St.prp. nr. 16 (1996-97)

Om endringar på statsbudsjettet for 1996 under kapittel administrerte av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

Til innhaldsliste

0

Kap 0221 Tilskott til grunnskulen utanfor rammetilskottet

Post 60 Tilskott til verkemiddeltiltak i Nord-Noreg, kan overførast

Medrekna overføringa av 21,1 mill kroner i 1996 frå 1995 er det totalt 57,5 mill kroner til disposisjon på denne posten. Rapportar frå dei tre nordlegaste utdanningskontora viser at forbruket for 1996 vil bli på om lag 35 mill kroner. Dette vil gi eit mindreforbruk på posten på i overkant av 20 mill kroner. Departementet foreslår etter dette å redusere løyvinga med 20 mill kroner.

Kap 0228 Kvalitetsutvikling i grunnskulen

Post 61 Tilskott til investeringar i skulebygg for 6-åringar, kan overførast

På denne posten er det løyvt 200 mill kroner for 1996. Prognosen for forbruk i 1996 viser at det til saman kan bli eit meirbehov på 25 mill kroner mot tilsvarande mindrebehov i 1997. For å unngå at byggjeprosjekt kan bli seinka fordi kommunar ikkje får investeringstilskott, foreslår departementet å auke løyvinga med 25 mill kroner i 1996. Regjeringa vil i salderingsproposisjonen foreslå ein tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap 0229 post 61 på statsbudsjettet for 1997.

Kap 0232 Statlege skular med undervisning på vidaregåande nivå

Post 21 Tryggleiksopplæring for fiskarar

Yrkesfiskarar er gjennom forskrift pålagde å skaffe seg tryggleiksopplæring for å kunne utøve yrket sitt. Tryggleiksopplæringa for fiskarar blir administrert av Troms fylkeskommune ved Tromsø maritime skule. Etter forskrifta gjekk fristen for å ta grunnleggjande tryggleikskurs for yrkesfiskarar ut 31. desember 1995. I åra før 1995 var det ein relativt stor del av dei fiskarane som melde seg på grunnleggjande tryggleikskurs, som ikkje møtte opp. Hausten 1995 vart det derfor stor pågang av fiskarar som måtte ha grunnleggjande kurs før fristen gjekk ut. Troms fylkeskommune tok inn om lag 1 000 fleire deltakarar på kurs enn det talet som låg til grunn for løyvinga i statsbudsjettet for 1995. Fylkeskommunen betalte meirutgifta på 6,7 mill kroner som følgje av dette. Sidan staten gjennom forskrift har pålagt fiskarane slik opplæring innan ein viss frist, og staten har ansvar for utgifter til opplæringa, foreslår departementet at Troms fylkeskommune får kompensasjon for meirutgiftene til ekstra kurs i 1995. Dei ekstra kursa i 1995 har ført til at færre fiskarar har behov for dispensasjon frå forskrifta. Departementet foreslår etter dette at løyvinga under post 21 blir auka med 3,8 mill kroner i 1996.

I samband med Revidert nasjonalbudsjett for 1996 løyvde Stortinget 4 mill kroner til repetisjonskurs i tryggleiksopplæring for fiskarar. Det er få som har meldt seg til slikt kurs i haust. Behovet for midlar til repetisjonskurs og utarbeiding av fagplan er 1,35 mill kroner. Departementet foreslår at resten av meirutgiftene for Troms fylkeskommune, 2,9 mill kroner, blir dekt ved omdisponering av tilleggsløyvinga og andre mindreutgifter. Det blir òg vist til omtale av tryggleiksopplæringa i St prp nr 1 (1996-97) for Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

Kap 0234 Tilskott til lærebedrifter og lærlingar

Post 70 Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar

Løyvinga dekkjer staten sine utgifter til utbetaling av tilskott til lærebedrifter for dei lærlingane som staten har ansvar for, dvs lærlingar som ikkje kjem inn under fylkeskommunane si plikt til å gi vidaregåande opplæring, jf omfangsforskrifta. Departementet rekna med at utbetalingane av tilskott for lærlingar staten har ansvar for, ville gå ned fordi det første kullet med Reform 94-lærlingar teikna kontrakt hausten 1996. Det har vist seg at utbetalingane vart større enn forventa, slik at talet på lærekontraktar som utløyser enkelt tilskott har auka. Samstundes har utbetalingane av etableringstilskott til opplæringskontor og -ringar auka. Departementet har tidlegare i haust ved kongeleg resolusjon fått samtykke til å overskride løyvinga med opp til 36 mill kroner. Saka blir no lagd fram for Stortinget med forslag om å auke løyvinga på kap 0234 post 70 med 36 mill kroner som kjem i staden for samtykket.

Kap 0239 Andre formål i vidaregåande opplæring

Post 21 Særskilde driftsutgifter

På grunn av mellom anna færre avlagte eksamenar i vidaregåande opplæring enn forventa, vil det bli eit mindreforbruk på denne posten. Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap 0239 post 21 med 3,5 mill kroner.

Kap 0250 Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter og norskopplæring for framandspråklege vaksne

Post 60 Opplæring i norsk med samfunnskunnskap for flyktningar og innvandrarar

Oppgåvene frå utdanningskontora viser at det er behov for ein auke i løyvinga under posten. Dette heng mellom anna saman med auka familiesameining og utgifter til gjennomføring av obligatorisk språkprøve, som vart innført frå og med 1996. Departementet foreslår å auke løyvinga under kap 0250 post 60 med 14,2 mill kroner.

