2 Forslag under dei enkelte kapitla
Kap. 600 Sosialdepartementet
(i 1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2001 | Løyving 2002 | Forslag 2002 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
01 | Driftsutgifter | 181 761 | 72 293 | 66 323 | -5 970 |
Post 01 Driftsutgifter
For å kunne gjennomføre ein gjennomgang av ansvarsforholda innafor rusomsorga (rusreform I) blei det i samband med behandlinga av St.prp. nr. 63 (2001-2002) vedtatt ei tilleggsløyving på 5 mill. kroner under kap. 600, post 01 Driftsutgifter, jf. Innst. S. nr. 255 (2001-2002). Helsedepartementet er ansvarleg for denne gjennomgangen. Løyvinga blir derfor foreslått redusert med 5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under Helsedepartementet, kap. 739, post 21, Forsøk og utvikling i sjukehussektoren.
Som oppgjer mellom Helsedepartementet og Sosialdepartementet i samband med delinga av det tidlegare Sosial- og helsedepartementet, blir løyvinga foreslått redusert med 970 000 kroner mot tilsvarande auke under Helsedepartementet, kap. 739, post 21 Forsøk og utvikling i sjukehussektoren
I alt foreslår Sosialdepartementet at løyvinga blir redusert med kr 5 970 000. Helsedepartementet foreslår i eigen proposisjon tilsvarande auke under kap. 739, post 21 Forsøk og utvikling i sykehussektoren.
Kap. 612 Statens institutt for rusmiddelforskning
(i 1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2001 | Løyving 2002 | Forslag 2002 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
01 | Driftsutgifter | 23 777 | 23 469 | 24 669 | 1 200 |
Post 01 Driftsutgifter
I samband med omorganiseringa av den sentrale sosial- og helseforvaltning blei oppgåver og personell knytt til tobakksforsking overført frå dåverande Statens institutt for folkehelse til Statens institutt for rusmiddelforskning.
Sosialdepartementet foreslår at løyvinga aukast med 1,2 mill. kroner
Helsedepartementet foreslår i eigen proposisjon tilsvarande reduksjon under kap. 707 Nasjonalt folkehelseinstitutt, post 01 Driftsutgifter.
Kap. 0660 Krigspensjon
(i 1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2001 | Løyving 2002 | Forslag 2002 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Tilskott, militære, overslagsløyving | 294 093 | 289 000 | 285 000 | -4 000 |
71 | Tilskott, sivile, overslagsløyving | 706 484 | 708 000 | 690 000 | -18 000 |
Sum Kap. 0660 | -22 000 |
Løyvinga under kapittel 0660 Krigspensjon er på 997 mill. kroner.
Post 70 Tilskott, militære, overslagsløyving
Løyvinga er på 289 mill. kroner i 2002.
Gjennomsnittleg pensjon er nå venta å bli på om lag 102 000 kroner for militære invalidar og på om lag 59 650 kroner for enker etter militære i 2002. Dette er1 400 kroner lågare for militære og omlag uendra for enkene samanlikna med det som blei lagt til grunn for løyvinga. Ein reknar nå med fleire invalidepensjonistar enn det som blei lagt til grunn for løyvinga. Talet på militære invalidar er venta å bli på om lag 1 420 personar ved utgangen av 2002 og talet på enker etter militære på om lag 2 110 personar. Dette er 30 fleire invalidar og 20 færre enker enn det som blei lagt til grunn for løyvinga.
Sosialdepartementet foreslår at løyvinga blir redusert med 4 mill. kroner til 285 mill. kroner.
Post 71 Tilskott, sivile, overslagsløyving
Løyvinga under posten er på 708 mill. kroner i 2002.
Gjennomsnittleg pensjon er venta å bli på om lag 105 600 kroner for sivile invalidar og om lag 73 300 kroner for sivile enker. Dette er hhv. 1 650 kroner og 950 kroner lågare enn det som blei lagt til grunn for løyvinga. Rikstrygdeverket legg nå til grunn nokre færre invalidepensjonistar og enker i 2002 enn det som blei lagt til grunn for løyvinga. Talet på sivile invalidar er venta å bli om lag 3 250 personar ved utgangen av 2002 og talet på sivile enker 4 220 personar. Dette er hhv. 20 færre invalidar og 30 færre enker enn det som blei lagt til grunn for løyvinga.
Sosialdepartementet foreslår at løyvinga blir redusert med 18 mill. kroner til 690 mill. kroner.
