2 Forslag under dei enkelte kapitla
Kap. 601 Utredningsverksemd, forsking m.m.
Post 70 Tilskot
Store delar av løyvinga dekkjer departementets utanlandske forpliktingar, deriblant kontingentar til PROGRESS. Dei enkelte programma innan PROGRESS betalast på etterskot og det knytt seg difor stor uvisse til utgiftsnivået det enkelte budsjettår. I tillegg er det uvisse knytt til dei samla utgiftene ettersom dei avheng av valutakursen på tidspunktet for fakturering.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at kap. 601, post 70 får stikkordet kan overførast.
Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
01 | Driftsutgifter | 7 859 496 | 8 226 738 | 8 227 988 | + 1 250 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 35 472 | 66 000 | 62 375 | - 3 625 |
Sum endringar | - 2 375 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga er 8 226,738 mill. kroner for 2008.
Arbeids- og velferdsdirektoratet tok frå og med 10. mars 2008 over ansvaret for dei oppgåvene som tidlegare Sosial- og helsedirektoratet (noverande Helsedirektoratet) forvalta for Arbeids- og inkluderingsdepartementet. I samband med overføring av ansvaret blei det gjort naudsynte endringar i løyvingar våren 2008, jf. St.prp. nr. 59 (2007-2008) og Innst.S. nr. 270 (2007-2008).
Midla til pensjonspremie for Helsedirektoratet blir løyva over kap. 1542 Tilskot til Statens Pensjonskasse, post 01 Driftsutgifter. Arbeids- og velferdsdirektoratet betaler i staden pensjonspremie (medlemsinnskott) direkte til Statens Pensjonskasse. Midlane til pensjonspremie inngikk ikkje i dei overførte beløpa våren 2008.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 605, post 01 med 1,25 mill. kroner.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga er 66 mill. kroner for 2008.
Midla på posten går mellom anna til FoU-arbeid, og enkelte slike aktivitetar vil ikkje bli starta opp før i 2009.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 605, post 21 med 3,625 mill. kroner.
Kap. 3605 Arbeids- og velferdsetaten
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirinntekt (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreinntekt (-) | ||
01 | Administrasjonsvederlag | 30 478 | 25 000 | 30 900 | + 5 900 |
06 | Gebyrinntekter for fastsetjing av bidrag | 22 405 | 15 000 | 21 700 | + 6 700 |
Sum endringar | + 12 600 |
Post 01 Administrasjonsvederlag
Løyvinga for 2008 er 25 mill. kroner.
Inntektene er venta å bli 5,9 mill. kroner høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 3605, post 01 med 5,9 mill. kroner.
Post 06 Gebyrinntekter
Løyvinga for 2008 er 15 mill. kroner.
På grunn av utviklinga så langt i år er inntektene berekna å auke til 21,7 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke budsjettet for inntektene på kap. 3605, post 06 med 6,7 mill. kroner.
Kap. 621 Tilskot til sosiale tenester og sosial inkludering
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
62 | Kvalifiseringsprogrammet, kan overførast | 50 000 | 230 000 | 250 800 | + 20 800 |
Post 62 Kvalifiseringsprogrammet, kan overførast
Løyvinga er 230 mill. kroner for 2008.
Den mellombelse fordelinga av midlar til kommunane når det gjeld kvalifiseringsprogrammet i 2008, gikk fram av brev av 7. mars 2008 frå Arbeids- og velferdsdirektoratet til kommunane. Grunna ein feil i utrekningsopplegget blei det i brevet oppgitt for låge andelar av den samla løyvinga til kommunar med fleire NAV-kontor. Det førte spesielt til at det blei gjeve ein for låg andel av løyvinga til Oslo og Bergen. Oslo bør få 12 mill. kroner og Bergen bør få 8,8 mill. kroner i tillegg til det som blei varsla i brevet.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 621, post 62 med 20,8 mill. kroner.
Kap. 635 Venteløn
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
01 | Venteløn, overslagsløyving | 331 381 | 268 000 | 276 000 | + 8 000 |
Post 01 Venteløn, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 268 mill. kroner.
Utgiftene til venteløn i 2008 er berekna til 285 mill. kroner. Dette er ei auke på 17 mill. kroner samanlikna med gjeldande løyving for 2008, som blei vedtatt i samband med statsbudsjettet for 2008 og auka i samband med lønsoppgjeret i statleg sektor.
I samband med arbeidet med statsrekneskapen for 2007 blei ubrukte midlar under kap. 635 ført over til 2008. Når ein tar omsyn til denne overføringa, er det behov for å auke løyvinga under kap. 635 med 8 mill. kroner.
På bakgrunn av oppdaterte berekningar for 2008, gjer departementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 635, post 01 med 8 mill. kroner.
Kap. 3635 Venteløn
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirinntekt (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreinntekt (-) | ||
01 | Refusjon statleg verksemd | 81 679 | 83 000 | 57 000 | - 26 000 |
Post 01 Refusjon statleg verksemd
På posten er det løyvd 83 mill. kroner i 2008.
På bakgrunn av utviklinga hittil i år, gjer departementet framlegg om å setje ned løyvinga for 2008 under post 01 med 26 mill. kroner til 57 mill. kroner.
Kap. 642 Petroleumstilsynet
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 21 390 | 15 000 | 21 300 | + 6 300 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga for 2008 er 15 mill. kroner.
Posten skal dekkje Petroleumstilsynets utgifter til tilsyn med petroleumsverksemdene og utgifter knytte til oppdrags- og samarbeidsverksemd.
Rekneskapen per august 2008 og vurderingar for den planlagde verksemda hausten 2008, syner at det er behov for å oppjustere løyvinga for både utgifter til tilsyn og oppdrags- og samarbeidsverksemd og tilhøyrande inntekter/refusjonar (sjå kap. 3642 , post 02/03). Årsaka til dei auka utgiftene og dei tilhøyrande inntektene er ein gradvis auke i aktivitetane og årleg prisauke.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 642, post 21 med 6,3 mill. kroner.
