St.prp. nr. 17 (2006-2007)

Om endringar i statsbudsjettet for 2006 under kapittel administrerte av Utanriksdepartementet

Til innhaldsliste

1 Samandrag

I denne proposisjonen blir det foreslått enkelte endringar i løyvingane under Utanriksdepartementet sitt budsjett for 2006.

Innanfor programområde 02 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om endringar under kap. 100 Utanriksdepartementet, kap. 104 Kongefamilien sine offisielle reiser til utlandet og kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar.

På budsjettet for ODA-godkjend utviklingshjelp under programområde 03 blir det gjort framlegg om omfordeling av 79 mill. kroner. I tillegg blir det gjort framlegg om endringar under kap. 197 Utviklingshjelp til ikkje-ODA-godkjende land og internasjonale miljøtiltak.

Kap. 100 Utanriksdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Det er etablert ei stilling som næringslivsmedarbeidar ved generalkonsulatet i Murmansk i samsvar med Regjeringa sitt ønske om å styrke det norsk-russiske næringssamarbeidet i nord. I samband med dette blir det foreslått å omdisponere 700 000 kroner frå kap. 197, post 70 Tilskot til atomtryggingstiltak, prosjektsamarbeidet med Russland/SUS og arktisk samarbeid til kap. 100, post 01 Driftsutgifter.

Kap. 104 Kongefamilien sine offisielle reiser til utlandet

Post 01 Driftsutgifter

Ein gjennomgang av utgiftene under posten viser eit venta mindreforbruk på 2,5 mill. kroner. Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 2,5 mill. kroner.

Kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Ein samla gjennomgang av pliktige tilskot til internasjonale organisasjonar viser eit mindreforbruk på om lag 90 mill. kroner. Mindreforbruket skuldast mellom anna lågare pliktige bidrag til FN sine fredsoperasjonar, til EFTA og EFTA-organa og til Organisasjon for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) enn det som var rekna med tidlegare.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 90 mill. kroner.

Post 72 Finansieringsordninga i det utvida EØS, kan overførast

Det har tatt lengre tid å få inn og handsame søknader om prosjektstøtte under dei to finansieringsordningane i det utvida EØS enn det Utanriksdepartementet har gått ut i frå. Utbetaling i 2006 vil derfor bli lågare enn det som var rekna med tidlegare.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 164 mill. kroner

Post 73 Norsk finansieringsordning i det utvida EØS, kan overførast

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 162 mill. kroner, jf. omtale under kap. 116, post 72.

ODA-godkjend utviklingshjelp

Kap. 141 Direktoratet for utviklingshjelp (Norad)

Post 01 Driftsutgifter

Norad har tidlegare i år ferdigstilt ein strategi for verksemda si mot 2010. For å gjennomføre strategien er det nødvendig å sikre riktig kompetanse i organisasjonen.

Det blir gjort framlegg om ein auke på 3,6 mill. kroner.

Kap. 160 Sivilt samfunn og demokratiutvikling

Post 01 Driftsutgifter

Informasjonssenteret om norsk utviklingssamarbeid på Vestbanen har teke lengre tid å etablere enn opprinneleg planlagt.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 3,5 mill. kroner.

Kap. 161 Næringsutvikling

Post 72 Finansieringsordning for utviklingstiltak, kan overførast

Tiltaka har hatt eit mindre omfang enn venta.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 26 mill. kroner.

Kap. 162 Overgangsbistand

Post 70 Overgangsbistand, kan overførast

Det er behov for å auke hjelpa til Afghanistan til ulike tiltak for fattigdomsreduksjon, landsbygd­utvikling, vatn, styresett og reform av justissektoren. I tillegg tek ein sikte på å setje av midlar til regionalt konfliktløysingssamarbeid. Det blir gjort framlegg om ein auke på 30 mill. kroner.

Av midlane som er satt av til gjenoppbygging etter Tsunamien blei 125 mill. kroner overført til 2006. Negativ utvikling med auka vold på Sri Lanka hindrar og forsinkar gjenoppbyggingsarbeidet etter flodbøljekatastrofa. Det blir gjort framlegg om at ein framover ikkje lenger skil mellom støtte til tsunamirelatert og anna gjenoppbygging. Dette vil gjere det lettare å bidra til auka finansiering av tiltak for den krigsramma befolkninga på Sri Lanka. 

Kap. 163 Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar

Post 70 Naturkatastrofar, kan overførast

Det er behov for å auke hjelpa til akutte naudhjelpstiltak og førebyggande humanitære tiltak i Afghanistan.

Det blir gjort framlegg om ein auke på 5 mill. kroner.

Post 71 Humanitær hjelp og menneskerettar, kan overførast

Det er behov for auka humanitær støtte til Afghanistan. I tillegg er det òg store udekte behov i andre land, ikkje minst i Afrika.

Det blir gjort framlegg om ein auke på 40,41 mill. kroner.

