St.prp. nr. 18 (2005-2006)

Om endringar på statsbudsjettet for 2005 under diverse kapittel administrerte av Justis- og politidepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag om endringar

Kap. 410 Tingrettane og lagmannsrettane

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer utgifter som etter rettsgebyrlova er inkludert i rettsgebyret. På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 410, post 21 med 8 mill. kr.

Kap. 414 Domsutgifter

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer i hovudsak godtgjersle og tapt arbeidsforteneste til mellom anna meddommarar, lagrettemedlemmer, vitner og rettsvitner og reiseutgifter til desse. Utgiftene vil variere med mengda og omfanget av dei straffesakene som blir behandla i domstolane. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 414, post 01 med 20 mill. kr.

Kap. 3410 Rettsgebyr

Post 01 Rettsgebyr

Løyvinga på posten dekkjer inntekter i samband med sivile saker, tinglysing, skjønn, tvangsforretningar, skifte, konkurs m.m. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3410, post 01 med 80 mill. kr.

Post 04 Gebyrinntektene til lensmennene

Løyvinga på posten dekkjer gebyra som lensmennene, i eigenskap av namsmenn, krev inn i samband med tvangsforretningar. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3410, post 04 med 20 mill. kr.

Sivil rettspleie på grunnplanet i Østfold politidistrikt

Østfold politidistrikt har allereie i 2005 overteke oppgåver med omsyn til den sivile rettspleia på grunnplanet. Oppgåvene skal gebyrfinansierast. Justis- og politidepartementet foreslår at kap. 3410, post 04 vert auka med 2,8 mill. kr., jf. omtale under kap. 440 post 01.

Samla forslag om reduksjon av løyvinga på kap. 3410, post 04 blir etter dette 17,2 mill. kr.

Kap. 430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning

Post 01 Driftsutgifter

Regjeringa foreslår at løyvinga på kap. 430, post 01 blir auka med 10 mill. kr for å dekka kriminalomsorga sine utgifter til deltaking i fleire prosjekt og tiltak saman med andre offentlege etatar, jf. omtale under kap. 3430, post 03.

Post 60 Refusjonar til kommunane, forvaringsdømte o.a.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år blir det foreslått å redusere løyvinga under posten med 30 mill. kr. Dette er skulda av at færre saker enn venta vert omgjort frå sikring til forvaring, samt at det kommer færre nye saker enn venta.

Post 70 Tilskot

Det har førebels ikkje vore mogeleg å etablere samarbeid mellom kriminalomsorga og samarbeidsorganisasjonen Nytt Liv i tråd med vedtaket i B.innst. S. nr. 4 (2004-2005) og prinsippa for programverksemda i kriminalomsorga. Justis- og politidepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 1 mill. kr.

Kap. 3430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning

Post 03 Andre inntekter

Løyvinga på posten blei i 2005 auka grunna eigedomssal. Det er ikkje mogeleg å gjennomføre ein vesentleg del av salet i år tilsvarande salsinntekter på 14,4 mill. kr.

Kriminalomsorga reknar med å få tilskot og anna økonomisk kompensasjon frå andre offentlege etatar på om lag 10 mill. kr som det ikkje er budsjettert med på posten. Tilskota skal dekkje kriminalomsorga sine utgifter knytta til deltaking i fleire prosjekt og tiltak. Tilskota blir ført på kap. 3430, post 03, medan utgiftene blir ført på kap. 430, post 01, jf. omtale under kap. 430, post 01.

Regjeringa foreslår at løyvinga på kap. 3430, post 03 blir redusert med 4,4 mill. kr.

Kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

Post 01 Driftsutgifter

Flodbølgjekatastrofen i Søraust Asia

Norge og norsk politi har teke eit internasjonalt ansvar i samband med flodbølgjekatastrofen. Oppgåvene som følgje av tsunamien har også endra karakter etter som tida har gått. Dei norske mannskapa har i stor grad koordinert det omfattande identifiseringsarbeidet, og ytt hjelp til styresmaktene i Thailand. Mannskapa våre har mellom anna gjeve hjelp til andre nasjonar sine identifiseringsteam og arbeidd med handtering av eigedelar. ­Justis- og politidepartementet foreslår at kap. 440, post 01 blir auka med 17,1 mill. kr.

