1 Samandrag
I denne proposisjonen blir det foreslått enkelte endringar i løyvingane under Utanriksdepartementet sitt budsjett for 2001. I tillegg blir Stortinget orientert om enkelte andre saker.
Innanfor programområde 02 Utanriksforvaltning blir det foreslått tilleggsløyvingar i samband med FNs fredsbevarande operasjonar og Kronprinsbryllaupet.
Innanfor budsjettet for utviklingshjelp under programområde 03 blir det foreslått omdisponeringar på til saman 127,4 mill. kroner. Desse omdisponeringane blir foreslått for å kunne nytte løyvingane mest mogeleg effektivt i budsjetterminen.
Kap. 103 Regjeringas fellesløyving for representasjon
Post 01 Driftsutgifter
Regjeringa foreslår at enkelte utgifter knytta til Kronprinsbryllaupet 25. august i år blir gitt som tilleggsløyving. Meirutgiftene er knytta til Regjeringa sin offisielle middag på Akershus slott og staten sin del av utgiftene til pynting av Oslo by. Det blir difor foreslått ei tilleggsløyving på 2 mill. kroner.
Kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar
Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar
Regjeringa foreslår ei netto tilleggsløyving på posten på 98,555 mill. kroner. Utover 8 mill. kroner i lågare kontingentutgifter grunna endra valutakursar er det meirutgifter knytta til FNs fredsbevarande operasjonar og NATO, jf. omtale nedanfor.
FNs fredsbevarande operasjonar
Utbetalingane til FNs fredsoperasjonar er avhengige av Tryggingsrådet sine vedtak om igangsetjing, utviding og terminering av operasjonane. På grunn av ein sterk utviding av MONUC i DR Kongo og igangsetjing av UNMEE i Etiopia/Eritrea er det behov for 106 mill. kroner i tilleggsløyving i år.
NATO-hovudkvarteret
På NATO-toppmøtet i Washington i 1999 vart det vedteke å byggje nytt NATO-hovudkvarter i Brussel. Etter planen skal byggjearbeida starta opp i 2004.
Utgiftene til drift og vedlikehald av NATO-hovudkvarteret inngår som ein del av dei pliktige løyvingane Noreg yter til NATO sitt sivile og militære budsjett. Desse løyvingane går over Utanriksdepartementet og Forsvarsdepartementet sine budsjett. Også utgiftene til nytt NATO-hovudkvarter inngår som del av det pliktige tilskotet. Normalt blir utgiftene fordelte mellom Forsvarsdepartementet og Utanriksdepartementet etter gjeldande fordelingsnøklar for det sivile og militære budsjettet. Av praktiske grunnar tilrår Regjeringa at meirutgiftene nemnd ovanfor blir dekka over Utanriksdepartementet sitt budsjett. For 2001 blir det difor forslått ei tilleggsløyving på kr 555 000 til prosjektering m.m.
Offisiell utviklingshjelp (ODA)
Innanfor budsjettet for utviklingshjelp blir det foreslått auka løyvingar på enkelte postar på til saman 127,425 mill. kroner og tilsvarande reduksjonar på andre postar, jf. nærmare omtale nedanfor. Det er blitt ledige midlar til omfordeling på grunn av mindre ODA-godkjente utgifter til flyktningar i Noreg. Vidare blir utbetalingane knytta til næringslivsordningane og Den interamerikanske utviklingsgruppa mindre enn i saldert budsjett for 2001. Ymseposten på kap. 159 blir og redusert. Dei ledige midla blir i hovudsak foreslått omdisponert til humanitære tiltak i Asia og Afrika, og auka støtte til freds- og forsoningsarbeid.
Kap. 140 Utanriksdepartementets administrasjon av utviklingshjelpa
Post 01 Driftsutgifter
Det blir gjort framlegg om å løyve kr 750 000 som kompensasjon for meirutgifter i samband med lønsoppgjeret for 2001.
Kap. 141 Direktoratet for utviklingssamarbeid (NORAD)
Post 01 Driftsutgifter
Det blir gjort framlegg om å løyve 1 mill. kroner som kompensasjon for meirutgifter i samband med lønsoppgjeret for 2001.
Kap. 142 NORADs administrasjon av utanriksstasjonane
Post 01 Driftsutgifter
Det blir gjort framlegg om å løyve kr 350 000 som kompensasjon for meirutgifter i samband med lønsoppgjeret for 2001.
Kap. 143 Utanriksdepartementets administrasjon av utanriksstasjonane
Post 01 Driftsutgifter
Det blir gjort framlegg om å løyve kr 325 000 som kompensasjon for meirutgifter i samband med lønsoppgjeret for 2001.
Kap. 150 Utviklingshjelp til prioriterte land og regionar
Post 71 Utviklingshjelp til Asia, kan overførast
Den internasjonale situasjonen etter terrorhandlingane i USA 11. september i år har ført til minka eksportinntekter og nedgang i den økonomiske veksten i asiatiske land Noreg har utviklingssamarbeid med. Dette vil truleg føre til at landa får problem med å nå eigne mål knytta til m.a. helse og utdanning. På denne bakgrunnen blir det foreslått ei tilleggsløyving på 5 mill. kroner.
