1 Samandrag
I denne proposisjonen blir det foreslått enkelte endringar i løyvingane under Utanriksdepartementet sitt budsjett for 2005.
Innanfor programområde 02 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om endringar under kap. 101/3101 Utanriksstasjonane og kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar. Det blir også gjort framlegg om ei omdisponeringsfullmakt for driftsutgiftene under kap. 100 og kap. 101.
På budsjettet for ODA-godkjend utviklingshjelp under programområde 03 blir det gjort framlegg om omfordeling av 264,675 mill. kroner. I tillegg blir det gjort framlegg om endringar under kap. 197 Utviklingshjelp til ikkje-ODA-godkjende land og internasjonale miljøtiltak.
Kap. 101 Utanrikstenesta
Post 01 Driftsutgifter (jf. kap. 3101)
På bakgrunn av ein auke i meirinntektene under kap. 3101 Utanriksstasjonane, post 01 Gebyr, blir det gjort framlegg om ein auke på 10,1 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Ein gjennomgang av øyremerka midlar til oppfølgingsarbeid etter flodbølgekatastrofa i Sør-Asia viser eit mindreforbruk på 4 mill. kroner.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 4 mill. kroner.
Kap. 3101 Utanrikstenesten
Post 01 Gebyr
Det blir gjort framlegg om ein auke på 12,78 mill. kroner grunna kravet om realistisk budsjettering.
Kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar
Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar
Ein samla gjennomgang av pliktige tilskot til internasjonale organisasjonar, viser eit mindreforbruk på om lag 25 mill. kroner. Mindreforbruket skuldast mellom anna lågare pliktige bidrag til EFTA, EFTA-organa og til Organisasjon for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) enn det som var rekna med tidlegare.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 25 mill. kroner.
Post 72 Finansieringsordninga i det utvida EØS, kan overførast
Det har tatt lengre tid å få inn søknader om prosjektstøtte under dei to finansieringsordningane i det utvida EØS enn det Utanriksdepartementet har gått ut i frå. Utbetaling i 2005 vil derfor bli lågare enn det som var rekna med tidlegare.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 54 mill. kroner
Post 73 Norsk finansieringsordning i det utvida EØS, kan overførast
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 45 mill. kroner, jf. omtale under kap. 116, post 72.
Kap. 143 Utanriksstasjonane
Post 01 Driftsutgifter
Det har teke lengre tid enn venta å auke bemanninga på utanriksstasjonane.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 25 mill. kroner.
Kap. 160 Sivilt samfunn og demokratiutvikling
Post 01 Driftsutgifter
Informasjonssenteret om norsk utviklingssamarbeid på Vestbanen har teke lengre tid å etablere enn opprinneleg planlagt.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 2 mill. kroner.
Post 71 Tilskot til frivillege organisasjonar si opplysningsverksemd, kan overførast
FN-sambandet informerer om medlemslanda i FN og status for måloppnåing av tusenårsmåla. Det er behov for å styrke arbeidet til FN-sambandet, mellom anna for svaksynte.
Det blir gjort framlegg om ein auke på 1,5 mill. kroner.
Kap. 161 Næringsutvikling
Post 72 Finansieringsordning for utviklingstiltak, kan overførast
Enkelte tiltak har teke lengre tid å setje i verk enn venta.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 10 mill. kroner
Post 73 Institusjonsutvikling i utviklingsland, kan overførast
Enkelte tiltak har teke lengre tid å setje i verk enn venta.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 10 mill. kroner
Kap. 162 Overgangsbistand (gap)
Post 70 Overgangsbistand (gap), kan overførast
Etter den israelske tilbaketrekkinga fra Gaza, er det behov for å auke bistanden til det palestinske folket. Behovet blir forsterka av at det er val til parlamentet tidleg i 2006. Noreg leiar gjevarlandsforumet (AHLC) og gjevarmøtet i desember 2005.
Det blir gjort framlegg om ein auke på 70 mill. kroner.
Kap. 163 Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar
Post 70 Naturkatastrofer, kan overførast
Det er behov for å auke støtten til akutte naudhjelpstiltak og førebyggande humanitære tiltak, hovudsakleg gjennom FN, og til fleire gløymde katastrofer i mellom anna Afrika.
Det blir gjort framlegg om ein auke på 39,475 mill. kroner. 20 mill. kroner av denne auken blir satt av til arbeidet etter jordskjelvet i Sør-Asia. Sjå og St. prp. nr. 9 (2005-2006) Om bistand i forbindelse med jordskjelvet i Sør-Asia .
Post 71 Humanitær hjelp og menneskerettar, kan overførast
Det er store udekte humanitære behov hjå dei som er ramma av jordskjelv i Pakistan, blant mineofre og i såkalla gløymde kriser, ikkje minst i Afrika. Det er behov for førebyggande humanitære tiltak mot fugleinfluensa i fattige land. Det er og ønskjeleg å støtte arbeidet ved straffedomstolen i Sierra Leone.
