2 Forslag under dei enkelte kapitla
Kap. 603 Arbeidsretten, meklingsinstitusjonen m.v.
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
01 | Driftsutgifter | 12 212 | 11 500 | 12 300 | + 800 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 1 228 | 1 700 | 900 | - 800 |
Sum endringar | 13 439 | 13 200 | 13 200 | 0 |
Post 01 Driftsutgifter
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Saksmengda og utgiftene til verksemdene på kapitlet (Arbeidsretten og meklingsinstitusjonene) er svært variable, bl.a. avhengig av korleis lønsoppgjera utviklar seg, om det er hoved- eller mellomoppgjør og om det er samordna eller forbundsvise oppgjer. Posten skal vidare dekkje utgiftsauke ved institusjonane, samt kompetanseoppbyggjing og utgreiingar innafor området kollektiv arbeidsrett.
For inneverande år har verksemdene bruk for ekstra løyving på post 01 Driftsutgifter for bl.a. å få i stand internettside, oppgradering av forhandlingslokala, utskifting av deler av IT-anlegget på grunn av serversammenbrudd samt ekstra utgifter som fylgje av lønsutviklinga for både Arbeidsrettens personale og for omfanget av honorarer til meddommere. Tilsvarende gjeld óg for meklingsinstitusjonen der honorarsatsane for kretsmeklingsmennene og særskilte oppnemde meklingsmenn er blitt justert opp i 2005.
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 01 Driftsutgifter med kr 800 000 og at løyvinga under post 21 Spesielle driftsutgifter blir sett ned med kr 800 000.
Kap. 604 Ny arbeids- og velferdsforvaltning
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
21 | Spesielle driftsutgifter | 0 | 7 000 | 13 200 | 6 200 |
45 | Større utstyrsanskaffing og vedlikehald, kan overførast | 0 | 50 000 | 46 300 | -3 700 |
Sum endringar | 57 000 | 59 500 | + 2 500 |
Post 21 Spesielle driftsutgifterPost 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres.
Drift av interimsorganisasjon (NAV interim) for den nye arbeids- og velferdsetaten.
Løyvinga for 2005 er 7 mill. kroner. NAV interim vart etablert tidlegare enn føreset og har kome raskare i gang med aktivitetar enn det ein såg føre seg når St.prp. nr. 46 (2004-2005) var lagt fram. Dette har ført til eit nytt kostnadsoverslag på 13,2 mill kroner i 2005.
Ein gjer såleis framlegg om å auke løyvingane under post 21 med 6,2 mill. kroner mot ein reduksjon av løyvinga under post 45, Større utstyrsanskaffing og vedlikehald, kan overførast, med 3,7 mill. kroner og løyvinga på kap. 620, post 21 med 2,5 mill. kroner.
Kap. 620 Utredningsverksemd, forskning m.m.
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
21 | Spesielle driftsutgifter | 62 885 | 76 750 | 74 250 | -2 500 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga for 2005 er 76,75 mill. kroner. Det vert gjort framlegg om å redusere løyvinga under post 21 med 2,5 mill. kroner. Sjå nærare omtale under kapittel 604 Ny arbeids- og velferdsforvaltning, post 21 Spesielle driftsutgifter.
Kap. 3630 Aetat, jf. kap. 630
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirinntekt (+) Mindreinntekt(-) |
80 | Innfordra misbruk av dagpengar | 48 003 | 35 600 | 60 000 | 24 400 |
81 | Innfordra feilutbetalte attføringsytingar | 12 257 | 11 100 | 15 000 | 3 900 |
Sum endringar | 28 300 |
Post 80 Innfordra misbruk av dagpengar
For 2005 er det budsjettert med inntekter på 35,6 mill. kroner under post 80. På grunnlag av innbetalingar så langt i år vert løyvinga under post 80 foreslått auka med 24,4 mill. kroner til 60 mill. kroner.
Post 81 Innfordra feilutbetalte attføringsytingar
For 2004 er det budsjettert med inntekter på 11,1 mill. kroner under post 81. På grunnlag av innbetalingar så langt i år vert løyvinga under post 81 foreslått auka med 3,9 mill. kroner til 15 mill. kroner.
Kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak, jf. kap. 3634
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirutgift (+) Mindreutgift(-) |
70 | Ordinære arbeidsmarknadstiltak | 2 206 993 | 1 532 100 | 1 562 100 | 30 000 |
73 | Investeringar i skjerma verksemd | 66 507 | 77 400 | 47 400 | -30 000 |
74 | Lønssubsidie for reaktivisering, overslagsløyving | 10 717 | 33 400 | 12 500 | -20 900 |
Sum endringar | -20 900 |
Post 70 Ordinære arbeidsmarknadstiltak
I Revidert nasjonalbudsjett 2005 vart det opplyst at om lag 15 000 plassar ville verte gjennomført under dei ordinære arbeidsmarknadstiltaka i 1. halvår 2005. Dei faktiske tala viser at det vart gjennomført noko meir enn 17 000 tiltaksplassar. Årsaka har vore lågare kostnadar ved gjennomføringa av tiltak og noko mindre kostnadskrevjande tiltakssamansetjing i 1. halvår 2005 enn rekna med. Forbruket i 1. halvår 2005 har også vore noko høgare enn rekna med.