Post 72 Utviklingshjelp til Mellom-Amerika, kan overførast
I Mellom-Amerika er det behov for støtte til miljørelaterte tiltak og til det arbeidet UNDP gjer overfor det sivile samfunnet. Det blir difor foreslått ei tilleggsløyving på 8 mill. kroner.
Kap. 157 Næringsutvikling og økonomisk utvikling
Post 72 Finansieringsordning for utviklingstiltak, kan overførast
Det har teke lengre tid enn planlagt å gjennomføre ei rekkje prosjekt. Oppstartinga av prosjekta i nokre mottakarland er blitt forseinka på grunn av kapasitetsproblem. Utbetalingane i år er og blitt lågare enn tenkt på grunn av at iverksetjinga av vedtaket om å avbinde utviklingshjelpa er inne i ein startfase. Det vil difor vere nødvendig å overføre 100 mill. kroner av løyvinga på posten til 2002. Avbinding krev nye retningslinjer for bruk av blanda kredittar og ein gjennomgang av eksisterande garantiordningar. Regjeringa legg opp til at dei nødvendige avklaringane skal finne stad tidleg i 2002.
Løyvinga på posten for 2001 utgjer 412 mill. kroner. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 40 mill. kroner.
Kap. 159 Tilskot til ymse hjelpetiltak
Post 70 Tilskot, kan overførast
Disponibel løyving på posten blir foreslått redusert med 24,725 mill. kroner, jf. forslag om auka løyvingar på andre postar under utviklingshjelpa. Reduksjonen blir foreslått gjennomført ved at ordinær løyving for 2001 blir redusert med kr 24 286 000 og at overført løyving frå 2000 til 2001 blir redusert med kr 439 000. Ved departementsfullmakt er det omdisponert 5,854 mill. kroner til andre postar. Disponibel løyving på posten utgjer etter dette kr 406 000. I tillegg er det på posten nettoført 9 mill. kroner i tilbakeførte midlar frå FN knytta til forskottering av naudhjelpsleveransar, jf. romartalsfullmakt XII i St. prp. 1 (2000-01). Desse midla blir foreslått overført til bruk i 2002.
Kap. 163 Generelle tilskot - finansinstitusjonar
Post 70 Innskot i finansinstitusjonar, kan overførast
Innskotet i Inter-American Investment Corporation (IIC) for 2001 er rekna ut til å bli 8 mill. kroner mindre enn tidlegare budsjettert. Løyvinga på posten blir difor foreslått redusert med 8 mill. kroner.
Kap. 190 Humanitær hjelp ved naturkatastrofar
Post 70 Tilskot ved naturkatastrofar, kan overførast
Tørke i Afghanistan har medført stort press på løyvinga. Det blir difor foreslått ei tilleggsløyving på 20 mill. kroner til førebyggjande tiltak og til naudhjelp som følgje av eksisterande naturkatastrofar.
Kap. 191 Menneskerettar, humanitær hjelp og flyktningetiltak
Post 70 Tilskot til menneskerettar, humanitær hjelp og flyktningetiltak, kan overførast
Som følgje av krisa i Afghanistan er det i budsjetterminen 2001 omdisponert midlar frå løyvingar som i utgangspunktet skulle gå til tiltak i andre delar av Asia, m.a. Nord-Korea. Den humanitære satsinga i regionen blir difor foreslått styrka med 20 mill. kroner. Vidare er den humanitære situasjonen for flyktningar i Guinea framleis vanskeleg. I tillegg er det store humanitære behov i Sudan og Etiopia/Eritrea. Det blir difor foreslått å auke løyvinga med 30 mill. kroner.
Noregs aktive rolle i arbeidet med menneskerettar generelt, og i oppfølginga av rasismekonferansen i Durban medfører auka behov for midlar. Det blir difor foreslått 7 mill. kroner til dette arbeidet.
Samla blir det foreslått 57 mill. kroner i auka løyving på posten.
Kap. 192 Fred, forsoning og demokrati
Post 70 Tilskot til generelle tiltak for fred, forsoning og demokrati, kan overførast
Det omfattande norske engasjementet knytta til fred, forsoning og demokratitiltak, inkludert Noregs medlemskap i Tryggingsrådet, fører til auka behov for støtte innanfor desse områda. Det blir difor foreslått ei tilleggsløyving på 10 mill. kroner.
Post 71 Tilskot til ODA-godkjende land på Balkan og andre ODA-godkjende OSSE-land, kan overførast
Transportutgiftene i samband med tilbakevending av flyktningar frå Noreg til Kosovo har auka siste året. For 2001 vil dei ODA-godkjende transportutgiftene bli om lag 15 mill. kroner meir enn budsjettert. Det blir difor foreslått ei tilleggsløyving på 15 mill. kroner.