Kap. 673 Tiltak for funksjonshemma
(i 1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2001 | Løyving 2002 | Forslag 2002 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
65 | Lauslating på prøve, kan overførast | 38 263 | 87 500 | 47 500 | -40 000 |
Post 65 Lauslating på prøve, kan overførast
Posten dekker refusjon til kommunane for utgifter til sikringsdømte psykisk utviklingshemma. Etter dei nye reglane om særreaksjoner som tok til å gjelde frå 1. januar 2002, dekker tilskottsordninga også kommunane sine utgifter til lauslating på prøve frå forvaring, varetektssurrogat og sikring. Det har vist seg at det tar noko lengre tid enn rekna med før den nye ordninga får budsjettkonsekvensar. Etter den oversikta departementet no har blir det eit mindreforbruk på om lag 40 mill. kroner.
Sosialdepartementet foreslår at løyvinga blir redusert med 40 mill. kroner.
Kap. 675 Tiltak for eldre og funksjonshemma
(i 1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2001 | Løyving 2002 | Forslag 2002 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
01 | Driftsutgifter | 12 687 | 13 369 | 12 169 | -1 200 |
Post 01 Driftsutgifter
Midlane nyttast til fylkesmennene, fylkeslegane og departementa si oppfølging av handlingsplanen for eldreomsorg. Som oppgjer mellom Helsedepartementet og Sosialdepartementet i samband med delinga av det tidlegare Sosial- og helsedepartementet, blir løyvinga foreslått redusert med 1,2 mill. kroner. Helsedepartementet foreslår i eigen proposisjon tilsvarande auke under kap 739, post 21 Forsøk og utvikling i sjukehussektoren.
Kap. 2600 Trygdeetaten
(i 1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2001 | Løyving 2002 | Forslag 2002 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
01 | Driftsutgifter | 4 148 096 | 4 446 760 | 4 449 760 | 3 000 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga under posten er på om lag 4 447 mill. kroner i 2002.
I St.prp.nr. 1 (2002-2003) Helsedepartementet har Regjeringa foreslått at det med verknad frå 1. januar 2003 innførast ei ny skjermingsordning - eit tak 2 for eigenandeler for utgifter til utvalde helsetenester som ikkje inngår i folketrygdas nåverande ordning med frikort.
Til å førebu ordninga og til å dekke administrative meirutgifter i samband med fastlegeordninga reknar ein med meirutgifter på 3 mill. kroner.
Sosialdepartementet foreslår at løyvinga blir auka med 3 mill. kroner til 4 449,760 mill. kroner.
Kap. 2650 Sjukepengar
(i 1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2001 | Løyving 2002 | Forslag 2002 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Sjukepengar for arbeidstakarar m.v., overslagsløyving | 21 168 926 | 23 182 500 | 23 590 000 | 407 500 |
71 | Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving | 1 468 896 | 1 710 000 | 1 628 000 | -82 000 |
75 | Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving | 1 059 126 | 1 222 000 | 1 164 000 | -58 000 |
Sum kap. 2650 | 267 500 |
Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar, overslagsløyving
Løyvinga for 2002 er på 23 182,5 mill. kroner. Tilleggsløyvinga på 1 100 mill. kroner som blei vedtatt etter forslag fremma i St.prp. nr. 63 (2001-2002) er rekna med her.
Det som ligg til grunn for løyvinga er vekst i grunnlaget for sjukepengar på 5,0 prosent, vekst i sysselsettinga på 0,6 pst og vekst i sjukefråvera på 3,0 prosent. Rikstrygdeverket har ut frå tala i rekneskapen hittil i år rekna utgiftene under post 70 til å bli 23 590 mill. kroner for 2002. Det er 407,5 mill. kroner høgare enn løyvinga for året. Veksten i sjukefråvera har hittil i år vore langt sterkare enn føresetnaden for løyvinga (3,0 pst) og ligg an til å kome på 5,5 pst på årsbasis. Veksten ser nå ut til å ha flata ut.
Etter forslag i St.prp.nr. 1 Tillegg nr. 1 (2001-2002), Intensjonsavtale om et inkluderende arbeidsliv - budsjettmessige konsekvenser mv., blei det vedtatt at folketrygda dekker utgifter til sjukepengar i perioden som i dag blir dekt av arbeidsgjevaren når årsaka til fråvera er relatert til svangerskapet og plassering til anna arbeid i verksemda ikkje er mogleg. Verknaden av tiltaket for 2002 blei sett til 127,5 mill. kroner. Tala frå rekneskapen for september 2002 tyder på at ordninga blir nytta mindre enn venta. Utgiftene for 2002 er nå sett til om lag 25 mill. kroner. Det er derfor arbeidd inn ein reduksjon i utgiftene på om lag 100 mill. kroner under post 70.
