. 690, post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga over kap. 3690, post 03 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet med 4,1 mill. kroner.

Kap. 3691 Utlendingsnemnda (jf. kap. 691)

Post 01 Tilfeldige inntekter

Som følgje av at UNE sporadisk har inntekter i form av bl.a. lønnsrefusjonar når medarbeidarar har kortare oppdrag ved annen verksemd, for eksempel ved ein ambassade, og UNE fortsatt utbetalar lønn til vedkommande, gjerast det framlegg om at det blir oppretta ein inntektspost med tilhørande meirinntektsfullmakt. Denne posten og meirinntektsfullmakta er tatt inn i St.prp. nr. 1 (2006-2007).

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å opprette ein inntektspost med tilhørande meirinntektsfullmakt med nemninga Kap. 3691, post 01 Tilfeldige inntekter.

Kap. 2541 Dagpengar

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgifter (+)
    200520062006Mindreutgifter (-)
70Dagpengar , overslagsløyving9 611 3817 700 0006 300 000-1 400 000

Post 70 Dagpengar, overslagsløyving

I forbindelse med Revidert nasjonalbudsjett blei dagpengeløyvinga for 2006 redusert med 980 mill. kroner frå 8 680 til 7 700 mill. kroner. På grunn av utviklinga i arbeidsløysa dei siste månadane, utbetalingane hittil i år og utsiktene på arbeidsmarknaden framover vil utbetalingane til dagpengar bli lågare enn det som blei lagt til grunn i forbindelse med Revidert nasjonalbudsjett.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2541, post 70 Dagpengar med 1 400 mill. kroner til 6 300 mill. kroner.

Kap 2542 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v. (jf. kap. 5704)

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
70Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v. , overslagsløyving425 731440 000388 000-52 000

Post 70 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v., overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 440 mill. kroner.

Utbetalingar og tal på saker ved utgangen av august 2006 er lågare enn på same tidspunkt i 2005 og de anslag som låg til grunn for løyvinga i 2006.

Hovudårsaka til nedgangen i utbetalingane er ein generell nedgang i tal på konkurs i 2006. Tala viser ein nedgang frå 1 328 pr. september i fjor til 1 015 pr. september i år.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2542, post 70 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs med 52 mill. kroner, frå 440 til 388 mill. kroner.

Kap. 5704 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v. (jf. kap. 2542)

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirinntekt (+)
    200520062006Mindreinntekt (-)
02Dividende179 018100 000142 00042 000

Post 02 Dividende

Løyvinga for 2006 er 100 mill. kroner.

Endringa er basert på rekneskapen ved utgangen av august 2006 og anslag for heile året. Fleire store bo vil bli avslutta før årsskiftet. Dette vil påverke inntektene signifikant.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 5704, post 02 Dividende med 42 mill. kroner, frå 100 til 142 mill. kroner.

Kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
70Attføringspengar , overslagsløyving10 649 00011 268 10010 903 000- 365 100
71Attføringsstønader , overslagsløyving1 459 0001 408 0001 327 000- 81 000
Sum endringar- 446 100

Post 70 Attføringspengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 11 268 mill. kroner.

Utviklinga så langt i år viser høgare avgang frå ordninga enn venta. Det har og samla vorte færre mottakarar av attføringspengar. Den underliggjande veksten i talet på attføringspengemottakarar er redusert frå -1,2 pst. til -2,0 pst., samanlikna med gjeldande budsjett for 2006. I tillegg er den årlege veksten i ytinga pr. mottakar redusert frå 6,0 pst. til 5,6 pst.

Arbeids-og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2543, post 70 Attføringspengar med 365,1 mill. kroner til 10 903 mill. kroner.

Post 71 Attføringsstønader, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 1 408 mill. kroner.