Kap. 3642 Petroleumstilsynet
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirinntekt (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreinntekt (-) | ||
02 | Oppdrags- og samarbeidsverksemd | 250 | 850 | 2 150 | + 1 300 |
03 | Refusjon av tilsynsutgifter | 60 935 | 68 500 | 73 500 | + 5 000 |
Sum endringar | + 6 300 |
Post 02 Oppdrags- og samarbeidsverksemd
Løyvinga for 2008 er 850 000 kroner .
Løyvinga på posten dekkjer refusjon av dei utgifter Petroleumstilsynet har som følgje av deltaking i aktivitetar i regi av NORAD. Aktivitetane administrerast av Oljedirektoratet. Petroleumstilsynet får refusjon for utgiftene når Oljedirektoratet får oppgjer for dei samla fordringane. Rekneskapen og uteståande fordringar syner at det er behov for å auke løyvinga for 2008 med 1,3 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga for 2008 under kap. 3642, post 02 med 1,3 mill. kroner.
Post 03 Refusjon av tilsynsutgifter
Løyvinga for 2008 er 68,5 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer refusjon av dei utgifter Petroleumstilsynet har som følgje av tilsyn med petroleumsverksemda. Det er behov for å auke løyvinga med 5 mill. kroner i 2008 som følgje av dei auka utgiftene jf. omtale under kap. 642, post 21 Særskilde driftsutgifter.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga for 2008 under kap. 3642, post 03 med 5 mill. kroner.
Kap. 646 Pionerdykkarane i Nordsjøen
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Tilskot til pionerdykkarane, overslagsløving | 60 621 | 56 300 | 26 300 | - 30 000 |
Post 70 Tilskot til pionerdykkarane, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 56,3 mill. kroner.
Løyvinga skal dekkje strakshjelp og tilskot til kompensasjon og oppreisning for Nordsjø-dykkarar. Den var for 2008 basert på eit anslag om utbetaling av om lag 2 mill. kroner til kvar søkjar. Maksimal utbetaling er om lag 2,5 mill. kroner per søkjar.
Løyvinga er såleis basert på at dei fleste søknadane vert innvilga. Ein ser no at fleire av dei resterande søknadane ikkje vert innvilga og det er difor behov for setje ned løyvinga for 2008.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer difor framlegg om å setje ned løyvinga under post 70 med 30 mill. kroner.
Kap. 651 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
60 | Integreringstilskot, kan overførast | 2 689 487 | 2 894 400 | 2 800 300 | - 94 100 |
61 | Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | 1 167 780 | 1 351 100 | 1 320 000 | - 31 100 |
Sum endringar | - 125 200 |
Post 60 Integreringstilskot, kan overførast
Løyvinga er på 2 894,4 mill. kroner i 2008.
Integreringstilskotet skal dekkje dei gjennomsnittlege utgiftene kommunane har ved busetjing og integrering av flyktningar i busetjingsåret og dei neste fire åra. Tilskotet skal medverke til at kommunane gjennomfører eit planmessig og aktivt busetjings- og integreringsarbeid.
Løyvinga er basert på at det blir busett 6 320 personar i 2008, 4 000 personar frå mottak, 1 200 familiesameinte og 1 120 overføringsflyktningar. Fleire av vedtaka i Utlendingsdirektoratet (UDI) kjem seinare på året enn forventa. Dermed er det færre busetjingsklare personar i mottak samanlikna med føresetnadene i budsjettet. Busetjingsbehovet frå mottak for 2008 er redusert til 3 400 personar. Talet på overføringsflyktningar som kjem til landet og blir busett i 2008 reknast til 1 000 personar. Talet på familiesameinte forventas framleis å vere 1 200. Til saman utgjer dette 5 600 personar. Dette er hovudårsaka til at løyvinga ventast redusert i 2008.
Vidare syner tal frå rekneskapen at færre personar enn tidlegare rekna vil utløyse integreringstilskot År 2-5. Tal frå rekneskapen tyder òg på eit mindre budsjettbehov for tilskot ved funksjonshemming og åtferdsvanskar.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 651, post 60, med 94,1 mill. kroner.
Post 61 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Det er løyvd 1 351,1 mill. kroner på kap. 651, post 61.
Tilskotet til opplæring i norsk og samfunnskunnskap er sida 1. september 2005 samansatt av eit tilskot per person (per capitatilskot), eit skjønnstilskot (inkludert basistilskot) og eit resultattilskot. Kommunane får òg eit tilskot for personar som oppheld seg i mottak. Personar som var i målgruppa for norskopplæring før 1. september 2005, utløyser tilskot etter ei overgangsordning, som er ei vidareføring av ordninga som gjaldt før 1. september 2005.
Rapportar og prognosar frå fylkesmennene syner at aktiviteten etter overgangsordninga er lågare enn venta ved byrjinga av året. Utbetaling etter overgangsordninga i 2008 blir redusert med 67,9 mill samanlikna med det som blei lagt til grunn i samband med Revidert nasjonalbudsjett.
Rapporteringa frå fylkesmennene syner òg at talet på per capitatilskot frå tidlegare år som blir utbetalt i 2008 aukar samanlikna med det som blei lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett. Samstundes kjem fleire kommunar inn under ordninga for basistilskot, og det er søkt om fleire resultattilskot. Det er eit mindreforbruk på skjønnsmidla som kommunane kan søkje om. Samla har forventa utbetaling til per capitaordninga auka med 41,8 mill. kroner samanlikna med Revidert nasjonalbudsjett.
Talet på asylsøkjarar som kjem inn under ordninga for opplæring i norsk i mottak er lågare enn det som blei lagt til grunn i St.prp. nr. 80 (2007-2008) Tilleggsbevilgning som følge av økt antall asylsøkere. Utgiftene til tiltaket blir difor redusert med 5 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 651, post 61 med 31,1 mill. kroner.
