Kap. 800 Barne- og familiedepartementet
Post 01 Løn og godtgjersle og
Post 11 Varer og tenester
Det er eit meirbehov på 4,7 mill. kr. som mellom anna skuldast at tiltak av førebels karakter i realiteten vert utført av departementet, men vert finansiert over ulike fagkapittel. Tiltaka vert såleis dekka innanfor departementet si samla ramme. Dette gjeld til dømes ulike utval (Barnehageutvalet, Utval som skal utgreie særdomstol i barnefordelingssaker og Fordelingsutvalet som løyver støtte til barne- og ungdomsorganisasjonar) og utlån av tenestemenn til europeiske organisasjonar.
Departementet gjer difor framlegg om at kap. 800 Barne- og familiedepartementet aukast med 4,7 mill. kr mot innsparing på kap. 846 Familie- og likestillingspolitisk forskning, opplysningsarbeid m.v post 70 Tilskot, med 0,487 mill. kr, kap. 856 Barnehagar post 62 Utviklingsprogram med 0,654 mill. kr, kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 01 Løn og godtgjersle med 0,087 mill. kr., kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 71 Forsking, utvikling og opplysningsarbeid m.v. med 1,128 mill. kr, kap. 857 Barne- og ungdomstiltak post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar med 0,781 mill. kr og kap. 857 Barne- og ungdomstiltak post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomsarbeid m.v. med 1,563 mill. kr. Beløpet som det er gjort framlegg om fordelar seg med 3,5 mill. kr på post 01 og 1,2 mill. kr på post 11.
(i 1000 kr) | |
Rekneskap 1996 | 70 552 |
SIII 1997 | 65 905 |
Forslag til omdisponering | 4 700 |
Kap. 840 Krisetiltak
Post 60 Tilskot til kommunar til krisetiltak
Statstilskotet er eit øyremerka tilskot til krisetiltak (krisesentre, incestsentre mv). I samsvar med Stortinget sitt budsjettvedtak skal staten yte 50 pst. av samla budsjetterte utgifter til drifta, såframt budsjettet til krisetiltaket er i balanse og godkjent av vertskommunen, dvs. den kommunen der krisetiltaket ligg. Kommunane eventuelt saman med andre bidragsytarar, dekkjer den resterande 50 pst. Tilsvarande gjeld for etablering av nye krisetiltak.
Statstilskotet til krisetiltaka utgjer halvparten av inntektssida til krisetiltaka, og storleiken på statstilskotet følgjer såleis direkte av storleiken på tilskota frå kommunane og andre bidragsytarar (fylkeskommune, private gåver o.l.). I dette ligg at dersom kommunalt bidrag til drifta aukar, aukar det statlege tilskotet tilsvarande. I snitt utgjer kommunalt driftstilskot om lag 45 pst. av samla budsjett for krisetiltaka, medan tilskot frå andre utgjer 5 pst.
Generelt har følgjande tre faktorar mykje å seia for den samla auken i statstilskotet:
Fleire kommunar gir i dag tilskot til drift av krisetiltak enn tidlegare (i alt 85 pst. av kommunane)
I snitt aukar kommunane sine bidrag til drifta av eksisterande tiltak
Lokale initiativ til å etablere nye incestsentre blir følgde opp av kommunane
Desse kommunale prioriteringane kan tyde på at krisetiltaka dei siste åra har fått eit betre økonomisk fundament, samstundes som innretninga av tilskotsordninga oppmoder til å byggje ut tilbodet.
For 1997 er det eit avvik mellom føresetnadene i budsjettet og dei faktiske forhold, sjølv om det i inneverande år ikkje er etablert nye krisetiltak. Dette heng saman med følgjande:
I løpet av 1996 kom tre nye incestsentre inn under tilskotsordninga. Desse utløyste såleis ikkje statstilskot for heilårsdrift før i 1997. Meirkostnadene ved full drift i 1997 utgjer kr 550 000.
Kommunane har auka sine tilskot til krisetiltaka, med tilsvarande auke i det statlege tilskotet, jf. innretninga av tilskotsordninga. Meirkostnadene ved dette utgjer kr 3 400 000.
Etterslep av utbetalingar av statstilskot til krisetiltak for 1996 på kr 350 000.
Desse forhold er det ikkje teke høgde for i budsjettet. På denne bakgrunn vert det gjort framlegg om ei tilleggsløyving for 1997 på 4,3 mill. kr i tilskot til krisetiltak.
(i 1000 kr) | |
Rekneskap 1996 | 43 255 |
SIII 1997 | 42 150 |
Tilleggsforslag 1997 | 4 300 |
Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
Post 64 Tilskot for einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar.
