5 Kostnadsutviklinga på Åsgardfeltet
I St. prp. nr. 50 for 1995-96 Olje- og gassvirksomhet, utbygging og drift av Åsgardfeltet samt disponering av innretningene på Odinfeltet, er investeringsoverslaget for feltutbygginga på Åsgard ca. 26,7 mrd. 1995-kroner. Overslaget vart kalkulert slik at det skulle vere like stor utsikt for ein auke som ein reduksjon.
Statoil er operatør for utbygginga og investeringsoverslaget er nå 30,8 mrd. kroner. Operatøren oppgir at 1,3 mrd. kroner av kostnadsauken skuldast ny informasjon om reservoar og andre omstende som krev endringar i utbyggingsløysinga. Underestimering av kostnadene forklarar 2,6 mrd. kroner, medan 0,2 mrd. kroner er overført frå drift.
Utbyggingsløysinga er nå endra på nokre område samanlikna med den løysinga som låg til grunn for kostnadsbiletet i St.prp. nr. 50 for 1995-96. Dette gjeld m.a. auka gassinjeksjonskapasitet som det vart stilt krav om i St.prp. nr. 50. Tiltak for å auke gassinjeksjonskapasiteten kostar om lag 250 mill. kroner, men medverkar til å auke oljeutvinninga slik at Åsgard får høgare verdi. Også andre endringar i utbyggingsløysning betrar økonomien i prosjektet ved at dei gir auka eller tidlegare inntekter. Operatøren reknar derfor med at økonomien i Åsgard er om lag like god nå som vurdert i St.prp. nr 50 for 1995-96 om ein legg til grunn dei same prisane.
Nærings- og energidepartementet følgjer utviklinga i kostnadsestimatet for Åsgard nøye og har hatt fleire møter med operatøren om kostnadsutviklinga. Departementet har og gitt Oljedirektoratet i oppdrag å følgje Åsgard-utbygginga nøye i tida framover. Operatøren vil styrkje organisasjonen for å kunne gjennomføre prosjektet på ein tilfredsstillande måte.