Sosialdepartementet foreslår å auka løyvinga med 407,5 mill. kroner til 23 590 mill. kroner.
Post 71 Sjukepengar for sjølvstendig næringsdrivande, overslagsløyving
Løyvinga under posten er på 1 710 mill. kroner i 2002.
Utviklinga i utbetalinga til sjukepengar for dei tre første kvartala tyder på at utgiftene vil kome på 1 628 mill. kroner, noko som er 82 mill. kroner lågare enn løyvinga for året.
Sosialdepartementet foreslår å sette ned løyvinga med 82 mill. kroner til 1 628 mill. kroner.
Post 75 Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving
Løyvinga under posten er på 1 222 mill. kroner i 2002.
Utgiftene heng saman med utbetalingane under post 70 året før. Ut frå utviklinga i tala frå rekneskapen m.a. hittil i år reknar ein med utgifter på 1 164 mill. kroner. Dette er 58 mill. kroner under løyvinga.
Sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga frå 1 222 mill. kroner til 1 164 mill. kroner.
Kap 2660 Uførhet
(i 1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2001 | Løyving 2002 | Forslag 2002 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving | 12 802 272 | 13 617 500 | 13 763 000 | 145 500 |
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving | 18 508 550 | 20 294 000 | 19 973 000 | -321 000 |
72 | Særtillegg, overslagsløyving | 1 290 886 | 1 334 000 | 1 321 000 | -13 000 |
74 | Grunnstønad, overslagsløyving | 1 315 355 | 1 341 000 | 1 370 000 | 29 000 |
75 | Hjelpestønad, overslagsløyving | 1 406 596 | 1 455 000 | 1 460 000 | 5 000 |
76 | Meinerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving | 107 175 | 121 000 | 112 000 | -9 000 |
Sum kap. 2660 | -163 500 |
Post 70-72 Grunnpensjon, tilleggspensjon og særtillegg, overslagsløyving
Løyvinga under postane 70-72 var i alt på 35 245 mill. kroner i 2002. Dette fordeler seg med 13 617 mill. kroner under post 70 (grunnpensjon), 20 294 mill. kroner under post 71 (tilleggspensjon) og 1 334 mill. kroner under post 72 (særtillegg).
Utviklinga i bl.a. rekneskap og tilgang av nye uførepensjonistar så langt, tyder på at utgiftene for postane 70-72 kjem på 35 057 mill. kroner. Utgiftene blir altså redusert samanlikna med løyvinga, med 188 mill. kroner (0,6 pst). I dette ligg det ei auke under post 70 med 145,5 mill. kroner (0,9 pst), ein reduksjon på 321 mill. kroner (1,7 pst) under post 71 og ein reduksjon på 13 mill. kroner (0,9 pst) under post 72. Det har altså vore ei betre utvikling i utgiftene til uførepensjon enn tidlegare rekna med.
Talet på uførepensjonistar har hatt ein svakare vekst enn tidlegare venta, og blir nå sett til vel 291 500 ved utgangen av 2002. Dette er om lag 1 000 færre uførepensjonistar enn rekna med i grunnlaget for løyvinga. Arbeidet med å få uførepensjonistane tilbake i arbeid er ei årsak til denne utviklinga. Hittil i 2002 har 1100 uførepensjonistar, helt eller delvis, kome tilbake til arbeidslivet. Det er rekna at 1200 vil vere tilbake i arbeid i løpet av året. Andre årsaker er at det i stadig fleire tilfelle er gjort forsøk med yrkesretta attføring, samtidig med at fleire mottek rehabiliteringspengar i ein lengre periode enn tidlegare.
For postane 70-72 blir det foreslått at løyvinga for 2002 blir redusert med 188,5 mill. kroner til 35 057 mill. kroner, med følgjande fordeling:
(i 1000 kr) | |||
Post | Løyving 2002 | Anslag 2002 | Endring |
70 Grunnpensjon | 13 617 500 | 13 763 000 | 145 000 |
71 Tilleggspensjon | 20 294 000 | 19 973 000 | -321 000 |
72 Særtillegg | 1 334 000 | 1 321 000 | -13 000 |
Sum | 35 245 500 | 35 057 000 | -188 500 |
Post 74 Grunnstønad, overslagsløyving
Løyvinga under posten er på 1 341 mill. kroner i 2002.
