St.prp. nr. 15 (1998-99)

Om endringar i løyvingar m v i forsvarsbudsjettet for 1998

Til innhaldsliste

1 Formål og hovudoversikt

1.1 Formål

Forsvarsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 1998. Formålet er å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar og dei endringane i budsjettføresetnader som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 1998 vart utarbeidd.

Saker Stortinget bør informerast særskilt om vert omtala under del I Formål og hovudoversikt og bak under del III Særskilde saker. Endringane på kapittel/post kjem fram under vedtaksdelen i denne proposisjonen.

1.2 Forhold som endrar ramma for 1998-budsjettet

1.2.1 Nedtrekk grunna meirforbruk i 1997

Avslutninga av rekneskapet for 1997 synte eit meirforbruk under einskilde kapittel på totalt 14,398 mill kroner. Desse midla vil verte dekte ved at ramma for 1998 vert foreslått redusert tilsvarande, fordelt på kapitla 1731 og 1761 som stod for overskridingane.

1.2.2 Netto meirinntekter i 1998

I forhold til inntekter løyvde i Blå bok 1998 vert det ei netto meirinntekt på 397,464 mill kroner. Desse inntektene vert foreslått tillagt ramma for 1998 under tilvising til vedtakspost II i St prp nr 1 (1997-98) som gir Forsvaret ei generell meirinntektsfullmakt for alle inntekter under Forsvarsdepartementet unnateke militære bøter.

1.2.3 Mindreinntekter som medfører rammenedtrekk i 1998

Kap 4719, postane 70 Renter låneordning og 90 Lån til bustadformål, er til saman redusert med 1,652 mill kroner grunna lavt rentenivå og lavere innløysing av lån enn forventa. Mindreinntekta fører til tilsvarande reduksjon på utgiftskapitlet 1760, post 47.

1.2.4 Tilleggsløyving i 1998

Kjøp av nye SISU-ambulansekjøretøy

Dei norske styrkane tilknytte SFOR nyttar dei finske pansra personellkjøretøya SISU til ma ambulanseoppdrag. Disse er i dag «leasa», men er nå slitne ut og må skiftast. Ein «leasingavtale» er lite kosteffektiv og departementet foreslår difor at Forsvaret vert tilleggsløyvd 75 mill kroner til kjøp av nye vogner. Det vert i den samanheng synt til St prp nr 14 (1996-97, Innst S nr 71 (1996-97) der det var fleirtal for at 300 mill kroner omdisponerte frå materiellinvesteringar til finansiering av IFOR, skulle løyvast på nytt ved behov. I samanheng med omgruppering for 1997 fekk Forsvaret ca 80 mill kroner av desse midla.

Finansiering av Kosovo-styrka

I samsvar med regjeringas avgjerd av 8 oktober d å og konsultasjonar med Stortinget same dag, skulle vår deltaking i førebuingane til NATO sine flyoperasjonar i samanheng med krisa i Kosovo tilleggsløyvast.

Det er nå teke avgjerd om ei redeployering av ein del av styrkane avgitt til denne operasjonen, deriblant dei norske. Redeployeringa betyr at det norske bidraget vert trekt attende til Noreg, men at ACTORD vert oppretthalde og at dei norske flya med tilhøyrande mannskap vert haldne på ein 96-timars beredskap, m a o at dei framleis er ein del av operasjonen. Dette vil innebere relativt høge utgifter pr dag.

Det er ikke klart kor lengje det vil verte naudsynt å oppretthalde beredskapen på ovannemnde nivå, og det herskar difor ein viss usikkert m h t dei totale utgiftene knytta til operasjonen. Departementet går difor inn for at kostnadene for å vidareføra vårt engasjement på nåverande nivå ut året vert løyvd i si heilskap, med atterhald om at eit eventuelt restbeløp i tilfelle ein tidlegare terminering, vert ført attende til statskassa ved avslutninga av rekneskapet for budsjettåret 1998.

Departementet forslår på denne bakgrunn at det vert løyvd 52 mill kroner på kap 1792 til finansiering av Kosovo-styrka. Midla fordeler seg med 31,5 mill kroner for utgifter ved utplassering av styrker i Italia, mens 20,5 mill kroner gjeld meirutgifter ved at det må oppretthaldast ein beredskap i Noreg.

1.2.5 Midlar ført attende til statskassen

I samband med revidert nasjonalbudsjett i 1998, vart kapitel 1792 Norske styrker i utlandet løyvd 671 mill kroner for siste halvår. Av desse vart 100 mill kroner omdisponerte frå kap 1760, post 45 Større utstyrskaffingar og vedlikehald. Etter dei siste prognosane viser det seg at det vil verte eit mindrebehov på kapitlet på 95 mill kroner.

