2 Forslag om endringar
Kap. 61 Høgsterett
Løn til dommarane i Høgsterett blir fastsett av Stortinget. Justisdepartementet har til no ikkje fått kompensert for meirutgiftene som lønsauken til dommarane i Høgsterett medfører, og belastninga som ei følgje av auka løn til denne dommarkategorien har tidlegare blitt dekka innanfor ramma til domstolane samla sett. For 2001 blir det foreslått at Justisdepartementet får kompensert for dei meirutgifter som følgjer av lønsauken til dommarane i Høgsterett.
På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 61, post 01 med 292 000 kr i 2001.
Kap. 410 Herads- og byrettane
Post 01 Driftsutgifter
Husleigeutgifter for Rogaland og Trondheim statsadvokatembeter har tidlegare blitt dekka over kap. 410 i samband med at embeta har hatt lokaler i dei respektive tinghusa i Stavanger og Trondheim. Frå 1999 har desse statsadvokatembeta betalt eiga husleige basert på eigne avtaler. I samband med dette blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 410, post 01 med 1,15 mill. kr mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 445, post 01.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter som etter rettsgebyrlova er inkludert i rettsgebyret.
På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling ut året blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 410, post 21 med 5,2 mill. kr.
Kap. 3410 Rettsgebyr
Post 01 Rettsgebyr
Posten dekkjer inntekter i samband med sivile saker, tinglysing, skjønn, tvangsforretningar, skifte, konkurs m.m.
På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 3410, post 01 med 110 mill. kr.
Post 04 Gebyrinntektene til lensmennene
Posten dekkjer gebyra som lensmennene, i eigenskap av namsmenn, krev inn i samband med tvangsforretningar.
På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 3410, post 04 med 20 mill. kr.
Kap. 414 Domsutgifter
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer i hovedsak godtgjersle og tapt arbeidsforteneste til mellom anna meddommarar, lagrettemedlemmer, vitner og rettsvitner og reiseutgifter til desse.
På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 414, post 01 med 5 mill. kr.
Kap. 430/3430 Kriminalomsorg
Post 21 Spesielle driftsutgifter og post 02 Inntekter frå arbeidsdrifta
Kap. 3430, post 02 dekkjer inntekter frå arbeidsdrifta i fengselsstellet. Grunna rekneskapstal pr. 30.09.2001 og pårekna utvikling ut året ser det ut til å bli meirinntekter på kapitlet. Auka inntekter er eit resultat av auka innsats/aktivitet samanlikna med budsjettgrunnlaget i år.
Grunna usikre overslag knytta til salsinntekter på kap. 3430, post 02 Inntekter frå arbeidsdrifta, blir det foreslått at Justisdepartementet i 2001 får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 21 Spesielle driftsutgifter mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3430, post 02 Inntekter frå arbeidsdrifta.
Kap. 432 Kriminalomsorgas utdanningssenter
Post 01 Driftsutgifter
Som ein delvis inndekning for meirutgiftene under kap. 455, post 21 og kap. 460, post 01 blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 432, post 01 med 0,3 mill. kr.
Kap. 440 Politi- og lensmannsetaten
Post 01 Driftsutgifter
Nye stillingar i revidert nasjonalbudsjett
Då Stortinget behandla revidert nasjonalbudsjett for 2001 blei Politi- og lensmannsetaten tildelt 17,5 mill. kr under kap. 440, post 01 til å opprette stillingar for nyutdanna politihøgskulestudentar. Til saman blei det oppretta 90 stillingar. Av desse har Oslo politidistrikt fått 30. I denne samanheng blir det fremja forslag om å overføre 5,8 mill. kr frå kap. 440, post 01 til kap. 441, post 01.
Avvikling av landsdelsordninga
Landsdelsordninga i politi- og lensmannsetaten blei avvikla 1. august 2001. Avviklinga skal blant anna bidra til å finansiere etableringa av Politidirektoratet. Stillingar og ressursar er overførte frå Landsdelsstaben for Østlandet til Politidirektoratet eller særorgana. Stillingane blei tidlegare budsjetterte under kap. 441 Oslo politidistrikt. Det blir lagt fram forslag om å overføre 3,333 mill. kr frå kap. 441, post 01 til kap. 440, post 01.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Ein viser til omtale under kap. 441, post 21. Det blir foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 21 med 944 000 kr mot at løyvinga under kap. 441, post 21 blir redusert tilsvarande.
Post 22 Søk etter omkomne på havet, kan overførast
Det er eit lågt forbruk på kap. 440, post 22 Søk etter omkomne på havet, i innsjøar og vassdrag. Rekneskapen for 2000 viste store innsparingar og departementet forventar også ei betydeleg innsparing i år. På dette grunnlaget foreslår departementet å redusere kap. 440, post 22 med 15,0 mill. kr.
