St.prp. nr. 21 (2002-2003)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2002 m.m. under Olje- og energidepartementet og endringar i eigarstruktur i det norske gasstransportsystemet

Til innhaldsliste

2 Budsjettkonsekvensar knytt til restruktureringa av det statlege engasjementet i petroleumsverksemda og endring av løyvingar for SDØE

2.1 Budsjettkonsekvensar knytt til restruktureringa av det statlege engasjementet i petroleumsverksemda

Bakgrunn

Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 36 (2000-2001) Eierskap i Statoil og fremtidig forvaltning av SDØE, vedtok Stortinget å selje SDØE-eigardelar tilsvarande 21,5 pst. av verdien av SDØE til Statoil, Norsk Hydro og andre selskap, jf. Innst. S. nr. 198 (2000-2001).

I St.prp. nr. 40 (2000-2001) Om løyving for 2001 knytt til førebuing av tilrådde tiltak i St.prp. nr. 36 (2000-2001), vart det gjort greie for behovet for bistand og utgifter knytt til førebuing av tilrådde tiltak i St.prp. nr. 36 (2000-2001). Stortinget løyvde 135 mill. kroner på kap. 1801 Omstrukturering av statens petroleumsengasjement, post 21 Spesielle driftsutgifter, jf. Innst. S. nr. 118 (2000-2001). Utgifter knytt til førebuing og sal av SDØE-eigardelar var estimerte til 60 mill. kroner av løyvinga på 135 mill. kroner.

I St.prp. nr. 24 (2001-2002) vart det informert om budsjettkonsekvensar knytt til restruktureringa av det statlege engasjement i petroleumsverksemda, under dette inntekter og førebelse utgifter knytt til sal av 15 pst. SDØE-eigardelar til Statoil, og behovet for bistand og utgifter knytt til førebuing og sal av om lag 6,5 pst. SDØE-eigardelar til Norsk Hydro og andre selskap. Behovet for bistand og utgifter knytt til førebuing og sal av SDØE-eigardelar til Norsk Hydro og andre selskap vart også omtala i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 (2001-2002).

Generelt om status

Olje- og energidepartementet har i 2001 på vegne av staten selt utvalde SDØE-eigardelar til Statoil, og staten har kjøpt nokre eigardelar frå Statoil. Nettosalet tilsvarer om lag 15 pst. av verdien av opphavleg SDØE-portefølje. Vidare har Olje- og energidepartementet i 2002 selt utvalde SDØE-eigardelar tilsvarande om lag 6,5 pst. av verdien av SDØE-porteføljen til Norsk Hydro og andre selskap. Samla er det selt eigardelar tilsvarande om lag 21,5 pst. av verdien av opphavleg SDØE-portefølje.

Sal av SDØE-eigardelar tilsvarande 6,5 pst. av verdien av SDØE-porteføljen

SDØE-eigardelane som vart lagt ut for sal vart valde med utgangspunkt i kriteria frå St.prp. nr. 36 (2000-2001) og behandlinga i Stortinget. Kriteria gjaldt m.a. områdeeffektiviseringar, styrking av operatørane, styrking av mangfaldet og konsentrasjon av SDØE-porteføljen.

Stortinget la vekt på at transaksjonane skulle skje til marknadsverdi og at dei berre skulle gjennomførast dersom staten oppnådde tilfredsstillande vilkår.

Prosess og gjennomføring

Ved utforminga av salsprosessen vart det lagt vekt på at prosessen ikkje skulle vere i konflikt med EØS-avtala.

Salet vart gjennomført etter ein bodprosess. Departementet mottok tilfredsstillande bod på og selde eigardelar tilsvarande om lag 6,5 pst. av SDØE.

Som ein del av bodprosessen vart det lagt opp til at selskapa skulle indikere den meirverdien dei meinte ville kunne bli utløyst dersom dei vart kjøpar av ein eigardel. Oljedirektoratet og andre la mykje arbeid i vurderinga av desse elementa. Meirverdien sto sentralt i vurderinga, men vart ikkje tillagt avgjerande vekt. Alle sala skjedde til kvalifiserte selskap som gav det høgaste bodet. Det vil seie at den bodgivaren som var ønskt frå eit meirverdisynspunkt også gav det høgaste bodet.

Boda vart samanlikna med ei verdivurdering av eigardelane utført av departementet sine finansielle rådgjevarar. I verdivurderinga vart det lagt til grunn dei same prinsippa som ved salet til Statoil, korrigert for skatteforhold og produksjonsutvikling. Vidare vart overslaga for framtidig oljepris oppdaterte.