Sivil rettspleie på grunnplanet i Østfold politidistrikt

Ansvaret for den sivile rettspleien på grunnplanet skal frå 01.01.2006 overførast til politi- og lensmannsetaten. Østfold politidistrikt har allereie i 2005 overteke delar av oppgåvene på feltet. Som følgje av dette foreslår Justis- og politidepartementet at kap. 440, post 01 blir auka med 2,8 mill. kr., jf. omtale under kap. 3410, post 04.

Passproduksjon

Talet på utstedte pass har auka i høve til overslaga i samband med RNB 2005. Det er venta 550 000 utstedte pass i 2005. Justis- og politidepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 440, post 01 med 7,3 mill. kr., jf. omtale under kap. 3440 post 01.

Asyl- og utlendingsfeltet

I RNB 2005 blei kap. 440, post 01 redusert med 18,3 mill. kr i samband med at prognosane for talet på asylsøkjarar blei redusert. Prognoseendringa for asylsøkjarar førde også til at politiet sine måltal blei reduserte. Politiet sine utgifter i samband med asyl- og utlendingssaker blir delvis dekka over kap. 440, post 01 og delvis over kap. 440, post 21. Reduksjonen på 18,3 mill. kr skulle blitt ført på kap. 440, post 21 og det er såleis naudsynt å justere på fordelinga mellom postane. Justis- og politidepartementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 18,3 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 21, jf. omtale under kap. 440, post 21.

Samla forslag om auke av løyvinga på kap. 440, post 01 blir etter dette 45,5 mill. kr.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Justis- og politidepartementet foreslår å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 18,3 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 21, jf. omtale under kap. 440, post 01.

Post 22 Søk etter omkomne på havet, i innsjøar og vassdrag

Med bakgrunn i rekneskapstala hittil i år foreslår Justis- og politidepartementet å redusere løyvinga på kap. 440, post 22 med 2 mill. kr.

Kap. 3440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

Post 01 Gebyr

På bakgrunn av rekneskapstala hittil i år, og venta utvikling for passinntektene foreslår Justis- og politidepartementet å auka løyvinga på kap. 3440, post 01 med 50 mill. kr.

Post 06 Gebyr - utlendingssaker

På bakgrunn av rekneskapstala hittil i år, og venta utvikling for inntektene på søknader om statsborgarskap, opphalds-, arbeids- og busetjingsløyver foreslår Justis- og politidepartementet å redusere løyvinga på kap. 3440, post 06 med 3 mill. kr.

Kap. 450 Sivile vernepliktige

Post 01 Driftsutgifter

I RNB 2005 blei det vedteke å redusere kap. 450, post 01 med 14,4 mill. kr . Reduksjonen i løyvinga skulle dekkast ved førtidsdimittering av mannskap. Mannskapstalet blei då justert ned med 165 mannskap til i underkant av 1 000 mannskapsårsverk.

Som følgje av kostnader i samband med auka dimisjonsgodtgjersle og auka satsar elles til mannskapa, har føresetnadane for innsparinga som blei lagt til grunn i RNB ikkje vore mogelig å følgje. Rekneskapstal hittil i år viser at ein vil få meirutgifter på om lag 6 mill. kr ved slutten av året. Justis- og politidepartementet foreslår derfor å auke løyvinga med 6 mill. kr i 2005. Vi viser til at det under kap. 3450, 01 vil bli meirinntekter i 2005 på om lag 13 mill. kr.