Utgiftene så langt i år har vore lågare enn venta. Årsaka er at utgiftene til stønad til skolegang, som er den største enkeltstønaden på posten, er rekna å gå ned med 9 pst. i 2006. Men også utgiftene til andre stønader, som mellom anna stønad til barnetilsyn, er venta å bli redusert.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2543, post 71 Attføringsstønader med 81 mill. kroner til 1 327 mill. kroner

Kap. 2600 Trygdeetaten

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
01Driftsutgifter5 185 7945 060 5452 726 749-2 333 796
21Spesielle driftsutgifter15 34415 2836 003-9 280
45Større utstyrsanskaffelser og vedlikehald , kan overførast171 702150 38960 979-89 410
Sum endringar-2 432 486

Arbeids- og velferdsetaten blei oppretta 1.7.2006. Trygdeetaten blei samstundes lagt ned. Løyvinga som per 30.6.2006 ikkje er nytta under kap. 2600 blir, med unntak av løyvinga til IKT-investeringar til pensjonsreforma, foreslått ført opp under nytt kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten. Samla løyving til IKT-investeringar til pensjonsreforma i 2006, 132,1 mill. kroner, blir ført opp på kap. 604 Ny arbeids- og velferdsforvaltning.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på kap. 2600, post 01 Driftsutgifter, medrekna lønnsoppgjøret per 1.mai 2006, er i år 5 060,545 mill. kroner. Restløyvinga per 30.6.2006 er 2 333,796 mill. kroner. Av dette gjer ein framlegg om at løyvinga til IKT pensjonsprosjektet på 132,1 mill. kroner blir ført opp under kap. 604, jf. omtale under kap. 604, postane 21 og 45, medan 2 201,696 mill. kroner blir ført opp under kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på kap. 2600, post 01 tilsvarande. Merutgifter foreslås dekket inn ved reduksjon av bevilgningen under kap. 634, post 21 Evaluering, utviklingstiltak m.v.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på denne posten er i år på 15,283 mill. kroner. Restløyvinga per 30.6.2006 er 9,280 mill. kroner.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at restløyvinga blir ført opp under kap. 605, post 21 Spesielle driftsutgifter, og at løyvinga på kap. 2600, post 21 Spesielle driftsutgifter blir redusert tilsvarande.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på denne posten er i år 150,389 mill. kroner. Restløyvinga per 30.6.2006 er 89,410 mill. kroner.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at restløyvinga blir ført opp under kap. 605, post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehald, og at løyvinga på kap. 2600, post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehald blir redusert tilsvarande.

Kap. 2603 Trygderetten

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
01Driftsutgifter54 71552 25352 903650

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2006 er 52, 253 mill. kroner.

Trygderetten hadde ved starten av budsjettåret ei større bemanning enn det løyvinga isolert sett gir rom for. Trygderetten har derfor innført stopp i tilsetjinga og gjennomført ein plan for innsparing. Ved utgangen av budsjettåret 2006 har Trygderetten eit ytterlegare behov på 650 000 kroner.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2603, post 01 Driftsutgifter med 650 000 kroner til 52, 903 mill. kroner. Merutgifter foreslås dekket inn ved reduksjon av bevilgningen under kap. 634, post 21 Evaluering, utviklingstiltak m.v.

Kap. 2650 Sjukepengar

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
70Sjukepengar for arbeidstakarar , overslagsløyving21 379 34724 430 00024 130 000- 300 000
71Sjukepengar for sjølvstendige , arbeidstakarar, overslagsløyving1 494 4331 570 0001 530 000- 40 000
72Omsorgspengar, barns sjukdom , overslagsløyving288 415308 000315 0007000
75Feriepengar av sjukepengar , overslagsløyving1 258 3781 140 0001 200 00060 000
Sum endringar- 273 000

Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 24 430 mill. kroner.

I St.prp. nr. 66 (2005-2006) er det føresett ein vekst på 2,1 pst. i sysselsetjinga, 3,5 pst. vekst i grunnlaget for betaling av sjukepengar og 8 pst. fleire dagar med sjukepengar pr. sysselsett.

Arbeids- og velferdsdirektoratet sin statistikk over sjukefråveret og rekneskapen til og med september 2006, gir grunn til å tru at talet på sjukepengedagar pr. sysselsett vil auke med 6,5 pst. frå 2005 til 2006, og at grunnlaget for betaling av sjukepengar vil auke med 3,2 pst. Vidare er det venta at sysselsetjinga vil auke med 2,6 pst. i 2006. Samla sett gir det lågare sjukepengeutbetalingar i 2006 enn det ein rekna med tidlegare i år.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2650, post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar med 300 mill. kroner til 24 130 mill. kroner.