Kap. 3651 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirinntekt (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreinntekt (-) | ||
02 | Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgiftar | 32 700 | 74 745 | 70 580 | - 4 165 |
Post 02 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgiftar
Løyvinga for 2008 er 74,8 mill. kroner.
Nokre utgifter som er knytte til norskopplæring for asylsøkjarar i mottak kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). 85 pst. av utgiftene til norskopplæring i mottak blir rekna som ODA-godkjende utgifter. Ei minking i talet på personar som får tilbod om norskopplæring i mottak gjev eit mindre budsjettbehov enn det som blei lagt til grunn i St.prp. nr. 80 (2007-2008) Tilleggsbevilgning som følge av økt antall asylsøkere. Utgiftene til tiltaket blir difor redusert med 4,165 mill. kroner
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 3651, post 02 med 4,165 mill. kroner.
Kap. 660 Krigspensjon
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Tilskot, militære, overslagsløyving | 227 944 | 218 000 | 215 000 | - 3 000 |
71 | Tilskot, sivile, overslagsløyving | 558 205 | 525 500 | 530 000 | + 4 500 |
Sum endringar | + 1 500 |
Post 70 Tilskot, militære, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 218 mill. kroner.
Talet på krigspensjonistar er noko lågare enn venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på kap. 660, post 70 med 3 mill. kroner.
Post 71 Tilskot, sivile, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 526 mill. kroner.
Ein reknar med at talet på sivile krigspensjonistar går ned med om lag 6,5 pst. frå 2007 til 2008, mot 7,0 pst. som blei lagt til grunn i løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 660 post 71 med 4,5 mill. kroner.
Kap. 664 Pensjonstrygda for sjømenn
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Tilskot | 608 000 | 636 000 | 609 000 | - 27 000 |
Post 70 Tilskot
Løyvinga for 2008 er 636 mill. kroner.
Tilskotet til Pensjonstrygda for sjømenn skal dekkje delar av betalingane til pensjon etter trygdelova for pensjon for sjømenn § 15 og underskot i pensjonstrygda etter at fondet til regulering er brukt opp. Ein ventar no at utgiftene blir 29 mill. kroner lågare enn lagt til grunn for løyvinga i 2008, ettersom inntektene blir høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Administrasjonsutgiftene aukar med 2 mill. kroner i inneverande år.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på kap. 664 post 70 med 27 mill. kroner til 609 mill. kroner for 2008.
Kap. 666 Avtalefesta pensjon (AFP)
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Tilskot | 953 654 | 1 112 400 | 1 120 000 | + 7 600 |
Post 70 Tilskot
Løyvinga for 2008 er på 1 112,4 mill. kroner.
Ein reknar med at gjennomsnittleg yting vil bli lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga, medan talet på AFP-pensjonistar i snitt i 2008 blir noko høgare enn tidlegare forventa. Samla sett reknar ein med at utgiftene blir høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 666, post 70 med 7,6 mill. kroner.
Kap. 667 Supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Tilskot, overslagsløyving | 246 477 | 270 000 | 280 000 | + 10 000 |
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Løyvinga under posten er på 270 mill. kroner i 2008.
Rekneskapen hittil i år syner at utgiftene blir høgare enn det som låg til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 667, post 70 med 10 mill. kroner.
Kap. 670 Nasjonale minoritetar
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
71 | Avkastning av Romanifolkets fond | 0 | 3 700 | 13 340 | + 9 640 |
72 | Tiltak for rom | 2 187 | 2 200 | 3 000 | + 800 |
Sum endringar | + 10 440 |
Post 71 Avkastning av Romanifolkets fond
Det er i 2008 løyva 3,7 mill. kroner på posten.
Løyvinga utgjer avkastninga av fondet for 2007. Avkastninga av Romanifolkets fond har bygd seg opp over fleire år og utgjer i dag om lag 13,4 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 670, post 71 med 9,64 mill. kroner.
Post 72 Tiltak for rom
Løyvinga for 2008 er 2,2 mill. kroner.
Gjennom initiativet til ein handlingsplan for å betre levekåra til rom i Oslo er det behov for auka midlar til pågåande og planlagde tiltak.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 670, post 72 med 800 000 kroner i 2008.
Kap. 3670 Nasjonale minoritetar
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirinntekt (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreinntekt (-) | ||
71 | Avkastning av Romanifolkets fond | 0 | 3 700 | 13 340 | + 9 640 |
Post 71 Avkastning av Romanifolkets fond
Løyvinga for 2008 er 3,7 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 3670, post 71 med 9,64 mill. kroner til 13,3 mill. kroner. Sjå omtale under kap. 670 Nasjonale minoritetar.
Kap. 681 Tilskot til samiske formål
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
72 | Samisk språk, informasjon o.a. | 3 811 | 5 800 | 6 625 | + 825 |
Post 72 Samisk språk, informasjon o.a.
Løyvinga for 2008 er 5,8 mill. kroner.
I forklaringa frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til statsregnskapet for 2007 blir det vist til at det er eit mindreforbruk på 825 000 kroner på posten. Mindreforbruket blir forklart med at eit tilskot på 825 000 kroner, som skulle blitt utbetalt i 2007, ved ein feil ikkje blei rekneskapsført før etter årsskiftet.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 681, post 72 med 825 000 kroner i 2008.
Kap. 690 Utlendingsdirektoratet
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
01 | Driftsutgifter | 550 019 | 656 285 | 653 585 | - 2 700 |
22 | Særskilde driftsutgifter, tolk og omsetjing | 25 159 | 71 600 | 60 400 | - 11 200 |
71 | Kunnskapsutvikling, migrasjon, kan overførast | 8 036 | 6 200 | 6 700 | + 500 |
Sum endringar | - 13 400 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2008 er 656,3 mill. kroner.