Kap. 3440 Politi- og lensmannsetaten
Post 01 Gebyr
Passgebyr
Talet på utstedte pass til vaksne har gått betydeleg ned i 2001 samanlikna med tidlegare år. Ein auke i talet på pass til barn kan ikkje kompensere for inntektssvikten som følgje av nedgangen. På denne bakgrunn blir det foreslått at inntektsoverslaget på kap. 3440, post 01 blir redusert med 13 mill. kr.
Kap. 441 Oslo politidistrikt
Post 01 Driftsutgifter
Kronprins Håkon Magnus sitt bryllaup
I samband med kronprins Håkon Magnus sitt bryllaup gjekk det med ekstraordinære utgifter til overtid utover ordinær teneste ved Oslo politidistrikt, samt til innkjøp og leige av materiell. For at dette ikkje skal belaste den ordinære tenesta ved politidistriktet blir det foreslått å auke kap. 441, post 01 med 9,0 mill. kr for å dekke meirutgiftene.
Nobel fredspris-jubileum
I samband med Nobels fredspris sitt 100-års jubileum vil fleire tidlegare fredsprisvinnarar delta på arrangementet. Sett i lys av terrorhandlingane i USA 11.09.2001 er tryggingsopplegget rundt jubileet svært omfattande. Utgiftene er av ein slik storleik at det vil gå vesentleg utover ordinær teneste om politidistriktet skal dekke meirutgiftene innafor eigne budsjettrammer. Det blir lagt fram forslag om å auke løyvingane under kap. 440, post 01 med 8 mill. kr.
Nye stillingar i revidert nasjonalbudsjett
Det blir lagt fram forslag om å overføre 5,8 mill. kr frå kap. 440, post 01 til kap. 441, post 01, jf. omtale under kap. 440.
Avvikling av landsdelsordninga
Departementet legg fram forslag om at 3,333 mill. kr blir omdisponerte frå kap. 441, post 01 til kap. 440, post 01, jf. omtale under kap. 440.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
I St.prp. nr. 84 (2000-2001) blei det lagt fram forslag om å avvikle post 21 under kap. 441 og overføre løyvinga til kap. 440, post 21. 16,606 mill. kr blei overført. I samband med momsreforma løyvde Stortinget ein kompensasjon for meirutgifter under kap. 441, post 21 på 944 000 kr. Departementet legg fram forslag om å overføre beløpet til kap. 440, post 21.
Kap. 445 Den høgare påtalemakta
Post 01 Driftsutgifter
Husleigeutgifter og andre driftsutgifter i samband med lokale ved Trondheim statsadvokatembeter og Rogaland statsadvokatembeter har tidlegare vore utgiftsførte over kap. 410. Dette skuldast at embeta har hatt lokale i tinghusa. Trondheim statsadvokatembeter har no flytta ut av tinghuset og statsadvokatane i Rogaland har inngått eigen leigeavtale i Stavanger tinghus. Det blir fremja forslag om at husleigeløyvingane og andre bygningsrelaterte utgifter, tilsaman 1,15 mill. kr, blir overførte frå kap. 410, til kap. 445, post 01.
Kap. 451 Sivilt beredskap
Post 45 Store nyinnkjøp, kan overførast
Som ein delvis inndekning av meirbehovet under kap. 455, post 21 og kap. 460, post 01 på tilsammen 6,3 mill. kr, blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 451, post 45 med 4 mill. kr.
Kap.455 Redningstenesta
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten omfatter utgifter til å engasjera private selskap, til dømes helikopterselskap og frivillige redningsorganisasjonar i det einskilde redningstilfelle, refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, forbruk og erstatning av tapt materiell med vidare. Posten er vanskeleg å fastsetje, fordi utgiftene varierar med tal på og omfang av redningsaksjonar.
På grunnlag av rekneskapstall og forventa utvikling ut året blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 455, post 21 med 3,6 mill. kr for 2001. Om lag 2 mill. kr av meirutgiftene er knytta til utgifter i samband med ulykka på Lillestrøm stasjon i april 2000.
Kap. 460 Dei særskilde etterforskingsorgana
Post 01 Driftsutgifter
Dei særskilde etterforskingsorgana (SEFO) har som oppgåve å leie etterforskinga av embets- og tenestemenn i politiet og påtalemakta som er melde for straffbare forhold. Dei skal vidare leie etterforskinga når påtalemakta finn at det er mistanke om straffbare handlingar av tilsette i politiet og påtalemakta i teneste, og når ein mistenkt sjølv ber om etterforsking. Utgiftene til SEFO er vanskelege å rekne ut, og kan variere sterkt frå år til år og kvartal til kvartal.