Ein føresetnad for dette salet var at ein skulle oppnå prisar tilsvarande salet av 15 pst. av SDØE til Statoil. Basert på utrekningar gjort av departementet sine finansielle rådgjevarar, oppfyller salsprisen for dei selde eigardelane dette kravet.

For å sikre nøytral behandling av skattesituasjonen til dei ulike kjøparane, vart det lagt til grunn eit anna skatteopplegg enn ved salet til Statoil. Dette er reflektert i den oppnådde prisen på 8 456 mill. kroner. Når ein tek omsyn til skilnader i rammevilkåra mellom dei to transaksjonane, er prisane som vart oppnådde ved dette salet på nivå med det som vart oppnådd ved salet til Statoil.

Resultatet av salet

Eit resultat av salsprosessen er ei harmonisering av eigarforholda i Osebergområdet. Norsk Hydro og TotalFinaElf vil som følgje av den delvise harmoniseringa ha gjennomgåande eigardelar på respektive 34 pst. og 10 pst. i dei fire utvinningsløyva som inngår i Oseberg unit og Oseberg sør unit. Vidare har Statoil og Conoco no gjennomgåande eigardelar i dei fire utvinningsløyva på respektive 15,3 pst. og 2,4 pst. Harmoniseringa er eit godt tiltak for å oppnå meir effektiv utnytting av dei store olje- og gassressursane i området, og er i tråd med måla for prosessen.

Det er venta at selskapa som fekk tilslaget på dei delane som vart selde hjelper positivt til med ressursutnyttinga og verdiskapinga i desse utvinningsløyva.

Staten sin del i Gyda, Tambar og eit nærliggjande utvinningsløyve vart selt til det danske oljeselskapet DONG. DONG har kjøpt Pelican og ønskjer å arbeide for vidare utvikling av området.

Salet av 10 pst. i Draugen til Shell og salet av 13,6 pst. i Grane til Norsk Hydro styrkjer operatørane av desse viktige felta.

Marathon kjøpte staten sine eigardelar i fire nærliggjande utvinningsløyve i Heimdalområdet. Dette vil styrkje selskapet sin posisjon i området, og gjere det meir sannsynleg at ressursane blir utvikla.

Paladin sitt kjøp av delar i Brage og Njord vil venteleg medverke til auka utvinning i desse modne felta. Conoco kjøpte ytterlegare delar på Heidrunfeltet. Dette vil venteleg medverke til å utnytte potensialet som finst i feltet. Gaz de France og Idemitsu kjøpte begge eigardelar i Framområdet.

Oppsummering

Salsprosessen er gjennomført i tråd med Stortinget sitt vedtak og forutsetningar. Prosessen har medverka til harmonisering av eigarsamansetjinga i eit viktig område, operatørar er blitt styrkte og det har blitt selt eigardelar til selskap som venteleg vil medverke positivt til ressursutnyttinga i nye og eksisterande felt. Vidare har ein gjennom prosessen medverka til ein konsentrasjon av SDØE-porteføljen.

Interessa frå selskapa si side har vore god, og for dei delane som vart selde vart det oppnådd prisar ein er nøgd med.

Inntekter og utgifter i samband med sal av SDØE-eigardelar

Salsoppgjer knytt til nedsal av 6,5 pst. av SDØE-porteføljen

Sal av SDØE-eigardelar til ni kjøparar og kjøp av nokre eigardelar frå to selskap, som også var kjøparar, vart gjennomført ved eit netto oppgjer mellom staten og kvar einskild kjøpar. Netto vederlag frå kjøparane til staten var 8 456 mill. kroner. Kjøparane betalte i norske kroner. Netto salsoppgjer er inntektsført på kap. 5440, ny post 31 Salg av SDØE-andeler. I tillegg vart det innbetalt renter på kontantvederlaget som følgje av at sala hadde økonomisk verknad frå 1. januar 2002, men det vart gjort opp på ulike datoar seinare i 2002. Renteinntekter på om lag 244 mill. kroner er førte på kap. 5440, ny post 81 Renter, salg av SDØE-andeler.

Samla nettoinntekter frå sal/kjøp av eigardelar mellom staten og kjøparane er dermed om lag 8 700 mill. kroner.