I samband med tilleggsløyving for å styrke norske utanriksstasjonar med spesialutsendingar frå utlendingsforvaltninga, jf. St.prp. nr. 59 (2007-2008) og Innst. S. nr. 270 (2007-2008), blei det løyvd 3 mill. kroner på kap. 690, post 01 i påvente av nærare avklaring om endeleg plassering. Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Justisdepartementet og Utanriksdepartementet er samde om at storparten av midlane bør budsjetterast under Utanriksdepartementet, og gjer framlegg om å overføre 2,7 mill. kroner til kap. 100, post 01.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på kap. 690, post 01 med 2,7 mill. kroner.
Post 22 Særskilde driftsutgifter, tolk og omsetjing
Løyvinga for 2008 er 71,6 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer utgiftene UDI har til tolking og omsetjing i samband med sakshandsaminga av asylsaker. Av den totale oppgåvemengda knytt til dette, har mengda av intervju blitt lågare enn venta, og tidsbruken per intervju er også noko lågare enn tidlegare berekna. Noko av forklaringa på dette ligg i stordriftsfordelar knytt til mange søkjarar av same bakgrunn.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga over kap. 690, post 22 med 11,2 mill. kroner.
Post 71 Kunnskapsutvikling, migrasjon, kan overførast
Løyvinga for 2008 er 6,2 mill. kroner.
Barne- og likestillingsdepartementet har gjeve UDI belastningsfullmakt på 0,5 mill. kroner over kap. 840, post 21, for å finansiere ei utgreiing av bruken av eigenerklæringsskjema i samband med avdekking av kjønnslemlesting. Prosjektet har blitt noko forsinka, og det er usikkert om dette vil innebere ei terminforskyving for utbetalinga. Det blir difor gjort framlegg om å overføre midlane til kap. 690, post 71.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga over kap. 690, post 71 med 0,5 mill. kroner
Kap. 691 Utlendingsnemnda
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
21 | Særskilde driftsutgifter, nemndhandsaming | 7 184 | 6 400 | 8 600 | + 2 200 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter, nemndhandsaming
Løyvinga for 2008 er 6,4 mill. kroner.
Løyvinga skal dekkje utgifter til handsaming av saker i nemndmøte, og omfattar godtgjersle til nemndmedlem og tolkar, og dessutan reise og opphald for nemndmedlem, søkjarar, tolkar og advokatar.
Det ligg an til fleire nemndmøte enn tidlegare forventa, og ein høgare prosentdel blir avgjort med personleg frammøte. Det er òg venta ein auke i utgiftene knytt til dekning av sakskostnader etter forvaltningslova § 36. Det er på bakgrunn av dette naudsynt med tilleggsløyving.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga over kap. 691, post 21 med 2,2 mill. kroner.
Kap. 2541 Dagpengar, overslagsløyving
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Dagpengar | 4 400 300 | 4 100 000 | 4 250 000 | + 150 000 |
Post 70 Dagpengar
Løyvinga for 2008 er 4 100 mill. kroner.
Departementet bereknar dagpengeutbetalingane i 2008 no til om lag 4 250 mill. kroner. Dette er 150 mill. kroner høgare enn anslaget på løyvinga i Revidert nasjonalbudsjett for 2008.
Oppjusteringa skuldast større vekst enn tidlegare berekna i stønad per dagpengemottakar. Dette har samanheng med at heilt ledige utgjer ein større del av alle dagpengemottakarar i 2008 samanlikna med 2007.
På grunn av høgare gjennomsnittleg utbetaling per månad enn forventa så langt i 2008, gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 2541, post 70 med 150 mill. kroner.
Kap. 5705 Refusjon av dagpengar
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirinntekt (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreinntekt (-) | ||
01 | Refusjon dagpengar, statsgaranti ved konkurs | 15 642 | 25 000 | 15 000 | - 10 000 |
03 | Refusjon dagpengar frå EØS-land | 3 037 | 2 700 | 4 100 | + 1 400 |
Sum endringar | - 8 600 |
Post 01 Refusjon dagpengar, statsgaranti ved konkurs
Det er løyvd 25 mill. kroner på posten i 2008.
Arbeids- og velferdsetaten forskotterer dagpengar til personar som blir omfatta av konkurs. Inntektene under denne posten er refusjon av dagpengar i samband med lønsgaranti ved konkurs.
Tal frå SSB syner at det er nokre fleire konkursar hittil i år samanlikna med same periode i fjor. Det er likevel ei tidsforskyving frå når konkursar oppstår til refusjonar av dagpengar blir innbetalt til NAV. Dette gjer at refusjonar av dagpengar pga. konkursar er lågare enn venta.
På bakgrunn av dette gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om å setje ned løyvinga under kap. 5705, post 01 med 10 mill. kroner.
Post 03 Refusjon av dagpengar frå EØS-land
Det er løyvd 2,7 mill. kroner på posten i 2008.
På bakgrunn av informasjon om refusjonar så langt, og at det er satt fram krav på ytterlegare innbetalingar, foreslår Arbeids- og inkluderingsdepartementet å auke løyvinga under kap. 5705, post 03 med 1,4 mill. kroner.
Kap. 2542 Statsgaranti for lønskrav ved konkurs m.v.
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Statsgaranti for lønskrav ved konkurs m.v., overslagsløyving | 265 671 | 290 000 | 390 000 | + 100 000 |
Post 70 Statsgaranti for lønskrav ved konkurs m.v., overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 290 mill. kroner.
Utbetalingar gjennom lønsgarantiordninga er sterkt avhengig av konjunkturendringar og talet på konkurssaker frå heile landet, talet på tilsette og lønsnivået påverkar dei samla utbetalingane. Økonomien i kvar enkelt sak har òg mykje å seie for utbetalingane og moglegheitene for å krevje inn dividende frå konkursbua.