Det er krevjande å dekkje meirforbruket for fleire tiltaksplassar i 1. halvår 2005 og samstundes nå måltalet på 12 200 tiltaksplassar i 2. halvår 2005. For å sikre best mogleg måloppnåing i 2005 har det difor vore omdisponert midlar frå tiltak for yrkeshemma (post 71) til ordinære arbeidsmarknadstiltak (post 70) etter gjeldande fullmakter. I tillegg vert det nå foreslått å auke løyvinga under kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak, post 70 Ordinære arbeidsmarknadstiltak med 30 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak, post 73 Investeringar i skjerma verksemd, jf. omtale under kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak, post 73 Investeringar i skjerma verksemd.
Departementet foreslår at løyvinga under post 70 Ordinære arbeidsmarknadstiltak vert auka med 30 mill. kroner til 1 562,1 mill. kroner.
Post 71 Spesielle arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma
Det har vore eit sterkt fokus i Aetat på å nå måltalet for tiltaksplassar for yrkeshemma arbeidssøkjarar. Erfaringsvis har det vore vanskeleg med rask opptrapping av tiltaka for yrkeshemma. For 1. halvår 2005 vart det gjennomført eit tiltaksnivå om lag på linje med måltalet for 2005 før Revidert nasjonalbudsjett (24 650 plassar). Måltalet for 1. halvår 2005 vart oppfylt med noko lågare prisar enn rekna med.
For 2. halvår 2005 er det planlagt eit gjennomsnittleg tiltaksnivå på om lag 25 500 plassar under arbeidsmarknadstiltaka for yrkeshemma. For å kunne nå dette måltalet har departementet bede Aetat leggje vekt på ein opptrappingsprofil som gjer at ein ved utgongen av året kan kome opp i eit tiltaksnivå på om lag 26 000-26 500 plassar. Samla for 2005 er det venta at nivået for arbeidsmarknadstiltaka for yrkeshemma vil vere om lag i tråd med måltala.
Post 73 Investeringar i skjerma verksemd
Løyvinga vert foreslått sett ned med 30 mill. kroner til 47,4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak, post 70 Ordinære arbeidsmarknadstiltak. Årsaka til reduksjonen er at behovet for investeringar i skjerma verksemd har vore lågare enn det som vart lagt til grunn for løyvinga. Ei slik omdisponering vil ikkje svekke den planlagde gjennomføringa av arbeidsmarknadstiltaka for yrkeshemma i 2. halvår 2005.
Departementet foreslår at løyvinga under post 73 Investeringar i skjerma verksemd vert redusert med 30 mill. kroner til 47,4 mill. kroner.
Post 74 Lønssubsidie for reaktivisering, overslagsløyving
Ordninga med lønssubsidiar for reaktivering av uførepensjonistar starta opp 1. januar 2002, medan ordninga med uførepensjon som lønstilskott vart innført som eit forsøk i fem fylke frå 1. januar 2005. For 2005 er det i alt løyvd 33,4 mill. kroner.
Løyvinga vert foreslått justert ned med 20,9 mill. kroner til 12,5 mill. kroner. Årsaka til reduksjonen er at aktiviteten på desse tiltaka så langt i år har vore lågare enn rekna med (jamfør kap. 2655 post 70 og 71). Det har trass i eit omfattande informasjonsarbeid frå Aetat og trygdeetaten, vist seg vanskeleg å rekruttere uførepensjonistar til ordningane. Dette har m.a. samanheng med at andre tiltak er meir egna for denne gruppa. Samstundes er det stor uvisse blant deltakarar og arbeidsgivarar om konsekvensane ved å gå inn på ordninga med uførepensjon som lønstilskott.
Departementet foreslår at løyvinga under post 74 Lønssubsidie for reaktivisering vert redusert med 20,9 mill. kroner til 12,5 mill. kroner.
Kap. 3634 Arbeidsmarknadstiltak, jf. kap. 634
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirinntekt (+) Mindreinntekt(-) |
02 | Opplæringstenester | 18 842 | 1 900 | 20 000 | 18 100 |
60 | Refusjon, forsøk dagpengar | 1 500 | 600 | -900 | |
Sum endringar | 17 200 |
Post 02 Opplæringstenester
For 2005 er det budsjettert med inntekter på 1,9 mill. kroner under kap. 3634 Arbeidsmarknadstiltak post 02 Opplæringstenester. Løyvinga vert foreslått auka med 18,1 mill. kroner til 20 mill. kroner. Auken har samanheng med inntektene knytte til sal av kurs til Oppland fylkeskommune i samband med forsøket «Fritt Fram».
Departementet foreslår at løyvinga under post 02 Opplæringstenester vert auka med 18,1 mill. kroner til 20 mill. kroner.
Post 60 Refusjon, forsøk dagpengar
For 2005 er det budsjettert med inntekter på 1,5 mill. kroner under kap. 3634 Arbeidsmarknadstiltak post 60 Refusjon, forsøk dagpengar. Dette gjeld prosjektet «Arbeid i sikte» i Verdal kommune.
På bakgrunn av at det er færre deltakarar i tiltak som krev refusjon frå kommunen, vert det foreslått at løyvinga under kap. 3634, post 60 vert redusert med 0,9 mill. kroner til 0,6 mill. kroner.