Det blir gjort framlegg om ein auke på 60,7 mill. kroner. 20 mill. kroner av denne auken blir satt av til arbeidet etter jordskjelvet i Sør-Asia. Sjå og St. prp. nr. 9 (2005-2006) Om bistand i forbindelse med jordskjelvet i Sør-Asia .
Kap. 164 Fred, forsoning og demokrati
Post 70 Fred, forsoning og demokratitiltak, kan overførast
Det er behov for auka støtte til freds- og forsoningsprosessar, mellom anna til å støtte eit demokratisk val på Haiti og demobilisering i Colombia.
Det blir gjort framlegg om ein auke på 19 mill. kroner.
Post 72 Utvikling og nedrustning, kan overførast
Det er ønskjeleg å kanalisere ytterlegare midlar til arbeidet for nedrusting og for å hindre spreiing av handvåpen.
Det blir gjort framlegg om ein auke på 3 mill. kroner.
Kap. 165 Forsking, kompetanseheving og evaluering
Post 70 Forsking og høgare utdanning, kan overførast
Færre tiltak enn venta har ført til lågare aktivitet.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 6 mill. kroner.
Kap. 166 Tilskot til ymse tiltak
Post 70 Ymse tilskot, kan overførast
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 40,5 mill. kroner.
Kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA)
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Nokre utgifter knytta til flyktningar sine opphald i Noreg det første året er godkjend som offisiell utviklingshjelp og kan bli dekka under kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, post 21 Spesielle driftsutgifter. Dette gjeld mellom anna opphaldsutgifter for flyktningar som bur i mottak mindre enn eitt år, utgifter til opplæring av barn i mottak og andre opplæringsformål.
Overslaget for utgifter til flyktningar i Noreg som er godkjend som offisiell utviklingshjelp må justerast ned med 153,975 mill. kroner. Dette skuldast mellom anna at talet på flyktningar som bur på mottak mindre enn eitt år er lågare enn det som blei lagt til grunn i samband med RNB 2005.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 153,975 mill. kroner.
Kap. 170 FN-organisasjonar mv.
Post 76 Tilleggsmidlar via FN-systemet mv., kan overførast
Det er ønskjeleg å kanalisere ytterlegare midlar til miljø og bærekraftig utvikling gjennom FN-systemet. Delar av denne satsinga bidreg og til å nå målsetjinga som blei annonsert under FN-toppmøtet om berekraftig utvikling i Johannesburg i 2002 om å bidra med 375 mill. kroner i tilleggsmidlar i perioden 2003-2005 til dei såkalla WEHAB-områda (vatn, energi, helse, landbruk og biologisk mangfald).
Det blir gjort framlegg om ein auke på 71 mill. kroner.
Post 78 Bidrag andre FN-organisasjonar mv.
Utgifter til refusjonar i samband med andre departement si deltaking i diverse FN-organisasjonar er lågare enn venta.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 2,6 mill. kroner.
Kap. 171 Multilaterale finansinstitusjonar
Post 70 Verdsbanken, kan overførast
Hovudsakleg som ei følgje av valutakursendringar blir behovet noko mindre.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 2 mill. kroner.
Post 71 Regionale bankar og fond, kan overførast
Det er løyvd 695,9 mill. kroner til ei rad organisasjonar på posten. Hovudsakleg som ei følgje av valutakursendringar blir behovet noko mindre.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 12,6 mill. kroner.
Kap. 197 Bistand til ikkje-ODA-godkjende land og internasjonale miljøtiltak
Post 76 Tilskot til internasjonale klima- og miljøtiltak
Tilskot til Verdsbanken sitt karbonfond blir dekka under kap. 197, post 76.
Endeleg innbetaling blei 4,5 mill. kroner. Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 3 mill. kroner.
Omdisponeringsfullmakt for kap. 100 Utanriksdepartementet og kap. 101 Utanriksstasjonane, post 01 Driftsutgifter
I St.prp. nr. 1 (2005-2006) er det gjort framlegg om å slå saman driftspostane under kap. 100 og kap. 101. Moderne kommunikasjonsteknologi har gjort det mogeleg å knyte departementet og utanriksstasjonane nærare saman i det daglege arbeidet. Det er derfor også ønskjeleg med større fleksibilitet med omsyn til om driftsmidla skal nyttast ved utanriksstasjonane eller i departementet.
Flodbølgekatastrofa i Asia og arbeidet med krise og beredskap i utanrikstenesta viser at det er trong for slik fleksibilitet allereie i 2005. Det blir gjort framlegg om å opprette ei omdisponeringsfullmakt knytta til kap. 100 og 101, post 01, jf. framlegg til romertalsvedtak.