Pro et contra-oppgjer knytt til nedsal av 6,5 pst. av SDØE-porteføljen

Sal av SDØE-eigardelar til kjøparane vart sluttført over ein periode frå mai til oktober 2002, men det hadde juridisk og økonomisk verknad frå 1. januar 2002. Rekneskapen for SDØE vart derfor ført etter gammal SDØE-portefølje fram til sluttføringsdato. Dette inneber at innbetalingar og utbetalingar knytt til SDØE i denne perioden er for høge. Dette blir gjort opp ved eit netto pro et contra-oppgjer mellom staten og kvar einskild kjøpar. Det er rekna ut at staten netto vil utbetale om lag 1 750 mill. kroner før skatt til kjøparane for å korrigere innbetalingar og utbetalingar i perioden 1. januar 2002 til dato for sluttføring. Utbetalingar blir utgiftsførte under kap. 2440, ny post 25 Pro et contra-oppgjør med om lag 1 850 mill. kroner og innbetalingar blir førte under kap. 5440, ny post 01 med om lag 105 mill. kroner, jf. omtale under kap. 2440/5440.

Det kan bli korreksjonar av dette oppgjeret seinare i år og neste år fordi alle pro et contra-oppgjera enno ikkje er gjennomførte. Dei kan dessutan reviderast av kjøparane.

Samla utgifter til førebuing og gjennomføring av salet, inkludert eksterne rådgjevarar

Over budsjetta for 2001 og 2002 har Olje- og energidepartementet så langt totalt utgiftsført om lag 87,5 mill. kroner under kap. 1801, post 21 Omstrukturering av statens petroleumsengasjement i samband med førebuing og gjennomføring av sal av SDØE-eigardelar. Når det gjelder salet av 15 pst. av SDØE til Statoil vart delar av arbeidet gjort av rådgjevarane knytt til delprivatiseringa av Statoil. Kostnadene knytt til delprivatiseringa er omtalt i St.prp. nr. 24 (2001-2002), men kostnadene knytt til sal av SDØE er ikkje spesifisert.

Ovannemnde har dekt departementet sine utgifter, inkludert eksterne rådgjevarar. Departementet har nytta juridisk, finansiell, geofagleg og revisjonsfagleg ekspertise til dette arbeidet. I tillegg har departementet hatt utgifter til datasystem og hjelp knytt til innhenting og behandling av informasjon om dei tilbydde eigardelane.

Finansielle rådgjevarar/tilretteleggjarar

Olje- og energidepartementet nytta to investeringsbankar med kompetanse, ressursar og erfaring frå liknande prosjekt som finansielle rådgjevarar og tilretteleggjarar av salet. Desse bankane gav råd knytt til førebuing og gjennomføring av salet. Stortinget har gitt OED fullmakt til å utgiftsføre, utan løyving, utgifter knytt til provisjon av sal av SDØE-eigardelar under kap. 1801, post 21 jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2001-2002). Utgiftene til provisjon til finansielle rådgjevarar/tilretteleggjarar har vore på om lag 38,7 mill. kroner.

Juridisk og strategisk ekspertise, revisjonsfagleg ekspertise og geofagleg ekspertise

Olje- og energidepartementet nytta juridisk og strategisk ekspertise i førebuingane og gjennomføringa av salet av SDØE-eigardelar. Desse rådgjevarane har hjelpt departementet med gjennomgang av informasjon som gjaldt dei eigardelane som vart lagt ut for sal. Vidare vart det ytt bistand i samband med utarbeiding av avtaleverk for gjennomføringa av salet og generell strategisk rådgjeving.

Vidare nytta Olje- og energidepartementet eit revisjonsfirma med erfaring frå tilsvarande transaksjonar. Dette firmaet gav revisjonsfaglege råd i samband med utforming av avtaleverk, slik at dette vart utforma på ein føremålstenleg måte. Firmaet har òg vore engasjert som departementet sin revisor for pro et contra-oppgjeret i samband med sal av eigardelar til Statoil.

Det var naudsynt å innhente råd frå internasjonal geofagleg ekspertise, med god kjennskap til norsk kontinentalsokkel, i samband med førebuingane av sal av SDØE-eigardelar. Det vart mellom anna gjennomført sertifisering av SDØE-eigardelane som vart tilbydde for sal. Geofagleg ekspertise var òg viktig for å synleggjere verdien av eigardelane som vart lagt ut for sal for dei aktuelle kjøparane. Oljedirektoratet koordinerte dette arbeidet saman med ekstern geofagleg ekspertise.

Utgiftene til juridisk og strategisk ekspertise, revisjonsfagleg ekspertise og geofagleg ekspertise utgjer om lag 27,1 mill. kroner.

