1 Formål og hovudoversikt
1.1 Formål
I denne proposisjonen legg Regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2003 for å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane og dei endringane i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2003 vart utarbeidd.
1.2 Tilleggsløyvingar
På bakgrun av at eit norsk sikringskompani skal stasjonerast i Afghanistan frå november i år i samband med at landets grunnlovgivande forsamling Loya Jirga trer saman i desember vert det foreslått ei tilleggsløyving på 10 mill. kroner.
Oppdraget kostar totalt 50 mill. kroner der 30 mill. kroner kjem til betaling i 2003. 20 mill. kroner vert dekt innanfor fastlagde rammer og 10 mill. kroner i tillegsløyving.
1.3 Omgruppering: Forhold som endrar ramma for 2003-budsjettet
1.3.1 Nedtrekk grunna meirforbruk i 2002
Avslutninga av rekneskapen for 2002 synte eit meirforbruk under:
Kap. 1731 Hæren, post 01 på 55,470 mill. kroner.
Totalt meirforbruk var på 55,470 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert tilsvarande.
Kap. 1732 Sjøforsvaret, post 01 på 38,878 mill. kroner.
Totalt meirforbruk var på 38,878 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert tilsvarande.
Kap. 1734 Heimevernet, post 01 på 6,094 mill. kroner.
Totalt meirforbruk var på 6,094 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert tilsvarande.
Kap. 1760 Nyskaffingar av materiell og nye bygg og anlegg, post 48 på 2,181 mill. kroner.
Totalt meirforbruk var på 2,181 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert tilsvarande.
Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta, post 01 på 6,167 mill. kroner.
Totalt meirforbruk var på 6,167 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert tilsvarande.
1.3.2 Netto meirinntekter i 2003
I forhold til vedtatt budsjett 2003 er det ei netto meirinntekt (brutto meirinntekter minus mindreinntekter) på 72,765 mill. kroner som er foreslått lagt til utgiftssida.
1.4 Det økonomiske grunnlaget for omgrupperinga
1.4.1 Økonomisk grunnlag
Grunnlaget for omgrupperingane er vedtatt budsjett for 2003 lagt til seinare endringar gjort av Stortinget, fullmakter gitt av Stortinget til Finansdepartementet som ikkje kjem fram som løyvingsendring under dei einskilde departementa og midlar ført over frå 2002.
I 2003 er det for forsvarsbudsjettet sett i verk faktiske endringar i løyvingar i følgjande:
Stp.prp. nr. 1 (2002-2003) Statsbudsjettet medrekna folketrygda, B.innst. S. nr. 1 (2002-2003), medførde ein reduksjon på 43,462 mill. kroner
St.prp. nr. 65 (2002-2003), Tilleggsbevilgninger og omprioriteringar i statsbudsjettet medrekna folketrygda 2002, jf. Innst. S. nr. 212 (2002-2003), medførde ei redusert utgiftsramme på 240 mill. kroner.
Innsparing i departementa sine utgiftsrammer på 100 mill. kroner, fullmakt gitt av Stortinget til Finansdepartementet. Forsvarsdepartementet sin del utgjorde 28,601 mill. kroner.
Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2003, kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Vedtatt budsjett 2003 | 29 613 813 |
Innst. S nr. 1 Tillegg nr. 1 (2002-2003) | -43 462 |
Innst. S. nr. 260 (2002-2003) | -240 000 |
Forsvarsdepartementet sin del av innsparingsfullmakt gitt av Stortinget til Finansdepartementet | -28 601 |
Soldatproposisjonen, jf. Innst. S. nr. 291 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 76 (2002-2003) (reknefeil i samband med utarbeiding av proposisjonen) | 3 |
= Faktisk løyving før omgruppering | 29 301 753 |
Middel ført over frå 2002 | 1 127 923 |
Disponible midlar i 2003 før omgruppering | 30 429 676 |
Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida før omgruppering 2003 kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Vedtatt budsjett 2003 | 798 286 |
= Løyving før omgruppering | 798 286 |
Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):
Nedtrekk grunna meirforbruk i 2002 | -108 790 |
Nedtrekk grunna ein reknefeil i samband med soldatproposisjonen, jf. Innst. S. nr. 291 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 76 (2002-2003). | -3 |
Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førde til utgiftssida | 72 765 |
Tilleggsløyvingar i omgrupperinga 2003 | 10 000 |
= Sum behov ved omgrupperinga | -26 028 |
+ Løyving før omgruppering | 29 301 753 |
= Total løyving etter omgrupperinga | 29 275 725 |
= Totalt disponibelt etter omgrupperinga | 30 403 648 |
Tabell 1.4 Løyvingsbehov på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):
Løyving før omgruppering | 798 286 |
Netto meirinntekter | 72 765 |
= Sum behov ved omgrupperinga | 871 051 |
Departementet foreslår på denne bakgrunnen, under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert redusert med 26,028 mill. kroner og at inntektsramma vert auka med 72,765 mill. kroner.
1.4.2 Utgifter
Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av netto meirinntekter.
Tabell 1.5 Postfordeling utgifter (i 1 000 kroner)
Mindreutg - | ||
Post | Formål | Meirutg + |
01 | Driftsutgifter | -12 695 |
24 | Driftsresultat Forsvarsbygg | 458 436 |
43 | Til disposisjon for Forsvarsdepartementet | -11 307 |
45 | Store nyskaffingar | 109 420 |
47 | Nye bygg og anlegg | -600 436 |
48 | Fellesfinansierte bygg og anleggsarbeid | -2 181 |
50 | Overføringar til statsinstitusjonar | 42 000 |
70 | Renter låneordning | -8 000 |
75 | Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid | - 23 000 |
78 | Noregs tilskot til NATO sitt driftsbudsjett | 23 000 |
90 | Lån til private | -1 265 |
Sum | -26 028 |
1.4.3 Inntekter
Tabell 1.6 Postfordeling inntekter (i 1 000 kroner)
Mindreinnt - | ||
Post | Formål | /Meirinnt + |
01 | Driftsinntekter | 72 365 |
70 | Renter låneordninga | -600 |
90 | Lån til bustadformål | 1 000 |
Sum | 72 765 |