3 Del II Fylkesnemndene for sosiale saker
3.1 Bakgrunn
Fylkesnemndene for sosiale saker er eit statleg, kollegialt og uavhengig forvaltningsorgan som behandlar og avgjer saker om tvangstiltak etter barnevernlova, sosialtenestelova og smittevernlova. Den klart største delen av saker er etter barnevernlova. Vedtak gjort i fylkesnemnda kan berre påklagast av domstolane. Fylkesnemnda sitt arbeid er bestemt i lova og med tidsfristar i lova. Det har dei siste åra vore ein klar vekst i talet på saker i nemnda.
Det er vanskeleg på førehand å gi gode anslag for utviklinga i talet på saker i fylkesnemndene for sosiale saker. Budsjettframlegget for 2004 var basert på ei vidareføring av løyvinga for 2003. I ettertid har det vist seg at forbruket i 2003 vart større enn det som var lagt til grunn då budsjettet for 2004 vart lagt fram. Dette er ei viktig forklaring på at det no er naudsynt med ei tilleggsløyving for 2004. Ei anna forklaring er at satsane for sakkyndige er auka.
Domstoladministrasjonen (DA) som står for drift og vedlikehald av fylkesnemndene sitt elektroniske system, har varsla departementet om at det i framtida ikkje vil være mogleg å vidareføre dagens avtaleforpliktingar for systemet. Årsaka til dette er at systemet vert avvikla for domstolane i løpet av 2004, og at systemet er i ferd med å bli så gammaldags at det ikkje lenger vil være mogleg for DA eller andre å ta hand om drift og vedlikehald. Med bakgrunn i dette og også ynskje om ei meir rasjonell drift av fylkesnemndene, vart det i 2002 starta eit prosjekt med sikte på å innføre eit nytt elektronisk sakshandsamingssystem for fylkesnemndene i 2004. Systemet vert sett i drift i alle fylkesnemndene i 2005.
Det er nedsett eit offentleg utval for å vurdere effektivitetsfremjande forenklingar for fylkesnemndenes saksbehandling og rutinar. Utvalets første utredning skal føreligge 1. desember 2004.
3.2 Økonomiske og budsjettmessige konsekvensar
Auka i saksutgifter medfører eit meirbehov på 15,9 mill. kroner i 2004. I 2004 vil det være behov for 1,7 mill. kroner til nytt sakshandsamingssystem for fylkesnemndene. Barne- og familiedepartementet vil i 2004 omdisponere 6 mill. kroner frå kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 21 Spesielle driftsutgifter, til kap. 854, post 01 Driftsutgifter - Fylkesnemndene for sosiale saker for å dekke inn resterande meirutgifter.
3.3 Endringsforslag
Departementet gjer framlegg om å auka løyvinga under kap. 854 post 01 med 17,6 mill. kroner og redusera løyvinga under kap. 854 post 21 med 6 mill. kroner. Departementet gjer difor framlegg om tileggsløyving på 11,6 mill. kroner.