Andre utgifter, mellom anna utgifter til datarom

Utgifter til datarom utgjer hovuddelen av dei andre utgiftene. Operatørane i dei utvinningsløyva og interessentskapa der staten la ut eigardelar for sal, måtte leggje fram relevant informasjon knytt til desse. Det er tale om ei mengd informasjon av både teknisk, geologisk, kommersiell og juridisk karakter. Kostnadene dei relevante operatørane hadde ved dette arbeidet vart dels dekte av staten. Det meste av den informasjonen operatørane la fram vart gjort tilgjengeleg for aktuelle kjøparar av eigardelar i eit internettbasert datarom. Departementet engasjerte IT-fagleg ekspertise for dette oppdraget. Vidare kravde presentasjon av seismiske data innkjøp av programvare og rettar til slik programvare. Andre utgifter utgjer om lag 21,6 mill. kroner.

Oppsummering

Utgifter til førebuing og sal av SDØE-eigardelar var estimert til 60 mill. kroner. I tillegg kjem utgifter til provisjon. Gjennomgangen over viser at utgiftene ut over provisjon har vore på 48,7 mill. kroner. For 2002 er det samla utgiftsført om lag 57 mill. kroner så langt, inkludert provisjon. Olje- og energidepartementet rår over overførte midlar frå 2001 på om lag 44,7 mill. kroner under kap. 1801, post 21. På bakgrunn av ovannemnde ber Olje- og energidepartementet difor om ei tilleggsløyving på 13 mill. kroner på kap. 1801 Omstrukturering av statens petroleumsengasjement, post 21 Spesielle driftsutgifter.

2.2 Budsjettkonsekvensar for SDØE og informasjon om bruk av fullmakter

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsvirksomheten

Gjeldande løyving for 2002 under kap. 2440 og kap. 5440 er basert på Stortinget sitt budsjettvedtak i desember 2001 (blå bok) og Stortinget sitt vedtak av 21. juni 2002 der kap. 2440, post 22 Fjerningsutgifter vart redusert med 50 mill. kroner, post 30 Investeringer vart redusert med 1 000 mill. kroner og post 50 Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond vart auka med 100 mill. kroner. Under kap.5440 vart post 24 Driftsresultat auka med 1 800 mill. kroner, post 30 Avskrivninger vart redusert med 2 900 mill. kroner og post 80 Renter vart redusert med 500 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 63 og Innst. S. nr. 255 (2001-2002). Løyvingsforslaga var baserte på SDØE-porteføljen etter sal av om lag 6,5 pst. av SDØE-eigardelar.

Forslag til ny løyving er mellom anna basert på oppdatert prognose for 2002 frå forretningsførar Petoro AS etter tredje kvartal 2002. Prognosen frå forretningsførar er basert på rekneskapsføring pr. 30. september 2002 og estimat for resten av året.

Tabell 2.1 Endringar på statsbudsjettet 2002 under kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsvirksomheten (i mill. kr)

Kap/post UnderpostNemningGjeldande løyvingForslag til ny løyvingEndring
244022Fjerningsutgifter, overslagsbevilging9010010
25Pro et contra-oppgjør1 8501 850
30Investeringer14 30013 700-600
50Overføringer til Statens petroleumsforsikringsfond700905205
Sum kap. 244015 09016 5551 465
544001Pro et contra-oppgjør160160
24.1Driftsinntekter107 800102 200-5 600
24.2Driftsutgifter-16 900-19 100-2 200
24.3Lete- og feltutviklingsutgifter-1 200-1 300-100
24.4Avskrivninger-14 700-18 400-3 700
24.5Renter-6 500-6 200300
24Driftsresultat68 50057 200-11 300
30Avskrivninger14 70018 4003 700
31Salg av SDØE-andeler8 4568 456
50Overføring fra Statens petroleumsforsikringsfond600600
80Renter6 5006 200-300
81Renter, salg av SDØE-andeler244244
Sum kap. 544089 70091 2601 560
Kontantstraum frå SDØE:
Innbetalingar107 800111 6603 860
Utbetalingar33 19036 9553 765
Nettokontantstraum frå SDØE74 61074 70595

Overslaget for kap. 2440, post 22 Fjerningsutgifter er auka med 10 mill. kroner, frå 90 til 100 mill. kroner. I 2002 er det gjennomført fjerning i samsvar med gjeldande lov på Frøy, Øst-Frigg, Statpipe, Frostpipe og Ekofisk.