På bakgrunn av tala på mottakarar og tala frå rekneskapen hittil i år, blir utgiftene sett til 1 370 mill. kroner. Dette er 29 mill. kroner meir enn løyvinga. Talet på mottakarar blir sett til 133 100, som er 1 650 personar høgare enn rekna med. Det blir stadig færre mottakarar av grunnstønad med lågaste sats, men talet på mottakarar av dei høgaste satsane aukar. Dei auka utgiftene skuldast såleis at det gjennomsnittlege beløpet per mottakar blir høgare enn det som tidlegare blei rekna med. Ei av årsakene til denne utviklinga er at fleire enn dei som var vurdert tidlegare, er omfatta av endringa som kom i 2000 med utgifter til kosthald for visse sjukdommar.
Sosialdepartementet foreslår at løyvinga for 2002 blir auka med 29 mill. kroner til 1 370 mill. kroner.
Post 75 Hjelpestønad, overslagsløyving
Løyvinga under posten er på 1 455 mill. kroner i 2002.
Det gjennomsnittlege beløp utbetalt til kvar brukar syntes å bli noko høgare enn venta.
Sosialdepartementet foreslår at løyvinga for 2002 blir auka med 5 mill. kroner til 1 460 mill. kroner.
Post 76 Meinerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving
Løyvinga under posten er på 121 mill. kroner i 2002.
Rekneskapen per 30. september 2002 viser utgifter på 77 mill. kroner. Dette er om lag like store utgifter som på same tidspunkt i 2001 og noko mindre enn rekna med. Ein reknar vidare med om lag same utgiftsvekst i dei siste månadene i 2002 som i 2001.
Sosialdepartementet foreslår at løyvinga for 2002 blir redusert med 9 mill. kroner til 112 mill. kroner.
Kap. 2662 Yrkesskadetrygd gml. lovgiving
(i 1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2001 | Løyving 2002 | Forslag 2002 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Pensjonar, overslagsløyving | 78 604 | 84 000 | 77 000 | - 7 000 |
Post 70 Pensjonar, overslagsløyving
Løyvinga er på 84 mill. kroner for 2002.
Rekneskapen per 30. september viser utgifter på om lag 58 mill. kroner. Utgiftene månad for månad er om lag like store som tilsvarande månader i 2001. Det er noko mindre enn rekna med når løyvinga blei fastsett. Ein reknar vidare med om lag same utgifter i dei siste månadene i 2002 som i 2001.
Sosialdepartementet foreslår at løyvinga for 2002 blir redusert med 7 mill. kroner til 77 mill. kroner.
Kap. 2663 Medisinsk rehabilitering m.v.
(i 1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2001 | Løyving 2002 | Forslag 2002 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Rehabiliteringspengar, overslagsløyving | 4 877 047 | 6 476 000 | 6 613 000 | 137 000 |
72 | Førebels uførestønad, overslagsløyving | 206 139 | 251 000 | 310 000 | 59 000 |
73 | Attføringshjelp | 81 065 | 80 000 | 85 000 | 5 000 |
74 | Tilskott til bilar | 830 047 | 874 000 | 795 000 | -79 000 |
75 | Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel | 2 330 644 | 2 523 000 | 2 463 000 | -60 000 |
76 | Betring av funksjonsevna, andre formål | 43 121 | 40 000 | 49 000 | 9 000 |
77 | Ortopediske hjelpemiddel | 479 254 | 494 000 | 562 000 | 68 000 |
79 | Høyreapparat | 281 911 | 320 000 | 328 000 | 8 000 |
Sum kap. 2663 | 147 000 |
Post 70 Rehabiliteringspengar, overslagsløyving
Løyvinga på posten er på 6 476 mill. kroner i 2002.
Det er venta gjennomsnittleg volumvekst i talet på mottakarar av stønad (eller utbetalte stønadsdagar) på om lag 16 prosent frå 2001 til 2002. Tala frå rekneskapen for perioden januar -september 2002 viser utgifter på omlag 4 725 mill. kroner. Dette er ein oppgang i utgiftene på om lag 33,7 prosent nominelt samanlikna med same periode i 2001 eller 27,2 prosent målt i fast G.
