1 Samandrag
I denne proposisjonen blir det foreslått nokre endringar i løyvingane under Utanriksdepartementet sitt budsjett for 2008.
Innanfor programområde 02 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om endringar under kap. 100 Utanriksdepartementet, kap. 103 Regjeringas fellesløyving for representasjon, kap. 104 Kongefamilien sine offisielle reiser til utlandet og kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar.
På budsjettet for ODA-godkjend utviklingshjelp under programområde 03 blir det gjort framlegg om omfordeling av 29,2 mill. kroner. Det blir og gjort framlegg om ein reduksjon av bistandsramma med 21, 5 mill. kroner som følgje av at overslaget over utgifter til flyktningar i Noreg som er godkjend som offisiell utviklingshjelp blir redusert.
Kap. 100 Utanriksdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
I samband med handsaminga av St. prp. nr. 59 (2007-2008) vart det løyvd 3 mill. kroner for å styrke norske utanriksstasjonar med spesialutsendingar som skal arbeide med tiltak for å hindre menneskesmugling, verifisere opplysingar i opphavsland og legge til rette for uttransportering av personar utan lovleg opphald. Løyvinga vart gjort på kap. 690 på Arbeids- og inkluderingsdepartementet sitt budsjett. Av denne løyvinga gjeld 2,7 mill. kroner utgifter relatert til Utanriksdepartementet og det vert difor gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 100, post 01 med 2,7 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon under kap. 690, post 01.
Kap. 103 Regjeringas fellesløyving for representasjon
Post 01 Driftsutgifter
Av løyvinga under kap. 103, post 01 er 3,1 mill. kroner øyremerka husleigeutgifter i Regjeringas representasjonsanlegg i Riddervoldsgt. 2. Anlegget var planlagt ferdigstilt i august, men pga. forseinka framdrift i byggearbeida vil anlegget ikkje bli teke i bruk før nærare årsskiftet. Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 2 mill. kroner.
Kap. 104 Kongefamilien sine offisielle reiser til utlandet
Post 01 Driftsutgifter
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 3,5 mill. kroner. Utgifter til kongefamilien sine reiser til utlandet resten av året vil bli dekka innanfor den nedjusterte ramma.
Kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar
Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar
Ein samla gjennomgang av pliktige tilskot til internasjonale organisasjonar viser meir- og mindreforbruk under enkelte organisasjonar. Til saman er det eit netto meirforbruk på om lag 8 mill. kroner under posten. Dette har i hovudsak samanheng med meirutgifter til FN sine fredsoperasjonar og mindreutgifter til FN sitt regulære budsjett, EFTA og EFTA-organ og Nordisk Ministerråd. Det blir gjort framlegg om ein auke på 8 mill. kroner.
Post 72 EØS-finansieringsordninga, kan overførast
Budsjettanslaga under kap. 116, postane 72 og 73 EØS-ordningane har sidan starten i 2004 teke utgangspunkt i forventa prosjekt under ordningane og seinare i dei godkjende prosjektbudsjetta. Det har likevel vist seg at det er forseinkingar i prosjektgjennomføring og innsending av betalingskrav, noko som er mottakarlanda sitt ansvar. Utbetalingane under EØS-finansieringsordningane blir gjort på grunnlag av legitimerte, påløpte kostnader. Då utbetalingane skjer i etterkant, er utbetalingstakta avhengig av prosjektframdrifta i mottakarlanda og av at refusjonskrav blir sende inn. Nemnde forseinkingar får difor konsekvensar for forbruk og løyvingar.
Sjølv om dei forskjellige aktørane etter kvart får erfaring i vurdering av prosjektframdrift, utbetalingstakt mv., er det framleis særs vanskeleg å skaffe fram nøyaktige utbetalingsanslag. Men det blir gjort grundige analyser av prosjektframdrifta i mottakarlanda og Financial Mechanism Office i Brussel har intensivert dialogen med mottakarlanda for å syte for at refusjonskrav blir innsende. Utanriksdepartementet følgjer utviklinga nøye.
