1 Bakgrunn
Avgjerd i EØS-komiteen nr. 43/2000 av 12. mai 2000, gjeld endring av vedlegg XVIII til EØS-avtala ved innlemming av rådsdirektiv 99/70/EF om mellombels tilsetjing. For Noreg sin del vart avgjerda i EØS-komiteen teke med atterhald om Stortinget sitt samtykke då gjennomføringa av direktivet i norsk rett vil krevje ei lovendring. Direktivet vart vedteke i EU 28. juni 1999, og det tek til å gjelde 10. juli 2001.
Avgjerda i EØS-komiteen og rådsdirektivet i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til denne proposisjonen.