Det er foreslått ei løyving på 1 850 mill. kroner for 2002 på kap. 2440, ny post 25 Pro et contra-oppgjør, i samanheng med nettosalet av SDØE-eigardelar, jf. omtale av pro et contra-oppgjeret tidlegare i proposisjonen.

Overslaget for kap. 2440, post 30 Investeringer er redusert med 600 mill. kroner, frå 14 300 til 13 700 mill. kroner. Dette skuldast hovudsakleg oppdaterte investeringsoverslag frå operatørane for fleire felt, blant anna Troll Olje og Osebergfelta, samt korrigeringar knytt til gjennomført sal av 6,5 pst. SDØE-eigardelar. Overføringar til Staten sitt petroleumsforsikringsfond under kap. 2440, post 50 blir foreslått auka med 205 mill. kroner. Auken er resultat av ei markant tilstramming i forsikringsmarknaden (200 mill. kroner). Vidare blir posten auka med 5 mill. kroner som følgje av ein korrigering når det gjeld faktisk premieinnsparing i 2001.

Overslaget for kap. 5440, post 01 Pro et contra-oppgjør er knytt til salet av 6,5 pst. SDØE-eigardelar til andre selskap (om lag 105 mill. kroner), og ein korreksjon av pro et contra-oppgjeret i samanheng med salet av 15 pst. SDØE-eigardelar til Statoil (om lag 54 mill. kroner). Det blir foreslått ei løyving på 160 mill. kroner under denne posten.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er redusert med 5 600 mill. kroner, frå 107 800 til 102 200 mill. kroner. Reduksjonen skuldast hovudsakleg at overslaga for driftsinntekter som følgje av 6,5 pst. salet vart redusert for lite i St.prp. nr. 63 (2001-2002). Forventa oljepris for 2002 er noko redusert i høve til det som vart lagt til grunn i gjeldande løyving.

Det er for SDØE lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på om lag kr 195 pr. fat for 2002 (dette er basert på realisert pris etter tredje kvartal og prognose for fjerde kvartal. I gjeldande løyving er det lagt til grunn kr 200 pr. fat.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 2 200 mill. kroner, frå 16 900 til 19 100 mill. kroner. Dette skuldast auka driftsutgifter i prognosen for transport og prosessering av NGL, høgare verkelege tørrgasstariffar under avsetningsinstruksen samt valutatap.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.3 Lete- og feltutviklingsutgifter er auka med 100 mill. kroner, frå 1 200 til 1 300 mill. kroner. Størst leiteaktivitet er det i området Norskehavet. Ormen Lange er det største prosjektet under utvikling.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.4 og post 30 Avskrivninger er auka med 3 700 mill. kroner, frå 14 700 til 18 400 mill. kroner. Dette skuldast hovudsakleg auka avskrivingar grunna endra fordeling av produksjon mellom felt, samt auka avskrivingar på rør og land anlegg. Felt med høgare investeringar som Troll produserer ein større del av totalt volum enn stipulert i langtidsbudsjettet.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.5 og post 80 Renter er redusert med 300 mill. kroner, frå 6 500 til 6 200 mill. kroner. Dette skuldast endring av kalkulerte investeringar og avskrivingar, samt nedskriving av nettoinvesteringar grunna korrigeringar knytt til 6,5 pst. salet.

Endringane som er nemnde ovanfor fører til at kap. 5440, post 24 Driftsresultat samla viser ein reduksjon på om lag 11 300 mill. kroner, frå 68 500 til 57 200 mill. kroner.

På bakgrunn av oppgjer for skadar som har funne stad og forventa skadeutbetalingar for resten av året, vert det foreslått ei løyving på 600 mill. kroner under kap. 5440, ny post 50 Overføring fra Statens petroleumsforsikringsfond.

Ovannemnde endringar medfører samla sett at netto kontantstraum frå SDØE blir auka med 95 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving, frå 74 610 til 74 705 mill. kroner.

Forenkla behandling frå styresmaktene si side

Skirne og Byggve

Departementet mottok 8. mars 2002 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av felta Skirne og Byggve. Skirne og Byggve er planlagte som utbyggingar under vatn med oppkopling til Heimdalplattforma. Dei er planlagt å komme i drift fjerde kvartal 2003. Rettshavarane i Skirne og Byggve er TotalFinaElf Exploration Norge AS (operatør), Petoro AS, Marathon Petroleum Norge A/S og Norsk Hydro Produksjon a.s. Petoro AS er forvaltar av SDØE-porteføljen og rettshavar på vegne av Staten. Eigardelen til SDØE er 30 pst. Dei totale investeringane for utbygginga blir i plan for utbygging og drift rekna til 1,7 mrd. 2001-kroner. Utbygginga av Skirne og Byggve vil for SDØE i 2002 medføre om lag 155 mill. kroner i investeringar og om lag 5 mill. kroner i kalkulatoriske renter. Plan for utbygging og drift av Skirne og Byggve vart vedteken ved kronprinsregentens resolusjon 5. juli 2002.