Utgiftene viser ein aukande trend i 1. til 3. kvartal i 2002 samanlikna med dei same periodane i 2001. Volumveksten var på om lag 17 prosent frå januar til september - målt i talet på utbetalingar av rehabiliteringspengar. Det er venta at auka i utgiftene og talet på mottakarar av stønad under posten held fram mellom anna fordi det er venta ei auke i talet på sjukmelde på langtid som går ut perioden ein får betalt sjukepengar. Ein høg del av desse vil fylle vilkåra for rehabiliteringspengar. Det er venta at veksten i talet på mottakarar av stønad og i utgiftene held fram i 4. kvartal 2002.
Sosialdepartementet foreslår at løyvinga aukast med 137 mill. kroner til 6 613 mill. kroner på grunn av utviklinga i utgifter og talet på mottakarar av stønad hittil i år.
Post 72 Førebels uførestønad, overslagsløyving
Løyvinga på posten er på 251 mill. kroner i 2002.
Tala frå rekneskapen for perioden frå januar til september 2002 viser utgifter på omlag 222 mill. kroner. Rekneskapen viser såleis ein auke på 51,1 prosent nominelt eller 43,7 prosent i fast grunnbeløp samanlikna med den same perioden i 2001.
Utgifter til førebels uførestønad og talet på mottakarar av stønad har auka sterkt i perioden etter ein nedgang i utgiftene i perioden 1998-2001. Talet på personar som mottok pengar til rehabilitering, pengar til attføring eller som har gått ut hele perioden på sjukepengar er svært høg i 1. halvår 2002. «Opphopinga» av mottakarar på desse ytingane vil etter kvart som dei har prøvd alternative ytingar, som ikkje har ført fram, kunne fylle vilkåra for uførepensjon. Det høge talet på mottakarar av stønad på desse ytingane i 1. halvår 2002 er venta å føre til ein sterkare tilgang til ordninga med førebels uførestønad.
Sosialdepartementet foreslår at løyvinga blir auka med 59 mill. kroner til 310 mill. kroner som følgje av utviklinga i utgifter og talet på mottakarar av stønad hittil i år.
Post 73 Attføringshjelp
Løyvinga under posten er på 80 mill. kroner i 2002.
Utgiftene var på om lag 81 mill. kroner i 2001. Det er eit svært ujamt nivå på utgiftene frå månad til månad, og det er venta store utgifter mot slutten av året. Utgiftene til hjelpemiddel i arbeidslivet og til tolkehjelp har auka spesielt dei siste åra, men i mindre grad hittil i år.
Sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner til 85 mill. kroner.
Post 74 Tilskott til bilar
Løyvinga under posten er på 874 mill. kroner i 2002.
Utgiftene i 2001 var på 830 mill. kroner. Ved utgangen av september 2002 hadde dei gått ned med om lag 2 prosent samanlikna med same periode året før. Frå 1. januar 2002 blei det vedtatt å auka tida for gjenkjøp av bil dekka av folketrygden frå 9 til 10 år. Det er rekna med at dette tiltaket vil gje ei innsparing for 2002 på 60 mill. kroner. Ein reknar etter erfaring med at eit slikt tiltak ikkje vil få full effekt før mot slutten av året.
Sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 79 mill. kroner til 795 mill. kroner.
Post 75 Betring av funksjonsevna, tekniske hjelpemiddel
Løyvinga under posten er på 2 523 mill. kroner i 2002.
Utgiftene var på 2 331 mill. kroner i 2001. Etter 9 månadar i 2002 var utgiftene på 1 608 mill. kroner, dvs 5,8 prosent høgare enn på same tid i 2001. Frå januar 2002 er alle fylka med i prosjektet «Mer effektiv hjelpemiddel-forvaltning», dvs. at 6 fylke er kome med sidan 2001. Det er derfor overført 116 mill. kroner frå denne posten til driftsløyvinga under kap. 2600 Trygdeetaten, post 01. Sosialdepartementet reknar med at utgiftene vil koma på 2 463 mill. kroner. Dette er ein auke på 5,7 prosent frå 2001 og 60 mill. kroner lågare enn tidlegare rekna med.
Sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 60 mill. kroner til 2 463 mill. kroner.
Post 76 Betring av funksjonsevna, andre formål
Løyvinga under posten er på 40 mill. kroner i 2002.