Salg av staten sine aksjer i AS Rehabil, Blindes Produkter AS og Industritjeneste AS
Arbeids- og sosialdepartementet eig 100 pst. av aksjane i attføringsverksemdene AS Rehabil og 44,4 pst. av aksjane i Blindes Produkter AS. Saman med Justisdepartementet eig også Arbeids- og sosialdepartementet aksjar i Industritjeneste AS. Justisdepartementet eig 46,1 pst. av aksjane og Arbeids- og sosialdepartementet eig 7,3 pst. av aksjane. Arbeids- og sosialdepartementet og Justisdepartementet ynskjer no å avhende sine eigarandelar i desse verksemdene. Salget er årsaka i at det er viktig å ha eit klårt skille mellom dei rollane staten har som eigar, tilsynsmyndigheit og sektorpolitisk myndigheit, for å unngå rollekonfliktar. Forutan å vere eigar av desse verksemdene, mottek desse tilskott frå Aetat, ein etat underlagt ASD.
Arbeids- og sosialdepartementet og Justisdepartementet ber om at Stortinget samtykker i å selge aksjane i dei ovenfornevnte verksemdene, jfr. eige romertallsvedtak.
Kap. 3640 Arbeidstilsynet
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
01 | Diverse inntekter | 856 | 1 800 | 1 300 | - 500 |
05 | Tvangsmulkt | 7 372 | 1 600 | 23 600 | + 22 000 |
Sum | Endringar | + 21 500 |
Post 01 Diverse inntekter
Pr. 31. juli 2005 er det ført til inntekt i overkant av 1 mill. kroner basert på inntekter frå annonse og abonnementssalg. Dei totale inntektene er rekna ut til 1,2 mill. kroner for 2005 i og med at salet av annonser er uendra samanlikna med 2004. I budsjettforslaget for 2006 har departementet justert ned løyvinga på posten med 0,5 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 0,5 mill. kroner.
Post 05 Tvangsmulkt
Pr. 31. juli 2005 er det ført til inntekt i overkant av 23,2 mill. kroner, dvs. 21,7 mill. kroner i meirinntekt. Meirinntekta kan forklarast med at Oslo kommune har innbetalt uteståande tvangsmulkt for fleire år attende.
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 22 mill. kroner til 23,6 mill. kroner.
Kap. 642 Petroleumstilsynet
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
21 | Spesielle driftsutgifter | 17 354 | 13 000 | 16 500 | 3 500 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Petroleumstilsynet reknar med ein auke i aktiviteten utover det som tidlegare var planlagt. Det er mellom anna satt i gang fleire prosjekt med bruk av eksterne konsulentar retta mot petroleumsnæringa, bl.a. for å fylgje opp utviklinga i risikonivået generelt og spesielt innafor kran- og løfteoperasjonar. Det har vore mange hendingar knytta til kran- og løft og desse er og vil verte granska meir detaljert med bruk av eksterne konsulentar. I fleire hendingar er det funne manglar ved aktørane si evne til å forstå risikoen og grunnlaget for å prioritere risikoreduserande tiltak. Petroleumstilsynet bruker eksterne konsulentar for å fylgje opp dette.
Verksemda reknar med eit meirforbruk på 3,5 mill. kroner. Utgiftene vert refundert av gebyrer som vert ført som inntekt under kap. 3642, post 03. Refusjon av tilsynsutgifter som er utført i 4. kvartal 2005, kjem fyrst til inntekt i 2006.
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 21 med 3,5 mill. kroner.
Kap. 3642 Petroleumstilsynet
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
02 | Oppdrags- og samarbeidsverksemd | 270 | 1 300 | 500 | - 800 |
03 | Refusjon av tilsyns-utgifter | 51 966 | 54 000 | 59 000 | + 5 000 |
Sum | Endringar | + 4 200 |
Post 02 Oppdrags- og samarbeidsverksemd
Inntekter under denne posten er retta mot NORAD og Boris si verksemd (bilateralt samarbeid mellom Noreg og Russland om utvikling av tryggleiksreglar for petroleumsverksemda i Russland). Spesielt Boris-prosjektet, vert mindre enn tidlegare rekna med.
På bakgrunn av dette, gjer departementet framlegg om at løyvinga blir sett ned med 0,8 mill. kroner.
Post 03 Refusjon av tilsynsutgifter
Løyvinga for 2005 er på 54 mill. kroner.
Pr. 31. august 2005 er det ført til inntekt 40,3 mill. kroner (derav 4,7 mill. kroner som er uteståande inntekter frå rekneskapsåret 2004). For 2004 hadde verksemda ei mindreinntekt på 5,7 mill. kroner som vil kome til inntekt i 2005. Verksemnda har for 3. kvartal 2005 kalkulert at refusjon av tilsynsutgifter vil utgjere 19 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner til 59 mill. kroner.
Kap. 0660 Krigspensjon
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirutgift/ mindreutgift |
70 | Tilskott, militære, overslagsløyving | 267 810 | 261 000 | 255 000 | -6 000 |
71 | Tilskott, sivile, overslagsløyving | 636 733 | 628 000 | 615 000 | -13 000 |
Sum endringar | -19 000 |
Det er i alt løyvd 889 mill. kroner for 2005 under kapittel 0660 Krigspensjon.
Post 70 Tilskott, militære, overslagsløyving
Løyvinga for 2005 er 261 mill. kroner. Talet på militære krigspensjonistar er 6 pst. lågare enn ein la til grunn for løyvinga. Samstundes reknar ein med at invalidepensjonane i snitt vert om lag 2 300 kroner lågare og enkjepensjonane om lag 1 600 kroner lågare enn ein la til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga for 2005 med 6 mill. kroner til 255 mill. kroner.
Post 71 Tilskott, sivile, overslagsløyving
Løyvinga for 2005 er 628 mill. kroner.