Post 71 Sjukepengar for sjølvstendige arbeidstakarar, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 1 570 mill. kroner.

Førekomsten av sjukefråvær pr. sysselsett har gått ned meir enn rekna med. Det var venta at førekomsten skulle vere uendra gjennom 2006. No er det venta at talet på sjukepengedagar pr. sysselsett i 2006 skal gå ned med 2 pst. Samstundes er det venta ein auke på 2 pst. i grunnlaget for sjukepengar. Utgiftene samla sett er vurderte å bli 40 mill. kroner lågare enn løyvinga.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2650, post 71 Sjukepengar for sjølvstendige arbeidstakarar med 40 mill. kroner til 1 530 mill. kroner.

Post 72 Omsorgs- og pleiepengar ved sjukdom hos barn m.v., overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 308 mill. kroner.

Utgiftene i 2006 blir om lag som venta. Det var venta ein auke i volumet i løyvinga på 2 pst. Årsaka til korrigeringa er at rekneskapstala for 2005 blei noko høgare enn det som tidlegare er lagt til grunn.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2650, post 72 Omsorgs- og pleiepengar ved sjukdom hos barn m.v. med 7 mill. kroner til 315 mill. kroner.

Post 75 Feriepengar av sjukepengar, overslags­løyving

Løyvinga for 2006 er 1 140 mill. kroner.

Utgiftene til og med september 2006 har gått opp meir enn det som ligg til grunn for løyvinga.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2650, post 75 Feriepengar av sjukepengar med 60 mill. kroner til 1 200 mill. kroner.

Kap. 2652 Medisinsk rehabilitering

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirinntekt (+)
    200520062006Mindreinntekt (-)
70Rehabiliteringspengar , overslagsløyving7 814 5667 568 6007 765 000196 400

Post 70 Rehabiliteringspengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 7 568,6 mill. kroner.

Utgiftene så langt i år har auka meir enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Talet på mottakarar i 2006 er venta å bli høgare enn tidlegare på grunn av ein auke i tilsiget av mottakarar frå sjukepengar.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2652, post 70 Rehabiliteringspengar med 196,4 mill. kroner til 7 765 mill. kroner.

Kap. 2655 Uføre

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirinntekt (+)
    200520062006Mindreinntekt (-)
70Grunnpensjon , overslagsløyving16 586 00016 953 00017 050 00097 000
71Tilleggspensjon , overslagsløyving24 668 00025 640 00025 500 000- 140 000
72Særtillegg , overslagsløyving1 391 0001 403 0001 380 000- 23 000
73Førebels uførepensjon , overslagsløyving199 000230 000160 000- 70 000
74Tidsavgrensa uførestønad , overslagsløyving2 277 0004 218 1004 190 000- 28 100
76Yrkesskade, gml. lovgiving , overslagsløyving75 00082 00075 000-7 000
Sum endringar- 171 100

Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 16 953 mill. kroner.

Utgiftene i 2006 har auka meir enn venta, mellom anna fordi ytinga i gjennomsnitt har vorte noko høgare enn det som tidlegare er lagt til grunn. Løyvinga er også justert som følje av at utgiftene på kap. 634 post 74 Lønnssubsidie ved reaktivisering har vore mindre enn venta.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2655, post 70 Grunnpensjon med 97 mill. kroner til 17 050 mill. kroner.

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 25 640 mill. kroner.

Utgiftene i 2006 har auka mindre enn venta, mellom anna fordi ytinga i gjennomsnitt har vorte noko lågare enn det som tidlegare er lagt til grunn.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2655, post 71 Tilleggspensjon med 140 mill. kroner til 25 500 mill. kroner.

Post 72 Særtillegg, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 1 403 mill. kroner.

Noko lågare gjennomsnittleg yting enn venta er årsaka til reduksjonen i utgiftene til særtillegg.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2655, post 72 Særtillegg med 23 mill. kroner til 1 380 mill. kroner.