Kollsnes NGL-anlegg

Departementet mottok 11. desember 2001 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Kollsnes NGL-anlegg. I NGL-anlegget vil flytande våtgass som er sett saman av propan, isobutan, normalbutan og nafta bli separert frå rikgassen som kjem inn frå Kvitebjørn og Visund. Rettshavarane i Trollgruppa er Petoro AS, Statoil ASA, Norsk Hydro Produksjon a.s., AS Norske Shell, TotalFinaElf AS og Norske Conoco AS. Petoro AS er forvaltar av SDØE-porteføljen og rettshavar på vegne av staten. Eigardelen til SDØE er 56 pst. Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til om lag 2 932 mill. 2002-kroner. Utbygginga av Kollsnes NGL-anlegg medfører om lag 378 mill. kroner i investeringar, om lag 3,5 mill. kroner i driftskostnader og om lag 13,5 mill. kroner i kalkulatoriske renter for SDØE i 2002. Plan for utbygging og drift av Kollsnes NGL-anlegg vart vedteken i kronprinsregentens resolusjon 3. mai 2002.

Visund gasseksport

Departementet mottok 2. juli 2002 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift og plan for anlegg og drift av Visund gasseksport. Visund gasseksport omfattar modifikasjonar på eksisterande felt og ein ny røyrleidning frå Visund til Kvitebjørn gassrøyrleidning. Visundfeltet vart vedteke utbygd våren 1996 og oljeproduksjonen starta i 1999. Første fase av utbygginga omfatta oljereservane, mens gasseksport opphavleg var planlagt frå 2007. Rettshavarane planlegg no å framskunde gasseksporten på Visundfeltet til 2005. Rettshavarane i Visund gasseksport er Norsk Hydro Produksjon a.s (operatør), Statoil ASA, Petoro AS, Norske Conoco AS og TotalFinaElf Exploration Norge AS. Petoro AS er forvaltar av SDØE-porteføljen og rettshavar på vegne av staten. Eigardelen til SDØE er 30 pst. Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til om lag 2,7 mrd. 2002-kroner. Utbygginga av Visund gasseksport vil for SDØE i 2002 medføre om lag 12,5 mill. kroner i investeringar, om lag 0,5 mill. kroner i driftskostnader og om lag 0,5 mill. kroner i kalkulatoriske renter. Plan for utbygging og drift og plan for anlegg og drift av Visund gasseksport vart vedteken ved kgl.res. 4. oktober 2002.

Kårstø

Departementet mottok 1. oktober 2001 søknad om godkjenning av plan for anlegg og drift av utviding av gassbehandlingsanlegget på Kårstø. Prosjektet omfattar bygging av eit nytt mottaks- og ekstraksjonsanlegg for å handtere gassen frå Mikkel-feltet. Rettshavarane er Petoro AS, Statoil ASA, TotalFinaElf Exploration Noreg AS, Norsk Hydro Produksjon a.s, Mobil Development Norway AS, Esso Exploration and Production Norge AS, Norske Shell Pipelines AS, Norske Conoco og Total Norge AS. Gassco AS er operatør. Eigardelen til SDØE er 33,25 pst. Mikkel-feltet er planlagt sett i drift i oktober 2003 og utvidinga av Kårstø er dermed planlagt ferdigstilt 1. oktober 2003. Dei totale investeringane for prosjektet er i plan for anlegg og drift rekna til 1 130 mill. 2001-kroner. Utbygginga vil for SDØE i 2002 medføre om lag 152 mill. kroner i investeringar, om lag 5 mill. kroner i driftskostnader og om lag 5 mill. kroner i kalkulatoriske renter. Plan for anlegg og drift av utviding av gassbehandlingsanlegget på Kårstø vart vedteken ved kgl.res. 8. mars 2002.

Overføring av eigedomsrett mot bruksrett

Det har ikkje vore overføringar av eigedomsrett mot bruksrett sidan sist det vart gjort greie for bruken av fullmakta i St.prp. nr. 24 (2001-2002).