Som følgje av krisa i Afghanistan vart det tidlegare i år omdisponert 5 mill. kroner innanfor løyvinga på denne posten til tiltak for flyktningar frå Afghanistan. Dette har skjedd ved omdisponeringar frå tiltak i Sør-Kaukasus og Sentral-Asia som framleis har behov for hjelp m.a. som følgje av langvarig tørke og vedvarande konfliktar. Det blir difor foreslått 5 mill. kroner i tilleggsløyving til humanitære tiltak i Sør-Kaukasus og Sentral-Asia. Fredsprosessen i Makedonia krev auka internasjonalt nærvere og hjelp frå det internasjonale samfunnet. Noreg støttar viktige tillitsskapande prosjekt og institusjonsbyggingstiltak i Makedonia. Regjeringa ser det som viktig å styrke den norske hjelpa til Makedonia i tida framover. Det blir difor foreslått 5 mill. kroner i tilleggsløyving.
Samla blir det foreslått 25 mill. kroner i tilleggsløyving på posten.
Kap. 195 Tiltak for flyktningar i Noreg, godkjent som utviklingshjelp (ODA)
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten omfattar refusjon av ODA-godkjende opphalds- og tilbakevendingsutgifter som blir løyvde over Kommunal- og regionaldepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sine budsjett.
ODA-godkjende opphaldsutgifter omfattar i samsvar med retningslinjene til OECD/DAC berre utgifter knytta til flyktningar frå ODA-land, og som har opphalde seg mindre enn eitt år i Noreg. ODA-godkjende tilbakevendingsutgifter omfattar den individuelle tilbakevendingsstøtta flyktningar får når dei reiser tilbake til heimlandet sitt.
I overslaga for utrekning av dei ODA-godkjende opphaldsutgiftene er det lagt til grunn at 85 pst. av dei som bur i mottak kjem frå ODA-land og at 45 pst. av desse har vore i mottak mindre enn eitt år, jf. St.prp. nr. 101 (2000-2001). I saldert budsjett for 2001 vart det lagt til grunn at 90 pst. av dei som bur i mottak kom frå ODA-land og at 60 pst. av desse var i mottak mindre enn eitt år.
I saldert budsjett for 2001 vart det løyvd 857,119 mill. kroner over denne posten. I Revidert nasjonalbudsjett for 2001 vart løyvinga redusert med 144,72 mill. kroner. Vidare vart løyvinga redusert med ytterlegare 50 mill. kroner i samband med St. prp. nr. 8, Innst. S. nr. 5 (2001-02) Om humanitær bistand i forbindelse med krisen i Afghanistan.
I denne proposisjonen blir det foreslått å redusere løyvinga med 54,7 mill. kroner. Det blir elles vist til St.prp. nr. 101 (2000-2001) der Kommunal- og regionaldepartementet gjer greie for reduserte ODA-godkjende flyktningeutgifter i år. Vidare blir det og vist til Kyrkje, utdannings- og forskingsdepartementet sin budsjettomtale i ny saldering av 2001-budsjettet. Dei ODA-godkjende flyktningeutgiftene for 2001 vil etter dette utgjere 607,699 mill. kroner.
Andre saker - avskriving av tap under låneordninga på kap. 157 Næringsutvikling og økonomisk utvikling
Under låneordninga for utvikling av næringslivet i utviklingsland vart to lån avskrivne i 2000 utan at Stortinget er blitt orientert om dette. Enkelttiltak med avskrivingar over 3 mill. kroner skal, jf. romertallsvedtak X i Budsjettinnst. S.nr.3 (1999-2000), leggjast fram for Stortinget.
Eit lån på 10,224 mill. kroner til Chain de Froid Regionale S.A. i Benin vart avskrive etter at selskapet tapte heile eigenkapitalen. Det vart konkludert med at inntekter frå sal av eigendom og lausøyre ikkje ville vere tilstrekkeleg til å dekkje meir enn uteståande tollavgifter og krav av 1. prioritet.
Eit lån på 4,43 mill. kroner til Noraf Consulting i Uganda vart avskrive då selskapet som følgje av ulønsam drift fekk økonomiske problem og mislegheld låneavtalen med NORAD. Netto realisasjonsverdi av selskapet sine aktiva utgjer i underkant av 1 pst. av det opphavelege lånet.
I samband med at låneordninga under NORAD er avslutta er forvaltningsansvaret knytta til løpande låneavtalar og uteståande krav lagt til Statens investeringsfond for næringsverksemd i utviklingsland (NORFUND). Overføringa er forankra i lov om NORFUND, jf. § 1, der det går fram at fondet også kan forvalte andre statlege støtteordningar for næringsverksemd i utviklingsland.
Ikkje-ODA-godkjent utviklingshjelp
Kap. 198 Frivillige tilskot FN-operasjonar
Post 70 Fredsbevarande operasjonar og internasjonal strafferettspleie
I samband med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett for 2001 vart det løyvd 27 mill. kroner på denne posten. Det har vist seg at planlegging og iverksetjing av tiltak tek noko lenger tid enn forventa, og deler av løyvinga vil difor først komme til utbetaling i 2002. For at ubrukt løyving i 2001 skal kunne overførast til bruk i 2002 blir det foreslått at stikkordet « kan overførast» blir lagt til nemninga på posten, jf. utkast til romartalsvedtak. Det blir elles vist til omtale i tilleggsnummeret til St. prp. nr. 1 (2001-02).