Talet på sivile krigspensjonistar er 6,4 pst. lågare enn ein la til grunn for løyvinga, men det er venta at pensjonane gjennomsnittleg vert noko høgare. Ein reknar med at invalidepensjonane i snitt vert om lag 2 600 kroner høgare og enkjepensjonane om lag 2 800 kroner høgare enn ein la til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga for 2005 med 13 mill. kroner til 615 mill. kroner.
Kap. 0664 Pensjonstrygden for sjømenn
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirutgift/ mindreutgift |
70 | Tilskott | 580 000 | 635 000 | 641 000 | 6 000 |
Sum endringar | 6 000 |
Post 70 Tilskott
Tilskottet til Pensjonstrygda for sjømenn skal dekkje delar av betalingane til pensjon etter trygdelova for pensjon for sjømenn § 15 og underskot i pensjonstrygda etter at fondet til regulering er brukt opp.
Ein ventar no at utgiftene vert 641 mill. kroner i 2004. Dette er ei auke på 6 mill. kroner. Den viktigaste årsaka er at utgiftene til pensjon vert noko høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 6 mill. kroner til 641 mill. kroner for 2005.
Kap. 0666 Avtalefesta pensjon (AFP)
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirutgift/ mindreutgift |
70 | Tilskott | 753 393 | 805 000 | 785 000 | -20 000 |
Post 70 Tilskott
Det er venta at talet på AFP-pensjonistar blir lågare i 2005 enn det som er lagt til grunn for løyvinga, men at pensjonane i snitt blir 900 kroner høgare. Ein reknar med at det vil vere om lag 11 600 AFP-pensjonistar med tilskott frå staten ved utgangen av 2005.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga for 2005 med 20 mill. kroner til 785 mill. kroner.
Kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Attføringspengar, overslagsløyving | 9 270 000 | 10 979 000 | 10 680 000 | -299 000 |
71 | Attføringsstønader, overslagsløyving | 1 559 000 | 1 630 000 | 1 556 000 | -74 000 |
Sum | 10 829 406 | 12 609 000 | 12 236 000 | -373 000 |
Post 70 Attføringspengar, overslagsløyving
Det er løyvd 10 979 mill. kroner for 2005.
Utviklinga så langt i år viser færre nye mottakarar enn tidligare venta, men at det totalt har vorte fleire mottakarar av attføringspengar. Førebels var nivået på topp i mai med 68 500 mottakarar. Etter det har talet gått ned med om lag 500 personar fram til utgangen av september. Den underliggande veksten i volumet er justert ned frå 8 til 4,5 pst., samanlikna med gjeldande budsjett for 2005.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 299 mill. kroner til 10 680 mill. kroner.
Post 71 Attføringsstønader, overslagsløyving
Det er løyvd 1 630 mill. kroner for 2005.
Utgiftsutviklinga så langt i år har vore lågare enn venta. Utgiftene i 2005 ser ut til å ende opp om lag som i 2004. Grunnen til dette er at utgiftene til stønad til skulegang har gått ned.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 74 mill. kroner til 1 556 mill. kroner.
Kap. 2650 Sjukepengar
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirutgift (+) Mindreutgift(-) |
70 | Sjukepengar for arbeidstakarar, overslagsløyving | 23 566 628 | 22 415 000 | 21 150 000 | -1 265 000 |
71 | Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving | 1 626 241 | 1 810 000 | 1 500 000 | -310 000 |
72 | Omsorgs- og pleiepengar, overslagsløyving | 272 454 | 395 500 | 280 000 | -115 500 |
75 | Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving | 1 342 400 | 1 380 000 | 1 260 000 | -120 000 |
Sum endringar | -1 810 500 |
Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar, overslagsløyving
Løyvinga for 2005 er 22 415 mill. kroner.
I St.prp. nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005 vart det føresett 0,8 pst. vekst i sysselsettinga, 3,25 pst. vekst i grunnlaget for betaling av sjukepengar og 7,0 pst. færre dagar med sjukepenger pr. sysselsett.
Rikstrygdeverkets statistikk over sjukefråveret og rekneskapen til og med september 2005 gjer grunn til å tru at talet på sjukepengedagar pr. sysselsatt ska gå ned med 14 pst. frå 2004 til 2005, og at grunnlaget for betaling av sjukepengar skal auke med 3,75 pst. Vidare er det nå venta at sysselsetjinga skal auke med 0,5 pst. i 2005. Samla sett gjer dette langt lågare sjukepengeutbetalingar i 2005 enn tidlegare antatt.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 1 265 mill. kroner til 21 150 mill. kroner.
Post 71 Sjukepengar for sjølvstendige arbeidstakarar, overslagsløyving
Løyvinga for 2005 er 1 810 mill. kroner.
Frekvensen for sjukefråvær pr. sysselsett har gått ned meir enn det som vart rekna med før i år. Det var venta at frekvensen skulle gå ned med 4,0 pst. i 2005. No er det rekna med at talet på sjukepengedager pr. sysselsett i 2005 skal gå ned med 11,0 pst. Nedjusteringa i auken i sysselsettinga omtala under post 70 gjeld her og. Samstundes er venta tal for sjukepengar sett ned frå – 10 til – 11 pst.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 310 mill. kroner til 1 500 mill. kroner.
Post 72 Omsorgs- og pleiepenger ved sjukdom hos barn m.v., overslagsløving
Løyvinga for 2005 er 395,5 mill. kroner.