Kommunar og fylkeskommunar fekk t.o.m. 1995 refundert dei faktiske utgiftene sine til barnevern for einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar. Frå 1. januar 1996 vart ordninga lagt om slik at kommunane årleg får eit fast tilskot på kr. 80 000 pr. barn. Tilskotet vert utløyst når barnet vert busett/direktebusett i ei kommune og vert utbetalt til den einslege mindreårige fyller 18 år. Fylkeskommunane sine utgifter vert framleis refundert.
Utgiftene til rammetilskott til kommunane og fylkeskommunane vart i St prp nr 1 ( 1996-1997) berekna til kr 25 750 000. Denne løyvinga viser seg utilstrekkeleg for å dekkje behovet. Dette har mellom anna følgjande årsaker: Ein del krav frå kommunane og fylkeskommunane frå 1996 vart ikkje meldt før i 1997. Fleire barn enn ein hadde rekna med er kome i fylkeskommunale tiltak, derfor har det verte ei auke i krav frå fylkeskommunane. Ei vesentleg auke i talet på einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar enn kva som var forventa og dermed budsjettert. Utlendingsdirektoratet (UDI) rapporterte i byrjinga av 1997 at det omlag ville verte utbetalt tilskott til 300 barn. Nye tal frå UDI syner likevel at talet har auka til mellom 360 og 380 barn. Det er knytta uvisse til dette talet då enkelte av desse kanskje ikkje vil ha rett til stønad og/eller ikkje får løyve til å opphalde seg i Noreg.
På denne bakgrunn er det behov for ei tilleggsløyving på 12 mill. kr for 1997. Departementet gjer derfor framlegg om ei tilleggsløyving til dekning av refusjon av kommunale barnevernutgifter for 1997 på 12 mill. kr.
(i 1000 kr) | |
Rekneskap 1996 | 39 658 |
SIII 1997 | 25 750 |
Tilleggsforslag 1997 | 12 000 |
Kap 856 Barnehagar
Post 60 Driftstilskot til barnehagar
I samsvar med Stortinget sitt budsjettvedtak er departementet pliktig til å gi statleg driftstilskot til alle godkjende barnehagar som er i drift. Driftstilskotet til den einskilde barnehage vert rekna ut på grunnlag av det faktiske talet på barn i barnehagen, samt i høve til alder og tildelt opphaldstid. Årsmeldinga pr. 15. desember 1996 er grunnlaget for statstilskotet for 1997. Tilskotet vert rekna ut for heile året og betalt ut i 10 terminar (fyrste termin gjeld dei fyrste tre månadene av året). Alle barnehagar som opnar i løpet av året, søker om statstilskot for resten av året på eiga melding om opning.
Det er eit avvik mellom føresetnadene for 1997-budsjettet og dei faktiske forhold. Reformkostnadene i samband med oppfyllinga av dei frigjorde plassane etter 6-åringane vart høgare enn føresett, og nyetableringar i 1997 vart dyrare enn rekna med.
Om lag halvparten av alle barnehagar i landet hadde på årsmeldinga for 1996 barn som vart omfatta av grunnskulereforma hausten 1997. Ved utbetaling av driftstilskot til desse barnehagane vart tilskotet rutinemessig betalt ut for heile året for alle barna. Dette vart gjort for at barnehagar som fylte opp dei fristilte plassane etter 6-åringane med barn i same tilskotskategori, skulle sleppe å sende inn ny søknad om driftstilskot når nye barn vart tekne opp i barnehagen i august. Ei slik oppfylling av dei ledige plassane ville vore i tråd med vanleg praksis. Den fører normalt ikkje til noko ny utrekning av driftstilskot. Det synte seg derimot i ettertid at det faktum at to årgangar slutta i barnehagen samstundes, endra samansettinga mange stader meir enn føresett. Desse endringane samt signal i løpet av våren om at plassane etter 6-åringane mange stader ikkje ville bli fylt opp med nye barn eller barn i same tilskotskategori, førte til at departementet vedtok at barnehagar som våren 1997 hadde barn født i 1990 måtte søkje på nytt om driftstilskot for hausten. Det vart teke atterhald på årsmeldinga om at ein slik framgangsmåte kunne nyttast. Denne ekstraordinære søknadsrunden om driftstilskot førte m.a. til at barnehagane fekk betalt ut tilskot for alle barn født 1994 etter satsane for små barn for heile året. Etter vanlege rutinar godtgjer ein vanlegvis ikkje barnehagar for at dei tek inn yngre barn på plassar som blir frigjevne av barn over 3 år som t.d. går over i skulen. Søknadsrunda i samband med grunnskulereforma gav eit meirbehov som det ikkje vart teke høgde for i budsjettet. I tillegg har færre plassar enn tidlegare rekna med, vorte nedlagt. Samstundes har dei nye barna lengre opphaldstider i barnehagen enn det 6-åringane hadde og løyser difor ut eit høgare tilskot.