Utgiftene var på 43 mill. kroner i 2001. Det var ein sterk auke frå året før. Auken har helde fram i 2002. Utgiftene er etter 9 måneder på 32 mill. kroner, dvs 16,8 prosent høgare enn på same tid i 2001. Det er spesielt tolkehjelp som har auka, men og enkelte av dei andre formåla.
Sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 9 mill. kroner til 49 mill. kroner.
Post 77 Ortopediske hjelpemiddel
Løyvinga under posten er på 494 mill. kroner i 2002.
Etter 9 månader i 2002 viser utgiftene ein høgare vekst enn venta. Auken i volum for ortopediske hjelpemiddel blir nå sett til 15 prosent, mens det ligg 12 prosent til grunn for løyvinga.
Sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 68 mill. kroner til 562 mill. kroner.
Post 79 Høyreapparat
Løyvinga under posten er på 320 mill. kroner i 2002.
Utgiftene i 2001 var på 282 mill. kroner. Etter 9 månader i 2002 er utgiftene kome opp i 240 mill. kroner, dvs 18,3 prosent høgare enn på same tid året før. Veksten er altså sterkare enn i 2001. Volumveksten under posten er justert frå 11,3 prosent, som låg til grunn for løyvinga, til 14 prosent.
Sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 8 mill. kroner til 328 mill. kroner.
Kap. 2670 Alderdom
(i 1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2001 | Løyving 2002 | Forslag 2002 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving | 27 707 196 | 28 897 000 | 28 960 000 | 63 000 |
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving | 35 338 492 | 37 982 000 | 38 180 000 | 198 000 |
72 | Ventetillegg, overslagsløyving | 188 840 | 166 000 | 168 000 | 2 000 |
73 | Særtillegg, overslagsløyving | 5 463 442 | 5 395 000 | 5 347 000 | -48 000 |
Sum kap. 2670 | 215 000 |
Det er samla løyvd 72 440 mill. kroner under post 70-73 i 2002.
På bakgrunn av tal frå rekneskapen hittil i år reknar ein med at utgiftene vil kome på 72 655 mill. kroner. Det er ein samla auke på 215 mill. kroner samanlikna med løyvinga.
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga under posten er på 28 897 mill. kroner i 2002.
Talet på alderspensjonistar er venta å kome på 624 077 ved utgangen av 2002. Dette er 2008 fleire enn det som blei lagt til grunn for løyvinga. Samtidig er det rekna med at gjennomsnittleg grunnpensjon blir 9 kroner lågare enn venta.
Sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 63 mill. kroner til 28 960 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga under posten er på 37 982 mill. kroner i 2002.
Talet på alderspensjonistar med tilleggspensjon er venta å kome på 557 387 mot slutten av 2002. Dette er 40 fleire enn det som blei lagt til grunn for løyvinga. Samtidig er det rekna med at gjennomsnittleg tilleggspensjon blir 370 kroner høgare enn venta.
Sosialdepartementet foreslår at løyvinga blir auka med 198 mill. kroner til 38 180 mill. kroner.
Post 72 Ventetillegg, overslagsløyving
Løyvinga under posten er på 166 mill. kroner i 2002.
Talet på alderspensjonistar med ventetillegg er venta å kome på 15 544 ved utgangen av 2002. Det er 444 fleire enn det som blei lagt til grunn for løyvinga. Gjennomsnittleg ventetillegg er rekna med å bli 62 kroner lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Sosialdepartementet foreslår at løyvinga for 2002 blir auka med 2 mill. kroner til 168 mill. kroner.
Post 73 Særtillegg, overslagsløyving
Løyvinga under posten er på 5 395 mill. kroner i 2002.
Talet på alderspensjonistar med særtillegg er venta å kome på 216 467 ved utgangen av 2002. Det er 912 færre enn det som blei lagt til grunn for løyvinga. Det er og venta at gjennomsnittleg særtillegg blir 124 kroner lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Sosialdepartementet foreslår at løyvinga for 2002 blir redusert med 48 mill. kroner til 5 347 mill. kroner
Kap. 2680 Etterlatne
(i 1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2001 | Løyving 2002 | Forslag 2002 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving | 1 148 625 | 1 197 000 | 1 185 000 | -12 000 |
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving | 986 864 | 1 026 000 | 1 015 000 | -11 000 |
72 | Særtillegg, overslagsløyving | 65 086 | 69 000 | 67 500 | -1 500 |
Sum kap. 2680 | -24 500 |
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2002 er på 1 197 mill. kroner i 2002.