Utgiftene i 2005 vert mindre enn venta. Det var venta ei auke i volumet i løyvinga på 5 pst. Veksten er no justert til 0 pst. for 2005. Ein årsak til dette er at kravet til dagar på institusjon ved sjukdom hos barn er og sett ned, men dette har ikkje ført til at utgiftene har auka like mykje som det som vart lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 115,5 mill. kroner til 280 mill. kroner.
Post 75 Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2005 er 1 380 mill. kroner.
Utgiftene t.o.m. september har gått ned meir enn det som ligg til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer derfor framlegg om å setja ned løyvinga med 120 mill. kroner til 1 260 mill. kroner.
Kap. 2652 Medisinsk rehabilitering
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Rehabiliteringspengar, overslagsløyving | 8 713 579 | 7 592 000 | 7 820 000 | +228 000 |
71 | Legeattestar m.v. | 231 000 | 275 000 | 240 000 | -35 000 |
Sum endringar | +193 000 |
Post 70 Rehabiliteringspengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2005 er 7 592 mill. kroner.
Utgiftene så langt i år har auka meir enn det som vart lagt til grunn for løyvinga. Dette skuldast at talet på mottakarar i 2005 ikkje ser ut til å gå like mykje ned som tidlegare venta. Det trekkjer i motsatt retning at utbetalt yting pr. person i snitt er venta å gå ned i 2005 samanlikna med det som var føresett tidlegare.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 228 mill. kroner til 7 820 mill. kroner.
Post 71 Legeattestar m.v.
Løyvinga for 2005 er 275 mill. kroner.
Utgiftene så langt i år er mindre enn venta.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga for 2005 med 35 mill. kroner til 240 mill. kroner.
Kap. 2655 Uføre
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving | 16 011 131 | 16 777 000 | 16 626 000 | -151 000 |
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving | 23 651 796 | 24 761 000 | 24 790 000 | +29 000 |
72 | Særtillegg, overslagsløyving | 1 397 052 | 1 410 000 | 1 400 000 | -10 000 |
73 | Førebels uførepensjon, overlagsløyving | 333 738 | 255 000 | 225 000 | -30 000 |
74 | Tidsavgrensa uførestønad, overslagsløyving | 732 845 | 2 202 000 | 2 250 000 | +48 000 |
75 | Menerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving | 96 723 | 105 000 | 100 000 | -5 000 |
76 | Yrkesskade, gml. lovgivning, overslagsløyving | 77 782 | 72 000 | 80 000 | 8 000 |
Sum endringar | -111 000 |
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2005 er 16 777 mill. kroner.
Utgiftene i 2005 har auka mindre enn venta, mellom anna fordi fleire av dei nye mottakarane får tidsavgrensa stønad i fyrste runde. Anslaget vert derfor sett ned med 157 mill. kroner. Samstundes blir løyvinga justert opp med 6 mill. kroner fordi ordninga med uføretrygd bruka som tilskudd til lønn på kap. 634 post 74 Lønnssubsidie ved reaktivisering for lønn ikkje har vore bruka så mykje som det var meninga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 151 mill. kroner, til 16 626 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2005 er 24 761 mill. kroner.
Talet på uførepensjonistar med tilleggspensjon pr. september er noko høgre enn det som vart lagt til grunn for løyvinga og ein kan derfor vente at utgiftene vil auke. Anslaget settes derfor opp med 19 mill. kroner. Løyvinga er i tillegg justert opp med 10 mill. kroner som følgje av at utgiftene på kap. 634 post 74 Lønnssubsidie ved reaktivisering har vore mindre enn venta.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje opp løyvinga med 29 mill. kroner, til 24 790 mill. kroner.
Post 72 Særtillegg, overslagsløyving
Løyvinga for 2005 er 1 410 mill. kroner.
Nokre færre uførepensjonistar enn venta har fått særtillegg så langt i år. Utgiftene vil derfor bli lågare.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 10 mill. kroner, til 1 400 mill. kroner.
Post 73 Førebels uførepensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2005 er 255 mill. kroner.
Nokre færre personar enn venta har fått førebells uførestønad så langt i år. Utgiftene vil derfor bli lågare.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 30 mill. kroner, til 225 mill. kroner.
Post 74 Tidsavgrensa uførestønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2005 er 2 202 mill. kroner.
Det er venta at fleire av dei nye uføre får tidsavgrensa uførestønad og at ytinga i snitt er noko høgre enn lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje opp løyvinga med 48 mill. kroner, til 2 250 mill. kroner.
Post 75 Ménerstatning ved yrkesskade
Løyvinga under posten er på 105 mill. kroner i 2005. Utgiftene ser ut til å bli noko mindre enn rekna med når løyvinga vart fastsett.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 5 mill. kroner til 100 mill. kroner.
Post 76 Yrkesskade gml. lovgiving
Løyvinga under posten er på 72 mill. kroner i 2005. Utgiftene ser ut til å bli noko høgre enn rekna med då løyvinga vart sett fast.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 8 mill. kroner til 80 mill. kroner.
Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel mv.
(1000 kr.) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Grunnstønad, overslagsløyving | 1 440 418 | 1 490 000 | 1 475 000 | -15 000 |
71 | Hjelpestønad, overslagsløyving | 1 514 426 | 1 564 600 | 1 530 000 | -34 600 |
73 | Hjelpemidlar med vidare til arbeid og utdanning | 131 713 | 149 000 | 155 000 | +6 000 |
74 | Tilskot til bil | 706 642 | 975 000 | 745 000 | -230 000 |
75 | Betring av funksjonsevna, hjelpemidlar | 2 523 399 | 2 756 000 | 2 555 000 | -201 000 |
76 | Betring av funksjonsevna, andre formål | 65 413 | 77 300 | 80 000 | +2 700 |
78 | Høyreapparat | 389 142 | 420 000 | 425 000 | +5 000 |
Sum endringar | -466 900 |
Post 70 Grunnstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2005 er 1 490 mill. kroner.
