St.prp. nr. 19 (2006-2007)

Om endringar i løyvingar o.a. i forsvarsbudsjettet for 2006

Til innhaldsliste

1 Formål og hovudoversikt

1.1 Formål

I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2006. Siktemålet er å skape best mogeleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane, og dei endringane i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2006 vart utarbeidd.

På grunn av den komplekse samansetjinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verktøy for å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, kan såleis verte handsama samla og formalisert på rette måte.

Hovudelementa i omgrupperingsproposisjonen tek mellom anna føre seg den vedtekne flyttinga av regionale støttefunksjonar (RSF) frå greinkapitla til kapittel 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO), jf. Innst. S. nr. 234 (2003-2004) og St.prp. nr. 42 (2003-2004). Vidare formaliserer proposisjonen den varsla auken på kapittel 1792 Norske styrkar i utlandet i samband med flytting av leiren i Meymaneh (Afghanistan), for å betre tryggleiken for dei norske styrkane, jf. Revidert nasjonalbudsjett 2006; tilleggsløyvinga til bidraget til UNIFIL II; samt overføring av budsjettansvaret for rabattavtale for vernepliktige frå greinkapitla til kapittel 1740.

Omgrupperingsproposisjonen for 2006 tek vidare vare på formaliseringa av lønnskompensasjonen for 2006 og formalisering av meirinntekter. Totalt sett utgjer omgrupperinga ein auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 265 mill. kroner.

1.2 Tilleggsløyvingar

Norsk bidrag til UNIFIL II

Krisa i Midt-Austen sommaren 2006 var ei av dei alvorlegaste i regionen på mange år. Den 11. august 2006 vedtok FNs tryggingsråd samrøystes resolusjon 1701, som gir retningslinjer for løysing av konflikten på kortare og lengre sikt, og som kan få verknad for heile regionen.

Noreg mottok ei formell oppmoding frå FN om å bidra med maritime kapasitetar, og tilbaud eit bidrag bygd opp kring fire missiltorpedobåtar (MTB-ar). Regjeringa stadfesta etter komitéhøyringar i Stortinget deltakinga med fire MTB-ar og naudsynte støtteelement gjennom Kgl. res. av 29. september 2006. Totalt utgjer det norske styrkebidraget rundt 150 personar.

Meirkostnadene for bidraget er både personellrelaterte og knytte til materiell, vedlikehald, deployering og kjøp av varer og tenester etc. Totalt er det no rekna ut at bidraget vil koste 25 millionar kroner i 2006.

I denne proposisjonen vert det fremja forslag om tilleggsløyving av 25 mill. kroner for 2006.

1.3 Grunnlaget for omgrupperinga

1.3.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2006, dei seinare endringane gjort av Stortinget, og midlar ført over frå 2005. Det er og tatt omsyn til forsvarssektoren sin del av lønnskompensasjonen for 2006 (301,990 mill. kroner).

Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2006, kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 200630 610 218
St.prp. nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2006 (RNB), jf. Innst. S. nr. 240 (2004-2005).19 678
St.prp. nr. 70 (2004-2005) Om endringar i Regulativ for tillegg o.a. til utskrivne ­vernepliktige mannskap og om endring i gradsnivå for militære embete («soldatproposisjonen»), jf. Innst. S. nr. 274 (2004-2005).12 503
Lønnsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet.301 990
= Faktisk løyving før omgruppering30 944 389
+ Midlar ført over frå 20051 105 500
= Disponible midlar i 2006 før omgrupperinga32 049 889

Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida, før omgruppering 2006, kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 20061 003 452
= Løyvingar før omgruppering1 003 452

1.3.2 Inntekter i 2006

I høve til vedtatt budsjett for 2006 er det ei netto meirinntekt (brutto meirinntekter minus mindreinntekter) på 240 mill. kroner som er foreslått lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet sin meirinntektsfullmakt i St.prp. nr. 1 (2005-2006) under romartalsvedtak II.

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førde til utgiftssida240 000
+ Tilleggsløyvingar25 000
= Sum behov ved omgrupperinga265 000
+ Løyvingar før omgrupperinga30 944 389
= Samla løyvingar etter omgrupperinga31 209 389
+ Midlar ført over frå 20051 105 500
= Samla disponible midlar i 2006 etter omgrupperinga32 314 889

Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):

Løyvingar før omgrupperinga1 003 452
Meirinntekter240 000
= Løyvingar etter omgrupperinga1 243 452

Regjeringa foreslår på denne bakgrunn, under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert auka med 265 mill. kroner og at inntektsramma vert auka med 240 mill. kroner.

1.3.3 Utgifter

Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av meirinntekter.

Tabell 1.5 Postfordeling utgifter (i 1 000 kroner)

PostFormålMindreutg.-/Meirutg.+
01Driftsutgifter634 652
43Til disposisjon for Forsvarsdepartementet-20 000
45Store nyskaffingar-820 000
47Nye bygg og anlegg417 848
50Overføringar Statens pensjonskasse58 000
70Renter låneordning-5 500
Sum265 000

1.3.4 Inntekter

Tabell 1.6 Postfordeling inntekter (i 1 000 kroner)

PostFormålMindreinnt. -/Meirinnt.+
01Driftsinntekter329 0000
45Store nyskaffingar0
47Sal av eigedom-89 000
48Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter0
90Lån til bustadføremål0
Sum240 000