Kap 0274 Statlege høgskular

Post 01 Lønn og godtgjersle

Høgskulen i Ålesund har hatt utgifter til administrasjon i samband med utdanningsprogrammet Sokrates. Departementet foreslår å auke løyvinga under kap 0274 post 01 med kr 615 000.

Kap 3274 Statlege høgskular

Post 02 Salsinntekter o a

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap 3274 post 02 med 1,568 mill kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap 3274 post 03, jf omtale under kap 3274 post 03.

Post 03 Diverse inntekter

Rekneskapen viser ein sterk nedgang i inntektene under post 03. Dette heng mellom anna saman med at husleigeinntekter som vart førte under posten no blir førte under post 02. Departementet foreslår å redusere inntektene under kap 3274 post 03 med 1,568 mill kroner, jf omtale under kap 3274 post 02.

Parallelle endringar i inntekts- og utgiftsløyvingar

For nokre av inntektskapitla vil ikkje inntektene på einskilde postar bli så høge ved institusjonane som dei vedtekne inntektsløyvingane. Det blir derfor foreslått å setje ned desse løyvingane. Som inndekking for svikten i inntekter foreslår departementet å redusere utgiftsløyvingane tilsvarande. Tabellen nedanfor viser forslaga til reduksjon i inntektsløyving.

(Beløp i kroner)
Inntektskapittel og postLøyvingsreduksjon
Kap 3222 Statens grunnskular og grunnskuleinternat
Post 03 Diverse inntekter2 462 000
Kap 3232 Statlege skular med undervisning på vidaregåande nivå
Post 02 Salsinntekter o a3 570 000
Post 61 Overføring frå fylkeskommunar323 000
Kap 3235 Statlege vidaregåande skular i landbruksfag og naturbruk
Post 03 Diverse inntekter425 000
Kap 3243 Kompetansesentra for spesialundervisning
Post 02 Salsinntekter o a800 000
Post 60 Betaling frå kommunar og fylkeskommunar3 500 000
Kap 3250 Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter og norskopplæring for framandspråklege vaksne
Post 01 Inntekter ved oppdrag4 000 000

Inntektssvikten under kap 3222 post 03 heng saman med at inntekter frå Lakselv kurssenter og inntekter av refusjon til staten frå kommunane, Karasjok, Kautokeino, Sør-Varanger og Gamvik, for leige og drift av skulelokale, fall bort frå 1.1.96 fordi Lakselv kurssenter er nedlagt og skulebygningane er førte over til dei aktuelle kommunane.

Under kap 3232 post 02 er det permanent svikt i etterspurnaden etter kurs ved den sjølvfinansierande marknadsavdelinga ved Noregs brannskule og lågare etterspurnad etter kurs ved Statens dykkarskule. Refusjonen på kap 3232 post 61 gjaldt betaling for spesialundervisning til elevar ved dei statlege samiske vidaregåande skulane i Finnmark. Ordninga med refusjon for tenesta gjeld ikkje lenger.

Osen Skogskule vart nedlagt pr 31. juli 1996, og Statens skogskule Sønsterud er frå 1. august 1996 ført over til Hedmark fylkeskommune. For desse skulane er det derfor eit inntektsbortfall under kap 3235 post 03. I tillegg viser rekneskapsrapport for 3. kvartal at inntektene ved Vea blomster- og dekoratørskule er budsjettert noko for høgt.

Post 02 under kap 3243 gjeld inntekter av sal frå gardsbruk og gartneri, sal av læremiddel og elevprodukt og sal frå kantine. Sal av gardsprodukt har tidlegare utgjort ein stor del av inntektene på post 02. Rekneskapsrapportar viser at denne typen inntekter frå kompetansesentra er fallande, fordi gardsbruka skal avviklast. Post 60 under dette kapitlet gjeld inntekter frå betaling frå kommunar og fylkeskommunar for kjøp av barnehagetenester. Etter omlegginga av dei tidlegare spesialskulane til kompetansesentra, der store delar av skuletilbodet ved sentra er falle bort, har grunnlaget for inntektene under post 60 gradvis blitt redusert.

Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter rapporterer om at inntektene frå oppdragsverksemda under kap 3250 post 01 blir monaleg lågare enn budsjettert på grunn av redusert etterspurnad etter dei kursa institusjonen tilbyr. Nødvendige tiltak for å halde utgiftene på eit nivå som svarar til inntektene, er sett i verk. I St prp nr 1 (1996-97) er det lagt til grunn at oppdragsverksemda stabiliserer seg på eit lågare nivå enn tidlegare år.

Departementet foreslår at inntektssvikten blir dekt inn i samsvar med oppstillinga i tabellen nedanfor.

(Beløp i kroner)
Utgiftskapittel og postLøyvingsreduksjon
Kap 0222 Statens grunnskular og grunnskuleinternat
Post 11 Varer og tenester2 262 000
Kap 0232 Statlege skular med undervisning på vidaregåande nivå
Post 11 Varer og tenester3 070 000
Post 45 Store nyinnkjøp, kan overførast400 000
Post 75 Til disposisjon for departementet623 000
Kap 0235 Statlege vidaregåande skular i landbruksfag og naturbruk
Post 45 Store nyinnkjøp, kan overførast*)113 000
Post 46 Ekstraordinært vedlikehald o a, kan overførast225 000
Kap 0243 Kompetansesentra for spesialundervisning
Post 11 Varer og tenester4 300 000
Kap 0250 Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter og norskopplæring for framandspråklege vaksne
Post 21 Særskilde driftsutgifter4 000 000

*) I tillegg vil overført beløp frå 1995 på kr 87 000 ikkje bli brukt.

Til forsida