Prognosar frå mellom anna SSB og CreditInform synte ei auking i talet på konkursar for perioden 2007-2008. Medan det i første kvartal 2008 framleis var ein nedgang, slo forventinga om auking i talet på konkursar til i andre kvartal 2008. Samla blei det opna 1 628 konkursar første halvår 2008, ein auke på om lag 4 pst. samanlikna med same periode i 2007. Ein må anta at aukinga i talet på konkursar også vil gje ein auke i talet på nye saker til lønsgarantiordninga.
Samla er det utbetalt om lag 252 mill. kroner per august 2008. Tilsvarande tal frå 2007 var 167,7 mill. kroner. Så langt i år har utbetalingane auka med om lag 50 pst. samanlikna med same periode i fjor. Prognosane for 2008 tyder difor på ein auke i utbetalingane på om lag 100 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer difor framlegg om å auke løyvinga under kap. 2542, post 70 med 100 mill. kroner.
Kap. 5704 Statsgaranti for lønskrav ved konkurs
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirinntekt (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreinntekt (-) | ||
02 | Dividende | 103 265 | 100 000 | 75 000 | - 25 000 |
Post 02 Dividende
Løyvinga for 2008 er 100 mill. kroner.
Innbetaling av dividende kan til dels sjåast i samanheng med endringane i utbetalingane og den økonomiske situasjonen i konkursbua. Innbetalingane relaterer seg til utbetalingar dette året og tidlegare år. Det er såleis eit monaleg etterslep i innbetalingane av dividende samanlikna med utbetalingane.
Dividendeinnbetalingane ved utgangen av august 2008 er 48,6 mill. kroner, om lag 18 mill. kroner lågare enn forventa og er truleg eit resultat av dei låge konkurstala i 2007 og samansetjinga av dei konkursane som er opna i år, kor det no er spesielt små verksemder til dømes i byggjebransjen. Mange av desse verksemdene har dårleg økonomi i konkursbua. Prognosane syner at innbetalingane vil bli om lag 25 mill. kroner lågare enn løyvinga i 2008 tilseier.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer difor framlegg om å setje ned løyvinga under kap. 5704, post 02 med 25 mill. kroner.
Kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Overgangsstønad, overslagsløyving | 2 232 516 | 2 278 900 | 2 240 000 | - 38 900 |
72 | Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving | 460 576 | 450 000 | 435 000 | - 15 000 |
73 | Utdanningsstønad | 67 929 | 60 000 | 55 000 | - 5 000 |
76 | Forskottering av underhaldsbidrag | 1 038 005 | 1 015 000 | 950 000 | - 65 000 |
Sum endringar | - 123 900 |
Post 70 Overgangsstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 2 278,9 mill. kroner.
Nye tal for 2008 syner at det er færre mottakarar enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Ein god arbeidsmarknad har medverka til ein reduksjon i talet på mottakarar av overgangsstønad. Nedgangen i talet på mottakarar av overgangsstønad har til no vore 10,4 pst. samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Ein forventar at reduksjonen framover ikkje vil være like sterk.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2620, post 70 med 38,9 mill. kroner.
Post 72 Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 450 mill. kroner.
Nye tal for 2008 syner at det er færre mottakarar enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2620, post 72 med 15 mill. kroner.
Post 73 Utdanningsstønad
Løyvinga for 2008 er 60 mill. kroner.
Nye tal for 2008 syner at det er færre mottakarar enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Ein god arbeidsmarknad har medverka til ein reduksjon i talet på mottakarar av overgangsstønad, jf. omtale under kap. 2620, post 70.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2620, post 73 med 5 mill. kroner.
Post 76 Forskottering av underhaldsbidrag
Løyvinga for 2008 er på 1 015 mill. kroner.
Utgiftene til forskot på tilskot til fostring i 2008 vert nå rekna til 950 mill. kroner, 65 mill. kroner lågare enn løyvinga for året. Årsaka er at talet på barn med forskot ser ut til å bli noko lågare enn rekna med då løyvinga blei fastlagt.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga for 2008 under kap. 2620, post 76 med 65 mill. kroner.
Kap. 2650 Sjukepengar
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Sjukepengar for arbeidstakarar mv., overslagsløyving | 24 678 832 | 26 930 000 | 27 430 000 | + 500 000 |
72 | Omsorgs- og pleiepengar ved sjukdom hos barn mv., overslagsløyving | 374 990 | 400 000 | 445 000 | + 45 000 |
75 | Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving | 1 343 723 | 1 395 000 | 1 466 000 | + 71 000 |
Sum endringar | + 616 000 |
Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar mv., overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 26 930 mill. kroner.
I St.prp. nr. 59 (2007-2008) er det lagt til grunn ein vekst på 1 pst. i talet på sjukepengedagar per sysselsett. Vidare er det lagt til grunn ein auke i sysselsetjinga og sjukepengegrunnlaget.
Arbeids- og velferdsdirektoratet sin statistikk over sjukefråveret og rekneskapen til og med september 2008, gjev grunn til å tru at talet på sjukepengedagar per sysselsett vil auke med 2 pst. frå 2007 til 2008, og at sjukepengegrunnlaget vil auke med 6 pst. Vidare er det venta at sysselsetjinga vil auke med 2,8 pst. i 2008. Samla sett gjev dette høgare sjukepengeutbetalingar i 2008 enn det ein rekna med tidlegare i år.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2650, post 70 med 500 mill. kroner.
Post 72 Omsorgs- og pleiepengar ved sjukdom hos barn mv., overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 400 mill. kroner.
Utgiftene i 2008 blir noko høgare enn venta. Årsaka er at talet på mottakarar er høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2650, post 72 med 45 mill. kroner til 445 mill. kroner.
Post 75 Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 1 395 mill. kroner.