Norsk deltaking i UNPREDEP vart vidareført etter 1 juli og vil verte auka i styrketal. Dette betyr ei meirutgift fra november 1998 på rundt 20 mill kroner som vert foreslått dekt av nemnde mindrebehov.

Differansen mellom mindrebehov på SFOR og meirutgifter på UNPREDEP, 75 mill kroner, vert foreslått ført attende til statskassa.

1.3 Det økonomiske grunnlaget for omgrupperingsproposisjonen

1.3.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperingane er vedteke budsjett (Blå bok) for 1998 og seinare løyvingsendringar som Stortinget har vedteke, fullmakter gitt av Stortinget til Finansdepartementet som ikkje kjem fram som løyvingsendring under dei einskilde departementa og midlar ført over frå 1997. Det er og teke omsyn til Forsvarets del av lønskompensasjon for 1998, 344,605 mill kroner.

I 1998 er det for Forsvarsbudsjettet sett i verk faktiske løyvingsendringar ved følgjande:

  • St prp nr 65 (1997-98), jfr Innst S nr 252 (1997-98), «Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på Statsbudsjettet 1998» medførte å auke utgiftsramma med 571 mill kroner og inntektsramma med 28 mill kroner.

  • St prp nr 79 (1997-98), jfr Innst S nr 249 (1997-98), «Om endringer i regulativ for tillegg mv til utskrevne vernepliktige mannskaper» medførte ein rammeauke på 41,039 mill kroner.

Vidare er følgjande endringar pålagt frå Finansdepartementet ved fullmakter frå Stortinget:

  • Tildelte midlar (0,2 mill kroner) over kap 1630, post 01 Tiltak for å styrke den statlige økonomiforvaltningen.

  • St prp nr 75 (1997-98), jfr Innst S nr 240 (1997-98), «Lønnsregulering for offentlige tjenestemenn m fl» medførte ein rammeauke for forsvarsbudsjettet på 344,605 mill kroner.

Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida før omgruppering 1998 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Blå bok 199823 852 294
Innst S nr 252 (1997-98)571 000
Innst S nr 249 (1997-98)41 039
=Faktisk løyving før omgruppering24 464 333
Midlar ført over frå 1997624 958
Midlar tildelt frå kap 1630200
Innst S nr 240 (1997-98)344 605
Disponible midlar i 1998 før omgruppering25 434 096

Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida før omgruppering 1998 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

S III 1997855 714
Innst S nr 252 (1997-98)28 000
=Løyving før omgruppering883 714

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Nedtrekk grunna meirforbruk i 1997- 14 398
Midlar ført attende til statskassen-75 000
Reduksjon utgifter grunna mindreinntekter-1 652
Netto meirinntekter i 1998397 464
Tilleggsløyvingar i 1998127 000
=Sum behov ved omgrupperinga433 414
+ Løyving før omgruppering24 464 333
=Total løyving etter omgrupperinga24 897 747

Tabell 1.4 Løyvingsbehov på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):

Løyving før omgruppering883 714
Meirinntekter397 464
=Sum behov ved omgrupperinga1 281 178

Departementet foreslår på denne bakgrunn, under forslag til vedtak, at løyvingane vert endra med ei auke på 433,414 mill kroner på utgiftsramma og ei auke på 397,464 mill kroner på inntektsramma.

1.3.2 Utgifter

Tabell 1.5 

(i 1 000 kroner)
PostFormålMindreutg -Meirutg +
01Driftsutgifter268 670
21Spesielle driftsutgifter22 610
43Til disposisjon for Forsvarsdepartementet-20 000
44Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeider, nasjonalfinansiert del-43 419
45Store nyskaffingar-17 009
47Nye bygg og anlegg447 792
48Fellesfinansierte bygg og anleggsarbeid-87 545
50Overføringar til statsinstitusjonar-35 000
60Tilskot til kommunar3 400
70Rentestønad-2 851
72Avgongsstimulerande tiltak-13 740
72Tilskot til private1 086
73Forsking og utvikling-80
75Noregs tilskot til NATOs driftsbudsjett500
75Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid,
Noregs tilskot til infrastrukturprogrammet i NATO-90 000
90Lån til private-1 000
Sum433 414

1.3.3 Inntekter

Tabell 1.6 

(i 1 000 kroner)
PostFormålMindreinnt -/Meirinnt +
01Driftsinntekter23 077
11Salsinntekter77 653
15Refusjon arbeidsmarknadstiltak4 178
17Refusjon lærlingar18 750
45Store nyskaffingar183 300
47Sal av eigedom50 793
49Sal av bustader41 365
70Renteinntekter-620
90Lån til bustadformål-1 032
Sum397 464

Tala i tabellane ovanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av netto meirinntekter.

Til forsida