Post 73 Førebels uførepensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 230 mill. kroner.

Då tidsavgrensa uførestønad blei innført, var det venta at utgiftene til førebels uførepensjon skulle bli lågare. Denne effekten kom først i 2005, og har til ei viss grad haldt fram i 2006. Utgiftene vil derfor bli lågare.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2655, post 73 Førebels uførepensjon med 70 mill. kroner til 160 mill. kroner.

Post 74 Tidsavgrensa uførestønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 4 218,1 mill. kroner.

Tilgangen av nye uføre med tidsavgrensa uførestønad er venta å bli noko lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2655, post 74 Tidsavgrensa uførestønad med 28,1 mill. kroner til 4 190 mill. kroner.

Post 76 Yrkesskade gml. lovgiving, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er på 82 mill. kroner i 2006.

Utgiftene ser ut til å bli noko lågare enn rekna med då løyvinga blei sett fast.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2655, post 76 Yrkesskade gml. lovgiving med 7 mill. kroner til 75 mill. kroner.

Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel mv.

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirinntekt (+)
    200520062006Mindreinntekt (-)
70Grunnstønad , overslagsløyving1 471 7861 510 0001 500 000- 10 000
73Hjelpemiddel m.v. til arbeid og utdanning142 411173 400105 000- 68 400
74Tilskott til bil727 649785 000665 000- 120 000
75Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel2 492 3872 508 5002 435 000- 73 500
76Betring av funksjonsevna, andre formål76 08491 50085 000- 6 500
77Ortopediske hjelpemiddel665 379755 000690 000- 65 000
78Høyreapparat411 196465 000410 000- 55 000
Sum endringar- 398 400

Post 70 Grunnstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 1 510 mill. kroner.

Det er venta at utgiftene blir 10 mill. kroner lågare enn løyvinga.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2661, post 70 Grunnstønad med 10 mill. kroner til 1 500 mill. kroner.

Post 73 Hjelpemiddel m.v. til arbeid og utdanning

Løyvinga for 2006 er 173,4 mill. kroner.

Utgiftene så langt i år har auka mindre enn det som tidlegare er lagt til grunn. Dette gjeld særleg utgifter til hjelpemiddel mv., som er redusert med over 30 pst. hittil i år. Reduksjonen har samanheng med effektane av ulike tiltak og korrigering av stønadspraksis.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2661, post 73 Hjelpemiddel m.v. til arbeid og utdanning med 68,4 mill. kroner til 105 mill. kroner.

Post 74 Tilskott til bil

Løyvinga for 2006 er 785 mill. kroner.

Det er venta lågare utgifter i år samanlikna med løyvinga. Det har samanheng med nedgang i innkjøp av nye bilar. Volumforutsetninga er snudd frå ein vekst på 6 pst. til ein reduksjon på 9 pst.

Med verknad frå 1. april 2003 blei reglane for stønad til bil endra. No blir det gjeve eit økonomisk behovsprøvd tilskott til ordinær personbil (gruppe 1 bil), mens ein tidlegare fekk tildelt eigen bil gjennom hjelpemiddelsentralen. I tillegg er det innført strengare kriterium for tildeling av kassebilar (gruppe 2 bil).

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2661, post 74 Tilskott til bil med 120 mill. kroner til 665 mill. kroner.

Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel

Løyvinga for 2006 er 2 508,5 mill. kroner.

Det er venta lågare utgifter i år samanlikna med løyvinga. Det har samanheng med færre brukarar så langt i år enn på same tid i fjor.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2661, post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel med 73,5 mill. kroner til 2 435 mill. kroner.

Post 76 Betring av funksjonsevna, andre formål

Løyvinga for 2006 er 91,5 mill. kroner.

Utgiftene på denne posten har auka i år, men ikkje like sterkt som tidlegare lagt til grunn. Utgiftene samla sett er venta å bli 6,5 mill. kroner lågare enn løyvinga.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2661, post 76 Betring av funksjonsevna, andre formål med 6,5 mill. kroner til 85 mill. kroner.

Post 77 Ortopediske hjelpemiddel

Løyvinga for 2006 er 755 mill. kroner.