Utgiftene i 2008 blir høgare enn det som tidlegare er lagt til grunn. Regelverket for feriepengar av sjukepengar har ikkje vore endra sidan 1998. Det er difor usikkert kvifor utgiftene til feriepengar tent opp i 2007 er høgare enn i tidlegare år. Dette kan skuldast tilfeldige variasjonar, men tendensen har vore lik dei siste åra. Andre moglege forklaringar kan vere at dei første 48 sjukepengedagane utgjer ein større del av totalutgiftene til sjukepengar enn tidlegare år, eller at utgiftene til sjukepengedagar til arbeidstakarar over 60 år utgjer ein aukande del av totalutgiftene enn tidlegare.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2650, post 75 med 71 mill. kroner.
Kap. 2652 Medisinsk rehabilitering
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Rehabiliteringspengar, overslagsløyving | 8 074 660 | 8 587 000 | 8 620 000 | + 33 000 |
71 | Legeerklæringar | 253 981 | 270 000 | 260 000 | - 10 000 |
Sum endringar | + 32 000 |
Post 70 Rehabiliteringspengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 8 587 mill. kroner.
Utgiftene så langt i år har hatt ei noko anna utvikling enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Talet på mottakarar i 2008 er venta å bli noko lågare enn tidlegare på grunn av eit lågare tilsig av mottakarar frå sjukepengar, medan den gjennomsnittlege utbetalinga per mottakar har gått noko opp. Summen av dei to effektane er ei mindre oppjustering av løyvinga for 2008.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2652, post 70 med 33 mill. kroner.
Post 71 Legeerklæringar
Løyvinga for 2008 er 270 mill. kroner.
Utgiftene så langt i år har hatt ein svakare auke enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2652, post 71 med 10 mill. kroner.
Kap. 2653 Ytingar til yrkesretta attføring
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Attføringspengar, overslagsløyving | 10 132 192 | 9 899 600 | 9 950 000 | + 50 400 |
Post 70 Attføringspengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 9 899,6 mill. kroner.
Utviklinga så langt i år syner lågare avgang frå ordninga enn venta. Den underliggjande veksten i talet på attføringspengemottakarar (dvs. veksten i talet på mottakarar når vi ser bort frå effekten av spesielle tiltak) har auka frå -7,4 pst. til -4,9 pst., samanlikna med gjeldande budsjett for 2008.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2653, post 70 med 50,4 mill. kroner.
Kap. 2655 Uføre
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving | 17 632 682 | 18 567 000 | 18 510 000 | - 57 000 |
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving | 26 729 031 | 28 642 000 | 28 470 000 | - 172 000 |
72 | Særtillegg, overslagsløyving | 1 386 815 | 1 707 000 | 1 610 000 | - 97 000 |
73 | Førebels uførepensjon, overslagsløyving | 243 632 | 248 000 | 170 000 | - 78 000 |
74 | Tidsavgrensa uførestønad, overslagsløyving | 6 016 210 | 7 706 500 | 7 520 000 | - 186 500 |
76 | Yrkesskadetrygd gml. Lovgjeving, overslagsløyving | 71 470 | 72 000 | 80 000 | + 8 000 |
Sum endringar | - 582 500 |
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 18 567 mill. kroner.
Utgiftene i 2008 har auka mindre enn venta fordi talet på mottakarar er noko lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Dette har i hovudsak samanheng med ein auke i talet på restansar.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2655, post 70 med 57 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 28 642 mill. kroner.
Utgiftene i 2008 har auka mindre enn venta fordi talet på mottakarar er noko lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Dette har i hovudsak samanheng med ein auke i talet på restansar.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2655, post 71 med 172 mill. kroner.
Post 72 Særtillegg, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 1 707 mill. kroner.
Utgiftene i 2008 har auka noko mindre enn venta fordi talet på mottakarar er lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Dette har i hovudsak samanheng med ein auke i talet på restansar.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2655, post 72 med 97 mill. kroner.
Post 73 Førebels uførepensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 248 mill. kroner.
Utgiftene i 2008 har auka mindre enn venta, i hovudsak fordi talet på mottakarar er mykje lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga. For 2008 er det venta ein reduksjon i talet på mottakarar på 35 pst.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2655, post 73 med 78 mill. kroner.
Post 74 Tidsavgrensa uførestønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 7 706,5 mill. kroner.
Tilgangen til ordninga er venta å bli lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Dette har i hovudsak samanheng med ein auke i talet på restansar.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2655, post 74 med 186,5 mill. kroner.
Post 76 Yrkesskade gml. lovgiving, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er på 72 mill. kroner.
Utgiftene ser ut til å bli noko høgare enn rekna med då løyvinga blei fastsett.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2655, post 76 med 8 mill. kroner.
Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel mv.
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Grunnstønad, overslagsløyving | 1 535 661 | 1 600 000 | 1 590 000 | - 10 000 |
71 | Hjelpestønad, overslagsløyving | 1 615 032 | 1 660 000 | 1 650 000 | - 10 000 |
73 | Hjelpemiddel mv. til arbeid og utdanning | 94 687 | 108 550 | 105 000 | - 3 550 |
74 | Tilskot til bilar | 823 338 | 865 000 | 890 000 | + 25 000 |
75 | Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel | 2 717 024 | 2 880 000 | 2 870 000 | - 10 000 |
77 | Ortopediske hjelpemiddel | 737 584 | 800 000 | 795 000 | - 5 000 |
78 | Høyreapparat | 457 467 | 500 000 | 465 000 | - 35 000 |
Sum endringar | - 48 550 |
Post 70 Grunnstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 1 600 mill. kroner.
Det er venta at utgiftene blir 10 mill. kroner lågare enn løyvinga. Grunnen er ein reduksjon i talet på mottakarar. Nedgangen har truleg samanheng med ei innstramming i praksis med omsyn til tildeling av grunnstønad for ekstrautgifter til transport.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2661, post 70 med 10 mill. kroner.
Post 71 Hjelpestønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 1 660 mill. kroner.
Det er venta at utgiftene blir 10 mill. kroner lågare enn løyvinga. Årsaka er ein reduksjon i talet på mottakarar.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2661, post 71 med 10 mill. kroner.