Det er venta ei meirutgift på 2,7 mill. kr i 2001. Rekneskapstala under posten for 1999 var på 6 623 000 kr og for 2000 på 7 846 000 kr. I 2001 er det venta eit forbruk på 9,39 mill. kr.
På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 460, post 01 med 2,7 mill. kr.
Kap. 466 Advokatutgifter m.m.
Post 01 Driftsutgifter
Utgiftene på posten er regelbundne og blir påverka av saksmengda, sakene sitt omfang og regelverket og handhevinga av dette. Utgiftene er derfor vansklege å rekne ut. Utgiftene dekkjer i hovudsak salærutgifter og reiseutgifter til advokatar og sakkunnige i straffesaker.
Løyvinga for 2001 er rekna ut frå rekneskapstal for 1999 og dei pårekna meirutgiftene som følgje av auken i den offentlege advokatsalærsatsen og innføringa av meirverdiavgifta i 2001. Det har vore ein sterk auke i forbruket på posten i perioden 1998-2001. Det er venta ei meirutgift på 148 mill. kr under posten i 2001. Dei høge utgiftene ser særleg ut til å kome av at det sidan 1998 har vore ein auke i saksavviklinga og at stadig fleire av sakene er store og ressurskrevjande.
Rekneskapstala for 1998 var på 238 968 000 kr, for 1999 på 258 297 000 kr og for 2000 på 319 119 000 kr. I 2001 er dei venta å bli på om lag 450 mill. kr. Justisdepartementet har satt i gang eit arbeid for å sjå nærare på årsaka til det høge forbruket.
Det blir derfor på bakgrunn av rekneskapstal foreslått å auke løyvinga under kap. 466, post 01 med 148 mill. kr.
Kap. 467 Norsk Lovtidend
Post 01 Driftsutgifter
Utgiftene til Norsk Lovtidend er knytte til regelproduksjonen. Utgiftene er avhengig av storleiken på regelproduksjonen. I 2001 blir det foreslått å auke løyvinga med 1,7 mill. kr. Meirutgiftene er grunna i eit etterskot av utgifter til trykking og utsendingar frå 2000.
Kap. 470 Fri rettshjelp
Post 70 Fri sakførsel
Løyvinga under posten dekkjer utgifter til advokatar i saker der det er innvilga fri sakførsel. Utgiftene på posten er regelbundne og påverka av i kor stor grad publikum tek ordninga i bruk, og av saksmengda og sakene sitt omgang. Utgiftene er derfor vanskelege å rekne ut.
Det er venta ei monaleg meirutgift på posten i 2001. Dette kjem for ein stor del av ein auke i talet på ikkje-behovsprøva saker for fylkesnemdene sidan 2000, og at fleire av desse sakene og andre saker er blitt meir omfattande og kostnadskrevjande slik at timeforbruket aukar.
Rekneskapstala under posten for 1998 var på 128 108 000 kr, for 1999 på 142 360 000 kr og for 2000 på 184 105 000 kr. I 2001 er rekneskapstala venta å bli på om lag 255 196 000 kr.
På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 70 med 50 mill. kr.
Post 71 Fritt rettsråd
Løyvinga under posten dekkjer utgifter til advokatar i saker der det er innvilga fritt rettsråd. Utgiftene på posten er i stor grad regelbundne og påverka av i kor stor grad publikum tek ordninga i bruk. Utgiftene er óg påverka av saksmengde og omfanget av sakene. Utgiftene er derfor vanskelege å rekne ut.
Det er venta ei meirutgift på posten i 2001. Dette kjem av ein auke i talet på saker.
På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 71 med 18 mill. kr.
Kap. 471 Statens erstatningsansvar
Post 70 Erstatning til valdsoffer, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer utbetaling av erstatning til valdsoffer og skal mellom anna dekkje tapt arbeidsinntekt, faktiske utgifter og i visse høve tap av forsørgjar. Utgiftene på posten er regelbundne og vanskelege å rekne ut. På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 471, post 70 med 6 mill. kr.
Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving
Løyvinga går til å utbetale erstatningar der det oppstår statleg erstatningsansvar. Utgiftene er regelbundne og vanskelege å rekne ut.
På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 471, post 71 med 6 mill. kr.
Kap. 475 Bubehandling
Post 01 Driftsutgifter
Utgiftene på posten er vanskelege å rekne ut da dei rettar seg etter talet på tvangsoppløysingar og den generelle aktiviteten i næringslivet. Dette gjer óg det reviderte overslaget for forbruksutviklinga i 2001 usikkert.
Det høge forbruket ser ut til å skuldast ein kombinasjon av endringane i aksjelova og konkurslova og ein auke i talet på tvangsoppløysingar. Meirverdiavgiftsreforma tok til å gjelde 01.07.2001. Det er usikkert om reforma vil føre til ytterlegare auke av bukostnadene.
På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 475, post 01 med 19 mill. kr.