Dei ulike produktgruppene som det blir ytt støtte til har vist ujamn auke. Utgiftene samla sett er venta å bli 65 mill. kroner lågare enn løyvinga.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2661, post 77 Ortopediske hjelpemiddel med 65 mill. kroner til 690 mill. kroner.

Post 78 Høyreapparat

Løyvinga for 2006 er 465 mill. kroner.

Med bakgrunn i utgiftene dei 9 første månadene, er det i 2006 venta ein reduksjon i utgiftene til kjøp og reparasjon av høreapparat. Volumveksten som tidlegare har vore lagt til grunn er 7 pst. Det blir no venta ein reduksjon i utgiftene på 2 pst. Samstundes vil effekten av prisauke trekkje i motsett retning. Utgiftene samla sett er venta å bli 55 mill. kroner lågare enn løyvinga.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2661, post 78 Høyreapparat med 55 mill. kroner til 410 mill. kroner.

Kap. 2670 Alderdom

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
70Grunnpensjon , overslagsløyving33 910 83735 351 00035 440 00089 000
71Tilleggspensjon , overslagsløyving46 967 29650 077.00050 270 000193 000
72Ventetillegg , overslagsløyving103 88384 00086 0002 000
73Særtillegg , overslagsløyving4 990 4904870 0004 860 000-10 000
Sum endringar274 000

Hovudårsaka til endringane på kapitlet er at dei siste tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at talet på alderspensjonistar har auka raskare enn venta. Dette heng mellom anna saman med at dødelegheta blant eldre har gått raskare ned enn venta.

Talet på alderspensjonistar som ligg til grunn for løyvinga må derfor aukast. Dette vil føre med seg ei auke i utgiftene på kapitlet.

Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 35 351 mill. kroner.

Ein reknar no med at talet på alderspensjonistar i snitt blir om lag 1 700 høgare enn forventa.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2670, post 70 Grunnpensjon for 2006 med 89 mill. kroner til 35 440 mill. kroner.

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 50 077 mill. kroner.

Det er venta at talet på alderspensjonistar i snitt med tilleggspensjon i 2006 blir om lag 2 600 høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2670, post 71 Tilleggspensjon for 2006 med 193 mill. kroner til 50 270 mill. kroner.

Post 72 Ventetillegg, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 84 mill. kroner.

Det er venta at både det gjennomsnittlege ventetillegget og talet på pensjonistar med ventetillegg vil bli litt høgare enn forventa for 2006.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2670, post 72 Ventetillegg for 2006 med 2 mill. kroner til 86 mill. kroner.

Post 73 Særtillegg, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 4 870 mill. kroner.

Talet på pensjonistar med særtillegg vil bli noko lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Det ventes at talet i snitt på pensjonistar med særtillegg blir om lag 1 100 færre enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2670, post 73 Særtillegg for 2006 med 10 mill. kroner til 4 860 mill. kroner.

Kap. 2680 Etterlatne

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
70Grunnpensjon , overslagsløyving1 226 7321 234 0001 205 000- 29 000
71Tilleggspensjon , overslagsløyving1 036 0931 056 0001 090 00034 000
72Særtillegg , overslagsløyving62 87264 00062 000-2 000
Sum endringar3 000

Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 1 234 mill. kroner.

Det er venta at den gjennomsnittlege grunnpensjonen blir lågare enn ein la til grunn for løyvinga.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2680, post 70 Grunnpensjon for 2006 med 29 mill. kroner til 1 205 mill. kroner.

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 1 056 mill. kroner.

Det er venta at den gjennomsnittlege tilleggspensjonen blir høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2680, post 71 Tilleggspensjon for 2006 med 34 mill. kroner til 1 090 mill. kroner.

Post 72 Særtillegg, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er 64 mill. kroner.

Det er venta at det gjennomsnittlege særlege tillegget blir lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2680, post 72 Særtillegg for 2006 med 2 mill. kroner til 62 mill. kroner.