Det er venta at utgiftene blir 15 mill. kroner lågare enn løyvinga. Dette skuldast færre mottakarar så langt i år enn det som ligg til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 15 mill. kroner til 1 475 mill. kroner.
Post 71 Hjelpestønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2005 er 1 564,6 mill. kroner.
Det er venta at utgiftene vil gå ned med 34,6 mill. kroner. Reduksjonen skuldast at talet på mottakarar så langt i år har gått ned meir enn venta i saldert budsjett. Nedgangen heng saman med at det i 2004 vert satt i verk betre kontroll av mottakarar som får kommunale tenester til same føremål som hjelpestønad. Kontrollen har heldt fram inn i 2005, og har ført til at nokre av betalingane er blitt stoppa. I snitt er det betalt ut mindre per mottaker enn venta.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 34,6 mill. kroner til 1 530 mill. kroner.
Post 73 Hjelpemiddel mv. til arbeid og utdanning
Løyvinga for 2005 er 149 mill. kroner.
Utgiftene så langt i år har auka meir enn det som tidlegare vart lagt til grunn. Dette gjeld særskilt utgifter til hjelpemiddel for å leggje til rette i arbeidslivet. Det var rekna med å spare 16 mill. kroner på eigenbetaling for hjelpemiddel for menneske som driv privat verksemd. Effekten av dette tiltaket har vorte noko mindre i år enn venta. Årsaka er at det totale talet på dei som søkjer om hjelpemiddel til arbeid og utdanning stig.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje opp løyvinga med 6 mill. kroner til 155 mill. kroner.
Post 74 Tilskot til bil
Løyvinga for 2005 er 975 mill. kroner.
I løyvinga var det venta at utgiftene skulle auke mykje, særlig til bil i gruppe 1. Aukinga så langt i år har ikkje på langt nær vore så høg som tidlegare lagt til grunn. Dette skuldast at stønad til bil i gruppe 1 har vorte lågare enn lagt til grunn tidlegare.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 230 mill. kroner til 745 mill. kroner.
Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel
Løyvinga for 2005 er 2 756 mill. kroner.
Det er venta klart mindre utgifter i år samanlikna med løyvinga. Ein årsak er at hjelpemiddelsentralane har vore i gang med å leggje om til nytt datasystem. Det er og registrert noko færre brukarar så langt i år enn på same tid i fjor.
I St.prp. nr. 1 (2004-2005) vart det gjeve eit krav om å spare inn 49 mill. kroner. Planen var derfor at sykkel med hjelpemotor skulle takast ut av sortimentet, noko som allikevel ikkje ble gjort. Kapitlet ender derfor opp med ei auke i utgiftene på 8 mill. kroner i 2005. Arbeids- og sosialdepartementet har tatt omsyn til denne auken som ein del av endringane i anslaga for utgiftene på posten.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 201 mill. kroner til 2 555 mill. kroner.
Post 76 Betring av funksjonsevna, andre formål
Løyvinga for 2005 er 77,3 mill. kroner.
Det har vore ei relativt sterk auka i utgiftane på denne posten i år, særleg til kurs for at personer som har dårleg syn eller hørsel skal tilpasse seg. Utgiftene samla sett kjem til å bli om lag 2,7 mill. kroner meir enn løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje opp løyvinga med 2,7 mill. kroner til 80 mill. kroner.
Post 78 Høyreapparat
Løyvinga for 2005 er 420 mill. kroner.
I 2005 er det, etter utgiftene dei første 9 månadene å døme, venta ein vekst i talet på brukarar på 7 pst.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer derfor framlegg om å setje opp løyvinga med 5 mill. kroner til 425 mill. kroner.
Kap 2670 Alderdom
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirutgift/ mindreutgift |
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving | 32 356 000 | 33 734 000 | 33 900 000 | 166 000 |
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving | 44 046 000 | 46 640 000 | 46 960 000 | 320 000 |
72 | Ventetillegg, overslagsløyving | 124 000 | 107 000 | 103 000 | -4 000 |
73 | Særtillegg, overslagsløyving | 5 129 000 | 4 976 000 | 4 990 000 | 14 000 |
Sum endringar | 496 000 |
Post 70 Grunnpensjon
Løyvinga for 2005 er 33 734 mill. kroner.
Talet på alderspensjonistar har dei siste to åra auka meir enn venta fordi levetida for folket i Noreg er høgare enn det som følgjer av den gjeldande prognosen over folketalet frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Ein reknar no med at talet på alderspensjonistar i snitt i 2005 blir om lag 2 400 høgare enn ein la til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga for 2005 med 166 mill. kroner til 33 900 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon
Løyvinga for 2005 er 46 640 mill. kroner.
Det er venta at det gjennomsnittlege talet på alderspensjonistar med tilleggspensjon i 2005 vert om lag 2 500 høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Den gjennomsnittlege tilleggspensjonen er også oppjustert noko i høve til tidlegare anslag.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga for 2005 med 320 mill. kroner til 46 960 mill. kroner.
Post 72 Ventetillegg
Løyvinga for 2005 er 107 mill. kroner.