På grunnlag av analyser og dialog med dei største mottakarlanda tilseier dei siste utbetalingsprognosene frå Financial Mechanism Office i Brussel mindreutgifter i 2008. Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 31 mill. kroner.
Post 73 Den norske finansieringsordninga, kan overførast
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 120 mill. kroner, jf. omtale under kap. 116, post 72 ovanfor.
Kap. 140 Utanriksdepartementet sin administrasjon av utviklingshjelpa
Post 01 Driftsutgifter
Det blir gjort framlegg om ein netto reduksjon på 2,384 mill. kroner som i hovudsak har samanheng med mindrebehov på 4,5 mill. kroner knytta til driftsutgiftene til Regjeringas skogprosjekt administrert av Miljøverndepartementet, jf. St. prp. nr. 59, Innst. S. nr. 270 (2007-2008). Mindreutgiftene til drift i 2008 er foreslått lagt til skogtiltak under kap. 166, post 72, jf. omtale nedanfor.
Kap. 141 Direktoratet for utviklingshjelp (Norad)
Post 01 Driftsutgifter
Det blir gjort framlegg om ein auke på 1,3 mill. kroner i samband med det sentrale lønsoppgjeret.
Kap. 160 Sivilt samfunn og demokratiutvikling
Post 01 Driftsutgifter
Framdrifta i byggeprosjektet knytta til etableringa av eit informasjonssenter for utviklingssamarbeid på Vestbanen er forseinka. Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 2,5 mill. kroner.
Kap. 161 Næringsutvikling
Post 70 Næringsutvikling, kan overførast
Grunna planlagt avvikling av blanda kredittar blir det gjort framlegg om ein reduksjon på 15 mill. kroner.
Kap. 163 Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar
Post 70 Naturkatastrofar, kan overførast
Det er eit meirbehov for naudhjelp til dei tørkeramma i landa på Afrikas horn.
Det blir gjort framlegg om ein auke på 7 mill. kroner.
Post 71 Humanitær hjelp og menneskerettar, kan overførast
Det er meirbehov knytta til matvarehjelp til Zimbabwe, oppfølginga av klaseammunisjonskonvensjonen og akutte humanitære behov som følgje av eskaleringa av krigshandlingar både på Sri Lanka og i Aust-Kongo. Det blir gjort framlegg om ein auke på 16,366 mill. kroner.
Kap. 166 Tilskot til ymse tiltak
Post 70 Ymse tilskot, kan overførast
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 2,116 mill. kroner.
Post 72 Internasjonale miljøprosessar og berekraftig utvikling, kan overførast
Det blir gjort framlegg om ein auke på 4,5 mill. kroner til oppfølging av Regjeringas klima- og skogsatsing.
Kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA)
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Enkelte opphaldsutgifter det første året til flyktningar i Noreg er godkjend som offisiell utviklingshjelp og kan bli dekka under kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, post 21 Spesielle driftsutgifter. Dette gjeld mellom anna reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, utgifter til integreringstilskot for overføringsflyktningar, utgifter til opplæring av barn i mottak og andre opplæringsformål, sjå tabellen. Overslaget over utgifter til flyktningar i Noreg som er godkjend som offisiell utviklingshjelp blir redusert med 21,5 mill. kroner.
Formål | Endring (mill. kr) |
Arbeids- og inkluderingsdepartementet | |
Kap. 3651, post 02 | -4,165 |
Kunnskapsdepartementet | |
Kap 3225, post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter | -18,513 |
Barne- og likestillingsdepartementet | |
Kap. 3854, post 04 Barne- og ungdomsvern | 1,161 |
Sum | -21,517 |
Det blir i tillegg gjort framlegg om ein auke på 34 000 kroner grunna avrundingsfeil i samband med behandling av Revidert nasjonalbudsjett. Samla blir det gjort framlegg om å redusere løyvinga med 21,483 mill. kroner.
Kap. 170 FN-organisasjonar m.m.
Post 78 Bidrag andre FN-organisasjonar mv., kan overførast
Det er eit mindrebehov for tilskot til årleg bidrag til FN sitt regulære budsjett og Noregs regulære bidrag til Verdas helseorganisasjon. Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 7,2 mill. kroner.