Behovet for tilleggsløyving ut frå nye søknader om driftstilskot i samband med gjennomføringa av grunnskulereforma, er rekna til 100 mill. kr.
Nye barnehageplassar i 1997 er dyrare enn kva som vart lagt til grunn i budsjettet. Dei nye plassane har lengre opphaldstider enn føresett samstundes som fleire barn under 3 år enn venta har fått eit tilbod. Behovet for tilleggsløyving i samband med nye plassar i 1997 er totalt på 15 mill. kr.
Samla er det dermed bruk for ei tilleggsløyving til driftstilskot til barnehagar på 115 mill. kr. Departementet gjer difor framlegg om ei tilleggsløyving til driftstilskot til barnehagar på 115 mill. kr.
(i 1000 kr) | |
Rekneskap 1996 | 4 266 057 |
SIII 1997 | 4 170 600 |
Tilleggsforslag 1997 | 115 000 |
Post 63 Omstillingstilskot
For 1997 er det i samband med grunnskulereforma innført eit omstillingstilskot for alle nye plassar som er oppretta for barn under 3 år i ordinære barnehagar. Det har blitt starta opp fleire barnehageplassar til barn under 3 år enn rekna med i budsjettet. Ein større del enn rekna med er også heildagsplassar som krev høgaste tilskotssats.
Tilfanget av søknader om omstillingstilskot har gjeve ei auke i tilskotsbetalinga på 15 mill kr i høve til budsjettet. Departementet gjer difor framlegg om ei tilleggsløyving til omstillingstilskot på 15 mill kroner.
(i 1000 kr) | |
Rekneskap 1996 | 0 |
SIII 1997 | 21 500 |
Tilleggsforslag 1997 | 15 000 |
Kap 866 Statens institutt for forbruksforsking
Post 01 Løn og godtgjersle og
Post 11 Varer og tenester
Kap 3866 Statens institutt for forbruksforsking
Post 01 Sal av materiell
Departementet varsla i Revidert Nasjonalbudsjett for 1997 at SIFO ville få eit markert underskot i 1997. Underskotet er ein direkte følgje av bortfallet av inntekter frå sal av programvare og inntekter frå kurs og vedlikehald av dataprogrammet «SIFO-modellen» etter at det i mars 1997 ved kongeleg resolusjon vart gjort vedtak om avhending av dei reint kommersielle programvariantane av SIFO-modellen. SIFO har rekna ut at underskotet vil bli på om lag 4 mill. kr. Departementet syner elles til utfyllande omtale av saka i St prp nr 1 (1997-98).
I statsbudsjettet for 1997 er det lagt til grunn at inntekter frå sal, vedlikehald og kurs i samband med dataprogrammet SIFO-modellen vil bli 10,1 mill. kr. Motsvarande utgifter er løyvd under kap 866, postane 01 Løn og godtgjersle og post 11 Varer og tenester. I følgje SIFO sine utrekningar vil inntekta i 1997 bli på 1,6 mill. kr. Dette er eit resultat som er 8,5 mill. kr. lågare enn inntektskravet i statsbudsjettet. Utgiftene til løn (fram til mai) og godtgjersle av overtid (utført i desember 1996 men utbetalt i 1997), samt utgifter i samband med avtalar og andre forpliktingar vil til saman utgjere om lag 4 mill. kroner. For å oppretthalde den ordinære delen av verksemda i SIFO, kan det ikkje gjerast ein parallell reduksjon av inntekts- og utgiftsløyvinga. For å kunne handsame det akkumulerte underskotet må utgiftsløyvinga reduserast med eit beløp som er 4 mill. kr mindre enn reduksjonen i inntektene.
Departementet gjer difor framlegg om at kap 3866 Statens institutt for forbruksforsking, post 01 Sal av materiell vert redusert med 8,545 mill. kr. for 1997. Vidare gjer departementet framlegg om at kap 866, post 01 Løn og godtgjersle og post 11 Varer og tenester, vert redusert med til saman 4,545 mill. kr. Av dette utgjer post 01 2,045 mill. kr. og post 11 2,5 mill. kr.
Kap. 866 post 01/11
(i 1 000 kr) | |
Rekneskap 1996 | 24 462 |
S III 1997 | 24 080 |
Tilleggsforslag 1997 | - 4 545 |
Kap. 3866 post 01
(i 1 000 kr) | |
Rekneskap 1996 | 8 621 |
S III 1997 | 10 200 |
Tilleggsforslag 1997 | - 8 545 |