Det er ei viktig målsetjing for Regjeringa å bidra til ei brei internasjonal satsing på demokrati- og reformarbeid i den muslimske verda. Bidrag til økonomisk utvikling, godt styresett og auka gjensidig forståing blir sentralt i dette arbeidet.

Som eit ledd i dette arbeidet støttar Utanriksdepartementet tiltak som styrker det sivile samfunn i den muslimske verda, og tiltak som søkjer å utvide kontaktflatene mellom representantar for det sivile samfunn i den muslimske verda og Noreg.

Stortinget har bedt regjeringa vurdere eit utvekslings- og samarbeidsprogram mellom muslimske land og Noreg for å styrke denne kontakten, jf. Dok. Nr 8:36 (2005-2006) og Innst. S. nr. 157 (2005-2006). Regjeringa tek sikte på å kome tilbake til dette i samband med revidert nasjonalbudsjett 2007.

Kap. 166 Tilskot til ymse tiltak

Post 70 Ymse tilskot, kan overførast

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 3 mill. kroner.

Kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA)

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Nokre utgifter knytta til flyktningar sine opphald i Noreg det første året er godkjend som offisiell utviklingshjelp og kan bli dekka under kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, post 21 Spesielle driftsutgifter. Dette gjeld mellom anna reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, utgifter til integreringstilskot for overføringsflyktningar, utgifter til opplæring av barn i mottak og andre opplæringsformål, sjå tabellen. Overslaget over utgifter til flyktningar i Noreg som er godkjend som offisiell utviklingshjelp må justerast ned med 17,4 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 17,4 mill. kroner.

FormålReduksjon (mill. kr)
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Kap. 3651, post 01 Integreringstilskot for overføringsflyktningar9,8
Kap. 3690, post 03 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet4,1
Kunnskapsdepartementet
Kap. 3225, post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter1,0
Barne- og likestillingsdepartementet
Kap. 3854, post 04 Barne- og ungdomsvern2,5
Sum17,4

Kap. 170 FN-organisasjonar mv.

Post 78 Bidrag til andre FN-organisasjonar mv.

Utgifter til refusjonar i samband med andre departement si deltaking i diverse FN-organisasjonar er lågare enn venta.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 0,7 mill. kroner.

Post 79 Ekspertar, juniorekspertar og FNs fredskorps, kan overførast

Midlane til arbeidet med rekruttering av nordmenn til internasjonale organisasjonar vil ikkje bli disponert fullt ut i 2006.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 15 mill. kroner.

Post 80 Bidrag til globale fond, kan overførast

I revidert nasjonalbudsjett 2006 gjorde ein greie for forhandlingane om den nye internasjonale finansieringsmekanisme for vaksinebistand, International Finance Facility for Immunisation (IFFIm Co). Ein foreslo at av dei 500 mill. kroner som er løyvd til Den globale vaksinealliansen GAVI i 2006, skal inntil 19 mill. kroner bli brukt i støtte til IFFIm.

Forhandlingane er nå sluttførte. I alt har Noreg lova 27 mill. USD i støtte til IFFIm i perioda 2006-2010. Avtala legg opp til like store løyvingar over fem år.

I tråd med kva det er semje om i avtala med IFFIm, er det ønskeleg å utbetale ein femdel av den norske støtta i 2006. Dette inneber at den norske løyvinga for 2006 skal kome opp i 5,4 mill. USD. Halvdelen av dette, 2,7 mill USD eller 17,2 mill. kroner, er alt betalt ut. I tillegg til denne utbetalinga, blir det foreslått ei tilsvarande utbetaling på 2,7 mill USD.

Forslaget vil være i tråd med romertalsvedtaket. Det er ikkje naudsynt med tilleggsmidlar fordi bidraget til IFFIm kan dekkast innafor løyvinga til GAVI.

Kap. 171 Multilaterale finansinstitusjonar

Post 71 Regionale bankar og fond, kan overførast

Det er løyvd 639,469 mill. kroner til ei rad organisasjonar på posten. Tilskotet til Nordisk utviklingsfond blei mindre enn opprinneleg planlagt.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 13,4 mill. kroner.

Øvrig bistand

Kap. 197 Bistand til ikkje-ODA-godkjende land og internasjonale miljøtiltak

Post 70 Tilskot til atomtryggingstiltak, prosjektsamarbeidet med Russland/SUS og arktisk samarbeid, kan overførast

I samband med opprettelsen av ei stilling som næringslivsmedarbeidar ved generalkonsulatet i Murmansk, blir det gjort framlegg om ein reduksjon på 700 000 kroner, jf. omtale under kap. 100, post 01 Driftsutgifter.

Post 76 Tilskot til internasjonale klima- og miljøtiltak, kan overførast

Tilskot til Verdsbanken sitt karbonfond blir dekka under kap. 197, post 76.

Endeleg innbetaling i 2006 vil bli 6 273 000 kroner. Det blir gjort framlegg om ei auke på 1 273 000 kroner.

Til forsida