4 Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda og SDØE
I samband med den årlege handsaminga av statsbudsjettet gjev Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2006-2007).
Nedanfor gjer Olje- og energidepartementet greie for bruken av desse fullmaktene i 2007.
4.1 Fullmakt IX – Utbyggingsprosjekter på norsk kontinentalsokkel
Fullmakt for forenkla handsaming frå styresmaktene si side har blitt nytta ved fire høve i 2007:
Volund
Departementet fekk 19. september 2006 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Volund. Volund er planlagt som ei undervassutbygging kopla opp mot produksjonsskipet på Alvheimfeltet. Produksjonen er planlagt å ta til i 2007. Rettshavarane i Volund er Marathon Petroleum Norge AS (operatør) og Lundin Norway AS. SDØE har ikkje eigardelar i Volund.
Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 2,8 mrd. 2006-kroner.
Plan for utbygging og drift for Volund vart vedteken ved kongeleg resolusjon 18. januar 2007.
Alve
Departementet fekk 16. januar 2007 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Alve. Alve er planlagt som ei undervassutbygging kopla opp mot produksjonsskipet på Nornefeltet. Produksjonen er planlagt å ta til i 2008. Rettshavarane i Alve er Statoil ASA (operatør), Norsk Hydro produksjon AS og Dong E&P Norge AS. SDØE har ikkje eigardelar i Alve.
Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 2,4 mrd. 2007-kroner.
Plan for utbygging og drift for Alve vart vedteken ved kongeleg resolusjon 16. mars 2007.
Yme
Departementet fekk 8. januar 2007 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Yme. Yme er planlagt utbygt med ei oppjekkbar produksjonseining som skal setjast på ein lagertank på havbotnen. Rettshavarane i Yme er Talisman Norge AS (operatør), Revus Energy ASA og Pertra ASA. SDØE har ikkje eigardelar i Yme.
Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 4,4 mrd. 2006-kroner. Produksjonen frå Yme er planlagt starta i 2009. Levetida til prosjektet vil vera drygt ti år frå produksjonsstart.
Plan for utbygging og drift for Yme vart lagt fram ved kongeleg resolusjon 2. mai 2007.
Rev
Departementet fekk 30. juni 2006 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Rev. Rev er planlagt som ei undervassutbygging kopla opp mot Armadaplattforma på britisk sokkel. Produksjonen er planlagt å ta til i juli 2008. Rettshavarane i Rev er Talisman Energy Norge AS (operatør) og Petoro AS. Petoro AS er forvaltar av SDØE-porteføljen og rettshavar på vegne av staten. Eigardelen til SDØE er 30 pst.
Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 2,7 mrd. 2007-kroner.
Plan for utbygging og drift for Rev vart vedteken ved kongeleg resolusjon 15. juni 2007.