Det er venta at gjennomsnittlege ventetillegget vert om lag 4 pst. lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga for 2005 med 4 mill. kroner til 103 mill. kroner.
Post 73 Særtillegg
Løyvinga for 2005 er 4 976 mill. kroner.
Det er venta at det gjennomsnittlege særtillegget vert om lag 0,5 pst. høgre enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Antall pensjonistar med særtillegg vil derimot bli noko lågare enn tidlegare antatt.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje opp løyvinga for 2005 med 14 mill. kroner til 4 990 mill. kroner.
Kap 2680 Etterlatne
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Grunnpensjon, overslagsløyving | 1 215 353 | 1 233 000 | 1 225 000 | -8 000 |
71 | Tilleggspensjon, overslagsløyving | 1 035 166 | 1 057 000 | 1 040 000 | -17 000 |
74 | Utdanningsstønad | 1 536 | 2 500 | 1 500 | -1 000 |
75 | Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving | 11 936 | 14 500 | 11 500 | - 3 000 |
Sum endringar | -29 000 |
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2005 er 1 233 mill. kroner.
Det er venta at den gjennomsnittlege grunnpensjonen vert lågare enn ein la til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga for 2005 med 8 mill. kroner til 1 225 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 20005 er 1 057 mill. kroner.
Det er venta at det gjennomsnittlege talet på etterlatne med tilleggspensjon og den gjennomsnittlege tilleggspensjonen vert lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga for 2005 med 17 mill. kroner til 1 040 mill. kroner.
Post 74 Utdanningsstønad
Løyvinga for 2005 er 2,5 mill. kroner.
Utgiftene til stønad til utdanning heng saman med:
talet på gjenlevande totalt,
arbeidsmarknaden,
det generelle nivået på utdanning,
val av type utdanning mv.
Utgiftene på posten er derfor vanskeleg å anslå. På bakgrunn av utviklinga til og med august vert løyvinga sett ned med 1 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 1 mill. kroner til 1,5 mill. kroner.
Post 75 Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving
Løyvinga for 2005 er 14,5 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 3 mill. kroner til 11,5 mill. kroner.
Kap. 2683 Stønad til einsleg mor eller far
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Overgangsstønad, overslagsløyving | 2 253 120 | 2 350 000 | 2 330 000 | -20 000 |
72 | Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving | 602 964 | 612 000 | 585 000 | -27 000 |
73 | Utdanningsstønad | 81 380 | 85 000 | 80 000 | -5 000 |
76 | Forskottering av underhaldsbidrag | 1 119 019 | 1 115 000 | 1 145 000 | 30 000 |
Sum endringar | -22 000 |
Post 70 Overgangsstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2005 er på 2 350 mill. kroner i 2005.
Nye tal for 2005 viser fleire brukarar enn det som før er lagt til grunn for løyvinga. Samstundes ser ein at stønaden i snitt er lågare enn det som tidlegare var rekna med.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 20 mill. kroner til 2 330 mill. kroner.
Post 72 Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving
Løyvinga for 2005 er på 612 mill. kroner.
Nye tal for 2005 viser færre mottakarar enn det som før er lagt til grunn for løyvinga. Samstundes viser det seg at stønaden i snitt vil bli noko høgre enn det som vart rekna med.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 27 mill. kroner til 585 mill. kroner.
Post 73 Utdanningsstønad
Løyvinga for 2005 er på 85 mill. kroner.
Plantala for 2005 viser færre mottakarar av stønad til utdanning ut året enn rekna med tidlegare, mens stønaden er i snitt høgre enn lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner til 80 mill. kroner.
Post 76 Forskottering av bidrag til underhald
Løyvinga for 2005 er på 1 115 mill. kroner.
Utgiftene til forskot på tilskot til fostring i 2005 vert nå rekna til 1 145 mill. kroner, 30 mill. kroner høgare enn løyvinga for året. Årsaka til oppjusteringa er at talet på barn med forskot har auka frå 2004 til 2005, og det har i tillegg vore ein auke i det gjennomsnittlege forskotet per barn.
Det vert foreslått at løyvinga for 2005 vert auka med 30 mill. kroner, til 1 145 mill. kroner.
Kap 2690 Diverse utgifter
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirutgift (+) Mindreutgift (-) |
70 | Sykestønadsutgifter i utlandet | 95 502 | 130 000 | 115 000 | -15 000 |
77 | Pasientar frå land med innbyrdes avtale | 61 436 | 60 000 | 80 000 | 20 000 |
Sum endringar | 5 000 |
Post 70 Sjukestønadsutgifter i utlandet
For 2005 er det løyvd 130 mill. kroner.
Utgiftene på denne posten varierer til vanleg mykje frå månad til månad og posten er difor vanskeleg å anslå. Etter 9 månader var dei registrerte utgiftene berre 31 pst. av løyvinga, men det er venta at handsaminga av innkomne krav om avrekning mellom landa vil føre til store utgifter mot slutten av året.
Det vert difor foreslått at løyvinga vert redusert med 15 mill. kroner til 115 mill. kroner for 2005.
Post 77 Pasientar frå avtaleland
For 2005 er det løyvd 60 mill. kroner.
Utgiftene på denne posten varierer til vanleg mykje frå månad til månad, og posten er difor vanskeleg å anslå. Etter 9 månader er dei regnskapsførte utgiftene alt høgare enn løyvinga.
Det vert difor foreslått at løyvinga vert auka med 20 mill. kroner til 80 mill. kroner for 2005.