Kap. 2683 Stønad til einsleg mor eller far

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
70Overgangsstønad , overslagsløyving2 329 0812 371 0002 325 000- 46 000
72Stønad til barnetilsyn , overslagsløyving583 441595 000510 000- 85 000
73Utdanningsstønad80 63180 50080 000- 500
76Forskottering av underhaldsbidrag1 143 2861 161 0001 140 000- 21 000
Sum endringar152 500

Post 70 Overgangsstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er på 2 371 mill. kroner.

Nye tal for 2006 viser færre brukarar enn det som tidlegare er lagt til grunn for løyvinga. Samstundes er stønaden i gjennomsnitt noko lågare enn venta. Samla sett gir dette grunnlag for å redusere løyvinga.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2683, post 70 Overgangsstønad med 46 mill. kroner til 2 325 mill. kroner.

Post 72 Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er på 595 mill. kroner.

Nye tal for 2006 viser at det er færre mottakarar enn det som tidlegare er lagt til grunn for løyvinga. Samstundes viser det seg at stønaden i gjennomsnitt vil bli noko lågare enn venta.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2683, post 72 Stønad til barnetilsyn med 85 mill. kroner til 510 mill. kroner.

Post 73 Utdanningsstønad

Løyvinga for 2006 er på 80,5 mill. kroner.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2683, post 73 Utdanningsstønad med 0,5 mill. kroner til 80 mill. kroner.

Post 76 Forskottering av underhaldsbidrag

Løyvinga for 2006 er på 1 161 mill. kroner.

Utgiftene til forskot på tilskott til fostring i 2006 blir nå rekna til 1 140 mill. kroner, 30 mill. kroner lågare enn løyvinga for året. Årsaka til nedjusteringa er at talet på barn med forskot er redusert frå om lag 99 400 til om lag 99 000.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2683, post 76 Forskottering av underhaldsbidrag for 2006 med 21 mill. kroner, til 1 140 mill. kroner.

Kap. 2686 Gravferdsstønad

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
70Gravferdsstønad , overslagsløyving109 486113.500110.000- 3 500

Post 70 Gravferdsstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2006 er på 113,5 mill. kroner.

Ny statistikk viser at talet på mottakarar av behovsprøvd stønad blir noko lågare enn lagt til grunn for løyvinga. Utviklinga så langt i 2006 viser og at gjennomsnittleg stønad har auka noko.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2686, post 70 Gravferdsstønad med 3,5 mill. kroner til 110 mill. kroner.

Kap. 2690 Ymse utgifter

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirutgift (+)
    200520062006Mindreutgift (-)
70Sjukestønadsutgifter i utlandet174 398119 000135 00016 000
77Pasientar frå land med innbyrdes avtale82 54482 00080 000-2 000
Sum endringar14 000

Post 70 Sjukestønadsutgifter i utlandet

Løyvinga for 2006 er 119 mill. kroner.

Utgiftene på denne posten varierer til vanleg mykje frå månad til månad og posten er derfor vanskeleg å anslå. Prognosane er i stor grad basert på tal frå rekneskapen så langt i 2006.

Ein gjennomgang av rutinane ved NAV-utland (dåverande FFU) for handsaming av krav om avrekning mellom landa førte til at utgiftene i 2005 blei uvanleg høge. Det er venta et lågare nivå på utgiftene i 2006.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auka løyvinga under kap. 2690, post 70 Sjukestønadsutgifter i utlandet med 16 mill. kroner til 135 mill. kroner for 2006.

Post 77 Pasientar frå avtaleland

Løyvinga for 2006 er 82 mill. kroner.

Utgiftene på denne posten varierer til vanleg mykje frå månad til månad, og posten er derfor vanskeleg å anslå. På grunn av utviklinga til og med august blir utgiftene sett til 80 mill. kroner i 2006.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2690, post 77 Pasientar frå avtaleland med 2 mill. kroner til 80 mill. kroner for 2006.

Kap. 5701 Ymse inntekter

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirinntekt (+)
    200520062006Mindreinntekt (-)
03Hjelpemiddelsentralar mv51 99656 00048 000- 8 000
07Administrasjonsvederlag frå regionale helseforetak85 60991 10081 500-9 600
71Refusjon ved yrkesskade913 300977 000875 000- 102 000
74Refusjon medisinsk behandling1389001500600
75Refusjon overskytande bidrag18 90012 0003 700- 8 300
80Renter7 85530 00010 000- 20 000
Sum endringar-147 300

Post 03 Hjelpemiddelsentralar m.v.