Gjennomsnittleg beløp for grunnpensjon til etterlatne ektefellar ser ut til å bli 34 050 kroner mot 34 075 kroner som tidlegare venta. I tillegg går ein ut frå at talet på etterlatne ektefellar med grunnpensjon vil bli 25 800 mot 26 025 som tidlegare venta.
Sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 12 mill. kroner til 1 185 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga under posten er på 1 026 mill. kroner i 2002.
Gjennomsnittleg tilleggspensjon til etterlatne ektefellar ser ut til å bli 39 675 kroner mot 39 700 kroner som tidlegare venta. Det blir rekna med at talet på etterlatne ektefellar med tilleggspensjon vil bli 25 025 mot 25 225 som tidlegare venta.
Sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 11 mill. kroner til 1 015 mill. kroner.
Post 72 Særtillegg, overslagsløyving
Løyvinga under posten er på 69 mill. kroner i 2002.
Sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner til 67,5 mill. kroner som følgje av at stønadsbeløpet er runda noko ned og at det er venta eit lågare tal på mottakarar enn først venta.
Kap. 2683 Stønad til einsleg mor eller far
(i 1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2001 | Løyving 2002 | Forslag 2002 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Overgangsstønad, overslagsløyving | 2 062 428 | 2 272 000 | 2 060 000 | -212 000 |
72 | Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving | 699 028 | 741 000 | 725 000 | -16 000 |
73 | Stønad til utdanning | 120 801 | 138 100 | 110 000 | -28 100 |
Sum kap. 2683 | -256 000 |
Post 70 Overgangsstønad, overslagsløyving
Løyvinga under posten er på 2 272 mill. kroner i 2002.
Det er venta eit lågare behov over denne posten på 212 mill. kroner (9,3 prosent) i forhold til gjeldande løyving. Årsaka er at talet på einslege forsørgjarar med overgangsstønad i 2002 har vore lågare enn det talet som ligg til grunn for løyvinga. Dette heng saman med både færre kvinner i den aktuelle aldersgruppa og ein nedgang i talet på fødslar. Reglane for overgangsstønad blei endra frå januar 1998, men med ein treårig periode med overgangsreglar. Ettersom dei nye reglane stiller strengare krav til aktivitet når yngste barn fyller tre år, var det mange som mista overgangsstønaden frå januar 2001. Rikstrygdeverket rekna med at fleire tok utdanning slik at dei ikkje mista retten til å få overgangsstønad eventuelt også stønad til utdanning og stønad til barnetilsyn, enn det viser seg å bli tilfelle. Dette er årsaka til at det låg eit høgare tal til grunn for løyvinga for personar med overgangsstønad enn dei som vil få stønad i 2002.
Sosialdepartementet foreslår å redusere posten med 212 mill. kroner til 2 060 mill. kroner.
Post 72 Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving
Løyvinga under posten er på 741 mill. kroner i 2002.
Utgiftene til stønad til barnetilsyn i 2002 er venta å bli 725 mill. kroner. Dette er 16 mill. kroner lågare enn løyvinga for året. Det lågare behovet skuldast at talet på einslege forsørgjarar med stønad til barnetilsyn har vore lågare i 2002 enn talet som låg til grunn for løyvinga, mens gjennomsnittleg beløp blei noko høgare enn venta. Dette heng saman med at det var vanskeleg å føresetje korleis einslege forsørgjarar ville te seg med tanke på utdanning og arbeid etter at endringar i reglane for overgangsstønad hadde fått full effekt (sjå over, under post 70).
Sosialdepartementet foreslår å redusere posten med 16 mill. kroner til 725 mill. kroner.
Post 73 Stønad til utdanning
Løyvinga under posten er på 138 mill. kroner i 2002.
Det er venta at behovet under denne posten vil bli 28 mill. kroner lågare enn gjeldande løyving. Dette skuldast at talet på einslege forsørgjarar med utdanningsstønad ligg an til å bli redusert frå 10 000, som ligg til grunn for løyvinga, til 8 000. Færre vil få utdanningsstønad enn tidlegare venta. Det skuldast i hovudsak at effektane etter endringar i reglane for overgangsstønad blei andre enn venta (sjå over, under post 70). Utdanningsstønad kan berre bli gitt i dei periodane då den einslege forsørgjaren kan få overgangsstønad.
Sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 28,1 mill. kroner til 110 mill. kroner.
