St.prp. nr. 17 (2005-2006)

Om endringar i løyvingar o.a. i forsvarsbudsjettet for 2005

Til innhaldsliste

1 Formål og hovudoversikt

1.1 Formål

I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2005. Siktemålet er å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane og dei endringane i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2005 vart utarbeidd.

Gitt den komplekse samansetjinga av kapittel med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verktøy for å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, kan såleis verte handsama samla og formalisert på rett måte.

Omgrupperingsproposisjonen formaliserer lønnskompensasjonen for 2005, innsparing i samla utgiftsramme, tilpassing av løyvinga i samsvar med endringar i føresetnadene og oppdatering og formalisering av tekniske endringar mellom kapitla. Totalt sett utgjer omgrupperinga ein reduksjon i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 82,6 mill. kroner.

Proposisjonen sikrar vidare at endringane i budsjettføresetnadene også vert handsama i tråd med dei overordna omstillingsmåla Stortinget har lagt for utviklinga i forsvarssektoren. Justeringane i denne proposisjonen ivaretek dette slik at justeringane som her vert skisserte, tilrettelegg for ei vidare utvikling mot oppnåing av omstillingsmåla for perioden 2002-2005.

1.2 Tilleggsløyvingar

Kompensasjon for auka meirverdiavgift i Luftforsvaret

På bakgrunn av innføring av meirverdiavgift på kjøp av tenester frå AVINOR, foreslår regjeringa ei tilleggsløyving på 17,4 mill. kroner over forsvarsbudsjettet for å kompensere for auka utgifter for Luftforsvaret.

1.3 Grunnlaget for omgrupperinga

1.3.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2005, dei seinare endringane gjort av Stortinget, fullmakter gitt av Stortinget til Finansdepartementet som ikkje kjem fram som løyvingsendringar under dei einskilde departementa og midlar ført over frå 2004. Det er og tatt omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2005 (119,9 mill. kroner).

Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2005, kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 200530 388 943
Innsparing i departementa sine utgiftsrammer på 112,8 mill. kroner, fullmakt gitt av ­Stortinget til Finansdepartementet. Forsvarsdepartementet sin del utgjorde 29,574 mill. kroner, jf. B.innst. S. nr. 1 (2004-2005)-29 574
St.prp. nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005 (RNB), jf. Innst. S. nr. 240 (2004-2005)-560 000
St.prp. nr. 37 (2004-2005) Om endringer under enkelte kapitler på statsbudsjettet for 2005 under Utenriksdepartementet, Kultur- og kirkedepartementet, Justis- og politidepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Forsvarsdepartementet som følge av flodbølgekatastrofen i Sør-Asia, jf. Innst. S. nr. 157 (2004-2005)11 100
St.prp. nr. 70 (2004-2005) Om endringar i Regulativ for tillegg o.a. til utskrivne vernepliktige mannskap og om endring i gradsnivå for militære embete (”soldatproposisjonen”), jf. Innst. S. nr. 274 (2004-2005)6 750
Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005 , jf. Innst. S. nr. 240 (2004-2005). Forsvarsdepartementet sin del utgjorde 20,211 mill. kroner.-20 211
Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet119 931
= Faktisk løyving før omgruppering29 916 939
Midlar ført over frå 2004287 630
Disponible midlar i 2005 før omgrupperinga30 204 569

Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida før omgruppering 2005 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2005969 602
= Løyvingar før omgruppering969 602

1.3.2 Inntekter i 2005

I høve til vedtatt budsjett for 2005 er det ei mindreinntekt på 100 mill. kroner som er foreslått trekt frå utgiftssida.

Det vert vist til Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt (jf. St.prp. nr. 1 (2004-2005), romartaksvedtak II Meirinntektsfullmakt). Det er forventa meirinntekter som skuldast tilsvarande utgift i 2005. Meirinntektene vil bli tatt omsyn til ved årets overføringsforslag til Finansdepartementet.

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Reduksjon på utgiftssida grunna mindreinntekt trekt frå utgiftssida-100 000
+ Tilleggsløyvingar 17 400
= Sum behov ved omgrupperinga -82 600
+ Løyvingar før omgrupperinga29 916 939
= Samla løyvingar etter omgrupperinga29 834 339
= Samla disponible midlar i 2005 etter omgrupperinga30 121 969

Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):

Løyvingar før omgrupperinga969 602
Mindreinntekter -100 000
= Løyvingar etter omgrupperinga869 602

Departementet foreslår på denne bakgrunn, under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert redusert med 82,6 mill. kroner og at inntektsramma vert redusert med 100 mill. kroner.

1.3.3 Utgifter

Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av mindreinntekter.

Tabell 1.5 Postfordeling utgifter (i 1 000 kroner)

PostFormålMindreutg.-/Meirutg.+
01Driftsutgifter99 628
43Til disposisjon for Forsvarsdepartementet -20 000
45Store nyskaffingar-291 000
47Nye bygg og anlegg170 800
48Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del-100 000
50Overføringar Statens pensjonskasse60 000
60Tilskot til kommunar-1 273
70Renter låneordning -755
Sum -82 600

1.3.4 Inntekter

Tabell 1.6 Postfordeling inntekter (i 1 000 kroner)

PostFormålMindreinnt. -/Meirinnt.+
01Driftsinntekter0
45Store nyskaffingar0
47Sal av eigedom0
48Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter-100 000
90Lån til bustadføremål0
Sum- 100 000