Løyvinga for 2006 er på 56 mill. kroner.

Dei hovudsaklege inntektene er sal av bilar som det har vore gitt stønad til, og som er bytte inn og av sal av hjelpemiddel. Inntektene så langt i år tyder på at dei samla sett i 2006 blir lågare enn venta.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5701, post 03 Hjelpemiddelsentralar m.v. med 8 mill. kroner til 48 mill. kroner.

Post 07 Administrasjonsvederlag frå regionale helseforetak

Løyvinga for 2006 er på 91,1 mill. kroner.

Inntektene etter gjeldande avtale er nå anslått til 81,5 mill. kroner.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5701, post 07 Administrasjonsvederlag frå regionale helseforetak med 9,6 mill. kroner til 81,5 mill. kroner.

Post 71 Refusjon ved yrkesskade

Løyvinga for 2006 er på 977 mill. kroner.

På grunn av innbetalinga av refusjon av oppgjer frå forsikringsnæringa til og med skadeårgang 2005, som er innbetalt til folketrygda, blir anslaget for 2006 sett 102 mill. kroner lågare enn budsjettert.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5701, post 71 Refusjon ved yrkesskade med 102 mill. kroner til 875 mill. kroner.

Post 74 Refusjon medisinsk behandling

Løyvinga for 2006 er på 0,9 mill. kroner.

På grunn av utviklinga til og med august blir inntektene sett omlag 0,6 mill. kroner høgare enn løyvinga for året.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 5701, post 74 Refusjon medisinsk behandling med 0,6 mill. kroner, til 1,5 mill. kroner.

Post 75 Refusjon overskytande bidrag

Løyvinga for 2006 er på 12 mill. kroner.

Regelen om refusjon til folketrygda for utbetalt overgangsstønad blei ved innføring av nye reglar for bidrag oppheva frå 1. oktober 2003. Innbetalingar på posten er derfor knytte til saker der det er restgjeld.

Per mars 2006 var det innbetalt 3,7 mill. kroner på posten. Etter innføring av ny teknisk løysing på bidragsområdet frå april 2004 blir det ikkje ført inntekter på posten.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5701, post 75 Refusjon overskytande bidrag med 8,3 mill. kroner til 3,7 mill. kroner.

Post 80 Renter

Løyvinga for 2006 er på 30 mill. kroner.

Posten dekkjer for det meste renteinntekter av innskot i bank. Inntektene har endra seg frå år til år. Dei er derfor ikkje enkle å gjere gode anslag for. På grunn av utviklinga til og med august 2006 er inntektene sett til 10 mill. kroner for 2006, som er 20 mill. kroner mindre enn løyvinga for 2006.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5701, post 80 Renter med 20 mill. kroner til 10 mill. kroner.

Kap. 5705 Refusjon av dagpengar

          (1000 kr)
PostNamnRekneskapLøyvingForslagMeirinntekter (+)
    200520062006Mindreinntekter(-)
01Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs46 38350 00031 000-19 000
03Refusjon av dagpengar frå EØS-land2 1822 5004 8002 300
Sum endringar-16 700

Post 01 Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs

For 2006 er inntektene under post 01 Refusjon av dagpengar, tidlegare berekna til 50 mill. kroner.

På bakgrunn av gjennomsnittlege innbetalingar hittil i år, gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5705, post 01 Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs med 19 mill. kroner til 31 mill. kroner.

Post 03 Refusjon av dagpengar frå EØS-land

For 2006 er inntektene under post 03 Refusjon av dagpengar frå EØS-land tidlegare berekna til 2,5 mill. kroner. Høg etterspørsel etter arbeidskraft har auka tilgangen på arbeidskraft frå andre EØS-land.

På bakgrunn av gjennomsnittleg innbetalingar hittil i år, gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg å auke løyvinga under kap. 5705, post 03 Refusjon av dagpengar frå EØS-land med 2,3 mill. kroner til 4,8 mill. kroner.

Til forsida