Kap. 5701 Diverse inntekter
(1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirinntekt/ mindreinntekt |
01 | Administrasjonsvederlag | 25 900 | 29 100 | 25 000 | -4 100 |
02 | Diverse inntekter | 182 900 | 175 000 | 185 000 | 10 000 |
73 | Refusjon bidragspliktige | 593 027 | 597 200 | 560 000 | -37 200 |
74 | Refusjon medisinsk behandling | 1 398 | 2 100 | 400 | -1 700 |
75 | Refusjon overskytande bidrag | 29 306 | 26 400 | 18 000 | -8 400 |
80 | Renter | 18 858 | 40 000 | 30 000 | -10 000 |
Sum endringar | -51 400 |
Post 01 Administrasjonsvederlag
Dei største inntektene på posten er vederlag til administrasjon frå Fellesordningen for tariffesta pensjon, kommunale tilleggsytelser, Pensjonstrygda for sjømenn og Statens Pensjonskasse.
Inntektene på denne posten skifter frå år til år, og er vanskelege å anslå. På bakgrunn av utviklinga til og med august 2005 vert inntektene sett omlag 4,1 mill. kroner lågare enn løyvinga for året.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 4,1 mill. kroner, til 25 mill. kroner.
Post 02 Diverse inntekter
Dei største inntektene på posten er refusjonar for mellom anna feil utbetaling for leger, utbetaling av stønad, inntekter av husleie og renter på pantobligasjoner knytt til Folketrygdefondet.
Inntektene på denne posten skifter frå år til år, og er ikkje enkle å budsjettere. På grunn av utviklinga til og med august vert inntektene sett omlag 10 mill. kroner høgre enn løyvinga for året.
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 10 mill. kroner, til 185 mill. kroner
Post 73 Refusjon bidragspliktige
Det er budsjettert med ei innbetaling på 597,2 mill. kroner for 2005.
Det vert nå rekna med ei innbetaling i år 37,2 mill. kroner lågare enn løyvinga. Årsaka er at innbetalingane frå menneske som er pliktige til å betale tilskot har vore lågare enn venta. Dette heng saman med at dei nye reglane for tilskot frå 1.10.2003 nå i større grad verkar inn på innbetalingane. Overgangsreglane i samband med reforma fall bort frå 1.10.2004.
Det vert foreslått at posten vert redusert med 37,2 mill. kroner, til 560 mill. kroner.
Post 74 Refusjon medisinsk behandling
Løyvinga er på 2,1 mill. kroner i 2005.
På grunn av utviklinga til og med august vert inntektene sett omlag 1,7 mill. kroner lågare enn løyvinga for året.
Departementet gjer framlegg om å setja ned løyvinga med 1,7 mill. kroner, til 0,4 mill. kroner.
Post 75 Refusjon overskytande bidrag
Løyvinga er på 26,4 mill. kroner i 2005.
Det vert nå rekna med ei innbetaling i år på 18 mill. kroner, 8,4 mill. kroner lågare enn i løyvinga. Årsaka er at innbetalingane frå dei som er pliktige til å betale tilskot har vore lågare enn venta.
Departementet gjer framlegg om å setja ned løyvinga med 8,4 mill. kroner, til 18 mill. kroner.
Post 80 Renter
Løyvinga under posten er på 40 mill. kroner i 2005.
Posten dekkjer for det meste renteinntekter av innskot i bank og innskot for lokale til kontor. Inntektene har endra seg frå år til år. Dei er derfor ikkje enkle å gjere gode anslag for. På bakgrunn av utviklinga til og med august er inntektene sett til 30 mill. kroner for 2005, som er 10 mill. kroner mindre enn løyvinga for 2005.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga med 10 mill. kroner til 30 mill. kroner.
Kap. 5704 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v.
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirinntekt (+) Mindreinntekt (-) |
02 | Dividende | 152 103 | 100 000 | 140 000 | 40 000 |
Post 02 Dividende
Pr. 19. september 2005 er det inntektsført 108,5 mill. kroner. Innbetalingane varierer mellom ca. 8 mill. kroner og 25 mill. kroner kvar månad, noko som gjer det vanskeleg å slå fast kor mykje som vil kome inn resten av året. Dividenden heng i ein viss grad saman med utbetalingane frå året før, men det foreligger ingen proporsjonalitet mellom ut- og innbetalingar.
Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om at løyvinga vert auka med 40 mill. kroner, frå 100 mill. kroner til 140 mill. kroner.
Kap. 5705 Refusjon av dagpengar
(i 1000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Namn | Rekneskap 2004 | Løyving 2005 | Forslag 2005 | Meirinntekt (+) Mindreinntekt(-) |
01 | Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs | 63 647 | 50 000 | 46 000 | -4 000 |
03 | Refusjon av dagpengar frå EØS-land | 3 500 | 2 500 | -1 000 | |
Sum endringar | -5 000 |
Post 01 Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs
For 2005 er inntektene under post 01 Refusjon dagpengar tidlegare berekna til 50 mill. kroner. På bakgrunn av gjennomsnittlege innbetalingar så langt i år vert løyvinga under kap. 5705, post 01 foreslått redusert med 4 mill. kroner til 46 mill. kroner.
Post 03 Refusjon av dagpengar frå EØS-land
For 2005 er inntektene under post 03 Refusjon dagpengar frå EØS-land tidlegare berekna til 3,5 mill. kroner. På bakgrunn av gjennomsnittleg innbetalingar så langt i år vert løyvinga under kap. 5705, post 01 foreslått redusert med 1 mill. kroner til 2,5 mill. kroner.