Post 73 Hjelpemiddel mv. til arbeid og utdanning
Løyvinga for 2008 er 108,55 mill. kroner.
Utgiftene så langt i år har auka mindre enn venta. Utgiftene til hjelpemiddel på arbeidsplassar har gått ned 5,6 pst. i 2008. Dette er den same tendensen som i 2007. Grunnen til nedgangen er delvis verknad av tiltak, og ei viss korrigering av stønadspraksis, mellom anna etter ei gjennomført kvalitetsundersøking på området. Utgiftene til tolkehjelp for døve i arbeidslivet aukar, og medverkar til ein viss auke i utgiftene.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2661, post 73 med 3,55 mill. kroner.
Post 74 Tilskot til bil
Løyvinga for 2008 er 865 mill. kroner.
Det er venta ein auke i utgiftene samanlikna med det som er lagt til grunn for løyvinga. Dette har samanheng med at volumet har auka. Til no har utgiftene auka med 10,8 pst. samanlikna med i fjor. Det er framleis vekst i kjøp av bil i gruppe 2, og det er også sterk auke på utstyr, ombygging mv. i gruppe 2 så langt i år.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2661, post 74 med 25 mill. kroner.
Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel
Løyvinga for 2008 er 2 880 mill. kroner.
Det er venta ein reduksjon i utgiftene samanlikna med det som er lagt til grunn for løyvinga. Utgiftene til enkelte av dei større hjelpemiddelgruppene, som elektrisk rullestol og datautstyr, minkar, noko som medverkar til å dempe veksten i utgiftene.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2661, post 75 med 10 mill. kroner.
Post 77 Ortopediske hjelpemiddel
Løyvinga for 2008 er 800 mill. kroner.
Utgiftene er venta å bli 5 mill. kroner lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Utgiftene aukar for alle enkeltstønadane. Veksten er likevel mindre enn venta for protesar, som er ein av dei største enkeltstønadene.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2661, post 77 med 5 mill. kroner.
Post 78 Høyreapparat
Løyvinga for 2008 er 500 mill. kroner.
Utgiftene er venta å bli 35 mill. kroner lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga, grunna at volumveksten er lågare enn det som tidlegare er lagt til grunn.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2661, post 78 med 35 mill. kroner.
Kap. 2670 Alderdom
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving | 37 503 859 | 39 745 000 | 39 850 000 | + 105 000 |
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving | 54 923 555 | 59 993 000 | 60 150 000 | + 157 000 |
73 | Særtillegg, overslagsløyving | 4 813 504 | 5 425 000 | 5 260 000 | - 165 000 |
Sum endringar | + 97 000 |
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 39 745 mill. kroner.
Ein reknar med at talet på alderspensjonistar med grunnpensjon i snitt i 2008 blir høgare enn tidlegare forventa. Det er gjort mindre tekniske justeringar i rekneskapen på posten som medverkar til at løyvinga må aukast.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2670 post 70 med 105 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 59 993 mill. kroner.
Ein reknar med at talet på alderspensjonistar med tilleggspensjon i snitt i 2008 blir litt høgare enn tidlegare forventa. Det er gjort mindre tekniske justeringar i rekneskapen på posten som medverkar til at løyvinga må aukast. På denne bakgrunn er anslaget på posten auka med 157 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2670 post, 71 med 157 mill. kroner.
Post 73 Særtillegg, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 5 425 mill. kroner.
Talet på alderspensjonistar med særtillegg og gjennomsnittleg yting vil bli noko lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2670, post 73 med 165 mill. kroner.
Kap. 2680 Etterlatne
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving | 1 264 815 | 1 298 000 | 1 285 000 | - 13 000 |
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving | 1 077 444 | 1 107 000 | 1 125 000 | + 18 000 |
72 | Særtillegg, overslagsløyving | 63 876 | 88 000 | 78 000 | - 10 000 |
Sum endringar | - 5 000 |
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 1 298 mill. kroner.
Talet på mottakarar av etterlatnepensjon er noko lågare (300 færre mottakarar) samanlikna med det som blei lagt til grunn i løyvinga, og ein reknar med at den gjennomsnittlege grunnpensjonen vil bli redusert noko meir enn venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2680 post 70 med 13 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 1 107 mill. kroner.
Ein reknar med noko høgare tal på mottakarar av tilleggspensjon enn i løyvinga, og ingen reduksjon i gjennomsnittleg pensjon i motsetnad til ein reduksjon på 0,8 pst. som lagt til grunn i løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2680 post 71 med 18 mill. kroner.
Post 72 Særtillegg, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er 88 mill. kroner.
For talet på mottakarar av særtillegg reknar ein med 200 færre enn i løyvinga. Ein reknar òg med ein større reduksjon i gjennomsnittleg pensjon.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2680 post 72 med 10 mill. kroner.
Kap. 2686 Gravferdsstønad
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Gravferdsstønad, overslagsløyving | 121 117 | 130 000 | 127 000 | - 3 000 |
Post 70 Gravferdsstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2008 er på 130 mill. kroner.
Ein reknar med noko lågare auke i gjennomsnittleg stønad per mottakar enn det som låg til grunn i løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2686 post 70 med 3 mill. kroner.
Kap. 2690 Diverse utgifter
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirutgift (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreutgift (-) | ||
70 | Sjukestønadsutgifter i utlandet | 141 318 | 145 000 | 160 000 | + 15 000 |
77 | Pasientar frå avtaleland | 95 055 | 105 000 | 110 000 | + 5 000 |
Sum endringar | + 20 000 |
Post 70 Sjukestønadsutgifter i utlandet
Løyvinga for 2008 er 145 mill. kroner.
Utgiftene på denne posten varierer til vanleg mykje frå månad til månad og posten er difor vanskeleg å anslå. På grunn av utviklinga til og med september blir utgiftene anslått å auke til 160 mill. kroner i 2008.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2690, post 70 Sjukestønadsutgifter i utlandet med 15 mill. kroner.