Kap. 2690 Diverse utgifter
(i 1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2001 | Løyving 2002 | Forslag 2002 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Utgifter til sjukestønad i utlandet | 104 994 | 123 500 | 90 000 | -33 500 |
77 | Pasientar frå gjensidighetsland | 12 435 | 30 000 | 55 000 | 25 000 |
Sum kap. 2690 | -8 500 |
Post 70 Utgifter til sjukestønad i utlandet
Løyvinga under posten er på 123,5 millioner kroner i 2002.
Utgiftene varierer til vanleg mykje frå år til år og frå månad til månad på denne posten. Etter 9 månader har utgiftene vore mykje lågare enn venta, det vil seie at berre 51 prosent av løyvd beløp er brukt. Prognosane er i stor grad basert på tal frå rekneskapen så langt i 2002, som viser ein kraftig nedgang.
Sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 33,5 mill. kroner til 90 mill. kroner for 2002.
Post 77 Pasientar frå gjensidighetsland
Løyvinga under posten er på 30 mill. kroner i 2002.
Utgiftene var uvanleg låge i 2001. Det skuldast blant anna at mange saker måtte sendast i retur fordi sjukehusa ikkje følgde opp DRG-prisinga av pasientane. Slik arbeida ein seg opp store restansar i 2001 fordi ein fekk eit etterslep av saker. Etter 9 månader i 2002 er desse restansane tatt unna og utgiftene har derfor auka kraftig. Det er fleire andre krav/saker som kan føre med seg store utgifter og som ennå ikkje er behandla ferdig. Dette inneber at det vil kome store utgifter også resten av året.
Sosialdepartementet foreslår at løyvinga aukast med 25 mill. kroner til 55 mill. kroner for 2002.
Kap. 5701 Diverse inntekter
(i 1000 kr) | |||||
Post | Namn | Rekneskap 2001 | Løyving 2002 | Forslag 2002 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
03 | Hjelpemiddelsentralar | 56 475 | 61 300 | 52 000 | -9 300 |
71 | Refusjon ved yrkesskade | 698 307 | 830 000 | 722 000 | -108 000 |
75 | Refusjon overskytande bidrag | 188 385 | 201 000 | 190 000 | -11 000 |
80 | Renter | 39 819 | 25 000 | 45 000 | 20 000 |
Sum kap. 5701 | -108 300 |
Post 03 Hjelpemiddelsentralar
Løyvinga under posten er på 61,3 mill. kroner for 2002.
Inntekta under posten kom på netto 56 mill. kroner i 2001. Det var ein liten nedgang frå 2000.
Inntektene på 37,5 mill. ved utgangen av september 2002, viser og ein svak nedgang frå 2001.
Sosialdepartementet foreslår å redusere posten med 9,3 mill. kroner til 52 mill. kroner.
Post 71 Refusjon ved yrkesskade
Løyvinga under posten er 830 millioner kroner i 2002.
Inntekta er venta å bli 722 millioner kroner, altså 108 millioner kroner (eller 13%) lågare enn løyvinga. Den lågare inntekta har til dels ei rent teknisk forklaring ved at det har vore ei skyving av året innbetalinga har skjedd. Inntekta refererer seg til hendingar i 2001, men blir betalt inn året etter. Dette forklarer om lag 60 mill. kroner. Dei resterande 48 mill. kronene skuldast ei utflating av talet på nye personar som er varig uføre, samanlikna med trenden på slutten av 90-talet.
Sosialdepartementet foreslår å redusere posten med 108 mill. kroner til 722 mill. kroner.
Post 75 Refusjon overskytande bidrag
Løyvinga for år 2002 er på 201 mill. kroner.
Inntektene for året er venta å kome på om lag 190 mill. kroner, som er omtrent same nivå som år 2001. Dette er om lag 5,5 prosent lågare enn løyvinga. I løyvinga for 2002 var det lagt inn ein auke i inntektene frå 2001 til 2002 på 4 prosent. Inntektene til nå tyder på at dette er for høgt.
Sosialdepartementet foreslår å redusere posten med 11 mill. kroner til 190 mill. kroner.
Post 80 Renter
Løyvinga under posten er på 25 mill. kroner i 2002.
Inntektene på årsbasis er venta å bli omlag 45 mill. kroner. Posten gjeld for det meste renteinntekter av innskot i bank og for lån av lokalar til kontor. Trygdeetaten tinga om sin bankavtale i 2001. Det er den viktigaste årsaka til auka i renteinntektene i 2002.
Sosialdepartementet foreslår å auka posten med 20 mill. kroner til 45 mill. kroner.