Kap. 3450 Sivile vernepliktige

Post 01 Driftsutgifter

Rekneskapstal hittil i år visar at meirinntektene vil bli på om lag 13 mill. kr som følgje av lågere sjukefråver hos mannskapa enn forventa, auka inntekter frå den valdsforebyggjande tenesta. Vidare har talet på dei betalingsfrie årsverka gått ned, mellom anna har ein ikkje lenger mannskap som bur i siviltenesteleiren. Justis- og politidepartementet foreslår derfor at 3 mill. kr av meirinntektene på kap. 3450, post 01 kan nyttast til å dekke meirutgiftene på kap. 450, post 01 tilsvarande, jamfør kap. 450, post 01.

Justis- og politidepartementet foreslår å auke løyvinga på kapittel 3450, post 01 med 13 mill. kr.

Kap. 466 Særskilte straffesaksutgifter m.m.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar, sakkunnige og tolkar i straffesaker etter straffeprosesslova kapittel 9. Dei totale utgiftene på kapitlet er avhengig av talet på straffesaker, omfanget av sakene og storleiken på den offentlege salærsatsen. Utgiftene på posten er regelbundne.

På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 466, post 01 med 30 mill. kr.

Kap. 470 Fri rettshjelp

Post 70 Fri sakførsel

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar der det er gitt heil eller delvis fri sakførsel. Utgiftene er regelbundne.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 70 med 35 mill. kr.

Post 71 Fritt rettsråd

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar og rettshjelparar i saker der det er gjeve fritt rettsråd. Utgiftene er regelbundne. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 71 med 15 mill. kr.

Kap. 471 Staten sitt erstatningsansvar

Post 70 Erstatning til valdsofre

Løyvinga på posten er regelbunden overslagsløyving og dekkjer erstatningar etter voldsofferlova. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 471, post 70 med 25 mill. kr.

Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer utbetalingar som følgje av staten sitt erstatningsansvar på grunnlag av alminnelege erstatningsreglar, med unntak av ansvar i kontraktforhold og ansvar i samband med forretningsdrifta til staten. Løyvinga på posten er regelbunden overslagsløyving. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 471, post 71 med 15 mill. kr.

(Ny) Post 73, Erstatning til etterlatne etter dei ­omkomne i forliset av "Utvik Senior", kan overførast

Stortinget gjorde 13.06.2005 vedtak nr. 462 om at det skal etablerast ei særskilt erstatningsordning for etterlatne etter "Utvik Senior" og bad i vedtak nr. 463 Regjeringa oppnemne ei eiga nemnd som får i oppdrag å fastsette erstatningsbeløp og definere kven som skal omfattast av ordninga. Til grunn for vedtaket låg behandling av Innst. S. nr. 242 (2004-2005), St.meld. nr. 33 (2004-2005) Fiskefartøyet "Utvik Seniors" forlis 17.02.1978.

På denne bakgrunn oppnemnde Justis- og politidepartementet i juli 2005 ei nemnd, som avga si innstilling til departementet i september 2005. Innstillinga blei 05.10.2005 retta til også å inkludere to opphaveleg uteletne søkjarar om erstatning. Nemnda foreslår i innstillinga at dei etterlatne skal få erstatning på til saman 5,2 mill. kr, fordelt på totalt 43 etterlatne med beløp frå 50.000 til 200.000 kr.

Nemnda foreslår vidare at fire av dei etterlatne skal få ei tilleggserstatning på 150.000 kr, og at ein av dei etterlatne skal få ei tilleggserstatning på 200.000 kr. Nemnda si endelege innstilling er vedlagt proposisjonen. I samsvar med vedlagte innstilling frå nemnda foreslår Justis- og politidepartementet at Stortinget løyver 5,2 mill. kr til dei etterlatne etter dei som omkom under "Utvik Senior" sitt forlis.

Løyvinga på post 73 skal dekkje erstatningsutbetalingar til dei etterlatne etter dei som omkom i forliset av ”Utvik Senior”. I tråd med nemnda si innstilling blir det foreslått å løyve 5,2 mill. kr på kap. 471, post 73 til dette formålet. Av praktiske omsyn blir det foreslått å gje posten stikkordet ”kan overførast”.

Til forsida