Post 77 Pasientar frå avtaleland
Løyvinga for 2008 er 105 mill. kroner.
Utgiftene på denne posten varierer til vanleg mykje frå månad til månad, og posten er difor vanskeleg å anslå. På grunn av utviklinga til og med september blir utgiftene berekna å auke med 5 mill. kroner i 2008.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2690 post 77 Pasientar frå avtaleland med 5 mill. kroner.
Kap. 3634 Arbeidsmarknadstiltak
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirinntekt (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreinntekt (-) | ||
85 | Innfordring av feilutbetaling, arbeidsmarknadstiltak | 1 887 | 1 000 | 1 600 | + 600 |
Post 85 Innfordring av feilutbetaling, arbeidsmarknadstiltak
Løyvinga for 2008 er 1 mill. kroner.
Inntekter under denne posten er innfordring av feilutbetalingar til tiltaksarrangørar og enkelte tiltaksdeltakarar.
Det er løyvd 1 mill. kroner under kap. 3634, post 85 i 2008. Utviklinga så langt i 2008 tilseier at inntektene totalt vil vere 1,6 mill. kroner i 2008, det vil si ei auke på 0,6 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om at løyvinga for kap. 3634, post 85 blir auka med 0,6 mill. kroner.
Kap. 5701 Diverse inntekter
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap | Løyving | Forslag | Meirinntekt (+) |
2007 | 2008 | 2008 | Mindreinntekt (-) | ||
02 | Diverse inntekter | 222 566 | 175 000 | 229 000 | + 54 000 |
03 | Hjelpemiddelsentralar m.m. | 47 616 | 50 000 | 34 000 | - 16 000 |
71 | Refusjon ved yrkesskade | 924 650 | 990 000 | 910 000 | - 80 000 |
73 | Refusjon bidragspliktige | 469 466 | 460 000 | 500 000 | + 40 000 |
74 | Refusjon medisinsk handsaming | 7 079 | 1 700 | 10 700 | + 9 000 |
80 | Rente | 39 317 | 10 000 | 1 700 | - 8 300 |
85 | Innfordra misbruk av dagpengar | 83 861 | 35 700 | 68 400 | + 32 700 |
86 | Innfordra misbruk av attføringsytingar | 25 794 | 11 100 | 23 000 | + 11 900 |
Sum endringar | + 43 300 |
Post 02 Diverse inntekter
Løyvinga for 2008 er 175 mill. kroner.
Posten består mellom anna av inntekter frå renter og avdrag på attføringslån, og diverse refusjonar i samband med feilutbetalingar. Basert på innbetalingar så langt i 2008, er samla inntekter venta å bli 229 mill. kroner på posten for 2008. I 2007 blei det rekneskapsført om lag 223 mill. kroner på posten.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 5701, post 02 med 54 mill. kroner.
Post 03 Hjelpemiddelsentralar m.m.
Løyvinga for 2008 er 50 mill. kroner.
Dei meste av inntektene er sal av bilar som det har blitt gitt stønad til, og som er bytte inn og av sal av hjelpemiddel. Inntektene så langt i år tyder på at dei samla sett i 2008 blir lågare enn venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5701, post 03 med 16 mill. kroner.
Post 71 Refusjon ved yrkesskade
Løyvinga for 2008 er på 990 mill. kroner.
På grunn av innbetalinga av refusjon av oppgjer frå forsikringsnæringa til og med skadeårgang 2007, som er innbetalt til folketrygda, blir anslaget for 2008 80 mill. kroner lågare enn budsjettert.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5701, post 71 med 80 mill. kroner.
Post 73 Refusjon bidragspliktige
For 2008 er det budsjettert med inntekter på 460 mill. kroner.
Det vert nå rekna med ei innbetaling som er 40 mill. kroner høgare enn løyvinga for året.
Ein må sjå inntektene på posten i samanheng med utgiftene til forskottering på kapittel 2620 post 76. Ein legg normalt til grunn at inntektene vil utgjere ein viss prosentsats av utbetalingane til forskot i den same perioden.
Ved fastsetjinga av løyvinga for 2008 la ein til grunn at inntekta ville utgjere om lag 45 pst. av løyvinga på kapittel 2620 post 76. Denne prosenten har vist seg å vere høgare, og det bør det såleis skje ei justering av løyvinga på inntektsposten.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke budsjettet for inntektene på kap. 5701 post 73 med 40 mill. kroner.
Post 74 Refusjon medisinsk handsaming
For 2008 er det budsjettert med inntekter på 1,7 mill. kroner.
Utgiftene på denne posten varierer mykje frå år til år, og posten er difor vanskeleg å berekne. På grunn av utviklinga så langt i år reknar ein med at inntektene blir om lag 9 mill. kroner høgare enn venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke budsjettet for inntektene kap. 5701 post 74 med 9 mill. kroner.
Post 80 Renter
Løyvinga for 2008 er 10 mill. kroner.
Inntektene er venta å bli 8,3 mill. kroner lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5701, post 80 med 8,3 mill. kroner.
Post 85 Innfordra misbruk av dagpengar
I 2008 er det løyvd 35,7 mill. kroner under kap. 5701, post 85.
Gjennomsnittleg månadleg innbetaling hittil i 2008 tilseier at løyvinga bør bli auka. På bakgrunn av dette, foreslår departementet å auke løyvinga under kap. 5701, post 85 med 32,7 mill. kroner.
Post 86 Innfordra misbruk av attføringsytingar
Løyvinga er 11,1 mill. kroner for 2008.
Det er regnskapsført om lag 15 mill. kroner per 31. august 2008.
For 2007 blei regnskapsført beløp på posten om lag 25,8 mill. kroner. Om vi får same utvikling som i 2007, er samla inntekter venta å bli 23 mill. kroner på posten for 2008.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 5701, post 86 med 11,9 mill. kroner.